Finansdepartementet (FIN)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Programkategori 24.1 Statsgjeld, renter og avdrag m.m.

Utgifter under programkategori 24.10, fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

1650

Statsgjeld, renter m.m.

12 848 603

12 836 900

10 178 600

-20,7

1651

Statsgjeld, avdrag og innløysing

66 544 000

-100,0

Sum kategori 24.10

12 848 603

79 380 900

10 178 600

-87,2

Det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet, slik det er berekna ved nysalderinga av budsjettet, vert finansiert med overføring frå Statens pensjonsfond utland. Finansieringsbehovet i statsbudsjettet, m.a. avdrag på statsgjelda, netto utlån og kapitalinnskot til statsbankane, vert dekt med låneopptak i marknaden og/eller ved trekk på staten si kontantbehaldning.

Det er lagt opp til at finansieringsbehovet til staten skal dekkjast ved å ta opp nye langsiktige lån innanlands. Av omsyn til statspapirmarknaden vert det vanlegvis lagt opp til å glatta ut den langsiktige opplåninga over fleire år. Den kortsiktige opplåninga skal sikra at staten har tilstrekkeleg likviditet til å dekkja daglege betalingar. Finansdepartementet si fullmakt til å låne i marknaden vert fastsett av Stortinget på grunnlag av den årlege stortingsproposisjonen om lånefullmakter, jf. Prop. 1 Tillegg 3 (2012–2013).

Statsgjelda auka sterkt etter at ein i 2008 etablerte ordninga der staten sel statskassevekslar i byte mot obligasjonar med fortrinnsrett (OMF). På det meste var det utferda statskassevekslar for 229 mrd. kroner under byteordninga. Ved utgangen av fyrste halvår 2013 var det nær 94 mrd. kroner uteståande vekslar i denne ordninga. Dei siste byteavtalane forfell i juni 2014.

Tabell 5.28 syner den innanlandske statsgjelda per 31. desember 2012, medrekna kontolån frå ordinære fond i statskassa.

Tabell 5.28 Innanlandsk statsgjeld per 31. desember 2012

Type lån

Beløp (mill. kr)

Faste innanlandske lån

274 406

Statskassevekslar

197 402

Kortsiktige kontolån

145 437

Kontolån frå ordinære fond 1

63 918

Sum

681 163

1 Gruppe 81 i Statsrekneskapen. Er ikkje omfatta av dei ordinære lånefullmaktane.

Kap. 1650 Statsgjeld, renter m.m.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

29 462

36 700

33 000

89

Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld , overslagsløyving

12 819 141

12 800 200

10 145 600

Sum kap. 1650

12 848 603

12 836 900

10 178 600

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar driftsutgifter som staten har i samband med gjelds- og likviditetsforvalting. Det gjeld m.a. utgifter til informasjons- og analysesystem, utgifter som Noregs Bank og verdipapirsentralen (VPS) har i samband med behandlinga av staten sine lån, og utgifter knytte til ratingbyråa si vurdering av Noreg. Posten dekkjer òg betaling til Noregs Bank for tenester som banken yter Finansdepartementet i samband med forvaltinga av gjelda og likviditeten til staten, og drift og forvalting av statens kontoar i Noregs Bank.

For 2014 gjer departementet framlegg om å redusera løyvinga med snaue 4 mill. kroner til 33 mill. kroner.

Post 88 Renter og provisjon m.m. på utanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

Det siste utanlandslånet forfall i 2004. Departementet har ikkje bedt om fullmakt til å ta opp nye lån i utanlandsk valuta, og det er difor ikkje budsjettert med rentebetalingar på denne posten.

Dei fleste utanlandslåna var ihendehavarlån, og midlar knytte til uavhenta obligasjonar og rentekupongar står hos betalingsagentar. Ved forelding av lånet skal agenten tilbakeføra uavhenta midlar. Slike midlar skal førast som inntekter på kap. 1650, post 88. Eventuelle seinare krav frå obligasjonseigarane etter at foreldingsfristen er gått ut, skal førast som utgifter på denne posten.

Post 89 Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

(mill. kr)

Underpost

Underpostens betegnelse

Rekneskap 2012 1

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

89.11

Faste lån

9 177

9 029

7 227

89.12

Gjenkjøps- og rentebyteavtalar

-2 008

–2 464

-2 475

89.13

Kontolån

176

40

32

89.14

Kontolån frå ordinære fond

1 484

1 690

1 615

89.15

Statskassevekslar

3 989

3 014

1 847

89.17

Nye faste lån

1 492

1 900

Sum kap. 1650, post 89

12 819

12 800

10 146

1 I rekneskapen vert faste lån og nye faste lån ført samla.

Til grunn for overslaget for renteutgiftene under kap. 1650, post 89 ligg dels eksisterande lån og dels overslag over behovet for låneopptak i 2013 og 2014. Renteutgiftene vert påverka av omfanget av ny opplåning, førtidig innfriing og endringar i statens portefølje av rentebyteavtalar. Renteutgiftene vert òg påverka av utviklinga i marknadsrentene. Overslaget over renteutgifter er usikkert.

Underpost 89.11 Faste lån

Under denne posten vert det budsjettert renteutgifter på obligasjonslån som er tekne opp før 1. januar 2013. Ved opptak av statsobligasjonslån kan det på grunn av skilnad mellom kupongrenta på det aktuelle lånet og marknadsrenta på lånetidspunktet oppstå ein over- eller underkurs. For å gje eit meir korrekt bilete av dei årlege finansieringskostnadene for staten, vert ein slik over- eller underkurs ikkje inntekts- eller utgiftsført på lånetidspunktet, men avrekna mot ein balansekonto i statsrekneskapen (gruppe 77) og inntekts- eller utgiftsført på post 89.11 over den løpetida som står att for lånet. Renteutgiftene på faste lån i 2014 kjem dermed fram som kupongrenta, justert for den delen av over- eller underkursen som vert inntekts- eller utgiftsført i 2014.

Finansdepartementet kjem under denne posten òg med framlegg om inntektsføring av unytta avsetningar som er førte på konto 84.00.16 i statsrekneskapen. Bakgrunnen er at det vart gjort avsetningar for å dekkja utbetalingar under spareobligasjonsordninga. Indeksoppskriving, bonus, renter og provisjon på spareobligasjonane vart belasta budsjettet etter kvart. Ved utgangen av kvar budsjettermin vart unytta beløp overførte til depositakonto 84.00.16. Siste lån vart forelda i 2001, og departementet gjer framlegg om å inntektsføra den resterande avsetninga på 8,4 mill. under post 89.11.

Renteutgiftene på faste lån er anslått til 7 227 mill. kroner i 2014.

Underpost 89.12 Gjenkjøps- og rentebyteavtalar

Posten omfattar renteutgifter i samband med utlån av statspapir til primærmeklarane (gjenkjøpsavtalar). Staten betaler rente på kontantinnskotet som primærmeklarane stiller som sikkerheit i utlånsperioden. I tillegg vert nettoeffekten på renteutgiftene frå rentebyteavtalar i norske kroner ført på denne posten. Staten mottek ei fast langsiktig rente og betaler ei kortsiktig pengemarknadsrente i desse avtalane. Ettersom ein ventar låge pengemarknadsrenter framover, reknar ein med ei nettoinntekt på denne posten på 2 475 mill. kroner i 2014.

Underpost 89.13 Kontolån

Statsinstitusjonar og statlege fond skal etter avtale plassere ledige midlar som innskot (kontolån) i statskassa. For dei fleste av desse innskota betaler staten rente. Kontolånsplasseringar som kjem frå overskotslikviditet i samband med skatte- og avgiftsbetalingar, vert ikkje forrenta. Renteutgiftene på kontolån er anslått til 32 mill. kroner i 2014.

