Miljøverndepartementet (MD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Dette kapitlet omtalar Regjeringas samla miljøpolitiske satsingar slik dei kjem til uttrykk i departementa sine budsjett, sjå tabellen på neste side. Tabellen er basert på departementa sine vurderingar av kva som reknast som miljøtiltak, jamfør definisjonen nedanfor. Det er ikkje enkelt å avgrense miljøtiltak eller utgifter til slike tiltak på ein god måte. Mange tiltak kan grunngjevast på fleire måtar og skal medverke til å nå ulike mål. Miljøtiltaka er òg svært ulike; her finn ein både førebyggjande tiltak i form av til dømes kystvaktoppgåver, klassisk naturvern slik som etablering av verneområde, opprydding i forureina grunn og satsingar som gir størst effekt saman med andre typar tiltak, slik som jernbaneutbygging og støtte til kollektivtrafikk. Nokre tiltak er langsiktige, slik som forsking, mens andre har meir direkte verknader. Endra definisjonar eller endringar i arbeidsdelinga mellom departementa vil òg kunne føre til at nokre tal ikkje fullt ut kan jamførast frå eitt år til det neste. Ein bør òg vere merksam på at tiltaka her ikkje vert vekta mot kvarandre, tiltak der alle utgiftene går til miljøtiltak blir vekta likt med tiltak som ikkje fullt ut er miljømotiverte. Tabellen må difor tolkast med varsemd og bør sjåast som ei omtrentleg oversikt over Regjeringa sine samla miljøpolitiske løyvingar. Miljøtiltak er her definerte og avgrensa slik:

  • utgiftene må fullt ut nyttast til miljøforbetringar, eller

  • miljøomsynet må vere avgjerande for at tiltaket/prosjektet blir gjennomførd, eller

  • utgiftene skal motverke negative miljøeffektar av sektorpolitiske tiltak elles (førebyggjande tiltak)

Det er òg viktig å vere klar over at miljøpolitikk ikkje først og fremst handlar om løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar òg avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for statsbudsjettet. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er regulering av tillatne grenseverdiar for forureining. Vidare er skattar og avgifter på miljøskadeleg produksjon, forbruk o.a. eit heilt vesentleg verkemiddel som ikkje kjem fram i tabellen over Regjeringas utgifter på miljøvernområdet. Endringar i skatt og avgifter for 2014 med verknad på miljøvernområdet er gjennomgått til slutt i dette kapitlet.

Sektoransvaret ligg til grunn for Regjeringas miljøpolitikk

Regjeringas miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for sine aktivitetar og for å medverke til at dei nasjonale miljøpolitiske måla kan bli nådde. Forureinar betaler-prinsippet er ein viktig del av sektoransvaret. Både miljøvern- og sektorstyresmaktene på sentralt hald, fylkeskommunalt og kommunalt nivå i tillegg til private aktørar skal medverke til at miljøomsyn blir tekne vare på.

Vidare har sektorstyresmaktene ansvar for å gjennomføre tiltak innanfor eige område som trengst for å kunne nå måla i miljøpolitikken. Dei har òg ansvar for å rapportere om miljøutviklinga i sektoren og om resultat av, og kostnader ved verkemiddelbruk og gjennomførde miljøtiltak.

Sektoransvaret medfører eit krav til alle departementa at dei skal ta miljøomsyn når dei utformar planar og politikk på sine ansvarsområde. Dette gjeld både den økonomiske politikken generelt og politikken i dei einskilde sektorane. Miljøomsyn inneber både å førebyggje miljøbelastningar og å rydde opp der ein har skada miljøet.

Dei miljøpolitiske løyvingane

I 2014 er dei samla miljøpolitiske løyvingane anslagsvis 49,0 mrd. kroner, som er ein auke på om lag 4,7 mrd. kroner frå 2013. Det har vore ein betydeleg auke over tid til dei samla miljøpolitiske løyvingane. Til samanlikning var det i statsbudsjettet for 2006 ei samla miljøpolitisk løyving berekna til 20,6 mrd. kroner. Samanlikna med 2014 er dette ein auke på 28,5 mrd. kroner.

