Miljøverndepartementet (MD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Løyvingane under programkategori 12.30 høyrer i hovudsak inn under resultatområde 6 Verdifulle kulturminne og kulturlandskap og omfattar verksemda til Riksantikvaren og Norsk kulturminnefond.

Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2014 på om lag 620,1 mill. kroner. Dette er ein auke på 49,6 mill. kroner netto, samanlikna med saldert budsjett for 2013. Løyvingane på kulturminneområdet går til å følgje opp intensjonane i St.meld. nr. 16 (2004–2005) Leve med kulturminner og Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste . I sistnemnte melding, som ble lagt fram av Regjeringa i juni 2013, er både ambisjonsnivået og måla som Stortinget vedtok i 2005 oppretthaldne og vidareførte. Målsetninga er å ta vare på mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Det er også eit mål at eit utval av kulturminne og kulturmiljø som dokumenterer geografisk, sosial, etnisk, næringsmessig og tidsmessig breidde skal ha varig vern innan 2020, ved freding. Løyvinga omfattar midlar til å sikre, setje i stand og halde ved like freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø og midlar til vidareføring av arbeid med verdiskaping knytt til kulturminne og kulturmiljø.

Føreslått endra poststruktur under kapittel 1429 Riksantikvaren

Føreslåtte endringar i poststruktur i kap. 1429 Riksantikvaren er resultatet av ein prosess med opprydding av tilskotsordningane til Riksantikvaren, og eit ønske om å få ei tydelegare tilknyting mellom postar/tilskotsordningar og nasjonale mål. Den nye poststrukturen vil gjere samanhengen mellom måleindikatorar for tilskotsordningar (tilskotspostane sine mål og kriteria for måloppnåing) og måleindikatorar knytte til nasjonale mål tydelegare. Det blir dermed enklare å sjå samanhengen mellom tildelte pengar (statsbudsjett) og status i arbeidet med å nå dei nasjonale måla.

Forslaget inneber ingen endringar i innhald, dvs. kva Riksantikvaren gir tilskot til, berre ein reduksjon i talet på postar/underpostar frå 14 til åtte, jf tabell 7.8. Når fleire postar er slått saman er innhaldet frå alle tidlegare postar vidareført i den nye posten. Eit hovudgrep i forslaget er at budsjettet under gammal post 72 (med underpostar) blir fordelt ut på fleire postar slik at det blir enklare å sjå kva midlane går til.

Tabell 7.8 Samanhengen mellom føreslått ny poststruktur og gammal poststruktur under kap. 1429 Riksantikvaren

Post

Postnemning i ny poststruktur

Består av følgjande postar i gammal poststruktur

Kommentar

01

Driftsutgifter

post 01 Driftsutgifter

Inga endring

21

Spesielle driftsutgifter

post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under postane 72 og 73

post 75 Internasjonalt samarbeid, kan overførast

Løyvinga under gammal tilskotspost 75 Internasjonalt samarbeid er spesielle driftsutgifter, og ikkje tilskotsmidlar, og er derfor foreslått flytta til post 21 Spesielle driftsutgifter

50

Tilskot til samisk kulturminnearbeid

post 50 Tilskot til samisk kulturminnearbeid

Inga endring

60

Kulturminnearbeid i kommunane

Ny post

70

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast

post 72.1 Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak

post 72.6 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne

post 78 Tilskot til sikring og forvaltning av arkeologiske kulturminne, kan overførast, kan nyttast under post 21

Tilskotspostar relaterte til revidert nasjonalt mål 6.2 er slått saman: eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020

71

Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast

post 72.2 Vern og sikring av freda bygningar og anlegg i privat eige

post 72.4 Kystkultur

post 72.5 Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap

Fleire tilskotspostar relaterte til nasjonalt mål 6.4 er slått saman: Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020

72

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast

post 72.8 Tekniske og industrielle kulturminne

Flytt frå underpost til eigen post og noko endra postnemning, elles inga endring

Relatert til nasjonalt mål 6.4 (sjå post 71)

73

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast

post 72.3 Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen

post 73 Brannsikring og beredskapsarbeid, kan overførast, kan nyttast under post 21

Relatert til revidert nasjonalt mål 6.2 og nasjonalt mål 6.4 (sjå post 70 og 71)

74

Tilskot til fartøyvern, kan overførast

post 74 Fartøyvern, kan overførast

Noko endra postnemning, elles inga endring

Relatert til nasjonalt mål 6.4 (sjå post 71)

75

Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast

post 72.7 Fartøyvernsenter

Flytt frå underpost til eigen post og noko endra postnemning, elles inga endring

Relatert til nasjonalt mål 6.4 (sjå post 71)

77

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast

post 77 Verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast, kan nyttast under post 21

Noko endra postnemning, elles inga endring

79

Tilskot til verdsarven, kan overførast

post 72.9 World Heritage List, nasjonale oppgåver

Flytt frå underpost til eigen post og endra postnemning, ellers inga endring. Relatert til revidert nasjonalt mål 6.1: Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast. Innan 2020 skal det liggje føre oversikter over verneverdige kulturminne og kulturmiljø for kvar kommune som grunnlag for å prioritere eit utval som skal takast vare på , og revidert nasjonalt mål 6.2 og nasjonalt mål 6.4 (sjå post 70 og 71)

80

Tilskotsordning for avgiftskompensasjon

Ny post

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

1429

Riksantikvaren

268 453

509 050

556 519

9,3

1432

Norsk kulturminnefond

59 480

61 440

63 590

3,5

Sum kategori 12.30

327 933

570 490

620 109

8,7

Kap. 1429 Riksantikvaren

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

120 820

126 029

135 348

21

Spesielle driftsutgifter

75 520

36 935

41 735

50

Tilskot til samisk kulturminnearbeid

3 093

3 195

3 307

60

Kulturminnearbeid i kommunane

2 000

70

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne , kan overførast

30 005

71

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap , kan overførast

120 402

72

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne , kan overførast

58 821

73

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring , kan overførast

41 997

74

Tilskot til fartøyvern , kan overførast

45 712

48 712

51 712

75

Tilskot til fartøyvernsenter , kan overførast

6 726

77

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet , kan overførast

4 102

8 264

8 264

78

Tilskot til sikring og forvaltning av arkeologiske kulturminne , kan overførast

8 738

8 500

79

Tilskot til verdsarven , kan overførast

49 202

80

Tilskotsordning for avgiftskompensasjon

7 000

Sum kap. 1429

268 453

509 050

556 519

Rolle og oppgåver for Riksantikvaren

Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltning og Miljøverndepartementets rådgivande og utøvande faginstans for forvaltning av kulturminne, kulturmiljø og det kulturhistoriske innhaldet i landskapet. Riksantikvaren skal medverke fagleg til departementet sitt arbeid med kulturminneforvaltning. Innsats og verkemiddel er særleg knytte til gjennomføring av 10 bevaringsprogram for nasjonalt viktige kulturminne, til prosjektet Kunnskapsløft for kulturminneforvaltninga og til verdiskaping på kulturminneområdet. Riksantikvaren skal stimulere eigarar og næringsliv til auka verneinnsats og verdiskaping. Direktoratet har òg ein rådgivande funksjon overfor anna offentleg forvaltning, allmenta og næringslivet.

I saker der Riksantikvaren utøvar mynde etter særlov, skal både kulturminnefaglege og andre samfunnsomsyn leggjast til grunn for avgjerdene. Riksantikvaren har ansvaret for å gjennomføre den statlege kulturminnepolitikken, og har i den samanhengen eit overordna kulturminnefagleg ansvar for arbeidet til fylkeskommunane, Sametinget, forvaltningsmusea og Sysselmannen på Svalbard som regionale styresmakter for kulturminne. Tilretteleggings- og stimuleringstiltak skal medverke til at kommunane tek omsyn til kulturminne og kulturmiljø som viktige element og ressursar i sine omgivnader. Riksantikvaren skal formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø, representere norske styresmakter i relevante internasjonale organ og sjå til at folkerettsleg bindande avtaler om kulturminne og kulturmiljø blir etterlevde.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønn og godtgjersler til tilsette, husleige, oppvarming, reinhald, IT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer i tillegg kjøp av konsulenttenester til faglege prosjekt og utgreiingar, under dette kostnader knytte til Riksantikvarens drift og oppfølging av elektronisk biletarkiv for miljøforvaltninga. Inntekter knytte til dette blir førte under kap. 4429 post 02 og 09.

Posten dekkjer òg driftsutgifter for Nasjonalt Pilegrimssenter. Senteret er finansiert av Miljøverndepartementet, Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, Kulturdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet.

Posten er auka med 9,319 mill. kroner. Auken består av lønnskompensasjon og ei foreslått rammeoverføring frå Kulturdepartementet på 5,682 mill. kroner. Sistnemnde utgjer ein del av arbeidet med den nasjonale pilegrimssatsinga, og midlane skal nyttast til drift av fem regionale pilegrimskontor/-senter som vart etablerte i 2010.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4429, post 02 og 09, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane skal gå til å føre vidare arbeidet innanfor Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga (2011–2015). Dette omfattar mellom anna modernisering av den nasjonale kulturminnedatabasen Askeladden, digitalisering av arkiv i Kulturminneportal, styrking av kommunal kompetanse og registrering av automatisk freda samiske bygningar.

Midlane på posten blir elles nytta til kjøp av vedlikehald- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigar-/forvaltaransvar for.

Løyvinga under gammal tilskotspost 75 Internasjonalt samarbeid er spesielle driftsutgifter, og ikkje tilskotsmidlar, og er foreslått flytt til post 21 Spesielle driftsutgifter. Riksantikvaren har eit ansvar for å medverke til internasjonalt samarbeid om kulturminneforvaltning, markere Noreg som ein viktig medspelar til nøkkelorganisasjonar innanfor fagfeltet og som eit land med særleg kompetanse på forvaltning av bygningar i tre. Post 21 inkluderer prosjektmidlar til å handtere faglege samarbeidsprosjekt med andre land i samsvar med norske prioriteringar, medlemsutgifter og utgifter knytte til samarbeidsavtaler og utgreiingsarbeid. Midlar til det internasjonale kurset i konservering av tre (ICWCT – International Course on Wood Conservation Technology) blir òg dekte over denne posten.

300 000 kroner til Kulturminnedagen, som tidlegare har vore belasta denne posten, er foreslått overført til kap. 1400 Miljøverndepartementet, post 79 Tilskot til kulturminneforvaltning.

Post 50 Tilskot til samisk kulturminnearbeid

Midlane er stilte til disposisjon for Sametinget, og skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane til kulturminneformål frå kap. 1429 post 71 Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap.

Mål

Å setje i stand og synleggjere samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane under post 50 er relaterte til dei nasjonale måla 6.1-6.4.

Kriterium for måloppnåing

  • Opplysningar om registrerte freda, samiske kulturminne i privat eige i kulturminnedatabasen Askeladden

  • Opplysningar om tiltak retta mot freda, samiske kulturminne

  • Opplysningar om freda, samiske bygg i privat eige med ordinært vedlikehaldsnivå

Tildelingskriterium

Målgruppa er private eigarar av samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane blir tildelte etter søknad til Sametinget til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid, men òg til skjøtsel, sikring, istandsetjing og formidling.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skal skje overfor tilskotsmottakar gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle kan det vere aktuelt med kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Post 60 Kulturminnearbeid i kommunane

Posten er ny. Midlane på posten er tilskot til kommunar for å sikre kulturhistoriske verdiar.

Mål

Sikre at kommunane har kunnskap om, og gode oversikter over kulturhistoriske verdiar i eigen kommune, og planar for og kompetanse til å ta vare på dei på ein god måte.

Midlane på posten er relaterte til revidert nasjonalt mål 6.1: Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast. Innan 2020 skal det liggje føre oversikter over verneverdige kulturminne og kulturmiljø for kvar kommune som grunnlag for å prioritere eit utval som skal takast vare på .

Kriterium for måloppnåing

  • Opplysningar om talet på/kva kommunar som har ferdigstilt arbeidet med registrering og verdivurdering av verneverdige kulturminne og kulturmiljø, og status i dei andre kommunane sitt arbeid med dette

  • Opplysningar om talet på/kva kommunar som har kommunale kulturminneplanar/planar med særleg fokus på kulturminne og kulturmiljø, og status i dei andre kommunane sitt arbeid med slike planar

Tildelingskriterium

Målgruppa er kommunar. Tilskot blir gitt til registrering og verdivurdering av verneverdige kulturminne og kulturmiljø, og til å utarbeide kommunale kulturminneplanar/planar med særleg fokus på kulturminne og kulturmiljø.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane skal rapportere om bruken av midlane til Riksantikvaren.