Underpost 89.14 Kontolån frå ordinære fond

Inneståande kontolån frå ordinære fond (gruppe 81 i Statsrekneskapen) var ved utgangen av 2012 på nær 64 mrd. kroner (medrekna kapitaliserte renter). Fond for vel 80 mrd. vart avvikla med verknad frå 2013. For 2014 vert rentene på kontolån frå ordinære fond anslått til 1 615 mill. kroner.

Underpost 89.15 Statskassevekslar

Den ordinære kortsiktige opplåninga i marknaden skjer gjennom auksjon av statskassevekslar. Dette er renteberande papir utan kupongrente, der rentekostnaden følgjer av underkursen som papira vert lagde ut til. Den effektive renta på statskassevekslane er såleis avhengig av kursen som staten oppnår i auksjonane.

Ordninga med byte av statspapir mot obligasjonar med fortrinnsrett (OMF) inneber at staten og bankane byter statskassevekslar mot OMF. Bankane får utbetalt statskassevekselrenta frå staten i heile avtaleperioden, og den vert ført som utgift under post 89.15. Eventuell førtidig innfriing av byteavtalar er ikkje talfest, sidan omfanget av desse transaksjonane er uvisst.

Dei samla renteutgiftene til staten under denne posten er anslått til 1 847 mill. kroner i 2014.

Underpost 89.17 Nye faste lån

Underposten omfattar renteutgifter på innanlandske obligasjonslån med faste rente- og avdragsterminar tekne opp etter 1. januar 2013. Kupongrenta vert betalt årleg og etterskotsvis, og difor er det lagt til grunn i utrekninga at faste lån som er tekne opp i 2013 ikkje gjev renteutgifter i 2014. Over- eller underkurs er budsjettert som omtalt under post 89.11. For 2014 er renteutgiftene på nye faste lån anslått til 1 900 mill. kroner.

Kap. 1651 Statsgjeld, avdrag og innløysing

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

98

Avdrag på innanlandsk statsgjeld , overslagsløyving

66 544 000

Sum kap. 1651

66 544 000

Post 98 Avdrag på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

Posten omfattar avdrag på langsiktige statsobligasjonslån. Det er ikkje mogleg å gi noko godt overslag over omfanget av eventuelle tilbakekjøp og førtidige innfriingar, og ein har difor ikkje innarbeidd dette i budsjettet. Det er heller ikkje ynskjeleg å gå ut med talfesta overslag, sidan det kan gje staten mindre handlefridom i marknaden. Det er ikkje forfall av statsobligasjonslån i 2014, og det er difor ikkje rekna med avdrag i 2014.

Programkategori 24.20 Statlege krav, avsetningar m.m.

Den nordiske investeringsbanken (NIB)

Den nordiske investeringsbanken (NIB) vart skipa i 1975 etter avtale mellom regjeringane i dei nordiske landa. Avtalen er seinare revidert etter semje 23. oktober 1998. Frå 1. januar 2005 vart Estland, Latvia og Litauen medlemer av banken. NIB har hovudkontor i Helsingfors i Finland.

Nærare om låne- og garantiordningane i NIB

Hovudtyngda av verksemda til banken er vanlege investeringsutlån og garantiar. Dei vanlege utlåna vert finansierte med grunnkapitalen til banken. Utanom vanlege utlån og garantiar yter banken lån til prosjektinvesteringar utanfor Norden (PIL) og miljølån til prosjekt i nærområda til medlemslanda (MIL).

Grunnkapitalen

Grunnkapitalen er dels innbetalt kapital og dels garantikapital frå medlemslanda. Noregs garantiskyldnad overfor NIB er 1 243 659 651 euro. Finansdepartementet tilrår at Stortinget gjev Finansdepartementet fullmakt til å gje garantiar i 2014 for Noregs del av grunnkapitalen til NIB, fråtrekt innbetalt kapital, innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 1 243 659 651 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak VII.1.