Blant miljøtiltaka som blir førde vidare og prioriterte i 2014 er:

  • tiltak mot avskoging og øydelegging av skog i utviklingsland

  • kollektivtrafikk og jernbaneutbygging

  • fornybar energi og energieffektivisering

Tabell 4.1 Miljøtiltak i statsbudsjettet for 2014 (i mill. kroner)

Departement

2013

Forslag 2014

Arbeidsdepartementet

-

-

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

6,2

6,9

Finansdepartementet

632,0

522,0

Fiskeri- og kystdepartementet

1 530,5

1 534,0

Forsvarsdepartementet

1 161,3

1 144,6

Helse- og omsorgsdepartementet 1

-

-

Justis- og beredskapsdepartementet

133,0

177

Kommunal- og regionaldepartementet

95,0

95,0

Kunnskapsdepartementet

300

300

Kulturdepartementet

1 067,8

1 120,6

Landbruks- og matdepartementet

5 493,2

5 597,1

Miljøverndepartementet 2

5 122,7

5 892,8

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet 3

212,1

260

Nærings- og handelsdepartementet

762,2

507,9

Olje- og energidepartementet 4

4 950,0

4 165,0

Samferdselsdepartementet

15 595,1

20 300,0

Utanriksdepartementet 5

7 300,0

7 400,0

Sum alle departementa

44 361,1

49 022,9

1 Helse- og omsorgsdepartementets miljørelaterte tiltak går ikkje direkte fram av budsjettoppstillingane. Budsjettal er derfor utelatne i tabellen.

2 Miljøverndepartementets budsjettal her omfattar berre halvdelen av utgiftene til Statens Kartverk. Årsaka til dette er at denne etaten tener ei rekkje føremål i tillegg til dei miljøfaglege.

3 Denne posten omfattar utgifter til Fylkesmannens miljøvernavdeling og er basert på ressursrapportering i ettertid. Det oppgitte budsjettalet er derfor eit overslag og svært usikkert. MD har for 2014 rammeoverført 46 mill. kroner til Fylkesmannen.

4 Løyving til TCM DA knytt til tilbakebetaling av lån er inkludert her.

5 Norsk bistandspolitikk byggjer på standardar som er fastsette i OECD/DAC. Definisjonen av miljøtiltak avvik noko frå Miljøverndepartementets definisjon.

Tabellen over viser at mange departement nyttar store økonomiske midlar til miljøgrunngitte tiltak, i tråd med sektoransvarsprinsippet. Miljøverndepartementets budsjett utgjer ein viktig, men avgrensa del av dei samla miljøløyvingane, slik desse er definerte her.

Nedanfor er nokre av departementa sine miljørelaterte tiltak kort omtalte. Ein viser elles til departementa sine eigne budsjettproposisjonar for ein nærare gjennomgang. Her finn ein òg ei omtale av:

  • utfordringar knytte til miljø- og ressursforvaltning på departementa sine ansvarsområde

  • mål for departementa sitt arbeid med desse utfordringane

  • oppnådde resultat i 2012

  • ressurs- og miljøtiltak i budsjettforslaget for 2014.

Olje- og energidepartementet sitt budsjett vert det føreslått 4 165 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2014, mot 4 950 mill. kroner i 2013. Endringa samanlikna med 2013 heng i hovudsak saman med Regjeringa si avgjerd om å avslutte planlegginga av fullskala CO 2 -handtering på Mongstad. Regjeringa si satsing på CO 2 -handtering held likevel fram. Regjeringas samla framlegg til løyving til CO 2 -handtering over Olje- og energidepartementets budsjett er i overkant av 2,4 mrd. kroner, av dei er i overkant av 2 mrd. kroner knytte til drift og vidare utvikling av teknologisenteret på Mongstad (TCM). Regjeringa føreslår å investere inntil 450 mill. kroner i TCM i perioden 2014–2017, av dei 150 mill. kroner i 2014. Investeringane skal gå til modifikasjonar på eksisterande anlegg og vidareutvikling av ledig areal. Regjeringa føreslår vidare at CLIMIT-programmet styrkast med 100 mill. kroner i 2014 og 2015, av dei 30 mill. kroner i 2014. Regjeringa føreslår òg 38 mill. kroner til CCS moglegheitsstudie og 1 mill. kroner til internasjonalt CCS-arbeid over Olje- og energidepartementets budsjett. Regjeringa si satsing på energiomlegging og energi- og klimateknologi gjennom Enova og Energifondet vert ført vidare. Samla framlegg til løyving til Energifondet i 2014 er på vel 1,2 mrd. kroner. Løyvinga er ei overføring av avkastinga frå Fondet for Klima, fornybar energi og energiomlegging. Det er føreslått å auke fondskapitalen i sistnemnde fond med 5 mrd. kroner i 2014. Dette gir ein samla fondskapital på 40 mrd. kroner og vil auke overføringane til Energifondet frå 2015. Til forsking på miljørelevant teknologi blir det gjort framlegg på om lag 400 mill. kroner over Noregs forskingsråds budsjett. I denne summen inngår òg 234 mill. kroner til forskingsprogrammet ENERGIX, som er Noregs forskingsråds nye hovudaktivitet innan miljøvennleg energi. Programmet overtok prosjektporteføljen etter forløparen RENERGI. Vidare blir det gjort framlegg om 9,4 mill. kroner knytt til Noregs deltaking i Nordisk energiforsking og 10 mill. kroner til å dekke forpliktingar knytte til Noregs deltaking i Intelligent Energy Europe som er eit forskingsprogram i regi av EU. Olje- og energidepartementet vil medverke i samarbeidsprogrammet Framtidas byar også i 2014..

