Miljøverndepartementet (MD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining

Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld alle resultatområda.

I samband med opprettinga av Miljødirektoratet 1. juli 2013 vart det gjort endringar under programkategori 12.20 og 12.40, jf. Prop. 149 S (2012–2013) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013 . Kap. 1427/4427 Direktoratet for naturforvaltning, kap. 1426/4426 Statens naturoppsyn og kap. 1441/4441 Klima- og forureiningsdirektoratet vart lagde ned og midlane flytt til nytt kap. 1420/4420 Miljødirektoratet under programkategori 12.20. Kap. 1425 held fram som tidlegare. Programkategori 12.20 fekk samtidig ny nemning Klima, naturmangfald og forureining. I 2014-budsjettet er programkategori 12.40 lagt ned og postane under tidligare kap. 1445, kap. 1447 og kap. 1448 flytta til kap. 1406–1408 under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging og internasjonalt arbeid.

Foreslått løyving knytt til programkategorien er på 2,903 mrd. kroner i 2014. Tabellen under syner at dette er ein auke på 60,5 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2013. Men tabellen tek ikkje omsyn til at midlane under kap. 1441–1448 låg utanfor programkategorien i 2013. Når ein inkluderar midlane under kap. 1441, men held utanfor midlane under kap. 1445, kap. 1447 og kap. 1448, er det ein auke på 309 mill. kroner eller 11,9 pst. samanlikna med saldert budsjett 2013.

Den største auken innanfor kategorien er på 243 mill. kroner og gjeld CO 2 -kompensasjonsordning for industrien. Dernest kjem ein auke på 100 mill. kroner til skogvern og 65 mill. kroner til utbetaling av pant for bilvrak.

Dei største reduksjonane er at løyvinga til nasjonalparkerstatningar går ned med 57,5 mill. kroner i takt med at erstatningsoppgjera går mot slutten, og at 46,4 mill. kroner til verneområdeforvaltarane er flytta til kap. 1510 under Fornyings, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Budsjettmidlar til arbeidet med kunnskapsgrunnlaget (overvaking, kartlegging, artsprosjektet og liknande) er omtalt under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

1420

Miljødirektoratet

2 817 997

1425

Vilt- og fisketiltak

84 713

85 400

84 700

-0,8

1426

Statens naturoppsyn

224 794

209 197

-100,0

1427

Direktoratet for naturforvaltning

1 355 330

1 514 492

-100,0

Sum kategori 12.20

1 664 837

1 809 089

2 902 697

60,5

Kap. 1420 Miljødirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

719 049

21

Spesielle driftsutgifter

163 224

22

Statlege vassmiljøtiltak

174 700

25

Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar

430

30

Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast

44 080

31

Tiltak i verneområder, kan overførast

60 693

34

Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

164 528

35

Statlege tileigningar, nytt skogvern, kan overførast

331 091

39

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79

19 558

69

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79

39 845

70

Tilskott til vassmiljøtiltak, kan overførast

20 800

72

Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

150 755

73

Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, kan overførast

64 600

74

CO 2 -kompensasjonsordning for industrien

243 000

75

Utbetaling av pant for bilvrak, overslagsløyving

346 320

76

Refusjonsordningar, overslagsløyving

57 000

77

Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m.

7 149

78

Friluftsformål, kan overførast

103 588

79

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69

1 264

81

Verdensarvområde, kulturlandskap og verdiskaping naturarv, kan overførast, kan nyttast under post 21

24 100

82

Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21

28 089

84

Internasjonalt samarbeid

1 434

85

Nasjonalparksenter og andre naturinformasjonssenter, kan overførast

52 700

Sum kap. 1420

2 817 997

Kap. 1420 er nytt og vart oppretta i samband med at Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forureiningsdirektoratet var slått saman 1. juli 2013, jf. Prop. 149 S (2012–2013) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013 .

Midlane under budsjettkapitlet er retta mot alle resultatområde.

Miljødirektoratets rolle og oppgåver

Miljødirektoratet er Miljøverndepartementets sentrale rådgivande og utøvande fagorgan innan klima-, naturforvaltning og forureining. Hovudoppgåvene er å redusere klimagassutslepp, ta vare på naturmangfaldet og sikre den naturlege produksjonsevna, samt hindre forureining. Dette betyr mellom anna å leggje til rette for beskyttelse av naturen, men òg for berekraftig bruk og verdiskaping.

Omsynet til miljø og berekraftig utvikling og dei nasjonale miljøvernmåla, jf. del III av denne proposisjonen, gir hovudramma for arbeidet i Miljødirektoratet. Viktige funksjonar for etaten er å utøve mynde, gi faglege råd til departementet, rettleie regionalt og kommunalt nivå, overvake miljøtilstanden og skaffe fram og formidle kunnskap, gjennomføre naturoppsyn/føre tilsyn, samarbeide med aktuelle sektorstyresmakter og medverke i internasjonalt miljøarbeid.

Arbeidet som Miljødirektoratet utfører er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal politikk og få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.

På klimaområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med klimagassrekneskapen, under dette utsleppsrekneskapen, og overvaking av klimaendringar. Direktoratet deltek i dei internasjonale forhandlingane under Klimakonvensjonen, særleg med spørsmål knytte til utsleppsrapportering, kvoteregisteret, forsking og overvaking. Vidare er direktoratet Noregs nasjonale kontaktpunkt for FNs klimapanel og koordinerar alle prosessar knytte til klimapanelets arbeid.

På naturforvaltningsområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med etablering og forvaltning av verneområde samt forvaltning av truga arter og naturtypar, under dette etablering og forvaltning av prioriterte arter og utvalte naturtypar. Andre viktige oppgåver er forvaltning av rovdyr, vassforvaltning, marin naturforvaltning og forvaltning av villaks, innlandsfisk og haustbart vilt. På same måte som på klimaområdet deltek etaten i dei internasjonale forhandlingane under Konvensjonen om biologisk mangfald. Eit delsekretariat for kapasitetsbygging under det internasjonale naturpanelet (etter modell av klimapanelet) er under etablering i Miljødirektoratet.

Tilrettelegging for friluftsliv og sikring av friluftslivsområde er òg viktige oppgåver. Etaten medverkar vidare til at omsynet til langsiktig disponering av naturressursane blir lagt til grunn ved arealplanlegging etter plan- og bygningslova.

Statens naturoppsyn er ei avdeling i Miljødirektoratet og har ansvar for å føre tilsyn med naturtilstanden og med at reglane i miljølovgivinga blir følgde.

På forureiningsområdet er arbeidet med å redusere og førebyggje bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, arbeidet for å reinske opp i forureina sjøbotn og forureina grunn, hindre overgjødsling og nedslamming i vassdrag og langs kysten og å førebyggje og hindre oljeforureining viktige oppgåver. Direktoratet er aktivt involvert i internasjonalt samarbeid om strengare regulering av miljøgifter og betre forvaltning av kjemikaliar og farleg avfall. Direktoratet er òg ansvarleg nasjonal styresmakt med koordineringsansvar for oppfølging og gjennomføring av EU-forordninga REACH (Registrering, evaluering, godkjenning av kjemikaliar) i Noreg. I tillegg medverkar etaten til å auke ressursutnyttinga og å redusere miljøproblem knytte til avfall og har viktige oppgåver i arbeidet med å redusere luft- og vassforureining. Etaten har vidare ansvar for å gjennomføre risikobasert tilsyn.

Miljødirektoratet har brei oversikt over naturtilstand og forureining i Noreg, og rapporterer dette fortløpande til resten av miljøforvaltninga, andre sektorar og allmenta mellom anna gjennom Miljøstatus.no. Etaten har òg fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane hos fylkesmannen. Dei konkrete miljømåla som Miljødirektoratet arbeider for er omtalte under resultatområde og verkemiddelområda i del III.

Gevinstrealiseringsplan for Miljødirektoratet

I tida framover vil oppgåver og organisering i det nye direktoratet bli gjennomgått. Det vil fram mot sumaren 2014 bli utarbeida ein gevinstrealiseringsplan.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda og består av 01-postane som tidlegare låg under kap. 1426 Statens naturoppsyn, kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning og kap. 1441 Klima- og forureiningsdirektoratet.

Posten dekkjer lønns- og driftsutgifter til verksemda ved direktoratets to hovudkontor i Trondheim og Oslo og dei lokale kontora til Statens naturoppsyn rundt omkring i landet. Meir spesifikt dekkjer posten lønn til faste og mellombels tilsette, husleige, reiser, IKT-utgifter, informasjon/formidling og drift av miljøinformasjonssystem og nettstader som Miljøstatus i Noreg, Miljokommune.no, kvoteregisteret og produktregisteret. Posten dekkjer òg drift av CO 2 -kompensasjonsordninga, jf omtale under post 74. For ei vidare utgreiing om kva slags føremål løyvinga går til, viser vi til omtala under «Miljødirektoratets rolle og oppgåver» i innleiinga til dette budsjettkapitlet.

Midlar til lønn og drift av verneområdeforvaltarane på 46,4 mill. kroner er flytta frå posten til kap. 1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Det er lagt inn 10 mill. kroner til nye naturrettleiarstillingar ved nasjonalparksentra; 0,5 stilling knytt til kvar av sentra Stabbursnes naturhus og museum, Norsk Bremuseum i Fjærland og Breheimsenteret i Luster, ei stilling knytt til kvar av sentra Øvre Pasvik Nasjonalparksenter, Halti Nasjonalparksenter, Nordland Nasjonalparksenter, Femundsmarka Nasjonalparksenter på Røros, Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, Stryn, Norsk Fjellmuseum, Lom, Folgefonna Nasjonalparksenter, Rosendal, og det nye nasjonalparksenteret ved Færder nasjonalpark i Vestfold.

Vidare er posten auka med 6 mill. kroner som blant anna skal nyttast til utvikling av statleg planretningslinje, og følgje opp lokale styresmakter og fylkeskommunar.

Grunna auka husleigeutgiftar og investeringsutgifter i samband med at den delen av Miljødirektoratet som ligg i Oslo flytter til nye lokale i 2014, er det lagt inn 6 mill. kroner.

Posten er auka med 5 mill. kroner til å styrkje tilsyns- og kontrollfunksjonen hos fylkesmennenes miljøvernavdelingar.

Det er lagt inn 3 mill. kroner til oppfølging, kontroll og evaluering i samband med forslaget til nye reglar for motorferdsel i utmark og den nye forsøksordninga for 40 kommunar. Til same formål er det lagt inn 5 mill. kroner til Politiet under Justisdepartementet. Til lønn og administrative utgifter i samband med igangsetjing av eit prosjekt for å stimulere til kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde, er det lagt inn 0,5 mill. kroner, jf. òg omtale under kap. 1420 post 78.

Posten er auka med 2,5 mill. kroner til utvikling og implementering på REACH regelverk og 0,9 mill. kroner til klimagassregnskap.

Til kompensasjon for lønnsoppgjeret i staten i 2014 er det lagt inn 6,9 mill. kroner.

Om lag 103 mill. kroner av løyvinga er knytt til utgifter som direktoratet får oppdragsmidlar frå andre instansar for. Mellom anna utfører direktoratet med heimel i fleire forskrifter oppgåver som er gebyrfinansierte i samsvar med prinsippet om at forureinar betaler. Utgiftene til desse oppgåvene er budsjetterte til om lag 30 mill. kroner og inntektene blir førte under kap. 4420 post 04.

Vidare dekkjer posten utgifter på 27 mill. kroner til fylkesmennene sitt arbeid med konsesjonsbehandling og kontroll etter forureiningslova, jf. inntekter under kap. 4420 post 06. Inntektene blir tilbakeførte til fylka ved at Miljødirektoratet utferdar belastningsfullmakt på denne posten til fylkesmennene.

Posten dekkjer òg utgifter på om lag 29 mill. kroner ved internasjonale oppdrag som direktoratet får refunderte over kap. 4420 post 09.

Til utgiftene på 10,6 mill. kroner til kontroll og verifisering av kvotepliktige verksemder er det i samsvar med EUs reglar knytt gebyr som er førte under kap. 4420 post 07.

Kostnadene på 4,3 mill. kroner ved drifta av jegerprøveordninga og kontrollen med merkje- og registreringspliktig dødt vilt er dekt av gebyr over kap. 4420 post 08.

Utgifter knytt til oppdrag som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog, er òg dekte av posten. Inntektene for desse er førte under kap. 4420 post 01.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4420 postane 01, 04, 06, 08 og 09, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda, og er sette saman av løyvingane på dei tidlegare 21-postane under kap. 1426 Statens naturoppsyn, kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning og kap. 1441 Klima- og forureiningsdirektoratet.

Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt som direktoratet utfører, mellom anna i samband med skogvern, marin verneplan, tematiske verneplanar, nasjonalparkar og drift av forvaltningsordningar, inkludert utgifter til drift av tilsynsutval og verneområdestyre. Vidare er direktoratets utgifter i samband med verdsarvområda finansierte frå posten, likeins oppfølging av norske forpliktingar i Ramsarkonvensjonen, norsk implementering av det europeiske verneområdenettverket Emerald Network, oppfølging av vassforskrifta, verneplan for vassdrag og juridisk bistand til kommunar til arbeid med strandsona. I løyvinga ligg òg midlar til heilskapleg forvaltning av norske havområde.

Posten finansierer òg arbeidet med prioriterte arter og utvalde naturtypar og andre truga og verdifulle arter, arbeidet med naturindeks, oppfølging av strategi mot framande og skadelege arter, norsk oppfølging av det globale naturpanelet, og arbeidet med genmodifiserte organismar. I samband med rovvilt dekkjer posten drift av nasjonalt fagråd for overvaking av rovvilt og møtegodtgjersle for dei regionale rovviltnemndene.

Andre oppgåver som er dekte av posten er spesielle prosjekt knytte til lokalt klimaarbeid, arbeidet med internasjonalt kjemikaliearbeid, arbeidet med å stanse bruk og utslepp av miljøgifter og til oppfølging av forslag i stortingsmeldinga om helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Løyvinga skal elles nyttast til å styrkje internasjonal regulering av miljøgifter og kartlegging av miljøgifter.

Posten dekkjer óg utgifter direktoratet får ved å måtte fjerne spesielle typar avfall slik som eigarlaust farleg avfall, farleg avfall frå konkursbu eller farleg avfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.

Delar av tenestekjøpet som Statens naturoppsyn gjer hos Fjellstyra blir dekt over posten. Tenestekjøpet frå Statens naturoppsyn til Fjellstyra omfattar mellom anna oppsynstenester, skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i verneområde, skadedokumentasjon i samband med rovdyrtap, naturovervaking m.v. og blir dekt frå fleire postar under Miljøverndepartementets budsjett. Samla tenestekjøp skal i 2014 vere på minst 7 mill. kroner.

Posten er styrkt med 1 mill. kroner til fellestiltak, utarbeiding av felles informasjonsmateriale og andre prosjekt for nasjonalpark- og naturinformasjonssentra. Det er vidare lagt inn 1 mill. kroner til arbeidet mot mårhund og 1 mill. kroner til oppfølging av arbeidet med vass-skuter. Posten er redusert med 5 mill. kroner av midlane til utarbeiding av faggrunnlaget for prioriterte arter og utvalde naturtypar for å gjere mogleg andre prioriteringar i budsjettet.

I tillegg er posten redusert med 3 mill. kroner til utvikling av REACH-regelverk.

Post 22 Statlege vassmiljøtiltak

       

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

22.1

Kalking

71 000

22.2

Anadrome laksefisk

73 500

22.3

Generell vassforvaltning

30 200

Sum post 22

174 700

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 22. Posten rettar seg primært mot resultatområde Livskraftige elvar og innsjøar, men er elles relatert til resultatområda 1 Levande hav og kyst og 8 Aktivt friluftsliv.

Posten dekkjer ulike vassmiljøtiltak som ikkje er tilskot, under dette midlar til kalking, bevaring og forvaltning av viltlevande anadrom laksefisk (laks, sjøaure og sjørøye) og heilskapleg vassforvaltning. Tilskot til same føremål blir dekte over post 70.

Underpost 1 dekkjer kjøp av kalkingstenester. Ein gjer framlegg om å redusere beløpet med 10 mill. kroner for å gjere det mogleg med andre prioriteringar i budsjettet.

Underpost 2 dekkjer tiltak, samt forsking og utvikling knytt til forvaltning av anadrom laksefisk, under dette tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris , bevaring i genbank og styrking av kunnskapsgrunnlaget. Underposten er styrkt med 1,5 mill. kroner.

Underpost 3 inneheld midlar til heilskapleg vassforvaltning etter vassforskrifta og anna vassforvaltning. Frå post 70 er det flytt 9,7 mill. kroner for utgiftene til vassregionstyresmaktene.

Fleire av bestandane av laks og sjøaure med tilknyting til Hardangerfjorden er truga eller svært sårbare. For å sikra desse bestandane skal det etablerast ein genbank. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2013 vart det vedteke ei bestillingsfullmakt på 40 mill. kroner til føremålet. Det gjenstår noko arbeid før ein kan konkludere med forslag til ei konkret løyving i saka, og Regjeringa gjer derfor framlegg om å vidareføra fullmakta i 2014, jf. forslag til vedtak V nr. 1.

Post 25 Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1441 post 22. Midlane rettar seg mot resultatområde 11 Stabilt klima.

Miljødirektoratet har ansvaret for ei statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar. Formålet med ordninga er å gi verksemder og privatpersonar høve til å kompensere for eigne utslepp ved at dei betaler for utsleppsreduksjon ein annan stad. Ordninga gir publikum høve til å kjøpe og få sletta godkjente klimakvotar på ein enkel måte. Kvar kvote som blir sletta, inneber ein utsleppsreduksjon på 1 tonn CO 2 . Miljødirektoratet skal prioritere sal mot private bedrifter.

Kvotane skal seljast med eit påslag som skal dekkje administrative kostnader inkludert etablerings- og investeringskostnader. Miljødirektoratet gjer nødvendige justeringar av administrasjonspåslaget slik at sjølvkostprinsippet blir teke vare på, og tilpassar påslaget til ressursbruken knytt til ulike avtaler om sal av klimakvotar. Det er lagt til grunn ein pris (pr. 30.07.2013) på EUA-kvotar på 42 kroner og CER-kvotar på 7 kroner eksklusive gebyr. Prognosane tilseier eit sal av 10 000 kvotar for 2014. Prisane endrar seg kvar dag og er styrt av marknaden. Kvoteprisen er den siste tida redusert og prognosane tilseier lågare sal av kvotar enn tidlegare. Løyvinga er foreslått redusert til 0,43 mill. kroner.

Posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 4420 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Rapportering for 2012

I 2012 selde Klima- og forureiningsdirektoratet totalt 13 828 kvotar, der 4 284 var EUA-kvotar og 9 544 var CER-kvotar.

Post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftslivsområde, kan overførast

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 30, og er retta mot resultatområde 8 Aktivt friluftsliv.

Midlane på posten vil bli nytta til statleg sikring av nye friluftslivsområde, ved anten offentleg erverv eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale). Noko av midlane på posten kan nyttast til enkelte opparbeidings- og tilretteleggingstiltak, til dømes oppføring av toalettbygningar eller opparbeiding av tilkomst i samband med nye sikringar av friluftslivsområde. Noko av midlane kan òg nyttast til nødvendig vedlikehald og rehabilitering av statleg eigde bygningar. Staten bidrar økonomisk til sikring av viktige friluftslivsområde av både nasjonal, regional og lokal verdi. For område av nasjonal og regional verdi kan staten bidra med inntil 100 pst. av kostnadane, for område av viktig lokal verdi med inntil 50 pst. av kostnadane. Det er særleg viktig at område i og ved store befolkningskonsentrasjonar og landfaste område i kystsona med lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala blir sikra. Sentrale område ved innlandsvassdrag er òg prioriterte. Staten har sterkt fokus på friluftsliv i nærmiljøet, og viktige friluftslivsområde både i og ved byar og tettstader er prioriterte. Å kunne gjere nye strandområde i befolkningstette område tilgjengelege, er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar. Område i kystsona med landfast samband skal prioriterast framfor område som berre har tilgang med båt.

Løyvinga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak gjeld bygningar som anten skal rivast eller som kan nyttast i friluftslivsamanheng i området.

Sikringa blir gjennomført ved erverv eller ved servituttavtale med grunneigar, helst på frivillig grunnlag, men i enkelte tilfelle ved ekspropriasjon. I tillegg til sikring av friluftslivsområde skal midlane dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av desse oppgåvene, til dømes transaksjonskostnader.

Investeringsmidlane blir utbetalte når Miljødirektoratet har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført og at statens vilkår er oppfylte.

På posten ligg det 2 mill. kroner til vern etter markalova.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 55 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak VI.

Post 31 Tiltak i verneområde, kan overførast

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1426 post 30. Posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap.

Midlane dekkjer statlege investeringsutgifter og andre typar tiltak i verneområde. Midlane går til tiltak som er naudsynte for å ta vare på verneverdiane, inkludert utgifter til informasjon, skjøtsels- og tilretteleggingstiltak. Tilretteleggingstiltaka omfattar opparbeiding av stigar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda og samstundes styre ferdsla i og rundt sårbar natur i verneområda. Tiltaka kan òg omfatte etablering av parkeringsplassar i tilknyting til verneområda. 8 mill. kroner av løyvinga er tiltaksmidlar til verneområdestyra. Alle tiltak skal vere i tråd med godkjent forvaltnings-/skjøtselsplan for verneområda og andre relevante styringsdokument.

Regjeringa foreslår til materiellbestillingar (hovudsakleg båtkjøp) ei bestillingsfullmakt under posten på 3 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V nr. 1.

Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 32. Posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap (kulturlandskapsdelen). Posten skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten skal dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp skal midlane på denne posten dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av verneplanane.

Det er planlagt at Verne kloster og Tyrifjorden blir verna i 2013, mens Herdla blir verna i 2014. Hovudparten av utgiftene til desse vil komme i 2015 eller seinare. Posten blir fremja utan løyving fordi eventuelle utbetalingar i 2014 vil bli dekte av overført beløp frå 2013.

Ut frå kostnadsoverslaga medfører dette behov for ei tilsegnsfullmakt på til saman 3,9 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.

Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 34. Posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap (kulturlandskapsdelen).

Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991–1992) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområde i Noreg i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir i hovudsak fastsette ved minnelege avtaler mens nokre få saker går til rettsleg skjønn.

Forutan erstatning og vederlag skal midlane på posten dekkje andre lovpålagte kostnader som er knytte til gjennomføring av nasjonalparkplanen.

I tråd med venta erstatningsutbetalingar i 2014 gjer ein framlegg om å redusere løyvinga med 57,5 mill. kroner i høve til løyvinga under kap. 1427 i 2013. I takt med at ein ventar at dei fleste erstatningsoppgjera vil vere avklarte og erstatningar utbetalte i 2014 er det ikkje bruk for tilsegnsfullmakta for posten.

Post 35 Statlege tileigningar, nytt skogvern, kan overførast

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 35. Posten er retta mot resultatområde 4 Mangfaldige skogar. Dette gjer det mellom anna mogeleg å fatte vernevedtak for mange område der det allereie er inngått avtaler om frivillig skogvern.

Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettsleg skjønn. Posten skal dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtaking av innkjøpte eigedommar, erstatningsordning for område som er under vurdering for vern, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.

Midlane på posten skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, grensemerking, utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene, o.a.

Ein gjer framlegg om å styrkje posten med 100 mill. kroner til skogvern.

Det blir fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt under posten på 116,4 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.

Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1441 post 39. Posten er knytt til resultatområde 9 Giftfritt miljø. Utgiftene må sjåast i samanhang med midlar til same føremål under postane 69 og 79.

Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i grunn og sjøbotn som er forureina med miljøfarlege stoff. Løyvinga går i hovudsak til arbeid i tilknyting til opprydding i forureina sjøbotn og til å føre vidare arbeidet med å rydde opp i forureina jord. Fokus for opprydding i forureina sjøbotn er på 17 prioriterte område.

Løyvinga har blitt redusert dei siste åra fordi dei fleste oppryddingsprosjekta var i planleggingsfasen og det økonomiske behovet var derfor avgrensa. Pr. i dag er fleire av prosjekta for opprydding i forureina sjøbotn ferdig kartlagde og vedtekne gjennomført lokalt med lokal delfinansiering slik at gjennomføringsfasen kan begynne.

Vidare dekkjer posten utgifter til opprydding frå enkelte forureina lokalitetar der staten ved miljøforvaltninga er eigar.

Prinsippet om at forureinar betalar ligg til grunn for arbeidet med opprydding av forureina sjøbotn, og så langt det er rimeleg vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding i forureina vatn, grunn og sjøbotn. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøforvaltninga dekkjer delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak som for eksempel:

  • Der staten ved miljøforvaltninga er den ansvarlege for forureininga

  • Der den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding

  • Der det av miljøgrunnar hastar å få rydda opp. Staten forskotterer oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang, og vil krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant

  • Der miljøforvaltninga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling

  • Der det er nødvendig for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område

  • Der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene.

I revidert nasjonalbudsjett for 2012 vart løyvinga på post 39 teknisk justert. Løyvinga vart i tillegg til 39-posten fordelt på to nyoppretta postar; 69 og 79. Prinsippet om at forureinar skal betale ligg til grunn for alle postane. Forslaget om å dele opp løyvinga på denne måten er ei oppfølging av Riksrevisjonens merknader i Dokument 1 (2011–2012) og Innst. 211 S (2011–2012) frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen om utbetaling av tilskot over rett post. Resultata frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2012 er samla under post 79. Mange av dei store oppryddingsprosjekta i forureina sjøbotn er delfinansierte av kommunar og andre aktørar. Ettersom prosjekta strekkjer seg over fleire år, er det viktig at finansieringa er føreseieleg. Det er foreslått at Miljøverndepartementet i 2014 kan inngå forpliktingar for framtidige år til å kjøpe inn materiell og til å gi tilsegn om tilskot ut over gitt løyving under kap. 1420 Miljødirektoratet postane 39, 69 og 79 Oppryddingstiltak, men slik at samla ramme for nye forpliktingar og gammalt ansvar ikkje overstig 182,2 mill. kroner. Fullmakta til å inngå forpliktingar kan nyttast til innkjøp av både tenester og materiell og å til å gi eventuelle tilsegner om tilskot, jf. vedtak VII.

Posten kan òg nyttast til planvis kartlegging, oppfølging og tiltaksretta overvaking av forureiningssituasjonen (tilstandsdata), til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for ein målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeidet og anna kunnskapsoppbygging.

Post 69 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79.

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1441 post 69. Utgiftene må sjåast i samanhang med midlar til same føremål under postane 39 og 79. Midlane er retta mot resultatområde 9, Giftfritt miljø.

Mål

Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunane har til å undersøkje og til å gjennomføre oppryddingstiltak i grunn og sjøbotn som er forureina med helse- og miljøfarlege stoff.

Kriterium for måloppnåing

For forureina sjøbotn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet om at «Sediment skal ikkje føre til alvorlig forureining» og indikatoren «Mengd utvalte helse- og miljøfarlege stoff som er handtert ved mudring/tildekking slik at dei ikkje lenger utgjer kjelde til alvorlege forureiningsproblem» (sjå òg resultatområde 9.4).

For forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet om at «Miljøgifter frå forureina grunn skal stansast» og indikatoren «Talet på kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining» (sjå òg resultatområde 9.3).

Rapport for 2012

Resultata frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2012 er samla under post 79.

Tildelingskriterium

I dei prioriterte tiltaksplanområda for forureina sjøbotn vil kommunen ofte stå for førebuing og gjennomføring av oppryddingstiltak. Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt i kommunal regi, og der fleire aktørar er med på å finansiere tiltaket. Kommunen må normalt også sjølv medverke med midlar. Sjå òg omtale under kap. 1420 post 39 og 79.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontroll av bruk av midlar skjer bl.a. gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsendt av tilskotsmottakar.

Post 70 Tilskott til vassmiljøtiltak, kan overførast

       

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

70.1

Kalking

7 000

70.2

Anadrome laksefisk

6 000

70.3

Generell vassforvaltning

7 800

Sum post 70

20 800

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 70. Posten samlar alle tilskotsmidlane til ulike vassmiljøtiltak. På same vis som post 22 er delt inn i midlar til kalking, bevaring og forvaltning av viltlevande anadrome laksefisk og heilskapleg vassforvaltning, er post 70 delt inn etter tilskotsmidlar for desse føremåla. Frå underpost 3 er det i samband med utgifter til vassregionstyresmaktene flytta 9,7 mill. kroner til post 22.

I høve til resultatområdeinndelinga, er tilskotsordningane under posten primært retta mot resultatområde 2 Livskraftige elvar og innsjøar, men er elles relaterte til resultatområda 1 Levande hav og kyst og 8 Aktivt friluftsliv.

Kalking

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å redusere negative effektar på naturmangfaldet i vassdrag som følgje av sur nedbør.

Kriterium for måloppnåing

God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av handlingsplanen for kalkingsverksemda.

Rapport for 2012

Tilførsla av sur nedbør er sterkt redusert dei seinaste åra, men den positive utviklinga har flata ut etter tusenårsskiftet. Enno er om lag 10 pst. av arealet i Noreg forsuringsskadd og fram mot 2030 er det berre venta små ytterlegare betringar i forsuringssituasjonen. For å oppnå ytterlegare betring i vasskvaliteten i Noreg, må utsleppa av svovel- og nitrogensambindingar til luft i Europa reduserast meir enn målsetjingane i Gøteborgprotokollen. Arbeidet med revisjon av denne protokollen er fullført og nye utsleppsforpliktingar for 2020 vart vedtekne i mai 2012.

Totalt blir 21 lakseførande elvar i Noreg kalka. I dei elvane der laksen har gått tapt grunna sur nedbør, er det etablert nye laksestammer. Det har vore godt laksefiske i mange av dei kalka elvane, med ein årleg totalfangst på 45-50 tonn (10-12 pst. av all laks fanga i norske elvar). Optimaliseringsprosjekt er planlagt i Rogaland eller Aust-Agder (heilt eller delvis). Lokale kalkingsprosjekt er i rute. Rapportar om kalkavslutning i lokale prosjekt – Oslo/Akershus og Hordaland i år – blir følgde opp.

Innafor resultatområde Livskraftige elvar og innsjøar er tilskotsordninga særleg retta mot dei nasjonale måla 2.2, 2.5, 2. 6 og 2.7, jf statusrapportering under desse.

Tildelingskriterium

Det kan ytast tilskot til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden. I tillegg vil bl.a. førekomst av organismar og fiskeslag som er følsame for forsuring bli vurderte ved prioritering av prosjekt. Prosjekt som er inkluderte i forslag til nasjonal handlingsplan for kalking for perioden 2011–2015 og/eller fylkesvise planar for kalkingsverksemda, blir prioriterte. Tilskot kan bl.a. bli gitt til kjøp, transport og spreiing av kalk og nødvendige installasjonar. Det blir òg gitt tilskot til fiskekultivering og utprøving av alternative kalkingsmetodar.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.

Anadrom laksefisk

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å leggje til rette for betre forvaltning og bevaring av vill anadrom laksefisk.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing å medverke til dei nasjonale måla for viltlevande anadrom laksefisk.

Rapport for 2012

Posten finansierte berre kalkingsverksemd i 2012, og resultatrapporten tek berre føre seg denne, jf. omtale over.

Tildelingskriterium

Det kan gis tilskot for t.d. informasjon om og bevaring av viltlevande anadrom laksefisk. Praktisk nytta forskings- og utgreiingsverksemd, overvaking og tiltak for å betre tilgangen til fiske for allmenta kan òg få tilskot. Ved tildeling av midlar kan det stillast vilkår om at fiske i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering, dugnadsarbeid, kultiveringstiltak o.a. Tilskotsmottakarar er t.d. fiskarlag, grunneigarlag og jeger- og fiskarforeiningar. I tillegg kan forskingsinstitusjonar, landsdekkjande organisasjonar og kommunar søkje om tilskot.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgt opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.

Generell vassforvaltning

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er eit godt økologisk og kjemisk vassmiljø. Hovudtiltaket er arbeid i utvalde vassområde med særskilte utfordringar.

Kriterium for måloppnåing

God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av vassforskrifta.

Rapport for 2012

Posten finansierte berre kalkingsverksemd i 2012, og resultatrapporten tek berre føre seg denne, jf. omtale over.

Tildelingskriterium

Det kan ytast tilskot til instansar som har ansvar i den regionale vassforvaltninga. Til desse blir det gitt tilskot til arbeid i vassområda. Det kan òg ytast tilskot til organisasjonar for å sikre medverknad og informasjon i planarbeidet, og til kommunar i utvalde vassområde med særskilte utfordringar.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.

Post 72 Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

       

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

72.1

Erstatning for husdyr

75 378

72.2

Erstatning for tamrein

75 377

Sum post 72

150 755

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 72. Posten er retta mot resultatområda 4 Mangfaldige skogar og 5 Storslåtte fjellandskap. Posten omfattar erstatningar for dokumentert og sannsynsleggjort tap av husdyr og tamrein som følgje av rovdyrangrep. Erstatningane kan variere frå år til år, bl.a. på grunn av naturgitte forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er derfor budsjettert som overslagsløyving.

