3 Nærmare om budsjettforslaget

Programområde 11

Programkategori 11.00 Administrasjon

Hovudinnhald og prioriteringar

Under programkategori 11.00 Administrasjon ligg lønns- og driftsutgifter til departementet og utgifter til stillingar som departementet finansierer i Europakommisjonen.

Mål

For 2013 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

1. God og open forvalting

1.1: Effektiv organisering og drift av departementet

1.2: Effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder

1.3: God og målretta informasjon

Resultatrapport og strategiar

Delmål 1.1: Effektiv organisering og drift av departementet

Resultatrapport 2011/2012

BLD har sett i verk tiltak for å forbetre tilskotsforvaltinga frå 2012. Det har blitt oppretta tre mindre ordningar til stemmerettsjubileet, universell utforming og forbrukarretta tiltak, som alle er kunngjort på regjeringen.no. Vidare blei det i Prop. 111 S (2011-2012) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2012 gitt ei orientering til Stortinget om mottakarar som vil motta tilskot i 2012 utover dei som framgår av Prop. 1 S (2011-2012).

Departementet har òg utarbeidd nye og oppdaterte skriftlege rutinar for journalføring og habilitet som skal sikre at departementet føljer dei lovpålagte krava.

Sidan 2010 har det blitt arbeidd med prosjektet BLD 2013 som skal sikre at departementet når dei politiske måla gjennom god organisering og effektive arbeidsprosessar. Det inneber mellom anna vurdering av arbeids- og oppgåvedelinga mellom departement og etatar og den interne organiseringa i departementet.

Strategiar og tiltak for 2013

Som tiltak for å bu oss på kritiske hendingar i framtida vil BLD i 2013:

  • sjå til at planverket for sentrale risikoområde er koordinert med planverket i sektoren, slik at det sikrar ei god krisehandtering og styrkjer evna til å handtere kriser i organisasjonen og sektoren.

  • trekke leiarar frå alle einingar i departementet inn i beredskapsarbeidet.

  • halde øving både i departementet og saman med underliggjande etatar og tilnytta verksemder i 2013, for å teste eigen beredskap

  • gjennomgå erfaringer etter øvingar med sikte på læring og forbetring i planverket i eiga og tilknytta verksemder.

BLD vil i arbeidet med beredskap i 2013 leggje vekt på å følgje opp tilrådingar i NOU 2012: 14 Rapport fra 22. juli-kommisjonen , og på å ha god oversikt over risiko og sårbarheit i sektoren.

BLD føreslår i statsbudsjettet 2013 å leggje meir av tilskotsforvaltinga til tilskotsordningar framfor enkeltståande tilskot. Arbeidet med omlegging av tilskotsforvaltinga frå 2013 har resultert i forslag om å opprette fire nye tilskotsordningar innafor dei eksisterande tilskotsløyvingane i tillegg til tre mindre ordningar som blei oppretta i 2012. Departementet føreslår òg ein justering av mål og kriterium for tildeling for ordninga tilskot for valdsførebyggjande tiltak o.a. I tillegg kjem ei ny ordning som følgje av ei omleggjing av resultattilskotet til kommunane i norskopplæringa for innvandrarar. Dei føreslåtte ordningane er nærmare omtala under dei aktuelle programkategoriane.

Styrking av den byråkratiske kompetansen vil bli prioritert. Fleire tiltak er planlagt med formål om å styrkje system- og prosesskompetansen i departementet og dei tilsette si rolleforståing for departementet som sekretariat for den politiske leiinga.

Departementet vil i 2013 arbeide ytterlegare med å forbetre tilskotsforvaltinga. Departementet vil òg arbeide vidare med å styrkje internkontrollen for å sikre at praksis er i tråd med gjeldande lover og regelverk.

Delmål 1.2: Effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder

Resultatrapport 2011/2012

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i Prop 1 S (2010 – 2011). Verksemdene er omtala under eigne fagkapitlar i del II.

Organisering og drift av Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)

Etaten har i 2011 hatt ein brei dialog med kommunar, brukarar og forskarar for å få etablert ein felles plattform for kva som skal vere innhaldet og innretninga på det statlege tilbodet. Arbeidet vil bidra til at etaten vil produsere meir likeverdige tenester, i tråd med vurderingar frå forskarar, brukarundersøkingar og kommuneundersøkingar. Etaten vil med dette bli meir pårekneleg i samhandlinga med kommunar og andre samarbeidspartnarar.

For å få meir kunnskap om tenestene, er det i 2011 gjennomført ei omfattande brukarundersøking blant barn og unge som bur på institusjonar eller i fosterheim. Resultata viser mellom anna at to tredelar av barn og unge i institusjonar meiner dei har det bra og er trygge. I fosterheimar gjeld dette nærmare 90 prosent. Resultata frå denne undersøkinga vil vere viktige i etaten sitt arbeid med brukarstrategi og kvalitetsutviklingsprogram.

Sjølv om mange er nøgde med tilbodet dei får frå Bufetat, viser kommuneundersøkingar, brukarundersøkingar og tilbakemeldingar frå styresmakter at det er utfordringar i mange delar av tilbodet, og at det er behov for kvalitetsforbetring. Evalueringa som er gjennomført av barnevernsreforma frå 2004 gir eit grunnlag for den vidare utviklinga.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemndene blei oppretta som ei eiga, sjølvstendig verksemd underlagt Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet 1. januar 2011. Sentraleininga består av ein direktør med ein stab på tre tilsette, med hovudansvarsområde innanfor personal, IKT og økonomi. Direktøren har budsjett- og resultatansvar for fylkesnemndene. I løpet av 2011 har Sentraleininga teke over dei fleste av dei daglege administrative oppgåvene som departementet tidlegare utførte.

Fylkesnemndene har i 2011 vore gjennom ei organisasjonsendring. Etter ein brei prosess i organisasjonen blei det bestemt at regionleddet skulle fjernast, og at det i kvar nemnd skal vere ein dagleg leiar som rapporterer direkte til direktøren. Endringa blei sett i verk i juni 2011.

Ei rekkje effektiviseringstiltak er sette i verk i byrjinga av 2012.

Strategiar og tiltak for 2013

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

IMDi set i verk integreringspolitikken på ansvarsområdet til departementet. Direktoratet er ein premissleverandør for politikkutvikling i departementet gjennom å leggje grunnlaget for eit kunnskapsbasert arbeid på integreringsfeltet. IMDi er òg eit kompetansesenter og ein pådrivar for at kommunar og andre aktørar skal bli dyktige i arbeidet med busetjing, integrering og inkludering.

IMDi har dei viktigaste økonomiske verkemidla på området gjennom forvalting av integreringstilskotet, tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap og tilskot under kap. 821, post 71 Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd.

Integreringspolitikken har mange aktørar. IMDi skal gjennom samhandling med andre etatar bidra til ei betre samordning av (velferds) tenester som fremmar integrering. Sentrale samarbeidspartnarar er kommunane og KS og statlege etatar, mellom anna UDI, Vox, Husbanken, Bufdir og Arbeids- og velferdsdirektoratet.

IMDi blei oppretta den 1. januar 2006 ved at UDI ble delt og det blei etablert eit eige direktorat for inkludering og mangfald. Departementet vil i 2013 setje i verk ei ekstern evaluering av direktoratet.

Barne-, ungdoms- og familieetaten

Ein effektiv ressursbruk i etaten, tydeleg forståing av roller og ansvar og trygge og kompetente medarbeidarar er viktige mål i Kvalitetsutviklingsprogrammet.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein lovproposisjon for Stortinget i løpet av 2013 der ansvarstilhøva mellom stat og kommunar blir vurderte. Proposisjonen vil byggje på evalueringa av barnevernsreforma frå 2004 og på innspel frå ulikt hald, mellom anna Barnevernpanelets rapport frå 2011.

Regjeringa legg til grunn at den kraftige satsinga på det kommunale barnevernet vil bidra til ein ønska utvikling der ein større del av omsorga for barn, både gjennom førebyggjande arbeid og gjennom konkrete tiltak for det einskilde barn, skjer i barnet sitt nærmiljø og i regi av det kommunale tiltaksapparatet. Gjennom satsinga vil kommunane i langt større grad ha mogelegheit til å ta tak i og å løyse utfordringane lokalt allereie i 2013. Regjeringa føreslår i sitt høyringsnotat om endringar i barnevernlova å justere kommunen sine eigendelar ved plassering i statlege tiltak, og eventuelle justeringar i satsane vil forsterke denne utviklinga i åra framover.

Etaten har dei seinare åra fått nye ansvarsområde på likestillings- og ikkje-diskrimineringsfeltet. Ved hjelp av dei verkemidla etaten rår over, skal etaten bidra til å fremme likestilling og hindre diskriminering.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemndene har over fleire år redusert den gjennomsnittlege sakshandsamingstida samstundes med at det har vore ein kraftig auke i saksmengda. Restansane er likevel for store og i den siste tida har òg tida for fastsetjing av møtetid for innkomne saker blitt lengre i fylkesnemndene.

Restansane, tida for fastsetjing av møtetid for innkomne saker, sakshandssamingstida og variasjonen i sakshandsamingstid mellom nemndene må bli mindre, og Sentraleininga for fylkesnemndene skal leggje til rette for at systema for utveksling av ressursar blir nytta og vidareutvikla. I tillegg skal fylkesnemndene arbeide for å effektivisere drifta utan at kvaliteten blei redusert. Løyvinga blei auka med 10 mill. kroner i RNB 2012 for å redusere restansane i dei mest utsette fylkesnemndene.

Regjeringa føreslår ei styrking av fylkesnemndene med 20 mill. kroner i 2013. Midlane skal nyttast i til å handsama fleire saker gjennom å auke kapasiteten og å betre styringa, for med dette å redusere handsamingstida i fylkesnemndene. Når det blir handsama fleire saker i fylkesnemndene fører dette med seg auka utgifter til fri rettshjelp, og regjeringa føreslår derfor å auke løyvinga på kap. 470 Fri rettshjelp, post 70 Fri sakførsel på Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjett med 20 mill. kroner.

Delmål 1.3: God og målretta informasjon

Resultatrapport 2011/2012

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2010–2011).

Departementet legg vekt på publikumsvennleg, open og korrekt informasjon som skal vere forståeleg og i rett tid for dei ulike målgruppene.

Kommunikasjonsverksemda til BLD skjer i stor grad gjennom eigne initiativ, men òg for å handsame informasjonsbehov i media. Dette er ein viktig kanal til publikum. Barnevern, inkludering og likestilling er alle fagområde som får mykje merksemd frå publikum og media, og dei krev jamt aukande aktivitet med informasjon og kommunikasjon.

Klarspråksprosjektet i BLD, som går frå 2010 til 2012, kartlegg og analyserer skriftleg språkbruk i BLD. Prosjektet utviklar metodar, etablerer strukturar og tilfører kompetanse for klarspråk i departementet. Målet er å skrive klart, brukartilpassa og forståeleg.

Strategiar og tiltak for 2013

BLD skal drive god og målretta informasjons- og kommunikasjonsverksemd innan dei ulike fagområda til departementet. BLDs kommunikasjonsverksemd skal vere tufta på eigne initiativ og vurdert kontinuerleg ut frå aktivitetane innanfor fagområda.

Media og departementets nettstad er sentrale kanalar for å nå ut til dei ulike målgruppene. Kunngjeringar til publikum vil i aukande grad bli gjort på departementets heimeside. Dei sosiale media er eigna kanalar som skal brukast meir, også for å nå ut med konkrete prosjekt og aktivitetar. Informasjonen på nettstaden skal vere fullstendig og aktuell. Handsaming av informasjonsbehov i media skal utgjere ein vesentleg del av kommunikasjonsaktivitetane.

Nærmare om budsjettforslaget:

Kap. 800 Barne-, likestillings og inkluderingsdepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter

151 952

148 886

156 459

21

Spesielle driftsutgifter

14 124

14 591

12 173

Sum kap. 0800

166 076

163 477

168 632

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn til stillingar og andre driftsutgifter i departementet.

BLD føreslår ei løyving på 156,5 mill. kroner i 2013.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til tenestemenn som er lånte ut til Europakommisjonen på likestillings-, barne- og ungdomsfeltet og andre tidsavgrensa oppdrag. Løyvinga kan òg nyttast til støtte til andre tiltak innanfor ansvarsområda til departementet.

BLD føreslår ei løyving på 12,2 mill. kroner i 2013.

Kap. 3800 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Tilfeldige inntekter

1 348

16

Refusjon av foreldrepengar

3 036

18

Refusjon av sykepengar

2 397

Sum kap. 3800

6 781

Programkategori 11.05 Integrering og mangfald

Hovudinnhald og prioriteringar

Målet for integreringspolitikken er like moglegheiter, rettar og plikter for innvandrarar og barna deira til å delta og bidra i arbeids- og samfunnsliv. Innvandrarar er omfatta av dei rettane og pliktene som gjeld for alle. I tillegg kjem særskilde rettar og plikter for nykomne innvandrarar med flyktningbakgrunn. Desse er godt grunngitte og avgrensa til den første tida i Noreg, og er nødvendige for å få til deltaking i arbeids- og samfunnsliv. Introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap er sentrale tiltak retta mot nykomne innvandrarar.

Politikken på integreringsområdet blir sett i verk på tvers av politikkområde og sektorar. Den enkelte fagstyresmakta har ansvar for tenestetilbodet til alle, medrekna innvandrarar og barna deira. I tråd med dette skal dei enkelte fagstyresmaktene følgje opp og vurdere situasjonen også for desse på sine ansvarsområde. Kommunane er ein spesielt viktig aktør.

BLD har det overordna ansvaret for å samordne politikken og tiltaka på området og for å sikre samanheng mellom integreringspolitikken og andre politikkområde, til dømes sysselsetjing, helse, skole og utdanning. Departementet har òg eit eige sektoransvar for mellom anna busetjing av flyktningar og forvalting av introduksjonslova og statsborgarlova. Hovudmåla og delmåla på BLD sitt område tek føre seg oppgåvene til departementet, både som samordnar og som sektordepartement, sjå presentasjon av målstrukturen nedanfor.

For betre å følgje utviklinga på tvers av sektorar, er det sett 17 mål – Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga – med tilhøyrande indikatorar på ansvarsområdet til åtte departement. Måla og indikatorane gir eit grunnlag for å vurdereresultata av det arbeidet styresmaktene gjer, sjå omtale i Del III.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er fagorgan for BLD og skal setje i verk integreringspolitikken på ansvarsområdet til departementet. IMDi skal gi faglege råd og vere eit kompetansesenter for kommunane og sektorstyresmaktene.

Vox er nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk og har det pedagogiske ansvaret for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar på oppdrag frå departementet. Vox har ansvar for læreplan, norskprøver, læremiddelutvikling og fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.

Utlendingsdirektoratet (UDI) har ansvar for behandling av statsborgarsaker. Utlendingsnemnda (UNE) er klageinstans på området.

Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene (KIM) er eit rådgivande organ for styresmaktene og kan fremme synspunkt frå innvandrarar til det offentlege.

Utlendingsfeltet og integreringsfeltet heng saman. Ei heilskapleg utlendingsforvalting med god flyt i heile tiltakskjeda og samarbeid mellom dei ulike forvaltingsledda er ein føresetnad for rask busetjing av flyktningar og legg premissar for det vidare integreringsarbeidet. Ansvaret for utlendingsfeltet er delt mellom fleire departement og etatar. Desse er BLD, Justis- og beredskapsdepartementet, UDI, UNE og IMDi.

Migrasjon har alltid vore ein del av samfunnsutviklinga i Noreg. Landet har i dei siste tiåra i større grad blitt eit innvandringsland. I dag er det busett om lag 655 000 personar i Noreg som anten har innvandra sjølve (ca. 547 000) eller er fødde i Noreg med innvandrarforeldre (ca. 108 000). Dei utgjer til saman 13,1 prosent av befolkninga.

Innvandringa til Noreg har eit større mangfald enn i mange andre europeiske land. Innvandrarane kjem frå 219 ulike land og sjølvstendige regionar. Dei fleste av innvandrarane er frå Polen, Sverige, Tyskland, Litauen og Irak. Det er stor variasjon i kven det er som vandrar inn, årsakene til innvandringa og kor lenge dei har vore i landet.

Etter ein periode med open arbeidsinnvandring fram til 1975 har innvandringa til Noreg frå land utanfor Norden i all hovudsak vore humanitær, det vil seie flyktninginnvandring og familieinnvandring. Ei endring kom med EØS-utvidinga i 2004, og i 2006 blei arbeid på nytt den viktigaste innvandringsårsaka med den store auken av arbeidsinnvandrarar frå dei nye EU-medlemslanda i Sentral- og Aust-Europa. Dei seinaste åra har det òg vore ein auke i sameining av familie til arbeidsinnvandrarar frå nye EØS-land, først og fremst Polen. Blant familieinnvandrarane er det flest kvinner og barn.

I perioden frå 1990 til 2010 fekk i alt 471 000 personar med statsborgarskap frå eit land utanfor Norden opphald. I heile perioden kom om lag 22 prosent som flyktningar, 28 prosent som arbeidsinnvandrarar, 38 prosent som familieinnvandrarar og 11 prosent på grunnlag av utdanning.

Det bur innvandrarar og barn av innvandrarar i alle kommunar i Noreg. Oslo har den største delen med 23 prosent av befolkninga. Utan innvandringa ville 118 kommunar hatt nedgang i befolkninga i 2010.

Statistikkar, utgreiingar og forsking på området viser at mykje går bra med integreringa i Noreg; dei aller fleste innvandrarane og barna deira tek aktivt del i arbeids- og samfunnsliv, er økonomisk sjølvstendige og snakkar norsk. Butida, altså den tida personane har budd i Noreg, har mykje å seie i denne samanhengen. Andre viktige faktorar er innvandringsårsak og utdanningsnivå.

Samstundes er det godt dokumentert at det er systematiske skilnader mellom innvandrarar og befolkninga elles og mellom grupper med innvandrarar på sentrale område som sysselsetjing og levekår. Desse skilnadene kan berre delvis forklarast med butid. Viktig er òg at skilnadene på fleire av desse områda er langt mindre for norskfødde med innvandrarforeldre enn for innvandrarar.

Delen sysselsette med innvandrarbakgrunn er framleis lågare enn i befolkninga elles. Tal frå SSB viser at i 4. kvartal av 2011 var delen 62,8 prosent, mot 69,1 prosent i befolkninga som heilskap. Det er store skilnader mellom landgrupper. Medan sysselsetjingsnivået blant innvandrarar frå Norden var på 75,9 prosent, var delen frå Afrika 44,2 prosent. Delen sysselsette menn er høgare enn delen sysselsette kvinner uansett landbakgrunn. Innvandringsgrunn har også noko å seie for deltakinga på arbeidsmarknaden. Til dømes har flyktningar ein lågare del sysselsette enn innvandrarar elles, medan arbeidsinnvandrarar har ein høgare del sysselsette.

Forsking på økonomi og levekår blant låginntektsgrupper viser at innvandrarar av ulike grunnar oftare bur i hushald med lågare inntekt enn innbyggjarane elles. Ein studie har kartlagt låginntekt blant ulike innvandrargrupper i tidsrommet 1993-2007, etter kjenneteikn som landbakgrunn, innvandringsårsak og butid. Studien dokumenterer at delar av innvandrarbefolkninga er meir utsette for låginntekt over lengre tid enn innbyggjarane elles. Låg yrkesdeltaking er den viktigaste årsaka til låginntekt og dårlege levekår over tid i innvandrarhushald. Anna forsking som samanliknar økonomi og levekår for ulike låginntektsgrupper, viser at innvandrarane utgjer ein relativt stor del i gruppene med minst inntektsmobilitet over tid.

Rapportar om levekår og kjønnsforskjellar frå SSB frå 2010 viser at det i dei fleste innvandrargruppene er levekårskilnader mellom menn og kvinner. Menn har oftare røynsle frå yrkeslivet i opphavslandet. Kvinner står i høgare grad enn menn utanfor arbeidslivet i Noreg, har færre norske venner og opplever meir einsemd. Tal frå SSB viser òg at innvandrarar oppfattar helsa si som dårlegare enn folk elles. Innvandrarkvinner oppfattar helsa si som dårlegare enn innvandrarmenn.

Barnehage, skole og utdanning er eit anna område der ein finn systematiske skilnader mellom innvandrarar og befolkninga elles. Inkluderingsutvalet peiker på at det i heile utdanningsløpet frå barnehage til vidaregåande skole er lågare deltaking og resultat blant barn og unge med innvandrarbakgrunn. Barn med innvandrarbakgrunn har lågare deltaking i barnehage enn andre barn. Særleg gjeld dette barn under fire år. I grunnskolen er det ein dobbelt så høg del innvandrarelevar på lågaste nivå når det gjeld lesedugleik. I den vidaregåande opplæringa fell éin av tre elevar med innvandrarbakgrunn av. Samstundes er det relativt fleire av dei elevane med innvandrarbakgrunn som fullfører vidaregåande opplæring, som òg tek høgare utdanning.

Valdeltakinga for innvandrarar er lågare enn deltakinga for innbyggjarane sett under eitt. Dette gjeld både ved stortingsval og lokalval.

Offentlege tenester er viktige verktøy for å jamne ut sosiale og økonomiske skilnader. Tenestene må vere tilpassa behova til befolkninga, og ei befolkning som endrar seg over tid, vil krevje endring i tilbodet. To nye studiar på området peiker på ei rekkje organisatoriske utfordringar på ulike nivå som gjer arbeidet med å tilby likeverdige tenester vanskeleg. Den eine studientyder på at det berre i liten grad blir henta inn informasjon om behov for tilpassingar frå brukarane og førstelinja og om effekten av materiell og verktøy. Funn frå begge studiane tyder på at det er behov for tydelegare føringar når det gjeld korleis ein skal tilpasse tenestene for mangfald.

Variasjonane og nyansane i utviklinga på integreringsområdet er sentrale for utforminga av verkemiddel på området.

Regjeringa ser behov for å auke kunnskapen om korleis det går med integreringa i Noreg. To sentrale utval har levert utgreiingar på området i 2011: Velferds- og migrasjonsutvalet og Inkluderingsutvalet.

Regjeringa vil i 2012 leggje fram ei melding om integreringspolitikken for Stortinget, mellom anna på bakgrunn av desse utgreiingane. Integreringspolitikken skal innehalde ein målretta innsats for å motverke skilnader i sysselsetjing og levekår og for å byggje eit fellesskap med rom for mangfald.

Dette er hovudsatsingar på integreringsområdet for statsbudsjettet 2013:

  • Regjeringa har sett av nye 30 mill. kroner til å innføre tiltaket Jobbsjansen frå sommaren 2013. Målsetjinga med tiltaket er å auke sysselsetjinga blant innvandrarar som står langt frå arbeidsmarknaden, og som ikkje fangast opp av andre ordningar. Forsøksordninga Ny sjanse blir ein del av Jobbsjansen .

  • For å sikre god kvalifisering av nykomne innvandrarar vil regjeringa omprioritere 32 mill. kroner til tilskot som kommunane kan søkje på til tiltak for å betre kvaliteten og resultata introduksjonsprogrammet og opplæringa i norsk og samfunnskunnskap.

  • Regjeringa føreslår å omprioritere 5,5 mill. kroner til fornying av IKT-systemane i IMDi, noko som er sentralt for god gjennomføring i dei store ordningane og dialogen med kommunane.

  • Regjeringa sett av midlar til ei Mangfaldsveke. Formålet er å medverke til å synleggjere mangfaldet i befolkninga gjennom ulike arrangement og aktivitetar over heile landet.

Mål

For 2013 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

2: Like moglegheiter, rettar og plikter for innvandrarar og barna deira til å delta og bidra i arbeids- og samfunnsliv

2.1: Rask busetjing til kommunane

2.2: God opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

2.3: Rask overgang til arbeid eller utdanning etter gjennomført introduksjonsprogram

2.4: Kjennskap til og oppslutning om lover og grunnleggjande rettar og plikter

2.5: Høgare sysselsetjing blant innvandrarar

2.6: Høg deltaking i samfunnslivet blant innvandrarar og barna deira

2.7: God kunnskap om integrerings- og inkluderingspolitikken i befolkninga

2.8: Offentlege tenester som er tilpassa mangfaldet i befolkninga

Resultatrapport og strategiar

Delmål 2.1: Rask busetjing til kommunane

Resultatrapport 2011/2012

Busetjinga av flyktningar ligg på om lag same nivå som i 2011, medan busetjinga av einslege mindreårige går mykje raskare enn i 2011.

Per 30. juni 2012 hadde kommunane busett 2 502 personar. Dette er 243 fleire enn på same tid i 2011. 68 prosent av dei blei busette innan målet på seks månader etter vedtak om opphald. Måloppnåinga ligg dermed på om lag same nivå som i 2011. Talet på familiesameinte som kom til kommunane i første halvår 2012, var 1 004. Dette er ei dobling samanlikna med første halvår 2011.

Den 30. juni 2012 venta 2 826 personar i mottak på å bli busette. Dette var 815 fleire enn på same tid i 2011. Talet på ventande i mottak har seinare blitt korrigert. Ved utgangen av juli venta nærmare 3 500 personar i mottak å bli busette.

Per 30. juni 2012 hadde kommunane busett 251 einslege, mindreårige under 18 år frå mottak og omsorgssenter. Dette er om lag på same nivå som i 2011. Av desse blei 61 prosent busette innan målet på tre månader etter at dei fekk vedtak om opphald, samanlikna med 12 prosent på same tid i 2011.

Tabell 3.1 Gjennomsnittleg ventetid på busetjing frå mottak i månader

Per 31.12.2010

Per 31.12.2011

Per 30.06.2012

Frå vedtak til busetjing

5,7

6,5

7,0

Frå saksoppretting til busetjing

15,7

16,8

17,5

Tabell 3.2 Busette flyktningar i kommunane og familiesameinte med desse

Busetjingsår

2008

2009

2010

2011

Per 30.06.12

Flyktningar

3 597

4 622

4 698

4 158

1 781

Overføringsflyktningar

743

1 387

1 099

1 265

637

Familiesameinte 1

1 260

1 425

1 094

1 517

1 004

Sum 2

5 600

7 434

6 891

6 965

3 506

Einslege mindreårige av desse

207

606

669

629

251

1 Personar som kommunane får integreringstilskot for. Søknad må vere innlevert i integreringstilskotsperioden til den ein søkjer om familiesameining med.

2 Personar med skjult ID og personar som er familiinnvandra og busette frå mottak kjem berre med i totaltalet.

Strategiar og tiltak for 2013

Rask busetjing av flyktningar er nødvendig for å få til god deltaking i arbeids- og samfunnsliv. Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for rask busetjing i kommunane og har dei siste åra sett i verk ei rekkje tiltak for å auke busetjinga.

I 2013 er det behov for å busetje om lag 7 900 flyktningar i norske kommunar. Talet inkluderer personar som blir busette frå mottak og omsorgssenter, og overføringsflyktningar som blir busette når dei kjem til landet. I tillegg reknar ein med at det vil kome om lag 2 510 familiesameinte til kommunane. Dette er høgare tal enn i dei siste åra. I 2013 er det behov for å busetje 370 einslege mindreårige frå mottak og omsorgssenter og 20 einslege mindreårige overføringsflyktningar.

Det vil vere ei stor utfordring å få busett alle som har behov for det i 2013. Talet på busetjingsklare i mottak har vore sterkt aukande i 2012 og er no på det høgaste nivået sidan opprettinga av IMDi. Lang ventetid i mottak fører til at personane kjem seinare i gang med introduksjonsprogram, noko som forseinkar integreringa. Resultata på busetjingsområdet må følgjast tett opp i 2013. Departementet vurderar kontinuerleg tiltak for å auke busetjinga.

Målet er at flyktningar frå mottak skal vere busette i ein kommune innan seks månader etter vedtak om opphald. For einslege mindreårige er målet at dei skal vere busette innan tre månader.

Det er særleg viktig å sikre rask busetjing av barn, anten dei har kome aleine til Noreg eller saman med familie. Regjeringa har frå 1. juli 2012 endra målet for busetjing av familiar med barn under 18 år frå mottak til tre månader etter vedtak om opphald, jf. tiltak i Meld St. 27 (2011–2012) Barn på flukt , som blei lagt fram 8. juni 2012.

Integreringstilskotet skal gi rimeleg dekking av dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningar det året dei blir busette, og dei fire neste åra. Saman med tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap skal tilskotet sørgje for at kommunane kan gi eit godt kvalifiseringstilbod til flyktningar.

IMDi starta hausten 2011 eit toårig pilotprosjekt med direkteplassering av einslege mindreårige asylsøkarar i utvalde kommunar, slik at einslege barn og unge kan bli busette like etter at dei kjem til landet, utan lange opphald i mottak eller på omsorgssenter. Pilotprosjektet blir følgjeevaluert for å mellom anna få vurdert om dette kan vere ein god måte å sikre rask busetjing av einslege mindreårige på i framtida. Det vil bli lagt fram ein evalueringsrapport i 2013.

Gjennom Husbanken får kommunane tilbod om økonomiske verkemiddel som kan nyttast til bustader for flyktningar. Kommunane kan få lån og tilskot til etablering av kommunale utleigebustader. Alle som tek del i introduksjonsprogrammet, kan søkje om bustøtte. For å sikre god tilgang på bustader for flyktningar vil IMDi, Husbanken og KS også i 2013 leggje stor vekt på å informere kommunane om dei økonomiske verkemidla Husbanken rår over. Kommunane treng ofte informasjon og råd for å etablere og utvikle passande bu- og omsorgstiltak for einslege mindreårige. IMDi, Bufdir og Husbanken skal hjelpe kommunane med dette.

I tillegg til å sikre rask busetjing av flyktningar er det viktig å gi kommunane støtte og hjelp til å utvikle kvaliteten på introduksjonsprogrammet og norskopplæringa. IMDi skal arbeide nært saman med NAV og kommunane om å betre kvaliteten i introduksjonsordninga. Regjeringa set av midlar i 2013 som kommunane kan søkje på til tiltak for å styrkje kvaliteten og resultata i desse ordningane. Det skal sikre at dei som tek del i introduksjonsprogrammet, kjem raskt over i arbeid eller vidare utdanning og kvalifisering, sjå nærmare omtale under kap. 821, post 62. Det blir òg føreslått å omdisponere midlar til fornying av IKT-systema i IMDi, noko som er sentralt for god gjennomføring i dei store ordningane og dialogen med kommunane, sjå nærmare omtale under kap. 821, post 45.

Delmål 2.2: God opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Resultatrapport 2011/2012

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar blir regulert av introduksjonslova (lov av 4. juli 2003 nr. 80 om introduksjonsordning og norskopplæring for nykomne innvandrarar). Opphaldsgrunnlaget og alderen til innvandraren avgjer kva for rettar og plikter ho eller han har til norskopplæring.

Tabell 3.3 Rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap

Personkrins 1

Rett

Plikt

Gratis

Omfang 2

1) Personar som har fått asyl, personar med opphald på humanitært grunnlag og familie- sameinte med desse gruppene og dei med kollektivt vern, 16–55 år

X

X

X

600 timar (550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap), ved behov opptil 2 400 norsktimar i tillegg

2) Familiesameinte med norske og nordiske borgarar busette i Noreg, 16–55 år

X

X

X

600 timar (550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap), ved behov opptil 2 400 norsktimar i tillegg

3) Personar frå gruppe 1) eller 2) i alderen 55–67 år

X

X

600 timar (550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap), ved behov opptil 2 400 norsktimar i tillegg

4) Arbeidsinnvandrarar utanfor EØS-/EFTA- regelverket, 16–55 år

X

300 timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap)

1 Gjeld personar som har fått løyve etter 1. september 2005 som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve etter utlendingslova.

2 For dei med rett og plikt eller berre rett til opplæring som har fått løyve mellom 1. september 2005 og 1. januar 2012, er omfanget 300 timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap), ved behov opptil 2 700 norsktimar i tillegg.

Plikta til opplæring har fram til 1. januar 2012 vore 300 timar. Frå 1. januar 2012 er timetalet auka for dei som blir omfatta av rett og plikt eller rett til opplæring.

I første halvdel av 2011 var det 42 600 deltakarar i opplæring i norsk og samfunnskunnskap, av dei om lag 5 000 asylsøkjarar. I andre halvdel var det registrert om lag 40 200 deltakarar, av dei om lag 4 400 asylsøkjarar.

For at dei så snart som mogleg skal lære norsk, bør personar med rett og/eller plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap starte raskt i opplæringa. Dei fleste startar raskt, og tendensen har vore stigande dei siste åra. Totalt var det 9 651 personar som fekk rett og plikt til slik opplæring i 2010, og av dei hadde 88 prosent starta på opplæringa innan dei tre første halvåra etter at dei fekk rett og plikt. Det er òg viktig at dei som begynner på opplæring, fullfører ho. Gjennomføringsgraden er god. Av dei 7 941 personane som kom i 2008, og som framleis er i gruppa for rett og plikt til opplæring, hadde 86 prosent oppfylt plikta si til 300 timar opplæring innan tre år. Både når det gjeld oppstart og gjennomføring, har mennene 2–3 prosentpoeng betre resultat enn kvinnene. Tala er baserte på registreringar i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR).

Deltakarar i norskopplæringa kan gå opp til avsluttande prøve i norsk. Det finst to nasjonale avsluttande prøver som måler dugleikar i norsk, Norskprøve 2 og 3. Norskprøve 3 prøver kunnskapar på eit høgare nivå enn Norskprøve 2. Tabellen under viser dei samla prøveresultata dei siste fem åra.

Tabell 3.4 Prøveresultat Norskprøve 2 og 3

Norskprøve 2 og 3

Munnleg del

Skriftleg del

Talet på møtte

Talet på beståtte

Beståtte i prosent

Mål i prosent

Talet på møtte

Talet på beståtte

Beståtte i prosent

Mål i prosent

2011

15 659

13 473

86,0

90

16 302

9 591

58,8

65

2010

14 459

12 636

87,4

90

14 510

8 397

57,9

65

2009

11 461

10 108

88,2

95

11 791

7 029

59,6

60

2008

9 039

8 032

88,8

9 179

4 780

52,0

2007

6 907

6 370

92,2

7 194

3 555

49,4

Tabellen viser at stadig fleire har gått opp til norskprøvene dei siste åra. Til tross for det har delen som består skriftleg, auka, og delen som består munnleg, vore nokså stabil dei siste åra. Delen som stod til skriftleg i 2011, er 9,4 prosentpoeng høgare enn i 2007. Av dei som tok ei prøve i 2011, var 40 prosent menn og 60 prosent kvinner. Kvinner har betre resultat på dei skriftlege prøvene enn menn.

20–25 prosent av deltakarane har lita eller inga utdanning frå heimlandet. Desse går i mindre grad opp til avsluttande prøve enn andre deltakarar. I 2010 hadde 6 prosent av kandidatane til skriftleg prøve og 10 prosent av kandidatane til munnleg prøve lita eller inga utdanning. 38 prosent av dei med lita eller inga utdanning frå heimlandet bestod skriftleg, og 83,5 prosent bestod munnleg prøve.

Vox har ansvaret for læreplan, norskprøver, læremiddelutvikling og fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid for opplæringa i norsk og samfunnskunnskap. For å heve kvaliteten på opplæringa i norsk og samfunnskunnskap gjennomførte Vox i samarbeid med fylkesmannen etterutdanningskurs for lærarar, fagdagar og leiarsamlingar i 2011, med til saman rundt 2 750 deltakarar. Evalueringar viser at deltakarane er svært nøgde med kursa. Universitetet i Bergen tilbyr vidareutdanning (fjernundervising) i norsk som andrespråk retta mot lærarar som underviser vaksne innvandrarar i norsk.

Læreplanen i norsk og samfunnskunnskap blei revidert i 2012 og er teken i bruk frå hausten 2012. Ein nettbasert opplæringsressurs i samfunnskunnskap er prøvd ut og vil bli tilgjengeleg på fleire språk i 2012.

Asylsøkjarar over 16 år som bur på mottak, kan få inntil 250 timar norskopplæring. Så å seie alle i målgruppa får tilbod om norskopplæring, viser ei undersøking som TNS-Gallup gjorde for IMDi i 2011. Mange nyttar tilbodet, men ikkje alle. Ved halvparten av opplæringsstadene er det ni av ti som deltek, og ved tre av fire er det meir enn 75 prosent som deltek. Dei fleste gjennomfører 250 timar. Ved 61 prosent av opplæringsstadene gjennomfører deltakarane vanlegvis 250 timar eller meir. Undersøkinga viser at opplæringsstadene meiner at det har vore vellykka å føre inn att norskopplæring for asylsøkjarar. Norskopplæringa er viktig både for asylsøkjaren, mottaket og lokalmiljøet.

Strategiar og tiltak for 2013

Gode norskkunnskapar og grunnleggjande kjennskap til det norske samfunnet er ein føresetnad for å kunne skaffe seg arbeid og utdanning. Opplæring i norsk og samfunnskunnskap er derfor eit sentralt integreringstiltak, og introduksjonslova gir innvandrarar rett og/eller plikt til slik opplæring.

For å leggje enda betre til rette for at innvandrarar skal lære norsk og få kunnskap om det norske samfunnet, vedtok Stortinget i 2011 at retten og plikta til opplæring skulle utvidast frå 300 til 600 timar, at alle som er omfatta av rett og plikt til opplæring, skal avslutte opplæringa med ei prøve i norsk og samfunnskunnskap, at staten skal føre tilsyn med kommunane, og at kommunane skal ha plikt til internkontroll.

Plikta til kommunal internkontroll og statleg tilsyn med ordningane i introduksjonslova blei innført 1. september 2012. Når det gjeld fylkesmannstilsyn, blir det i 2012 utarbeidd ein rettleiar for tilsyn. Det blir òg gjennomført tilsyn i et utval av fylke. Målet er at det frå 2013 skal bli gjennomført tilsyn i alle fylke. Forvaltinga av tilskotet til opplæring i norsk og samfunnskunnskap blir frå 2013 overført frå fylkesmannen til IMDi, og dei frigjorde ressursane hos fylkesmannen skal brukast til tilsyn.

Ny læreplan blei innført i skoleåret 2012–2013. Dei viktigaste endringane er innføring av mål for opplæring i samfunnskunnskap og ein eigen alfabetiseringsmodul. Den nye planen legg òg meir vekt på arbeidsretting av opplæringa og på digitale dugleikar.

Arbeidet med å utvikle digitale prøver vil halde fram i 2013, og prøvene vil bli innførte frå 1. september 2013. Det er viktig for samfunnet og den enkelte at kunnskapane blir dokumenterte. Utvidinga av timetalet vil medverke til at fleire lærer meir norsk, og statleg tilsyn og kommunal internkontroll vil medverke til betre kvalitet og opplæring i samsvar med lova.

Kommunane skal tilby opplæring i samfunnskunnskap på eit språk deltakaren forstår. Dette kravet har ikkje alle kommunane oppfylt. Innføring av obligatorisk prøve i samfunnskunnskap saman med læringsmål for denne opplæringa i læreplanen og tilbod om nettbasert opplæringsressurs på fleire språk er tiltak som har som mål at opplæringa i samfunnskunnskap skal bli gjennomført i samsvar med lova.

Departementet vurderer kontinuerleg tiltak som kan bidra til å heve kvaliteten på opplæringa og til å spreie gode eksempel. Regjeringa føreslår frå 2013 å leggja ned resultattilskotet og å opprette ei ny tilskotsordning med utviklingsmidlar til kommunane for å styrkje kvaliteten og resultata i integreringsarbeidet med vekt på opplæring i norsk og samfunnskunnskap, sjå nærmare omtale under kap. 821, post 62. Det blir òg føreslått å omdisponere midlar til fornying av IKT-systema i IMDi, noko som er sentralt for god gjennomføring i dei store ordningane og dialogen med kommunane, sjå nærmare omtale under kap. 821, post 45.

Delmål 2.3: Rask overgang til arbeid eller utdanning etter gjennomført introduksjonsprogram

Resultatrapport 2011/2012

Introduksjonslova gir nykomne innvandrarar mellom 18 og 55 år både rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram om dei har behov for grunnleggjande kvalifisering. Personkrinsen for rett og plikt til introduksjonsprogram er personar som har fått asyl, har fått kollektivt vern i ein massefluktsituasjon, er overføringsflyktningar eller har fått opphaldsløyve på humanitært grunnlag etter søknad om asyl. I tillegg kjem familiemedlemmer til personar i desse gruppene. Frå 1. juli 2011 er også personar som etter samlivsbrot har fått opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag på grunn av mishandling i samlivet, omfatta av rett og plikt til introduksjonsprogram.

På oppdrag frå departementet utarbeider SSB kvart år ein monitor for deltakarar i introduksjonsprogrammet. Tala viser at i 2011 deltok totalt 12 800 nykomne i ordninga. Sju av ti var frå Eritrea, Somalia, Irak, Afghanistan eller Etiopia. Det er om lag like mange kvinner som menn som deltek; i 2011 var delen kvinnelege deltakarar 49 prosent. Tal frå SSB viser òg at 55 prosent av dei som gjekk ut av introduksjonsordninga i 2009, var sysselsette eller under utdanning i november 2010. Delen for menn var 66 prosent, medan delen for kvinner var 46 prosent. Av dei som gjekk ut av programmet i 2008, var 57 prosent i arbeid eller utdanning, og av dei som gjekk ut i 2007, gjaldt dette 63 prosent. Resultata har hatt ei negativ utvikling frå 2009.

Resultata varierer etter kjønn, landbakgrunn og kva kommune deltakarane bur i. Det finst ikkje éi enkeltforklaring på at resultata har hatt ei negativ utvikling dei seinaste åra. Forklaringar er mellom anna utviklinga på arbeidsmarknaden, at deltakarane kjem frå land med liten eller ingen skolegang, og at dei manglar den erfaringa eller kompetansen som er etterspurd i arbeidslivet. Ein analyse utført av Fafo, syner at kommunane sitt tilbod om kvalifisering varierer når det gjeld både innhald og intensitet. Fafo har i samarbeid med Institutt for samfunnsforsking funne at kvinner er overrepresenterte i program med langsam progresjon, og at dei i gjennomsnitt ikkje har kome like langt i kvalifiseringa som mennene. Kvinner har hyppigare fråvære grunna sjukdom hos barn, eiga helse og særskild på grunn av graviditet og fødsel. Kvinner har likevel samla sett hatt ei positiv utvikling over tid. Fleire kvinner enn menn avbryt kvalifiseringa, og tal frå SSB viser no kva dei gjer, og i kva grad dei kjem tilbake til introduksjonsprogrammet. Tala viser at over halvparten av kvinnene som verken var registrerte i jobb, utdanning eller på tiltak i 2009, fekk eingongsstønad ved fødsel eller foreldrepengar i 2008. Dette tyder på at dei avbryt programmet fordi dei får barn. Tal frå SSB viser òg at av dei kvinnene som avslutta programmert i 2008, og som ikkje var i arbeid, utdanning eller på tiltak i 2009, deltok ca. 40 prosent i programmet igjen i 2009. Dette tyder på at dei kjem tilbake til kvalifisering etter omsorg for barn det første leveåret.

Tal frå IMDi på dei som går direkte over til arbeid eller utdanning etter avslutta program, kan tyde på at den negative utviklinga som starta i 2009, har stoppa opp. I 2011 er det ein resultatoppgang for delen av deltakarane som vert sysselsett eller startar utdanning direkte etter avslutta program samanlikna med dei to siste åra. Analysar laga av både SSB og IMDi, syner at nedgangen i resultat i 2009 og 2010 kan ha samanheng med finanskrisa. Det er store variasjonar i resultatoppnåinga i kommunane, og nokre kommunar oppnår gode resultat òg i tider med lågkonjunktur.

Strategiar og tiltak for 2013

Introduksjonsordninga skal gi dei som deltek individuelle tilbod om kvalifisering som skal medverke til rask overgang til arbeid eller vidare utdanning. Introduksjonsprogrammet er eit av dei sentrale integreringstiltaka for nykomne innvandrarar, og kvaliteten skal vere så god som mogleg. Departementet arbeider med tiltak for å få høgare kvalitet i programmet, for å få betre arbeidsretting og for å styrkje særleg kvinners resultat. Regjeringa føreslår derfor frå 2013 å opprette ei ny tilskotsordning med utviklingsmidlar til kommunane for å styrkje kvalitet og resultat i integreringsarbeidet, sjå omtale under delmål 2.2 og kap. 821, post 62. Samstundes må kvalifiseringstilbodet sektorane imellom samordnast betre, slik at fleire kjem raskt over i arbeid.

Stortinget vedtok forslag frå regjeringa om statleg tilsyn og plikt til internkontroll i juni 2011, og endringane blei sette i verk i 2012. Dette skal medverke til auka kvalitet i introduksjonsordninga og betre resultat, jf. omtale av tilsyn under delmål 2.2. Samstundes er det stort behov for kunnskapsutvikling og erfaringsformidling for å oppnå betre resultat i fleire kommunar, og dette vil stå sentralt i den oppfølginga IMDi har av kommunane.

Departementet har fått mange innspel til korleis introduksjonsordninga kan styrkjast i framtida. Forslag til tiltak frå både Inkluderingsutvalet, Velferds- og migrasjonsutvalet, Fafo og Rambøll er viktige innspel til politikkutviklinga.

Delmål 2.4: Kjennskap til og oppslutning om lover og grunnleggjande rettar og plikter

Resultatrapport 2011/2012

Arbeidet for at innvandrarar og barna deira skal ha kjennskap til og slutte opp om lover og grunnleggjande rettar og plikter, skjer på ulike samfunnsområde. Dei viktigaste verkemidla til BLD under delmålet er opplæring i norsk og samfunnskunnskap, statsborgarseremoni, statsborgarregelverket, tiltak for å auke valdeltakinga og handlingsplanane mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting.

Som skildra under delmål 2.2, har nykomne innvandrarar rett og/eller plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Opplæringa i samfunnskunnskap skal skildre og forklare viktige trekk ved det norske samfunnet, informere om kva rettar og plikter innbyggjarane har, og formidle kjennskap til sentrale verdiar. Opplæringa skal gå føre seg på eit språk deltakaren forstår tidleg i opplæringsløpet. Det er vanskeleg for mange kommunar å gi opplæring i tråd med intensjonane. Vox har derfor gjennom fleire år hatt i oppdrag å gjennomføre tiltak som støttar kommunane i å gjennomføre opplæringa. I 2011 og 2012 har Vox arrangert fire kurs for ca. 200 tospråklege lærarar i samfunnskunnskap. Revidert læreplan, som blei teken i bruk frå hausten 2012, inneheld mål for opplæringa i samfunnskunnskap. Vox har i 2012 utarbeidd og teke i bruk ein nettbasert opplæringsressurs i samfunnskunnskap. I september 2012 arrangerte Vox ein nasjonal konferanse for 250 tospråklege lærarar i samband med innføring av den nye læreplanen for 50 timar samfunnskunnskap og lansering av opplæringsressursen.

Noreg fekk 14 300 nye statsborgarar i 2011. Personar frå Somalia, Afghanistan og Irak var dei største gruppene. Fleire kvinner enn menn fekk norsk statsborgarskap, og ein tredel av dei nye statsborgarane var barn.

Årsrapporten for 2011 for UDI viser at 20 prosent fekk avslag på søknaden om norsk statsborgarskap. Dei fleste av avslaga er grunna i at kravet til klarlagd identitet ikkje er oppfylt. Dette gjeld mange flyktningar og personar frå land utan ein sentral administrasjon.

Departementet har gjort endringar i statsborgarforskrifta kap. 1 om kravet til dokumentert identitet. Det blei innført ei ny føresegn (§ 1-3) som tok til å gjelde 1. juli 2012. På visse vilkår kan ein etter denne føresegna gjere unntak frå beviskravet i statsborgarforskrifta for personar som ikkje greidde å fylle identitetsvilkåret etter tidlegare praksis. Endringane gjeld under visse vilkår personar som er fødde her eller som har kome til Noreg i ung alder.

Nye statsborgarar blir inviterte til ein frivillig statsborgarseremoni. Deltakarane på seremonien får boka Velkomen som ny statsborgar . Under seremonien gir deltakarar over 18 år eit truskapsløfte. Ansvaret for å arrangere seremoniane er lagt til fylkesmannsembeta. Midlar til å arrangere seremoniane går inn dei årlege tildelingane til fylkesmannsembeta frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. IMDi har ansvar for å gi rettleiing til fylkesmennene.

Deltakinga i 2011 var på 24,7 prosent, noko som er ein auke på 2,9 prosentpoeng frå 2010. I 2011 blei det til saman gjennomført 26 seremoniar med i overkant av 2 300 deltakarar i alt.

IMDi har, på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet og i samarbeid med KIM, frivillige organisasjonar og politiske parti, gjennomført ei rekkje informasjons- og mobiliseringstiltak for å auke valdeltakinga ved kommune- og fylkestingsvalet i 2011. Tiltaka retta seg særskilt mot unge veljarar og grupper med innvandrarbakgrunn der valdeltakinga har vore låg eller minkande.

I lokalvalet i 2011 var det totalt sett ein moderat auke i deltakinga blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre samanlikna med lokalvala i 2003 og 2007. Og for befolkninga som heilskap har valdeltakinga auka ved dei to siste lokalvala. I 2011 var deltakinga i befolkninga totalt på 64,5 prosent. 43 prosent av norske statsborgarar som er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, og 32 prosent av dei utanlandske statsborgarane med stemmerett deltok i det siste lokalvalet. Blant dei med innvandrarbakgrunn hadde kvinner noko høgare valdeltaking enn menn, slik det òg var i 2007. Dei med lengst butid av innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre har høgast deltaking ved val. Den yngste aldersgruppa hadde lågare valdeltaking enn resten av befolkninga. Samstundes var auken i deltakinga størst blant dei yngre med stemmerett. Blant utanlandske statsborgarar gjekk deltakinga ned med om lag fem prosentpoeng frå førre lokalval, dette etter å ha auka noko i 2007 frå valet i 2003.

Ved stortingsvalet i 2009 låg valdeltakinga for innbyggjarane sett under eitt på 76 prosent, medan ho låg på 52 prosent for personar med innvandrarbakgrunn. Deltakinga blant innvandrarar har gått marginalt ned samanlikna med vala i 2001 og 2005 (53 prosent). Både blant innvandrarar og innbyggjarane elles aukar valdeltakinga med alder. Noko av forskjellen i valdeltakinga mellom innvandrarar og gjennomsnittet for befolkninga kan derfor forklarast med ulik alderssamansetjing.

Sidan 2007 har Universitetet i Oslo, på oppdrag frå departementet, halde kurset Å vere religiøs leiar i det norske samfunnet . Den tredje kursrekkja blir avslutta hausten 2012. Det har vore i overkant av tjue deltakarar på kvart kurs. Deltakarane har kome frå forskjellige trussamfunn. Den primære målgruppa er leiarar med utanlandsk bakgrunn, og majoriteten har vore kristne, muslimar og buddhistar. Universitetet i Oslo gjennomførte hausten 2011 ei evaluering av kursa. Det blir tilrådd å styrkje dialog som metode, å auke ressursane til faglege forum for tidlegare deltakarar og å leggje større vekt på leiarar i rolla som kulturomsetjarar og som psykososiale støtter for nykomne innvandrarar.

Handlingsplaner mot tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2012) har som mål å hindre at overgrep skjer. Arbeidet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting krev ein langsiktig satsing og utvikling av nye metodar. Det er viktig å sørgje for at det finst nødvendig hjelp og støtte for utsette personar. Samstundes er førebyggjande innsats på desse felta særdeles viktig. Innsatsen i 2012 er ei vidareføring av til saman 27 tiltak frå Handlingsplan mot tvangsekteskap (2008–2011) og Handlingsplan mot kjønnslemlestelse (2008–2011). Planane er eit samarbeid mellom sju departement, og BLD koordinerer arbeidet. Det er i stor grad underliggjande etatar som er ansvarlege for gjennomføringa av tiltaka.

Rapportering på gjennomføringa av tiltaka i Handlingsplan mot tvangsekteskap (2008 2011) og Handlingsplan mot kjønnslemlestelse (2008 2011) er tilgjengeleg på nettstaden til departementet. Rapportering på tiltaka i Handlingsplan mot tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2012) vil bli lagt ut.

Begge handlingsplanane for perioden 2008–2011 er blitt følgjeevaluerte, og IMDi har utarbeidd ein rapport som oppsummerer dei erfaringane IMDi har gjort gjennom arbeidet med Handlingsplan mot tvangsekteskap (2008–2011) . Rapporten er tilgjengeleg på nettstaden til departementet.

IMDi har i 2012 hatt 30 minoritetsrådgivarar på ungdomsskolar og vidaregåande skolar som hjelper ungdom som blir utsette for press og tvang i samband med ekteskapsinngåing. IMDi har òg hatt fire integreringsrådgivarar for å bidra til å styrkje handsaminga av familiesaker og auke kompetansen på tvangsekteskap og kjønnslemlesting ved aktuelle utanriksstasjonar. Frå andre halvår 2012 er desse stillingane gjorde om til spesialutsendingar. I 2011 fekk minoritetsrådgivarane 297 nye saker, talet for første halvår 2012 er 160 nye saker. Integreringsrådgivarane fekk 121 nye saker i 2011, talet for første halvår 2012 er 93 nye saker.

Kompetanseteamet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting (Kompetanseteamet) består frå og med 2012 av representantar frå UDI, Politidirektoratet, Bufdir, Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet og IMDi. I 2011 fekk Kompetanseteamet 294 nye saker, talet for første halvår 2012 var 194.

I tillegg til Kompetanseteamet er det i 2012 etablert seks regionale koordinatorstillingar for å styrkje det regionale arbeidet mot tvangsgifte og kjønnslemlesting. Desse er lagde til IMDis regionkontor.

IMDi har i 2012 gitt støtte til fire kommunar, Stavanger, Kristiansand, Skien og Trondheim, til lokale tverrfaglege og tverretatlege prosjekt om arbeidet mot tvangsekteskap og æresrelatert vald.

Strategiar og tiltak for 2013

Statsborgarskapet, symbolsk og faktisk, markerer at statsborgarane sluttar seg til dei grunnleggjande verdiane som det politiske fellesskapet byggjer på, som demokrati og sams politiske spilleregler. Derfor er det eit ønske at personar som bur permanent i landet, blir norske statsborgarar.

Statsborgarseremonien skal vere ei høgtidleg og verdig markering av overgangen til norsk statsborgarskap. Seremonien skal markere at nye statsborgarar sluttar seg til dei grunnleggjande verdiane som statsborgarskapet kviler på, med like rettar og plikter. Seremonien vil òg gi lokalsamfunnet og storsamfunnet høve til å ønskje nye statsborgarar velkomne. Regjeringa vil at deltakinga i statsborgarseremonien skal auke.

Det er eit mål at valdeltakinga blant personar med innvandrarbakgrunn som har stemmerett, skal vere den same som for gjennomsnittet i befolkninga, jf. Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga i Del III. IMDi skal planleggje tiltak for å stimulere til auka valdeltaking blant personar med innvandrarbakgrunn ved stortingsvalet i 2013. Tiltaka til IMDi skal inngå i regjeringa si markering av stemmerettsjubileet 1913–2013.

Det er viktig at leiarar med innvandrarbakgrunn i trussamfunn har kunnskap om det norske samfunnet og innsikt i dei grunnleggjande verdiane som det norske samfunnet byggjer på, og at dei har tenkt over kva det vil seie å vere leiar i eit trussamfunn i Noreg. Kurset Å vere religiøs leiar i det norske samfunnet vil derfor bli vidareført.

Regjeringa vil vidareføre og utvikle arbeidet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting gjennom ein ny handlingsplan for perioden 2013–2016. Den nye handlingsplanen vil byggje på erfaringar frå tidlegare handlingsplanar. Tiltaka skal supplere innsatsen elles mot vald i nære relasjonar.

Delmål 2.5: Høgare sysselsetjing blant innvandrarar

Resultatrapport 2011/2012

Talet på sysselsette innvandrarar auka med 30 000 frå 4. kvartal 2010 til 4. kvartal 2011. Prosentdelen for sysselsette innvandrarar totalt auka frå 61,6 i 4. kvartal 2011 til 62,8 prosent i 4. kvartal 2011. Sysselsetjinga var uendra i befolkninga totalt sett, og låg på 69,1 prosent i same tidsperioden.

Tabell 3.5 Sysselsette innvandrarar totalt og fordelte på landbakgrunn

4. kvartal 2010 (i prosent)

4. kvartal 2011 (i prosent)

Totalt

61,6

62,8

Norden

74,6

75,9

EU-landa i Aust-Europa

70,9

73,6

EU-landa i Vest-Europa

70,8

70,4

Nord-Amerika og Oseania

64,1

65,8

Sør- og Mellom-Amerika

62,9

63,6

Aust-Europa utanom EU

61,5

62,2

Asia

53,4

53,9

Afrika

43,9

44,2

Den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarar gjekk ned frå 6,5 prosent i mai 2011 til 6,1 prosent i mai 2012. Også i resten av befolkninga gjekk arbeidsløysa ned – frå 1,9 til 1,8 prosent. Innvandrarar frå EU-landa i Aust-Europa har framleis den sterkaste nedgangen i den registrerte arbeidsløysa.

Tabell 3.6 Registrerte arbeidslause

Mai 2011 (i prosent)

Mai 2012 (i prosent)

Registrerte heilt arbeidslause i alt

2,5

2,3

Befolkninga eksklusive innvandrarar

1,9

1,8

Busette innvandrarar i alt

6,5

6,1

Norden

2,5

2,3

Vest-Europa elles

2,9

2,7

EU-land i Aust-Europa

7,3

6,1

Aust-Europa elles

6,6

6,3

Nord-Amerika og Oseania

2,6

2,1

Asia 1

8,1

7,7

Afrika

12,2

12,4

Sør- og Mellom-Amerika

6,3

6,4

1 Tyrkia er inkludert.

Det høge nivået på arbeidsløysa blant innvandrarar frå Afrika er mellom anna eit utslag av den store delen av flyktningar i denne gruppa. Afrikanske innvandrarar har i mange år hatt det høgaste arbeidsløysenivået, uavhengig av konjunkturane på arbeidsmarknaden.

Talet på innvandrarar som deltok på ordinære arbeidsmarknadstiltak, gjekk opp frå 7 397 i andre kvartal av 2011 til 8 353 i same kvartal av 2012. Det var òg ein auke i deltakinga når det gjeld befolkninga elles.

Introduksjonsordninga for nykomne innvandrarar og opplæringa i norsk og samfunnskunnskap er viktige ordningar som skal medverke til å auke deltakinga i yrkes- og samfunnslivet. Sjå omtale under delmål 2.3: Rask overgang til arbeid eller utdanning etter gjennomført introduksjonsprogram.

Ein studie ISF (2012:1) har gjort, viser at sannsynet for å bli kalla inn til intervju i snitt blir redusert med om lag 25 prosent dersom søkjaren har eit utanlandskklingande namn. Særleg påfallande er skilnaden i diskrimineringsratar mellom kvinner og menn og mellom offentleg og privat sektor, der menn i privat sektor kjem dårlegast ut.

Undersøkingar SSB har gjort, viser at personar med innvandrarbakgrunn som har høgare utdanning, oftare er overkvalifiserte for stillinga si enn befolkninga generelt. Auka arbeidserfaring gir mindre overkvalifisering for alle. Med ti års arbeidserfaring er delen overkvalifiserte blant tilsette med bakgrunn frå Afrika, Asia mv. redusert med 12 prosentpoeng, og i heile befolkninga er delen redusert med 15 prosentpoeng. Sjølv om auka arbeidserfaring har nesten like stor effekt blant innvandrarar frå Afrika, Asia mv. som for befolkninga i alt, er gapet framleis stort mellom dei to gruppene. Etter ti års arbeidserfaring er framleis 37 prosent av innvandrarane frå Afrika, Asia mv. overkvalifiserte for den jobben dei har, mot 11 prosent i heile befolkninga.

Det er eit mål at delen personar med innvandrarbakgrunn frå landgruppe 2 * som er tilsette i staten, skal auke. Tall frå SSB viser ei forsiktig utvikling i rett retning, frå 4,4 prosent i 2010 til 4,6 prosent i 2011. Innan statsforvaltinga er det innført ei ordning med at minst éin søkjar med innvandrarbakgrunn skal kallast inn til intervju dersom han eller ho er kvalifisert for stillinga. Ei kartlegging som Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet gjorde i 2008, syner at 33 prosent av dei med innvandrarbakgrunn som blei kalla inn til intervju, blei tilsette. Nokre kommunar har teke i bruk tilsvarande intervjuordningar. Regjeringa ønskjer at fleire kommunar tek i bruk ordninga, og har gitt IMDi i oppdrag å støtte kommunesektoren i dette arbeidet. IMDi underteikna i 2011 ei avtale med Sarpsborg kommune og Bodø kommune om innføring av intervjuordninga. I tillegg er IMDi i dialog med fleire andre kommunar som vurderer å innføre ordninga i heile eller delar av verksemda si.

I 2008 starta eit toårig forsøk med moderat kvotering av personar med innvandrarbakgrunn i stillingar i 12 statlege verksemder. Sluttevalueringa syner at verkemiddelet i liten grad er nytta og er dårleg implementert i nokre av verksemdene. Det kan sjå ut som om to år er for lite til å implementere og sjå effekten av tiltaket. Samstundes viser evalueringa at tiltaket har skapt auka merksemd og medvit kring rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn. For å få nok erfaring til å kunne konkludere med at kvotering er eit egna verkemiddel, er forsøket vidareført i to nye år, til 2013. BLD er blant verksemdene som deltek i forsøket.

I 2011 starta IMDi eit nettverk for mangfald i dei statleg heileigde verksemdene, med vekt på HR-fagleg oppfølging og tilføring av kompetanse. IMDi held fram med å dokumentere dei statleg heileigde verksemdene sine aktivitetar for auka rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn og for tilrettelegging for mangfald og inkludering på arbeidsplassen. Delen tilsette med innvandrarbakgrunn i statleg heleigde verksemder auka frå 9 prosent i 2010 til 9,1 prosent i 2011. Delen tilsette innvandrarar frå Afrika, Asia med fleire i desse verksemdene endra seg ikkje frå 2010 til 2011, og var framleis på 5,9 prosent i 2011.

Mangfaldsprisen blir kvart år delt ut til ei verksemd som utmerkjer seg når det gjeld etnisk mangfald på arbeidsplassen. Med Mangfaldsprisen ønskjer regjeringa å vende søkjelyset mot gode eksempel på inkludering av personar med innvandrarbakgrunn i arbeidslivet og å spreie kunnskap om innsats som bidreg til auka mangfald på arbeidsplassen, for på den måten å inspirere fleire til slik innsats. I 2011 gjekk Mangfaldsprisen til IKEA.

Mangfoldsportalen.no blei lansert i mars 2009, i samarbeid med partane i arbeidslivet. Portalen rettar seg mot arbeidsgivarar, tillitsvalde og ansvarlege for opplæring og HR i verksemder i offentleg og privat sektor. Han gir informasjon og rettleiing om rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn og om mangfaldsarbeid. IMDi er ansvarleg for portalen. Besøket til portalen har halde seg stabilt sidan lanseringa. I 2011 var det i snitt 42 nye besøkande på sida kvar dag, og om lag 11 500 unike brukarar har nytta portalen. I 2011 lanserte IMDi i samarbeid med Universitetet i Bergen eit interaktivt treningsprogram for leiarar. Sidan oppstarten 23. november 2011 har om lag 1 700 unike brukarar vore inne i dette programmet.

Det er store variasjonar i deltakinga i arbeidslivet blant innvandrarane. Ei særleg utfordring er låg sysselsetjing i nokre grupper av kvinner med innvandrarbakgrunn. Mange kvinner som ikkje tek del i arbeidslivet, er heimeverande og blir økonomisk underhaldne av ein mann som er i arbeid. Desse kvinnene er derfor verken i kontakt med NAV eller i gang med noka form for kvalifisering, og ein må jobbe særskilt for å finne og motivere dei til å ta del i kvalifisering til arbeid. Resultatrapporten frå IMDi for 2011 viser at 403 personar tok del i Ny sjanse i 2011, mot 529 i 2010. Fleirtalet av deltakarane er kvinner. Av dei 222 deltakarane som gjekk ut av Ny sjanse i 2011, gjekk 39 prosent over i arbeid eller utdanning. Dette er ein auke frå 2010, og resultata har halde seg på eit stabilt og høgt nivå sidan starten i 2005.

Det er stor variasjon i resultata for dei ulike målgruppene i Ny sjanse . 52 prosent av deltakarane i ungdomsprosjekta gjekk i 2011 over til arbeid eller utdanning. 37 prosent av deltakarane i prosjekta retta mot heimeverande kvinner gjekk over til arbeid eller utdanning, 5 prosent blei overførte til andre tiltak, og 8 prosent blei arbeidssøkjarar gjennom NAV. 49 prosent av kvinnene avbraut eller gjekk ut av ordninga og er registrerte utan aktivitet i 2011. 2011 var det siste året sosialstønadsmottakarar var ei målgruppe i Ny sjanse , og dette er med på å forklare at ein høg del, 35 prosent, blei overført til andre tiltak eller inntektsordningar. 27 prosent av sosialstønadsmottakarane hadde overgang til arbeid eller utdanning i 2011.

Ei undersøking av arbeidsmarknads-, utdannings- og inntektsdata der ein har sett på i kor stor grad deltakarar i perioden 2005–2009 kom over i varig arbeid, viser at Ny sjanse har gitt ein direkte og potensielt varig positiv effekt på arbeidsmarknadstilknytinga (SSB 2012:17). Ein samfunnsøkonomisk analyse som nyleg er gjennomført, framstiller Ny sjanse som samfunnsøkonomisk lønnsamt (Proba 2012). Proba har berekna et at sjølv med dei føresetnader som gir lavest lønnsomheit, gir tiltaket ein samfunnsøkonomisk gevinst dersom deltakarane fortsatt er i arbeid etter minimum seks år.

Erfaringar frå forsøksverksemd retta mot innvandrarar som ønskjer å etablere eiga bedrift, tyder på at innvandrarar møter særlege utfordringar, til dømes manglande kjennskap til norske rutinar og prosessar og vanskar med å få lån. Det er få målretta tilbod om rettleiing for etablerarar som tek omsyn til dei særlege behova denne gruppa har. For 2011 blei det løyvd 3,25 mill. kroner til ei styrking av entreprenørskap for innvandrarar. Midlane IMDi hadde til disposisjon i 2011, blei ikkje nytta, men 3 mill. kroner blei overførte til 2012. I 2012 har IMDi tildelt 2 mill. kroner til Buskerud fylkeskommune, som gjennom sitt eigarskap i Norsk senter for fleirkulturell verdiskapning, skal opprette eit regionalt etablerarsenter. Senteret skal tilby opplæring, individuell rettleiing og oppfølging til innvandraretablerarar og vere eit kunnskapssenter med kompetanse- og rettleiingstenester for andre kommunar og aktørar i regionen. I tillegg har IMDi tildelt 1 mill. kroner til bydelen Grorud i Oslo kommune for at bydelen skal starte opp eit tilbod til innvandraretablerarar i Groruddalen. Målsetjinga med tiltaka er å finne modellar for permanente ordningar.

IMDi har òg gitt midlar til Nordlandsforskning, som har greidd ut modellar for finansieringsordningar for etablerarar med vekt på å fjerne særskilde hinder for innvandrarar.

Integreringstiltak for arbeidsinnvandrarar blei behandla i Stortingsmelding nr. 18 (2007–2008) Arbeidsinnvandring . Det er viktig at arbeidsinnvandrarar som har busett seg i landet, får dei same høva til å ta del i yrkes- og samfunnslivet som resten av innbyggjarane. Tilrettelagd informasjon er eit sentralt tiltak. Startpakka Ny i Norge for arbeidsinnvandrarar om nøkkelspørsmål ved arbeid og opphald i landet er utarbeidd av IMDi og har vore distribuert sidan 15. september 2009. Tilbakemeldingane tyder på at Ny i Norge har treft informasjonsbehovet. Nettversjonen av Ny i Norge hadde 160 000 besøk / 723 282 sidevisningar i 2011. 51 prosent av besøka var gjorde frå utlandet, frå 180 ulike land. Det er i hovudsaka dei som nettopp har fått jobb i Noreg, eller som vurderer å arbeide her, som besøker nettsida.

Strategiar og tiltak for 2013

Høg sysselsetjing og auka verdiskaping dannar grunnlaget for utvikling av velferdssamfunnet. Innvandrarar er ein viktig del av arbeidskrafta i Noreg. Eit større mangfald i arbeidslivet kan medverke til å løyse oppgåvene i eit meir samansett og variert norsk samfunn. Regjeringa vil arbeide vidare mot diskriminering og for ein inkluderande rekrutteringspolitikk, mellom anna i samarbeid med partane i arbeidslivet, slik at kompetansen til innvandrarar kjem til nytte i det norske samfunnet på alle nivå i arbeidslivet.

