Arbeidsdepartementet (AD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Regjeringa la saman med statsbudsjettet for 2007 fram ein handlingsplan mot fattigdom. Handlingsplan mot fattigdom omfattar meir målretta tiltak som skal gi hjelp til grupper som fell utanfor, og særskilt innsats som kan bidra til å betre levekåra for dei som er mest vanskeleg stilt. Handlingsplan mot fattigdom er del av ein samla politikk for å redusere økonomiske og sosiale forskjellar og fattigdom. Handlingsplanen inngår i samanheng med Meld. St. 30 (2010–2011), der Regjeringa har presentert ein brei politikk for ei meir rettferdig fordeling. Den breie fordelingspolitikken omfattar verkemiddel og innsatsområde som er grunnleggjande i ein heilskapleg og langsiktig innsats for å førebygge låginntekt og fattigdom. Regjeringa sin politikk mot fattigdom inneheld langsiktige tiltak og eit sterkt førebyggande perspektiv. Sjå omtale av Regjeringa sin innsats for betre fordeling og mot fattigdom del I, punkt 2.2.10, og del II, resultatområde 2 Arbeid og velferd, hovedmål 4 Et inkluderende samfunn og bedre levekår for de vanskeligst stilte.

Handlingsplan mot fattigdom omfattar tiltak under fleire departement. I tillegg til tiltak på budsjettet til Arbeidsdepartementet er det sett i verk tiltak av Kunnskapsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Kulturdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Under gis ein kortfatta statusrapport på tiltak mot fattigdom som er sette i verk eller styrkte i perioden 2006–2013 som eit ledd i handlingsplan mot fattigdom. I budsjettproposisjonen for departementa er det ei meir utførleg omtale. Ein samla rapport finst òg i trykt vedlegg til St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet: Handlingsplan mot fattigdom – status 2008 og styrka innsats. I tillegg til tiltak som er omtalte her, er det sette i verk tiltak som har tilknytning til innsatsen mot fattigdom m.a. som eit ledd i Handlingsplan for integrering og inkludering av innvandrerbefolkningen (2007–2010).

Den særlege innsatsen mot fattigdom er knytt til dei tre delmåla i handlingsplanen:

  • Alle skal gis moglegheiter til å komme i arbeid.

  • Alle barn og unge skal kunne delta og utvikle seg.

  • Betre levekåra for dei mest vanskelegstilte.

Delmål: Alle skal gis moglegheiter til å komme i arbeid

Kvalifiseringsprogram for utsette grupper

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

Eit kvalifiseringsprogram med kvalifiseringsstønad blei innført frå 1. november 2007. Kvalifiseringsprogrammet er fasa inn i takt med etableringa av NAV-kontora og blei landsomfattande frå 1. januar 2010. Ved utgangen av 2012 deltok 6 241 personar i programmet. Pr. 30. april 2013 var talet 6 117. Ved utgangen av april 2013 var det om lag 18 250 personar som var, eller hadde vore, deltakarar i programmet sidan 2008. Av dei om lag nærare 13 900 deltakarane som gjennomførte program i perioden frå 2008 til dette tidspunktet, gjekk 47 pst. til ordinært arbeid, utdanning eller andre arbeidsretta tiltak. Denne delen har auka vesentleg dei siste åra, frå 41 pst. i 2010. Arbeids- og velferdsdirektoratet har i 2012 og 2013 gjennomført ei rekke tiltak for å sikre at alle i målgruppa blir vurdert for deltaking i programmet. Sjå nærare omtale i kap. 621, post 21.

Løyvinga til dekning av kommunale meirkostnadar knytt til kvalifiseringsprogrammet er frå 2011 lagt inn i rammetilskotet til kommunane og gitt som ei særskilt fordeling. Statlege arbeidsmarknadstiltak inngår i kvalifiseringsprogrammet. Arbeids- og velferdsetaten har eit bredt spekter av tiltak som omfattar m.a. oppfølging, kvalifisering og arbeidstrening.

Landsomfattande arbeidsmarknadssatsing for å motverke fattigdom

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

I 2003 blei det sett i gang ei satsing på målretta arbeidsmarknadstiltak for utvalde målgrupper i 31 kommunar. Satsinga blei seinare utvida med fleire kommunar og fleire tiltaksplassar, og blei i løpet av 2006 landsomfattande. Målgruppa har vore langtidsmottakarar av sosialhjelp, ungdom i alderen 20-24 år og einslege forsørgjarar som har sosialhjelp som hovudinntekt, innvandrarar som treng bistand for å komme i arbeid, innsette i fengsel og personar som mottek legemiddelassistert rehabilitering (LAR). Målgruppene for kvalifiseringsprogrammet og satsinga på målretta arbeidsmarknadstiltak er i stor grad dei same. Regjeringa fasa difor ut arbeidsmarknadssatsinga frå 2011. Den særskilte satsinga på målretta arbeidsmarknadstiltak til personar som mottek legemiddelassistert rehabilitering held fram.

