8 Likestilling og arbeid mot diskriminering

Arbeidet med likestilling og mot diskriminering er eit systematisk og langsiktig holdningsarbeid som startar i barnehagen, blir ført vidare i skolen og må liggje til grunn i universitets- og høgskoleinstitusjonane og i forskinga. Målet er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og religion.

Barnehagen

Barnehagen skal oppdra barn til både å møte og skape eit likestilt samfunn, og byggje verksemda si på prinsippet om likestilling mellom dei to kjønna. Dei tilsette skal sjå og høre på både gutar og jenter, og dei skal oppmuntre barna til i fellesskap å delta i all slags aktivitet i barnehagen.

På dei siste fem åra har det vorte tilsett om lag 2 200 fleire menn i basisverksemda i barnehagen, ein auke på 55 pst., frå 4 032 menn i 2006 til 6 238 menn i 2011. Basisverksemda omfattar den hovuddelen av personalet som arbeider med heile barnegruppa, som styrarar, pedagogiske leiarar og assistentar (ikkje tospråklege assistentar). Ved utgangen av 2011 utgjorde mannlege tilsette 10,4 pst. av dei tilsette i alle typar stillingskategoriar (9 209 av totalt 88 823 tilsette), mot 10,3 pst. i 2010. Dette inkluderer spesialpedagogar, personlege assistentar, sivilarbeidarar, vaktmeistrar og tospråklege assistentar. For stillingar i basisverksemda utgjorde mannlege tilsette 8,3 pst. i 2011 (6 238 av 74 754), det er same prosentdel som i 2010.

I 2011 hadde 949 av totalt 6 469 barnehagar minst 20 pst. menn tilsette i basisverksemda, noko som utgjer 14,7 pst. Dette er ein liten nedgang frå 2010, da prosentdelen var 15,3 pst.

Delen menn som fullfører førskolelærarutdanninga, var 9,1 pst. våren 2011 mot 10 pst. våren 2010. Det reelle talet var 159 kandidatar våren 2011 mot 168 kandidatar våren 2010.

Det viktige arbeidet med å rekruttere fleire menn til barnehagen har vore omfatta av Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen 2007–2011, som er vorte avløyst av regjeringas handlingsplan Likestilling 2014 (Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet). I den nye planen er det framleis eit mål å auke delen menn som er tilsette i barnehagane, til 20 pst., og at barnehagane skal fremme likestilling mellom gutar og jenter.

Departementet arbeider både for å auke rekrutteringa av menn, og for å fremme ein pedagogikk i barnehagen som medverkar til likestilling mellom gutar og jenter. Fylkesmannen er pålagd å opprette likestillingsteam i alle fylke for å føre vidare arbeidet med å rekruttere og halde på menn i barnehagane og fremme likestilling mellom gutar og jenter i barnehagane. Dronning Mauds Minne Høgskole (DMMH) har ansvaret for å drifte nettstaden mennibarnehagen.no. Intensjonen er at nettstaden skal vere ein arena for deling av erfaringar for dei som arbeider for fleire menn i norske barnehagar og i utdanninga. Vinteren 2012 vart sida fornya som ei følgje av regjeringas handlingsplan Likestilling 2014. Nettstaden skal gjennom informasjon bidra til at barn og vaksne i barnehagen får oppleve større mangfald i personalgruppa. Det er sett i verk tiltak for å heve kompetansen hos dei tilsette om praktisk likestillingsarbeid i barnehagane. Likestillingssenteret har ansvaret for undervisningsoppdraget.

Barnehagelova fekk ny formålsparagraf §1, som tok til å gjelde 1. august 2010. Paragrafen slår mellom anna fast at barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering. I dette ligg det at barnehagen skal vere ein inkluderande arena for alle barn. Tidlegare undersøkingar viser at svært mange foreldre er godt nøgde med barnehagetilbodet. For foreldre til barn med nedsett funksjonsevne representerer barnehagen avlasting, tryggleik og støtte. Barn med nedsett funksjonsevne har prioritet ved opptak i barnehage.

Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen går grundigare inn på verdigrunnlaget til barnehagen. Det går mellom anna fram at barnehagepedagogikken skal medverke til likestilling mellom kjønna, og at personalet må reflektere over sine eigne holdningar til kva samfunnet ventar av gutar og jenter. For å støtte arbeidet med rammeplanen i barnehagen har departementet utarbeidd eigne temahefte, mellom anna om barn med nedsett funksjonsevne, samiske barn, om språkleg og kulturelt mangfald og om likestilling. Målet er at hefta skal formidle kunnskap og erfaringar som grunnlag for refleksjon. Eitt av fagområda i rammeplanen er etikk, religion og filosofi. Gjennom arbeidet med dette skal barnehagen mellom anna bidra til at barna utviklar toleranse og interesse for kvarandre og respekt for bakgrunnen til den einskilde, uavhengig av den kulturelle, religiøse eller livssynsmessige tilhørsla.

Grunnopplæringa

Fokus på utradisjonelle utdanningsval

Regjeringas handlingsplan for likestilling mellom kjønna, Likestilling 2014 , inneheld tiltak på området til grunnopplæringa. Mellom anna vil ein rette søkjelyset mot dei tradisjonelle utdannings- og yrkesvala. Regjeringa ønskjer ikkje å styre utdannings- og yrkesval, men først og fremst å satse på systematisk, holdningsskapande arbeid og aktive tiltak.

Målet om å jamne ut skilnadene i val av utdanning allereie på vidaregåande nivå er viktig for å oppnå ei vidare økonomisk likestilling. Skeiv kjønnsbalanse i utdanning og arbeidsliv gjer at vi ikkje dreg full nytte av ressursane og talenta til båe kjønn. Det er presisert i forskrift at den einskilde eleven skal ha hjelp til å utvikle seg og utnytte ressursane sine utan omsyn til tradisjonelle kjønnsroller. Rapportar har vist at verken rådgivarar eller skolar gir nok merksemd til moglegheitene for utradisjonelle utdanningsval.

I arbeidet med Likestilling 2014 vil ein sjå på korleis kjønnsperspektivet er teke hand om i etter- og vidareutdanning av rådgivarar, og korleis det kan forsterkast og forbetrast.

I oppfølging av Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter om ungdomstrinnet vil det i faget utdanningsval bli vurdert tiltak for korleis ein kan få elevar til å vurdere utradisjonelle utdanningsval.

Barn og unge med særskilde behov

Stortinget har handsama Meld. St. 18 (2010–2011 ) Læring og fellesskap , jf. Innst. 405 S (2010 – 2011) og Innst. 50 S (2011 – 2012) . Meldinga er ei oppfølging av NOU 2009: 18 Rett til læring . Stortinget støttar måla og tiltaka i meldinga. Meldinga inneheld fleire tiltak for å sikre tidleg innsats og gode læringsmiljø for barn, unge og vaksne med særlege behov. Det overordna målet med meldinga er å medverke til at skolar møter det mangfaldet av føresetnader og evner elevane har, gjennom tilpassa opplæring, og å førebyggje vanskar gjennom gode læringsmiljø. Elevar som ikkje får eit tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa, skal sikrast dette gjennom spesialundervisning av god kvalitet. Meldinga skal gjere sitt til at gjeldande rettar til barn, unge og vaksne med særskilde behov blir realiserte.

Kunnskapsdepartementet vil i 2013 arbeide vidare med å setje i verk tiltak som står omtalte i Meld. St. 18 (2010–2011). Eitt av tiltaka er ei omorganisering av Statped. Frå 1. januar 2013 vil Statped vere ei verksemd med ei sentral leiing og med fire fleirfaglege regionsenter. Eit anna viktig tiltak vil vere å utvikle og setje i verk, i samarbeid med KS, ein etter- og vidareutdanningsstrategi for PP-tenesta. Departementet vil vie meir merksemd til forskjellane i talet på gutar og jenter som får spesialundervisning. I skoleåret 2011–12 var 67,5 pst. av dei som får spesialundervisning gutar. Denne forskjellen mellom kjønna ønskjer departementet å følgje nærmare, og vil vurdere eventuelle tiltak.

Integreringsmelding

Kunnskapsdepartementet deltek i arbeidet med ei melding om integrering av innvandrarbefolkninga. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet leier arbeidet, men utdanning vil bli eitt av fleire viktige tema i meldinga som skal komme i løpet av hausten 2012. Arbeidet med meldinga støttar seg mellom anna til NOU 2010: 7 Mangfold og mestring. Heile utdanningsløpet blir handsama, men det blir lagt særleg vekt på barnehage og opplæring for vaksne. Det vil også bli lagt vekt på behovet for kompetanseheving innanfor andrespråkspedagogikk og det fleirkulturelle perspektivet hos tilsette, leiarar, barnehagemyndighet, skoleeigar og barnehageeigar. Det er planar om eit kompetanselyft på alle nivå frå barnehage til høgre utdanning. Også andre tema innanfor utdanning vil bli tekne opp, som medbrakt kompetanse, og korleis vi betre skal utnytte den medbrakte kompetansen innvandrarbefolkninga har med seg.

