Finansdepartementet (FIN)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Nedanfor kjem ei oversikt over stoda i arbeidet med likestilling, mangfald og ikkje-diskriminering på Finansdepartementets område, jf. likestillingslova § 1 bokstav a, diskriminerings- og tilgjengelova § 25 tredje ledd og diskrimineringslova § 21 tredje ledd. Som nemnt i pkt. 1.1 i del I omfattar denne proposisjonen av praktiske grunnar òg programkategori 00.30 Regjering , som Statsministerens kontor har ansvaret for. Difor er stoda på desse områda under denne programkategorien òg teken med.

Budsjettkapitla på området til Finansdepartementet gjeld for det aller meste administrasjon og statens gjeld og krav. Disponeringa av desse løyvingane har lite å seia for kjønns- og likestillingstilhøve, mangfald og ikkje-diskriminering. Departementet sitt arbeid med til dømes skatte-, avgifts- og pensjonsspørsmål har i nokre tilfelle følgjer for likestillinga. Det same gjeld personalpolitikken til departementet og dei underliggjande etatane.

6.1 Finansdepartementet

Personalpolitikken til Finansdepartementet byggjer på prinsippet om likeverd og like høve for alle, uavhengig av kjønn, alder og etnisk tilhøyrsle.

58 pst. av medarbeidarane i departementet er i aldersgruppa 30–49 år. 19 pst. er i gruppa 50–59 år, 15 pst. er under 30 år og snautt 9 pst. er over 60 år. 1,2 pst. av mennene og 13,9 pst. av kvinnene arbeider deltid.

Kvinner utgjorde 47 pst. av dei tilsette per 1. oktober 2012. Blant leiarane var talet 33 pst. og på mellomleiarnivå 35 pst. Av seniorsaksbehandlarane var 35 pst. kvinner, og av juniorsaksbehandlarane var 61 pst. kvinner. 47 pst. av juristane var kvinner og 40 pst. av økonomane.

Finansdepartementet legg til rette for at tilsette med varig eller mellombels redusert funksjonsevne kan bruka kompetansen sin og røynsla si. Dette går også fram av tilsetjingspolitikken.

Ved utgangen av 2012 hadde om lag 4 pst. av dei tilsette innvandrarbakgrunn. Talet på søkjarar med innvandrarbakgrunn var 10 pst. i 2012, dvs. noko lågare enn gjennomsnittet på 14 pst. for dei siste fem åra. Dette heng truleg saman med at det i 2012 vart kunngjort få stillingar der det normalt er mange søkjarar med innvandrarbakgrunn. Av søkjarane til stillingar med krav til utdanning i økonomi, juss eller samfunnsvitskap var det 13 pst. med slik bakgrunn, medan talet var 7 pst. for stillingar innanfor kontorstøtte.

6.2 Etatane under Finansdepartementet

Tabell 6.1 er eit oversyn over prosentdelen kvinner og kvinnelege leiarar per 1. oktober 2012 i verksemdene som ligg under Finansdepartementet. Kjønnsfordelinga av deltidstilsette er òg teken med. I tillegg går et fram kor mange som per 31. desember 2012 hadde innvandrarbakgrunn.

Tabell 6.1 Likestilling og mangfald i etatane under Finansdepartementet

Skatteetaten

Toll- og avgiftsetaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

Tilsette

6 259

1 913

984

362

354

276

Prosentdelar:

Kvinner i etaten

62

48

52

61

71

51

Kvinnelege leiarar, heile etaten

52

32

36

57

74

48

Kvinnelege toppleiarar medrekna regiondirektørar

36

20

27

33

57

43

Kvinnelege mellomleiarar

53

33

38

63

80

50

Deltid alle tilsette

15,5

10,5

19,8

8,3

12,4

8,7

Deltid kvinner

21,8

17,3

24,5

12,7

15,9

9,9

Deltid menn

5,3

4,3

14,7

1,4

3,9

7,4

Tilsette med innvandrarbakgrunn

5,6

4,7

7,9

5,5

3,3

4,5

Tabellen nedanfor viser at med nokre unntak har kvinnene i gjennomsnitt hatt lågare lønn enn dei mannlege kollegaene.

Tabell 6.2  Kvinners prosentdel av løna til menn i eit utval koder 1

Skatteetaten

Toll- og avgiftsetaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

Prosentdelar:

Leiarnivå 2 kode 1062/(1477)

103,9 1

100,2 2 (1477)

98,3

Leiarnivå 2 kode 1060

95,9

102,7

Ingen kv.

