Miljøverndepartementet (MD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda 1 Levande hav og kyst, 9 Giftfritt miljø og 11 Stabilt klima. Programkategorien omfattar verksemda til Norsk Polarinstitutt, Svalbards miljøvernfond og Fram – nordområdesenter for klima- og miljøforsking.

Regjeringa prioriterer høgt å styrkje forsking og overvaking i polarområda som ledd i å følgje globale miljøendringar og effektane av desse, og auka fagleg aktivitet ved Framsenteret i Tromsø. Samtidig vil kunnskapsgrunnlaget for miljøforvaltninga av norske nord- og polarområde vere viktig. Hovudinnsatsen vil vere retta mot klimaendringar, miljøgifter og biologisk mangfald. Det er behov for å framskaffe ny kunnskap om viktige delar av Barentshavets økosystem, bl.a. påverknaden frå klima, miljøgifter og hausting. Kunnskap til forvaltninga av isbjørnbestanden, arter som er sentrale for forvaltninga av Svalbard som villmarksområde, og raudlistearter som har regelmessig opphald på Svalbard, vil ha prioritet. Langtransporterte miljøgifter og miljøgifter frå kjelder med lokal betydning vil ha særleg fokus. Vidare er verneområda på Svalbard viktige referanseområde for klima, miljøgift og økologisk forsking, og det er behov for auka kunnskap som grunnlag for forvaltning og vern av desse områda. Noreg har dessutan eit ansvar for å bringe fram kunnskap om og verne kulturminne som viser den menneskelege verksemda i polarområda gjennom tidene.

Arbeidet med gjennomføring av den heilskaplege forvaltningsplanen for Barentshavet er prioritert av Regjeringa. Formålet med forvaltningsplanen er å etablere rammevilkår som gjer det mogleg å balansere næringsinteressene knytte til fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd innanfor ramma av ei berekraftig utvikling. Forvaltningsplanane skal leggje til rette for verdiskaping basert på ressursane i havområdet, og samtidig stille krav slik at miljøet i dei norske havområda blir sikra for kommande generasjonar.

Framsenteret i Tromsø vart opphaveleg oppretta som eit nettverkssamarbeid i 2010, samtidig som det blei lagt opp til ei full samlokalisering. Framsenteret omfattar i dag 20 norske institusjonar. Fleire av institusjonane er samlokaliserte i eksisterande senterbygg, som husar ca. 250 tilsette. Ei ekstern evaluering viser at Framsenteret allereie har oppnådd nasjonal og internasjonal status som kompetansemiljø. Framsenteret er attraktivt for lokalisering av nasjonale initiativ og for internasjonale sekretariat som Noreg har ansvaret for. Barentswatch og Sekretariatet for Arktisk Råd er allereie i senteret. Det faglege forskingsarbeidet er vel etablert og gir fortløpande resultat på alle dei fem tematiske flaggskipsområda (ref. kap. 1474).

På Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementets budsjett føreslår Regjeringa ei oppstartsløyving på 25 mill. kroner, under kap. 2445 Statsbygg, post 32 Prosjektering og igangsetting av kurantprosjekter, til igangsetjing av kurantprosjektet Framsenteret i 2014. Funksjonsanalysen for eit tilbygg viste eit behov for 226 nye arbeidsplassar. Endeleg kostnadsramme vil bli teke stilling til i løpet av våren 2014, og Regjeringa vil komme tilbake med ei orientering om prosjektet i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2014.

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

1471

Norsk Polarinstitutt

259 390

257 334

275 943

7,2

1472

Svalbard miljøvernfond

14 701

12 320

12 320

0,0

1474

Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforskning

42 801

37 253

52 298

40,4

Sum kategori 12.60

316 892

306 907

340 561

11,0

Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

195 553

195 712

205 903

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

63 339

61 124

69 542

50

Stipend

498

498

498

Sum kap. 1471

259 390

257 334

275 943

Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. St.meld. nr. 42 (1992-93) Norsk polarforskning , fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltninga og fagleg rådgivar for miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål.

Instituttet skal vidare:

  • halde ved lag ein brei forskingsbasert kompetanse i miljøforvaltning innan viltforvaltning, område- og habitatvern, klimaovervaking og forureiningsproblematikk

  • ha ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norsk biland og territorialkrav i Antarktis

  • utvikle, revidere og leie overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis

  • medverke til å stimulere og koordinere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å samarbeide om forskingsprosjekt og gi tilgang til instituttet sin infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport mot dekning av instituttet sine kostnader

  • følgje opp og gjennomføre norsk miljølovgiving i Antarktis

  • ta hand om forvaltningas kunnskapsbehov

  • fremje miljøforsking og forvaltningsrådgiving innan det bilaterale norskrussiske miljøvernsamarbeidet

  • fokusere forskinga på klimaprosessar og klimaendringar, effektane av desse på naturen, og økotoksikologi i Arktis og Antarktis

  • utforske og overvake det marine miljøet i det nordlege Barentshavet

  • leie Fagleg forum for økosystembasert forvaltning av Barentshavet og havområda utanfor Lofoten

  • representere Noreg i internasjonale samarbeidsfora og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø

  • medverke til å styrkje Framsenteret

  • utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane i Tromsø og i Nord-Noreg

  • drive utovervend informasjon om polarområda, blant anna gjennom samarbeid med Polaria.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst og 11 Stabilt klima.

Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter, drift av forskingsstasjon og luftmålestasjon i Ny-Ålesund og utgifter knytte til instituttets samla forskings- og ekspedisjonsverksemd, inklusive satsinga på ICE (Senter for is, klima og økosystem).

Under denne posten skal 4 mill. kroner nyttas til å dekke logistikkutgifter knytte til bruken av R/V «Lance» som forskingsplattform i drivisen.

Under denne posten skal 3 mill. kroner nyttas til å styrke dei nasjonale luftmålingane ved Zeppelinstasjonen på Svalbard.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd og drift av polarforskingsfartøyet R/V «Lance». Dei tilhøyrande inntektene er førte under kap. 4471 postane 01 og 03. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Midlar til arbeidet med gjennomføringa av den heilskaplege forvaltningsplanen for Barentshavet er vidareført med 3 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midlane under denne posten er retta mot Internasjonalt samarbeid. Posten dekkjer utgifter til vitskapeleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktis-ekspedisjonane.

Noreg medverkar gjennom forskingsinnsats og aktiv deltaking i arbeidet under Antarktis-traktaten med tilhøyrande Miljøprotokoll til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis. Noreg deltek òg i viktige klimaforskingsprosjekt. Det er ein nær samanheng mellom å ha innverknad og å vere til stades, og norsk polarforsking i Antarktis har derfor ein viktig politisk og fagleg funksjon.

I tillegg til forskingsaktivitet skal løyvinga dekkje drift av forskingsstasjonen Troll og det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud Land Air Network). Noregs nærvær i Antarktis er styrkt betydeleg, og vil i større grad medverke til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til drift av TrollSat og utgifter til flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 post 21. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under den nemnde posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Under denne posten skal 9 mill kroner nyttas til ny lokalisering av NILU’s luftmålestasjon ved Trollstasjonen, og til styrking av Noregs forsking i Antarktis.

Post 50 Stipend

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 1 Levande hav og kyst og 11 Stabilt klima.

Mål

Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innafor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.

Kriterium for måloppnåing

Talet på hovudfagsoppgåver og doktorgrader med polarforsking som emne.

Tildelingskriterium

Det blir lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.

Oppfølging og kontroll

Kravet er rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.

Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Sals- og utleigeinntekter

8 932

9 699

10 038

03

Inntekter frå diverse tenesteyting

57 874

53 456

55 327

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

828

18

Refusjon av sjukepengar

1 075

21

Inntekter, Antarktis

14 560

11 940

12 358

Sum kap. 4471

83 269

75 095

77 723

Post 01 Sals- og utleigeinntekter

Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, blant anna utleige av forskingsfartøy og andre inntekter. Kap. 1471 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting

Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Inntekter, Antarktis

Posten gjeld refusjon av utgifter Norsk Polarinstitutt har for andre land og verksemder knytte til Antarktis-samarbeidet. I hovudsak gjeld dette refusjon av driftsutgiftene ved TrollSat i medhald av avtale med Kongsberg Satellite Services og inntekter frå flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 21, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1472 Svalbard miljøvernfond

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

50

Overføring til Svalbard miljøvernfond

14 701

12 320

12 320

Sum kap. 1472

14 701

12 320

12 320

Svalbards miljøvernfond er føresett oppretta i svalbardmiljølova, og departementet etablerte fondet i 2005.

Fondet vil i utgangspunktet vere sett saman av midlar frå miljøavgift for tilreisande til Svalbard, av midlar kravde inn gjennom avgift for kort og for felling i samband med hausting, gebyr for teoretisk eksamen ved jegerprøva, verdien av flora og fauna som er handtert i strid med lova, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen og tvangsmulkt. Både fondskapitalen og avkastninga skal nyttast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard. Fondet skal sikre si eiga drift, slik at ein mindre del av midlane vil gå til forvaltning av fondsmidlane og til utgifter knytte til innkrevjing av inntektene. Svalbards miljøvernfond har eit styre som fordeler fondsmidlane etter eksterne søknader. Sekretariatet for fondet er lagt til Sysselmannen på Svalbard. Det er utarbeidd eigne vedtekter for verksemda til fondet og gitt forskrift om tilskot frå Svalbards miljøvernfond.

Inntektene til fondet gir grunnlag for tildeling til dei formåla som skal dekkjast av fondet i samsvar med svalbardmiljølova.

Post 50 Overføringar til fondet

Posten skal berre nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578 post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Miljøverndepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

70

Sektoravgifter under Svalbard miljøvernfond

14 699

12 320

12 320

Sum kap. 5578

14 699

12 320

12 320

Post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond

Denne posten blir nytta til avgifter som, i samsvar med Svalbardmiljølova, skal overførast til Svalbards miljøvernfond. Miljøavgift for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet, men under denne posten blir det òg budsjettert med sal av jakt- og fiskekort m.m.

Meirinntekter under kap. 5578 post 70 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1474 Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforskning

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter , kan nyttast under postane 50 og 70

4 253

4 298

50

Tilskot til statlege mottakarar , kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 70

27 565

20 000

20 000

70

Tilskot til private mottakarar , kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 50

15 236

13 000

28 000

Sum kap. 1474

42 801

37 253

52 298

Midlane under dette kapitlet skal gå til å styrkje og skaffe framifrå ny kunnskap om klima og miljø i nord. Kunnskapen skal setje oss i stand til å forvalte hav- og landområda våre i nord, og dei ressursane som finst der, på ein endå betre måte. Betre kunnskap om klima og miljø har avgjerande verdi for ressursforvaltning, klimatilpassing, samfunnsplanlegging og beredskap i nord. Betre kunnskap om og forståing av prosessane i Arktis vil òg vere eit svært viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet. Framsenteret vart opna i september 2010, og har no 20 deltakande institusjonar. Aktiviteten er delt inn i fem faglege satsingsområde (flaggskip). Dei er:

  • havisen i Polhavet, teknologi og avtaleverk, leiar: Norsk Polarinstitutt

  • effektar av klimaendringar på fjord og kystøkologi i nord, leiar: Havforskingsinstituttet

  • effektar av klimaendringar på terrestre økosystem, landskap, samfunn og urfolk, leiar: Universitetet i Tromsø

  • havforsuring og økosystemeffektar i nordlege farvatn, leiar: Norsk Polarinstitutt

  • miljøgifter – effektar på økosystem og helse, leiar: Norsk Institutt for Luftforsking.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under postane 50 og 70

Midlane under denne posten skal nyttast til felles føremål for Framsenteret. Det gjeld særleg:

  • drift, fellesfunksjonar og administrasjon av senterbygget i Tromsø, ved driftsselskapet Framsenteret AS

  • sekretariat for Sentermøtet, det høgaste organet i Framsenteret

  • profilering og formidling av senteret som heilskap.

Svalbards miljøvernfond har vore fullt operativt sidan 2008, og i 2014 er eit nytt styre på plass etter at det første styret har site ut si tenestetid. Hovudinntekta til fondet er ein avgift for alle tilreisande til Svalbard. Fondet tildelte i første tildelingsrunde i 2013 5 mill. kroner, og årleg deler fondet ut mellom 8-10 mill. kroner. Midlane går til ulike tiltak og prosjekt innanfor undersøkingar og tiltak for å kartleggje og overvake miljøtilstanden, kartleggje årsaker til miljøpåverknad og miljøverknader av verksemder, gjenoppretting av miljøtilstanden, tilskot til skjøtsel og vedlikehald og overvaking av kulturminne og informasjons-, opplærings- og tilretteleggingstiltak. Styret vil halde fram med to årlege tildelingsrundar også i 2014.

Post 50 Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 70

Mål

Midlane skal gå til dei statlege partnarane i Framsenteret, med mål å gjennomføre forvaltningsrelevant klima- og miljøforsking av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale nettverk, og til å delta i og utvikle vidare både nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskingssamarbeid innanfor rammene av den faglege hovudsatsinga for senteret. Midlane skal òg gå til aktiv formidling av forskingsresultat frå klima- og miljøforsking i nord til næringsliv, skuleverk, forvaltningsnivå og eit breitt publikum.

Kriterium for måloppnåing

  • Framskaffe ny kunnskap av framifrå kvalitet som kan publiserast.

  • Etablert forskarutdanning og mastergradsutdanning gjennom samarbeid med relevante institusjonar innan høgre utdanning innan klima og miljø.