Post 70 Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast

Posten erstattar post 72.1 Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak m.m., 72.6 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne og 78 Tilskot til sikring og forvalting av arkeologiske kulturminne i gamal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012–2013). Delar av midlane under posten er knytte til bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) og bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne (BARK).

Mål

Medverke til forvaltning og sikring av kunnskapen om automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne.

Midlane under posten er relaterte til revidert nasjonalt mål 6.2: Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020

Kriterium for måloppnåing:

  • Opplysningar om tiltak retta mot sikring, tilrettelegging og dokumentasjon av automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne i bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) og bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne (BARK)

  • Opplysningar om tiltak retta mot sikring av kunnskap om automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne

Tildelingskriterium

Målgruppa for tilskotet er tredelt:

Ei målgruppe er private tiltakshavarar. Staten dekkjer som hovudregel utgiftene til registreringar og utgravingar av arkeologiske kulturminne i samband med mindre private tiltak.

Ei anna målgruppe er eigarar og forvaltarar av arkeologiske kulturminne. Tilskota blir i hovudsak nytta til oppfølging av bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne (BARK) og bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG). Tilskot kan mellom anna gå til skjøtsel, restaurering og formidling, og til tiltak som gir auka tilgjenge eller som medverkar til å avgrense slitasjen på kulturminna. Tiltak der mellom anna lokalt engasjement og særlege opplevings- og formidlingsverdiar er knytte til kulturminna skal prioriterast. Midlane blir tildelte etter søknad til Riksantikvaren.

Den siste målgruppa er forvaltingsinstitusjonar med ansvar for arkeologiske kulturminne etter gjeldande forskrift. Midlane kan nyttast til nødvendig fagleg assistanse til fylkeskommunane og Sametinget i forvaltingssaker. Midlane skal òg dekkje nødvendig fagleg assistanse frå Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) i samband med forvaltning av oppgåver der Riksantikvaren er rett mynde. Midlane skal vidare nyttast til å dekkje utgifter til nødvendige undersøkingar for å sikre det vitskaplege kjeldematerialet og til anna arbeid for å sikre kulturminnet på staden, og til hjelp i kulturminnekriminalitetssaker ved dei arkeologiske forvaltningsmusea. I tillegg skal midlane dekkje saksbehandling og feltundersøkingar ved sjøfartsmusea.

Posten dekkjer òg finnarløn som blir fastsett etter skjønn av Riksantikvaren i medhald av kulturminnelova § 13.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren skal kontrollere at tiltakshavar oppfyller kriteria for å få tilkjent dekning av registreringar og utgravingar. Riksantikvaren overfører midlar til dei arkeologiske forvaltningsmusea og til regional kulturminneforvaltning etter framlegging av rekneskap over forskotterte midlar og etter framlagt sluttfaktura.

Eigarar og forvaltarar av arkeologiske kulturminne leverer sluttrapportar på utført arkeologisk arbeid til Riksantikvaren som kontrollerer at arbeidet er utført i samsvar med dei aktuelle vilkåra. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden.

Forvaltningsinstitusjonar rapporterer om bruk av tildelte midlar.

Post 71 Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast

Posten erstattar post 72.2 Vern og sikring av freda bygningar og anlegg i privat eige, 72.4 Kystkultur og 72.5 Vern og sikring av freda og særleg verdifulle kulturmiljø og landskap i gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012–2013). Delar av midlane under posten er retta mot Bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige.

Det er foreslått å auke løyvinga med 7,2 mill. kroner på post 71 i budsjettet for 2014 for å erstatte tilskot som tidlegare har blitt øyremerkte freda bygningar på Norsk kulturminnefond sitt budsjett.

Mål

Freda og andre særleg verdifulle kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap i privat eige skal vere sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål 6.4: Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Kriterium for måloppnåing

  • Opplysningar om tiltak retta mot freda bygningar og anlegg i privat eige

  • Opplysningar om tiltak retta mot freda eller spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø langs kysten

  • Opplysningar om tiltak retta mot freda kulturmiljø og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap.

Tildelingskriterium

Ei målgruppe er private eigarar og forvaltarar av bygningar, anlegg, kulturmiljø og landskap som er vedtaksfreda, automatisk freda, mellombels freda eller der fredingssak er under behandling. Kulturminna må vere heilt eller delvis i privat eige. Tilskot skal dekkje meirutgifter, heilt eller delvis, i samband med antikvarisk sikring, istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av freda kulturminne og kulturmiljø, som er i samsvar med fredingsføremålet. Følgjande prioriteringar gjeld: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av.

2 mill. kroner er øyremerkte sikring og istandsetjing av samiske bygningar. Midlane vil bli utbetalte av Riksantikvaren etter oppmoding frå Sametinget. Riksantikvaren vil gi nærare føringar for bruken av tilskotet.

Andre målgrupper er private eigarar og forvaltarar av freda eller spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og verksemd langs kysten. Tilskota blir fordelte på grunnlag av følgjande prioriteringar: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det finst få av. I arbeidet med kystkulturen skal det leggjast til rette for at kulturminne og kulturmiljø kan medverke til å skape attraktive lokalsamfunn.

Siste målgruppe er private eigarar og forvaltarar, i første rekkje knytt til dei åtte freda kulturmiljøa, men òg til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap. Tilskota skal primært tildelast tiltak som er forankra i forvaltnings- og skjøtselsplanar.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til fylkeskommunen/Sametinget som skal sjå til at arbeidet er utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Fylkeskommunen/Sametinget skal rapportere til Riksantikvaren.

Når det gjeld siste målgruppa og tilskot til dei åtte freda kulturmiljøa, og til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap, skal tilskotsmottakaren levere sluttrapportar på utført arbeid til Riksantikvaren som skal sjå til at arbeida blir utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Fagleg oppfølgingsansvar kan leggjast til fylkeskommunen/Sametinget.

I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden.

Post 72 Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast

Posten erstattar post 72.8 Tekniske og industrielle kulturminne i gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012–2013). Midlane skal rettast mot arbeidet med bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne.

Mål

Dei 10 opphavlege anlegga i bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan utgangen av 2015, mens dei fire anlegga som nyleg er inkluderte i programmet, skal vere sette i stand i løpet av tre til fem år. Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål 6.4. Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Kriterium for måloppnåing

  • Opplysningar om tiltak retta mot prioriterte tekniske og industrielle kulturminne.

Tildelingskriterium

Midlane på posten skal gå til bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne og blir primært brukte til sikring, vedlikehald og istandsetjing av anlegga. Det kan òg bli løyvd midlar til andre anlegg som representerer og dokumenterer Noregs tekniske og industrielle historie.

Målgruppa er i hovudsak private eigarar og forvaltarar. Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og tiltak for å fullføre pågåande arbeid med å setje i stand anlegga skal prioriterast ved tildeling av tilskot. Det kan òg ytast tilskot til vedlikehald. Det skal leggjast vekt på at kulturminna skal kunne gi grunnlag for verdiskaping gjennom ny bruk.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til Riksantikvaren som ser til at arbeida er utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Kontrollen overfor tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden.

Post 73 Tilskot til bygningar og anlegg frå middelalderen og brannsikring, kan overførast

Posten erstattar post 72.3 Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen og 73 Brannsikring og beredskapsarbeid i gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012–2013). Tilskotsordninga er knytt til bevaringsprogrammet for stavkyrkjene, bevaringsprogrammet for ruinar, bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige og bevaringsprogrammet for brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer.

Mål

Dei 28 stavkyrkjene skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2015. Prioriterte ruinar og profane bygningar frå mellomalderen skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Branntilløp og brann i stavkyrkjer, og brannspreiing mellom hus i tette trehusmiljø, skal unngåast. Midlane under posten er relaterte til revidert nasjonalt mål 6.2 Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020 og nasjonalt mål 6.4 Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Kriterium for måloppnåing

  • Opplysningar om tiltak retta mot stavkyrkjer, profane bygningar og prioriterte ruinar frå mellomalderen, og opplysningar om tilstandane til desse kulturminna.

  • Opplysningar om brannsikringstiltak i tette trehusmiljø og stavkyrkjer

  • Opplysningar om eventuell brann eller branntilløp i stavkyrkjer og om tilfelle av brannspreiing mellom hus i tette trehusmiljø

Tildelingskriterium

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av automatisk freda bygningar og anlegg frå mellomalderen, og av utvalde tette trehusmiljø. Midlane skal gå til vern, sikring og beredskapsarbeid. Dette inkluderer brannsikringstiltak, istandsetjing av stavkyrkjene og sikring og konservering av verdifull kyrkjekunst i disse kyrkjene. Det skal òg ytast tilskot til sikrings- og restaureringstiltak på mellomalderbygningar og mellomalderruinar. Det blir lagt vekt på prosjekt som har overføringsverdi for brannsikring av andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø.

Istandsetjingstiltak skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren. Riksantikvaren kan sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak på særleg viktige prosjekt.

I medhald av St.meld. nr. 26 (2006–2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand skal 45 av ruinane inkludert dei 12-15 største anlegga takast vare på. Vidare skal ruinar som engasjerer lokalmiljøet prioriterast.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar må levere sluttrapport på utført arbeid til Riksantikvaren som òg omfattar ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrav blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Riksantikvaren kontrollerer at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Kontroll på staden er òg aktuelt.

Post 74 Tilskot til fartøyvern, kan overførast

Posten er vidareført frå gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012–2013). Midlane skal gå til bevaringsprogrammet for fartøy.

Mål

Freda fartøy og eit utval fartøy der det er inngått avtale med eigarar om vern, skal vere sette i stand innan 2020. Tilskotsordninga er relatert til nasjonalt mål 6.4 Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Kriterium for måloppnåing

  • Talet på freda og verna fartøy som er sette i stand.

  • Opplysningar om aktivitet knytt til restaurering og istandsetjing av verna og freda fartøy.

Tildelingskriterium

Målgruppa er eigarar og forvaltarar av freda fartøy, og fartøy der det er inngått avtaler med eigarar om vern. Riksantikvaren fordel midlane etter søknad til konkrete restaurerings- og istandsetjingsarbeid. I tillegg kan Riksantikvaren sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt. Grunntilskotet til Norsk Foreining for Fartøyvern som er på 1,7 mill. kroner blir utbetalt over denne posten etter søknad frå foreininga.

Tilskot til viktige sikrings- og restaureringstiltak vil bli tildelte etter følgjande prioriteringar: allmenn interesse, offentleg tilgjengelege, økonomisk gjennomføringsvilje og -evne, potensial for lokalt engasjement, særlege opplevings- og formidlingsverdiar knytt til fartøyet. I tilegg skal tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall og fartøy som det finst få av prioriterast. Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren. For å sikre ei kostnadseffektiv gjennomføring av omfattande og kompliserte istandsetjingstiltak skal det i startfasen gjerast ei god planlegging og prioritering av tiltaka.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar leverer sluttrapport på utført arbeid, som også omfattar ein økonomisk rapport til Riksantikvaren. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrav blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Riksantikvaren kontrollere at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Oppfølging på staden er aktuelt, og viktig for å sikre at arbeidet vert utført etter antikvariske retningslinjer.

Post 75 Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast

Posten erstattar post 72.7 Fartøyvernsenter i gamal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012–2013). Midlane under posten er knytte til bevaringsprogrammet for fartøy.

Mål

Hjelpe dei tre utvalde fartøyvernsenter i deira funksjon som kompetansesenter for restaurering og vedlikehald av freda og verna fartøy, jf. nasjonalt mål 6.4 Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Kriterium for måloppnåing

Opplysningar om tiltak der det er ytt tilskot til fartøyvernsenter.

Tildelingskriterium

Målgruppa er Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum, Hardanger Fartøyvernsenter og Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter.

Tilskot kan ytast som driftstilskot for å dekkje sentra sine kostnader med fellestenester knytte til forsking, dokumentasjon og fagleg rådgiving. Tilskotet skal primært medverke til å finansiere stillingar knytte til dokumentasjonsarbeid i samband med istandsetjingsarbeid på fartøy som Riksantikvaren gir tilskot til. Noko av tilskotsmidlane kan nyttast til investeringar i anlegga.

Oppfølging og kontroll

Riksantikvaren eller fylkeskommunen/Sametinget skal sjå til at tilskotsmottakaren leverer sluttrapportar på utført arbeid, og at arbeida blir utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra, for å sikre til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsenter.

Post 77 Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast

Posten er vidareført frå gamal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012–2013).

Mål

Kulturminne og kulturmiljø skal takast i bruk i utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for miljøvis, økonomisk, sosial og kulturell utvikling. Tilskotsordninga er relatert til dei nasjonale måla 6.1 – 6.4.

Kriterium for måloppnåing

  • Verdiskapingsresultat for næringsliv og lokalsamfunn.

  • Talet på kommunar og fylkeskommunar som deltek i verdiskapingsprosjekt med støtte frå post 77.

  • Talet på kulturminne, kulturmiljø og landskap som er involverte, og kva prosjekta betyr for desse.

Tildelingskriterium

Midlane skal nyttast til satsingar som tydeleggjer og integrerer kulturminnefeltet i lokal og regional utvikling og som samstundes siktar mot ei koordinert og langsiktig forvaltning av kulturminne og kulturmiljø. Det skal leggjast vekt på prosjekt som ser kulturarv og naturverdiar i samanheng og som involverer eigarar, bedrifter, frivillige, styresmakter og institusjonar for utvikling lokalt og regionalt. Det er ein føresetnad at fylkeskommunane og kommunane er aktive deltakarar. Arbeidet med Pilegrimsleia og Kultur- og naturreise vil bli prioritert.

Oppfølging og kontroll

I tillegg til gjennomgang av årlege prosjektrapportar og revisorstadfesta årsrekneskapar, vil prosjekta bli følgt opp i prosjektåret, både med sikte på bistand til nødvendig koordinering av verkemiddel frå fleire sektorar og for å synleggjere og formidle effektar for verdiskaping.

Post 79 Tilskot til verdsarven, kan overførast

Posten erstattar post 72.9 World Heritage List, nasjonale oppgåver i gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012–2013). Midlane under posten skal nyttast i bevaringsprogrammet for verdsarven, og er relaterte til dei nasjonale måla 6.1 – 6.4.

Mål

Stadene på Unescos verdsarvliste i Noreg skal forvaltast i tråd med forpliktingane i Unesco verdsarvkonvensjon og dei internasjonale retningslinjene frå Unesco.

Kriterium for måloppnåing

Opplysningar om tiltak retta mot verdsarvstader i Noreg.

Tildelingskriterium

Målgruppa er stadene i Noreg som står på Unescos verdsarvliste. Det er for tida sju stader. Tilskot skal ytast i tråd med forpliktingane som følgjer av Unescos verdsarvkonvensjon og i tråd med dei internasjonale retningslinjene frå Unesco.

I spesielle tilfelle kan midlane nyttast til tiltak som indirekte medverkar til sikring av verdsarven.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer gjennom møte og fagsamlingar gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram. Kontrollen overfor tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt at Riksantikvaren eller fylkeskommunen/Sametinget utfører kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Post 80 Tilskotsordning for avgiftskompensasjon

Posten er ny. Stortingets vedtak om avgiftsfritak, nærare regulert i Forskrift om særavgifter av 11. september 2001, kap. 4–1 blir oppheva. Vedtaket inneber refusjon for innbetalt forbruksavgift på elektrisk kraft, CO 2 -avgift på mineralolje og kol og koks, grunnavgift på fyringsolje m. v., svovelavgift og avgift på smøreolje m. v. på avgiftspliktige produkt som blir leverte til bruk i drifta av verneverdige fartøy, museumsjernbaner, tekniske og industrielle kulturminne og tekniske anlegg på museumssektoren med sikte på formidling. Som kompenserande tiltak blir det oppretta ei tilskotsordning på Riksantikvarens budsjett.

Mål

Stimulere til formidling og aktivitet/bruk knytt til utvalte tekniske og industrielle kulturminne og verneverdige fartøy m. v.

Kriterium for måloppnåing

Opplysningar om formidling og aktivitet/bruk av kulturminne m. v. som har motteke tilskot frå post 80.

Tildelingskriterium

Målgruppa er private eigarar av utvalde tekniske og industrielle kulturminne og verneverdige fartøy m. v. Midlane på posten skal kompensere for den tidlegare ordninga med refusjon for innbetalt forbruksavgift på avgiftspliktige produkt.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane skal rapportere om bruk av midlane til Riksantikvaren.

Kap. 4429 Riksantikvaren

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

02

Refusjonar og diverse inntekter

3 700

4 020

09

Internasjonale oppdrag

1 100

1 139

Sum kap. 4429

4 800

5 159

Post 02 Refusjonar og diverse inntekter

Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar m.m., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er det òg budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvarens rapportar og andre produkt og inntekter frå det mellombelse nasjonale pilegrimssenteret. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til internasjonale oppdrag. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1429 Riksantikvaren: Rekneskap og rapport for 2012 iht. poststruktur i Prop. 1 S (2012–2013).

Her følgjer rekneskap og rapport for 2012 for postane 72, 73, 74, 75, 77 og 78 iht. gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012–2013).

Post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, kan overførast, kan nyttast under post 21

Tabell 7.9 Rekneskap 2012 Post 72

Underpost

Nemning

Rekneskap 2012 (i 1 000 kr)

72.1

Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak

4 679

72.2

Vern og sikring av freda bygningar og anlegg

63 899

72.3

Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen

29 537

72.4

Kystkultur

17 547

72.5

Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap

4 260

72.6

Skjøtsel av automatisk freda kulturminne

9 611

72.7

Fartøyvernsenter

6 550

72.8

Tekniske og industrielle kulturminne

30 529

72.9

World Heritage List, nasjonale oppgåver

60 351

Sum post 72

226 962

Underpost 72.1 Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak m.m.

Mål

Å sikre og ivareta kunnskap om automatisk freda arkeologiske kulturminne.

Rapport 2012

Tabell 7.10 Tiltak for å sikre og ta vare på kunnskap om automatisk freda kulturminne 2010–2012

Tilsegn til

Tal på tilsegner i 2010

Tal på tilsegner i 2011

Tal på tilsegner i 2012

Mindre private tiltak

22

22

25

Særlege grunnar

5

5

4

Finnarlønn

0

2

13

Anna

1

18

1

Underpost 72.2 Vern og sikring av freda bygningar og anlegg i privat eige

Mål

Målet er at alle freda bygningar i privat eige skal vere sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Rapport for 2012

Tabell 7.11 Aktivitet og tilstand knytt til freda bygningar og anlegg innanfor bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige

Freda bygningar og anlegg i privat eige

Tal 2011

Tal 2012

Bygningar og anlegg som er omfatta av programmet

ca. 3200

ca. 3200

Tilstandsvurderte

2435

2670

Prosjekt som er sette i gang

118

99

Ferdigstilte prosjekt

42

83

Ordinært vedlikehaldsnivå

ca. 51%

Underpost 72.3 Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen

Mål

Målet for tilskotsordninga er å verne og sikre automatisk freda bygningar og ruinar frå mellomalderen, slik at dei har oppnådd eit ordinært vedlikehaldsnivå i 2020. Under dette skal eit utval ruinar sikrast og gjerast tilgjengeleg for publikum innan 2020, og dei 28 stavkyrkjene skal vere sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2015.