Samferdselsdepartementets oppgåver omfattar både tiltak for å endre transportstrukturen i miljøvennleg retning og tiltak som i seg sjølve kan ha negative miljøkonsekvensar som må reduserast. Det er eit hovudmål i Nasjonal transportplan 2014-23 at transportpolitikken skal medverke til å avgrense klimagassutsleppa, redusere miljøskadelege verknader frå transport og medverke til å nå nasjonale mål og innfri internasjonale plikter Noreg har på miljøområdet.

Samferdselsdepartementet legg opp til å nytte om lag 20,3 mrd. kroner til miljørelaterte tiltak i 2014, Dette er ein auke på 4,7 mrd. kroner frå saldert budsjett 2013. Til investeringar, vedlikehald og drift i jernbanenettet vil det bli løyvd 15 577,8 mill. kroner i 2014, mot 11 372,7 mill. kroner i saldert budsjett 2013. Desse tiltaka skal auke kapasiteten for togframføring, betre driftsstabiliteten i trafikkavviklinga og på den måten leggje til rette for å føre over meir gods- og persontransport til jernbane. I 2014 går det føre seg to store nybyggingsprosjekt på Vestfoldbana: Det gjeld det omlag 14 kilometer lange dobbeltsporanlegget Holm-Nykirke med ny Holmestrand stasjon inne i fjellet, og arbeidet med det 23 kilometer lange dobbeltsporet Farriseidet (ved Larvik)-Porsgrunn. Arbeidet med Fellesprosjektet E6-Dovrebana, med dobbeltspor for jernbana frå Langset (Minnesund) og 17 kilometer nordover langs Mjøsa til Kleverud, vil gå for fullt i 2014 med sikte på driftsstart i 2015. Ei rad med infrastrukturtiltak for å gjennomføre eit nytt og betre togtilbod på Austlandet med nye tog, held fram med sikte på å setje i verk ruteendringa i desember 2014. Planlegginga av og førebuande arbeid med nytt dobbeltspor Oslo S-Ski (Follobana) held fram neste år. Det blir òg starta opp to nye jernbaneprosjekt i 2014: Ny Ulriken tunnel mellom Bergen og Arna og dobbeltspor Hell-Værnes mellom Trondheim og Stjørdal. Løyvinga til persontransport med tog aukar med 126 mill. kroner til 3047 mill. kroner. Det er vidare føreslått ei løyving på 441 mill. kroner til gang- og sykkeltiltak langs riksvegnettet, og 73,8 mill. kroner til kollektivtiltak på vegområdet. Påskjøningsordninga for auka kollektivtrafikk i dei større byområda får ei løyving på 945,3 mill. kroner, som er ein auke på 272,2 mill. kroner. Samferdselsdepartementet vil medverke i samarbeidsprogrammet Framtidas byar også i 2014.