Regjeringa vil hindre at det utviklar seg eit samfunn der systematiske skilnader i levekår følgjer etniske skiljelinjer. Arbeid er det viktigaste verkemiddelet for å sikre den enkelte gode levekår. Auka deltaking i arbeidslivet skal vere hovudstrategien for å sikre ei god samfunnsutvikling. Eit godt kvalifiseringstilbod er nødvendig for å oppnå målet om auka deltaking i arbeidslivet for innvandrarar. Regjeringa vil også i 2013 vidareutvikle kvalifiseringstilbodet for innvandrarar.

Innvandrarar i Noreg har høg arbeidsdeltaking samanlikna med innvandrarar i andre land. Samstundes er det ein tendens til at det etniske mangfaldet er størst på dei lågaste nivåa i arbeidslivet. Innvandrarar er underrepresenterte i leiarstillingar, er oftare overkvalifiserte og opplever oftare diskriminering. For å auke rekrutteringa av personar med innvandrarbakgrunn og for at dei skal få arbeid i tråd med kvalifikasjonane sine, trengst ein medviten og aktiv politikk blant alle arbeidsgivarar.

Det er viktig at offentleg sektor har ein mangfaldig arbeidsstyrke som speglar befolkninga, slik at han kan tilby best moglege og likeverdige tenester. Dette vil også medverke til styrkt tillit til det offentlege tenesteapparatet i befolkninga. Offentleg sektor skal gå føre med eit godt døme. Plikta i staten til å intervjue minst éin søkjar med innvandrarbakgrunn dersom han eller ho er kvalifisert for stillinga, vil bli ført vidare. IMDi vil også i 2013 arbeide for at fleire kommunar og fylkeskommunar skal innføre ei tilsvarande ordning.

Ei kartlegging frå 2009 har gitt betre oversikt over godkjenningsordningane for lovregulerte yrke og eit betre grunnlag for å vurdere om det er behov for tiltak for å unngå at desse ordningane skaper utilsikta hindringar for innpass på arbeidsmarknaden for innvandrarar. Regjeringa vil følgje opp kartlegginga.

Over fleire år har vi registrert ein tendens til at enkelte innvandrargrupper har dårlegare levekår og i større grad er avhengige av offentlege velferdsordningar enn resten av befolkninga. Dette gjeld særleg innvandrarar frå land i Asia og Afrika som har kome som flyktningar og familieinnvandrarar. Lågare sysselsetjing og høgare arbeidsløyse samanlikna med befolkninga elles er ei viktig årsak til skilnadene. Det er særleg viktig å få fleire i denne gruppa i arbeid og motverke utstøyting frå arbeidslivet. Sysselsetjinga blant kvinner må aukast. Det må jobbast for at ungdom i gruppa får arbeid på lik linje med annan ungdom og i samsvar med kvalifikasjonane sine.

Det er lagt opp til ein brei innsats for å få personar som står utanfor arbeidsmarknaden, deriblant innvandrarar, over i arbeid. Denne innsatsen er omtalt i Prop. 1 S (2012–2013) for Arbeidsdepartementet.

Låg kompetanse og svake grunnleggjande dugleikar samanlikna med krava i arbeidsmarknaden er ei utfordring og gjer at ein del innvandrarar òg i 2013 vil ha behov for tilpassa opplæring og særskild hjelp for å kome i varig arbeid.

Nærmare informasjon om strategiar og tiltak for introduksjonsprogrammet i 2013 er å finne under delmål 2.3.

Regjeringa sett av 57 mill. kroner til Jobbsjansen , 30 mill. kroner er ei styrking i 2013. Målsettinga med tiltaket er å auke sysselsetjinga blant innvandrarar som står langt frå arbeidsmarknaden, og som ikkje fangast opp av andre ordningar. Innvandrarkvinner vil vere hovudmålgrupper. Den tidlegare forsøksordninga Ny sjanse vert ein del av Jobbsjansen . Sjå også omtale under kap. 821, post 62.

Auka gründerverksemd blant innvandrarar vil vere eit positivt bidrag til verdiskapinga og kan medverke til målet om auka sysselsetjing. Arbeidet med å utvikle eit tilbod om rettleiing for etablerarar som tek omsyn til dei særlege behova denne gruppa har, vil halde fram.

Delmål 2.6: Høg deltaking i samfunnslivet blant innvandrarar og barna deira

Resultatrapport 2011/2012

Å leggje til rette for høg deltaking i samfunnslivet er del av hovudmålet for integreringspolitikken. Frivillige organisasjonar har ei viktig rolle i å skape eit inkluderande samfunn for alle, som demokratiske aktørar og som møteplasser. Over BLDs budsjett blir det gitt tilskot til frivillig verksemd på lokalt og nasjonalt nivå, òg til innvandrarorganisasjonar.

Deltaking i samfunnslivet skjer på mange arenaer. Regjeringa har i dei seinare åra prioritert å styrkje deltakinga og språkstimuleringa i barnehage for barn med innvandrarbakgrunn gjennom eit forsøk med gratis korttidsopphald (kjernetid) i barnehage. Vidare har ein prioritert å gjennomføre områdesatsingar i område med store og samansette levekårsproblem, slik som Groruddalen og bydelen Søndre Nordstrand i Oslo.

Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd skal medverke til å styrkje frivillige organisasjonar si rolle i integreringsarbeidet og til å auke innvandrarbefolkninga si deltaking i samfunnslivet, jf. rapportering på kap. 821, post 71. Det blir gitt støtte til lokale innvandrarorganisasjonar, til aktivitet i lokalsamfunn, til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet, til arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting og til organisasjonar og grupper som gir målretta informasjon om det norske samfunnet til nye innvandrarar. Samla legg dette tilskotet eit grunnlag for aktiv samfunnsdeltaking for personar med innvandrarbakgrunn.

I Prop. 1S (2011–2012) føreslo regjeringa ei endring av det tidlegare tilskotet til landsdekkjande organisasjonar som arbeider på integreringsfeltet. Dei organisasjonane som tidlegare fekk støtte som landsdekkjande, var særs ulike når det gjeld formål, arbeidsform og organisering, slik at det var vanskeleg å vurdere måloppnåing og støttebeløp. For å sikre ei fleksibel ordning som gir rom for fornying og breidde i organisasjonslandskapet, og som sikrar innvandrarbefolkninga ei stemme, blei ordninga endra frå 2012. Tilskotsordninga til landsdekkjande organisasjonar blei lagt ned. I staden blei nokre organisasjonar sikra støtte gjennom direkte øyremerking i statsbudsjettet. Tilskotet er no kalla støtte til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet.

Målet med tilskotet til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet er å medverke til auka deltaking i, og tillit til, samfunnet blant innvandrarbefolkninga. Tilskotet skal medverke til å sikre at alle har dei same moglegheitene, rettane og pliktene når det gjeld å delta i samfunnet og å ta i bruk eigne ressursar. I tida framover skal arbeid mot diskriminering prioriterast. Tilskotsordninga skal mellom anna medverke til å byggje opp kunnskap basert på erfaring og kompetanse om kva som fremmar inkludering og auka deltaking frå innvandrarar og barna deira i samfunnet.

Målet med tilskotet til lokale organisasjonar er å medverke til å styrkje innvandrarbefolkninga si deltaking i organisasjonslivet lokalt og å auke tilgjenget til sosiale nettverk for denne delen av befolkninga. Deltaking i lokalsamfunnet bidreg til tillit og produksjon av sosial kapital. Manglande deltaking kan føre til motsett resultat. Når innvandrarar er knytte til frivillige organisasjonar, bidreg dette til utvikling av tillit på individnivå. Dette gjeld også for deltaking i innvandrarorganisasjonar. Det ser ut til at deltaking i ein organisasjon med «like» òg skaper betre vilkår for kontakt med «ulike». Foreiningar i nærmiljøet er viktige arenaer for brubygging mellom minoritet og majoritet. Deltaking på felles møteplassar i nærmiljøet kan medverke til å styrkje fellesskapskjensla og auke tillitsbanda mellom minoritets- og majoritetsbefolkninga. Analysar i ein rapport frå Fafo, Stemmer de ikke? , viser at innvandrarar som deltek i organisasjonar som samlar folk med ulik bakgrunn, har 10 prosentpoeng høgare valdeltaking enn dei som ikkje deltek i slike organisasjonar.

Det kan sjå ut som om mange frivillige organisasjonar ikkje har klart å gjere seg attraktive for innvandrarar som potensielle medlemmer eller å nå ut med informasjon om tilboda sine i stor nok grad. Mange organisasjonar har ein tendens til å rekruttere personar som er like dei som er i organisasjonen frå før. Innvandrarar er ofte ikkje med i sosiale nettverk der slik rekruttering skjer, og veit ofte ikkje kvar dei skal vende seg for å delta i frivillig arbeid. Skal dette endre seg, må dei sosiale nettverka utvidast på lokalt nivå, slik at frivillige organisasjonar også kan omfatte nye grupper.

Målet med tilskotet til informasjons- og rettleiingstiltak retta mot innvandrarar er at innvandrarar skal få informasjon som er tilpassa behova deira. Særleg nykomne treng kunnskap om og innføring i det norske samfunnet. Mange treng òg rettleiing for å styrkje deltakinga i lokalsamfunnet. Meir enn 40 000 arbeidsinnvandrarar har fått informasjon og rettleiing gjennom ordninga sidan ho blei etablert i 2008.

IMDi har intensjonsavtaler med til saman seks frivillige organisasjonar med mål om å gjere det lettare for kommunar å ta imot og busetje nykomne innvandrarar. Ein ekstern evalueringsrapport frå 2011 viser at avtalene har medverka til å styrkje arbeidet på integreringsfeltet og overfor flyktningar og innvandrarar. Ein eigenevalueringsrapport frå IMDi i 2012 stadfestar dette. Vidare har omfanget av organisasjonane sitt integreringsarbeid auka i avtaleperioden, og organisasjonane jobbar meir systematisk enn tidlegare. Den eksterne evalueringa viser òg at organisasjonane har blitt meir merksame på det ansvaret dei har for å inkludere innvandrarar i eigen organisasjon.

Forskingsprogrammet Virtuelt senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor har medverka til ny og omfattande kunnskap om innvandrarbefolkninga si deltaking i organisasjonslivet i Noreg. Dette er viktig kunnskap for å kunne utarbeide strategiar og tiltak for inkludering av underrepresenterte grupper i frivillig virke, deriblant innvandrarar og barna deira. Programmet blei oppretta av Kulturdepartementet, og BLD bidreg med finansiering.

Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene (KIM) er eit rådgivande og uavhengig organ formyndigheitene. KIM vedtek sjølv satsingsområda sine. I perioden 2010–2013 er desse 1) likeverdige offentlege tenester, 2) likestilling og deltaking og 3) rettar og arbeid med rettar. Sjå eiga omtale av KIM under kap. 823.

I nokre område med store og samansette levekårsutfordringar går stat og kommune saman om ein ekstra innsats. Groruddalen og Søndre Nordstrand i Oslo, Fjell og Strømsø i Drammen, Saupstad i Trondheim og Årstad i Bergen er dei områda der staten og kommunane har slik felles innsats.

Staten og Oslo kommune har inngått ei avtale for perioden 2007–2016 om ei brei og heilskapleg satsing for å betre miljø- og levekåra i Groruddalen. BLD har det overordna ansvaret for statens innsats på Programområde 4 i satsinga, som omhandlar oppvekst, utdanning, levekår, kulturaktivitetar og inkludering. IMDi samordnar det statlege arbeidet i dette programområdet.

I 2012 blei det på Programområde 4 sett av 52 mill. kroner frå staten til ekstraordinære tiltak på ansvarsområda til fleire departement. Ein har arbeidd kontinuerleg med å få ny kunnskap om forskjellane i levekår i Groruddalen og om tiltak som kan betre levekåra. Ei midtvegsevaluering blei gjennomført i 2011. Evalueringsrapporten oppsummerer at satsinga i all hovudsak er på veg mot måla. Grunnen til det er først og fremst at det er god samanheng mellom dei fleste tiltaka som er sette i gang, og det ein ønskjer å oppnå. Rapporten peiker samtidig på at det er nødvendig med ei sterkare satsing på tiltak for å auke sysselsetjinga.

Den største innsatsen på Programområde 4 har vore retta mot barnehage og skole. Det viktigaste enkelttiltaket er forsøk med gratis kjernetid i barnehage. I tillegg er det gitt midlar til Språkløftet og Utviklingsprosjektet i skolar med meir enn 25 prosent minoritetsspråklege elevar . Desse to prosjekta blei avslutta i 2011, men tiltak på skoleområdet blir følgde opp i perioden 2012–2016 med eit nytt skoleutviklingsprogram for å løyse dei samansette utfordringane på enkelte skolar i Groruddalen og Oslo Sør. Gjennom dei to tiltaka Gratis kjernetid og det no avslutta Språkløftet har ein oppnådd høg deltaking i barnehage. Det er jobba målretta med utvikling av arbeidsmetodar og strukturar for samarbeid mellom skolane og barnehagane som deltek. Folkehelseprosjekt som skal medverke til å redusere helseforskjellane i befolkninga i Groruddalen, er gjennomført i alle dei fire bydelane. Prosjekta dreier seg mellom anna om fysisk aktivitet, kosthald og førebygging av livsstilsrelaterte sjukdommar som diabetes.

Staten og Oslo kommune har òg teikna ei intensjonsavtale om Handlingsprogram Oslo Sør for perioden 2008–2017. Dette er eit forpliktande samarbeid for å betre oppvekst- og levekåra i bydelen Søndre Nordstrand. I tillegg til dei ordinære midlane som går til bydelen, har staten gitt i underkant av 16,4 mill. kroner i ekstraordinære midlar til dette handlingsprogrammet i 2012. Også i Handlingsprogram Oslo Sør har ein arbeidd med barn og oppveksttiltak, særleg når det gjeld språk og skole, og med styrking av foreldrerolla, i tillegg til auka deltaking i arbeidslivet. IMDi samordnar den statlege innsatsen i satsinga. Som i Groruddal-satsinga på levekårsområdet er forsøk med gratis kjernetid i barnehage det største statlege tiltaket i Handlingsprogram Oslo Sør .

Over Kommunal- og regionaldepartementets budsjett gir Husbanken midlar til områdeløft i Saupstad i Trondheim kommune og Årstad i Bergen kommune, i tillegg til Groruddalen.

Barn med innvandrarbakgrunn har lågare deltaking i barnehage enn andre barn, særleg i dei lågaste alderskulla. Deltaking i barnehage medverkar til inkludering og styrkjer den språklege og sosiale kompetansen til barna. Regjeringa har sidan 2006 finansiert forsøk med gratis kjernetid i barnehage i nokre utvalde område med høg del barn med innvandrarbakgrunn for å auke barnehagedeltakinga i desse områda. Forsøket med gratis kjernetid i barnehage omfattar område i Oslo, Drammen og Bergen. Forsøket inneber at alle barna i aktuelle årskull i desse områda får tilbod om gratis deltaking i barnehage 20 timar per veke. Målgruppa for ordninga er hovudsakleg fire- og femåringar.

Eit av formåla til forsøket med gratis kjernetid er, gjennom auka deltaking i barnehage, å førebu barna på skolestart, å betre norskkunnskapane for minoritetsspråklege barn og å medverke til sosialiseringa generelt. Ei målsetjing med forsøket er å sikre ei målretta oppfølging av føresette med innvandrarbakgrunn, slik at dei kan medverke til at barna kan følgje ordinær undervising på skolen. Forsøket har òg som formål å auke forståinga hos foreldra for at norsk språk er viktig, og for deltaking i sosiale aktivitetar. Vidare skal tiltaket medverke til å sikre at barnehagepersonalet har god kompetanse i fleirkulturell pedagogikk og språkstimulering.

I tillegg til i Groruddalen og bydelen Søndre Nordstrand i Oslo er det forsøk med gratis kjernetid i barnehage i bydelen Gamle Oslo, i Fjell og delar av Strømsø i Drammen og i tre skolekrinsar i Årstad i Bergen.

Rapporteringa frå Oslo kommune syner at i område med forsøk for både fire- og femåringar held barnehagedeltakinga seg stabil på mellom 92 og 93 prosent, etter ein mellombels nedgang i 2010. Fleire søkjer heildagsplass. Skolar i Oslo melder om at barna som startar på skolen, meistrar norsk betre no enn tidlegare. Kommunen rapporterer om at forsøket i 2011 hadde eit særskilt fagleg søkjelys på språk og språkutvikling. Tettare samarbeid med foreldra har medverka til at foreldra har fått større forståing for kor viktig det er at barna lærer norsk, og at foreldra samarbeider med barnehagen og seinare med skolen.

Forsøket med gratis kjernetid har medverka til at barnehagedeltakinga har auka i områda som er med i forsøket. I forsøksområda i Drammen er barnehagedeltakinga svært høg, over 97 prosent samla for dei tre årskulla forsøket omfattar (forsøket i Drammen er det einaste der også treåringar er inkludert). Statistikk finst under måla om auka barnehagedeltaking i Mål for inkludering i del III.

Det blei i 2011 sett i gang ei treårig ekstern evaluering av forsøket med gratis kjernetid, og resultata vil kome hausten 2014.

Strategiar og tiltak for 2013

Frivillige organisasjonar har ei sentral rolle i demokratiet. I Noreg tek innbyggjarane del i frivillig verksemd i langt større grad enn i dei fleste andre land. Foreiningar i sivilsamfunnet er viktige arenaer for inkludering, produksjon av fellesskapskjensle, tillit og tilhøyrsle. Dei bidreg til at menneske kan utfalde seg, til sjølvrealisering og trivsel, og dei reduserer isolasjon og passivitet. Dei byggjer òg nettverk og kompetanse som kan vere eit springbrett vidare ut i utdanning og arbeid.

Lågare deltaking i frivillig verksemd gjer at innvandrarar i mindre grad enn andre får tilgang til ressursar i form av kunnskap, fellesskap og nettverk. For all slags deltaking i organisasjonar, unnateke religiøse, har innvandrarar lågare grad av organisering enn befolkninga i alt. Kvinner med innvandrarbakgrunn er sterkast underrepresenterte.

Mange organisasjonar har ein tendens til å rekruttere personar som er like dei som alt er i organisasjonen. Skal dette endre seg, må ein utvide dei sosiale nettverka på lokalt nivå til også å famne minoritetar.

Departementet vil medverke til auka lokal aktivitet og berekraftige lokale organisasjonar. Satsane for tilskot til drift av mellomstore og store lokale innvandrarorganisasjonar blir derfor styrkt. Vidare vil departementet prioritere informasjon og rettleiingstiltak retta mot arbeidsinnvandrarar og personar som ikkje er omfatta av introduksjonsordninga. Intensjonsavtaler mellom IMDi og frivillige organisasjonar blir vidareført innanfor denne tilskotsordninga som ein eigen del. Ein vil òg halde fram med innsats mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting, sjå nærmare omtale under delmål 2.4. Målet med tilskotet til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet er å medverke til auka deltaking i og tillit til samfunnet blant innvandrarbefolkninga. Tilskotet skal medverke til at alle har dei same moglegheitene, rettane og pliktene når det gjeld å delta i samfunnet og å ta i bruk eigne ressursar. Arbeid mot diskriminering skal framleis prioriterast.

Premissen for å gi støtte er at organisasjonane jobbar utoverretta, er inkluderande, driv brubygging og samarbeider med andre organisasjonar. Tilskota må medverke til å byggje relasjonar baserte på respekt, tillit og aksept mellom ulike aktørar på integreringsfeltet. Organisasjonane må kunne vise til planlagde mål og oppnådde resultat for å få støtte.

Regjeringa vil innføre ei nasjonal veke for mangfald og fleirkultur. Formålet er å medverke til å synleggjøre mangfaldet i befolkninga gjennom ulike arrangement og aktivitetar over heile landet. Mangfaldsveka vil bli gjennomført i tett samarbeid med Røde kors.

BLD sine midlar til forskingsprogrammet Virtuelt senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor blir vidareførte ut juni 2013.

Formålet med KIM er å få råd og innspel til politikkutvikling i saker som særleg vedkjem innvandrarar og barna deira. KIM skal medverke til nærmare dialog, kontakt og samarbeid mellom styresmaktene og innvandrarbefolkninga. Vidare har utvalet som mål å vere premissleverandør og ein viktig dialogpartnar for styresmakter, politikarar og andre sentrale aktørar i mangfaldsarbeidet.

Kontaktutvalets periode går ut ved utgangen av 2013. KIM er òg omtalt under kap. 823, post 01.

Enkelte område i større byar har særskilde utfordringar med levekår av eit slikt omfang at det er behov for særlege satsingar. Personar med innvandrarbakgrunn er ofte overrepresenterte i desse områda. Områdesatsing kan vere eit viktig verkemiddel for å betre levekåra i avgrensa geografiske område. Ei områdesatsing er eit samarbeid mellom stat og kommune som skal medverke til å betre levekåra ved å sjå fleire verkemiddel i samanheng og til å skape synergieffektar av statlege og kommunale middel. Ei slik heilskapleg satsing kan òg vere viktig for å snu ei negativ sosial eller økonomisk utvikling i eit område og for å stimulere til sosial inkludering i lokalsamfunnet og deltaking i samfunnet elles. Regjeringa har gjort langsiktige samarbeidsavtaler med Oslo kommune om felles områdesatsingar for å betre levekåra i fire bydelar i Groruddalen og bydelen Søndre Nordstrand.

For å leggje til rette for at barn som ikkje har norsk eller samisk som morsmål, skal meistre norsk så godt som mogleg ved skolestart, ønskjer regjeringa framleis å stimulere til auka deltaking i barnehage i område som har ein stor del barn med innvandrarbakgrunn. I 2013 vil regjeringa derfor vidareføre forsøket med gratis kjernetid i barnehage tjue timar per veke for fire- og femåringar i dei utvalde områda i Oslo, Drammen og Bergen, og for treåringar i Drammen. Samtidig vil regjeringa stadfeste at forsøket med gratis kjernetid skal vere eit verkemiddel i områdesatsing.

Regjeringa vil òg setje i gang ei utgreiing av korleis ein, innanfor dagens regelverk og budsjettrammer, best kan nå førskolebarn i alderen tre–fem år som ikkje går i barnehage, for å sikre at dei med behov får stimulering i norsk språk. I utgreiingsarbeidet skal ein ikkje vurdere individuell rett og plikt eller ei kommunal plikt til språkstimulering.

Kunnskapsdepartementet vidarefører skolesatsinga i Groruddalen og Oslo Sør og har sett av 10 mill. kroner årleg til nye skoletiltak i områda i perioden 2012–2016.

Delmål 2.7: God kunnskap om integrerings- og inkluderingspolitikken i befolkninga

Resultatrapport 2011/2012

Mange sektorar har medansvar for integreringspolitikken. Mykje av kunnskapsarbeidet blir derfor gjort av eller i samarbeid med andre etatar. BLD har i 2012 vidareført samarbeidet med SSB om utvikling og vedlikehald av statistikk og analysar om migrasjon, integrering og levekår, jf. ssb.no/innvandring. Statistikken er ei plattform for vidare analyse og for politikkutforming, men er òg viktig for å oppnå ein faktabasert og konstruktiv debatt om integrering.

BLD støttar programmet for forsking på Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) i regi av Noregs forskingsråd, som mellom anna har som tema inkludering og ekskludering, familie og samfunn, internasjonal migrasjon og integrering av innvandrarar. BLD støttar òg forskingsprogrammet Virtuelt senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor , jf. omtale av forsking i Del III. Programmet Kjønnslemlesting i norsk kontekst hos Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) utviklar og formidlar kunnskap om dette, jf. nkvts.no .

IMDi har i oppdrag å vere kompetansesenter for integrering og har ei sentral rolle i å spreie informasjon om integrering og mangfald og medverke med kunnskapsutvikling. Som direktorat rettar IMDi eit særskild søkjelys mot kunnskap i bruk. IMDi søkjer å få fram ny kunnskap som gjer at måla blir nådde og kvaliteten i integreringstiltaka aukar. IMDi sine viktigaste informasjonskanalar til kommunar, andre samarbeidspartnarar og samfunnet elles er nettportalen imdi.no og nyhendebrevet i-nytt . Andre viktige informasjonskanalar er nettstader som nyinorge.no, mangfoldsportalen.no og mangfalds- og migrasjonsbiblioteket. Kunnskapsformidling skjer både på web, gjennom innleiingar på konferansar og i form av trykte publikasjonar. Ein av publikasjonane er iFAKTA om innvandrarar og integrering, som har vore produsert årleg sidan 2008. Dette er eit faktahefte som rettar seg mot befolkninga generelt. I 2011 blei heftet elektronisk tilrettelagt og publisert på imdi.no . Heftet er òg å finne på regjeringa.no.

IMDi har også andre årlege publikasjonar: Topplederundersøkelsen , Kommunelederundersøkelsen og Mangfold i heleide statlige virksomheter .

IMDi har sidan 2005 gjennomført Integreringsbarometeret , som kartlegg befolkninga sine haldningar til innvandrarar, innvandring og integrering. I tillegg omfattar kartlegginga erfaringar med mellom anna diskriminering og kontakt med innvandrarar. IMDi har i perioden fokusert stadig meir på det lokale integreringsarbeidet og har derfor prioritert å medverke til styrkt lokal kunnskap om integrering og mangfald. Dette har skjedd gjennom fleire større prosjekt. Prosjektet Derfor blir vi her (NIBR-rapport 2012:5) omhandlar kva som avgjer om innvandrarar blir buande i distriktskommunar. IMDi har sett i verk fleire lokale utviklingsprosjekt. Målet med desse prosjekta er å få dokumentasjon og kunnskap om korleis kommunane best kan til leggje til rette tenestene sine for å oppnå gode integreringsresultat.

Strategiar og tiltak for 2013

Politikkutviklinga på integreringsområdet skal byggje på kunnskap. Evalueringar av verkemidla på området, utvikling av nasjonale grunnlagsdata og generell forsking og kunnskapsutvikling nasjonalt og internasjonalt står sentralt.

Samarbeidet med SSB om statistikk som gjeld innvandring, integrering og inkludering av innvandrarar og barna deira, blir ført vidare. BLD vil gi støtte til programmet for forsking på Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) og forskingsprogrammet Virtuelt senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor også i 2013, og NKVTS si rolle som kompetanseutviklar når det gjeld kjønnslemlesting, held fram.

IMDi fører vidare funksjonen sin i produksjon og formidling av kunnskap, metodar og verkemiddel som kommunar og statlege etatar kan nytte i arbeidet med integrering av personar med innvandrarbakgrunn I tillegg skal IMDi gjennom faktabasert kunnskap bidra til ein opplyst debatt og vil også i 2013 bidra til å formidle resultata av integreringspolitikken til heile befolkninga.

Gjennom støtte til nasjonale ressursmiljø blir det bygd opp kunnskap når det gjeld kva som fremmar, og kva som hindrar inkludering. Desse miljøa formidlar òg erfaringar og kompetanse til styresmaktene og til innbyggjarane elles. Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene (KIM) bidreg til å få fram ulike erfaringar og til å få til ein brei offentleg debatt om integrering.

Delmål 2.8: Offentlege tenester som er tilpassa mangfaldet i befolkninga

Resultatrapport 2011/2012

BLD har eit særskilt samordnings- og pådrivaransvar i politikken på integreringsfeltet. Målet er å medverke til at fagstyresmaktene tek hand om det sektoransvaret dei har i integreringspolitikken.

På direktoratsnivå har IMDi ei sentral rolle i å koordinere arbeidet for at personar med innvandrarbakgrunn skal få likeverdige offentlege tenester. IMDi har samarbeidsavtaler med fleire direktorat og etatar som har ansvaret for viktige velferdsoppgåver. Kommunane har ansvaret for ein vesentleg del av velferdstenestene, og IMDi har samarbeidsavtaler med fleire kommunar.

Regjeringa har i 2012 ført vidare Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga. Målsetjinga med ordninga er at den regelmessige rapporteringa over tid skal kunne gi eit godt bilete av utviklinga når det gjeld inkludering av innvandrarbefolkninga på dei ulike samfunnsområda, og synleggjere og forankre det ansvaret fagstyresmaktene har overfor innvandrarbefolkninga. Det er 17 mål som omfattar ansvarsområda til åtte departement. Kvart mål har éin eller fleire indikatorar som skal vise kva retning utviklinga går i. I statsbudsjettet for 2013 rapporterer departementa på måloppnåing for åttande året på rad. Den samla rapporteringa på måla er å finne i Del III.

Som eit ledd i arbeidet for personar med somalisk bakgrunn i Noreg er det sett i verk eit prosjekt, det såkalla Linkprosjektet , for å finne gode metodar som sikrar at brukarar med somalisk bakgrunn får betre tilpassa offentlege tenester, mellom anna den informasjonen dei har krav på. Forsøket blei starta opp i bydelen Gamle Oslo hausten 2010 og blir avslutta hausten 2012. Forsøket blir evaluert av IMDi i 2012.

Rapporten Likeverdige tjenester? Storbyens tjenestetilbud til en etnisk mangfoldig befolkning frå Fafo kom i 2011. Han kartlegg erfaringar med å tilpasse tenester innanfor områda barnehage, heimeteneste og kvalifiseringsprogram (KVP) i tre storbyar med høg innvandrarbefolkning. Rapporten peiker på ei rekkje organisatoriske utfordringar på ulike nivå som gjer arbeidet med likeverdige tenester vanskeleg. IMDi har vore med på å finansiere rapporten. IMDi har òg finansiert ein studie av policy og praksis for tilrettelegging av informasjon til innvandrarar i NAV og i skatte- og helsesektoren. Studien blei lagt fram av Ideas2evidence i 2011. Funna i studien tyder på at det berre i liten grad blir henta inn informasjon om behov for tilpassingar frå brukarane og førstelinja og om effekten av materiell og verktøy. Funn frå begge studiane tyder på at det er behov for tydelegare føringar når det gjeld korleis ein skal tilpasse tenestene for mangfald.

BLD har det overordna ansvaret for tolking i offentleg sektor. Per 30. juni 2012 var det registrert 1 238 tolkar i 55 språk i Nasjonalt tolkeregister. Av desse har 58 prosent statsautorisasjon og/eller tolkeutdanning. Departementet vil sikre at dei som er førte opp i registeret, har minimumskompetanse i tolking. Praktiserande tolkar som ønskjer å bli registrerte, og som ikkje har fullført utdanning eller ikkje har statsautorisasjon, må ta ei språkprøve og gjennomføre eit innføringskurs i kva for ansvar tolken har. Det er mogleg å kvalifisere seg til registeret i 73 språk. IMDi oppmodar offentlege tolkebrukarar og tolkeformidlarar til å sende personar som blir brukte som tolkar, til språkprøve og utdanning. Hittil har 4 401 personar som tolkar på 69 språk, teke språkprøva. Av desse var det 66 prosent som ikkje greidde krava.

Universitetet i Oslo administrerer statsautorisasjonsordninga for tolkar. Autorisasjonsprøva er krevjande, og 89 prosent av kandidatane strauk i 2011. Strykprosenten er noko lågare for kandidatar med grunnutdanning i tolking. Per 30. juni 2012 har 202 tolkar i 23 språk fått løyve som statsautorisert tolk, 59 prosent av dei er kvinner.

Satsinga på utdanning for tolkar dei siste åra har medverka til at fleire tolkar har auka kompetansen sin. I 2007 blei det etablert ei permanent tolkeutdanning ved Høgskolen i Oslo (HiO). Per 31. desember 2011 har totalt 389 studentar i 49 språk bestått grunnutdanninga tolking i offentleg sektor (30 studiepoeng) ved høgskolen. Påbyggingsmodular (tolking i retts- og nemndsmøte, tolking av monologar – hugs og notatteknikk og tolkens kommunikative kompetanse – fleirkulturell forståing i tolking) som skal inngå i eit bachelorstudium, blei tilbydde ved HiO i 2009, 2010 og 2011. Til saman har 237 tolkar teke to modular og bestått eksamen. IMDi samarbeider med høgskolen for å sikre at utdanningstilbodet er tilpassa det behovet samfunnet har for tolkar på ulike språk.

Det er ei utfordring at ulike sektorar ikkje bruker kvalifiserte tolkar i tilstrekkeleg grad. IMDi har gjennom fleire år, i samarbeid med relevante styresmakter, gjennomført årlege undersøkingar om bruk av tolk i delar av offentleg sektor. IMDi har laga rapportar om bruk av tolk blant fastlegar, i barnevernet, i straffesakskjeda, i grunnskolen i Oslo og i NAV. IMDis kartleggingar viser eit stort underforbruk av tolk i offentleg sektor. Dei viser også at slektningar og barn relativt ofte blir nytta som tolk, og at fleire etatar manglar rutinar for å kontrollere kvalifikasjonane til tolken.

Undersøkinga om bruk av tolk i straffesakskjeda (IMDi-rapport 6-2009) viser at berre éin av tre i kriminalomsorga bruker tolk når det er behov for det, og sjølv om domstolane som oftast bruker tolk ved behov, har berre éin av tre i domstolane faste rutinar for å kontrollere kvalifikasjonane til tolken. I ei undersøking om bruk av tolk i grunnskolen i Oslo (IMDi-rapport 2-2011) svarer éin av tre at barn av og til eller ofte blir nytta som tolk for foreldra. Undersøkinga om bruk av tolk i NAV (IMDi-rapport 3-2011) viser at meir enn halvparten av dei tilsette i NAV sjeldan eller aldri bruker tolk sjølv om det er behov for det i avtalte møte. Vaksne slektningar blir i stor grad brukte som tolk, og mange bruker også barn som tolk.

Undersøkingane om bruk av tolk dei siste fire åra har gitt viktig kunnskap om utfordringane innanfor ulike offentlege verksemder og er grunnlag for vidareutvikling av tiltak i samarbeid med sektorane.

Strategiar og tiltak for 2013

Offentlege tenester må vere tilpassa behova til befolkninga. Dette inneber at dei enkelte fagstyresmaktene har ansvar for tenestetilboda til alle gruppene innanfor sitt område, også innvandrarar og barna deira. Oppgåver knytte til arbeidsliv, barnehage, skole og utdanning, helse og bustad, ligg innanfor ansvarsområda til andre departement.

BLD har eit særskilt samordnings- og pådrivaransvar i integrerings- og inkluderingspolitikken, mellom anna for å sikre likeverdige offentlege tenester. På direktoratsnivå er det IMDi som har denne oppgåva.

Ei effektiv samordning kan bidra til å gi likeverdige tenester for alle i befolkninga. For å sikre dette er det behov for å styrkje verktøya for god samordning. Mål for inkludering av innvandrarbefolkninga er regjeringa sitt sentrale verktøy for å dokumentere integreringsutfordringar for alle sektordepartementa.

Arbeidet IMDi gjer for å sikre likeverdige offentlege tenester, byggjer mellom anna på oppfølging av samarbeidsavtaler med etatar og kommunar, og på nettverksbygging og deling av erfaringar mellom direktorat og andre aktørar. IMDi har eit særskilt ansvar for å utvikle og formidle kunnskap om og metodar for å tilpasse offentlege tenester for alle brukargruppene. Det inneber mellom anna å leggje til rette for bruk av tolk dersom brukarar har behov for det.

Arbeidet for at likeverd og rettsvern i offentleg tenesteyting ikkje blir svekt ved språkbarrierar, vil bli ført vidare. Tilgang på kvalifiserte tolkar medverkar til å styrkje rettstryggleiken til individet. Sjølv om norskopplæringa for nykomne innvandrarar er styrkt, vil behovet for tolking vare ved. Innsatsen blir retta mot desse områda:

  • kvalifiserte tolkar som er tilgjengelege over heile landet, og som dekkjer behovet

  • god utdanningskapasitet som held høg kvalitet og dekkjer behovet

  • god kunnskap om bruk av tolk i offentleg sektor

  • formålstenleg og kunnskapsbasert regulering av tolkefeltet

For å auke tilgangen på kvalifiserte tolkar og stimulere tolkane til å dokumentere og auke kompetansen sin blei det i 2005 oppretta eit nasjonalt tolkeregister. Registeret skal også leggje til rette for at dei som bestiller tolk, bruker kvalifiserte tolkar. Det langsiktige målet er at flest mogleg av tolkane i registeret skal ha statsautorisasjon og tolkeutdanning. IMDi er nasjonal fagstyresmakt for tolking i offentleg sektor og eig og driv registeret. Nasjonalt tolkeregister blei evaluert i 2011. På bakgrunn av tilrådingane i evalueringa er fleire funksjonar i registeret forbetra og IMDi vurderer fleire utviklingstiltak for å styrkje registeret.

Utdanningstilbodet for tolkar skal vere godt og funksjonelt. Tolkeutdanning blei eit permanent tilbod ved Høgskolen i Oslo frå hausten 2007, og oppbygging av eit bachelorstudium vil bidra til å profesjonalisere tolkeyrket enda meir. Arbeidet for auka kunnskap i offentleg sektor om samanhengen mellom rettsvernet og kvaliteten på tolkinga held fram. Sektorstyresmaktene og kommunane har sjølvstendig ansvar for å utvikle gode rutinar for bestilling, betaling og bruk av kvalifisert tolk.

IMDi har kartlagt bruk av tolk i ei rekkje sektorar som hos fastlegar, i straffesaker, i grunnskolen og i NAV. IMDi har funne både at det er ei utfordring å få tak i kvalifisert tolk, og at sektorane manglar retningslinjer for bestilling og bruk av tolk. Ei arbeidsgruppe på direktoratsnivå føreslo òg i 2009 å innføre retningslinjer for bruk av tolk i offentleg sektor, både felles retningslinjer og i kvar enkelt sektor. Eit tiltak i handlingsplanen for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering er òg at ein skal vurdere å innføre felles retningslinjer for bruk av kvalifisert tolk i offentleg sektor. Bufdir, Helse- og omsorgsdepartementet, Domstoladministrasjonen, UDI og Arbeids- og velferdsdirektoratet er i gang med å utarbeide eller har utarbeidd slike retningslinjer. Retningslinjene må gjerast kjende blant dei tilsette i kvar sektor og i kommunane. Høgskolen i Oslo og Akershus er i ferd med å utvikle eit kursopplegg for kommunikasjon via tolk. IMDi gir utviklingsmidlar til prosjektet. Målsetjinga er at høgskolen skal kunne gi eit permanent opplæringstilbod for tilsette i offentleg sektor.

For å sikre eit breiare og meir stabilt fagleg miljø, kunne bruke sensorar felles og kunne gi autorisasjon i alle språka det blir gitt utdanning i, skal statsautorisasjonsordninga for tolkar overførast frå Universitetet i Oslo til Høgskolen i Oslo og Akershus 1. januar 2013.

I samarbeid med relevante styresmakter gjennomfører IMDi ei årleg undersøking om bruk av tolk i ulike delar av offentleg sektor. Desse undersøkingane syner at barn blir nytta som tolk i ulike delar av offentleg sektor, til dømes hos fastlegar, i straffesaker og i grunnskolen. Departementet leier ei interdepartemental gruppe som skal vurdere moglege verkemiddel som kan nyttast for å unngå at barn blir nytta som tolk i offentleg sektor.

Nærmare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.05 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

820

Integrerings- og mangfalds- direktoratet

188 161

186 554

179 187

-3,9

821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

4 735 438

5 118 994

5 698 836

11,3

822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

1 616 991

1 727 031

1 689 701

-2,2

823

Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene

6 682

6 441

6 644

3,2

Sum kategori 11.05

6 547 272

7 039 020

7 574 368

7,6

Inntekter under programkategori 11.05 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

3820

Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet

5 936

3821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

93 089

95 224

106 496

11,8

3822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

100 654

116 614

96 567

-17,2

3823

Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene

408

Sum kategori 11.05

200 087

211 838

203 063

-4,1

Utgifter under programkategori 11.05 fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

01-23

Drift

269 237

278 694

273 129

-2,0

30-49

Nybygg og anlegg

10 500

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

6 000

6 186

6 390

3,3

60-69

Overføringar til kommunar

6 214 095

6 696 326

7 226 619

7,9

70-98

Overføringar til private

57 940

57 814

57 730

-0,1

Sum kategori 11.05

6 547 272

7 039 020

7 574 368

7,6

Kap. 820 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter

188 161

186 554

179 187

Sum kap. 0820

188 161

186 554

179 187

Status for verksemda

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er BLD sitt utøvande organ for statens integreringspolitikk og er ein premissleverandør for utvikling av politikken på feltet.

Dei viktigaste oppgåvene til IMDi er

  • å bidra til at kommunane buset flyktningar som får opphald i Noreg i tråd med intensjonane i busetjingsordninga og dei måla som er sette for busetjinga

  • å bidra til rask overgang frå introduksjonsprogram til arbeid eller utdanning

  • å bidra til å utvikle og setje i verk integreringspolitikken

  • å vere eit kompetansesenter for kommunane og andre samarbeidspartnarar som arbeider med integrering og inkludering

  • å ta initiativ overfor sektorstyresmakter om kva høve og barrierar ulike grupper av innvandrarar står overfor, og å gi departementet råd og rettleiing

  • å bidra til å førebyggje og motverke tvangsekteskap og kjønnslemlesting

  • å ta initiativ overfor og å samarbeide med næringsliv og organisasjonar for å auke innvandrarar si deltaking i arbeids- og samfunnsliv

  • å bidra til ein auke i talet på kvalifiserte tolkar og til sikring av tilgang på tolkar som dekkjer fleire språk

IMDi sitt arbeid skal byggje opp under fagstyresmaktene si ivaretaking av sektoransvaret.

IMDi er organisert med kontor i Oslo, Gjøvik, Kristiansand, Bergen, Trondheim og Narvik.

Målgrupper

Kommunane er den viktigaste målgruppa og samhandlingspartnaren til IMDi. Andre målgrupper er mellom anna næringsliv og arbeidsgivarar, statlege sektororgan på både direktoratsnivå og lokalt nivå, ulike organisasjonar, nykomne innvandrarar og meir etablerte innvandrargrupper, innbyggjarane generelt og personar i utlandet som skal busetje seg i Noreg.

Verkemidla

Dei viktigaste verkemidla til IMDi er lover og forskrifter, kunnskap og kunnskapsutvikling, dokumentasjon, spreiing av erfaring, informasjon og haldningsskapande arbeid. I tillegg disponerer direktoratet økonomiske verkemiddel som tilskotsordningar, prosjektmidlar og utviklings- og forskingsmidlar. Frå 2013 tek IMDi over forvaltinga av tilskotet til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar frå fylkesmannen.

I 2013 vil IMDi møte dei største utfordringane på desse områda:

Busetjing

IMDi skal, i samarbeid med KS og kommunane, bidra til rask busetjing av personar som har fått vedtak om opphald i Noreg etter søknad om asyl, jf. omtale under delmål 2.1. Talet per 30. juni 2012 på personar med løyving om opphald som ventar på å bli busette, er det høgaste sidan IMDi blei oppretta, og busetjingsbehovet for 2013 er høgare enn i dei siste åra. IMDi vil vidareutvikle det systematiske samarbeidet med kommunane om ei jamn og planfast busetjing. Einslege mindreårige og familiar med barn skal prioriterast.

Arbeid og kvalifisering

Det er viktig med innsats frå relevante sektorstyresmakter for å få god måloppnåing.

Dei største utfordringane i 2013 vil vere

  • auka sysselsetjing blant innvandrarar, særleg blant kvinner med låg sysselsetjing

  • rask overgang frå introduksjonsprogram til arbeid og/eller utdanning

Evaluering av IMDi

IMDi blei oppretta den 1. januar 2006 ved at UDI blei delt og det blei etablert eit eige direktorat for inkludering og mangfald. Departementet vil setje i verk ei ekstern evaluering av direktoratet i 2013.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekkje utgifter til drift av IMDi. Innanfor ramma ligg oppgåver knytte til arbeidet med uttak og busetjing av overføringsflyktningar, mellom anna til kulturorienteringsprogram og til informasjonsverksemd om flyktningar.

Departementet føreslår å flytte 5 mill. kroner til utvikling av nytt IKT-system i IMDi til kap. 821, post 45. Det blir òg føreslått å flytte 0,5 mill. kroner frå kap. 821, post 21 til oppgåver knytte til IMDis oppgåver med fylkesmannstilsyn for ordningane i introduksjonslova. Midlane blir føreslått flytta for å oppnå korrekt postbruk. Det blir føreslått å gjere tre av integreringsrådgivarstillingane om til spesialutsendingar. Departementet føreslår å flytte 8,63 mill. kroner til kap. 100, post 01 på budsjettet til Utanriksdepartementet. Departementet føreslår ei løyving på 179,2 mill. kroner i 2013.

Kap. 3820 Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Diverse inntekter

2 097

15

Refusjon av arbeidstiltak

144

16

Refusjon av foreldrepengar

1 974

18

Refusjon av sykepengar

1 721

Sum kap. 3820

5 936

Kap. 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

21

Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling , kan overførast

41 702

49 020

46 273

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald , kan overførast

10 500

50

Noregs forskingsråd

6 000

6 186

6 390

60

Integreringstilskot , kan overførast

4 220 201

4 563 218

5 090 852

61

Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar , overslagsløyving

303 072

334 262

314 268

62

Kommunale innvandrartiltak

106 523

108 494

172 823

70

Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging

4 020

4 145

1 860

71

Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd

47 010

49 462

51 094

72

Statsautorisasjonsordninga for tolkar m.m.

2 369

2 442

2 523

73

Tilskot

4 541

1 765

2 253

Sum kap. 0821

4 735 438

5 118 994

5 698 836

Post 21 Spesielle driftsutgifter – kunnskapsutvikling, integrering og mangfald, kan overførast

Målet med løyvinga er å få god og relevant kunnskap om integrering og mangfald i samfunnet, bidra til formidling av slik kunnskap og utvikle gode metodar og god praksis til bruk for kommunar og statleg forvalting. Både departementet og IMDi nyttar midlar under denne posten.

Rapport 2011/2012

I 2011 og 2012 har mykje av midlane vore nytta til utvikling og vedlikehald av statistikk og nye analysar om migrasjon, integrasjon og levekår, jf. ssb.no/innvandring . Det er gitt midlar til vidare deltaking i forskingsprogrammet Virtuelt senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor og til Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) sitt kompetanseutviklingsarbeid på området kjønnslemlesting . Det er lagt vekt på å skaffe fram systematisk kunnskap om einslege mindreårige flyktningar. Andre sentrale tema for prosjekt har vore måloppnåing innanfor introduksjonsprogrammet for nye flyktningar, norskopplæring og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, alfabetisering for vaksne innvandrarar, innvandrarelevar i vidaregåande skole, bustadløysingar for flyktningar, førebygging av tvangsekteskap og ekstrem kontroll, valdeltaking, likskap og forskjellar mellom Oslo-ungdom med og utan innvandrarbakgrunn, innvandrarar i distriktskommunar. Evalueringa av tiltaket med Gratis kjernetid i barnehage i Oslo er vidareført. Delar av midlane er brukte i regionane til utviklingsprosjekt der prosjekta skal ha overføringsverdi for kommunar og andre etatar lokalt.

Budsjettforslag for 2013

Departementet føreslår å flytte:

  • 0,5 mill. kroner til kap. 820, post 01 til oppgåver knytte til IMDis oppgåver med fylkesmannstilsyn for ordningane i introduksjonslova

  • 1 mill. kroner til kap. 821, post 73 til Kunnskapssenter for velferdsetatane

  • 0,85 mill. kroner til kap. 821, post 62 til tiltak i ny handlingsplan mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting

  • 5 mill. kroner til kap. 822, post 21 til utviklingsarbeid innan opplæring i norsk og samfunnskunnskap

  • 0,2 mill. kroner frå kap. 821, post 73 til tiltak i ny handlingsplan mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting

  • 2,422 mill. kroner frå kap. 821, post 70 og 0,363 mill. kroner frå kap. 821, post 62 til Berekningsutvalets kartlegging av kommunane sine utgifter til busetjing og integrering

  • Midlane blir føreslått flytta for å oppnå korrekt postbruk.

Departementet føreslår ei løyving på 46,3 mill. kroner i 2013. Løyvinga vil bli nytta til faste prosjekt, evalueringar statistikkprosjekt og kartleggjingar. Løyvinga blir òg nytta til prosjekt innafor samarbeidsavtale med SSB om utvikling og vedlikehald av statistikk og analysar om migrasjon, integrering og levekår, utviklingsarbeid, utvikling av dataverktøy og til formidling av kunnskap. Evalueringar, statistikkprosjekt og prosjekt knytte til handlingsplanar og satsingar skal prioriterast. I kunnskapsarbeidet skal kjønn stå sentralt.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal nyttast til utgifter mellom anna til å utvikle og implementere system, til å anskaffe utstyr og til bruk av interne ressurspersonar.

Departementet føreslår ei løyving på 10,5 mill. kroner til IMDis utvikling av nytt IKT-system. BLD føreslår å flytte midlane frå kap. 820, post 01 (5 mill. kroner) og kap. 822, post 60 (5,5 mill. kroner).

Post 50 Noregs forskingsråd

Midlane på posten skal nyttast til programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) under Noregs forskingsråd.

Departementet føreslår ei løyving på 6,4 mill. kroner i 2013.

Post 60 Integreringstilskot, kan overførast

Formål

Formålet med integreringstilskotet er å medverke til rask busetjing. Målet er at einslege, mindreårige flyktningar og barnefamiliar skal bli busette i ein kommune innan tre månader etter at dei har fått opphaldsløyve, og at andre vaksne skal bli busette innan seks månader. Tilskotet skal gi ei rimeleg dekking av dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningane i busetjingsåret og dei fire neste åra. Tilskotet skal medverke til at kommunane driv eit planfast og aktivt busetjings- og integreringsarbeid, slik at flyktningane snarast mogleg får arbeid og kan forsørgje seg sjølve. Tilskotet skal også medverke til rask busetjing av eldre og flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar.

Tildelingskriterium

Integreringstilskot

Kommunane får utbetalt integreringstilskot ved busetjing av flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag og familiesameining med flyktningar i fem år. For familiesameining med personar som har opphald på humanitært grunnlag, får kommunane utbetalt integreringstilskot for dei tre første åra.

Integreringstilskotet kan, i enkelte tilfelle og når særlege grunnar taler for det, bli utbetalt for personar som blir busette frå mottak sjølv om dei ikkje har opphald på grunnlag av søknad om asyl, er overføringsflyktningar eller har kollektivt vern. Ein føresetnad er at dei blir busette etter avtale med kommunen.

Alle kommunane får tilskot etter same satsstruktur og nivå. Kommunane får eit høgare tilskot for einslege vaksne enn for andre vaksne. Kommunane får òg eit høgare tilskot for einslege mindreårige enn for andre barn. Satsane er viste i tabellen under. Tilskotet blir utbetalt uavhengig av kva behov den enkelte flyktningen måtte ha for oppfølging, tiltak og tilrettelegging i kommunen.

Tabell 3.7 Satsar for integreringstilskotet

Busetjingsår

Satsar 2009

Satsar 2010

Satsar 2011

Satsar 2012

Satsar 2013

År 1 (einslege vaksne)

200 000

210 000

215 000

År 1 (andre vaksne)

143 5002

147 500

150 000

156 500

165 000

År 1 (einslege mindreårige)

150 000

156 500

165 000

År 1 (barn)

123 500

127 500

130 000

135 000

145000

År 2

142 000 1

146 400

150 000

156 500

166 800

År 3

126 000 1

130 400

131 500

135 000

135 000

År 4

75 000

80 000

80 000

80 000

80 000

År 5

70 000

70 000

70 000

70 000

70 000

Sum (einslege vaksne)

556 500

574 300

631 500

651 500

666 800

Sum (andre vaksne)

581 500

598 000

616 800

Sum (einslege mindreårige)

581 500

598 000

616 800

Sum (barn)

536 500

554 300

561 500

576 500

596 800

1 I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009 blei satsane for integreringstilskotet i år 1, år 2 og år 3 auka til høvesvis 143 500 kroner, 142 000 kroner og 126 000 kroner. Aukane hadde heilårseffekt.

Tilskot ved busetjing av personar over 60 år og personar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar

Ved busetjing av personar som har fylt 60 år, får kommunen eit ekstra eingongstilskot. Satsen for 2013 er føreslått til 147 600 kroner.

Ved busetjing av flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar kan kommunane få ekstra tilskot på grunnlag av dokumenterte behov. Ordninga har to delar, og personar som kommunane søkjer tilskot for, kan utløyse anten tilskot 1 eller tilskot 2. Departementet føreslår å setje satsen for tilskot 1 til 165 100 kroner (eingongstilskot) for 2013 og satsen for tilskot 2 til inntil 825 700 kroner per år i inntil 5 år, det vil seie for same perioden som integreringstilskotet. Tilskota blir ikkje trekte frå ved fastsetjing av tilskot under toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester, jf. kap. 575, post 60.

Skoletilskot

Ved busetjing av barn i grunnskolealder får kommunane eit tilskot til språkopplæring. Tilskotet skal dekkje den kommunale eigendelen til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring. Satsen for 2013 er føreslått til 11 400 kroner.

Tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar

Kommunane får eit særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, jf. kap. 821, post 61. Kommunane kan også få refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege mindreårige flyktningar, jf. kap. 854, post 65.

Barnehagetilskot

Ved busetjing av barn i barnehagealder (0–5 år) får kommunane eit eingongstilskot til særskild tilrettelegging for barn av nykomne flyktningar, til dømes med tospråklege assistentar. Satsen for 2013 blir føreslått til 22 900 kroner.

Overføringsflyktningar

Regjeringa føreslår ein kvote på om lag 1 200 overføringsflyktningar for 2013. Integreringstilskotet er dimensjonert for busetjing av 1 120 overføringsflyktningar. I tillegg blir det løyvd midlar til tiltak for gjenbusetjingav flyktningar på kap. 820, post 01 og kap. 490, post 73 Gjenbusetjing av flyktningar – støttetiltak. Sjå eiga omtale under postane. Midlane på kap. 490, post 73 kan nyttast under kap. 821, post 60.

Oppfølging og kontroll

Kommunane skal ikkje leggje fram særskild rekneskap for integreringstilskotet. Berekningsutvalet kartlegg kommunane sine utgifter til busetjing og integrering. Sosialkontor/sosialtenester, introduksjonsprogram/introduksjonsstønad, barne- og ungdomsverntenester, innvandrar- og flyktningkontortenester, tolketenester, omsorg for personar med rusproblem, støttekontakt, bustad- og bustadadministrasjonstenester, sysselsetjingstiltak, yrkeskvalifisering og arbeidstrening, integreringstiltak i grunnskolen, kultur- og ungdomstiltak, barnehagar, utgifter til den kommunale helsetenesta og felleskostnader blir rekna som integreringstiltak.

Integreringstilskotet er mellom anna med på å finansiere introduksjonsprogramma til kommunane. Deltaking i introduksjonsordninga og i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap i kommunen skal registrerast i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR), sjå rapportering under delmål 2.3: Rask overgang til arbeid eller utdanning etter gjennomført introduksjonsprogram.

Rapport for 2011/2012

I 2011 blei det betalt ut integreringstilskot for 4 220 mill. kroner. Det blei betalt ut eldretilskot for 10,8 mill. kroner, tilskot ved busetjing av flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og åtferdsvanskar på 197,1 mill. kroner, barnehagetilskot på 13,1 og skoletilskot på 62,6 mill. kroner.

Budsjettforslag for 2013

Departementet føreslår ei løyving på 5 090,9 mill. kroner i 2013.

Post 61 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, overslagsløyving

Særskilt tilskot blir utbetalt til kommunane når einslege, mindreårige flyktningar blir busette.

Tildelingskriterium

Alle kommunar er inkluderte i ordninga ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar. Tilskotet blir differensiert frå den månaden vedkomande blir busett. Tilskotet blir utbetalt til og med det året den einslege mindreårige fyller tjue år. IMDi betaler ut tilskotet til kommunane basert på talet på barn som blir busette i dei respektive kommunane.

Rapport for 2011/2012

I 2011 blei det betalt ut tilskot for 303,1 mill. kroner.

Budsjettforslag 2013

Departementet føreslår ei løyving på 314,3 mill. kroner i 2013. Satsen for 2013 blir føreslått til 130 900 kroner.

Post 62 Kommunale innvandrartiltak

Formålet med løyvinga er å styrkje integreringsarbeidet i kommunane. Midlane skal mellom anna brukast til desse tiltaka:

  • Forsøk med gratis korttidsopphald (kjernetid) i barnehagar i område med ein høg prosentdel barn med innvandrarbakgrunn, jf. omtale under delmål 2.6.

  • Jobbsjansen frå sommaren 2013, jf. omtale under delmål 2.5. Målsettinga med tiltaket er å auke sysselsetjinga blant innvandrarar som står langt frå arbeidsmarknaden, og som ikkje fangast opp av andre ordningar. Jobbsjansen rettar seg spesielt mot kvinner som er heime, som ikkje tek del i noko opplæring eller kvalifisering, og som ikkje får sosialhjelp. Forsøksordninga Ny sjanse blir frå sommaren 2013 ein del av Jobbsjansen .

  • Utviklingsmidlar til kommunane. Det blir føreslått å opprette ei ny tilskotsordning. Formålet med tilskotet er auka kvalitet og betre resultatoppnåing i kommunane sitt integreringsarbeid med vekt på opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Midlane skal nyttast til utvikling og implementering av tiltak og prosjekt som styrkjer overgangen til arbeid og utdanning. Kommunar med ein prosentdel innvandrarar i landgruppe 2 (Asia, Afrika, Oseania unnateke Australia og New Zealand og Europa utanom EU/EØS, jf. SSB sin definisjon) på meir enn fem prosent kan søkje om tilskot. Avgrensinga blir gjort ut frå tal per 1. januar 2012. Ved val av prosjekt skal det leggjast vekt på interkommunalt samarbeid og på kor stor del som har bestått norskprøvene. Kommunane skal rapportere på bruken av midla. Ordninga vil bli evaluert.

  • Nasjonalt bu- og støttetilbod for personar over 18 år som er utsette for tvangsekteskap.

  • Lokale samarbeidsprosjekt i regionane om arbeid mot tvangsekteskap og æresrelatert vald.

Rapport for 2011/2012

Forsøk med gratis kjernetid i barnehage

Midlane til forsøket skal dekkje tjue timar gratis kjernetid i barnehage per veke til alle barna i målgruppa for forsøket. Midlane skal òg brukast til arbeid med å rekruttere barn som ikkje har søkt barnehageplass, til arbeid med systematisk språkstimulering i barnehagane, til å heve kompetansen til barnehagepersonalet og til tiltak retta mot foreldre, spesielt mødre.

Forsøket med gratis kjernetid i barnehage i område med ein høg prosentdel barn med innvandrarbakgrunn starta i bydelen Stovner i Oslo i 2006 og er gradvis utvida. I 2011 blei forsøket i Drammen utvida til fireåringar, og forsøket i Gamle Oslo blei endra til å omfatte fireåringar i staden for treåringar. I tillegg blei det i 2011 starta eit forsøk for fire- og femåringar i tre skolekrinsar i Årstad i Bergen, og frå 1. august 2011 også eit forsøk for femåringar i Drammen i dei same områda der det allereie er forsøk for tre- og fireåringar. Satsinga i Bergen heng saman med ei områdesatsing same stad. Den tidlegare utprøvinga av forsøket i Drammen med eit gratis korttidstilbod berre for minoritetsspråklege barn og tilbod om norskopplæring og fysisk aktivitet for mødrer blei avslutta frå og med barnehageåret 2010/2011. Dei områda som er med i forsøket med gratis kjernetid i barnehage i 2012, er dei fire bydelane i Groruddalen og bydelane Gamle Oslo og Søndre Nordstrand i Oslo, Fjell og delar av Strømsø i Drammen og skolekrinsane Slettebakken, Fridalen og Ny Krohnborg i Årstad i Bergen. Målgruppa for forsøket i 2012 er i hovudsaka fire- og femåringar. Unntaka frå dette er at i Drammen er òg treåringane omfatta, og at i bydelen Gamle Oslo i Oslo gjeld forsøket berre femåringar.

Løyvinga til forsøket var 68,8 mill. kroner i 2011 og 69,4 mill. kroner i 2012. Restmidlar på 1,322 mill. kroner frå forsøket i 2010 i bydelen Gamle Oslo er brukte til vidare utvikling av forsøket i Oslo. I 2011 og 2012 fekk Oslo kommune 57,6 mill. kroner. Drammen kommune har fått tildelt 6,6 mill. kroner for 2011og 7,2 mill. kroner for 2012. Bergen kommune har fått 4,6 mill. kroner til forsøket i kvart av åra 2011 og 2012.

Ny sjanse

Over statsbudsjettet i 2011 blei det tildelt 26,979 mill. kroner til Ny sjanse . Av denne løyvinga blei 750 000 kroner sette av til metodeutprøving og 1 mill. kroner til incentivordninga. 26 prosjekt fekk midlar, fordelte på 13 kommunar og ti bydelar i Oslo.

Resultatrapporten frå IMDi for 2011 viser at 403 personar tok del i Ny sjanse i 2011, mot 529 i 2010. Fleirtalet av deltakarane er kvinner. Av dei 222 deltakarane som gjekk ut av Ny sjanse i 2011, gjekk 39 prosent over i arbeid eller utdanning. Dette er ein auke frå 2010, og resultata har frå starten i 2005 halde seg på eit stabilt og høgt nivå.

Det er stor variasjon når det gjeld resultata for dei ulike målgruppene i Ny sjanse . 52 prosent av deltakarane i ungdomsprosjekta gjekk i 2011 over til arbeid eller utdanning. 37 prosent av deltakarane i prosjekta retta mot heimeverande kvinner gjekk over til arbeid eller utdanning, 5 prosent blei overførte til andre tiltak, og 8 prosent blei arbeidssøkjarar gjennom NAV. 49 prosent av kvinnene avbraut eller gjekk over i ingen aktivitet i 2011. 2011 var det siste året sosialstønadsmottakarar var ei målgruppe i Ny sjanse , og dette er med på å forklare at ein høg del, 35 prosent, blei overført til andre tiltak eller inntektsordningar. 27 prosent av sosialstønadsmottakarane hadde overgang til arbeid eller utdanning i 2011.

Det nasjonale bu- og støttetilbodet for personar over 18 år som er utsette for tvangsekteskap

Bufdir har i samarbeid med involverte kommunar etablert eit nasjonalt bu- og støttetilbod til unge over 18 år som står i fare for eller har vore utsette for tvangsekteskap. Opphavleg var dette eit tiltak i Handlingsplan mot tvangsekteskap (2008–2011), som no er ført vidare i Handlingsplaner mot tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2012). Det er i 2012 etablert 25 plassar. Rambøll Management har evaluert bu- og støttetilbodet. Departementet vurderer å følgje opp konklusjonane i rapporten. Refusjonsordninga for frivillige organisasjonar når hotell blir nytta som krisebustad, blei vidareført i 2012 og blir fasa ut i 2012.

Budsjettforslag for 2013

Det blir føreslått å flytte 0,363 mill. kroner til kap. 821, post 21 til Berekningsutvalets kartleggjing av kommunanes utgifter ved busetjing og integrering av flyktningar.

Departementet føreslår å løyve 172,8 mill. kroner på posten for 2013, fordelte slik:

  • 72,1 mill. kroner til forsøk med gratis kjernetid i barnehagar.

  • 57 mill. kroner til Jobbsjansen og Ny sjanse . Ny sjanse vil opphøre sommaren 2013, og vil så inngå i Jobbsjansen . Ein del av løyvinga nyttast til metodedokumentasjon.

  • 32 mill. kroner til utviklingsmidler til kommunene, sjå omtale av tilkotsordninga ovanfor. Av desse blir 30 mill. kroner føreslått flytta frå kap. 822, post 60.

  • 10,5 mill. kroner til nasjonalt bu- og støttetilbod for personar over 18 år som er utsette for tvangsekteskap.

  • 1,22 mill. kroner til vidareføring av lokale samarbeidsprosjekt i regionane. Midlane blir fordelte til Kristiansand, Skien og Trondheim. Prosjekta blei oppretta gjennom tiltak i Handlingsplan mot tvangsekteskap (2008–2011) . Departementet føreslår å flytte midlane frå kap. 821, post 21 (0,85 mill. kroner) og frå kap. 821, post 73 (0,37 mill. kroner). Midlane blir føreslått flytta for å oppnå korrekt postbruk.

Post 70 Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging

Midlane på posten skal nyttast til det samla arbeidet KS gjer på flyktningfeltet.

Rapport for 2011/2012

I 2012 har IMDi disponert ei løyving på 4,145 mill. kroner. Av desse er 2,345 mill. kroner nytta til kartlegginga Berekningsutvalet gjer av kommunane sine utgifter knytte til busetjing av flyktningar, og 1,8 mill. kroner til det samla arbeidet KS gjer på flyktningfeltet.

Budsjettforslag for 2013

Departementet føreslår å flytte 2,422 mill. kroner til kap. 821, post 21. Midlane blir føreslått flytta for å oppnå korrekt postbruk. Departementet føreslår ei løyving på 1,86 mill. kroner for 2013. Midlane skal nyttast til det samla arbeidet KS gjer på flyktningfeltet.

Post 71 Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd

Løyvinga på post 71 er delt i 1) tilskot til frivillig verksemd i lokalsamfunn som medverkar til deltaking, dialog og samhandling, 2) tilskot til drift av nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet, 3) tilskot til frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting og 4) informasjons- og rettleiingstiltak retta mot innvandrarar. I tillegg blir det gitt midlar over denne posten til innsats for særleg utsette innvandrargrupper.

1. Frivillig verksemd i lokalsamfunn som medverkar til deltaking, dialog og samhandling

Ordninga er todelt og gjeld støtte til a) drift av lokale innvandrarorganisasjonar og b) frivillig verksemd. Delar av løyvinga er øyremerkte organisasjonar og aktivitetar i Groruddalen og bydelen Søndre Nordstrand i Oslo. Hovuddelen av midlane blir fordelt av fylkeskommunane på bakgrunn av rundskriv frå IMDi. Midlane blir fordelte mellom fylkeskommunane ut frå talet på utanlandskfødde personar og barna deira som er fast busette i fylket, og som er fødde utanfor Norden, Sveits, USA, Canada, Australia og New Zealand. Tal frå Statistisk sentralbyrå per 1. januar det føregåande året ligg til grunn for berekninga av tilskotet. Fylkeskommunane får 10 prosent av tilskotsramma i administrasjonstilskot.

Mål

Formålet med driftstilskot til lokale innvandrarorganisasjonar er å medverke til og styrkje innvandrarbefolkningas deltaking i organisasjonslivet lokalt og til å auke tilgjenget til sosiale nettverk for denne delen av befolkninga.

Formålet med tilskotet til frivillig verksemd er å skape møteplassar og aktivitetar i lokalsamfunn på tvers av ulike grupper i befolkninga. Tiltaka skal vere knytte til integrering og inkludering av personar med innvandrarbakgrunn.

Begge tilskota skal medverke til å skape auka tillit til, og tilhøyrsle i, det norske samfunnet.

Rapport for 2011/2012

I 2011 var det 14,35 mill. kroner på denne tilskotsposten. 14,25 mill. kroner blei sette av til fylkeskommunane. Av desse var 12,77 mill. kroner tilskot, og 1,47 mill. kroner blei brukte til administrasjon. I tillegg er det sett av 100 000 kroner til IMDis klagebehandling.

Det blei tildelt 2,6 mill. kroner (3,7 mill. kroner) * til drift av lokale innvandrarorganisasjonar, fordelte på 225 (254) organisasjonar. Det blei tildelt 10,2 mill. kroner (7,5 mill. kr) i prosjektstøtte til 790 (695) aktivitetar og tiltak. Av mottakarane er 390 (470) innvandrarorganisasjonar og 396 (291) andre aktørar.

Tilskotsordninga til lokale innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd i lokalsamfunn blei auka til 16,6 mill. kroner for 2012.

Av desse midlane blei 2,25 mill. kroner sette av til organisasjonar og aktivitet i Groruddalen og på Søndre Nordstrand, ein auke på 1 mill. kroner frå året før.

2. Nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet

Målet med tilskotet til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet er å medverke til auka deltaking i, og auka tillit til, samfunnet blant innvandrarbefolkninga. Tilskotet skal medverke til at alle har dei same moglegheitene, rettane og pliktene når det gjeld å delta i samfunnet og å ta i bruk eigne ressursar. Arbeidet mot diskriminering skal framleis prioriterast.