Rapport 2012

Tabell 7.12 Istandsetjingstiltak for automatisk freda bygningar og ruinar frå mellomalderen

Per 31.12.2012

Stavkyrkjer

Prioriterte ruinar

Profane hus frå mellomalderen

Total

28

45

248

Tilstandsvurderte

27

25

234*

Istandsette

21

14 (ferdig konservert)

22

* For dei 248 profane husa frå mellomalderen som er omfatta av bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige har om lag 13 pst. behov for store utbetringar og 63 pst. har behov for moderate utbetringar.

Arbeida på stavkyrkjene er i rute og vil bli avslutta i 2015. Det bør likevel reknast med eit år med etterarbeid, ferdigsynfaringar og innsamling av dokumentasjon, slik at stavkyrkjeprogrammet vil bli endeleg avslutta i 2016. Følgjande stavkyrkjer er sette i stand: Gol, Uvdal, Nore, Rollag, Flesberg, Rødven, Eidsborg, Hegge, Høre, Lomen, Hedalen, Lom, Urnes, Reinli, Kaupanger, Torpo, Hopperstad, Øye, Grip, Garmo og Borgund. I 2012 er det utført større konserveringsarbeid på kyrkjekunst i Kvernes stavkyrkje.

Underpost 72.4 Kystkultur

Mål

Å sikre og setje i stand freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø langs kysten.

Underpost 72.5 Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap

Mål

Å verne og sikre freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap.

Rapport 2012

Tilskot til freda kulturmiljø og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap går primært til skjøtsel av landskapet for å ta vare på heilskapen i kulturmiljøa. Midlane bidreg òg til at kunnskap om gamle driftsmåtar blir halden ved lag. Tildelinga frå posten er sett i samanheng med dei andre postane under post 72 Vern og sikring av freda kulturminne og kulturmiljø.

I 2012 har fem av dei åtte freda kulturmiljøa motteke tilskot etter søknad til fylkeskommunane. Dei fem er Birkelunden, Havråtunet, Sogndalstrand, Sør-Gjeslingan og Bygdøy kulturmiljø.

Andre særleg verdfulle kulturmiljø og landskap har fått tilskot til skjøtsel, mellom anna Kaupanger i Sogn og Fjordane, Lyngheisenteret i Hordaland, Dyrøy kystgard i Nordland og Falstadsenteret i Nord-Trøndelag. 2 mill. kroner er tildelt Mortensnes/Ceavccageadgi områdefreding og til prosjektet utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2012.

Underpost 72.6 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne

Mål

Eit utval automatisk freda arkeologiske kulturminne og bergkunstlokalitetar skal dokumenterast, sikrast og gjerast tilgjengeleg for publikum innan 2020 gjennom skjøtsel og tilrettelegging.

Rapport 2012

Tabell 7.13 Tiltak retta mot sikring, tilrettelegging og dokumentasjon av bergkunst i bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) 2011 og 2012

År

Skjøtselstiltak

Tilrettelegging

Dokumentasjon

Ordinært vedlikehald pr. 31.12.2012 innan BERG-programmet

2011

99

18

76

2012

80

23

40

49

Mange av tiltaka går over fleire år og er førte vidar i 2013

Bevaringsprogrammet for bergkunst vart starta opp i 2011 og omfattar alle lokalitetar, registrerte i Askeladden til ei kvar tid. Pr. 12.01.2013 er det registrert 1 656 bergkunstlokalitetar, med 2 449 enkeltminne som er automatisk freda. Talet på registreringar aukar årleg.

Bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne (BARK) omfattar 450 utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø. I 2011 vart det gjennomført tilstandsregistrering og utarbeidd prioriteringslister i fylka innanfor programmet. I 2012 vart 143 tilretteleggingstiltak sette i gang, og av desse var 46 avslutta pr. 31.12.2012, mens resten er førte vidare i 2013.

Underpost 72.7 Fartøyvernsenter

Mål

At dei tre utvalde fartøyvernsentra kan fungere som kompetansesenter for restaurering og vedlikehald av fartøy.

Rapport 2012

Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum, Hardanger Fartøyvernsenter og Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter har motteke tilskot på 2 183 333 kroner kvar. Midlane er brukte til bl.a. å føre vidare arbeidet med «faktaark» som er gjort tilgjengelege på Internett, hjelpe eigarar av forskjellige typar fartøy med å utarbeide dokumentasjonsgrunnlag for tryggleiks- og vedlikehaldssystem og –rutinar, utarbeide mal for dokumentasjon og tilstandsvurdering, delta i planlegging og avvikling av kurs i vedlikehald og antikvarisk arbeid med meir og bistand til eigarar av freda fartøy i utarbeiding av forvaltningsplan for fartøya.

Underpost 72.8 Tekniske og industrielle kulturminne

Mål

Å setje i stand og vedlikehalde dei prioriterte tekniske og industrielle anlegg innan 2015.

Rapport 2012

Pr. 1. januar 2013 omfatta bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne 14 prioriterte anlegg.

Figur 7.1 Tilskot til vedlikehald og istandsetjing av tekniske og industrielle kulturminne i 2011 og 2012

Figur 7.1 Tilskot til vedlikehald og istandsetjing av tekniske og industrielle kulturminne i 2011 og 2012

Underpost 72.9 World Heritage List, nasjonale oppgåver

Mål

Sikre og setje i stand dei norske stadene på Unescos verdsarvliste

Rapport for 2012

Figur 7.2  Tilskot for å sikre og setje i stand dei norske verdsarvstadene, 2010–2012.

Figur 7.2 Tilskot for å sikre og setje i stand dei norske verdsarvstadene, 2010–2012.

Av dei 36,5 mill. kroner som vart tildelte Bryggen i Bergen vart ca. 13 mill. kroner nytta til restaurering av grunnvatn. Resten gikk til å setje i stand bygningar, brannsikring og ulike overvakingsprogram.

På Røros har Uthusprosjektet utvida verkeområdet sitt i samsvar med utvidinga av verdsarvområdet. Aktiviteten i 2012 har vore større enn nokon gong, og godt og vel 30 enkeltprosjekt vart fullførte dette året med 6,7 mill. kroner i tilskot frå Riksantikvaren. Statens verneverdige og freda bygningar på Røros blir tekne vare på av Rørosmuseet. Det er elles tildelt midlar til verneverdige bygningar i Røros, til skjøtsel av kulturlandskapet i Småsetran, til registrering av Femundhytta, til å ta vare på lasskøyringstradisjonen og til ei koordinatorstilling for verdsarvarbeidet med Røros bergstad og Circumferensen.

