Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


S

Stemmerettsjubileet 1913-2013

Regjeringa føreslår å auke løyvinga til Stemmerettsjubileet 2013 med 2 millionar kroner.

I 2013 ønskjer Regjeringa å feire at det er 100 år sidan allmenn røysterett blei innført. Ein komité er sett ned, og det blir nå arbeidd med ulike arrangement og tiltak lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Målet er feiring for og med alle, med særleg vekt på demokratiske verdiar som røysterett, likestilling, representasjon og deltaking.

For nærmare omtale, sjå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet sin fagproposisjon, Programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering.