Programkategori 07.30 Barnehagar

Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

231

Barnehagar

447 853

342 236

331 316

-3,2

Sum kategori 07.30

447 853

342 236

331 316

-3,2

Innleiing

Regjeringa ønskjer at barnehagetilbodet skal vere av høg kvalitet og tilgjengeleg for alle, og at det gjennom tidleg innsats medverkar til sosial utjamning og livslang læring. Den norske barnehagemodellen får positiv internasjonal merksemd fordi Noreg legg vekt på at barnehagen både skal vere ein barndomsarena med omsorg og leik samtidig som barna får eit pedagogisk tilbod.

Hovudmåla til regjeringa på barnehagefeltet i 2013 er at retten til barnehageplass blir innfridd, at det er likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, at alle barnehagar skal vere ein god arena for omsorg, leik, læring og danning, at alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap, og at prisen skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å ha barn i barnehage.

Barnehagesektoren har gått gjennom store endringar i dei siste åra, og mange mål er nådde. Rett til plass i barnehage vart innført i 2009, noko som har gjort kvardagen betre for småbarnsfamiliane. Det store krafttaket for utbygging av barnehageplassar har sikra full dekning. Den store prisreduksjonen for barnehageplass har ført til at fleire familiar med svak økonomi har fått råd til å ha barna i barnehagen. I åra framover er det satsing på betre kvalitet og tidleg innsats som skal få størst merksemd.

Til og med 2010 var barnehagane finansierte gjennom statleg tilskott løyvt over programkategori 07.30, frie midlar til kommunane og foreldrebetaling. Frå 2011 vart hovuddelen av dei statlege tilskotta til barnehagar innlemma i rammetilskottet til kommunane. Kommunen som barnehagemyndigheit har som følgje av denne endringa fått eit større ansvar for barnehagane. Enkelte tilskott og andre tildelingar blir framleis finansierte over programkategori 07.30. Dette gjeld tilskott til samiske barnehageformål, jf. kap. 231 post 50, tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63, og midlar til forsking, undersøkingar, utgreiingar, informasjonsarbeid og kvalitets- og kompetanseutvikling, jf. kap. 231 post 21 og 51. Nærmare informasjon om ressursbruken i barnehagesektoren finst i kap. 7 i del III.

I dei siste åra har fleire offentlege utgreiingar og stortingsmeldingar innehalde forslag til ei rekkje tiltak på barnehageområdet. Regjeringa har lova å komme tilbake til forslaga, og korleis sektoren kan utviklast vidare. Regjeringa vil derfor vinteren 2013 leggje fram ei stortingsmelding om barnehagen i framtida. Meldinga skal gi ei tydeleg retning for barnehagepolitikken, både om kvaliteten og innhaldet, kompetansen til personalet i barnehagen og styringsutfordringane i sektoren. Samtidig skal meldinga presentere eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for utviklinga av politikken i sektoren. Saman med meldinga vil det bli lagt fram ein ny kompetansestrategi for barnehagane som skal gjelde frå 2014.

Hovudprioriteringar for 2013

Regjeringa vil i 2013 føre vidare satsinga på barnehagar. Totalt er det foreslått å auke løyvingane til barnehageformål med om lag 764 mill. kroner i 2013.

Regjeringa vil sikre ikkje-kommunale barnehagar gode driftsvilkår i ein rammefinansiert sektor, og leggje til rette for å jamne ut skilnadene i lønns- og arbeidsvilkår mellom tilsette i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Ein kostnadsanalyse som er utført av Telemarksforskning for Kunnskapsdepartementet i 2011, viser at personalkostnadene per årsverk er 18 pst. høgre i kommunale barnehagar enn i ordinære ikkje-kommunale barnehagar. Det er særleg pensjonskostnadene som er lågare i dei ikkje-kommunale barnehagane. Kunnskapsdepartementet foreslår å auke minimumstilskottet til ikkje-kommunale barnehagar frå 1. august 2013 frå 92 til 94 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentleg finansiering. Det er foreslått å løyve 58 mill. kroner til formålet i 2013. Inkludert heilårseffekten av opptrappinga av minimumstilskottet i statsbudsjettet for 2012, foreslår departementet ei samla styrking av ikkje-kommunale barnehagar på om lag 99 mill. kroner. Styrkinga vil leggje til rette for å jamne ut skilnadene i lønns- og arbeidsvilkår mellom tilsette i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.

Regjeringa ønskjer å føre vidare og styrkje arbeidet med kompetanseheving og rekruttering. Kompetansen til personalet i barnehagen er avgjerande for kvaliteten på tilbodet. Mangelen på pedagogar og den låge formelle kompetansen til mange av assistentane i barnehagane krev vidare satsing for å rekruttere fleire pedagogar og for å heve kompetansen til tilsette i barnehagen. Departementet vil styrkje satsinga på kompetanseheving i 2013, og foreslår å auke løyvinga over kap. 231 post 21 med 20 mill. kroner til ei mellombels ordning med etter- og vidareutdanningstiltak for assistentar. Satsinga må sjåast i samanheng med den nye kompetansestrategien som kjem i 2013.

Kunnskapsdepartementet foreslår i tillegg å løyve 30 mill. kroner over kap. 226 post 21 til eit eige kompetanselyft for tilsette i barnehagar og skolar når det gjeld opplæring av minoritetsspråklege barn, unge og vaksne gjennom heile opplæringa frå barnehage og grunnopplæring til vaksenopplæring og høgre utdanning. Dette inneber mellom anna satsing på kunnskap om fleirspråklegheit og fleirkulturell pedagogikk. Både tilsette, leiarar og eigarar av barnehage og skole samt lærarutdannarar vil bli omfatta av tiltaka, jf. omtale under kap. 226 post 21.

Det er eit mål for regjeringa at foreldrebetalinga skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å betale for ein barnehageplass. Regjeringa vil føre vidare maksimalprisen på same nominelle nivå kvart år framover, til målet i Soria Moria-erklæringa om ei maksimalgrense for foreldrebetalinga på 1 750 kroner (2005-kroner) blir innfridd. Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare maksimalgrensa for foreldrebetalinga på same nominelle nivå som i 2012. Det er foreslått å løyve 273 mill. kroner til lågare pris i 2013. Inkludert heilårseffekten av nominell vidareføring av maksimalprisen i statsbudsjettet for 2012, foreslår departementet ei samla løyving på om lag 336 mill. kroner til lågare pris i barnehagen.

Mål: Retten til barnehageplass blir innfridd

Stortinget innførte ein individuell rett til barnehageplass i 2009. Retten inneber at barn som har fylt eitt år innan 1. september, har rett til barnehageplass same året dersom foreldra har søkt om plass innan fristen for hovudopptaket. Retten skal oppfyllast innan utgangen av august det året det blir søkt om plass for. Den individuelle retten er ei minimumsplikt for kommunane. Det er viktig at kommunane følgjer med på endringar i fødselstal, til- og fråflytting og andre faktorar som påverkar dimensjoneringa av barnehagetilbodet. Fleire kommunar har fleire opptak i året eller løpande opptak, noko regjeringa synest er positivt. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at om lag 11 200 eittåringar utan rett til plass gjekk i barnehage ved utgangen av 2011. Det er ei utfordring at barn utan rett til plass kan få lang ventetid før dei får barnehageplass. Problemstillinga vil bli behandla i meldinga om barnehagen i framtida.

Tilstandsvurdering

Fylkesmannen har fulgt opp om alle kommunar oppfyller retten til barnehageplass i 2012. Rapporteringa frå fylkesmennene viser at alle barn med rett til plass har fått tilbod om plass.

Ved utgangen av 2011 gjekk om lag 282 700 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. Dette svarer til ein dekningsgrad på 89,7 pst. for eitt- til femåringar. I tillegg nytta om lag 5 700 barn tilbod om open barnehage. Frå utgangen av 2005 og fram til utgangen av 2011 har om lag 59 200 fleire barn fått plass i barnehage, og kommunane og private utbyggjarar har etablert om lag 74 900 nye heiltids barnehageplassar. Veksten i talet på små barn i barnehage har auka sterkt i desse åra, og dekningsgraden for eitt- til toåringar har auka frå 54 pst. i 2005 til 79,5 i 2011. Dekningsgraden for tre- til femåringar har auka frå 90,5 pst. i 2005 til 96,5 i 2011. Dekningsgraden berre for femåringane er på 97,3 pst. i 2011. Sjå kap. 7 i del III for nærmare omtale av ressursar i barnehagesektoren.

Strategiar og tiltak

Som følgje av omlegginga av kontantstøtteordninga, med differensierte satsar for eittåringar og avvikling av kontantstøtta til toåringar, vart det i revidert nasjonalbudsjett for 2012 lagt til grunn eit høgre anslag for behovet for plassar i 2012 enn det som vart rekna med i saldert budsjett for 2012, jf. Innst. 375 S (2011–2012) og Prop. 111 S (2011–2012). Kommunane vil bli kompenserte for meirutgiftene ved å dekkje heilårsverknaden for desse plassane i 2013 gjennom ein auke i rammetilskottet på om lag 309 mill. kroner, jf. Prop. 1 S (2012–2013) for Kommunal- og regionaldepartementet.

Fylkesmannen skal halde fram med å følgje med på korleis kommunane oppfyller retten til plass. For nærmare omtale av oppgåvene til Fylkesmannen, sjå Prop. 1 S (2012–2013) for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Mål: Likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar

Regjeringa ønskjer å sikre eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet for alle barn. Barnehagen er eit pedagogisk tilbod der mange faktorar bidreg til kvaliteten, og to av dei viktigaste indikatorane på god kvalitet er kompetansen hos personalet og talet på tilsette i høve til talet på barn. Dette er omtalt under målet om barnehagen som ein god arena for omsorg og leik, læring og danning. Det er store variasjonar i barnehagesektoren i Noreg når det gjeld eigarskap, storleik, samansetjing av barnegrupper, organisering og personale.

Tilstandsvurdering

Fleire undersøkingar som har vore gjennomførte i dei siste åra, viser at det er store variasjonar mellom kommunane i tilrettelegging for høg og likeverdig kvalitet i alle barnehagar. International Research Institute of Stavanger (IRIS) presenterte i 2011 undersøkinga Barnehagers organisering og strukturelle faktorers betyding for kvalitet , der det går fram at barnehagar av ulik storleik har ulike kvalitetar. Ein av konklusjonane er at store barnehagar har større og meir varierte fagmiljø, men også meir uklar organisering enn dei små, som er prega av ein meir føreseieleg kvardag. Undersøkinga syner at mellomstore barnehagar kjem godt ut på ulike kvalitetsindikatorar.

Familiebarnehagar er dei minste einingane i barnehagesektoren. Mange familiebarnehagar arbeider systematisk og godt med det pedagogiske arbeidet, men samtidig har høvet til å gjere unntak frå regelverket ofte vorte nytta i godkjenninga av nye heimar. Rambøll gjennomførte våren 2012 undersøkinga Kvalitet i familiebarnehagar, som viser at det er stor variasjon blant desse barnehagane og mellom kommunar og bydelar i oppfølginga av dei. Undersøkinga viser mellom anna at 44 pst. av familiebarnehagane ikkje følgjer kravet om at verksemda skal drivast i fellesskap med andre barnehagar, og at delen dispensasjonar frå utdanningskravet er noko høgre enn for landsgjennomsnittet. I åtte pst. av familiebarnehagane var pedagogisk rettleiar til stades sjeldnare enn ein gong i veka. 20 pst. av kommunane/bydelane hadde ikkje plan for tilsyn med familiebarnehagane.

Ein måte for å vurdere kvaliteten i barnehagetilbodet er å sjå på trivselen til barna i barnehagen. I fleire undersøkingar svarer eit fleirtal av foreldra at barna trivst i barnehagen. Rapporten Barns trivsel og medvirkning i barnehagen frå NTNU Samfunnsforskning våren 2012 viser at dei fleste barn i undersøkinga trivst i barnehagen. Rapporten er basert på ei undersøking av 17 barnehagar i Trøndelag. Det er interessant at foreldra og dei tilsette vurderer trivselen til barna høgre enn barna sjølve gjer.

Ei undersøking frå Atferdssenteret våren 2012, som omhandlar den sosiale utviklinga til barn i barnehagen, viser at sosial kompetanse for barn under tre år blir utvikla best i små barnegrupper og i eigne småbarnsgrupper.

Undersøkinga Barnepass fram til 18 måneder – Sammenhenger mellom barnepass fram til 18 måneder og språklige ferdigheter og psykisk fungering ved 5 års alder (Rapport 2011: 5), som er eit underprosjekt i den norske mor og barn-undersøkinga (MoBa), kan tyde på at tidleg barnehagestart kan gi nokre språkrelaterte vanskar i femårsalderen, og at lang dagleg opphaldstid i barnehagen kan ha negativ verknad på femåringane. Effektane er så små at dei er å rekne som ubetydelege.

Høgskolen i Oslo og Akershus leverte i 2012 Hva betyr livet i barnehagen for barn under tre år? , ei oversikt over norsk og internasjonal forsking i perioden 2000–11 knytt til barn i alderen null til tre år. Resultata er samstemte i at barnehagar med høg kvalitet er vesentlege for den kognitive, sosiale og språklege utviklinga hos barn. Høg kvalitet heng saman med stor personaltettleik, stabilt personale og personale med høg utdanning. Nøkkelfaktorar er godt samspill mellom vaksne og barn, og at erfarne og sensitive vaksne skaper eit stressfritt miljø i barnehagen. Dei fleste longitudinelle undersøkingane viser at barnehage har ein positiv effekt på barn, og særleg for barn med bakgrunn frå vanskelege sosioøkonomiske miljø.

Noregs forskingsråd har fått i oppdrag å etablere eit nasjonalt kunnskapssenter for utdanning. Kunnskapssenteret skal mellom anna samle, analysere og spreie kunnskap om kva som gir god kvalitet i barnehagar. Senteret er under oppbygging.

God styring av barnehagesektoren kan medverke til å redusere kvalitetsskilnadene mellom barnehagane. Den statlege styringskapasiteten er styrkt ved at Utdanningsdirektoratet frå 2012 er delegert ei rekkje forvaltnings- og utviklingsoppgåver, jf. kap. 220 Utdanningsdirektoratet.

Fylkesmannens tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit er eit viktig verkemiddel for å bidra til å sikre høg kvalitet på barnehagetilbodet, noko som mellom andre Riksrevisjonen har peikt på. Rapporten Tilsyn til besvær frå PricewaterhouseCoopers (PwC) i 2011 viste mellom anna at det kommunale tilsynet med barnehagane varierte betydeleg. Fylkesmannsembeta vart styrkte i 2011 for å auke tilsynsaktiviteten, og styrkinga er ført vidare i 2012, jf. omtale under strategiar og tiltak.

I samband med oppfølginga av St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen har departementet starta arbeidet med å utvikle eit system for å følgje med på utviklinga av kvaliteten i barnehagesektoren. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide ein plan for utviklinga av systemet med frist hausten 2012.

Overgangen til rammefinansiering har vore ei utfordring for sektoren der både kommunale og ikkje-kommunale barnehageeigarar må rette seg etter eit nytt system. Kunnskapsdepartementet har spelt ei aktiv rolle når det gjeld å informere om forskrifta om likeverdig behandling ved tildeling av offentleg tilskott til ikkje-kommunale barnehagar, mellom anna i eit oppdatert rundskriv F-05/2011 som vart sendt ut 31. oktober 2011. I tillegg har Fylkesmannen rettleidd kommunane i dei nye reglane. Kunnskapsdepartementet , via Utdanningsdirektoratet og fylkesmennene, følgjer med på situasjonen for ikkje-kommunale barnehagar etter innføringa av rammefinansiering av barnehagesektoren. For å styrkje Fylkesmannens rettleiing av kommunane har departementet vidare hatt dialog med KS og Private barnehagers landsforbund (PBL) om situasjonen for ikkje-kommunale barnehagar etter omlegginga av finansieringa. KS og PBL har i tillegg samarbeidd om å utvikle ein rettleiar som skal bidra til meir einskapleg forskriftspraktisering i sektoren. Rettleiaren vart lagt fram i september 2012. Utdanningsdirektoratet har sett ut ei undersøking om forskrifta om likeverdig behandling, og korleis kommunane praktiserer denne. Resultata vil etter planen komme i desember 2012.