Prosjektinvesteringslån (PIL)

Gjennom PIL gjev banken lån til finansiering av prosjekt i land med relativt god betalingsevne, fyrst og fremst i Asia, Sentral- og Aust-Europa, Latin-Amerika og Afrika. NIB rapporterer jamleg om engasjementa under PIL. NIB gjev dessutan lån til bedriftsinvesteringar innanfor OECD-området.

Utlånsramma for prosjektlåneordninga (PIL) er 4 000 mill. euro. Garantiansvaret til medlemslanda er avgrensa til 90 pst. av kredittrisikoen ved kvart lån innanfor eit samla beløp på 1 800 mill. euro. Styret i NIB har vedteke at banken skal dekkja eventuelle tap under PIL, opp til ein viss sum som er avsett i eit eige fond. Fondet er bygt opp gradvis. I 2008 sette banken av 43,7 mill. euro av overskotet i 2007 til dette fondet.

Finansdepartementet tilrår at Stortinget for 2014 gjev departementet fullmakt til å gje garantiar for lån frå NIB i samband med PIL innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 329 309 000 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak VII.2.

Samla avsetningar til tapsfond for prosjektlåneordninga er på 16 mill. kroner.

Miljølåneordninga (MIL)

Gjennom MIL gjev NIB lån til miljøprosjekt i nærområda til medlemslanda. Ordninga vert garantert 100 pst. av medlemslanda. Finansdepartementet tilrår at Stortinget gjev departementet fullmakt til å gje garantiar i 2014 for lån frå NIB under MIL innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 61 324 000 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak VII.3.

Samla avsetningar til tapsfond for miljølåneordninga er på 45 mill. kroner, noko som utgjer snautt 10 pst. av Noregs garantiansvar for ordninga.

Den nordiske investeringsbanken er eit sams nordisk-baltisk tiltak. Reglar for økonomiforvaltninga i den norske statsforvaltninga kan difor ikkje utan vidare gjerast gjeldande. Forvaltinga av Noregs garantiskyldnader under PIL-ordninga og MIL-ordninga oppfyller ikkje føresegnene i økonomireglementet om forvalting av statlege garantiar. Dette gjeld reglane om at garantiordninga skal vera sjølvfinansierande og at staten skal stilla som enkel kausjonist, og krava om lineær nedtrapping av garantiansvaret, pro rata risikofordeling og valutaslag.

I tabell 5.29 er det gjeve ei samla oversikt over garantiordningane for Den nordiske investeringsbanken.

Tabell 5.29 Garantiordningar for Den nordiske investeringsbanken

(i 1 000 kr)

Utbetalt pga. tap i 2012

Samla garantiansvar 31.12.2012 1

Samla fullmakt i 2013 for nye og gamle garantiar 2

Samla fullmakt i 2014 for nye og gamle garantiar 2

1. Grunnkapital fråtrekt innbetalt kapital frå Den nordiske investeringsbanken

-

9 129 705

10 022 653

10 022 653

2. Prosjektinvesteringslån gjennom Den nordiske investeringsbanken

-

2 417 457 3

2 653 901

2 653 901

3. Miljølån gjennom Den nordiske investeringsbanken

-

450 179 3

494 210

494 210

Sum garantiar under Finansdepartementet

-

11 997 341

13 170 764

13 170 764

1 Omrekna frå euro 31. desember 2012 (kurs 7,341)

2 Omregna frå euro 28. august 2013 (kurs 8,059)

3 Ved ein feil vart det oppgjeve for høgt ansvar i Prop. 1 S (2012–2013) og i Meld. St. 3 (2012–2013) Statsrekneskapen 2012

Kap. 5341 Avdrag på uteståande fordringar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

91

Vanlege fordringar

3 188

95

Avdrag på lån til andre statar

216

200

300

98

Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar

6 000 000

Sum kap. 5341

3 404

6 000 200

300

Post 91 Vanlege fordringar

På denne posten vert det ført eventuelle avdrag på lån, m.a. til næringsverksemd.

Post 95 Avdrag på lån til andre statar

I 1983 vart det gjeve lån til Jugoslavia på 40 mill. norske kroner, jf. St.prp. nr. 92 (1982–83) og Innst. S. nr. 262 (1982–83). Lånet var eit avdragslån med endeleg forfall i august 1999. Det vart betalt avdrag til og med terminen 1. februar 1991 og renter til og med terminen som forfall 1. februar 1992.

Etter oppløysinga av Jugoslavia vart lånet fordelt på dei enkelte republikkane. Låneskyldnadene for Kroatia, Slovenia og Bosnia-Hercegovina er gjort opp. Etter ein avtale i Paris-klubben fekk Serbia og Montenegro sletta 51 pst. av gjelda i 2002 og tok til å betala renter i 2003. Etter den same avtalen vart 30 pst. til av gjelda sletta i byrjinga av 2006. Det fyrste avdraget på lånet vart betalt i 2008. For 2014 er avdraga rekna til 0,3 mill. kroner.

Post 98 Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar

Posten omfattar avdrag som staten får innbetalt på eigenbehaldning av statsobligasjonar som vert nytta til marknadspleie. Det er ikkje forfall av obligasjonslån i 2014, og det er difor ikkje rekna med avdrag i 2014.

Kap. 5351 Overføring frå Noregs Bank

Etter retningslinene for årsoppgjersdisposisjonane til Noregs Bank, fastsette i kgl.res. 21. desember 2000, skal eit eventuelt overskot setjast av til kursreguleringsfondet til banken til dess fondet utgjer ein viss prosentdel av dei av bankens innanlandske og utanlandske aktiva som inneber ein kursrisiko for han. Eit eventuelt overskot etter avsetningar til kursreguleringsfondet skal setjast i eit overføringsfond. Etter retningslinene skal ein tredel av overføringsfondet ved kvart årsoppgjer overførast til statskassa .

Etter berekning av risikoen for svingingar i resultatet til Noregs Bank i åra framover er storleiken på kursreguleringsfondet sett til 40 pst. av netto internasjonale krav og 5 pst. av banken si behaldning av innanlandske verdipapir. Retningslinene er nærare omtalte i St.prp. nr. 40 (2002–2003). Rekneskapen for 2012 tilseier at kursreguleringsfondet må byggjast opp til 110,0 mrd. kroner før det vert overført midlar til overføringsfondet. Ved utgangen av 2012 var kursreguleringsfondet på 73,3 mrd. kroner. Det er per i dag ikkje midlar i overføringsfondet, og det er ikkje venta overføringar frå Noregs Bank til statskassa korkje i 2013 eller 2014.

Kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

80

Av statskassas foliokonto i Noregs Bank

642 031

1 002 200

233 200

81

Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta

263

300

300

82

Av innanlandske verdipapir

1 496 578

1 097 200

1 579 500

83

Av alminnelige fordringar

27 214

30 000

30 000

84

Av driftskreditt til statsverksemder

174 191

201 700

309 800

85

Renteinntekter frå byteavtaler m.m.

4 500 336

3 265 800

790 300

86

Renter av lån til andre statar

386

400

200

87

Renteinntekter m.m. frå Statens finansfond

57 725

38 700

16 700

89

Garantiprovisjon

69 934

45 400

40 100

Sum kap. 5605

6 968 658

5 681 700

3 000 100

Post 80 Av statskassas foliokonto i Noregs Bank

Ved utgangen av 2012 var staten si kontantbehaldning i Noregs Bank om lag 131 mrd. kroner, mot 82 mrd. kroner ved utgangen av 2011.

Alle betalingar til og frå staten vert avrekna mot staten sin foliokonto i Noregs Bank. Det er store daglege svingingar på kontoane til staten, m.a. som følgje av skatteinnbetalingar og overføringar til Statens pensjonsfond utland. Utviklinga i kontantbehaldninga er heller uviss.

