Arbeidsdepartementet (AD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet – miljøprofil

Innleiing

Arbeidsmiljø- og sikkerheitsmyndigheitene sin innsats har ein positiv og førebyggande effekt på det ytre miljøet. Vern av arbeidstakarar mot eksponering for helsefarlege kjemikaliar, som er eit av fokusområda for arbeidsmiljømyndigheitene, er med på å gje større kunnskap om og medvit knytt til bruk, oppbevaring og destruksjon av kjemikaliar. Substitusjonsprinsippet fører til at helsefarlege kjemikaliar blir bytta ut med mindre farlege produkt. Fokuset på støy som ein helseskadeleg faktor i arbeidslivet, gjer til at det generelle støynivået i og omkring verksemder blir redusert, samtidig som det blir utvikla teknologi og materiale som vil føre til ein generell støyreduksjon. Generelt vil arbeidsmiljømyndigheitene sitt arbeid med å utvikle ein robust sikkerheitskultur, der det blir lagt vekt på ei systematisk oppfølging av helse, miljø og sikkerheit, føre til at verksemder blir betre rusta til å ivareta miljøutfordringane sine. Forskings- og utviklingsarbeid i arbeidslivet, anten det gjeld kjemikaliar, støy eller andre områder, vil kunne ha overføringsverdi til anna miljøarbeid.

Det vil likevel i einskilde tilfelle kunne oppstå motstridande interesser i forholdet mellom det å ville beskytte arbeidstakarane og det ytre miljøet. Særleg har ein sett dette i einskilde samanhengar der målretta miljøtiltak har ført til ein auka risiko for eksponering av arbeidstakarar. På same måte kan tiltak for vern av arbeidstakarar føre til auka utslepp til miljøet. Kjennskap til at det føreligg slike mogelegheiter for motstridande interesser gjer at ei effektiv forvaltning krev ei god koordinering, der data både om helse og miljø blir innarbeidde i risikovurderingar og tiltak.

Petroleumstilsynet har gjennom si rolle som myndigheit for sikkerheit i petroleumsverksemda ein funksjon som mellom anna rettar seg direkte mot ivaretaking av det ytre miljøet. Petroleumstilsynet stiller gjennom sitt regelverk krav til robust utforming av utstyr og anlegg, som mellom anna inneber krav til barrierar mot ulykker og uønska hendingar som kan føre til akutt forureining. Macondo- og Montaraulykkene har tydeleg vist dei konsekvensane ei storulykke kan ha, også for det ytre miljøet, og dermed kor viktig det er å førebygge ulykker. Petroleumstilsynet bidreg i denne samanhengen både i forvaltningsplanarbeidet, i tilsyn retta mot oljeselskapa, og med å bringe fram ein oppdatert oversikt over risiko for akutte utslepp i petroleumsverksemda på norsk sokkel, som kan leggast til grunn for nødvendige betringstiltak. Petroleumstilsynet legg og vekt på samarbeid med andre land, og arbeider for at det blir lagt meir vekt på FoU og teknologiutvikling retta mot å hindre eller stanse akutte oljeutslepp til sjø.

Miljøutfordringar i petroleumsverksemda

Omtalen av miljøutfordringane er avgrensa til:

  • Førebygging av forureining ved å hindre akutte utslepp til sjø og luft, og å redusere regulære utslepp til sjø og luft

  • Kjemping mot utslepp ved kjelda

Petroleumsverksemda er strengt regulert både når det gjeld ressursutnytting og helse, miljø og sikkerheit. Rammene for petroleumsverksemda blir sette både gjennom lovar og forskrifter og gjennom forvaltningsplanane for havområda.

Aktørbildet på norsk sokkel, med mellom anna mange små aktørar som ofte har avgrensa kapasitet, kunnskap og erfaring med å drive verksemd i samsvar med norsk regelverk, og i tillegg Statoil som ein dominerande aktør, utfordrar strategiane for å følgje opp verksemdene. Samstundes er petroleumsverksemda i ferd med å flytte seg inn i meir miljøsårbare områder der det må leggast enda sterkare vekt på å prioritere førebyggande miljøsikkerheit.