97,1

Leiarnivå 2 kode 1538

99,4

Leiarnivå 3 kode 1280

99,7 1

Leiarnivå 3 kode 1211/(1059)

97,5

105,9(1059)

99,0

99,6

87,4

94,0

Leiarnivå 4 kode 1059/1054

97,5

96,7

Seniorrådgjevar kode 1364

97,6

95,5

96,3

96,1

90,7

95,4

Rådgjevar kode 1434

98,8

98,1

98,8

97,5

99,0

96,8

1 Kun på regionnivå.

2 Kjelde er SST. Nokre leiarar kan vera plasserte i andre koder, og nokre kodar kan inkludera medarbeidarer utan leiaransvar.

I Finansdepartementet tener ein kvinneleg avdelingsleiar i snitt 97,5 pst. av det ein mannleg avdelingsleiar tener. Kvinnelege seniorrådgjevarar har 98,5 pst. og kvinnelige rådgjevarar har 98,4 pst. av den løna som menn har.

Skatteetaten

Om lag halvparten av leiarane i Skatteetaten er kvinner. På dei to høgaste leiarnivåa er det ei overvekt av menn, på dei to lågaste er det omvendt. Tabell 6.2 viser at mannlege leiarar tener meir enn kvinnelege leiarar på alle nivå utanom det høgaste (regiondirektørar). Det er eit mål for etaten å redusera lønnsskilnadene med minst eitt lønssteg per stillingskategori fram mot 2015.

Etaten har m.a. som mål at tilsette med innvandrarbakgrunn skal utgjera minst 4,5 pst. av dei årlege nytilsetjingane. Tiltaka omfattar m.a. kurs i mangfaldsrekruttering, behovsanalysar innanfor eigne tenesteområde for å sjå på alternative språkkrav ved tilsetjingar, vektlegging av fleirspråklegheit og tilbod om praksisplass i etaten. I 2012 hadde 4,4 pst. av dei nytilsette i etaten innvandrarbakgrunn.

Om lag 7 pst. av medarbeidarane i etaten opplyste at dei har nedsett funksjonsevne. Etaten har som mål at 5 pst. av dei nytilsette kvart år skal vera personar med nedsett funksjonsevne. Tiltaka omfattar m.a. deltaking i traineeprogram for personar med nedsett funksjonsevne, IA-plassar eller praksisplassar, kurs i breiare rekruttering og profileringstiltak.

Toll- og avgiftsetaten

Om lag ein tredel av leiarane i etaten er kvinner. I mangfaldsstrategien til etaten er det m.a. mål om balansert kjønns- og alderssamansetnad og om å få fleire medarbeidarar med fleirkulturell bakgrunn og/eller nedsett funksjonsevne. Det vert nytta målretta stillingsutlysingar. Kvinnelege kandidatar og kandidatar med innvandrarbakgrunn vert prioriterte til leiaropplæringsprogram. Det er utarbeidd ei rekrutteringsrettleiing og eit leiaropplæringsprogram der mangfald er med som eige tema.

Statistisk sentralbyrå (SSB)

Drygt ein tredel av leiarane i Statistisk sentralbyrå er kvinner. SSB følgjer utviklinga i kjønnssamansetnaden nøye og har dei seinare åra arbeidd særleg med å rekruttera fleire kvinnelege leiarar. Verksemda har gjennom mange år rekruttert tilsette med innvandrarbakgrunn som har høgare utdanning, og ho har no ein innvandrardel på om lag 8 pst. Denne medarbeidargruppa har ståande tilbod om norskundervisning. Statistisk sentralbyrå har via arbeids- og velferdsetaten motteke og lagt til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Direktoratet for økonomistyring (DFØ)

Vel halvparten av leiarane og to tredelar av mellomleiarane i verksemda er kvinner. Det er 5,5 pst. medarbeidarar med innvandrarbakgrunn. Verksemda prøver å tilsetja medarbeidarar med nedsett funksjonsevne når kvalifikasjonane til søkjarane elles er like. Målet er at det alltid skal vera tilsette med nedsett funksjonsevne i sentraleininga og i kvar region.

