Forsvarsdepartementet (FD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

3.1 Forsvarsdepartementet

2012 var det fjerde og siste året i langtidsplanen for forsvarssektoren «Et Forsvar til vern om Norges sikkerhet, interesser og verdier» for perioden 2009–2012. Langtidsplanen la grunnlaget for ein meir berekraftig balanse mellom oppgåver, struktur og ressursar i Forsvaret gjennom eit økonomisk løft og intern kostnadseffektivisering og ressursfrigjering.

Hovudprioriteringane i 2012 var:

  • fullføring av langtidsplanen 2009–2012,

  • framlegging av ein ny langtidsplan 2013–2016,

  • innretting av våre militære bidrag i Afghanistan mot vidare overføring av tryggingsansvaret til afghanske styresmakter,

  • oppfølging av veteranar i samsvar med regjeringa sin handlingsplan «I tjeneste for Norge» for varetaking av personell før, under og etter operasjonar i utlandet,

  • etikk og openheit i verksemda til Forsvaret.

Gjeldande langtidsplan for forsvarssektoren, jf. Innst. 388 S (2011–2012) til Prop. 73 S (2011–2012) «Et forsvar for vår tid», vart utarbeidd i Forsvarsdepartementet i 2012 og behandla i Stortinget 14. juni 2012. Den vellykka gjennomføringa av førre langtidsplan for Forsvaret, jf. Innst. S. nr. 318 (2007–2008) til St.prp. nr. 48 (2007–2008), var eit solid utgangspunkt for den vidare utviklinga av Forsvaret. Prop. 73 S (2011–2012) kunne byggje vidare på dette grunnlaget og hovudtema var, i tillegg til å gje regjeringa sin tryggings- og forsvarspolitiske målsetjing, kjøp av kampflyet F-35 og strukturell endring i Luftforsvaret.

Samarbeid om samfunnstryggleik

Det har i 2012 vore lagt stor vekt på å utvikle evna ytterlegare i forsvarssektoren til å støtte sivile styresmakter i arbeidet med samfunnstryggleik. Dette har i vesentleg grad vore ei direkte oppfølging av erfaringane frå handteringa av terrorhandlingane 22. juli 2011, og dei tilrådingane som går fram av Innst. 207 S (2011–2012) «Innstilling fra den særskilte komité om redegjørelse fra justisministeren og forsvarsministeren i Stortingets møte 10. november 2011 om angrepene 22. juli» og NOU 2012: 14 «Rapport fra 22. juli-kommisjonen». Arbeidet har vore forankra m.a. i Prop. 73 S (2011–2012) «Et forsvar for vår tid» og Meld. St. 29 (2011–2012) «Samfunnsikkerhet», som begge legg premissar og rammer for den vidare utviklinga av Forsvarets støtte til samfunnstryggleiken.

Hovudelementa i Forsvarets struktur er dimensjonert for å løyse primæroppgåvene, men det er ei hovudprioritering for regjeringa å utvikle ytterlegare evna i forsvarssektoren til å støtte det sivile samfunnet i krisesituasjonar på ein smidig og effektiv måte. Difor vart det i 2012 slått fast at slik støtte skal takast med i vurderinga av innretting og dimensjonering av dei enkelte kapasitetane i Forsvaret.

Det vart i 2012 fastsett ein ny instruks for Forsvarets bistand til politiet, med nye reglar om øving, tidleg varsling og førebuing, klargjering av prosedyrar i hastetilfelle og samanslåing og forenkling av bistandsformene. Det vart også sett i gong arbeid med ei ny lov om Forsvarets bistand til politiet og om Forsvarets sjølvstendige ansvar for å hindre luftborne terroranslag. Vidare vart det fastsett ein ny sektorovergripande instruks om politiets og Forsvarets samarbeid om og ansvar for objekttrygging.

Det vart i 2012 lagt vekt på å etablere meir målretta trenings- og øvingssamarbeid mellom Forsvaret og politiet. Det vart også arbeidd for å utvide helikopterberedskapen på Rygge til å omfatte handhevingsbistand med grunnlag i bistandsinstruksen. Kapasitet til dette kom på plass frå årsskiftet 2012/2013. Vidare vart det sett i gang arbeid med ein instruks om Forsvarets bistand til andre sivile styresmakter enn politiet.

22. juli-kommisjonen definerte Heimevernet som ein nøkkelressurs for å støtte politiet med vakthald og trygging av viktige objekt. Regjeringa har i 2012 gjort det klart at Heimevernet skal utviklast med eit sterkare og tydelegare fokus på vakthald og trygging. Garden har også fått klargjort sine oppgåver knytte til objekttrygging i hovudstaden. Regjeringa sette i 2012 ned eit utval for å gå gjennom organiseringa av Sivilforsvaret, Heimevernet og politireserven for å sikre effektiv bruk av ressursane ved større hendingar. Utvalet fekk svarfrist 31. mars 2013.

Forsvaret har i 2012 arbeidd med å vurdere den vidare utviklinga og innrettinga av spesialstyrkane, m.a. for å betre evna til å støtte politiet i kontraterrorberedskapen. Forsvaret sette også i gong ei vurdering av korleis ein kan styrke det militære CBRN-vernet ( Chemical, Biological, Radiological and Nuclear Defense) , og dermed evna til å støtte sivile styresmakter på dette området. Regjeringa etablerte eit nasjonalt kompetansesenter i Forsvarsbygg for å dekke staten sine samla behov for tenester knytte til sikring av eigedom, bygg og anlegg.

Samarbeidet i NATO

Arbeidet i NATO var i 2012 prega av økonomiske nedgangstider i medlemslanda, samstundes som alliansen reduserer sin operasjon i Afghanistan. Under NATO-toppmøtet i Chicago vart det vedteke fleire nye initiativ, m.a. den såkalla Forsvarspakken. Den inneheld forslag for å styrkje NATOs evne til samvirke og samarbeid om m.a. trening, øving og utvikling av kapasitetar. Dette er viktig for at alliansen skal kunne løyse sine oppgåver i samsvar med det strategiske konseptet.

Eit anna initiativ var det såkalla Connected Forces Initiative . Dette skal leggje til rette for at viktige erfaringar frå operasjonar vert tatt vare på, samstundes som ein styrkjer evna til å operere saman. Dette gjeld både allierte og partnarland.

Smart Defence var eit tredje viktig initiativ frå toppmøtet. Føremålet er å leggje til rette for styrking av fleirnasjonalt samarbeid for å utvikle nye kapasitetar. Noreg deltek til dømes i NATOs nye luftovervakingssystem AGS, som er eit fleirnasjonalt samarbeid for å skaffe fram og operere ubemanna overvakingsfly.

Under toppmøtet vart det også erklært ein interim-kapasitet for alliansen sitt territorielle missilforsvar, og NATOs nye strategi for forsvar og avskrekking vart offentleggjort.

Nordisk samarbeid

Det nordiske forsvarssamarbeidet held eit høgt aktivitetsnivå, har høg prioritet i alle dei nordiske landa og er i stadig utvikling. Det har i perioden vore arbeidd med å styrkje samarbeidet knytt til operasjonen i Afghanistan. Sentrale døme på dette er arbeidet med å førebu den nordisk-baltiske styrken for rådgjeving av afghansk politi, og den tette dialogen om vidare innsats etter at dei afghanske styresmaktene overtek ansvaret for tryggleiken i landet. Prosessen med å vurdere eit nordisk samarbeid om militær FN-innsats held fram, og det er nær kontakt mellom landa på politisk og militært nivå om forsvarsspørsmål.

Det er ei sentral målsetjing å etablere og utvikle langsiktig samarbeid innanfor prioriterte og eigna område for kapabilitetar. Døme på dette er luftovervaking, taktisk lufttransport, luftvern, artilleri, langtrekkande presisjonsvåpen, maritim overvaking, og kamp- og logistikksystem for Hæren. Ei gjennomgåande målsetjing er å utnytte dei styrkane og kapasitetane landa har kvar for seg på ein betre og meir effektiv måte, gjennom såkalla pooling and sharing -løysingar. Det er også ei målsetjing å styrkje kompetansen og konkurranseevna til nordisk forsvarsindustri.

Dei nordiske landa støttar Den afrikanske unionen (AU) med å etablere ein eigen innsatsstyrke som skal kunne handtere kriser på det afrikanske kontinentet. Saman med dei baltiske landa er det også eit samarbeid om tryggleikssektorreform på Vest-Balkan, i Ukraina og i Georgia.

Samarbeid med Russland

I 2012 var det 15 år sidan NATO og Russland underteikna grunnlagserklæringa om samarbeid og 10 år sidan etableringa av NATO-Russlandsrådet. Det har i 2012 vore eit tettare samarbeid på fleire område, m.a. innanfor overvaking av luftrom ( Cooperative Airspace Initiative ), avtalar om transitt av materiell frå Afghanistan, samt tiltak for kampen mot narkotika og terrorisme. Samstundes var det framleis usemje knytt til etableringa av eit alliert missilforsvar i Europa.

Russland har dei siste åra gjennomført ei stor militærreform. Dei viktigaste elementa har vore etableringa av fire fellesoperative strategiske kommandoar, reform av utdanningssystemet, etablering av eit felles luft- og romforsvar, samt utlegging av administrative tenester på anbod.

Det norsk-russiske forholdet hadde ei god utvikling i 2012, både politisk og militært. Den russiske viseforsvarsministeren vitja Oslo og det vart gjennomført bilaterale samtalar på ekspedisjonssjefsnivå i Moskva. Den maritime øvinga Pomor 2012, med deltaking frå både norske og russiske farty og fly, er det hittil mest tydelege dømet på ei utvikling i retning av meir praktisk samarbeid på militær side.

Arbeidet i Forsvarsdepartementets bygg

Forsvarsdepartementet har i 2012 arbeidd vidare med tilpassing og utbetring av mellombelse lokale i Myntgata og Glacisgata som følgje av at Statsministerens kontor flytta inn i Glacisgata hausten 2011. Det er i tillegg starta opp arbeid med fleire til dels omfattande tryggingstiltak for å oppfylle nye krav til tryggleik.

Personellområdet

I 2011 starta Forsvarsdepartementet eit omfattande arbeid for å førebu ei reform knytt til kompetanseområdet for sektoren. Basert på ei forstudie frå 2011, vart det i 2012 gjennomført ein omfattande analyse i alle etatane knytt til framtidige kompetanseutfordringar i forsvarssektoren. Resultatet av dette arbeidet vart i 2013 lagt fram i ei melding til Stortinget, der sektorens viktigaste utfordringar knytte til personell- og kompetanseområdet vert omtalte. Arbeidet med kompetansereforma er ei strategisk satsing som vil halde fram i fleire år.

I langtidsplanen 2009–2012, St.prp. nr. 48 (2007–2008), adresserte regjeringa ivaretaking og verdsetting av veteranar som eit viktig politisk satsingsområde. I 2006 sette regjeringa ned to arbeidsgrupper for å vurdere veteranars økonomiske rettar ved personskade, og for å vurdere arbeidsgivar sitt ansvar. Veterananes rettar og erstatningsvern vart styrka gjennom Ot.prp. nr. 67 (2008–2009), om endringer i Lov om Forsvarets personell.

St.meld. nr. 34 (2008–2009), «Fra vernepliktig til veteran», vart lansert 8. mai 2009 og behandla i Stortinget i juni same år. Meldinga trakk opp 23 satsingsområde fordelt på forsvarssektoren, på samarbeid på tvers av sektorar og i internasjonalt samarbeid.

Satsningsområda er operasjonalisert gjennom handlingsplanen «I tjeneste for Norge», som vart lagt fram 2. mai 2011. Planen inneheld 126 tiltak for verdsetting og ivaretaking av personell før, under og etter utenlandsteneste. Handlingsplanen omfattar personellet i justis- og beredskapssektoren, i utenrikstjenesten og i forsvarssektoren.

Tiltaka famnar verdsetting, forskning, skadeforebygging og -oppfølgjing, familie og pårørande, kompetanseheving og samarbeid.

Forsvarets tiltak i handlingsplanen har ei klar dreiing mot førebyggjande arbeid og oppfølgjing. Målet er å begrense talet på skadde, og i størst mogleg grad følgje opp dei som vert skadde.

Handlingsplanen inneheld m.a. tiltak for kompetansebygging, og for kompetanseoverføring frå Forsvaret til det sivile tenesteapparatet.

For å lykkast, vart det inngått eit forpliktande samarbeid mellom Arbeidsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Utenriksdepartementet og Forsvarsdepartementet.

Samarbeidet inkluderer også Forsvaret og veteran- og arbeidstakerorganisasjonane. Tiltaka, og ansvar for gjennomføring, ligg hos det respektive departementet med underliggjande etatar. Forsvarsdepartementet og Forsvaret har naturleg nok ansvar for hovudtyngden av tiltaka i handlingsplanen. Alle tiltaka rapporterast enten å vere sette i verk, eller vere i ferd med å verte implementerte.

Prosjekt om evaluering av NSM (KS)

Nasjonalt tryggingsorgan vart oppretta som direktorat 1. januar 2003 med delt forvaltingsmodell mellom Forsvarsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. Med grunnlag i erfaringar etter etableringa, har ei prosjektgruppe, under leiing av Forsvarsdepartementet og med deltakarar frå Justis- og beredskapsdepartementet og Nasjonalt tryggingsorgan, gått gjennom den valte modellen, for å vurdera rolla som nasjonalt tryggingsorgan og ev. endringar i styringsmodellen. Prosjektgruppa la fram ein sluttrapport med tilrådingar våren 2013.

Evaluering av tryggleikslova

Arbeidsgruppa som vart etablert for å evaluere tryggleikslova, fremma sin rapport i november 2012. I rapporten vart det tilrådd å setje i verk eit arbeid med å revidere lova.

Forsvarsdepartementet har vidareført si prioritering av den interne tryggleiken og beredskapen. For å synleggjere dette og for å oppfylle dei stadig auka krava til tryggleik, vart det bestemt at dette arbeidet skulle skiljast ut i ein eigen seksjon; «Sikkerhet og beredskap i Forsvarsdepartementet» med verknad frå 1. januar 2013.

Førebyggande tryggleik

Regjeringa gav i desember ut ein ny strategi for informasjonstryggleik. Strategien vart også følgd opp av ein handlingsplan. Forsvarssektoren har ansvar for ei lang rekkje tiltak i handlingsplanen. Som ein del av arbeidet med strategien vart det også gått gjennom ansvarsforholda kring informasjonstrygginga. Det vart ikkje gjort endringar som påverkar Forsvarsdepartementets ansvar direkte, men overføringa av samordningsansvaret for informasjonstrygging i sivil sektor til Justis- og beredskapsdepartementet vil gjere det lettare å samordne nasjonalt mellom dei to departementa.

3.2 Økonomiske rammer

Stortinget vedtok ei utgiftsramme for forsvarsbudsjettet for 2012 på 40 526,1 mill. kroner. Endringar gjennom året gjorde at budsjettet vart auka til 42 615,7 mill. kroner, dvs. ein auke på 2 089,7 mill. kroner.

I denne auken låg m.a. erstatning av forulykka C-130J transportfly på 720,0 mill. kroner og 18,9 mill. kroner som tilleggsløyving til søk i samband med ulykka. Av tilleggsløyvinga til operasjonen i Libya vart det ført attende 40,7 mill. kroner i ubrukte midlar. Vidare vart det løyvd 148,0 mill. kroner til trygging av Statsministerens kontor og Forsvarsdepartementet, 21,2 mill. kroner som tilleggsløyving i samband med flytting av Statsministerens kontor inn i Forsvarsdepartementets leiingsbygg, 4,0 mill. kroner til objekttrygging av Nasjonalt tryggingsorgan og 4,0 mill. kroner til helikopterberedskap ved Rygge flystasjon. I tillegg til dette kom lønns- og soldatkompensasjon på 460,6 mill. kroner og auka inntekter på 768,0 mill. kroner. Vidare blei det gjort ei rammeoverføring av 7,7 mill. kroner frå Forsvarsdepartementet til Justis- og beredskapsdepartementet knytt til Aerospace Industrial Maintenance Norway SF (AIM Norway SF), samt at 6,6 mill. kroner i valutagevinstetter utbetaling til ANA Trust Fund var ført tilbake til statskassa.

Endringar i løyvinga er vist i detalj i tabell 3.1 Endringar i løyvinga 2012.

Utover desse endringane hadde forsvarssektoren til disposisjon overførte midlar frå 2011 på til saman 2 045,7 mill. kroner.

Tabell 3.1 Endringar i løyvinga 2012

+/-

Innstilling

Proposisjon

(i 1 000 kr)

+

Innst. 375 S (2011–2012)

Prop. 111 S (2011–2012) «Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2012»

1 398 144

+

Innst. 67 S (2012–2013)

Prop. 151 S (2011–2012) «Endringar i Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap»

22 163

+

Innst. 394 S (2011–2012)

Prop. 128 S (2011–2012) «Lønnsregulering for arbeidstakere i det statlige tariffområdet 2012 mv.»

438 424

+

Innst. 157 S (2012–2013)

Prop. 28 S (2012–2013) «Endringar i statsbudsjettet 2012 under Forsvarsdepartementet»

230 923

=

Rammeauke

2 089 654

3.3 Måloppnåing i Forsvaret

3.3.1 Leveransar

Forsvarssjefen har i årsrapporten for 2012 offentleggjort ein omfattande rapport for verksemda i 2012. Denne inneheld meir detaljerte vurderingar av Forsvarets leveransar og oppnådde resultat.

Forsvarets truverde vert bygd gjennom å løyse både dei nasjonale oppgåvene og dei oppgåvene som må løysast saman med allierte og partnarar. Difor er det nær samanheng mellom nasjonale og internasjonale oppgåver, og mellom dei kapasitetane som vert nytta for å løyse dei. For å få best mogeleg samfunnstenleg effekt frå forsvarsstrukturen vert det lagt vekt på å prioritere kapasitetar som kan nyttast både nasjonalt og internasjonalt.

Mange avdelingar i Forsvaret løyser nasjonale oppgåver til dagleg, medan andre står i beredskap for å handtere alt frå enkeltståande hendingar til kriser og krig. Dei delane av Forsvaret som står i beredskap har ulik reaksjonstid, alt frå minutt til månader. Nasjonale oppgåver krev ein struktur med rett kapasitet på rett stad til rett tid, og som har evne til å reagere i samsvar med situasjonen. Dette krev evne til å leie eit breitt spekter av operasjonar og til å samarbeide godt med sivil sektor. Samstundes krev deltaking i kollektivt forsvar og internasjonale operasjonar styrkar med eldkraft, evne til å verne seg sjølv og til å kunne operere effektivt saman med allierte og partnarar. I 2012 vart den operative evna totalt sett styrka frå året før.

Operasjonar og dagleg verksemd nasjonalt

Forsvaret har gjennom heile perioden levert styrkar med høg kvalitet og god operativ evne. Operasjonar og dagleg verksemd nasjonalt omfattar fredsoperativ verksemd knytt til Forsvarets oppgåver i fredstid, inkl. evne til nasjonal episode- og krisehandtering. Både dei daglege oppgåvene her heime og oppgåvene knytte til internasjonal krisehandtering i utlandet har vore løyst på ein svært god måte. Sjå også tabell 3.2 under kap. 3.5.3.

Forsvaret skal sikre eit godt grunnlag for nasjonale politiske og militære avgjerder. Difor vert norsk territorium og norske jurisdiksjonsområde overvaka kontinuerleg med eit breitt spekter av kapasitetar, og med prioritet til nordområda. Forsvaret samarbeider også med andre statlege etatar, noko som medverkar til betre situasjonsoversikt og ein meir kosteffektiv bruk av ressursane. Evna til overvaking av norske land-, sjø- og luftområde vart vurdert som mykje god, og vil verte ytterligare betra dei kommande åra ved innføringa av nye plattformer for observasjon.

Den kontinuerlege hevdinga av suverenitet vart teken hand om på ein svært god måte. Hæren løyser dette i utgangspunktet gjennom grensevakta, som ved behov kan forsterkast av andre avdelingar frå Hærens og Heimevernets innsatsstyrkar. Kystvakta og Kysteskadren har likeeins løyst oppgåvene i sjøterritoriet på ein svært god måte. Luftforsvaret har hatt kampfly på høg beredskap, samt døgnkontinuerleg drift av kontroll- og varslingsfunksjonar for å halde kontroll i det norske luftterritoriet. HM Kongens Garde og Garnisonen i Sør-Varanger har også løyst oppdraga sine svært godt.

Evna til førebygging og handtering av nasjonale episodar og kriser vart vurdert som god. Forsvaret har ytt gode bidrag til samfunnstryggleik og sentrale samfunnsoppgåver gjennom Heimevernet, Kystvakta, redningshelikoptera, eksplosivryddetenesta og anna støtte. Slik støtte vart gjennomført med kapasitetar og kompetanse som er etablerte for å løyse dei andre oppgåvene til Forsvaret.

Brigadesystemet i Hæren vart utvikla vidare, og aktiviteten i dei ulike hæravdelingane var som forutsett.

Heimevernets evne til å løyse oppgåvene sine vart vurdert som god. Det har vore ei prioritert oppgåve å auke treninga frå tidlegare år, og omlag 55 pst. av områdestrukturen har gjennomført trening i 2012.

Figur 3.1 Utvikling i Heimevernets trening

Figur 3.1 Utvikling i Heimevernets trening

Marinens evne til å løyse oppgåvene vil gradvis verte betra når nye våpensystem, farty og maritime helikopter vert operative. Synleg militært nærvær i nordområda har vore prioritert, og aktiviteten vert samla sett vurdert som god.

Figur 3.2 Utvikling i Sjøforsvarets segling

Figur 3.2 Utvikling i Sjøforsvarets segling

Figur 3.3 Utvikling i Sjøforsvarets aktivitet i Nord-Noreg

Figur 3.3 Utvikling i Sjøforsvarets aktivitet i Nord-Noreg

Luftforsvaret løyser sin del av Forsvaret sine oppgåver gjennom å halde F-16 kampfly og luftvernavdelingar på beredskap, gjennomføre kontinuerleg luftromskontroll og operasjonar med transportfly og maritime patruljefly. Luftforsvaret har ei redusert evne til å støtte kystvaktfarty med Lynx helikopter, med bakgrunn i at desse nærmar seg slutten på teknisk levealder. Innføring av dei nye maritime helikoptra vil endre dette. Den markante auken i flytimar i 2011 skuldast operasjonen i Libya.

Figur 3.4 Utvikling i Luftforsvarets aktivitet

Figur 3.4 Utvikling i Luftforsvarets aktivitet

Øving og alliert trening

Det har i 2012 vore stor øvingsaktivitet for både Forsvarets operative hovudkvarter og for land-, luft- og sjøstyrkane. Nivået av utanlandske besøk for trening og øving på norsk territorium var høgt og stabilt. Øvingsverksemda tok utgangspunkt i den operative statusen for styrkane våre og oppdraga dei skal løyse. Styrkar som stod på beredskap for oppdukkande episodar og kriser, samt styrkebidrag til operasjonar i utlandet, fekk høgste prioritet. Samstundes var det naudsynt med trening og øving av kommandostrukturen, med fokus på evne til å planlegge og leie operasjonar. Den nasjonale evna til krisehandtering og hevding av suverenitet vart øvd, og det var ei styrking av øvingssamarbeidet med sivile instansar og styresmakter, særleg med politiet. Trenings- og øvingsaktiviteten vart i stort gjennomført i samsvar med planen for verksemda gjennom året.

Figur 3.5 Utvikling i Hærens øving

Figur 3.5 Utvikling i Hærens øving

Øvingsaktiviteten i gjennomsnitt for Hæren har vore jamn i perioden 2009–2012. Unntaket i 2011 skuldast at Brigade Nord vart gitt ei særskilt løyving for å gjere det mogleg å øve og samtrene Brigadesystemet. Den auka treninga og øvinga av Brigade Nord har styrka Hærens operative evne. Frå nivået ved utgangen av førre periode har gjennomsnittet for øving i Hæren auka frå 21 (2008) til 24 øvingsdøgn (2012).

Hovudøvinga i 2012 var den fleirnasjonale vinterøvinga Cold Response i Nord-Noreg. Målet med øvinga var å trene land-, sjø- og luftmilitære styrkar frå fleire nasjonar samstundes under utfordrande vinterforhold. Totalt deltok i overkant av 16 300 soldatar frå 14 land i den vellukka øvinga. I tillegg deltok militære kapasitetar frå NATO. I samvirkeøvingane Gemini og Tyr støttar Forsvaret politiet i kontraterroroperasjonar. Øvingane gav eit særs godt utbytte for deltakarar frå taktisk til strategisk nivå. For å øve kommandostrukturen med hovudkvarter, vart det gjennomført ei serie med øvingar som gav godt resultat, m.a. Gram for å øve beredskap og planverk.

Deltaking av utanlandske styrkar på øving og trening i Noreg gjev godt utbytte for norske hovudkvarter og avdelingar med omsyn til planlegging og leiing av operasjonar, og til samtrening. Samstundes er dette viktige bidrag til NATOs samla militære kapasitet, og det gjev utanlandske avdelingar kompetanse på dei spesielle tilhøva i nordområda. Det har vore ei auke i besøk frå utanlandske land- og luftstyrkar i høve til 2011, og det er framleis stor interesse for å øve i Noreg.

Øvingssamarbeidet innanfor ramma av NATO vart prioritert, særleg bi- og multilateralt samarbeid med USA, Storbritannia, Tyskland, Danmark og Nederland. Samstundes var nordisk deltaking ein del av grunnlaget. USA signaliserte i 2012 auka interesse for trening og øving i Noreg. Øvingssamarbeid med Russland vart gjennomført med utgangspunkt i tiltaksplanen mellom Russland og Noreg. Dette omfatta m.a. øvingaPomor, der norske og russiske marine- og luftstyrkar demonstrerte at dei kan samverke om maritim tryggleik og vern av felles interesser i det vestlege polare området.

Cyberforsvar (forsvar i det digitale rommet)

Cyberforsvaret skal drifte, overvake og verne kritiske informasjonssystem i Forsvaret. Det skal førebyggje og avdekke cyberangrep mot Forsvaret i tett samarbeid med Nasjonalt tryggingsorgan. Det har også fått ansvaret for innovasjon og nyskaping, både relatert til operative utsikter og truslar mot Forsvaret i det digitale rom. I tillegg har Cyberforsvaret ein viktig funksjon innanfor utviklinga mot eit nettverksbasert forsvar. Etableringa av Cyberforsvaret representerer eit taktskifte i erkjenninga av at informasjonssystem spelar ei stadig større og meir kritisk rolle for verksemda i Forsvaret.

Det har i 2012 vore arbeidd vidare med å betre evna til å møte truslar i det digitale rommet, m.a. i form av modernisering av materiell, klargjering av ansvarsforhold og kompetansetiltak. Overgangen frå eit tradisjonelt invasjonsforsvar til eit høgteknologisk, nettverksbasert forsvar stiller andre krav til samansettinga av Forsvarets personell enn tidlegare. Dette er synleg m.a. i Cyberforsvaret, som i 2012 har hatt utfordringar med å rekruttere, forvalte og halde på kompetansen. Etterretningstenesta har også ført vidare arbeidet sitt relatert til forsvar i det digitale rommet og styrka evna til å løyse oppdrag på dette området.

Revisjon av forsvars- og beredskapsplanverk

Det er avgjerande for Forsvarets evne til å vareta oppgåvene ved krise og krig at relevante forsvars- og beredskapsplanar er etablerte og oppdaterte. Difor har det dei seinare åra vore fokusert på å gå gjennom og oppdatere hovudelementa i det operative planverket knytt til forsvar av norsk territorium, og av beredskapsplanane for dei enkelte avdelingane i Forsvaret. Arbeidet er nærare omtalt i Prop. 73 S (2011–2012), og vil ha prioritet i åra framover.

Forsvarets støtte til samfunnstryggleik

Også i 2012 deltok Forsvaret aktivt med å støtte samfunnstryggleiken. Forsvaret har ytt viktig støtte til politiet og andre delar av samfunnet gjennom m.a. Kystvakta, Heimevernet, søkje- og redningstenesta og eksplosivryddetenesta. Slik støtte har vore gjennomført med kapasitetar og kompetanse som er etablert for å løyse primæroppgåvene. Forsvaret har også delteke i fleire sivil-militære samordningsfora, som m.a. Sentralt totalforsvarsforum og fylkesberedskapsråda.