Dei tillatne, regulære utsleppa frå prosessar i olje-/gassindustrien omfattar kategoriar som olje, produsert vatn, kjemikaliar, samt andre organiske forbindelsar. Utslepp til luft; CO 2 , NO x , nmVOC, CH 4 og SO 2 , skjer i forbindelse med energiproduksjon, fakling og brønntesting osv.

Uførutsette hendingar som skuldast utforming eller drift/operasjon kan medføre akutte/utilsikta utslepp i dei same kategoriane. Av akutte utslepp er det dei store utsleppa av olje og gass knytte til ei ukontrollert utblåsing, brot på røyrleidningar eller ved kollisjon med tankfartøy som held i seg størst fare for miljøet.

Risiko for akutte utslepp

Petroleumstilsynet overvakar utviklinga av mellom anna risiko for ulykker som kan føre til akutte utslepp til sjø, inkludert storulykkesrisiko. Hensikten med dette arbeidet er å fange opp negative trendar tidleg nok til å handle proaktivt og målretta for å unngå storulykker i norsk petroleumsverksemd. Ein årleg rapport om denne risikoutviklinga, Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet (RNNP), tek utgangspunkt i eit omfattande datamateriale og dekker både hendingar, tilløp til hendingar, årsaker og barrierar. Status og trendar for akutte utslepp av råolje, andre oljer og kjemikaliar er henta frå RNNP 2013.

Råolje

I 2001–2010 har det vore ein tydeleg reduksjon i talet på akutte råoljeutslepp til sjø for norsk sokkel. Reduksjon i talet på akutte oljeutslepp har vore markert i perioden 2001–2004, medan nivået har flata ut i perioden 2004–2012. Talet på utslepp i 2012 er det lågaste som er registrert i heile perioden. Hovuddelen av desse utsleppa er plassert i den minste mengdekategorien, 0-10 tonn. Dei to siste åra har alle utslepp vore i den minste mengdekategorien.

Andre oljer (spillolje, diesel, fyringsolje 1-3 og andre oljer)

Mengda utslepp av andre oljer på norsk sokkel har vore svært varierande i perioden 2001–2012, med toppar i 2004 og 2007. Mengda av utslepp dei siste åra har vore på eit stabilt nivå.

Kjemikaliar

Talet på akutte utslepp av kjemikaliar har vore varierande gjennom perioden. Det er ikkje mogeleg å identifisere ein klar trend for talet på utslepp av kjemikaliar for heile den norske sokkelen.

Mengda utslepp av kjemikaliar i 2012 er omlag dobla frå 2011, men er likevel tilnærma lik normalverdien om ein ser bort frå dei høge utsleppsmengdene i 2003 og 2004. Årsaka til dei høge verdiane i 2003 og 2004 var at det i desse åra fann stad ein del store utslepp i Nordsjøen av kjemikaliar i den øvste mengdekategorien (> 1 m3).

Regulære utslepp

Bruk av kjemikaliar er naudsynt for å sikre forsvarleg verksemd i petroleumsektoren, men representerer samstundes ei utfordring både med omsyn til det ytre miljøet, og til helse og arbeidsmiljø. Etter at målet om null utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø kom i 1997, er utsleppa av kjemikaliar i svart kategori redusert frå 228 tonn til 0,6 tonn i 2011. Utslepp av kjemikaliar i raud kategori er redusert frå 3933 tonn til 8 tonn i same periode. Meir enn 99 pst. av alle miljøfarlege kjemikaliar er fjerna dei siste 15 åra. Utanom desse kjemikaliane er det framleis ei stor mengd ulike kjemikaliar i bruk i petroleumsverksemda.

Mogelege motstridande interesser når det gjeld sikkerheit og skjerming av arbeidstakarar og ytre miljø, gjer at det er naudsynt med ei god koordinering der aspekt knytte til både helse, sikkerheit og miljø blir integrerte i risikovurderingar og tiltak. Nye teknologiar for å reinse produsert vatn har ført til, og vil føre til, ytterlegare reduksjon av oljeutslepp i samband med produsert vatn. Gjennomsnittleg konsentrasjon i 2012 var omlag 11 milligram pr. liter. Dette er på same nivå som i 2009. Totalt blei om lag 1500 tonn olje sleppt til sjø med produsert vatn i 2012. Driftsstans ved eit slikt anlegg vil føre med seg auka risiko for akutte utslepp av ureinsa, produsert vatn.