Statens innkrevjingssentral (SI)

Kjønnsfordelinga på leiarnivå er om lag som i verksemda under eitt. Innkrevjingssentralen ynskjer jamnare kjønnsfordeling mellom kvinner og menn og vil ta i bruk verkemidla i likestillingsregelverket. Det er 3,3 pst. medarbeidarar med innvandrarbakgrunn, noko som er under gjennomsnittet for kommunen der SI held til. Innkrevjingssentralen har via arbeids- og velferdsetaten motteke og lagt til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Finanstilsynet (FT)

Om lag halvparten av leiarane i verksemda er kvinner. Kvinners prosentdel av løna til menn har auka dei siste åra, frå 85,9 pst. i 2010 til 90,8 pst. ved utgangen av 2012.

Av alle nytilsette i 2012 hadde 15 pst. innvandrarbakgrunn, og no har 4,5 pst. av medarbeidarane innvandrarbakgrunn.

6.3 Legemeldt sjukefråvær i Finansdepartementet og dei underliggjande etatane

Legemeldt sjukefråvær

Tabellane nedanfor syner tal for legemeldt sjukefråvær i perioden 2008–2012 for staten, sjølve Finansdepartementet (FIN) og etatane som ligg under departementet.

Tabell 6.3 Legemeldt sjukefråvær – i alt

(pst.)

Staten

FIN

Skatteetaten

Toll- og avgiftsetaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

2008

4,7

2,3

5,4

4,5

4,5

4,9

4,0

4,0

2009

4,9

2,3

5,4

4,9

4,4

4,8

4,8

4,1

2010

4,4

2,0

4,9

4,8

4,2

4,4

5,1

2,2

2011

4,6

2,4

5,4

4,7

3,7

4,7

5,8

2,3

2012

4,4

2,5

5,1

4,2

4,0

5,0

7,2

2,4

I forhold til staten under eitt var det legemelde sjukefråværet i 2012 lågare i Finanstilsynet, Finansdepartementet, Statistisk sentralbyrå og Toll- og avgiftsetaten. I Statens innkrevjingssentral, Skatteetaten og Direktoratet for økonomistyring var det noko høgare. Det var høgast i Statens innkrevjingssentral og lågast i Finanstilsynet. Det legemelde sjukefråværet auka frå 2011 til 2012 i etatane som ligg under Finansdepartementet, så nær som i Skatteetaten og Toll- og avgiftsetaten.

Finansdepartementet har i fleire år hatt lågt legemeldt sjukefråvær og hadde trass i ein liten auke i 2012, det nest lågaste legemelde sjukefråværet av alle departementa.

Tabell 6.4 Legemeldt sjukefråvær – kvinner

(pst.)

Staten

FIN

Skatteetaten

Toll- og avgiftsetaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

2008

6,4

4,3

6,7

6,1

6,3

5,7

4,6

5,1

2009

6,8

3,6

6,8

6,5

6,0

6,2

5,8

4,9

2010

6,3

3,2

6,2

6,4

6,0

6,1

6,3

3,1

2011

6,4

4,6

6,7

6,3

4,8

7,0

6,8

2,8

2012

6,3

3,9

6,4

6,1

6,1

6,5

8,0

3,7

I forhold til staten under eitt var det legemelde sjukefråværet for kvinner i 2012 høgare i Statens innkrevjingssentral, Direktoratet for økonomistyring og Skatteetaten. Fråværet var størst i Statens innkrevjingssentral og minst i Finanstilsynet.

Tabell 6.5 Legemeldt sjukefråvær – menn

(pst.)

Staten

FIN

Skatteetaten

Toll- og avgiftsetaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

2008

3,2

1,0

3,4

3,1

2,5

3,7

2,6

2,9

2009

3,3

1,5

3,3

3,5

2,7

2,9

2,3

3,3

2010

2,9

1,1

2,8

3,4

2,2

2,2

2,1

1,4

2011

3,1

0,8

3,4

3,3

2,6

1,5

3,5

1,9

2012

2,9

1,4

3,3

2,5

1,8

2,8

5,1

1,2

I forhold til staten under eitt var det legemelde sjukefråværet for menn i 2012 høgare i Statens innkrevjingssentral og Skatteetaten. Fråværet var størst i Statens innkrevjingssentral og minst i Finanstilsynet.

Tabell 6.6 Legemeldt sjukefråvær – etter alder

(pst.)

