Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


B

Barnevern – fylkesnemnder

Regjeringa føreslår å auke løyvinga til fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker med 20 millionar kroner.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker har avgjerdsrett i dei såkalla tvangssakene etter barnevernlova, og avgjer mellom anna saker om omsorgsovertaking. Sakshandsamingstida har vore for lang, og det er viktig for rettstryggleiken og for eit velfungerande barnevern at fylkesnemndene har tilstrekkeleg kapasitet og arbeider effektivt.

Satsinga inneber òg ei auke i løyvinga til fri rettshjelp på 20 millionar kroner på Justis- og beredskapsdepartementets budsjett.