Mål for arbeidet med desse utfordringane

Styresmaktene på arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet skal medverke til å førebygge forureining til sjø og til luft frå petroleumsverksemda ved å bygge opp om dei nasjonale miljømåla og klimapolitikken. Petroleumstilsynet skal ut frå gjeldande regelverk føre tilsyn med verksemdene.

Rapport om oppnådde resultat i 2012

For å syte for eit solid kunnskapsgrunnlag for arbeidet med førebygging av ulykker som kan føre til utslepp til det ytre miljøet har Petroleumstilsynet gjennomført eit prosjekt for å utnytte eksisterande data i RNNP og OLF sin Environmental Web-database. Målet har vore å utvikle risikoindikatorar som kan nyttast for å overvake utviklinga av risiko for uønskte hendingar i petroleumsverksemda til havs som kan føre til akutt ureining til sjø. Den første rapporten blei gitt ut i november 2010, og sidan har det komme årlege publiseringar. Data frå rapporten for 2012 viser mellom anna at:

  • talet på akutte råoljeutslepp til sjø på norsk sokkel sedd under eitt blei meir enn halvert i perioden 2001–2004 (frå 85 til 40), medan nivået har vore nokolunde konstant i perioden 2004–20121 (talet på råoljeutslepp i 2012 var 22).

  • det er ikkje nokon klar trend når det gjeld storleiken på akutte råoljeutslepp som har skjedd i perioden 2001–2012 for norsk sokkel sett under eitt, men dei fleste utsleppa er på mindre enn eitt tonn. Det siste større utsleppet vi har hatt på norsk sokkel var eit utslepp på ca. 3700 tonn i 2007. I 2012 var det berre hendingar med utslepp i den minste mengdekategorien, 0-10 tonn. Dette er ikkje medrekna lekkasjar frå injeksjonsbrønnar.

  • talet på hendingar med prosesslekkasjar som potensielt kunne ha ført til akutte utslepp på norsk sokkel har hatt ein fallande tendens i heile perioden (2001–2012), og talet på hendingar pr. innretningsår i 2012 er det lågaste i perioden.

  • talet på hendingar med potensial for å gi utslepp av olje til sjø har ein minkande trend, og er på sitt lågaste i 2012. Hovuddelen av desse hendingane, 41 pst., er konstruksjonshendingar. Prosesshendingar står for 36 pst., medan brønnkontrollhendingar er relaterte til 23 pst. av alle hendingane.

Aktuelle tiltak på kort og lang sikt for å løyse og førebygge miljøproblem og korleis føreslåtte tiltak i 2013 vil kunne bidrage til dette

Dei mest sentrale tiltaka i Petroleumstilsynet sitt arbeid for å løyse og førebygge miljøproblem er:

  • Vidareutvikling og forvaltning av HMS-regelverket slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemdene i petroleumssektoren bygger opp om dei nasjonale og regionale miljømåla og klimapolitikken.

  • Ha oversikt over, og følge opp, at prosessane rundt avgjerder i petroleumsnæringa integrerer omsynet til energileiing, sikkerheit og styring, og styrke bruken av beste tilgjengelege teknologi og beste operasjonspraksis.

  • Vidareutvikle og bruke resultata frå miljødelen av RNNP i regelverksarbeid og tilsyn.

  • Utblåsingssikring (BOP): OGP og IADC har på oppdrag frå IRF starta arbeidet med å følge opp BOP pålitelegheit, integritet og sårbarheit. Petroleumstilsynet avventar resultata frå studiane som skal gje grunnlag for eit referansenivå (benchmark) og tiltak som blir sett i verk basert på dette.

  • Innkapsling og oppsamling (capping and containment): Næringa arbeider med å utvikle effektive løysingar for raskast mogeleg å kunne stoppe og/eller avleie brønnstrømmen i tilfelle ei utblåsing skjer under vatn.

  • Oppdatering av standardar: Det er identifisert behov og utarbeida ein plan for revisjon av ei rad NORSOK standardar som krev engasjement, kompetanse og kapital frå næringa.

  • Aktivt samarbeid med andre etatar i samband med utvikling og oppfølging av heilskaplege planar for forvaltning for Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen.