Miljøverndepartementet (MD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Verkemiddel og arbeidsmåtar i miljøpolitikken

Det er fleire sentrale prinsipp i forvaltning av miljø. Alt i § 110 b i Grunnlova er omsynet til miljø og naturverdiar slått fast: Her heiter det at «Enhver har Ret til et Milieu som sikrer Sundhed og til en Natur hvis Produktionsævne og Mangfold bevares. Naturens Ressourcer skulle disponeres ud fra en langsigtig og alsidig Betragtning, der ivaretager denne Ret ogsaa for Efterslægten».

Føre var-prinsippet som er nedfelt i forureiningslova, naturmangfaldlova og svalbardmiljølova, seier at dersom det er fare for at ein aktivitet kan skade miljøet eller kunnskapen er mangelfull, skal ein ta tilstrekkelege forholdsreglar mot slik skade, eller late vere å gjennomføre aktiviteten. Manglande eller utilstrekkeleg kunnskap skal ikkje vere argument for ikkje å setje inn tiltak. Dette kan sjåast på som ei form for forsikring.

Prinsippet om samla belastning står sentralt i naturmangfaldlova og inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknad på naturmangfaldet, både område, naturtypar og arter, når planar skal leggjast og vedtak skal fattast.

Forureinar betaler-prinsippet er òg ein del av forureiningslova og inneber at den som har ansvaret for at forureining skjer, har ansvaret for å rydde opp og å ta kostnadene ved dette. Tilsvarande har naturmangfaldlova eit prinsipp om at kostnadene ved at miljøet blir dårlegare skal berast av tiltakshavaren. Svalbardmiljølova har òg slike føresetnader, og kulturminnelova har føresegn for kostnader ved undersøkingar, tiltak og vedlikehald knytte til automatisk freda kulturminne

Samfunnsplanlegging og samordna berekraftig arealbruk medverkar til måloppnåing på ei rekkje miljøområde. Plan- og bygningslova er eit særs viktig verkemiddel i dette arbeidet.

Det er òg eit viktig miljøpolitisk prinsipp at vi skal ta i bruk dei til ei kvar tid best tilgjengelege teknologien, i lys av økonomiske forhold, for å løyse miljøproblema. Dette er mellom anna nedfelt i naturmangfaldlova og forureiningslova. Jamfør også verkemiddelområdet Kunnskap og staddata.

Sektoransvaret i miljøpolitikken inneber at alle aktørar i samfunnet, både offentlege og private, har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for sine aktivitetar og for å medverke til at dei overordna måla i miljøpolitikken blir nådde.

Bruken av miljøpolitiske verkemiddel må òg vere styrings- og kostnadseffektiv. Det vil seie at dei må utformast slik at dei medverkar til å nå dei fastsette måla utan unødig bruk av tid eller ressursar. Til saman skal prinsippa og arbeidsmåtane syte for at miljøpolitikken blir effektiv og målretta og at den blir gjennomført ved hjelp av dei best tilpassa verkemidla. I denne samanhengen er det òg viktig at verkemidla har eit langsiktig perspektiv, og at dei er nokolunde stabile over tid. For at verkemiddel i form av regelverk og skattar og avgifter skal ha god effekt, bør dei vere utforma slik at dei blir opplevd som rimelege og rettferdige. Miljøpolitikken må òg utformast på ein slik måte at den kjem i minst mogeleg konflikt med andre sentrale samfunnsmål. Planlegging etter plan- og bygningslova er eit sentralt verkemiddel for samordning mellom dei ulike samfunnsinteressene og samfunnsmåla. Jamfør reglene for kommuneplanens samfunnsdel og at dei fleste fysiske tiltak har krav om at dei skal vera i samsvar med ein godkjend arealplan for å kunne gjennomføras.

Tilsyn er òg eit viktig miljøpolitisk verkemiddel som avdekkjer brot på lova og verkar til å verne om helse og miljø. Tilsyn sikrar dessutan likskap for lova.

I tillegg til lov- og regelverk blir økonomiske instrument i form av til dømes gebyr og avgifter viktigare i miljøpolitikken. Dei einskilde sektorane har i tillegg verkemiddel som kan nyttast i miljøet si teneste, anten for å løyse eigne miljøproblem, eller som på transportområdet der miljøvenlege transportformer kan erstatte miljøskadelege.

Miljøverndepartementet og miljøforvaltninga har ansvar for å utforme mål og strategiar i miljøpolitikken og for å utarbeide planar for korleis miljøverdiar skal forvaltast. Mål- og resultatstyringssystemet i miljøpolitikken er eit døme på korleis departementet arbeider med dette. Forvaltningsplanane for havområda i nord (Barentshavet og Norskehavet) er døme på heilskapelege planar for større område, og som omfattar fleire sektorar. Arbeidet med forvaltningsplanane viser dessutan Miljøverndepartementets pådrivar- og samordningsrolle i høve til andre sektorar. Miljøverndepartementets ansvar omfattar òg å skaffe fram fagleg grunnlag for miljøpolitiske vedtak, å overvake utviklinga i miljøtilstanden og å forvalte verkemiddel på dei områda der miljøforvaltninga har hovudansvaret. Ein skal òg analysere verknadene av miljøpolitikken som grunnlag for vidareutvikling og eventuelle endringar i mål og verkemiddel. Miljøverndepartementet er både eit sektordepartement og eit samordningsdepartement.

Lov- og regelverk på miljøområdet

Nokre sentrale lover er omtalte nedanfor. For omtale av anna lov- og regelverk, sjå Lovdata og omtale under dei respektive resultatområda.

Figur 10.1 Viktige lover

Figur 10.1 Viktige lover

Plan- og bygningslova

Lov av 27. juni 2008 nr. 71 Om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningslova) skal vere ein reiskap for å fremje berekraftig utvikling til beste for den enkelte, for samfunnet og for framtidige generasjonar. Planlegging etter lova skal bidra til å samordne statlege, regionale og kommunale oppgåver og gi grunnlag for vedtak om berekraftig forvaltning av ressursar. Det skal leggjast vekt på langsiktige løysingar, og konsekvensar for miljø og samfunn skal beskrivast. Ansvaret for planlegging og vedtak av planar etter lova er lagt til Kongen (Regjeringa), fylkestinga og kommunestyra. Miljøverndepartementet er ansvarleg departement for plandelen av plan- og bygningslova. Viktige føringar i lova er at:

  • Regjeringa skal utarbeide nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging kvart fjerde år.

  • Fylkeskommunane og kommunane skal utarbeide regionale og kommunale planstrategiar kvart fjerde år. Regjeringa skal godkjenne dei regionale planstrategiane.

  • Fylkestinga skal utarbeide regionale planar i samsvar med godkjende regionale planstrategiar. Kommunestyra har ansvaret for at det blir utarbeidd kommuneplanar og reguleringsplanar.

  • Planlegginga i kommunar og fylkeskommunar skal ta vare på både kommunale, regionale og nasjonale interesser og skal derfor skje i nært samråd med statlege organ. Fylkesmannen har ei sentral rolle i regional statleg samhandling med kommunar og fylkeskommunar.

  • Planlegginga skal sikre at avvegingane av ulike omsyn skjer ope og offentleg. Plan- og bygningslova fastset ordningar for deltaking der einskildpersonar, organisasjonar, næringslivet, kommunar, fylkeskommunar og statlege sektorinteresser er med.

Miljøverndepartementet skal avgjere konfliktsaker som ikkje blir løyste lokalt og sikre riktig bruk av lova gjennom rettleiing til aktørane i planarbeidet.

Plan- og bygningslova er eit særs viktig verkemiddel i arbeidet med å sikre ei berekraftig utvikling og verkar saman med andre viktige lover som naturmangfaldlova, forureiningslova, kulturminnelova, energilova og minerallova.

Plan- og bygningslova gjeld alle landareal og sjøareal ut til ei nautisk mil utanfor grunnlinja.

Naturmangfaldlova

Lov av 3. april 2009 Om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfaldlova) har til føremål å ta vare på naturen sitt mangfald og dei økologiske prosessane gjennom berekraftig bruk og vern. Lova omfattar all natur, og gjeld for alle sektorar som forvaltar naturmangfald eller tek avgjerder som har konsekvensar for dette mangfaldet. Lova verkar saman med andre lover som påverkar eller regulerer bruk av norsk natur. Då lova gjeld på tvers av sektorar vil ho medverke til ei betre samordning av den samla forvaltninga av naturmangfaldet.