Det vart gitt 2,5 mill. kroner til tiltak for bergkunsten i Alta i 2012. I løpet av året vart det gjennomført vegetasjonsskjøtsel og vedlikehald på 11 lokalitetar med eit større tal enkeltminne. Skog er rydda og gangvegar er oppgraderte i Hjemmeluft. Gammal maling er fjerna ved to lokalitetar. Det vart halde eit tverrfagleg arbeidsseminar for diskusjon av vidare sikring av lokaliteten Kåfjord. Arbeidet med digitalt bergkunstarkiv og dokumentasjon av bergkunst i verdsarvområdet er ført vidare, og det er òg utført ulike formidlingsprosjekt.

På Vegaøyan har prosjekt «ærfuglarkitektur» med registrering, reparasjon og bygging av nye e-hus for hekkande ærfugl gått føre seg i fem år med godt resultat. Ein del planlagde istandsetjingsarbeid er forseinka på grunn av startvanskar.

For Vestnorsk fjordlandskap (delområde sør) vart det i 2010 sett i gang arbeid med ein restaureringsplan for bygningar i Nærøyfjorden. Restaureringsplanen er ferdigstilt, og sendt på høyring i 2. kvartal 2013.

På Urnes er arbeidet med ein forvaltningsplan for Ornes fullført og vedteken av fylkestinget. Planen inneheld forslag til buffersone.

Direktoratet for naturforvaltning har i tillegg medverka med 16,6 mill. kroner til støttetiltak til verdsarvområda for å ta vare på kulturlandskapa.

Post 73 Brannsikring og beredskap, kan overførast, kan nyttast under post 21

Underpost

Nemning

Rekneskap 2012 (i 1 000 kr)

73

Brannsikring og beredskap

9 707

Sum post 73

9 707

Mål

Tilskotsordninga skal sikre et utval trehusmiljø og de 28 stavkyrkjene mot brann.

Rapport 2012

Tabell 7.14 Brannsikringstiltak

Tiltak

Total

Beløp 2011 (i 1 000 kr)

Beløp 2012 (i 1 000 kr)

Brannsikring tette trehusmiljø

66

1 000

0,0

Brannsikring stavkyrkjer

28

10 983

18 780

Anna

105

Sum

12 089

12 089

I 2012 er det utarbeidd eit program for brannsikringstiltak i dei 66 mest brannutsette tette trehusmiljøa i Noreg, innan bevaringsprogrammet for brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer. I programmet er det ein føresetnad at eigarar og kommunar tek ein vesentleg del av kostnadene. I 2012 vart det ikkje gitt tilskot til brannsikring av tette trehusmiljø. Alle disponible midlar gjekk til brannsikring av stavkyrkjene.

Ein gjennomgang av branntryggleiken i stavkyrkjene har avdekt behov for omfattande oppgradering og utskifting av eksisterande brannsikringsanlegg. I tillegg til ordinær løyving på 10,95 mill. kroner vart det ved nysaldering i desember 2012 avsett ytterlegare 7,83 mill. kroner, slik at det samla vart brukt 18,78 mill. kroner til brannsikring av stavkyrkjene i 2012.

Post 74 Fartøyvern, kan overførast

Underpost

Nemning

Rekneskap 2012 (i 1 000 kr)

74

Fartøyvern

45 712

Sum post 74

45 712

Mål

Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand eit utval av freda fartøy og fartøy der det er inngått avtale med eigarar om vern.

Rapport 2012

Tabell 7.15 Fartøyvern 2012

Den norske verneflåten

pr. 31.12.2012

Istandsette

pr. 31.12.2012

Motteken støtte i 2012

Freda fartøy

10

6

10

Verna fartøy

204

90

47

Sum

214

96

57

Post 75 Internasjonalt samarbeid, kan overførast

Underpost

Nemning

Rekneskap 2012 (i (1 000 kr)

75

Internasjonalt samarbeid

761

Sum post 75

761

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til internasjonalt samarbeid om kulturminneforvaltning, markere Noreg som viktig medspelar til nøkkelorganisasjonar innanfor fagfeltet og som eit land med særleg kompetanse på forvaltning av bygningar i tre.

Rapport

Riksantikvaren var i 2012 første gong ansvarleg for heile det administrative og faglege arbeidet med gjennomføringa av det 15. internasjonale kurset i konservering av tre (ICWCT – International Course on Wood Conservation Technology), som vart arrangert hos Riksantikvaren i Oslo 23. mai – 29. juni 2012. Som i tidlegare år er hovuddelen av 75-posten tilskot til dette vidareutdanningskurset, der ICCROM er ein sentral partnar. Kurset inngår i UNESCOs internasjonale kursportefølje, og er det einaste internasjonale etterutdanningstilbodet retta mot bevaring av bygningar og konstruksjonar i tre. Kurset har i stor grad markert – og markerer – Noreg som eit land med særleg kompetanse på forvaltning av bygningar i tre og som viktig medspelar for nøkkelorganisasjonar innanfor fagfeltet. Mange av dei tidlegare deltakarane har høgare stillingar i sine respektive heimland og initierer tettare samarbeid med Noreg og RA på dette området. Også UNESCO brukar jamleg den norske særkompetansen under prosjektimplementering i fleire land.

Post 77 Verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast, kan nyttast under post 21

Underpost

Nemning

Rekneskap 2012 (i 1 000 kr)

77

Verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet

4 102

Sum post 77

4 102

Mål

Stimulere til at kulturminne og kulturmiljø blir tekne i bruk i utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for næringsutvikling.

Rapport 2012

Kultur- og naturreise er eit nasjonalt prosjekt for å forbetre tilgangen til offentleg informasjon om kultur og natur. Med ein smarttelefon eller elektronisk lesebrett skal alle få tilgang til aktuelle fakta og forteljingar om kultur og natur der dei er. Innhaldet i dei nasjonale basane skal takast i bruk, og utviklast vidare av andre til nye tenester, for eksempel av nærings- og reiseliv, innanfor friluftsliv og undervisning.

