Miljøverndepartementet (MD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Regjeringa styrkjer miljøsatsinga ytterlegare i 2014. Det er Regjeringas ambisjon at dette budsjettet skal medverke til å nå miljø- og klimamåla i Soria Moria-erklæringa. Prioriteringane i Miljøverndepartementets budsjett for 2014 speglar dette. I tillegg til den sterke miljøsatsinga over Miljøverndepartementets eige budsjett, er det mange og viktige miljøtiltak på budsjetta til andre departement. Regjeringas miljøpolitikk vert såleis gjennomført på brei front, i tråd med prinsippet om sektorane sitt ansvar for å medverke til at miljømåla kan bli nådde, jf. kapittel 3.

Budsjettforslaget for Miljøverndepartementet i 2014 er på 6 004,1 mill. kroner, mot 5 452,7 mill. kroner i 2013. Dette er ein auke på 10,1 prosent. Veksten på Miljøverndepartementets budsjett i 2014 kan vi særleg sjå igjen mellom anna i arbeidet med å sikre naturmangfaldet, auka innsats til klima- og klimatilpassingstiltak, og vern av kulturminne og kulturmiljø. Det blir òg auka innsats for planarbeid i byområda.

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving i 2014 på 2 902,7 mill. kroner til programområdet Klima, naturmangfald og forureining. Ei av dei største satsingane er ei ny CO 2 -kompensasjonsordning for industrien. Ordninga skal kompensere auka kraftprisar som følgje av EUs klimakvotesystem. Ordninga gjeld for perioden 1. juli 2013 til 31. desember 2020. Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 243 mill. kroner til dette tiltaket. Regjeringa gjer òg framlegg om auka løyving på 25 mill. kroner til klimatilpassing og reduksjon i utslepp av kortliva klimadrivarar.

Klimaendringane utgjer ei av dei aller største internasjonale utfordringane i vår tid. Er vi ikkje i stand til å stoppe den globale oppvarminga vil miljøkonsekvensane globalt og nasjonalt vere formidable. Av den grunnen ønskjer Regjeringa å vere ein pådrivar for å heve ambisjonsnivået i den internasjonale klimapolitikken. Klima- og skogprosjekt er Noregs viktigaste satsing på dette feltet. Klima- og skoginitiativet har blant anna medverka til svært gode resultat i land som Brasil og Indonesia og i FNs klimaforhandlingar. Initiativet byggjer opp under ein klimapolitikk der alle land tek ansvar, men der vi i den rike delen av verda tek på oss ei større finansiell bør. Dette gjer mogleg ei breiare internasjonal deltaking i dei felles utfordringane verda står overfor. Måla for satsinga er ambisiøse og krevjande, like fullt viser resultata så langt at det er mogleg å sikre ein heilskapleg og integrert klimapolitikk samstundes som omsynet til utviklingslanda sine behov blir teke vare på. Budsjettet for satsinga er føreslått ført vidare i 2014, og Regjeringa rår Stortinget til å slutte seg til intensjonen om at klima- og skogprosjektet blir ført vidare på minst dette budsjettnivået fram til 2020. På den måten sikrar vi initiativet på lengre sikt, noko som gjer det mogleg å integrere det fullt ut i dei samla klimapolitiske initiativa våre over tid.

Regjeringa føreslår vidare å auke løyvinga til nytt skogvern med 100 mill. kroner opp til 331,1 mill. kroner i 2014. Satsinga gjer det mogleg å fatte vernevedtak for mange område der det alt er inngått avtaler om frivillig vern. Basert på behovet for auka skogvern i åra framover, vil regjeringa trappe opp løyvingane til frivillig skogvern med 100 mill. kroner i året fram mot 2017. Løyvinga til arbeidet med nasjonalparker- og naturinformasjonssenter er føreslått auka med 25 mill. kroner. Vidare er det føreslått ei satsing på friluftsliv og folkehelse med 15,8 mill. kroner. Ein aktiv friluftslivspolitikk er den beste investeringa i ei god folkehelse. Særleg prioriterte er aktivitetstiltak retta mot barn, unge, barnefamiliar, personar med innvandrarbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og lågterskeltilbod for grupper som ikkje allereie er aktive.

Regjeringa gjer framlegg om ei auka løyving på samla 8 mill. kroner knytta til endringar i regulering av bruk av snøskuter. Av dette er 3 mill. kroner budsjettert under Miljøverndepartementet si budsjettramme og 5 mill. kroner under Justisdepartementet.

Som oppfølging av St.meld. nr. 14 (2006–2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid og Handlingsplan for opprydding i forurenset sjøbunn føreslår Regjeringa å auke fullmakta på oppryddingspostane til 182,2 mill. kroner. Dette vil gi rom for å setje i verk fleire planlagde oppryddingstiltak. Det største oppryddingsprosjektet er Trondheim hamn.

I revidert nasjonalbudsjett 2013 løyvde Stortinget 32,5 mill. kroner ekstra for å heve vrakpanten på bilar med 500 kroner frå 2 500 kroner til 3 000 kroner frå 1. juli 2013. Heilårsverknaden av dette tiltaket i 2014 er på 65 mill. kroner.

Miljøpolitikken må byggje på kunnskap om naturtilstanden og om kjeldene for miljøproblema. Regjeringa satsar difor vidare på miljøforsking og på kunnskaps- og datainnhenting. Regjeringa føreslår at dei samla løyvingane under Miljøverndepartementet til klima- og miljøforsking vert auka med 43 mill. kroner i 2014. Mellom anna vert det føreslått ein auke på 12 mill. kroner til klimaforsking, samt ei særskilt styrkt norsk miljø- og klimaforsking i nord- og polarområda med 19 mill. kroner. Resten av løyvinga vil gå til miljøforsking på ulike område.

Regjeringa har vedteke at nytt Framsenter skal byggjast og gjer framlegg om 25 mill. kroner i oppstartsløyving under budsjettet til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Regjeringa føreslår òg ei ny områdesatsing retta mot utsette byområde i Oslo og Drammen der fysiske og sosiale levekår har vorte forverra dei seinare åra. Viktige grep i satsinga er stadsutvikling, forbetring av bustader og bustadområde, og tiltak for vanskelegstilte, oppgradering av grøne uteområde, folkehelsetiltak og andre tiltak retta mot barn og unge og betre tilhøve for gang-, sykkel og kollektivtransport. Regjeringa legg fram forslag om ei løyving på til saman 20 mill. kroner til tiltak i indre Oslo Aust på Miljøverndepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeidsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet sine budsjett, samt 15 mill. kroner til tiltak i Fjell i Drammen. I tillegg vil 5 mill. kroner av spelemidlane som Kulturdepartementet har ansvar for, gå til idrettstiltak i Oslo Indre Aust.

Regjeringa føreslår vidare å auke innsatsen på programområdet Kulturminne og kulturmiljø til 620,1 mill. kroner i 2014. Dette er ein auke på om lag 49,6 mill. kroner, eller 8,7 prosent frå 2013. Det er føreslått ein auke på til saman 20 mill. kroner til satsingane Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga og Bevaringsprogramma . Vidare er det oppretta ein ny post 80 Tilskotsordning for avgiftskompensasjon på 7,0 mill. kroner, som skal kompensere for bortfall av fritak for utsleppsreduserande avgifter.

Til området Kart, geodata og eigedomsinformasjon føreslår Regjeringa ei løyving på 790,3 mill. kroner i 2014. Dette er ein auke på 57,3 mill. kroner, eller om lag 7,8 prosent frå 2013. Regjeringa føreslår ei kostnadsramme til bygging av jordobservatoriet i Ny-Ålesund på 355 mill. kroner. For 2014 føreslår Regjeringa ei løyving på 65 mill. kroner til dette tiltaket. Vidare vart det i samband med revidert nasjonalbudsjett 2014 løyvd 10 mill. kroner til å frigi enkelte sentrale kartdata med særleg tanke på betre tryggleik og beredskap. Heilårsverknaden av dette tiltaket er 25 mill. kroner. Regjeringa gjer framlegg om å redusere tinglysingsgebyr for fast eigedom ytterlegare, slik at inntektene vert reduserte med 310 mill. kroner ned til 320 mill. kroner. Då er gebyret på nivå med dei utgiftene som må dekkjast for å drive ordninga. Vidare gjer Regjeringa framlegg om å auke løyvinga med 6,8 mill. kroner til frivillige miljøorganisasjonar. Regjeringa føreslår òg ein auke på 4 mill. kroner til enkelte spesifikke miljøtiltak.

Store miljørelaterte løyvingar som til dømes karbonfangst og lagring ligg på budsjettet til Olje- og energidepartementet. Dei store løyvingane til jernbane og annan kollektivtrafikk ligg på Samferdselsdepartementets budsjett. Løyvinga til skog- og klimatiltak på Utanriksdepartementets budsjett er eit anna døme. Løyvinga til statlege kjøp av klimakvotar ligg på Finansdepartementets budsjett. Framlegg til endring i dei miljørelaterte avgiftene blir presenterte av Finansdepartementet i skatte- og avgiftsproposisjonen. Under kap. 3 vert miljøpolitiske satsingar under andre departement omtala.