Renta av det inneståande på foliokontoen vert rekna ut på bakgrunn av den renta som Noregs Bank får på sine utanlandske krav. For 2014 er dei samla renteinntektene under denne posten anslått til 233 mill. kroner.

Post 81 Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta

Posten omfattar m.a. renter på staten sine bankinnskot til bruk på utanriksstasjonane. For 2014 er renteinntektene under denne posten anslått til 0,3 mill. kroner.

Post 82 Av innanlandske verdipapir

Posten omfattar for det meste renteinntekter som staten får på eigenbehaldninga av statspapir som vert nytta til marknadspleieføremål.

For å gje eit meir korrekt bilete av dei årlege renteinntektene på eigenbehaldninga og dermed av dei årlege netto finansieringskostnadene til staten, vert over- eller underkurs ført etter dei same prinsippa som for statsgjelda, jf. omtale under kap. 1650, post 98. For 2014 er renteinntektene under denne posten anslått til 1 579 mill. kroner.

Post 83 Av alminnelege fordringar

Posten omfattar renteinntekter av innskot frå statens rekneskapsførarar i bankar utanom konsernkontoordninga, utlån som vert forvalta av Finansdepartementet og andre departement, og andre renteinntekter av alminnelege krav.

Inntektene på denne posten er vanskeleg å føreseia. På usikkert grunnlag er det for 2014 ført opp inntekter på 30 mill. kroner.

Post 84 Av driftskreditt til statsverksemder

Dei regionale helseføretaka kan ta opp lån i statskassa til investeringsføremål. Føretaka skal ikkje betala renter i opptrekksperioden. Rentene i denne perioden skal i staden kapitaliserast og leggjast til låna gjennom ei særskild låneløyving for opptrekksrenter under Helse- og omsorgsdepartementet, jf. kap. 732, post 83 og kap. 732, post 91. Post 84 her er den motsvarande inntektsposten. Etter opptrekksperioden skal rentene på låna innbetalast av føretaka og inntektsførast på særskilde postar under fagdepartementet.

I 2009 vart dei regionale helseføretaka sine driftskredittar i private bankar omgjorde til driftskredittar i staten, jf. kap. 732, post 86 under Helse- og omsorgsdepartementet. Føretaka betaler renter av trekka på driftskredittramma, og desse rentene vert òg inntektsførte under post 84.

For 2014 er renteinntektene under denne posten anslått til 310 mill. kroner.

Post 85 Renteinntekter frå byteavtalar m.m.

Ordninga med byte av statspapir mot obligasjonar med fortrinnsrett (OMF) inneber at staten og bankane byter statskassevekslar mot OMF i ein periode på opp til fem år. Deltakarane får utbetalt den løpande statskassevekselrenta frå staten i heile avtaleperioden, jf. kap. 1650, post 89, og betaler ei marknadsrente basert på NIBOR. Renteinntektene vert førte under kap. 5605, post 85. Eventuell førtidig innfriing av byteavtalar er ikkje talfest, sidan det er vanskeleg og lite føremålstenleg å anslå omfanget av desse transaksjonane.

Dei siste avtala under denne ordninga forfell i løpet av først halvår 2014, og ein anslår difor ein nedgang i staten sine inntekter under denne posten.

For 2014 er staten sine inntekter under denne posten anslått til 790,3 mill. kroner.

Post 86 Renter av lån til andre statar

Renteinntekter av lån til Serbia og Montenegro, jf. kap. 5341, post 95, vert førte under denne posten. For 2014 er renteinntektene anslått til 0,3 mill. kroner.

Post 87 Renteinntekter m.m. frå Statens finansfond

Statens finansfond vart skipa ved lov 9. mars 2009 nr. 12 om Statens finansfond.