Det er berekna at Justis- og beredskapsdepartementet vil nytte 177 mill. kroner til ulike miljørelaterte tiltak i 2013. For departementet er det ei prioritert oppgåve å motverke miljøkriminalitet. Omfanget av miljøkriminalitet er venta å auke i tida framover sidan presset på naturen aukar i takt med den økonomiske velstanden. I Økokrim blir miljøkriminalitet følgt opp av eit eige miljøteam og av eigne miljøkoordinatorar i politidistrikta. Justis- og beredskapsdepartementet har òg det administrative ansvaret for Sysselmannen på Svalbard. Den faglege styringa på miljøområdet skjer direkte frå Miljøverndepartementet. Sysselmannen sine oppgåver endrar seg som følgje av veksande aktivitet på øygruppa og fordi Longyearbyen blir meir likt eit vanleg lokalsamfunn. Sysselmannen prioriterer førebygging, informasjonsarbeid, rettleiing og tilsyn med ferdsel og anna verksemd. For 2014 føreslår Regjeringa å auke løyvinga med 8 mill. kroner til auka kontroll med motorferdsel i utmark. 5 mill. kroner av desse blir løyvde over Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjett, jf. omtale under resultatområde 8 Aktivt friluftsliv. I svalbardbudsjetta for 2012 og 2013 er det løyvd midlar til reinseanlegg ved kolkraftverket i Longyearbyen. Etter anbodsrunden har det vist seg at anlegget er blitt ein del dyrare enn tidlegare berekna, og Regjeringa føreslår at det i 2014-budsjettet vert løyvd ytterlegare 42 mill. kroner som ei sluttfinansiering av anlegget. Reinseanlegget skal etter planen stå ferdig i 2015.

Fiskeri- og kystdepartementets budsjett blir det gjort framlegg om 1 534 mill. kroner til ulike miljøtiltak i 2014, mot 1 531 mill. kroner i 2013. Departementet sine budsjettmidlar som i hovudsak er grunngitt med miljøomsyn, omfattar mellom anna: Ressursforsking og forvaltning for berekraftig forvaltning av fiskeressursane, tiltak for berekraftig havbruk, kartlegging av biologisk mangfald og beredskap mot akutt forureining.

I statsbudsjettet for 2014 blir det gjort framlegg om å auke løyvinga til Havforskingsinstituttet med 4 mill. kroner for å styrkje arbeidet med overvaking av lakselus og rømt oppdrettslaks. Det blir òg fremja forslag om å auke løyvinga til Veterinærinstituttet for å styrkje arbeidet mot lakselus og spreiing av lakselus mellom fisk i oppdrett og ville bestandar. For å følgje opp Kystverkets miljørisiko- og beredskapsanalyse blir det føreslått å auke løyvinga til oljevern med 20 mill. kroner. Slepebåtkapasiteten i Nord-Noreg blir redusert frå tre til to fartøy.

Kommunal- og regionaldepartementet vil nytte om lag 95 mill. kroner på miljørelaterte tiltak i 2014, det meste relatert til bustader, bumiljø og bygg. Dette er det same som i 2013-budsjettet. I tillegg gir Husbanken grunnlån til oppføring og utbetring av bustader og bygg med miljøkvalitetar. God byggjeskikk og auka kunnskap om stadsutvikling skal medverke til attraktivt bygde omgivnader med eit godt miljø. Områdesatsing skal fremje gode bumiljø og levekår i byane. I 2014 vil også Direktoratet for byggkvalitet styrkjast. Noko av styrkinga vil bli innretta mot miljøtiltak. Regjeringa følgjer opp tiltak i Meld. St. 28 (2011–2012) Gode bygg for eit betre samfunn – Ein framtidsretta bygningspolitikk og Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk . Oppfølging av meldingane krev både forsking, utvikling og informasjonsarbeid. Viktige tiltak er at Regjeringa vil skjerpe energikrava i byggteknisk forskrift til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020 og innføre komponentkrav for eksisterande bygningar. Krav til energiforsyning og -effektivitet medverkar til reduksjon i bruk av energi og til mindre bruk av fossilt brensel i bygg. Vidareutvikling av energikrava blir gitt høg prioritet. Departementet vil medverke i samarbeidsprogramma Framtidas byar og FutureBuilt også i 2014.Videre har Kommunal- og regionaldepartementet det statlege finansieringsansvaret for Lågenergiprogrammet.

Utanriksdepartementet sitt budsjett er anslagsvis 7 400 mill. kroner føreslått til miljørelaterte tiltak i 2014. Noreg skal vere ein langsiktig og truverdig forvaltar av miljøverdiane i nordområda.

Noreg har eit omfattande tosidig samarbeid med Russland for å møte felles miljøutfordringar, for kompetanseheving i miljøforvaltninga og for å fremje russisk deltaking i internasjonale miljøvernavtaler. Arbeidet vil bli ført vidare i eit treårig samarbeidsprogram med særleg vekt på vern av havmiljøet, samarbeid i grenseområda, naturmangfald og tiltak mot forureining. Atomtryggleikssamarbeidet med Russland skal blant anna medverke til å redusere risikoen for ulukker og forureining, hindre at radioaktivt materiale kjem bort, og styrkje russisk forvaltning på området. Hovudprioriteringar i 2014 vil framleis vere å sikre og å fjerne brukt kjernebrensel frå den nedlagde marinebasen i Andrejevbukta, 60 kilometer frå norskegrensa. Vidare vil vi styrkje myndigheitssamarbeidet om tilsyn, varsling, beredskap og miljøovervaking. Prosjekt for auka tryggleik ved russiske kjernekraftverk går vidare. Det norske engasjementet på dette viktige miljøfeltet har eit langsiktig perspektiv.

Då Arktisk råd vart etablert i 1996 var hovudoppgåva samarbeid om forureining i nord. Etter kvart har samarbeidet også omfatta klimaendring og klimatilpassing. Noreg vil vere ein pådrivar for at havforsuring, naturmangfald og reduksjon av kortliva klimadrivarar blir prioriterte i arbeidet i Arktisk råd. Kortliva klimadrivarar som sot og metan er partiklar og gassar med kort atmosfærisk levetid og står for heile 30-40 pst. av dei menneskeskapte klimaendringane. Tiltak for å redusere slike utslepp vil gi positiv klimaeffekt, også på kort sikt. Dette vil spesielt vere viktig i Arktis, der temperaturen stig dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. Noreg vil arbeide for at medlemslanda i Arktisk råd skal bli samde om ei avtale som forpliktar medlemslanda til å redusere utsleppa sine av kortliva klimagassar.

Regjeringa fører vidare innsatsen mot avskoging og skogforringing i utviklingsland, på om lag 3 mrd. kroner i 2014, som er same nivået som saldert budsjett 2013. Innsatsen for rein energi og klimatilpassing med særleg vekt på mattryggleik aukar. Satsinga på klima i utviklingssamarbeidet skal både medverke til å redusere klimaskadelege utslepp og å lette dei fattige landa si tilpassing til klimaendringane. Noreg prioriterer òg å hjelpe utviklingslanda med å utnytte fornybare energiressursar (vasskraft, sol og vind) i staden for å auke bruken av fossile energikjelder. Det norske initiativet Rein energi for utvikling og det internasjonale energi- og klimainitiativet Energy+ utgjer sentrale delar av den samla norske politikken på klima- og energiområdet. Noreg støttar òg FNs initiativ Sustainable Energy for All (SE4ALL); Berekraftig energi for alle. Noreg aukar òg satsinga på tiltak retta mot kortliva klimadrivarar.

I tillegg til klima- og miljøsatsinga innanfor bistandsbudsjettet, vil Regjeringa gjennom EØS-midlane 2009–2014 styrkje arbeidet med miljø, klima og karbonfangst og lagring. EØS-midlane er totalt på 1 788,5 mill. euro. Samla sett vil om lag 645 mill. euro bli nytta til desse formåla i programperioden 2009–2014.

Forsvarsdepartementets budsjett er det rekna at vel 1 145 mill. kroner går til ulike miljøtiltak i 2014. Kystvaktas oppgåver i samband med miljø- og ressursovervaking utgjer om lag halvdelen av denne summen. Gjennom mange år har Forsvarets skyte- og øvingsaktivitetar medført belastningar på naturmiljøet. Opprydding i tidlegare skyte- og øvingsfelt og andre eigedommar som blir avhenda, mellom anna det store Hjerkinn skytefelt på Dovrefjell, blir ført vidare i 2014. Prosjektet for tilbakeføring av Hjerkinn skytefelt til sivile føremål vil venteleg vare til 2020. Og området skal då kunne tilfredsstille krava til vern etter naturmangfaldlova og bli ein del av tilgrensande verneområde. Tidlegare forsvarsområde blir mange stader tekne i bruk til friluftsliv. Ombygging av varmesentralar frå olje- og elektrisitet til fornybar energi og tiltak formeir effektiv bruk av energi i Forsvarets bygg og anlegg blir ført vidare i 2014.

Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitkken og Stortingets handsaming synleggjer miljømåla i jordbrukspolitikken. På Landbruks- og matdepartementets område vert det gjort framlegg om 5 597,1 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2014. Den langt største delen av desse midlane (90 pst.) går over Jordbruksavtala. Verkemidlane på Jordbruksavtala på miljøområdet er knytte til Nasjonalt miljøprogram. Det nasjonale miljøprogrammet inneheld ei verkemiddelpakke beståande av areal- og kulturlandskapstilskot (AK-tilskotet), tilskot til økologisk produksjon, tilskot til dyr på utmarksbeite, tilskot til dyr på beite, tilskot til bevaringsverdige storferasar, midlar over Klima- og miljøprogrammet og miljøplankrav. Vidare er miljørelaterte tiltak over jordbruksavtala knytt til Regionale miljøprogram (RMP). RMP får ei auka løyving på 20 mill. kroner. RMP med tilliggjande tilskotsordningar skal gi ei betre samordning av miljøinnsatsen i jordbruket utover det som kan gjerast gjennom nasjonale ordningar. Det er eigne program i kvart fylke som omfattar ei lang rekkje miljøområde. Kulturlandskap, kulturminne, biologisk mangfald, redusert plantevernbruk, reduksjon av næringsstoffavrenning og erosjon er hovudområda i programma. Over Jordbruksavtala høyrer òg miljøverkemiddel over Landbrukets utviklingsfond (LUF). Der finn ein mellom anna ordninga SMIL (Spesielle miljøtiltak i jordbrukets kulturlandskap), drenering, investeringsstøtte til organisert beitebruk, utvalde kulturlandskap og verdsarvområda.

Nærings- og handelsdepartementets områder blir det føreslått 507,9 mill. kroner til miljørelaterte tiltak i 2014, mot 762,2 mill. kroner i 2013. Hovuddelen av denne summen går til ulike tiltak innanfor området forsking, nyskaping og internasjonalisering. I tillegg løyver Nærings- og handelsdepartementet midlar til opprydding og forureiningsavgrensande tiltak i tidlegare gruveområde. Noreg deltek blant anna i EUs Competitiveness and Innovation Programme (CIP). CIP består av tre ulike delprogram som alle skal fremje berekraftig innovasjon. Nærings- og handelsdepartementet har koordineringsansvaret for CIP i Noreg og ansvaret for å ivareta innovasjons- og entreprenørskapsdelen av programmet. Store delar av Nærings- og handelsdepartementets miljørelaterte løyvingar er kanaliserte gjennom Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd. Desse midlane blir blant anna nytta til å forske på, utvikle og implementere nye løysingar og produkt som er meir miljøvennlege. Løyvingane er blant anna retta mot berekraftig energi og miljøteknologi.

Finansdepartementet har eit sektorovergripande ansvar for å leggje grunnlaget for effektiv ressursforvalting. I arbeidet med den økonomiske politikken skal Finansdepartementet medverke til at den økonomiske utviklinga skjer på eit miljømessig forsvarleg grunnlag. Direkte miljøløyvingar på Finansdepartementets eige driftsbudsjett i 2014 er rekna til 2 mill. kroner. I tillegg har Finansdepartementet det overordna ansvaret for innretting av avgifter i miljøpolitikken. Avgifter utgjer, saman med omsetjelege utsleppskvotar og direkte reguleringar, dei mest aktuelle verkemidla styresmaktene har mot miljøproblema. Rett utforma miljøavgifter gir tildriv til å minke utsleppa der det er billegast og sikrar at forureinarane betaler. Det vert lagt stor vekt på miljø- og energirelaterte avgifter. I alt har slike avgifter auka med om lag 1,8 mrd. kroner frå 2005 til 2013. For endringar i skatte- og avgiftsopplegget med verknader på miljøområdet viser ein til oversikta under. Finansdepartementet har òg ansvar for Noregs handel med klimakvoter. Det er vedteke at Noreg skal overoppfylla Kyoto-avtala for perioden 2008–2012 med 10 pst., noko som tilsvarer 5 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar årleg. I tillegg har Regjeringa valt å overoppfylle med 1,5 mill. tonn CO 2 årleg gjennom å avstå frå å bruke kvotar som kjem av skogtilvekst. På denne måten fører statens kvotekjøp til ein netto reduksjon i dei globale utsleppa av klimagassar. På FN-klimakonferansen i Doha i 2012 vart det vedteke ein ny periode under Kyoto-protokollen. For 2014 føreslår departementet ei løyving på 520 mill. kroner til kjøp av klimakvotar og ei fullmakt til å gjera avtaler om kjøp av utsleppskvotar innanfor ei samla ramme på 2 000 mill. kroner.