Departementet føreslår at det i 2013 blir gitt øyremerkte tilskot til nasjonale ressursmiljø slik det går fram av tabell 3.8. I 2013 blir tilskotet til OMOD styrka med 200 000 kroner. Arbeid for å auke kunnskapen om diskriminering av homofile med innvandrarbakgrunn skal prioriterast.

Departementet vurderer at desse organisasjonane, stiftingane og sentera vil gi den nødvendige balansen mellom breidde, fornying og kontinuitet, jf. formålet med ordninga.

Dei nasjonale ressursmiljøa vil ha ei viktig rolle i å følgje innvandrings- og integreringsfeltet. Dei skal, mellom anna, vere ei kjelde til alternativ kunnskap, formidling av erfaringar og synspunkt frå innvandrarbefolkninga. Miljøa skal samle og formidle eksisterande kunnskap og kompetanse på integreringsfeltet, basert på forsking, erfaring, brei kontaktflate og solid forankring i ulike innvandrarmiljø. Miljøa skal dekkje ulike behov i arbeidet med integrering.

Tabell 3.8 Tilskot til nasjonale ressursmiljø

Organisasjon

Tilskot 2012

Tilskot 2013

Antirasistisk senter (ARS)

2 175 000

2 175 000

Human Rights Service (HRS)

900 000

700 000

Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO)

850 000

850 000

Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA)

1 265 000

1 265 000

Minoten – minoritetspolitisk tenketank

750 000

750 000

MiRA – Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner

1 300 000

1 300 000

Multikulturelt Initiativ- og Ressursnettverk (MiR)

500 000

500 000

Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS)

1 970 000

1 970 000

Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD)

1 440 000

1 640 000

Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF)

1 850 000

1 850 000

LIM – Likestilling, integrering, mangfold

500 000

500 000

Utrop

500 000

500 000

Totalt

14 mill. kr

14 mill. kr

3. Frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting

Mål

Målet med ordninga er å stimulere frivillige organisasjonar til å førebyggje tvangsekteskap og kjønnslemlesting gjennom å arbeide for endring i haldningar og praksis i aktuelle miljø. Gjennom dette vil ein auke sjansane for at dei unge kan ta sjølvstendige val når det gjeld ektefelle, og hindre kjønnslemlesting på barn som har opphald i Noreg.

Det blir gitt støtte til haldningsskapande og førebyggjande arbeid, inkludert informasjonstiltak, nettverksbygging og andre former for dialog og kontakt retta mot unge med innvandrarbakgrunn og foreldra deira.

Rapport for 2011/2012

Frivillige organisasjonar kan søkje om støtte til haldningsskapande og førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og mot kjønnslemlesting. Dette er tiltak i handlingsplanane mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting for 2012. Ordninga blir forvalta av IMDi. Tilskot til frivillige organisasjonars haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot kjønnslemlesting har tidlegare vore forvalta av Bufdir, men er frå 2012 innarbeidd i tilskotsordninga på kap. 821, post 71. Ein del frivillige organisasjonar jobbar med begge temaa, til dels retta mot dei same målgruppene.

IMDis erfaringar med forvaltinga av tilskotsordninga mot tvangsekteskap er at organisasjonane utgjer eit viktig supplement til offentlege tiltak. Organisasjonane er viktige kanalar inn i eigne miljø. Erfaringane med forvaltinga av midlane til kortsiktige prosjekt innanfor kvart budsjettår er at dei ikkje i tilstrekkeleg grad sikrar langsiktig arbeid og kompetansebygging. Bruken av midlane bør i større grad planleggjast for fleire år om gangen.

I 2011 blei det gitt støtte til 25 prosjekt. I 2012 har 33 søknader fått prosjektstøtte med til saman 8,9 mill. kroner. 15 søknader har fått avslag. Vidareføringar av gode prosjekt er prioriterte på begge felt.

Tre av prosjekta er i utlandet, nærmare bestemt i Pakistan, Nord-Irak og Tyrkia.

4. Informasjons- og rettleiingstiltak retta mot innvandrarar

Mål

Innvandrarar skal få informasjon som er tilpassa behova deira. Særleg nykomne treng kunnskap om, og innføring i, det norske samfunnet. Mange treng òg rettleiing for å styrkje deltakinga i lokalsamfunnet. Målgruppa for tilskotet er innvandrarar, deriblant arbeidsinnvandrarar og personar som ikkje er omfatta av introduksjonsordninga, som har behov for å utvikle nettverk og styrkje deltakinga si i lokalsamfunnet. Sidan 2008 har det blitt sett av midlar til ei ordning der frivillige organisasjonar kan gi målretta informasjon og rettleiing til innvandrarar. Innanfor denne ordninga blir det òg tildelt midlar til frivillige organisasjonar sitt arbeid med busetjing og integrering av flyktningar og med inkludering av innvandrarar i lokalsamfunnet. I 2010 blei ordninga med tilskot òg utvida til å omfatte vidareføring av samarbeidsavtaler mellom IMDi og frivillige organisasjonar som medverkar til integrering av busette flyktningar i kommunane. Ordninga blir forvalta av IMDi.

Rapport for 2011/2012

For 2012 var det sett av 7,06 mill. kroner. 30 organisasjonar har fått støtte i 2012. Av desse er det 19 vidareføringar frå 2011. Støtta har mellom anna gått til ulike frivilligsentralar, Hørselshemmedes landsforbund (HLF) og eit prosjekt retta mot arbeidsinnvandrarar i regi av Næringsforeningen i Tromsøregionen. I tillegg har dei seks frivillige organisasjonane som IMDi har samarbeidsavtaler med, motteke støtte i 2012. Desse er Raudekrossen Noreg, Norsk Folkehjelp, Noregs Fotballforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening, Redd Barna og Frivillighet Norge.

Innsats for særleg utsette innvandrargrupper

Rapport for 2011/2012

For 2011 var det sett av 1,5 mill. kroner til innsats for særleg utsette innvandrargrupper. Av desse gjekk 1,4 mill. kroner til Kirkens Bymisjon/Primærmedisinsk verkstad og 100 000 til Pertinax i samarbeid med Somalisk/norsk Research and Development Center (for prosjektet Yrkesmessig rehabilitering av somaliere i khat-belastet miljø ).

For 2012 gikk 1,1 mill. kroner til Kirkens Bymisjon/Primærmedisinsk verkstad, 200 000 til Pertinax og 200 000 kroner til NORSOMbro (norsk-somalisk brobyggingsprosjekt)/Leadership Foundation.

Det blei i 2011 tildelt 300 000 kroner til dialog mellom innvandrarorganisasjonar og styresmakter. Midlane ble utbetalt til Nansenskolen v/Nansen Fredssenter.

Budsjettforslag for 2013

Departementet føreslår ei løyving på 51,1 mill. kroner på posten for 2013:

  • 14,0 mill. kroner til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet.

  • 18,13 mill. kroner er sette av til lokale innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd i lokalsamfunn, av dette 2,25 mill. kroner til organisasjonar og aktivitet i Groruddalen og på Søndre Nordstrand.

  • 10 mill. kroner til frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting

  • 7,46 mill. kroner til informasjon og rettleiingstiltak retta mot innvandrar, av dette er 400 000 kroner sette av til gjennomføringa av ei Mangfaldsuke i tett samarbeid med Røde kors. 1,5 mill. kroner til innsats for særleg utsette innvandrargrupper. Midlane skal gå til Kirkens Bymisjon/Primærmedisinsk verkstad, MiRA – Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner og NORSOMbro (norsk-somalisk brobyggingsprosjekt)/Leadership Foundation.

Post 72 Statsautorisasjonsordninga for tolkar m.m.

Løyvinga skal finansiere den faglege og administrative gjennomføringa av autorisasjonsprøva for tolkar. Gjennom autorisasjonsordninga kan tolkar få dokumentert at dei har den grunnkompetansen i tolking som er nødvendig for å utføre tolkearbeid på ein fullgod måte. Tilgang på godt kvalifiserte tolkar er avgjerande for å sikre at fagpersonar og offentleg tilsette skal kunne informere, rettleie og høyre partane trass i språkbarrierar, slik at innvandrarar får eit likt tilbod som resten av innbyggjarane. Tilgangen på kvalifiserte tolkar er i dag lågare enn behovet, og det må autoriserast tolkar på fleire språk.

Løyvinga skal også nyttast til å følgje opp den plikta Noreg har etter Nordisk språkkonvensjon. Oppfølgingsarbeidet er delegert til Finnmark fylkesbibliotek, som rapporterer til IMDi. Biblioteket har ei norsk–finsk tolke- og omsetjarteneste og ligg i Finnmark fylkeskommune. Tolketenestene er primært regionale, medan omsetjingstenestene er landsdekkjande. Biblioteket driv i tillegg informasjonsverksemd. IMDi bidreg med å gjere språkkonvensjonen kjend og følgjer opp det nordiske samarbeidet rundt konvensjonen, som ligg under Nordisk råd.

Budsjettforslag for 2013

Departementet føreslår ei løyving på 2,5 mill. kroner.

Post 73 Tilskot

Løyvinga blir nytta til tilskot til deltaking i nasjonale og internasjonale kunnskapsforum og til kurset Å vere religiøs leiar i det norske samfunnet ved Universitetet i Oslo.

Rapport for 2011/2012

Løyvinga er nytta til deltaking i Transatlantic Council on Migration, Konsortium for forsking om terrorisme og internasjonal kriminalitet, til Universitetet i Oslo sitt opplæringsprogram for religiøse leiarar med utanlandsk bakgrunn, konsortiet Styrefaglig møteplass og til tiltak i Handlingsplaner mot tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2012).

Budsjettforslag for 2013

Departementet føreslår å flytte 1 mill. kroner frå kap. 821, post 21 til Kunnskapssenter for velferdsetatene. Det blir òg føreslått å flytte 0,2 mill. kroner til kap. 821, post 21 og 0,37 mill. kroner til kap. 821, post 62 til tiltak i ny handlingsplan mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Midlane blir føreslått flytta for å oppnå korrekt postbruk.

Departementet føreslår ei løyving på 2,3 mill. kroner. Midla skal nyttast til tilskot til Kunnskapssenter for velferdsetatane, administrativt underlagt Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten, deltaking i Transatlantic Council on Migration, tilskot til kurset Å være religiøs leiar i det norske samfunnet ved Universitetet i Oslo og Konsortium for forsking om terrorisme og internasjonal kriminalitet

Kap. 3821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter

86 010

82 100

87 472

02

Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter

7 079

13 124

19 024

Sum kap. 3821

93 089

95 224

106 496

Post 01 Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til busetjing av overføringsflyktningar i kommunane kan, i samsvar med statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre), godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Departementet føreslår at 87,5 mill. kroner av utgiftene på kap. 821, post 60 blir rapporterte inn som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på kap. 3821, post 01.

Post 02 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, i samsvar med statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre), godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Departementet føreslår at 19,0 mill. kroner av utgiftene på kap. 821, post 61 blir rapporterte inn som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på kap. 3821, post 02.

Kap. 822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

21

Spesielle driftsutgifter, opplæring i norsk og samfunnskunnskap , kan overførast

20 694

22 354

28 092

22

Norskprøver for vaksne innvandrarar

11 998

14 325

12 933

60

Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

1 584 299

1 690 352

1 648 676

Sum kap. 0822

1 616 991

1 727 031

1 689 701

Post 21 Spesielle driftsutgifter – opplæring i norsk og samfunnskunnskap, kan overførast

Løyvinga skal nyttast til å utvikle kompetanse, metodar, lærebøker og andre læringsressursar for den obligatoriske opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Løyvinga skal òg nyttast til å dekkje lønn og driftsutgifter i Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, som varetek dette arbeidet.

Rapport for 2011/2012

I 2011 fekk Vox tildelt 21,682 mill. kroner til fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid. I 2011 og 2012 blei det gjennomført leiarsamlingar, to dagars etterutdanningskurs for lærarar og pedagogiske fagdagar. Vox har òg ansvaret for ei godkjenningsordning for private tilbydarar av opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. I 2011 og 2012 er det gitt støtte til læremiddel som skal støtte utvikling av munnlege dugleikar og omsetjing av læreverk til nynorsk. I 2011 og 2012 er det også gitt støtte til arbeidsretta læremiddel. Arbeidet med å utvikle digitale prøver i norsk og samfunnskunnskap starta i 2011.

Budsjettforslag for 2013

Departementet føreslår å flytte 5 mill. kroner frå kap. 821, post 21 til utviklingsarbeid innan opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Departementet føreslår ei løyving på 28,1 mill. kroner for 2013. Løyvinga skal mellom anna nyttast til å vidareføre arbeidet med å utvikle digitale prøver i norsk og samfunnskunnskap.

Post 22 Norskprøver for vaksne innvandrarar

Det er to avsluttande prøver i norsk, Norskprøve 2 og 3. Formålet med denne løyvinga er å sikre gode prøver og ei effektiv gjennomføring av prøvene.

Rapport for 2011/2012

Kvar norskprøve består av ein munnleg og ein skriftleg del. I 2011 blei det gjennomført 31 961 munnlege og skriftlege prøver. Det er Folkeuniversitetet / Norsk språktest som er ansvarlege for å gjennomføre prøvene på grunnlag av ei avtale med Vox.

Budsjettforslag for 2013

Departementet føreslår ei løyving på 12,9 mill. kroner, som omfattar utgifter til å utvikle oppgåver, til å gjennomføre prøvene, til sensur og tilbakemelding til opplæringsstadene om resultata.

Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Målet med tilskotsordninga er å sikre at kommunane tilbyr opplæring til vaksne innvandrarar med rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, slik at dei lærer tilstrekkeleg norsk dei første fem åra dei er i landet til at dei kan fungere i yrkes- og samfunnslivet. Tilskotet blir òg nytta til norskopplæring for asylsøkjarar.

Opplæringa skal skje i samsvar med introduksjonslova med forskrifter og retningslinjer for norskopplæring for asylsøkjarar. Tilskotet skal stimulere kommunane til å fremme effektivitet, gjennomstrøyming og resultat i opplæringa, mellom anna gjennom interkommunalt samarbeid. Kommunane kan behalde eit eventuelt overskot av tilskotet dersom dei effektiviserer opplæringa gjennom formålstenleg organisering og god kvalitet innanfor ramma av lov, føresegner og retningslinjer.

Tildelingskriterium

Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova er todelt: persontilskot og grunntilskot. I tillegg kjem tilskot til norskopplæring til asylsøkjarar i mottak.

Persontilskot

Kommunen vil få tilskot for kvar person i målgruppa med rett og plikt eller rett til opplæring som har fått opphaldsløyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve. Tilskotet har to satsar, éin for personar frå Afrika, Asia, Oseania (unnateke Australia og New Zealand), Aust-Europa, Sør-Amerika og Mellom-Amerika og ein lågare sats for personar frå Vest-Europa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand. Grunngivinga for å ha to satsar er at dei som har morsmål som ligg nærmare norsk og meistrar det latinske alfabetet, lærer norsk raskare enn andre. Frå og med 2010 blei det lagt om frå ei utbetaling over fem år til ei utbetaling over tre år. I ein overgangsperiode medfører det at ein må ha forskjellige satsar for dei som er omfatta av rett og plikt / rett til opplæring før og etter 1. januar 2010.

Tabell 3.9 Satsar for persontilskotet

 

2011 Utbetaling over 5 år

2011 Utbetaling over 3 år

2012 Utbetaling over 5 år

2012 Utbetaling over 3 år

2013 Utbetaling over 5 år

2013 Utbetaling over 3 år

Tilskotsår

Låg sats

Høg sats

Låg sats

Høg sats

Låg sats

Låg sats

Låg sats

Høg sats

Låg sats

Høg sats

Låg sats

Høg sats

År 1

9 000

24 400

10 400

27 000

9 000

24 400

11 700

30 300

9 000

24 400

12 100

31 400

År 2

13 200

34 200

18 200

48 500

13 200

34 200

19 800

52 000

13 200

34 200

20 600

53 800

År 3

11 100

30 000

11 700

31 900

11 100

30 000

12 000

32 800

11 000

30 000

12 300

33 900

År 4

3 500

9 400

3 500

9 400

3 500

9 400

År 5

3 500

9 400

3 500

9 400

3 500

9 400

Sum

40 300

107 400

40 300

107 400

40 300

107 400

43 500

115 100

40 300

107 400

45 000

119 100

Grunntilskot

For å betre dei økonomiske rammevilkåra for dei små og mellomstore kommunane er det eit grunntilskot for kommunar med 150 personar eller færre i personkrinsen for rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova. Tilskotet blir utbetalt i to satsar: høg sats til dei kommunane som har 4–150 personar i personkrinsen, og låg sats til dei som har 1–3 personar i personkrinsen. I 2013 avviklast resultattilskotet, og høg sats for grunntilskotet styrkast. Høg sats vil vere om lag 540 000 kroner og låg sats om lag 175 000 kroner. Talet på personar i personkrinsen registrerte i NIR per 15. januar 2013, vil liggje til grunn for den endelege fastsetjinga av satsane og utbetalinga til kommunane i 2013. Tilskotet gjer det også lettare for kommunar som ikkje har busett flyktningar tidlegare, å etablere opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Norskopplæring for asylsøkjarar i mottak

Norskopplæringa omfattar asylsøkjarar i ordinære mottak som er over 16 år, og som ikkje har fått endeleg vedtak. Ordninga gjeld ikkje personar over 18 år som er omfatta av Dublin-prosedyren. Asylsøkjarar som er lenge i transittmottak fordi dei har store helseproblem, kan få norskopplæring. Asylsøkjarar kan få inntil 250 timar opplæring. Opplæringa skal avsluttast når den enkelte har fått 250 timar, eller når ho eller han har fått avslag utan utsetjande verknad. Asylsøkjarar som får positivt vedtak, har rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova.

Kommunane får tilskot per person som er omfatta av norskopplæring for asylsøkjarar. Heile tilskotet for den enkelte blir utbetalt det året asylsøkjaren kjem til eit ordinært mottak. Satsen for 2013 er 18 100 kroner.

Oppfølging og kontroll

IMDi tek over ansvaret for tilskotsforvaltinga frå fylkesmannen i 2013. Kommunane skal ikkje leggje fram særskild rekneskap verken for tilskot til opplæring etter introduksjonslova eller tilskot til norskopplæring for asylsøkjarar. Gjennom den årlege kartlegginga frå Berekningsutvalet vil ein få oversikt over om det er eit rimeleg samsvar mellom kommunane sine utgifter til opplæring i norsk og samfunnskunnskap og statstilskotet. Gjennomført norskopplæring for den enkelte som er omfatta av rett og plikt til opplæring, blir registrert i NIR. Norskopplæring for asylsøkjarar blir også registrert i NIR. Dersom kommunane gjennomfører opplæring etter introduksjonslova og norskopplæring for asylsøkjarar til ein lågare kostnad enn det tilskotet dei har motteke, beheld dei tilskotet uavkorta. Dersom tilskotet er utbetalt på feilaktig grunnlag, vil det bli gjort ei avrekning. Kommunane er ikkje forplikta gjennom lov til å gi asylsøkjarar norskopplæring, men når dei har motteke tilskot til norskopplæring for asylsøkjarar, må dei gi opplæring i samsvar med retningslinjene for dette tilskotet. Dersom norskopplæring for asylsøkjarar ikkje er gjennomført som forventa, vil det etter ei konkret vurdering kunne bli aktuelt å krevje tilskotet tilbakebetalt.

Budsjettforslag for 2013

Frå og med 1. september 2013 blir det innført obligatoriske prøver i norsk. Departementet føreslår med bakgrunn i dette å avvikle resultattilskotet frå 2013. Midlane skal nyttast til tre formål: auking av grunntilskotet (35,6 mill. kroner), utviklingsmidlar til kommunane (30 mill. kroner, sjå kap. 821, post 62) og utvikling av nytt IKT-system (5,5 mill. kroner, sjå kap. 821, post 45).

Departementet føreslår ei løyving på 1 648,7 mill. kroner til opplæring i norsk og samfunnskunnskap i samsvar med introduksjonslova og til norskopplæring for asylsøkjarar.

Kap. 3822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter

100 654

116 614

96 567

Sum kap. 3822

100 654

116 614

96 567

Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, i samsvar med statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre), godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Departementet føreslår at 96,6 mill. kroner av utgiftene på kap. 822, post 60 blir rapporterte inn som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på kap. 3822, post 01.

Kap. 823 Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter

6 682

6 441

6 644

Sum kap. 0823

6 682

6 441

6 644

Status for verksemda

Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitane (KIM) er eit rådgivande og uavhengig organ for styresmaktene i saker som angår personar med innvandrarbakgrunn. Utvalet blir oppnemnt av Kongen i statsråd for periodar som samsvarer med stortingsvala.

KIM skal vere høyringsinstans i saker som særleg vedkjem innvandrarar og barna deira, og skal sjølv ta initiativ til å setje aktuelle saker på den politiske og offentlege dagsordenen. KIM skal, gjennom medlemmene sine, vere i kontakt med og utveksle synspunkt og erfaringar med innvandrarorganisasjonar og -miljø i regionane.

For å fylle rolla si som rådgivande organ kan KIM ha dialog med offentlege styresmakter, fag- og forskingsmiljø, politiske parti, interesseorganisasjonar og andre samarbeidspartnarar. Utvalet møtest minst fire gonger i året.

KIM vedtek sjølv satsingsområda sine for kvar utvalsperiode. Satsingsområda indikerer kva saker KIM vil prioritere i utvalsperioden, men utvalet vil også setje søkjelyset på andre saker om nødvendig.

KIM består av éin leiar og 23 medlemmer med innvandrarbakgrunn. Alle fylka har eit medlem i utvalet, med unnatak av Oslo og Akershus, som har høvesvis fire og to medlemmer. Vararepresentantar kjem i tillegg. Medlemmene i KIM skal representere breidda i innvandrarbefolkninga.

Rapport for 2011/2012

Perioden for det eksisterande kontaktutvalet går frå 1. januar 2010 til 31. desember 2013. For denne perioden har KIM prioritert desse satsingsområda: 1) likeverdige offentlege tenester, 2) likestilling og deltaking og 3) rettar og arbeid knytt til rettar.

Endring i samansetjinga av utvalet frå 2010 og krav om ein strategisk plan for KIM sitt arbeid gjorde at det blei nødvendig å sjå på alle arbeidsrutinane og tilpassinga til den nye strukturen i 2011. Nye interne rutinar er etablerte. Utvalet har starta ein dialog med ulike organisasjonar og offentlege instansar om eit eventuelt formalisert samarbeid rundt satsingsområda.

Utvalet har vore ein sentral aktør for dialog med styresmaktene i etterkant av 22. juli.

KIM deltek i referansegrupper og utval og held fleire føredrag og innlegg, også internasjonalt. Utvalet ser eit rom for å skape debatt og for å kome i kontakt med ulike miljø gjennom bruk av digitale medium. I 2011 innleidde KIM eit samarbeid med internasjonale ekspertar på digital aktivisme.

KIM fekk midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet til å arrangere regionale aktivitetar knytte til Kommunal- og fylkestingsvalet i 2011. KIM var òg medarrangør av Rapvalg 2011 , som er ein nasjonal, internettbasert musikkonkurranse for å få fleire unge til å stemme ved val. Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD) er prosjektansvarleg.

Post 01 Driftsutgifter

Departementet føreslår ei løyving på 6,6 mill. kroner til drift av KIM i 2013.

Kap. 3823 Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Diverse inntekter

408

Sum kap. 3823

408

På post 01 Diverse inntekter vil det bli rekneskapsført enkelte inntekter av mindre omfang.

Programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering

Hovudinnhald og prioriteringar

Regjeringa har som mål at kvinner og menn skal kunne delta i arbeidslivet og dele på omsorgsoppgåvene i heimen. Slik kan samfunnet få nytte av all den kompetansen som finst blant innbyggjarane, og både kvinner og menn kan få brukt og utvikla evnene sine på ulike arenaer.

For å nå målet om likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv er det nødvendig å sjå familie-, likestillings- og arbeidslivspolitikken i samanheng. Noreg har ein av dei høgaste fødselsratane i den industrialiserte delen av verda, kombinert med høg sysselsetjing blant kvinner. Delen kvinner som er i arbeidsstyrken, ligg høgt i OECD-området og vesentleg over snittet for EU-landa. Dette er resultat av ein langsiktig politikk for at kvinner og menn skal kunne kombinere arbeid og familie og halde ved like tilknytinga til arbeidslivet i småbarnsfasen. Ein målretta likestillingspolitikk er òg god økonomisk politikk. Høg yrkesdeltaking blant begge kjønn bidreg vesentleg til økonomisk vekst og utvikling av velferdsstaten.

Ein strategi for å styrkje kvinnene sin posisjon i arbeidslivet ytterlegare er å stimulere fedrane til å ta ein større del av omsorgsoppgåvene heime. Regjeringa har dei siste åra gjort fleire endringar i foreldrepengeordninga som gjer rettane til fedrar betre og legg til rette for auka fedreuttak. Samstundes har ein òg auka den totale stønadsperioden for foreldrepengar. Fedrekvoten er eit av dei viktigaste tiltaka for å auke fedrars uttak av foreldrepengar. Regjeringa vil i 2013 utvide fedrekvoten med ytterlegare to veker slik at den blir 14 veker. Samstundes blir den totale stønadsperioden aukt tilsvarande, frå 47 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 57 veker med 80 prosent kompensasjon til 49 eller 59 veker. Den 1. juli 2013 blir også tredeling av foreldrepengeperioden sett i verk. Kvar av foreldra får ein like lang øyremerkt periode etter fødselen – mødrekvote og fedrekvote på 14 veker. Ein noko lengre fellesdel må foreldra fordele seg imellom. I tillegg har mor, som tidlegare, tre veker før fødselen. Departementet vil i samråd med Arbeids- og velferdsetaten halde fram arbeidet for god informasjon til fedrar om kva rettar dei har, søknadsfristar mv.

Departementet samarbeider òg med dei største organisasjonane i arbeidslivet for å skape merksemd om fedrane sine rettar og om behovet for å stimulere fedrar til å ta rettane i bruk. Dette arbeidet vil halde fram.

Den 1. august 2012 blei kontantstøtta for toåringar avvikla, graderingsreglane for eittåringar blei endra, og aldersdifferensierte satsar blei innførte. Omlegginga av kontantstøtta skal medverke til at kvinner i mindre grad trekkjer seg ut av arbeidslivet i småbarnsfasen, og at fleire barn vil bruke barnehage. Dette kan i mange tilfelle vere positivt for integreringa til barn og kvinner og for språkutviklinga til barn.

Eit forslag om lovfesta rett til inntil ein time ammefri per dag med lønn frå arbeidsgivar har vore på offentleg høyring sommaren 2012. Formålet med forslaget er å leggje til rette for at kvinner kan gå tidlegare attende til arbeidet etter fødsel, og dermed stimulere til ei jamnare deling av foreldrepermisjon og omsorgsoppgåver mellom far og mor.

Det er viktig at kvinners rettar ikkje blir svekte i samband med graviditet, svangerskap og foreldrepermisjon. Regjeringa har derfor lagt fram eit forslag for Stortinget om lovfesting av rettar under og etter foreldrepermisjon.

Lik lønn for arbeid av lik verdi er òg eit viktig mål for regjeringa si likestillingspolitikk. Som eit ledd i dette arbeidet har regjeringa sendt på høyring eit forslag om openheit omkring lønn.

Likestillingspolitikken må vere i framkant og i stadig utvikling for å prege utviklinga i samfunnet, og politikken må vere basert på solid kunnskap. Makt og ressursar er framleis skeivt fordelte mellom kjønna. Det er eit satsingsområde for regjeringa å styrkje kunnskapen om dei utfordringane vi står overfor på dette feltet.

Likestillingsutvalet, som hadde i mandat å greie ut norsk likestillingspolitikk med utgangspunkt i livsløp, etnisitet og klasse, leverte utgreiinga si til BLD i september 2012. Ei delutgreiing om likestillingsapparatet låg føre seinhaustes 2011.

Regjeringa vil utarbeide ei stortingsmelding om likestilling mellom kjønna i eit livsløps-, etnisitets- og klasseperspektiv. Meldinga skal etter planen leggjast fram våren 2013. Meldinga vil mellom anna følgje opp dei to utgreiingane frå Likestillingsutvalet.

Regjeringa la hausten 2011 fram ein handlingsplan for kjønnslikestilling, Likestilling 2014 . Planen skal gjelde for perioden 2011–2014 og synleggjere den heilskaplege likestillingspolitikken på tvers av sektorar . Planen inneheld mellom anna indikatorar for å kunne vurdere måloppnåinga og vil bli oppdatert etter handsaming av ny stortingsmelding om likestilling mellom kjønna.

Familievernkontora har ei viktig rolle når det gjeld å gi hjelp til barn og foreldre i familiar med høgt konfliktnivå. Det er eit viktig mål å hjelpe foreldra til å samarbeide om barna, både før og etter samlivsbrot, og at måloppnåinga under meklingsordninga er god. Vidare er det viktig å gi eit godt tilbod til barna. Samarbeidet mellom familievernet og instansar som barnevern og domstolar skal styrkjast. Det same gjeld for familievernet sitt tilbod til valdsutsette barn. Det vil mellom anna innebere auka satsing på samtalegruppar og andre behandlingstilbod til utsette barn. Regjeringa føreslår på denne bakgrunn å auke løyvinga til familievernet.

Vald mot kvinner og barn er eit alvorleg og omfattande samfunnsproblem, og regjeringa arbeider både for å førebyggje valden og for å sikre tilbod til personar som er utsette for vald i nære relasjonar. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei Stortingsmelding om vald i nære relasjonar. Meldinga vil bli etterfølgt av ein handlingsplan som skal gå over 4 år.

Arbeidet med å styrkje hjelpe- og behandlingstilbodet til valdsutøvarar vil bli vidareført. Alternativ til vold (ATV) har oppretta ni ATV-kontor i samarbeid med kommunar og arbeider for å etablere to nye kontor høvesvis i Bergen og på Nedre Romerike. Den avgrensa geografiske spreiinga av ATV-kontor gjer at familievernkontora, som finst over heile landet, vil vere det mest tilgjengelege hjelpe- og behandlingstilbodet til valdsutøvarar i dei aller fleste kommunar. ATV vil fortsatt vere ein sentral samarbeidspartnar for familievernkontora. Departementet vil bidra til å styrkje Barne-, ungdoms- og familieetaten og familievernet sin kompetanse på å gi tilbod til valdsutøvarar.

Regjeringa vil føre vidare arbeidet for eit samfunn med likestilling og fråvære av diskriminering for alle. Diskriminering er eit brot på menneskerettane som rammar både den enkelte og heile samfunnet. Likestilling inneber at alle skal ha like rettar, plikter og moglegheiter på alle område i livet, uavhengig av mellom anna kjønn, alder, etnisitet, religion, seksuell orientering og funksjonsevne. BLD har ei pådrivar- og rettleiingsrolle overfor andre departement for å fremme likestilling og hindre diskriminering på ulike grunnlag.

Departementet vil leggje fram forslag om endringar i diskrimineringslovgivinga, mellom anna ein ny lov om forbod mot diskriminering på grunn av seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Regjeringa sin handlingsplan Betre livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar er ei tydeleggjering av staten sitt ansvar overfor lhbt-gruppene på ei rekkje område. For BLD er handlingsplanen eit godt verktøy for å koordinere og styrkje politikken overfor lhbt-personar.

Regjeringa si Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering går ut i 2012. Eit av hovudmåla med planen er å bidra til ei god implementering av aktivitets- og rapporteringspliktene i diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova. Eit anna hovudmål er å auke kunnskapen om arten av, omfanget av og årsakene til diskriminering for å kunne setje i verk meir treffsikre tiltak. Planperioden vil bli forlengd ut 2013.

Det er eit mål å fremme deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne. Regjeringa har ein visjon om at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Eit viktig verkemiddel på området er oppfølging av Handlingsplanen for universell utforming og auka tilgjenge (2009–2013), som skal støtte opp under implementeringa av diskriminerings- og tilgjengelova, ny plan- og bygningslov og lovgiving om universell utforming mellom anna på områda utdanning, transport og IKT. Ei ekstern evaluering av sentrale tiltaksområde i handlingsplanen vil liggje føre våren 2013. Evalueringa vil danne grunnlag for å vurdere behovet for nye tiltak etter 2013.

Menneske med utviklingshemming har rett til eit sjølvstendig liv og skal ha den same valfridommen som andre. BLD tek, i samarbeid med fleire departement, sikte på å fremme ei stortingsmelding om levekåra for menneske med utviklingshemming i 2013.

Regjeringa vil arbeide vidare med å førebu iverksetjing av ny verjemålslov. Ein tek sikte på at lova kan tre i kraft 1. juli 2013. Regjeringa har føreslått å ratifisere FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD), slik at Noreg blir bunde av konvensjonen så snart den nye verjemålslova er på plass.

Regjeringa vil feire hundreårsjubileet for at Stortinget 11. juni 1913 vedtok å innføre allmenn røysterett (kvinnestemmeretten). Dei sentrale fellesverdiane demokratiet vårt byggjer på, som stemmerett, likestilling, deltaking og representasjon, skal danne ramma rundt feiringa. Det er nemnt opp ein komité, som arbeider med ulike arrangement og tiltak lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Regjeringa foreslår å sette av 13 mill kroner til feiringa av Stemmerettsjubileet i 2013.

God forskingsbasert kunnskap er eit viktig grunnlag for politikkutforminga, og departementet disponerer midlar til forsking, både programløyvingar til Noregs forskingsråd og prosjektløyvingar med sikte på å styrkje kunnskapsgrunnlaget på dei ulike saksområda. Departementet driv òg informasjonsverksemd retta mot allmenta og gir tilskot til frivillige organisasjonar som arbeider for likestilling og mot diskriminering. Barne-, ungdoms- og familieetaten og Arbeids- og velferdsetaten forvaltar ei rekkje verkemiddel på saksområdet.

Løyvinga til Likestillings- og diskrimineringsnemnda blei auka i revidert nasjonalbudsjett 2012 for å styrkje nemnda sitt arbeid med å handheve reglar om diskriminering. Denne styrkinga blir ført vidare.

Mål

For 2013 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

3: Likestilling mellom kvinner og menn i familie-, arbeids- og samfunnsliv

3.1: Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna

3.2: Ei velfungerande og tilgjengeleg familievernteneste

3.3: Eit godt grunnlag for å vidareutvikle likestillingspolitikken i eit livsløps-, klasse- og etnisitetsperspektiv

3.4: Likelønn mellom menn og kvinner

3.5: Gode og tilgjengelege tilbod til personar utsette for vald i nære relasjonar

4: Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uavhengig av m.a. kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet

4.1: Gode verkemiddel mot diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne

4.2: Full deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne

Resultatrapport og strategiar

Delmål 3.1: Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna

Resultatrapport 2011/2012

Ei arbeidsgruppe med representantar frå BLD, Dommerforeningen, Advokatforeningen, Psykologforeningen og Domstoladministrasjonen la i mars 2011 fram ein rapport med forslag til tiltak for å redusere talet på barnelovsaker i domstolane. Arbeidsgruppa føreslo å auke informasjonsarbeidet og gjere meklingstilbodet meir kjent. I tillegg føreslo gruppa å auke kompetansen til dei profesjonelle aktørane og å leggje til rette for meir samarbeid i saker etter barnelova. Departementet vil føre vidare arbeidet med å følgje opp rapporten. Departementet har òg løyvd pengar til Domstoladministrasjonen til å finansiere gjennomføringa av regionale seminar om sakshandsaminga i barnefordelingssaker der målgruppa var dommarar, advokatar, sakkunnige og tilsette i familievernet. Gjennom seminara kunne aktørane utvikle gode samarbeidsrutinar og felles kompetanse. I 2012 skal det gjennomførast kompetanseheving for å styrkje kunnskapen knytt til vald og overgrep.

Arbeidet med gjennomføring av Haag-konvensjonen frå 1996 om foreldreansvar og tiltak for vern av barn held fram.

Etter ei intern gjennomgåing av ordninga med tilsyn under samvære etter barnelova har BLD sendt ut eit høyringsnotat med forslag til endringar i lova. Formålet med forslaga er å styrkje barneperspektivet, sikre meir effektiv iverksetjing av pålegg om tilsyn frå domstolen og sikre at barn og familiar i slike saker får betre oppfølging.

Eit regjeringsoppnemnt lovutval la 15. mars 2009 fram NOU 2009: 5 Farskap og annen morskap . Fastsetjing og endring av foreldreskap. Utgreiinga har vore på allmenn høyring, og departementet sitt arbeid med å følgje opp utgreiinga held fram.

Departementet har sidan januar 2010 samarbeidd med ulike departement, direktorat og andre einingar for å klargjere rettstilstanden på feltet og avklare korleis offentlege myndigheiter skal handsame saker som gjeld barn fødde av surrogatmor i utlandet. I forlenginga av dette arbeidet har Skattedirektoratet avdekka tilfelle der foreldreskap til barn fødde av surrogatmor i utlandet er registrert i folkeregisteret utan at det juridiske foreldreskapet etter barnelova eller adopsjonslova er i orden. Registreringen i folkeregisteret er ingen rettstiftande handling, og gir i seg sjølv ingen rettsverknadar.

Norske rettsreglar regulerer ikkje surrogati direkte. Departementet er opptatt at så mange som mogleg av barna i Norge utan juridiske foreldre etter norsk rett, får etablert juridiske band til sine omsorgspersonar. Departementet har derfor i førebels forskrift 23. mai 2012 nr. 446 om anerkjenning av farskap for barn fødde av surrogatmor i utlandet, gitt nærmare bestemmelser om anerkjenning av farskap fastsett i utlandet ved surrogati slik at barna det gjeld sikrast ein juridisk far. Vidare har departementet hatt på høyring forslag til ei ny førebels lov om overføring av foreldreskap for å sikre barn i Norge fødde av surrogatmor i utlandet to juridiske foreldre, og departementet følgjer opp dette.

Når personar som er busette i Noreg gjer avtaler med surrogatmødrer eller kommersielle surrogatverksemder i andre land, vil det i tillegg til dei etiske problema også reise seg komplekse juridiske problemstillingar. Departementet vurderer desse spørsmåla.

Seksjon for familiegenetikk ved Rettsmedisinsk institutt, Universitetet i Oslo, blei overført til Nasjonalt folkehelseinstitutt 1. juli 2011, som ei avdeling ved Divisjon for rettsmedisin og rusmiddelforsking. Seksjonen gjennomfører DNA-analysar i farskapssaker på oppdrag frå det offentlege (NAV og domstolane). I 2011 blei det utført 964 analysar, medan det i 2010 blei utført 829 analysar. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid for oppdraga var 7,5 verkedagar i 2011 og i tråd med forventa sakshandsamingstid.

Talet på foreldre som ordnar barnebidraget mellom seg utan å bruke tilbodet frå det offentlege, ligg stabilt på om lag 50 prosent. Det er grunn til å tru at god rettleiing, gebyrordninga og informasjon frå NAV er mykje av årsaka til dette.

Tabell 3.10 viser at det framleis i all hovudsak er menn som er bidragspliktige, og kvinner som er bidragsmottakarar. Delen mannlege bidragsmottakarar og kvinnelege bidragspliktige ser ut til å liggje stabilt på mellom sju og åtte prosent.

Tabell 3.10 Talet på bidragspliktige og bidragsmottakarar med offentleg fastsett bidrag fordelt på kjønn 2002, 2004, 2006, 2008, 2010 og 2011 1

Totalt

Menn prosent

Kvinner prosent

Kjønn ikkje oppgitt

Bidragspliktige

2002

128 587

86,6

9,2

4,2

2004

107 805

86,8

8,1

5,1

2006

101 685

86,3

8,2

5,5

2008

91 374

86,3

7,7

6,0

2010

83 835

86,2

7,6

6,2

2011

80 870

85,9

7,7

6,4

Bidragsmottakarar

2002

135 033

9,2

89,5

1,3

2004

114 799

8,1

90,4

1,5

2006

109 167

8,1

90,7

1,2

2008

98 738

7,7

91,2

1,1

2010

91 056

7,5

91,3

1,2

2011

87 921

7,5

91,3

1,2

1 Statistikken frå Arbeids- og velferdsdirektoratet omfattar ikkje gruppa bidragspliktige/bidragsmottakare som har gjort avtale utan offentleg innkrevjing. Tala på kvinner og menn er ufullstendig, sidan kjønn ikkje er oppgitt i alle tilfella. Dette kjem av utanlandske personar utan norsk fødselsnummer.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet, tal per 31. desember.

Eit viktig mål med omlegginga av bidragsregelverket i 2003 var at bidragsreglane skulle leggje betre til rette for samvære mellom barnet og den av foreldra barnet ikkje bur fast saman med. Sidan fleire foreldre gjer private avtaler om barnebidrag, blir statistikken frå NAV på dette området stadig mindre representativ for oppløyste familiar generelt. Departementet gjennomfører derfor ei intervjuundersøking om samvære og bustad hausten 2012.

Regjeringa sende i juli 2009 forslag om å innføre ei ordning med stans av offentlege ytingar og barnebidrag ved internasjonal barnebortføring på høyring. Høyringsrunden ga støtte til forslaget, men avdekka også høve for utgreiing og avklaring i forhold til menneskerettane og Noreg sine plikter etter FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, FNs konvensjon om barnet sine rettar og Den europeiske menneskerettskonvensjon. Problemstillingane er komplekse, og det har vore behov for ytterlegere utgreiing av enkelte forslag. Oppfølginga skjer i samarbeid med Arbeidsdepartemente og andre aktuelle departement.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) administrerer eit pilotprosjekt med formål om å styrkje tilbodet til barn som lever med høg konflikt mellom foreldra etter samlivsbrot. Prosjektet har tre hovudelement: 1) å auke tilbodet om samtalegrupper for barn og unge i kommunane, 2) parallelle tilbod til foreldra om konfliktløysing ved familievernkontora og 3) utvikling av betre samarbeidsrutinar mellom ulike kommunale tenester for barn og unge, for å fange opp barn og unge som treng særskild oppfølging på eit tidleg tidspunkt. Ulike samarbeidsmodellar blir utprøvde.

Som direkte resultat av denne satsinga har om lag 880 barn og unge delteke i samtalegrupper. Samstundes har foreldra fått tilbod om kurs/rettleiing i betre foreldresamarbeid. Evalueringa frå samtalegruppene for barn viser at dei fleste er godt nøgde med tilbodet. Utprøvinga av parallelle tilbod til vaksne og barn med tilbakemelding til foreldra etter at barna har delteke i samtalegruppe, har medverka til at foreldra i større grad forstår barna sine behov. Den arbeidsforma ein har lagt opp til i prosjektet, har ført til tidlegare identifisering av høgkonfliktfamiliar etter samlivsbrot. Familiar i konflikt etter samlivsbrot har blitt oppdaga tidlegare i kommunen og fått vidare hjelp ved familievernkontoret.

Prosjektperioden er forlengd ut 2012. Konklusjonar frå prosjektet vil danne grunnlaget for utforming av tiltak for denne målgruppa i framtida.

Likestilt praksis i heimen og eit likeverdig foreldreskap bidreg til meir robuste samliv og reduserer risikoen for samlivsbrot. Papparingen er eit likestillingstiltak utvikla av Reform – ressurssenter for menn på oppdrag frå BLD som oppfølging av St.meld. nr. 8 (2008–2009) Mannemeldinga . Bufdir overtok programmet våren 2011 og har arbeidd med å kvalitetssikre og tilpasse det. Direktoratet arbeider i 2012 med vidare planar for korleis tilbodet best kan gjennomførast.

Målsetjinga med tilskotsordninga til samlivstiltak er å styrkje samliv i parforhold, skape gode relasjonar og førebyggje samlivsoppløysing. Organisasjonar som arbeider for å styrkje og ta vare på parforhold kan søkje om midlar til samlivskurs. I 2011 fordelte Bufdir 4,1 mill. kroner i tilskot til dette formålet.

Fleire søkjer om midlar til gjennomføring av samlivskurs for foreldre til barn med nedsett funksjonsevne (Hva med oss?-kurs). I 2011 er det utvikla og delvis utprøvd nye kurskonsept tilpassa etniske minoritetsgrupper og samisk befolkning. Hva med oss? er under revidering med bakgrunn i brukarevalueringar og kursleiarevalueringar. Det blei arrangert 43 kurs i 2011.

Lågare etterspurnad frå helsestasjonane etter materiell til Godt samliv!, som er samlivskurs for førstegongsforeldre, tyder på lågare interesse for kurset enn tidlegare.

Kontantstøtte til eitt- og toåringar utan fulltids barnehageplass

Kontantstøtteordninga blei ført vidare utan endringar i 2011.

Tabell 3.11 Barn i kontantstøttealder og barn med kontantstøtte 2008-2011

Gjennomsnitt

2008

2009

2010

2011

Endring 2010/2011 (%)

Barn i kontantstøttealder

114 470

116 315

119 209

121 749

+2 540 (+2,1)

Barn med kontantstøtte

47 815

42 351

38 999

36 641

–2 358 (–6,1)

Eittåringar med kontantstøtte

29 119

26 035

24 584

23 461

–1 123 (–4,6)

Toåringar med kontantstøtte

18 696

16 317

14 415

13 180

–1 235 (–8,6)

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet, målt i månadlege gjennomsnitt

Nedgangen i talet på barn med kontantstøtte frå 2010 til 2011 på 2 358 barn kjem av at 4 898 fleire barn hadde heiltidsplass i barnehage, medan det var 2 540 fleire barn i aldersgruppa. Av barn med kontantstøtte hadde 21,3 prosent redusert støtte. Det er 1,3 prosentpoeng færre enn i 2010. Dei fleste har lang deltid i barnehage med 20 eller 40 prosent kontantstøtte. Det er flest toåringar med redusert støtte. Kontantstøtta blir utbetalt til den av foreldra som søkjer om støtte. I 85 prosent av tilfella er dette mødrene.

Frå barnehageåret 2012/2013 er kontantstøtta lagt om. Frå 1. august 2012 blir det ikkje lenger gitt kontantstøtte til toåringar. For barn i alderen 13–18 månader er ordninga betra ved at satsen for full kontantstøtte er auka til 5 000 kroner per månad. For barn i alderen 19–23 månader er satsen for full kontantstøtte ført vidare og utgjer 3 303 kroner per månad. Satsstrukturen for delvis kontantstøtte er også forenkla. Kontantstøtte blir no gitt etter to satsar: full og halv kontantstøtte.

Våren 2012 blei det frå fleire hald, mellom anna i skriftleg form til statsråden, reist spørsmål om at endringane i kontantstøtteordninga også gjeld for tilfelle der stønadsmottakaren har fått innvilga kontantstøtte lenger enn til 1. august 2012, når endringa tek til å gjelde. Departementet la derfor spørsmålet fram for Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet. Høgsterett har tidlegare lagt til grunn at inngrep i trygdeytingar strir mot Grunnlova § 97 dersom dei utgjer ein «klart urimeleg eller urettferdig» tilbakeverknad. Lovavdelinga kom til at endringa i kontantstøttelova ikkje kan karakteriserast som ein «klart urimeleg eller urettferdig» tilbakeverknad etter Grunnlova § 97. I vurderinga la Lovavdelinga særleg vekt på at kontantstøtta er ei lovbestemt korttidsyting som ikkje føreset gjenyting, omfanget på inngrepet og stønadsmottakarens høve til å førebu seg på endringa før ho trer i kraft.

Alle kontantstøttemottakarar fekk i februar 2012 brev med informasjon om omlegginga av kontantstøtta. Lovavdelinga meinte at ein òg burde gjere formelle vedtak overfor den enkelte mottakaren. Dette blei gjort i juli.

Barnetrygd – ei universell stønadsordning til forsørging av barn

Barnetrygda blei ført vidare utan endringar i satsar eller regelverk i 2011.

Tabell 3.12 Mottakarar av barnetrygd etter kjønn. Gjennomsnittstal for 2006, 2008, 2010 og 2011

I alt

Ordinær stønad

Utvida stønad

Ekstra småbarnstillegg

2006

I alt

617 485

487 102

130 383

7 177

Prosentdel kvinner

94,0

97,0

82,5

98,0

Prosentdel menn

6,0

3,0

17,5

2,0

2008

I alt

629 224

503 379

125 845

6 194

Prosentdel kvinner

92,8

95,6

81,6

97,9

Prosentdel menn

7,2

4,4

18,4

2,1

2010

I alt

646 177

514 874

131 303

6 169

Prosentdel kvinner

91,5

94,3

80,6

97,5

Prosentdel menn

8,5

5,7

19,4

2,5

2011

I alt

650 533

519 031

131 502

5 774

Prosentdel kvinner

91,1

93,8

80,3

97,5

Prosentdel menn

8,9

6,2

19,7

2,5

Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på BLDs ansvarsområde

Arbeids- og velferdsetaten har ansvar for å forvalte ytingane barnetrygd, kontantstøtte, foreldrepengar og dessutan regelverket for barnebidrag. Etaten har hatt utfordringar både når det gjeld talet på saker til handsaming, og med å sikre rett utbetaling til den enkelte mottakaren.

Arbeids- og velferdsetaten har dei siste åra arbeidd målretta med å betre kapasiteten og kvaliteten i ytingsforvaltinga. Arbeids- og velferdsdirektoratet har sett i verk ei rekkje tiltak for å redusere sakshandsamingstidene og dessutan sett i gang eit systematisk og langsiktig arbeid for å betre kontrollen og kvaliteten i ytingsforvaltinga.

Etaten handsamar ein aukande del av sakene sine innan normert tid, men på nokre saksområde når ein framleis ikkje dei måla ein har sett seg. Riksrevisjonen har i samband med revisjonen av Arbeids- og velferdsetatens rekneskap for 2010 peikt på utfordringar i fastsetjing og berekning av barnebidrag og på at sakshandsamingstida på dette området har vore lang. I revisjonen av rekneskapet for 2011 er det avdekt manglar i forvaltinga på foreldrepengeområdet.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har lagt vekt på å sjå utfordringane knytte til Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på departementet sitt ansvarsområde, i samanheng med dei samla utfordringane for etaten. Det er viktig å ha ei heilskapleg tilnærming til utfordringane. BLD har derfor hatt ein tett dialog med Arbeidsdepartementet og etaten sjølv. Denne dialogen vil bli vidareført.

Samtidig arbeider Arbeids- og velferdsetaten vidare med konkrete tiltak for å betre forvaltinga av sakene og informasjonen som blir gitt til brukarane på BLDs ansvarsområde.

Arbeidet med å oppgradere bidragsrettleiinga er i gang, og den nye rettleiinga skal etter planen setjast i verk i 2012.

Som eit ledd i arbeidet med å utvikle eit kvalitetssystem for ytingsforvaltinga er det utarbeidd sakshandsamingsstandardar for søknader om barnebidrag og foreldrepengar. Standardane skal bidra til auka kvalitet i sakshandsaminga og lik forvaltingspraksis i heile landet. Arbeids- og velferdsdirektoratet har opplyst at det frå 2012 er krav om at standardane skal vere tekne i bruk i alle einingar som handsamar slike søknader.

Kontrollen av kvaliteten i sakshandsaminga er styrkt gjennom innføring av systematiske stikkprøvemålingar. Frå april 2012 blir det gjennomført tertialvise stikkprøvemålingar i saker om barnebidrag.

For å førebyggje og avdekkje feilutbetalingar og trygdemisbruk er det gjennomført maskinelle etterkontrollar på utbetaling av foreldrepengar i 2012. Dette inneber ei elektronisk samkøyring av register. Resultatet av samkøyringa skal analyserast og gir grunnlag for kva saker som skal kontrollerast nærmare.

Også når det gjeld barnetrygd- og kontantstøttesaker, er det gjennomført tiltak for å sikre kvaliteten i sakshandsaminga. Det er mellom anna innført totrinns sakshandsaming på desse områda. Dette inneber at det alltid er to personar som handsamar desse sakene.

Ei nærmare utgreiing om status og strategiar for verksemda til Arbeids- og velferdsetaten er gitt i Prop. 1 S (2012–2013) frå Arbeidsdepartementet.

Strategiar og tiltak for 2013

Den 1. august 2012 blei kontantstøtte for toåringar avvikla, graderingsreglane for eittåringar blei endra, og det blei innført aldersdifferensierte satsar. BLD har etablert eit samarbeid med Statistisk sentralbyrå (SSB) der arbeidskraftsundersøkingane skal brukast til å sjå på endringane i arbeidstilknyting for arbeidstakarar med barn i kontantstøttealder etter omlegginga av ordninga.

NOU 2009: 5 Farskap og annen morskap har vore på allmenn høyring, og departementet sitt arbeid med å følgje opp utgreinga held fram. Departementet ser og nærmare på spørsmål om foreldreskap etter bruk av surrogati i utlandet. Barn må få foreldre så tidleg som mogleg i livet, uansett korleis barna har blitt til, og dette må skje på ein forsvarleg måte som tek omsyn til alle partar. Det same gjeld for barn i internasjonale saker der foreldreskap skal fastsetjast i Noreg, men her må ein også ta omsyn til utanlandsk rett og internasjonal privatrett. Departementet følgjer arbeidet med surrogati i Haag-konferansen for internasjonal privatrett, og vil ta omsyn til dei førebels rapportane som er lagde fram, og vidare til den endelege rapporten som er venta våren 2013. Dei førebels rapportane peiker på at alle partar i surrogatiavtaler er sårbare og risikerer misbruk og utnytting. Vidare blir det understreka at problema som følgje av surrogati er internasjonale og aukande og må løysast internasjonalt, og at løysingar må gjelde både spørsmål om internasjonal privatrett og menneskerettar.

Samvære under tilsyn av ein offentleg oppnemnd tilsynsperson legg til rette for samvære i saker der det elles vil vere vanskeleg. Tilsynsordninga er ei lovpålagd oppgåve heimla i barnelova, og det offentlege betaler for tilsyn opp til 16 timar årleg. Departementet har fremma høyringsnotat med forslag til endringar i barnelova om tilsynsordninga. Tilsyn kan vere eit gode for barn i tilfelle der det ikkje kan vere vanleg samvære, men der det likevel er til barnet sitt beste med noko samvære. Departementet føreslår derfor ei utviding av ordninga, men også ei innstramming der dette er nødvendig. Departementet føreslår to hovudformer for nivåinndelt tilsyn: «beskytta tilsyn» (inntil 16 timar tilsyn per år) og «støtta tilsyn» (inntil 32 timar tilsyn per år). Kommunalt barnevern får ifølge forslaget ansvar for å oppnemne tilsynsperson ved «beskytta tilsyn». Familievernet (Barne-, ungdoms- og familieetaten, Bufetat) får ansvaret ved «støtta tilsyn». Gjennom forslaget tek departementet særleg sikte på å styrkje barneperspektivet. Departementet vil sikre at domstolen legg nok vekt på barnets behov og ønskjer i saker om tilsyn under samvære, og vil vidare særleg auke barns rettstryggleik og verne barn mot foreldre som utset barna sine for omsorgssvikt.

I etterkant av endringane i barnelova som Stortinget vedtok mars 2010, jf. Prop. 14 L (2009–2010) og Ot.prp. nr. 104 (2008–2009), blei det sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Justis- og beredskapsdepartementet og BLD for å greie ut i kva for situasjonar barn treng betre vern enn det dagens lovgiving gir, og korleis ein bør gi slikt vern. Departementet tek sikte på å leggje fram eit høyringsnotat med forslag til endringar i barnelova mfl.

Regjeringa har som mål å auke vernet av barn og styrkje rettane til foreldre i internasjonale saker om foreldreansvar og tiltak for vern av barn. Stadig fleire barn og foreldre har forankring i fleire land på grunn av global mobilitet. Regjeringas arbeid med å leggje til rette for gjennomføringa av Haag-konvensjonen frå 1996 om foreldreansvar og tiltak for vern av barn er noko forseinka, men vil halde fram.

Det er eit mål at fleire foreldre med høgt konfliktnivå rundt samvær og kvar barnet skal bu fast, får hjelp frå familievernkontora til å løyse usemja gjennom eit godt og tilgjengeleg meklingstilbod, i staden for å reise sak for domstolane. Det vil normalt dempe konfliktnivået mellom foreldra og vere til barnets beste at foreldra kjem fram til ei avtale på eit tidleg stadium. Meklinga etter ekteskapslova og barnelova og det heilskaplege tilbodet på familievernkontora (sjå omtale under delmål 3.2) er godt eigna til å hjelpe foreldre med å kome fram til gode avtaler og til å betre foreldresamarbeidet om barna etter samlivsbrot. På bakgrunn av Riksrevisjonen si gjennomgåing av meklingsordninga vil ein arbeide vidare med å vidareutvikle forvaltinga av ordninga. For å sikre betre utnytting av det frivillige meklingstilbodet og andre tilbod i regi av familievernet skal ein arbeide vidare med informasjons- og haldringsendrande tiltak, utviklingsarbeid knytt til saker med høgt konfliktnivå, og auka kompetanse. Samarbeidet mellom familievernet og instansar som barnevernet og domstolane skal styrkjast. Det blei hausten 2011 sett i gang eit utviklingsprosjekt i høgkonfliktsaker som skal vidareførast. Prosjektet skal mellom anna identifisere korleis ein kan handsame saker med valdsproblematikk på ein god måte – frå sakene kjem inn til mekling, og ved eventuell seinare domstolshandsaming. Vidare må ein framleis arbeide for at det i større grad blir teke i bruk gode framgangsmåtar for høyring av barn under mekling.

Det er viktig å sikre ein god prosess og robuste avgjerder i dei tilfella der det er nødvendig at domstolane handsamar saka. Departementet vil særleg fokusere på tiltak som kan sikre ei best mogleg handsaming av saker med problematikk knytt til vald og overgrep. Det skal derfor forskast på slike saker for å få fram meir kunnskap om domstolane si handsaming av desse sakene. Forskinga vil skje i regi av Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS). Vidare vil departementet halde fram samarbeidet med Domstoladministrasjonen og gi økonomisk støtte til kompetanseheving for dommarar og andre profesjonelle aktørar i barnelovsaker. Komande kompetanseheving skal særleg gjelde handsaminga av saker med valds- og overgrepsproblematikk.

Det er eit internasjonalt mål å hindre barnebortføring og påskunde tilbakeføring av bortførte barn. Regjeringa ønskjer å ta i bruk nye verkemiddel for å oppnå dette. Arbeidet med å følgje opp utgreiinga om å halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag ved internasjonal barnebortføring, og Lovavdelinga i Justisdepartementet si vurdering av utgreiinga sett i forhold til Noregs pliktar etter menneskerettane, er noko forseinka, sjå omtale under resultatrapporteringa. Departementet vil i 2013 halde fram med arbeidet.

På bakgrunn av svaret på spørsmål til skriftleg svar nr. 617 (2010–2011), jf. spørsmål nr. 718 (2010–2011), vil departementet gjennomgå ordninga med bidrag etter fylte 18 år.

Oppfølging Dokument 8:25 S (2011-2012) Representantforslag vedrørende barnebidrag

Stortingsrepresentantane Solveig Horne, Ib Thomsen, Øyvind Korsberg og Karin S. Woldseth fremma i dokument 8:25 S (2011-2012) forslag om at regjeringa umiddelbart – og i tråd med intensjonane i Innst. S. nr. 185 (2006-2007) og Innst. O. nr. 25 (2008-2009) – å fremme nødvendige lovendringar for å sikre at ein forelder ikkje skal belastast økonomisk i dei tilfeller kor ekspartnaren vel å vere heime med redusert eller ingen lønn etter å ha fått nytt barn med ny partnar.

Bakgrunnen for representantforslaget er ein situasjon der ein bidragsmottaker får nytt barn med ny partnar og tek ut 80 prosent foreldrepenger slik at bidragspliktige må dekkje en større andel av fellesbarnets underhaldsutgifter, og barnebidraget dermed aukar i dette tidsrommet. Spørsmålet er knytt til om bruk av regelen i bidragsregelverket som aksepterer inntektsreduksjoner inntil 20 prosent uten at inntekta skjønnsfastsettas, når den brukes ved uttak av foreldrepenger med 80 prosent dekning, er kjønnsdiskriminerande.

Representantforslaget blei drøfta og handsama i Stortinget 11. juni 2012, og departementet lovet å komme tilbake til Stortinget med ein endeleg vurdering.

Etter departementets vurdering er det gode grunnar for å behalde regelen i bidragsregelverket som aksepterer at både bidragspliktige og bidragsmottakere, uavhengig av årsak, kan ha ein inntektsreduksjon inntil 20 prosent uten at inntekta skjønnsvurderast. Ein regelendring ville bety at det ved offentleg fastsetjing av barnebidrag ikkje lenger på generelt grunnlag kan aksepteres at foreldre med barn fra tidlegare forhold skal kunne disponere noe av sin tid uten at det offentlege overprøver dette valget. Dette er inngripende i forhold til den enkelte forelder sin handlefriheit. Departementet har etter dette kommet til at regelen som aksepterer en inntektsreduksjon inntil 20 prosent bør behaldes.

Eit av måla med omlegginga av bidragsregelverket i 2003 var at bidragsreglane skulle leggje betre til rette for samvære mellom barnet og den av foreldra barnet ikkje bur fast saman med. Bidragsstatistikken frå NAV viser at samværet som ligg til grunn for den offentlege fastsetjinga av barnebidrag, ikkje har endra seg særleg dei siste åra. Det er ein svak tendens til at gruppa med mest samvære har auka noko. Sidan fleire foreldre gjer private avtaler om barnebidrag, blir bidragsstatistikken på dette området stadig mindre representativ for delte familiar generelt. Det er mellom anna klare systematiske skilnader på foreldre med offentleg fastsette barnebidrag og foreldre som avtaler privat. Departementet har derfor bede SSB om å gjennomføre ei intervjuundersøking hausten 2012 som følgjer opp utviklinga når det gjeld samvære, bustad og barnebidrag, slik ho blei kartlagd i 2002 og 2004. Ei undersøking må sikre at ein får samanlikning over tid, samtidig som det blir gitt plass til nye problemstillingar.

Delmål 3.2: Ei velfungerande og tilgjengeleg familievernteneste

Resultatrapport 2011/2012

Dei siste åra har det vore ein betydeleg auke i etterspurnaden etter tenester frå familievernet. Aktivitetsveksten frå 2009 og 2010 har halde fram i 2011. Det er ein auke i talet på konsultasjonar både for meklingar og kliniske tenester. Årsrapporten frå Bufetat for 2011 syner at det blei gjennomført knapt 120 000 konsultasjonar i familievernet, noko som utgjer 3,4 prosent fleire enn det tilsvarande talet frå Bufdir i 2010. Om lag 96 000 av konsultasjonane var knytte til behandling og 24 000 til meklingar. Dette er ein auke frå 2010 på 2,4 prosent i behandlingssamtaler og 7,2 prosent i meklingar.

Arbeidet med å utvikle ein tenestemodell for eit likeverdig familievern er vidareført. Arbeidet har ført til ei omorganisering i nokre regionar for å tilpasse tenesta til oppgåvene og befolkningsgrunnlaget. For å redusere dei administrative utgiftene har det dei siste åra skjedd ei omfattande samanslåing av kontor, frå 64 einingar i 2009 til 54 i dag. Bufetat utarbeider òg ein tilrådd tenestemodell med ei organisering av regionane som skal støtte opp under betre kvalitet og større likeverd i tilbodet.

Tabell 3.13 Årsverk i familievernet

År

2006

2007

2008

2009

2010

Årsverk

387

433

424

432

422

Kjelde: SSB, familievernstatistikk

Familievernkontora har gjennom ulike informasjons- og samarbeidstiltak medverka til auka kjennskap til familievernet og tilboda i tenesta. Eit av måla er å synleggjere familievernet som alternativ til domstolsbehandling. Arbeidet med å styrkje samarbeidet mellom familievernet og domstolane held fram. Det er etablert kontakt med tingrettane om samarbeid og nettverksbygging, hospiteringsordningar og informasjonsutveksling. For å nå målet om at familievernet skal vere eit alternativ til domstolsbehandling, har familievernet delteke på regionale konferansar i regi av Domstoladministrasjonen, nemnde under delmål 3.1. Temaa har vore barnefordelingssaker og betre samarbeid.

Bufdir arbeider med sikte på lansering av nettportalen familie.no . Familievernkontora tek i aukande grad i bruk Klient- og resultatstyrt praksis (KOR), eit verktøy for brukarmedverknad på individnivå i det daglege kliniske arbeidet. Alle familievernkontor skal ta i bruk KOR i 2013. Per 1. januar 2012 har 23 kontor teke i bruk metoden.

Arbeidet i familievernet i 2011 har særleg vore retta mot saker der barn er involverte. Tenesta har styrkt den metodiske kompetansen i handteringa av høgkonfliktsaker.

Tilboda til familiar med valdsproblem er integrerte i familieverntenesta. Undersøkingar ( Vold i nære relasjoner , Familievernets skriftsserie nr. 1) syner at kontora årleg møter mellom 4 000 og 6 000 familiar der vald er eit problem. Familievernet har utvikla eit metodeopplegg, Tryggare barndom, for familiar med valdsproblem som ønskjer å halde fram samlivet. Metoden legg stor vekt på tryggleik og er eit terapeutisk tilbod. Det tidlegare Brubyggjarprosjektet i familievernet har utvikla ein terapeutisk metode i møte med ungdom som er utsette for tvangsekteskap, og for familiane deira.

Alle familievernkontora gir høg prioritet til arbeid med valdsoffer, valdsutøvarar og barn som er utsette for direkte eller indirekte vald. Mange familievernkontor gir tilbod om samtalegrupper for menn som ønskjer betre sinnemeistring. Familievernkontora samarbeider med Alternativ til vold (ATV), der ATV er etablert, for å gi eit heilskapleg tilbod til familiar der vald er eit alvorleg problem.

Prosjektet Kunnskap om vold – familievernets arbeid med vold i nære relasjoner i Finnmark i 2009–2011 er sluttført. Prosjektet har ført til styrking av det faglege nettverket og kompetanseheving ved alle kontora i Finnmark. Alle terapeutane har fått opplæring i terapeutisk arbeid med par der den eine er valdsutøvar.

Riksrevisjonen har peika på manglar knytta til meklingsordninga innan familievernet. Dette gjeld mellom anna avvik frå målet om at ventetida for mekling ikkje skal overstige tre veker frå søknad til tilbod om første time. Resultat frå revisjonen viser at det ikkje er nokon klar samanheng mellom lang ventetid og høgt befolkningsgrunnlag, men at det kan vere trekk ved leiinga og organiseringa som spelar inn.

Statistikk frå Bufdir dei siste åra syner at talet på meklingssaker som blir avslutta i familievernet, har gått opp og ventetida på første meklingstime har gått ned. Kravet om ei ventetid på maksimalt tre veker for meklingar blir oppfylt i 84 prosent av sakene, mot 67 prosent i 2010. Utviklinga er positiv i alle regionar, bortsett frå Region nord. Effektiviteten har auka ved at ventetida har gått ned samtidig som familievernet har gjennomført fleire meklingar. Talet på eksterne meklingar har gått ned.

Statistikken frå Bufdir syner at mange avsluttar meklinga etter den første obligatoriske timen. Målet er at fleire i denne gruppa skal gjere seg nytte av det frivillige meklingstilbodet.

Regionane har meldt at det er sett i gang aktivitetar ved alle kontora for å unngå at barnefordelings- og samværesaker hamnar i rettsapparatet.

Strategiar og tiltak for 2013

Familievernkontora i landet har som ei sentral målsetjing å styrkje parforholda, førebyggje samlivsbrot og yte hjelp til å betre foreldresamarbeidet etter samlivsbrot. Kontora skal utføre lovpålagd mekling etter barnelova og eksteskapslova. Ei prioritert oppgåve er å gi hjelp til barn og vaksne som lever i familiar med vedvarande høgt konfliktnivå og familiar med valdsproblematikk. Rask og tidleg hjelp til utsette familiar og barn vil kunne førebyggje og hindre problemutvikling. Dette er førebyggjande barnevern og førebyggjande arbeid mot vald i nære relasjonar.

Målet er eit familievern som sikrar eit likeverdig tenestetilbod til brukarane, har høg kvalitet på det faglege arbeidet og utnyttar ressursane effektivt. Riksrevisjonen har i si gjennomgåing av meklingsordninga peikt på at det ikkje finst eit geografisk likeverdig tilbod innan familieverntenesta. På bakgrunn av revisjonen av meklingsordninga skal ein arbeide vidare for å auke måloppnåinga og styrkje forvaltinga av ordninga.

Det er varierande dekningsgrad for familieverntenesta i ulike delar av landet. Drifta av familievernet blir vurdert kontinuerleg, og arbeidet for å sikre eit mest mogleg likeverdig tilbod i regionane held fram.

Det er eit mål at enda fleire foreldre med eit høgt konfliktnivå får hjelp til å kome fram til ei avtale hos familievernkontora, og at det frivillige meklingstilbodet blir betre utnytta, slik at foreldra kan få til ei avtale om barna på eit tidleg stadium, utan at konflikten blir eskalert. Samarbeidet med domstolane i meklingssaker vil bli ført vidare, og arbeidet med å sikre ein god fagleg meklingspraksis held fram i 2013.

