Finansdepartementet (FIN)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

1.1 Område

I denne proposisjonen kjem departementet med framlegg om utgifter og inntekter under programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar , programområde 23 Finansadministrasjon , medrekna skatte- og avgiftsadministrasjonen, og programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m . Ansvaret for løyvingane, medrekna rekneskapsavlegging, under programkategoriane 00.30 Regjeringa og 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar ligg til høvesvis Statsministerens kontor og Stortinget sine eigne institusjonar. Av praktiske grunnar vert desse programkategoriane førte opp i Finansdepartementet sin proposisjon, og beløpa er tekne med i oversikter over løyvingar på Finansdepartementet sitt område. Framlegg under programkategori 00.40 er i samsvar med framlegget frå stortingsadministrasjonen.

1.2 Hovudoppgåver og organisering

Finansdepartementet med underliggjande etatar har ansvar for m.a. å

  • medverka til eit høveleg grunnlag for vedtak i den økonomiske politikken og i budsjettarbeidet

  • sikra finansieringa av den offentlege verksemda gjennom skattar og avgifter

  • samordna arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyringa i staten

  • forvalta statleg formue og gjeld

  • medverka til eit offisielt statistikk- og datagrunnlag til bruk i offentleg og privat verksemd

  • medverka til velfungerande finansmarknader

Politikken på dei ovannemnde områda er omtalt i Meld. St. 1 (2013–2014) Nasjonalbudsjettet 2014 , Prop. 1 S (2013–2014) Statsbudsjettet for budsjettåret 2014 og Prop. 1 LS (2013–2014) Skatter, avgifter og toll 2014 . Proposisjonen her omfattar i fyrste rekkje forvaltninga og administrasjonen på desse områda.

Nedanfor er eit oversyn over verksemder på Finansdepartementet sitt område.

Figur 1.1 Verksemder på Finansdepartementet sitt område i 2014

Figur 1.1 Verksemder på Finansdepartementet sitt område i 2014

1 Ansvarstilhøvet mellom Noregs Bank og statsmaktene i m.a. budsjettsaker og administrative saker er regulert ved lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet mv.

2 Fonda er særskilde rettssubjekt, jf. lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet og lov 6. mars 2009 nr. 12 om Statens finansfond.

3 Verksemd med eige styre.

1.3 Oversyn over budsjettframlegget for Finansdepartementet

1.3.1 Samla utgifter

Programområde under departementet

 

(i 1 000 kr)

 

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

1 945 670

1 995 500

2 103 600

5,4

Programområde 23 Finansadministrasjon

25 354 596

29 494 600

30 886 700

4,7

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

12 848 603

79 380 900

10 178 600

-87,2

Sum utgifter

40 148 869

110 871 000

43 168 900

-61,1

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar omfattar regjeringa og Stortinget med underliggjande institusjonar. Framlegg til løyving for 2014 under dette programområdet utgjer 2 103,6 mill. kroner. Av auken på 108,1 mill. kroner frå saldert budsjett 2013 gjeld 88,9 mill. kroner kap. 41 Stortinget. Mykje av auken kjem av sikringstiltak og større vedlikehald på stortingsbygningane.

Framlegget under programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar er i samsvar med framlegget frå stortingsadministrasjonen.

Programområde 23 Finansadministrasjon

Programområde 23 Finansadministrasjon omfattar skatte- og avgiftsadministrasjon, offisiell statistikk, finansadministrasjon og nokre andre føremål. Det samla framlegget til løyving for 2014 under dette programområdet utgjer 30 886,7 mill. kroner. Det er ein auke på 1 392,1 mill. kroner frå saldert budsjett 2013. Det meste av auken gjeld meirverdiavgiftskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar og til private og ideelle verksemder. Departementet rår til å auka denne løyvinga med 1 320,1 mill. kroner frå saldert budsjett 2013. Til kjøp av klimakvotar i samsvar med Kyoto-avtalen gjer departementet framlegg om ein reduksjon på 108 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om å auka løyvingane til skatte- og avgiftsadministrasjon med 157 mill. kroner. Framlegget inneber at Skatteetaten og Toll- og avgiftsetaten kan halda fram med å førebyggja og avdekkja svart økonomi og skatte- og avgiftsunndragingar. Skatteetaten vil i samarbeid med Arbeids- og velferdsetaten og Statistisk sentralbyrå føra vidare arbeidet med ei sams ordning for innrapportering av tilsetjings- og inntektstilhøve m.m. frå arbeidsgjevarane. Målet er å gjera det lettare for arbeidsgjevarane å oppfylla opplysningsplikta si. Arbeidet med å modernisera Skatteetaten sitt system for innhenting av grunnlagsdata frå næringslivet og offentleg forvaltning held fram. Det vil m.a. gje sikrare produksjon av den førehandsutfylte sjølvmeldinga. Eit fleirårig prosjekt for modernisering av systema for skatteberekning vert starta i 2014. Blant måla er raskare oppgjer, færre feil og rettare proveny. I 2014 vil etaten òg arbeida med å utvikla fleire nye løysingar for elektroniske tenester for publikum. For å effektivisera Toll- og avgiftsetaten sin grensekontroll er det sett av midlar til utskifting av skannar, meir kameraovervaking ved grensa og forsøk med elektroniske apparat som kan avsløra ulovlege eller farlege stoff.

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

Programområdet omfattar utgifter til renter og avdrag på den innanlandske statsgjelda og på statskassa sine krav. Departementet sine renter og avdrag på statsgjeld er budsjetterte til 10 145,6 mill. kroner. Hovudgrunnen til reduksjonen på 69 202,3 mill. kroner frå saldert budsjett 2013 er at eit stort obligasjonslån har forfall i 2013, medan det for 2014 ikkje er rekna med nokon avdrag.

Utgifter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

01-23

Driftsutgifter

10 259 532

10 778 000

10 927 700

1,4

30-49

Nybygg, anlegg m.m.

426 159

384 000

409 100

6,5

60-69

Overføringar til kommunar

14 893 027

18 500 000

19 800 000

7,0

70-89

Overføringar til private

14 570 151

14 665 000

12 032 100

-18,0

90-99

Utlån, avdrag m.m.

66 544 000

-100,0

Sum under departementet

40 148 869

110 871 000

43 168 900

-61,1

Utgifter under programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar og programområde 23 Finansadministrasjon er stort sett administrasjonsutgifter. Av dei samla utgiftene utgjer driftsutgiftene 82,9 pst. under programområde 00 og 88,6 pst. under programområde 23, utanom kap. 1632 Kompensasjon for meirverdiavgift . Renteutgiftene er førte over postgruppe 70–89 og utgjer 84,3 pst. av framlegget for den postgruppa.

1.3.2 Samla inntekter

 

(i 1 000 kr)

 

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

43 275

45 650

130 250

185,3

Programområde 23 Finansadministrasjon

3 580 575

3 154 600

3 174 100

0,6

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

6 973 049

11 682 800

3 078 700

-73,6

Sum inntekter

10 596 899

14 883 050

6 383 050

-57,1

Samla inntekter, utanom skattar og avgifter, utgjer 6 383,1 mill. kroner. Av det er 3 078,4 mill. kroner utbyter og rente- og provisjonsinntekter. Statens renteinntekter av foliokontoen i Noregs Bank og andre krav i 2014 er omtalte i kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar . Det er gjort greie for skattar og avgifter i ein særskild proposisjon – Prop. 1 LS (2013–2014) Skatter, avgifter og toll 2014 .