Innsatsen for Pilegrimsleia er gjort gjennom Nasjonalt pilegrimssenter (NPS). Nasjonalt Pilegrimssenter har sidan 2010 hatt status som eit mellombels senter. Hausten 2012 vedtok Regjeringa at NPS skulle etablerast som eit permanent senter. Tiltaka er sikta inn mot arbeidsfelta miljø, næring, kyrkje og kultur. Talet på vandrarar har auka monaleg og fleire overnattingsplassar er etablerte. Ei ny nettside og ein ny vandringsplanleggjar for mobil er utvikla.

Næring i verneverdige byområde er eit nettverk der byane Bergen, Fredrikstad, Hamar, Kongsberg, Røros, Stavanger, Tønsberg og Ålesund deltek. Formålet er å utveksle erfaringar og setje i gang utgreiings- og utprøvingstiltak for å initiere ny aktivitet i verneverdige byområde.

I tillegg er det gitt støtte til 11 andre prosjekt for verdiskaping, mellom anna knytt til tilrettelegging av kulturminne som besøksattraksjonar, produksjon av tilbod om opplevingar med grunnlag i lokale historiske forteljingar og kulturminna sin rolle for utvikling av stader og lokalsamfunn. Mange prosjekt inviterer befolkning, eigarar, næringsliv, og forvaltning til diskusjon om kulturarven si rolle i bygginga av framtidas lokalsamfunn. Prosjekta er som oftast leia av eigarane, fylkeskommune, kommune, museum eller frivillige institusjonar. Prosjekta er spleiselag. Tilskot frå post 77 utgjer maksimum 50 pst. av totalbudsjettet, som oftast ein mindre del.

Tabell 7.16 Verdiskapingsprosjekt som har motteke støtte frå post 77 i 2011 og 2012

Tiltak/område

2011 (i 1000 kr)

2012 (i 1000 kr)

Kommentar

Mellombels Pilegrimssenter

1 518

Pilegrimsleia elles

1 536

Andre verdiskapingsprosjekt

244

3 702

Informasjonstiltak

737

38

Kultur- og naturreise

1 000

Prosjektet vart i 2011 finansiert over post 21

Næring i verneverdige byområde

437

Anna

50

66

Nettverk o.a. prosjektoppfølging

Sum

2 567

6 761

Post 78 Tilskot til sikring og forvaltning av arkeologiske kulturminne, kan overførast, kan nyttast under post 21

Underpost

Nemning

Rekneskap 2012 (i 1 000 kr)

78

Tilskot til sikring og forvaltning av arkeologiske kulturminne

8 738

Sum post 78

8 738

Mål

Sikre og styrkje forvaltninga av arkeologiske kulturminne.

Rapport 2012

Tabell 7.17 Tiltak for å sikre og forvalte arkeologiske kulturminne 2010–2012

Tilsegn til

Tilsegner 2010

Tilsegner 2011

Tilsegner 2012

Arkeologiske museum

5

5

5

Sjøfartsmuseum

5

5

5

NIKU

1

0

1

Kap. 1432 Norsk kulturminnefond

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

50

Til disposisjon for kulturminnetiltak

59 480

61 440

63 590

Sum kap. 1432

59 480

61 440

63 590

Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak

Norsk kulturminnefond vart lagt om i 2012 gjeldande frå 2013. Det er no eit forvaltningsorgan med særskilte fullmakter. Midlane skal nyttast til kulturminnetiltak og til drift av administrasjonen og styret.

Miljøverndepartementet har tydeleggjort rollefordelinga mellom Riksantikvaren og Norsk Kulturminnefond slik at fondet nå i hovudsak har ansvaret for verneverdige kulturminne og Riksantikvaren for freda kulturminne.

Mål

Medverke til å styrkje arbeidet med å bevare verneverdige og freda kulturminne og til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidig oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping. Midlane under posten er relaterte til revidert nasjonalt mål 6.1: Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast. Innan 2020 skal det liggje føre oversikter over verneverdige kulturminne og kulturmiljø for kvar kommune som grunnlag for å prioritere eit utval som skal takast vare på , revidert nasjonalt mål 6.2 : eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020, og nasjonalt mål 6.4: Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Kriterium for måloppnåing

Opplysningar om tiltak retta mot verneverdige og freda kulturminne og kulturmiljø.

Rapport for 2012

Kulturminnefondet har hatt auka aktivitetsnivå i 2012. Det vart brukt 14 mill. kroner til forvaltning av Kulturminnefondet. 217 søknader med tilsegner på til saman inntil 39,171 mill. kroner vart gitt. Det vart utbetalt meir midlar, og avslutta fleire prosjekt enn i 2011. Talet på avkorta tilsegner auka betydeleg.

Tabell 7.18 Aktivitet til vern og utvikling av verneverdige og freda kulturminne og kulturmiljø 2011 og 2012

Tal 2011

Kroner 2011

Tal 2012

Kroner 2012

Uteståande tilsegner pr. 01.01

671

94 154

797

107 048

Tilsegner gitt pr. 31.12

316

61 284

217

39 171

Tilsegner utbetalte og avslutta

185

19 893

271

30 634

Tiltak trekte/tilbakekalla

5

0

54

0

Tilsegner utbetalte og ikkje avslutta

16 026

16 450

Avkorta/tilbakeførte tilsegner

12 472

5 530

Sum Uteståande tilsegner pr. 31.12.2012

797

107 048

689

93 604

Rekneskapsført/utbet. 31.12.2012

35 918

47 085

Figur 7.3 Utviklinga i talet på tilsegner og talet på sluttførte prosjekt frå 2003 fram til 2013, og prognose. Det er ein auke på sluttførde prosjekt samstundes med at talet på tilsegner går ned.

Figur 7.3 Utviklinga i talet på tilsegner og talet på sluttførte prosjekt frå 2003 fram til 2013, og prognose. Det er ein auke på sluttførde prosjekt samstundes med at talet på tilsegner går ned.

Den nettbasert database Lykillinn gir viktig informasjon om kva tiltak som blir støtta og korleis tilskota fordeler seg i forhold til satsingsområde og til geografisk spreiing.

Tildelingskriterium

Tilskotsmidlane blir fordelte av kulturminnefondets styre etter søknad i hovudsak til den primære målgruppa som er dei private eigarane. Tilskot blir nytta til tiltak som fører til vern og sikring av kulturminne og kulturmiljø, og til å hindre tap av kulturminne. Tilskot til prosjekt som fremjar verdiskaping, handverk, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet er prioriterte. Det er òg prosjekt som gir synergieffektar, som løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer overfor tilskotsmottakar gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I mange tilfelle er det aktuelt med kontroll på staden for å sikre at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Midlane frå fondet skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane til kulturminneformål.