Som varsla i Meld. St. 30 (2012–2013) legg Finansdepartementet opp til å avvikla Statens finansfond fyrste kvartal 2014 og overføra eventuelle resterande engasjement ved årsskiftet 2013/2014 til Folketrygdfondet for forvalting. Av dei 15 bankane som per 1. januar 2013 hadde gjenståande kapitalinnskot frå fondet, hadde 9 løyst inn per 1. september 2013. Det er tidlegare varsla at fleire vil løysa inn i løpet av hausten 2013. Til grunn for renteoverslaget for 2014 ligg reint teknisk at ikkje fleire løyser inn i 2013. Ved eventuell innløysing vert òg rentene betalte. Renteinntekter for 2014 er mot denne bakgrunnen vanskeleg å berekna presist.

Post 89 Garantiprovisjon

Island gjorde 19. november 2008 ein avtale med Det internasjonale valutafondet (IMF) om eit stabiliseringsprogram. For å finansiera programmet gjekk Noreg saman med Danmark, Finland og Sverige om å tilby langsiktige lån på til saman 2,5 mrd. USD. Det norske lånet er organisert som eit lån frå Noregs Bank til den islandske sentralbanken med garanti frå den islandske og den norske staten. Stortinget gav 14. mai 2009 Finansdepartementet fullmakt til å gje statsgaranti, jf. St.prp. nr. 47 (2008–2009) og Innst. S. nr. 221 (2008–2009). Låneavtalane vart underskrivne 5. juli 2009.

Det samla beløpet for dei nordiske lånetilsegnene er omrekna til euro og fastsett til 1 775 mill. euro. Den norske delen utgjer 480 mill. euro, dvs. om lag 3 868 mill. kroner ut frå valutakursen per 28. august 2013. Dei nordiske låna har like vilkår. Løpetida er 12 år med fem års avdragsfridom. Staten får ein garantiprovisjon på 2,5 pst. per år av uteståande lånebeløp.

I løpet av fyrste halvår 2012 valde Island å betala tilbake litt meir enn halvparten av de nordiske låna. Noregs Bank tok i mot til saman 281 mill. euro i ekstraordinære avdrag, fordelt på 99 mill. euro i mars og 182 mill. euro i juni dette året. Det uteståande beløpet er etter dette 199 mill. euro. Sidan Island betalte avdrag før tida, er neste ordinære avdrag på lånet forskuva frå siste kvartal 2014 til fyrste kvartal 2019.

Ut frå valutakursen per 28. august 2013 vert garantiprovisjonen til staten rekna til om lag 39,5 mill. kroner i 2013 og 40,1 mill. kroner i 2014.

Kap. 5692 Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

85

Utbyte

77 200

Sum kap. 5692

77 200

Den nordiske investeringsbanken betaler utbyte til medlemslanda i høve til den innskotne kapitalen. Storleiken på utbytet vert vedteken av styret i banken på grunnlag av resultatet av verksemda året før. For å styrkja eigenkapitalen vedtok styret at det ikkje skulle utbetalast utbyte for åra 2008–2011. Overskotet til banken var på 209 mill. euro i 2012, og styret vedtok eit utbyte til den norske stat på 9,5 mill. euro. Basert på same utbyte i 2014 som i 2013 og valutakursen per 28. august 2013 gjer departementet framlegg om å føra opp eit utbyte på 77,2 mill. kroner for 2014.

Kap. 5693 Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

85

Utbyte frå Folketrygdfondet

987

900

1 100

Sum kap. 5693

987

900

1 100

Det er tidlegare lagt til grunn at staten skal ha normalt utbyte av den innskotne ansvarlege kapitalen i Folketrygdfondet, jf. Prop. 1 S (2009–2010) for Finansdepartementet. I tråd med dette er det for 2013 fastsett eit utbytekrav på 1 160 000 kroner. Utbytekravet er fastsett med utgangspunkt i ei femårig statsobligasjonsrente. For 2014 er det difor budsjettert med eit utbyte på 1,1 mill. kroner.