FIN

Skatteetaten

Toll- og avgiftsetaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

16–20 år

-

1,6

1,7

1,0

-

-

-

21–29 år

3,2

3,1

3,3

2,7

5,0

4,1

2,6

30–39 år

2,6

5,1

3,9

3,6

4,7

5,5

2,6

40–49 år

1,9

4,8

4,2

3,3

4,3

6,6

2,4

50–59 år

1,8

5,2

4,2

4,6

5,9

9,9

2,3

60–69 år

4,4

6,4

6,3

5,1

5,6

10,1

2,3

I dei fleste etatane aukar det legemelde sjukefråværet med alderen. Aldersgruppa 30–39 år har likevel noko høgare sjukefråvær enn aldersgruppa 40–49 år. I dei fleste aldersgrupper har kvinner høgare legemeldt sjukefråvær enn menn. I dei yngre aldersgruppene er svangerskap med på å forklara fråværet, medan årsakene er meir samansette hos dei eldre.

6.4 Programkategori 00.30 Regjering

Statsministerens kontor

Statsministerens kontor har som mål å fremja likestilling og mangfald gjennom personalpolitikken. Kontoret legg vekt på å gje kvinner og menn same moglegheit til utvikling i oppgåver og kompetanse, og dermed same høve til lønsutvikling.

Tilstandsrapport kjønn

Alle tala i tilstandsrapporten er tal per 1. oktober 2012. For at det ikkje skal vera mogleg å identifisera enkeltmedarbeidarar, er opplysningar om deltid, bruk av mellombels tilsette og foreldrepermisjon ikkje spesifisert i kvar stillingskategori.

Fordeling av tilsette

Kvinners løn i pst. av menns

Menn

Kvinner

Alle tilsette

55

45

106

Toppleiing

33

67

104

Adm. leiargruppe

57

43

66

Seniorrådgjevarar

81

19

92

Andre saksbehandlarar o.a.

21

79

95

Sjåførar

94

6

101

Det er eit mål å halda på den jamne kjønnsfordelinga blant dei tilsette ved kontoret, sjølv om kjønnsfordelinga kan verte betre i visse grupper. Dette gjeld spesielt sjåførgruppa og gruppa andre saksbehandlarar og støttefunksjonar. Her var det totalt 45 medarbeidarar, av dei 13 sekretærar (12 kvinner og ein mann). I sjåførgruppa var det 15 menn og ei kvinne. I toppleiinga var det to menn og fire kvinner.

På leiarnivå har kvinner noko høgare gjennomsnittsløn enn menn. Gjennomsnittsløna for menn og kvinner i andre grupper varierer, avhengig av fagområde, kompetanse og arbeidserfaring.

Det er 8 pst. av de tilsette som etter eige ynske arbeider deltid. Ingen av desse er menn.

Det var fire mellombels tilsette vikarar i 2012. Det var to menn og to kvinner som var vikarar for fast tilsette i foreldrepermisjon. To menn og fem kvinner tok ut foreldrepermisjon i 2012. 4 pst. av det samla talet på permisjonsdagar vart brukt av mennene og 96 pst. av kvinnene.

Det legemelde sjukefråveret i 2012 var 1,8 pst. for menn og 2,8 pst. for kvinner.

Statsministerens kontor hadde i 2012 7 tilsette over 62 år – fire kvinner og tre menn.

Tiltak for å fremja likestilling og mangfald

Ved utlysing av stillingar i dei gruppene der det er skeiv kjønnsfordeling, vert det underrepresenterte kjønnet oppmoda til å søkja. Målet er at ein på sikt kan få til ei betre kjønnsfordeling i alle gruppene.

Funksjonshemma og personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda til å søkja ledige stillingar ved Statsministerens kontor. Dersom det finst kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn, vert minst ein søkjar kalla inn til intervju. Tilsvarande gjeld dersom det er kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne.

Statsministerens kontor er ei IA-verksemd. Kontoret legg vekt på å tilpassa den fysiske arbeidsplassen, utstyr, arbeidsoppgåver og arbeidstid for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne eller for andre med behov for særskild tilrettelegging, for eksempel pga. graviditet eller omsorgsoppgåver.

Statsministerens kontor vil leggja til rette for gode arbeidsvilkår for ulike fasar i livet. I IA-avtalen er det tatt inn fleire tiltak for å førebyggja tidleg avgang frå arbeidslivet. Dette omfattar både haldningsskapande arbeid og andre generelle seniorpolitiske tiltak. Desse tiltaka gjeld likt for menn og kvinner.

For tilsette over 60 år vert det gjennomført ein seniorsamtale der ein diskuterer framtidsutsiktene med tanke på å kartleggje ønske om endra arbeidsoppgåver, tilrettelegging av arbeidssituasjonen og andre tiltak som kan styrka moglegheita for å stå lenger i stillinga enn fyrste moglege pensjonsalder.

