Statsbudsjettet fra A til Å

Klikk på første bokstav i det ordet du leter etter eller søk på ordet her.


F

Foreldrepengar

Regjeringa føreslår å auke stønadsperioden for foreldrepengar med to veker. Perioden blir da 49 veker med 100 prosent kompensasjon eller 59 veker med 80 prosent kompensasjon.

Samtidig føreslår Regjeringa å auke fedrekvoten med to veker, frå 12 til 14 veker.

Regjeringa føreslår at endringane skal gjelde barn som blir fødde eller adopterte frå og med 1. juli 2013. Frå same tidspunkt blir også ei tydelegare tredeling av foreldrepengeperioden sett i verk. Dermed blir mødrekvoten og fedrekvoten på 14 veker kvar og resten til valfri fordeling mellom foreldra.

Les meir i pressemelding frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.