Helse- og omsorgsdepartementet sitt område er Nasjonalt folkehelseinstitutt ein pådrivar for å betre folkehelsa. Instituttet har mellom anna eit ansvar for beredskap mot akutte helsetruslar. Instituttet arbeider òg med luftforureining og støy, vasshygiene, og verknader av forbrukarkjemikaliar. Statens strålevern er fagstyresmakt på områda strålevern og atomtryggleik. Statens strålevern har ansvar for forvaltning og tilsyn og overvakar naturleg og kunstig stråling i miljø og yrkesliv. Statens strålevern arbeider for å auke kunnskapen om førekomst, risiko og effekt av stråling.

Kunnskapsdepartementets løyvingar til miljørelatert forsking i 2014 blir om lag på same eller noko høgare nivå enn i 2013, det vil seie i storleiksordning 300 mill. kroner. Midlane går til forsking på blant anna fornybar energi og karbonfangst og -lagring og til klima- og polarforsking i regi av Noregs forskingsråd. Mykje av forskinga inneber internasjonalt samarbeid.

For 2014 blir det på Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet føreslått løyvd 6,9 mill. kroner til Stiftelsen Miljømerking (Miljømerking). Stiftelsen forvaltar Svana, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester, og er ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel).

Endringar i skatte- og avgiftsopplegget med verknader på miljøområdet

  • CO 2 -avgifta på mineralolje til fiske og fangst i nære farvatn blir auka til 98 kroner pr. tonn CO 2 .

  • Dei generelle satsane i CO 2 -avgifta på mineralolje og gass og avgifta på HFK/PFK blir auka til 330 kroner pr. tonn CO 2 -ekvivalentar. Satsane i CO 2 -avgifta for innanriks luftfart blir auka med om lag 50 kroner pr. tonn CO 2 . Mineralolje som er pålagt vegbruksavgift på drivstoff er ikkje omfatta av avgiftsauken.

  • Verneverdige fartøy, museumsjernbaner og tekniske anlegg og kulturminne med stor kulturhistorisk verdi er i dag fritekne for CO 2 -avgift, svovelavgift, grunnavgift på mineralolje, smøreoljeavgift, el-avgift og NO x -avgift. Fritaket blir oppheva frå 2014, som kompenserande tiltak blir det oppretta ei tilskotsordning over Riksantikvarens budsjett.

  • Eingongsavgifta på køyretøy blir justert frå 2014. Det blir lagt meir vekt på miljø og mindre vekt på motoreffekt i avgifta. Innslagspunkta i CO 2 -komponenten blir reduserte med 5 gram pr. km frå og med 110 gram og oppover, mens dei to høgaste satsane for CO 2 -utslepp blir auka. Satsen for NO x -utslepp i eingongsavgifta blir auka med 30 pst. For varebilar aukar CO 2 - og NO x -delen av eingongsavgifta frå 25 pst. av avgifta på personbilar til 30 pst., med unntak av den høgaste CO 2 -satsen som blir halden uendra. Vidare blir dei to høgaste satsane for CO 2 -utslepp frå drosjer reduserte ned til nivået med tredje høgaste sats. Dette for ikkje å hindre eit godt tilbod av drosjer som er eigna for rørslehemma og større grupper personar. Alle endringane i eingongsavgifta blir gjennomførte innanfor ei provenynøytral ramme ved å redusere effektkomponenten.

  • Den miljødifferensierte delen av vektårsavgifta på køyretøy over 7 500 kg blir auka med 25 pst.

  • Biodiesel som er pålagt redusert sats i vegbruksavgifta må frå 2014 oppfylle berekraftskriteria som følgjer av EUs fornybardirektiv(2009/28/EF) som skal innarbeidast i norsk rett frå 1. januar 2014.