Forskrifta om likeverdig behandling ved tildeling av tilskott til ikkje-kommunale barnehagar tok til å gjelde frå 1. januar 2011. Dei kommunale tilskotta skal gi økonomisk grunnlag for eit godt barnehagetilbod, og det er derfor ein føresetnad at midlane blir brukte i barnehagane, og ikkje går til urimeleg høge vederlag til eigarane. Rapporten Gullgraving i sandkassa – profittmuligheter og uttak av verdier fra private barnehager ble våren 2012 lagt fram av Telemarksforskning. Rapporten teiknar eit bilete av ein sektor der dei ikkje-kommunale barnehagane i hovudsak er godt drivne og er lojale til formålet i bruken av midlane, samtidig som det er indikasjonar på at det i dag er eit relativt stort potensial for skjult uttak av verdiar. Utviklinga av eigarstrukturar i sektoren frå 2003 har vist teikn på endring frå ideelle organisasjonar til eigarstrukturar som i større grad legg til rette for uttak av verdiar. Det dreier seg om betydelege summar, og i lys av at barnehagane i dag driv ei verksemd som for ein stor del er finansiert gjennom kommunalt tilskott og foreldrebetaling, er det viktig at det er sikkerheit for at midlane blir nytta i samsvar med formålet. Dette gjer det nødvendig med reglar om bruk av det kommunale tilskottet og foreldrebetalinga som sikrar at desse midlane blir nytta i samsvar med formålet og kjem barna til gode. Framlegget frå departementet til føresegner som regulerer bruken av tilskott og foreldrebetaling, fekk god støtte i høringsprosessen, og vart vedteke av Stortinget 31. mai 2012, jf. Innst. 352 L (2011–2012) og Prop. 98 L (2011–2012) Endringer i barnehageloven (tilskudd og foreldrebetaling i ikke-kommunale barnehager). Lovendringane med utfyllande forskrifter skal tre i kraft 1. januar 2013.

Det nasjonale barnehageforumet (NABAFO) for sentrale aktørar i sektoren vart oppretta i 2010, og har jamlege møte med statsråden. Forumet skal medverke til dialog og kunnskapsdeling om dei utfordringane som er knytte til kvalitet, kompetanse, rekruttering, kunnskapsutvikling og styring i barnehagesektoren.

Strategiar og tiltak

Departementet skal leggje fram ei stortingsmelding om barnehagen i framtida vinteren 2013. Meldinga vil gi eit oppdatert kunnskapsgrunnlag, og ho vil òg omfatte forslag baserte på fleire offentlege utgreiingar som har vorte lagde fram i dei siste åra. Forslaga til tiltak skal saman med kunnskapsgrunnlaget leggje eit grunnlag for innsatsen til regjeringa for barnehagen i framtida.

For å sikre likeverdig kvalitet i alle barnehagar og stabile rammevilkår for ikkje-kommunale barnehagar tek regjeringa sikte på å halde fram med opptrappinga av tilskottet til ikkje-kommunale barnehagar. Hausten 2012 vart minimumstilskottet til dei ikkje-kommunale barnehagane auka frå 91 til 92 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentlege tilskott. I statsbudsjettet for 2013 foreslår regjeringa å auke minimumstilskottet frå 92 til 94 pst. frå 1. august 2013. Departementet foreslår å løyve 58 mill. kroner til dette formålet. Inkludert heilårseffekten av opptrappinga av minimumstilskottet i statsbudsjettet for 2012, foreslår departementet ei samla styrking av ikkje-kommunale barnehagar på om lag 99 mill. kroner. Regjeringa tek sikte på å oppnå full likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar i løpet av 2014.

Barnehagelovutvalget har vurdert styringsverktøya i barnehagesektoren og leverte innstillinga si 16. januar 2012, jf. NOU 2012: 1 Til barnas beste . Høringa våren 2012 gav over 200 høringssvar. Departementet vil vurdere tilrådingane frå utvalet og komme tilbake til oppfølginga, mellom anna i stortingsmeldinga om barnehagen i framtida vinteren 2013.

Forsking om og for barnehagar er framleis nødvendig for å utvikle praksisfeltet, og fleire undersøkingar er i gang eller under planlegging, mellom anna gjennom forskingsprogramma Praksisrettet utdanningsforskning 2010–2014 (PRAKUT) og Utdanning2020 . Departementet vil føre vidare forskingsinnsatsen på barnehagefeltet i 2013, jf. kap. 231 post 21 og 51.

Oppsummeringa av årsrapportane frå fylkesmannsembeta for 2011 viste at tilsynsaktiviteten på barnehageområdet ikkje var auka i samsvar med styrkinga i statsbudsjettet. Utdanningsdirektoratet vil følgje opp tilsynsaktiviteten til Fylkesmannen gjennom embetsstyringa. Utdanningsdirektoratet vil utvikle ein felles metode for Fylkesmannens tilsyn i barnehagesektoren og opplæringssektoren. Denne metoden kan bli teken i bruk i 2013 og dermed bidra til einsarta tilsyn med større læringseffekt for kommunen. Utdanningsdirektoratet vil i perioden 2013–14 hente inn kunnskap om sektoren og gjere risikovurderingar med sikte på å etablere sentrale tilsynssatsingar for dei tilsyna embeta fører med barnehagesektoren. Sentralt etablerte tilsyn vil bidra til likebehandling, forenkle tilsynsverksemda til embeta, og sikre at den samla tilsynsaktiviteten i større grad svarer til risiko i sektoren.

Utdanningsdirektoratet skal innan årsskiftet 2012–13 levere ein plan for utviklinga av eit system for å følgje med på kvaliteten i sektoren, og departementet vil følgje opp dette i 2013.

Tilstrekkeleg kompetanse i forvaltninga er ein nøkkelfaktor både for å nå og for å halde oppe dei nasjonale måla på barnehageområdet. Det er derfor viktig med kompetansetiltak for å utvikle og styrkje kommunen som barnehagemyndigheit. Utdanningsdirektoratet har i 2012 fått i oppdrag å foreslå eit studieopplegg for kommunen som barnehagemyndigheit innan 15. november 2012. Direktoratet skal sikre tett dialog og involvering av KS i prosessen.

Mål: Alle barnehagar skal vere ein god arena for omsorg og leik, læring og danning

Førskolealderen er ein læringsintensiv fase for barna. Grunnlaget for deltaking i sosiale fellesskap, for vennskap og for vidare utvikling, læring og danning blir lagt i tidlege barneår. Barnehagen skal ta på alvor læringa og utviklinga til alle barn og ruste det einskilde barnet for livslang læring.

For at barnehagen skal vere ein lærande og utviklande arena for alle barn, er det nødvendig at barnehagen har nok tilsette med god kunnskap og kompetanse når det gjeld barndom og utvikling hos barn. Kompetente tilsette er ein føresetnad for å gi alle barn eit godt pedagogisk tilbod, slik at barnehagen blir ein god arena for omsorg, leik, læring og danning. Dette ligg til grunn for satsinga til regjeringa på kompetanseutvikling for alle som arbeider i barnehage.

Tilstandsvurdering

I dag har om lag halvparten av dei tilsette som arbeider med barna i barnehagen, barne- eller barnehagefagleg kompetanse. Dei andre tilsette har ikkje nokon formell utdanning for å arbeide med barn. I dei siste åra har det vore ei beskjeden, men positiv utvikling i delen med barne- og barnehagefagleg kompetanse. I 2011 arbeidde 28 761 førskolelærarar i barnehagane, noko som utgjer 35,2 pst. av alle dei tilsette i barnehagen som arbeider med barn. Denne delen har halde seg stabil på ein tredel i dei seinaste åra trass den store veksten i sektoren. Tal frå SSB viser at vi manglar om lag 4 100 førskolelærarar med godkjend utdanning. Delen styrarar og pedagogiske leiarar utan godkjend utdanning etter barnehagelova vart i 2011 redusert til 13,3 pst. (4 112 personar) frå 13,7 pst. i 2010 (4 108 personar) og 13,8 pst. i 2009 (3 992 personar).

I barnehagelova og rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen er det lagt nasjonale føringar for å sikre kvaliteten på barnehagetilbodet. Krava til pedagogisk bemanning (pedagognorma) skal sikre tilstrekkeleg kvalifiserte pedagogar i barnehagen. Rettleiaren som departementet sende ut i august 2011, klargjorde regelverket for pedagogisk bemanning. Rettleiaren og tydeleggjeringa av regelverket vil i ein periode kunne gi ein auke i talet på dispensasjonar. På lengre sikt vil delen pedagogar i barnehagane kunne auke sidan den store barnehageutbygginga er over og det blir utdanna fleire førskolelærarar.

SSB har i analysen av tilbodet og etterspurnaden etter lærarar (LÆREMOD) rekna ut at det i 2020 vil mangle om lag 1 000 førskolelærarar, dette gitt at vi fører vidare dagens situasjon i barnehagesektoren.

I 2011 var det nesten 11 000 barne- og ungdomsarbeidarar som arbeidde i barnehagen, mot 10 164 i 2010 og 5 309 i 2005. Barne- og ungdomsarbeidarane utgjer 13,4 pst. av alle dei tilsette i barnehagen som arbeider med barn.

Både Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2007–2011) og Strategi for rekruttering av førskolelærere i barnehagen (2007–2011) vart avslutta i 2011, og departementet etablerte prosjektet GLØD. Prosjektet har som målsetjing å betre kompetansen blant alle tilsette, auke rekrutteringa til førskolelærarutdanninga og bidra til å heve statusen for arbeid i barnehagane. GLØD skal utarbeide ein samla kompetansestrategi for barnehagane. Departementet tek sikte på å leggje fram kompetansestrategien vinteren 2013, saman med meldinga om barnehagen i framtida.

GLØD har i 2011 innhenta kunnskap om sentrale problemstillingar knytte til kompetanse og rekruttering i barnehagane som vil bidra til å danne grunnlaget for utforminga av kompetansestrategien saman med råd og innspel frå sentrale aktørar i sektoren.

Strategi for rekruttering av førskolelærere i barnehagen (2007–2011) er evaluert av Rambøll i 2012. Evalueringa konkluderer med at strategien har vore vellykka, og at sektoren sjølv opplever tiltaka som relevante og nyttige. Barnehageeigarane bør gjerast meir ansvarlege og forplikte seg til å delta gjennom målretta og planfesta rekrutteringsarbeid og tilrettelegging for deltaking i tiltaka. Dei mest kjende tiltaka er leiarutdanning for styrarar i barnehagen og rettleiing av nyutdanna førskolelærarar. Barnehageeigarar og daglege leiarar seier at arbeidsplassbasert førskolelærarutdanning (ABF) er det mest relevante tiltaket for rekruttering av førskolelærarar. ABF rekrutterer studentar som ikkje ville søkt seg til ordinær førskolelærarutdanning. Gode permisjonsordningar og økonomisk kompensasjon for den einskilde er viktig for gjennomføring av studiet.

Trøndelag Forskning og Utvikling AS har gjennomført ei kompetansekartlegging blant alle gruppene tilsette i barnehagane, og rapporten viser at dei største kompetansebehova dei tilsette har, er knytte til desse tema: barn med særskilde behov, IKT i arbeidet i barnehagen, språkleg og kulturelt mangfald, og blant styrarar og pedagogiske leiarar er òg leiarskap høgt etterspurd. Dårleg økonomi og at kompetansetiltaka ikkje gir høgre lønn, blir oppgitte som dei største barrierane for å delta i kompetanseutviklingstiltak, jf. rapporten Kompetansebehov i barnehagen frå 2012.

I februar 2012 vart rekrutteringskampanjen Verdas finaste stilling ledig lansert. Kampanjen skal vare i minst tre år, og målet er å få fleire søkjarar av begge kjønn til førskolelærarutdanninga, og å heve statusen for arbeid i yrket. Kampanjen har mellom anna omfatta reklamefilm på TV og kino, webfilm, ei eiga nettside, Facebook-side og deltaking på studiemesser rundt omkring i landet. Tal frå Samordna opptak per 19. juli 2012 viser at talet på kvalifiserte søkjarar som har førskolelærarutdanning som førsteval, har auka med heile 18 pst. frå året før. I 2011 var det 2 296 søkjarar som hadde førskolelærarutdanning som førsteval. I 2012 har talet stige til 2 710 , ein auke på 414 personar. 3 571 har fått tilbod om plass på utdanninga, og dette er 420 fleire enn i 2011. Dette er ei gledeleg utvikling, og tyder på at rekrutteringskampanjen har vore vellykka. Som følgje av auken i talet på søkjarar tildelte departementet i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2012 midlar til 115 nye studieplassar i førskolelærarutdanninga. Det er nyleg etablert nettverk i alle fylka. Desse skal i hovudsak bidra til å styrkje det lokale arbeidet knytt til kampanjen. Nettverka blir koordinerte av Fylkesmannen og består av sentrale aktørar i sektoren.

Evalueringa frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) i 2010 viste at førskolelærarutdanninga ikkje hadde god nok kvalitet, og fleire tiltak er sett i verk i etterkant. Eit breitt samansett rammeplanutval for førskolelærarutdanninga har levert forslag til ny rammeplan, og departementet har fastsett forskrifta for den nye barnehagelærarutdanninga som skal gjelde frå og med skoleåret 2013–14. Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått i oppdrag å prøve ut den nye utdanninga frå hausten 2012. Hovudelementa i den nye utdanninga er overgang frå ei fagbasert utdanning til ei utdanning basert på tverrfaglege kunnskapsområde. Det er planlagt å opprette ei eiga følgjegruppe som skal støtte utdanningsinstitusjonane i arbeidet med kvalitetsutvikling når det gjeld både implementering av ny rammeplan for barnehagelærarutdanninga, og dei tilbakemeldingane som den einskilde institusjonen har fått gjennom evalueringa til NOKUT. Departementet vil også halde tett kontakt med utdanningsinstitusjonane gjennom den ordinære styringsdialogen.

I samband med den nye rammeplanen for barnehagelærarutdanninga har departementet fastsett at yrkestittelen blir endra frå «førskolelærar» til «barnehagelærar», og i ein periode vil det bli utdanna studentar med både gammal og ny yrkestittel. Frå 1. januar 2013 vil departementet bruke «barnehagelærar» i staden for «førskolelærar» i alle offentlege dokument.

Utdanningsdirektoratet fekk frå 2012 overført ansvaret for kompetansetiltak som er starta opp på barnehageområdet. Leiarutdanning for barnehagestyrarar vart oppretta hausten 2011. Dei som tilbyr utdanninga, er Noregs handelshøgskole, Handelshøyskolen BI, Høgskolen i Oslo og Akershus, Dronning Mauds Minne, Høgskole for førskolelærarutdanning og Universitetet i Agder. Utdanninga er eit deltidsstudium over til saman tre semester. 300 styrarar fekk studieplass hausten 2011, desse har endeleg eksamen hausten 2012. Utdanningsdirektoratet har i 2012 teke opp 300 styrarar til eit nytt kull som byrjar på leiarutdanninga for styrarar vårsemesteret 2013 – desse tek endeleg eksamen våren 2014. Det har vore stor søknad, og av 725 søkjarar fekk 300 tilbod om studieplass. Evaluering av leiarutdanninga for styrarar byrja våren 2012, og skal leggjast fram hausten 2014, men med delrapport undervegs. Formålet med evalueringa er å undersøkje om dei nasjonale måla som er definerte for utdanninga, blir nådde.