Arbeidsmiljøutvalet ved Statsministerens kontor har ein årleg gjennomgang av likestillingssituasjonen i dei ulike stillingsgruppene ved kontoret.

Statsministerens kontor har jamlege undersøkingar av arbeidsmiljøet. Det er utarbeidd eigne rutinar for varsling av kritikkverdige forhold ved kontoret. Desse rutinane omfattar også forhold som diskriminering.

Regjeringsadvokaten

Regjeringsadvokaten har ein likestillingsplan med mål som skal hindra forskjellsbehandling på grunn av kjønn innanfor område som bemanning, leiing, faglege utfordringar, løn, tilrettelegging for omsorgsplikter m.m.

Tilstandsrapport kjønn

Alle tal i tilstandsrapporten er tal frå 1. september 2012. Då var fire av seks medlemer i Regjeringsadvokaten si leiargruppe kvinner. Kvinnene utgjorde 39,4 pst. av advokatane ved embetet, og heile 89,5 pst. av dei administrativt tilsette. Alle advokatane arbeidde i 100 pst. stilling. Fire kvinneleg tilsette på administrativ side arbeidde deltid. Ingen mannleg tilsett arbeidde i redusert stilling.

Gjennomsnittsløna for kvinnelege advokatar (inkludert leiarar og vikarar) er marginalt lågare enn for mannlege advokatar (inkludert leiarar og vikarar), tilsvarande 98,2 pst. av menns løn. Differansen er tilfeldig og heng saman med den aldersmessige samansetjinga av kjønnsgruppene. Hos Regjeringsadvokaten får advokatane eit betydeleg lønshopp når dei får møterett for Høgsterett. Tildeling av prøvesaker for Høgsterett følgjer i stor grad ansienniteten og vil såleis alltid skje på kjønnsnøytrale premiss. Totalt sett er lønsmassen likevel fordelt likt mellom kvinnelege og mannlege tilsette (50 pst.) om ein ser på alle tilsette ved embetet.

Regjeringsadvokaten har som eitt av måla i likestillingsplanen at «det skal vera akseptabelt og rosverdig at fedrar tar like stor del i omsorgsoppgåvene som mødrer». Også i 2012 tok fleire av dei mannlege advokatane som var i omsorgspermisjon, noko lengre permisjon enn dei lovmessige vekene som er sette av for far.

Det samla legemelde sjukefråveret i 2012 var 0 pst. for menn og 2,3 pst. for kvinner.

Regjeringsadvokaten hadde i 2012 8 tilsette over 50 år – seks kvinner og to menn.

Tiltak for å fremje likestilling og mangfald

Ved utlysing av stillingar i dei gruppene der det er skeiv kjønnsfordeling, vert det underrepresenterte kjønnet oppmoda til å søkja. Målet er at ein på sikt kan få til ei betre kjønnsfordeling i alle gruppene. I alle kunngjeringar som gjeld administrative stillingar, er det gitt uttrykk for målet om å rekruttera fleire med innvandrarbakgrunn. Regjeringsadvokaten innkallar som hovudregel minst ein søkjar, som regel fleire, med innvandrarbakgrunn til intervju. Tilsvarande gjeld dersom det er kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne.

Regjeringsadvokaten er ei IA-verksemd. Embetet tilbyd arbeidsplassvurdering til alle nytilsette og gir moglegheit til trening. I tillegg vert det tilbode eiga oppfølging for gravide arbeidstakarar gjennom tilrettelegging av arbeidsplass og oppgåver. Det vert også gitt tilbod om gratis bistand frå bedriftshelsetenesta ved livskriser.

For dei som har minimum fem år til fyrste moglege avgangstidspunkt, vert det lagt opp til ein seniorsamtale. Formålet er å diskutera framtidsutsikter og kva moglegheiter arbeidsgjevar har til å foreslå utfordrande oppgåver og kompetansehevande tiltak, som kan gjera det attraktivt å stå lenger i stillinga. Individuelle ordningar vert vurdert i kvart enkelt tilfelle. Det er også friviljug helseundersøking kvart år for alle over 50 år.

Arbeidsmiljøutvalet hos Regjeringsadvokaten har ein årleg gjennomgang av likestillingssituasjonen i dei ulike stillingsgruppene ved kontoret. Embetet har regelmessige undersøkingar av arbeidsmiljøet. Det er utarbeidd eigne rutinar for varsling av kritikkverdige forhold ved kontoret.