Vern mot kjemiske-, biologiske-, radiologiske- og atomvåpen (CBRN)

Forsvaret heldt i 2012 fram det kontinuerlege arbeidet med å utvikle kapasitetane for å verne personell og materiell mot verknader av CBRN-våpen. Det vart særleg arbeidd med å styrkje desse kapasitetane i samsvar med målsetjingane i langtidsplanen og handlingsplanen for CBRN-vern i Forsvaret. Det har dei seinare åra vore stadfesta manglar ved Forsvarets CBRN-materiell. Arbeidet med modernisering og materiellanskaffingar innanfor CBRN-vern vart i 2012 ført vidare. Kjøp av nytt materiell i 2012 styrka Forsvarets evne til deltaking i internasjonale operasjonar.

Norske styrkar i utlandet

Forsvaret leverte i 2012 svært gode bidrag til ei rekkje operasjonar i utlandet. Hovudfokus for den norske militære innsatsen var framleis Afghanistan. I september vart det norske styrkebidraget i provinsen Faryab avslutta. Den norske leiren i Meymaneh vart overført til den afghanske hæren, samstundes med at tryggingsansvaret i provinsen vart overført frå ISAF til dei afghanske styresmaktene. Frå oktober 2012 har det norske militære nærværet i Afghanistan vore konsentrert til Mazar-e Sharif og Kabul, med fokus på opplæring og kapasitetsbygging i den afghanske hæren og politiet.

Frå september 2012 sette Noreg inn eit C-130J transportfly i ISAFs lufttransportsystem. Transportflyet er basert i Mazar-e Sharif og transporterer last og personell i heile Afghanistan. Noreg har også hatt ei sentral rolle ved den internasjonale flyplassen i Kabul (KAIA) gjennom norsk sjef for luftoperasjonane. I april 2012 overtok Forsvarets spesialkommando på nytt oppdraget med å trene og utdanne den afghanske spesialpolitiavdelinga Crisis Response Unit . Denne spesialavdelinga, som Noreg var med på å opprette tidlegare, er etablert for å handtere alvorlege terrorsituasjonar i Kabul og dei omkringliggande provinsane. Dei andre delane av Noregs innsats i Afghanistan vart i hovudsak ført vidare frå 2011.

Forsvaret deltok også med stabspersonell og observatørar i ei rekkje mindre misjonar andre stader i verda. Noreg stilte fram til november 2012 styrkesjefen i United Nations Truce Supervision Organization (UNTSO) i Midtausten, samt anna militært personell. Noreg bemanna også stillinga som koordinator for tryggleikssektorreform i FNs stabiliseringsoperasjon i Kongo (MONUSCO). I tillegg deltok Noreg med militært personell i FNs misjonar i Kosovo (UNMIK), Afghanistan (UNAMA), Sudan (UNMIS), Sør-Sudan (UNMISS), og i den multinasjonale observatørstyrken i Sinai (MFO). Oppdraget for UNMISS i Sør-Sudan vart auka frå 12 personar i 2011 til 18 personar i 2012.

United Nations Supervision Mission in Syria (UNSMIS) vart oppretta av FN i april 2012 for å overvake den stadig forverra situasjonen i Syria. Noreg deltok med 8 av 300 observatørar til denne styrken, og stilte også styrkesjefen fram til mandatet vart avslutta i august 2012. I tillegg deltok Noreg med stabspersonell til NATO i Kosovo (KFOR), i Bosnia (NATO HQ Bosnia) og i EUs operative hovudkvarter for maritime operasjonar (EU OHQ) i England.

NATOs ståande reaksjonsstyrkar

Noreg deltok i perioden januar til og med juni 2012 med KNM Valkyrien som kommandofarty i NATOs ståande mineryddarstyrke. Styrken hadde dermed norsk leiing og opererte i det nordatlantiske området. I tillegg deltok to andre mineryddarfarty i styrken i 2012. Noreg hadde også eit sivilt farty på beredskapskontrakt for strategisk sjøtransport (Ro-Ro skip) gjennom heile året.

Strategisk sjø- og lufttransport

Noreg deltok i 2012 i utviklinga av dei fleirnasjonale kapasitetane innanfor strategisk sjø- og lufttransport. Desse kapasitetane vert utnytta gjennom:

  • Movement Coordination Centre Europe (MCCE) i Eindhoven i Nederland. Samarbeidet mellom 25 medlemsland gjer at transportkapasitet kan utnyttast betre og meir kosteffektivt.

  • Multinational Implementation Arrangement (MIA), som sikrar dei ti deltakarlanda tilgang på strategisk sjøtransport. I 2012 bestod denne ordninga av 14 transportskip (Ro-Ro) på beredskapskontrakt.

  • Strategic Airlift Interim Solution (SALIS). Samarbeidet sikrar tolv allierte deltakarland tilgang på såkalla outsized cargo strategisk lufttransportkapasitet. Kontrakt inngått av NATOs vedlikehalds- og logistikkbyrå (NAMSA) gir landa dagleg tilgang på slik transport gjennom to fly av typen Antonov 124, samt ytterlegare seks fly som kan settast inn ved behov og avtalt varslingstid.

  • Strategic Airlift Capability (SAC). Eit samarbeid mellom tolv NATO-land, som har kjøpt og driftar tre strategiske transportfly av typen Boeing C-17. Noregs del er 400 flytimar årleg for å dekkje nasjonale behov. Flya vert opererte frå flybasen i Papa, Ungarn. Avdelinga er bemanna med personell frå alle tolv deltakarlanda.

Kjønnsperspektiv i operasjonar

Som del av regjeringa sin strategiske plan for kvinner, fred og tryggleik (2011–2013) fekk Forsvaret i oppdrag å integrere eit kjønnsperspektiv i verksemda si. Dette skal gjerast i utdanningssystemet, i oppdragsspesifikk utdanning for styrkebidrag, og i planlegging og gjennomføring av operasjonar.

På kompetansesida støtta Gender-prosjektet ved Forsvarets høgskole (FHS) Forsvaret på dette området i 2012. Noreg hadde også ein offiser ved Nordic Centre for Gender in Military Operations i Sverige. Dette er eit kurssenter for å utdanne og trene personell på dette området, der kjønnsperspektivet er inkludert i all operasjonsspesifikk utdanning og trening. Forsvaret starta i 2012 ei evaluering av den norske gender-innsatsen i Afghanistan. Evalueringa skal vere ferdig i 2013. Det vart også arbeidd med å integrere utdanning på dette området på befals- og krigsskulane i Noreg.

I operasjonar arbeidde Forsvaret m.a. med å konsultere lokale kvinner og treffe tiltak for kvinner sin tryggleik. Forsvaret gjorde i nokon grad ein lokal kjønnsanalyse som del av planlegginga av nye operasjonar. Kjønnsperspektivet vart inkludert i ISAF-innsatsen ved at det norske stabiliseringslaget i Meymaneh hadde eit eige lag med dette som fokus, samt gjennom norske rådgjevarar i nasjonale styrkebidrag og i ISAFs hovudkvarter. Ei utfordring i feltarbeidet har vore mangelen på kvinnelege tolkar.

I FN og NATO arbeidde Noreg med implementeringa av FN-resolusjon 1325 (2000), t.d. gjennom Noregs faste delegasjonar. Noreg har fått gjennomslag i NATO for ei styrking og konkretisering av handlingsplanen for resolusjonen. I 2012 vart ein norsk diplomat utnemnd til NATOs første spesialrepresentant for kvinner, fred og tryggleik, og NATOs komité for kjønnsperspektiv vart leia av ein norsk kvinneleg offiser.

Forsvarsretta tryggleikssektorreform

Forsvarsretta tryggleikssektorreform (FSSR) var i 2012 ein viktig del av den internasjonale verksemda til Forsvarsdepartementet og Forsvaret. FSSR omfattar eit vidt spekter av verkemiddel med målsetjing om å styrkje demokratisk styresett og sivil kontroll med dei væpna styrkane i samarbeidsland, å betre evna til deltaking i internasjonale fredsoperasjonar, og å fremje fred og forsoning i tidlegare konfliktområde. Innsatsen var i hovudsak retta mot NATO-partnarland på Vest-Balkan, samt i Ukraina, Georgia og i Aust-Afrika.

Prosjekt på Vest-Balkan inkluderte m.a. sanitetssamarbeid, kystvaktsamarbeid, reform av militær utdanning, omskolering av personell som skal forlate Forsvaret, støtte til eit treningssenter innanfor media, støtte til kvinner i Forsvaret, samt til kapasitetsbygging og administrativ reform for å understøtte euroatlantisk integrasjon.

I Ukraina støtta norsk personell forsvarssektoren med erfaringar knytte til reform og kompetansebygging i dei væpna styrkane, med fokus på å auke evna til deltaking i fredsoperasjonar. I tillegg har Noreg og Ukraina samarbeidd om å kvalifisere overtallig militært personell for sysselsetjing i sivil sektor. I Georgia har Noreg gitt støtte til styrking av personellforvaltninga i det georgiske forsvarsdepartementet.

I Aust-Afrika har Forsvaret vore engasjert i eit kapasitetsbyggingsprosjekt saman med dei andre nordiske landa, knytt til oppbygging av reaksjonsstyrken Eastern Africa Stand-by Force (EASF). Det nordiske prosjektet for kapasitetsbygging i Afrika har som målsetjing å styrkje EASFs evne til krisehandtering og fredsoperasjonar. Noreg har hovudansvaret for å byggje kapasitet i den maritime komponenten, som skal bidra til å setje kyststatane i Aust-Afrika i stand til å kontrollere eigne havområde.

Noreg har i 2012 også gjennomført eit pilotprosjekt for å vurdere kva som kan gjerast for å byggje kapasitet og støtte reform av forsvarsdepartementet i Sør-Sudan. Den overordna målsetjinga er å bidra til demokratisk kontroll med dei væpna styrkane i den nye staten.

3.3.2 Økonomi

Den overordna økonomiske og ressursmessige målsetjinga i langtidsperioden 2009–2012 var å oppnå ein meir vedvarande balanse mellom struktur og aktivitetar på den eine sida, og økonomiske rammer på den andre. Dette vart gjort m.a. ved å frigjere ressursar internt i forsvarssektoren, gjennom sterk prioritering på investeringssida og omfordeling, samt effektivisering av den interne drifta. På denne måten vart ei god ressursutnytting både i det årlege og det fleirårlege perspektivet sikra.

Status i rekneskapen for 2012 er svært tilfredsstillande. Mindreforbruket innanfor både drifts- og investeringspostar inneber ei forbetring frå dei to føregåande åra då mindreforbruket var høgare. Økonomistyringa i Forsvaret har i stor grad vore god. Tiltaka for å frigjere ressursar internt i forsvarssektoren har gitt dei ønska effektane og er som planlagt fordelt til prioriterte område. Vidareført fokus på langsiktige tiltak i sektoren har bidratt til å skape balanse i tråd med målsetjinga i langtidsplanen.

3.3.3 Interne prosessar

Forsvarleg forvalting og styring av verksemda

Det er lagt ned eit omfattande og målretta arbeid med å forbetre forvaltinga og den interne kontrollen i Forsvaret også i 2012. I departement og etat har arbeidet vore høgt prioritert og forankra hjå leiinga på alle nivå. Det er nedsett ei såkalla høgnivågruppe for forsvarleg forvalting både i Forsvaret og i Forsvarsbygg, som gjennom leiarfokus skal utarbeide og følgje opp tiltak for å sikre at etaten ikkje får vesentlege merknader i Riksrevisjonens revisjonar. Forsvarssjefen og administrerande direktør i Forsvarsbygg rapporterer framdrift for arbeidet jamleg i statusmøter med departementsråden. Arbeidet har medført klare forbetringar på fleire oppfølgingsområde.

Målet Forsvarleg forvalting stiller krav til ei forsvarleg utføring av alle typar forvalting. For å sikre ei målretta drift har det i perioden vore målt m.a. på grad av materiellkontroll, grad av anskaffingar som følgjer fastsett prosess og på fakturaflyt. Målingane har totalt sett vist ei gjennomgåande betring i perioden. Framleis står det att utfordingar, men leiarfokus, kompetanseheving og bevisstgjering på alle nivå har gitt tydelege resultat. Forsvarsdepartementet har gjennom tett oppfølging av etaten samt oppdatering av regelverk, m.a. instruks for økonomistyring i forsvarssektoren, lagt eit godt grunnlag for det vidare arbeidet også i den nye langtidsperioden.

Organisasjon og styrkestruktur

Verksemda ved Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) vart i 2012 utvikla vidare, og hovudkvarteret er operativt. Heile organisasjonen er etablert på Reitan utanfor Bodø.

Organiseringa av logistikkverksemda i Forsvaret vart i stor grad endra i 2010. Som ledd i oppfølginga av den nye innrettinga, vart arbeidet med justeringar og den vidare utviklinga av verksemda gjort ferdig i 2012. Brukarane er i stor grad nøgde med den nye innrettinga. Theatre Termination Force (TTF) vert sett opp av Forsvarets logistikkorganisasjon. TTF Afghanistan har støtta FOH med å avslutte Noregs bidrag til ISAF i Faryab-provinsen.

Forsvarets informasjonsinfrastruktur (INI) skifta namn til Cyberforsvaret i september 2012. Cyberforsvaret medverka i 2012 til å sikre Forsvarets evne til overordna styring og leiing innanfor informasjons- og kommunikasjonsteknologien (IKT). Cyberforsvaret støtta Forsvarets operasjonar heime og ute med å etablere, drifte, og utvikle eit tryggare sambandssystem. Cyberforsvaret er også ein pådrivar for utviklinga mot eit nettverksbasert forsvar.

I Forsvarets sanitet blei det også i 2012 prioritert å auke den medisinske kapasiteten. Utviklinga av feltsjukehus og evakueringskapasitetar heldt fram. Det vart utdanna og levert medisinsk personell til internasjonale operasjonar, m.a. flylegar og kirurgisk personell til Afghanistan. Nasjonal militærmedisinsk poliklinikk vidareførte arbeidet med å følgje opp personell frå operasjonar i utlandet etter retur til Noreg. Arbeidet med samlokaliseringa av Forsvarets ulike helsetenester i Indre Troms heldt fram. Dette vart gjort som ein del av samarbeidet i regi av Bardu kommune mellom involverte aktørar knytte til etableringa av eit nytt medisinsk senter.

Luftforsvarets organisasjon vart i hovudsak vidareført i 2012. Oppfølginga av framtidig basestruktur for forsvarsgreina vart starta opp, jf. Stortingets handsaming av Innst. S 388 (2011–2012) til Prop. 73 S (2011–2012).

Forsvaret har i 2012 teke imot det andre NH90-helikopteret til Kystvakta. Som følgje av ulykka i Sverige med eit C-130J Hercules transportfly 15. mars 2012, vart det kjøpt inn eit erstatningsfly same året. Oppdateringa av dei maritime patruljeflya P-3 heldt fram i 2012.

Sjøforsvarets organisasjon vart i hovudsak vidareført i 2012, og overtok meir nytt og moderne materiell. Leveransen av dei nye overflatefartya i Skjold-klassen vart fullført i 2012. Maritime styrkebidrag vart levert i samsvar med oppdraga, og aktivitetane i nordområda auka i høve til tidlegare år. Kystvakta disponerte 14 farty i 2012 og er etablert med leiing og tilhøyrande stabsfunksjonar på Sortland.

Hærens organisasjon vart i hovudsak også vidareført i 2012. Dei mest sentrale måla for utviklinga av Hæren i planperioden 2008–2012 vart nådde ved slutten av 2012. Årsverkstala auka ved tilsetjing av verva personell m.a. i Panserbataljonen og 2. bataljon. Hæren bidrog med avdelingar og personell for å oppretthalde den relativt store kontingenten i Afghanistan, i tillegg til at Hæren på ein framifrå måte utførde dei daglege oppgåvene knytte til grensevakt, kongevakt og styrkeproduksjon. Hæren er inne i ei tid med omfattande modernisering av materiellet. I 2012 vart avdelingane tilført materiell som aukar nattkapasiteten, samstundes med at innføringa av eit nytt maskingevær tok til. Leo 1 stridsvogn som kampsystem vart avvikla i 2012.

Heimevernets organisasjon og struktur vart ført vidare i 2012 med 11 distrikt. Den positive utviklinga av Heimevernet heldt fram med auka bemanning i HV-distrikta og meir enn halvparten av områda gjennomførde årleg trening. Førebuingane for å leggje ned kommandoane i Sjøheimevernet vart starta opp, og Reine-klassen farty vart overførte til Sjøforsvaret, jf. Stortingets handsaming av Innst. S 388 (2011–2012) til Prop. 73 S (2011–2012). Heimevernet gjennomførte i 2012 fleire oppdrag til støtte for det sivile samfunnet, og HV-personell har deltatt i internasjonale operasjonar.

Materiell- og infrastruktur

Materiellinvesteringar

Materiellinvesteringane (post 45) i Forsvaret skal medverke til å tilpasse den framtidige strukturen til nye oppgåver og utfordringar, og betre den eksisterande strukturen der dette er naudsynt. Omfanget og framdrifta vert tilpassa dei gjeldande økonomiske rammene og strukturplanane.

I 2012 var det forseinkingar i fleire materiellinvesteringsprosjekt. Det skuldast i hovudsak forseinkingar hos leverandørane. Dermed var det naudsynt å prioritere om midlar frå dei forseinka prosjekta til andre prosjekt som var klare for gjennomføring.

Forsvarsdepartementet har, som eit unntak, halde attende midlar på kapittel 1760 post 45, som vil verte omdisponerte til kampflyinvestering for etterfølgjande år. Stortinget slutta seg til tiltaket gjennom handsaminga av Innst. 375 S (2011–2012) til Prop. 111 S (2011–2012).

Status og framdrift i dei einskilde materiellprosjekta i kategori 1 er omtala under prosjekta i del II, kapittel 1760, post 45.

Dei største materiellinvesteringane til Hæren i 2012 var pansra køyrety av ymse slag med tilhørande delsystem, simulatormateriell og kommando-, kontroll- og informasjonssystem.

Dei største materiellinvesteringane til Sjøforsvaret var nye fregattar og korvettar. I 2012 vart tre korvettar overteke av Sjøforsvaret. I tillegg overtok Forsvaret det andre maritime helikopteret NH90. Den sist leverte fregatten gjekk gjennom testar og verifikasjon av funksjonar og ytingar.

Dei største materiellinvesteringane til Luftforsvaret var oppgradering og modernisering av F-16 kampfly, oppgraderingar og nyanskaffingar for å betre luftvernet (NASAMS II), i tillegg til at dei ulike oppgraderingsprosjekta for P-3 maritime overvakingsfly vart førte vidare.

Innanfor soldatsystem var dei største materiellinvesteringane i 2012 innføring av nye handvåpen og nye ryggsekkar. Leveransane av splintvestar og hjelmar vart førte vidare i 2012.

Innanfor området nettverksbasert forsvar var dei største investeringane knytte til fiberinfrastruktur, modernisering av taktisk radioar og Forsvarets sikre plattformar.

Dei største investeringane innanfor logistikkområdet omfatta materiell knytt til mottiltak mot improviserte sprengladingar, samt ingeniørmateriell til vedlikehald og snørydding av vegaksar og flyplassar. Det vart i tillegg nytta investeringsmidlar til geografisk kartlegging av område der Noreg har tryggingspolitiske interesser og der slik informasjon, med rett kvalitet, ikkje er tilgjengeleg på anna vis.

Kontraktane for dei to første F-35 flya til treningsformål vart signerte i 2012. Det er kjøp som Stortinget alt har godkjent, og som er planlagt levert i 2015. Kampflyprogrammet starta i 2012 førebuingane for gjennomføring av hovudleveransen av kampfly, jf. Stortingets vedtak om kjøp av inntil 52 F-35 kampfly.

Nybygg og nyanlegg

Forsvarsbygg starta i 2012 førebuinga av prosjektet for tilrettelegging av omstillinga til Luftforsvaret – med dette også planlegginga for etablering av ny kampflybase. Vidare har Forsvarsbygg prosjektert helikopterbase på Bardufoss og eit helikopterdetasjement på Haakonsvern, i tillegg til fleire andre store prosjekt som vart lagde fram for Stortinget våren 2013. Forsvarsbygg har i 2012 hatt stor byggjeaktivitet i samband med prosjektet på Bardufoss, på Jørstadmoen, i Oslo og Finnmark.

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid

Av fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid vart sju prosjekt finansielt avslutta. Av dei var tre større flyplassprosjekt, to på Ørland og eitt på Evenes. Tilrettelegging for mottak av NATOs nye luftkommando- og kontrollsystem (ACCS) vart ferdigstilt. ACCS skal verte installert og testa på Sørreisa i perioden 2013–2015.

Avhending av overskotsmateriell

Forsvaret avhenda materiell ved sal for brutto om lag 252 mill. kroner i 2012. I tillegg vart også noko materiell avhenda ved vederlagsfrie overføringar. M.a. vart det overført personleg klede og utrustning (PBU), samt to mindre farty av typen RIHB til Latvia. Overføringa av dette materiellet vil medverke til å gje det latviske forsvaret ein ny kapasitet i strukturen, samt styrkje forsvarssamarbeidet og dei gode relasjonane mellom Noreg og Latvia.

Forsking og utvikling (FoU)

FoU-verksemda som vert finansiert over forsvarsbudsjettet er innretta mot tilpassing av teknologi for militære formål, utvikling av konsept for militære operasjonar, støtte av og tilrettelegging for investeringar, og forsking innanfor tryggingspolitikk, personell og kompetanse. FoU-innsatsen har i stor grad vore knytt til pågåande og framtidig innkjøp av materiell. FoU-verksemda utgjer også grunnlaget for forskingsbasert undervisning ved Forsvarets skolar. Forsvarets forskingsinstitutt utfører ein vesentleg del av FoU-verksemda.

I 2012 var forskingsinnsatsen m.a. retta inn mot å støtte arbeidet med å skaffe fram nye kampfly og støtte til implementering og vidareutvikling av den vedtekne forsvarsstrukturen.

Innanfor samfunnstryggleik vart prosjektet BAS 7 – Nasjonal tryggleik og beredskap ført vidare. Prosjektet skal bidra til eit konsept for vern av samfunnet med hovudvekt på den øvre delen av krisespekteret.

Forsvarssektoren har gjennom heile 2012 hatt stor fokus på forsking innanfor området personell og kunnskap knytt til veteranar si helse. I 2012 var forskingsinnsatsen m.a. retta inn mot å identifisere målretta rekrutteringstiltak for å motivere både kvinner og menn til teneste i Forsvaret. Forskinga på årskull vart vidareført i 2012, og dette arbeidet vil halde fram i 2013.

Forsvarsdepartementet starta i 2010 opp eit heilskapleg forskingsprogram for områda veteranar og militærsosiologi, der m.a. forsking på kultur og haldningar, og forsking på psykologiske belastningsskadar inngår. Satsinga vart vidareført i 2012, og var m.a. retta inn mot ei planlagt undersøking av veteranane sine levekår. Forsking om veteranane si helse vil halde fram og styrkast i 2013.

Næringssamarbeid og samarbeid med offentlege verksemder nasjonalt og internasjonalt

Forsvaret utvikla i 2012 næringssamarbeid og samarbeid med offentlege verksemder vidare, nasjonalt og internasjonalt. Slikt samarbeid er naudsynt for å skaffe fram og oppretthalde ulike kapabilitetar for å løyse pålagte oppgåver. Næringslivet deltok i alt frå kompliserte og integrerte prosessar, til levering av enklare materiell, varer og tenester. Tiltak i St.meld. nr. 38 (2006–2007) «Forsvaret og industrien – strategiske partnere,» vart førte vidare.

3.3.4 Menneske, læring og utvikling

2012 markerte det siste året for sjølve handlingsplanen for haldningar, etikk og leiing (HEL). HEL-arbeidet held likevel fram i verksemda etter 2012, med same intensjon og hovudinnhald. Hovudmålet med HEL er at tilliten til forsvarssektoren vert halden oppe. Det inneber m.a. høgt medvett om etikk og verdiar, og god leiing. I 2012 hadde Etisk råd for forsvarssektoren særleg fokus på dei etiske grunnlagsdokumenta for sektoren, og starta dialogen med leiinga i Forsvaret og elles i forsvarssektoren. Arbeidet på lokalt nivå skaut fart, i samsvar med dei lokale handlingsplanane for HEL. Det vart arbeidd med at samlege tilsette i sektoren skal ta e-læringskurset for HEL. I perioden heldt Forsvaret fram med å sertifisere leiarar gjennom kurs i helse, miljø og tryggleik. Det vil framleis leggast vekt på arbeidet med kompetanseheving og sertifisering. Vidare har leiingsgruppene på ulike nivå starta opp med dilemmatrening kring etiske spørsmål.

SINTEF leverte i 2012 den andre av to delrapportar, som utgjer ei forstudie om mobbing og uønskt seksuell merksemd i Forsvaret. Den første delrapporten kom i 2011. Forprosjektet har hatt som overordna mål å undersøkje om Forsvaret har meir mobbing og uønskt seksuell merksemd enn samanliknande delar av norsk samfunnsliv og arbeidsliv.

Analysane viser at mobbing i Forsvaret har auka. Delen av tilsette i Forsvaret som seier dei er blitt mobba har auka frå 6,2 pst. i 2010 til 8,3 pst. i 2011. Dette er ein høgare del enn kva andre studiar frå norsk samfunnsliv viser i 2005 og 2007. Kvinner var noko meir utsette for mobbing enn menn, og sivilt tilsette noko meir enn militært tilsette. Dei under 30 og over 40 år var mest utsette. Når det gjeld uønskt seksuell merksemd, er funna om lag dei same i åra 2006–2011, med førekomst på mellom 3,2 og 4,5 pst. mellom dei spurte. Unge militære kvinner er mest utsette for uønskt seksuell merksemd. Ut ifrå funna kjem SINTEF med forslag til tiltak. Ei partssamansett gruppe i Forsvaret vart oppretta for å vurdere nye tiltak og vidare oppfølging av m.a. forslaga frå SINTEF.

2012 var andre året av regjeringa sin handlingsplan «I tjeneste for Norge».

I 2012 vart forskrifta for den særskilde kompensasjonsordninga utvida, slik at veteranar kan få utbetalt inntil 65G dersom dei alminnelege beviskrava er oppfylte som følgje av det lovfesta objektive ansvaret i forsvarspersonellova § 12b. I tillegg vart den første ordninga vidareført, der ein kan få kompensasjon med inntil 35G etter eit lågare beviskrav.

Statens pensjonskasse (SPK) har for perioden 2010–2012 fått til saman 406 saker. I 2012 vart det utbetalt 152 mill. kroner i kompensasjon til veteranane. Utbetalingar etter 65G-ordninga vart starta opp seint i 2012, og utgjer difor ein liten del av utbetalingane.

I 2009 starta Forsvaret eit arbeid knytt til oppfølging av veteranar frå Golf-krigen 1991–1993. Bakgrunnen var at enkelte veteranar har rapportert om spesielle helseutfordringar, og det vart stilt spørsmål ved om desse kunne vere relatert til internasjonal teneste i Golfen i 1991–1993. Forsvaret etablerte ei uavhengig arbeidsgruppe med representasjon frå veteranorganisasjonane for å få meir kunnskap om dette. Arbeidsgruppa la fram endeleg rapport i 2012. Rapporten var både ei kunnskapsframstilling etter gjennomgang av internasjonal forsking på dette området, samt ei registerundersøking. Med grunnlag i data frå Forsvarets helseregister, NAV og Kreftregisteret, konkluderte undersøkinga med at det ikkje er nokon forhøgd førekomst av kreft og uførleik for golfveteranar i høve til ei samanliknbar gruppe i normalbefolkninga.

I 2012 vart Forsvarets helseregister styrka med personell med relevant bakgrunn frå medisinsk forsking.

For å nå Forsvarets HMS-mål vart det utarbeidd årlege handlingsplanar med vekt på eit inkluderande arbeidsliv med lågt sjukefråvær og helsefremande tiltak. Det vert arbeidd med å etablere og setje i verk rutinar som sikrar balanse mellom oppgåver og ressursar. Dette vert gjort for å redusere overtidsbelastning, ulukker og skadar. Kompetansebygginga har vore viktig for å sikre gode haldningar og for å vareta arbeidsgivaransvaret. Det vart sett i gang eit arbeid med å utvikle og implementere eit felles HMS styrings- og rapporteringssystem (DIALOG). Forsvaret vart ei IA bedrift i 2012.

Forsvaret driv eit omfattande rus- og sjølvmordsførebyggande arbeid. Det vert gjennomført jamlege medarbeidarundersøkingar med konkrete oppfølgingstiltak. Informasjon om HMS og dialog med tilsette i Forsvaret vert gjennomført på alle nivå i heile organisasjonen. To gonger i året vert HMS magasinet «Mulighetenes Arena» gitt ut til Forsvarets tilsette. Det vert arbeidd aktivt med å utvikle ein velfungerande verneorganisasjon (FHAMU), med aktive verneombod og lokale Arbeidsmiljøutval. Det vert halde eit høgt trykk på HMS-arbeidet i alle ledd i organisasjonen, m.a. gjennom å byggje opp HMS-kompetanse i den militære utdanninga.

Forsvaret hadde ved utgangen av 2012 eit snitt for året på 17 140 årsverk, som var om lag som planlagt. Det langsiktige arbeidet med dreiing av personellstrukturen heldt fram i 2012, og vert vidareført i 2013. Figuren nedanfor illustrerer utvikling innanfor Forsvaret i perioden 2009–2012.

Figur 3.6 Utvikling i årsverk i Forsvaret

Figur 3.6 Utvikling i årsverk i Forsvaret

* Tal for 2012 inkl. 301 stillinger til Luftforsvarets hovudverkstad på Kjeller

Gjennomgåande hadde Forsvaret ein tilfredsstillande kompetansestruktur, sjølv om det innanfor enkelte område vart rapportert om manglar. Det gjaldt spesielt for einskilde miljø i Sjøforsvaret. Ei arbeidsgruppe i Sjøforsvaret la i 2012 fram ein tiltakspakke, der mange av tiltaka er sette i verk. Det vil likevel ta noko tid før situasjonen vert tilfredsstillande. Forsvaret har også fokus på tiltak som medverkar til rekruttering mot utsette område.

Arbeidet med utviklinga av eit system for kompetansestyring av dei tilsette vart vidareført i 2012, med sikte på å ha dette på plass i 2014. Søknaden til utdanning og verving i Forsvaret var generelt god også i 2012.

Ved utgangen av 2012 var 10,2 pst. av dei som avtente fyrstegongstenesta kvinner. Talet på kvinner som vert tekne opp på grunnleggande befalsutdanning er aukande, frå 15 pst. i 2010 til 18 pst. i 2012. Mellom dei tilsette i Forsvaret var kvinnedelen om lag 16 pst. På militær side var talet på kvinner for fyrste gong over 9 pst. (9,1 pst.). På sivil side har talet på kvinner i fleire år vore stabilt på om lag 32,5 pst. Sesjonsplikt for kvinner har medført at svarprosenten ved sesjon del 1 er om lag lik for kvinner og menn. Oppmøte for kvinner på del 2 er tilnærma lik oppmøtet for menn. Vernepliktsverket lukkast nokså godt med å fordele mange av kvinnene frå del 2 til teneste. Det høge fråfallet av kvinner før frammøte ved avdeling er likevel ei utfordring som må handterast. Difor har dei tre forsvarsgreinene byrja å kontakte alle kvinnene som er fordelte til dei. Forsvaret arbeidde også med ei rekkje andre tiltak for å sikre betre kvinnerekruttering. Kvart år arrangerer Forsvaret ein likestillingskonferanse der temaet vert teke opp. Forskinga ser både på korleis Forsvaret rekrutterer og beheld kvinner, samt på ulike former for maskulinitet i Forsvaret. Kvinner vert oppfordra til å søkje på alle slags stillingar, og dei fysiske opptakskrava er under revisjon. Eigne kvinnesamlingar vart også gjennomførte i 2012.

Forsvaret presiserte i 2012 uniformsreglementet sitt, der retten til å bera visse religiøse symbol vart vidareført og desse symbola er no standardiserte.

Verneplikta

Den nye sesjonsordninga og sesjonsplikta for kvinner vart fullt implementert i Forsvaret i 2012. Det vert forventa at ordninga medverkar til å redusere fråfallet samanlikna med tidlegare. Full effekt av den nye ordninga kan forventast frå 2014. Samanlikna med 2010 og 2011 er det allereie registrert redusert fråfall og auka kvinnedel både på sesjon og mellom dei som gjennomfører førstegongstenesta.

Utviklinga av eit målbart kvalifiseringssystem for vernepliktige mannskap vart ikkje fullført i 2012, og arbeidet vil halde fram i 2013.

Forsvarets behov er styrande for talet på vernepliktige mannskap som vert innkalla til og avtener førstegongsteneste. I 2012 hadde Forsvaret behov for å kalle inn 8 895 soldatar til teneste. Totalt 23 725 personar møtte på sesjon i 2012. Av desse var 6 769 kvinner. Talet på kvinner som har møtt til sesjon har auka mykje dei siste åra, og frå 2011 til 2012 var det ei auke på 28 pst. Det møtte totalt 10 704 til teneste i 2012. Første dag av utdanninga hadde Forsvaret 8 625 mannskap til militær opplæring, og av dei var 983 kvinner. Dette er ei stor auke frå 2011 då talet var 815. I 2012 vart 994 vernepliktige overført til disponering og teneste i Heimevernet, 275 til politireserven og 594 til Sivilforsvaret. Av mannskapa som møtte til førstegongsteneste i 2011, fullførte 7 836 tenesta, av dei 706 kvinner (9 pst.) i 2012. Fråfallsprosenten under førstegongstenesta var 15,9 pst. (16,8 pst. for kvinner) i 2011, mens den i 2012 var redusert til 12,9 pst. (13,7 pst. for kvinner).

Forsvaret er den største lærebedrifta i Noreg og har 555 lærlingar, fordelt på 32 ulike fag. Kvinnedelen av lærlingane var 19,5 pst. I 2012 besto 96 pst. av lærlingane fagprøva ved første forsøk.

1. juni 2012 blei siviltenesta lagt ned. Dette har medført ei auke i talet på søknader om fritak. I 2012 søkte 408 vernepliktige om fritak, noko som er ein auke på 24 pst. frå 2011.

3.3.5 Kulturverksemda i forsvarssektoren

I St.meld. nr. 33 (2008–2009) «Kultur å forsvare. Om kulturvirksomhet i Forsvaret frem mot 2020», la regjeringa fram forslag om auka satsing på kulturverksemda i Forsvaret. Denne satsinga heldt fram i 2012. Som del av satsinga fekk Forsvarets musikk ei auke i tildelinga på i underkant av 5 mill. kroner. Forsvarets museum har hatt tilnærma normal aktivitet i 2012. M.a. vart «Intops»-utstillinga opna 8. mai med H M Kongen tilstades. Norsk Militær Tattoo vart gjennomført i 2012 med 20 000 tilskodarar. Forsvarets avdeling for kunst og kultur (FAKT) tilpassa i 2012 årsverk og budsjett innanfor tildelte rammar.

«Kulturforum» vart oppretta i 2012 i samsvar med regjeringa sin intensjon.

3.3.6 Forsvarsrelaterte organisasjonar

Forsvarsdepartementet tildeler driftsstøtte, og prosjektstøtte til forsvarsrelaterte frivillige organisasjonar og verksemder. Dette vert gjort for å stimulere sivilsamfunnet til aktivitet som fremmar kunnskap og merksemd om norsk tryggings- og forsvarspolitikk, eller som støttar opp om Forsvarets oppgåver. 2012 var det første året med ei meir aktivitetsbasert tildeling av økonomisk støtte til desse organisasjonane. Omlegginga inneber at organisasjonane i større grad får økonomisk støtte på bakgrunn av synlege mål, aktivitetar og resultat. Som ein konsekvens fekk enkelte organisasjonar ein reduksjon i den økonomiske støtta for 2012. Forsvarsdepartementet har vidare arbeidd med å utvikle tilskotsforvaltninga og oppfølginga av bruken av dei tildelte midla. M.a. vart det utarbeidd eit internkontrollsystem for tilskotsordningane, og informasjonen på departementet si heimeside vart betra. Organisasjonane gav i 2012 viktige bidrag til oppfølginga av handlingsplanen «I tjeneste for Norge». Ei rekkje arrangement vart halde rundt om i landet og medverka til auka kunnskap om tryggings- og forsvarspolitikken. Andre viktige bidrag var tidsskrift om Forsvaret og andre medieprosjekt, og kampanjar som «Støtt våre soldatar».

Ei oversikt over tildelingar i 2012 er på Forsvarsdepartementets heimeside.

3.4 Forsvarsbygg, Nasjonalt tryggingsorgan og Forsvarets forskingsinstitutt

3.4.1 Forsvarsbygg

Forsvarsbyggs verksemd er mangfaldig og spenner over alle aspekt knytte til utvikling, drift og avhending av eigedomar, bygg og anlegg i forsvarssektoren, m.a. også varetaking av kulturminne i sektoren.

Forsvarsbygg har i 2012 vidareført tiltaka frå 2011 som ytterlegare skulle betre evna til forsvarleg forvalting. Forsvarsdepartementet er nøgd med at tiltaka har ført med seg betra evne til forsvarleg forvalting i etaten. Departementet er i tett dialog med Forsvarsbygg, og følgjer opp at Forsvarsbygg held fram med å prioritere god intern kontroll og styring av verksemda.

Forsvarsbygg har gjennom analysar av tilstandsgraden for bygg og anlegg i forsvarssektoren vist at vedlikehaldet må styrkast for å sikre at verdiane vert haldne på eit tilstrekkelig høgt nivå. Dette vil krevje økt fokus på vedlikehald i tida som kjem.

Forsvarsbygg har i 2012 starta førebuinga av prosjekt for tilrettelegging av omstillinga til Luftforsvaret – med dette også planlegging for etablering av ny kampflybase. Vidare har Forsvarsbygg prosjektert helikopterbase på Bardufoss og helikopterdetasjement på Haakonsvern, og fleire andre store prosjekt som vart lagde fram for Stortinget våren 2013. Forsvarsbygg har i 2012 hatt stor byggjeaktivitet på prosjekt på Bardufoss, Jørstadmoen, Oslo og i Finnmark.

I 2012 vart det også etablert eit statlig kompetansesenter for vern og trygging i Forsvarsbygg. Dette tiltaket vil medverke til å styrkje satsinga i staten gjennom klarlegging av fagområdet, styrking av kompetansenettverk og betre utnytting av ressursane på tvers av sektorane i staten.

Forsvarsbygg avslutta i 2012 sitt engasjement i Afghanistan etter seks års innsats. Det norske styrkebidraget til Faryab-provinsen vart trekt tilbake og den norske leiren i Maymaneh overlevert til afghanske styresmakter. Dette er ein milestolpe for Forsvarsbygg ved at det er første gang sidan opprettinga at organisasjonen har planlagt, bygd, drifta og avhenda eigedom, bygg og anlegg (EBA) til støtte for Forsvarets operasjonar i utlandet. Forsvarsbygg er i samarbeid med Forsvaret i gang med ei evaluering av innsatsen for å trekkje lærdomar for framtidige engasjement i utlandet.

Vedlikehald av festningane

Forsvarsbygg har i 2012, i tillegg til ordinært vedlikehald, brukt 76,5 mill. kroner til ekstraordinært vedlikehald av festningane. Festningane står i hovudsak fram som godt vedlikehaldne anlegg, som er tilgjengelige for befolkninga, og viser at forsvarssektoren tek sitt ansvar for å unngå tap av kulturminne.

Avhending av eigedom

I 2012 hadde Forsvarsbygg eit nettoresultat frå avhending og sal av eigedom på 154 mill. kroner. Det er 19 mill. kroner meir enn året før, men 2 mill. kroner lågare enn budsjettert. 2012 vart også prega av sal av mange bustader. Marknadssituasjonen for rive- og sikringsarbeid var uendra samanlikna med 2011. I 2012 vart det gjennomført større arbeid for opprydding av miljø på Bømoen i Voss kommune, på Olavsvern i Tromsø og på Regimentsmyra i Fredrikstad. I 2012 avhenda Forsvarsbygg om lag 143 000 kvm EBA. Forsvarsbygg har framleis att om lag 263 000 kvm å avhende som er utrangert tidlegare. Samstundes vert arbeidet med å utrangere EBA som etatane i sektoren ikkje treng for å løyse sine oppdraga sine intensivert. Det vil føre til at ytterlegare kvm vert overførte til Forsvarsbygg frå sektoren for avhending.

3.4.2 Nasjonalt tryggingsorgan

Både langtidsplanen for forsvarssektoren, Prop. 73 S (2011–2012), «Et forsvar for vår tid», og Meld. St. 29 (2011–2012) «Samfunnssikkerhet», har løfta fram Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) si rolle som det sentrale organet for vern av informasjon og infrastruktur av verdi for kritiske og andre viktige samfunnsfunksjonar. For å følgje opp satsinga vart NSM omorganisert 1. januar 2013, med ei målsetjing om å synliggjere leveransane, leggje betre til rette for samhandling, og utvikle NSM vidare som direktorat.

Arbeidet med å tryggje norske bygg og installasjonar mot terror og sabotasje har teke mykje tid i 2012. Forskrift om objekttrygging vart sett i kraft 1. januar 2011, og skal vere ferdig implementert innan utgongen av 2013. Forskrifta vil føre til at Noreg for første gong får ei nasjonal oversikt over kritisk infrastruktur, og sørgje for ei heilskapeleg trygging av desse objekta på tvers av sektorar. Etterspurnaden er framleis stor etter råd og rettleiing om kva som kan vere skjermingsverdige objekt som skal tryggast.

NSM gjennomfører svært mykje sakshandsaming gjennom eit år. Det vert m.a. henta inn personopplysningar til bruk i arbeidet med tryggingsklareringar, det vert gitt klareringar til verksemder som skal levere varer og tenester, og det vert gitt lisensar til dei som skal fotografere frå lufta. Også operativ verksemd, som handteringa av dataangrep, tekniske tryggingsundersøkingar og inntrengingstesting av datasystem, har teke mykje tid. Kapasiteten for inntrengingstesting har i 2012 vore sterkt etterspurt. Testrapportane og påfølgande rettleiing har gitt verksemda eit betydeleg løft innanfor førebyggande tryggingsarbeid. Erfaringane vert tatt systematisk med i vidareutviklingsarbeidet i NSM.

Nye lokale for NorCERT-funksjonen på Bryn i Oslo har vore eit stort løft for NSM i 2012. Trenden når det gjeld talet på saker knytte til dataangrep har vore kraftig stigande i 2012. I tillegg til eit aukande tal på saker har det også vore fleire krevjande og alvorlege tilfelle som har kravd mykje ressursar frå NSMs side. Med dei nye lokala er NSM i stand til å handtere endå fleire dataangrep, og innføre døgnkontinuerleg bemanning av operasjonssentret.

Det har vore ei auke i talet på førespurnader til NSM, noko som kan tyde på ein auka tryggingskultur i så vel private som offentlege verksemder. Ei av utfordringane er korleis vanlege tilsette nyttar datamaskinar og mobilar, og kor flinke dei er til å tenkje tryggleik på arbeidsplassen. Det var i 2012 stor pågang etter foredragshaldarar frå NSM. I den nasjonale tryggingsmånaden oktober gjennomførte NSM regionale tryggingsseminar i Oslo, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim og Bodø. Det vart også gjennomført seks grunnkurs i personelltrygging i 2012, i tillegg til undervisning i førebyggande trygging generelt.

Tilsynsverksemda er en sentral del av NSMs oppgåver, og det vert lagt stor vekt på å trekkje erfaringar frå analysane av tryggingstilstanden inn i utviklinga av tryggingstiltak. På grunn av den høge aktiviteten på andre område, har NSM i 2012 ikkje hatt nok ressursar til å nå ambisjonane for arbeidet med tilsyn. Det har likevel vore gjennomført ei tilstrekkeleg mengd tilsyn for å sikre eit godt grunnlag for utarbeidinga av Rapport om tryggingstilstanden.

3.4.3 Forsvarets forskingsinstitutt

Forsvarets forskingsinstitutts (FFIs) omsetjing i 2012 var på 816,1 mill. kroner, om lag det same reelle nivået som året før. Basistildelinga, som i 2012 utgjorde om lag 21 pst. av inntektene, finansierer grunnlagsstudium og forskingsstrategiske program. I 2012 utgjorde oppdragsforskinga om lag 77 pst. av FFIs samla aktivitetsnivå. Oppdraga vart gitte innanfor eit breitt spekter av fag- og kompetanseområde, m.a. knytt til å skaffe fram nytt materiell og til forvaltingsoppdrag for Forsvarsdepartementet. Forvaltingsoppdraga omfatta m.a. støtte til langtidsplanlegging og til deltaking i internasjonale vitskapelege og teknologiske fora, samt til representasjon i forskingsprogram og forskingssamarbeid knytt til NATOs Science and Technology Organisation . Samarbeidet med European Defence Agency (EDA) vart ført vidare. FFI gav også i betydeleg grad råd om val av teknologiløysingar og operasjonskonsept.

Oppdrag frå sivile oppdragsgivarar i inn- og utland utgjorde rundt 7 pst. av aktivitetane. Det er god kontakt og til dels tett samarbeid mellom FFI og relevant norsk industri.

Kvaliteten på FFIs verksemd vert m.a. målt ved talet på publikasjonar i tidsskrift med fagfellevurdering pr. forskarårsverk, som ligg på rundt 0,14 i 2012 mot 0,15 i 2011. Talet på foredrag ved konferansar med utveljingskomité pr. forskarårsverk var 0,16 i 2012 mot 0,19 i 2011 og 0,16 i 2010. Ved avsluttinga av alle prosjekt vert brukarane i tillegg spurte om i kva grad dei er nøgde med produkta. Resultata av desse evalueringane har vore jamt gode over fleire år.

3.5 Gjennomføring av langtidsplanen for perioden 2009–2012

Sidan årtusenskiftet har det vore gjennomført store endringar i den norske forsvarssektoren. I sum utgjer dette ein av dei mest omfattande omstillingsprosessane i det offentlege Noreg. Resultata er skapte gjennom eit langvarig og omfattande fornyingsarbeid, store struktur- og organisasjonsendringar samt brei politisk vilje og evne til langsiktig satsing på forsvarssektoren.

Perioden 2009–2012 har i stor grad danna den siste fasen i det gjennomgripande omstillingsarbeidet som vart starta i 2001, eit arbeid der den samla sektoren har vore gjenstand for betydelege endringar. Slik sett representerer slutten på perioden 2009–2012 også ei sentral hending sett i høve til dei to føregåande langtidsperiodane. Både Stortinget, regjeringa og forsvarssektoren sjølv har halde fast ved og følgt opp dei heilskaplege og langsiktige planane som vart vedtekne politisk gjennom Innst. S. nr. 318 (2007–2008), jf. St.prp. nr. 48 (2007–2008) samt nye avgjerder som vart sette i gang undervegs i perioden.

3.5.1 Måloppnåing

I den langtidsplanen regjeringa la for forsvarssektoren i perioden 2009–2012, er hovudmåla nådde, medrekna styrka operativ evne. Samla har dette gitt landet eit forsvar med mykje moderne materiell, som kan reagere raskare, som flyr meir, seglar meir, øver meir og som er betre i stand til å ta hand om tryggleiken i norske nærområde og medverkar til internasjonal tryggleik og stabilitet. Det er etablert eit meir nyttig og relevant norsk forsvar, med ein meir berekraftig balanse mellom oppgåver, struktur og ressursar i sektoren. Ein berekraftig balanse har vore ei av dei mest sentrale målsettingane i omstillinga, ved sida av styrka operativ evne.

3.5.2 Oppgåver og ambisjonar

Alle hovudoppgåvene for Forsvaret vart vidareførte frå føregåande langtidsperiode, med ei inndeling i nasjonale oppgåver , oppgåver som må løysast i samarbeid med andre og andre oppgåver . Samtidig låg hovudambisjonen fast: Forsvaret skal ha evne til å løyse oppgåver i heile konfliktspekteret, inkludert høgintensive stridshandlingar .

Erkjenninga som vidare vart lagt til grunn, var at Noreg framleis ikkje skal sikte mot eit forsvar som aleine kan møte heile spekteret av utfordringar. Difor ville alliansetilknytinga og tett kopling til det sivile samfunnet framleis vere avgjerande for forsvarsevna. Det nye forsvaret, i større grad innretta mot laupande og rask innsats, som vedtatt av Stortinget, vart følgeleg føresett vidareutvikla innanfor følgande rammer:

  • Gradert reaksjonsevne – frå minuttar til månader frå «beredskapsklar» til «klar»,

  • god evne til å fungere i NATO-ramma og saman med våre allierte, spesielt i ev. alvorleg krise og væpna konflikt, og

  • god evne til styrkeoppbygging, m.a. ved å trekke på reservar, både kontraktsbaserte og mobiliserbare.

3.5.3 Utvikling av operativ evne

Overordna målsetting for den vidare utviklinga av Forsvaret i perioden 2009–2012, var å oppretthalde og vidareutvikle den operative evna. Dette krev ein forsvarsstruktur som har relevante militære kapasitetar med tilstrekkeleg reaksjonsevne, kampkraft, tilgjengelegheit og uthald, og som evnar å samarbeide effektivt med sivile aktørar, allierte og partnarar.

Gjennom perioden har den operative evna vorte styrka. Dei fremste faktorane som medverkar til måloppnåing, er auka aktivitet til trening og øving i forsvarsgreinene, auke i årsverk i Hæren, ei positiv utvikling innanfor trening og øving av strukturen i Heimevernet samt ei betydeleg modernisering av militært materiell. Forsvaret har også sanka betydeleg og verdifull erfaring frå internasjonale operasjonar, noko som gjer sitt til å heve kompetansen både på individnivå og i organisasjonen. I tillegg har den samla aktiviteten i nordområda medverka til ei positiv utvikling i den operative evna.

Norske bidrag til internasjonale operasjonar har lege på eit høgt nivå i heile perioden, og engasjementet i Afghanistan har vore dominerande. Parallelt med ISAF-oppdraget, har Forsvaret også delteke med substansielle bidrag for FN i Tsjad, for NATO i Libya samt for EU og NATO i strid mot piratar utanfor Afrikas Horn. Forsvaret har også regelmessig stilt med bidrag i NATOs ståande reaksjonsstyrke og i EUs nordiske stridsgruppe i 2011. Norske bidrag har halde eit høgt kvalitativt nivå, og innsatsen har sanka påskjøning både frå våre allierte, partnarar og dei organisasjonane som leier operasjonane. Dette har ført til at norsk militærmakt er svært etterspurt i internasjonal krisehandtering. Nedanfor er ei tabellmessig oppsummering.

Utvikling i evne til å løyse Forsvarets oppgåver

2008

2009

2010

2011

2012

Sikre et nasjonalt beslutningsgrunnlag

Tilfredsstillende (-)

Tilfredsstillende

Tilfredsstillende

Tilfredsstillende

Meget tilfredsstillende

Hevde norsk suverenitet

Meget tilfredsstillende (-)

Meget tilfredsstillende

Tilfredsstillende

Meget tilfredsstillende

Meget tilfredsstillende

Myndighetsutøvelse

Meget tilfredsstillende (-)

Tilfredsstillende

Tilfredsstillende

Meget tilfredsstillende

Meget tilfredsstillende

Forebygge og håndtere episoder og sikr.pol. kriser

Tilfredsstillende (-)

Tilfredsstillende (-)

Tilfredsstillende (-)

Tilfredsstillende

Tilfredsstillende

Bidra til kollektivt forsvar av Norge og NATO

Tilfredsstillende (-)

Tilfredsstillende (-)

Tilfredsstillende (-)

Tilfredsstillende

Tilfredsstillende

Bidra til flernasjonal krisehåndtering og fredsoperasj.

Tilfredsstillende (-)

Tilfredsstillende

Tilfredsstillende

Meget tilfredsstillende

Meget tilfredsstillende

Støtte til diplomati og til å forhindre spredning av MØV

Meget tilfredsstillende

Meget tilfredsstillende

Meget tilfredsstillende

Meget tilfredsstillende

Meget tilfredsstillende

Bidra til samfunnssikkerhet og sentrale samfunnsoppg.

Meget tilfredsstillende

Tilfredsstillende

Tilfredsstillende

Meget tilfredsstillende

Meget tilfredsstillende

Basert på Forsvarssjefens vurdering av operativ evne.

To av dei åtte definerte oppgåvene får særskilt omtale: (1) Å førebygge og handtere episodar og tryggingspolitiske kriser i Noreg og i norske område, og (2) å medverke til kollektivt forsvar av Noreg og andre delar av NATO mot truslar, anslag og angrep. Desse er rekna for å vere dei mest krevjande oppgåvene, og kan omfatte styrkeoppbygging og bruk av heile forsvarssektoren og strukturen i Forsvaret samstundes. Evna til å løyse desse oppgåvene er tilfredsstillande ved utgangen av perioden, og trass i ei positiv utvikling, er det likevel rom for forbetring. Slik forbetring er særleg knytt til innføring av nye kapasitetar, modernisering, auka trening og øving samt styrking av forhold med beredskapmessig karakter.

3.5.4 Realisering av økonomiske målsettingar

Ei grunnleggande målsetting i langtidsplanen for perioden 2009–2012 var å omdisponere midlar frå lågare til høgare prioritert verksemd og å skape ein meir varig balanse mellom oppgåver, struktur og ressurstilgang i Forsvaret. Dei økonomiske rammene som vart lagde til grunn, innebar ei satsing på forsvarssektoren med omsyn til løyvingar: Det vart lagt opp til ei gradvis opptrapping av forsvarsramma frå 2008-nivået på 31,54 mrd. kroner til eit nivå som låg 800 mill. kroner høgare, målt i 2008-kroner. Samstundes med auken i løyvingar, skulle forsvarssektoren gjere sitt til å nå målsettinga gjennom omfattande tiltak innanfor effektivisering og organisasjonsendringar innanfor eiga verksemd. Dette omfattar m.a. å avvikle basar og annan infrastruktur, effektivisere interne prosessar i forsvarssektoren samt å redusere avsetningar til avgangsstimulerande tiltak for overtalig personell. Totalt skulle sektoren frigjere 1,13 mrd. 2008-kroner ved hjelp av slike tiltak.

Stortinget og regjeringa har heilt og fullt følgt opp styrkinga av forsvarsbudsjettet slik det vart lagt opp til i langtidsplanen. Forsvarssektoren har på si side også følgt opp si plikt gjennom å frigjere og omdisponere midlar tilsvarande 1,39 mrd. 2008-kroner. Av dette kan om lag 830 mill. 2008-kroner skrive seg frå interneffektivisering. Arbeidet med interneffektivisering i langtidsperioden 2009–2012 har skilt seg frå tilsvarande arbeid i tidligare periodar ved at etatane i større grad sjølve har vore ansvarlege for å identifisere og følgje opp tiltaka knytte til interneffektiviseringa. Dette har skapt betre lokal forankring og kraft i gjennomføringa. Dei frigjorde midlane har i hovudsak vorte nytta til å sikre innfasing av ny struktur (slik som nye fregattar, korvettar, transportfly og maritime helikopter), auke arbeidsstokken i prioriterte avdelingar i Hæren og styrke trening og øving i heile strukturen.

I tillegg har det vorte løyvd i overkant av 2,5 mrd. kroner nominelt utover det kravet som var sett for løyvingane i langtidsplanen. Desse løyvingane er knytte til operasjonar i utlandet, og då hovudsakeleg til operasjonane i Afghanistan, Adenbukta, Tsjad og Libya. Kravet til utgiftsnivået for norske styrkar i utlandet vart som utgangspunkt for perioden vidareførd på nivå med saldert budsjett for 2008. Finansiering av ev. større bidrag skulle avklarast når dette vart aktuelt. Det vart også løyvd 720 mill. kroner nominelt til erstatning for transportflyet som styrta i Sverige 15. mars 2012. Stortinget har dessutan løyvd om lag 370 mill. kroner nominelt til regjeringa si veteransatsing. Det reelle samla omfanget av løyvingar i perioden vart dermed nærmare 3,6 mrd. kroner nominelt høgare enn lagt til grunn i langtidsplanen, og kom på toppen av den planlagde og realiserte styrkinga på 800 mill. 2008-kroner.

