6 Administrative fellesomtaler

6.1 Sektorovergripande miljøvernpolitikk

Helse- og omsorgsdepartementet si målsetting er å oppnå tryggare og meir helsefremjande miljø. Viktige tiltak er å tydeleggjere miljøfaktorane i folkehelsearbeidet, støtte kommunane sitt arbeid med miljøretta helsevern, under dette god forvaltning av regelverk, bidra til å førebygge skader og ulykker, førebygge forgiftingar, førebygge astma, allergi og inneklima-sjukdommar, og forbetre miljø og helse for barn. Lov om folkehelsearbeid tredde i kraft 1. januar 2012. Lova skal m.a. bidra til betre prioritering og systematisk arbeid innan folkehelse, under dette miljøretta helsevern.

Regjeringa har i sin eigarskapspolitikk uttrykt klare forventningar til at statleg eigde verksemder skal være leiande i arbeidet med samfunnsansvar. Kravet til samfunnsansvar følgjer også av Staten sine prinsipp for godt eigarskap. Det å vise samfunnsansvar inneber å forholda seg opent til alle som har legitime interesser til verksemda, og å drive verksemda slik at den gir eit positivt bidrag til samfunnet. I eigarskapspolitikken er det formulert forventningar om samfunnsansvar for fire hovudområder: menneskerettigheitar, arbeidstakarrettigheitar, arbeid mot korrupsjon, samt miljø og klima. Dei regionale helseføretaka og helseføretaka sitt samfunnsansvar inneber eit ansvar for korleis verksemda verkar inn på desse områda, både ved kjøp av tenester eller som direkte effektar av eige verksemd.

Dei regionale helseføretaka har i 2011 vidareført det nasjonale miljø- og klimaprosjektet for ein ny fireårsperiode under leiing av Helse Vest RHF. Det er utarbeidd ein gjennomføringsplan med sikte på ISO 14001-sertifisering av alle helseføretaka i landet innan utgangen av 2014. Prosjektet har i 2011 gjennomført ein piloteringsfase med fem utvalde helseføretak og eit regionalt helseføretak som pilotar. Hensikta med pilotfasen har vore å nyttiggjere seg erfaringar før alle andre helseføretak etablerer sine prosjekt for innføring av miljøleiing.

Det er i regi av det nasjonale miljø- og klimaprosjektet etablert ei nasjonal kompetanseeining for arbeidet i Helse Bergen HF. Kompetanseeininga fungerer som sekretariat for prosjektet. Hovudfokus i 2011 har vore oppfølging av pilotføretaka samt utarbeiding og gjennomføring av ulike typar kurs og rettleiingsmateriell. Den 1. desember 2011 blei det arrangert ein felles oppstartskonferanse for arbeidet med miljøleiing der alle landets helseføretak deltok.

Dei regionale helseføretaka har i 2011 vidareført sitt samarbeid knytt til miljøkrav i offentlege anskaffingar. Dei har mellom anna førebudd for etablering av ei nasjonal kompetanseeininga for innkjøp som vil få eit særleg ansvar for å bidra til at innkjøp i spesialisthelsetenesta skjer med krav knytt til miljø og etiske leverandørkjeder. Eininga er planlagt lagt til helseføretakas innkjøpsservice AS (Hinas). Alle dei regionale helseføretaka blei i 2011 medlem i organisasjonen Initiativ for etisk handel.

Miljøverndepartementet har det konstitusjonelle ansvaret for radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljøet. Statens strålevern ivaretek oppgåver for Miljøverndepartementet, og forvaltar som ledd i dette dei delane av stråle- og miljøvernlovgivinga som regulerer fagområdet. Strålevernet har òg ansvar for fagleg utgreiingsverksemd og tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljø. Dette blir gjennomført i samarbeid med andre relevante institusjonar og fagmiljø.

Helsedirektoratet og Nasjonalt folkehelseinstitutt, samt Statens helsetilsyn, helsetilsyna i fylka og fylkesmennene, er rådgjevarar for sentrale og lokale helsemyndigheiter, og dei greier ut og tek del i overvaking av miljøforureining. Både folkehelselova og forskrift om miljøretta helsevern peikar på kommunane sitt ansvar for oversikt, rådgjeving og medverknad som ledd i arbeidet med å fremje folkehelse og bidra til gode forhold med omsyn til miljøet. Kommunane skal også gjennom planlegginga si sikre befolkninga mot skadelege faktorar i miljøet, m.a. biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale, som kan ha negativ innverknad på helsa. skal føljast opp. Som eit ledd i oppfølginga av Nasjonal strategi for barns miljø og helse, Barnas framtid (2006–2016), har Statistisk sentralbyrå, på oppdrag fra Helse- og omsorgsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, laga ein rapport om barns sitt miljø og helse.

6.2 Oppfølging av likestillingslova sitt krav om å gjere greie for likestilling

Med Samhandlingsreforma og Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011–2015) legg regjeringa den politiske kursen for helse- og omsorgstenestene og folkehelsearbeidet dei neste åra. Regjeringa sitt utgangspunkt er at det er eit offentleg ansvar å fremje helse og førebyggje sjukdom, og å sikre nødvendige helse- og omsorgstenester til heile befolkninga. Alle skal ha eit likeverdig tilbod om helsetenester uavhengig av diagnose, økonomi, sosial status, alder, kjønn og etnisk bakgrunn.

Departementet sitt mål for ei likestilt helseteneste er konsentrert om to aksar. Den eine er å inkludere kjønnsperspektivet i all verksemd der dette er relevant. Den andre er å rette særskilt merksemd mot lidingar som kvinner eller menn har, eller sjukdomar kor det eine kjønnet er i fleirtal eller har spesielle vanskar. I departementet sine styringsdokument er dei regionale helseføretaka og Helsedirektoratet bedne om å leggje vekt på at helsetenestene vert utvikla i eit kjønnsperspektiv. Særskilde utfordringar knytt til kvinner si eller menn si helse skal bli møtt med tilstrekkjeleg kunnskap og ressursar.

Levealderen i Noreg er blant dei høgaste i verda og er aukande. Dette heng blant anna saman med redusert dødelegheit av hjerte- og karsjukdomar gjennom mange år. Låg spedbarnsdødelegheit medverkar også til ei positiv utvikling av dødelegheita.

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for ei god helse for alle og har som mål fleire leveår med god helse i befolkninga. Dette vil også medverke til at levealderen for menn blir meir lik levealderen for kvinner. Strategiplan for kvinners helse 2003–2013 som vart presentert for Stortinget i St.meld. nr. 16 (2002–2003), Resept for et sunnere Norge, inneber at perspektivet på kjønn skal vere sentralt i sektoren for helse og omsorg, både i forsking, utforming av politikk, førebygging og tenester. Strategien har utløyst faglig engasjement, initiert forsking og endringar i klinisk praksis. Det er utarbeidd strategiar og handlingsplanar for områder som kreft, diabetes, førebygging av uønskte svangerskap, opptrappingsplan for psykisk helse og faglege retningsliner for førebygging og behandling av beinskjørleik. Helsedirektoratet skal gjennomgå strategien i 2012 og utarbeide forslag til nye tiltak innanfor kjønn og helse. Av dei totale midlane til klinisk forsking, som er fordelt på RHFa i 2011, rapporterer føretaka at 22,4 mill. kroner er brukt spesifikt til 56 kvinnehelseprosjekt i 2011.

I 2006 etablerte Helse- og omsorgsdepartementet eit nasjonalt kompetansesenter for kvinnehelse knytt til Oslo universitetssjukehus HF, Rikshospitalet. Kompetansesenteret har særskilde oppgåver innanfor forsking, kompetanseoppbygging, rådgjeving og formidling av kunnskap om kvinnehelse. Senteret har i dag ein stor forskingsaktivitet og noko verksemd retta mot eksterne. Frå 2012 er det oppretta seks nye nasjonale behandlingstenester og kompetansetenester i spesialisthelsetenesten med fokus på kvinnehelse.