Skolens arbeid mot antisemittisme og rasisme

I mai 2010 sette departementet ned ei arbeidsgruppe for å finne løysingar på korleis skolen kunne arbeide meir systematisk og heilskapleg mot rasisme, antisemittisme og diskriminering. I januar 2011 kom gruppa med anbefalingane sine i rapporten Det kan skje igjen . Rasisme og antisemittisme i skolen gir grunn til bekymring, og det er svært alvorleg for dei elevane som opplever å bli trakasserte. Noreg er eit fleirkulturelt og samansett samfunn, og skolen er ein viktig møteplass der elevar med ulik bakgrunn kan bli kjende med og få tillit til kvarandre. Departementet er oppteke av at skolen har eit stort ansvar for å arbeide systematisk mot rasisme og antisemittisme. Kunnskapsrike lærarar som kan utnytte dei moglegheitene som ligg i læreplanane, er avgjerande.

I Meld. St. 22 (2010–2011) foreslo departementet på bakgrunn av rapporten Det kan skje igjen å utvikle ein heilskapeleg pedagogisk ressurs for skolens arbeid mot antisemittisme og rasisme, med utgangspunkt i læreplanverket. I tillegg foreslo departementet å utvikle opplegg for etterutdanning av lærarar og skoleleiarar kring tema antisemittisme, rasisme og handtering av konfliktar i skolen. Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret), Det internasjonale Wergelandsenteret og Institutt for lærerutdanning og skoleforskning (ILS) ved Universitetet i Oslo har no fått oppdraget. Oppstart vil bli i januar 2013. Kunnskapsdepartementet vil også oppfordre skolane til å markere holocaustdagen 27. januar.

Vaksne i grunnopplæringa

I skoleåret 2010–11 var det 10 500 vaksne i grunnskoleopplæring, og 50 pst. av desse var kvinner. 87 pst. av dei som deltok i ordinær grunnskoleopplæring, var minoritetsspråklege. I vidaregåande opplæring var det i skoleåret 2010–11 om lag 20 600 vaksne som deltok i vidaregåande opplæring. Av desse var 53 pst. kvinner, og 23 pst. hadde innvandrarbakgrunn.

Forsking og høgre utdanning

Likestilling mellom kjønna

Tal frå Samordna opptak viser at 60 pst. av søkjarane til høgre utdanning er kvinner. Dette er stabile tal. Tala viser òg at utdanningsval er kjønnsdelte. Ingeniørutdanningane har til dømes stabilt mange mannlege studentar (83 pst.). I andre MNT-fag (matematikk, naturfag og teknologi) har det vore ein auke på nær fire prosentpoeng kvinner i dei siste ti åra, men det er framleis eit stort fleirtal mannlege studentar. I helse- og sosialutdanningane utgjer kvinner mellom 85 og 90 pst. av studentane. I førskolelærarutdanningane har delen kvinner gått ned frå 93 pst. i 2002 til 86 pst. i 2011. I medisin har kvinnedelen auka frå 58 til 64 pst. i det siste tiåret. Dei nye grunnskolelærarutdanningane (GLU) er som allmennlærarutdanningane kvinnedominerte, men i varierande grad. GLU 1–7 har 84 pst. kvinnelege studentar, medan tilsvarande tal for GLU 5–10 er 63 pst.

I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning legg regjeringa særleg vekt på kva rekruttering har å seie for forskingskvaliteten. Det er viktig med bevisst rekruttering av studentar og forskarar av begge kjønn til alle fag for å sikre best mogleg kvalitet og relevans i forskinga. Dette er ikkje berre eit spørsmål om rettferd og like moglegheiter for alle, men òg om på beste måte å ta i bruk den kompetansen og dei talenta som finst i befolkninga. Forskinga skal reflektere mangfaldet i samfunnet, slik det kjem til uttrykk gjennom kjønn, etnisk bakgrunn og levekår.

Departementet ser det som ei viktig utfordring å arbeide for lik fordeling av kvinner og menn på alle stillingsnivå og fagområde. Kvinner er underrepresenterte på dei høgste stillingsnivåa i så godt som alle fag. Utviklinga går rett veg, men langsamt. Derfor trengst det fleire tiltak for å rekruttere, halde på og kvalifisere forskarar av begge kjønn til alle fag. Blant dei faglege stillingane ved universitet og høgskolar blir delen kvinner lågare dess høgre ein kjem i stillingsstrukturen, jf. figuren nedanfor. I 2011 var delen kvinnelege professorar 23 pst., ein auke på eit prosentpoeng frå året før og åtte prosentpoeng høgre enn for ti år sidan. Kvinnedelen blant professorane vil venteleg halde fram med å auke. Blant førsteamanuensane, som er ein rekrutteringsbase for professorstillingar, er kvinnedelen 39 pst., og framleis aukande. Sett under eitt aukar delen kvinner i alle dei mest sentrale faglege stillingane over tid. Medan kvinner er i fleirtal blant stipendiatane ved universitet og høgskolar samla sett, er likevel delen kvinner som tek doktorgraden, lågare enn delen menn.

Variasjonen i kvinnedel blant faglege stillingar er stor mellom fagområda. Kvinner er særleg dårleg representerte blant førstestillingane i MNT-faga. I 2011 var 46 pst. av doktorandane kvinner, men variasjonen mellom fagområda er stor. Kvinnedelen doktorandar var høgst i medisin og helsefag med 58 pst. og lågast i teknologi med 25 pst. Sjå tabell 2.10 i vedlegg 2.

Departementet sette i 2010 i verk ei treårig prøveordning med insentiv for å auke kvinnedelen i høgre vitskaplege stillingar i MNT-fag. Ordninga vil bli forlengd med eitt år og vil verke i 2013, medan ein ventar på ei evaluering av ordninga. Formålet er å premiere universitet og høgskolar ved at kvar tilsetjing av ei kvinne i stillingane førstelektor, førsteamanuensis, professor og dosent i MNT-fag utløyser midlar til institusjonen. Ordninga omfattar no ni institusjonar som gir doktorgradsutdanning innanfor desse fagområda. I 2011 vart det tilsett 18 kvinner i stillingar som gir utteljing i insentivordninga. Ramma for ordninga er på 10 mill. kroner, avgrensa til maksimalt 300 000 kroner per tilsetjing. Budsjettutteljinga for tilsetjingar i 2011 kjem i 2013. Sjå budsjettforslag under kap. 281 post 01.

Figur 8.1 Prosentdelen kvinner i ulike faglege stillingskategoriar ved universitet og høgskolar 2004–10

Figur 8.1 Prosentdelen kvinner i ulike faglege stillingskategoriar ved universitet og høgskolar 2004–10

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Det viktigaste likestillingsarbeidet går likevel føre seg ved institusjonane. Universiteta og høgskolane arbeider aktivt med tiltak for å oppnå auka likestilling. Erfaringa viser at forankring i leiinga ved institusjonen og konkrete tiltak der verknadene kan bli målte, speler ei stor rolle for å lykkast med likestillingsarbeidet. Kunnskapsdepartementet krev at universiteta og høgskolane utarbeider handlingsplanar for likestilling mellom anna for å betre arbeidsvilkåra for kvinner i høgre akademiske stillingar. Kunnskapsdepartementet føreset at planane òg omfattar tiltak for å auke delen kvinner i førstestillingar. Departementet tek i tillegg opp likestilling i styringsdialogen med universitet og høgskolar.

I 2007 oppretta departementet ein likestillingspris for å premiere dei beste handlingsplanane og stimulere sektoren til målretta likestillingsarbeid. Universitetet i Tromsø vart tildelt prisen i 2012. Prisen blir delt ut for sjette gong i 2013.

Komité for kjønnsbalanse i forsking (Kif-komiteen) arbeider for å fremme likestilling mellom kjønna ved universiteta, høgskolane og forskingsinstitutta. Komiteen støttar institusjonane i arbeidet med å integrere likestilling i si eiga verksemd, og kjem med framlegg om tiltak som kan betre kjønnsbalansen i forskingsmiljøa. Komiteen skal òg medverke til auka medvit om den skeive balansen mellom kjønna i akademia og forskingssystemet. Komiteen får tilskott av Kunnskapsdepartementet, sjå kap. 281 post 70. Komiteen har mellom anna sett søkjelyset på at kunnskap om likestilling treng forankring i leiinga på institusjonane. Dagens komité er oppnemnd ut 2013.

Tiltak mot diskriminering

Departementet vil sikre rekrutteringa av minoritetsspråklege lærarar. Det har gjennom særskilde løyvingar vore lagt til rette for tilpassa oppfølging av studentar med tospråkleg bakgrunn, mellom anna i fleksible utdanningstilbod. Frå 2013 er desse løyvingane lagde inn i rammene til institusjonane.

I lov om universitet og høgskolar blir det understreka at styra ved institusjonane skal sørgje for eit godt læringsmiljø, og at institusjonen skal leggje til rette for studentar med særskilde behov.

Institusjonane er gjennom lov pålagde å ha eit læringsmiljøutval, som skal arbeide for at det blir teke vare på læringsmiljøet til studentane, inkludert dei med nedsett funksjonsevne.

Departementet tildeler årleg midlar til Universell (tidlegare Nasjonal pådrivareining for funksjonshemma i høgre utdanning) ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Universell skal medverke til å fremme eit inkluderande læringsmiljø for studentar med nedsett funksjonsevne, og vere ein pådrivar for læringsmiljøutvala ved norske lærestader.

Brukarforum for funksjonshemma i høgre utdanning vart oppretta i 2000. Kunnskapsdepartementet finansierer drifta, og sekretariatet er lagt til Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO). Brukarforumet er ein møtestad for departement, tilsette i universitets- og høgskolesektoren og representantar frå organisasjonane for funksjonshemma, og der problemstillingar knytte til funksjonshemma og høgre utdanning blir drøfta. Departementet vil avklare vidare drift og samansetning av forumet med FFO.

På oppdrag av Kunnskapsdepartementet og Deltasenteret, eit statleg kompetansesenter som arbeider for at personar med nedsett funksjonsevne skal delta i samfunnet, utarbeidde NIFU i 2010 rapporten Tilretteleggingsutfordringer i høyere utdanning før og nå . Rapporten viser mellom anna at lærestadene driv eit omfattande arbeid knytt til til rettelegging for studentar med nedsett funksjonsevne.

Tiltak mot diskriminering – studiefinansieringsordningar for studentar med nedsett funksjonsevne og funksjonshemma studentar

Regjeringa er oppteken av å sikre reell lik rett til utdanning, og har i dei siste åra satsa på tiltak for einskilde grupper som kan ha behov for meir til rettelegging enn dei ordinære ordningane i studiefinansieringa. Frå hausten 2011 vart det derfor etablert eit ekstra månadleg stipend og støtte i tolv månader for studentar som på grunn av redusert funksjonsevne ikkje kan ta arbeid ved sida av utdanninga. Tiltaket skal medverke til at fleire personar med redusert funksjonsevne har økonomisk moglegheit til å ta høgre utdanning. Vidare vart det samtidig innført ei ordning der personar med redusert funksjonsevne, og som ikkje har støtte slik frå folketrygda som er meint å dekkje utdanninga, kan få heile basisstøtta som stipend ved forseinking i utdanninga utover eitt år. Forseinkinga må skyldast den nedsette funksjonsevna. Studentar med redusert funksjonsevne har ofte større utfordringar enn andre studentar med å følgje normert studieprogresjon. Tiltaket skal hindre at desse studentane får høgre gjeld etter fullført utdanning enn andre studentar på grunn av den nedsette funksjonsevna.

Tiltak for likestilling i Noregs forskingsråd

Forskingsrådets Policy for likestilling og kjønnsperspektiver i forskning (2007–2012 ) dannar grunnlaget for rådets arbeid med likestilling i forsking. Formålet med dokumentet er å styrkje kunnskapsgrunnlaget, kvalitetskrava og aktiviteten i Forskingsrådet på dette feltet. I 2011 var det 28 pst. kvinnelege prosjektleiarar i Forskingsrådet, likt med året før. Blant forskarrekruttane har kvinnedelen stige i dei siste åra. I 2011 var 44 pst. av doktorgradsstipendiatane og 41 pst. av postdoktorstipendiatane kvinner.

Om ein ser på dei enkelte fagområda, er kvinnedelen av doktorgradsstipend og postdoktorstipend over 50 pst. innanfor samfunnsvitskap, humaniora og medisin. Dette gjeld også for kvinnedelen av doktorgradsstipend i landbruks- og fiskerifag. Kvinnedelen er om lag 30 pst. for teknologi og matematikk og naturvitskap. Kvinnedelen er særleg høg innanfor handlingsretta program. Desse programma inneheld mykje samfunnsvitskap, medisin og helsefag, som generelt har høg kvinnedel. Ved tildelinga innanfor fri prosjektstøtte ( FRIPRO ) praktiserer Forskingsrådet moderat kjønnskvotering for søknadene om personlege postdoktorstipend og prosjektleiarar for forskingsprosjekta.

Forskingsrådet arbeider med ei ny satsing kalla Balanse, som inneheld framlegg om tiltak som skal ha som mål å auke kvinnedelen i faglege toppstillingar og i forskingsleiing.

Likestilling og arbeidet mot diskriminering i verksemder underlagde Kunnskapsdepartementet

Etter likestillingslova § 1a, diskrimineringslova § 3a og diskriminerings- og tilgjengelova § 3 er alle arbeidsgivarar pålagde å jobbe aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering (aktivitets- og meldeplikta). Kunnskapsdepartementet skal gjere greie for tilstanden når det gjeld likestilling og diskriminering, i Prop. 1 S. Meldeplikta gjeld òg for verksemder og institusjonar under Kunnskapsdepartementet. I Prop. 1 S blir det gjort ei overordna vurdering av tilstanden. For rapporteringa frå kvar enkelt verksemd blir det vist til årsrapportane til verksemdene.