Innanfor materiellinvesteringar vart det lagt til grunn eit moderert ambisjonsnivå for omfanget av framtidige materiellanskaffingar. Samanlikna med eit vidareført ambisjonsnivå frå perioden 2005–2008, innebar eit slikt moderert nivå at sektoren fekk lågare årlege kostnader knytte til materiellanskaffingar tilsvarande 1,6 mrd. 2008-kroner. Trass i eit redusert nivå, vart det lagt opp til å gradvis auke avsettinga til materiellinvesteringar med 1,1 mrd. 2008-kroner i 2012 samanlikna med 2008-nivået. Den samla tildelinga til materiellanskaffingar for heile perioden vart likevel om lag 1,3 mrd. 2012-kroner lågare enn opptrappinga langtidsplanen la til grunn. Hovudårsakene til denne lågare tildelinga er at regjeringa i perioden valde å satse ytterlegare på varetaking av veteranar, operasjonsspesifikk trening for styrkane som skulle deployerast, miljøopprydding og energiøkonomisering. I tillegg vart både Etterretningstenesta og Nasjonalt tryggingsorgan betydeleg styrka. Desse satsingane førte naturleg nok også til at forsvarssektoren samla sett har hatt eit noko høgare nivå på driftsutgiftene enn det som var føresett for perioden.

Langtidsplanen for 2009–2012 ønska å sikre mogelegheita til vidareutvikling av Heimevernet innanfor ei forsvarleg økonomisk ramme. Ambisjonsnivået vart såleis justert ned til 45 000 befal og mannskap frå eit nivå på 50 000 i perioden 2005–2008. Denne justeringa førte til reduserte årlege kostnader på totalt 30 mill. 2008-kroner knytte til den operative strukturen i Heimevernet.

3.5.5 Utvikling i Forsvaret i perioden

Hæren

Den planlagde utviklinga av strukturen i Hæren og realisering av hovudmåla for avdelingar i brigaden, har i hovudsak vorte gjennomførte i perioden. Bemanninga i Hæren har auka med i overkant av 40 pst. sidan 2008. Auken i bemanninga, spesielt knytt til brigadestrukturen, har, saman med den auka aktiviteten i øvingar, medverka til å sikre at brigadesystemet har kunna vareta sitt oppdrag innanfor nasjonal beredskap. Samtidig har det bidratt til å kunne stille styrkar av svært høg kvalitet til operasjoner i utlandet.

Påkjenninga knytt til operasjonar i utlandet har gjennomgåande vore ei utfordring for Hæren. Det har vore nødvendig å utvide den operasjonsspesifikke treninga før deployering til utlandet, og Hæren har gitt frå seg eit større styrkebidrag enn det langtidsplanen la opp til. Samstundes har treninga og operasjonane tilført Hæren auka kompetanse på mange nivå innanfor dei fleste fagområda. Hæren har starta ei betydeleg modernisering av materiellet og førebur m.a. innføring av pansra spesialkøyrety, nye panservernvåpen og nytt feltartilleri.

Strenge prioriteringar har tillate berre gradvis auke i talet på øvingsdøgn for Hæren, samstundes som det har vore avgrensingar knytte til materielltilgang. I perioden har det vorte tildelt ekstraordinære midlar for å mogleggjere øving og samtrening innanfor brigadesystemet.

Hæren, med støtte av Vernepliktsverket, har etablert ei ordning der nyleg utdanna mannskaper, personell på beredskapskontraktar og tidlegare verva personell kan bli organiserte i ein reserve, og dermed gje tilgang på fleire mannskap ved behov.

Base- og støttestrukturen i Hæren vart, som lagt til grunn for perioden, ytterligare konsentrert til Østerdalen, Sessvollmoen og Indre Troms. Generalinspektøren for Hæren med delar av staben var flytta frå Oslo til Bardufoss pr. 1. august 2009.

Sjøforsvaret

Gjennom heile perioden har Sjøforsvaret vorte betydeleg modernisert, og innfasing av nye Fridtjof Nansen-klasse fregattar og Skjold-klasse korvettar har vore særleg prioriterte. Samstundes har både mineryddarar og undervassbåtar vorte oppgraderte. Heile den planlagde, nye fartystrukturen er fasa inn ved utgangen av perioden, men er noko forseinka i høve til den opphavlege planen. Uteståande strukturtiltak som påverkar operativ evne i Sjøforsvaret, er først og fremst knytte til forseinkingar i NH90-programmet samt innfasinga av nye sjømålsmissil og nye lettvektstorpedoar.

I langtidsperioden har det vore utfordringar knytta til produksjon på systema undervassbåt, minefarty og korvett. Dette skuldast i hovudsak forseinkingar knytte til leveransar, opphald på verkstad, reservedelsproblematikk samt tekniske driftsproblem.

Base- og støttestrukturen i Sjøforsvaret vart i perioden konsentrert til høvesvis Bergen (Haakonsvern) og regionen Ramsund/Harstad/Sortland. Olavsvern base vart lagt ned i 2009.

Generalinspektøren for Sjøforsvaret med tilhøyrande stab flytta frå Oslo til Bergen i 2009.

Kystvakta har oppdatert og modernisert fartystrukturen, og seglar i alt 15 farty frå 2013. Sjef Kystvakt med tilhøyrande stabsfunksjonar vart ved årsskiftet 2011/2012 flytta til Sortland. Samlinga av både leiing og farty medverkar til regjeringa si satsing på nordområda, og legg til rette for synergi ved at kystvaktfaglege råd og avgjerder kan bli utvikla i eit sterkt fagleg miljø.

Luftforsvaret

Luftforsvaret er også blitt modernisert i perioden. C-130J taktiske transportfly fekk status som fullt operative i januar 2012. Tapet av eitt fly ved Kebnekaise i mars 2012 og anskaffinga av eit erstatningsfly for dette, førte likevel til at eitt fly ikkje er fullt operativt ved utgangen av perioden.

Vidare har arbeidet med å førebu innfasinga av NH90 maritime helikopter vorte prioritert. Luftforsvaret har ved utgangen av 2012 motteke to NH90 maritime helikopter. Helikoptra er kraftig forseinka grunna forhold hjå leverandøren. Oppgradering av P-3C/N maritime patruljefly har gått føre seg gjennom heile perioden, og vil fortsette i perioden 2013–2016. Førebuingane knytte til innfasing av nye F-35 kampfly har gjennomgåande stått heilt sentralt. F-35 programmet starta i 2011 prosessen med å kjøpe dei fire første F-35 kampflya som berre skal brukast til trening.

Luftforsvaret har hatt ulike utfordringar knytte til aktivitet i perioden, slik som tilgang på nødvendig tal på flytimar, rekruttering samt små fagmiljø med avgrensa uthald. Flytimeuttaket har vorte noko redusert samanlikna med planlagt nivå, m.a. grunna forseinka innfasing av NH90 maritime helikopter, tekniske- og personellrelaterte utfordringar for transporthelikoptera, tap av eitt C-130J taktisk transportfly samt både reservedelsproblematikk for og forseinka oppdatering av P-3 Orion.

Luftforsvaret har i perioden hatt redusert evne til å understøtte Kystvakta med Lynx-helikopter. Lynx-systemet nærmar seg slutten av teknisk levealder, og har difor vist seg svært krevjande å halde operative.

Organisasjon og basestruktur i Luftforsvaret har vore nøye gjennomgått som følgje av den komande innfasinga av nye F-35 kampfly. Planlagde endringar vil først verte gjennomførte i perioden 2013–2016 og seinare. Generalinspektøren for Luftforsvaret med tilhøyrande stab har i perioden vore førebels lokalisert på Rygge.

Heimevernet

Heimevernet (HV) vart i perioden vidareført med nærvær i alle landsdelar, og har vorte vidareutvikla til styrkar som let seg mobilisere og har kort reaksjonstid, og som er godt trena og utrusta.

Organisasjon og struktur i HV er i perioden vidareført med elleve distriktsstabar. Generalinspektøren for Heimevernet med stab flytta frå Oslo til Elverum i 2011. For å frigjere midlar til auka trening og øving, vart befalsskulen for Heimevernet flytta frå Værnes til Porsangmoen.

Innsatsstyrkane i HV er gjennomgåande blitt høgt prioriterte når det gjelder trening og øving, og nivået på øving har halde seg stabilt i heile perioden. I høve til måltalet for personell i innsatsstyrken ved utgangen av perioden, vart graden av oppfylling 69 pst. Dette skuldast i stor grad utfordringar med rekruttering til innsatsstyrkane. I langtidsplanen for perioden 2013–2016 er det fastsett at innsatstyrkane skal vidareførast med 3 000 personell.

I 2009 var det berre befal og spesialistar som fekk kurs i områdestrukturen. Dette skjedde i påvente av at planlagde tiltak for ressursfrigjering skulle gje tilstrekkeleg effekt. Treningsnivået for forsterkings- og oppfølgingsstyrkar i HV er ved utgangen av perioden heva til eit nivå der meir enn halvparten (55 pst.) av områdestrukturen gjennomfører årleg trening. Dei strenge prioriteringane undervegs i perioden har ført til at 56 av 242 HV-område ikkje var operative ved utgangen av 2012, primært grunna manglande trening og øving.

HV har i perioden medverka med personell til internasjonale operasjonar.

Forsvarets operative hovudkvarter

Etableringa og vidareutviklinga av Forsvarets operative hovudkvarter på Reitan utanfor Bodø, er gjennomført slik som lagt til grunn i langtidsplanen. Etter ei heilskapleg vurdering vart Alliert treningssenter Sør og Alliert treningssenter Nord lagde ned. Dette grepet førte til at verksemda vart samla i eitt nytt konsolidert alliert treningssenter (ATS) underlagt Forsvarets operative hovudkvarter, og med hovudsete og infrastruktur på Porsangmoen samt med infrastruktur og i Åsegarden og på Evenes.

Spesialstyrkane

Spesialstyrkane er vidareutvikla i tråd med langtidsplanen. Det er også oppretta eit felles element for leiing i Forsvarsstaben, Spesialoperasjonsavdelinga. I etterkant av hendingane 22. juli 2011 har spennet i framtidige oppdrag for styrkane fått meir merksemd, m.a. knytte til spørsmål om utvida beredskap.

Forsvarets logistikkorganisasjon

I perioden har Forsvarets logistikkorganisasjon vorte omstilt for å tilpasse seg den operative strukturen. Verkstader, med tilhøyrande driftsorganisasjonar og garnisonstenester, er flytta frå Forsvarets logistikkorganisasjon tilbake til forsvarsgreinene, Heimevernet og Cyberforsvaret.

I 2012 gjennomførte Forsvarets logistikkorganisasjon med suksess den største nasjonale logistikkoperasjon i vår tid i samband med tilbaketrekkinga av dei norske styrkane frå Faryab-provinsen i Afghanistan.

Luftforsvarets hovudverkstad på Kjeller vart 15. desember 2011 omdanna til statsføretak som eit resultat av Stortingets behandling av Innst. 60 S (2011–2012), jf. Prop. 3 S (2011–2012). Aerospace Industrial Maintenance Norway SF (AIM Norway SF) har overteke ein oppdragsportefølje som var samansett av vedlikehaldsoppdrag Luftforsvarets hovudverkstad på Kjeller allereie utførte for Forsvaret. I tillegg skal verksemda konkurrere om nye oppdrag, primært innanfor luftmilitært vedlikehald. Føremålet har vore å legge til rette for at det som var Luftforsvarets hovudverkstad på Kjeller skulle kunne vidareføre vedlikehald på sentralt luftforsvarsmateriell (eksempelvis F-16 og Sea King) ut levetida til systema samstundes med at verksemda skal kunne vere med å konkurrere om oppdrag på kommersiell basis slik det går fram av Prop. 3 S (2011–2012).

Cyberforsvaret

Forsvaret har gjennom perioden vidareført arbeidet med å forbetre evna til å møte truslar i det digitale rommet. Dette omfattar, i tillegg til førebyggande grunnsikring av eigne informasjonssystem, evne til militære operasjonar innanfor det såkalla cyberdomenet. Det har vore sentralt å syte for sikre IKT-system i Forsvarets operasjonar nasjonalt og internasjonalt, og å fornye systema i takt med den teknologiske utviklinga. Forsvaret har eit mål om å «effektivt utnytte teknologisk infrastruktur». Forsvaret har difor lagt vekt på arbeidet med å ta ut effekt gjennom innføring av ny teknologi, og har auka kompetansen for effektiv oppgåveløysing. Samstundes vert det rapportert om utfordringar knytte til fornyinga av Forsvarets kommunikasjonsinfrastruktur. I tillegg har truslane mot IKT-system vorte tydelegare gjennom perioden. Forsvaret har difor hatt fokus på å vidareutvikle evna til å møte angrep fremma gjennom cyberdomenet.

Sjef Forsvarets informasjonsinfrastruktur (INI) er etablert i perioden for å vareta ei einskapleg og heilskapleg leiing og styring av Forsvaret sine samla ressursar innanfor informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Organiseringa av INI vart vidareutvikla gjennom å flytte sjef INI med tilhøyrande stabsfunksjonar frå Oslo til Jørstadmoen pr. 1. august 2011, og organisasjonen vart dermed lokalisert saman med Forsvarets kompetansesenter for kommando-, kontroll- og informasjonssystem (FK KKIS). Samlokaliseringa har lagt til rette for ei meir effektiv innretting av verksemda til sjef INI, som etter omorganiseringa hadde om lag 1 100 militære og sivile årsverk, med Jørstadmoen og Kolsås som hovudlokalisering. I 2012 skifta Forvarets informasjonsstruktur namn til Cyberforsvaret, og sjef INI vart endra til sjef Cyberforsvaret.