Frå underpost 1 er det innafor løyvinga flytta 13,2 mill. kroner til underpost 2 i tråd med faktiske utbetalingar for respektive husdyr og tamrein dei siste åra.

Mål

Ordninga skal sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorte rovviltskadar på husdyr og tamrein slik dette er nedfelt i naturmangfaldlova.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at ordninga tek vare på dyreeigaren sin lovfesta rett til full erstatning i tilfelle der rovvilt er årsak til tap av dyr.

Rapport for 2012

Erstatningsoppgjeret for husdyr og tamrein er gjennomført i medhald av gjeldane reglar. I 2011 vart det òg gjennomført ei utgreiing av endringar i ordningane. Forslaga vart sende på høyring i 2012, og det er venta at tilpassingar og justering for husdyr får verknad for 2014. Endringane skal leggje til rette for betre datasamordning med landbrukssida, og eit klårare definert ansvarsområde for dyreeigarar og styresmakter. For å kunne setje i verk endringar i erstatningsreglar for rein trengst det betre underlag som kan identifisere andre tapsårsaker. Resultat av oppgjeret blir som rutine rapportert gjennom ei nettside, der ein kan sjå på erstatning for dei aktuelle reindriftsåra eller for beitesesongen for sau. Det er framleis stor variasjon i tapsutviklinga i ulike område, men på nasjonalt nivå let det til å vere ein god samanheng mellom auka innsats på førebyggjande tiltak, og reduksjon i sauetapa. For reinnæringa ser ein ikkje ein tilsvarande samanheng. For denne næringa er det vanskelegare å finne eigna tiltak, og tapsforholda varierer i større grad med naturgitte forhold knytte til klima, beitegrunnlaget o.a.

Ressursbruken under ordninga har samanheng med nasjonalt mål 4.6 og 5.6.

Tildelingskriterium

Erstatningar blir utbetalte i samsvar med «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 2. juli 1999 og «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 4. mai 2001.

Oppfølging og kontroll

Erstatningssøknadene blir gjennomgått for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte. Dokumentasjonen av skadane er betra mykje dei to siste åra som følgje av at innsatsen med bestandsregistrering og skadedokumentasjon er trappa opp. Det er Statens naturoppsyn som gjennomfører skadedokumentasjonen.

Post 73 Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, kan overførast

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 73. Posten er retta mot resultatområda 4 Mangfaldige skogar og 5 Storslåtte fjellandskap. Posten dekkjer utgifter til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, under dette godtgjering til lokale fellingslag og tilskot til Rovviltkurssenteret i regi av Norges Jeger- og Fiskerforbund.

I 2013 vart ordninga omarbeidd, slik at vilkår og prioriteringar knytte til behandling av søknader vart regulerte i ei føresegn. Dette vil føre til betre nasjonal styring og heilskapelege vurderingar hos rovviltnemndene og fylkesmannsembeta.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å førebyggje rovviltskadar i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Vidare skal midlane nyttast til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt, og medverke til å dempe konfliktar og auke verdiskapinga knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn. Det blir lagt vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003–2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 174 (2003–2004), og rovviltforliket på Stortinget våren 2011 (jf. Representantforslag 8:163 S (2010–2011)).

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga stimulerer til mindre tap og konfliktar i forhold til rovviltførekomst i dei ulike rovviltregionane ved å setje i verk effektive førebyggjande og konfliktdempande tiltak.

Rapport for 2012

I 2012 vart det behandla i alt 580 søknadar om konkrete førebyggjande tiltak, og det vart behandla 223 søknader om tiltak for å dempe konfliktar kring rovvilt. Det kan ut frå statistikk over erstatningsutbetaling for skade/tap av sau, sjå ut til at tapa går ned med ein auke i avsette midlar til tiltak. Reduksjon i tapsomfanget kan òg henge saman med den geografiske differensieringa av både rovviltførekomst og prioritering av tiltak. Det er ikkje gjennomført evaluering av ordninga basert på enkelttiltak. På overordna nivå kan ein likevel sjå at det truleg er større verknad av tiltak som blir sette inn mot bjørne- og ulveskadar, enn mot jerv og gaupe. Ein viktig konsekvens av dette er at det vil vere målretta regulering av rovviltbestandane som i størst grad påverkar jerv og gaupeskadar.

Ressursbruken under ordninga har samanheng med nasjonalt mål 4.6 og 5.6 Ettersom det har vore særs gode erfaringar med eit system der brukarar sender søknad elektronisk, er det no òg lagt til rette for at alle rapportar kan sendast inn på same vis. Dette vil føre til ei betre oversikt over oppnådde resultatet og brukarane si vurdering av måloppnåinga ved dei einskilde tiltaka. Resultata vert publiserte på ei nettside slik at alle kan ta del i vurderingane.

Tildelingskriterium

Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak blir fordelte etter ei føresegn fastsett i 2013. Det er utarbeidd ei eiga nettside for bl.a. å gjere informasjon om dei ulike førebyggjande og konfliktdempande tiltaka meir tilgjengeleg for beitebrukarar, kommunar og lokalsamfunn. I tråd med føringane i rovviltpolitikken vil ein hovuddel av midlane bli kanalisert gjennom dei åtte regionale rovviltnemndene. Midlane skal nyttast til førebyggjande tiltak i husdyrhald og tamreindrift og til konfliktdempande tiltak retta mot kommunar og lokalsamfunn. I kvar region har den regionale rovviltnemnda utarbeidd ein forvaltningsplan som skal sikre at det over tid blir lagt til rette for tilpassingar som gir eit best mogleg skilje mellom beitedyr og faste førekomstar av rovvilt. Dette inneber bl.a. at besetningar med store årlege tap til rovvilt bør prioriterast for tilskot til nødvendige driftstilpassingar. Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for at tildelingane over posten skjer i tråd med eigen forvaltningsplan i den enkelte regionen. Det er utarbeidd nasjonale standardar for nokre av dei ulike førebyggjande tiltaka. Desse standardane skal følgjast ved iverksetjing av tiltaka. Det blir i samband med tildeling av tilskotet lagt stor vekt på samarbeid med dei ulike forvaltningsorgana, blant anna Mattilsynet, og på at næringsdrift skal ha langsiktige og føreseielege vilkår.

Oppfølging og kontroll

Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. For å sikre effektiv bruk av midlane er det lagt vekt på kontroll med at førebyggjande tiltak som er støtta med offentlege midlar følgjer nasjonale standardar der slike er utarbeidde.

Post 74 CO 2 -kompensensasjonsordning for industrien

Posten er ny og vert foreslått med ei løyving på 243 mill. kroner.

Mål

Ordningas mål er å kompensere norsk industri for auka kraftpriser som følgje av EUs kvotesystem for CO 2 -utslepp. Kompensasjonen skal minke faren for karbonlekkasje og slik hindre auke i globale utslepp som følgje av utflytting av industri til land med mindre stram klimapolitikk. Ordninga vart godkjent av EFTA sitt overvakingsorgan ESA: september 2013. Ordninga er i tråd med retningslinjer EU har vedtatt for statsstøtte knytt til CO 2 -kompensasjon.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga minker faren for karbonlekkasje.

Tildelingskriterium

Ordninga omfattar industriverksemder i alle 15 sektorar som i høve til EUs retningsliner har muligheit for støtte. Dette inkluderer blant anna produsentar av aluminium, ferrolegeringar, kjemiske produkt og treforedling.

Ordninga vil ikkje gjelde for langsiktige kraftavtaler inngått før 2005. Vidare skal industrien sin eigen kraftproduksjon komme til fråtrekk i utbetalinga av støtte. Ordninga skal gjelde for perioden 1. juli 2013 til 31. desember 2020.

Utbetaling av kompensasjonen skjer etterskotsvis. Dette inneber at det for støtteåret 2013 må løyvast pengar for utbetalingar i samband med statsbudsjettet for 2014.

Rapport for 2012

Posten er ny i 2014 og det er derfor ikkje noko å rapportere for 2012.

Oppfølging og kontroll

Ordninga vil administrerast av Miljødirektoratet, som i handsaming av søknadane kontrollerar om dei enkelte verksemdene fyller vilkåra for utbetaling av kompensasjon. Det vil rapporterast om bruken av midler til EFTA sitt overvåkingsorgan og til Stortinget i samband med budsjettet.

Post 75 Utbetaling for pant av bilvrak, overslagsløyving

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1441 post 75. Ordninga rettar seg mot resultatområde 9, Giftfritt miljø. Posten er auka med 65 mill. kroner for 2014. Talet på innleverte bilvrak har ligge stabilt på om lag 120 000 bilvrak årleg, men har auka i 2013. Anslag på antall vrak ligg no på 140 000, og innsamlingsnivået kan óg auke i 2014.

Mål

Målet med vrakpantordninga er å stimulere bileigarar til å levere utrangerte bilar til godkjend biloppsamlingsplass slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av vrakpant og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Forskrift om kasserte køyretøy gir produsentar og importørar ansvaret for handtering av kasserte køyretøy. Produsentansvaret er ein del av kapittel 4 i avfallsforskrifta om kasserte køyretøy. Sjølv om ansvaret er lagt på produsentar og importørar, vil Regjeringa inntil anna er avgjort vidareføre dagens statlege avgifts- og panteordning.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga bidrar til å auke innlevering av bilvrak slik at de i kan tas hand om på en forsvarleg måte.

Tildelingskriterium

Vrakpanten blir utbetalt av tollregion Midt-Noreg mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend biloppsamlingsplass for behandling.

Ordinær vrakpant for 2014 er sett til 3 000 kroner, same nivå som i siste halvår av 2013 jf. Prop. 150 LS (2012–2013).

Rapport for 2012

I 2012 vart det samla inn 120 000 bilvrak, som er ein auke på 3,5 pst. frå 2011, då det vart samla inn 116 000 bilvrak. Dette skuldast truleg ei auking i nybilsalet.

Ressursbruken under ordninga har samanheng med nasjonalt mål 9.1, 9.2, 9.3, 9.7 og 9.8.

Oppfølging og kontroll

For å sikre at bilvraket har rett til vrakpant blir vrakmeldinga kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.

Post 76 Refusjonsordningar, overslagsløyving

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1441 post 76. Posten dekkjer ulike refusjonsordningar retta mot resultatområde 9, Giftfritt miljø, 10 Rein luft og 11 Stabilt klima. Posten dekkjer dessutan utgifter til ulike utgreiingar og tiltak som miljøstyresmaktene har behov for i samband med administrering av ordningane.

Det har vist seg vanskeleg å stipulere utbetalingar til ordninga og overslaga har variert.

Refusjon av smørjeoljeavgifta

Mål

Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjent behandling. Spillolje er brukt smørjeolje og transformatorolje og er klassifisert som farleg avfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagt smørjeoljeavgift, jf. St.Prop. nr. 1 (2007–2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542 post 71.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er totalt innsamla kvantum av spillolje.

Tildelingskriterium

Det blir utbetalt refusjon for dei fleste typar brukt smørjeolje og andre brukte oljer (transformatoroljer med meir) med tilsvarande eigenskapar, med unntak av blant anna spillolje som kjem frå større skip (større enn 250 fot) i internasjonal sjøfart. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Miljødirektoratet. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakar har plikt til å rette seg etter. Krav om utbetaling blir kontrollerte i forhold til førehandstilsegna.

Rapport for 2012

Innsamlingsgrad for spillolje (med og utan rett til refusjon) er i dag i underkant av 90 pst. og har vore stabil dei siste åra. I 2011 vart det totalt samla inn 38 426 m 3 der 25 125 m 3 hadde rett til refusjon. I 2012 vart det samla inn 40 618 m 3 spillolje, der 25 581 m 3 hadde rett til refusjon. Det vart utbetalt om lag 49,3 mill. kroner i refusjon. Refusjonssatsen var på 2,11 kroner pr. liter. Differansen mellom refusjon og innlevert mengde skuldast i stor grad at innsamla mengde inneheld ein del vatn.

Ressursbruken under ordninga har samanheng med nasjonalt mål 9.7 og 9.8. Refusjonen har gjort det attraktivt å levere inn spillolje som eigaren elles måtte betale for å levere, og har derfor medverka til å gi oss ein høg innsamlingsgrad

Oppfølging og kontroll

Oppfølginga blir teken vare på gjennom statistikk over årleg innsamla spillolje. Ved kontroll i tankanlegga dei siste åra er det konstatert mange brot på ordninga for refusjonar. Miljødirektoratet følgjer opp brota ved å nekte refusjonsutbetaling eller krevje tilbakebetaling av feilaktig utbetalte refusjonar. Strengare reaksjonar som tilbaketrekking av tilsegna eller melding til politiet blir òg vurderte i alvorlege tilfelle.

Refusjon av avgift på Trikloreten (TRI)

Mål

Målet med ordninga er å hindre utslepp til miljøet av TRI frå TRI-haldig avfall, og den er eit verkemiddel som skal medverke til at avgiftssystemet verkar optimalt.

Trikloreten (TRI) er ei miljøgift. Bruk og utslepp skal reduserast vesentleg. TRI, som er eit løysemiddel som først og fremst blir brukt til avfeitting i industrien, vart frå 1. januar 2000 pålagt avgift, jf. St.Prop. nr. 1 (1999–2000) Skatte, avgifts- og tollvedtak. Posten dekkjer utbetaling av refusjon og utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga. Det har dei siste åra vore svært få utbetalingar gjennom ordninga som følgje av at bruken av ny TRI er kraftig redusert, og det er ikkje venta vesentlege endringar i framtida.

Tildelingskriterium

TRI-haldig avfall skal leverast til godkjent mottak eller behandlingsanlegg for farleg avfall, og ein vil få delvis refusjon av den innbetalte avgifta for den mengd TRI som finst i avfallet. For å stimulere til raskare utfasing av bruken av TRI vart refusjonssatsen sett til 25 kroner pr. kilo, noko som utgjer under halvparten av avgiftssatsen.

Rapport for 2012

I 2011 vart ein søknad om utbetaling av refusjon motteken og innvilga. I 2012 var det ingen søknadar om refusjon.

Ressursbruken under ordninga har samanheng med nasjonalt mål 9.7 og 9.8.

Oppfølging og kontroll

Oppfølginga skjer gjennom statistikk over årleg innsamla mengd TRI. Anlegg som tek imot farleg avfall og gjenvinningsverksemda skal vere godkjende av Miljødirektoratet.

Avgifta har medverka til ein kraftig reduksjon i etterspørselen etter ny TRI. På grunn av dei små mengdene som er i bruk og som er omfatta av refusjonssystemet, vil ein vurdere om det er føremålstenleg å vidareføre refusjonsordninga eller om ein kan sikre innlevering av TRI-haldig avfall på andre måtar.

Refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK)

Mål

Refusjonsordninga er heimla i forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 8. Hydrofluorkarbon (HFK) blir i første rekkje nytta i kjøle- og fryseanlegg, varmepumper og mobil luftkondisjonering.

Formålet med ordninga er å redusere utslepp til miljøet av HFK og PFK. Gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Kyotoprotokollen. Ordninga med avgift og refusjon skal medverke til meir bruk av miljøvennlege hjelpemedium og mindre bruk av dei mest skadelege HFK/PFK-gassane, stimulere til produktutvikling, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Målgruppe for ordninga er aktørar som har HFK- og PFK-haldig avfall.

Tildelingskriterium

Forskrifta inneber at kuldebransjen og andre som leverer HFK og PFK til godkjent destruksjonsanlegg, kan krevje refusjon. Føresetnaden er dokumentasjon som viser kva for mengd og typar av HFK og PFK som er leverte.

Det blir utbetalt refusjon for den mengda HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved innleveringstidspunktet, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2.

Rapportering 2012

I 2011 vart ingen tankar med HFK/PFK sende til destruksjon. Det vart samla inn fire tankar i 2012.

Innhaldet i tankane er i all hovudsak ulike blandingar av HFK-gassar, då PFK-gassar er svært lite brukt i Noreg.

Ressursbruken under ordninga har samanheng med nasjonalt mål 10.9 og 11.2.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet fører tilsyn med refusjonsordninga, jf. avfallsforskrifta § 17-3. Mengd HFK/PFK som blir samla inn og sendt til destruksjon varierer mykje frå år til år. Grunnen er at gassen blir innsamla på store tankar. Når ein tank er full, blir den sendt til forsvarleg destruksjon. Kvar tank som blir sendt til destruksjon utløyser om lag 3-5 mill. kroner til utbetaling i refusjon, avhengig av samansetjinga av gassane i tanken.

Post 77 Ymse organisasjonar og stiftelsar m. m.

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 83 og kap. 1441 postane 71 og 74. Posten er tredelt, jf. omtale under. Midlane er retta mot alle resultatområda.

Tilskot til frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftelsar innanfor forureiningsområdet.

Ordninga låg tidlegare under kap. 1441 post 71. Tilskotsordningane til frivillige miljøorganisasjonar og tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk er sett i samanheng og vart lagt om i statsbudsjettet for 2012. Ein del av omlegginga innebar at frivillige organisasjonar og allmennyttige stiftelsar med ei utprega forureiningsfagleg avgrensing vart flytta til denne ordninga.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med arbeid mot forureining som formål, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.

Målet er òg å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk, og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota blir fastsett bl.a. ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Ordninga omfattar tilskot til:

  • Norsk vannforening

  • Norsk forening mot støy

  • Tilskot til LOOP

  • Avfall Norge sin «Hold Norge Rent»-kampanje

For 2014 er det rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som for 2013. Tilskot til den einskilde organisasjonen blir utbetalt etter søknad.

Det er ein føresetnad at organisasjonane og stiftelsane sender inn søknad om tilskot.

Det blir fortløpande vurdert om organisasjonane og stiftelsane tilfredsstiller kriteria for å ta imot støtte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar bli følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar.

Miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon

Ordninga låg tidlegare under kap. 1441 post 74.

Mål

Miljømerking er eit viktig ledd i ein førebyggjande miljøvernpolitikk og gir informasjon til og bevisstgjering av forbrukarar, næringsliv og offentlege verksemder om miljøvennlege val. Miljømerking er òg viktig for å fremje miljøtiltak langs heile produktkjeda, frå uttak av råvarer til produktet blir avfall. Dei offisielle miljømerkeordningane som Svana og Blomen er eit viktig supplement til lovpålagte krav. Ordningane er nærare omtalte i Barne- og likestillingsdepartementets budsjettproposisjon.

Posten omfattar driftstilskot til Stiftelsen Miljømerking.

Kriterium for måloppnåing

Miljøverndepartementet føreset at midlane blir nytta til å intensivere arbeidet med utvikling av miljøkriterium slik at fleire produktgrupper blir merkte. Det skal særleg leggjast vekt på å utvikle kriteriesett for produktgrupper som medfører stor miljøbelastning, slik at forbrukarane får betre høve til å gjere miljørette val. Dette vil blant anna vere produktgrupper der innhald av helse- og miljøfarlege stoff og utslepp av klimagassar er eit problem. Det skal òg fokuserast på tiltak for å få fleire produsentar til å søkje om merket innanfor dei områda der det er utvikla kriterium og til å gi forbrukarar informasjon om spekteret av miljømerkte produkt på marknaden.

Tildelingskriterium

Tildeling av midlar er basert på Stiftelsen Miljømerking sitt resultat frå føregåande år og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.

Oppfølging og kontroll

Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i kvart enkelt tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Naturfaglege organisasjonar

Ordninga låg tidlegare under kap. 1427 post 84.

Mål

Ordningane under posten skal medverke til å halde oppe eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar innan natur- og forureiningsområda for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota blir fastsett bl.a. ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Det er rekna med tilskot til:

  • Foreininga Våre Rovdyr

  • Norsk Biologforeining

  • Norsk Botanisk Foreining

  • Norsk Entomologisk Foreining

  • Norsk Ornitologisk Foreining

  • Noregs Sopp- og nyttevekstforeining

  • Norsk Zoologisk Foreining

For 2014 er det rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som for 2013. Tilskot til den einskilde organisasjonen blir utbetalt etter søknad.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar. I tillegg kjem fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Post 78 Friluftslivsformål, kan overførast

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 postane 74 og 78. I budsjettet for 2014 er det lagt inn ei styrking på 15,3 mill. kroner. Posten er retta mot resultatområde 8 Aktivt friluftsliv, spesielt dei nasjonale måla 8.1, 8.2, og 8.3. Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 18 mill. kroner på posten, der 15 mill. kroner er til aktivitetar og tiltak i samband med Friluftslivets år 2015 og 3 mill. kroner er til anskaffingar i samband med kjøp og reparasjonar av båtar i Skjergardstenesta, jf. forslag til vedtak VI.

Til posten ligg fleire tilskotsordningar som er omtala under.

Tilskot til friluftsaktivitet

Mål

Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga, med vekt på særskilte grupper slik det framgår under tildelingskriterium.

Tilskotsordninga er styrkt med 7,6 mill. kroner, og har ei økonomisk ramme på 29,29 mill. kroner.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 8 Aktivt friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.

Rapport for 2012

Totalt vart det i 2012 gitt 16,6 mill. kroner i tilskot til lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv. Av dette fekk landsomfattande friluftslivsorganisasjonar 10,3 mill. kroner direkte frå Direktoratet for naturforvaltning, mens lokale og regionale lag og organisasjonar fekk 6,2 mill. kroner frå fylkeskommunane. Totalt søkte omkring 500 søkjarar om statleg støtte frå posten, og det totale søknadsbeløpet var 68 mill. kroner. Midlane frå posten dekte berre 30 pst. av det totale søknadsbeløpet.

Midlane er i all hovudsak brukte til å støtte tiltak for barn, unge og barnefamiliar, tiltak som stimulerer nye grupper til deltaking i friluftslivsaktivitetar, t.d. personar med nedsett funksjonsevne og etniske minoritetar i Noreg og tiltak som medverkar til å utvikle samarbeidet mellom friluftsliv og kulturminnevern. Eksempel på tiltak er DNTs prosjekt «Skolens naturpartner», Kristen Idrettskontakt «Aktivitet under open himmel», Noregs Jeger- og Fiskarforbund sine prosjekt «Friluftsliv i skuleverket», «Fiskesommar», Noregs Klatreforbund sitt prosjekt «Bredde i høyden», Noregs Orienteringsforbunds prosjekt «Turorientering med kulturminneposter», Noregs Padlarforbund sitt prosjekt «Et inkluderande padlermiljø», Noregs Turmarsjforbunds prosjekt «Norgeslekene», Skiforeininga sitt prosjekt «Friluftsglede for alle», Norsk Kennel Klub sitt prosjekt «Barn og ungdom aktive med hund» og Syklistanes Landsforeinings prosjekt «Alle barn sykler». Miljødirektoratet vil òg trekkje fram Friluftsrådas Landsforbund sitt prosjekt «Læring i friluft» som er retta mot tilsette i skule og barnehagar og Landsforeininga for fysisk fostring som har fått støtte til «Kompetanseheving for å fremme friluftsliv i skolen». Elektronisk søknadssenter er no teke i bruk fullt ut, og frå neste år vil truleg rapporteringa skje fullt ut elektronisk.

Arbeidet med Nærmiljøsatsinga, som starta i 2011, vart vidareført i 2012. 7 lokale prosjekt, geografisk spreidde i landet, er knytte til satsinga som pilotar. Desse har fått økonomisk støtte på til saman 2,5 mill. kroner, og tett oppfølging og fagleg hjelp i 2012. Vidare er samarbeid og koordinering med andre statlege aktørar og frivillige organisasjonar sentralt i Nærmiljøsatsinga. Eit eksempel på dette er prosjektet Aktiv i Friluft i regi av Friluftslivets Fellesorganisasjon, som òg fekk økonomisk støtte. Den Norske Turistforeining har òg i 2012 vore ein viktig samarbeidspartnar både lokalt gjennom nokre av pilotprosjekta og gjennom sentralorganisasjonen. Dialogen med andre statlege etatar har vore vidareført som del av Nærmiljøsatsinga. Helsedirektoratet, Husbanken og Statens Vegvesen har vore viktige samarbeidspartar i 2012.

Tildelingskriterium

Det blir primært gitt støtte til friluftslivstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet. Det kan òg bli gitt støtte til materiell og utstyr, som for eksempel telt, fiskestenger og liknande. Barn, unge, barnefamiliar, personar med nedsatt funksjonevne, personar med innvandrarbakgrunn og grupper som ikkje allereie er fysisk aktive er særleg prioriterte. Det er vidare eit mål med ordninga å fremje innlandsfiske som fritidsaktivitet, og tilskot til aktivitet i samband med Sportsfiskets år 2014 skal prioriterast. Videre skal tiltak som medverker til å gjere synlege og formidle kulturminne som opplevingsverdi i friluftsliv og IKT-baserte produkt og tenester som kan medverke til at fleire blir aktive og tek del i friluftsliv prioriterast. Tiltak som blir gjennomførde i nærmiljøet, med særleg vekt på byar og tettstader, er særleg prioriterte. Primær målgruppe er lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Tilskot til friluftslivsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn

Mål

Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn. Det er vidare eit mål med ordningen å auke integreringa av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.

For å styrkje arbeidet med å få fleire personar med innvandrarbakgrunn til å begynne med friluftsliv, blir ordninga auka med 2 mill. kronar i 2014, slik at samla ramme blir 5 mill. kroner.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 8 Aktivt friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.

Rapport for 2012

Som eiga ordning er denne ny frå 2013. Det vart då avsett midlar til tiltak og aktivitetar med føremål å styrkje integreringa av personar med innvandrarbakgrunn i friluftsliv. For omtale av midlar som blant anna er retta mot personar med innvandrarbakgrunn i 2012, visar vi til rapport under ordninga Tilskot til friluftslivstiltak og ordninga Interkommunale friluftsråd og landsomfattande samarbeidsorgan for friluftsliv.

Tildelingskriterium

Det blir primært gitt støtte til friluftslivstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet. Det kan også bli gitt støtte til utstyr og materiell som medverkar til å fremje friluftslivsaktivitetane. Tiltak som fremjar friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn er målgruppa. Innanfor målgruppa er barn, unge, barnefamiliar og personar som er lite fysisk aktive prioriterte. Tiltak som blir gjennomførde i nærmiljøet, med særleg vekt på byar og tettstader, er særleg prioriterte, saman med tiltak som medverkar til å auke integreringa av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles. Vidare er tilskot til å utarbeide informasjon om friluftsliv, som kan nyttast av organisasjonar og kommunar i deira arbeid med personar med innvandrarbakgrunn prioritert, saman med tilskot til oversetjing av informasjon om friluftsliv og turhøve på nettbaserte løysingar og appar.

Sentralleddet til lag og organisasjonar med etablerte lokallag og aktivitet i tre eller fleire fylke kan søkje på ordninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Driftsstøtte til Friluftsrådenes landsforbund, Interkommunale friluftsråd, Friluftslivets fellesorganisasjon og Forum for natur og friluftsliv

Mål

Ordninga har ei økonomisk ramme på 20,82 mill. kroner. Målet med tilskotsordninga er å styrkje allmenta sine interesser for deltaking i friluftsliv gjennom det arbeidet som skjer gjennom dei store friluftslivsorganisasjonane og deira lokale lag og foreiningar.

Friluftsrådenes Landsforbund (FL) er paraplyorganisasjonen for dei interkommunale friluftsråda, og har i dag 22 tilslutta interkommunale friluftsråd. Det blir gitt administrasjonsstøtte til FL og dei interkommunale friluftsråda. Det er et mål at flest mulig kommuner er med i et interkommunalt friluftsråd.

Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO) er paraplyorganisasjon for 15 friluftslivsorganisasjonar med til saman nesten 722 000 medlemsskap. FL, FRIFO og Samarbeidsrådet for naturvern (SRN) har etablert fylkesvise samarbeidsnettverk for natur og friluftsliv (FNF – Forum for natur og friluftsliv). Frå posten blir det gitt administrasjonsstøtte til FRIFO og til FNF.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 8 Aktivt friluftsliv.

Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat i kommunane og friluftsråda sitt arbeid med opparbeiding og skjøtsel av statleg sikra friluftsområde.

Rapport for 2012

Totalt vart det i 2012 tildelt 8 mill. kroner til FL og interkommunale friluftsråd. Midlane er nytta til drift, til å styrkje arbeidet i FL og til å utvide FLs engasjement geografisk. Det er ein markert auke i interessa for interkommunalt samarbeid om friluftsråd. I 2012 auka talet på friluftsråd frå 20 til 22 og i tillegg er det nye kommunar som melder seg inn i eksisterande friluftsråd. Det er no totalt 196 kommunar som er medlem i friluftsråd, og som omfattar 70 pst. av landet si befolkning.

Samla har friluftsråda hatt rekordhøg omsetning i 2012 på om lag 100 mill. kroner. Arbeidet har blant anna resultert i etablering av 342 km nye turstigar og 45 km turvegar der arbeidet er gjort i eigen regi av friluftsråda og i samarbeid med andre. Friluftsråda har etablert 11 nye toalett og 17 utstyrsbasar. I 2012 har friluftsråda hatt spesielt fokus på folkehelseutfordringar knytte til inaktivitet. Friluftsråda har medverka til friluftsaktivitet ved å arrangere opne turar for 16 500 deltakarar, og i tillegg medverka til turar med omkring 60 000 deltakarar. Det er arrangert kurs for 4 600 lærarar, barnehagetilsette m. fl. Det er òg gjennomført særskilte tiltak for folk med minoritetsbakgrunn (3 800 deltakarar) og funksjonsnedsetjingar (2 000 deltakarar). Friluftsråda har vidare uttalt seg i 226 høyringssaker. Friluftsråda har i tillegg fortløpande forvaltningsansvar for omkring 500 sikra friluftsområde, 1000 km med turstigar, 150 km skiløyper og 130 km turvegar. Fleire friluftsråd har òg stort fokus på å kunne tilby allmenta eit friluftstilbod gjennom kystleihytter.

Når det gjeld Forum for Natur og friluftsliv (FNF) har sentralgruppa nytta stønaden til å gjennomgå og revidere styringsdokument for drift av FNF. Styringsdokumentet tydeleggjer oppgåver, roller, ansvar og rutinar for samarbeidet i FNF. Det er litt over halvparten av fylka som har fulle koordinatstillingar (80-100 pst. stilling), men fylka har likevel gjort eit betydeleg arbeid for natur- og friluftsinteressene i dei enkelte fylka.

Tildelingskriterium

Ordninga skal gi grunnstøtte til FL, dei interkommunale friluftsråda, FNF og FRIFO.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir tekne opp i årlege møte med FL, FNF og FRIFO.

Tiltak i statleg sikra friluftslivsområde

Mål

Ordninga gir økonomisk tilskot til naturvennlig skjøtsel og opparbeiding av statleg sikra friluftslivsområde, med mål at disse blir tilgjengelige og attraktive. Ordninga har ei økonomisk ramme på 23,07 mill. kroner.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 8 Aktivt friluftsliv.

Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat i kommunane med opparbeiding og skjøtsel av statleg sikra friluftsområde.

Rapport for 2012

Budsjett for 2012 var 24,5 mill. kroner. Av budsjettet vart fylkeskommunane tildelt 20,96 mill. kroner for vidare tildeling til kommunar og interkommunale friluftsråd. I tillegg gjorde Miljødirektoratet en direkte tildeling av 3,54 mill. kroner til Malvik og Stjørdal kommune for grunnleggjande istandsetjing av dei tidlegare forsvarseigedommane Midtsand og Håmmårsbukta.

Det er ulik tildeling av budsjettmidlar mellom fylka, og fordelinga vart utført på grunnlag av fylka sitt totale tal statlege friluftslivsmidlar, og om det låg føre forvaltningsplanar for friluftslivsområda som dokumenterer behov for tiltaksmidlar. I gjennomsnitt vart fylka i 2012 tildelt 1,1 mill. kroner.

Totalt mottok fylkeskommunane i 2012 omkring 250 søknader frå kommunar og interkommunale friluftsråd, og totalt søknadsbeløp var 56 mill. kroner. Tiltaka var totalt kostnadsberekna til 100 mill. kroner, noko som viser at mange søkjarar medverkar sjølve med eigne midlar og dugnadsinnsats. Det vart i 2012 gitt statleg støtte til omkring 200 tiltak. Ein stor del av tiltaka omfatta universell tilrettelegging, for eksempel turveg og badebrygge i Kroksand friluftslivsområde i sentrum av Hvaler kommune, badebrygge med landgang i Sjøvollbukta friluftslivsområde i Asker kommune, brygge for ilandstiging og turveg i Austre Randholmen friluftslivsområde i Kristiansand kommune, rullestolstig i Vikaengene friluftslivsområde i Selbu kommune og utrullingsmatter for rørslehemma i Sørvika i Lenvik kommune. I tillegg vart det gitt statleg støtte til tiltak som generelt betrar tilgjenget til friluftslivsområda, som parkering, tilkomstvegar og bruer, og til tiltak som kan stimulere til aktivitet, som for eksempel turvegar, kyststigar og badebrygger.

Tildelingskriterium

Midlane skal nyttast til ulike praktiske tiltak og skjøtsel i statleg sikra friluftslivsområde, jf. omtale av slik sikring under kap. 1420 post 30. Statleg eigd areal som har fått ny bruk som sikra friluftslivsområde er òg omfatta av ordninga. Både kommunar og friluftsråd kan søkje om midlar. Prioriterte vert naturvennlege tiltak for opparbeiding, skjøtsel og anna praktisk tilrettelegging med grunnlag i godkjend forvaltningsplan for å kunne betre tilhøva for mange brukarar og ulike brukargrupper. Prioriterte er òg tiltak som gjer synleg kulturminne på dei statleg sikra friluftsområda, tiltak som fremjar fritidsfiske og auka tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Skjergardstenesta

Mål

Ordninga gir statlege budsjettmidlar til drift av skjergardstenesta, inkludert kjøp og vedlikehald av båtar knytte til tenesta. Ordninga har ei økonomisk ramme på 19,7 mill. kroner.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 8 Aktivt friluftsliv.

Måloppnåinga blir vurdert ut frå aktiviteten til skjergardstenesta.

Rapport for 2012

Skjergardstenesta hadde i 2012 eit relativt normalt driftsår, og gjorde ein god jobb og oppnådde gode resultat i alle driftseiningar. Det vart teke i bruk flotte nye arbeidsbåtar i tre område i 2012 (Hvaler, Larvik/Sandefjord og Færder driftseining) som gir betre grunnlag for å oppnå gode resultat også i åra framover.

Tildelingskriterium

Midlane skal dekkje utgiftene til den praktiske drift og forvaltning av skjergardsparkar og andre offentleg sikra friluftsområde langs kysten, knytt til drift av skjergardstenesta i Oslofjorden, Skjergardsparkane på Sørlandet og Vestkystparken. Tilskot blir gitt både til friluftsråd og kommunar.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir òg tekne opp i møte mellom Miljødirektoratet/fylkesmannen og skjergardstenesta i dei tre regionområda.

Andre tilskot frå posten

2,5 mill. kroner frå posten skal i 2014 overførast FRIFO til arbeidet med dagleg leiing og planlegging av Friluftslivets år 2015. Midlane skal gå til lønn, administrative utgifter og informasjonsarbeid.

Det er sett av 3,2 mill. kroner i tilskotsmidlar til eit nytt prosjekt for å stimulere til kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde i heile landet. Til leiing av prosjektet er det sett av midlar under kap. 1420 post 01.

Post 79 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1441 post 79. Utgiftene må sjåast i samanhang med midlar til same føremål under post 39 og 69. Midlane er retta mot resultatområde 9 Giftfritt miljø.

Mål

Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunale og interkommunale selskap/verksemder, private verksemder og privatpersonar har til å undersøkje og gjennomføre oppryddingstiltak i grunn og sjøbotn som er forureina med miljøfarlege stoff.

Kriterium for måloppnåing

For forureina sjøbotn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet om at «Sediment skal ikkje føre til alvorleg forureining» og indikatoren «Mengd utvalte helse- og miljøfarlege stoff som er handtert ved mudring/tildekking slik at dei ikkje lenger utgjer kjelde til alvorlege forureiningsproblem» (sjå òg resultatområde 9.4).

For forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet om at «Miljøgifter frå forureina grunn skal stansast» og indikatoren «Talet på kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining» (sjå òg resultatområde 9.3).

Rapport for 2012

Det blir her rapportert samla for oppryddingsarbeidet finansiert frå postane 39, 69 og 79.

Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn er godt i gang. Fram til no er undersøkingar gjennomførte i dei fleste av dei prioriterte områda, og i fleire av områda har dei viktigaste oppryddingstiltaka starta. Oppryddinga i Tromsø vart avslutta i 2012 og i Oslo hamn vil dei mindre gjenståande arbeida bli ferdige i 2013. I Kristiansand er dei viktigaste tiltaka gjennomførte og i Trondheim er opprydding ved Killingdal gruver ferdigstilt, mens opprydding i hamneområdet er planlagt gjennomført i perioden 2012–2015.

Gjennom å samkøyre oppryddingsprosjekt med andre planlagde aktivitetar sikrar ein framdrift, og ein oppnår ei heilskapleg gjennomføring med både miljøvise og økonomiske fordelar. I Harstad skal for eksempel miljøoppryddinga samkøyrast med Kystverkets mudring av farleier, som er ein del av Nasjonal transportplan. Oppryddingsprosjektet starta sommaren 2012 og er planlagt ferdigstilt ved årsskiftet 2013/2014. I Sandefjord blir det arbeidd med ein finansieringsplan for opprydding av fjorden. Også i dei andre av dei 17 prioriterte områda blir det arbeidd aktivt, både med kartlegging av forureining og gjennomføring av tiltak i delområde. I tillegg har Miljødirektoratet pålagt ei rekkje trafikk- og industrihamner å undersøkje kva hamneverksemda medfører av forureining, og fylkesmenn har bede skipsverft om å utgreie tiltaksplanar dersom undersøkingar har vist at det er oppryddingsbehov – noko det så langt har vist seg å vere dei fleste stadene.

Ressursbruken under ordninga har i hovudsak samanheng med nasjonalt mål 9.4. I dei fleste områda stammar forureininga frå gamle synder, og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Midlane som staten løyver over dei tre postane er derfor ofte nødvendige for at oppryddinga av forureina sjøbotn skal bli gjennomført.

Tildelingskriterium

Posten skal nyttast til delfinansiering av utgreiings- og oppryddingskostnader. Prinsippet om at forureinar betaler ligg til grunn ved vurdering av om det skal givast tilskot.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontroll av bruk av midlar skjer bl.a. gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsendt av tilskotsmottakar.

Post 81 Verdsarvområde, kulturlandskap og verdiskaping naturarv, kan overførast, kan nyttast under post 21

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 71 og 81. Posten gir tilskot til tre føremål: Forvaltningstiltak i verdsarvområde (9,6 mill. kroner), utvalde kulturlandskap (7 mill. kroner) og verdiskaping basert på naturarven (7,5 mill. kroner). Midlane under posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap (kulturlandskapsdelen).

Forvaltningstiltak i verdsarvområde

Mål

Målet med tilskot til forvaltningstiltak i norske verdsarvområde med viktige naturverdiar er å sikre ei berekraftig forvaltning av norske verdsarvområde.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltninga er i tråd med kriteria for tildeling av verdsarvstatus og kriteria for utpeiking av utvalde kulturlandskap.

Rapport for 2012

Oppfølging av norske verdsarvområde med naturverdiar er organisert gjennom ideelle stiftelsar på staden som mottek tilskot til drift og gjennomføring av forvaltningstiltak innanfor rammer sett i forvaltningsplanar og retningslinjer for oppfølging av verdsarvkonvensjonen. Midlane har i 2012 medverka til gjennomføring av tiltak og satsingar på ulike tema for verdsarvforvaltning i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Desse omfattar blant anna forvaltningsplanlegging og utarbeiding av skjøtselsplanar. Det er utarbeidd miljøanalysar og gjennomført vegetasjonskartlegging for å styrkje kunnskapsgrunnlaget for naturovervaking og målretta skjøtsel. Forpliktingane knytte til formidling og informasjon om kultur- og naturverdiar er tekne hand om og utvikla vidare gjennom tiltak retta mot barn og unge og besøkande. Initiativ med målsetjing å utvikle betre besøkshandtering, redusert forureining og miljøsertifisering er sette i gang eller førte vidare.

Tildelingskriterium

Dei aktuelle verdsarvområda er Vegaøyan som vart tekne inn på UNESCOs verdsarvliste i 2004, og det vestnorske fjordlandskapet med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden som vart ført på lista i 2005. Mottakarar er stiftingane Vegaøyan Verdensarv, Geirangerfjorden Verdsarv og Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Midlane må sjåast i samanheng med midlar til verdsarvområda i Noreg under kap. 1429 post 79 Tilskot til Verdsarven.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskot blir følgde opp av Miljødirektoratet i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Utvalde kulturlandskap

Mål

Målet med tilskotet er å sikre ei berekraftig forvaltning av norske kulturlandskap med særskilt høge verdiar knytte til naturmangfald, med vekt på utvalde kulturlandskap i jordbruket og i tillegg dei prioriterte områda i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltninga er i tråd med kriteria for utpeiking av utvalde kulturlandskap i jordbruket og prioritering av nasjonalt verdifulle kulturlandskap.

Rapport for 2012

Midlane til kulturlandskap er delt i to ordningar: ei til utvalde kulturlandskap i jordbruket og ei til område prioritert i nasjonal kartlegging av kulturlandskap eller som seinare er kome til som svært viktige kulturlandskap etter den nasjonale kartlegginga. Midlane til utvalde kulturlandskap inngår i ei spleiseordning med landbruk til ein pott på til saman 14 mill. kr. Midlane i begge ordningane inngår ofte som delfinansiering med tilskotsordningar innan miljø eller landbruk. I 2012 vart det innvilga støtte til i alt 37 tiltak i område prioriterte i nasjonal kartlegging av verdifulle kulturlandskap. I begge ordningane bidreg midlane til å hindre attgroing, gjennomføre skjøtsel av biologisk viktige areal og gjennomføre heilt naudsynte tiltak for å ta vare på nokre av verdiane knytte til heilskaplege kulturlandskap. Ordningane er såleis viktige for å nå miljømåla 6.6 og 6.7, og til dels og 6.1.

Tildelingskriterium

Om lag 6 mill. kroner av kulturlandskapsmidlane skal nyttast i utvalde kulturlandskap i jordbruket. Eit nasjonalt sekretariat leia av Statens landbruksforvaltning, med Miljødirektoratet og Riksantikvaren, følgjer opp arbeidet med identifisering og forvaltning av områda i samarbeid med fylka som har ansvaret for praktiske tiltak. Prosjektet er samfinansiert over jordbruksavtala og Miljøverndepartementets budsjett. Områda som er utvalte (22 område i 2012) blir tildelt midlar via Fylkesmannen og sekretariatet for ordninga. til å halde oppe natur, kultur og landskapsverdiane. Midlane blir tildelte med grunnlag i godkjende forvaltningsplanar. I tillegg blir det nytta om lag 1 mill. kroner frå posten til tiltak i område prioritert i nasjonal kartlegging av kulturlandskap.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskot blir følgde opp av Miljødirektoratet i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Verdiskaping naturarv

Mål

Verdiskaping basert på naturarven har som hovudmål å medverke til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir ein viktig ressurs i samfunnsutviklinga. Arbeidet byggjer på erfaringane frå verdiskapingsprogrammet «Naturarven som verdiskapar». Tilskotet skal medverke til at verdien av naturområda blir auka med kvalitetsheving av infrastruktur, informasjonsskilt, innfallsportar, tilrettelegging, betre samarbeid og kunnskap om verneområda og andre prosjekt for verdiskaping i koplinga mellom naturforvaltning, næring og lokalsamfunn som mange kan ha nytte av. Tilskotet skal mellom anna gå til implementering av merkevare- og kommunikasjonsstrategien for nasjonalparkar, under dette nasjonalparksenter, nasjonalparklandsbyar og kommunar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet stimulerer til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir del av ei brei verdiskaping der natur, lokalsamfunn og næringsutvikling har ein langsiktig positiv effekt av tiltaka.

Rapport for 2012

Verdiskapingsprogrammet «Naturarven som verdiskapar» går over ein 5-årsperiode 2009–2013. I 2009 vart det etter utlysing valt ut 10 prosjekt. Rammene vart auka i 2010 og etter ny utlysing vart 6 nye prosjekt utpeikte, mens eitt falt frå. Eit prosjekt var 3-årig og vart avslutta i 2012. Programmet består derfor av 14 prosjekt som går ut 2013. Årleg blir det generert resultatrapport for verdiskapingsprogrammet. Resultata indikerer ei positiv utvikling, spesielt gjeld dette talet på bedrifter som har utvida verksemda si som følgje av programmet. Dei prosjekta som byggjer vidare på tidlegare satsingar har komme lengst når det gjeld økonomisk verdiskaping. Det er eit krav om 50 pst. eigenfinansiering i prosjekta. Dei viktigaste finansieringskjeldene er kommunar og fylkeskommunar. Fleire finansieringskjelder har blitt involverte, bl.a. reiselivsbedrifter, andre næringsaktørar og Innovasjon Noreg, eit teiken på auka lokal involvering og medverknad. Miljøvis og økonomisk verdiskaping har blitt høgt prioritert i prosjekta. Kulturell og sosial verdiskaping har òg høg prioritet, men noko lågare enn den økonomiske og miljøvise.

Tildelingskriterium

Tilskot blir tildelte konkrete tiltak knytte til verdiskaping med utgangspunkt i naturarven, og til leiing av prosjekta som får støtte. Prosjekta skal ha potensial for miljøvis, sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping. Prosjekta skal medverke til at måla for ordninga blir nådde. Døme på utviklingsprosjekt og tiltak er tilrettelegging av stigar for korte turar, attraksjonar som kanaliserer ferdsel, naturfagleg kompetanseheving for reiselivsbedrifter, sykkelstigar, fotoskjul og nasjonalpark som merkevare for stadutvikling. Prosjekta skal ha ein overføringsverdi slik at kunnskap om korleis naturarven kan medverke til verdiskaping blir bygd opp og spreidd. Prosjekt som får tilskot må stille med 50 pst. lokal innsats eller finansiering.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakeleg i form av fortløpande kontakt mellom Miljødirektoratet og prosjekta som får tilskot og gjennom at Fylkesmannen deltek i dei styrande organa for prosjekta, der det vert fatta avgjerder bl.a. om budsjett, framdrift og økonomisk styring. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskap.

Post 82 Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21

       

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

82.1

Tilskotordning – prioriterte arter

16 627

82.2

Tilskotordning – utvalde naturtypar

11 462

Sum post 82

28 089

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 82. Posten er oppretta som følgje av naturmangfaldlova og er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap (kulturlandskapsdelen). Posten er delt i to underpostar, ein for prioriterte arter og økologiske funksjonsområde for prioriterte arter, og ein for utvalde naturtypar. Tiltak for bevaring av hubro er òg inkludert i posten med fokus på tiltak mot elektrokusjon. Posten er redusert med 5 mill. kroner i høve til tilsvarande løyving i 2013 for å gjere mogleg andre prioriteringar i budsjettet.

Prioriterte arter, inkludert hubro

Mål

Målet med tilskotsordninga er å ta vare på dei plante- og dyrearter i Noreg som blir valde ut som prioriterte arter. Målet er òg å ta vare på dei økologiske funksjonsområda til prioriterte arter. Når det gjeld hubro, er målet å gjennomføre naudsynte tiltak for hindre at hubro døyr som ei følje av at dei nyttar straumstolpar som sitjeplass, og kjem i kontakt med straumførande luftleidningar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytt til prioriterte arter og økologiske funksjonsområde. Måloppnåinga for hubro blir vurdert ut frå talet stolpar/konstruksjonar som er sikra mot skade på hubro, og utvikling i hubrobestanden i desse områda.

Rapport for 2012

Det vart gitt 4,6 mill. kroner i tilskot til 105 søknader om tiltak for prioriterte arter i 2012 (unnateke hubro). Midlane er gitt til konkrete tiltak, som f. eks. skjøtsel av lokalitetar med svartkurle, raud skogfrue og honningblom. Vidare er det gitt tilskot til biotopforbetrande tiltak som f. eks. salamanderdammar, overvintringsplassar for flaggermus og styrking av bestandar av elvemusling og edelkreps, gjerding og informasjon.

Tiltaka er sette i verk innanfor utarbeidde handlingsplanar og faggrunnlag, noko som skal styrkje artene sine høve til å overleve i lokalitetane.

Ressursbruken under ordninga har samanhengen med nasjonalt mål 1.5, 2.4, 3.3, 4.4, 5.3 og 6.8.

Tildelingskriterium

Midlane skal gå til tiltak som sikrar prioriterte arter og til aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som medverkar til å ta vare på eller gjenopprette økologiske funksjonsområde for prioriterte arter. Midlane til hubro skal i hovudsak gå til konkrete tiltak som å isolere straumleidningar, få fortgang i arbeidet med å flytte transformatorstasjonar ned på bakken, byggje plattformer som hubro kan sitje på, og andre tiltak som vil medverke til å redusere den generelle belastninga på hubro i samanhang med kraftlinjer. Noko av midlane kan òg nyttast til å kartleggje stolpekonstruksjonar som utgjer ein fare for hubro. Det blir lagt opp til eit nært samarbeid med netteigarar, og det skal normalt stillast krav om medfinansiering frå aktuell samarbeidspart.

Oppfølging og kontroll

Begge underpostar: Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Utvalgte naturtypar

Mål

Målet med tilskotsordninga er å ta vare på utvalde naturtypar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytt til førekomstar av utvalde naturtypar.

Rapport for 2012

Det vart i 2012 gitt 23,7 mill. kroner i tilskot til 300 søknader for utvalte naturtypar.

I løpet av 2012 kom alle fylke i landet med i oppfølgingsarbeidet for kulturmark. Ved utgangen av 2012 var rundt 380 verdifulle A eller B lokalitetar av slåttemark (D01), slåttemyr (D02) og lauveng (D17) under oppfølging. Av ulike årsaker er ikkje rapporteringa fullstendig på korleis dette fordelar seg på A- og B-område, men i 2012 vart dette oppgitt for 160 A-område og 129 B-område. Rundt 150 lokalitetar kom med i oppfølging gjennom handlingsplanar i 2012. Tilskotsmidlane har gått til skjøtsel, restaurering, kursverksemd og skjøtselsplanarbeid. Handlingsplanarbeidet så langt viser at både tilbakeføring av slåtteenger under gjengroing, og framhalden hevd på lokalitetar som er i god hevd frå før gir gode resultat med omsyn til å bevare ein god tilstand av naturtypen.

Vel 40 område med kystlynghei har fått tilskot til skjøtsel, restaurering, planlegging, informasjon og investeringar i tråd med tilskotsreglane i 2012. Rogaland er det fylket som har flest kystlyngheilokalitetar i skjøtsel.

2 område med haustingsskog har motteke tilskot til restaurering og til informasjon i 2012. Talet på haustingsskoglokalitetar under restaurering og skjøtsel er venta å auke i 2013.

Det er gjennomført trepleie og skjøtsel etter 25 søknader for hole eiker, det er gitt tilskot til ni kalksjøar for reetablering av algar og tiltak mot forureining, og til ein kalklindeskog for skjøtsel. Det er òg starta eit større prosjekt med skjøtsel av ein lokalitet med ålegraseng.

Tildelingskriterium

Midlane skal gå til aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som medverkar til å ta vare på førekomstar av utvalde naturtypar. Det kan blant anna givast tilskot til skjøtsel, som t.d. rydding, hogst, slått, brenning, trepleie, ringbarking, lauving og styving, forynging av tresjiktet, inkludert plan for dette, tilpassa driftsform i jord- og skogbruk, tilpassa beiting, restaurering, som t.d. rydding av buskoppslag og tre, tilbakeskjering av styvingstre, gjerding, informasjon og kartlegging i samband med tiltak.

Målgruppene for ordninga er grunneigarar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå. I tillegg kan privatpersonar, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar (for eksempel museum, universitet, landbruksføretak, forskingsinstitusjonar) søkje om tilskot. Fylkesmannen kan krevje at søknaden er basert på ein godkjend skjøtselsplan, eller stille som vilkår at plan blir utarbeidd.

Oppfølging og kontroll

Begge underpostar: Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Post 84 Internasjonale avtaler og medlemskap

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 75. Tilskotsordninga er primært knytt til resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde nedanfor i deira internasjonale arbeid for vern av naturmangfald og berekraftig bruk av naturressursar, og å setje Miljødirektoratet og andre delar av miljøforvaltninga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om Noreg gjennom si støtte til dei internasjonale organisasjonane i rimeleg grad medverkar til at desse kan utføre oppgåvene sine, og at Miljødirektoratet og anna miljøforvaltning får tilgang til arbeidet som skjer i dei.

Tildelingskriterium

Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:

  • Federation of Nature and National Parks of Europe (EUROPARC)

  • Conseil International de La Chasse (CIC)

  • International Union for Conservation of Nature (IUCN) (Government Agency member)

  • Wetlands International (WI)

  • BirdLife International (BI)

  • Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)

  • Den norske plantevernorganisasjonen (Planta Europa)

  • Den europeiske organisasjonen for bevaring av geologiarven (ProGEO)

Posten skal dekkje utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemskapen, slik som i den nordatlantiske organisasjonen for laksevern North Atlantic Salmon Conservation Organization (NASCO). Kontingenten til NASCO er dekt over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.

Det skjer ei kontinuerleg vurdering av organisasjonane sine målsetjingar og av tilhøvet deira til sentrale konvensjonar og avtaler og kva nytte Miljødirektoratet har av medlemskapen.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i og bidrag til møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjerder bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet.

Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Miljødirektoratet på møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjerder bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.

Post 85 Nasjonalparksenter og andre naturinformasjonssenter, kan overførast

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 76. Tilskotsordninga på posten er i hovudsak retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap, 6 Verdifulle kulturminne og kulturlandskap og 8 Aktivt friluftsliv. Løyvinga er auka med 9 mill. kroner til utstillingar og informasjonsarbeid samt til autorisering av nye sentra. I tillegg er det løyvd 10 mill. kroner over post 01 til nye naturrettleiarstillingar ved nasjonalparksentra og 1 mill. kroner over post 21 til fellestiltak for alle sentra.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å sikre etablering og drift av nasjonalparksenter og naturinformasjonssenter. Sentra sin hovudfunksjon er å formidle informasjon om natur- og kulturverdiar og medverke til ei god forvaltning av natur- og verneområde. Enkelte senter er i tillegg knutepunkt for den nye forvaltningsmodellen for verneområde.

Hovudmålet er at sentra skal spreie kunnskap og skape merksemd om naturmangfaldet. Dei skal medverke til lokal berekraftig verdiskaping gjennom måten dei blir drivne på. Sentra skal inspirere folk til å ville lære meir om naturmangfaldet og skape auka engasjement. Sentra skal òg leggje til rette for godt samspel med lokale interessentar for å utvikle berekraftige aktivitetar utanfor og i verneområde.

Sentra skal vere spydspissar i kvalitetsformidling av kunnskap om nasjonalparkar, villrein, våtmark, rovdyr og villaks til lokalbefolkninga og tilreisande, spesielt barn og unge.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing for sentra blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar der sentra viser at dei fyller autorisasjonskrava.

Rapport for 2012

Det er i 2012 gitt grunntilskot til autoriserte nasjonalparksenter og etter søknad gitt tilskot til fornying av utstillingar og informasjonstiltak, og tilskot til opparbeiding og tilrettelegging av forvaltningsknutepunkt. Det vart i 2012 starta ei autorisasjonsordning for rovviltsenter og våtmarkssenter. I 2012 vart det autorisert fem våtmarkssenter; Nordre Øyeren våtmarkssenter, Holmen våtmarkssenter, Ørland våtmarkssenter, Jæren våtmarkssenter og Oslo våtmarkssenter. To rovviltsenter; Bjørneparken i Flå og Namskogan familiepark vart òg autoriserte. Det er vidare gitt tilskot til senter for laks, villrein og til informasjonstiltak gjennom Klimapark 2469 med fokus på klimaendringar og naturfaglege aspekt og verneverdiar i Jotunheimen nasjonalpark. Sentra som fekk tilskot i 2012 var Norsk Villreinsenter, Kunnskapssenter for laks og vassmiljø, Namskogan familiepark, Bjørneparken i Flå, Breheimsenteret, Femundsmarka nasjonalparksenter, Folgefonna nasjonalparksenter, Halti Nasjonalparksenter, Hardangervidda nasjonalparksenter, iNasjonalparkar, Jostedalsbreen nasjonalparksenter, Lierne nasjonalparksenter, Nordland nasjonalparksenter, Norsk Bremuseum, Norsk Fjellmuseum, Stabbursnes naturhus og museum, Ytre Hvaler Nasjonalparksenter, Øvre Pasvik nasjonalparksenter, Balsfjord Våtmarkssenter – Midt-Troms Museum, Holmen Natursenter, Oslo våtmarkssenter, Jæren våtmarkssenter, Nordre Øyeren Naturinformasjonssenter, Kjerringøy våtmarkssenter, Ørland Våtmarkssenter, Gjesværstappan – informasjonssenter for sjøfugl, Runde Miljøsenter, Bunova i Vingelen.

Ressursbruken under ordninga har samanhengen med nasjonalt mål 3.6, 5.4, 4.9 og 5.9.

Tildelingskriterium

Tilskot blir gitt til forprosjektering og etableringskostnader, drift, informasjonsformidling og kompetanseutvikling ved sentra.

Autorisasjonsordninga for nasjonalparksenter, rovviltsenter og våtmarkssenter som vart utvikla i 2012, held fram i 2014. I autorisasjonen ligg krav sentra må oppfylle og retningslinjer dei bør følgje, men som ikkje er absolutte krav. Miljødirektoratet har ansvaret for å autorisere og kvalitetssikre sentra. Autorisasjonen gjeld for fem år om gongen og kan fornyast. Miljøstyresmaktene kan krevje reautorisasjon tidlegare enn føresett dersom det blir gjort endringar i krava i perioden. Utvikling av felles kjenneteikn (identiteten) for autoriserte senter vil bli sett i samanheng med kommunikasjonsstrategi for nasjonalparkar.

Senter som er autoriserte som nasjonalpark-, rovvilt- eller våtmarkssenter kan søkje om eit årleg grunntilskot. Tilskotet skal dekkje fortløpande aktivitet ved sentra knytt til administrasjon, planlegging og gjennomføring av informasjonstiltak, drift av utstilling i sesongen, naturrettleiing osv. Grunntilskotet i 2014 er 800 000 kroner pr. senter. Alle kan søkje om tilskot til nye utstillingar og informasjonstiltak. Det kan òg søkjast om midlar for ekstra publikumstilbod til senter som har størst potensial for å treffe mykje publikum og til å samarbeide med reiselivet, og kompetansetilskot til oppgåver som nøytrale kunnskapsformidlarar/ kompetansesenter ikkje kan dekkje innanfor det generelle grunntilskotet.

Tilskotsordninga omfattar òg drift av dei to informasjons- og kompetansesentra for villrein på Skinnarbu i Tinn kommune og på Hjerkinn i Dovre kommune. Villreinsentra sin hovudfunksjon er å formidle kunnskap om villrein, livsvilkåra den har, krav til leveområde m.v., og på denne måten medverke til ei god forvaltning av villreinen i Noreg. Tilskot til stiftelsen Kunnskapssenter for laks og vassmiljø i Namsos er omfatta av posten. Det same er støtte til Klimapark 2469, der tilskot blir gitt til Norsk Fjellmuseum som er autorisert nasjonalparksenter for Jotunheimen. Etablering av infrastruktur og bygg til forvaltningsknutepunkt for nasjonalparkar er òg dekt av posten.

Tabell 7.2 Type senter

 

(i 1000 kr)

Type senter

 

Autoriserte nasjonalparksenter

23 700

Forvaltningsknutepunkt, nasjonalparkar

6 600

Villreinsenter

6 600

Autoriserte naturinformasjonssenter, våtmark

7 000

Autoriserte naturinformasjonssenter, rovvilt

6 700

Klimapark 2469

1 100

Laksesenter, Namsos

1 000

Sum

52 700

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer årsmelding og revidert rekneskap, og budsjettforslag, plan for verksemda og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Sentra rapporterer tal på besøkande, aktivitetar og naturrettleiing, sal av logoprodukt, resultat frå brukarundersøkingar og eventuelle evalueringar av innhald og aktivitet ved senteret, og på andre forhold som var sentrale for å få tildelt tilskotet. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir nytta stikkprøvekontroll, bl.a. ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.

Ein gjer framlegg om ei tilsegnsfullmakt knytt til nasjonalparksenter på 2 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.

Kap. 4420 Miljødirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Oppdrag og andre diverse inntekter

1 363

02

Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar

567

04

Gebyr, forureiningsområdet

29 759

06

Gebyr, fylkesmannsembetas miljøvernavdelingar

27 000

07

Gebyr, kvotesystemet

10 600

08

Gebyr, naturforvaltningsområdet

4 298

09

Internasjonale oppdrag

29 084

Sum kap. 4420

102 671

Post 01 Oppdrag og andre ymse inntekter

Løyvinga er satt saman av løyvingane på 01-postane under kap. 4426 og 4427, og 05-posten under kap. 4441.

På posten er det budsjettert med enkelte ulike oppdragsinntekter og leigeinntekter som direktoratet har i samband med utleige av nokre kontorlokale og sitt konferansesenter i Oslo. Oppdragsinntektene er hovudsakeleg knytte til tenester som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog. På posten blir òg ført ymse inntekter, som frå sal av rapportar utarbeidde av Miljødirektoratet og enkelte andre produkt. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1420 post 01 Driftsutgifter.

Kap. 1420 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 02 Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 4441 post 02. På posten blir ført inntekter frå frivillig kjøp av klimakvotar. Posten har ei løyving på kroner 430 000 i budsjettet for 2014, ein reduksjon frå 2,161 mill. kroner i budsjettet for 2013.

Ein viser òg til omtale under kap. 1420 post 25 Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar.

Post 04 Gebyr, forureiningsområdet

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 4441 post 04.

Posten er redusert med 5,5 mill. kroner bl.a. i samband med nedjusterte overslag for F-gassforordninga. I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på ulike område innanfor forureiningsområdet. Posten omfattar Miljødirektoratets inntekter frå følgjande ordningar:

  • gebyr frå utferding av sertifikat under ei sertifiseringsordning for bedrifter og personell som handterer fluorerte klimagassar (forskrift om fluorerte gassar). Ordninga er ein del av EØS-avtala som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF 6 gjennom krav til blant anna lekkasjetesting og kvalifikasjonar til teknisk personell

  • gebyr for konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forskrift om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta)

  • gebyr for tilsyn og kontroll med kjemiske stoff og stoffblandingar, i medhald av forskrift om klassifisering og merking m.v. av farlege kjemikaliar

  • gebyr for deklarasjon av farleg avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som leverer farleg avfall skal fylle ut eit deklarasjonsskjema med opplysningar om avfallets opphav, innhald og eigenskapar. Det er fastsett eit gebyr for denne deklarasjonen, og gebyret skal dekkje Miljødirektoratets kjøp av tenester ved drift av systemet

  • gebyr for drift av produsentregister for elektriske og elektroniske produkt (EE-registeret), i medhald av avfallsforskrifta. Alle som omset elektriske og elektroniske produkt (EE-produkt) i Noreg pliktar anten å ha eit eige retursystem som tek seg av desse produkta når dei blir avfall, eller å melde seg inn i eit kollektivt retursystem som tek seg av desse forpliktingane på deira vegner.

  • gebyr for eksport og import av avfall. Verksemder som importerer eller eksporterer meldepliktig avfall må ha løyve til dette.

I tillegg vil det på denne posten kunne komme inntekter frå andre ordningar, som for eksempel:

Gebyr for behandling av søknader om godkjenning av biocidprodukt. Biociddirektivet vart ein del av EØS-avtala i 2003 og har blitt implementert i norsk lovverk gjennom biocidforskrifta. Biociddirektivet krev at nasjonale styresmakter etablerer gebyrordningar som dekkjer dei kostnadene styresmaktene har ved gjennomføring av direktivet.

Kap. 1420 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 06 Gebyr, fylkesmannsembeta sine miljøvernavdelingar

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 4441 post 06. Forureiningsforskrifta vart frå 2007 endra slik at Fylkesmannen kan krevje gebyr for arbeid med konsesjonsbehandling og kontroll. Fylkesmannens gebyrinntekter er førte under denne posten.

Kap. 1420 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 07 Gebyr, kvotesystemet

Miljødirektoratet forvaltar kvoteforskrifta. Verksemder som er omfatta av kvoteplikta må ha løyve frå Miljødirektoratet til kvotepliktige utslepp, i tillegg til eit godkjent program for utrekning og måling av utsleppa. Dei kvotepliktige verksemdene sine årlege utsleppsrapportar blir kontrollerte og verifiserte av Miljødirektoratet.

I tråd med føresegnene i kap. 9 i kvoteforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved dette arbeidet finansierast av gebyr. Dette er i samsvar med EUs reglar. Det er ikkje knytt meirinntektsfullmakt til denne posten. Som følgje av endringar i kvotesystemet som fører til lågare kostnader knytte til godkjenning av utsleppsrapportar og tildeling av klimakvotar, vil det bli sendt på høyring eit forslag om lågare gebyrsatsar.

Miljødirektoratet har òg ansvaret for å etablere og drifte det elektroniske kvoteregisteret. Utslepp av CO 2 frå luftfart er òg omfatta av kvoteplikta.

Post 08 Gebyr, naturforvaltningsområde

Inntektene på denne posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøven som vart sett i verk frå 1. april 1986, til utgifter i samband med merkjepliktig vilt, og til utgifter ved kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftskonsesjonar.