I kapittel II om reglar om berekraftig bruk blir det gitt forvaltningsmål for naturtypar og arter, og det blir stilt krav til kunnskapsgrunnlaget for offentlige avgjerder som påverkar naturmangfaldet. Lova krev vidare at vurderingar av dei miljørettslege prinsippa i § § 8 til 12 skal gå fram av slike vedtak. Ved behandling av planar etter plan og bygningslova vil ei utgreiing i samsvar med naturmangfaldlova kapittel II inngå.

I naturmangfaldlova er det innført fleire nye verkemiddel. Dei viktigaste er ordningane med prioriterte arter og utvalde naturtypar. Kongen i statsråd kan ved forskrift peike ut enkelte arter som prioriterte og naturtypar som utvalde. På den måten kan vi sikre truga arter og naturtypar og andre arter/naturtypar som treng spesiell beskyttelse slik at dei kan overleve i norsk natur, og på sikt få til ei tilfredsstillande utvikling. Dette er viktige verkemiddel for å nå forvaltningsmåla for arter og naturtypar.

Kapittel V handlar om vern av område på land, i vassdrag og i sjø ut til 12 nautiske mil. I kapittel IV har vi fått reglar som skal medverke til å hindre framande organismar å etablere seg i norsk natur. Innførsle og utsetjing av framande organismar vil krevje løyve, og det er gitt klare reglar om innførsle og utsetjing av framande organismar.

Naturmangfaldlova er den første lova som regulerer forvaltning av genetisk materiale, og uttak og utnytting av genetisk materiale, (kapittel VII).

Forureiningslova

Lov av 13. mars 1981 nr. 6 Om forurensninger og om avfall (forureiningslova) skal verne det ytre miljøet mot forureining og redusere eksisterande forureining. Lova skal òg redusere mengda avfall og fremje betre avfallshandtering. Lova byggjer mellom anna på prinsippet om at forureinar betalar, prinsippet om føre var og prinsippet i lova om at det skal takast utgangspunkt i den teknologien som ut frå ei samla vurdering av noverande og framtidig bruk av miljøet og av økonomiske forhold gir dei beste resultata. Lova skal sikre at forureiningar og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skader naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Lova legg til grunn at forureiningsstyresmaktene skal samordne sin verksemd med planstyresmaktene slik at planlovgivinga kan brukast saman med forureiningslova for å unngå og avgrense forureinings- og avfallsproblem.

Forureiningslova set eit generelt forbod mot forureinande utslepp, men opnar for at verksemder kan søkje miljøstyresmaktene om utsleppsløyve. Behandling av utslepp etter forureiningslova tek utgangspunkt i prinsippet om kostnadseffektiv regulering. Vurderinga skal byggje på kunnskap om kostnader og teknologiske moglegheiter basert på informasjon frå aktuelle verksemder, sektorstyresmakter og andre fagmiljø. Økonomiske forhold i verksemda og lokalsamfunnet kan tilleggjast vekt.

Store delar av transportsektoren er unnatekne frå føresegnene i forureiningslova.

I avfallsforskrifta og forureiningsforskrifta, som begge er heimla i forureiningslova, er det gitt utfyllande føresegner om forureining og avfallshandtering. Tilsyn blir nytta for å avdekke eventuelle brudd på regelverket. Det er i stor grad direktorata og fylkesmennene som har ansvaret for å utføre tilsyn etter forureiningslova og anna miljøregelverk. I 2012 gjennomførte forureiningsstyresmaktene 1 272 miljøtilsyn og avdekte brot på forureiningsregelverket i om lag 80 pst. av tilsyna. Informasjon i forkant av, under og etter tilsyn og aksjonar er nyttig for å sikre at regelverket blir etterlevd. Miljøverndepartementet er ansvarleg departement for forureiningslova. Miljøstyresmaktene er i forureiningslova delte inn i riksnivå (Kongen, Miljøverndepartementet og Miljødirektoratet/Statens strålevern), fylkesnivå (fylkeskommunen og fylkesmannen) og kommunalt nivå (kommunen). Kvart nivå er tildelt miljømynde etter forureiningslova.