Jobbsjansen

Ansvarleg: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Det blei i 2013 sett av nye 30 mill. kroner til å innføre tiltaket Jobbsjansen frå sommaren 2013. Målsetjinga med tiltaket er å auke sysselsetjinga blant innvandrarar som står langt frå arbeidsmarknaden, og som ikkje er omfatta av andre ordningar. Den tidlegare forsøksordninga Ny sjanse blei frå og med innføringa ein del av Jobbsjansen.

Det er store variasjonar i deltakinga i arbeidslivet blant innvandrarar. Ei særleg utfordring er låg sysselsetjing i nokre grupper av kvinner med innvandrarbakgrunn. Mange kvinner som ikkje tek del i arbeidslivet er heimeverande og blir økonomisk underhaldne av ein mann som er i arbeid. Desse kvinnene er derfor verken i kontakt med NAV-kontoret eller i gang med noko form for kvalifisering. Heimeverande innvandrarkvinner er ei prioritert målgruppe for tiltaket.

Jobbsjansen byggjer på erfaringane frå forsøksordninga Ny sjanse. Tall frå Ny sjanse frå 2012 viser ein auke i overgangen til arbeid eller utdanning for deltakarane frå 39 pst. i 2011 til 52 pst. i 2012. Resultata hadde før dette halde seg på eit stabilt nivå på rundt 40 pst. sidan starten i 2005. Ein samfunnsøkonomisk analyse gjennomført i 2012 kom fram til at Ny sjanse er samfunnsøkonomisk lønnsamt.

Jobbsjansen blir ført vidare i 2014. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Styrking av opplæringa innanfor kriminalomsorga

Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet

Innsette har eit stort behov for å styrkje realkompetansen for betre å meistre livet etter soning. Talet på fengselsplassar er dei siste åra auka, og løyvingane til opplæring i kriminalomsorga er styrkt tilsvarande. Det er no opplæringstilbod ved 51 fengsel. I tillegg er det oppfølgingsklasser ti stader i landet. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Kunnskapsdepartementet.

Styrkje tilbakeføringa av innsette og domfelte til samfunnet

Ansvarleg: Justis- og beredskapsdepartementet mfl.

For å betre levekåra til innsette ved lauslating, har Regjeringa innført ein tilbakeføringsgaranti. Sentralt i tilbakeføringsgarantien er bustad, moglegheiter for arbeid og opplæring, helsetenester og sosiale tenester. Arbeidet med å innføre tilbakeføringsgarantien har vore organisert som eit prosjekt. Det er tilsett 25 tilbakeføringskoordinatorar som koordinerar arbeidet i kriminalomsorga mot andre etatar. Prosjektet blei avslutta i juni 2012, men arbeidet med tilbakeføringsgarantien held fram. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Justis- og beredskapsdepartementet.

I tråd med intensjonen i tilbakeføringsgarantien sette Arbeids- og velferdsdirektoratet og Sentralforvaltninga for kriminalomsorga i 2009 i gang eit treårig nasjonalt forsøk med føremål å finne fram til modellar som sikrar innsette kontinuitet, integrerte tenester og tettare individuell oppfølging i overgang frå fengsel til fridom. Sju lokale fengsel og NAV-kontor tok del i prosjektet. Dei foreløpige resultata viser at fleire enn tidlegare har arbeid, bustad og andre tenester ved lauslating. Prosjektet blei avslutta i 2012, men fire av prosjektkommunane held fram prosjektet. Arbeids- og velferdsdirektoratet har levert ein sluttrapport som tek til orde for ei organisering som sikrar at innsette får god tilgang på tenester frå arbeids- og velferdsforvaltninga.

I dag er det skuletilbod i alle fengsla. I samarbeid mellom arbeidsdrifta i fengsla og opplæringsstyresmaktene, blir det arbeidd med å dreie opplæringstilbodet frå allmennfagleg til meir yrkesfagleg opplæring. Fylkesmannen i Hordaland leier, etter oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, prosjektet Tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning (TAFU) i Rogaland og Troms. Dette inngår i Regjeringa sin innsats for å styrkje tilbakeføringa av straffedømde til samfunnet og er ei konkretisering av tilbakeføringsgarantien. Prosjektet er eit samarbeid mellom utdanningsstyresmaktene, kriminalomsorga, Arbeids- og velferdsetaten og kommunane. Ei evaluering konkluderer med at tiltaket er samfunnsøkonomisk lønnsamt.