Kvar jeger som går opp til jegerprøven må betale eit eksamensgebyr. Gebyret blir ført vidare på 280 kroner. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1420 post 01 Driftsutgifter til å drive eksamensordninga.

Frå 1. januar 2005 vart det etablert merkje- og registreringsplikt for dødt vilt som tilfell Viltfondet, sjå vedlegg (artsliste) til forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om handtering av dødt vilt. Dei som vil overta merkjepliktig vilt frå Viltfondet skal betale eit gebyr. Gebyret er sett til 400 kroner pr. individ. Innbetalte gebyr blir nytta til drift og vedlikehald av ein sentral database for å ta vare på informasjon om individa. Desse utgiftene blir dekte over kap. 1420 post 01.

Miljødirektoratet tok i 2012 i bruk sin heimel til å krevje refusjon for utgifter det har knytt til kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftkonsesjonar. Gebyret er heimla i vassdragsreguleringslova § 12 punkt 19, i vassressurslova § 57-58 og den enkelte konsesjon.

Kap. 1420 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Inntektene under posten låg tidlegare under kap. 4427 post 09 og kap. 4441 post 09.

Inntektene under posten kjem frå Utanriksdepartementet, Norad og andre, og skal finansiere Miljødirektoratets utgifter under kap. 1420 post 01 til internasjonalt miljøsamarbeid og bistandsarbeid, for eksempel institusjonsbygging i samarbeidsland. Dette samarbeidet vil bli utvikla vidare og trappa opp. I samband med dette er posten i 2014 foreslått styrkt med 9 mill. kroner. Kap. 1420 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

28 260

15 000

15 000

21

Spesielle driftsutgifter

32 100

30 600

70

Tilskot til fiskeformål, kan overførast

8 919

9 800

11 500

71

Tilskot til viltformål, kan overførast

47 534

28 500

27 600

Sum kap. 1425

84 713

85 400

84 700

Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak omfattar utgifter til vilt- og fisketiltak og delar av vilt- og fiskeforvaltninga. Midlane under kap. 1425 er primært retta mot resultatområda 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 4 Mangfaldige skogar og 5 Storslått fjellandskap, men involverer òg resultatområde 8 Aktivt friluftsliv gjennom tilrettelegging for jakt og fiske.

Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgifter på jakt og fiske, som saman med utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420 post 01 korresponderer med inntektsløyvingane over kap. 5578 Sektoravgifter under Miljøverndepartementet, post 71 Jeger- og fellingsavgifter og post 72 Fiskaravgifter. Samla sett er løyvingane reduserte med 0,7 mill. kroner i høve til 2013. Mens løyvingane knytte til Statens fiskefond aukar med 1,7 mill. kroner, vert løyvingane knytte til Viltfondet reduserte med 2,4 mill. kroner. For nærare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 1425, 1420, 5578 og inntektene til dei to fonda, viser vi til omtale under kap. 5578.

Lønn og godtgjersler til fast tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1420 Miljødirektoratet og kap. 1510 Fylkesmannsembeta.

Både løyvingsforslaga under tilskotspostane og store delar av løyvingsforslaget under post 21 går til føremål som er viktige for den lokale vilt- og fiskeforvaltninga. For at det skal vere ei tydeleg og kontrollerbar deling mellom tilskot som blir løyvde til enkeltpersonar og organisasjonar over 70-postar på den eine sida, og på den andre sida spesielle driftsutgifter der ein regionalt eller sentralt set ut oppdrag til andre, vart det oppretta ein ny post 21 i 2013.

Bruken av fondsmidlane blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Føremålet med drøftingane er å sikre at midlane blir nytta på ein kostnadseffektiv måte og i tråd med måla innan vilt- og fiskeforvaltninga. Dette må sjåast i nær samanheng med arbeidet for å styrkje den lokale vilt- og fiskeforvaltninga basert på bl.a. driftsplanar, og at dei sentrale ledda i frivillige organisasjonar skal arbeide for å oppnå ei samla målsetjing.

Store delar av dei midlane som blir løyvde til vilt- og fisketiltak blir nytta ved at brukarar, organisasjonar og lag søkjer om midlar til konkrete tiltak. Frå 2009 har ein kunna søkje om tilskot til vilttiltak og fisketiltak i eit nettbasert søknadssenter i regi av det tidlegare Direktoratet for naturforvaltning (no Miljødirektoratet). Føremålet har vore å sikre lik behandling og betre utnytting av resultata frå tiltaka som blir utførte. Det er no obligatorisk for søkjarar å sende inn søknad til dette søknadssenteret.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområda 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar og 5 Storslått fjellandskap og 8 Aktivt friluftsliv.

Posten dekkjer utgifter til lønn og godtgjersler for dei statlege villreinnemndene og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltninga slik som det nasjonale jegerregisteret i Brønnøysund, utarbeiding av jaktstatistikk, og utgifter til utvikling og drift av betalingstenesta for jeger- og fiskaravgiftene, under dette trykking, porto og informasjonstiltak.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 8 Aktivt friluftsliv.

Posten vart oppretta i 2013 for å etablere ei tydelig deling mellom på den eine sida tilskot som blir løyvde til enkeltpersonar og organisasjonar over 70-postar, og på den andre sida spesielle driftsutgifter som blir sette ut som oppdrag til andre eller utførte av statlege verksemder. Til posten vart det i 2013 tilført midlar frå post 01, post 70, og post 71.

Posten skal dekkje utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som blir sikra gjennomførte av direktoratet eller fylkesmenn. Der regionale eller sentrale styresmakter set i verk oppdrag hos andre, eller kjøper tenester der det er krav om ulike leveransar, skal utgiftene posterast på post 21. Dette gjeld mellom anna nasjonale overvakingsprogram, forsking og utgreiing. Ein gjer framlegg om å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner grunna lågare disponible midlar frå Viltfondet, jf. omtale under kap. 5578 post 71.

Post 70 Tilskot til fiskeformål, kan overførast

Tilskotsordninga er retta mot resultatområde 2 Livskraftige elvar og innsjøar, nasjonalt mål 2.6 og 8 Aktivt friluftsliv. Løyvinga skal gå til å dekkje både lokale og sentrale tiltak.

I 2014 er posten foreslått auka med 1,7 mill. kroner. Dette skuldast auka inntekter frå fiskaravgiftene, og bruk av opparbeidd kapital i Statens fiskefond. Ein viser til nærare omtale av fiskaravgiftene og fondet under kap. 5578 post 72 Fiskaravgifter.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til at produktivitet og mangfald i dei anadrome bestandane av laksefisk blir teke vare på, og dermed sikre eit haustingsverdig overskot til beste for fiskarar og rettshavarar.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om ordninga bidreg til målsetjingane for anadrom laksefisk. Den faktiske effekten av tilskota kan ikkje bedømmast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.

Rapport for 2012

I 2012 er det sentralt frå Direktoratet for naturforvaltning gitt tilskot til ei rekkje tiltak i regi av landsdekkjande organisasjonar knytte opp mot informasjon om og tiltak for anadrom laksefisk. Det er òg ytt tilskot til tiltak retta mot rekruttering og stimulering til fiske. Det er vidare gitt tilskot til FoU-verksemd og overvaking.

Ein stor del av tilskotsposten er disponert av fylkesmennene for å støtte tiltak som informasjon, forsking og overvaking, tilrettelegging og arrangement, kultiveringstiltak og driftsplanlegging. Det er totalt gitt tilskot til 189 lokale tiltak i 2012. Samla har dette medverka til betre forvalting av laks, sjøaure og sjørøye, og ei meir berekraftig hausting av desse fiskeressursane. Tilskota har òg medverka til å styrkje kunnskapsgrunnlaget, til informasjon og formidling av tilstand og utfordringar knytte til anadrom laksefisk, og dei har medverka til å auke interessa for friluftsliv og fiske, særleg blant barn og unge.

Løyvingane til tilskot i 2012 og behandlinga av den einskilde søknaden skal samla sett underbyggje det nasjonale målet 2.6. Dei som nyttar tilskotsordningane eller resultata har eigeninteresse i å medverke til å oppnå dei nasjonale måla, ettersom måloppnåinga er naudsynt for å kunne oppretthalde hausting.

Tildelingskriterium

Målgruppe for ordninga er organisasjonar og lag, t.d. fiskarlag, grunneigarlag og jeger- og fiskarforeiningar. I tillegg kan forskingsinstitusjonar, landsdekkjande organisasjonar og kommunar søkje om tilskot. Tiltak som kan få tilskot er t.d. kultiveringstiltak, driftsplanlegging, praktisk nytta forsking og overvaking, og informasjon. Tiltak for å betre tilgangen til fiske for allmenta og mogligheiter for fiske kan òg få tilskot. Tiltak kan vidare vere direkte retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Post 71 Tilskot til viltformål, kan overførast

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

71.1

Hjortevilttiltak

8 848

3 250

3 250

71.2

Villreintiltak

2 757

2 850

2 850

71.3

Lokale vilttiltak m.v.

29 259

17 900

17 000

71.4

Viltovervaking

6 670

4 500

4 500

Sum post 71

47 534

28 500

27 600

Midlane under posten er retta mot resultatområda 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslått fjellandskap og 8 Aktivt friluftsliv. Under desse resultatområda er det særleg måloppnåinga under nasjonale mål 4.3 og 5.3 som er viktigast ved vurdering av tildeling av tilskot under post 71. Av desse måla går mellom anna fram at alle bestandar som det blir hausta av skal vere forvalta økosystembasert og haustast berekraftig. Dette inneber derfor at tilskot skal kunne medverke til måloppnåinga anten ved å verke direkte på bestandar eller ved å påverke korleis vi haustar av bestandane. Samla vil informasjonen frå tiltak eller prosjekt som får tilskot under posten kunne skaffe styresmaktene eit godt grunnlag for å vurdere status og utvikling i høve til måloppnåinga.

Utgifter knytte til tiltak der Miljødirektoratet eller fylkesmenn kjøper oppdrag frå andre er flytta til ein ny post 21 frå 2013. Utgifter knytte til tiltak der fylkeskommunane er ansvarlege er framleis budsjetterte under post 71. Samstundes vert det streka under at post 21 og post 71 må sjåast i samanheng dersom ein vil ha heilskapen i løyvingane til vilttiltak. På same måten må ein sjå løyvingar frå fylkeskommunar, fylkesmenn og Miljødirektoratet samla, ettersom desse forvaltar ulike delar av artsomgrepet. Samla sett er løyvingane til vilttiltak baserte på inntekter frå avgiftene, jf. omtale under kap 5578 post 71.

Ein gjer framlegg om å redusere løyvinga med 0,9 mill. kroner grunna mindre disponible midlar frå Viltfondet, jf. omtale under kap. 5578 post 71.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å medverke til at det blir eit haustingsverdig overskot av viltet og at produktivitet og artsmangfald i naturen blir teke vare på nasjonalt og regionalt. Dette skjer gjennom støtte til viltforvaltninga og tiltak i regi av enkeltpersonar, lag og organisasjonar. Støtte blir gitt til tiltak som har ein regional, interkommunal eller nasjonal karakter.

Etter endringane i viltlova i 2001 krev kommunane inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort som ein del av eit kommunalt viltfond. Det er derfor føresett at søknader om tilskot til tiltak som har reint kommunal karakter blir viste til dei kommunale viltfonda som er finansierte med fellingsavgifter, og eventuelt eigne kommunale midlar. Tiltak av regional karakter er føresett tekne hand om ved at fylkesmennene/fylkeskommunane forvaltar delar av løyvinga etter tildeling frå Miljødirektoratet.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om ordninga gjennom støtte til god forvaltning av viltet på nasjonalt og regionalt nivå medverkar til at det blir eit haustingsverdig overskot og slik at produktivitet og artsmangfald i naturen blir teke vare på. Tiltaka som blir sette i verk skal medverke til å gi eit betre kunnskapsunderlag om artar og bestandar, eller om korleis dei kan haustast på beste vis, i tråd med dei nasjonale måla 4.3 og 5.3.

Den faktiske effekten av tilskota kan ikkje bedømmast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.

Rapport for 2012

Løyvingane er i 2012 nytta omtrent som tidlegare år. For 2012 vart det levert 784 søknadar om vilttiltak i søknadssenteret. Av desse behandla direktoratet 132 søknadar, fylkesmennene 347 søknadar, og fylkeskommunane 305 søknadar.

Det har vore ytt tilskot til dei fleste aktørar og grupper som arbeider med viltforvaltning. Ordninga har gitt støtte til tiltak i regi av enkeltpersonar, organisasjonar og lag, og medverkar i relevante større prosjekt der andre har hovudfinansieringa. Ordninga er òg nytta til å støtte studentprosjekt, der dette inneber at det blir gjennomført fagleg relevante undersøkingar.

Ordninga er med på å auke tiltaksvolumet, stimulere ungdom og andre til friluftsliv og uteaktivitet, og gir eit utvida kunnskapsgrunnlag både for økosystem og arter.

Det er eit mål at resultata frå bruken av tilskotsmidlane skal verte tilgjengelege for alle interesserte, og slik auke kunnskapen om og spreiinga av vellykka former for tiltak. For 2013 vil alle rapportar frå prosjekt og oppnådde resultat bli lagt inn i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Då vil òg oppnådde resultat kunne lesast av alle via nettbaserte løysingar.

Løyvingane til tilskot i 2012 og behandlinga av den einskilde søknaden skal samla sett underbyggje dei nasjonale måla for området. Ettersom det er fleire ulike styresmakter og mange tiltakshavarar vil det vere ei stor breidd i type tiltak, og i kva ein kan oppnå på eit enkelt år. Det er for ein stor del dei same som betalar avgift som nyttar høvet til å søke tilskot, eller nyttar resultata. Dette fører til ein god samanheng mellom tiltakstypar og årlege behov for resultat. Det er vidare slik at ressurstilgangen samla sett er vurdert å vere god nok i forhold til dei prioriterte tiltaka. Dei som nyttar tilskotsordningane eller resultata har eigeninteresse i å oppnå dei nasjonal måla, ettersom måloppnåinga er naudsynt for å kunne oppretthalde haustinga, og ha eit tilstrekkeleg godt kunnskapsunderlag for forvaltinga

Tildelingskriterium

Det blir gitt tilskot til regionale utviklingsoppgåver som støttar opp om kommunale og interkommunale prioriterte tiltak. Under dette blir det gitt tilskot til tiltak som stimulerer til eit større engasjement i arbeidet med driftsplanar blant rettshavarane, og som støttar opp under betre tilrettelegging av jakttilhøva for allmenta.

Organisasjonar, lag og foreiningar, kommunar og i visse tilfelle enkeltpersonar kan få tilskot til tiltak som tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og jakttilhøve, kartlegging av viltressursane og viltet sine leveområde, kartlegging av viltinteressene i kommunar og regionar, innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteressene i kommunale planar etter plan- og bygningslova, oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid, og til forskings- og studentoppgåver.

Fordeling av midlane på dei ulike fylka skjer etter nøklar baserte på bl.a. innbetalt jegeravgift, talet på jegerar i fylket, felt vilt m.m.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar, rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. I 2012 vart det gjennomført ein forvaltningsrevisjon av Riksrevisjonen for desse ordningane. Dei manglane som vart påpeika der vil bli retta.

Underpost 71.1 Hjortevilttiltak

Underposten skal dekkje tiltak knytte til forvaltning av hjortevilt. Midlar blir nytta i hjorteviltforvaltninga til tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskot til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar m.m.

Underpost 71.2 Villreintiltak

Underposten skal dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, styrking av oppsyn og registrering i villreinområda, og utvikling av driftsplanar. Innbetalte fellingsavgifter skal tilbakeførast til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda til tiltak.

Underpost 71.3 Lokale vilttiltak m.v.

Midlane skal nyttast til tilskot i form av vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, og lokale vilttiltak og utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta. I tillegg er tilskotsmidlane som fylkeskommunane nyttar samla på denne underposten. I samband med regionreforma har fylkeskommunane fått forvaltningsansvaret frå fylkesmannen for enkelte arter. Den einskilde fylkeskommunen gir etter søknad midlar frå posten til praktiske tiltak knytte til desse artene. Ettersom fylkesmannen på same tid forvaltar tilskotsmidlar innanfor sitt forvaltningsområde er det krav om god samordning av bruken av midlane.

Midlane skal òg nyttast til sentrale organisasjonar som utfører oppgåver for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innan viltforvaltning.

Underpost 71.4 Viltovervaking

Midlane blir nytta som tilskot til overvakingsoppgåver som skal sikre ei fortløpande oversikt over bestandsstatus og utvikling av arter og artsgrupper av vilt som ikkje er dekt over underpost 71.1 eller underpost 71.2. Overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk både sentrale, regionale og lokale forvaltningstiltak og justering av verkemiddel, og avdekkje kunnskapsbehov.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Miljøverndepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

71

Jeger- og fellingsavgifter

73 600

77 600

75 200

72

Fiskaravgifter

14 800

16 300

18 000

Sum kap. 5578

88 400

93 900

93 200

I tillegg til å finansiere utgifter under kap. 1425, dekkjer kap. 5578 postane 71 og 72 òg noko av utgiftene til vilt- og fiskeforsking under kap. 1410 post 50, og utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420 post 01.

Forslaget er basert på venta inntekter frå avgiftene til fonda i 2013 og 2014, jf. omtale under kvart fond nedanfor.

Post 71 Jeger- og fellingsavgifter

Jeger- og fellingsavgiftene som blir innbetalte til Viltfondet er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.

I dette framlegget er løyvinga redusert med 2,4 mill. kroner i høve til 2013. Det er venta same nivå på innbetalingane i 2014 som i 2013, men i 2013 var løyvingane ekstra høge grunna oppspart kapital i fondet etter uventa stort tal innbetalingar i tidlegare år. Når 2013 er omme er denne oppsparte kapitalen venteleg brukt opp, og løyvingane må i 2014 derfor ned på nivå med inntektene.

Nærare om Viltfondet

Mål

§ 40 i Viltlova fastset at «den som vil drive jakt og fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastsetter» og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».

Gjennom behandlinga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget følgjande retningslinjer for bruken av midlane i Viltfondet:

Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegersørvis.

Den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementets budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er det føresett at ca. halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein skal nyttast i villreinforvaltninga.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige inntekter frå enkelte typar fallvilt.

I 2001 vart det gjennomført ei omfattande omlegging av viltforvaltninga, der kommunane i staden for staten krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Omleggingsarbeidet blir følgt opp fortløpande av Direktoratet for naturforvaltning. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda, der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For dei fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein er det etablert ei tilsvarande ordning, der midlar frå innbetalte avgifter føregåande år blir tilbakeførte til det enkelte villreinområdet.

Jeger- og fellingsavgiftene vart sist endra i 2013. Ein gjer ikkje framlegg om å auke desse for 2014. Satsane for dei ulike avgiftene er oppgitte i tabell 7.3.

For oversikta sin del er dei økonomiske konsekvensane for kommunane i 2014 tekne med, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. For kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.

Tabell 7.3 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter i 2014 (tal i heile kroner)

(i 1000 kr)

Type avgift:

Storleiken på avgifta i 2014

Estimert tal på innbetalingar

Venta innbetalt totalbeløp

Inntektsført

Jegeravgift generelt:

307

200 000

61 400 000

Viltfondet

Jegeravgiftstillegg hjortevilt:

82

105 000

8 610 000

Viltfondet

Ekstraavgift ved manglande levering av jaktstatistikk:

190

20 000

3 800 0001

Viltfondet

Gebyr ekstra jegeravgiftskort:

62

2 000

124 000

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen rein:

271

3 000

813 000

Viltfondet

Fellingsavgift reinkalv:

159

1 200

190 800

Viltfondet

Sum statlege avgifter:

74 937 800

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen elg:

496

25 000

12 400 000

Kommunane

Fellingsavgift elgkalv:

292

12 000

3 504 000

Kommunane

Fellingsavgift vaksen hjort:

379

20 000

7 580 000

Kommunane

Fellingsavgift hjortekalv:

230

6 100

1 403 000

Kommunane

Sum kommunale avgifter:

24 887 000

Kommunane

1 Innkrevjing skjer etterskotsvis i 2014 for dei som ikkje leverte jaktstatistikk for jaktåret 2012/2013. Talet er vurdert til om lag 20 000.

Inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabell 7.4.

Tabell 7.4 Berekning av kapital i Viltfondet i 2014

(i 1000 kr)

Saldo pr. 31.12.12:

5 198

Budsjettert innbetalt i 2013 1 :

75 337

Budsjettert refusjon i 2013 (utbetalingar frå fondet):

-77 600

Budsjettert saldo pr. 31.12.13:

2 935

Budsjettert innbetalt i 2014 2 :

75 237

Budsjettert refusjon i 2014 (utbetalingar frå fondet):

-75 200

Budsjettert saldo pr. 31.12.14:

2 972

1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,4 mill. kroner.

2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,3 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvaltning

Viltfondet blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei stipulerte inntektene for fondet same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet, og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.

Inntektene over kap. 5578 post 71 finansierer utgifter til vilttiltak, viltforvaltning og drift av Jegerregisteret over kap. 1425 postane 01 og 71, kap. 1420 post 01, og forsking på viltressursar over kap. 1410 post 50. I budsjettet for 2014 gjer ein framlegg om at 5,14 mill. kroner blir refunderte til Brønnøysundregistra for drifta av Jegerregisteret. Planlagt bruk av inntektene går fram av tabell 7.5.

Tabell 7.5 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Viltfondet i 2014

(i 1000 kr)

Formål

Drift av villreinnemndene, drift av jegerregisteret, offentleg jaktstatistikk og andre driftsut-gifter knytte til viltforvaltning (kap.1425.01):

14 140

Prosjekt, FoU, overvakingsprogram, sentrale fallviltutgifter m.v. (kap. 1425.21):

27 177

Hjortevilttiltak (kap. 1425.71.1):

3 250

Villreintiltak (kap. 1425.71.2):

2 850

Lokale vilttiltak (kap. 1425.71.3):

17 000

Viltovervaking (kap. 1425.71.4):

4 500

Sum under kap. 1425:

68 917

Viltforsking, NINA (kap.1410.50):

3 000

Tilskotsforvaltning i Miljødirektoratet (kap 1420 post 01):

3 283

Totalsum:

75 200

Spesielt om hjortevilt og fallvilt

Sjølv om kommunane har primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt, er det likevel nasjonale oppgåver innan desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet gjennom den differensierte jegeravgifta. Differensieringa inneber at hjorteviltjegerane betaler eit tillegg til jegeravgifta, og på denne måten medverkar til finansieringa av nødvendige nasjonale oppgåver.

Når det gjeld fallvilt, er det behov for å gjennomføre sentrale analysar av individ som blir funne igjen som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartene. Slike analysar må gjennomførast av Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er derfor budsjetterte under kap. 1425 post 21 Spesielle driftsutgifter. For dei artene der fallviltet har ein salsverdi etter at naudsynte analysar av dyra er gjennomførte, har Direktoratet for naturforvaltning i 2011 starta å omsetje skinn og skrottar til inntekt for Viltfondet.

Spesielt om lisensfelling av rovvilt

Lisensfelling av rovvilt vart innført i 2005. I 2006 vart det innført ei ordning slik at dei som deltek i lisensfelling registrerer seg særskilt i Jegerregisteret. Det er førebels ikkje lagt opp til at denne gruppa jegerar skal betale særskilde avgifter slik som hjorteviltjegerar.

Post 72 Fiskaravgifter

Fiskaravgiftene som blir innbetalte til Statens fiskefond er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.

Posten er foreslått auka med 1,7 mill. kroner i høve til 2013. Endringa skuldast auka inntekter frå fiskaravgiftene, og bruk av fondskapital.

Nærare om Statens fiskefond

Fiskaravgift til staten skal betalast for fiske i vassdrag med anadrom laksefisk. Det skal òg betalast avgift for fiske med fastståande reiskap i sjøen. Det er innført visse unntak, bl.a. for fiske i medhald av reindriftslovgivinga og til undervisnings- eller behandlingsformål.

Bruken av midlane blir fastsett gjennom statsbudsjettet

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Statens fiskefond kjem frå fiskaravgift på fiske etter anadrom laksefisk. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltninga retta inn mot anadrome fiskearter, for ein stor del er baserte på brukarfinansiering.

Årsavgiftene for fiske etter anadrom laksefisk gjeld frå og med 1. januar til og med 31. desember og vart sist justerte i 2013. For 2014 gjer Regjeringa ikkje framlegg om å endre avgiftene.

Årsavgifta for fiske etter anadrom laksefisk i vassdrag er 240 kroner for enkeltpersonar, mens familieavgifta blir 383 kroner. Familieavgifta gjeld for ektefelle/sambuarar med eventuelle barn mellom18 og 20 år.

Fiske med fastståande reiskap i sjøen med sesongstart før 1. juli har ei årsavgift på 598 kroner, mens satsen for dei som har fiskestart etter 1. juli er på 363 kroner.

Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabell 7.6.

Tabell 7.6 Berekning av kapital i Statens fiskefond i 2014

(i 1000 kr)

Saldo pr. 31.12.12:

4 405

Budsjettert innbetalt i 2013 1 :

16 968

Budsjettert refusjon i 2013 (utbetalingar frå fondet):

- 17 800

Budsjettert saldo pr. 31.12.13:

3 573

Budsjettert innbetalt i 2014 1 :

16 968

Budsjettert refusjon i 2014 (utbetalingar frå fondet):

-18 000

Budsjettert saldo pr. 31.12.14

2 541

1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvaltning

Statens fiskefond blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei inntektene ein ventar at fondet vil ha same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.

Inntektene over kap. 5578 post 72 finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvaltning over kap. 1425 (post 01, 21 og 70) og kap. 1420 (post 01), og forsking på fiskeressursar over kap. 1410 post 50.

Planlagt bruk av inntektene frå fiskaravgiftene går fram av tabell 7.7.

Tabell 7.7 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Statens fiskefond i 2014

(i 1000 kr)

Formål

Administrasjon m.v. (kap. 1425.01):

860

Prosjekt, utgreiingar (kap. 1425.21)

3 423

Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70):

11 500

Sum under kap. 1425:

15 783

Tilskotsforvaltning i Miljødirektoratet(kap. 1420.01)

1 217

Fiskeforsking, NINA (kap. 1410.50, jf. kap. 4410.50):

1 000

Totalsum

18 000

Spesielt om lokale tiltak

I fordelinga av fondsmidlane, fråtrekt nødvendige driftsutgifter, er målet at minst 50 pst. av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meinte å gi effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir rekna som lokale tiltak, sjølv om dei er initierte og administrerte av offentleg forvaltning, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.

Kap. 1426 Statens naturoppsyn

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

125 741

134 207

21

Spesielle driftsutgifter

9 008

9 297

30

Tiltak i verneområder, kan overførast

22 411

65 693

31

Tiltak i naturreservat og utvalde kulturlandskap i jordbruket, kan overførast

42 374

32

Skjergardsparkar o.a., kan overførast

25 260

Sum kap. 1426

224 794

209 197

Som følgje av at Miljødirektoratet vart oppretta 1. juli 2013, jf. Prop. 149 S (2012–2013) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013 , er midlane under kap. 1426 flytta til kap. 1420.

Kap. 4426 Statens naturoppsyn

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Oppdrag og andre ymse inntekter

60

664

02

Oppdragsinntekter

47

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

681

18

Refusjon av sjukepengar

608

Sum kap. 4426

1 396

664

Som følgje av at Miljødirektoratet vart oppretta 1. juli 2013, jf. Prop. 149 S (2012–2013), er midlane under kap. 4426 flytta til kap. 4420.

Kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

201 252

212 715

21

Spesielle driftsutgifter

336 243

167 827

22

Statlege vassmiljøtiltak

173 500

30

Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast

34 375

44 080

31

Tiltak i friluftsområde, kan overførast

24 362

32

Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast

13 024

9 600

34

Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

145 250

222 000

35

Statlege tileigningar, nytt skogvern, kan overførast

165 929

231 091

60

Tilskot til lokalt utviklingsfond

6 000

6 000

65

Handlingsplaner for friluftslivet

2 000

70

Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast

87 454

30 500

71

Forvaltningstiltak i verdsarvsområde, kan overførast

9 563

16 600

72

Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

137 748

150 755

73

Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, kan overførast

69 137

64 600

74

Tilskot til friluftslivstiltak, kan overførast

19 043

21 693

75

Internasjonale avtaler og medlemskap

1 106

1 144

76

Nasjonalparksentra og andre naturinformasjonssentra, kan overførast

39 588

43 700

78

Friluftsområde, interkommunale friluftsråd og landsomfattande samarbeidsorgan for friluftsliv, kan overførast

17 075

66 595

79

Kompensasjon ved flytting av oppdrettsanlegg

4 500

81

Verdiskapingsprogram for naturarven, kan overførast, kan nyttast under post 21

8 761

15 330

82

Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21

29 475

33 089

83

Naturfaglege organisasjoner

3 445

3 673

Sum kap. 1427

1 355 330

1 514 492

Som følgje av opprettinga av Miljødirektoratet 1. juli 2013, jf. Prop. 149 S (2012–2013) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013 , er midlane under kap. 1427 flytta til kap. 1420 Miljødirektoratet.

Post 60 Tilskot til lokalt utviklingsfond

Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 60. Tilskotsordninga under denne posten rettar seg mot resultatområde 4 Mangfaldige skogar.

Det er over fem år løyvd til saman 30 mill. kroner til eit utviklingsfond for dei tre kommunane Rollag, Sigdal og Nore og Uvdal i samband med Regjeringas avgjerd om vern av Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat. 2013 var det femte og siste året med statleg løyving og posten er derfor lagt ned.

Rapport for 2012

Miljøverndepartementet fastsette vedtekter for fondet i brev av 18.09.09.

Aktiviteten i 2012 har vore sluttføring av «VER-DI»-prosjektet (sjå under), behandling av to søknader om støtte og endringar i plassering av midlane med sikte på auka avkastning. Styret i fondet har i 2013 diskutert vidare strategi for fondet sitt arbeid. Aktivitetar knytte til fondet sitt formål om utvikling av Trillemarka-Rollagsfjell-regionen er i 2012 òg sett i samanheng med aktivitetar i prosjektet «VER-DI» («Vern og verdiskaping – naturvernområde som ressurs i haldbar økonomisk utvikling»). «VER-DI» er ein del av EUs Interregionale program 4A og består av kommunar, fylkeskommunar, regionar, turistorganisasjonar og universitetsmiljø som gjennom grenseoverskridande samarbeid skal utvikle aktivitetar og strategiar for å utnytte naturvernområde som ein ressurs for næringsutvikling og økonomisk utvikling i Kattegat/Skagerrak-regionen. Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat er eitt av fem verneområde som inngår her. Det er gitt 0,9 mill. kroner frå utviklingsfondet til VER-DI, fordelt over tre år. Arbeidet i prosjektet vart avslutta i 2012. Gjennom prosjektet er det gitt tilskot til ca. 40 prosjekt i området med tema tilrettelegging for friluftsliv, informasjon og næringsutvikling innan reiseliv og lokal mat. Styret i fondet konkluderer med at det er skapt stor aktivitet, og prosjektet har medverka til større medvit og felles forståing for potensialet som ligg i det å forvalte eit verneområde. Styret ønskjer ein diskusjon med kommunane om vidareføring og oppfølging av arbeid som er sett i gang, og korleis utviklingsfondet sitt arbeid kan integrerast tettare mot anna næringsutvikling i kommunane. Ressursbruken under ordninga har samanheng med nasjonalt mål 4.2., 4.8 og 4.9.

Post 79 Kompensasjon ved flytting av oppdrettsanlegg

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Levande hav og kyst og 2 Livskraftige elvar og innsjøar. I samband med opprettinga av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vedtok Stortinget at enkelte nasjonale laksefjordar skal vere oppdrettsfrie innan 2011, jf. Innst. S. nr. 134 (2002–2003). Stortinget vedtok at det skal bli gitt «rimelig kompensasjon» for verksemder som må flytte ut av nasjonale laksefjordar som følgje av vedtaket. Dette gjaldt tre oppdrettskonsesjonar.

To av konsesjonshavarane fekk i 2012 utbetalt kompensasjon på kvar 2,25 mill. kroner, jf. Prop. 17 S (2011–2012) Endringer i statsbudsjettet for 2011 under Miljøverndepartementet . Den siste konsesjonshavaren har ikkje søkt. Posten er ikkje foreslått med løyving eller tilsegnsfullmakt for 2014.

Kap. 4427 Direktoratet for naturforvaltning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Ymse inntekter

192

642

09

Internasjonale oppdrag

15 464

13 250

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

3 134

18

Refusjon av sjukepengar

2 537

54

Gebyr

3 224

4 298

Sum kap. 4427

24 551

18 190

Som følgje av opprettinga av Miljødirektoratet 1. juli 2013, jf. Prop. 149 S (2012–2013) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013 , er midlane under kap. 4427 flytta til kap. 4420 Miljødirektoratet.