I Utdanningsdirektoratet, ved dei samiske vidaregåande skolane i Karasjok og Kautokeino og ved Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar (Vea) utgjer kvinner rett i overkant av 60 pst. av dei tilsette, mens det i Senter for IKT i utdanninga er ei jamn fordeling mellom kjønna. I dei spesialpedagogiske kompetansesentra utgjer kvinnene nærmare 70 pst. av dei tilsette. I sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa er det utelukkande kvinner. I Utdanningsdirektoratet, i Senter for IKT i utdanninga, i dei spesialpedagogiske kompetansesentra og ved Vea tener menn noko meir enn kvinner. Verksemdene har ei bevisst holdning til likestilling, og arbeider aktivt med å syte for likestilling når dei rekrutterer nye tilsette, ved fastsetjing av lønn og i utforming av personalpolitiske tiltak.

I Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) er om lag 69 pst. av dei tilsette kvinner. NOKUT ønskjer ei jamn fordeling mellom kjønna i alle avdelingar. Kvinnelege søkjarar er i fleirtal til utlyste stillingar. Ved å følgje kvalifikasjonsprinsippet får NOKUT dermed ei noko skeiv fordeling med kvinneoverskott. Dette gjeld i alle avdelingar av verksemda. Når det gjeld leiarstillingane, var det ved årsskiftet 2011 12 like mange kvinner som menn. Det er framleis slik at mannlege tilsette i snitt tener meir enn kvinner, men avstanden har minka frå 2010 til 2011. NOKUT har som ambisjon å kalle inn kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til intervju i ledige stillingar.

Statens lånekasse for utdanning har ei viss overvekt av kvinner blant dei tilsette, men Kunnskapsdepartementet vurderer kjønnsfordelinga som tilstrekkeleg jamn. Denne kjønnsbalansen blir reflektert på dei ulike stillingsnivåa i organisasjonen, både for kjønnsfordelinga og i lønnsfordelinga. Kjønnsfordelinga for faste medlemmer og varamedlemmer i styret til Lånekassen er også jamn. Lånekassen legg vekt på at arbeidsstokken skal spegle befolkninga på ein god måte. Kunngjeringspraksisen og rekrutteringspolitikken bidreg til at Lånekassen ikkje diskriminerer på grunnlag av religion, etnisitet og funksjonshemming. Etaten prøver å rekruttere tilsette med innvandrarbakgrunn gjennom eigna formuleringar i stillingskunngjeringane og ved innkalling til intervju. Vidare legg dei til rette for at tilsette med funksjonshemmingar skal få ein effektiv og god arbeidskvardag, mellom anna gjennom tilpassingar av det fysiske arbeidsmiljøet.

I Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk er 75 pst. av dei tilsette kvinner. Av dei som vart tilsette i 2011, var 75 pst. kvinner. Når det gjeld lønn, tener menn noko meir enn kvinner på leiarnivå og blant førstekonsulentar og administrativt personale, medan lønnsnivået er om lag det same for kvinnelege og mannlege rådgivarar og seniorrådgivarar. Ved rekruttering av nye tilsette har Vox ei eiga formulering i utlysingane der dei oppmuntrar kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonshemming eller etnisk bakgrunn.

Tabell 8.1 Delen menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2010)

Verksemd

Tilsette

Del menn (%)

Del kvinner (%)

Utdanningsdirektoratet

304

31,1

68,9

Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino

98

36,7

63,3

Sameskolen for Midt-Noreg

15

33,3

66,7

Spesialpedagogiske kompetansesenter

839

26,9

73,1

Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

38

39,5

60,5

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

10

0

100,0

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

64

31,3

68,8

Senter for IKT i utdanninga

52

48,1

51,9

Statens lånekasse for utdanning

315

39,4

60,6

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

94

26,6

73,4

Kjelde: Statens sentrale tjenestemannsregister pr 1. oktober tabell 3.50 og 3.55

Tabell 8.2 Gjennomsnittleg månadsforteneste for menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2010)

Verksemd

Gj.snittleg månadsforteneste, menn

Gj.snittleg månadsforteneste, kvinner

Lønn til kvinner i pst. av lønn til menn

Utdanningsdirektoratet

43 543

41 676

95,7

Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino

40 574

36 414

89,7

Sameskolen for Midt-Noreg

37 658

32 849

87,2

Spesialpedagogiske kompetansesenter

40 121

37 965

94,6

Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

37 180

37 014

99,6

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

40 885

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

44 195

41 008

92,8

Senter for IKT i utdanninga

45 799

44 311

96,8

Statens lånekasse for utdanning

36 991

36 284

98,1

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitik

42 123

40 236

95,5

Kjelde: Statens sentrale tjenestemannsregister pr 1. oktober tabell 3.50 og 3.55

Likestilling og arbeid mot diskriminering i Kunnskapsdepartementet

Som arbeidsgivar er Kunnskapsdepartementet pliktig til å arbeide for å betre kjønnslikestillinga og for betre mangfald i samfunnet. Departementet har som mål å oppnå best mogleg kjønnsbalanse i organisasjonen og gi dei tilsette tilgang til utvikling, karriere og velferd uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne.