Om lag ein tredel av alle som blir sette i fengsel manglar bustad, og enda fleire er utan bustad ved lauslating. Arbeid med å skaffe bustad før lauslating er sentralt i Regjeringa si tilbakeføringsgaranti, og held fram med utgangspunkt i regionale og lokale avtaler. Auka bruk av elektronisk kontroll er òg eit verkemiddel for at domfelte skal kunne oppretthalde ein tilfredsstillande bustad under og etter soning.

Styrking av Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA)

Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet

Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) skal medverke til å styrkje grunnleggjande lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleikar blant vaksne arbeidstakarar og arbeidssøkjarar slik at færre fell ut av arbeidslivet og fleire kan ta del i opplæring og utdanning. Bedrifter og offentlige verksemder kan søke om tilskot til opplæring i lesing, skriving, rekning og IKT for tilsette med svake grunnleggjande dugleikar. Opplæringa skal hovudsakleg vere knytt til deltakarane sin arbeidsplass og arbeidsoppgåver. Programmet blir forvalta av Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk. Sidan BKA starta i 2006 har om lag 36 000 arbeidstakarar fått tilbod om å styrkje sine lese-, skrive-, rekne- og IKT-dugleikar gjennom programmet. Det blei i 2012 tildelt 106 mill. kroner gjennom programmet i tilskot til kurs i lesing, skriving, rekning og IKT for tilsette med svake grunnleggjande dugleikar. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Kunnskapsdepartementet.

Lovendring om rett til utdanning for vaksne

Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet

Stortinget vedtok våren 2008 å utvide retten til vidaregåande opplæring for vaksne, jf. Ot.prp. nr. 40 (2007–2008). Bakgrunnen var at ei aukande gruppe vaksne fall utanfor vaksenretten, då denne berre gjaldt vaksne født før 1978 som ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Gjennom lovendringa har alle vaksne over 25 år rett til opplæring.

Betre ordning for studentar med nedsett funksjonsevne

Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet

For å bidra til målet om like moglegheiter til utdanning betra Regjeringa studiefinansieringa for studentar med nedsett funksjonsevne i 2011. For studentar som på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje er i stand til å ta arbeid ved sidan av utdanninga eller i sommarferien blir det gitt eit ekstra månadleg stipend, samt at stønadsperioden er utvida til 12 månader. Om lag 1 430 personar har fått slik støtte sidan ordninga vart introdusert i 2011. I tillegg blir heile basisstøtta gitt som stipend ved forseinking i utdanninga ut over eit år når det er dokumentert at forseinkinga skuldast manglande tilrettelegging og studenten ikkje har fullfinansiering frå folketrygda. Støtte til ekstra forseinking har blitt gitt til ti personar. Tiltaka medverkar til at studentar med nedsett funksjonsevne i større grad enn tidlegare kan gjennomføre utdanning utan høgare gjeld enn andre studentar. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Kunnskapsdepartementet.

Delmål: Alle barn og unge skal kunne delta og utvikle seg

Heilskapleg skuledag, gratis leksehjelp

Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet

For å bidra til betre læring gjennom tidleg innsats innførte Regjeringa eit tilbod om åtte veketimar gratis leksehjelp fordelte på 1. til 4. trinn frå og med hausten 2010. Dette er eit målretta tiltak for elever og foreldre som ønskjer ekstra støtte i læringa.

For å medverke til auka mangfald og inkludering innførte Regjeringa ein veketime med kulturskuletilbod i skule-/SFO-tida på barnetrinnet (1.-4. trinn) frå hausten 2013. Eit forslag om òg å lovfeste ein slik plikt for kommunar og private skuler til å tilby eit kulturskuletilbod i samanheng med SFO/skule, blei send på offentleg høring i juni 2013.

Auka gjennomføring av vidaregåande opplæring

Ansvarleg: Kunnskapsdepartementet

Av elevar som startar vidaregåande opplæring gjennomfører og består rundt 70 pst. opplæringa etter fem år. Både for samfunnet og den enkelte er konsekvensane av fråfall frå vidaregåande opplæring store. Ny GIV blei etablert i 2010 for å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Prosjektet omfattar både nasjonale og lokale tiltak som intensivopplæring på ungdomstrinnet, tett oppfølging, sommaraktivitetar, yrkesretting av fellesfag og utvikling av eit betre statistikkgrunnlag. Det blir vidare arbeidd med å styrke samarbeidet mellom den fylkeskommunale oppfølgingstenesta (OT), dei vidaregåande skulane, fagopplæringa og arbeids- og velferdsforvaltninga. Målet er å få på plass eit strukturert, samordna og målretta system for oppfølging av unge som står utanfor opplæring og arbeid. Det er etablert felles etter- og vidareutdanning for saksbehandlarar på tvers av ansvarsområda. I prosjektperioden har 900 tilsette i OT og arbeids- og velferdsforvaltninga fått etter- og vidareutdanning. Vidare er det etablert samarbeid med helsestyresmakta gjennom Ny GIV for å bruke kommunetilsette psykologar i arbeidet med å førebygge fråfall i dei vidaregåande skulane. I tillegg blir det prøvd ut at NAV-tilsette sosialfaglege rettleiarar er til stades på vidaregåande skuler i fire fylker. Av dei 20 000 ungdommane i OT klarte fylka ikkje å oppnå kontakt med nær halvparten av dei før Ny GIV. Dette talet er no redusert til 1 500 i juni 2013. Samstundes er det om lag ei dobling i talet som kjem i aktivitet, frå 4 500 til nær 9 000 i juni 2013. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Kunnskapsdepartementet.