Delen menn som arbeider i omsorgstenestene har auka svakt i perioden 2007 til 2011, frå 10,2 til 11,4 pst. Nivået har vore stabilt dei siste ti åra og det er lite som tyder på at dette endrar seg utan at det skjer grunnleggjande endringar i utdannings- og arbeidsmarknaden. Dersom ein ser bort frå legane er delen menn høgst blant miljøterapeutar, sosionomar, fysioterapeutar og vernepleiarar. Også blant personell utan formell utdanning er delen relativt høg. Blant dei nye helsefagarbeidarane som er rekruttert inn i 2010 og 2011 er mannsdelen vesentleg høgre enn for hjelpepleiarane og omsorgsarbeidarane. Det er sidan 2010 blitt gitt økonomisk støtte til Trondheim kommunes prosjektet Menn i helse gjennom Kompetanseløftet 2015. Prosjektet skal utvikle Trondheim kommune til ein føregangskommune i arbeidet med å rekruttere fleire menn til omsorgstenesta, og vurderast å ha overføringsverdi til andre kommunar.

Departementet sitt krav i føretaksprotokollen til dei fire regionale helseføretaka januar 2011 blei vidareført i 2012. Eit av krava er at helseføretaka som hovudregel skal nytte faste heile stillingar. Det er forventa at ein skal avgrense bruken av mellombels stillingar og vikariat til eit nødvendig minimum, og at ein framleis skal arbeide for å redusere deltid med minst 20 pst. Det er ein ønska målsetting å auka talet på heile stillingar, mellom anna som eit tiltak for å styrke pasienttryggleiken og kvaliteten i pasientbehandlinga. Helseføretaka vil i samarbeid med leiarar og tillitsvalde legge til rette for, og motivere for at det skal bli mogleg for medarbeidarar som ønskjer høgare stillingsprosent, og få til dette. Det inneber at alle partar må utnytte det handlingsrommet som er i god oppgåvedeling og god arbeidsplanlegging. Dette er eit langsiktig arbeid som vil medverke til å auke kvinner sin generelle stillingsprosent i helseføretaka, eit viktig likestillingsperspektiv.

Arbeidet med å auke stillingsprosenten og redusere deltid er eit langsiktig tiltak kor mange ulike virkemidlar må tas i bruk. Dette er ein kulturendring som vil ta tid. Dei regionale helseføretaka har etablert tiltak for å kartlegge kva den enkelte medarbeidar i deltidsstilling ønskjer av framtidig stillingsprosent på kort og lang sikt, og kva som er årsaka til at dei er i deltidsstilling. Dette har gitt eit kunnskapsgrunnlag som har medverka til å etablera tiltak som verkar, på kort og lang sikt. Det er ikkje eit tiltak som kan endre dagens situasjon, men ei rekkje ulike tiltak. Dette arbeidet skjer ved alle landets helseføretak.

Almlidutvalget (NOU 2010: 13, Arbeid for helse) viste til at det er om lag 60 pst. høgare sjukefråvær blant kvinner enn blant menn i helse- og omsorgssektoren. Utvalet viste også til at det er behov for å auke kunnskapsgrunnlaget om årsakssamanhengene. Helse- og omsorgsdepartementet vil ta initiativ til å følgje opp dette. Departementet arbeider med en langsiktig plan både med omsyn til kunnskapsinnhenting og med tanke på tiltak som har hatt positiv effekt for å redusere sjukefråvær og utstøyting i sektoren.

Arbeidet med å redusere og førebygge sjukefråvær og utstøyting er sentralt også med tanke på auka likestilling mellom kjønna. I den vidare prosessen vil departementet være opptatt av tiltak kor man arbeider for å finne gode løsninger, ikkje minst med tanke på å auke kvinners nærværsopplevelse. I hovudsak vil arbeidet i denne fasen bestå i kartlegging av allereie eksisterande tiltak og løsninger med gode resultat gjennom kunnskapsinnhenting og erfaringsutveksling på tvers i helse- og omsorgssektoren.

Likestillingsrapport

Av tilsette i Helse- og omsorgsdepartementet i 2011, var 64,7 pst. kvinner. Den største gruppa stillingar i organisasjonen er seniorrådgjevarar med 63,6 pst. kvinner og 36,4 pst. menn. Tala inneheld ikkje tilsette i utlandet eller dei med permisjon utan løn.

Tabell 6.1 Stillingar, Helse- og omsorgs-departementet 2011 (kvinner/menn)

Dep.råd/eksp.sjef

3/5

Avd.direktør mv.