Samstundes skal tilbodet om samarbeidssamtaler i familievernet utviklast vidare, slik at avtaler om barna skal fungere best mogleg i tida etter samlivsbrotet, jf. omtale av samtalegrupper for barn.

Det skal byggjast vidare på røynsler frå prosjektet Ser du meg? , som var retta mot barn og foreldre som har store samarbeidskonfliktar etter samlivsbrot, og som blir avslutta i desember 2012. Tilbodet omfattar samtalegrupper for barn, foreldresamarbeidskurs og betre samarbeid mellom ulike lokale instansar for å fange opp barn som treng særskild oppfølging.

For å sikre at brukarane får medverknad i utviklinga av kvaliteten på tenestene, innfører familievernet eit gjennomgåande felles system for tilbakemeldingar frå klientane som skal nyttast i alle terapi- og rettleiingssamtaler. Bufetat har vedteke å implementere modellen Klient- og resultatstyrt praksis (KOR) som det kvalitativt beste og mest praktiske verktøyet. Bufdir skal vidareføre implementeringa av modellen med sikte på at heile familievernet skal bruke han ved utgangen av 2013.

Familievernkontoret skal vere den naturlege staden å søkje hjelp for samlivsproblem, mekling eller samarbeidsproblem om felles barn. For å sikre eit heilskapleg perspektiv i det arbeidet familievernet gjer, skal ein framleis stimulere til auka samarbeid med andre delar av tenesteapparatet, deriblant barnevernet. Ein føresetnad for ei tilgjengeleg teneste er at folk flest kjenner til familievernet. Oppfølging av kommunikasjonsstrategien for familievernet skal medverke til at allmenta får større kjennskap til familievernkontora og tilboda deira. Bufdir skal arbeide vidare med utviklinga av ein offentleg familieportal, familie.no , som skal gi brei, kvalitetssikra kunnskap til publikum generelt om samliv og foreldrerettleiing, og særleg overfor familiar som har barn med nedsett funksjonsevne.

Tilboda til familiar med valdsproblem er ein integrert del av familieverntenesta. Familievernet vil halde fram med å styrkje kompetansen på arbeid med vald i nære relasjonar, som òg omfattar æresrelatert vald. Tilbodet til valdsutsette barn skal styrkjast, sjå omtale under kap. 842, post 21.

Delmål 3.3: Eit godt grunnlag for å vidareutvikle likestillingspolitikken i eit livsløps-, klasse- og etnisitetsperspektiv

Resultatrapport 2011/2012

Som eit ledd i oppfølginga av Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering (2009–2012) har departementet oppretta eit forum for likestillingsdata. I forumet har departementet, Likestillings- og diskrimineringsombodet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Statistisk sentralbyrå, Reform – ressurssenter for menn og ein representant frå Likestillingsutvalets sekretariat delteke. Formålet med forumet er å få ei meir heilskapleg og systematisk tilnærming til innhenting av data som kan kaste lys over likestilling og diskriminering på ulike grunnlag. Dei funna forumet gjer, vil bli oppsummerte i ein rapport. Rapporten skal synleggjere svake punkt og manglar i det eksisterande datagrunnlaget. Rapporten vil danne grunnlag for vidare datautvikling.

Integrert kjønns- og likestillingsperspektiv på alle politikkområde og forvaltingsnivå

Regjeringas politikk har ein tydeleg profil når det gjeld likestilling mellom kjønna, både nasjonalt og internasjonalt. BLD har ein pådrivarfunksjon for likestillingspolitikken og gir råd til dei andre departementa. I 2011 har departementa mellom anna samarbeidd om utarbeidinga av Likestilling 2014 – regjeringas handlingsplan for likestilling mellom kjønna .

Likestilling 2014 – regjeringas handlingsplan for likestilling mellom kjønna blei lansert i november 2011 og er den første handlingsplanen for likestilling på alle samfunnsfelt som blir lagt fram på tjue år. Planen gjeld for perioden 2011–2014 og konkretiserer regjeringas politiske målsetjingar for likestillingsfeltet. Handlingsplanen gir oversikt og eit heilskapsbilete av politikken. Planen inneheld totalt 86 nye tiltak. BLD vil følgje opp dei enkelte tiltaka og sørgje for rapporteringar og evalueringar undervegs. Til dette arbeidet inneheld handlingsplanen mellom anna eit sett indikatorar for å kunne vurdere måloppnåinga på kvart enkelt felt som er omtalt.

Regionalt

Departementet har ført vidare innsatsen for det regionale likestillingsarbeidet. Offentlege og private verksemder har plikt til å ta hand om likestillings- og mangfaldsperspektivet både som tenesteytar og arbeidsgivar på lokalt og regionalt nivå. Det er gitt midlar til vidareføring av dei tre regionale likestillingssentera: Likestillingssenteret i Hamar, KUN – senter for kunnskap og likestilling i Steigen og Senter for likestilling i Kristiansand. Dei regionale sentera for likestilling og mangfald har ei informasjons- og pådrivarrolle for aktivitets- og rapporteringsplikta etter likestillingslova, diskrimineringslova og diskriminerings- og tilgjengelova. Sentera har ytt rettleiing, opplæring og erfaringsutveksling til lokale og regionale verksemder.

Departementet har også i 2011 tildelt midlar til Agder-fylka si tiårssatsing på likestilling, Fritt valg . Prosjektet har gitt ny kunnskap om kjønn og utdanningsval. I 2011 blei det halde eit seminar for fylkesmannsembeta om deira rolle for å følgje opp og informere om aktivitets- og rapporteringspliktene i likestillingslovgivinga.

Departementet har fungert som pådrivar overfor fylkesmennene og deira rettleiing av kommunane i aktivitets- og rapporteringspliktene. Det skjer ei positiv utvikling i fylkesmennenes informasjons- og rettleiingsarbeid om likestilling og aktivitets- og rapporteringspliktene i likestillings- og diskrimineringslovgivinga. Det er likevel rom for forbetringar.

Prøveprosjektet i Gáldu for fremming av likestilling og mangfald i det samiske samfunnet som blei initiert av BLD saman med Sametinget og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, hadde noko lågare aktivitet enn planlagt. Prosjektet Likestilling og mangfold i det samiske samfunnet , som starta opp i 2011, er ikkje vidareført i 2012 på grunn av bemanningssituasjonen ved Gáldu. Ein føreset likevel at prosjektet held fram frå 1. januar 2013 og blir avslutta innan 31. desember 2014.

Medvit om mannsroller

Stortingsmelding nr. 8 (2008–2009) Om menn, mannsroller og likestilling blei handsama av Stortinget i 2009. Fleire tiltak er sette i verk, mellom anna tiltak knytte til vald og overgrep, samlivs- og foreldreområdet og eit meir familievennleg arbeidsliv. Mannsperspektivet er vidareført i regjeringas handlingsplan for likestilling.

Departementet avslutta i 2011 støtta til eit treårig professorat i maskulinitets- og likestillingsforsking som blei oppretta ved Universitetet i Oslo, Senter for kunnskap om kjønn, i 2008. Dette har bidrege til ei internasjonalisering av norsk likestillingsforsking. Professoratet er vidareført av universitetet.

Løyvinga til Reform – ressurssenter for menn blei vidareført. Innsatsen var i 2011 knytt til synleggjering av senteret, kunnskap om menns likestillingsutfordringar, eit meir familievennleg arbeidsliv, synleggjering av menn som fedrar, satsing på menn med minoritetsbakgrunn og sosial inkludering, oppvekst og sosialisering for gutar og valdsførebyggjande arbeid.

Likestilling i familien

NOVA-rapporten Likestilling heime byggjer på analysar av data frå surveystudiane LOGG ( Studien av livsløp , generasjon og kjønn) og NorLAG, den norske delen av denne studien. Likestilling i familielivet er studert etter ulike livsfasar, sosial klasse og lokal kontekst. Nokre av funna er: Tilnærma lik deling av barneomsorg er utbreidd i Noreg i dag. Husarbeid er meir tradisjonelt delt. Dei yngre deler meir likt enn dei eldre. Jo høgare utdanning, inntekt og yrkesklasse kvinner har, jo vanlegare er det å dele likt. Det er klare forskjellar mellom landsdelane når det gjeld deling av husarbeid. Praksisen for deling av husarbeid blir ikkje endra når barna flyttar ut, og arbeidsdelinga mellom partane endrar seg lite i seinare periodar av livet. Eitt kapittel handlar om haldningar til likestilling. Nordmenn har dei siste 25 åra gradvis blitt meir positive til likestilling mellom kjønna, spesielt kvinner. Dei som har eit tradisjonelt syn på likestilling, er først og fremst menn. Dei yngste, særleg unge menn, er mindre likestillingsvennlege enn personar i tretti- og førtiåra. Oppslutninga om likestilling aukar med stigande utdanningsnivå. Det er små geografiske skilnader i haldningar til likestilling. I 1985 var det under halvparten som føretrekte den fullt likestilte familieforma. 24 år seinare er biletet eit heilt anna. Meir enn to tredelar føretrekkjer no denne familieforma. Analysane tyder ikkje på at såkalla nye og omsorgsfulle fedrar også er omsorgsfulle søner. Tvert om er det slik at han som overlèt hovudansvaret for husarbeidet til partnaren, i større grad stiller opp for eigne foreldre. Forskarane finn at begge kjønna er mest tilfredse med arbeidsdelinga heime når husarbeidet er likt delt. Samlivskvaliteten er høgast der omsorga for barn blir delt likt. I motsetnad til anna forsking finn NOVA-forskarane ingen tendens til at likedeling heime reduserer sjansen for skilsmisse – tvert om. Dersom mannen gjer meir husarbeid enn kvinna, er sjansen for skilsmisse innan dei neste fem åra omtrent dobbelt så høg som om kvinna gjer mest eller meir. Forskarane går ut frå at dette kan forklarast med verdiar og haldningar. Par der han gjer mest, kan ha eit meir moderne syn på ekteskapet, der misnøye lettare resulterer i at forholdet blir oppløyst. I så fall er arbeidsdeling inga «årsak» til seinare skilsmisse. Det står att å sjå om desse resultata blir stadfesta i seinare analysar. Rapporten blir brukt som ein del av underlaget i utgreiinga til Likestillingsutvalet.

Likestilling i arbeidslivet

Rapporten Den kjønnsdelte arbeidsmarknaden (Sintef og NTNU) viser at det er stabilitet framfor endring som har prega utviklinga i den kjønnsdelte arbeidsmarknaden i Noreg dei siste tjue åra. Det har vore lita endring i den horisontale kjønnssegregeringa: Delen kvinner som jobbar i offentleg sektor, har auka i perioden. Blant menn er det ein nedgang i den delen som jobbar i offentleg sektor. Det tyder på at offentleg sektor har blitt enda meir kvinnedominert. Det er ei svært stabil utvikling i næringstilknytinga til menn og kvinner. Det er teikn til noko mindre kjønnssegregering i yrke; det har blitt meir vanleg å arbeide i yrkesgrupper med jamn fordeling av kvinner og menn (innanfor ei fordeling på 40/60 prosent), og det har blitt færre som arbeider i yrke som er anten sterkt mannsdominerte eller sterkt kvinnedominerte.

Når det gjeld vertikal kjønnssegregering (leiarar), er det teikn til utjamning. Delen av sysselsette kvinner som har leiarstillingar har auka. Framleis er det langt fleire menn enn kvinner som er leiarar uansett nivå. Det er ingen klare teikn til at yngre kvinner og menn oppfører seg annleis i arbeidsmarknaden enn eldre generasjonar, bortsett frå ein tendens til at dei yngste jobbar meir. Blant innvandrarar er det dei same kjønnssegregeringsmønstera som hos etnisk norske, medan ikkje-vestlege innvandrarar skil seg ut ved at svært få (både kvinner og menn) sit i leiarposisjonar. Rapporten blir brukt som ein del av underlaget i utgreiinga til Likestillingsutvalet.

Rapporten Diskriminering i arbeidslivet (ISF og FAFO) viser at diskriminering i tilsetjingsprosessar er eit hinder for tilgangen til arbeidslivet for personar med etnisk minoritetsbakgrunn. Sjansen for å bli kalla inn til eit jobbintervju er i gjennomsnitt om lag 25 prosent lågare dersom søkjaren har eit utanlandsk klingande namn, samanlikna med identisk kvalifiserte søkjarar med majoritetsbakgrunn. Det er skilnader knytt til kjønn, geografi, sektor, bransje og stillingstype. Effekten av etnisk bakgrunn er langt større i privat enn i offentleg sektor.

Intervju med arbeidsgivarane tyder på at diskriminering må forklarast med ein kombinasjon av arbeidsgivarane sin varierande kjennskap til etniske minoritetar, tidlegare erfaringar, etniske stereotypiar og uvisse knytt til om jobbsøkjarar med utanlandske namn faktisk er i stand til å utføre ein jobb på linje med godt kvalifiserte jobbsøkjarar med majoritetsbakgrunn. Barrierane minoritetskandidatane møter, kan ikkje forklarast med elles relevante faktorar som språk, utanlandsk utdanning eller svakare arbeidserfaring. Søknadene frå personane med minoritetsbakgrunn signaliserer at dei er fødde og oppvaksne i Noreg, eller kom til landet i ung alder. Resultata tyder dermed på at norskfødde med innvandrarforeldre kan ha problem med å bli inkluderte i den norske arbeidsmarknaden.

Andre aktivitetar på likestillingsområdet

Likestillingsutvalet, som blei oppnemnt for å greie ut norsk likestillingspolitikk med utgangspunkt i livsløp, etnisitet og klasse, fekk i oktober 2010 ei presisering av mandatet sitt om å greie ut dei eksisterande institusjonelle og organisatoriske rammene for likestillingsarbeid i offentleg regi på sentralt, regionalt og lokalt nivå. Utvalet la fram innstillinga si i NOU 2011: 18 Struktur for likestilling 15. november 2011. Utgreiinga blei send på brei høyring i desember 2011. Likestillingsutvalet leverte den andre utgreiinga si i september 2012. Departementet vil vurdere forslaga dels i det vidare lovarbeidet sitt, dels i ei stortingsmelding i 2013.

Stemmerettskomiteen har vore ein arbeidande komité sidan 2010 og har hatt fire årlege møte/samlingar. Stemmerettsjubileet er organisert etter sektorprinsippet med BLD som nav og sekretariatsansvarleg. Komiteen har oppmoda fylkeskommunane om å opprette jubileumskomitear, og per i dag har dei fleste fylke slike, som også skal brukast om att under grunnlovsjubileet.

Det er sett av 0,55 mill. kroner årleg til oppfølging av ein toårig avtale for perioden 2011–2012 mellom departementet og FOKUS – Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål om samarbeid i kvinne- og likestillingsspørsmål nasjonalt og i saker retta mot FN. Samarbeidet omfattar gjennomføring av ein årleg kontaktkonferanse for dialog mellom styresmakter og frivillige organisasjonar om FN og kjønnslikestilling. Årets kontaktkonferanse førebudde og drøfta hovudtemaet for møta i FNs kvinnekommisjon (CSW) i 2012 og innspel til FNs konferanse om berekraftig utvikling – Rio + 20.

Internasjonalt

Departementet har vidareført deltakinga si i Embetsmannkomiteen for likestilling og oppgåver knytte til Ministerkomiteen for likestilling i Nordisk ministerråd (NMR). Spørsmålet om å utvide omgrepet likestilling i det nordiske samarbeidet til å omfatte fleire diskrimineringsgrunnlag enn kjønn og nedsett funksjonsevne, til dømes etnisitet og seksuell orientering, blei omtalt i det norske formannskapsprogrammet og i sektorprogrammet for likestilling. Spørsmålet har også vore oppe i Nordisk råd, som tilrår å sjå fleire diskrimineringsgrunnlag i samanheng. Saka er no til intern utgreiing i NMR.

Retningslinjer for Europa-arbeidet i BLD er nedfelte i departementet sine Europaråds- og EU-strategiar. Noreg deltek i EUs fleirårige handlingsprogram PROGRESS og DAPHNE III for perioden 2007–2013. Sjå òg omtale under delmål 4.1. Departementet finansierer ein likestillings- og ikkje-diskrimineringsråd ved Noregs delegasjon i Brussel. Ordninga med ein nasjonal ekspert på området likestilling mellom menn og kvinner blei ført vidare.

BLD tek del i Europarådets styringskomité for likestilling (CDEG) og i ekspertkomiteen for barn og familie (CS-SPFC). Europarådet vedtok i mai 2011 ein konvensjon om å hindre og kjempe mot vald mot kvinner og vald i nære relasjonar. Departementet deltok aktivt i arbeidet med utforminga av konvensjonsteksten. Noreg signerte konvensjonen den 7. juli 2011. Ansvaret for å følgje opp konvensjonen blei lagt til CDEG. Det internasjonale arbeidet er nærmare omtalt i del III i proposisjonen.

Strategiar og tiltak for 2013

Regjeringa vil utarbeide ei stortingsmelding om likestilling mellom kjønna i eit livsløps-, etnisitets- og klasseperspektiv. Meldinga skal etter planen leggjast fram våren 2013, og vil først og fremst følgje opp dei to utgreiingane frå Likestillingsutvalet: NOU 2011: 18 Struktur for likestilling og NOU 2012: 15 Politikk for likestilling .

Likestilling 2014 regjeringas handlingsplan for likestilling mellom kjønna skal gjennomførast i perioden 2012–2014. BLD vil følgje opp dei enkelte tiltaka og sørgje for rapporteringar og evalueringar undervegs. Til dette arbeidet inneheld handlingsplanen mellom anna eit sett indikatorar for å vurdere måloppnåinga på kvart enkelt felt som er omtalt.

Prosjektet Likestilte kommuner er eit tiltak i handlingsplanen som skal gjennomførast i perioden 2012–2014. Prosjektet skal utvikle eit eige program for likestilte kommunar gjennom auka kompetanse og innsats for ei integrering av likestillingsperspektivet i kommunal politikk og tenester.

BLD gav i 2011 Fafo i oppdrag å undersøkje arbeidsforholda ved strippeklubbane i landet. Oppdraget er eit av tiltaka (nr. 76) som er omtalte i regjeringas handlingsplan Likestilling 2014 , der det står at regjeringa vil undersøkje arbeidsmiljøet ved strippeklubbane og moglege samanhengar mellom stripping og prostitusjon eller menneskehandel. Utgreiinga skal liggje føre i mars 2013. Departementet vil vurdere ytterlegare tiltak på bakgrunn av rapporten frå Fafo.

Departementet vil vidareføre arbeidet med å følgje opp St. meld. nr. 8 (2008–2009) Om menn, mannsroller og likestilling . Målsetjinga vil vere å få menn meir aktivt med i utviklinga av eit meir likestilt samfunn. Departementet vil gi driftstilskot til stiftinga Reform – ressurssenter for menn som eit ledd i dette arbeidet. BLD vil forlengje prosjektløyvinga til tre regionale senter for likestilling og mangfald med eitt år. Dette gjeld Likestillingssenteret i Hamar, KUN – senter for kunnskap og likestilling i Steigen og Senter for likestilling i Kristiansand. Dei tre regionale sentera skal følgje opp lokale og regionale verksemder gjennom rettleiing, opplæring og erfaringsutveksling i arbeidet for å fremme likestilling.

Departementet ønskjer å byggje opp eit miljø som kan sjå kjønnslikestillingspolitiske tema i samanheng, kan stimulere til oppbygginga av eit nasjonalt kjernemiljø og kombinere kvalitet med kva som er relevant politisk og samfunnsmessig. Det skal derfor lysast ut 4 mill. kroner til danninga av eit forskingskonsortium på kjønnslikestillingsfeltet. Konsortiet vil ha eit fleirårig perspektiv.

Kunnskap om tidsbruk i eit familielivs- og kjønnslikestillingsperspektiv er viktig. Ein analyse av funna i SSBs tidsbruksundersøking frå 2010 blei sett i gang hausten 2012 og skal vidareførast.

Resultat av prosjekta i Noregs forskingsråds program Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) er av stor nytte for departementet. Sjå omtale av programmet under del III.

Stemmerettsjubileet 1913–2013

I 2013 ønskjer regjeringa å feire at det er hundre år sidan det blei innført allmenn stemmerett. Målet er ei feiring for og med alle, med særleg vekt på å synleggjere og engasjere rundt viktige verdiar som demokratiet vårt er tufta på: Stemmerett, likestilling, representasjon og deltaking. For å kunne gjennomføre ei omfattande feiring, foreslår regjeringa å styrkje satsinga på Stemmerettsjubileet med 8 mill. kroner i 2013.

Komiteen har ansvar for større, sektorovergripande arrangement og tiltak på nasjonalt plan. Samstundes har han lagt vekt på å lage ei feiring basert på same lesten som framveksten av allmenn stemmerett, dvs. ei feiring basert på frivillig medverknad og dugnadsånd, og ei feiring med eit tydeleg lokalt og regionalt preg. Komiteen har også lagt vekt på å løfte fram bidrag frå frivillige lag og foreningar, og dermed få til eit godt samspel mellom desse organisasjonane og offentlege styresmakter. Elles er også større institusjonar og stiftingar utfordra, og spesielt kultursektoren er godt i gang. Målet er ei open og inkluderande feiring som speglar befolkninga, med god deltaking frå alle.

Det er planar om fire større arrangement i 2013: Opningsførestilling 8. mars i Kilden Teater- og Konserthus, Stemmerettsveka 11.–20. juni, Demokratikampanjen i september 2013 og ein internasjonal konferanse i Oslo (14.–15. november). I tillegg er det sett i verk ei rekkje mindre tiltak. Dei nemnde arrangementa og tiltaka reflekterer ei satsing mot heile befolkninga, og spesielt mot ungdom, inkludert innvandrarungdom. Det vil også bli gitt tilskot til andre nasjonale og lokale arrangement.

Internasjonalt

Gender Equality Commission (GEC) har som mandat å arbeide for kjønnslikestilling internt i Europarådet og eksternt ved å gi råd og rettleiing til medlemslanda i Europarådet. Departementet vil delta på møta i dette arbeidet og kome med innspel til dei dokumenta som blir utarbeidde av kommisjonen. Internasjonalt arbeid på dette området er nærmare omtalt i del III.

Tidlegare delmål 3.5: Eit familievennleg arbeidsliv

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2010–2011). Delmålet er frå og med budsjettåret 2013 inkludert i delmål 3.4 Likelønn mellom kvinner og menn .

Resultatrapport 2011/2012

Det er eit mål å skape meir merksemd kring familie- og arbeidsliv i alle delar av landet og i heile arbeidslivet. Departementet har i 2010 og 2011 arrangert fem konferansar om familievennleg arbeidsliv. Dei to konferansane i 2011 blei haldne i Kristiansand og Ålesund og bidrog til å spreie kunnskap og synleggjere gode lokale og nasjonale eksempel.

I 2011 støtta departementet saman med fylkeskommunane Nordland, Troms og Finnmark prosjektet Ja takk, begge deler! som KUN – senter for kunnskap og likestilling gjennomførte. NHO, LO og KS deltok i referansegruppa for prosjektet. Prosjektet involverte tre verksemder: ei industribedrift, eit hotell og ein kommune. Målet var å finne fram til tiltak for eit meir familievennleg arbeidsliv. Det viste seg at det kom fram mange forslag til små endringar som det var enkelt for verksemdene å gjennomføre. Endringane handla like mykje om arbeidsmiljø som familievennlege løysingar. Rapporten etter prosjektet peiker òg på at det i industrien er stor mistru til at det er mogleg å ha fedrar i redusert stilling i skiftarbeid. Sidan skilnaden mellom skiftarbeid og turnus ikkje lenger er så stor, oppmodar rapporten til å undersøkje dette nærmare. Eit anna funn var at leiarar er utsette for høge eigendefinerte krav til å vere fysisk til stades. Løysinga rapporten føreslår, er at leiarane delegerer arbeid og samarbeider seg imellom om oftare å vere til stades aleine og oftare gå heim tidleg. I kommunesektoren fann ein at det er vanskeleg for kommunen å sikre familievennlege løysingar og fleksibilitet når det ikkje finst nok arbeidskraft til å dekkje behovet for stillingar og heller ikkje bustader å tilby om det kjem arbeidskraft flyttande.

Departementet har gitt Reform – ressurssenter for menn, Senter for likestilling ved Universitetet i Agder, Likestillingssenteret og KUN – senter for kunnskap og likestilling i oppdrag å utvikle standardiserte kurs for å styrkje kompetansen på fedrar og likestilt foreldreskap i offentleg tenesteyting. Kursa er retta mot tilsette i kommunale tenester som helsestasjonar og introduksjonsprogram for nykomne innvandrarar. Arbeidet med å utvikle kursa starta opp i 2011 og hald fram i 2012.

For å vidareutvikle den gode dialogen med partane i arbeidslivet har departementet oppretta ein møteplass for likestilling i arbeidslivet. Her kan partane i arbeidslivet og departementet samarbeide om konkrete, praktiske tiltak for likestilling.

Delmål 3.4: Likelønn mellom kvinner og menn

Resultatrapport 2011/2012

Våren 2011 blei Meld. St. 6 (2010–2011) Likestilling for likelønn handsama av Stortinget, jf. Innst. 299 S (2010–2011). Meldinga gav Stortinget høve til å drøfte regjeringa sitt arbeid for lønnsutjamning mellom kvinner og menn i ein brei samanheng. Meldinga kastar lys over skiljet mellom retten til frie lønnsforhandlingar og plikta styresmaktene har til å verne mot diskriminering. Prinsippet om rett til frie lønnsforhandlingar står fast, og står ikkje i motsetnad til at regjeringa og styresmaktene må ta ansvar på eigne verkefelt. Meldinga klargjer og peiker ut politiske mål og konkrete tiltak på område der styresmaktene har verkemiddel og eit ansvar. Ein viktig konklusjon er at politikken for likestilling òg er ein politikk for å minske lønnsgapet mellom kvinner og menn.

For å jamne ut lønnsgapet legg regjeringa vekt på to verkefelt: korleis hindre lønnsdiskriminering, og korleis fremme like tilhøve for kvinner og menn i arbeidslivet.

Det første gjeld ei slagkraftig oppfølging av likelønn etter gjeldande rettsreglar, slik dei er nedfelte i likestillingslova. Forslag om nye reglar blei sende på høyring hausten 2012. Med desse forslaga vil regjeringa sikre at den enkelte arbeidsplassen fører lønnsstatistikk knytt til kjønn, og at arbeidsgivarar har plikt til å opplyse om lønn ved mistanke om lønnsdiskriminering. Denne lovendringa vil skape større openheit om lønn og lønnsdanning på arbeidsplassen, noko som er ein viktig føresetnad for effektivt likeslønnsarbeid.

Det andre verkefeltet dreier seg om korleis tilhøvet mellom familie- og arbeidsliv har innverknad på lønna til kvinner. Her vil regjeringa hindre at tilsette får svekte vilkår og svakare lønnsutvikling på grunn av foreldrepermisjon. Eit forslag om ein ny regel i likestillingslova blei sendt på høyring i 2011 med frist 29. februar 2012. Forslaget har ein regel som slår fast at ein arbeidstakar som er eller har vore i foreldrepermisjon, har rett til å vende tilbake til den same eller ei tilsvarande stilling, til å ta del i betringar i arbeidsvilkåra som arbeidstakaren elles ville hatt rett til under fråværet, og til å fremme lønnskrav og bli vurdert i lønnsforhandlingane. Regjeringa la fram ein lovproposisjon, Prop. 126 L (2011–2012) i juni 2012.

Kvinner taper i lønn når dei får barn og tek lange permisjonar. Regjeringa har derfor som mål at foreldra skal dele permisjonstida meir likt mellom seg. Ei jamnare deling vil gi fedrane større fridom til å vere heime med omsorgsarbeid og meir likskap i korleis foreldra innrettar seg i arbeidslivet. Stortinget vedtok i 2012 ei klarare tredeling av foreldrepengeperioden. Endringane vert sett i kraft 1. juli 2013.

Regjeringa fekk brei tilslutning frå Stortinget til forslaga i meldinga og arbeider no med å setje i verk tiltaka for likelønn.

Strategiar og tiltak for 2013

Regjeringa vil følgje opp og setje i verk tiltak som blei lagde fram i stortingsmeldinga Likestilling for likelønn .

Eit forslag om lovfesta rett til inntil ein time ammefri per dag med lønn frå arbeidsgivar har vore på offentleg høyring sommaren 2012. Formålet med forslaget er å leggje til rette for at kvinner kan gå tidlegare attende til arbeidet etter fødsel, og dermed stimulere til ei jamnare deling av foreldrepermisjon og omsorgsoppgåver mellom far og mor. På bakgrunn av høyringsfråsegnene vil regjeringa vurdere om ein skal gå vidare med forslaget.

To forslag har vore på høyring og skal takast inn i lovproposisjonen om endringar i diskrimineringslovgivinga i 2013. Det eine gjeld ei lovfesta plikt for arbeidsgivarar til å utarbeide lønnsstatistikk. Det vil bli sett krav til korleis statistikken skal utformast, slik at han skal bli eit godt verktøy i arbeidet for likelønn på den enkelte arbeidsplassen. Det andre gjeld eit forslag om ei plikt for arbeidsgivarar til å opplyse om lønn ved mistanke om lønnsdiskriminering.

Kunnskap er nødvendig for at regjeringa kan utvikle strategiar og innretta politikken på eit effektivt sett. I 2012 var det lyst ut midlar til utgreiing og analyse av lønns- og inntektsforskjellane mellom kvinner og menn. ISF fekk prosjektet. Det fins god statistikk over timelønna for alle tilsette i arbeidslivet, men ein veit mindre om omfanget av diskriminering og dei faktorane som i dag fører til at kvinner og menn fortsatt har ulik lønnsutvikling. Analysen skal avsluttast i 2013.

Delmål 3.5: Gode og tilgjengelege tilbod til personar som er utsette for vald i nære relasjonar

Resultatrapport 2011/2012

Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova), jf. Ot.prp. nr. 96 (2008–2009), blei sett i kraft 1. januar 2010. Frå 2011 blei statstilskotet til krisesentertilbodet innlemma i rammetilskotet til kommunane.

Det er bestemt at det skal lagast ei rettleiing om tryggleik i krisesentertilboda. Bufdir har fått ansvar for denne, jf. tildelingsbrev for 2012.

Bufdir hadde i 2011 ansvar for å bidra til god kompetanse i krisesentertilboda, mellom anna gjennom å følgje opp og vidareføre kompetansehevande tiltak i regi av Regionale ressurssentre om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS). RVTS Øst fekk prosjektleiaransvar for kompetansetiltaket og gjennomførte ei samling for tilsette i krisesentertilboda med søkjelys på grunnleggjande tema i krisesenterarbeid. Som ein del av tiltaket arrangerte ressurssentera regionale samlingar for krisesentertilboda i sine regionar.

Bufdir arrangerte i 2011 ein konferanse om lokalt samarbeid på tvers av etatar. Målgruppa var kommunar og fylkesmenn. Temaa var krisesenterlova, individuell plan som samarbeidsverktøy og eksempel på konkrete samarbeidsmodellar i ulike kommunar. Konferansen samla omlag 90 deltakarar.

Bufdir har framleis ansvar for at det blir ført statistikk over bruken av krisesentertilbodet.

Krava til incestsentera og valdtektssentera blei tydeleggjorde og presiserte i rundskriv Q-22/2012 med retningslinjer for statstilskot til incestsentera og valdtektssentera. Bufdir gir årlege tilskot og set vilkår for drifta til Landsdekkende telefon for incest- og seksuelt misbrukte. Bufdir gir også årleg driftstilskot til stiftinga Fellesskap mot seksuelle overgrep, som er ein paraply- og interesseorganisasjon for senter mot incest og seksuelle overgrep. Bufdir gir vidare tilskot til andre valdsførebyggjande tiltak.

Tabell 3.14 Krisesentera. Talet på tilsette fordelt på kvinner og menn i perioden 2007–2011. I tillegg kjem tilsette som berre arbeider i tilbodet for menn.

Tilsette

2007

2008

2009

2010

2011

Kvinner

383

416

478

492

544

Menn

10

10

18

17

31

I alt

393

426

496

509

575

Kjelde: Tala for 2008–2011 er utarbeidde av Sentio Research AS.

Tabell 3.15 Aktiviteten ved krisesentera 2007–2011

2007

2008

2009

2010

2011

Talet på registrerte krisetelefonar

13 796

12 008

12 357

14 533

14 564

Talet på dagvitjingar

7 640

7 310

7 546

8 154

8 566

Talet på bebuarar

- kvinner

1 790

1 742

1 869

2 038

1 895

- barn

1 420

1 506

1 734

1994

1 725

- menn

7

4

9

37

79

Gjennomsnittleg opphaldstid på krisesentera for bebuarar (talet på døgn), av desse for

28

30

30

29

28

- bebuarar utan innvandrarbakgrunn 1

24

22

22

24

22

- bebuarar med innvandrarbakgrunn

34

36

36

35

32

- bebuarar med etnisk minoritetsbakrunn (i %)

58

59

61

63

62

1 Personar med innvandrarbakgrunn er personar som er fødde i utlandet eller har to utanlandske foreldre.

Kjelde: Tala for 2008–2011 er utarbeidde av Sentio Research AS.

Tabell 3.16 Incestsentra. Talet på brukarar og tilsette fordelt på kvinner og menn i perioden 2007-2011

2007

2008

2009

2010

2011

Førstegongs kontakt med incestutsette*

Kvinner

1 462

1 569

1 039

1 104

930

Menn

501

574

337

445

354

I alt

1 963

2 143

1 376

1 549

1 284

Tilsette

Kvinner

104

131

120

126

133

Menn

10

16

18

13

17

I alt

114

147

138

139

150

* Tala for 2009–2011 gjeld berre førstegongs telefonkontakt.

Kjelde: Tala for 2009– 2011 er utarbeidde av Sentio Research AS.

For å bidra til at menn får eit betre tilbod, finansierte BLD etableringa av ein eigen nettstad for gutar og menn utsette for seksuelle overgrep, utsattmann.no , i 2010. Det blei gitt tilskot til vidare drift i 2011 og 2012. Departementet har også støtta eit prosjekt i regi av Kyrkjas ressurssenter mot vald og seksuelle overgrep med formål om å gi utsette gutar og menn eit betre tilbod.

BLD har ansvaret for gjennomføringa av ei rekkje tiltak i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar, Vendepunkt (2008–2011). I 2011 starta arbeidet med ein ny mellombels handlingsplan, som blei ferdigstilt ved sist årsskifte.

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) blei i oppdragsbrev frå departementet i 2011 bede om å vidareføre forsking om vald mot personar med nedsett funksjonsevne, mellom anna ved å utarbeide ein kunnskapsstatus om vald og overgrep mot utviklingshemma og ta initiativ til forskingsprosjekt for å avdekkje mangelfull kunnskap. Arbeidet er ført vidare i 2012. I tillegg har forskinga på vald i nære relasjonar i innvandrarfamiliar og omfangsundersøkinga om vald i nære relasjonar blitt vidareført i 2011.

Helse Sør-Aust fekk i 2011 tilskot til å utarbeide retningslinjer for førebygging, varsling og oppfølging av overgrep mot vaksne menneske med utviklingshemming, til bruk i førstelinjetenesta. Prosjektet er ikkje avslutta.

Dei regionale ressurssentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) er ein viktig samarbeidsinstans for krisetiltaka. RVTS Sør har utarbeidd ein rapport om psykisk sjuke og rusmisbrukande kvinner som brukarar av krisesentertilbodet. Departementet distribuerte denne rapporten til alle kommunane i Noreg i 2011, med tilråding om å ta han i bruk.

Bufdir har i 2011 utvikla eit kurs i kommunikasjon og konflikthandtering for elevar i vidaregåande skole. Kurset er sett saman på bakgrunn av dei erfaringane representantar frå faglærarar, skolehelseteneste og familievern gjorde gjennom prosjektet i 2010.

Regjeringa arbeider for å etablere eit landsdekkjande hjelpe- og behandlingstilbod til valdsutøvarar. Den private stiftinga Alternativ til vold (ATV) har ei viktig rolle i dette arbeidet. BLD har i 2011 og 2012 gitt tilskot til ATV til drift av etablerte ATV-kontor. I tillegg er det opna for å gi tilskot til etablering av nye kontor. Ordninga inneber at ATV har ansvar for å inngå samarbeidsavtaler om etablering og drift av ATV-kontor med aktuelle vertskommunar.

Det har vore avvik frå dei opphavlege planane for etablering av ATV-kontor, jf. mellom anna omtale i Prop. 19 S (2011–2012) og Prop. 111 S (2011–2012). Departementet har derfor gått gjennom etableringsplanane saman med ATV. Statusen per i dag er at det etablert ni ATV-kontor. Kontora gir primært tilbod til valdsutøvarar i ti kommunar, som ATV har inngått samarbeidsavtale med. ATV er i dialog med Bergen kommune og med ei samanslutning av kommunar på Nedre Romerike om etablering av to nye ATV-kontor. Departementet vil støtte desse etableringane dersom ATV når fram til ein avtale med dei aktuelle kommunane. Ein legg til grunn ei samfinansiering der kommunane dekkjer 50 prosent av etablerings- og driftskostnadene.

Alle familievernkontora gir høg prioritet til arbeid med valdsoffer, valdsutøvarar og barn som er ramma, direkte eller indirekte, av vald. Fleire familievernkontor nyttar metoden Tryggare barndom , som legg vekt på tryggleik for barna. Mange familievernkontor gir tilbod om sinnemeistringssamtaler. Ved familievernkontoret i Molde blir det gitt undervising og tilbod om kurs/opplæring i sinnemeistring til andre familievernkontor og samarbeidspartnarar.

Familievernkontoret Drammen-Kongsberg har delteke i Drammensprosjektet, som er eit lokalt samarbeidsprosjekt for å avdekkje og hindre vald i nære relasjonar. Prosjektet har gitt auka tverrfagleg samarbeid rundt enkeltfamiliar.

Familievernkontora samarbeider med ATV, der ATV-kontor er etablerte, for å gi eit heilskapleg tilbod til familiar der vald er eit alvorleg problem. ATV og Barne-, ungdoms- og familieetaten/familievernet har mellom anna samarbeidd om å utvikle eit tilbod til valdsutøvarar i Finnmark. Prosjektet Kunnskap om vold – familievernets arbeid med vold i nære relasjoner i Finnmark i 2009–2011 er avslutta. Prosjektet har styrkt det faglege nettverket og gitt kompetanseheving til tilsette ved familievernkontora i Finnmark.

Det er hovudsakleg menn som utøver alvorleg vald i nære relasjonar, og menn sit derfor med nøkkelen til å motverke vald mot kvinner. Departementet har derfor engasjert menn i kampen mot vald i nære relasjonar, mellom anna gjennom haldningskampanjen Fotball mot vold , som var eit samarbeid mellom BLD og Reform – ressurssenter for menn.

Krisesentera tok i 2011 imot kvinner som er offer for menneskehandel, og som ønskjer å kome ut av prostitusjon. Dei fleste fekk plass formidla gjennom Rosa-prosjektet i regi av krisesentersekretariatet. Problemet er at mange kvinner bur for lenge ved sentera. Det er framleis mangel på alternative bustader. Nokre kvinner fekk plass i Lauras Hus, drive av Bymisjonen i Oslo. Dette tiltaket er samfinansiert av Justis- og beredskapsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet ved Helsedirektoratet og Arbeidsdepartementet ved NAV.

Departementet varsla i Prop 1 S (2011–2012) at delar av løyvinga under kap. 840, post 70 skulle nyttast til driftstilskot til Landsforeningen for seksuelt misbrukte (Blålys). I juni 2012 trekte styret i Blålys seg frå alle verv. Organisasjonen har ikkje søkt om statleg tilskot for 2012.

Strategiar og tiltak for 2013

For å nå målet om gode og tilgjengelege tilbod til personar som er utsette for vald i nære relasjonar, skal departementet setje i verk og utvikle vidare ei rekkje tiltak.

I tillegg til støtte til hjelpetiltak for utsette er utviklinga av hjelpetilbod til valdsutøvarar eit viktig tiltak for å kjempe mot vald i nære relasjonar. Departementet vil halde fram arbeidet med å engasjere menn i arbeidet mot vald i nære relasjonar.

Bufdir skal ha ansvaret for at det blir laga eigen statistikk om krisesentertilbodet også i 2013. Departementet tek òg sikte på rapportering av enkelte nøkkeltal i KOSTRA-skjema 7 (personell og verksemd i kommunale sosiale tenester). Lova om kommunale krisesentertilbod skal evaluerast.

Betre tilgang til incestsentera for alle aktuelle brukargrupper, inkludert personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn, er eit viktig mål. Tilbodet til gutar og menn som er utsette for incest og seksuelle overgrep, skal framleis vere eit prioritert område. Tilbodet til barn vil òg bli vurdert i denne samanhengen.

Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om vald i nære relasjonar. Handlingsplanen vil vere ei oppfølging av stortingsmeldinga, og BLD vil ha ansvaret for gjennomføringa av ei rekkje tiltak. Dette inneber å arbeide vidare med haldningsskapande arbeid og utvikle hjelpetilboda til utsette ytterlegare. Departementet har også ansvar for tiltak i handlingsplanen mot valdtekt.

RVTS-ane har spela ei viktig rolle når det gjeld kompetanseheving, informasjon, rettleiing og etablering av nettverk innan det kommunale krisesentertilbodet og i incestsentera. Denne funksjonen blir vidareført også i 2013.

I 2013 vil NKVTS arbeide vidare med oppdraget om å initiere prosjekt om vald i nære relasjonar i innvandrarfamiliar. Resultata frå desse forskingsprosjekta vil gå inn i arbeidet med den vidare utviklinga av hjelpetilbodet til kvinner og menn som er utsette for vald i nære relasjonar.

Arbeidet med å styrkje hjelpe- og behandlingstilbodet til valdsutøvarar vil bli vidareført i 2013. Alternativ til vold (ATV) arbeider for å etablere nye ATV-kontor i Bergen og på Nedre Romerike. Departementet vil støtte desse etableringane dersom ATV når fram til avtaler med dei aktuelle kommunane (jf. omtale i resultatrapport 2011/2012).

Den avgrensa geografiske spreiinga av ATV-kontora gjer at familievernkontora vil vere det mest tilgjengelege hjelpe- og behandlingstilbodet til valdsutøvarar i dei aller fleste kommunar. ATV vil vere ein viktig samarbeidspartnar for familievernkontora. Departementet vil bruke erfaringane frå mellom anna finnmarksprosjektet, jf. resultatrapporten, i det vidare arbeidet med å styrkje tilbodet til valdsutøvarar. Departementet vil bidra til å styrkje Barne-, ungdoms- og familieetaten og familievernet sin kompetanse på å gi tilbod til denne gruppa.

I regjeringas handlingsplan mot menneskehandel er eit sentralt tiltak å syte for trygge bustader for personar som er utsette for menneskehandel, og som søkjer om ein refleksjonsperiode for å bestemme seg for om dei vil vitne mot bakmenn i ei mogleg straffesak. Dei fleste dette gjeld, blir utnytta til prostitusjon. Dei kommunale krisesentera tek gjennom ROSA-prosjektet , som får økonomisk støtte frå Justisdepartementet, hand om dei med akutt behov for vern. Mange av desse har meir langsiktige behov for tett oppfølging og ein annen type bustad inntil opphaldsstatusen deira er avklara. Lauras Hus , som blir driven av Bymisjonen i Oslo ved Nadheim-senteret, er eit døme på eit slikt alternativt tiltak. Tiltaket blir førebels finansiert i eit samarbeid mellom ulike departement og direktorat. I 2013 skal aktuelle departement vurdere behovet for alternative bustader og korleis desse skal finansierast. Ein skal sjå dette i samanheng med dei ulike ordningane for asylsøkjarar fordi mange av ofra for menneskehandel vekslar mellom refleksjons- og asylstatus. Jf. tiltak 17, 18 og 19 i regjeringa sin handlingsplan.

Departementet ønskjer å styrkje familievernets utviklingsarbeid og tilbod til valdsutsette barn og familiane deira, inkludert tiltak som samtalegrupper og samtale-/behandlingstilbod til valdsutsette barn. Utviklingsarbeidet kan byggje vidare på tiltak retta mot barn i prosjekt som Tryggare barndom, Barn som lever med vold i familien og andre tiltak i familievernet retta mot valdsutsette barn. Ein bør leggje vekt på samarbeid med andre hjelpeinstansar som helse- og barnevern.

Erfaringane frå Regnbueprosjektet i familievernet skal spreiast og takast i bruk som haldningsskapande tiltak overfor innvandrarar, i arbeidet med å førebyggje tvangsekteskap og annan vald i nære relasjonar.

Vald og overgrep mot utviklingshemma

I 2013 vil NKVTS vidareføre arbeidet med å samle eksisterande kunnskap nasjonalt og internasjonalt om vald og overgrep mot utviklingshemma. På bakgrunn av det som blir avdekt i kunnskapsoppsummeringa, vil departementet vurdere å initiere ny forsking på området.

Samtidig har departementet gitt Oslo Universitetssjukehus tilskot til å utarbeide rutinar for førebygging, varsling og oppfølging av seksuelle, fysiske, psykiske, økonomiske og diskriminerande overgrep mot vaksne menneske med utviklingshemming. Arbeidet med rutinane vil bli ført vidare i 2013, og det endelege forslaget skal vere ferdig i januar 2013. For 2013 vil departementet setje av midlar til å prøve ut forslaget til rutinar for førebygging, varsling og oppfølging av overgrep mot utviklingshemma. Dette vil bli gjort i samarbeid med aktuelle etatar og andre departement.

Tidlegare delmål 4.1: Utvikling og effektiv handheving av likestillings- og diskrimineringslovgivinga

Delmålet blei fjerna frå og med budsjettåret 2012. Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2010–2011).

Resultatrapport 2011/2012

Departementet arbeider vidare med endringar i diskrimineringslovgivinga. Eigne lover for dei ulike diskrimineringsgrunnlaga vil framleis gi dei beste rammene for likestillingsarbeidet, framfor å samle alle grunnlaga i éi lov, slik det er føreslått i NOU 2009:14 Eit heilskapleg diskrimineringsvern .

I november 2011 la Likestillingsutvalet fram utgreiinga NOU 2011: 18 Struktur for likestilling , som òg inneheldt forslag til lovendringar og strukturelle endringar. Utgreiinga har vore på brei høyring. Departementet vil vurdere desse forslaga i samanheng med diskrimineringslovgivinga og i ei stortingsmelding om kjønnslikestilling.

Delmål 4.1: Gode verkemiddel mot diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne

Resultatrapport 2011/2012

Arbeid mot diskriminering på grunn av kjønn og nedsett funksjonsevne

Regjeringas handlingsplan for likestilling mellom kjønna, Likestilling 2014 , er omtalt under delmål 3.3. Regjeringas handlingsplan Norge universelt utformet 2025 er omtalt under delmål 4.2.

Inga diskriminering på grunn av seksuell orientering og kjønnsidentitet

Departementet arbeider med ei ny lov om forbod mot diskriminering på grunn av seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Regjeringas handlingsplan Betre livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (2009 2012) forpliktar åtte departement til å gjennomføre 64 tiltak i planperioden. Planen er ei tydeleggjering av staten sitt ansvar overfor lhbt-gruppene på ei rekkje område. Det er eit mål at ulike tilbod skal utviklast og tilpassast for å dekkje behov i dei aktuelle gruppene. For BLD er handlingsplanen eit godt verktøy for å koordinere og styrkje politikken overfor lhbt-personar.

I 2011 blei LHBT-senteret etablert som oppfølging av handlingsplanen Betre livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. LHBT-senteret er ein del av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og inngår i dei nye likestillingsoppgåvene til direktoratet. Senteret skal vere eit knutepunkt for kunnskap og formidling av spørsmål som vedkjem livssituasjonen til lhbt-personar, vere pådrivar og rådgivar overfor offentlege styresmakter og tenesteutøvarar og synleggjere kva behov lhbt-personar har. LHBT-senteret bistår BLD i internasjonalt arbeid på lhbt-området. I 2011 har senteret delteke i det europeiske nettverket Governmental LGBT Focal Points og held fram med oppgåva i 2012. Senteret delteke på fleire relevante internasjonale konferansar. LHBT-senteret representerer eit nybrotsarbeid på verdbasis, der berre Nederland har ein tilsvarande statleg institusjon. Per 1. januar 2012 var senteret i tilnærma full drift.

Bufdir fordelte i 2011 midlar til 31 prosjekt og tiltak som kan bidra til betre livskvalitet for lhbt-personar. Det er prioritert prosjekt som er retta mot

  • lhbt-personar og haldningsarbeid i bedrifter og arbeidsliv

  • fleire diskrimineringsgrunnlag

  • lhbt-ungdom, eldre lhbt-personar og lhbt-personar i idrettsmiljø

Aktiv innsats mot etnisk diskriminering

Eit av hovudmåla med Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering (2009–2012) er å bidra til ei god implementering av dei nye aktivitets- og rapporteringspliktene i diskrimineringslova og i diskriminerings- og tilgjengelova. Eit anna hovudmål for handlingsplanen er å auke kunnskapen om arten av, omfanget av og årsakene til diskriminering for å kunne setje i verk meir treffsikre tiltak.

Planen inneheld 66 tiltak. Av desse var 64 tiltak sette i gang eller gjennomførte ved utgangen av 2011. Det kan mellom anna nemnast at Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) i 2011 fekk midlar til eit prosjekt om likeverdige offentlege tenester, og at det er oppretta eit forum for likestillingsdata mellom databrukarar og SSB for å få ei meir heilskapleg og systematisk tilnærming til innhenting av data som kan kaste lys over likestilling og diskriminering på ulike grunnlag.

FAFO og ISF har gjennomført ei undersøking som viser at sannsynet for å bli kalla inn til jobbintervju er redusert for søkjarar med utanlandsk klingande namn, jf. omtale under delmål 3.3. Det er utvikla statistikkindikatorar som viser utviklinga i prosentvis del tilsette innvandrarar i bedrifter etter kjønn og landbakgrunn. Det er gjennomført pilotprosjekt for å få fram gode eksempel på arbeid som kan motverke diskriminering, og det er halde kurs om aktivitets- og rapporteringsplikta for fylkesmennene.

Internasjonalt samarbeid på samlivs-, likestillings- og likebehandlingsområdet

Noreg har i 2011 fremma kjønnsperspektivet og likebehandling på ulike diskrimineringsgrunnlag i FN og andre faste organ for internasjonalt samarbeid.

FN-samarbeidet

Departementet deltok i arbeidet i tredje komité under FNs generalforsamling, som omhandlar familiepolitikk, barn og unge, likestilling mellom kjønna, etnisk likestilling og personar med nedsett funksjonsevne.

I februar 2011 blei Noreg eksaminert av FNs rasediskrimineringskomité (CERD). Komiteen sine tilrådingar til Noreg blei offentleggjorde i mars same året og distribuerte til alle relevante partar. Komiteen er positiv til at Noreg har teke fleire steg i kampen mot rasisme, og nemner mellom anna regjeringas handlingplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering og lova om kommunale krisesentertilbod. Rapporten inneheld òg kritiske merknader, mellom anna til inkorporeringa av konvensjonen i norsk lov. Departementet arbeider med å følgje opp tilrådingane frå CERD. Hausten 2011 har BLD hatt møte med Sametinget, Barneombodet, Likestillings- og diskrimineringsombodet, Norsk senter for menneskerettigheter og ei rekkje organisasjonar som representerer sivilt samfunn. Formålet med møta har vore å få innspel til korleis styresmaktene bør følgje opp tilrådingane frå rasediskrimineringskomiteen. Hausten 2012 blei det publisert ein statusrapport om korleis komiteen sine tilrådingar blir følgde opp.

Departementet deltok i arbeidet med å følgje opp tilrådingar frå FNs medlemsland som blei mottekne under høyringa i FNs menneskerettsråd (Universial Periodic Review) i desember 2009. Noreg leverte ein midtvegsrapport om statusen for arbeidet med å følgje opp tilrådingane til FNs menneskerettsråd i juni 2012.

Noreg blei eksaminert av FNs kvinnediskrimineringskomité (CEDAW) i februar 2012, og overvakingskomiteen la fram konkluderande merknader i mars. Overvakingskomiteen er kritisk til Noregs kjønnsnøytrale lover og politikk, og anbefaler at prinsippet om likestilling mellom kvinner og menn blir innlemma i Grunnlova. Komiteen oppmodar Noreg til å ha ei meir heilskapleg lovgiving som spesifikt rettar seg mot vald i nære relasjonar. Vidare er komiteen oppteken av at det blir innført tiltak for å eliminere kjønnsstereotypiar og strukturelle barrierar i utdanningssystemet. Dette er berre nokre av anbefalingane frå overvakingskomiteen.

BLD deltok våren 2012 på møta i FNs kvinnekommisjon (CSW) i New York, som er den faglege møteplassen for fagstatsrådar, sivilt samfunn og FN-organa i kvinne- og likestillingsspørsmål.

Som fagdepartement for likestilling mellom kvinner og menn deltok BLD i 2012 på styremøte i UN Women i New York saman med Utanriksdepartementet. Noreg har plass i UN Womens styre fram til 2014.

BLD deltok hausten 2012 som observatør på statspartsmøte for konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i New York. Vidare deltok BLD på møta til FNs sosialkommisjon.

Samarbeidet i Europarådet

Departementet deltek, saman med Arbeidsdepartementet, i Den europeiske komiteen for sosial tilhøyrsle – Social Cohesion (CDCS) i Europarådet. Av større saker som komiteen har arbeidt fram, er ein revisjon av strategien for Social Cohesion og utarbeiding av ein eigen handlingsplan for implementering av strategien i medlemslanda, arbeidet med ein rekommandasjon om barnevennlege sosialtenester som blei vedteken av ministerkomiteen, og fleire rekommandasjonar og rettleiingsmateriell mellom anna knytt til tiltak mot fattigdom og mobilisering av sosialt ansvar i lokalsamfunn.

Departementet har, gjennom CDCS, delteke aktivt i reformprosessen knytt til ny komitéstruktur i Europarådet. Med dette som bakgrunn starta departementet med å utarbeide ein eigen europarådsstrategi som skal vere retningsgivande for departementet sitt arbeid med europarådssaker. Strategien er no vedteken, og ein må sjå han i samanheng med departementet sitt arbeid i år.

BLD koordinerte eit samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet og Utanriksdepartementet for å leggje til rette for eit høgnivåmøte om vald mot barn i skolen. Medarrangørar var Europarådet og FNs generalssekretær sin spesialrepresentant for å førebyggje og kjempe mot alle former for vald mot barn. FNs spesialrepresentant har utvikla eit strategisk dokument til bruk i alle delar av verda for å førebyggje og kjempe mot vald mot barn i skolen og skolen som ein del av lokalsamfunnet, bygd på konklusjonane frå møtet i Oslo.

Samarbeid i EU og EØS

Noreg tek del i det fleirårige rammeprogrammet DAPHNE III (2007–2013), EUs handlingsprogram om vald mot barn, ungdom og kvinner. BLD har ansvaret for å koordinere den norske deltakinga i programmet. Programmet blir avslutta i 2013. BLD følgjer opp dei utlysingane som kjem under PROGRESS -programmet, og har gitt Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) i mandat å søkje støtte frå programmet. Noreg har fått prosjektstøtte i 2012, og EU har informert om at nye prosjekt vil bli støtta i 2013. Programmet blir avslutta i 2013. Departementet har i 2012 vedteke ein ny EU/EØS-strategi. Den nye strategien er i tråd med regjeringas ønske om ein aktiv europapolitikk, slik NOU 2012: 2 Utenfor og innenfor Norges avtaler med EU tek til orde for. Den norske likestillings- og ikkje-diskrimeringsråden har delteke i følgjande faste komitear og arbeidsgrupper i 2012: Kommisjonens rådgivande komité for likestilling mellom kvinner og menn; EUs høgnivågruppe for ikkje-diskriminering (GEG); Kommisjonens arbeidsgruppe for familie, likestilling og ikkje-diskriminering og EFTAs arbeidsgruppe for ungdom.

Noreg har delteke i fleire høyringar i Europaparlamentet med temaet kjønnsbalanse i styre for børsnoterte selskap. Noreg deltek aktivt i den europeiske debatten på dette området og i likestillingsdebatten generelt.

Bilateralt samarbeid

Departementet gjekk i november 2011 inn i ei partnarskapsavtale med Estland sitt departement for sosiale saker (Ministry of Social Affairs) som programoperatør for integrering av kjønnslikestilling ( Mainstreaming Gender Equality and Promoting Work-Life Balance). Programmet skal finansierast av EØS-finansieringsmidlane.Programsøknaden frå Estland i 2012 gjeld mellom anna utjamning av lønnsforskjellane mellom kvinner og menn i Estland og skal fremme kjønnslikestilling gjennom ulike tiltak. Departementet skal som donorprogrampartnar bidra med faglege råd, samstundes som programmet skal leggje til rette for styrkte bilaterale relasjonar mellom Estland og Noreg.

Samarbeidsprosjektet på departementsnivå om kjønnslikestilling i Vietnam starta opp i 2010 og blei ført vidare i 2011, med finansiering frå Utanriksdepartementet. Samarbeidet har samanheng med menneskerettsdialogen med Vietnam, der temaet i 2011 var kjønn og media. I 2011 blei det òg gjennomført opplæring av kvinnelege kandidatar til lokalval, Women can do it, på tre stader i Vietnam.

Strategiar og tiltak for 2013

Departementet vil leggje fram forslag til endringar i diskrimineringslovgivinga og ei ny lov om forbod mot diskriminering på grunn av seksuell orientering og kjønnsidentitet, jf. også omtale under delmål 4.1.

Inga diskriminering på grunnlag av seksuell orientering

Regjeringa sin handlingsplan Betre livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (2009–2012) blir avslutta i 2012, og ein vurderer å forlengje planarbeidet ut 2013. Det vil også bli vurdert om planarbeidet skal sluttevaluerast. LHBT-senteret vil utarbeide ein FOU-plan for korleis kunnskapshola på lhbt-området kan dekkjast. LHBT-senteret er planlagt å vere ferdig etablert våren 2013.

Aktiv innsats mot etnisk diskriminering

Ved utgangen av 2011 var 64 av 66 tiltak i regjeringas handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering (2009–2012) sette i gang. Handlingsplanen vil bli forlengd ut 2013, og det vil i den samanhengen bli gjort enkelte justeringar i planen. Planen vil som tidlegare fokusere på å førebyggje diskriminering retta mot innvandrarar, samar og nasjonale minoritetar. Det vil bli vurdert om handlingsplanen skal sluttevaluerast.

FN-samarbeidet

Noreg sin 21. rapport om oppfølging av FN sin rasediskrimineringskomité (CERD) sine merknader blir overlevert til overvakingskomiteen hausten 2013. Målsetjinga er å sikre god gjennomføring av Noreg sine plikter etter FNs rasediskrimineringskonvensjon. Antirasistisk Senter får i oppdrag å utarbeide skuggerapporten. Ein midtvegsrapport om Noregs oppfølging av tilrådingane frå FNs kvinnediskrimineringskomité skal leverast til komiteen i 2014.

Samarbeidet i Europarådet

Departementet har i 2012 vedteke ein eigen strategiplan for europarådsarbeidet. Departementet finansierer ein nasjonal ekspert til Europarådet som følgjer opp Europarådets tilråding for å sikre lesbiske, homofile, bifile og transpersonar grunnleggjande rettar i medlemslanda. Prosjektet vil halde fram i 2013 gjennom målretta prosjekt i utvalde land. Departementet deltek i styringskomiteen for sosial tilhøyrsle og i styringskomiteens ekspertkomité, som handsamar rettar for personar med nedsett funksjonsevne. Departementet vil følgje arbeidet i den nye kommisjonen for kjønnslikestilling. Kommisjonen for kjønnslikestilling (GEC) arbeider for like moglegheiter og like rettar for menn og kvinner og for å styrkje integrering av kjønnslikestilling i medlemslanda og i Europarådet som institusjon. Kommisjonen er samansett av representantar frå 16 medlemsland, og er underlagt styringskomiteen for menneskerettar (CDDH). Den 5. rapporten om Noreg frå Den europeiske kommisjonen mot rasisme og intoleranse (ECRI) skal utarbeidast i 2013.

Kommisjonen vil dei neste to åra fokusere på arbeidet mot vald mot kvinner i oppfølginga av konvensjonen mot vald mot kvinner, som kom på planen i 2011, og på retten til rettferdig rettargang for kvinner.

Samarbeidet i EU og EØS

Regjeringa la i 2012 fram ei melding for Stortinget om EØS- avtala og dei andre avtalene Noreg har med EU . Meldinga viser kva regjeringa vil prioritere. Departementet vil arbeide for å realisere dette og tilpasse sin eigen EU/EØS-strategi der det er nødvendig. Ein vil mellom anna måtte vurdere korleis Noreg skal delta i dei nye EU-programma for perioden 2014–2020 på BLD sitt område. Departementet tek i 2013 sikte på å vurdere korleis likestillings- og ikkje-diskrimineringsråden har fungert.

Delmål 4.2: Gode verkemiddel for å fremme deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne

Resultatrapport 2011/2012

Det er gitt driftstilskot til organisasjonar for funksjonshemma, tilskot til ferie- og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne og tilskot til likemannsarbeid. Bufdir forvaltar ordninga, og midlane blir fordelte av ei eiga nemnd. Direktoratet har gått gjennom tilskotsordninga på oppdrag frå departementet. Med bakgrunn i denne gjennomgåinga skal direktoratet kome med eit utkast til nytt regelverk.

Integrert likestillingsperspektiv for personar med nedsett funksjonsevne

Likestillings- og diskrimineringsombodet, som handhevar diskriminerings- og tilgjengelova, rapporterer at saksmengda til ombodet har auka som følgje av lova. Aktivitets- og rapporteringspliktene i diskriminerings- og tilgjengelova inngår i det prioriterte formidlingsarbeidet til BLD på feltet.

Regjeringas handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge ( 2009–2013 ) blei lagd fram i 2009. Handlingsplanen skal støtte visjonen om at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Planen skal mellom anna støtte implementeringa av diskriminerings- og tilgjengelova, ny plan- og bygningslov og anna lovgiving som handlar om universell utforming. Prioriterte innsatsområde i planen er bygg, uteområde/planlegging, transport og IKT. Seksten departement er involverte med over to hundre tiltak i handlingsplanen.

Tiltaka har ei varierande tidsramme frå eitt til fleire år. Fleire er større program som leverer resultat årleg. Tiltak innanfor mellom anna kommunalt utviklingsarbeid, informasjon, opplæring og utdanning, standardisering og indikatorutvikling fekk støtte frå stimuleringsmidlar til handlingsplanen i 2011. Fleire av desse blei gjennomførte med delfinansiering frå andre departement, til dømes Miljøverndepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

I 2011 finansierte BLD eit utviklingsprosjekt for verdsetjing av tiltak innan universell utforming. Prosjektet blei utført av Analyse & Strategi i samarbeid med andre konsulentfirma. Arbeidet konkluderte med at tiltaka har positiv verdi for befolkninga og i stor grad er samfunnsøkonomisk lønnsame. Det blei sett i verk ei ekstern evaluering av fire sentrale tiltak og tiltaksområde i handlingsplanen: standardisering, utdanning og opplæring, effekten av lovendringar og nasjonalt utviklingsprogram for universell utforming i fylke og kommunar.

Noreg arrangerte ein internasjonal konferanse om universell utforming i juni 2012 i samarbeid med Nordisk ministerråd og Europarådet. Konferansen samla over 500 deltakarar frå 34 land i alle verdsdelar og var den første større konferansen om dette temaet i Europa. Evalueringa av konferansen var svært positiv, og ein vil arbeide systematisk for å bruke dei faglege erfaringane vidare på feltet i Noreg. Deltasenteret vil bidra i planlegginga av ein oppfølgingskonferanse i Sverige i 2014.

IT Funk (2007–2013) er ei tverrgåande satsing knytt til personar med nedsett funksjonsevne og ny teknologi under Noregs forskingsråd. Satsinga består av eit tett samarbeid mellom næringsliv, FoU-miljø, brukarorganisasjonar og offentlege instansar. IT Funk blei evaluert vinteren/våren 2012.

Bufdir har sidan 2009 fått midlar til FoU-tiltak som skal betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne. Midlane har mellom anna blitt nytta til finansiering av tidsskriftet Klar Tale , til basisfinansiering av Stiftelsen SOR (Samordningsrådet for arbeid for mennesker med utviklingshemming), til å gi auka kunnskap om funksjonshemmande barrierar gjennom dokumentasjon og utgreiing, til å greie ut levekårsutfordringar, til trainee-program, til prosjektet Familieveiviser , som skal bidra til eit betre tenestetilbod for familiar med barn som har nedsett funksjonsevne, til informasjons- og utviklingsarbeid når det gjeld fritid, og til publikasjon av rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne til offentleg sektor.

Statens råd for likestilling av funksjonshemma, som har til oppgåve å gi råd mellom anna til departement og direktorat, sette i 2011 eit særleg søkjelys på sysselsetjing av personar med nedsett funksjonsevne. Rådet deltok i Arbeidsdepartementets arbeid med å auke yrkesdeltakinga for personar med nedsett funksjonsevne. Arbeidsdepartementet fremma hausten 2012 Jobbstrategi for personer med nedsatt funksjonsevne som vedlegg til statsbudsjettet for 2012 . Mandatet til rådet gjekk ut i mars 2012. Departementet vil vurdere den framtidige rolla og funksjonen til rådet.

Eit viktig mål med informasjons- og utviklingsprogrammet Mennesker med utviklingshemming skal heller ikke diskrimineres! er å skape nytt medvit om politikken for menneske med utviklingshemming som blei utforma i samband med ansvarsreforma i 1990-åra. Dette er følgt opp mellom anna gjennom regionale konferansar for kommunar og organisasjonar. Viktige ledd i vidareutviklinga av politikken er Kunnskapsdepartementets Meld. St. 18 (2010–2011) og Arbeidsdepartementets jobbstrategi for personar med nedsett funksjonsevne, som blei lagt fram i statsbudsjettet for 2012. Arbeidsdepartementet la også fram Prop. 132 L (2010–2011) om politiattest for tilsette i bedrifter som tilbyr tiltaket varig tilrettelagt arbeid.

På oppdrag frå BLD har Bufdir i 2011 gått gjennom strategiplanen for barn med nedsett funksjonsevne og familiane deira og henta inn kunnskap om situasjonen for familiar som har barn med nedsett funksjonsevne. Det skal utarbeidast ei oversikt over målsetjingar, tiltak og prosessar på området barn med funksjonsnedsetjingar. Arbeidet er forankra i BLD.

Departementet tek aktivt del i internasjonalt arbeid for å betre situasjonen til personar med nedsett funksjonsevne. Forutan i saker som direkte omhandlar personar med nedsett funksjonsevne, arbeider departementet for å inkludere politikken for personar med nedsett funksjonsevne i fleire samanhengar, mellom anna i UN Women. I 2011 stilte departementet ein medarbeidar til disposisjon for FNs spesialrapportør for personar med nedsett funksjonsevne. Norad og spesialrapportøren samarbeidde om den internasjonale konferansen Inkludering av personer med funksjonsnedsettelser i internasjonalt utviklingssamarbeid , arrangert i Oslo i 2011. BLD deltok på FNs generalforsamling under handsaminga av temaet personar med nedsett funksjonsevne. Noreg støtta resolusjonen på området, som mellom anna vedtok å halde eit høgnivåmøte i samanheng med FNs generalforsamling i 2013. Temaet blir korleis personar med nedsett funksjonsevne kan inkluderast i utviklingsagendaen. BLD deltok som observatør under statspartsmøtet for konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne, og departementet deltek også som observatør i møta til FNs sosialkommisjon.

Forumet for oppfølging av Europarådets handlingsplan for personar med nedsett funksjonsevne hadde sitt siste møte i 2011. Handlingsplanen blir no følgd opp gjennom ein ekspertkomité under CDCS.

BLD deltek som observatør i EUs høgnivågruppe for personar med nedsett funksjonsevne.

I mai 2012 fremma regjeringa forslag om ratifisering av FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i Prop. 106 S (2011–2012).

Strategiar og tiltak for 2013

Handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge (2009–2013)

For å fremme deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne støttar BLD opp under den vidare implementeringa av diskriminerings- og tilgjengelova. Viktige verkemiddel på området er oppfølging av handlingsplanen for universell utforming og auka tilgjenge for 2009–2013, informasjons- og utviklingsprogrammet om politikken for personar med utviklingshemming og revideringa av ei samla oversikt over målsetjingar, tiltak og prosessar retta mot familiar med barn som har nedsett funksjonsevne.

Ein må sjå arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne i alle aldersgrupper i samanheng med andre diskrimineringsgrunnlag som kjønn, seksuell legning og innvandrarbakgrunn. God kunnskap om levekåra og livssituasjonen til personar med nedsett funksjonsevne i alle aldrar er eit viktig underlag for utforminga av politikken. Arbeid med å utvikle verktøy for dokumentasjon av levekårsituasjonen vil bli sett i gang.

Målretta informasjons-, forskings- og utviklingstiltak skal bidra til å betre levekår- og livssituasjonen for personar med nedsett funksjonsevne.

Tilskot til kunnskapsutvikling skal stimulere til auka innsats i forskinga om levekår og livssituasjonen til personar med nedsett funksjonsevne.

Regjeringas handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge for 2009–2013 skal støtte opp under implementeringa av diskriminerings- og tilgjengelova, ny plan- og bygningslov og anna ny lovgiving som handlar om universell utforming.

Regjeringa har ein visjon om at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Visjonen skal ein nå gjennom ulike sektortilpassa verkemiddel. Ein nyttar tidfesta mål. Sentrale innsatsområde i planen er bygg, uteområde/planlegging, transport og IKT. Ein raud tråd i planen er auka sysselsetjing for personar med nedsett funksjonsevne.

Gjennom handlingsplanen skal departementet arbeide for at sektorstyresmaktene skal implementere universell utforming som standard i regelverk og praksis. Femten departement deltek med tiltak i planen. Det er knytt stimuleringsmidlar til planen. Desse blir nytta til prioriterte tiltak på tvers av sektorar. I 2013 blir stimuleringsmidlar nytta til å støtte tiltak i samarbeid med mellom anna Miljøverndepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Kunnskapsdepartementet. Tilskot til Standard Norge til utvikling av standardar for universell utforming og Norsk designråd til kompetanseheving av designarar og Kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon (KS) vil bli førte vidare.

Ei ekstern evaluering av sentrale tiltaksområde i handlingsplanen vil liggje føre våren 2013. Evalueringa vil danne grunnlag for å vurdere korleis ein skal følgje opp regjeringas handlingsplan for å nå visjonen om eit universelt utforma Noreg i 2025. I 2013 vil det også liggje føre betre statistikk og indikatorar som vil gi støtte til denne vurderinga.

Deltasenteret er statens kompetansesenter for deltaking og tilgjenge. Visjonen til Deltasenteret er deltaking og tilgjenge for alle. Senterets arbeid er basert på at universell utforming, tilrettelegging, teknologi og hjelpemiddel saman fører til auka deltaking og tilgjenge for menneske med nedsett funksjonsevne. Deltasenteret skal identifisere funksjonshemmande barrierar og vise korleis desse hindringane kan fjernast eller reduserast.

Deltasenteret arbeider tett opp mot tiltaka i regjeringas handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge for 2009–2013. Det vil bli lagt vekt på å styrkje kompetansen i kommunane for å gjennomføre tiltak i tråd med intensjonane i handlingsplanen og lover på feltet.

Menneske med utviklingshemming

Menneske med utviklingshemming har rett til eit sjølvstendig liv og skal ha den same valfridommen som andre. BLD tek i samarbeid med fleire departement sikte på å fremme ei stortingsmelding om levekåra for mennesker med utviklingshemming i 2013.

Strategiplanen for familiar som har barn med nedsett funksjonsevne

Departementet har i 2011/2012 gått gjennom strategiplanen for familiar som har barn med nedsett funksjonsevne . Departementet vil leggje fram ein rapport i 2013 om mål, strategiar og tiltak når det gjeld politikken for familiar som har barn med nedsett funksjonsevne.

Jobbstrategien for personer med nedsett funksjonsevne

BLD vil i 2013 bidra til jobbstrategien for unge med nedsett funksjonsevne mellom anna gjennom fleire av tiltaka i regjeringas handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge (2009–2013) og gjennom oppfølging av likestillings- og diskrimineringslovgivinga.

Statens råd for likestilling av funksjonshemma

Regjeringa vil i 2012 oppnemne eit nytt råd for likestilling av personar med nedsett funksjonsevne. Rådet skal vere eit rådgivande organ for offentlege styresmakter, særleg departementa, og statsforvaltinga elles. Rådet skal gi rom for drøfting mellom rådet sine medlemmer og offentlege organ og skal kunne ta initiativ og kome med råd om utforming og gjennomføring av politikken for å sikre likestilling av personar med nedsett funksjonsevne på alle samfunnsområde. Rådet skal vidare peike på manglar og utfordringar knytte til tilgjengeleg dokumentasjon.

Departementet har våren 2012 gitt ut eit nytt, revidert rundskriv om lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne. Representasjonsordninga er viktig for å sikre god brukarmedverknad. Ordninga er derfor òg viktig for lokaldemokratiet. Gjennom eit godt fungerande råd kan ein sikre seg at verdifull erfaringskompetanse blir spela inn i tenesteutviklings- og planarbeidet i kommunen på ein systematisk måte, og medverke til at dei løysingane som blir valde, er så inkluderande som mogleg.

IT-funk

IT Funk avsluttast i 2012 i den forma det no er. Brukarforum blir vidareført, men knytt til Deltasenteret (Bufdir).

CRPD og verjemålslova

Regjeringa vil jobbe vidare med å førebu iverksetting av ny verjemålslov. Ein tek sikte på at lova kan tre i kraft 1. juli 2013. Regjeringa har føreslått å ratifisere FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD), slik at Noreg blir bunde av konvensjonen med ein gong den nye verjemålslova er på plass.

Støtte til organisasjonar

Bufdir har fått i oppdrag å leggje fram forslag til nytt regelverk for tilskot til organisasjonar for funksjonshemma. Det nye regelverket skal sikre meir objektivitet, klarleik og rettferd for organisasjonane.

Avtala mellom regjeringa og FFO

BLD arbeider i 2012 med å revitalisere avtala mellom regjeringa og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) om drøftingar om statsbudsjettet når det gjeld aktuelle saker for personar med nedsett funksjonsevne. Formålet med avtala er å sikre at regjeringa i sitt arbeid med statsbudsjettet er godt kjend med dei særlege krava som personar med nedsett funksjonsevne har.

Internasjonalt

BLD vil følgje opp arbeidet i FN om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. BLD deltek mellom anna i oppfølginga av konvensjonen om rettane for menneske med nedsett funksjonsevne, og BLD deltek som observatør i FNs kommisjon for sosial utvikling, som er eit organ under ECOSOC.

Noreg tek del som observatør i EUs høgnivågruppe for personar med nedsett funksjonsevne. Departementet vil følgje opp det arbeidet EU gjer når det gjeld rettane til personar med nedsett funksjonsevne.

Noreg tek aktivt del i Europarådet sitt arbeid med rettane til personar med nedsett funksjonsevne.

Arbeidet for likestilling og mot diskriminering i nordisk samanheng held fram, mellom anna gjennom det norske formannskapet i Nordisk ministerråd i 2012. Universell utforming er ei av satsingane under formannskapet. Det blir laga ein strategi for universell utforming for Nordisk ministerråd. Målsetjinga er at denne skal verke frå 2012/2013.

Nærmare om budsjettforslaget:

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

840

Krisetiltak

112 371

107 237

110 706

3,2

841

Samliv og konfliktløysing

30 800

33 179

28 676

-13,6

842

Familievern

345 126

349 026

369 745

5,9

843

Likestillings- og diskrimineringsnemnda

2 290

3 409

4 519

32,6

844

Kontantstøtte

1 347 393

1 223 000

878 000

-28,2

845

Barnetrygd

14 883 109

15 030 000

14 985 000

-0,3

846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

66 683

72 338

81 787

13,1

847

Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne

213 919

218 310

221 638

1,5

849

Likestillings- og diskrimineringsombodet

52 713

54 347

54 140

-0,4

Sum kategori 11.10

17 054 404

17 090 846

16 734 211

-2,1

Inntekter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

3842

Familievern

6 119

595

615

3,4

3846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

500

517

3,4

Sum kategori 11.10

6 119

1 095

1 132

3,4

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

01-23

Drift

302 335

303 915

310 967

2,3

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

64 813

66 823

57 063

-14,6

60-69

Overføringar til kommunar

81 813

70 000

74 140

5,9

70-98

Overføringar til private

16 605 443

16 650 108

16 292 041

-2,2

Sum kategori 11.10

17 054 404

17 090 846

16 734 211

-2,1

Kap. 840 Krisetiltak

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

21

Spesielle driftsutgifter

4 666

5 719

3 408

60

Tilskot til krisesenter

14 981

61

Tilskot til incest- og valdtektssenter , overslagsløyving

66 832

70 000

72 240

70

Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv. , kan nyttast under kap. 858 post 01

25 892

31 518

35 058

Sum kap. 0840

112 371

107 237

110 706

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga vil bli nytta til å finansiere tiltak i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar, tiltak i handlingsplanen mot valdtekt og andre valdsførebyggjande tiltak. Løyvinga går mellom anna til å finansiere evalueringa av krisesenterlova. Det er foreslått flytta 2,5 mill kroner frå denne posten til kap 840 post 70 for å sikre korrekt postbruk.

Departementet føreslår ei løyving på 3,4 mill. kroner under kap. 840, post 21.

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer tilskot til tjue incestsenter og eitt valdtektssenter. Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer som departementet har gitt i rundskriv Q-22/2012. Det blei i 2011 utbetalt 66,8 mill. kroner gjennom ordninga.

Gjennom departementets rundskriv er det gitt rammer for ordninga:

Mål

Målet med tilskotsordninga er å gi personar som er utsette for incest, seksuelle overgrep og valdtekt, eit tilbod om hjelp og støtte av god kvalitet og med godt tilgjenge, gjennom å sikre drifta av incest- og valdtektssentera.

Kriterium for tildeling

Tilskot blir tildelte etter søknad. Rundskrivet frå BLD stiller nærmare krav til sentera som kan søkje tilskot.

Finansieringa er delt mellom stat og kommune, slik at 20 prosent kommunalt tilskot, og eventuelt tilskot frå helseføretak eller fylkeskommune, utløyser 80 prosent statleg tilskot. Statstilskotet er øyremerkt.

Oppfølging og kontroll

Incestsentera og valdtektssentera skal utarbeide årsrapport og statistikk for verksemda. Vertskommunen for det enkelte incestsenteret eller valdtektssenteret skal godkjenne budsjettet og har ansvar for økonomioppfølging.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. bevilgningsreglementet § 10 andre ledd.

Budsjettforslag 2013

Budsjettforslaget byggjer på ei vidareføring av tilskotsordninga i 2013. Departementet føreslår ei løyving på 72,2 millionar kroner under kap. 840, post 61.

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under kap. 858, post 01

Løyvinga dekkjer tilskot til ulike valdsførebyggjande tiltak og tiltak for å auke kunnskapen på valdsfeltet.

Løyvinga har vore nytta til å gi tilskot til stiftinga Alternativ til vold (ATV), som ledd i arbeidet for å etablere eit landsdekkjande hjelpe- og behandlingstilbod til valdsutøvarar. Det er gitt tilskot til oppretting av nye og drift av eksisterande ATV-kontor.

Løyvinga har dekt tilskot til Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) stiftinga Fellesskap mot seksuelle overgrep (FMSO) og den landsdekkjande hjelpetelefonen for incest- og seksuelt misbrukte. Løyvinga har òg dekt tilskot til Kirkens Bymisjon for drift av Lauras Hus , som er eit tilbod til kvinner som er offer for menneskehandel. Det er gjort nærmare greie for aktivitetane som er nemnde ovanfor, i rapporteringa under delmål 3.6: Gode og tilgjengelege tilbod til personar som er utsette for vald i nære relasjonar.

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til ATV, NKVTS, Hjelpetelefonen for incestutsette og Kirkens Bymisjon, (Lauras Hus) i 2013.

Løyvinga dekkjer òg ei tilskotsordning til valdsførebyggjande tiltak og forsøks- og utviklingstiltak. Ordninga blir forvalta av Bufdir. I 2013 legg departementet opp til ei justering av mål og kriterium for tildeling for ordninga. Følgjande overordna rammer blir lagde til grunn:

Mål

Ordninga skal dekkje tilskot til frivillige organisasjonar og andre aktørar som arbeider med å kjempe mot slik vald i nære relasjonar. Tilskotsordninga skal leggje til rette for at frivillige organisasjonar og andre får høve til å bidra til debatt og haldningsendringar, skape deltaking og kunnskap på området.

Kriterium for tildeling

Tilskot skal mellom anna bidra til at ein når måla i regjeringas handlingsplanar mot vald i nære relasjonar (inkludert handlingsplanen mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting).

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar sender inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet kan setje i verk kontroll med at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd.

Departementet vil gi nærmare retningslinjer for ordninga i eige rundskriv.

Budsjettforslag 2013

Det er føreslått å flytta 2,5 mill. kroner frå denne posten til kap 840, post 21 for å sikra korrekt postbruk. BLD føreslår ei løyving på 35,1 mill. kroner under kap. 840, post 70.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle , overslagsløyving

11 652

14 261

12 332

22

Opplæring, forsking, utvikling mv.

5 731

4 861

4 861

23

Refusjon av utgifter til DNA-analysar , overslagsløyving

6 437

6 637

6 856

70

Tilskot til samlivstiltak , kan nyttast under kap. 858 post 01

4 127

4 479

4 627

71

Tiltak etter samlivsbrot for barn i konfliktfylte familiar

2 853

2 941

Sum kap. 0841

30 800

33 179

28 676

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Posten omfattar godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekking av reiseutgifter til foreldra i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter tilsvarande satsar som for fri rettshjelp. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Satsen er føreslått til 945 kroner per time frå 1. januar 2013. Ordninga blir forvalta av Bufdir.

Departementet føreslår ei løyving på 12,3 mill. kroner under kap. 841, post 21.

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling mv.

Posten omfattar midlar til opplæring av nye meklarar og til kompetanseheving for meklarkorpset. Bufdir forvaltar midlar til opplæring av meklarar. Midlane under posten skal mellom anna nyttast til å følgje opp ei evaluering av meklingsordninga, tiltak og utviklingsprosjekt knytte til saker med høgt konfliktnivå og økonomisk støtte til Domstoladministrasjonen til kompetanseheving i barnelovsaker med valds- og overgrepsproblematikk i domstolane.

Departementet føreslår ei løyving på 4,9 mill. kroner under kap. 841, post 22.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Divisjon for rettsmedisin og rusmiddelforskning ved Nasjonalt folkehelseinstitutt utfører alle DNA-analysar som er rekvirerte av domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet ved fastsetjing av farskap, og departementet refunderer utgiftene dette medfører. Utgiftene til DNA-analysar følgjer direkte av reglane i barnelova om fastsetjing og endring av farskap.

BLD føreslår ei løyving på 6,9 mill. kroner under kap. 841, post 23.

Post 70 Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 858 post 01

Posten omfattar tilskot til lokale samlivskurs og utviklingstiltak. Løyvinga blir forvalta av Bufdir. I 2013 legg departementet følgjande overordna rammer til grunn for ordninga:

Mål

Den overordna målsetjinga med tilskota er å støtte opp om samlivet i parforhold. Midlane skal brukast til å styrkje samlivsforhold med sikte på å skape gode relasjonar og førebyggje familie- og samlivsoppløysing.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar sender inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet kan setje i verk kontroll med at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. bevilgningsreglementet § 10 andre ledd.

Departementet vil fastsetje nærmare retningslinjer for ordninga.

Budsjettforslag 2013

Departementet føreslår ei løyving på 4,6 mill. kroner under kap. 841, post 70.

Post 71 Tiltak etter samlivsbrot for barn i konfliktfylte familiar

Posten har vore nytta til eit prosjekt for å styrkje tilboda til barn som opplever sterke konfliktar i heimen i samband med samlivsbrot. Prosjektet har omfatta utprøving av samarbeidsrutinar, spesielt mellom familievernkontor og kommunane. Prosjektperioden går ut 31. desember 2012. Prosjektet har vore evaluert. Evalueringa visar positive resultat.

BLD vil vidareføre tilbodet som er gitt gjennom prosjektet som del av den faste verksemda til familievernet. Departementet føreslår derfor å flytte drøye 3 mill. kroner på posten til kap. 842, post 21 for 2013.

Kap. 842 Familievern

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter , kan nyttast under post 70

208 056

206 913

214 938

21

Spesielle driftsutgifter

6 593

7 130

16 403

70

Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv. , kan nyttast under post 01

130 477

134 983

138 404

Sum kap. 0842

345 126

349 026

369 745

Status for verksemda

Familievernet er ei spesialteneste som har familierelaterte problem som sitt fagfelt. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien og mekling etter § 26 i lov om ekteskap og § 51 i barnelova. Familievernkontora driv utoverretta verksemd om familieretta tema medrekna rettleiing, informasjon og undervising retta mot hjelpeapparat og publikum.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten dekkjer lønn til faste stillingar, engasjement, ekstrahjelp og godtgjersle, og utgifter til varer og tenester i det offentlege familievernet. Løyvinga omfattar også tilskot til oppgåvene dei offentlege familievernkontora utfører i samband med samlivstiltaket Hva med oss? (kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, post 01), og dekkjer administrasjonsutgifter knytte til familievernet ved regionkontora i Bufetat. Posten dekkjer òg tilskot til oppgåvene dei offentlege familievernkontora har i samband med Pilotprosjekt Østerdalen, som oppfølging av St. meld. nr. 34 (2008-2009) Fra vernepliktig til veteran .

Departementet føreslår ei løyving på 214,9 mill. kroner under kap. 842, post 01.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til forsking, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet. Midlane blir hovudsakleg forvalta av Bufdir, mellom anna til oppfølging av tiltak i Kompetanseplanen for familievernet, og til vidareføring av arbeidet med brukarretta kvalitetsutvikling i tenesta. Posten dekkjer òg utgifter til utviklingsoppgåvene dei offentlege familievernkontora har i samband med Pilotprosjekt Østerdalen, som oppfølging av St. meld. nr. 34 (2008–2009) Fra vernepliktig til veteran.

Det er føreslått å auke løyvinga med 9 mill. kroner. Drøye 3 mill. skal gå til vidareføring av tilbodet gitt gjennom prosjekta som tidlegare blei finansiert over kap 841 post 70. I tillegg er det foreslått ei styrking av familievernet sitt arbeid med valdsutsatte barn og oppfølgjing av Regnbueprosjektet.

Departementet føreslår ei løyving på 16,4 mill. kroner under kap. 842, post 21.

Post 70 Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01

Midlane blir nytta til å finansiere drifta av dei kyrkjeleg eigde familievernkontora. Dei kyrkjeleg eigde familievernkontora får midlar til drifta ved tilskotsbrev frå Bufetat i samsvar med inngått avtale om drift av familievernkontor. Posten dekkjer også tilskot til oppgåvene dei kyrkjeleg eigde familievernkontora har i samband med samlivstiltaket Hva med oss? (kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, post 01).

Departementet føreslår ei løyving på 138,4 mill. kroner under kap. 842, post 70.

Kap. 3842 Familievern

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Diverse inntekter

767

595

615

15

Refusjon av arbeidsmarkedstiltak

63

16

Refusjon av foreldrepengar

1 291

18

Refusjon av sykepengar

3 998

Sum kap. 3842

6 119

595

615

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak. Kor store inntektene er, varierer frå år til år.

Kap. 843 Likestillings- og diskrimineringsnemnda

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter

2 290

3 409

4 519

Sum kap. 0843

2 290

3 409

4 519

Status for verksemda

Likestillings- og diskrimineringsnemndas kompetanse og oppgåver er regulerte i diskrimineringsombodslova med tilhøyrande forskrift. Nemnda handhevar reglar om diskriminering i desse lovene: likestillingslova, diskrimineringslova, diskriminerings- og tilgjengelova, arbeidsmiljølova kap. 13 og bustadlovene. Nemnda er eit sjølvstendig forvaltingsorgan som administrativt underlagt departementet. Departementet kan ikkje gi instruks om eller gjere om nemnda si utøving av styringsmakt i handsaming av enkeltsaker.

Nemnda er eit kollegialt organ med 12 medlemmer: éin leiar, éin nestleiar, seks ordinære/faste medlemmer og fire varamedlemmer. Oppnemningstida for halvparten av medlemmene og varamedlemmene i nemnda gjekk ut 31. mars 2012. Det er oppnemnt ny nestleiar, to nye faste medlemmer og to nye varamedlemmer. Eit fast medlem held fram i vervet sitt. Vidare er det oppnemnt eit fast medlem for eit kortare tidsrom. På kvart møte deltek fem medlemmer. Nemnda har eit eige sekretariat som førebur møta, legg fram saker for nemnda, lagar utkast til vedtak etter rådslaging i nemnda og administrerer ordninga med tvangsfullmakt. Departementet har det administrative ansvaret for nemnda, med mellom anna tilsetjing i sekretariatet.

Alle saker i nemnda blir først handsama av Likestillings- og diskrimineringsombodet, som gir ei fråsegn i saka. I hastesaker kan ombodet gjere bindande vedtak etter diskrimineringsombodslova § 4. Da blir nemnda ordinær klageinstans.

Nemnda kan gjere vedtak eller gi fråsegn om at det ligg føre brot på dei lovene nemnda er sett til å handheve. Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan gi påbod om at det diskriminerande tilhøvet skal stansast eller rettast.

Nemnda fekk 53 nye saker til handsaming frå Likestillings- og diskrimineringsombodet i 2011. I underkant av tjue saker er saker etter diskriminerings- og tilgjengelova. I underkant av ti saker gjaldt likestillingslova. Seks saker gjaldt diskriminering på grunnlag av alder. Fem saker gjaldt klage over at ombodet hadde avvist eller lagt bort saka. Nemnda hadde ti møte i 2011. Det blei handsama til saman 50 femti saker i 2011.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønn til medarbeidarar og andre driftsutgifter for sekretariatet, dessutan godtgjersle og utgifter til nemndmedlemmer og eventuelle vitne og sakkunnige som blir kalla inn. Nemnda hadde tre faste stillingsheimlar per 1. juli 2012. Departementet føreslår i 2013 å vidareføre løyvinga til Likestillings- og diskrimineringsnemnda frå revidert nasjonalbudsjett 2012.

Departementet føreslår ei løyving på 4,5 mill. kroner under kap. 843, post 01.

Kap. 844 Kontantstøtte

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

70

Tilskot , overslagsløyving

1 347 393

1 223 000

878 000

Sum kap. 0844

1 347 393

1 223 000

878 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Mål og kriterium for tildeling

Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre. Målet med ordninga og tildelingskriteria går fram av lova.

Oppfølging og kontroll

Kontantstøtteordninga blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, som er administrativt underlagt Arbeidsdepartementet. Det er etablert rutinar for samhandling mellom Arbeidsdepartementet og BLD om mellom anna årlege tildelingsbrev og etatsstyring generelt. Som ledd i resultatoppfølging og økonomikontroll blir det halde etatsstyringsmøte og faglege kontaktmøte mellom dei nemnde departementa og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Sjå nærmare omtale av Arbeids- og velferdsetatens forvalting på BLDs ansvarsområde under delmål 3.1.

Budsjettforslag 2013

Budsjettforslaget byggjer på uendra stønadssatsar og prognosar for

  • forventa tal på barn i kontantstøttealder (eittåringar) basert på mellom anna den siste befolkningsframskrivinga til SSB

  • forventa utvikling i bruken av kontantstøtteordninga basert på statistikken til Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • måltal for kor mange nye eittåringar det vil vere i barnehage i 2012 og 2013, jf. omtale i Kunnskapsdepartementets Prop. 1 S (2012–2013) under kap. 231 Barnehagar

Forslag til satsar for 2013 står i tabell 3.18.

Departementet føreslår ei løyving på 878 mill. kroner under kap. 844, post 70.

Tabell 3.17 Talet på barn med rett til stønad i 2011. Prognosar for 2012 og 2013

Gjennomsnitt 2011

Gjennomsnitt 2012 1

Gjennomsnitt 2013

Eitt- og toåringar med kontantstøtte

36 641

30 800

19 100

1 Saldert budsjett

Tabell 3.18 Forslag til satsar for kontantstøtte i 2013 (kroner)

Avtalt opphaldstid per veke

Kontantstøtte i prosent av full yting

Beløp per barn per månad

Beløp per barn per månad

Barn i alderen 13–18 månader

Barn i alderen 19–23 månader

Ikkje bruk av barnehageplass

100

5 000

3 303

Til og med 19 timar

50

2 500

1 652

20 timar eller meir

0

0

0

Kap. 845 Barnetrygd

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

70

Tilskot , overslagsløyving

14 883 109

15 030 000

14 985 000

Sum kap. 0845

14 883 109

15 030 000

14 985 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Mål og kriterium for tildeling

Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter til forsørging av barn og er heimla i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd. Tildelingskriteria går fram av lova.

Oppfølging og kontroll

Barnetrygda blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Budsjettforslag 2013

Budsjettforslaget byggjer på uendra stønadssatsar frå 2012 og prognosar for

  • talet på barn med rett til barnetrygd og talet på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad (barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet)

  • talet på småbarnstillegg for einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

  • talet på barn med finnmarks- og svalbardtillegg

  • forventa utgifter til etterbetalingar

Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til SSB.

Det er føreslått ei løyving på 14 985 mill. kroner under kap. 845, post 70.

Tabell 3.19 Forslag til satsar for barnetrygd for 2013 (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd

970

11 640

Småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

660

7 920

Finnmarkstillegg for barn 0–18 år

320

3840

Svalbardtillegg for barn 0–18 år

320

3840

Tabell 3.20 Talet på barn med rett til barnetrygd i 2011. Prognosar for 2012 og 2013

Gjennomsnitt 2011

Gjennomsnitt 2012*

Gjennomsnitt 2013

Barn med barnetrygd

1 109 063

1 119 544

1 117 277

Barn med finnmarkstillegg

20 506

20 336

19 900

Barn med svalbardtillegg

412

410

410

* Saldert budsjett

Tabell 3.21 Talet på stønadsmottakarar i 2011. Prognosar for 2012 og 2013

Gjennomsnitt 2011

Gjennomsnitt 2012*

Gjennomsnitt 2013

Stønadsmottakarar med barnetrygd for

- eitt barn

300 695

299 881

302 922

- to barn

250 521

252 450

252 377

- tre barn

83 070

84 571

83 685

- fire barn

13 427

13 841

13 526

- fem eller fleire barn

3 495

3 620

3 521

Sum stønadsmottakarar

651 208

654 363

656 031

Stønadsmottakarar med utvida stønad

131 516

134 704

132 490

Stønadsmottakarar med småbarnstillegg til einsleg forsørgjar

5 446

5 808

5 173

* Saldert budsjett 2012

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tala for stønadsmottakarar etter kor mange barn dei får utbetalt barnetrygd for, er eksklusive stønadsmottakarar som får ei ekstra barnetrygd (utvida stønad). Nokre av barna blir det utbetalt delt barnetrygd for; både mor og far får barnetrygd.

Utrekning av utgifter til barnetrygd basert på talet på barn, satsar mv. i tabellane ovanfor, vil gi eit noko lågare utgiftsnivå enn budsjettforslaget for 2013. Avviket kjem av etterbetalingar. Etterbetalingane vil venteleg liggje på om lag same nivå i 2013 som i 2011 og 2012.

Kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

21

Spesielle driftsutgifter , kan nyttast under post 50

25 274

28 435

32 135

50

Forsking , kan nyttast under post 21

6 500

6 702

2 923

60

Tilskot til likestillingsarbeid i kommunal sektor

1 900

70

Tilskot

15 576

14 501

20 980

72

Tiltak for lesbiske og homofile

9 056

9 350

10 059

73

Tilskot til Likestillingssentre

5 468

5 638

5 824

79

Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid , kan overførast

4 809

7 712

7 966

Sum kap. 0846

66 683

72 338

81 787

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50

Forskings- og utviklingsmidlane på denne posten blir i hovudsaka nytta til finansiering av større og mindre enkeltprosjekt av særleg relevans på områda samliv, likestilling og ikkje-diskriminering.

Det er mellom anna sett av midlar til gjennomføring av handlingsplanane Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering og Likestilling 2014. Posten dekkjer òg utgifter knytte til ei rådsstilling ved EU-delegasjonen i Brussel med ansvar for barne-, familie-, likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikken.

Det er sett av midlar til danninga av eit forskingskonsortium på kjønnslikestillingsfeltet (jf. nærmare omtale under delmål 3.3 og under kap 846, post 50). Posten er styrka med 4 mill. kroner til dette føremålet.

Løyvinga blir nytta til drift av LHBT-senteret, eit kunnskapssenter for seksuell orientering og kjønnsidentitet, som er ein del av Bufdir.

Det er og sett av midlar til arbeidet med 100-års jubileet for allmenn røysterett i 2013. Departementet føreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner til dette føremålet. Det blir og gitt tilskot til jubileet under post 70.

Departementet føreslår ei løyving på 32,1 mill. kroner under kap. 846, post 21.

Post 50 Forsking, kan nyttast under post 21

Midlane skal nyttast til programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon i regi av Noregs forskingsråd (NFR). BLD føreslår å flytte 4 mill. kroner til kap. 846, post 21 som følgje av at Kjønnsforskingsprogrammet i regi av NFR er avslutta.

Departementet føreslår ei løyving på 2,9 mill. kroner under kap. 846, post 50.

Post 60 Tilskot til likestillingsarbeid i kommunal sektor

Løyvinga er foreslått nytta til ei tilskotsordning som del av programmet Likestilte kommunar. Programmet inngår som eit tiltak i handlingsplanen Likestilling 2014.

Tilskotsordninga har følgjande overordna rammer:

Mål

Formålet med tilskotsordninga er å fremme tiltak som betre integrerer likestillingsperspektivet i politikk og tenesteyting i kommunane. Målet er effektiv lokal politikk som fremmar likestilling mellom kvinner og menn. Tilskotsordninga vil støtte opp under aktivitetsplikta kommunane har etter likestillings- og diskrimineringslovgivinga.

Kriterium for tildeling

Pilotkommunar over heile landet vil få tilskot til konkrete prosjekt for likestilling. Kommunane vil også få rettleiing og kurs i prosjektperioden. Likestillingssenteret på Hamar leier gjennomføringa av programmet. Det skal etablerast ei referansegruppe med deltakarar frå kommunal og statlege sektor som skal gi råd i prosessen. Likestillingssenteret vil vurdere søknadene og skrive innstillingar. BLD gjer vedtak om tilskot. Kommunane som blir valde ut, vil få ei fast tildeling kvart år. Programmet varer ut 2014.

Departementet vil utarbeide nærmare retningslinjer for ordninga.

Budsjettforslag 2013

BLD føreslår ei løyving på 1,9 mill. kroner under kap. 846, post 60.

Post 70 Tilskot

Løyvinga blir nytta til tiltak og prosjekt for å fremme kjønnslikestilling, og til tilskot til frivillige organisasjonar.

Løyvinga har vore nytta til å gi driftstilskot (grunnfinansiering) til Reform – ressurssenter for menn. I tillegg er gitt tilskot til dei tre regionale sentera for likestilling og mangfald (KUN – senter for kunnskap og likestilling, Likestillingssenteret og Senter for likestilling ved Universitetet i Agder). Reform – ressurssenter for menn og Likestillingssenteret har òg motteke tilskot til prosjekt innafor ramma av regjeringas handlingsplan for likestilling, Likestilling 2014 .

Løyvinga har vidare vore nytta til å tilskot til Harry Benjamin ressurssenter og til ulike aktivitetar. Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål (FOKUS) har medverka til på departementets ansvarsområde. Det er gitt tilskot til prosjekt i regi av KILDEN Informasjonssenter for kjønnsforskning og til Ung innovasjonspris, som Trondheim kommune deler ut.

Departementet føreslår at dei nemnde organisasjonane og prosjekta får støtte i 2013. Ein må likevel vurdere tilskot på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane.

Det er gitt støtte til tiltak for å markere 100-årsjubileet for innføring av allmenn røysterett (kvinnestemmeretten). Tre tilskotsmottakarar fekk støtte til tiltak i 2011 og 2012 (jf. omtale i Prop. 111 S (2011–2012)). Dette gjeld Ungdomslaget Lysbøens akademigruppe, Foreningen !Les og Den Nationale Scene. Departementet føreslår at støtta til desse aktivitetane blir ført vidare i jubileumsåret 2013. I 2012 blei det lyst ut tilskotsmidlar til lokale og nasjonale prosjekt som del av Stemmerettsjubileet. Departementet tildeler tilskot til prosjekt på bakgrunn av innstilling frå komiteen som har ansvar for Stemmerettsjubileet. Departmentet legg opp til at Kilden teater- og konserthus i Kristiansand får innvilga støtte til åpningsforestillinga for Stemmerettsjubileet. Departementet vil lyse ut tilskotsmidlar til lokale og nasjonale prosjekt også i 2013.

Føremålet med ordninga er å bidra til aktivitetar, tiltak og arrangement som inngår i feiringa. Ein ønskjer å skape auka engasjement rundt viktige fellesverdiar vårt demokrati er tufta på: Stemmerett, likestilling, representasjon og deltaking. Ein ønskjer eit breidt engasjement gjennom ulike lokale og nasjonale prosjekt. Det er derfor ikkje lagt begrensningar på kven som kan søkje. Tilskot blir gitt etter ei samla vurdering med utgangspunkt i mål og kriterium for tildeling.

BLD kan setje i verk kontroll med at tilskotsmidlane vert nytta etter føresetnadene, jf. bevilgningsreglementet § 10 andre ledd.

Ordninga med tilskot til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer som departementet gir i det årlege rundskrivet Q-1.

Mål

Formålet med tilskotsordninga er å sikre drift, bidra til mangfald og skape størrea aktivitet blant frivillige organisasjonar som arbeider med familie- og likestillingspolitikk. Med likestilling meiner ein i denne samanhengen likestilling mellom kjønna.

Tilskotsordninga skal leggje til rette for at frivillige organisasjonar får høve til å setje dagsordenen, supplere og korrigere styresmaktene sitt familie- og likestillingspolitiske arbeidet, utvikle demokratiet, skape deltaking og bidra til kunnskap, debatt og haldningsendringar

Kriterium for tildeling

Det kan bli gitt tilskot til drift av frivillige organisasjonar som har familie- og likestillingspolitisk arbeid som si kjerneverksemd, og som kan dokumentere dette med vedtekter, målsetjingar og planar.

Ein kan gi aktivitetstilskot til tiltak/prosjekt som kan skape merksemd, informasjon/kunnskap, debatt og haldningsendringar når det gjeld familie- og likestillingspolitiske spørsmål.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar sender inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet kan setje i verk kontroll med at tilskotsmidlane vert nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd

Det er gitt nærmare retningsliner i rundskriv Q-17/2012 frå BLD. Departementet legg til grunn at hovudtrekka i retningslinene blir førte vidare i 2013.

Budsjettforslag 2013

Posten er føreslått auka med 6 mill. kroner til feiring av Stemmerettsjubileet. Departementet føreslår ei løyving på knappe 21 mill. kroner under kap. 846, post 70.

Post 72 Tiltak for lesbiske og homofile

Løyvinga har blitt nytta til driftstilskot til lhbt-organisasjonane LLH, Skeiv ungdom, Skeiv verden og bladet BLIKK.

Midlar er òg delte ut gjennom ei tilskotsordning til tidsavgrensa aktivitetar drivne av frivillige organisasjonar og andre som arbeider for å betre levekåra og livskvaliteten blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Nærmare retningslinjer for ordninga er gitte i rundskriv Q-3/2011 frå BLD. For 2013 føreslår departementet å utvide formålet for denne ordninga til også å omfatte driftstilskot til lhbt-organisasjonar og permanente aktivitetar for å betre levekåra og livskvaliteten blant lhbt-personar.

Departementet føreslår følgjande overordna rammer for ordninga:

Mål

Ordninga skal òg medverke til mangfald og skape auka aktivitet blant organisasjonar som arbeider innafor dette området. Det kan bli gitt driftstilskot og støtte til tidsavgrensa og permanente aktivitetar. Det overordna målet er betre levekår og livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersoner. Tilskotsordninga skal gjere det lettare for lhbt-organisasjonar å drive interessepolitisk arbeid og gi service til eigne medlemmer.

Kriterium for tildeling

Tilskotsordninga vil omfatte frivillige organisasjonar og andre aktørar som arbeider for betre levekår og livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt). For organisasjonar som får driftstøtte vil det bli lagt vekt på at organisasjonane er av og for lhbt-personer og arbeider for samfunnsmessig likestilling og deltaking for gruppa ho organiserar.

Tilskot til aktivitetsstøtte blir gitt etter ei samla vurdering med utgangspunkt i måla for ordninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Departementet kan setje i verk kontroll med at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. bevilgningsreglementet § 10 andre ledd.

Departementet vil gi nærmare retningslinjer for ordninga i eit eige rundskriv.

Budsjettforslag 2013

Departementet føreslår ei løyving på 10,1 mill. kroner under kap. 846, post 72.

Post 73 Tilskot til likestillingssenter

Løyvinga har gått til delfinansiering av verksemda ved Likestillingssenteret, som blir drifta av stiftinga Kvinneuniversitetet i Hamar, og verksemda ved KUN – senter for kunnskap og likestilling, som blir drifta av stiftinga Kvinneuniversitetet i Nord.Sentra får og tilskot som regionale likestillings- og mangfaldssentre, jf. kap. 846 post 70. Departementet føreslår at støtta til dei to sentera blir ført vidare i 2013.

Budsjettforslag 2013

Departementet føreslår ei løyving på 5,8 mill. kroner under kap. 846, post 73.

Post 79 Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, kan overførast

Noreg deltek i det fleirårige EU-programmet PROGRESS (2007–2013). Programmet inkluderer desse områda: sysselsetjing, sosialt vern og inkludering, arbeidsvilkår, arbeid mot diskriminering og for mangfald.

Løyvinga dekkjer ein del av kostnadene til Noregs deltaking. Programmet er forankra både i Arbeidsdepartementet og i BLD. Bidraga blir fastsette etter ein fordelingsnøkkel.

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) har i fleire år teke imot midlar frå PROGRESS til prosjekt mellom anna om likeverdige offentlege tenester og om aktivitets- og rapporteringspliktene for offentlege styresmakter som tenesteytarar.

Noreg deltek vidare i EU-handlingsprogrammet for å førebyggje og kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper (DAPHNE III 2007–2013). Det overordna målet for programmet er å medverke til å verne barn, ungdom og kvinner mot alle former for vald og å oppnå eit høgt nivå for helsevern, velferd og sosial utjamning. NKVTS har ansvaret for å leggje til rette for norske prosjektsøknader til DAPHNE III.

EU har lansert nye og reviderte program for perioden 2014–2020. Det nye programmet for rettar og EU-borgarskap (Rights and Citizenship) vil avløyse det noverande DAPHNE III og delar av det noverande PROGRESS. Noreg deltek i Europarådet sitt arbeid for å fremme likestilling og motverke diskriminering av lhbt-personar. Løyvinga dekkjer delar av kostnadane knytta til dette arbeidet.

Budsjettforslag 2013

Departementet føreslår ei løyving på 8 mill. kroner under kap. 846, post 79.

Kap. 3846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Prosjektinntekter

500

517

Sum kap. 3846

500

517

Kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

21

Spesielle driftsutgifter , kan nyttast under post 71

31 636

26 550

15 515

50

Forsking

5 600

5 774

70

Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

160 912

166 403

171 894

71

Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming , kan overførast, kan nyttast under post 21

15 771

19 583

20 229

72

Tilskot

14 000

Sum kap. 0847

213 919

218 310

221 638

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Løyvinga blir nytta til målretta informasjons-, forskings- og utviklingstiltak som bidreg til å betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne. Hovuddelen av løyving blir forvalta av Bufdir.

BLD føreslår ei løyving på 15,5 mill. kroner under kap. 847, post 21.

Post 50 Forsking

Prosjektet IT Funk i regi av Noregs forskingsråd blir avslutta i den forma det no har ved årsskiftet. Departementet føreslår å omprioritere dei frigjorde midlane til arbeid med auka tilgjenge til informasjons- og kommunikasjonsteknologi i regi av Deltasenteret i Bufdir og til styrking av Bufdir sitt arbeid på kjønnslikestillingsfeltet.

Posten er derfor avvikla og knappe 5,8 mill. kroner er flytta til kap. 847, post 21 og kap. 858, post 01.

Post 70 Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

Løyvinga går til tilskotsordninga for organisasjonane for dei funksjonshemma.

Mål

Formålet med tilskotsordninga er å gi organisasjonane for dei funksjonshemma betre høve til å drive interessepolitisk arbeid og yte service til medlemmene sine i form av mellom anna lokale velferdstiltak. I tillegg skal ordninga gi paraplyane Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet for funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) betre høve til å drive interessepolitisk arbeid og yte service til medlemsorganisasjonane. Tilskotsordninga skal også medverke til å styrkje organisasjonane når det gjeld sjølvhjelpsarbeid. Tilskotet skal bidra til å gi organisasjonane til dei funksjonshemma betre høve til å gjennomføre gode velferds-, fritids- og ferietiltak for personar med nedsett funksjonsevne.

Kriterium for tildeling

Søknadene blir vurderte etter desse kriteria:

  • Organisasjonen må vere av og for personar med nedsett funksjonsevne, eller avpårørande til personar med nedsett funksjonsevne som har vanskeleg for å vareta eigne interesser.

  • Organisasjonen må vere representativ for den gruppa av personar med nedsett funksjonsevne han organiserer.

  • Organisasjonen må vere ein interesseorganisasjon som arbeider for samfunnsmessig likestilling og deltaking for gruppa han organiserer.

  • Organisasjonen må ha medlemmer frå heile landet.

  • Organisasjonen må byggje på individuelt medlemskap og vere open for alle som høyrer til i den gruppa organisasjonen tek sikte på å representere.

  • Organisasjonen må vere demokratisk oppbygd.

  • Organisasjonen må ha minst 250 medlemmer som oppfyller kriteria for berekning av medlemstilskot. Dette kravet gjeld ikkje for organisasjonar som var godkjende som tilskotsrettkomne og hadde tilskot per 31. desember 2004.

Alle kriteria må vere oppfylte.

Oppfølging og kontroll

Det er Fordelingsnemnda for tilskudd til funksjonshemmedes organisasjoner som gjer vedtak om godkjenning som tilskotsrettkomen organisasjon og vedtak om tilskot. Bufdir er sekretariat for nemnda og utarbeider forslag til vedtak.

Tilskotsmottakarar sender inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet kan setje i verk kontroll med at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. bevilgningsreglementet § 10 andre ledd.

Departementet har fastsett retningslinjer for ordninga. Bufdir har fått i oppdrag å leggje fram forslag til nytt regelverk for ordninga.

Budsjettforslag 2013

Departementet føreslår ei løyving på 171,9 mill. kroner under kap. 847 post 70.

Post 71 Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming, kan nyttast under post 21, kan overførast

Løyvinga skal nyttast til målretta tiltak på tvers av sektorar i regjeringas handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge (2009–2013). Tiltaka skal mellom anna støtte opp under implementeringa av diskriminerings- og tilgjengelova, ny plan- og bygningslov og anna ny lovgiving som handlar om universell utforming, mellom anna på områda utdanning, transport og IKT.

Gjennom handlingsplanen skal departementet arbeide for at sektorstyresmaktene skal implementere universell utforming som standard i regelverk og praksis. Femten departement deltek med tiltak i planen.

I 2012 blei det gitt tilskot til Standard Noreg for utvikling av standardar for universell utforming, Norsk designråd for kompetanseheving av designarar og Kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon (KS) til prosjekt for universell utforming i kommunesektoren. Departementet føreslår å føre desse tiltaka vidare i 2013.

I 2012 blei det lyst ut tilskotsmidlar til kompetansehevings- og informasjonstiltak for universell utforming. Målet med tilskotsordninga er å auke kunnskapen om universell utforming. Aktuelle tiltak vil til dømes vere fagkurs og andre informasjonstiltak retta mot denne gruppa. Departementet kan iverksetje kontroll med at tilskotsmidlane nyttas etter føresetnadene, jf. bevilgningsreglementet § 10 andre ledd.

Departementet føreslår at ordninga blir ført vidare i 2013.

Ei ekstern evaluering av sentrale tiltaksområde i handlingsplanen vil liggje føre våren 2013. Evalueringa vil danne grunnlag for å vurdere korleis ein skal følgje opp handlingsplanen for å nå visjonen om eit universelt utforma Noreg i 2025. I denne samanhengen vil òg forvaltinga av dei aktuelle løyvingane bli vurdert.

Budsjettforslag 2013

Departementet føreslår ei løyving på 20,2 mill. kroner under kap. 847, post 71.

Post 72 Tilskot

Som det går fram av Prop. 111 S (2011–2012), blei fleire generelle tiltak for personar med nedsett funksjonsevne posterte på kap. 847, post 21 i 2011. For å sikre rett postbruk blei det derfor oppretta ein ny post 72 under kap. 847 i 2012.

Aktivitetar som fell inn under tilskotsordninga til organisasjonar for funksjonshemma under kap. 847, post 70 vil ikkje vere aktuelle for den nye tilskotsordninga.

Mål

Formålet med tilskotsordninga er å betre levekåra og livskvaliteten for personar med nedsett funksjonsevne.

Kriterium for tildeling

Tilskotsordninga vil omfatte frivillige organisasjoner og andre aktørar som arbeider for personar med nedsett funksjonsevne.Ein kan gje støtte til tiltak som er retta inn mot å medverke til debatt og haldningsendringar, skape deltaking, generere og spreie kunnskap. Tiltak som er direkte retta inn mot å betre levekåra og livskvaliteten for personar med nedsett funksjonsevne, kan òg få støtte gjennom ordninga.

Tilskotsforvaltar kan iverksette kontroll med at tilskuddsmidlene nyttes etter forutsetningene, jf. bevilgningsreglementet § 10 andre ledd.

Departementet vil fastsetje nærmare retningslinjer for ordninga.

Budsjettforslag 2013

Departementet føreslår ei løyving på 14 mill. kroner under kap. 847, post 72.

Kap. 849 Likestillings- og diskrimineringsombodet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

50

Basisløyving

52 713

54 347

54 140

Sum kap. 0849

52 713

54 347

54 140

Status og hovudoppgåver for verksemda

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) er eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, administrativt knytt til BLD. Likestillings- og diskrimineringsombodets formål og oppgåver går fram av diskrimineringsombodslova §§ 1 og 3.

Hovudoppgåva til LDO er å fremme likestilling og kjempe mot diskriminering uavhengig av mellom anna kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og alder. Ombodet handhevar diskrimineringsforboda i lovverket, gir rettleiing og er ein pådrivar for likestilling og mangfald. Ei fråsegn frå ombodet er ikkje rettsleg bindande. Ombodet kan likevel gjere bindande vedtak om å stanse diskriminerande handlingar dersom eit slikt vedtak ikkje kan vente til Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan handsame saka, jf. diskrimineringsombodslova § 4.

LDO skal føre tilsyn med og handheve likestillingslova, diskrimineringslova, diskriminerings- og tilgjengelova, arbeidsmiljølovas ikkje-diskrimineringskapittel og diskrimineringsforboda i bustadlova. Ombodet skal vere eit alternativ til domstolshandsaming av saker om diskriminering og vere eit lågterskeltilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane.

I tillegg har LDO ansvar for å overvake at norsk rett samsvarer med FNs kvinnekonvensjon og rasediskrimineringskonvensjon.

Resultatrapport og strategiar

Resultatrapport 2011/2012

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla presenterte i Prop. 1 S (2010–2011).

Høg kvalitet i lovhandhevinga

Korrekt og effektiv sakshandsaming

Talet på handsama klagesaker

I 2011 registrerte LDO 1 488 rettleiingssaker og 239 klagesaker. Totalt er dette 1 727 saker mot 1 631 totalt i 2010. Talet på klagesaker er redusert med 62, medan talet på rettleiingssaker har auka med 158. Ei av årsakene er at LDO har endra praksis ved handsaming av førespurnader om mogleg ulovlege stillingsannonsar. Ombodet tek i større grad kontakt med arbeidsgivarar og informerer om diskrimineringsforboda, utan å opne klagesak. Røynsla så langt er at arbeidsgivarane som oftast rettar opp annonsane etter påtrykk frå LDO.

Ombodet vil leggje vekt på god rettleiing, slik at førespurnader til LDO blir løyste før dei blir ei klagesak. Diskriminerande handlingar botnar ofte i mangel på kunnskap om lovverket. Rettleiing til arbeidsgivarar eller andre kan føre til at saker blir løysteløyst på ein enklare måte, og til endra praksis. Reduksjonen i talet på klagesaker kombinert med auken i talet på rettleiingssaker i 2011 tyder på at ombodet til ein viss grad har lykkast med dette.

Av dei 239 klagesakene LDO handsama i 2011, omhandla 15 saker fleire enn eitt diskrimineringsgrunnlag. Funksjonsevne (129 klager) og kjønn (58 klager) er dei grunnlaga ombodet fekk flest klager på i 2011, slik det òg har vore i tidlegare år.

Ombodet handsama ferdig 261 klagesaker i 2011. I desse sakene gav ombodet fråsegner i 212 saker, 45 saker blei lagde bort, og fire saker blei avviste. Nokre saker blir lagde bort fordi dei er blitt løyste. I saker om manglande universell utforming er fleire saker blitt lagde bort fordi verksemda har retta opp forholda etter at ombodet har handsama saka.

Talet på saker som er handsama etter hasteparagrafen

Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan gi pålegg om å rette opp eller stanse ein diskriminerande praksis. Ombodet kan også i enkelte tilfelle fatte vedtak etter diskrimineringsombodslovas § 4, jf. § 7. Formålet er å stanse ei diskriminerande handling eller ein diskriminerande praksis raskt.

I 2011 er to saker handsama etter hasteparagrafen. Sakene gjeld kjønnsdiskriminerande praksis ved treningssenter.

Sakshandsamingstid

Det er eit mål at LDO skal gi personar som opplever diskriminering, rask tilbakemelding og avgjerd ved klage. Formålet med opprettinga av eit ombod var òg at det skulle vere reelt domstolsavlastande ved å sikre ei enklare og raskare handsaming.

Dei som vender seg til LDO gjennom e-post eller brev med spørsmål om rettleiing, får normalt svar etter nokre dagar, godt innanfor den forvaltingsrettslege fristen på tre veker. For klagesaker er gjennomsnittleg sakshandsamingstid om lag 52 veker. Dette er ein auke frå 2010. Forklaringane på at sakshandsaminga tek lang tid, er mellom anna at verksemda som er part i saka, ikkje svarer, at mange saker blir liggjande i påvente av forskrifter osv. og at gamle saker trekkjer opp den gjennomsnittlege sakshandsamingstida. Over halvparten av sakene er ferdighandsama innan 12 månader. Om lag 90 prosent av sakene er ferdighandsama innan 24 månader.

Det å få gjort ferdig gamle saker vil naturleg nok auke sakshandsamingstida. I 2011 blei fleire saker frå 2007 og 2008 avslutta.

I nokre tilfelle har LDO lagt saka på vent, slik at verksemda får sjansen til å rette opp manglane. I ei rekkje saker må ombodet minne verksemdene på saka fordi dei ikkje svarer på brev frå ombodet.

Den parten som ikkje er samd i ombodets fråsegn i ei klagesak, kan bringe saka inn for Likestillings- og diskrimineringsnemnda til overprøving. Ombodet bringa 53 saker til nemnda i 2011. Dette var saker som LDO hadde handsama ferdig i 2008–2011. To av desse sakene gjaldt fråsegn om aktivitets- og rapporteringspliktene. Av dei 53 sakene blei 32 bringa inn av klagaren, 15 av den innklaga, éi av begge partane og fem saker av Likestillings- og diskrimineringsombodet sjølv.

Nemnda fekk ikkje handsama ferdig alle desse sakene i 2011. Ho handsama 21 av sakene i 2011, medan 32 av dei framleis var under handsaming ved starten av 2012. Éi av sakene fall bort. Når det gjeld dei resterande 20 sakene, blei fråsegna frå LDO stadfesta i 18 av sakene, medan to av sakene blei gjorde om av nemnda.

Offensiv og synleg pådrivar for likestilling og mot diskriminering

Talet på saker som er tekne opp på eige initiativ

LDO kontrollerer òg likestillingsutgreiingane til verksemder på eige initiativ. I 2011 kontrollerte LDO fem slike utgreiingar. I tillegg er utgreiingane til ni kommunar under arbeid. Vidare har LDO registrert tre klagesaker på eige initiativ.

I tillegg tek LDO initiativ overfor styresmakter og andre for å fremme likestilling og hindre diskriminerande praksis. Dette gjeld rettleiing av kommunar og andre verksemdert og dessutan dialog med verksemder der det gjennom media eller andre kanalar har kome fram at dei har hatt ein diskriminerande praksis.

For å kunne vidareutvikle rettleiingsrolla si gjennomførte ombodet i 2011 ei brukarundersøking om korleis brukarane opplever tenesta.

Informasjon og rettleiingsmateriell

I 2011 utarbeidde LDO Håndbok for tjenesteytere, likeverdige tjenester for alle el. Døme, tips og rettleiingar er delvis knytte til helsesektoren, men er òg relevante for tilsette og leiarar i andre tenesteytande verksemder. Ombodet har òg gitt ut rettleiinga Sammen mot utelivsdiskriminering i samarbeid med NHO. Utelivsrettleiinga har utelivsbransjen og andre som driv restaurant og liknande som målgruppe. I tillegg har LDO brosjyren Si ifra og anna informasjonsmateriell.

Det er framleis eit stor behov for kunnskap om korleis norske verksemder kan leggje til rette for likestilling og motarbeide diskriminering. Mange arbeidsgivarar har liten kjennskap til aktivitets- og rapporteringspliktene. Ein stor del av rettleiinga blir gitt i samband med rettleiing om aktivitets- og rapporteringspliktene og kontrollen av utgreiingane frå kommunane i årsrapportane.

I 2011 heldt LDO 127 foredrag og innlegg. Nettstaden til ombodet, ldo.no , hadde 58 855 unike besøkande i 2011, ein auke på 13 prosent frå året før. LDO bruker sosiale medium meir aktivt.

Medieoppslag

LDO valde i 2011 å leggje enda større vekt på å setje dagsordenen sjølv ved innsal til redaksjonane og ved kronikkar og innlegg. Innsal, kronikkar og innlegg har vore knytte både til prosjekt og satsingsområde i LDO, men òg til den aktuelle samfunnsdebatten.

Konvensjonsarbeidet

Arbeidet med å profesjonalisere tilsynet med konvensjonen heldt fram i 2011. LDO gav ut to rapportar i 2011: Ombudets rapport til CERD og Ombudets foreløpige rapport til CEDAW .

Eit lågterskeltilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane

Talet på registrerte og behandla rettleiingssaker

Av dei 1 488 rettleiingssakene LDO handsama i 2011, kom nærmare 1 350 via telefon eller e-post. Det var 37 personlege oppmøte hos LDO. Ni saker tok LDO opp på eige initiativ. Saker som omhandla kjønn og funksjonsevne, som dei to største kategoriane, utgjer 33 prosent og 28 prosent. Mange saker er i kategorien ’anna eller fleire’. Dette er ofte saker som fell utanfor mandatet til Likestillings- og diskrimineringsombodet. Førespurnader om arbeidsliv utgjer meir enn 40 prosent av sakene (623 av 1 488 saker).

For første gong berekna ombodet sakshandsamingstida for rettleiingssakene i 2011. Av dei 1 488 sakene som blei oppretta i 2011, var 1 129 avslutta per 1. februar 2012. For å berekne kor lang tid det tek før ei sak er handsama, har ein nytta datoen for siste dokument i saka. Gjennomsnittet for alle avslutta saker er 23,3 dagar. Det er variasjonar mellom sakstypane. Rettleiinga som blir gitt, er av svært ulik karakter, frå enkle faktaspørsmål til komplekse saker.

For å kunne vidareutvikle rettleiingsrolla si gjennomførte LDO i 2011 ei brukarundersøking om korleis borgarane opplever denne tenesta. Resultata syner at brukarane er nøgde med mykje av det dei opplever hos LDO. Brukarane opplever å bli tekne godt imot når dei kontaktar LDO. Når det kjem til meir konkrete område, som LDO sitt arbeid med den enkelte saka, løysinga av saka og betringa av situasjonen for brukarane, får LDO ein noko lågare skår. Låg skår på desse områda kan handle både om forventningane til brukarane og om LDO si evne og høve til faktisk å gjere noko konkret med sakene. Det vil vere slik at LDO ikkje alltid kan hjelpe til i dei problemstillingane brukarane står overfor, anten av praktiske, lovmessige, skjønnsmessige eller andre årsaker. LDO vil sjå på korleis brukaranes oppleving kan bli betre på desse områda.

Strategiar og tiltak for 2013

For å oppnå ei jamnare fordeling av makt og medverknad arbeider LDO for å sikre individets rett til informasjon om eigne plikter og rettar. Alle som blir diskriminerte, og som ønskjer hjelp, skal få prøvd saka si hos ombodet. Gjennom rettleiing, lovhandheving, kommunikasjon og kunnskapsspreiing vil LDO arbeide for å identifisere og hindre barrierar mot likestilling i samfunnet. Ombodet skal medverke til at alle blir behandla likeverdig, uansett kven dei er.

Ombodet arbeider kontinuerleg med at både handsaming av klager og rettleiing av enkeltpersonar skal ha god kvalitet. Dette vil òg vere eit viktig mål i 2013. LDO har vidare ei viktig rolle overfor arbeidsgivarar og andre som kan førebyggje og hindre diskriminering og medverke til likestilling.

I 2013 vil LDO særleg satse på fire hovudområde: 1) arbeidsliv (70 prosent av sakene ombodet får inn, er knytte til arbeidsliv), 2) likeverdige offentlege tenester (med vekt på skole og utdanning), 3) eit samfunn for alle – diskriminerings- og tilgjengelova i praksis, og 4) aktiv bruk av konvensjonane i arbeidet for anti-diskriminering.

I mai fremma regjeringa forslag om ratifisering av FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i Prp. 106 S (2011-2012). Det er føreslått at LDO skal føre tilsyn med denne konvensjonen.

Nasjonalt dokumentasjonssenter for personar med nedsett funksjonsevne blei innlemma i LDO 1. januar 2009, og LDO sitt budsjett blei samtidig styrkt med 7,9 mill. kroner. Departementet føreslår at dei hovudoppgåvene som blei lagde til LDO i samband med innlemminga av dokumentasjonssenteret, blir flytta frå LDO til Bufdir frå 2013. Departementet føreslår i samband med dette å flytte 2 mill. kroner av styrkinga frå 2009 frå LDO til Bufdir i 2013. Departementet tek sikte på å flytte ytterlegare 2 mill. kroner i 2014.

Bufdir er eit fagdirektorat mellom anna på likestillings- og diskrimineringsområdet. Dokumentasjon og analyse er ein viktig funksjon i direktoratet sitt arbeid og skal styrkjast. Departementet føreslår derfor at enkelte av dokumentasjonsoppgåvene blir overførte frå LDO til Bufdir.

LDO vil etter overføring framleis ha dokumentasjonsoppgåver knytte til klager og rettleiing ved diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne.

Post 50 Basisløyving

Løyvinga skal dekkje lønn til dei tilsette og andre driftsutgifter. Departementet føreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner som følgje av at oppgåver knytte til dokumentasjon av situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne, blir flytta til Bufdir. Departementet føreslår etter dette ei løyving på 54,1 mill. kroner.

Programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge

Hovudinnhald og prioriteringar

Eit overordna mål for barne- og ungdomspolitikken er å sikre at alle barn og unge har gode og trygge oppvekst- og levekår. Dette inneber at alle skal ha eit likeverdig tilbod og like moglegheiter. Sentralt står arbeid for å motverke marginalisering, bidra til å jamne ut forskjellar i levekår og fremme medverknad og deltaking for barn og unge på ulike område i samfunnet.

Departementet har ansvar for utforminga og samordninga av den generelle barne- og ungdomspolitikken. Politikkutforminga skjer i samspel mellom ulike departement, andre statlege styresmakter, kommunesektoren og frivillige organisasjonar. Departementet forvaltar tilskotsordningar retta mot barn og unge, mellom anna ei ordning for barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem.

Departementet har ansvar for utviklinga av barnevern- og adopsjonspolitikken, etatsstyringa av det statlege barnevernet og forvaltinga av barnevernlova og adopsjonslova. Departementet har òg ansvaret for Noregs oppfølging av FNs barnekonvensjon om barnerettane.

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) forvaltar det statlege barnevernet. Hovudoppgåva til barnevernet er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid, og å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Etaten har òg ulike oppgåver på adopsjonsfeltet, mellom anna handsamar han søknader om adopsjon. Han forvaltar òg tilskotsordningar og har ansvar for at Noreg følgjer opp EUs ungdomsprogram, Aktiv ungdom . Bufetat består av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og fem regionale einingar. Sjå delmål 1.2 for ei nærmare omtale.

Talet på barn som får hjelp frå barnevernet, har auka over fleire år. Sjølv om kommunane har sett i verk førebyggjande tiltak og auka ressursbruken i barnevernet, har saksmengda vakse raskare enn talet på stillingar. I tillegg viser rapportar frå fylkesmennene sitt tilsyn at mange av kommunane ikkje oppfyller alle lovkrava. For å sikre at alle utsette barn og unge får riktig hjelp til riktig tid, er det viktig å rette ein innsats mot sviktområda. Regjeringa føreslår å styrkje det kommunale barnevernet med 205 mill. kroner 2013. Kommunane skal kunne søkje om midlar til stillingar og kompetanse- og samhandlingstiltak. I tillegg skal tilsynet styrkast. Når dette kjem i tillegg til satsinga på 240 mill. kroner frå 2011 og ytterlegare 50 mill kr i 2012, vil om lag 500 mill. kroner vere øyremerkte det kommunale barnevernet i 2013.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker har avgjerdsrett i saker etter barnevernlova, mellom anna saker om overtaking av omsorg og plassering av ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Løyvinga blei styrkt i 2012, og regjeringa føreslår å auke løyvinga til fylkesnemndene med 20 mill. kroner i 2013. Auken skal nyttast til å handsame fleire saker gjennom å auke kapasiteten og å betre styringa, for med dette å redusere handsamingstida i fylkesnemnda. Når det blir handsama fleire saker i fylkesnemndene fører dette med seg auka utgifter til fri rettshjelp, og regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til fri rettshjelp på Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjett med 20 mill. kroner.

Barneombodet arbeider for at det skal takast nødvendig omsyn til barns behov, rettar og interesser på alle område i samfunnet. Barneombodet følgjer med på at lovgivinga til vern om barns interesser blir følgd, og at norsk rett samsvarer med dei pliktene Noreg har etter FNs konvensjon om barnerettane.

Mål

For 2013 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

5: Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

5.1: Høgt kunnskapsnivå og god kompetanse om barn og ungdom

5.2: Deltaking og like moglegheiter for alle barn og unge

5.3: Målretta tiltak mot fattigdom blant barn og unge

5.4: Makt og påverknad for barn og unge

6: Eit barnevern som gir barn og ungdom omsorg og vern slik at dei meistrar liva sine og utviklar evnene sine

6.1: Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern

6.2: Høg rettstryggleik for barn, unge og familiane deira

6.3: Heilskaplege og samordna tilbod og tenester

6.4: Auka kapasitet i det kommunale barnevernet

Resultatrapport og strategiar

Delmål 5.1: Høgt kunnskapsnivå og god kompetanse om barn og unges behov

Resultatrapport 2011/2012

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2010–2011).

Godt samarbeid mellom ulike departement, mellom statlege og lokale styresmakter og med frivillig sektor

Samarbeidet mellom departementa om ein gjennomgåande politikk for barn og unge blei ført vidare gjennom ulike politiske forum, samarbeidsgrupper og arbeid med blant anna handlingsplanar, felles strategiar og forsøks- og utviklingsarbeid. Publikasjonen Satsing på barn og ungdom , som gir eit oversyn over mål og innsatsområde i statsbudsjettet, kom ut i februar 2011.

Kåfjord kommune blei kåra til Årets barne- og ungdomskommune 2011. Kåringa skjedde på Barne- og ungdomskonferansen 2011.

BLD har hatt systematisk kontakt med frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og ulike forskingsmiljø om ungdoms deltaking, medverknad og frivillige engasjement. Mellom anna gjennom møte og konferansar har departementet stimulert til auka dialog og samspel mellom styresmakter og frivillig sektor. Departementet har oppmoda kommunar som departementet er i kontakt med, til å styrkje samarbeidet med barn, ungdom, foreldre og frivillig sektor.

På bakgrunn av merknadene og tilrådingane frå FNs barnekomité (2010) har dei aktuelle departementa gitt ei framstilling av korleis dei har følgt opp dette i ein rapport som blei gjort offentleg i juni 2011. BLD har initiert ein dialog med aktuelle departement om eventuell ytterlegare oppfølging på ti av områda som er omtalte i tilrådingane. Denne dialogen starta opp i 2011. Det har vore møte mellom barneombod, frivillige organisasjonar og politikarar frå aktuelle departement om oppfølginga. Hausten 2011 blei det arrangert eit dialogforum mellom ungdomsrepresentantar frå fylka og Barne-, likestillings- og inkluderingsministeren. Dette har vore eit årleg arrangement sidan 2009. Tema i 2011 var barn og unges rett til deltaking og medverknad, rett til utdanning og rett til ikkje-diskriminering.

Arbeidet til Fylkesmannen i Troms med å implementere barnekonvensjonen i kommunane gjennom Sjumilssteget har halde fram i 2011. BLD har i 2011 òg gitt midlar til informasjon og rettleiing til andre fylkesmannsembete om modellen.

Stimulere til målretta forsking, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling

BLD har ført vidare samarbeidet med Noregs forskingsråd gjennom forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM). Det er òg gitt tilskot til ulike forskingsmiljø til oppdrag og undersøkingar. Departementet har ført vidare samarbeidet med Kulturdepartementet om Virituelt senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor, for å sikre forsking på barn og unges frivillige engasjement.

Samarbeidet med Statistisk sentralbyrå (SSB) om å utarbeide aktuell statistikk om barn og ungdom blei ført vidare. BLD har òg delfinansiert Barnebarometeret, der SSB har utarbeidd eit indikatorsett for barns miljø og helse.

Trygg bruk av digitale medium

Departementet tok del i arbeidet i den tverrdepartementale kontaktgruppa for å fremme interesser og behov barn og ungdom har i utviklinga av informasjonssamfunnet. BLD tok også del i oppfølginga av EU-programmet Sikrare Internett (2009–2013) saman med aktuelle departement.

I 2011 blei midlane til tiltaksplanen Barn, unge og Internett i hovudsak nytta til utvikling av verksemda til Trygg bruk-senteret. Eit viktig område er samarbeid med Trygg bruk-nettverket. Gjennom senteret er det bygt opp eit nettverk der departement, statlege etatar, forskingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar, bransjeorganisasjonar og føretak arbeider saman om kunnskap, ressursar og informasjon om trygg bruk av teknologi for barn og ungdom. Tiltaksplanen og senteret blei koordinerte av Medietilsynet, som òg har utvikla nettsider til nytte for barn, foreldre og skolen (tryggbruk.no) .

BLD gav i 2011 tilskot til organisasjonen BarneVakten.

Strategiar og tiltak for 2013

Godt samarbeid mellom ulike departement, mellom statlege og lokale styresmakter og med frivillig sektor

BLD vil arbeide for at samarbeidet mellom ulike departement om ein gjennomgåande politikk for barn og ungdom blir ført vidare. Publikasjonen Satsing på barn og ungdom gir ei oversikt over mål og innsatsområde i statsbudsjettet, og syner bredda i regjeringa si innsats for barn og unge.

Som ledd i arbeidet med å stimulere kommunane til å auke satsinga på barn og ungdom har BLD sidan 2003 kåra Årets barne- og ungdomskommune på Barne- og ungdomskonferansen, ein årleg konferanse for kommunetilsette, ungdom og politikarar frå heile landet. BLD tek sikte på å kåre ein ny kommune i 2013. Dialogen med kommunane og fylkeskommunane blir òg ført vidare gjennom andre konferansar, samlingar og møte.

Frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar spelar ei viktig rolle, både som ein arena for læring om demokrati og som tilbydarar av verdifulle aktivitetstilbod for barn og unge. BLD vil òg i 2013 stimulere til dialog og samspel mellom styresmaktene og frivillig sektor.

BLD har ansvaret for å fremme og koordinere arbeidet med ei betre gjennomføring av FNs konvensjon om barnerettane. BLD har ein dialog med andre aktuelle departement, frivillige organisasjonar og ungdom om dette arbeidet.

Stimulere til målretta forsking, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling

BLD ser det som viktig å stimulere til forsking, kompetansebygging og erfaringsformidling som ledd i arbeidet med å sikre ein god politikk for barn og ungdom. Samarbeidet med Noregs forskingsråd om forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (2009–2018) blir ført vidare.

Departementet vil òg føre vidare samarbeidet med Kulturdepartementet om Virituelt senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor , for å sikre forsking på barn og unges frivillige engasjement, mellom anna innanfor barne- og ungdomsorganisasjonane.

BLD vil i 2013 få ein ny publikasjon om ungdom og levekår, utarbeidd av Statistisk sentralbyrå (SSB). I tillegg vil ein føre vidare samarbeidet med SSB om statistikk når det gjeld barn og ungdom.

Trygg bruk av digitale medium

BLD tek del i den tverrdepartementale tiltaksplanen Barn, unge og Internett . Saman med andre aktuelle departement vil BLD føre vidare arbeidet med oppfølginga av EU-programmet Sikrare Internett (2009–2013).

Delmål 5.2: Deltaking og like moglegheiter for alle barn og unge

Resultatrapport 2011/2012

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2010–2011).

Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom i større bysamfunn

BLD forvaltar tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn , som i 2011 omfatta 23 bykommunar. Innsatsen er todelt, med ei satsing retta mot ungdom (ungdomstiltak) og ei særskild satsing retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem (fattigdomstiltak). Satsinga retta mot ungdom utgjorde 17,5 mill. kroner i 2011. Fattigdomssatsinga er nærmare omtalt under resultatrapporten for delmål 5.3: Målretta tiltak mot fattigdom blant barn og unge.

Midlane til ungdomstiltak er nytta til tiltak og prosjekt retta mot ungdom i alderen 12–25 år med særskilde behov og utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Om lag 82 prosent av midlane blei fordelte mellom dei fire store byane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Oslo fekk samla om lag 50 prosent av midlane. Om lag 18 prosent blei fordelte på dei resterande bykommunane etter søknad. Det blei i 2011 gitt tilskot til 105 ungdomstiltak.

Departementet har òg teke del i arbeidet med Groruddalssatsinga. Det blei mellom anna sett av 13 millionar kroner på kap. 857 Barne- og ungdomstiltak , post 60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, i 2011. Pengane var øyremerkte arbeidet med Grorud fleirbrukshall. Arbeidet med hallen er forseinka som følgje av arkeologiske funn på tomta.

Informasjon til barn og ungdom

BLD har ført vidare støtta til nettportalen ung.no . Nettportalen har som målsetjing å vere ein samla informasjonskanal frå departementa til ungdom. I 2011 har ung.no nådd ut til ein større del av målgruppa enn tidlegare år, med om lag 3,7 mill. unike brukarar.

Innsats mot vald, mobbing, rus, kriminalitet og diskriminering

BLD har teke del i arbeidet med handlingsplanen Felles trygghet – felles ansvar, handlingsplan for å forebygge radikalisering og voldelig ekstremisme ,som blei lagt fram i desember 2010. BLD har òg ansvar for fleire tiltak i Gode krefter – kriminalitetsforebyggende handlingsplan (2009). Utsette unge er ei viktig målgruppe for handlingsplanane.

Gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn er det gitt stønad til prosjekt, ungdomsgrupper og organisasjonar som arbeider for å motverke vald, kriminalitet, rus, rasisme og diskriminering blant ungdom. Det er òg gitt stønad til strakstiltak for å løyse akutte problem i ungdomsmiljøa.

BLD var partnar i Manifest mot mobbing (2011–2014) og har arbeidd særskilt med mobbing i fritidsmiljøa. Partane hadde ein eigen kampanje om digital mobbing i 2011. BLD støtta forsking om mobbing og antisosial åtferd i 2011.

Gjennom tilskotsordninga Mangfold og inkludering støttar BLD opp om lokale ungdomsprosjekt som legg vekt på mangfald, haldningar og nye former for deltaking, og på å motverke mobbing. 37 prosjekt fekk støtte i 2011.

Eit inkluderande oppvekstmiljø og like levekår for alle grupper barn og ungdom

Departementet har ført vidare den særskilde innsatsen for ungdom som står utanfor opplæring og arbeidsliv gjennom Losprosjektet , som starta hausten 2010. Gjennom prosjektet skal ungdom i alderen 14 – 23 år få ein kontaktperson, ein los, som skal følgje dei opp og hjelpe dei med å gjere seg nytte av tilbod dei får i skolen eller av andre instansar. BLD samarbeider med Kunnskapsdepartementet og Arbeidsdepartementet om prosjektet. BLD har i 2011 sett i gang eit forskingsprosjekt for å evaluere måloppnåinga i Losprosjektet .

BLD starta hausten 2011 opp Losprosjektet for rom i Oslo kommune for å styrkje oppfølginga av barn og familiane deira i den norske rombefolkninga. Gjennom dette arbeidet følgjer departementet opp tiltak 10 i regjeringa sin Handlingsplan for å betre levekåra for rom i Oslo.

Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn er ei prioritert målgruppe i arbeidet for å betre oppvekst- og levekåra. Gjennom tilskotsordningane Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og Mangfold og inkludering er det gitt stønad til ei rekkje aktivitetar og tiltak retta mot barn og unge i denne gruppa.

Prisen Årets forbilde blei delt ut for sjuande gong til ein vaksen med innvandrarbakgrunn som har vist eit sterkt engasjement og gjort ein særskild innsats for barn og unge.

BLD fekk i 2011 ein rapport frå Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging – region vest (RVTS Vest) om Religiøse grupper og brotprosessar– kompetansetiltak og rettleiing .

BLD førte i 2011 vidare samarbeidet med Sametinget for å fremme utviklinga av tilbod i kommunane som skal styrkje samisk identitet og tilknyting for barn og ungdom i lokalsamfunnet. BLD har teke del i arbeidet med Handlingsplan for samiske språk, som blei lagd fram i 2009. Sametinget og BLD er samde om å halde konsultasjonsmøte i saker som gjeld samiske barn i barnevernet.

BLD har òg i 2011 støtta opp om arbeid retta mot barn og unge med nedsett funksjonsevne. Det har vore halvårlege kontaktmøte med Unge funksjonshemmede, og organisasjonen har fått driftstilskot til nasjonalt og internasjonalt arbeid. Ei eksempelsamling om korleis ein kan inkludere barn og unge med nedsett funksjonsevne i fritidsaktivitetar, blei distribuert til alle landets kommunar våren 2011.

Arbeid med like høve for jenter og gutar blei følgt opp gjennom ulike tilskotsordningar, mellom anna Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, og gjennom kontakt med organisasjonar og ungdomsmiljø. Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) fekk i 2010 midlar av BLD til eit forskingsprosjekt om ungdom, kjønn og likestilling i Norden. Forskingsprosjektet blei fullført hausten 2011. Som ei oppfølging arrangerte NOVA på oppdrag frå BLD og Nordisk barne- og ungdomskomité eit nordisk ekspertseminar om temaet i 2012.

EUs ungdomsprogram Aktiv ungdom

Del III Internasjonalt arbeid inneheld ei eiga omtale av Aktiv ungdom .

Strategiar og tiltak for 2013

Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom i større bysamfunn

Mange barn og unge veks opp i større byar og omlandskommunane deira. Sjølv om dei aller fleste barn og unge klarer seg bra, er delen som blir råka av dårlege oppvekst- og leveår, høgare i storbyane enn på landsbasis. Det er derfor behov for ei særskild satsing retta mot barn og unge i større byar.

Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn blir ført vidare og vil i 2013 omfatte 23 bykommunar og 8 prioriterte bydelar i Oslo. Målet er å medverke til betre levekår og sosial inkludering. Sjå òg omtale under kap. 857 Barne- og ungdomstiltak, post 60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn.

Gjennom Grorudalssatsinga og Handlingsprogram Oslo Sør vil BLD framleis bidra til å styrkje og betre oppvekstvilkåra for barn og ungdom i området.

Informasjon til barn og ungdom

Det er viktig for styresmaktene å leggje til rette for samla og lett tilgjengeleg informasjon til barn og unge. Nettstaden ung.no , som blir drifta av Bufdir, tilbyr ungdom mellom 14 og 20 år informasjon om det dei lurer på, og bidreg til å sikre barn og unges rettar og interesser på informasjons- og medieområdet. Ung.no skal vere den offentlege nettstaden offentlege instansar bruker for å nå ut til ungdom. Ung.no skal i budsjettperioden etablere samarbeid med fleire offentlege etatar og nettstader for å sikre ungdom relevant informasjon gjennom fleire kanalar.

Innsats mot vald, mobbing, rus, kriminalitet og diskriminering

Innsatsen for å motverke vald, mobbing, rus, kriminalitet, rasisme og diskriminering i barne- og ungdomsmiljøa blir ført vidare. Gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn vil departementet òg i 2013 gi stønad til tiltak som har som mål å motverke vald, kriminalitet, rus, rasisme, diskriminering og andre negative trekk i ungdomsmiljøa.

Manifest mot mobbing (2011–2014) er eit forpliktande samarbeid mellom regjeringa og sentrale aktørar i arbeidet mot mobbing. BLDs innsats mot mobbing rettar seg særskilt mot dei organiserte fritidsmiljøa. BLD vil òg arbeide særskilt mot mobbing og trakassering via digitale medium og mobbing relatert til kjønn.

BLD fører vidare samarbeidet med Helse- og omsorgsdepartementet, som har hovudansvaret for ruspolitikken, og andre departement om ein heilskapleg og samordna ruspolitikk. Meld. St. 30 (2011–2012) Se meg! En helhetlig rusmiddelpolitikk blei lagt fram i juni 2012. Meldinga legg mellom anna vekt på å styrkje førebyggjande innsats retta mot barn og ungdom generelt og tiltak retta mot barn og unge som står i fare for å bli rusavhengige. Vidare legg ho vekt på situasjonen til dei pårørande.

BLD vil gjennom tilskotsordninga Mangfold og inkludering støtte opp om lokale ungdomsprosjekt som legg vekt på mangfald, haldningar og nye former for deltaking.

Eit inkluderande oppvekstmiljø og like levekår for alle grupper barn og ungdom

BLD fører vidare den særskilde innsatsen retta mot ungdom som står i fare for å falle utanfor opplæring og arbeidsliv gjennom Losprosjektet . Målet med prosjektet er å betre tilknytinga til skole og arbeid blant særleg risikoutsette unge i alderen 14–23 år. 15 kommunar deltek i arbeidet. BLD har sett i gang eit forskingsprosjekt for å evaluere måloppnåinga i Losprosjektet , og forskarane skal levere rapport til BLD i 2014. Resultata frå evalueringa skal nyttast som grunnlag for å vurdere ei eventuell nasjonal spreiing av prosjektet.

Det er behov for å vidareutvikle kompetansetiltak og rettleiing overfor menneske med traumatiske opplevingar som følgje av brot med religiøse grupper.

Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn er ei prioritert målgruppe i arbeidet med å sikre gode oppvekst- og levekår for alle. Verkemidla ligg særleg innanfor tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn ,innanfor barnevernet, sjå omtale under delmål 6.1: Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern og gjennom forsking og utviklingsarbeid.

Departementet vil føre vidare samarbeidet med Sametinget for å fremme utviklinga av tilbod i kommunane for å styrkje samisk identitet og tilhøyrsle og sikre at rettane til barn og unge blir innarbeidde i kommunale planar.

BLD vil òg i 2013 bidra til å styrkje integrering og deltaking blant unge med nedsett funksjonsevne mellom anna gjennom jamleg dialog med samanslutninga Unge funksjonshemmede.

Målet om likeverd og like høve for jenter og gutar blir følgt opp mellom anna gjennom ulike tilskotsordningar og gjennom kontakt og dialog med ungdomsmiljøa.

Delmål 5.3: Målretta tiltak mot fattigdom blant barn og unge

Resultatrapport 2011/2012

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2010–2011).

Den særskilde satsinga retta mot barn, ungdom og familiar som er råka av fattigdomsproblem, blei ført vidare i 2011 gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn (storbyordninga). 36,5 mill. kroner blei fordelte på om lag 170 tiltak i dei 23 bykommunane og 7 prioriterte bydelane som er omfatta av ordninga. Det blei gitt støtte til tiltak som fremmer deltaking i ferie- og fritidstiltak for barn, ungdom og familiar råka av fattigdomsproblem, og til tiltak som kan fremme tilknyting til arbeidslivet for unge med lita eller manglande utdanning. Det blei òg gitt støtte til meir langsiktige tiltak som motverkar utstøyting. Løyvinga blei auka med 5 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2011. Denne auken blei nytta til å styrkje 52 ferietiltak sommaren 2011.

Ein evalueringsrapport frå 2010 om fattigdomsinnsatsen innanfor tilskotsordninga i perioden 2003–2009 er følgt opp i åra etter. Rapporten omhandla tiltaka og måten ordninga blei forvalta på i byane/bydelane som er omfatta av ordninga. Eit oppfølgingspunkt i 2011 var å betre samhandlinga mellom dei offentlege aktørane og frivillig sektor, for å nå dei sosialpolitiske målsetjingane som ligg til grunn for innsatsen mot fattigdom. Kommunane har i 2011 lyst ut midlane lokalt, og alle søknader om tilskot er lokalpolitisk forankra. Eit anna viktig oppfølgingspunkt har vore å styrkje kontrollen med måloppnåinga. Både i 2010 og 2011 har rundskriv og rettleiing blitt justerte for betre å klargjere ansvaret for oppfølging og kontroll.

Strategiar og tiltak for 2013

Reduserte konsekvensar av fattigdom blant barn, ungdom og familiar i større bysamfunn

Ein stor del av barn og ungdom som lever i familiar med vedvarande låg inntekt, bur i dei store byane.

Den særskilde satsinga retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem, gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, blir ført vidare i 2013.

BLDs tilskotsordning retta mot fattigdom i dei store byane inngår i regjeringas samla satsing mot barnefattigdom. Tilskotsordninga blir sett i samanheng med andre statlege tilskotsordningar og satsingar. Her kan ein særskilt vise til Arbeidsdepartementets tilskotsordning Kompetanse og utviklingstiltak for å forebygge og redusere fattigdom blant barn, unge og barnefamilier som er i kontakt med sosialtjenesten . Det er eit mål at det skal bli enklare for søkjarane å få ei heilskapleg oversikt over ordningane. Arbeidsdepartementet gir i sin Prop. 1 S (2012–2013) ei samla oversikt over regjeringas innsats mot fattigdom.

Delmål 5.4: Makt og påverknad for barn og unge

Resultatrapport 2011/2012

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2010–2011).

Brei deltaking frå barn og ungdom i dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane

BLD støttar det nasjonale og internasjonale arbeidet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane gjennom tilskotsordninga for nasjonal og internasjonal grunnstønad. Midlane blir fordelte av Fordelingsutvalet. I 2011 var det ein auke i talet på organisasjonar som søkte om nasjonal grunnstønad. Det ble fordelt 87,3 mill. kroner i nasjonal grunnstønad til 82 organisasjonar. Vidare blei det fordelt 3,5 mill. kroner i internasjonal grunnstønad til 28 organisasjonar. Ingen søknader om internasjonal grunnstønad fekk avslag i 2011.

Departementet arrangerte òg i 2011 den årlege kontaktkonferansen for dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane.

I tillegg fordelte Bufdir 10,7 mill. kroner i nasjonalt driftstilskot og 3,1 mill. kroner i internasjonalt driftstilskot til LNU, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemmede.

Unges makt og deltaking

Hausten 2010 sette BLD ned eit offentleg utval som fekk i mandat å greie ut om unges makt og deltaking. Utgreiinga blei overlevert BLD i desember 2011. Utvalet fremmar forslag på ulike område. Eit hovudtema i utgreiinga er korleis dei fungerer, dei ordningane som skal sikre at ungdom får høve til å seie kva dei meiner, at dei blir høyrde og representerte. Utgreiinga blei send på brei offentleg høyring med frist 7. mai 2012.

BLD har i 2011 spreidd kunnskap om kor viktig det er å involvere barn og ungdom i deira eige lokalmiljø. Òg i 2011 har BLD støtta ei samling for ungdomsråd eller ungdommens bystyre i dei største byane.

I 2011 har BLD vidareført oppfølginga av ulike forslag frå ei ekspertgruppe som blei nedsett for å greie ut om ungdom sine høve til eit positivt fritidsmiljø og deltaking og innverknad lokalt.

Strategiar og tiltak for 2013

Det er behov for eit kontinuerleg søkjelys på den retten barn og ungdom av begge kjønn har til deltaking og innverknad i kvardagslivet og i samfunnsutviklinga. Departementet ønskjer å stimulere til at enda fleire kommunar arbeider for brei medverknad frå barn og ungdom, slik at dette blir ein viktig og innarbeidd del av verksemda til kommunane.

Brei deltaking frå barn og ungdom i dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken. BLD vil føre vidare tilskotsordninga for dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane. Ordninga omfattar grunnstønad både til nasjonalt og internasjonalt arbeid, jf. forskrifta om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar. Målet er å bidra til eit levande og mangfaldig organisasjonsliv for og med barn og unge.

Unges makt og deltaking

Departementet vil i 2013 halde fram å arbeide med forslag frå eit offentleg utval som har levert ei utgreiing om ungdoms makt og deltaking, NOU 2011: 20 Ungdom, makt og medvirkning .

Delmål 6.1: Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern

Resultatrapport 2011/2012

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2010–2011).

Styrkje kapasiteten i det kommunale barnevernet

Alle kommunane har ei barnevernsteneste som er ansvarleg for å utføre dei oppgåvene som etter barnevernlova ikkje ligg hos eit statleg organ. Kommunal barnevernsteneste har mellom anna ansvar for å gjere undersøkingar, gjere vedtak om hjelpetiltak i heimen, førebu saker for fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, følgje opp barn som er plasserte utanfor heimen, godkjenne fosterheim for det einskilde barnet, drive førebyggjande arbeid og gjere akuttvedtak.

I 2011 var det 52 100 barn og unge som fekk tiltak frå barnevernet. Dette var 5 prosent fleire enn året før. Auken frå 2009 til 2010 var på 7 prosent. Nær 2 300 fleire barn fekk tiltak i 2011 samanlikna med året før.

Talet på barn med tiltak i 2011 auka i alle aldersgruppene. Det er som i tidlegare år fleire gutar enn jenter i barnevernet; 28 650 gutar mot 23 400 jenter tok imot tiltak i 2011. Blant dei barna som var nye i barnevernet i 2011, var 54 prosent gutar.

I 2011 starta barnevernet nær 35 100 undersøkingar. Dette er 2 200 fleire enn året før og ein auke på 7 prosent frå 2010. Av alle meldingane som førte til at det blei starta undersøking, kom over halvparten frå følgjande fire av tjue moglege meldingsinstansar: foreldra (mor/far/føresette), skolen, barnevernstenesta og politiet/lensmannen. Meldingar frå barnehagar har auka med 24 prosent frå 2010, men står likevel berre bak rundt 5 prosent av meldingane som førte til undersøking.

Av barna som tok imot tiltak frå barnevernet i 2011, var det 84 prosent som berre fekk hjelpetiltak. Talet på barn som fekk hjelpetiltak, auka med 5 prosent frå året før. Talet på barn med omsorgstiltak auka frå 2010 til 2011 med omlag 400. Omsorgstiltak utgjer likevel i dag berre 16 prosent av tiltaka i barnevernet mot 29 prosent i 1993. Det er altså veksten i hjelpetiltak som i stor grad forklarer veksten i tiltak i barnevernet. Med hjelpetiltak meiner ein både hjelpetiltak i regi av kommunen med eller utan statleg støtte og hjelpetiltak i statleg regi.

Det har over tid vore ein vekst i talet på undersøkingar og barn i tiltak. Auken i talet på tilsette har ikkje halde følgje med den auka saksmengda i barnevernet. Omfattande dokumentasjon har vist at det er svikt i oppfølging av lovkrav innanfor barnevernet.

I 2010 auka regjeringa dei frie inntektene til kommunane og la til grunn at denne veksten mellom anna la grunnlag for at den kommunale barneverntenesta kunne styrkast med 400 årsverk. Veksten frå 2009 til 2010 blei berre på 110 årsverk.

For å sikre at det vart satsa på utviklinga i barnevernet i kommunane, blei det i 2011 og 2012 øyremerka midlar til kommunalt barnevern. Regjeringa øyremerkte derfor 240 mill. kroner i 2011 og ytterlegare 50 mill. kroner i 2012. Hovuddelen av løyvinga har gått til nye stillingar, men kommunane har òg fått midlar til enkelte andre tiltak som styrkjer barnevernet lokalt, mellom anna kompetansetiltak. I 2011 vart det oppretta 400 nye stillingar til det kommunale barnevernet. I 2012 vart desse 400 stillingane vidareført. I tillegg vart det oppretta 70 nye stillingar. Målsettinga med øyremerkinga er å sikre at barn og unge som treng det, får hjelp av barnevernet. Auken sidan 2011 utgjer 470 stillingar som direkte følgje av regjeringas satsing. I tillegg oppretta kommunane 110 stillingar med sine frie inntekter i 2010. Tall frå første halvår 2012 viser ei auke på totalt 733 stillingar sidan 2009, medrekna stillingar som kommunane har oppretta med sin frie inntekter.

Rapportering frå kommunane viser at den negative utviklinga kan vere i ferd med å snu. Dei siste rapporteringane for 2011 viser ein nedgang i delen fristbrot. Fleire fosterbarn har tilsynsførar, og ein større del av barna har tiltaks- eller omsorgsplan. Samstundes er det framleis kommunar som ikkje klarer å halde alle krava i barnevernlova, og det er framleis store skilnader mellom kommunar. Statens helsetilsyn har oppsummert funn frå det landsomfattande tilsynet med kommunalt barnevern i 2011. Oppsummeringa viser at fylkesmennene, som utførte tilsyna, peikte på brot på barnevernlova i 40 av dei kommunane som fylkesmennene var mest bekymra for, og som dei derfor plukka ut til tilsynet.

Kompetanse i barnevernet

Regjeringas satsing på det kommunale barnevernet inneber òg ei satsing på auka kompetanse i barnevernstenesta. I 2011 fekk kommunane tildelt om lag 52 mill. kroner til tiltak for å styrkje kompetansen i sakshandsaminga og til fagleg kompetanseheving mellom anna når det gjeld barn som blir utsette for vald i heimen, og einslege mindreårige asylsøkjarar. Kompetansemidlane har òg blitt brukte til rettleiing av nyutdanna og nytilsette og til tiltak for å betre organiseringa av barnevernstenesta.

NOU 2009:8 Kompetanseutvikling i barnevernet inneheld framlegg om kvalitetsutvikling av studium og studiemiljø, i lys av det framtidige kompetanse- og kvalifiseringsbehovet i barnevernet. Ekspertutvalet viste mellom anna til behov for å styrkje det faglege innhaldet i grunnutdanningane, og til kvalitetskrav til studieopplegg. Departementet hadde i 2011 tett samarbeid med Kunnskapsdepartementet om å følgje opp desse tilrådingane i samarbeidet om stortingsmeldinga om utdanning for yrka i velferdsstaten. Departementet har òg hatt samarbeid med universitets- og høgskolesektoren og Nasjonalt råd for helse- og sosialfagsutdanning om tilrådingane. Utvalet tilrår å etablere ei turnusordning etter avslutta barnevernsutdanning. BLD har gitt midlar til eit forsøksarbeid i Bærum kommune der nyutdanna og nytilsette får rettleiing det første året dei er tilsette i barnevernstenesta. Høgskolen i Oslo og Akershus og Diakonhjemmet Høgskole deltek i prosjektet og skal evaluere arbeidet.

BLD har gitt Bufdir i oppgåve å vere sekretariat for eit samarbeidsorgan som består av representantar for barnevernsstyresmaktene, praksisfeltet, fag- og interesseorganisasjonar og utdanningssektoren på barnevernsområdet. Samarbeidsorganet skal bidra til å koordinere arbeidet med kompetanseutviklinga på barnevernsområdet. Det skal etablerast årlege utdanningskonferansar.

Departementet har gitt stønad til eit treårig pilotprosjekt ved Høgskolen i Oslo og Akershus (2011–2013). Gjennom å utvikle eit målretta og systematisk rekrutteringsarbeid skal ein auke delen mannlege studentar og studentar med innvandrarbakgrunn på barnevernspedagogutdanninga ved høgskolen. For å sikre nasjonal forankring av prosjektet har høgskolen oppnemnt ei nasjonal referansegruppe som følgjer prosjektet.

Tiltaka i det statlege barnevernet

Ved utgangen av 2011 fekk 3 146 barn og unge eit tiltak frå det statlege barnevernet. Dette er ein auke på 5 prosent frå 2010. Figuren viser utviklinga i talet på opphaldsdagar i statlege tiltak frå 2010 til 2011.

Figur 3.1 Talet på opphaldsdagar i 2010 og 2011

Figur 3.1 Talet på opphaldsdagar i 2010 og 2011

Samla sett var det 1,9 prosent fleire opphaldsdagar i statlege barnevernstiltak i 2011 enn i 2010. Dersom ein inkluderer forsterka fosterheim, er aukinga på 9,6 prosent.

Institusjon og fosterheim

Det er omsynet til kva det enkelte barnet treng som er avgjerande for val av tiltak. Derfor er det eit mål å auke delen stabile familieplasseringar. Nedgangen i bruk av institusjon til fordel for auka bruk av fosterheimar held fram. Talet på opphaldsdagar i institusjon blei redusert med 4,6 prosent i 2011. Veksten i talet på opphaldsdagar var størst i kommunale fosterheimar med statleg forsterking, det vil seie fosterheimar som staten støttar økonomisk. Frå 2010 til 2011 var det ein auke i opphaldsdagar på meir enn 26 prosent i dette tiltaket.

Bufetat har òg arbeidd med å redusere talet på barn under 12 år som bur i institusjon. I 2011 var det 24 prosent færre opphaldsdagar i institusjon for denne gruppa enn i 2010.

For å utnytte kapasiteten i dei statlege barnevernsinstitusjonane skal Bufetat prioritere plasseringar i statlege framfor private institusjonar. Resultata frå 2011 viser at etaten lykkast med dette. Talet på opphaldsdagar i private institusjonar blei redusert med 5 prosent. Det er no nesten like mange opphaldsdagar i statlege som i private institusjonar.

Ved kjøp frå private blir ideelle aktørar prioriterte framfor andre private aktørar. I 2011 gjennomførte Bufetat ei anskaffing med sikte på å utnytte dei ideelle organisasjonane sin kapasitet. Bufetat inngjekk avtaler med i alt 13 organisasjonar.

Dei fem institusjonane som nyttar metoden MultifunC, er tilpassa unge med særs alvorlege åtferdsvanskar. Rekruttering av ungdommar til ei effektevaluering av denne behandlingsmodellen starta i 2009. Effektevalueringa blei i 2011 vidareført av Regionalt kunnskapssenter for barn og unge Nord (RKBU Nord). I 2011 oppretta Bufetat to barnevernsinstitusjonar for ungdom med rusproblem, kvar av dei med 3–5 plassar. Ei kurspakke for å heve kompetansen om rus blant tilsette i institusjonar er distribuert til alle institusjonane. Utover dette har kurset om forskrifta om rettar i barnevernsinstitusjonar blitt revidert.

Departementet har i 2011 motteke ein rapport på fosterheimsområdet frå ei arbeidsgruppe leidd av Bufdir. Departementet vurderer no dei ulike forslaga. Tilrådingane frå arbeidsgruppa vil vere eit viktig innspel til regjeringas arbeid med å styrkje og vidareutvikle fosterheimsomsorga.

Bufdir har styrkt arbeidet med å rekruttere nye fosterheimar og har mellom anna gjennomført nasjonale rekrutteringskampanjar. I 2011 rekrutterte Bufetat over 600 nye fosterheimar. Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med 2010.

Hjelpetiltak i statleg regi

Bruken av hjelpetiltak i heimen har samla sett auka med 11 prosent frå 2010 til 2011, målt i talet på barn. Dette gjeld hjelpetiltak i statleg regi eller hjelpetiltak i regi av kommunen med statleg støtte. Bruken av Parental Management Training – Oregon (PMTO) auka med 10 prosent. Bruken av Multisystemisk terapi (MST) auka med 15 prosent. Auken i bruken av desse tiltaka støttar opp under målet om auka bruk av tiltak baserte på kunnskap og forsking. Andre hjelpetiltak blei i perioden reduserte.

Einslege mindreårige asylsøkjarar

Bufetat region aust har hatt det mellombels nasjonale koordinerings- og driftsansvaret for arbeidet med einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Sett i lys av svingingane i talet barn som kjem til landet vil departementet vurdere organiseringa av dette arbeidet framover. Ved siste årsskiftet blei det mellom anna bestemt å leggje ned omsorgssentera ved Eidsvoll og Sandnessjøen (Søvik). Bufdir har utarbeidd Kompetanseplan 2011–2013 for Bufetats arbeid med einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Tiltak for å heve kompetansen er gjennomførte på alle omsorgssentera. Det er mellom anna sendt ut informasjon til alle kommunar og fylkeskommunar der det bur einslege mindreårige i omsorgssentera, med oversikt over barnas rettar etter opplæringslova. For å sikre lik praksis i det faglege arbeidet på omsorgssentera skal ein utvikle ei felles fagleg plattform og lage retningslinjer for bruk av kartleggings- og oppfølgingsverktøy.

Kunnskapsutvikling i barnevernet

BLD og Bufdir arbeidde i 2011 med å styrkje kunnskapsgrunnlaget i barnevernet. Satsinga bygde på den langsiktige forskings- og utviklingsstrategien (2009–2012) frå departementet og direktoratet på området. Støtta til barnevernsforsking blei vidareført. Samla sett var forskinga knytt til tema som mellom anna fosterheimsarbeid, barn og unge med åtferdsproblem, bakgrunnen for at talet for barn i barnevernet aukar, barn og foreldres behov og problem, psykisk helse og barnevern, barns deltaking, barns rettar, barnevern i samisk kontekst og kvalitetssikring.

Nasjonalt kompetansenettverk for sped- og småbarns psykiske helse er ein del av Regionsenter for barn og unges psykiske helse i aust og sør. Nettverket blir hovudsakleg finansiert av Helsedirektoratet. BLD har frå 2006 støtta utviklingsarbeid og forsking knytt til kompetansenettverket som er særleg relevant for barnevernet, frå og med 2009 gjennom driftstilskot. FoU-verksemda i nettverket gjaldt dei minste barna og metodar som styrkjer foreldres omsorgsevne. I andre regionar blei forsking og utviklingsarbeid knytt til barnevernet dekt gjennom Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU) i region nord og region vest og Barnevernets utviklingssenter i Midt-Noreg.

Arbeid mot vald og overgrep

BLD vil styrkje arbeidet for at barn og unge som er offer for vald og overgrep i nære relasjonar, får tilbod om hjelp. Rambøll si evaluering av Alarmtelefonen i 2011 gav ei positiv vurdering av måloppnåinga i prosjektet. BLD har etter dette ført vidare Alarmtelefonen i 2012 og 2013 og vil gjere tilbodet permanent. Organisasjonsmessige endringar vil bli vurderte og eventuelt sette i verk frå 2014.

Prosjektet Barn som lever med vald i familien gav i 2011 ut ei fagbok på Universitetsforlaget. Fagboka er basert på erfaringar frå prosjektet (2004–2009). BLD tok del i arbeid med ny Handlingsplan mot vold i nære relasjoner , som blei lagd fram i januar 2012.

Departementet og Bufdir har følgt opp tiltaka som gjeld barn og unge i handlingsplanane mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap. Når det gjeld tvangsekteskap, har Bufdir særskilt arbeidd med å etablere eit tilpassa tilbod om bustad i kvar region for unge under 18 år som blir utsette for vald og tvangsekteskap, og med å auke kompetansen i barnevernet. Det er utarbeidd ein ny felles handlingsplan for tvangsekteskap og kjønnslemlesting som gjeld for 2012. Nærmare omtale av departementets arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting er å finne under programkategori 11.05 Integrering og mangfald, delmål 2.4 Kjennskap til og oppslutning om lover og grunnleggjande rettar og plikter.

Det er utarbeidd ein ny handlingsplan mot menneskehandel, Saman mot menneskehandel , som gjeld i 2011–2014. Departementet og Bufdir har følgt opp barnetiltaka i handlingsplanen, under tiltaket om å vidareutvikle omsorgstilbodet for barn som er utsette for menneskehandel . Noreg held fram med samarbeidet i Austersjørådet (CBSS) og ekspertgruppa for utsette barn og unge (EGCC). Innsats mot overgrep og menneskehandel står sentralt i arbeidet. I samband med at Noreg hadde leiarskapet i Austersjørådet i 2010–2011, blei det i juni 2011 arrangert ein internasjonal konferanse om barn som er offer for menneskehandel: Trafficking in children. A criminal act calling for a child protection response.

Utval som skal greie ut det biologiske prinsippet i barnevernet

Med bakgrunn i kongeleg resolusjon av 18. februar 2011 sette BLD ned eit utval som fekk i oppgåve å greie ut om det biologiske prinsippet i barnevernet. Utvalet har greidd ut vanskelege problemstillingar i arbeidet til barnevernet, som tersklar for overtaking av omsorg, tilbakeføring til foreldre og samvære når barnet er plassert utanfor heimen, og dessutan kriterium for og evaluering av tiltak for å betre omsorgskompetansen hos foreldre. Rapporten blei send på brei høyring våren 2012, og departementet vurderer korleis ein skal følgje opp rapporten.

Varetaking av den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet

Som ein del av arbeidet med å følgje opp Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering (2009 2012) har departementet gitt Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) i oppdrag å lage ei kunnskapsoversikt over forsking på etnisk diskriminering av barn og unge i Noreg. Rapporten blei lagd fram i mars 2011 og blir mellom anna følgd opp gjennom vidareutdanninga barnevern i eit minoritetsperspektiv.

Prosjektperioden for mentorordninga Nattergalen gjekk ut i 2011. I Nattergalen har studentar ved barneverns- og sosialfagsutdanningane vore mentorar for barn mellom 8 til 12 år med minoritetsbakgrunn gjennom eitt skoleår. Til saman har 400 barn hatt mentorar. Formåla med prosjektet var å styrkje det fleirkulturelle erfaringsgrunnlaget i barnevernet og bidra til at fleire barn og unge med minoritetsbakgrunn fullfører vidaregåande opplæring og held fram med høgare utdanning. Ei rekkje utdanningsinstitusjonar har vore med i prosjektet. Evalueringa NOVA har gjort, viser gode resultat. BLD vil føre arbeidet vidare og har gitt Bufdir i oppgåve å leie arbeidet.

Utvikle tiltak for å identifisere rusproblem hos barn og unge og utvikle tilbod til barn av rusmisbrukande og psykisk sjuke foreldre

Som ledd i regjeringa si satsing for barn av psykisk sjuke og rusmisbrukande foreldre blei innsatsen i 26 modellkommunar vidareført. Kommunane utviklar tverretatlege modellar for tidleg intervensjon og einskapleg, systematisk oppfølging av barn av psykisk sjuke og rusmisbrukande foreldre frå graviditet til skolealder. Prosjektet blir evaluert av Deloitte. Nøkkelresultat har vore auka merksemd på barna, kompetanseheving gjennom deltaking på nasjonale og regionale samlingar, betre tverretatleg samarbeid i kommunen og auka merksemd på tiltaksutvikling. Kommunane har nådd lenger i arbeidet med å kartleggje barn av psykisk sjuke og rusmisbrukande foreldre gjennom at fleire har teke i bruk ulike kartleggingsverktøy. Rapporteringa viser òg at kommunane har nådd lenger i å utvikle konkrete tiltak i sitt arbeid med barna. Så langt er satsinga vellykka.

I 2010 tildelte departementet midlar til Bergen kommune for å greie ut ein modell for eit rusførebyggjande lågterskeltilbod til barn heilt ned i tiårsalderen. Tiltaket skulle bidra til auka kunnskap og kompetanse om rusarbeid i kommunen. Departementet vurderer utgreiinga som Bergen kommune leverte i 2011 i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Skolegangen til barnevernsbarn

I samråd med Kunnskapsdepartementet arrangerte departementet i 2011 ei nasjonal brukarhøyring om utfordringar i samband med skolegangen til barnevernsbarn. Ungdom og sentrale aktørar i Noreg deltok i høyringa. Departementa fekk fleire innspel som er dokumenterte i rapporten Barnevernsbarns skolegang , rapport Q-1184B.

Utvikling av barnevernet

Evalueringa av forvaltingsreforma i barnevernet blei i hovudsaka gjennomført i 2011. Forskingsdelen av evalueringa var konsentrert om fire område: samhandling og gjensidig påverknad mellom det statlege barnevernet og andre relevante aktørar, institusjonstilbodet, fagleg og økonomisk styring og oppgåve- og finansieringsansvaret i statleg og kommunalt barnevern. Ei forskingssamanstilling av rapportane med overordna analysar blei levert i juni 2012. Saman med innspel frå Barnevernpanelet og andre instansar bruker departementet forskingsevalueringa mellom anna i arbeidet med lovproposisjonen som regjeringa tek sikte på leggje fram i 2013.

Barnevernpanelet blei sett ned av barne-, likestillings- og inkluderingsministeren. Panelet skulle gi konkrete tilrådingar og råd om korleis barnevernet kan utviklast til barnets beste. I dette låg det at panelet skulle komme med framlegg knytte til organisering, regelverk, kunnskapsbehov og tiltak i barnevernet. Panelet leverte innstillinga si i september 2011. Tilrådingane vil vere eit viktig innspel til lovproposisjonen om barnevernet, som regjeringa tek sikte på å leggje fram i 2013.

Arbeide for ei tydelegare ansvarsdeling mellom statleg, regionalt barnevern og kommunane

Departementet har sendt på høyring forslag til endringar i tilhøva mellom stat og kommune. Forslaga følgjer opp vurderingar frå evalueringa av barnevernsreforma og innspel frå andre aktørar på barnevernsfeltet, mellom anna Barnevernpanelet. Departementet tek sikte på å leggje fram ein lovproposisjon for Stortinget i 2013.

Strategiar og tiltak for 2013

Førebyggjande tiltak og tidleg intervensjon

Regjeringa ønskjer framleis å styrkje det førebyggjande arbeidet retta mot utsette barn, unge og familiane deira, slik at ein kan kome tidleg inn med gode tiltak og på den måten unngå problemutvikling. Det gjeld til dømes å støtte og utvikle tiltak og metodar som kan betre omsorgsevna til foreldra, for å unngå plassering i fosterheim og på institusjon. Fleire tilrådingar blei framsett i NOU 2012: 5 Bedre beskyttelse av barns utvikling . Departementet vil vurdere tilrådingane i utredninga når den har vore på høyring. Det er òg behov for at det i lokalmiljøa finst førebyggjande lågterskeltilbod for utsette familiar med små barn som er i ein vanskeleg livssituasjon.

BLD fører vidare samarbeidet med Bufdir om tilrettelegging og utvikling av foreldrerettleiingsprogram i kommunane og andre tiltak for utsette familiar og barn med særskilde behov. Ei evaluering av foreldrerettleiingsprogrammet i regi av International Child Development Programme (ICDP) låg føre i 2011. Evalueringa viser at foreldrerettleiing basert på ICDP er til god støtte for foreldre og gir betre relasjonar mellom barn og foreldre ved å redusere åtferdsproblem. Oppfølginga på området held fram, mellom anna på bakgrunn av resultata frå rapporten.

I arbeidet med førebyggjande tiltak og tidleg intervensjon i utsette familiar har departementet samarbeidd med organisasjonar utanfor det offentlege. Departementet vil systematisere dette arbeidet og føreslår å etablere ei tilskotsordning for organisasjonar i barne- og ungdomsvernet. Jf. omtale under delmål 6.3: Heilskaplege og samordna tilbod og tenester, delmål 1.1: Effektiv organisering og drift av departementet og postomtalen for kap. 854 post 71 Utvikling og opplysningsarbeid, o.a

Kunnskapsutvikling i barnevernet

I 2013 vil departementet arbeide vidare med å utvikle kunnskapsgrunnlaget på fleire område i barnevernet. Dette skal skje gjennom konkrete FoU-prosjekt. Eit av dei sentrale måla er å gjere tenestene meir kunnskapsbaserte. Satsinga vil byggje på Bufdir og BLDs nye langsiktige forskings- og utviklingsstrategi (2013–2016) på barnevernsområdet som Bufdir no arbeider med å utvikle.

For å styrkje kunnskapsutviklinga når det gjeld omsorgssvikt og skeivutvikling blant dei minste barna, gir departementet driftsstønad til sped- og småbarnsnettverket ved Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP) Aust og Sør. I region Midt skal ein etter planen slå saman utviklingssenteret i barnevernet og regionsenteret for barn og unges psykiske helse, til eit felles Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Midt) ved årsskiftet 2012/2013.

BLD vil halde fram arbeidet med å styrkje den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet, blant anna gjennom finansiering av vidareutdanninga Barnevern i eit minoritetsperspektiv . Høgskolane i Finnmark, Lillehammer, Oslo og Telemark tilbyr utdanninga.

BLD vil halde fram med å gi midlar til Nattergalen for å styrkje minoritetsbarns tilknyting til skole og styrkje den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet.

Kommunalt barnevern

I NOU 2009: 8 Kompetanseutvikling i barnevernet fremma Befring-utvalet fleire forslag for å styrkje både grunnutdanningane og kompetansen etter fullført grunnutdanning. Departementet vil:

  • setje i gang eit arbeid med å etablere ei barnevernsleiarutdanning på mastergradsnivå

  • styrkje arbeidet med å etablere eit rettleidd førsteår i barnevernet, med midlar til profilering av innsatsen, jf. omtale under delmål 6.4: Auka kapasitet i det kommunale barnevernet

  • styrkje eit samarbeidsorgan mellom praksisfeltet, universitets- og høgskolesektoren og barnevernsstyresmaktene, som mellom anna skal arbeide med å arrangere årlege utdanningskonferansar med desse aktørane

Høgskolen i Oslo og Akershus får framleis midlar for å auke talet på mannlege studentar og studentar med minoritetsbakgrunn.

Arbeid mot vald og overgrep

Departementet vil styrkje innsatsen for å førebyggje og avdekkje vald og overgrep mot barn og unge, og for at dei som blir utsette for vald og overgrep, skal få god hjelp og behandling. Samarbeidet om barn som treng hjelp, må bli betre. Ein vil utarbeide eit tverrdepartementalt dokument om vald mot barn og unge. Dokumentet skal omfatte vald og overgrep mot barn i og utanfor nære relasjonar. Arbeidet er forankra i BLD.

Eit av tiltaka som gjeld barn i regjeringas handlingsplan mot vald i nære relasjonar, er Alarmtelefonen for barn og unge i Kristiansand. Organisasjonsmessige endringar i tilbodet vil bli vurderte i 2013 og eventuelt sette i verk i 2014. Departementet vil òg i 2013 medverke til finansieringa av Barnehus.

Departementet vil fremme ein ny handlingsplan mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap for perioden 2013–2016. BLD vil i samarbeid med andre departement og direktorat følgje opp og setje i verk dei barneretta tiltaka i handlingsplanen Saman mot menneskehandel (2011–2014) . Dette gjeld mellom anna å innhente forskingsbasert kunnskap om situasjonen til mindreårige offer i Noreg, og å setje i gang arbeidet med å revidere rundskrivet Barnevernets ansvar for mindreårige som er utsette for menneskehandel.

Betre varetaking av barns utvikling

Departementet vil i 2013 vurdere forslaga frå utvalet som 6. februar 2012 la fram NOU 2012:5 Bedre beskyttelse av barns utvikling. Rapporten greier ut om det biologiske prinsippet i barnevernet. Han blei send på høyring i mai 2012. Tilrådingane frå utvalet vil inngå i regjeringas utvikling av barnevernet.

Skolegangen til barnevernsbarn

I samarbeid med Kunnskapsdepartementet vil BLD halde fram arbeidet for å styrkje skolegangen til barnevernsbarn, blant anna på bakgrunn av innspel frå den internasjonale forskarkonferansen i 2013.

Utvikle tiltak for å identifisere rusproblem hos barn og unge og utvikle tilbod til barn av rusmisbrukande og psykisk sjuke foreldre

Departementet fører vidare modellkommuneprosjektet (2007–2014), som skal fange opp barn av rusmisbrukande og psykisk sjuke foreldre. Prosjektet blir evaluert hausten 2012. Evalueringa vil gi retning for den vidare innsatsen.

Utvikle tiltaka i det statlege barnevernet

Departementet er oppteke av at kvaliteten på tiltaka i barnevernet blir god, slik at barn og familiar som treng det, får verksam hjelp. Det vil mellom anna seie at hjelpa må tilpassast ut frå behova til det enkelte barnet, og at hjelpa må vere tilgjengeleg for dei som treng det.

Innsatsen for å rekruttere fleire fosterheimar vil halde fram i 2013, og departementet og direktoratet vil styrkje arbeidet med å skaffe ein fosterheim til alle barn som treng det. Ein vil rette særleg merksemd mot å rekruttere fleire fosterfamiliar frå grupper som er underrepresenterte i dag, mellom anna minoritetsmiljø og lesbiske og homofile. Det treårige forskingsprogrammet Fosterhjem for barns behov er finansiert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Programmet blir avslutta i 2013. Forskinga vil bli eit viktig innspel til vidare politikk- og praksisutvikling på fosterheimsfeltet.

Det statlege barnevernet arbeider for å differensiere tilbodet til det beste for barn og unge. Gjennom eit kvalitetsutviklingsprogram arbeider Bufetat vidare for å styrkje kvaliteten i tilbodet.

Barnevern over landegrensene

Aukande globalisering og migrasjon gjer at stadig fleire barn og familiar med utanlandsk statsborgarskap har kontakt med barnevernet. Desse barnevernssakene kan vere særleg komplekse og utfordrande for dei lokale barnevernstenestene. BLD har derfor sett i verk eit arbeid med å lage ei rettleiing til kommunane når det gjeld denne typen barnevernssaker.

Gode omsorgstilbod til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

For å nå målet om å busetje einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar så raskt som mogleg og i gode omsorgstiltak, vil BLD føre vidare ordninga med statsrefusjon for utgifter til kommunale barnevernstiltak for einslege mindreårige utover ein eigendel. Ordninga med eit særskilt tilskot til kommunane ved busetjing blir ført vidare.

Det vil bli sett i gang eit arbeid for å tydeleggjere regelverk og praksis for barnetrygd for einslege mindreårige flyktningar.

Omsorgsreforma skal evaluerast i 2013. Resultatet inngår i utviklinga av tilbodet til alle einslege mindreårige asylsøkjarar under 18 år.

Delmål 6.2: Høg rettstryggleik for barn, unge og familiane deira

Resultatrapport 2011/2012

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2010–2011).

Barnevern

Stortinget vedtok våren 2011 endringar i barnevernlova i samsvar med lovforslag fremma i Prop. 40 L (2010–2011) Endringer i barnevernloven (krav til politiattester mv.) . Endringa går ut på at det skal leggjast fram meir omfattande politiattestar i barnevernet, i samsvar med reglane om barneomsorgsattestar i politiregisterlova. Endringane tredde i kraft 1. september 2011. Frå same dato blei endringar i forskrift om politiattest i henhold til barnevernloven sett i kraft.

Heimelen for statleg tilsyn med kommunalt barnevern blei presisert i samsvar med føringar gitte i Meld. St. 7 (2009 2010) Gjennomgang av særlovshjemler for statlig tilsyn med kommunene . Endringane tok til å gjelde 15. april 2011.

Eit forslag til nye reglar i barnevernlova, om at barn som er utsette for menneskehandel, kan plasserast mellombels i institusjon utan samtykke, blei vedteke av Stortinget våren 2012 (Prop. 43 L (2011–2012) Endringer i barnevernloven ). Dei nye reglane inneber at desse barna får eit særleg tilrettelagt institusjonstilbod som gir nødvendig vern mot menneskehandel. Reglane blei sette i verk frå 1. august 2012.

Revidert forskrift om rettigheter og bruk av tvang under opphold i barnevernsinstitusjoner blei vedteken 15. november 2011 og sett i kraft 1. mars 2012. Departementet har laga og sendt ut retningslinjer til forskrifta.

Departementet har hatt forslag om revisjon av forskrift om barnets talsperson i saker som skal behandlast i fylkesnemnda ute på høyring. Fråsegnene frå dei ulike instansane blir nå følgde opp i departementet.

Den 1. mai 2012 blei det sett i verk endringar i fosterheimsforskrifta og tilsynsforskrifta. Formålet med endringane er å presisere at det skal førast tilsyn med at samiske barns rett til å ta vare på eige språk og eigen kultur blir følgt opp i fosterheimar og barnevernsinstitusjonar.

Departementet har sendt på høyring forslag til endringar i barnevernlova. Formålet med forslaga er å bidra til betre rettstryggleik for barna i barnevernet gjennom mellom anna å styrkje barnas rett til medverknad og å betre tilsynet med barn i fosterheimar. Departementet tar sikte på å leggje fram ein lovproposisjon for Stortinget i 2013.

Etter barnevernlova skal kommunane gå gjennom alle meldingar innan éi veke frå dei har teke imot dei. I 2011 blei 97,5 prosent av meldingane gjennomgåtte før det var gått ei veke. Det er om lag på same nivå som i 2010, trass i at talet på meldingar auka i 2011.

Det skal ikkje gå meir enn tre månader, i særlege tilfelle seks månader, frå ei undersøking er sett i gang, til ho er ferdig. Det var fristoversitjingar i litt over 17 prosent av undersøkingssakene i 2011. Dette er om lag på same nivå som i 2010. Det var store skilnader mellom kommunane og variasjonar frå fylke til fylke.

Om lag 53 prosent av dei avslutta undersøkingane blei lagde bort i 2011. Dette er eitt prosentpoeng høgare enn i 2010. Departementet følgjer utviklinga nøye.

Effektivt og målretta tilsyn

Fylkesmennene fører tilsyn med barnevernsinstitusjonane og barnevernstenesta i kommunane. Statens helsetilsyn har det overordna faglege ansvaret. Fylkesmennene hadde i 2011 ei samla måloppnåing på om lag 87 prosent, jamfør dei lovkrava som gjeld for individtilsyn i institusjonane. Til bruk i individtilsynet har Statens helsetilsyn utarbeidd ei rettleiing for samtaler med barn på institusjon. Rettleiinga skal bidra til at samtalane med barn får ein større plass i tilsynet, slik lova krev.

Fylkesmennene har i ulik grad oppfylt lovkravet om årleg systemrevisjon med barnevernsinstitusjonane. Det blei gjennomført 69 systemrevisjonar retta mot 181 institusjonar.

Statens helsetilsyn og fylkesmennene gjennomførte i 2011 eit landsomfattande tilsyn med korleis barnevernstenestene i kommunane arbeider med undersøkingar og evalueringa av hjelpetiltak til barn som bur heime. I tilsynet blei det også undersøkt om barna blir sikra rett til å medverke i si eiga sak. Totalt blei det gjennomført 66 systemrevisjonar retta mot den kommunale barnevernstenesta. Det landsomfattande tilsynet i 2011 blir ført vidare i nye kommunar i 2012.

Rapporteringar frå kommunane til fylkesmennene viste at kommunane per 31. desember 2011 hadde tilsynsansvar for 7 736 barn i fosterheimar. Av desse hadde 90 prosent tilsynsførar. 60 prosent av desse barna fekk tilsyn i samsvar med lovkrava, noko som er på om lag same nivå som i 2010. Dette er ikkje i samsvar med dei krava som barnevernlova stiller.

Adopsjon

Den 14. januar 2011 ratifiserte Noreg den reviderte europeiske konvensjonen av 27. november 2008 om adopsjon av barn. Konvensjonen blei sett i kraft for Noreg 1. september 2011. Den reviderte konvensjonen har som formål å oppnå større rettseining mellom medlemsstatane på adopsjonsområdet. Eit hovudformål er å vedta sams prinsipp for adopsjon av barn, der det blir teke omsyn til kva som har skjedd på området dei siste tiåra. Ein ønskjer mellom anna å redusere dei problema som oppstår som følgje av ulik nasjonal lovgiving.

Talet på adopsjonar har dei siste åra gått ned, og ventetida for adoptivsøkjarar er aukande. Som følgje av dette har adopsjonsorganisasjonane særlege utfordringar mellom anna til finansieringa av verksemda. Løyvinga til dei tre godkjende adopsjonsorganisasjonane auka med 0,8 mill. kroner i 2011.

Tilbodet om adopsjonsførebuande kurs for dei som søkjer om å adoptere eit barn for første gong, heldt fram i 2011.

Rettferdsvederlag

Det er eit mål med høgst eitt års sakshandsamingstid i Bufdir for søknader om rettferdsvederlag frå tidlegare barneheims- og fosterheimsbarn (etter St. meld. nr. 24 (2004–2005)). Sakshandsamingstida for saker etter St.meld. nr. 24 var gjennomsnittleg åtte månader i 2011. Det har vore ein nedgang i talet på stortingsmelding 24-saker dei siste åra, medan det har vore ein auke i talet på dei andre rettferdssakene. Dei sakene som har auka, er også dei mest kompliserte og tidkrevjande sakene.

Strategiar og tiltak for 2013

Barnevern

Departementet har sendt på høyring forslag til ei rekkje endringar i barnevernlova.

Effektivt og målretta tilsyn

Departementet vurderer tilsynsførarordninga med sikte på å sørgje for eit meir effektivt tilsyn med barn i fosterheimar. Departementet vil òg vurdere om kravet om årleg systemrevisjon med barnevernsinstitusjonar skal erstattast med ei plikt til regelmessig å vurdere behovet for tilsyn med den einskilde institusjonen.

Barnesakkunnig kommisjon

Barnesakkunnig kommisjon (BSK) har vore i drift i tre år ved starten av 2013. Målet er å kvalitetssikre sakkunnige rapportar i barnevernet. Kommisjonen vil bli evaluert i 2013. Det vil frå 2013 bli oppnemnt ein kommisjonsleiar og kommisjonsmedlemmer for perioden 2013–2015.

Utdanningsprogram for barnevernsfaglegsakkunnige

BLD vil føre vidare støtta til Norsk Psykologforening til å arrangere utdanningsprogram for barnefagleg sakkunnige i saker etter barnevernlova og barnelova. Utdanningsprogrammet er toårig og er nyleg blitt fagleg oppdatert.

Adopsjon

BLD legg vekt på å følgje Noregs plikter internasjonalt på adopsjonsfeltet. Desse er nedfelte i FNs barnekonvensjon og i Haag-konvensjonen om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjonar. Det er viktig å sikre eit forsvarleg og effektivt tilsyn med dei tre godkjende organisasjonane som er involverte ved adopsjon av barn frå utlandet. Organisasjonane skal på ein formålstenleg og effektiv måte vere i stand til å ta hand om dei særskilde omsyna som gjer seg gjeldande i arbeidet med å formidle adopsjon av barn frå utlandet. Talet på adopsjonar har dei siste åra gått ned, og ventetida for adoptivsøkjarar er aukande. Som følgje av dette har adopsjonsorganisasjonane særlege utfordringar knytte mellom anna til finansieringa av verksemda. Departementet gir dei tre godkjende adopsjonsorganisasjonane ei driftsstøtte og ei støtte til å drive generelt informasjonsarbeid om internasjonal adopsjon.

NOU 2009: 21 Adopsjon – til barnets beste inneheld ei rekkje forslag, og fleire av forslaga inneber lovendringar. Adopsjonsutvalet føreslår i tillegg at heile lov- og regelverket om adopsjon blir gjennomgått. Rapporten frå utvalet har vore ute på høyring, og fleirtalet av høyringsinstansane har slutta seg til at lovverket bør reviderast.

Som oppfølging av utgreiinga frå det regjeringsoppnemnde utvalet som ga si innstilling i oktober 2009, har regjeringa sett ned eit lovutval som skal utarbeide eit forslag om ei heilt ny adopsjonslov.

Delmål 6.3: Heilskaplege og samordna tilbod og tenester

Resultatrapport 2011/2012

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2010–2011).

Følgje opp NOU 2009: 22 Det du gjør, gjør det helt – bedre samordning av tjenester for barn og unge

Departementet har i 2011 arbeidd med å følgje opp forslaga frå NOU 2009: 22 Det du gjør, gjør det helt (Flatø-utvalet). Arbeidet er gjort i samarbeid med andre aktuelle departement. Forslaga til utvalet er viktige innspel i departementets arbeid med å betre samarbeidet mellom ulike tenester for utsette barn og unge.

Vidareutvikling av samarbeidet med KS

BLD har i 2011 ført vidare samarbeidet med Kommunanes Sentralforbund (KS) om utvikling av barnevernsområdet. KS og BLD har utarbeidd og signert ei ny avtale om samarbeidet om barnevernet. Avtala byggjer på ei felles forståing av at ei positiv utvikling på barnevernsområdet er avhengig av ein heilskapleg barne- og ungdomspolitikk. Avtala framhevar at kommunane har eit hovudansvar for å sikre samanhengande og koordinerte tenester til utsette barn og unge. Partane legg vekt på at samarbeidet skal fremme gode, lokalt forankra løysingar. Som ledd i dette samarbeidet har departementet gitt tilskot til KS sitt effektiviseringsnettverk på barnevernsområdet.

Stønad til organisasjonar på barnevernsområdet

For å leggje til rette for fagleg dialog og brukarmedverknad førte departementet vidare samarbeidet med organisasjonar som gjer ein stor innsats i arbeidet med utsette barn og unge. Departementet førte vidare den økonomiske stønaden til mellom anna Norsk Fosterhjemsforening, Landsforeningen for barnevernsbarn, Norsk Barnevernsamband, Voksne for Barn, Norsk barnevernlederorganisasjon (NOBO), PAG-stiftelsen, som driv viktig førebyggjande arbeid retta mot barn av alkoholmisbrukande foreldre, og Røde Kors samtaletilbod for barn og ungdom – Kors på halsen .

Stønad til utsette familiar og til familiar som har barn med særskilde behov

Samarbeidet med Bufdir om tilrettelegging og utvikling av foreldrerettleiingsprogram i kommunane blei ført vidare. Direktoratet har hovudansvaret for å følgje opp Program for foreldrerettleiing . Målet er å få til ei god spreiing av tilbodet på landsbasis. Per 31. desember 2011 hadde om lag 130 kommunar fått rettleiingskompetanse for foreldregrupper. Ei evaluering av foreldrerettleiingsprogram baserte på metoden til International Child Development Program (ICDP), var ferdig sommaren 2011. Evalueringa viste at metoden gir god støtte for foreldre og betre relasjonar mellom barn og foreldre ved å redusere åtferdsproblem.

Departementet førte vidare den økonomiske støtta til Home-Start Familiekontakten Norge , ein frivillig organisasjon som tilbyr hjelp i kvardagen til familiar med barn under skolealder. Ein stor del av familiane er einslege foreldre og/eller minoritetsspråklege. Home-Start har i mange år hatt ein eigen innsats retta mot familiar med kronisk sjuke barn og barn med nedsett funksjonsevne. Frå 2011 blei innsatsen integrert i resten av verksemda til Home-Start. Frå 2012 blei ansvaret for støtte og oppfølging av Home-Start Familiekontakten overført frå departementet til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet .

Strategiar og tiltak for 2013

Betre oppfølging av biologiske foreldre

BLD vidarefører støtta til arbeidet med å styrkje tilbodet til oppfølging av biologiske foreldre som mistar omsorga for barn.

Vidareutvikle samarbeid med KS

BLD vil vidareføre samarbeidet med Kommunanes Sentralforbund (KS) om utvikling av barnevernet. Samarbeidet byggjer på ei felles forståing av at ei positiv utvikling på barnevernsområdet er avhengig av ein heilskapleg barne- og ungdomspolitikk. Kommunane har eit hovudansvar for å sikre samanhengande og koordinerte tenester til utsette barn og unge. Partane legg derfor vekt på at samarbeidet skal fremme gode, lokalt forankra løysingar. Utveksling av erfaring mellom kommunar er verdifullt, og departementet tek sikte på å utvikle vidare samarbeidet med KS om effektiviseringsnettverk på barnevernsområdet.

Betre samordning av tenester for barn og unge

BLD arbeider for å sikre eit betre og meir samordna tilbod til utsette barn og unge. Som eit ledd i dette vurderer departementet korleis forslaga frå NOU 2009: 22 Det du gjør, gjør det helt – bedre samordning av tjenester for utsatte barn og unge (Flatø-utvalet) skal følgjast opp. Dette skjer i samarbeid med andre aktuelle departement, og blir derfor sett i samanheng med mellom anna samhandlingsreforma på helseområdet.

Som ei oppfølging av samhandlingsreforma (St.meld. nr. 47 (2008–2009)) blir det utarbeidd ein felles strategi for aktuelle departement og direktorat for arbeid med barn og unges psykiske helse, inkludert barn som pårørande. Det primære målet med strategien er å fremme psykisk helse og førebyggje psykiske vanskar og lidingar hos barn og unge og å gi hjelp til dei som står i fare for eller allereie har utvikla psykiske vanskar. Helsedirektoratet leier arbeidet etter oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Stønad til organisasjonar på barnevernsområdet

Brukar- og interesseorganisasjonar innanfor barnevern og tilgrensande område har alltid vore ein viktig del av det samla tilbodet til utsette barn, unge og familiane deira. Organisasjonane har kunnskap, nettverk og arbeidsmetodar som utfyller dei andre aktørane på feltet. Det er òg eit gode i seg sjølv for utsette barn og unge at nokon kan representere deira interesser i politikkutforminga. Departementet ønskjer brukarmedverknad og at alle partane på barnevernsfeltet skal bli høyrde, og støttar og samarbeider med organisasjonar på feltet. Støtte til organisasjonane vil bli lyst ut gjennom tilskotsordninga Tilskot til organisasjonar i barne- og ungdomsvernet . Jf. òg omtale under delmål 1.1: Effektiv organisering og drift av departementet , delmål 6.1: Gode tiltak og høg kompetanse i statleg og kommunalt barnevern , og postomtala under kap. 854, post 71 Utviklings- og opplysingsarbeid o.a.

Barn som gjer kriminelle handlingar

Når mindreårige blir fengsla, er det viktig å sikre god oppfølging når dei blir sette fri. Regjeringa har derfor sendt på alminneleg høyring eit forslag om å gi barnevernstenesta ei plikt til å halde jamleg kontakt med kriminalomsorga og delta i planlegging og tilrettelegging av tiltak etter opphald i fengsel. I framlegget føreslår regjeringa òg at barnevernstenesta skal ha plikt til å følgje opp alle under 18 år som er i fengsel, og at alle i denne gruppa skal kunne få tiltak etter barnevernlova når dei blir sette fri.

Eit tverretatleg team er under etablering ved den eine av sonings- og varetektseiningane for ungdommar som har gjort kriminelle handlingar. Det tverretatlege teamet skal sørgje for ei fleirfagleg tilnærming til barnas behov for sikre at relevante forvaltingsstyresmakter følgjer opp den innsette både under og etter opphaldet i eininga. Ein tilsett i Bufetat region vest vil inngå i teamet i ein toårig prøveperiode.

Delmål 6.4: Auka kapasitet i det kommunale barnevernet

Resultatrapport 2011/2012

Jf. omtale under delmål 6.1: Gode tiltak og god kompetanse i statleg og kommunalt barnevern , 6.2: Høg rettstryggleik for barn, unge og familiane deira og 6.3: Heilskaplege og samordna tilbod og tenester.

Strategiar og tiltak for 2013

Styrkt kapasitet og kompetanse i det kommunale barnevernet

Det er nødvendig å byggje opp kompetanse og styrkje fagmiljøa i barnevernet. NOU 2009:8 Kompetanseutvikling i barnevernet inneheld forslag om kvalitetsutvikling av studiar og studiemiljø i lys av barnevernets framtidige kompetanse- og kvalifiseringsbehov. Ekspertutvalet viste mellom anna til behov for å styrkje det faglege innhaldet i grunnutdanningane og til kvalitetskrav til studieopplegg.

Eit høgare kompetansenivå i tenestene er òg viktig for å rekruttere og halde på tilsette. Nytilsette i barnevernet treng god oppfølging og rettleiing for å kunne takle utfordringane arbeid i barnevernet fører med seg. NOU 2009: 8 Kompetanseutvikling i barnevernet tilrår å etablere ei turnusordning i grunnutdanningane i barnevernet. Regjeringa vil følgje opp denne tilrådinga gjennom å etablere eit rettleidd førsteår i barnevernet, der erfarne kollegaer rettleier nyutdanna, nytilsette kollegaer. Satsinga på stillingar i kommunane gjer at tenestene blir betre rusta til å gje nyutdanna og nytilsette kvalifisert rettleiing. I 2013 opprettar regjeringa eit vidareutdanningstilbod for å kvalifisere erfarne tilsette i det kommunale barnevernet til å gi profesjonell rettleiing til nyutdanna og nytilsette kollegaer.

I 2012 har Bærum kommune i samarbeid med Diakonhjemmet høgskole og Høgskolen i Oslo og Akershus avslutta eit forsøk med rettleidd førsteår. Høgskolane evaluerer innsatsen. Erfaringane frå forsøket vil vere eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet med eit rettleidd førsteår i barnevernet.

Barnevernpanelet anbefaler å styrkje leiarkompetansen i barnevernet. Riksrevisjonen har gjennomført ei undersøking av det kommunale barnevernet og anbefaler mellom anna å styrkje kompetansen på leiing og internkontroll i kommunane. I det landsomfattande tilsynet med barnevern som Statens helsetilsyn og fylkesmennene gjennomførte i 2011, blei det avdekt omfattande svikt i styringa og leiinga til kommunane.

Talet på barn som får hjelp frå barnevernet, har auka kvart år over lang tid. Sjølv om kommunane har sett i verk førebyggjande tiltak og i betydeleg grad har auka ressursbruken i barnevernet, har veksten i saksmengda overgått veksten i talet på stillingar. I tillegg viser rapportar frå fylkesmennenes tilsyn at det i mange av landets kommunar er problem med å oppfylle alle lovkrava. For å sikre at alle utsette barn og unge får riktig hjelp til riktig tid, er det viktig å rette ein innsats mot sviktområda.

Dei viktigaste indikatorane som stadfestar behovet for auka kapasitet òg i tida framover, er knytte til oppfyllinga av lovkrav som skal sikre kvalitet og rettstryggleik for barna, ressurssituasjonen når det gjeld saksmengde per stilling, og delen saker som blir lagd bort. Rapporteringar for 2011 viser for første gong på mange år ei lita, men positiv utvikling i sentrale indikatorar. Delen fristoversitjingar i undersøkingssaker har gått noko ned. Delen barn og unge med tiltaksplan og omsorgsplan har auka, og delen barn i fosterheim med tilsynsførar har auka. Departementet legg til grunn at dette kan være en indikasjon på at satsinga har den ønskte effekten og er i ferd med å snu ei negativ utvikling

Halvårsrapporteringar frå kommunane viser samtidig at viktige lovkrav framleis ikkje er oppfylte, og at det framleis er store forskjellar kommunar imellom. Fylkesmennene, som har administrert satsinga, har god kjennskap til situasjonen i den enkelte kommunen. Statusrapportane deira viser òg at det framleis er behov for nye stillingar. Det er mange kommunar med for låg kapasitet til å handtere veksten i saker.

I 2010 auka regjeringa dei frie inntektene til kommunane og la til grunn at denne veksten mellom anna la grunnlag for at den kommunale barneverntenesta kunne styrkast med 400 årsverk. Veksten frå 2009 til 2010 blei berre på 110 årsverk. For å sikre at det vart satsa på utviklinga i barnevernet i kommunane, har det i 2011 og 2012 blitt øyremerka midlar til kommunalt barnevern. I 2011 vart det oppretta 400 nye stillingar til det kommunale barnevernet. I 2012 vart desse 400 stillingane vidareført. I tillegg vart det oppretta 70 nye stillingar. Auken sidan 2011 utgjer 470 stillingar som direkte følgje av regjeringas satsing. I tillegg oppretta kommunane 110 stillingar med sine frie inntekter i 2010. Tall frå første halvår 2012 viser ei auke på totalt 733 stillingar sidan 2009, medrekna stillingar som kommunane har oppretta med sine frie inntekter.

Det er framleis behov for ei styrking av det kommunale barnevernet. Regjeringa foreslår derfor å styrkje det kommunale barnevernet med ytterlegare 205 mill. kroner i 2013. Kommunane skal kunne søke om midlar til stillingar og kompetanse- og samhandlingstiltak. I tillegg vil tilsynet styrkast. Dette vil gi eit betre grunnlag for tilsyn med prioriterte område som kommunale fosterheimar. Saman med satsinga på 240 mill. kroner frå 2011 og 50 mill. kroner frå 2012, vil om lag 500 mill. kroner vere øyremerkte det kommunale barnevernet i 2013.

Nærmare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

850

Barneombodet

13 555

13 672

13 625

-0,3

852

Adopsjonsstønad

11 828

15 358

15 865

3,3

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

132 730

137 448

162 500

18,2

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

1 065 854

988 773

1 776 247

79,6

855

Statleg forvalting av barnevernet

5 488 969

5 321 704

5 557 187

4,4

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

322 564

243 214

197 703

-18,7

857

Barne- og ungdomstiltak

207 686

219 034

222 525

1,6

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

264 506

268 570

275 615

2,6

859

EUs ungdomsprogram

9 360

7 422

7 702

3,8

Sum kategori 11.20

7 517 052

7 215 195

8 228 969

14,1

Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

3850

Barneombodet

305

3853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

1 205

3854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

107

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 014 303

930 439

945 243

1,6

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

194 900

173 160

104 874

-39,4

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

11 160

433

433

0,0

3859

EUs ungdomsprogram

3 933

2 300

2 300

0,0

Sum kategori 11.20

1 225 913

1 106 332

1 052 850

-4,8

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

01-23

Drift

6 009 273

5 830 673

6 106 594

4,7

30-49

Nybygg og anlegg

33 571

67 955

-100,0

50-59

Overføringer til andre statsrekneskapar

9 300

9 588

25 274

163,6

60-69

Overføringar til kommunar

1 278 589

1 067 250

1 841 601

72,6

70-98

Overføringar til private

186 319

239 729

255 500

6,6

Sum kategori 11.20

7 517 052

7 215 195

8 228 969

14,1

Kap. 850 Barneombodet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter

13 555

13 672

13 625

Sum kap. 0850

13 555

13 672

13 625

Status og hovudoppgåver for verksemda

Barneombodet er uavhengig, sjølvstendig og partipolitisk nøytralt, oppretta gjennom lov 6. mars 1981 nr. 5 om barneombod. Barneombodet si hovudoppgåve er omhandla i § 3 i lova, der det mellom anna går fram at Barneombodet har til oppgåve å fremme barns interesser overfor det offentlege og private og skal følgje med på utviklinga av barns oppvekstvilkår. Instruksen til Barneombodet gir retningslinjer for Barneombodets arbeid.

Barneombodet har inga formell avgjerdsmakt og handsamar derfor ikkje enkeltsaker etter forvaltningslova. Ombodet har ikkje makt til å avgjere saker eller gjere om vedtak i forvaltinga. Barneombodet handhevar ingen lover, men har ansvar for heile det barnefaglege feltet.

Resultatrapport og strategiar

Resultatrapport 2011/2012

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla som blei presenterte i Prop.1 S (2010–2011).

Arbeide for å verkeleggjere rettane i barnekonvensjonen i Noreg

Merknader til Noreg frå barnerettskomitéen i FN

I 2011, som i 2010, har Barneombodet hatt som ei sentral oppgåve å følgje opp rapporteringa til FNs barnerettskomité i Genève. Dei avsluttande merknadene frå komiteen blei publiserte i januar 2010.

Lovendringar for å sikre barns rettar

I 2011 har det kome fleire lovendringar og forslag til endringar som Barneombodet har vore pådrivar for å få gjennomført:

  • Regjeringa har fremma forslag om setebelte og sitjeplass for barn på skolebuss.

  • Utlendingsforskrifta § 17-1a er endra slik at det beste for barnet vurderinga skal kome tydelegare fram i vedtak.

  • Barn som treng hjelp frå fleire tenester, har rett til å få ein koordinator før dei får utarbeidd ein individuell plan.

  • Pasientrettslova § 7-6 blir ikkje endra slik at det skal leggjast stor vekt på det kommunale sjølvstyret.

Arbeide for at dei generelle prinsippa i barnekonvensjonen blir sikra i Noreg

Barn som tolk

Barneombodet ser store utfordringar på tolkefeltet i Noreg. Ombodet fryktar at delar av befolkninga som ikkje beherskar norsk, får eit utilstrekkeleg tilbod frå det offentlege. Utilstrekkelege tolketenester råkar barn både ved at barn blir brukte som tolk, og ved at tolketenesta ikkje er god nok i saker der barn er involverte. Barneombodet har fokusert på to tilhøve ein bør ta betre hand om. Det eine er korleis ein hindrar at barn blir brukte som tolk. Det andre er korleis ein sikrar god tilgang til tolk i saker som involverer barn.

Stemmerett for 16-åringar ved kommuneval

Barneombodet gjennomførte i 2011, saman med Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), ein omfattande turné til dei fleste av forsøkskommunane for å motivere kommuneleiinga og ungdommane til å gjennomføre eit godt val. Der møtte Barneombodet ungdom og vaksne politikarar for å auke motivasjonen for val. Valdeltakinga blei svært høg blant 16–17-åringane. Barneombodet arbeider no vidare for å sikre at prøveprosjektet blir til ei permanent ordning.

Ungdommens nasjonalforsamling

I 2011 har Barneombodet arbeidd for å sikre at prøveprosjektet med ei eiga nasjonalforsamling for barn og ungdom blir til ei permanent ordning. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som har ansvar for å arrangere ungdommens nasjonalforsamling i regi av Stortinget i 2012.

Barn og unge tek del i eiga sak

Etter råd frå Barneombodet oppretta Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet hausten 2011 eit barnepanel som deltok i arbeidet med å utnemne eit nytt barneombod.

Barneombodet ytra òg i 2011 ønske om at barn skal få moglegheit til å delta i prosessane ved tilsetjing av lærarar ved skolane i landet. Dette forslaget har fått blanda mottaking, og ombodet arbeider vidare for å synleggjere kvifor det er naturleg at barn og unge blir sikra moglegheita til å påverke tilsetjinga av lærarar i skolen.

Arbeide for at barns sivile rettar blir sikra i Noreg

Trus- og livssynsfridom

2011 var året da Barneombodet fekk gjennomslag for kravet om at tuktomgrepet som del av oppsedinga skulle takast ut av Bibelen. I den nye bibelomsetjinga som kom i november 2011, er ordet tukt erstatta med andre ord fleire stader. Dette gir eit signal frå kyrkjeleg hald om at vald ikkje skal aksepterast i oppsedinga med grunngiving i Bibelen.

Retten til informasjon

Etter den 22. juli 2011 var Barneombodet aktivt for å sikre at barn og unge fekk informasjon om det som hadde skjedd på ein veleigna måte. Barneombodet brukte nettsidene og sosiale medium aktivt til å spreie råd om korleis ein skal snakke med barn om katastrofar. Det var mange som fekk nytte av råda frå ombodet.

Arbeide for å sikre barns retter i familien og under alternativ omsorg

Alarmtelefonen for barn

Barneombodet har i fleire år arbeidd for at ordninga med ein alarmtelefon for barn skal bli permanent, òg i 2011. På slutten av året blei det klart at alarmtelefonen no er etablert som eit permanent tiltak.

Betre undervising om vald og seksuelle overgrep i skolen

I april 2011 sende Barneombodet eit brev til Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet der ombodet oppmoda til implementering av undervising om vald og seksuelle overgrep i læreplanane for skolen og barnehagane. Dette er no kome med som eit tiltak i handlingsplanen mot vald for 2012.

Barn med foreldre i fengsel

I 2010 hadde Barneombodet ei ekspertgruppe med barn med foreldre i fengsel. Gruppa fekk kome på besøk til Oslo fengsel i 2011 for å inspisere besøksrommet. Barna var ikkje fornøgde over rommet og teikna eit forslag til korleis det burde sjå ut. Det nye besøksrommet for barn i Oslo fengsel er laga etter modell frå teikningane til barna.

Barn og samlivsbrot

I 2011 har Barneombodet arbeidd aktivt med prosjektet Barnets stemme stilner i stormen – en bedre prosess for barn som opplever samlivsbrudd . Rapporten frå prosjektet blei publisert i mars 2012 og inneheld ei rekkje anbefalingar om korleis ein kan sikre at barnas syn kjem betre fram ved samlivsbrot.

Barn under alternativ omsorg Arbeide for betre helse for barn

Barn på sjukehus var ein viktig del av Barneombodets arbeid for betre helse for barn i 2011. Råda frå ekspertgruppa blei godt mottekne.

I 2011 gav Barneombodet innspel til ei stortingsmelding om utdanning for velferdstenestene og innhaldet i framtidige utdanningar. I innspelet tok ombodet opp kor viktig det er at utdanningane i framtida inneheld god informasjon om både barnekonvensjonen, opplysingsplikta til barnevernet, kunnskap om vald og overgrep og samarbeid mellom dei ulike tenestene. Innhaldet i utdanninga er viktig for å sikre at helsearbeidarar og barnevernsarbeidarar forstår kva forpliktingar dei er pålagde etter barnekonvensjonen. Ombodet har i dei siste åra vore spesielt oppteke av tannhelsetenesta si meldeplikt til barnevernet og meiner å ha skapt auka merksemd omkring denne tenesta og kor viktig ho er når det gjeld å oppdage vald og overgrep mot barn.

Arbeide for betre tilgang til utdanning, fritid og kulturelle aktivitetar

Betre tilgang til tilpassa undervising og til eit godt skolemiljø

Barneombodet har i 2011 hatt tett kontakt med Kunnskapsdepartementet for å få til ei evaluering av korleis opplæringslova kapittel 9 a fungerer i praksis. Lovverket om arbeidsmiljø for barn i skolen er godt, men erfaring viser at praktiseringa av regelverket ikkje held mål. Barneombodet fekk for 2012 midlar frå Kunnskapsdepartementet til to og ei halv ny stilling for å intensivere arbeidet med det psykososiale skolemiljøet. Ombodet har no tilsett to fagrådgivarar og éin medarbeidar i administrasjonen i 60 prosent stilling.

Kunnskapsdepartementet føreslo i 2009 å delegere fullmakt til å utvise elevar for ein heil dag til lærarane. Barneombodet var kritisk til dette forslaget. I 2011 trekte departementet forslaget tilbake.

Betre kunst- og kulturtilbod for barn

Barneombodet har vore i kontakt med kulturministeren og etterlyst at Kulturdepartementet syter for ein betre heilskapstanke og eit større oversiktsbilete over kunst- og kulturområdet for barn og unge. Det har vore eit tilbakevendande tema gjennom arbeidet Barneombodet har gjort, og innspela Barneombodet har fått. Barneombodet gav i 2011 innspel til Enger-utvalet, som er sett ned for å gå gjennom kulturpolitikken i Noreg. Barneombodet ønskte eit sterkt barneperspektiv hos utvalet.

Arbeide for at barn får spesielle forsvarstiltak

Utlendingsfeltet

Gjennom året fekk Barneombodet fleire meldingar om barn som blei buande i asylmottak i mange år, og som ikkje blei busette i kommunar fordi dei berre fekk avgrensa opphaldsløyve på bakgrunn av fare for kjønnslemlesting. Ombodet vende seg både til UDI, IMDi, Justisdepartementet og BLD om denne praksisen, og praksisen blei endra slik at desse barna og familiane deira no blir busette i kommunar.

I 2010 sende Barneombodet brev til Forsvarsdepartementet med kritiske merknader om deltakinga frå eit afghansk fotballag i Norway Cup. Ombodet meinte at tryggleiken til barna blei sett i fare mellom anna på grunn av måten Forsvaret handsama bilete av barna på.

Ombodet har tidlegare gjort Justis- og beredskapsdepartementet merksam på saker der barn utan avklara ID slit med å få statsborgarskap. Statsborgarforskrifta er no endra slik at fleire barn med uavklara ID får norsk statsborgarskap.

Barneombodet har òg vore kritisk til at regjeringa har oppretta eit nytt omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar i Kabul.

Barn i konflikt med lova

Barneombodet har arbeidd aktivt for at tilhøva skal bli betre for barn i konflikt med lova. Stortinget vedtok i 2011 ein ny straffereaksjon kalla ungdomsstraff. Samtidig blei det innført endringar i straffeprosesslova som skjerper vilkåra for bruk av arrest og varetekt overfor barn.

Det er likevel mange uavklara spørsmål når det gjeld barn i konflikt med lova. Blant desse er tidsperspektivet på opprettinga av eigne barneavdelingar, barnevernets rolle og retningslinjer for fengsel som har barn som innsette. Ombodet arbeider vidare med desse spørsmåla i 2012.

Menneskehandel

I 2011 har Barneombodet delteke på den internasjonale konferansen om menneskehandel med barn i regi av Austersjørådet og bidrege med innspel til UNICEF Innocenti sin rapport Child Trafficking in the Nordic Countries: Rethinking strategies and national responses . Basert på førespurnader til kontoret gjennom fleire år har Barneombodet i 2011 sett i gang eit arbeid for å sjå på ulike sider ved hjelpetilbodet til barn som kan vere offer for menneskehandel. Dette arbeidet, som mellom anna byggjer på innsyn i enkeltsaker, held fram i 2012.

Arbeide for å vidareutvikle og styrkje det internasjonale engasjementet hos Barneombodet

Barneombodet engasjerte seg spesielt i spørsmålet om oppretting av barneombod i Armenia i 2011. Ein delegasjon frå parlamentet var på studiebesøk i Noreg, og Barneombodet var på gjenbesøk i Armenia for å informere om organisasjonen og diskutere moglege løysingar for ein armensk modell. Barneombodet tek ofte imot delegasjonar frå andre land som ønskjer informasjon om verksemda til ombodet. I 2011 tok Barneombodet, i tillegg til Armenia, imot delegasjonar frå Kasakhstan, Georgia, Guatemala, Namibia, Tyskland, Japan, Danmark, Sverige, Russland, Vietnam, Litauen og Sør-Afrika. Barneombodet hadde òg besøk av fleire utanlandske journalistar og forskarar som ønskte å intervjue ombodet om ulike problemstillingar som opptek det.

Strategiar og tiltak for 2013

Barneombodet vil i 2013 arbeide for at barns rettar på alle samfunnsområde blir varetekne. Barneombodet vil særskilt arbeide for at styresmaktene rettar seg etter anbefalingane frå FNs komité for barns rettar. Ein vil òg arbeide for at Barneombodet blir betre kjent i barnebefolkninga. Barneombodet vil framleis setje søkjelyset på skolemiljøet og arbeide aktivt med å følgje opp forbetringsforslaga som ombodet kom med i 2012.

Hovudstrategiane til Barneombodet vil vere:

  • høyringsutsegner ved lovendringar som har verknad for barn og unge

  • direkte kommunikasjon med barn og unge og vidareformidling av deira synspunkt og anbefalingar, og arbeid for å auke deltakinga frå barn og unge i samfunnet generelt

  • å gjere Barneombodet betre kjent blant barn og unge og hente inn deira synspunkt på korleis barnsrettar blir varetekne i samfunnet

  • informasjonsverksemd om barns rettar gjennom føredragsverksemd og i ulike medium

  • rådgiving og informasjon til personar som tek direkte kontakt med Barneombodet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn til tilsette og andre driftsutgifter ved Barneombodet.

Departementet føreslår ei samla løyving på 13,6 mill. kroner i 2013.

Kap. 852 Adopsjonsstønad

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet , overslagsløyving

11 828

15 358

15 865

Sum kap. 0852

11 828

15 358

15 865

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Stønad til adoptivforeldre som har adoptert barn frå utlandet

Stønaden til foreldre som adopterer barn frå utlandet, var i 2011 på 42 560 kroner per barn. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), som forvaltar stønadsordninga, tok imot 280 søknader om adopsjonsstønad, mot 344 søknader i 2010. 304 adopsjonar er formidla i 2011.

Om tildelinga av eingongsstønad

Eingongsstønad ved adopsjon av barn frå utlandet blei innført i 1992 for å motverke ei ujamn sosial fordeling av adopsjonar knytt til foreldras økonomi på grunn av dei høge kostnadene ved adopsjon frå utlandet.

Stønaden blir ytt adoptivforeldre som på førehand har fått samtykke av norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet. Adopsjonen må anten vere gjennomført i Noreg, eller han må vere gjennomført i utlandet og registrert i det sentrale adopsjonsregisteret i Bufdir. Direktoratet skal ha motteke rette dokument frå opphavslandet til barnet før dei kan handsame søknaden. Eit vilkår for stønad er at adoptivforeldra faktisk var busette i Noreg da dei fekk barnet i si omsorg, og da adopsjonen blei gjennomført eller registrert her i Noreg. I spesielle tilfelle vil det på bakgrunn av forhold i opphavslandet ta lang tid å få adopsjonen registrert i Noreg. Foreldra kan likevel få eingongsstønad dersom barnet har kome til Noreg med sikte på adopsjon og adoptivforeldra faktisk var busette her i landet da dei fekk barnet i si omsorg.

Stønaden til foreldre som adopterer barn frå utlandet, er i 2012 på 43 880 kr per barn. I 2013 aukar stønaden til 45 330 kr per barn, tilsvarande prisjustering.

Departementet føreslår ei løyving på 15,9 mill. kroner i 2013.

Kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter

132 730

137 448

162 500

Sum kap. 0853

132 730

137 448

162 500

Status for verksemda

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker har vedtaksrett i dei såkalla tvangssakene i barnevernlova, sosialtenestelova og smittevernlova. Over 90 prosent av sakene er saker etter barnevernlova. Resultatrapport, strategiar og tiltak for fylkesnemndene er omtalte i programkategori 11.00 Administrasjon, under delmål 1.2: Effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder .

Likestilling

Per desember 2011 var det 106 tilsette i fylkesnemndene. Av desse var 75 prosent kvinner. 36 av 61 fylkesnemndsleiarar var kvinner.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønnsutgifter og andre driftsutgifter mellom anna knytte til opplæring, drift, leige av lokale og kjøp av varer og tenester i dei 12 fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Løyvinga dekkjer òg utgifter til lønn og andre driftsutgifter i sentraladministrasjonen for fylkesnemndene. Om lag ein tredel av løyvinga på posten blir nytta til saksutgifter i nemndene.

BLD føreslår å auke løyvinga til fylkesnemndene med 20 mill. kroner. Midlane skal nyttast til å styrkje sakshandsamingskapasiteten og den administrative styringa av verksemda. Målet med å auke løyvinga er å redusere restansane og sakshandsamingstida.

Departementet viser òg til at regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 470 post 70 Fri sakførsel på Justis- og beredskapsdepartementets budsjett med 20 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 162,5 mill. kroner i 2013.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

21

Spesielle driftsutgifter , kan nyttast under post 71

77 947

79 048

70 773

50

Forsking og utvikling

5 000

5 155

25 274

60

Kommunalt barnevern

231 813

290 460

464 755

61

Utvikling i kommunane

26 446

65

Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar , overslagsløyving

714 113

539 000

1 100 000

71

Utvikling og opplysningsarbeid mv. , kan nyttast under post 21

25 366

24 535

31 555

72

Tilskot til forsking og utvikling i barnevernet

11 615

50 575

57 444

Sum kap. 0854

1 065 854

988 773

1 776 247

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Posten dekkjer utgifter til ulike førebyggjande tiltak, mellom anna kjøp av tenester innanfor utvikling og implementering av nye metodar i barnevernet, adopsjon, arbeid retta mot barn av rusmisbrukande og psykisk sjuke, familieråd og liknande tiltak. Posten dekkjer òg kostnader til konferansar, tilsynsopplæring, informasjon, kompetanseutvikling i kommunane, anskaffingar på forskingsfeltet, refusjon av barnevernutgifter på Svalbard og internasjonale plikter. Posten blir òg nytta til drift av Barnesakkunnig kommisjon og Barnevernets tvisteløysingsnemnd.

Departementet føreslår å redusere løyvinga med 0,6 mill. kroner som følgje av at enkelte tiltak blir avslutta i 2012.

Departementet føreslår å flytte 15,4 mill. kroner til kap. 854, post 50; 19,3 mill. kroner til kap. 854, post 61; 11,2 mill. kroner til kap. 854, post 71 og 0,5 mill. kroner til 857, post 21. Flyttinga påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt.

Departementet føreslår å flytte 3,9 mill. kroner til kap. 855, post 01 til finansiering av tilrettelagde butilbod til unge under 18 år som er utsette for tvangsekteskap. Tilbodet er ein del av det statlege barnevernet og bør finansierast over driftskapitlet.

Regjeringa har satsa på å styrkje det kommunale barnevernet kraftig. I samband med satsinga er det òg sett av midlar til kompetansehevande tiltak, tilsyn og administrasjon av ordninga. Departementet føreslår å setje av 40 mill. kroner til dette.

Departementet føreslår ei løyving på 70,8 mill. kroner i 2013.

Post 50 Forsking og utvikling

Løyvinga på posten blir nytta av Noregs forskingsråd til forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM). Departementet føreslår å samle løyvinga til Noregs forskingsråd på barne- og ungdomsfeltet til ein post. Departementet føreslår derfor å flytte 4,6 mill kroner til posten frå kap. 857 post 50. Løyvinga vil dekke både barnevernområdet og den generelle barne- og ungdomspolitikken.

Posten blir òg nytta til finansiering av ulike program og prosjekt som er utvikla i samarbeid mellom departementet og høgskolar og universitet innanfor barnevernsutdanningane, mellom anna Nattergalen , rettleidd praksis av nyutdanna i barnevernet og vidareutdanning i eit kultursensitivt barnevern.

Løyvinga dekkjer òg ei overføring til Sametinget for deira arbeid med barnevern.

Departementet føreslår å flytte 15,4 mill. kroner frå kap. 854, post 21 Spesielle driftsutgifter til posten. Flyttinga påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt.

Departementet føreslår ei løyving på 25,3 mill. kroner i 2013.

Post 60 Tilskot til kommunalt barnevern

Mål

Løyvinga skal dekkje særskilt tilskot til kommunane for å styrkje det kommunale barnevernet.

Tildelingskriterium

Løyvinga blir fordelt av fylkesmennene etter søknad frå kommunane. Hovuddelen av denne løyvinga skal gå til nye stillingar, men det vil òg vere mogleg å søkje om midlar til enkelte andre tiltak, til dømes kompetansetiltak, som styrkjer barnevernet lokalt.

Oppfølging og kontroll

Løyvingar og tilskot frå denne posten blir kontrollerte gjennom kommunanes rapportering til fylkesmannen.

Budsjettforslag for 2013

Departementet føreslår å auke løyvinga med 165 mill. kroner for å dekkje utgifter i kommunane til nye stillingar i barnevernet. For 2013 kan delar av midlane nyttast til kompetanse- og samhandlingstiltak i kommunane. Regjeringa føreset at fleire barn som treng hjelp kan få hjelp lokalt som følgje av den store satsinga på barnevernet gjennom øyremerking, samstundes som dei frie inntektene til kommunane er auka.

Departementet føreslår ei løyving på 464,8 mill. kroner i 2013.

Post 61 Utvikling i kommunane

Posten dekkjer tilskot til prosjekt og program i regi av kommunar og fylkeskommunar. Prisen til Årets barne- og ungdomskommune er òg løyvd over posten. Nokre mottakarar får ei øyremerkt løyving i 2013.

Mål

Midlane skal nyttast til prosjekt og tiltak for å betre samarbeidet mellom dei enkelte aktørane og utvikle tenestene i barne- og ungdomsvernet. Løyvinga blir retta inn mot kommunar som driv utviklingsarbeid, førebyggjande arbeid og arbeid som skal hindre problemutvikling, ekskludering og marginalisering av barn og unge.

Kriterium for tildeling

Noka av løyvinga blir fordelt i tråd med avtaler som er inngått mellom departementet og aktuelle kommunar i oppfølginga av følgjande prosjekt; Kommunane i Losprosjektetet, Alarmtelefonen for barn og unge til Kristiansand kommune og til Kristiansand kommune for eit forsøk i akuttenesta. Tilskot til kommunane i modellkommuneprosjektet blir fordelte av Bufdir.

Noko av løyvinga blir fordelt etter søknader frå kommunar og fylkeskommunar i tråd med utlysing av prosjektmidlar. Prosjektmidlar blir kunngjort ut på nettstaden til departementet og/eller Bufdir.

Oppfølging og kontroll

Departementet og direktoratet har ansvar for å følgje opp at tilskot til prosjekt blir nytta etter føresetnadane. Krava til rapportering er presiserte i det enkelte tilskotsbrevet.

Budsjettforslag 2013

Departementet føreslår å flytte 19,3 mill. kroner frå kap. 854, post 21; 1,9 mill. kroner frå kap. 854, post 71; 0,3 mill. kroner frå kap. 857, post 21 og 5 mill. kroner frå kap. 857 post 71 til posten. Flyttinga påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken korrekt. Departementet føreslår ei samla løyving på 26,4 mill. kroner på posten.

Departementet føreslår ei løyving på 26,4 mill. kroner.

Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Mål

Løyvinga skal dekkje statsrefusjon for kommunale utgifter til barnevernstiltak. Mange bu- og omsorgstiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar er kommunale tiltak som blir drifta av kommunane i samband med busetjing (til dømes bukollektiv). Bufetat har ansvaret for å gi rettleiing til kommunane ved val av butiltak med meir. Dersom utgiftene til bu- og omsorgstiltak med stønad og oppfølging er høgare enn den kommunale eigendelen, skal utgiftene refunderast av staten. Bufetat har ansvaret for å administrere refusjonsordninga.

Kriterium for tildeling

Kommunane blir omfatta av ordninga dersom dei set i verk barnevernstiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Etter fullmakt frå BLD er det Bufetat som betaler ut refusjon til kommunane, jf. Rundskriv om statsrefusjon for kommunale barnevernsutgifter for enslige mindreårige asylsøkere og flyktninger (Q-05/2004 ).

Oppfølging og kontroll

BLD har tilgang til å setje i verk kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadene for løyvinga, jf. bevilgningsreglementet § 10.

Budsjettforslag 2013

Det er føreslått å auke eigendelen frå 15 043 kroner per månad i 2012 til 15 524 kroner per månad, tilsvarande prisjustering. Ein forventar at det blir utbetalt refusjon for om lag 1 715 barn i 2013, mot 1 531 barn i 2012. Departementet føreslår ei samla løyving på 1 100 mill. kroner i 2013. Dette er ei nominell auke på 561 mill. kroner frå saldert budsjett for 2012. Utgiftene på posten har auka svært mykje dei siste åra. Årsakene til dette er mellom anna at fleire barn er omfatta av ordninga, og at dei enkelte tiltaka kostar meir enn tidlegare. Einslege mindreårige er ei svært heterogen gruppe barn, og tiltaka må tilpassast behovet til den enkelte. Bufdir, som forvaltar ordninga, har sett i gang arbeid med å utvikle rutinar for å få betre kontroll med refusjonsutbetalingane.

Departementet føreslår ei løyving på 1 100 mill. kroner i 2013.

Post 71 Utvikling og opplysingsarbeid o.a., kan nyttast under post 21

Målet for løyvinga er eit betre barne- og ungdomsvern. Løyvinga på posten blir nytta til dei to tilskotsordningane Tilskot til organisasjonar i barne- og ungdomsvernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet . I tillegg får nokre enkeltmottakarar ei øyremerkt løyving frå posten, sjå tabellen under. Prisen til Årets forbilde blir òg tildelt frå posten.

Tilskot til organisasjonar i barne- og ungdomsvernet

Mål

Ordninga skal stimulere brukar- og interesseorganisasjonar til å engasjere seg og vise medansvar for utsette barn og unge og familiane deira. Ordninga blir i hovudsaka retta inn mot organisasjonar og aktørar som arbeider med spørsmål knytt til barne- og ungdomsvernet.

Departementet vil innhente rapportar og annan dokumentasjon på at målet med tilskotet er nådd.

Kriterium for tildeling

Det skal i handsaminga leggjast vekt på korleis organisasjonen gjennom sin arbeidsmåte, kunnskap og nettverk utfyller arbeidet til andre relevante aktørar i barne- og ungdomsvernet. Det vil bli lagt vekt på om organisasjonane har landsdekkjande verkefelt. For brukarorganisasjonar vil legitimitet i eiga målgruppe vere eit viktig element.

Departementet vil utarbeide nærmare retningslinjer for ordninga.

Oppfølging og kontroll

Departementet har ansvar for å følgje opp at tilskotsmidlar blir nytta etter føresetnadane. Tilskotsmottakaren må sende inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tilskotet. Departementet vil vurdere evaluering av tilskotsordninga i samsvar med regelverk for økonomistyring i staten.

Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet

Mål

Målet for ordninga er å førebyggje problemutvikling og medverke til at utsette barn og unge får betre hjelp gjennom kunnskapsutvikling, spreiing av informasjon og utprøving av modellar og samhandlingsprosjekt. Tiltaka skal byggje opp om dei måla og planane departementet har for utsette barn og unge, og bidra i den totale utviklinga.

Tilskotsordninga kan òg nyttast til tiltak innanfor oppfølging av handlingsplanar på området. Det blir mellom anna gitt tilskot til tiltak i Handlingsplan mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting . Det kan vere aktuelt å lyse ut midlar til tiltak innanfor Handlingsplan mot vald i nære relasjonar.

Departementet vil innhente rapportar og annan dokumentasjon på at målet med tiltaket er nådd.

Kriterium for tildeling

Potensielle tilskotsmottakarar er organisasjonar som arbeider med eller har grenseflatar mot barne- og ungdomsvernet. Tiltak som får støtte skal vere eit supplement til styresmaktenes anna arbeid i utviklinga av eit betre barne- og ungdomsvern.

Det vil bli lagt vekt på søkaren si erfaring, kompetanse og gjennomføringsevne. Det vil òg bli lagt vekt på søkaren sin generelle kjennskap til fagfeltet og kjennskap til aktuelle problemstillingar i barne- og ungdomsvernet.

Tiltak vil bli vurdert utifrå korleis tiltaket vil påverke innsatsen frå andre aktørar på same felt.

For tiltak i handlingsplanane som er nemnde over, vil det vere særskilde kriterium for tildeling. Desse vil bli kunngjorde for seg.

Oppfølging og kontroll

Departementet har ansvar for å følgje opp at tilskotsmidlar blir nytta etter føresetnadane gjennom rapportering og rekneskap. Departementet vil vurdere evaluering av tilskotsordninga i samsvar med regelverk for økonomistyring i staten.

Budsjettforslag 2013

Departementet føreslår å flytte 11,2 mill. kroner frå kap. 854, post 21 til denne posten. Departementet føreslår vidare å flytte 1,9 mill. kroner til kap. 854, post 61 frå denne posten. Flyttinga påverkar ikkje bruken av midlar, men gjer postbruken korrekt. Departementet føreslår vidare å flytte 0,7 mill. kroner til kap. 857, post 71 og 1,9 mill. kroner til kap. 854, post 72. i samband med interne flyttingar. Vidare er posten foreslått redusert med 0,5 mill. kroner i samband med at enkelte tiltak blir avsluta i 2012.

Departementet føreslår ei løyving på 31,6 mill. kroner i 2013.

Tabell 3.22 Øyremerka mottakarar

Mottakar

Formål

Kommunanes Sentralforbund (KS)

Effektiviseringsnettverka i barnevernet og andre prosjekt utarbeidd i samarbeid med departementet på bakgrunn av samarbeidsavtala mellom KS og departementet

Norsk Psykologforening

Støtte til sakkunnig opplæring

Barneeininga i Austersjøområdet

Nasjonalt bidrag

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress

Driftsstønad

Regionsenter for barn og unges psykiske helse, Helse Aust og Sør

Driftsstønad til sped- og småbarnsnettverket

Inoradopt

Autorisert adopsjonsorganisasjon

Verdens barn

Autorisert adopsjonsorganisasjon

Adopsjonsforum

Autorisert adopsjonsorganisasjon

Psykisk helsevern Levanger

Felles døgnbasert akuttilbod for Barne- og ungdomspsykiatrien og Bufetat, og å utvikle ein felles utgreiingsmal for akuttsakar

Post 72 Tilskot til forsking og utvikling i barnevernet

Størstedelen av løyvinga dekkjer departementets tilskot til Atferdssenteret. Midlane blir nytta til forsking og utvikling på nye metodar retta mot barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar og implementering av desse. Senteret skal òg gjere kunnskapen tilgjengeleg for praksisfeltet. Atferdssenteret har fått eit nasjonalt ansvar for dette. Tilskotet blir forvalta av Bufdir i samarbeid med andre løyvande styresmakter, og Bufdir utarbeider eit felles tilskotsbrev. Tilskotsbrevet presiserer krava til resultat og rapportering.

Løyvinga dekkjer òg departementets tilskot til det noverande Barnevernets utviklingssenter i Midt-Noreg og dei regionale kunnskapssentera for barn og unge (RKBU Nord og RKBU Vest). RKBU har i oppgåve å utvikle, kvalitetssikre og forvalte vitskapleg, praksisnær og tverrfagleg kunnskap og kompetanse innanfor arbeid med barn og unges psykiske helse og barnevern. Dei skal òg leggje til rette for at slik kunnskap er tilgjengelig. Bufdir forvaltar midlane på vegne av departementet, og Helsedirektoratet koordinerer arbeidet med tilskotsbrev. Barnevernets utviklingssenter har berre barnevernet som målgruppe. Ved årsskiftet 2012/2013 er det planar om å slå saman Barnevernets utviklingssenter i Midt-Noreg med Regionsenter for barn og unges psykiske helse i Midt-Noreg til eit samla Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Midt). Med den føresetnaden at samanslåinga blir sett i verk, vil tildelinga av midlar i 2013 gå til RKBU Midt.

Departementet føreslår å føre vidare flytting av 1,3 mill. kroner frå kap. 855, post 21, som er omtalt i revidert nasjonalbudsjett for 2012. Flyttinga gjaldt manglande prisjustering da midlane blei flytta til kap. 854, post 72 i 2012.

Ved tidlegare samanslåingar av utviklingssentera i barnevernet og regionsentera for barn og unges psykiske helse i region nord og vest har tilskotet frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet blitt auka. Departementet er innstilt på å følgje same praksis for region midt. Departementet føreslår derfor å auke løyvinga på denne posten med 1,9 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854, post 71.

Departementet føreslår ei løyving på 57,4 mill. kroner i 2013.

Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

18

Refusjon av sykepengar

107

Sum kap. 3854

107

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter , kan nyttast under post 22 og post 60

3 482 469

3 433 510

3 685 960

21

Spesielle driftsutgifter

63 950

27 118

19 113

22

Kjøp av private barnevernstenester , kan nyttast under post 01

1 629 480

1 612 824

1 666 047

45

Større nyanskaffingar og vedlikehald , kan overførast

33 571

67 955

60

Tilskot til kommunane , kan nyttast under post 01

279 499

180 297

186 067

Sum kap. 0855

5 488 969

5 321 704

5 557 187

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

Posten omfattar mellom anna lønnsutgifter, utgifter til leige og drift av lokale, utgifter til opplæring og andre utgifter til varer og tenester i det statlege regionale barnevernet. Posten dekkjer òg driftsutgifter ved statlege barnevernsinstitusjonar og drift av andre statlege barnevernstiltak.

Departementet føreslår å flytte løyvinga på kap. 855, post 45 til posten. 45-posten blei nytta til kjøp av bilar, innbu og utstyr til statlege barnevernsinstitusjonar. Departementet meiner desse investeringane er ein del av den regulære drifta av det statlege barnevernet og ikkje investeringar av eingongskarakter, og at det derfor er mest ryddig å nytte ein vanleg driftspost til slike innkjøp. Departementet føreslår å flytte 69,5 mill. kroner til posten.

Departementet føreslår å flytte 3,9 mill. kroner til posten frå kap. 854, post 21 til finansiering av tilrettelagde butilbod til unge under 18 år som er utsette for tvangsekteskap. Tilbodet er ein del av det statlege barnevernet og bør finansierast over driftskapitlet.

Eit forslag til nye reglar i barnevernlova om at barn som er utsette for menneskehandel, kan plasserast mellombels i institusjon utan samtykke, er vedteke av Stortinget. Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 1,5 mill. kroner til meirutgifter i 2013 som følgje av lovendringa. Departementet viser òg til omtale under kap. 572, post 60 Innbyggertilskudd for Kommunal- og regionaldepartementet, der det er føreslått ein tilsvarande auke i løyvinga.

Stortinget vedtok i samband med revidert nasjonalbudsjett 2012 ein auke i løyvinga på posten med 50 mill. kroner. Regjeringa føreslår å føre vidare utgiftsnivået og føreslår derfor å auke løyvinga med 50 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2012. Dei samla budsjettrammane føreset gjennomføring av omstillingstiltak samanlikna med revidert nasjonalbudsjett 2012. Etaten må leggje auka vekt på å redusere utgifter gjennom effektiviseringstiltak. Dei administrative kostnadene skal reduserast. Regjeringa legg til grunn at det statlege barnevernet i liten grad skal finansiere ikkje-lovpålagte oppgåver. Delen barn med behov for plass i fosterheim har gjennom mange år auka meir enn for institusjon. Departementet føreset at denne utviklinga vil halde fram, sjølv om det er kommunane og fylkesnemnda som styrer inntak og val av tiltak i det statlege barnevernet. For å nytta ressursane best mogeleg er det er avgjerande å betre utnyttinga av kapasiteten i eige tiltaksapparat. I dette arbeidet skal det statlige barnevernet framleis tilby tenester av høg kvalitet som er tilpassa barna sine behov. Høg kvalitet betyr i denne samanheng òg god rettstryggleik og medverknad for barn som må bli høyrt om sin eigen situasjon. Når barn blir høyrde om sin eigen situasjon, kan det vere med på å hindre utilsikta flyttingar i fosterheim og institusjon.

Samla føreslår departementet ei løyving på posten på 3 686 mill. kroner i 2013.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer i hovudsak utgifter til forsking, men òg utviklingstiltak, for å styrkje kvaliteten på barnevernets arbeid, slik at brukarane får eit betre tilbod.

Utvikling og drift av det nasjonale biblioteket for barnevern og familievern har vore løyvd over posten. Ettersom biblioteket no er permanent, føreslår departementet å flytte løyvinga til Bufdirs driftskapittel. Departementet føreslår å flytte 3,6 mill. kroner til kap. 858, post 01.

1,3 mill. kroner blei flytta til kap. 854, post 72 i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2012. BLD føreslår å føre vidare denne flyttinga. Sjå omtale under kap. 854, post 72.

Departementet føreslår å redusere posten med 4 mill. kroner for å finansiere prioriterte tiltak i departementet. Midlane blei tidlegare nytta til ulike forskingsprosjekt i barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 19,1 mill. kroner i 2013.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 1 666 mill. kroner i 2013.

Post 45 Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Posten dekkjer større utstyrskjøp, mellom anna bilar til barnevernsinstitusjonar.

Departementet føreslår å flytte midlane som tidlegare har vore løyvde på posten, til kap. 855, post 01. Flyttinga inneber ikkje noka endring i bruken av midlane. Sjå omtale under kap. 855, post 01.

Post 60 Tilskot til kommunane, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer overføringar til kommunane for refusjonar av utgifter som overstig satsen for kommunale eigendelar til forsterking av fosterheimar og nærmiljøbaserte tiltak. Refusjonane er regulerte i rundskriv om oppgåve- og ansvarsfordeling mellom kommunar og statlege barnevernsstyresmakter.

Departementet føreslår ei løyving på 186,1 mill. kroner i 2013.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Diverse inntekter

20 127

27 497

13 404

02

Barnetrygd

3 488

3 585

3 703

15

Refusjon av arbeidstiltak

429

16

Refusjon av foreldrepengar

36 491

17

Refusjon lærlingar

74

18

Refusjon av sykepengar

99 588

60

Kommunale eigendelar

854 106

899 357

928 136

Sum kap. 3855

1 014 303

930 439

945 243

Post 01 Diverse inntekter

Størstedelen av inntektene på posten er eit resultat av at kommunen skal dekkje ekstrautgifter som gjeld den einskilde bebuaren ved plassering i statlege tiltak, når utgiftene ikkje er knytte til tiltak som er ein del av institusjonstilbodet. Dette er nærmare spesifisert i rundskriv Q-06/2007. I tillegg blir tilfeldige inntekter rekneskapsførte på posten.

Inntektene vil vere lågare når ein nyttar mindre institusjon. Posten blei redusert i nysalderinga i 2010 og 2011 og i revidert nasjonalbudsjett for 2012 som følgje av sviktande inntekter, og utviklinga dei seinare åra viser at inntektskravet på posten ikkje er nådd. Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 15 mill. kroner tilsvarande det reduserte inntektskravet frå revidert nasjonalbudsjett 2012. Departementet føreslår derfor ei løyving på 13,4 mill. kroner.

Post 02 Barnetrygd

På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet. Utgifter motsvarande refusjonane blir rekneskapsførte på kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 3,7 mill. kroner.

Post 60 Kommunale eigendelar

På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjonar, fosterheimar eller ved tiltak i heimen. Det blir føreslått å prisjustere kommunanes eigendelar for barn med tiltak i statleg barnevern frå inntil 35 390 kroner til inntil 36 523 kroner per barn per månad for tiltak i institusjon. For andre tiltak blir eigendelen prisjustert frå inntil 27 656 kroner til inntil 28 541 kroner per barn per månad.

Departementet føreslår ei løyving på 928,1 mill. kroner.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter

322 564

243 214

197 703

Sum kap. 0856

322 564

243 214

197 703

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til drift av omsorgssentera for barn og eventuelt til kjøp av plassar i private tiltak. Han dekkjer òg utgifter til arbeidet med å busetje einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år.

I saldert budsjett for 2012 dekte løyvinga 120 plassar. Prognosane for talet på einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar under 15 år tyder på at det i gjennomsnitt vil vere 70 barn i omsorgssentera i 2013. Erfaringar viser at det er store svingingar i framkomsttala og ein slik kapasitet gjer rom for svingingar i talet på barn i omsorgssentra gjennom året. Løyvinga for 2013 skal finansiere 89 plassar. For å redusere talet på plassar og unngå at staten driftar fleire plassar enn nødvendig, føreslår regjeringa å leggje ned Skiptvedt omsorgssenter. Dette tilsvarar ei nedskalering av kapasiteten til 89 plassar.

Departementet føreslår å redusere løyvinga reelt med 54,5 mill. kroner i 2013 og foreslår ei løyving på 197,7 mill. kroner i 2013.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Diverse inntekter

885

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

178 858

173 160

104 874

16

Refusjon av foreldrepengar

4 631

17

Refusjon lærlingar

6

18

Refusjon av sykepengar

10 520

Sum kap. 3856

194 900

173 160

104 874

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp etter statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre). Departementet føreslår at 104,874 mill. kroner av utgiftene på kap. 856, post 01 blir rapporterte inn som utviklingshjelp, jf. kap. 167 Flyktningstiltak i Norge godkjent som utviklingshjelp (ODA), post 21 Spesielle driftsutgifter, på budsjettet til Utanriksdepartementet. Tilsvarande beløp blir ført som inntekt på denne posten.

Departementet ventar at det i gjennomsnitt vil vere 70 barn under barnevernets omsorg i 2013.

Departementet føreslår ei løyving på 104,9 mill. kroner.

Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

21

Spesielle driftsutgifter , kan nyttast under post 71

12 712

7 847

7 556

50

Forsking

4 300

4 433

60

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn , kan overførast

53 164

57 493

64 333

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar

100 585

108 740

112 328

71

Utviklingsarbeid , kan nyttast under post 21

4 050

7 124

3 809

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv. , kan overførast

32 875

33 397

34 499

Sum kap. 0857

207 686

219 034

222 525

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Posten vil bli nytta til utgifter i samband med konferansar, informasjonsmateriell, utgreiingar, forsking, statistikk og anna som inngår i arbeidet med å betre oppvekstmiljøet for barn og ungdom. Det vil òg bli brukt midlar frå posten til samlingar, forsking, evaluering og anna i samband med ei satsing på ungdom som står utanfor opplæring og arbeidsliv ( Losprosjektet ).

Departementet føreslår å flytte 0,5 mill. kroner til posten frå kap. 854, post 21; 0,3 mill. kroner til kap. 854, post 61 og 0,8 mill. kroner til kap. 857, post 71.

Departementet føreslår ei løyving på 7,6 mill. kroner.

Post 50 Forsking

Departementet føreslår å samle løyvinga til Noregs forskingsråd på barne- og ungdomsfeltet i éin post. Departementet føreslår derfor å flytte løyvinga på posten til kap. 854, post 50.

Post 60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

Mål

Posten blir nytta til tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn . Formålet er å bidra til å betre oppvekst- og levekåra i 23 bykommunar: Oslo (og åtte prioriterte bydelar), Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden, Moss, Hamar og Gjøvik.

Tildelingskriterium

Løyvinga har barn og ungdom som målgruppe. Ordninga er delt i éi satsing retta mot utsette barne- og ungdomsgrupper og éi satsing retta mot barn, ungdom og familiar råka av fattigdomsproblem. Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn står overfor særskilde utfordringar, og arbeid og innsats som fremmar integrering, er høgt prioritert.

Departementet kan òg ta initiativ til å støtte enkelte prioriterte område. I tråd med Soria Moria-erklæringa vil tiltak i Groruddalen få særleg prioritet. Departementet har utarbeidd eit eige rundskriv som regulerer ordninga.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskap frå kommunane til departementet.

Budsjettforslag 2013

I samband med handsaming av Innst. 375 S (2011–2012), jf. Prop. 111 S (2011–2012), vedtok Stortinget ein auke i løyvinga til tilskotsordninga for barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn på 5 mill. kroner. Løyvinga blei motsvart med ein tilsvarande reduksjon på budsjettet til Kulturdepartementet.

Departementet føreslår å flytte midlane permanent. Departementet føreslår derfor å auke løyvinga på posten med 5 mill. kroner mot ein reduksjon av kap. 314, post 79 Ymse kultur- og samfunnsformål med 2,9 mill. kroner; kap. 315, post 79 Ymse frivillighetsformål med 1,35 mill. kroner og kap. 320, post 79 Til disposisjon med 750 000 kroner på Kulturdepartementets budsjett.

Departementet foreslår ei løyving på 64,3 mill. kroner.

Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar

Mål

Formålet er å leggje til rette for barn og ungdoms deltaking i barne- og ungdomsorganisasjonane. Dei frivillige organisasjonane er viktige aktørar i ungdomspolitikken, dei er sosiale møteplassar for barn og unge, og dei bidreg til å skape trygge og inkluderande oppvekstmiljø. Tilskotet skal stimulere organisasjonane til engasjement og medansvar og sikre organisasjonane som arena for medverknad og demokrati.

Kriterium for tildeling

Forskrift om tilskudd til frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner av 29. november 2007 med endringar av 15. september 2009 blei gjeldande frå tilskotsåret 2010. Midlane blir forvalta av eit eige fordelingsutval med sekretariat i Bufdir. BLD er klageinstans for vedtak gjorde av Fordelingsutvalet.

Også midlar til tilskotsordninga Mangfold og inkludering inngår i posten. Ordninga blir forvalta av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) og har eigne retningslinjer.

LNU, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om driftstilskot til sitt nasjonale arbeid. Dette tilskotet blir forvalta av Bufdir.

Institutt for samfunnsforsking får tilskot frå posten til forsking om barne- og ungdomsorganisasjonar.

Oppfølging og kontroll

Krav til revisjon, rapport og kontroll av nasjonal grunnstønad er regulert av Forskrift om tilskudd til frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner og instruks for Fordelingsutvalet. Andre tilskot som blir ytte gjennom denne posten, blir kontrollerte gjennom rapportering og rekneskap.

Budsjettforslag 2013

Departementet føreslår ei løyving på 112,3 mill. kroner i 2013.

Post 71 Utviklingsarbeid, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til å støtte utviklingsarbeid som kan gi auka kunnskap og bidra til å styrkje oppvekstmiljøet for barn og ungdom. Løyvinga blir òg retta inn mot tiltak som skal motverke marginalisering blant barn og unge og sikre gode og trygge oppvekstvilkår.

Delar av løyvinga på posten er øyremerkt tilskot til Ferie for alle i regi av Røde Kors. Departementet vil òg handsame søknadar om tilskot frå Ungdom mot vold, Oslo Røde kors og Organisasjonen BarneVakten.

Oppfølging og kontroll

Løyvingar og tilskot frå denne posten blir kontrollerte gjennom rapportering og rekneskap.

Budsjettforslag 2013

Departementet føreslår å flytte løyvinga på 5 mill. kroner, som går til Losprosjektet , til kap. 854, post 61. Vidare føreslår departementet å flytte 0,8 mill. kroner frå kap. 854, post 21 til posten for å sikre korrekt postbruk.

Departementet føreslår òg å flytte 0,7 mill. kroner frå kap. 854, post 71 til posten.

Departementet føreslår ei løyving på 3,8 mill. kroner i 2013.

Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid, o.a. kan overførast

Mål

Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet. Målgruppene er frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, enkeltpersonar og grupper av barn og ungdom, institusjonar som arbeider med barn og ungdom, og offentlege styresmakter lokalt, regionalt og nasjonalt.

Hovuddelen av posten blir nytta til Noregs bidrag til deltaking i EU-programmet Aktiv Ungdom , og til delar av kostnadene som er knytte til deltaking i EU-programma Sikrare Internett og DAPHNE III, som alle varer fram til 31. desember 2013.

Posten dekkjer òg Noregs bidrag til Det europeiske ungdomsfond i Europarådet og Noregs kostnader i samband med tiltak i regi av partnarskapet mellom Europarådet og Europakommisjonen.

Posten skal dessutan dekkje kostnader i samband med samarbeidet om barne- og ungdomspolitikk i nærområda, særleg samarbeidet innanfor rammene av Noregs deltaking i Barentsrådet, mellom anna tilskot til drift av informasjons- og rettleiingskontoret (BYCO) i Murmansk. Noreg har formannskapet i Barentsrådet frå 15. oktober 2011 og to år framover. Departementet har i denne perioden ansvaret for arbeidsgruppa om samarbeid på barne- og ungdomsområdet. Posten skal mellom anna dekkje tilskot til eit fleirnasjonalt samarbeid i Barentsregionen, som blir forvalta av Barentssekretariatet, og til tiltak i samband ned formannskapet i Barentsrådet.

Posten kan òg nyttast til departementets deltaking i mellomstatleg samarbeid om generell barne- og ungdomspolitikk.

Vidare får dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane grunnstøtte til sitt internasjonale arbeid. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om tilskot til sitt internasjonale arbeid.

Tildelingskriterium

Bidraga for deltaking i dei ulike EU-programma blir fastsette etter ein fordelingsnøkkel nedfelt i EØS-avtala. Storleiken på bidraget til Det europeiske ungdomsfond blir fastsett av Ministerkomiteen i Europarådet. Tilskot til samarbeidet i nærområda og anna internasjonalt samarbeid blir fastsett av departementet ut frå gjeldande avtaler og prinsipp. Tilskotet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane blir forvalta av Fordelingsutvalet etter kriterium som er fastsette i eiga forskrift. Søknader frå LNU, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemmede om tilskot til internasjonalt arbeid blir handsama av Bufdir.

Oppfølging og kontroll

Europarådets ungdomsdirektorat og Europarådets revisjonsstyre kontrollerer Det europeiske ungdomsfond. Revisjonsretten i EU og EUs internrevisjon kontrollerer bruken av budsjettmidlar til dei programma Noreg deltek i. Tilskotet til ungdomssamarbeid i Barentsregionen blir forvalta av Barentssekretariatet i Kirkenes. Tilskotet departementet gir, blir følgt opp ved kontroll av rapport og rekneskap.

Bufdir og Fordelingsutvalet har ansvaret for oppfølging og kontroll av tilskotet til LNU, Unge funksjonshemmede, Ungdom og Fritid og tilskotet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane.

Budsjettforslag 2013

Hovuddelen av løyvinga blir nytta til dei pliktene Noreg har gjennom internasjonale avtaler, spesielt EØS-avtala. Løyvinga skal dekkje kostnader til EUs ungdomsprogram, Aktiv Ungdom , som går fram til 31. desember 2013. Kor stor løyvinga blir, er mellom anna avhengig av Europaparlamentets budsjettvedtak og storleiken på den delen EFTA/EØS-landa skal dekkje, og av eurokursen. I tillegg skal løyvinga dekkje Noregs plikter overfor Europarådet på det ungdomspolitiske området, ho skal dekkje kostnader i samband med gjennomføringa av avtaler om samarbeidet i nærområda og kostnader til departementets internasjonale engasjement på barne- og ungdomsområdet.

Departementet føreslår ei løyving på 34,5 mill. kroner.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter , kan nyttast under kap. 855 post 01

212 168

209 063

224 474

21

Spesielle driftsutgifter

4 706

28 472

19 082

22

Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar

47 632

31 035

32 059

Sum kap. 0858

264 506

268 570

275 615

Status for verksemda

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) består av éi sentral eining – Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir) – og fem regionkontor. Bufdir er etatsleiar for Bufetat. Regionkontora har underliggjande utøvande einingar innanfor barnevern og familievern. Regionkontora handsamar òg søknader om førehandssamtykke om utanlandsadopsjon og søknader om innanlandsadopsjon. Bufdir har ansvaret for fagleg, økonomisk og administrativ styring, koordinering og utvikling av Bufetat. Direktoratet handsamar klager på saker der regionane er første instans.

Hovudoppgåva til etaten er å gi barn, unge og familiar som treng hjelp og støtte, tiltak med høg og riktig kvalitet i heile landet.

Ansvarsområda for etaten omfattar òg tiltak under desse budsjettkapitla:

  • kap. 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

  • kap. 840 Krisetiltak

  • kap. 841 Samliv og konfliktløysing

  • kap. 842 Familievern

  • kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot o.a.

  • kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne

  • kap. 852 Adopsjonsstønad

  • kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

  • kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

  • kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

  • kap. 857 Barne- og ungdomstiltak

  • kap. 859 EUs ungdomsprogram

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 01

Løyvinga dekkjer lønnsutgifter og andre driftsutgifter i Bufdir, mellom anna knytte til opplæring, leige og drift av lokale og kjøp av varer og tenester.

Løyvinga dekkjer òg implementering og utvikling av foreldrerettleiingsprogrammet basert på ICDP (International Child Development Program).

Departementet føreslår å flytte 3 mill. kroner til posten for å styrkje direktoratets arbeid med kjønnslikestilling frå kap. 847, post 50 til posten. Sjå òg omtale under kap. 847, post 50.

Departementet føreslår å flytte 2 mill. kroner frå kap. 849, post 50 til posten. Sjå omtale under kap. 849, post 50.

Departementet føreslår å flytte løyvinga til drift av nasjonalt bibliotek for barnevern og familievern frå kap. 855, post 21 til posten. Sjå òg omtale under kap. 855, post 21.

Departementet føreslår ei løyving på 224,5 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak og utbetalingar av godtgjering for medlemmene i Fordelingsutvalet.

Delar av løyvinga skal dekkje utvikling av eit nytt fag- og rapporteringssystem for Bufetat (BIRK). Prosjektplanen tilseier at utgiftene til prosjektet blir fordelte over ein periode fram til 2014. Løyvinga i 2102 til BIRK var på 24 mill. kroner. Departementet føreslår å redusere løyvinga til BIRK i 2013 med 10 mill. kroner. Løyvinga står i høve til forventa forbruk til prosjektet i 2013.

Departementet føreslår ei løyving på 19,1 mill. kroner i 2013.

Post 22 Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar

Posten skal dekkje reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar.

Departementet føreslår ei løyving på 32,1 mill. kroner i 2013.

Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Diverse inntekter

6 854

433

433

15

Refusjon av arbeidstiltak

35

16

Refusjon av foreldrepengar

1 735

17

Refusjon lærlingar

74

18

Refusjon av sykepengar

2 462

Sum kap. 3858

11 160

433

433

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak. Inntektene er knytte til eigendelar i samband med deltaking i Hva med oss ? og inntekter i samband med andre samlivstiltak. Kor store desse inntektene er, varierer frå år til år.

Departementet føreslår ei løyving på 433 000 kroner i 2013.

Kap. 859 EUs ungdomsprogram

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter , kan overførast

9 360

7 422

7 702

Sum kap. 0859

9 360

7 422

7 702

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer løn og utgifter til varer og tenester ved det nasjonale kontoret som forvaltar programmet. Ein må sjå løyvinga i samanheng med kap. 3859 EUs Ungdomsprogram, som omhandlar Europakommisjonens bidrag til drift av det nasjonale kontoret og Eurodesk. Nettokostnaden på posten etter frådrag for inntektene under kap. 3859 er Noregs nasjonale del av drifta av det nasjonale kontoret for EU-programmet Aktiv Ungdom .

Departementet føreslår ei løyving på 7,7 mill. kroner i 2013.

Kap. 3859 EUs ungdomsprogram

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Tilskot frå Europakommisjonen

3 593

2 300

2 300

16

Refusjon av foreldrepengar

303

18

Refusjon av sykepengar

37

Sum kap. 3859

3 933

2 300

2 300

Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen

Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av EUs ungdomsprogram, Aktiv ungdom. Programkomiteen har vedteke at Europakommisjonen skal gje eit tilskot på € 276.488 til det nasjonale kontoret og € 38.904 til administrasjonen av Eurodesk i Noreg, til saman € 315.392.

Bufdir skal utarbeide ein arbeidsplan for det nasjonale kontoret som skal godkjennast av departementet og Europakommisjonen. Departementet har ansvar for å kontrollere korleis det nasjonale kontoret forvaltar den delen av programbudsjettet som tilkjem Noreg for nasjonal avgjerd av søknader om tilskot.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikken

Hovudinnhald og prioriteringar

Forbrukarpolitikken skal sikre forbrukarane ei sterk stilling i samfunnet og medverke til eit meir etisk og miljøforsvarleg forbruk.

Dei fleste forbrukarane i Noreg nyt godt av høg og aukande velstand og kjøpekraft. Vare- og tenestetilbodet blir stadig utvida og endra som følgje av teknisk og økonomisk utvikling. Samtidig set miljøet grenser for ein vidare forbruksvekst. Dette stiller nye krav til både forbrukarane og forbrukarpolitikken.

Kompleksiteten og mangfaldet som forbrukarane står overfor i marknaden, gjer at risikoforhold knytte til varer eller tenester blir vanskelege å få oversikt over. I dei seinare åra har det til dømes blitt utvikla nye bank-, finans- og forsikringsprodukt som det ofte er vanskeleg for forbrukarane å vurdere og velje imellom.

Det ligg store utfordringar i å sikre forbrukarane gode rettar og god informasjon når dei skal gjere val som har store konsekvensar for privatøkonomien. Dette gjeld til dømes i samband med kjøp og sal av bustader. Ofte oppstår det konfliktar etter kjøp som kunne vore unngått om informasjonsgrunnlaget hadde vore betre.

Regjeringa legg til grunn at trygge, velinformerte og aktive forbrukarar er viktige for godt fungerande marknader. Det er i tida framover særleg aktuelt å sjå på løysingar for nettbasert informasjon i marknaden for daglegvarer. Forbrukaremne i skolen blir fremma i form av læringsmål og undervisingsmateriell.

Mange som får gjeldsordning, har ikkje berre gjeldsproblem, men òg helseproblem og sosiale problem. Mange klarer ikkje å gjennomføre gjeldsordninga, og ein relativt stor del av dei som klarer det, får raskt nye gjeldsproblem. Ei utfordring framover blir å sørgje for at denne gruppa får tilstrekkeleg støtte og oppfølging. Det er òg nødvendig å sjå på nye tiltak for å førebyggje gjeldsproblem. Mykje tyder på at unge vaksne i aukande grad får økonomiske problem. BLD vil derfor arbeide med tiltak retta spesielt mot denne gruppa.

Universell utforming inneber at produkt og tenester er utforma slik at flest mogleg kan nytte dei utan spesialløysingar. Forbrukarinformasjon må til dømes leggjast til rette for blinde og svaksynte og for grupper som ikkje meistrar norsk.

Nivået på det materielle forbruket i Noreg medførar ei belasting på naturgrunnlaget. Det er nødvendig med kollektive tiltak dersom ein skal endre eller redusere delar av forbruket. Samtidig er det viktig at den enkelte forbrukar tenkjer igjennom og korrigerer forbruksvanane sine ut frå omsyn til miljøet. Eit vilkår for dette er at det finst tilgjengeleg informasjon som gjer det mogleg å gjere opplyste val.

Det same gjeld sosiale og etiske forhold knytte til produksjon, bruk og avhending av forbruksvarar. Mange forbrukarar engasjerer seg når det kjem fram opplysningar om uakseptable forhold til dømes ved produksjon av varar som vi omgjer oss med til dagleg. Det er eit viktig prinsipp i alt forbrukarretta arbeid at forbrukarane har krav på openheit, ikkje berre om pris og kvalitet, men og om dei etiske standardane som ligg til grunn i produksjon av varer og tenester.

Regjeringa vil at etikk og samfunnsansvar i større grad skal bli teke omsyn til i samband med offentlege innkjøp. Ved å stille krav til tilbydarar om at varer skal vere tilverka under forsvarlege forhold, kan offentlege verksemder tene som førebilete og medverke til større etterspurnad etter varer frå tilbydarane som oppfyller krava. Over tid kan dette medverke til eit betre tilbod av varer som er produserte under forsvarlege forhold, og til at det blir enklare for forbrukarane å velje slike varer.

Frivillige merkeordningar blir ofte nytta for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om val som er gode for miljøet og medverkar til etisk forbruk. BLD vil medverke til å styrkje effekten av merkeordningane som forbrukarrettleiing.

Forbrukarorganisasjonane har ei viktig rolle i norsk forbrukarpolitikk. I tillegg til å uttrykkje interessene til forbrukarane overfor næringslivet medverkar dei til at det blir teke omsyn til forbrukarane i samband med offentlege vedtak.

BLD har hovudansvaret for å fremme forbrukarpolitikken til regjeringa. Departementet forvaltar viktige forbrukarlover og har ansvar for fleire sjølvstendige institusjonar som varetek rettane og interessene til forbrukarane. Forbrukarpolitikken er elles prega av at ansvaret for viktige tiltak og regelverk er fordelt på mange departement og tilsynsorgan som ofte må samarbeide for å vareta omsynet til forbrukarane.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikken inneheld løyvingar til Forbrukarrådet, Forbrukarombodet, Statens institutt for forbruksforsking, Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet, Stiftelsen Miljømerking og forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid.

Forbrukarrådet er den største og mest vidfamnande reiskapen for å oppfylle måla for forbrukarpolitikken. Formålet til Forbrukarrådet er å arbeide for auka forbrukarinnverknad i samfunnet, medverke til ei forbrukarvennleg utvikling og fremme tiltak som kan betre stillinga til forbrukarane.

Forbrukarombodet har som hovudoppgåve å føre tilsyn med at marknadsføringa og avtalevilkåra til næringsdrivande er i samsvar med marknadsføringslova.

Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har som formål å drive forsking, utgreiing og testverksemd ut frå omsynet til forbrukarane. Instituttet medverkar med forskingsbasert kunnskap til styresmakter, politikarar, næringsliv, organisasjonar og forbrukarar.

Forbrukartvistutvalet (FTU) avgjer mellom anna klagesaker i samband med forbrukarkjøp og handverkartenester når handsaminga til Forbrukarrådet ikkje fører fram.

Marknadsrådet (MR) avgjer mellom anna saker etter marknadsføringslova når forhandlingar mellom Forbrukarombodet og næringsdrivande ikkje fører fram.

Stiftelsen Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svana, den fellesnordiske ordninga for positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er i tillegg ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel).

Mål

For 2013 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

7: Ei sterk stilling for forbrukarane

7.1: Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane

7.2: God og effektiv sakshandsaming av tvistar på forbrukarområdet

7.3: Informerte og opplyste forbrukarar

7.4: Godt kunnskapsgrunnlag for forbrukarpolitikken

8: Eit etisk og miljøforsvarleg forbruk

8.1: Medvit og informasjon om etiske og miljømessige konsekvensar av forbruksval

Resultatrapport og strategiar

Delmål 7.1: Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane

Resultatrapport 2011/2012

7.1. Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane

EU-kommisjonen la i 2008 fram eit forslag til eit nytt direktiv om forbrukarrettar. Forslaget viste seg å vere kontroversielt. Det blei mellom anna kritisert for å setje eit for lågt nivå på forbrukarvernet. Forslaget tok sikte på å erstatte dei gjeldande direktiva om fjernsal, dørsal, forbrukarkjøp og urimelege avtalevilkår. Forslaget la opp til totalharmonisering av lovgivinga, det vil seie at EØS-landa nasjonalt ikkje kan ha andre reglar enn direktivet innanfor områda dette gjeld for.

I 2010 og 2011 blei det frå norsk side arbeidd med å sikre at direktivet ikkje skulle føre til at norske forbrukarrettar blir svekte.

Direktivet blei vedteke som Europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/83/EU om forbrukarrettar 25. oktober 2011. Som følgje av forhandlingar mellom Rådet og Parlamentet har direktivet eit vesentleg mindre verkeområde enn det opphavlege forslaget frå EU-kommisjonen la opp til. Dette er positivt sett frå ein norsk ståstad, fordi ein kan behalde større delar av norsk regelverk.

Kjøp av deltidsbruksrett, såkalla timeshare, og ulike former for ferieklubbar har vore eit vanskeleg område for europeiske forbrukarar. I 2009 blei det vedteke eit nytt timeshare-direktiv i EU (direktiv 2008/122/EF) som styrkjer forbrukarrettane. Direktivet gir eins reglar i alle EU- og EØS-landa. Medan det gamle direktivet berre gjaldt timeshareavtaler for meir enn tre år, omfattar det nye òg timeshareavtaler for mindre enn tre år, langtidsferieprodukt (såkalla ferieklubbar mv.), vidaresal og byte av timeshareprodukt. Seljarane får òg utvida plikt til å gi informasjon, og det skal nyttast standardskjema for å oppfylle opplysingskrava overfor forbrukarane. Angrefristen blir utvida frå 10 til 14 dagar.

Etter at saka var på høyring i 2011, fremma regjeringa i januar 2012 eit lovforslag for å gjennomføre direktivet i Noreg, jf. Prop. 57 L (2011–2012) Lov om avtaler om deltidsbruksrett og langtidsferieprodukter mv . Forslaget blei vedteke av Stortinget i mai 2012. Den nye lova tok til å gjelde 1. juli 2012. Lova erstattar tidspartlova frå 1997.

Ei arbeidsgruppe med representantar frå Justis- og beredskapsdepartementet, Finansdepartementet, Arbeidsdepartementet og BLD vurderte i 2011 om det er mogleg å etablere standardiserte livsopphaldssatsar for både gjeldsordning og utleggstrekk. Rapporten til arbeidsgruppa blei send på høyring i desember 2011. I denne blir det mellom anna føreslått å etablere nye standardiserte satsar for vaksne som svarer til dei gjeldande satsane for midlar til eige underhald som inngår i vurderinga av om ein person har evne til å betale barnebidrag.

Tal frå inkassobransjen tyder på at unge vaksne i aukande grad er råka av økonomiske problem. BLD gjennomførte i 2011 ei kartlegging saman med Forbrukarombodet, Forbrukarrådet og SIFO av årsakene til betalingsproblem blant unge vaksne i alderen 18–25 år. Kartlegginga viste mellom anna at unge blir møtte av overveldande mengder kommersielle bodskap, at det er raskt og enkelt å få kreditt, og at unge forstår lite av breva frå inkassoselskapa. Resultata blei presenterte på konferansen Kjøp nå – betal senere i november 2011. Både representantar for finansnæringa, forskarar og andre samfunnsaktørar deltok og diskuterte tiltak som kan motverke at betalingsproblem utviklar seg til alvorlege gjeldsproblem.

Ei ny marknadsføringslov blei sett i kraft 1. juni 2009. Prisforskriftene som hadde heimel i den tidlegare marknadsføringslova, er no under revisjon. Eit utkast til ei ny, samla forskrift blei sendt på høyring i 2011. Den nye forskrifta skal medverke til meir fungerande marknader og gi forbrukarane betre prisinformasjon. Etter utkastet vil næringsdrivande mellom anna få plikt til å leggje ut prislister på heimesidene sine.

Reglane i marknadsføringslova om telefonsal skal evaluerast i perioden fram til 2014. Formålet er å finne ut om reglane gir forbrukarane godt nok vern mot uønskt telefonsal. Som eit ledd i evalueringa gjennomførte SIFO våren 2011 ei spørjeundersøking blant forbrukarane om telefonsal. Undersøkinga viste at det er stor misnøye med telefonsal, både frå kommersielle aktørar og frivillige organisasjonar.

For å få til gode og balanserte standardar er det viktig med forbrukarinnverknad i standardiseringsarbeid. Samarbeidet mellom Forbrukarrådet, Standard Norge og BLD om eit fagråd og eit forbrukarsekretariat i Standard Norge, blei ført vidare i 2011. Dette medverkar til at forbrukarrepresentantar deltek i fleire nasjonale og internasjonale standardiseringsprosjekt.

