Finansdepartementet (FIN)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Nedanfor er det gjort greie for nokre av dei viktige oppgåvene Finansdepartementet i 2014 skal utføra i tillegg til å samordna den økonomiske politikken:

2.1 Statens pensjonsfond

Stortinget har i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond gjeve Finansdepartementet ansvaret for forvaltinga av fondet. Den operasjonelle forvaltinga av Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er det høvesvis Noregs Bank og Folketrygdfondet som tek hand om, jf. § 2 i lova. Departementet har fastsett føresegner for forvaltinga i særskilde mandat for Noregs Bank og Folketrygdfondet. Her er det gjort greie for referanseindeksar og rammer for forvaltinga, og ein finn føresegner om risikostyring, rapportering og ansvarleg investeringspraksis. Mandata er prinsippbaserte, og dei føreset at Noregs Bank og Folketrygdfondet fastset meir detaljerte interne reglar.

Den samla marknadsverdien av Statens pensjonsfond var 4 548 mrd. kroner ved inngangen til andre halvår 2013. Av dette var 4 397 mrd. kroner i SPU og 151 mrd. kroner i SPN. Det er venta at fondet vil veksa i tida som kjem. Langsiktig og god forvalting av denne fellesformuen er ei viktig oppgåve.

Finansdepartementet fastset investeringsstrategien for fondet med retningsliner for ansvarlege investeringar og følgjer opp forvaltinga. I 2014 skal det arbeidast med prioriterte oppgåver som gjeld denne strategien.

Arbeidet med Statens pensjonsfond er nærare omtalt i Meld. St. 27 (2012–2013) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2012 og i Meld. St. 1 (2013–2014) Nasjonalbudsjettet 2014.

2.2 Regelverksarbeid på finansmarknadsområdet

På finansmarknadsområdet har det gjennom fleire år vore arbeidd mykje med å utvikla og tilpassa rammevilkåra for finansnæringa gjennom føremålstenlege lover og forskrifter. Regelverket skal medverka til at finansmarknadene og finansinstitusjonane er effektive. Samtidig skal det fremja sikkerhet, soliditet og stabilitet i finansmarknaden. Det er lagt stor vekt på at reguleringa skjer på ein konsistent måte for dei ulike typar finansinstitusjonar, med lik regulering av lik type risiko, uavhengig av kva slags finansinstitusjon som tek risikoen. Kundane sine interesser skal òg takast vare på. Regelverksarbeidet på finansmarknadsområdet følgjer dels av EØS-plikter og er dels ei modernisering. Prioriterte regelverksoppgåver er omtalte i del II av proposisjonen under kap. 1600 Finansdepartementet .

Arbeidet med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Finanstilsynet og Noregs Bank. Finansdepartementet arbeider særleg med rammevilkåra for finanssektoren. Ein omtale av dette området og av stoda i dei internasjonale finansmarknadene er gjeven i Meld. St. 1 (2013–2014) Nasjonalbudsjettet 2014 og i den årlege finansmarknadsmeldinga som har meir utførleg informasjon om utviklinga i finansmarknadene, utsiktene for finansiell stabilitet og omtale av finansmarknadsreguleringa. Meld. St. 30 (2012–2013) Finansmarknadsmeldinga 2012 vart lagt fram i april 2013 og drøfta då Stortinget behandla Innst. 423 S (2012–2013).

Som følgje av den internasjonale finanskrisa i 2008–2009 er det satt i gang omfattande internasjonale prosessar for å få på plass nye og betre reguleringar av finansmarknadene, jf. arbeidet til G 20, Basel-komiteen og EU (det såkalla CRD IV-regelverket).

Regelverksutviklinga i Noreg speglar i stor mon arbeidet med dei nye reglane i EU.

CRD IV-regelverket er no endeleg vedteke i EU, jf. pressemelding frå Rådet for 20. juni 2013. EUs gjeldande kapitalkravsdirektiv vert med dette erstatta av ei forordning med krav til soliditet og likviditetsstyring m.m. i institusjonane og av eit nytt direktiv som frå 1. januar 2014 skal regulera både retten til å drive verksemd som kredittinstitusjon og tilsynet med kredittinstitusjonar og verdipapirføretak. Rettsaktene er EØS-relevante.

Lovendringar om nye kapitalkrav foreslått av Finansdepartementet i Prop. 96 L (2012–2013), vart vedtekne av Stortinget 10. juni 2013 og sette i verk frå 1. juli 2013. Lovendringane byggjer på Basel III og det nye CRD IV-regelverket. Departementet tek sikte på å koma med eit framlegg om gjennomføring av dei andre delane av CRR/CRD IV-pakka. Framlegget vil byggja på utgreiinga frå Banklovkommisjonen og vert lagt fram i samband med ein proposisjon om ny finansføretakslov.

2.3 Arbeidet med å verna om skattegrunnlaget.

For å kunna halda ein velferdsstat ved lag er det avgjerande å ha eit godt og robust skattesystem som gjev stabile og høge inntekter over lang tid. Det er difor ein viktig del av departementet sitt arbeid å hindra svekking av skatte- og avgiftsgrunnlaga. Auka globalisering med tettare integrerte marknader set skattesystemet på prøve. Mange land har dei siste åra endra skattereglane for å trekkja til seg verksemd og verna sitt eige skattegrunnlag. Den internasjonale trenden har vore lågare selskapsskattesatsar og tiltak for å demma opp for uønska tilpassingar over landegrensene. Tiltak mot skattetilpassing på tvers av landegrensene står høgt på den internasjonale dagsordenen. Mellom anna la OECD i juli 2013 fram ein handlingsplan mot den slags tilpassingar frå fleirnasjonale selskap.

Regjeringa følgjer den internasjonale utviklinga tett. For 2014 gjer Regjeringa framlegg om å avgrensa rentefrådrag for selskap i interessefellesskap. Framlegget vil motverka at fleirnasjonale konsern flyttar overskot ut av landet og på den måten reduserer skatten til Noreg. Framlegget vil også styrkja rammevilkåra for bedrifter som konkurrerer med fleirnasjonale selskap som driv omfattande skattetilpassing.

Samstundes føreslår Regjeringa å redusera skattesatsen på alminneleg inntekt for upersonlege skattytarar (aksjeselskap m.m.) frå gjeldande sats på 28 pst., til 27 pst. Redusert skattesats vil føra til at fleire investeringar vert lønsame og dermed stimulera til auka investeringar. Tiltaket vil også redusera gevinsten av skattemessige tilpassingar over landegrensene.

Regjeringa tek med dette eit fyrste skritt i ei større omlegging av skattlegginga av bedrifter, med reduserte satsar og meir robuste grunnlag. Skatteutvalet (Scheel-utvalet) som vart sett ned i mars 2013, vil vurdera selskapsskatten i lys av den internasjonale utviklinga og skattesystemet elles. Utvalet vil mellom anna vurdera selskapsskatten og greia ut tiltak som kan verna det norske selskapsskattegrunnlaget. Utvalet skal levera innstillinga si i oktober 2014.

2.4 Arbeidet med berekraftig utvikling og klima

Regjeringa sin økonomiske politikk byggjer på prinsippet om berekraftig utvikling. Finansdepartementet har ansvaret for å samordna regjeringa sin politikk for berekraftig utvikling. Det vert rapportert årleg om arbeidet i eit særskilt kapittel i nasjonalbudsjettet. Det er utvikla 17 indikatorar for å følgja utviklinga systematisk.

Finansdepartementet deltek i dei internasjonale klimamøta som ein del av den norske forhandlingsdelegasjonen under leiing av Miljøverndepartementet.

På klimakonferansen i Doha i 2012 vart det vedteke å forlenga Kyotoprotokollen fram til 2020. Noreg, EU og nokre få andre land har teke på seg utsleppsskyldnader for perioden 2013–2020. For Noreg inneber det at dei gjennomsnittlege årlege utsleppa av klimagassar ikkje skal overstiga 84 pst. av utsleppa i 1990. Dette er i tråd med målet om å redusera utsleppa med 30 pst. i 2020 jamført med nivået i 1990. På klimakonferansen starta òg forhandlingane om ein ny internasjonal klimaavtale i 2015.

Finansdepartementet har eit ansvar for innretting av avgifter i miljøpolitikken og analyserer økonomiske sider ved miljøpolitikken.