14/10

Fagdirektør

8/8

Underdirektør

16/3

Prosjektleiar

0/1

Spesialrådgjevar

4/3

Seniorrådgjevar

56/32

Rådgjevar

21/12

Seniorkonsulent

7/0

Førstekonsulent

7/4

Totalt

136/78

Oversikta viser at det i Helse- og omsorgsdepartementet er 53,1 pst. kvinnelege leiarar når alle leiarstillingar er medrekna. Ser ein øvste leiarnivå åleine, som omfattar departementsråd og ekspedisjonssjefar, var kvinnedelen i 2011 på 37,5 pst. mot 33,3 pst. i fjor.

Tabell 6.2 Tilhøve løn, Helse- og omsorgs-departementet 2011 (kvinner/menn, 1000 kr/år)

Dep.råd/eksp.sjef

1190/1150

Avd.direktør mv.

810/710

Fagdirektør

580/720

Prosjektleiar

- /760

Underdirektør

600/630

Spesialrådgjevar

810/950

Seniorrådgjevar

540/550

Rådgjevar

440/440

Seniorkonsulent

440/–

Førstekonsulent

400/410

Totalt

570/620

Skilnaden i gjennomsnittleg årsløn mellom kjønna var i 2011 på 50 000 kroner. Dette er det same som i 2010.

Tabell 6.3 Arbeidstid, Helse- og omsorgs-departementet 2011 (kvinner/menn)

Heiltid

121/73

Deltid

15/5

Totalt

136/78

Mellombels /vikariat

14/5

Tabell 6.4 Fråvær grunna sjukdom, Helse- og omsorgsdepartementet

Kvinner

5,8 %

Menn

2,5 %

Totalt

4,6 %

Helse- og omsorgsdepartementet hadde eit gjennomsnittleg fråvær grunna sjukdom i 2011 på 4,6 pst., som er ein liten auke frå føregåande år. Helse- og omsorgsdepartementet vil som før legge vekt på likestilling i noverande og framtidige planlagde aktivitetar.

I 2011 var det 67 pst. kvinner i heile Helsedirektoratet. Det er eitt prosentpoeng ned frå 2010. Blant seniorrådgjevarar, spesielt for dei over 60 år, spesialstillingar/prosjektleiarar og avdelingsdirektørar, er kvinner framleis løna lågare enn menn. I motsetning til tidligare periode har differansen ikkje økt frå 2010 til 2011. Delen kvinner i dei lågare lønnsgruppene (saksbehandlarar og kontorstillingar) sank noe, mens den auka i gruppane over rådgjevarnivå. I gruppa divisjonsdirektørar er det ein kvinnedel på 50 pst.

Nasjonalt folkehelseinstitutt har om lag 950 tilsette inkl. dei eksternt finansierte. Omtalen omfattar alle desse. FHI er medvetne om at dei skal ha same løns- og personalpolitikk overfor alle tilsette. 70 pst. av dei tilsette er kvinner. I leiarstillingar er kvinnedelen no 51 pst., ei lita auke frå førre år. Instituttet har no ein kvinnedel på 56 pst. i senior fagstillingar (forskar 1110 og 1183, overlegar og seniorrådgjevar), som er ei auke. Instituttet kan ikkje sjå nokon lønsskilnader mellom kvinner og menn som kan forklarast med kjøn. Den største utfordringa for jamnstelling er å auke delen kvinner blant seniorforskarane, slik at det over tid samsvarer med den høge delen kvinner blant stipendiatar og postdoktorar (72 pst.). Blant anna vil instituttet sikre seg at kvinner og menn får like moglegheiter for meritterande oppgåver.

Ved utløpet av 2011 var 67 pst. av de tilsette i Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesten kvinner. I leiargruppa var det fem kvinner og to menn, seksjonsleiargruppa hadde 8 kvinner og 8 menn.

Norsk pasientskadeerstatning har totalt ein kvinnedel på 69 pst. Kvinnedelen i leiarstillingar er på 50 pst. Kvinnedelen er noko lågare no enn i 2011. Det er ei klar overvekt av kvinnelege søkjarar til ledige stillingar i Norsk pasientskadeerstatning. For å auke talet på mannlege tilsette i stillingskategoriar der delen menn er låg, har verksemda tatt inn ei oppmoding i høve til mannlege kandidatar i stillingsannonsane. Norsk pasientskadeerstatning sitt styre har ein kvinnedel på 50 pst.

