Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


B

Barnevern - omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkarar under 15 år

Regjeringa føreslår å redusere løyvinga til drift av omsorgssentra for einslege mindreårige asylsøkarar under 15 år med 54,5 millionar kroner som følgje av forventa reduksjon i talet på einslege mindreårige asylsøkarar under 15 år.

Erfaringar viser at det er store svingingar i tala på barn som kjem til Noreg, og løyvinga gir rom for svingingar i talet på barn i omsorgssentra gjennom året. Løyvinga for 2013 skal finansiere 89 plassar i omsorgssentra.

For nærmare omtale sjå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet sin fagproposisjon under programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge.