11 Verdikjede for CO2

Innleiing

Stortinget vedtok 11. juni 2012 ei oppmoding til regjeringa om å leggje fram ei vurdering av høva til å utvikle ei verdikjede for CO 2 i Noreg, der fanga CO 2 kan brukast til kommersielle føremål, jf. vedtak 562 og Innst. 390 S (2011-2012).

I omtala under er det gjort greie for korleis regjeringas arbeid på fleire område medverkar til å utvikle verdikjeder for CO 2 . I tillegg vil Gassnova SF i CCS moglegheitsstudien greie ut høva til å etablere ei verdikjede for langtidslagring av CO 2 med utgangspunkt i eksisterande og moglege framtidige store punktutslepp i Noreg. Høva til ei verdikjede med auka oljeutvinning vil bli vurdert i dette arbeidet der det er aktuelt.

Regjeringas målsetjing er at Noreg skal vere eit føregangsland innan fangst og lagring av CO 2 . Betydelege ressursar blir derfor nytta på prosjekta på Mongstad og på forsking og utvikling. Regjeringa har ein strategi for CO 2 -handtering som består av ei rekkje element. Strategien vart lagt fram i Meld. St. 9 (2010-2011) Fullskala CO 2 -håndtering .

Verdikjeder er her definert som bedriftsøkonomisk lønnsam fangst, transport, eventuelt bruk og langtidslagring av CO 2 i stabile former. Dette inkluderer eksempelvis CO 2 til auka oljeutvinning og som innsatsfaktor i industrielle prosessar. Det er òg ei verdikjede dersom kostnaden ved å sleppe ut CO 2 er høgare enn kostnaden ved fangst, transport og lagring. I ein tidleg fase kan bruk av fanga CO 2 medverke til å få erfaring, utvikle teknologiar vidare og redusere kostnadene, men dersom ein ikkje har langtidslagring av CO 2 i stabile former, er det ikkje eit klimatiltak.

Etablering av verdikjeder for CO 2 -handtering er ei sentral målsetjing for den norske politikken innan fangst og lagring av CO 2 . Dette inkluderer at vi medverkar til å utvikle metodar for CO 2 -handtering som er mest mogleg kostnadseffektive, medrekna å finne teknologiar og bruk for CO 2 som medfører at CO 2 -handtering blir bedriftsøkonomisk lønnsamt. Gassnova har sett i gang eit utgreiingsarbeid der hensikta er å medverke til ei brei og oppdatert kartlegging av moglegheitsområdet for å realisere fullskala CO 2 -handtering ut over prosjektet på Mongstad.

CO 2 -avgifta

Eit verkemiddel for å gjere det lønnsamt for industrien å ta i bruk desse teknologiane er tilstrekkeleg høge prisar på utslepp av CO 2 . I Noreg har vi erfart at CO 2 -avgifta på norsk sokkel har ført til våre to CO 2 -fangst- og lagringsprosjekt på Sleipner og Snøhvit. I begge prosjekta blir CO 2 skilt ut frå naturgassen før den blir lagra i geologiske reservoar under havbotnen. Begge desse prosjekta er kommersielt baserte og får inga støtte frå staten. I petroleumssektoren til havs vil det i Sleipner-liknande utbyggingar kunne liggje til rette for kommersielle CO 2 -handteringsprosjektet allereie i dag. I klimaforliket er det semje om å auke CO 2 -avgifta til havs. Dette vil medverke til auka lønnsemd for nye Sleipner- og Snøhvitliknande prosjekt. Dersom oljeselskapa finn det teknologisk mogleg og kommersielt interessant å bruke CO 2 til auka oljeutvinning, vil dette kunne medverke til å redusere kostnadene ved CO 2 -handtering.

Tidligare kartlegging

I 2005 sette regjeringa i verk eit omfattande arbeid for å kartleggje potensialet for CO 2 -kjeder. Ei CO 2 -kjede vart definert som å omfatte fangst av CO 2 frå ei utslippskjelde, transport og bruk av CO 2 til auka oljeutvinning, eventuelt rein lagring. Våren 2006 utarbeidde Gassco på oppdrag frå Olje- og energidepartementet ein rapport om CO 2 -kjeder. I samarbeid med Petoro og Gassnova kartla Gassco foreløpige kostnads- og inntektsgrunnlag for potensielle CO 2 -kjeder. Kartlegginga identifiserte moglege CO 2 -kjelder (inkludert Mongstad) og seks oljefelt som geologisk egna seg for CO 2 -injeksjon for auka oljeutvinning: Brage, Draugen, Gullfaks, Gyda, Oseberg Øst og Volve. Desse felta, saman med på den tida eksisterande og planlagde CO 2 -kjelder i Noreg og i utlandet, danna utgangspunkt for tolv alternative CO 2 -kjeder. Inga av kjedene hadde positiv noverdi. Det er òg kjent at det er betydelege tekniske utfordringar knytte til bruk av CO 2 til auka oljeutvinning. Betydelege mengder av injisert CO 2 vil etter kvart normalt komme inn i brønnstraumen frå produksjonsbrønnane. Introduksjon av CO 2 i desse straumane kan medføre betydelege utfordringar knytt til korrosjon. I tillegg vil tilbakeprodusert CO 2 medføre behov for å handtere auka gassmengder (hydrokarbonbasert gass og CO 2 i gassfase), noko som kan føre til at kapasitet på eksisterande separatorar, kompressorar og anna prosessutstyr ikkje er tilstrekkeleg. Summen av dette medfører normalt betydelege modifikasjonsbehov på offshoreinstallasjonane. Bruk av CO 2 for auka oljeutvinning føreset at det er CO 2 tilgjengeleg i omfang og kvalitet som stemmer overeins med behovet i feltet. Vidare krev det at produksjonsprofilen for CO 2 (dvs. mengd CO 2 produsert over ein gitt tidsperiode) fell saman med behovsprofilen for felt som skal nyttiggjere seg CO 2 . Det eksisterer i dag fleire kjelder som har utslepp av CO 2 til luft i eit slikt omfang at dei i ein teknisk samanheng er aktuelle som kjelder for CO 2 , men dei er ofte for små til å dekkje heile behovet for CO 2 . Rapporten viste dermed at det var teknisk komplisert og at det ikkje var kommersielt grunnlag for ei verdikjede, og at ei eventuell vidare satsing vil krevje store statlege løyvingar. Totalt løyvde Stortinget 27 mill. kroner til denne utgreiinga i 2006.

I oppfølginga av dette arbeidet har regjeringa valt å prioritere arbeidet med å redusere det negative gapet ved å redusere kostnader og risiko gjennom auka satsing på forsking, utvikling og demonstrasjon. I tillegg til å sjå på bruk av CO 2 til auka utvinning arbeider ein med alternativ bruk av CO 2 . Noreg deltek òg i internasjonale samarbeid som ser på alternativ bruk av CO 2 .

Teknologisenter Mongstad (TCM)

TCM står sentralt i regjeringas arbeid med å redusere risiko og kostnader ved utvikling av CO 2 -teknologiar til industriell skala. På TCM er det sett i drift to anlegg for testing av høvesvis amin- og karbonatteknologi. Regjeringas mål med teknologisenteret for CO 2 -fangst er at senteret skal skape ein arena for målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi og medverke til internasjonal spreiing av desse erfaringane slik at kostnader og risiko for fullskala CO 2 -fangst kan bli reduserte.

Fullskala Mongstad

Arbeidet som blir gjort i samband med fullskalaprosjektet på Mongstad er òg viktig for å medverke til å redusere risiko og kostnader for framtidige prosjekt. Planlegginga av prosjektet vil i seg sjølv gi betydeleg erfaring medrekna det pågåande programmet for teknologikvalifisering gir viktig erfaring til nytte for framtidige CO 2 -handteringsprosjekt.

CCS moglegheitsstudien

Gjennom behandlinga av Meld. St. 9 (2010-2011) Fullskala CO 2 -håndtering , vart det avklart at Gassnova skal gjennomføre eit utgreiingsarbeid der føremålet er å medverke til ei brei og oppdatert kartlegging av moglegheitsområdet for å realisere fullskala CO 2 -handtering ut over prosjektet på Mongstad. Dette utgreiingsarbeidet er i gang. Gassnovas utgreiing skal identifisere og analysere kva moglegheiter og utfordringar vi står overfor ved etablering av ei heil kjede for fullskala CO 2 -handtering. Økonomiske og tekniske sider og ulike økonomiske modellar skal vurderast.

Utgreiinga skal baserast på det erfaringsgrunnlaget Gassnova har bygt opp, blant anna i samband med arbeidet med CO 2 -handtering på Mongstad og Kårstø og erfaringar frå CLIMIT-programmet og dialog med relevante marknadsaktørar. Erfaringar frå arbeid med CO 2 -handtering i andre land vil òg vere relevante.

Gassnova har utarbeidd arbeidsprogram for utgreiinga der første fase omfattar ein idéstudie. Denne vil ta for seg alle CO 2 -kjeder i Noreg av eit nærare bestemt omfang og etter andre kriterium. Gassnova vil dernest studere dei mest attraktive løysingane gjennom ein moglegheitsstudie.

Gassnovas utgreiing vil dermed gi eit breitt og oppdatert grunnlag for å vurdere høva til å etablere ei verdikjede for CO 2 i Noreg med utgangspunkt i dei eksisterande og moglege framtidige store punktutslepp av CO 2 i Noreg. Utgreiinga er planlagt ferdig i 2014.

Oljedirektoratet vil i 2012 avslutte ein screeningstudie for mulig bruk av CO 2 til auka utvinning for oljefelt i Nordsjøen. 40 felt blir vurderte. Studien vurderer òg vasshaldige reservoar som kan egne seg som lagringsbuffer for å halde ein stabil leveranse av CO 2 . Det vil være behov for å studere nokre av felta nærare i 2013, både med tanke på potensialet for å auke utvinninga og relaterte kostnader for å sjå nærare på lønnsemda i disse prosjekta.

Forsking og utvikling

Forsking og utvikling innanfor CCS er støtta av Olje- og energidepartementet hovudsakleg gjennom forskings- og demonstrasjonsprogrammet CLIMIT og gjennom to Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME). CLIMIT er administrert av Gassnova i samarbeid med Forskingsrådet og støttar prosjekt frå grunnforsking til demonstrasjon av prosessar og teknologi for CO 2 -handtering. Gjennom CLIMIT er støtta utvikling av framtidsretta og kostnadseffektive løysingar som skal medverke til å skunde fram kommersialisering og utbreiing av CO 2 -handtering. CLIMIT støttar òg prosjekt som tek for seg punktutslepp i industrien. Prosjekt med bruk av CO 2 i industrielle prosessar kan òg støttast, om det kan visast til at CO 2 blir langtidslagra i stabile former. Innanfor det CLIMIT-støtta prosjektet BIGCO2 er det òg forska på CO 2 for auka oljeutvinning.

I 2009 vart det oppretta to FME-ar for å forske på CO 2 -handtering. Det eine (BIGCCS) skal forske på heile verdikjeda frå fangst, transport og til lagring av CO 2 . Det andre (SUCCESS) arbeider hovudsakleg med lagring. Sentra byggjer på den kunnskapen som er bygd opp gjennom FoU-prosjekt støtta av CLIMIT.

BIGCCS er leia av SINTEF Energiforskning AS. Senteret har eit breitt spekter av samarbeidspartnarar og betydeleg industristøtte. Innanfor fangst blir det blant anna forska på CO 2 -separasjon, høgtemperatur membranar, hydrogenforbrenning (pre-combustion), oksygenforbrenning, bruk innan prosessindustri og på plattformer til havs. BIGCCS ser òg på økonomi og rammevilkår for heile kjeda og har omfattande samarbeid med akademia innan utdanning av doktorgradskandidatar.

Christian Michelsen Research (CMR) er vertsinstitusjon for SUCCESS. Senteret byggjer vidare på oljeindustrien sin kunnskap om boring, injeksjon og reservoarmodellering for å finne gode måtar å lagre CO 2 på. Korleis CO 2 oppfører seg ved lagring i undergrunnen, injeksjonsmetodar og overvaking er sentrale tema for forskinga.

I tillegg til CLIMIT og FME-ane har òg andre forskingsprogram hatt CCS-relevante prosjekt. I pågåande og avslutta PETROMAKS-prosjekt har ein blant anna forska på korleis injeksjon av CO 2 kan mobilisere meir olje ved varierande føresetnader og korleis effekten kan aukast i samanheng med injeksjon av andre typar fluid og kjemikaliar. IRIS har i eit prosjekt sett på korleis injeksjon av CO 2 påverkar kalkstein som den ein finn på Ekofisk.

Handlingsplanen for å fremje CCS internasjonalt

I tråd med klimaforliket la regjeringa i 2008 fram ein handlingsplan for det internasjonale arbeidet for fremje av fangst og lagring av CO 2 som klimatiltak. Dersom fangst og lagring av CO 2 skal bli eit attraktivt klimatiltak, må prosjekta ha positiv noverdi. Ein viktig del av arbeidet har derfor vore å arbeide for betydninga av å etablere regelverk og insentiv for å realisere prosjekt. Mykje arbeid har til dømes vore gjort under etableringa av system for CO 2 -handteringsprosjekt i Den grøne utviklingsmekanismen under Kyotoprotokollen.

Erfaringsoverføring frå norske prosjekt er eit viktig bidrag i arbeidet med å fremje CO 2 -fangst og -lagring internasjonalt. Etter kvart vil òg erfaringane frå teknologisenteret på Mongstad og planlegginga av fullskala fangst på Mongstad vere viktige bidrag i oppfølginga av handlingsplanen. Regjeringas visjon er at teknologien som blir utvikla på dette området i Noreg, skal medverke til betydelege reduksjonar i CO 2 -utslepp også utanfor Noreg.