Statens autorisasjonskontor for helsepersonell hadde per 31. desember 2011 ein kvinnedel på 66 pst. Kvinnedelen har gått ned frå 71,4 pst. i 2010. I gruppene seniorrådgjevarar, rådgjevarar og fyrstekonsulentar er kvinner i gjennomsnitt lønna lavere enn menn, men i gruppene seniorkonsulentar og konsulentar er kvinnene i gjennomsnitt lønna litt høgare enn menn. Leiargruppa besto av 60 pst. menn og 40 pst. kvinner.

Statens helsetilsyn hadde desember 2011 ein kvinnedel på 67 pst. I stillingsgruppa leiar (avdelingsdirektør, underdirektør, fagsjef, arkivleiar, informasjonssjef) er 53 pst. kvinner. Dette ligg innafor Hovudavtalens mål om 40 pst. kvinner i leiarstillingar innafor definert leiarstillingsgruppe. Gjennom rekrutteringsverktøya til Statens helsetilsyn har søkjarar mulegheit til å vise om vedkommande har nedsett funksjonsevne eller framandkulturell bakgrunn. Søkjarar som visar til dette og innehar den bakgrunn som etterspørjast i etatens kunngjøringar blir innkalla til intervju.

Statens institutt for rusmiddelforsking hadde ved utløpet av 2011 til saman 44 tilsette, 68 pst. kvinner. I leiinga var det fire kvinner og to menn. Det er små lønsskilnadar mellom kvinner og menn. Sirus har fleire likestillingstiltak, mellom anna kjønnsnøytrale kriterium for lønnsfastsetting. Kvinner skal ha same høve som menn til å ivareta leiarfunksjonar, og kvinner skal ha same høve til å arbeide med kvalifiserande arbeidsoppgåver. Slik fordelinga av kvinner og menn er ved instituttet, og slik arbeids- og lønnsvilkåra er fordelt, er det ikkje nødvendig å setje inn ytterligare tiltak.

Statens legemiddelverk har fleire kvinnelege tilsette enn menn, og legg vekt på å jamne ut dette. Kvinnelege tilsette utgjer 73 pst. av arbeidsstokken, medan toppleiargruppa har 67 pst. og mellomleiargruppa har 70 pst. kvinner. Etaten har gjennomført fleire tiltak for å få auka likestilling og forhindre diskriminering. Ein tydeleg livsfasepolitikk og utstrakt bruk av verkemidlar for å unngå redusert arbeidstid eller ulønna permisjon er viktige tiltak. For å sikre god praksis og utvikling på dette området gjennomfører Legemiddelverket interne undersøkingar, der likestilling og mangfald er tema.

I Statens strålevern er det samla sett ein jamn kjønnsbalanse. I gjennomsnitt tener kvinner om lag 8 pst. mindre enn menn. Det er ingen vesentleg forskjell i løna for kvinner og menn i same stilling. Hovudårsaka til lønnsskilnaden er færre kvinner i overordna stillingar. Det er ingen vesentleg forskjell på kvinner og menn når det gjeld mellombels tilsetjing, om lag 15 pst., eller uttak av foreldrepermisjon. Om lag 8 pst. av menn har deltidsstilling, for kvinnene er motsvarande del 14 pst. Sjukefråværet har i snitt vore 2–4 pst., om lag 1 pst. høgare for kvinner. Utfordringa med tanke på likestilling for Statens strålevern er særleg å rekruttere kvinner til dei overordna stillingane. Ein handlingsplan for likestillingsarbeidet inngår i Strålevernet sin løns- og personalpolitikk.

Årsrapportane for verksemdene under Helse- og omsorgsdepartementet inneheld nærare omtale av likestilling.