Auka barnetillegg til arbeidsavklaringspengar

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

Barnetillegget for mottakarar av attføringspengar og rehabiliteringspengar blei auka med 10 kroner pr. barn pr. dag, frå 17 kroner til 27 kroner, frå 1. januar 2006. Barnetillegget for tidsavgrensa uførestønad blei gjort behovsprøvd frå 1. juni 2006. Frå 1. mars 2010 blei rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad erstatta med arbeidsavklaringspengar. Det standardiserte barnetillegget på 27 kroner pr. barn pr. dag blei ført vidare for heile gruppa. Det blei gitt overgangsreglar som gir tidlegare mottakarar av tidsavgrensa uførestønad kompensasjon for bortfallet av det behovsprøvde barnetillegget ut vedtaksperioden, men ikkje lenger enn ut 2012.

Inntektssikring for forsørgjarar med låg inntekt – endringar i reglane om bidragsforskott og gebyr ved fastsetting og endring av bidrag

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

Reglane om bidragsforskot og gebyr ved fastsetjing og endring av bidrag blei endra i 2011, slik at reglane i auka grad er innretta mot dei mest vanskelegstilte. Endringane er ei oppfølging av St.meld. nr. 19 (2006–2007) Evaluering av nytt regelverk for barnebidrag. Inntektsgrensa for retten til maksimalt forskot er auka frå 170 900 kroner pr. år, til 235 101 kroner (frå 1. juli 2013). Inntektsgrensa er med dette auka betydeleg og likestilt med grensa for når bidragspliktig etter barnelova er friteken frå å betale bidrag. Auken av inntektsgrensa for rett til fullt forskot vil styrke økonomien til forsørgjarar med låg inntekt og samtidig trygge forsørging av barnet der den bidragspliktige ikkje kan eller vil betale. Inntektsgrensa for gebyrfritak for behandling av søknad om fastsetting og endring av underhaldsbidrag er heva til same nivå. Denne endringa kjem både bidragsmottakarar og bidragspliktige til gode. Regelen om avgrensa behovsprøving for forskotsmottakarar med barn der far ikkje er oppgitt mv. er oppheva, for å handsame alle forskotsmottakarar likt. Sjå omtale under kap. 2620, post 76, kap. 5701, post 73 og kap. 3605, post 06.

Tiltak for å førebygge og redusere fattigdom blant barn, unge og barnefamiliar

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

I 2004 blei det løyvt midlar til tilskot til kompetanse- og utviklingstiltak for å førebygge og redusere fattigdom blant barn og unge som er i kontakt med barnevernet. Ei tilsvarande satsing blei sett i verk i 2005 overfor barn, unge og barnefamiliar som er i kontakt med sosialtenesta. Formålet er å førebygge og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn og unge gjennom å styrkje det sosiale og førebyggande arbeidet i kommunane, utvikle nye tiltak overfor målgruppa, styrkje samarbeid og samhandling lokalt og sentralt, m.a. mellom barnevernet og sosialtenesta, og å heve og utvikle kunnskap og kompetanse blant aktørane i lokalsamfunnet. 29 kommunar tok del i satsinga knytt til barnevernet. Kommunane har hovudsakleg søkt om midlar til ferie- og fritidsaktivitetar, sommarjobb til unge, utstyrslager, leksehjelp og kompetansehevingstiltak. Satsinga knytt til barnevernet blei avslutta i 2009. Evalueringa frå 2009 viser m.a. at merksemda om fattigdom blant barn auka i dei kommunane som tok del i satsinga.