  • Etablert fagleg forskingssamarbeid mellom relevante nasjonale institusjonar, fylle «kunnskapshol» og gi nasjonal meirverdi.

  • Etablerte gode forskingsretta nettverk nasjonalt og internasjonalt, og samarbeid med dei andre FoU-miljøa i landsdelen.

  • Fleirfaglege og tverrfaglege samarbeidsprosjekt mellom institusjonane og forskarar med naturvitskapleg, teknologisk og samfunnsvitskapleg kompetanse.

  • Faglege produkt i rett tid og form til bruk for politikkutforming, og som kan nyttast til å redusere risiko og sikre at ny verksemd skjer på ein berekraftig måte.

  • Formidle forskingsresultat til brukarane, som til dømes næringsliv, skuleverk, andre relevante brukarar og eit breitt publikum.

Rapport for 2012 og 1. halvår 2013

Framsenteret har vore involvert i betydeleg nasjonal og internasjonal forskningsaktivitet i 2012 og første halvår av 2013. Forskingsmiddel frå flaggskipa og sentrale insentiver har finansiert høvesvis 78 og 43 nye forskningsprosjekter, med deltagande forskare frå 17 land og 53 ulike institusjoner (Noreg inkludert). Produksjonen av vitenskapelige publikasjonar og rapportar har vore betydeleg, og forskare frå Framsenteret har deltatt og presentert si forsking på ei lang rekkje nasjonale og internasjonale konferansar og workshops. Gjennom Framsenteret AS har forskinga i og oppbygginga av Framsenteret vore kommunisert til ei rekkje besøk frå ulike land og ambassadar, forskningsinstitusjonar, statlege organar, utdanningsinstitusjonar og media. Forskningsformidlinga har òg vore betydeleg gjennom Fram Forum (2. årgang i 2013, engelskspråkleg) trykt i 3000 eksemplarar (og i elektronisk utgåve), med global distribusjon. I tillegg vert tre nettsider drifta, og forskinga vert formidla gjennom ei rekkje kanalar som youtube (framshorts.com), førestellingar, dei nasjonale forskningsdagane og stands ved ei rekkje nasjonale og internasjonale konferansar.

Norges Forskningsråd har på oppdrag av Framsenteret og med hjelp av eksterne eksperter, evaluert kvart av flaggskipene i Framsenteret. Evalueringen var ferdig i desember 2012. Vurderingane var gjennomgåande positive, samleis som dei peika på ulike forbetringspunkt.

Tildelingskriterium

Prosjekta må liggje innanfor dei vedtekne faglege satsingsområda, og vere kvalitetssikra av Noregs Forskingsråd. I tillegg må dei vere tverrfaglege. Etter at Senterets eigne organ har valt ut den årlege prosjektporteføljen, skal Miljøverndepartementet godkjenne denne før prosjekta kan starte opp.

Oppfølging og kontroll

Leiarane for kvar av dei faglege satsingsområda (Flaggskipsleiarane) er pålagt saman med dei andre deltakarane i flaggskipa å rapportere årleg om forskingsaktivitet som er sett i gang og oppnådde resultat innan 30. november.

Post 70 Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 50

Midlane skal gå til dei ikkjestatlege partnarane i Framsenteret, til dei same føremåla som for post 50, og kriterium for måloppnåing, rapportering og tildeling og oppfølging og kontroll er dei same. Sjå elles omtala under post 50 ovanfor.

Aukinga på posten skal nyttas til faglig verksemd i det nye kompetansemiljø ved Framsenteret i Tromsø, og til prosjektet der R/V «Lance» skal være plattform for forsking i drivisen.

Det skal no i tillegg byggjast ny kompetanse ved Framsenteret i Tromsø som skal medverke til eit betre kunnskapsgrunnlag for styresmaktene sitt arbeid med å avgrense «fotavtrykket» av ny næringsutvikling i nord, og sikre at ny næringsverksemd knytt til naturressursane og til bruken av land- og havområda skjer innanfor miljøforsvarlege rammer. Dette kan eventuelt verte organisert som eit nytt flaggskip i Framsenteret.

Det skal òg gjennomførast eit prosjekt der forskingsfartyet Lance vert frosen inn i isen N-NØ av Svalbard hausten 2014. Under toktet skal det samlast inn isdynamiske-, oseanografiske- og biologiske data frå vinterhalvåret i området nord for Svalbard. Prosjektet vil kunne bidra med svært viktige målingar og forskingsresultat som kan medverke til å betre dagens klimamodellar. Det er òg eit mål å skaffe kunnskap som kan betre dei meteorologiske modellane.