6.3 Omtale av tilsettingsvilkåra til leiarar i heileigde statlege verksemder

Administrerande direktør i Helse Sør-Øst RHF har i rekneskapsperioden 2011 motteke løn på 2 122 161 kroner, mens andre ytingar summerer seg til 7470 kroner. Pensjonsutgiftene til administrerande direktør utgjorde 243 223 kroner. Administrerande direktør har ordinære pensjonsvilkår via KLP og har ingen avtale om tilleggspensjon. Dersom administrerande direktør, i samråd med styret, vel å slutte i stillinga si, vil vedkommande få utbetalt 12 månaders etterløn frå dato for fråtreding. Dersom administrerande direktør har anna inntekt i etterlønsperioden, blir etterløn redusert tilsvarande. Det er ikkje gitt lån/sikkerheitsstilling til administrerande direktør.

Administrerande direktør i Helse Vest RHF har i rekneskapsperioden 2011 motteke løn på 1 983 000 kroner, mens andre ytingar summerer seg til 15 000 kroner. Pensjonsutgiftene til administrerande direktør utgjorde 502 000 kroner. I dette beløpet inngår kostnader knytt til pensjon utover kollektiv pensjonsordning. Det er ikkje inngått avtale om sluttvederlag eller liknande for administrerande direktør. Det er ikkje gitt lån/sikkerheitsstilling til administrerande direktør.

Administrerande direktør i Helse Midt-Noreg RHF har i rekneskapsperioden 2011 motteke løn på 1 631 000 kroner, mens andre ytingar summerer seg til 150 000 kroner. Pensjonsutgiftene til administrerande direktør utgjorde 215 000 kroner. Pensjonskostnadene til administrerande direktør er i det heile knytt til kollektiv pensjonsordning i KLP. Ved avgang etter oppmoding frå styret har administrerande direktør krav på løn i oppseiingstida som er 6 månader. Ved fylte 60 år kan det inngåast ein avtale mellom administrerande direktør og styret om avgang frå stillinga som administrerande direktør. Ved fråtreding etter dette vedtaket, skal det regionale helseføretaket arbeide for å tilby arbeidstakaren anna relevant stilling i føretaksgruppa. Løn og andre vilkår vil bli ført vidare ved fråtreding.

Administrerande direktør i Helse Nord RHF har i rekneskapsperioden 2011 motteke løn på 1 665 000 kroner, mens andre ytingar summerer seg til 8000 kroner. Pensjonsutgiftene til administrerande direktør utgjorde 218 000 kroner. Administrerande direktør har ordinære pensjonsvilkår via KLP og har ingen avtale om tilleggspensjon. I tillegg til løn tener administrerande direktør opp halvannan månads studie- og oppdateringspermisjon for kvart heile år i funksjon som administrerande direktør. Dersom administrerande direktør må fråtre, eller sjølv vel å slutte i stillinga si, pliktar Helse Nord RHF å betale løn i 6 månader ut over vanleg oppseiingstid.

Administrerande direktør i Norsk Helsenett SF har i rekneskapsperioden 2011 motteke løn på 1 257 675 kroner, mens andre ytingar summerer seg til 18 143 kroner. Pensjonsutgiftene til administrerande direktør utgjorde 91 278 kroner. Administrerande direktør har ordinære pensjonsvilkår via KLP og har ingen avtale om tilleggspensjon. Dersom styret oppmodar administrerande direktør om å si opp stillinga si, eller administrerande direktør i samråd med styrets leder/styre vel å si opp stillinga si utan at det ligg føre sakleg grunn til oppseiing eller avskjed, har administrerande direktør i tillegg til løn i oppseiingstida krav på sluttvederlag i 9 månader etter oppseiingstida sitt utløp. Dersom administrerande direktør i perioden for sluttvederlag, men etter utløpet av ordinær oppseiingstid, har anna inntekt, skal sluttvederlaget reduserast krone for krone. Det er ikkje gitt lån/sikkerheitstilling til administrerande direktør.

Administrerande direktør i AS Vinmonopolet hadde per 31. desember 2011 ei årsløn på 1 999 913 kroner. I tillegg til løna har administrerande direktør faste godtgjersler på 179 000 kroner i året. Vinmonopolet innførde i 2007 ei leiarpensjonsordning som finansierast over drift. Total pensjonskostnad for administrerande direktør i 2011 var 764 000 kroner. I samband med justering av løna i 2011 blei pensjonsalder for administrerande direktør auka frå 65 til 66 år.