Løyvinga til tiltak i dei sosiale tenestene blei styrkt i 2007 og 2008. I 2013 er det fordelt tilskot til tiltak i 85 kommunar og bydelar. Fleirtalet av tiltaka rettar seg inn mot sosial inkludering av barn, unge og barnefamiliar. Støtte til ferie- og fritidsaktivitetar er prioritert. Det er gitt tilskot til leksehjelp, utstyrsbankar og til utarbeiding av handlingsplanar. Tiltak for barn og unge med foreldre som deltek i kvalifiseringsprogram er prioritert. Fleire kommunar/NAV-kontor har fått tilskot til utvikling av heilskapleg oppfølgingsprogram for å få foreldra ut i arbeid samtidig som barna får nødvendig oppfølging. Det er òg gitt tilskot til større satsingar i samarbeid med fylkesmannen og andre direktorat og departement som Sjumilssteget i Troms og Talenter for framtida i Telemark. Ei evaluering frå 2009 viser at tilskotsordninga har ført til inkludering ved å skape høve for barn og unge til å delta i aktivitetar og på sosiale arenaer, og til større medvit i kommunane om fattigdom og sosial eksklusjon blant barn og unge. Tiltaka har gitt rom for å arbeide førebyggande og til å utvikle nye tiltak. Evalueringa peikte på utfordringar knytt til forankring av tiltak i kommunane, og behov for ein meir heilskapleg innsats for å betre situasjonen for barn og unge i disse familiane. Tilskotsordninga blir ført vidare og styrkt i 2014. Sjå nærare omtale under kap. 621, post 63.

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn

Ansvarleg: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn omfattar 23 bykommunar og 8 prioriterte bydelar i Oslo. I 2013 var ordninga på om lag 64,3 mill. kroner. Innsatsen er todelt. Ei satsing på 22 mill. kroner er retta mot ungdom med særskilte behov og utsette ungdomsgrupper (ungdomstiltak) og til å skape gode, opne møteplassar for målgruppa. Den andre satsinga er på 42,3 mill. kroner og er retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem (fattigdomstiltak). Løyvinga blei i 2012 auka med 7,5 mill. kroner for å inkludere bydel Bjerke, samt til ei generell styrking av ordninga. Kulturdepartementet har vidare styrka ordninga med 5 mill. kroner for å auke barn og unge sin deltaking i kultur- og fritidsaktivitetar. Løyvinga til tiltak mot fattigdom blir nytta til å støtte arbeid med å utvikle og tilby kultur-, ferie- og fritidstiltak for barn, unge og familiar råka av fattigdomsproblem i bykommunane, tiltak som kan bidra til kvalifisering og inkludering, m.a. gjennom etablering av alternative meistringsarenaer, og tilskot til langsiktige og samordna tiltak. Tiltaksutviklinga er kommunalt forankra, ofte i samarbeid med frivillig sektor. Den særlege satsinga retta mot barn, unge og familiar råka av fattigdom blei evaluert i 2010. Evalueringa viser at ordninga har ført til at kommunane har fått større medvit og kompetanse om fattigdom blant barn og verdien av å etablere sosiale møteplassar, meistringsarenaer og kvalifiseringsarenaer for utsette barn og unge. På bakgrunn av evalueringa har Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet tilrådd kommunane å utarbeide konkrete målsetjingar for prioritering av midlane og innrette arbeidet ut frå kunnskap om lokale risikogrupper. Arbeidet bør inngå i ein heilskapleg og samordna barne- og ungdomspolitikk. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Tiltak for ungdom i risikosoner – Losprosjektet

Ansvarleg: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har sidan 2007 hatt ei særleg satsing retta mot ungdom som står i fare for å hamne utanfor opplæring og arbeidsliv, Unge utenfor . Som del av satsinga er det gjennomført utgreiingar og evalueringar om resultat og gevinstar av tiltak retta mot ungdom i målgruppa. I tillegg har åtte kommunar/bydelar gjennomført eit utviklingsarbeid med mål om å utvikle betre arbeidsmåtar og samarbeidsformer for målgruppa. Utviklingsarbeidet blei avslutta i 2010. Eksempelsamlinga Veier tilbake til skole og arbeid skildrar erfaringar og resultat frå utviklingsarbeidet og er sende ut til alle kommunar.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har saman med Arbeids- og velferdsdirektoratet hatt ansvar for utviklingsarbeidet Utsatte unge 17–23 år i overgangsfaser. Arbeidet har gått ut på å hjelpe ungdom inn i utdanning, arbeid og bustad og å gi fritidstilbod. Arbeidet blei avslutta i 2009. Innsatsen er evaluert.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet starta hausten 2010 opp Losprosjektet . Losprosjektet er eit treårig prosjekt for å styrkje oppfølging av utsett ungdom. 15 kommunar frå til saman ni fylke tek del i prosjektet. Formålet er å betre tilknytinga til skule og arbeid blant særleg risikoutsette unge i alderen 14–23 år. Gjennom Losprosjektet skal ungdom få ein kontaktperson, ein los, som skal følgje opp ungdommane og hjelpe dei med å nyttiggjere seg av tilbod frå ulike hjelpetenester. Innsatsen blir sett i samanheng med Kunnskapsdepartementet si gjennomføring av prosjektet Ny GIV . Prosjektet skal halde fram til og med 2013. Sluttrapport frå evalueringa skal leverast i 2014.

Tiltak for ungdom i risikosoner

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

I 2008 blei det i regi av Arbeids- og velferdsdirektoratet sette i verk eit utviklingsarbeid overfor barn og unge i risikosoner. Målgruppa er ungdom 15–25 år. Innsatsen er retta mot ungdom som står i fare for, eller har falt ut av vidaregåande opplæring, som utviklar kriminell åtferd, testar ut rusmiddel, og mot minoritetsungdom. Innsatsen tek utgangspunkt i Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltninga, og skal bidra til å sette i verk modellforsøk og utviklings- og kompetansetiltak. I porteføljen av tiltak inngår 13 kommunar, samt tre interkommunale prosjekt. Utviklingsarbeidet blir ført vidare i 2014. Satsinga er under evaluering. Den første evalueringsrapporten viser at 29 pst. av deltakarane ser ut til å halde fram på skule etter prosjektavslutning, 28 pst. deltek på tiltak i regi av NAV-kontoret (mot 7 pst. før prosjektdeltaking), mens 19 pst. er i arbeid, heiltid eller deltid (mot 3 pst. før prosjektdeltaking). Berre 4 pst. er heilt ledige, mot 30 pst. før prosjektdeltaking. Sluttrapport frå evalueringa vil komme i 2015. Erfaringane frå utviklingsarbeidet blir nytta inn i satsinga for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring, Ny GIV.

Nordlandsprosjektet, Ungdom i svevet, blei avslutta som prosjekt i 2010. Prosjektet hausta gode erfaringar. Arbeids- og velferdsdirektoratet arbeider saman med andre direktorat for at erfaringar, kunnskap og kompetanse blir spreidd. Fylkesmannsembeta skal i samarbeid med NAV fylke formidle og føre vidare erfaringane ut til dei lokale NAV-kontora, kommunane og fylkeskommunane. Fylkesmannen i Nordland og Universitetet i Nordland har ei særleg pådrivarrolle. Sjå nærare omtale under kap. 621, post 63.

Tiltak for barn med foreldre som er psykisk sjuke og/eller rusavhengige

Ansvarleg: Helse- og omsorgsdepartementet

Det er sette i verk tiltak for barn med foreldre som er psykisk sjuke og/eller rusavhengige. Tiltaka har som mål å gi tidlegare hjelp til barna, styrkje rettleiing og kompetanse i tenestene, langsiktig oppfølging av barna, auke forsking og erfaringsspreiing.

Endringane i helsepersonellova og spesialisthelsetenestelova om oppfølging av barn som pårørande, har frå 2010 styrkt rettsstillinga til barna og medverka til at mindreårige barn av psykisk sjuke, rusavhengige, alvorleg somatisk sjuke eller skadde pasientar får betre oppfølging når foreldra tek imot helsehjelp. Helsepersonell har plikt til å bidra til å ta vare på mindreårige barn som pårørande. Helseinstitusjonar skal i nødvendig utstrekning ha personell med ansvar for å fremje og koordinere helsepersonellet si oppfølging av barna. Alle sjukehus har barneansvarleg personell. Helsedirektoratet utarbeidde i 2009 eit rundskriv til lovendringane om barn som pårørande og ein informasjonsbrosjyre for barn.

Barn som pårørande er eit eige femårig strategisk forskingsområde under Norges forskningsråd.

Det er oppretta fleire lågterskeltiltak for familiar med psykisk sjuke eller rusavhengige foreldre som følg familiar med barn i alderen 0-6 år.

Delmål: Betre levekåra for dei mest vanskelegstilte

Tiltak for personar med rusproblem

Ansvarleg: Helse- og omsorgsdepartementet

Tiltak for personar med rusproblem er styrkt som eit ledd i innsatsen mot fattigdom. I 2012 la Helse- og omsorgsdepartementet fram ei melding til Stortinget om rusmiddelpolitikken (Meld. St. 30 (2011–2012)). Stortingsmeldinga omhandlar alkohol, narkotika, legemidlar og doping som samfunnsproblem. Samhandlingsreforma blir stadfesta for personar med rusproblem, og meldinga har fokus på førebygging, tidleg innsats, samhandling og brukar- og pårørandeperspektiv.

Opptrappingsplanen for rusfeltet blei avslutta i 2012 og avløyst av strategiar innafor folkehelse, overdoser, kompetanse og implementering av rus og psykisk helse i samhandlingsreforma. Løyvingane til rusfeltet er auka med over 1 mrd. kroner samanlikna med 2005.