Forsvarets sanitet

FSAN har hatt ein vekst i årsverk på 16 pst. frå 2008 til 2012, som er noko lågare enn det som vart lagt til grunn i langtidsplanen for perioden 2009–2012. I tillegg vart det eit mål for perioden å sikre rask tilgang til personell samt auke uthaldet til personellet i samband med internasjonale operasjonar. Arbeidet med å nå dette målet vart sett i verk mot slutten av perioden og vil halde fram i planperioden 2013–2016. Det er framleis vesentlege forseinkingar innanfor materiellprosjekta og i utviklinga av feltsjukehus, som m.a. skulle vidareutviklast gjennom fleirnasjonalt samarbeid. Kapasitetar innanfor evakuering er heller ikkje ferdigstilt.

Forsvarets høgskule

Forsvarets høgskule har i perioden hatt fokus på å implementere programmet for haldningar, etikk og leiing samt å bygge opp eit kompetansemiljø innanfor gender og vidare integrere genderperspektivet i Forsvarets operasjonar.

3.5.6 Forsvarets forskingsinstitutt, Nasjonalt tryggingsorgan og Forsvarsbygg i perioden

Forsvarets forskingsinstitutt

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) har i perioden hatt ei god måloppnåing på alle måleparametrar. Etterspurnaden etter tenester har vore høg i perioden, og det er m.a. etablert eigne prosjekt innanfor leiing av Forsvaret, samarbeidsaktivitetar mot norsk forsvars- og teknologiindustri samt samarbeid med internasjonale organisasjonar og forskingsinstitutt. Samstundes har FFI hatt som krav å effektivisere drifta av støtteverksemda med 0,5 prosentpoeng pr. år. Resultata viser at kostnadene innanfor støttefunksjonen i kroneverdi har vore stabile i åra 2009–2012, og sett i høve til omsettinga, er dei reduserte frå 35 pst. til 32 pst. i perioden, og kravet til interneffektivisering vart difor innfridd i perioden.

Nasjonalt tryggingsorgan

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) har i perioden hatt i oppdrag å vidareføre ambisjons- og budsjettnivå frå føregåande langtidsperiode. I løpet av perioden vart likevel driftsbudsjettet til NSM styrka, mest som følgje av auka fokus på tryggingsgodkjenning av informasjonssystem, objekttrygging, forsking og utvikling, Norwegian Computer Emergency Response Team (NorCERT) og ulike investeringar.

I perioden har NSM hatt stor og aukande aktivitet knytt til rådgjeving og rettleiing i tillegg til at kompetansemiljøa innanfor objekttrygging og tekniske kontrolltiltak er utvikla. Samla har dette gitt verksemda vesentlege løft i deira førebyggande tryggingsarbeid. NSM har også handtert eit sterkt aukande tal på tryggingsstruande hendingar i perioden. Den største utfordringa har vore bemanningssituasjonen, noko som m.a. har hatt innverknad på handtering av hendingar og omfanget av NSM sine tilsynsaktivitetar.

NSM har i langtidsperioden interneffektivisert for til saman 2,5 mill. 2008-kroner, og resultatet overstig kravet på 2,0 mill. 2008-kroner. Midlar som er frigjorde gjennom interneffektivisering er nytta til å styrke kjerneområda til direktoratet samt teknologisk infrastruktur.

Forsvarsbygg

Forsvarsbygg var frå inngangen av perioden organisert som ei eiga verksemd med eige styre, vedtekter, nettobudsjettering av drifta og med eit tilhøyrande reguleringsfond. Etter ein intern prosess, vart Forsvarsbygg reorganisert. Det vart vedtatt å avvikle styret, og for å forenkle den budsjettmessige styringa, vart reguleringsfondet avvikla og bruttobudsjettering innført med verknad frå 2011.

I løpet av perioden har Forsvarsbygg interneffektivisert for til saman 80 mill. kroner nominelt. Det samla kravet for langtidsperioden var 44 mill. kroner nominelt, og Forsvarsbygg har innfridd kravet med god margin.

I perioden har det vore mest fokus på å vidareføre og betre gjennomsnittleg tilstandsgrad for eigedom, bygg og anlegg (EBA) i sektoren, utføre verdibevarande og tilstandsbasert vedlikehald på nasjonale festningsverk samt jobbe vidare med å avhende utrangert EBA. Det har i perioden vore tilført vesentlege midlar til ekstraordinær utbetring av festningsmurar og -anlegg. Forsvarsbygg forvaltar ved utgangen av perioden ei portefølje på om lag 4,2 mill. kvm eigedom. Tilsvarande portefølje var 4,5 mill. kvm eigedom ved inngangen til perioden – ein nedgang på nesten 300 000 kvm.

3.5.7 Aerospace Industrial Maintenance Norway SF

Aerospace Industrial Maintenance Norway SF (AIM Norway SF) vart oppretta 15. desember 2011 ved at Luftforsvarets hovedverksted Kjeller (LHK) vart omdanna til statsføretak, og 2012 har såleis vore føretakets sitt fyrste heile verksemdsår. Føretaket er eigd av staten ved Forsvarsdepartementet, og held til på Kjeller i Skedsmo kommune. Føretaket har om lag 460 tilsette og er organisert innanfor områda flyvedlikehald, motorvedlikehald, elektronikkvedlikehald, mekaniske prosessar og ingeniørtenester.

Ein vesentleg del av føretaket sitt fokus i 2012 har vore på etablering og utvikling av organisasjonen til å gjere føretaket framtidsretta. Føretakets vedlikehaldsverksemd i 2012 var i stor grad relatert til oppdragsporteføljen som AIM Norway SF tok over ved omdanning av LHK til statsføretak. AIM Norway SF sine totale driftskostnadar var i 2012 på 529 mill. kroner, og føretaket oppnådde eit nettoresultat på 15 mill. kroner, samanlikna med eit underskott i 2011 på 7 mill. kroner. Årsresultatet ga ei avkastning på om lag fire pst.. Det blei ikkje utbetalt utbytte frå selskapet i 2012. I tråd med Prop. 3 S (2011–2012) Omdanning av Luftforsvarets hovedverksted Kjeller (LHK) til statsforetak og andre investeringer har måla i omstillingsperioden vore reduserte for å gje selskapet handlingsrom til å omstille seg frå forvalting til kommersiell drift.

I februar 2012 underteikna AIM Norway SF ein samarbeidsavtale (MoU) med Lockheed Martin Aero om utgreiing av vedlikehald av det nye kampflyet F-35. Liknande avtale om utgreiing av depotvedlikehald av motoren til kampflyet blei underteikna med Pratt & Whitney i april 2012.

AIM Norway SF konkurrerte seg til kontrakt med NATO Support Agency (tidligare NAMSA) for vedlikehald av Sindre 1- og Sindre 2-radar i Noreg. Avtalen gjeld frå oktober 2012 og skal vare i 3 år, med opsjon for ytterlegare 2 år.

Forsvarsdepartementet som eigar følgjer AIM Norway SF opp gjennom eigarstyring og eigardialog. Forsvarsdepartementets eigarstyring i form av vedtak og instruksar som er bindande for selskapet, vedtas på føretaksmøtet. Regelmessige eigardialogmøtar er plattforma for dialog mellom eigaren og føretaket.

I 2012 blei det gjennomført to føretaksmøtar. Eit ordinært føretaksmøte og eit ekstraordinært, for val av nytt styremedlem, og det blei gjennomført eigardialogmøtar kvartalsvis.

3.5.8 Erfaringsoverføring

Arbeidet med gjennomføringa av langtidsplanen for perioden 2009–2012 har medverka til å gjere fleire faktorar, som har vore avgjerande i omstillingsarbeidet, meir tydelege og synlege. Faktorane har vore avgjerande både for fireårsperioden og for heilskapen i omstillinga. Det grunn til særleg å trekke fram åtte sentrale tilhøve og erfaringar:

3.5.9 Ei klar og felles problemforståing

Forsvarets grunnleggande hovudutfordring vart klart definert heilt frå starten av omstillingsprosessen: Størrelsen på Forsvaret sto ikkje i forhold til ressursane, og innrettinga av Forsvaret var ikkje eigna til å løyse oppgåver for framtida. Det var brei semje om dette, både politisk og innanfor leiinga i Forsvaret. Problemforståinga ga tydeleg retning for arbeidet.

3.5.10 Tydelege val med eit langsiktig perspektiv

Den overordna målsettinga som vart stadfesta ved starten av omstillinga, var tydeleg: Å etablere eit forsvar med ein berekraftig balanse mellom oppgåver, struktur og ressursar, som var i stand til å møte utfordringar i framtida. Målsettinga har lege fast gjennom heile prosessen. Det langsiktige perspektivet har også lege fast gjennom hele prosessen. Målet var ikkje primært å sikre kortsiktige gevinstar og leveransar, men først og fremst å skape eit robust og berekraftig fundament for framtida sitt forsvar.

3.5.11 Ei heilskapleg tilnærming

Omstillinga var omfattande. Fokus var ikkje på fragmenterte og isolerte tiltak for å flikke på det eksisterande, men på heilskaplege endringar der alle sentrale rammevilkår og innsatsfaktorar vart nøye gjennomgåtte og konkretiserte. Dei langsiktige planane vart bygde ved å sette ambisjonsnivå, løyvingsnivå, oppgåver, organisasjon, personell, investeringar og drift i ein heilskapleg samanheng med nødvendig tverrprioritering. Slik vart det også mogeleg å synleggjere konsekvensar av alle grep og avgjerder i ein heilskap, grep og avgjerder som i utgangspunktet kunne synes å vere isolerte og av mindre verdi. Ei avgjerande brikke var etableringa av gjennomarbeida kostnadsdata for all drift- og investeringsverksemd i sektoren – kostnadsdata som det i dag er alminneleg semje om.

3.5.12 Løyvingar i tråd med vedtekne planar

Sidan årtusenskiftet er dei politisk vedtekne langtidsplanane for forsvarssektoren i store trekk følgde opp i tråd med føresetnadene på løyvingssida. I perioden 2009–2012 har løyvingane vore 100 pst. i samsvar med planlagt nivå. Føreseielege løyvingar er ein avgjerande faktor for ei vellukka omstilling.

3.5.13 Leiing og leiarskap

Omstillinga i Forsvaret hadde ikkje vore mogeleg utan ei leiing som har stått samla og kommunisert tydeleg internt og overfor omverda. Ei hovudårsak til dei problema som oppsto i forsvarssektoren på 1990-talet, var ei leiing som var fragmentert både mellom departement og aktuelle etatar, og internt i dei ulike etatane – også innanfor forsvarsleiinga sjølv. Den omfattande leiingsreforma i 2003, med samlinga av sektoren sine strategiske funksjonar i Forsvarsdepartementet kombinert med delegering av andre funksjonar, har vore avgjerande for å sikre nødvendig kraft i vedtaka og evna til gjennomføring. Evne til harde prioriteringar – og nødvendig kommunikasjon rundt dette – har vore ein like vesentleg faktor.

3.5.14 Proaktiv risikostyring

Ein premiss ved inngangen til perioden 2009–2012, var at risikostyring fullt ut skulle verte integrert i sektoren si mål- og resultatstyring. Siktemålet med risikostyringa er å identifisere tilhøve eller hendingar som kan inntreffe og påverke måloppnåinga negativt. Vidare er siktemålet å identifisere tiltak som skal eller kan settast i gang for å fjerne eller redusere risikoen for desse hendingane, ev. bøte for effekten av hendingane dersom dei likevel skulle inntreffe. Det er vidare lagt til grunn i Økonomiregelverket for staten at alle verksemder skal etablere og gjennomføre forsvarleg risikostyring og sikre gode rutinar for intern kontroll. For perioden 2009–2012 har desse elementa vore reflektert i Forsvarsdepartementet sine retningslinjer, seinare Instruks for økonomistyring og virksomhetsstyring i forsvarssektoren , og i dei årlege iverksettingsbreva til etatane. Med dette som utgangspunkt har etatane gjennomført og rapportert på risikostyring i styringsdialogen med departementet. Risikostyringa har såleis vorte ein integrert del av etatsstyringa til Forsvarsdepartementet. I operasjonaliseringa av langtidsplanen for 2013–2016 er eit vidareført fokus på forsvarleg styring og forvalting, irekna risikostyring og intern kontroll, definert som kritiske suksessfaktorar for god styring og leiing.

3.5.15 Forankring og medeigarskap

Dersom ein skal lukkast med store omstillingar, krev dette solid forankring og eit felles syn på røyndomen. Det er nødvendig, men langt ifrå tilstrekkeleg, at eit felles syn på røyndomen vert etablert på det øvste politiske og administrative nivået. Dialog og involvering sikrar at nye idear og løysingar kjem opp i dagen, og er samstundes eit krav for å etablere nødvendig og gjensidig tillit. Mange viktige endringsagentar sit ute i organisasjonen, og er dei som skapar resultata – bit for bit, og dag for dag. Utarbeidinga av langtidsplanane involverer fagmiljø i heile sektoren og i alle etatane. Det fagmilitære rådet til forsvarssjefen har utgjort heilt sentrale premissar for dei anbefalingar som har vorte utarbeidde for politisk vedtak. Dette har sikra eit omstillingsarbeid fundert på faglege råd frå dei som «har skoa på» i dei operative delane av verksemda. Denne forankringa har også sikra truverd og eigarskap til både planverk og gjennomføring.

3.5.16 Reell strategisk styring og evne til gjennomføring

Sjølv dei beste planar er svært lite verde dersom det sviktar i gjennomføringa. Forsvarsomstillinga hadde ikkje vore mogeleg utan eit sterkt fokus på strategisk og stram styring, eit tydeleg og godt kommunisert målbilde samt klare prioriteringar i gjennomføringa. Innføringa av den integrerte strategiske leiinga i forsvarssektoren har vore eit avgjerande verkemiddel i omstillingsprosessen. Eit målretta arbeid med å betre styringa av etatane og å skape gode, felles arenaer og prosessar mellom departementet og dei ulike etatane, har også vore avgjerande. Ein viktig føresetnad for å sikre styringskraft og evne til gjennomføring, har vore etablering og kontinuerlig vidareutvikling av ei målstyring som verkar i praksis: Færre mål og færre parametrar som samstundes gir meining og relevant styringsinformasjon. Erfaringa viser eintydig at omstilling vanskeleg kan bli driven fram utan ein kombinasjon av overordna rammer og konkrete styringsmål.