Gode ordningar for rettleiing av nyutdanna førskolelærarar er ei investering som medverkar til å rekruttere og halde på dyktige pedagogar. Kunnskapsdepartementet og KS har inngått ein intensjonsavtale der målet er at alle nyutdanna førskolelærarar skal få tilbod om rettleiing i løpet av barnehageåret 2011–12. Sentrale aktørar som fylkesmannen, kommunar, barnehageeigarar, universitet og høgskoleinstitusjonane og organisasjonane har vore med på arbeidet med utforminga av tilbodet og informert sektoren om tilbodet.

Utdanningsdirektoratet lyser ut midlar til drift og vidareutvikling av igangsette tiltak for rettleiing. Desse har vore drivne i regi av lærarutdanningane, i god dialog med partane i sektoren. Vinteren 2012 vart det gjennomført ei kartlegging blant nyutdanna styrarar og barnehageeigarar som viser at 63 pst. av dei nyutdanna førskolelærarane har fått tilbod om rettleiing. Dei som hadde ei ordning, var svært nøgde, og dette gjeld alle dei tre målgruppene i kartlegginga. Departementet meiner at dette viser ei positiv utvikling.

Den nye formålsparagrafen i barnehagelova som gjeld frå 1. august 2010, slår fast at barnehagen som arena for læring og danning mellom anna skal leggje til rette for undring, utforskartrong og glede over å skape hos barna. For å støtte barnehagane i arbeidet med å implementere endringane i lova og i rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, vart pilotprosjektet om barnehagen som læringsmiljø og danningsarena sett i gang i seks fylke hausten 2011. Under koordinering av fylkesmennene og med støtte frå fagfolk ved universitet/høgskolar i regionen skal barnehagane utvikle praksisen sin slik at verdiane i formålet kan bli omsette i kvardagserfaringar for barna. I kvart fylke deltek 10–15 barnehagar, og dei tilsette har delteke på forelesingar på universitet/høgskolar, fått rettleiing og bygt opp ny kunnskap i sin eigen barnehage. Dei skal i samarbeid med universitet/høgskole skrive teori- og praksisbaserte fagartiklar. Dette arbeidet skal vere ferdig innan utgangen av 2012.

Kompetansesatsinga Vennskap og deltakelse – en styrking av arbeidet med implementering av nytt formål i barnehagene vart starta i 2012, og er ei vidareføring og utviding av arbeidet med kompetansestrategien i perioden 2007–11. Kompetansesatsinga for 2012 skal styrkje kompetansen til dei tilsette i å omsetje formålsparagrafen til praktisk arbeid i barnehagen, bidra til å utvikle barnehagen vidare som ein lærande organisasjon og styrkje barnehagen som pedagogisk verksemd.

Handlingsplan for samiske språk har språkmiljø og språkstimulering som eitt av fire prioriterte område, og understrekar at samiske barn må få støtte til å bevare språket sitt. Det er eit godt etablert samarbeid mellom dei fem nordlegaste fylkesmennene og Sametinget (RegioNor). Saman arbeider dei med å utforme regionale og lokale tiltak for aktivt å stimulere kommunar med samiske barn til å søkje kompetansemidlar. Sametinget har i samarbeid med Kunnskapsdepartementet utforma ein rettleiar for kva som kan vere innhaldet i barnehagen når det gjeld samisk språk og kulturutvikling. Temaheftet om språkmiljø og språkstimulering og rettleiaren om overgangen frå barnehage til skole vart omsett til nordsamisk og sørsamisk i 2011.

I dei fem siste åra har det vorte tilsett 2 200 fleire menn i basisverksemda til barnehagen, så delen mannlege barnehagetilsette i basisverksemda har auka med 55 pst., frå 4 032 menn i 2006 til 6 238 menn i 2011. Basisverksemda omfattar den hovuddelen av personalet som arbeider med heile barnegruppa, som styrarar, pedagogiske leiarar og assistentar (ikkje tospråklege assistentar). For stillingar i basisverksemda utgjorde mannlege tilsette 8,3 pst. i 2011, same delen som i 2010, sjølv om det reelle talet har auka noko frå 2010 til 2011. 949 barnehagar, eller 14,7 pst., hadde i 2011 minst 20 pst. menn tilsette i basisverksemda. I handlingsplanen Likestilling 2014 – regjeringens handlingsplan for likestilling mellom kjønnene fører regjeringa vidare målet om å auke delen mannlege tilsette i barnehagane til 20 pst. Rekrutteringskampanjen Verdas finaste stilling ledig legg vekt på å rekruttere både fleire menn og fleire kvinner til førskolelærarutdanninga.

Foreldresamarbeidet og moglegheita for foreldra til medverknad er styrkt ved at Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) vart oppretta i august 2010. FUB skal medverke til eit godt samarbeid mellom barnehage og heim slik at alle barn får eit best mogleg barnehagetilbod. FUB har arbeidd aktivt og målretta for å etablere seg som ein aktør i sektoren, og er representert i ei rekkje arbeids- og referansegrupper. For nærmare omtale av FUB, sjå kap. 221 post 01.

Barnehagen skal ha eit godt samarbeid med barnevernet slik at barn som treng hjelp, får det. Det er kommunen som har ansvaret for å leggje til rette for eit godt tverrfagleg samarbeid. Kunnskapsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har tidlegare utarbeidd ein rettleiar for dette samarbeidet. Ei kommande undersøking frå Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) skal sjå på om rettleiaren framleis blir brukt av barnehagane. Det har vore merksemd rundt det at barnehagane melder få saker til barnevernet, men tal frå SSB viser ein auke. I 2007 var 7,4 pst. av iverksette undersøkingssaker for barn i alderen null til fem år melde av barnehagane (513 sakar). For 2011 er delen 11,8 pst. (1 251 saker).

Strategiar og tiltak

Den nye samla kompetansestrategien som skal gjelde frå 2014, vil bli lagt fram vinteren 2013 saman med stortingsmeldinga om barnehagen i framtida. Fleire av kompetansetiltaka frå 2012 vil derfor bli førte vidare i 2013, inkludert etter- og vidareutdanningstilbodet, men tilpassa ny kunnskap om kompetansebehov.

Departementet ønskjer å styrkje satsinga på kompetanseutvikling i barnehagesektoren, og foreslår å auke løyvinga på kap. 231 post 21 med 20 mill. kroner. Midlane vil bli nytta til ei mellombels ordning med etter- og vidareutdanningstiltak for assistentar.

Rekrutteringskampanjen Verdas finaste stilling ledig, som er retta mot unge utdanningssøkjarar, skal førast vidare i 2013. Hovudmålet med kampanjen er å auke rekrutteringa til førskolelærarutdanninga og heve statusen for arbeidet i barnehagen. Dei regionale nettverka som er etablerte med sentrale aktørar frå sektoren i alle fylke, skal bidra i arbeidet med å støtte opp under det regionale rekrutteringsarbeidet.

Ved behandlinga av St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen vart det varsla ei større revidering av rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, jf. Innst. 162 S (2009–2010). Fleire utval har hatt forslag til endringar. Departementet vil i samband med stortingsmeldinga om barnehagen i framtida, vurdere om det er behov for endringar i rammeplanen.

Likestillingssenteret har fått i oppdrag å setje i verk tiltak for å heve kompetansen i praktisk likestillingsarbeid i barnehagen.

Kunnskapsdepartementet vil følgje opp Handlingsplan for samiske språk . Utdanningsdirektoratet skal mellom anna leggje til rette for informasjons- og erfaringsspreiing om gode språkutviklingstiltak.

Mål: Alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap

Barnehagen skal inkludere alle, uavhengig av bakgrunn og funksjonsnivå, og har eit særleg ansvar for å sikre god og tidleg hjelp til barn som har behov for særskild oppfølging. Regjeringa er oppteken av at barnehagetilbodet blir lagt til rette slik at alle barn får eit godt omsorgs- og læringsmiljø som fremmer trivsel, livsglede, meistring og kjensle av eigenverd. Barnehagen er ein viktig arena for å arbeide med førebyggjande tiltak for helse, sosial inkludering og livslang læring. Åtferd med karakter av mobbing kan òg skje i barnehagen, og personalet skal stanse dette. Utvikling av eit godt miljø er viktig for å førebyggje negativ åtferd.

Tilstandsvurdering

Stortinget har behandla Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap. Tidlig innsats og gode læringsmiljøer for barn, unge og voksne med særlige behov , jf. Innst. 405 S (2010–2011) og Innst. 50 S (2011–2012). Meldinga omfattar forslag frå NOU 2009: 18 Rett til læring (Midtlyng-utvalget). Departementet foreslår i meldinga mellom anna å flytte opplæringslovas føresegn som gjeld barn under opplæringspliktig alder, til barnehagelova. Dette gjeld mellom anna retten til spesialpedagogisk hjelp. Flytting av desse føresegnene vil kunne medverke til å styrkje samarbeidet mellom barnehagane og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT).

Barnehagen er ein viktig arena for integrering og språkutvikling for minoritetsspråklege barn i førskolealderen. I dei siste åra har delen minoritetsspråklege barn i barnehage auka. I 2011 gjekk 73 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen eitt til fem år i barnehage, mot 54 pst. i 2005. For alle barn i aldersgruppa var dekningsgraden 90 pst. i 2011. Departementet gir eit øyremerkt tilskott til kommunane til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) har eit forsøk med gratis kjernetid i barnehage i nokre utvalde område med høg del barn med innvandrarbakgrunn for å auke barnehagedeltakinga i desse områda, jf. Prop. 1 S (2012–2013) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Forsøket med gratis kjernetid i barnehage omfattar område i Oslo, Drammen og Bergen. Forsøket inneber at alle barn i aktuelle årskull i desse områda får tilbod om gratis deltaking i barnehage 20 timar per veke. Målgruppa for ordninga er hovudsakleg fire- og femåringar. Forsøket vart sett i gang i 2006 og har gradvis vorte utvida. Formålet med forsøket er, gjennom auka deltaking i barnehage, å førebu barna på skolestart, å betre norskkunnskapane for minoritetsspråklege barn og å medverke til sosialiseringa generelt. Ei målsetjing med forsøket er å sikre ei målretta oppfølging av dei føresette med innvandrarbakgrunn, slik at dei kan medverke til at barna kan følgje ordinær undervisning på skolen. Forsøket har også til formål å auke forståinga hos foreldra for at norsk språk er viktig, og for deltaking i sosiale aktivitetar. Vidare skal tiltaket medverke til å sikre at barnehagepersonalet har god kompetanse i fleirkulturell pedagogikk og språkstimulering. Rapporteringa frå forsøkskommunane tyder på at forsøket med gratis kjernetid har medverka til at barnehagedeltakinga har auka, og skolar i Oslo meldar om at skolestartarar meistrar norsk betre enn tidlegare. Etter oppdrag frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet starta Fafo i 2011 ei treårig ekstern evaluering av forsøket med gratis kjernetid, og resultata vil komme hausten 2014.

Som følgje av forslag i NOU 2010: 7 Mangfold og mestring frå Østberg-utvalget er det sett i verk fleire tiltak. Utdanningsdirektoratet samarbeider med Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) om å utvikle nettressursar for fleirkulturell praksis. Nettstaden morsmal.no er ein nettressurs retta mot både fleirspråklege barn og foreldre, samt pedagogar og tospråkleg personale i barnehage og skole.

NAFO har i perioden 2010–12 drive kompetansetiltak for fleirspråklege assistentar i samarbeid med tre høgskolar (Oslo og Akershus, Telemark og Dronning Mauds Minne). Tiltaket blir drive etter KOMPASS-modellen, som er utvikla av Høgskolen i Oslo og Akershus. I skoleåret 2011–12 har 96 assistentar delteke ved dei tre studiestadene – to klasser i Oslo, ei i Telemark og ei i Trondheim. 53 av assistentane har teke eksamen, som gir 15 studiepoeng. Tiltaket er i år fullfinansiert av Kunnskapsdepartementet som ei oppfølging av NOU 2010: 7.

NAFO og Høgskolen i Oslo og Akershus gjennomfører i 2012 pilotprosjektet TOSPASS om samanhengen mellom det å ha tospråklege assistentar i barnehagen og den norskspråklege utviklinga hos dei minoritetsspråklege barna. Prosjektet omfattar fem barnehagar, og evalueringa vil skje i slutten av 2012.

Regjeringa er oppteken av at alle barn som har særleg behov for språkstimulering, uansett morsmål, blir følgde opp tidleg. Ekspertutvalet som har vurdert verktøy som blir nytta til språkkartlegging i barnehagane, leverte rapporten sin i desember 2011. Formålet med språkkartlegging er at barnehagane skal finne fram til alle barn som strever med språket, slik at dei kan følgjast opp på ein god måte. Personalet må ha kjennskap til språkutvikling, kartlegging og språkstimulering. Utdanningsdirektoratet har derfor i 2012 fått i oppdrag å lage rettleiingsmateriale for barnehagar om kartlegging av språk hos barn og språkstimulering. Materialet skal ta utgangspunkt i rapporten frå ekspertutvalet.

Strategiar og tiltak

Det er framleis eit mål å auke talet på minoritetsspråklege barn i barnehagen, og å styrkje kompetansen til barnehagen på området språkstimulering og fleirkulturell pedagogikk. Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 30 mill. kroner over kap. 226 til eit eige kompetanselyft for tilsette i barnehagar og skolar når det gjeld satsing på kunnskap om fleirspråklegheit og fleirkulturell pedagogikk, jf. omtale under kap. 226 post 21.

Mål: Prisen skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å ha barn i barnehage

Tilstandsvurdering

Maksimalprisen for foreldrebetalinga er frå 2005 redusert frå 2 750 kroner per månad til 2 330 kroner i 2012. Dette er ein reell reduksjon på om lag 33 pst. eller 1 150 kroner (2012-kroner) per månad.

Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar slår fast at alle kommunar skal ha ordningar som kan tilby dei barnefamiliane som har lågast moglegheit til å betale, ein reduksjon i eller fritak for foreldrebetaling. Undersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) om foreldrebetaling frå januar 2012 viser at 22 pst. av kommunane har inntektsgraderte satsar. Andre kommunar tilbyr friplassar eller andre rabattordningar utanfor det ordinære systemet for betaling til barnehagen. Alle kommunane tilbyr syskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn i barnehage.

Barnetilsynsundersøkinga frå 2010 viste at det har vore ein auke i bruken av barnehage for barn frå familiar med låg utdanning og låg inntekt, men at bruken framleis er lågare enn for andre barn.

Strategiar og tiltak

Regjeringa vil føre vidare maksimalprisen på same nominelle nivå kvart år framover, til målet i Soria Moria-erklæringa om ei maksimalgrense for foreldrebetalinga på 1 750 kroner (2005-kroner) blir innfridd.

Foreldrebetalinga for eit ordinært heiltidstilbod vil i 2013 maksimalt utgjere 2 330 kroner per månad og 25 630 kroner per år. Departementet foreslår å løyve 273 mill. kroner i budsjettet for 2013, slik at maksimalprisen kan førast vidare på same nominelle nivå som i 2012. Inkludert heilårseffekten av nominell vidareføring av maksimalprisen i statsbudsjettet for 2012, foreslår departementet ei samla løyving på om lag 336 mill. kroner til lågare pris i barnehagen.

Kap. 231 Barnehagar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 51

158 586

131 799

166 148

50

Tilskott til samiske barnehagetilbod

13 753

14 179

14 647

51

Forsking , kan nyttast under post 21

7 517

7 750

8 006

60

Driftstilskott til barnehagar , overslagsløyving

51 804

10 000

61

Investeringstilskott , overslagsløyving

80 810

47 000

10 000

63

Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder

118 523

122 108

126 015

64

Tilskott til mellombelse lokale , overslagsløyving

16 860

9 400

6 500

Sum kap. 231

447 853

342 236

331 316

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51

Midlane blir nytta til forsking, utviklingsarbeid, kartleggingar, utgreiingar, kompetansetiltak, rekrutteringstiltak, informasjons- og erfaringsspreiing i barnehagesektoren og utviklingsbehov som oppstår gjennom året. Delar av løyvinga dekkjer utgifter til lønn og administrasjon i departementet og Utdanningsdirektoratet knytte til drift av prosjektet GLØD.

Mål for 2013

Målet med løyvinga i 2013 er å medverke til å auke kvaliteten i barnehagane gjennom å føre vidare satsinga på kompetanse og rekruttering. Kompetansetiltaka vil medverke til at regjeringas mål om likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar blir nådd, og gjere det lettare for barnehagane å oppfylle formålsparagrafen til barnehagen. Midlane skal òg medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget gjennom forsking, undersøkingar og kunnskapsoversikter.

Rapport for 2011

I 2011 vart det nytta om lag 131 mill. kroner til kompetanseutvikling og rekrutteringstiltak over post 21. I tillegg vart det løyvt midlar til kvalitetsfremmande tiltak over post 51 og 63. Samla vart det nytta om lag 143 mill. kroner til kvalitetstiltak i 2011 over kap. 231.

Av midlane til kompetanseutvikling på post 21 vart 43 mill. kroner nytta til lokale kompetansetiltak i den nasjonale kompetansestrategien for å auke kompetansen til dei tilsette i barnehagen. Om lag 18 mill. kroner vart nytta til forsking og kunnskapsinnhenting over post 21. 5 mill. kroner av desse midlane vart tildelte forskingsprogrammet Utdanning2020 . Til kompetanseutvikling for minoritetsspråklege studentar/assistentar vart det tildelt om lag 1,5 mill. kroner. Desse midlane vart tildelte Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) og nytta til fire klasser for tospråklege assistentar etter den modellen Høgskolen i Oslo og Akershus har for kompetanseheving av assistentar, KOMPASS. Rolla til NAFO var å tildele midlane til fire høgskolar, og å leie og følgje opp kompetansetiltaket.

Samla vart det nytta om lag 15 mill. kroner over post 21 til oppfølging av Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen (2007–2011) . Av dei midlane som vart brukte til rekruttering, vart om lag 8 mill. kroner nytta til arbeidsplassbasert førskolelærarutdanning. Midlane vart nytta til 135 studieplassar. Til rettleiingsprogrammet for nyutdanna førskolelærarar vart det nytta 3,5 mill. kroner. Det vart tildelt om lag 1,8 mill. kroner til utvalde fylkesmenn i pressregionar for å leggje til rette for målretta rekrutteringstiltak til førskolelærarutdanninga og til barnehagane. Midlane gjekk til regionale rekrutteringstiltak i samarbeid med sentrale aktørar. Tiltaka i rekrutteringsstrategien har medverka til auka breidd og mangfald i utdanningstilbodet. Fleire nyttar seg av moglegheitene til å utdanne seg til førskolelærar gjennom ulike etter-, vidare- og arbeidsplassbaserte utdanningstilbod.

Det vart i 2011 nytta om lag 4,3 mill. kroner til barnehagetiltak i regjeringas handlingsplan Likestilling 2014 . Tiltaka har omfatta drift av likestillingsteam i alle fylke, og kompetanseheving i praktisk likestillingsarbeid for dei tilsette i barnehagane. Dette gjeld oppretting av og arbeid i rekrutteringsteam og demonstrasjonsbarnehagar og nasjonale erfaringskonferansar. Rekrutteringsteama dekte alle fylka, og dei fleste hadde forankring på ein høgskole. Demonstrasjonsbarnehagane hadde nådd målet om 20 pst. tilsette menn, og også desse var spreidde i ulike delar av landet. Dette har gitt lokal forankring og kontinuitet på eit område som krev langsiktig satsing.

Fylkesmennene vart i 2011 tildelte 23,5 mill. kroner til særskilde oppgåver på barnehagefeltet. Midlane vart nytta til informasjon, rettleiing, utviklingstiltak og kommunale nettverk. Fylkesmannsembeta har rettleidd og informert kommunane løpande gjennom året. Dei har halde samlingar og kurs for kommunen som barnehagemyndigheit om nasjonale føringar, lov og regelverk på barnehagefeltet. Dette har gjort sitt til å auke kompetansen hos kommunen som barnehagemyndigheit. 7,3 mill. kroner vart tildelte via Fylkesmannen for å stimulere aktørane i sektoren til å setje i verk særskilde utviklingstiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, og for å styrkje innsatsen for utvikling av fleirkulturell praksis i barnehagen.

Kunnskapsdepartementet oppretta hausten 2011 ei særskild leiarutdanning på masternivå for styrarar i barnehagar. Som følgje av stor interesse for studiet vedtok Stortinget i samband med revidert statsbudsjett for 2011 å løyve om lag 2,3 mill. kroner til å auke studiekapasiteten med 60 plassar, jf. Innst. 420 S (2010–2011) og Prop. 120 S (2010–2011). Totalt vart om lag 13 mill. kroner nytta til leiarutdanninga for styrarar i 2011.

Budsjettforslag for 2013

Regjeringa ønskjer å føre vidare og styrkje arbeidet med kompetanseheving og rekruttering. Kompetansen til personalet i barnehagen er avgjerande for kvaliteten på tilbodet. Mangelen på pedagogar og låg formell kompetanse til mange av assistentane i barnehagane krev vidare satsing for å rekruttere fleire pedagogar og for å heve kompetansen til tilsette i barnehagen. Departementet foreslår derfor å styrkje satsinga på kompetanseheving, og foreslår å auke løyvinga med 20 mill. kroner til ei mellombels ordning med etter- og vidareutdanningstiltak for assistentar. Satsinga må sjåast i samanheng med den nye kompetansestrategien som er varsla.

Leiarutdanninga for styrarar vart utlyst frå Utdanningsdirektoratet som konkurranse med forhandlingar i 2010. Fem utdanningsinstitusjonar vart valde som tilbydarar av utdanninga, som er eit prøveprosjekt. Prosjektet blir gjennomført med to kull studentar/styrarar. Det første kullet starta hausten 2011, og det andre kullet startar i januar 2013. Delar av midlane vil gå til dei private institusjonane Dronning Mauds Minne Høgskole og Handelshøyskolen BI.

Departementet vil halde fram med å fordele midlar til etter- og vidareutdanning for ufaglærte assistentar. Dei private høgskolane Dronning Mauds Minne Høgskole og NLA Høgskolen vil vere blant tilskottsmottakarane, i tillegg til dei offentlege høgskolane som deltek i satsinga.

Delar av løyvinga på kap. 226 post 21 har i dei siste åra vore nytta til barnehageformål. For å synleggjere løyvingane til barnehageformål foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 231 post 21 med 10 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 226 post 21.

Post 50 Tilskott til samiske barnehagetilbod

Sametinget forvaltar tilskott til samiske barnehagar, barnehagar med samiske avdelingar, barnehagar med tilbod om samisk språkopplæring og prosjekt og utviklingsarbeid i barnehagar. Sametinget og Kunnskapsdepartementet har faste samarbeidsmøte på administrativt nivå, i tillegg til konsultasjonar etter behov og nærmare avtale.

Mål for 2013

Formålet med tilskotta er å leggje til rette for at samiske barn skal få utvikle samisk språk og kultur i barnehagen.

Rapport for 2011

I 2011 mottok Sametinget om lag 13,8 mill. kroner i tilskott til samiske barnehagetilbod. I 2011 er det registrert 33 samiske barnehagar og 28 norskspråklege barnehagar som gir samisk tilbod til høvesvis 823 barn og 91 barn. Om lag 70 pst. av dei samiske barnehagane ligg i Finnmark fylke. 68 pst. av barna har tilbod i Finnmark, 21 pst. i Troms, tre pst. i Nordland, to pst. i Nord-Trøndelag, ein pst. i Sør-Trøndelag og fire pst. i Oslo og Akershus. Dei siste åra har det vore ein nedgang i talet på barn som får eit samisk barnehagetilbod. Sametinget skal i samband med si eiga melding om barnehagar drøfte problemstillinga.

Budsjettforslag for 2013

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2012.

Post 51 Forsking, kan nyttast under post 21

Midlane blir nytta til forsking i og om barnehagar. Løyvinga på posten må sjåast i samanheng med løyvinga til kompetanseutvikling på post 21.

Løyvinga blir forvalta av Noregs forskingsråd gjennom ulike forskingsprogram.

Mål for 2013

Målet er å få eit betre kunnskapsgrunnlag for barnehagepolitikken. Tilskottet skal medverke til å styrkje forskinga i og om barnehagar.

Rapport for 2011

Dei fleste prosjekta i forskingsprogrammet PraksisFoU vart avslutta i 2011, og endelege resultat frå dei fleste barnehageprosjekta låg føre i 2011 eller tidleg i 2012. PraksisFoU skulle fremme forskings- og utviklingsarbeid i lærarutdanningane, betre samanhengen mellom yrkesutdanning og yrkesutøving, og medverke til at forskingsbasert kunnskap vart teken i bruk. I alt inneheldt programmet 13 prosjekt som retta seg mot barnehagen. Prosjekta omhandlar tema som innhaldet i barnehagen, læring og utvikling, barnehagen som organisasjon, førskolelærarutdanninga, livslang læring, overgangen mellom barnehage og skole, og barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen. På bakgrunn av prosjekta er det skrive 65 artiklar i nasjonale og internasjonale fagtidsskrift. I tillegg kjem ei stor mengd rapportar, bøker og populærvitskaplege artiklar. Rapporten Funn i praksis – ny kunnskap om barnehage frå Forskingsrådet i 2012 presenterer mange av resultata i tillegg til å gi ei meir detaljert oversikt over publikasjonane frå dei forskjellige prosjekta.

Dette er første gong Forskingsrådet har gjennomført ei samla programsatsing overfor forsking på barnehage og førskolelærarutdanning. PraksisFoU har dermed vore med på å skape nettverk og nye forskingsmiljø på eit relativt ungt forskingsfelt.

I 2011 vart det fordelt om lag 15 mill. kroner over kap. 231 post 21 og 51 til barnehageforsking gjennom programma PRAKUT (2010–2013) og Utdanning2020 (2009–2018).

I 2011 nytta departementet om lag 10 mill. kroner til PRAKUT , der 7,5 mill. kroner vart løyvde over post 51. PRAKUT er næmare omtalt under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m. Eitt av fire forskingsområde i PRAKUT er læring i barnehagar. Der er omsorg, leik og læring samt leiing sentrale komponentar.

Utdanning2020 er eit tiårig forskingsprogram for utdanningssektoren – frå barnehage til doktorgradsutdanning, jf. nærmare omtale under programkategori 07.50. Over kap. 231 post 21 vart det i 2011 løyvt 5 mill. kroner til Utdanning2020 .

Budsjettforslag for 2013

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2012.

Post 60 Driftstilskott til barnehagar, overslagsløyving

Ordinært driftstilskott til barnehagar

Målet med tilskottet har vore å medverke til å nå måla om full barnehagedekning, lågare foreldrebetaling og god kvalitet i barnehagane. Tilskottet vart innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. januar 2011.

Rapport for 2011

Ein mindre del av løyvinga på kap. 231 post 60 vart halden utanfor innlemminga i rammetilskottet til kommunane i 2011 for å ta høgd for at nokre utbetalingar av driftstilskott for 2010 først ville bli gjennomførte i 2011. Det vart i 2011 utbetalt om lag 52 mill. kroner i driftstilskott til barnehagar.

Budsjettforslag for 2013

Departementet foreslår at attverande løyving på 10 mill. kroner på kap. 231 post 60 blir overført til kap. 571 post 60 på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.

Lønnstillegg til førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms

Lønnstillegget til førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms vart avvikla frå 1. januar 2012.

Rapport for 2011

Om lag 16,3 pst. og 10,4 pst. av styrarane og dei pedagogiske leiarane i Finnmark og Troms var utan godkjend utdanning ved utgangen av 2011 mot 14,1 pst. og 12,1 pst. i 2010. Mangelen på pedagogiske leiarar og styrarar utan godkjend utdanning varierer sterkt mellom dei ulike fylka. Delen pedagogiske leiarar og styrarar utan godkjend utdanning var i 2011 lågare både i Finnmark og Troms enn han til dømes var i Akershus, Oslo og Rogaland. Lønnstillegget utgjorde i 2011 10 000 kroner per år i full stilling. Om lag 206 000 kroner vart nytta til dette formålet i 2011.

Post 61 Investeringstilskott, overslagsløyving

Investeringstilskottet for nye barnehageplassar vart avvikla frå 1. januar 2012.

Rapport for 2011

Det vart i 2011 utbetalt om lag 81 mill. kroner i investeringstilskott til nye barnehageplassar. Tilskottet medverka til utbygging av om lag 7 040 nye heiltidsplassar, og det gav nær 5 600 fleire barn barnehageplass i 2011.

Budsjettforslag for 2013

Søknadsfristen for å få investeringstilskott til plassar oppretta i 2011 er innan utgangen av 2012. Det vil derfor vere behov for å løyve midlar på posten i 2013 for å ta høgd for eit etterslep av uhandsama søknader om investeringstilskott knytte til etableringa av barnehageplassar i 2011. Departementet foreslår å løyve 10 mill. kroner i 2013 for å dekkje etterslepet.

Post 63 Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder

Tilskottet skal medverke til at kommunane kan utforme tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen både i og utanfor barnehagen, og skal samstundes motivere kommunane til å rekruttere fleire minoritetsspråklege barn til barnehagen. Tilskottet går mellom anna til å finansiere tospråklege assistentar i barnehagen og kompetanseutvikling for dei tilsette innanfor fleirkulturell praksis og tospråkleg utvikling hos barna. Tilskottet blir delt ut til kommunane ut frå talet på minoritetsspråklege barn som går i barnehage.

Mål for 2013

Målet er at minoritetsspråklege barn i førskolealderen skal få betre språkforståing.

Rapport for 2011

Totalt vart om lag 119 mill. kroner nytta over posten i 2011. Om lag 115 mill. kroner av desse vart fordelte til kommunane. KOSTRA-tal for 2011 viser at om lag 10 700 barn fekk tilbod om særskild språkstimulering utover det ordinære arbeidet med språkutvikling i barnehagen. Det tilsvarande talet i 2010 var 9 600 barn. Av dei som fekk tilbod i 2011, gjekk om lag 8 100 barn i offentlege barnehagar mot 7 300 barn i 2010, og om lag 2 600 barn i private barnehagar mot 2 300 barn i 2010. Totalt var det i 2011 i overkant av 1 100 fleire barn som fekk tilbod om særskild språkstimulering samanlikna med 2010.

3 mill. kroner vart tildelte NAFO og Høgskolen i Oslo og Akershus for pilotprosjektet TOSPASS, om samanhengen mellom det å ha tospråklege assistentar i barnehagen og den norskspråklege utviklinga hos dei minoritetsspråklege barna. Prosjektet omfattar fem barnehagar, og blir avslutta i 2012 med ei evaluering. I tillegg vart NAFO tildelt 1 mill. kroner til vidareutvikling av nettressursen morsmål.no.

Budsjettforslag for 2013

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2012.

Post 64 Tilskott til mellombelse lokale, overslagsløyving

Tilskottet til mellombelse lokale vart avvikla frå 1. januar 2012.

Rapport for 2011

Tilskottet har medverka til auka utbygging av barnehageplassar. Rapportering frå kommunane per 20. september 2010 viser at 34 pst. av kommunane nytta mellombelse lokale i 2010. Totalt var det om lag 9 800 faste plassar i mellombelse lokale per 20. september 2010. I 2011 vart det utbetalt totalt om lag 17 mill. kroner i tilskott til faste plassar i mellombelse lokale.

Budsjettforslag for 2013

Søknadsfristen for å få tilskott til mellombelse lokale til plassar oppretta i 2011 er innan utgangen av 2012. Det vil derfor vere behov for å løyve midlar på posten i 2013 for å ta høgd for eit etterslep av uhandsama søknader om tilskott til mellombelse lokale knytte til etableringa av barnehageplassar i 2011. Departementet foreslår å løyve 6,5 mill. kroner i 2013 for å dekkje etterslepet.