Per 1. oktober 2011 var 66,8 pst. av dei tilsette i departementet kvinner. Dette er ein auke samanlikna med 2010. Kvinner utgjer den største delen av dei tilsette, og departementet vil i rekrutteringsarbeidet sitt framleis vurdere korleis delen menn kan aukast.

Tabell 8.3 Del menn og kvinner og gjennomsnittleg lønn per årsverk etter stillingskode

Kjønn

Lønn

Menn (%)

Kvinner (%)

Totalt (N)

Menn (kr)

Kvinner (kr)

Tilsette i Kunnskapsdepartementet omfatta av Hovedtariffavtalen i staten

2011

33,2

66,8

328

46 801

43 297

2010

36,5

63,5

334

44 867

41 846

Toppleiing

Departementsråd/ekspedisjonssjef

2011

62,5

37,5

8

91 300

92 917

Mellomleiarar

Avdelingsdirektør, direktør

2011

42,3

57,7

52

58 546

57 462

2010

47,0

53,0

51

55 273

54 374

Sakshandsaming

Underdirektør, spesialrådgivar, prosjektleiar, fagdirektør, kommunikasjonssjef

2011

66,7

33,3

15

57 071

58 543

2010

64,7

35,3

17

57 235

58 522

Seniorrådgivar

2011

34,0

66,0

153

45 203

44 675

2010

36,4

63,6

143

43 526

43 749

Rådgivar

2011

30,5

69,5

59

36 955

37 881

2010

34,8

65,2

69

37 712

37 011

Førstekonsulent

2011

22,6

77,4

31

32 404

34 097

2010

22,0

78,0

41

32 543

33 307

Administrativt personale

Seniorkonsulent, konsulent

2011

0

100

15

-

33 903

2010

18,2

81,8

11

28 155

32 446

Lærling

2011

0,0

100,0

3

-

24 434

2010

0,0

100,0

2

-

23 850

Kjelde: Tabell 2 frå SST per 1. oktober 2010 og per 1. oktober 2011

Per 1. oktober 2011 var 57,7 pst. av leiarane i Kunnskapsdepartementet kvinner. Mens kvinnerepresentasjonen i toppleiargruppa fram til 2004 låg på 20–30 pst., var han per 1. januar 2012 på 37,5 pst. Gjennom fleire år har departementet lagt vekt på å rekruttere, kvalifisere og motivere kvinner til leiande stillingar. Departementet vil arbeide vidare for å halde oppe denne kjønnsbalansen på leiarnivå.

Dei lokale partane drøfter detaljert lønnsstatistikk ein gong i året, mellom anna med tanke på å avdekkje om kvinner og menn er lønte ulikt. Partane er samde om at ein ikkje finn systematisk ulikskap som kan vere knytt til kjønn når ein samanliknar menn og kvinner innanfor same stillingskode. At snittlønna for kvinner er 92,5 pst. av snittlønna for menn, skyldast at kvinner er i fleirtal i dei lågt lønna stillingskodane (konsulent, seniorkonsulent, førstekonsulent, rådgivar).

Tabell 8.4 Del menn og kvinner i deltid, midlertidig tilsetjing, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær

Deltid

Midlertidig tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt fråvær

Menn (%)

Kvinner (%)

Menn (%)

Kvinner (%)

Menn (%)

Kvinner (%)

Menn (%)

Kvinner (%)

Totalt i Kunnskapsdepartementet

2011

4,6

22,4

11,9

11,9

0,0

4,6

1,3

4,1

2010

2,5

17,9

11,5

10,8

0,0

4,2

1,9

3,4

Kjelde:  Tabell 1 og 4 frå SST per 1. oktober 2010 og per 1. oktober 2011. Merk at legemeldt fråvær (helt og delvis) er data per 31. desember 2010 og 31. desember 2011

Statistikken for oktober 2011 syner at 22,4 pst. av kvinnene er lønte i deltidsstilling, medan det same gjeld for 4,6 pst. av dei mannlege tilsette. Tala for 2010 viser at høvesvis 17,9 pst. og 2,5 pst. var lønte i deltidsstillingar, så det er ein auke i begge gruppene i 2011. Det legemelde sjukefråværet var i 2011 på 4,1 pst. for kvinner og 1,3 pst. for menn. Kvinner har ein auke og menn ein nedgang i legemeldt fråvær samanlikna med 2010.