Auke i satsane i dei statlege rettleiande retningslinene for utmåling av økonomisk stønad til livsopphald

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

Satsane i dei statlege rettleiande retningslinene for utmåling av økonomisk stønad til livsopphald er prisjusterte årleg. Dei rettleiande retningslinene blei auka med 5 pst. ut over ordinær prisauke frå 1. januar 2007 og auka med ytterlegare 5 pst. ut over ordinær prisauke frå 1. januar 2009.

Styrking av bustøtta

Ansvarleg: Kommunal- og regionaldepartementet

I 2006 blei buutgiftstaket i bustøtteordninga auka med 10 000 kroner for mottakarar i dei åtte største byane i landet. Frå 2007 blei bustøtta utbetalt kvar månad, mot tidlegare kvart tertial. I 2008 blei ordninga utvida til å omfatte deltakarar i kvalifiseringsprogrammet. Frå 1. juli 2009 blei ordninga forenkla og utvida, jf. St.prp. nr. 11 (2008–2009) Ei styrkt bustøtte. Etter omlegginga kan alle med låge inntekter og høge buutgifter få bustøtte. Unntaka er studentar og militært/sivilt tenestepliktige, som har eigne ordningar for bustadstøtte. Overgangsordningar blei oppretta for å skjerme dei som fekk støtte før omlegginga mot brå endringar i utbetalingane som følgje av endra reglar. I åra 2010 til 2013 blei satsane i bustøtta auka i takt med veksten i minstepensjonane. I mars 2011 blei det gitt ei ekstraordinær utbetaling på til saman 321 mill. kroner til motakarar av bustøtte, som hjelp til å dekke dei høge energiutgiftene etter den kalde vinteren, jf. Prop. 61 S (2010–2011). I 2011 blei òg buutgiftstaka (maksimalt godkjende buutgifter) auka for store husstandar/barnefamiliar. I 2013 blei tillegget til buutgiftstaket auka for dei som har høgare buutgifter grunna nedsett funksjonsevne. For juni månad 2013 fekk 120 300 husstandar utbetalt bustøtte, som er 11 600 (11 pst.) fleire enn i same månad før omlegginga (juni 2009). Utbetalingane av bustøtte har auka frå 2 054 mill. kroner i 2005 til ei løyving på 3 000 mill. kroner i 2013. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Kommunal- og regionaldepartementet.

Tilskot til utleigebustader er òg styrkt som eit ledd i innsatsen mot fattigdom.

Varig bustad framfor bruk av hospits og andre mellombels bustadsforhold

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

I perioden 2007–2009 blei det gjennomført forsøksprosjekt i dei fire storbyane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger, samt i fem andre kommunar med utfordringar knytt til bruk av mellombels bustadforhold. Formålet er å utvikle metodar og tiltak for oppfølging av personar som oppheld seg i mellombels bustader slik at dei kan få tilbod om varig bustad. Løyvinga til formålet inngår frå 2010 i tilskot til bustadsosialt arbeid. Sjå nærare omtale under kap. 621, post 63.

Reduksjon i gebyr for tvangsforretningar

Ansvarleg: Justis- og beredskapsdepartementet

Dei statlege gebyra for ulike tvangsforretningar blei reduserte i 2007. Inntekta frå slike gebyr blei sett ned med til saman 230 mill. kroner samanlikna med nivået i 2006.

Lågterskeltilbod for rettshjelpssøkjande

Ansvarleg: Justis- og beredskapsdepartementet

Justis- og beredskapsdepartementet gir kvart år tilskot til ulike prosjekt som tilbyr gratis rettshjelp. Det er primært organisasjonar som har direkte kontakt med, og som gir rettshjelp til særleg utsette samfunnsgrupper, som tek i mot tilskot. Mange av organisasjonane som mottek tilskot er basert på frivillig arbeid. Blant tiltaka som mottek tilskot, er rettshjelpsarbeid i regi av jusstudentar i Oslo (Juridisk Rådgivning for Kvinner og Juss-Buss), Bergen (Jussformidlingen), Trondheim (Jushjelpa i Midt-Noreg) og Tromsø (Jusshjelpa i Nord-Noreg). Mange av studentrettshjelpstiltaka driv oppsøkjande arbeid m.a. i fengsel, vaksenopplæringssenter og asylmottak. Gatejuristen i Oslo, Trondheim, Tromsø, Bergen og Kristiansand driv oppsøkjande rettshjelpsarbeid blant personar med rusproblem. Gatejuristane har fått tilskot i fleire år, og i løpet av 2012 blei det oppretta nye gatejuristprosjekt både på Hamar og i Stavanger. Ei rekke kommunar og krisesenter får tilskot for å kunne tilby gratis advokatvakt. Midlane dekker utgifter til juridisk hjelp ved offentlege servicekontor i kommunen og krisesenter rundt i landet, inkludert Pro Sentret, DIXI Ressurssenter Oslo og Støttesenteret mot Incest. I tillegg har Oslo kommune Fri rettshjelp og Rettshjelpskontoret Indre Finnmark motteke årlege tilskot.

I St.meld. nr. 26 (2008–2009) Om offentleg rettshjelp tok Regjeringa til orde for ei rekke tiltak for å forbetre rettshjelpsordninga. I 2010 blei det oppretta eit prosjekt for utprøving av førstelinerettshjelpa i Buskerud og Rogaland, samt eit interkommunalt samarbeid i Lindesnes-regionen. Sluttevalueringa blei ferdigstilt våren 2013. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Regulering av inntekts- og formuesgrensene for fri rettshjelp

Ansvarleg: Justis- og beredskapsdepartementet

Frå 1. januar 2009 blei inntektsgrensa for fri rettshjelp auka frå 230 000 kroner til 246 000 kroner for einslege og frå 345 000 kroner til 369 000 kroner for ektefellar og andre som lever saman og har felles økonomi. Dette gjer at fleire vil bli omfatta av rettshjelpsordninga.

Frivillig arbeid

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet og Kulturdepartementet

Løyvingane til frivillig arbeid blei styrkte i 2008 og 2009 for å styrkje og vidareutvikle dialogen og samarbeidet med frivillige organisasjonar som arbeider mot fattigdom og sosial eksklusjon. I 2008 blei det etablert eit kontaktutval mellom Regjeringa og representantar for sosialt og økonomisk vanskelegstilte og eit samarbeidsforum for organisasjonane som er med i Kontaktutvalet. Batteriet, som er eit nasjonalt ressurssenter i regi av Stiftelsen Kirkens Bymisjon Oslo, er sekretariat for Samarbeidsforum. Det er etablert fire Batterier utanfor Oslo; i Bergen, Trondheim, Bodø og Kristiansand. I 2008 blei det etablert ei tilskotsordning til drift av organisasjonar som arbeider mot fattigdom og sosial eksklusjon og til prosjekt og aktivitetar i regi av frivillige organisasjonar. Formålet er å støtte eigenorganisering, sjølvhjelpsaktivitetar, brukarpåverknad og interessepolitisk arbeid. I tillegg til driftsstøtte til Samarbeidsforum med Kontaktutvalet og Batteriene er det i 2013 gitt driftsstøtte til 17 organisasjonar og tilskot til 21 prosjekt. Tilskot til aktivisering og arbeidstrening i regi av frivillige organisasjonar blei styrkt i 2009. Totalt har 40 prosjekt fått tilskot i 2013. I 2011 blei det etablert ei tilskotsordning for å stimulere til utvikling av sosialt entreprenørskap og sosiale entreprenørar som arbeider mot fattigdom og sosial eksklusjon. I alt sju verksemder har teke i mot tilskot frå ordninga i perioden 2011–2013. Sjå nærare omtale under kap. 621, post 70.

Kulturdepartementet har styrkt kultur innanfor tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, med eit eige program for kultur. Føremålet er å bidra til at fleire utsette barn og unge får høve til å delta i kultur- og fritidsaktivitetar.

Det er gitt tilskot til ei prøveordning i Møre og Romsdal med opplevingskort for barn og unge i familiar med låginntekt. Kortet gir gratis tilgang for innehavaren av kortet og ein ven til ulike kultur- og fritidsopplevingar i fylket.

I 2013 har Kulturdepartementet fordelt midlar til 390 frivilligsentralar i 320 kommunar. Gjennom eit mangfald av aktivitetar og tilbod legg sentralane til rette for at det skal være lett å delta og være med i frivillig arbeid.

Kulturdepartementet gir i 2013 støtte til eit pilotprosjekt for å styrke brei lokal samhandling knytt til barn og unge si deltaking. Bakgrunnen er forskjellar i barn og unge si deltaking, og føremålet er å legge til rette for betre samarbeid mellom kommunar og frivillig sektor. Prosjektet er i regi av KS i samråd med Frivillighet Norge.

Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Kulturdepartementet.

Utviding av fylkesmannen sitt tilsynsansvar

Ansvarleg: Arbeidsdepartementet

På bakgrunn av framlegg i Ot.prp. nr. 103 (2008–2009) Om lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen er tilsynsansvaret til fylkesmannen utvida til òg å omfatte tilsyn med økonomisk stønad og kvalifiseringsprogram/kvalifiseringsstønad frå 1. januar 2010. Løyvingane til fylkesmannsembeta blei styrkte som følgje av dette.