Strategiar og tiltak for 2013

Pakkereiselova frå 1995 byggjer på pakkereisedirektivet til EU frå 1990. Sidan da har det skjedd store endringar på reisemarknaden. Forbrukarane plukkar mellom anna sjølve ut reiseelementa ved bestilling på Internett. EU-kommisjonen har i fleire år arbeidd med forslag til eit nytt og oppdatert pakkereisedirektiv. Det er varsla at forslaget vil bli lagt fram tidleg i 2013. BLD vil følgje opp saka.

Marknadsføringslova skal mellom anna verne forbrukarane mot uønskt telefonsal. Som ein del av evalueringa fram til 2014 av om reglane i marknadsføringslova om telefonsal og reservasjonsordninga fungerer tilfredsstillande (sjå nærmare omtale i rapportdelen), har BLD lagt opp til at det i 2013 skal gjennomførast undersøkingar blant forbrukarane og aktørar som driv med slikt sal. SIFO vil hjelpe BLD i dette arbeidet.

EU-kommisjonen la i oktober 2011 fram eit forslag til forordning om ei felles europeisk salslov (ESL). Forslaget byggjer på at det skal vere frivillig for partane å velje ESL. I utgangspunktet vil ESL berre gjelde grensekryssande kontraktar, det vil seie at kjøparen og seljaren er knytte til ulike EØS-land. Kommisjonen føreslår at ESL skal gjelde både når kjøparen er forbrukar, og når kjøparen er ei lita eller mellomstor bedrift. ESL skal etter forslaget kunne nyttast ved avtaler om kjøp av ting, levering av digitale ytingar og tenesteavtaler knytte til desse to kontraktstypane. Justis- og beredskapsdepartementet er hovudansvarleg for å følgje opp saka. Oppfølginga av dei delane av forslaget som er relevante for forbrukarane, skjer i samarbeid med BLD.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/83/EU om forbrukarrettar (sjå òg omtale under rapportdelen) omfattar reglar om informasjonskrav ved forbrukarkontraktar, opplysingsplikt og angrerett ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad, regulering av risikoovergangen i forbrukarkjøp og enkelte andre forbrukarrettar. Sjølv om direktivet byggjer på totalharmonisering, er det høve til å gi avvikande reglar der direktivet uttrykkeleg seier det. Direktivet vil venteleg bli teke inn i EØS-avtala hausten 2012, med atterhald om samtykke frå Stortinget. I så fall må Noreg endre fleire lover, mellom anna angrerettlova. Oppfølginga skjer i samarbeid mellom BLD og Justis- og beredskapsdepartementet.

Gjeldsordningslova skal hjelpe personar med alvorlege gjeldsproblem å få tilbake kontrollen med økonomien. Saksmengda etter gjeldsordningslova har auka sterkt dei seinaste åra. Aldri har det vore opna fleire gjeldsordningssaker enn i 2011. Talet på inkassosaker og betalingsmerknadar hos unge vaksne har òg auka dei seinare åra.

Departementet vil i 2013 arbeide vidare med ei rekkje forslag som blei sende på høyring i 2008, og dessutan dei nyare forslaga som var på høyring vinteren 2011/2012. Dette gjeld mellom anna forslaget om å samordne livsopphaldssatsane for dei som har gjeldsordning, og dei som har lønnstrekk (sjå òg omtale under rapportdelen). Satsane har innverknad på kor mykje skyldnarane får behalde til eige underhald. Departementet vil òg vurdere om det skal opnast for at personar busette utanfor Noreg, skal kunne søkje om gjeldsordning frå landet dei bur i.

BLD vil i 2013 arbeide vidare med førebyggjande tiltak for å hindre at unge vaksne skal få betalingsproblem. Blant tiltaka som er aktuelle, er styrkt undervising i skolen og etablering av eit gjeldsregister (sjå òg omtale under rapportdelen).

Arbeidet med å utforme nasjonale og internasjonale standardar er ope for alle interessentar som ønskjer å delta. Næringslivet er ofte sterkt representert. Det er viktig å leggje til rette for at òg forbrukarinteressene blir varetekne i arbeidet, slik at det bli laga gode og balanserte standardar.

Forbrukarsekretariatet i Standard Norge skal stimulere til forbrukardeltaking i standardiseringsarbeidet. Sekretariatet er oppretta gjennom eit samarbeid mellom BLD, Forbrukarrådet og Standard Norge. Sekretariatet har ei viktig rolle i opplæring og rettleiing for deltakarar i standardiseringsverksemd. Sekretariatet vil bli ført vidare i 2013.

Departementet gir eit tilskot til reisestønad til forbrukarrepresentantar i ulike standardiseringsprosjekt. Formålet med ordninga er å stimulere til auka forbrukardeltaking i standardiseringsprosjekt. Reisestønad kan tildelast etter kriterium som er fastsette av Fagrådet for forbrukersaker i Standard Norge, der BLD, Forbrukarrådet, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og Standard Norge deltek.

Delmål 7.2: God og effektiv sakshandsaming av tvistar på forbrukarområdet

Resultatrapport 2011/2012

Forbrukarrådet fekk i 2011 inn 5 200 klagesaker frå forbrukarar som var misnøgde med varer eller tenester dei hadde kjøpt. 75 prosent av desse sakene blei løyste av Forbrukarrådet. I snitt var handsamingstida for klagesakene på 105 dagar i fjerde kvartal 2011, mot 112 dagar i fjerde kvartal 2010. Nedgangen kan ha samanheng med at Forbrukarrådet i 2011 tok i bruk eit nytt saks- og arkivsystem, og med at interne arbeidsprosessar blei endra. På grunn av overgangen til det nye saks- og arkivsystemet finst det ikkje samanliknbare tal for heile 2011 og 2010.

Det kom i 2011 inn 1 302 saker til Forbrukartvistutvalet (FTU), mot 1 214 i 2010. Sakene hadde i snitt ei handsamingstid på 84 dagar, mot 110 dagar i 2010. Målet om ei gjennomsnittleg handsamingstid på under seks månader blei dermed oppfylt.

Til Marknadsrådet kom det inn 19 saker, mot 24 i 2010. Marknadsrådet gjorde vedtak i 12 saker. Sakene hadde i snitt ei handsamingstid på 34 dagar, og målet om ei gjennomsnittleg handsamingstid på under tre og ein halv månad blei dermed oppfylt.

For å gjere det enklare å klage på kjøp i andre EU- eller EØS-land, har EU-kommisjonen i samarbeid med nasjonale forbrukarorganisasjonar etablert eit nettverk av forbrukarkontor (EEC Net) i dei fleste europeiske landa. Kontoret i Noreg (Forbrukar Europa) er lokalisert saman med Forbrukarrådet. Forbrukar Europa registrerte 1 982 førespurnader i 2011. Av desse kom 1 451 frå forbrukarar som ønskte hjelp i samband med klage. Resten (531) kom frå forbrukarar som ønskte informasjon. Dei fleste førespurnadene kom frå nordmenn. Frå 2010 til 2011 var auken i talet på førespurnader til Forbrukar Europa på 7,4 prosent.

Utgreiinga frå utvalet som la fram NOU 2010: 11 Nemndsbehandling av forbrukertvister (om utanrettsleg tvisteløysning), var ute på høyring våren 2011.

Strategiar og tiltak for 2013

Det er eit viktig forbrukarpolitisk mål å gi forbrukarane tilgang til effektiv og rimeleg tvisteløysing. Forbrukarsaker handlar ofte om mindre beløp, og domstolshandsaming kan derfor vere uforholdsmessig kostbart og ressurskrevjande. Norske forbrukarar handlar mykje i andre europeiske land, både ved netthandel og på reise. For tvistar der forbrukarane og den næringsdrivande held til i kvart sitt land, er det òg viktig å leggje til rette for utanrettsleg tvisteløysing.

EU-kommisjonen vedtok hausten 2011 forslag til eit nytt regelverk om alternativ tvisteløysing. Formålet er at alle land skal sørgje for at det finst tilbod om tvisteløysing ved kjøp av alle typar varer og tenester. Regelverket set minimumskrav til mellom anna kvaliteten på tvisteløysingsorgana. I tillegg skal EU-kommisjonen lage ei nettbasert ordning for løysing av tvistar over landegrensene, slik at til dømes ein forbrukar i Noreg kan bruke denne ordninga til å få sendt ei klage til rett tvisteløysingsorgan i Tyskland. Forslaga, som BLD har hatt ute på høyring, er til handsaming i EU og kan bli vedtekne i løpet av 2012. Noreg og dei andre EFTA-landa kom våren 2012 med eit innspel for å sikre at det som blir vedteke, blir mest mogleg i samsvar med norske interesser.

BLD vil i 2013 vurdere forslag til eventuelle endringar i regelverket med formål å få til eit heilskapeleg og oppdatert system for løysing av forbrukartvistar. Arbeidet vil vere ei oppfølging av tiltaka som blei føreslått i NOU 2010: 11 Nemndsbehandling av forbrukertvister, og samstundes sjå på dei nye EU-reglane om alternativ tvisteløysing dersom dei blir tekne inn i EØS-avtala.

BLD vil i tillegg følgje opp rekommandasjonen frå EU-kommisjonen om eit einskapleg system for klassifisering, rapportering og registrering av forbrukarklager. Kommisjonen ønskjer at systemet skal takast i bruk av organ som handsamar forbrukarklager. Det er mellom anna eit mål at systemet skal nyttast i samband med resultattavlene til EU-kommisjonen (Consumer Markets Scoreboard).

EU-kommisjonen arbeider òg med å greie ut kollektiv tvisteløysing, til dømes gruppesøksmål. Noreg sende i 2011 eit innspel til EU-kommisjonen. Her blei det mellom anna gitt informasjon om den norske tvistelova, som opnar for gruppesøksmål. EU-kommisjonen vil venteleg presentere hovudprinsippa som skal gjelde for kollektiv tvisteløysing, og skissere vegen vidare ein gong i 2012 eller 2013. BLD vil i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet følgje opp vidare initiativ frå EU på dette området i 2013.

Viktige mål for Forbrukartvistutvalet (FTU) er at tilbodet om ei kostnadsfri og forenkla tvisteløysing er allment kjent, at sakshandsaminga er rask og god, og at sentrale prinsipp om rettstryggleik blir tekne vare på. Sakene skal ha ei gjennomsnittleg handsamingstid på under fem månader, rekna frå sakene kjem inn til sekretariatet for FTU. Ein grunnleggjande føresetnad for funksjonen til FTU som konfliktløysar og førebyggjande organ er at utvalet har tillit, og at organet blir oppfatta som uavhengig og nøytralt.

I saker for Marknadsrådet som gjeld klage på marknadsføring etter marknadsføringslova, er målet ei gjennomsnittleg handsamingstid på under tre og ein halv månad, rekna frå sakene kjem inn til sekretariatet for rådet. For saker som gjeld alkohol- og tobakksreklame, er det ikkje fastsett noko mål for handsamingstida. Sakene om alkoholreklame som har vore oppe hittil, har vore store og hatt omfattande innlegg frå begge sider. Ein må derfor rekne med noko lengre handsamingstid for desse.

Delmål 7.3: Informerte og opplyste forbrukarar

Resultatrapport 2011/2012

Forbrukarrådet hadde i 2011 omfattande kontakt med forbrukarane gjennom om lag 75 000 telefonsamtalar, 28 200 e-postar og 3,3 millionar besøk på forbrukarportalen ( forbrukerrådet.no ). Mange nytta òg den nettbaserte klagerettleiinga som finst på portalen. Forbrukarrådet venta på førehand å få om lag 120 000 telefonsamtalar og e-postar og om lag 3 millionar besøk på nettsidane. Utviklinga har i dei seinare åra gått i retning av at stadig fleire nyttar e-post og Internett i kontakten med Forbrukarrådet. Færre nyttar telefon.

Det har i dei seinare åra vore små endringar i kva forbrukarane vender seg til Forbrukarrådet om. Forbrukarrådet får framleis flest spørsmål knytte til kjøp av bil, husleige, handverkartenester og elektronikk.

I ei brukarundersøking i 3. kvartal 2011 svarte 80 prosent at dei hadde eit godt eller svært godt totalinntrykk av telefontenesta til Forbrukarrådet. 63 prosent svarte det same om e-posttenesta. Resultata låg klart over måla for desse tenestene, som var på høvesvis 75 og 60 prosent. Svært få svarte at dei var misnøgde med hjelpa dei fekk frå Forbrukarrådet.

Finansportalen ( finansportalen.no ) lanserte våren 2011 ei samanlikningsteneste for bil-, hus-, innbu- og reiseforsikring. Ved slutten av året hadde ti forsikringsselskap integrert seg i løysinga, slik at denne dekte over 90 prosent av marknaden for skadeforsikringar.

Trafikken på Finansportalen auka i 2011 samanlikna med dei føregåande åra. Om lag 707 000 besøkte portalen, mot 541 000 i 2010 og 694 000 i 2009. I snitt var trafikken 14,5 prosent høgare i 2011 enn i 2010 og 2009. Dette er i tråd med målet som var sett på førehand om at talet på besøkande skulle vise ein stigande tendens og liggje høgare enn snittet for dei føregåande åra. Sidan oppstarten i 2008 har snittala for unike besøkande per veke auka frå 9 220 til 11 160.

Sidan lanseringa har prissamanlikningstenesta Sende Pengar Heim (SPH) hatt 67 777 sideoppslag med god gjennomsnittleg besøkstid. Målgruppa til tenesta er dei 365 000 innvandrarane som jamleg sender pengar heim til opphavslandet. I 2011 fekk tenesta ein tilvekst på sju leverandørar. SPH-tenesta omfattar totalt 26 land og 14 leverandørar. I januar 2012 blei tenesta sertifisert av Verdsbanken. Sertifiseringa inneber at portalen oppfyller krav om at opplysingane om gebyr, vekslingskursar og overføringstider skal vere lette å forstå og mest mogleg oppdaterte.

Forbrukarrådet gjennomførte i 2011 fleire informasjonskampanjar retta mot forbrukarane. Størst merksemd fekk truleg hormonsjekk-kampanjen. Som ein del av kampanjen lanserte Forbrukarrådet ein applikasjon for smarttelefon som forbrukarane kan nytte til å få informasjon om stoff i kosmetikk- og kroppspleieprodukt som kan verke hormonforstyrrande. Ved inngangen til 2012 hadde over 100 000 lasta ned applikasjonen. Ved hjelp av applikasjonen var det gjort over ein million produktskanningar. Tala for nedlastingar og produktskanningar viser at det blant forbrukarane er stor interesse for informasjon om stoff som kan verke hormonforstyrrande.

I tråd med regjeringa sitt mål om å medverke til å vidareutvikle nøytrale informasjonsløysingar på Internett, er det laga ei utgreiing om ein mogleg informasjonsportal for kjøp av handverkartenester på fast eigedom. Det er ikkje teke stilling til iverksetjinga.

BLD vidareførte i 2011 arbeidet med å styrkje undervisinga i forbrukaremne, slik at elevane skal få betre grunnleggjande føresetnader for å meistre forbrukarrolla, anten det gjeld spørsmål om berekraft, reklame, digitale medium, personleg økonomi eller generelle forbrukarrettar og -plikter.

BLD etablerte ei rådgivande gruppe for arbeidet med forbrukarundervising. Viktige oppgåver for gruppa er å gi råd om tiltak og verkemiddel og identifisere samarbeidspartnarar som kan vere med på å styrkje arbeidet med forbrukaremne i lærarutdanninga og i skolen.

I samarbeid med Høgskolen i Buskerud gjennomførte BLD i 2011 ein studie av forbrukarkompetansen til elevane ved starten på det første året i den vidaregåande skolen. Studien bygde vidare på undersøkingar frå 1990-åra om både generell forbrukarkompetanse og digital kompetanse. Viktige konklusjonar frå studien er at kunnskapane om bruk av IKT-verktøy har auka dei siste åra, og at det ikkje lenger er klare forskjellar mellom kunnskapane til gutar og jenter om personleg økonomi og forbrukarrettar. Særleg innanfor dei to siste områda er kunnskapane framleis ikkje gode nok. Funn av denne typen er viktige med tanke på kva slags tiltak som bør setjast i verk innanfor forbrukarundervisinga.

Strategiar og tiltak for 2013

Informasjon er eit av dei viktigaste verkemidla i forbrukarpolitikken. Forbrukarane skal ha god og tilstrekkeleg informasjon om vare- og tenestetilbodet, og dei skal ha kunnskap om rettane og pliktene sine. Informasjon fremmar forbrukarmakt og gjer det mogleg for forbrukarane å ta velinformerte og medvitne val. For det offentlege forbrukarapparatet er det viktig å medverke til at forbrukarane får slik informasjon.

Tenestene til Forbrukarrådet er det viktigaste bidraget til den offentlege forbrukarinformasjonen. Dagleg møter Forbrukarrådet forbrukarar gjennom ulike kanalar: Forbrukarportalen ( forbrukerrådet.no ), Finansportalen ( finansportalen.no ), Forbrukar Europa ( forbrukereuropa.no ), Forbrukartelefonen 03737, e-post, klagenemnder, skriftleg kontakt, besøk på regionkontora og gjennom nærvære i media. I 2013 ventar Forbrukarrådet å ha individuell kontakt med om lag 105 000 forbrukarar gjennom e-post og Forbrukartelefonen. Forbrukarrådet ventar òg å få om lag tre millionar unike besøk på nettsidene sine og om lag 10 000 mediesaker. Regionkontora vil spele ei viktig rolle i arbeidet med å informere forbrukarane om gjeldande rett og om viktige forbrukarpolitiske saker. Forbrukarrådet tek i 2013 sikte på å gjennomføre fleire informasjonskampanjar retta mot forbrukarane om aktuelle forbrukarspørsmål.

Gode kunnskapar om forbrukarrett blant seljarar kan sikre forbrukarane betre informasjon både før og etter kjøp og medverke til raskare klagehandsaming. I tråd med dette vil Forbrukarrådet vidareføre samarbeidet med næringsliv og bransjeorganisasjonar for å informere om rettane til forbrukarane.

Undersøkingar gjennom mange år har vist at brukarane er godt nøgde med tenestene til Forbrukarrådet. Målet for 2013 er at Forbrukarrådet skal ha like mange nøgde brukarar som tidlegare.

Soria Moria II-erklæringa legg til grunn at trygge, velinformerte og aktive forbrukarar er viktig for godt fungerande marknader. Regjeringa vil i tråd med dette medverke til å vidareutvikle nøytrale informasjonskanalar på Internett. Det er i 2013 særleg aktuelt å sjå nærmare på om det er mogleg å utvikle ein daglegvareportal.

Regjeringa arbeider for at fleire forbrukarar skal inngå skriftlege kontraktar når dei kjøper handverkstenester. BLD har sidan 2009 kjøpt fri standardkontraktane til Standard Norge for handverkstenester på bustader, slik at desse er blitt gratis og lettare tilgjengelege. Frikjøpet skal medverke til å redusere talet på tvistar mellom forbrukarar og handverkarar/entreprenørar, redusere førekomsten av svart arbeid i byggebransjen, auke tryggleiken for forbrukarane og medverke til å auke tilliten til byggbransjen. Frikjøpet av standardkontraktane vil bli ført vidare i 2013.

Merkeordningar er eit stadig meir brukt verkemiddel for å kommunisere enkle bodskap til forbrukarane. Ei undersøking frå SIFO viser at forbrukarar flest er tilfredse med merkeordningane på den norske marknaden. Samstundes viser undersøkinga at det er eit klart behov for betre informasjon om kva dei ulike merka tyder.

Forbrukarrådet har på oppdrag frå BLD og Helse- og omsorgsdepartementet sett i gang eit prosjekt om korleis forbrukarane kan få betre rettleiing om offentlege merke som blir nytta på norske forbruksvarer. Målet er å gi objektiv informasjon om dei enkelte merka. Det blir lagt særleg vekt på nettbaserte informasjonsløysingar og ein god dialog med varehandelen for å betre informasjonen på utsalsstadene.

Det er eit forbrukarpolitisk mål å styrkje undervisinga i forbrukaremne i skolen. Forbrukaremna er tverrfaglege og skal gi elevane kunnskapar om berekraftig forbruk, digitale medium og generelt om forbrukarrettar og -plikter. For å motverke at unge skal få alvorlege gjeldsproblemer vil departementet i 2013 leggje særleg vekt på tiltak som kan heve kunnskapen og forståinga om personleg økonomi hos unge forbrukarar. Undervisning i forbrukaremne skal gjera elevane i stand til å opptre som sjølvstendige og kritiske forbrukarar. Det er òg viktig å skape sunne og kritiske haldningar til reklame, slik at unge kan stå imot reklame som spelar på kjønnsroller og urealistiske kroppsideal. Målgruppene for arbeidet er elevar, lærarstudentar og undervisarar.

Delmål 7.4: Godt kunnskapsgrunnlag for forbrukarpolitikken

Resultatrapport 2011/2012

Innanfor fagområda til SIFO blei det i 2011 sett i gang 10 nye prosjekt med ekstern finansiering. Det blei publisert 20 tidskriftsartiklar og 10 bokartiklar.

Fleire prosjekt på SIFO var i 2011 retta inn mot å dekkje langsiktige behov hos ulike styresmakter og forbrukarorganisasjonar. Instituttet arbeidde mellom anna med å vidareutvikle kvaliteten på og nytteverdien av referansebudsjettet (tidlegare standardbudsjettet) for forbruksutgifter. Referansebudsjettet blir mellom anna ofte nytta ved fastsetjing av bidragssatsar og av finansnæringa ved handsaming av lånesøknader. I 2011 blei det på oppdrag frå Husbanken arbeidd med å tilpasse referansebudsjettet til søkjarar av startlån.

Deltaking i og leiing av ulike internasjonale prosjekt har lenge vore eit satsingsområde for SIFO. I 2011 blei mellom anna det toårige EU-prosjektet Obesity Governance, som SIFO hadde koordineringsansvar for, avslutta. I dette prosjektet studerte ein public private partnerships , ein ny type regulering basert på samarbeid mellom privat og offentleg sektor for å førebyggje overvekt. Studien viste at mange europeiske land prøver å motverke overvekt gjennom informasjonskampanjar og merkeordningar, og at overvekt da mest blir eit individuelt problem. Eitt funn er at denne typen regulering som oftast baserer seg på tiltak som kan ramme skeivt og auke sosiale ulikskapar.

Delen prosjekt med ekstern finansiering var i 2011 på 47 prosent, mot 41 prosent i 2010. For perioden 2012 til 2017 har SIFO som mål at 50 prosent av inntektene skal kome frå eksterne prosjekt.

Prosjekt finansierte av Forskingsrådet, utgjorde 30,5 prosent av totalbudsjettet, eller 63,5 prosent om ein ser bort frå basisløyvinga frå departementet. Dette er om lag det same som i 2010. Delen av prosjekta som var finansiert frå forskingsprogrammet til EU, var på 5,6 prosent, eller 11,8 prosent om ein ser bort frå basisløyvinga. Dette er klart høgare enn i 2010.

I tillegg til å drive med forsking skal SIFO etter vedtektene òg ha ei aktiv rolle i å gjere forskingsresultata kjende. I tråd med dette dreiv SIFO i 2011 med omfattande formidling av forskingsresultat gjennom foredrag, populærvitskaplege artiklar, kronikkar og ymse medieomtale. Instituttet deltok òg i og arrangerte seminar og konferansar om ulike forbrukartema. SIFO la gjennom dette grunnlag for at forskingsresultata kan kome til nytte som kunnskapsgrunnlag for forbrukarpolitiske prioriteringar og tiltak.

Ut frå felles kunnskapsbehov samarbeider BLD, Forbrukarrådet, Forbrukarombodet og SIFO om å utvikle og gjennomføre undersøkingar med eit forbrukarpolitisk perspektiv. I 2011 blei det mellom anna publisert to studiar om bustadomsetnaden. Den eine studien fortel at særleg bustadkjøparar i stor grad kjenner seg usikre, at avgjerder om bustadkjøp ofte må fattast under tidspress – og iblant på grunnlag av mangelfull informasjon, og at det finst ein del uklare rolleoppfatningar av for eksempel rolla til meklaren og banken. Den andre studien fortel mellom anna at bustadkjøparar ofte har ei urealistisk oppfatning av ansvaret til meklaren ved for eksempel feil eller manglar knytte til bustaden.

Med utgangspunkt i desse studiane og ein etterfølgjande dialog mellom Forbrukarrådet, Forbrukarombodet og organisasjonane for takstfolk, eigedomsmeklarar og eigedomsadvokatar blei det i 2011 formulert ein del punkt å arbeide vidare med for å leggje tilhøva betre til rette for forbrukarane på bustadmarknaden. Etter eit møte i november med barne-, likestillings- og inkluderingsministeren, har Forbrukerrådet ført dialog med dei nemnde bransjeorganisasjonane om tiltak for å få til ein tryggare og enklare bustadomsetnad. Resultatet av dialogen skal føreliggje hausten 2012.

EU-kommisjonen har dei seinare åra lagt stor vekt på å undersøkje og dokumentere tilhøva for forbrukarane i den indre marknaden i EU. Ei brei spørjeundersøking (Consumer Markets Scoreboard) som målte kor nøgde forbrukarane er med 50 ulike vare- og tenestemarknader, blei gjennomført i alle medlemslanda og i Noreg i 2010. Undersøkinga viste at forbrukarane var minst nøgde med finansielle tenester, eigedomsmeklartenester og teletenester. Resultata for bransjane som skåra lågt, stemmer godt med klagesaksstatistikken til dei norske forbrukarstyresmaktene.

Ei anna europeisk undersøking, som blei publisert våren 2011, kartla kunnskapane, sjølvtilliten og åtferda til forbrukarane, summert opp i omgrepet consumer empowerment . Her viste det seg at norske forbrukarar skåra best i Europa på ei rekkje variablar om kunnskapar og dugleik. Norske forbrukarar er likevel ikkje blant dei mest prismedvetne, og det synest òg som dei er blant dei som les kontraktsvilkår minst.

Strategiar og tiltak for 2013

Ein aktiv forbrukarpolitikk føreset god kunnskap om tilhøva til forbrukarane.

Forskinga og testverksemda til SIFO skal både vere fagleg relevant og ha høg kvalitet. Dette er dei viktigaste elementa i strategiplanen for instituttet som er vedteken i 2012 av styret til SIFO.

Dei prioriterte områda til SIFO er hushaldsøkonomi og gjeld, forholdet mellom forbruk og miljø, maktforhold i verdikjeda, moglegheiter for forbrukarpåverknad og forbrukarkultur. På området forbrukarkultur er mat, tekstil og informasjonsteknologi dei viktigaste temaa. Relevansen for forbrukarpolitikken og for kvardagslivet til forbrukarane og hushalda er sentrale omsyn ved val av satsingsområde. SIFO har som mål å vere eit av dei leiande forskingsinstitutta i Europa innanfor desse prioriterte områda. SIFO vil styrkje den internasjonale profilen sin og dei internasjonale nettverka sine i 2013.

Referansebudsjettet til SIFO (tidlegare standardbudsjettet) har i over tjue år vore til stor nytte for både styresmakter, frivillige organisasjonar og hushald. SIFO vil i 2013 prioritere arbeid med å sikre kontinuitet og kvalitet i arbeidet med dette budsjettet.

EU-kommisjonen gjennomfører systematisk undersøkingar av tilhøva for forbrukarane i den indre marknaden i EU, både breie samanlikningar mellom ulike vare- og tenesteområde, studiar i enkeltmarknader og kartlegging av kunnskapane og haldningane til forbrukarane. Desse undersøkingane er nyttige mellom anna fordi dei gjer det mogleg å samanlikne ulike land. Noreg deltek via rammeprogrammet for forbrukarpolitikk i dei fleste av desse undersøkingane, og norske forbrukarar skårar gjennomgåande høgt på kunnskapar og dugleik.

Det er eit mål både å dra nytte av kunnskapen som EU-kommisjonen skaffar fram på forbrukarområdet, og å supplere biletet med undersøkingar på nasjonalt nivå. BLD samarbeider med Forbrukarrådet, Forbrukarombodet og SIFO om å initiere og gjennomføre enkle undersøkingar av tilhøva for forbrukarane på ulike område, som – saman med undersøkingane til EU – kan tene som faktaunderlag for forbrukarpolitiske prioriteringar og tiltak. I tråd med demografiske utviklingstrekk, og mellom anna på bakgrunn av at ny teknologi pregar stadig fleire sider av kvardagen til forbrukarane, er det i 2013 aktuelt å sjå nærmare på kva spesielle utfordringar dei eldre opplever som forbrukarar.

Delmål 8.1: Medvit og informasjon om etiske og miljømessige konsekvensar av forbruksval

Resultatrapport 2011/2012

Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) oppdaterer og produserer ny informasjon om miljømerkte produkt som er enkle og trygge miljø- og klimaval i kvardagen. BLD gav i 2011 økonomisk støtte til Miljømerking for å vidareutvikle og styrkje dei offisielle miljømerka Svana og EU Ecolabel (miljømerket til EU). For å fremje gode miljøvanar hos nye generasjonar retta Miljømerking informasjonsarbeidet særleg mot barn og deira omgivnader.

Det blei i 2011 gitt ut 76 nye norske lisensar og registreringar for Svana innanfor ulike produktgrupper. I tillegg blei fleire lisensar og registreringar utvida med nye produkt. Sidan fleire lisensar og registreringar gjekk ut som følgje av reviderte og skjerpte kriterium, blei nettoauken i lisensar og registreringar 40. Ved utgangen av 2011 var det totalt 594 gyldige lisensar og registreringar i Noreg, mot 554 ved utgangen av 2010.

Krava til miljømerkte varer og tenester blir reviderte og skjerpte kvart tredje til femte år. I 2011 blei 9 kriteriedokument reviderte, mot 7 i 2010. Ved slutten av 2011 fanst det gyldige kravsdokument for totalt 62 produktgrupper, som omfatta om lag 200 produkttypar.

For å få til miljøforbetring av varer og tenester er det òg viktig at lisensar og registreringar som går ut, blir fornya etter skjerpte krav. I 2011 blei totalt 32 lisensar og registreringar fornya.

For 2011 hadde Miljømerking som mål at over 90 prosent av innbyggjarane skulle ha kjennskap til Svana. Ei undersøking synte at kjennskapen var på rundt 93 prosent. I ei tilsvarande undersøking i 2010 var kjennskapen på 95 prosent.

For miljømerket til EU er målet at kjennskapen på sikt skal auke til 30 prosent. Ei undersøking synte at kjennskapen var på rundt 9 prosent i 2011. I 2010 var kjennskapen på 11 prosent. Nedgangen kan ha samanheng med at merket fekk ny logo i 2010.

Ein visjon for Svana 2015 ble vedteken av dei nordiske miljøministrane i 2010. BLD deltok i 2011 i ei nordisk gruppe som følgjer opp tiltaka i visjonen. Arbeidet skal bidra til at Svana forsterkar sin posisjon som det mest relevante miljømerket i Norden, samstundes som det blir utvikla samspel med andre miljøinformasjonssystem.

BLD har gjennom ulike verkemiddel arbeidd for å auke kunnskapen om og forståinga for kva eit berekraftig forbruk inneber. Departementet ga i 2011 støtte til vidareutvikling av nettstaden gronnhverdag.no. Denne nettstaden skal vere eit hjelpemiddel til personar som ønskjer å velje produkt ut frå etiske og miljømessige eigenskapar. Departementet støtta òg det bransjeretta prosjektet Tekstilpanelet , som arbeider for at tekstilbransjen i større grad skal ta etikk- og miljøomsyn i produksjonsverksemda si.

Elektronikkbransjen fekk støtte til å gjennomføre ei undersøking av mengda småeletronikk som finst i heimane til forbrukarane, og av kva som skal til for å motivere folk til å kaste småelektronikk på rett måte. Undersøkinga vart presentert i oktober 2011 og peiker på at delen av batteriar og lyskjelder som ikkje vart leverte til resirkulering framleis er høg. Elektronikkbransjen er i gang med å mobilisera bransjen til å finna nye løysinger på problemet.

Høgskolen i Hedmark fekk i 2011 midlar frå BLD til å vere sekretariat for utdanningsprosjektet PERL (Partnership for Education and Research about Responsible Living). PERL er eit nettverk av lærarar og forskarar frå over 120 institusjonar i 50 land som arbeider med til å utvikle kompetanse og undervising om berekraftig forbruk, sosial innovasjon og ansvarleg levesett. Prosjektet har fått gode resultat i EU sine evalueringar. Nettverket arbeidde i 2011 særleg med å heve undervisingskompetansen for ansvarleg levesett og med å auke bruken av læremiddel om berekraftig forbruk i norske utdanningsinstitusjonar.

BLD gav i 2011 økonomisk tilskot til prosjektet Delta2Kelvin for å utvikle tre samiske nettsider til ein blogg om klima og miljø. Dette skal gjere det mogleg for samisk ungdom å blogge om klima- og miljøsaker på sitt eige skriftspråk. Dei samiske sidene skal lanserast hausten 2012. Bloggen er del av eit større prosjekt som mellom anna omfattar ein dramaserie for ungdom om miljøproblem og berekraftig forbruk .

BLD støtta i 2011 ForMat-prosjektet, som er retta inn mot å redusere matsvinnet i samfunnet med 25 prosent innan 2015. I Noreg blir det kvart år kasta over 300 000 tonn mat som kunne vore eten. Matsvinn er slik både eit etisk problem og eit problem for miljøet. Mesteparten av maten som blir kasta, kjem frå private hushald. ForMat-prosjektet blei starta i 2009 og initiert av NHO mat og drikke, daglegvarehandelen og næringsmiddelindustrien. Prosjektet har mellom anna lukkast i å utvikle ein metodikk for kartlegging av matsvinn på tvers av sektorar og varegrupper.

Forbrukarombodet fører tilsyn med korleis næringslivet brukar påstandar knytte til miljø og etikk i marknadsføringa si. Ombodet registrerte at næringsdrivande stadig legg vekt på etikk og miljø i profileringa av verksemdene sine.

Opplærings- og rådgivingstilbodet som er oppretta for offentlege verksemder som ønskjer å stille sosiale krav i samband med innkjøp, blei vidareført i 2011. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har ansvaret for å vidareutvikle kompetanse og verktøy på dette området. Det er utvikla konkrete verktøy som er tilgjengeleg på Difi sine nettsider.

Strategiar og tiltak for 2013

BLD vil arbeide for å skape større medvit om miljø- og klimakonsekvensar av forbruksval og av det samla private forbruket. Tiltak skal mellom anna medverke til å skape større engasjement i samfunnet om løysingar som fører til eit meir berekraftig forbruksmønster. Berekraftig forbruk omfattar både dei etiske, sosiale og miljømessige konsekvensane av vareproduksjon og forbruk.

Den nordiske Svana og miljømerket til EU (EU Ecolabel) er dei offisielle miljømerka i Noreg. Desse merkeordningane blir nytta til å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om produkt og tenester som er mellom dei minst miljøskadelege på marknaden Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) vil halde fram med å spreie informasjon om miljømerkte produkt og tenester som enkle miljøval i kvardagen, jf. kap. 862 post 70. Miljømerking har som mål at over 90 prosent av innbyggjarane skal ha kjennskap til Svana. For miljømerket til EU er målet at kjennskapen på sikt skal auke til 30 prosent.

For at forbrukarane skal få auka tilgang på etisk- og miljøansvarlege varer, må dei næringsdrivande finne det lønnsamt å produsere og investere berekraftig. Det er òg viktig at næringsdrivande gir forbrukarane betre innsyn i produksjonshistoria til produkta dei lagar. Openheit om heile verdikjeda til dei næringsdrivande er ein viktig føresetnad for at forbrukarane, ved medviten etterspurnad, skal kunne medverke til at næringsdrivande endrar produktsortiment og produksjonsmåtar. BLD vil støtte opp om enkelttiltak som bransjane sjølve set i verk for å auke engasjementet til næringslivet, og som medverkar til utvikling av fleire produkt som er tilverka etter høge etiske og miljørelaterte standardar.

Skolen er ein viktig arena for å skape forståing for etikk-, miljø-, ressurs- og klimaproblema og for å skape sunne haldningar til forbruk. Arbeidet med forbrukaremne i undervisinga tek opp tema knytte til dette.

I tillegg til informasjons- og haldningsarbeid for å endre forbruket i ei meir berekraftig retning er det behov for å utvikle kunnskap og metodar for å beskrive den samla miljøbelastinga frå det private forbruket på samfunnsnivå. Tidlegare anslag indikerer at effekten av betre teknologi og meir miljøtilpassa produkt, omtrent blir utlikna av auken i det materielle forbruket. Miljøbelastinga frå forbruket er derfor omtrent uendra. Eit mål er å bidra til å endra den samla miljøbelastinga frå forbruket.

Offentleg sektor har i kraft av å vere ein stor innkjøpar av varer og tenester, gode moglegheiter til å påverke marknaden. Derfor er det viktig å leggje til rette for at offentlege innkjøparar stiller miljømessige og sosiale krav i samband med innkjøpa sine.

Departementet arbeider for at offentlege verksemder skal kunne stille sosiale krav i innkjøp der det er relevant. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har det operasjonelle ansvaret for å utvikle verktøy, styrkje kompetansen og hjelpe offentlege innkjøparar som ønskjer å stille slike krav .

Nærmare om budsjettforslaget:

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

860

Forbrukarrådet

108 760

114 131

117 897

3,3

862

Positiv miljømerking

5 822

6 002

6 200

3,3

865

Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

12 741

13 848

14 385

3,9

866

Statens institutt for forbruksforsking

27 041

27 879

28 799

3,3

867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

7 410

7 913

8 199

3,6

868

Forbrukarombodet

23 160

21 927

23 703

8,1

Sum kategori 11.30

184 934

191 700

199 183

3,9

Inntekter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

3867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

10

3868

Forbrukarombodet

1 968

Sum kategori 11.30

1 978

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

01-23

Drift

39 292

39 028

39 473

1,1

50-59

Overføringer til andre statsrekneskapar

135 801

142 010

146 696

3,3

70-98

Overføringar til private

9 841

10 662

13 014

22,1

Sum kategori 11.30

184 934

191 700

199 183

3,9

Kap. 860 Forbrukarrådet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

50

Basisløyving

99 203

102 278

105 653

51

Marknadsportalar

9 557

11 853

12 244

Sum kap. 0860

108 760

114 131

117 897

Status for verksemda

Forbrukarrådet er ein uavhengig interesseorganisasjon som skal kvalifisere forbrukarane og påverke styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande til å opptre meir forbrukarvennleg enn dei elles ville gjort. I tillegg skal Forbrukarrådet gi bistand til forbrukarar som har fått problem i samband med at dei har kjøpt ei vare eller teneste, og som til dømes treng hjelp til å fremme ei klage.

Forbrukarrådet er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, eigne vedtekter og eit styre.

Dei ti regionkontora til Forbrukarrådet har ansvaret for lokale tenester til forbrukarane og har ein viktig funksjon som kontaktpunkt mot enkeltforbrukarar. Det forbrukarpolitiske arbeidet blir leidd frå hovudkontoret i Oslo.

Post 50 Basisløyving

Posten dekkjer lønnsutgifter til faste medarbeidarar, godtgjering til medlemmene av styret, utgifter til kontordrift og politiske aktivitetar og husleige i Forbrukarrådet. Vidare dekkjer løyvinga kostnader med å greie ut aktuelle problemstillingar som er viktige for forbrukarane, og kostnader med å bringe prinsipielle spørsmål inn for domstolane for å få avklara kva som er gjeldande forbrukarrett. Forbrukarrådet vil nytte 200 000 kroner til å dekkje utgifter til drifta av eit forbrukersekretariat i Standard Norge (nærmare omtalt under delmål 7.1). Løyvinga skal òg dekkje nasjonale utgifter i samband med deltakinga i European Consumer Centres -nettverket.

Som forvaltingsorgan med særskilde fullmakter er Forbrukarrådet gitt fritak frå det statlege bruttobudsjetteringsprinsippet, jf. Bevilgningsreglementet § 3, fjerde ledd. Tilsetjingstilhøva til dei tilsette er regulerte i tenestemannslova. Forbrukarrådet leverer årsrapport til departementet, jf. Bestemmelser om økonomistyring i staten § 1.5.1.

Departementet føreslår ei løyving på 105,7 mill. kroner.

Post 51 Marknadsportalar

Posten dekkjer kostnadene til ordinær drift og utvikling av Finansportalen og Tannhelseportalen.

Finansportalen, som blei opna i januar 2008, skal gjere det enklare for forbrukarane å samanlikne dei mange og ulike produkta som finst på marknadene for sparing, lån og forsikring, og medverke til betre konkurranse innanfor finansnæringa.

Etter førespurnad frå Helse- og omsorgsdepartementet har Forbrukarrådet teke på seg å etablere og drifte ein marknadsportal for tannhelsetenester. Tannhelseportalen, som skal lanserast i oktober 2012, skal gjere det enklare for forbrukarane å få oversikt over prisane på ulike tannhelsetenester.

Departementet føreslår ei løyving på 12,2 mill. kroner på posten.

Kap. 862 Positiv miljømerking

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

70

Driftstilskot til offentleg stiftelse for positiv miljømerking

5 822

6 002

6 200

Sum kap. 0862

5 822

6 002

6 200

Status for verksemda

Formålet med miljømerking er å stimulere til meir miljøtilpassa produktutvikling og mindre miljøbelastande forbruk. Dette skal ein oppnå gjennom å utvikle kriterium for miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt og rettleie forbrukarar og innkjøparar.

Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svana, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er òg ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel).

Miljømerking blir leidd av eit styre som består av representantar oppnemnde av BLD, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon, Virke (tidlegare Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon), LO, Forbrukarrådet, handelskjedene og miljøorganisasjonane.

Miljømerking fekk i 2011 om lag 5,8 mill. kroner i statleg driftsstøtte frå BLD. Av desse blei om lag 1,1 mill. kroner nytta til å dekkje kostnader som følgjer av rolla som ansvarleg organ i Noreg for EU Ecolabel. I tillegg fekk Miljømerking litt over 1 mill. kroner i støtte frå Miljøverndepartementet. Dei samla inntektene var på om lag 28,9 mill. kroner. Hovuddelen av desse var knytte til lisensiering av Svana.

Miljømerking hadde per 1. mars 2012 27 tilsette. Av desse var 19 kvinner.

Post 70 Driftstilskot til offentleg stiftelse for positiv miljømerking

Posten dekkjer tilskot til administrasjon av den nordiske miljømerkeordninga og utgifter som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU.

BLD føreslår ei løyving på 6,2 mill. kroner på posten.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

8 722

9 188

7 571

70

Tilskot

2 000

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk , kan overførast

4 019

4 660

4 814

Sum kap. 0865

12 741

13 848

14 385

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midlane på posten blir nytta til å finansiere prosjekt, utgreiingar og informasjonstiltak som har særleg relevans for forbrukarområdet. Posten er føreslått redusert med 2 mill. kroner, og desse midlane er føreslått overførte til ny post 70, sjå nærmare omtale nedanfor.

Posten skal finansiere utgiftene til arbeidet Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) skal utføre med sosiale og etiske krav i offentlege anskaffingar. Det er sett av 1 mill. kroner til dette området i 2013.

Midlar vil òg bli nytta til arbeidet med å styrkje undervisinga i forbrukaremne i skolen. Departementet har utvikla eit samarbeid med Høgskolen i Hedmark (HIHM), som leier ei rådgivande gruppe for arbeidet med forbrukarundervising. Departementet føreslår å setja av 150 000 kroner til dette tiltaket i 2013.

Departementet samarbeider med Forbrukarrådet om å greie ut og utvikle nøytrale informasjonskanalar på Internett. Departementet vil i 2013 setje av midlar til å greie ut ei løysing for informasjon om daglegvarar på nettet.

Løyvinga på posten vil dekkje utgifter til frikjøp av standardkontraktane frå Standard Online for handverkstenester på bustader.

Løyvinga vil òg bli nytta å finansiere nasjonale og internasjonale marknadsundersøkingar for å skaffe kunnskap om behova for tiltak som kan gjere marknaden tryggare og enklare for forbrukarane. Departementet samarbeider med SIFO, Forbrukarrådet og Forbrukarombodet om å utvikle og gjennomføre slike undersøkingar, og Noreg tek del i EU-kommisjonen sitt arbeid for å overvake og dokumentere situasjonen for forbrukarane. Posten dekkjer òg utgifter til ei stilling i EU-kommisjonen knytt til marknadsundersøkingar (Consumer Scoreboard etc.).

Departementet føreslår ei løyving på 7,6 mill. kroner.

Post 70 Tilskot

Midlane på posten vil bli nytta til tiltak og enkeltprosjekt som bidreg til å fremje måla for regjeringa sin forbrukarpolitikk. Posten er nyoppretta for å sørgje for korrekt postbruk. Posten er budsjettert med 2 mill. kroner, og midlane er føreslått flytta frå post 21.

Midlar vil bli brukte til å finansiere drifta av forbrukarsekretariatet i Standard Norge (nærmare omtalt i kategoriomtala). Departementet føreslår å setje av 500 000 kroner til dette arbeidet i 2013. Til samarbeidet med Skolemagasinet om formidling av forbrukaremne til lærarar føreslår departementet å setja av 300 000 kroner. Samarbeidet skal evaluerast i 2013.

Ut over dette vil midlane på bli nytta til å finansiere eksterne prosjekt etter søknad.

Målet med tilskotsordninga er å bidra til å stimulere interessa for forbrukarpolitiske problemstillingar og løysingar på aktuelle forbrukarpolitiske utfordringar. Ordninga skal leggje til rette for at frivillige og ideelle organisasjonar og andre aktørar kan supplere det offentlege forbrukarpolitiske arbeidet. Departementet vil òg kunne gi tilskot til næringslivet, særleg om det kan visast til medfinansiering frå næringslivet eller andre samarbeidspartnarar.

Krav som stillast for tildeling av tilskot er at tiltaket må ha relevante mål, skal ha ei klar tidsavgrensing og ein realistisk plan for gjennomføring og måloppnåing.

Midlane blir lyste ut på departementet si heimeside (www.bld.dep.no).

Departementet føreslår ei løyving på 2 mill. kroner.

Post 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

Posten skal dekkje kontingentkostnadene ved deltaking i Rammeprogrammet til EU for forbrukarpolitikk. Den nåverande programperioden løp til 2014. Storleiken på dei årlege bidraga til EU-kommisjonen varierar med den årlege aktiviteten under programmet og det endelege EØS-budsjettet, utviklinga i BNP, og svingingane i eurokursen.

Posten skal og dekkje departementet sin del av kontingentutgifta til IDABC/ISA-programmet (Telematic Interchange of Data), der Fornyings-, administrasjonsadministrasjons- og kyrkjedepartementet dekkjer 50 prosent av utgiftene, medan 10 andre departement dekkjer dei resterande 50 prosentane med like delar .

Departementet føreslår ei løyving på 4,8 mill. kroner.

Kap. 866 Statens institutt for forbruksforsking

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

50

Basisløyving

27 041

27 879

28 799

Sum kap. 0866

27 041

27 879

28 799

Status for verksemda

Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har til formål å drive forsking, utgreiing og testverksemd ut frå omsynet til forbrukarane si stilling og rolle i samfunnet. Instituttet medverkar med forskingsbasert kunnskap til styresmakter, politikarar, næringsliv, organisasjonar og forbrukarar.

SIFO er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, eigne vedtekter og eit styre. Drifta er finansiert med ei basisløyving over statsbudsjettet og med prosjektinntekter. Instituttet utfører prosjekt med finansiering frå statlege verksemder, Noregs forskingsråd, EU, næringslivet og ulike organisasjonar.

Driftsinntektene til SIFO var i 2011 på vel 50,8 mill. kroner, mot 45,8 mill. kroner i 2010. Av desse var 27,1 mill. kroner basisløyving frå BLD. Resten, 23,7 mill. kroner, var inntekter frå ulike eksterne oppdrag. I 2010 var basisløyvinga frå BLD på 26,5 mill. kroner og inntektene frå eksterne prosjektoppdrag på 19,3 mill. kroner.

I ei evaluering av SIFO som Forskingsrådet gjennomførte i 2006, blei det mellom anna konkludert med at det innan nokre år burde gjerast ei separat og inngåande vurdering av om laboratorieverksemda ved instituttet bør bestå.

BLD sette i 2011 i verk ei ekstern evaluering av testverksemda. Oppdraget blei gitt til Oxford Research. I rapporten deira, som kom i desember 2011, blei det konkludert med at ein anten bør søkje å overføre og integrere laboratoriet i ein annan organisasjon eller – om dette ikkje lèt seg gjere – leggje det ned. Departementet har, i dialog med styret til SIFO, initiert eit prosjekt som skal vurdere om utstyr og kompetanse eventuelt kan utnyttast innanfor ein ny modell, der testverksemda blir knytt til eksterne interessentar. Når dette prosjektet er avslutta, vil departementet, i samråd med styret, trekkje dei endelege konklusjonane.

Post 50 Basisløyving

Basisløyvinga omfattar fire hovudelement: løyving til grunnfinansiering av instituttet, løyving til forvaltingsrelaterte oppgåver, løyving til strategisk kompetanseutvikling og løyving til laboratorie- og testverksemda til instituttet.

Som forvaltingsorgan med særskilde fullmakter er SIFO gitt fritak frå det statlege bruttobudsjetteringsprinsippet, jf. Bevilgningsreglementet § 3, fjerde ledd. Tilsetjingstilhøva for dei tilsette er regulerte i lov om statens tenestemenn. SIFO leverer årsrapport til departementet, jf. Bestemmelser om økonomistyring i staten § 1.5.1.

Departementet føreslår ei løyving på 28,8 mill. kroner på posten.

Kap. 867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter

7 410

7 913

8 199

Sum kap. 0867

7 410

7 913

8 199

Status for verksemda

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet (FTU) og Marknadsrådet har i oppgåve å førebu saker som skal avgjerast i FTU og Marknadsrådet. Førebuinga av sakene for FTU legg beslag på størstedelen av ressursane.

Forbrukartvistutvalet, som består av ein leiar, tre nestleiarar og ti medlemmer, handsamar tvistar om forbrukarkjøp, handverkartenester og angrerett mellom næringsdrivande og forbrukar eller mellom private partar. Vedtaka er bindande for partane og får verknad som ein dom, med mindre saka blir bringa inn for tingretten. Ein tvist som forbrukaren ønskjer å bringe inn for FTU, må først ha vore handsama ved eit av regionkontora til Forbrukarrådet.

Marknadsrådet, som består av ein leiar, ein nestleiar og sju medlemmer med personlege vararepresentantar, handsamar hovudsakleg saker om marknadsføring som blir lagde fram gjennom Forbrukarombodet. I tillegg er Marknadsrådet klageinstans for saker om brot på merkeføresegnene i tobakkskadelova og reklameforbodet i denne lova og i alkohollova. Marknadsrådet er òg klageinstans for vedtak som Statens medieforvaltning har gjort i medhald av kringkastingslova § 3-1 tredje ledd om reklame for livssyn eller politiske bodskap.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til lønn for faste medarbeidarar og andre driftsutgifter ved Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet. Posten dekkjer òg godtgjersle og utgifter til medlemmene i Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet.

Departementet føreslår ei løyving på 8,2 mill. kroner på posten.

Kap. 3867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

16

Refusjon av foreldrepengar

9

18

Refusjon av sykepengar

1

Sum kap. 3867

10

Kap. 868 Forbrukarombodet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Driftsutgifter

23 160

21 927

23 703

Sum kap. 0868

23 160

21 927

23 703

Status og hovudoppgåver for verksemda

Hovudmålet til Forbrukarombodet er å redusere førekomsten av lovstridig marknadsføring og å betre vernet for forbrukarar i standardkontraktar.

Forbrukarombodet førar tilsyn med at marknadsføringa og avtalevilkåra til næringsdrivande er i samsvar med marknadsføringslova. Forbrukarombodet skal leggje vekt på å gjere verksemda kjend blant publikum og på å informere publikum og næringsdrivande om innhaldet i lova og om praksis.

Saker som Forbrukarombodet ikkje løyser gjennom frivillige ordningar, kan bringast inn for Marknadsrådet, som kan gjere forbodsvedtak mot aktuelle tiltak. Saman med forbodsvedtak skal det som hovudregel òg gjerast vedtak om tvangsmulkt som den næringsdrivande må betale dersom vedtaket ikkje blir følgt. I tillegg kan det etter marknadsføringslova gjerast vedtak om gebyr for lovbrot som allereie har skjedd.

Forbrukarombodet handhevar forskrifter om fibermerking og vedlikehaldsmerking av tekstilar og fører tilsyn med reglar gitte i medhald av kringkastingslova og reglane fastsett i kap. 3 i finansavtalelova. Forbrukarombodet er òg nasjonalt kontaktpunkt for e-handel etter e-handelslova. I tillegg har Forbrukarombodet ansvaret for å føre tilsyn med marknadsføring av alternativ behandling av sjukdom. Gjennom marknadsføringslova fører Forbrukarombodet også tilsyn med anna lovverk (til dømes angrerettlova og svartebørslova) som vernar forbrukarinteresser.

Forbrukarombodet arbeider for å betre vernet for unge forbrukarar i aldersgruppa 18–25 år. Ombodet jobbar i den samanhengen aktivt med å nå ut med informasjon til unge forbrukarar.

Vidare arbeider Forbrukarombodet internasjonalt for å betre forbrukarvernet. Ombodet tek del i eit system der tilsynsmakter i alle dei europeiske landa samarbeider i saker der det skjer ulovleg marknadsføring over landegrensene. I tillegg er Forbrukarombodet aktiv i arbeidet i OECDs forbrukarkomité og ICPEN (International Consumer Protection and Enforcement Network).

Resultatrapport og strategiar

Resultatrapport 2011/2012

Reduksjon av førekomsten av lovstridige marknadsføringsmetodar

Forbrukarombodet nytta i 2011 store ressursar på å redusere lovstridige marknadsføringsmetodar innanfor marknader som har stor økonomisk påverknad på forbrukarane, slik som finans, bustad og IKT.

På finansområdet forhandla Forbrukarombodet fram ei bransjenorm for kva opplysingar marknadsføring av lån og kreditt til forbrukarar skal innehalde. Ombodet følgde opp bransjenorma med fleire kontrollaksjonar der ein avdekte og greip inn mot lovstridig marknadsføring av lån og kreditt . Fleire konkurransar knytte til marknadsføring av kreditt blei òg stansa.

Som ein del av ombodets arbeid med bustadmarknaden blei det i dialog med nettstaden Finn.no fastsett kva slags opplysingar som det er obligatorisk å gi i bustadannonsar. Forbrukarombodets rettleiing for marknadsføring av eigedomsmeklartenester blei òg publisert i oppdatert utgåve.

Innan IKT-marknaden korrigerte Forbrukarombodet i 2011 prismarknadsføringa til ei rekkje selskap. Mellom anna fekk åtte mobiloperatørar på slutten av året pålegg frå ombodet om å opplyse betre om prisar og vilkår i marknadsføringa si. Ombodet har òg trekt opp grensene for korleis ein kan gi opplysingar om støtte for neste generasjon mobilnett (4G) i marknadsføring.

Marknadsrådet ila to selskap gebyr for å i strid med marknadsføringslova ha sendt ut reklame på e-post og SMS. Gebyra i dei to sakene var på 100 000 og 150 000 kroner.

Forbrukarombodet arbeidde med prismarknadsføring og prismerking i 2011. God og riktig informasjon om pris er viktig for forbrukarane når dei skal velje mellom ulike varer og tenester. Forbrukarombodet gjennomførte i 2011 ei rekkje kontrollaksjonar om marknadsføring av sal i ulike bransjar. Aksjonane resulterte i mange saker der selskap i mellom anna møbel- og sportsbransjen blei bedne om å endre marknadsføringa si. Ombodet henta inn fleire skriftlege stadfestingar på at selskap ville innrette seg, og fatta tre vedtak om forbod med tvangsmulkt.

Ombodet stansa òg villeiande prismarknadsføring av nøkkelholsvarer i daglegvarebransjen. Alle dei store aktørane innretta seg etter å ha motteke brev frå Forbrukarombodet.

Det er viktig at næringsdrivande ikkje nyttar miljø- og etikkargumentasjon på feil eller villeiande måte i marknadsføringa. Forbrukarombodet stoppa i 2011 eit straumselskap som nytta villeiande miljøpåstandar i marknadsføring av straum. Ombodet hadde òg dialog med Posten, som lanserte klimanøytrale produkt i samsvar med Forbrukarombodets retningslinjer.

Forbrukarombodet får framleis mange klager frå forbrukarar som reagerer på uønskte oppringingar frå telefonseljarar. Trass i innstramminga av regelverket i 2009 fekk Forbrukarombodet i 2011 om lag 1 000 skriftlege klager på oppringing til forbrukarar som er reserverte mot telefonsal i Reservasjonsregisteret. Kor mange av desse sakene som er reelle regelverksbrot er ukjend, då ombodet ikkje har vurdert kvar enkelt klage særskild. Klagetaler er same nivå som føregåande år, sjølv om Forbrukarombodet har nytta store ressursar på å gripe inn mot brot på regelverket og dialog med aktørar i bransjen om kva endringar dei må gjere for å unngå å bryte forbodet mot oppringing til reserverte forbrukarar.

Vernet for forbrukarar i standardkontraktar

Innan finansområdet blei det i 2011 gjennomført omfattande forhandlingar med bankanes kontraktsutval i Finansnæringens fellesorganisasjon (FNO) for å utarbeide nye standardkontraktar for bankkundar. Denne prosessen blir venteleg sluttført i 2012.

Ombodet henta i 2011 inn kontraktar om oppføring av ny bustad frå dei største bustadbyggjarane og starta dialogen med desse om behovet for endringar i kontraktane for å gjere dei rimelege og balanserte. Arbeidet held fram i 2012.

For leige av hytte og feriebustad forhandla Forbrukarombodet i 2011 med den største hytteutleigaren om endringar i leigevilkåra. Prosessen blir sluttført i 2012. I tillegg har Forbrukarombodet delteke i to utval i regi av Standard Norge, i eit om arealberekning og i eit om handverkartenester.

Forbrukarombodet har i 2011 arbeidd mykje med trygg elektronisk handel. Som ledd i dette arbeidet har ombodet mellom anna inngått samarbeid med selskap som leverer betalingstenester til norske nettbutikkar (kortinnløysarar).om at desse selskapa skal krevje at avtalevilkåra til nettbutikkane er i tråd med Forbrukarombodets standardvilkår for sal av varer på Internett.

For å sikre trygg bruk av mobiltelefon som betalingsinstrument tok Forbrukarombodet i 2011 initiativ overfor mobiloperatørane til å få til endringar i avtalevilkåra deira. Ombodet tok opp vilkår om ansvar for bruk, vilkår som pålegg abonnenten ansvar for misbruk, og vilkår om kostnadskontroll med operatørane. Arbeidet held fram i 2012.

Vern av barn og unge som forbrukarar

Forbrukarombodet arbeidde i 2011 med eit prosjekt om forbrukarutfordringar for gruppa unge vaksne mellom 18 og 25 år. I samband med dette laga ombodet ein rapport om unge vaksne og betalingsproblem som blei lagd fram på konferansen Kjøp nå – betal senere i november 2011.

Ombodet lanserte Facebook-sida uLurt for unge forbrukarar og hadde tett samarbeid med ung.no om å formidle informasjon til denne gruppa.

Leverandørar av russeutstyr blei i 2011 pålagde å endre praksis, slik at dei no tilbyr andre betalingsalternativ i tillegg til forskotsbetaling. Ombodet korrigerte òg marknadsføring av kreditt retta mot unge forbrukarar og utarbeidde ei rettleiing til bloggarar om merking av innlegg som inneheld marknadsføring.

Skulekontraktar har òg vore eit prioritert område. Her inngjekk Forbrukarombodet eit samarbeid med Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) om å vurdere kontraktar til NOKUT-godkjende utdanningar. I tillegg blei rettleiinga for avtalevilkåra til privatskular oppdatert og nytta i forhandlingar med fleire skular om endring i vilkåra deira.

Ulike problemstillingar rundt direkte kjøpsoppmaningar og betaling i Internett-spel og appar for barn blei greidde ut, og er no gjenstand for vidare arbeid både nasjonalt, nordisk og i internasjonale forum som ICPEN og OECD.

Arbeide internasjonalt for betre forbrukarvern

Forbrukarombodet deltok aktivt i det europeiske nettverket for organ tilsvarande ombodet i andre europeiske land (CPC) både i møte, saker og prosjekt, mellom anna prosjekt om betre europeisk samarbeid for vern av forbrukarar på Internett.

EU-kommisjonen sitt forslag til direktiv om forbrukarrettar blei endra etter initiativ frå mellom anna Forbrukarombodet, slik at dei mest negative konsekvensane av direktivet er unngått. Ombodet har òg uttalt seg kritisk til delar av kommisjonens forslag til harmonisering av den europeiske kontraktsretten.

Forbrukarombodet har eit nært samarbeid med dei andre nordiske forbrukaromboda og deltek i eit verdsomspennande nettverk av organ tilsvarande ombodet (ICPEN) og i forbrukarkomiteen i OECD. I både ICPEN og OECD var Forbrukarombodet i 2011 førande i arbeidet med å greie ut og kome med forslag til anbefalingar for å løyse problem rundt betaling for spel og andre innhaldstenester på mobil og Internett.

Strategiar og tiltak for 2013

Redusere førekomsten av lovstridig marknadsføring og betre vern for forbrukarar i standardkontraktar

Forbrukarombodet vil i 2013 halde fram med å verne forbrukarar mot lovstridig marknadsføring på dei områda som har mest å seie økonomisk for forbrukarane.

Alle forbrukarar inngår avtaler om finansielle tenester, anten det er kreditt, lån, sparing, betaling, forsikring eller anna. Dette er ofte store og viktige avtaler for den enkelte forbrukaren, og det er viktig at opplysingar som blir gitte i marknadsføringa, er eigna til å gi eit riktig bilete av innhaldet i og kostnadene ved tenestene. Forbrukarombodet vil bidra til dette, mellom anna gjennom omfattande kontrollar med marknadsføringa av kreditt til forbrukarar. Ombodet vil særleg sjå på marknadsføring av kreditt på Facebook og i blogg, da desse marknadsføringskanalane er i sterk vekst og er viktige kanalar for unge vaksne.

Kjøp av bustad er ei stor investering for den enkelte forbrukaren. Forbrukarombodet vil arbeide vidare for at marknadsføringa av bustader gir god informasjon om til dømes alle kostnadene som kjøparen er forplikta til å betale, og at ho heller ikkje på annan måte er villeiande.

IKT-marknaden er òg eit område som har mykje å seie for forbrukarane sin økonomi med til dømes avtaler om breiband, telefoni og abonnement på TV-kanalar. Prisstrukturane i mobiltelefonibransjen er i stor endring no, og Forbrukarombodet vil halde fram arbeidet med å gjere marknadsføringa og prisinformasjonen betre og lettare tilgjengeleg for forbrukarane.

Som tidlegare vil Forbrukarombodet arbeide mykje med prismarknadsføring og prismerking. God og riktig informasjon om pris er viktig for forbrukarane når dei skal velje mellom ulike varer og tenester. Ofte blir forbrukarane villeidde av usanne påstandar om sal, før-prisar og prisgarantiar, og Forbrukarombodet skal bidra til å avdekkje når slike påstandar ikkje er sanne. Problemet finn ein i dei fleste bransjar, og Forbrukarombodet vil i 2013 prioritere nokre utvalde bransjar som er viktige for forbrukarane.

Forbrukarombodet held fram dialogen med bransjen om telefonsal og vil òg ta i bruk sanksjonar når det er nødvendig.

Mange forbrukarar er plaga av spam, anten på e-post eller på SMS. Ein del av spammen på SMS er òg overtaksert, slik at mottakarane må betale for han. Forbrukarombodet grip inn med sanksjonar i dei mest alvorlege sakene og vil i 2013 fortsetje å handsame dei mange klagane på spam frå forbrukarar.

Ombodet har saman med dei nordiske forbrukaromboda utarbeidd ei rettleiing for korleis marknadsføring på Facebook og i andre sosiale medium skal skje for å vere i tråd med regelverket. Dette vil bli følgt opp i 2013 for å unngå at forbrukarar mellom anna får spam eller blir utsette for villeiande eller skjult marknadsføring.

Betre vernet for forbrukarar i standardkontraktar

Forbrukarombodet vil gjere ei vurdering av standardkontraktar på ulike livsområde, og da særleg kontraktar på område som er økonomisk viktige for forbrukarane. Generelt er det viktig at kontraktane er klare og balanserte, og at dei ikkje er urimelege. Ombodet vil mellom anna delta i internasjonalt samarbeid om dette.

Forbrukarombodet vil i 2013 halde fram med arbeid både nasjonalt og internasjonalt for å bidra til å gi forbrukarar betre rettar og større tryggleik ved kjøp av varer og tenester på mobil og Internett. For det første vil Forbrukarombodet søkje å få til endringar i avtalevilkåra til mobiloperatørane, slik at forbrukarar får den same tryggleiken ved bruk av mobil som betalingsmiddel som dei har ved bruk av bank- og kredittkort. For det andre vil ombodet halde fram med å få nettbutikkar til å ta i bruk avtalevilkår som er rimelege og balanserte.

Å kjøpe bustad er den største investeringa mange forbrukarar gjer i livet. Kontraktane som er nytta ved bustadbygging, har ikkje alltid regulert forbrukarens rettar på ein god nok måte. Forbrukarombodet har dei siste to åra lagt ned store ressursar i å sjå til at kontraktane som blir nytta, ikkje er urimelege, og arbeidet må følgjast opp i 2013.

Forbrukarombodet har òg dei siste åra arbeidd mykje med å sørgje for at privatskolar nyttar rimelege og balanserte kontraktar. Ombodet samarbeider mellom anna med Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) i dette arbeidet, som vil halde fram i 2013.

Betre vernet for sårbare forbrukargrupper

Visse grupper forbrukarar har behov for meir vern enn andre. Forbrukarombodet har dei to siste åra retta særskild merksemd mot marknadsføring og kontraktar retta mot unge vaksne. Forbrukarombodet vil i 2013 halde fram arbeidet med forbrukarutfordringar for barn, unge vaksne, eldre eller andre grupper forbrukarar som lettare blir råka av villeiande marknadsføring eller har eit særleg behov for vern. Eit av måla er å arbeide for at sårbare forbrukarar ikkje skal få betalingsproblem. Ombodet vil halde fram å arbeide aktivt med å nå ut med informasjon til spesielle målgrupper, mellom anna ved bruk av sosiale medium. Forbrukarombodet vil særskilt arbeide for å hindre at barn og unge blir utsette for direkte kjøpsoppmaningar via SMS, telefon og i sosiale medium.

Arbeide internasjonalt for betre forbrukarvern

I EU er fleire direktiv om forbrukarvern under arbeid. Forbrukarombodet har vore kritisk til mykje av dette arbeidet, da det kan resultere i dårlegare vilkår enn i dag for både norske forbrukarar og andre forbrukarar i EU . Forbrukarombodet har arbeidd tett med fleire departement og Forbrukarrådet for å påverke innhaldet i direktiva, og dette held fram i 2013.

Marknadsføringslova frå 2009 er delvis ei implementering av eit totalharmonisert europeisk regelverk som forbyr urimeleg marknadsføring. Det er derfor viktig at Forbrukarombodet arbeider kontinuerleg med å påverke tolkinga av direktivet, slik at terskelen for kva som er villeiande eller urimeleg, ikkje vert sett lågare enn det vi ønskjer i Noreg.

Forbrukarombodet tek del i eit system der tilsynsmaktene i alle dei europeiske landa har ei plikt til å samarbeide i saker der det skjer ulovleg marknadsføring over landegrensene. Forbrukarombodet skal nytte dette samarbeidet aktivt til å stoppe ulovleg marknadsføring eller urimelege vilkår i tilfelle der utanlandske selskap rettar seg til norske forbrukarar, og der norske selskap rettar seg til forbrukarar i andre europeiske land.

Forbrukarombodet vil òg i 2013 vere aktivt i samarbeidet mellom dei nordiske forbrukaromboda og i internasjonale forum som OECD, ICPEN og London Action Plan.

Ombodet vil fortsetje å vere førande i arbeidet i OECD og ICPEN med å greie ut og kome med forslag til anbefalingar for å løyse problem rundt betaling for tenester med mobiltelefon.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn til tilsette og andre driftsutgifter ved Forbrukarombodet. Departementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner til eingongsutgifter i samband med flytting til nye lokaler.

Departementet føreslår ei samla løyving på 23,7 mill. kroner.

Kap. 3868 Forbrukarombodet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

01

Diverse inntekter

371

16

Refusjon av foreldrepengar

1 019

18

Refusjon av sykepengar

578

Sum kap. 3868

1 968