Overtida i departementet har vorte auka med totalt 1 370 timar frå 2010. I 2011 arbeidde ein kvinneleg tilsett i Kunnskapsdepartementet i snitt 27,6 timar overtid. Det tilsvarande timetalet for ein mann var 38,3 timar.

Per 1. januar 2012 hadde 22 tilsette avtale om å kunne arbeide ein dag i veka frå heimekontor, 19 av desse var kvinner.

Personalpolitiske tiltak

I dei siste åra har Kunnskapsdepartementet satsa mykje på utvikling av leiarar og medarbeidarar. Det er sett i gang fleire ulike tiltak: Program for utvikling av medarbeidarar – i tredje kull som starta i 2011, var 14 av 24 deltakarar kvinner. På kollegabasert rettleiing for mellomleiarar deltok ni mellomleiarar med personalansvar, av desse var sju kvinner. Departementet har no 14 interne mentorar, sju av desse er kvinner. På det årlege pensjonistførebuande kurset var det i 2010 19 deltakarar, 15 av dei var kvinner.

Likestillingstiltak: kjønn, etnisk bakgrunn og nedsett funksjonsevne

Rekruttering

Kunnskapsdepartementet har i fleire år arbeidd for å rekruttere tilsette med innvandrarbakgrunn, og for at talet på nytilsette med nedsett funksjonsevne skal auke. Det er sett i gang fleire tiltak for å få til dette.

Departementets personal- og leiarhandbok gjer greie for regelverket for innkalling av kandidatar med innvandrarbakgrunn til intervju og prioritering av kandidatar med nedsett funksjonsevne. Leiarhandboka har òg lenkje til Mangfoldsportalen og til inspirasjonsheftet Overser du kompetanse? utvikla av Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, Helsedirektoratet og Likestillings- og diskrimineringsombodet. Kunnskapsdepartementet deltek aktivt på karrieredagar ved aktuelle utdanningsinstitusjonar, og prøver så langt det er mogleg å ha tilsette med ulik etnisk bakgrunn med på slike arrangement.

Det er utvikla ei mentorordning med tanke på tilsette med annan etnisk bakgrunn. Ordninga er seinare utvida til å gjelde alle nytilsette. Departementet gir leiarane rettleiing i rekruttering, blant anna om rekruttering til mangfald.

Departementet har få søkjarar som skriv at dei har nedsett funksjonsevne, og som søkjer ordinære stillingar. Departementet vil setje i verk fleire IA-tiltak for å rekruttere fleire søkjarar med nedsett funksjonsevne, mellom anna betre samarbeid med NAV for å leggje til rette for praktikantar, fleire kanalar for kunngjering av ledige stillingar, og betre informasjon om at kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne skal kallast inn til intervju. Arbeidet med dette starta våren 2011 i samband med at det vart inngått ny, lokal IA-avtale, og skal vere avslutta i løpet av året. Departementet deltek òg i felles statleg trainee-ordning for personar med nedsett funksjonsevne i 2011–12.

Lønns- og arbeidsvilkår, karriereutvikling

Kunnskapsdepartementet vil leggje til rette for gode arbeidsvilkår for ulike fasar i livet. Departementet drøfter mellom anna lønnspolitikken årleg med dei hovudtillitsvalde, og med vekt på likestilling. Vi har innført systematisk kartlegging av sluttårsaker, som mellom anna kan avdekkje forskjellsbehandling. Vi har òg utarbeidd ein samla personalstatistikk for å sikre systematisk arbeid for å forbetre arbeidsvilkår, minske sjukefråvær osv. for menn og kvinner.

Kunnskapsdepartementet har eit breitt internt utviklings- og opplæringstilbod. Tiltaka medverkar til likestilling og like moglegheiter for alle tilsette. Departementet vil føre vidare ordningar med mellom anna intern coaching, mentorar, utvikling av leiarar og medarbeidarar, internasjonal stipendordning, hospiteringsordning osv., med vekt på at tilboda skal bli gitte til både menn og kvinner.

Tiltak mot trakassering

Departementet har utvikla rutinar for varsling i tråd med reglane i arbeidsmiljølova. I tillegg har departementet regelmessige undersøkingar av arbeidsmiljøet, der tilsette kan gi varsel om mobbing anonymt.

Arbeidet med likestilling og mot diskriminering er eit systematisk og langsiktig holdningsarbeid som startar i barnehagen, blir ført vidare i skolen og må liggje til grunn i universitets- og høgskoleinstitusjonane og i forskinga. Målet er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og religion.