Kulturminnelova

Lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminne (Kulturminnelova) er det sentrale statlege verkemiddelet i kulturminnepolitikken. Føremålsparagrafen slår fast at kulturminne og kulturmiljø med deira eigenart og variasjon skal vernast både som del av vår kulturarv og identitet og som ledd i ei heilskapleg miljø- og ressursforvaltning. Det er eit nasjonalt ansvar å ta vare på desse ressursane som vitskapeleg kjeldemateriale og som varig grunnlag for nolevande og framtidige generasjonar si oppleving, sjølvforståing, trivsel og verksemd. Alle typar kulturminne eldre enn frå 1537 og bygningar eldre enn frå 1650 er automatisk freda. Kulturminnelova gir heimel til å frede bygningar og anlegg eller delar av dei, uansett alder. Samiske kulturminne eldre enn 100 år er automatisk freda. Når det etter anna lov blir treft vedtak som påverkar kulturminna, skal det leggjast vekt på kulturminnelova sitt føremål. Lova sitt føremål og internasjonale konvensjonar understrekar òg at vi må ta vare på breidda og mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø. Plan- og bygningslova har fleire verkemiddel for å følgje opp dette i regionale og kommunale arealplanar.

Svalbardmiljølova

Lov av 15. juni 2001 nr. 79 om miljøvern på Svalbard har som føremål å ta vare på eit tilnærma urørt miljø på Svalbard når det gjeld samanhengande villmark, landskapselement, flora, fauna og kulturminne. Svalbardmiljølova er ei rammelov som trekkjer opp hovudprinsipp for forvaltninga av miljøet på øygruppa. Lova og forskriftene regulerer dei fleste delar av miljøvernet på Svalbard, slik som områdevern, naturinngrep, ferdsel, vern av kulturminne, arealplanlegging i busetjingane, lokal forureining og avfall, i tillegg til jakt og fiske. Lova er eit viktig verkemiddel for å oppnå Stortingets høge mål for miljøvernet på Svalbard. Det er særlege reglar for arealplanlegging på Svalbard fastsett i kapittel VI om «Arealplanlegging i planområdene» og plan- og bygningslovas føresegn for verkeområde.

Planlegging for ei berekraftig utvikling

Gjennom plan- og bygningslova er det etablert verkemiddel for utvikling av ei meir berekraftig samfunnsutvikling, og areal- og ressursforvaltning. Arealpolitikk og samfunnsplanlegging etter plan- og bygningslova er eit viktig verkemiddel for måloppnåinga innan dei enkelte resultatområda for miljøforvaltninga. Sjå difor òg omtale i dei ulike resultatområda.

Planlegginga gir rammer for kor vi skal bu, handle og bruke fritida vår, og korleis vi formar byar, tettstader og bygder som er attraktive for alle og fremjar folkehelsa. Samstundes er planlegging eit viktig verktøy for å sikre at naturens mangfald, kulturminne, kulturmiljø, og landskapsverdiar vert tekne vare på i eit langsiktig perspektiv i samsvar med nasjonale målsetjingar.

Levande byar og bygder og ei god forvaltning av natur og kulturarv krev heilskapleg planlegging. Ei berekraftig samfunnsutvikling set mål for fysisk, miljøvis, økonomisk, sosial og kulturell utvikling i kommunar og regionar. Planlegging skal medverke til å samordne statlege, regionale og kommunale oppgåver og gi grunnlag for vedtak om berekraftig forvaltning av ressursar. Ei god samfunnsutvikling må byggje på samarbeid og samspel mellom stat, kommune, fylke og privat sektor.

Miljøverndepartementet har utvikla nasjonale mål og indikatorar for å måle om planlegginga for ei berekraftig samfunnsutvikling går i ønskt retning.

Nasjonalt mål

Nedanfor blir det nasjonale målet og indikatorane presenterte. Til slutt i dette kapitlet blir det rapportert på måla frå budsjettproposisjonen i fjor.

Nasjonalt mål regelverk og samfunnplanlegging. Landet skal ha ein berekraftig arealpolitikk og effektive planprosessar. All planlegging skal sikre lokal og regional utvikling med vekt på gode løysingar for miljø og samfunn.

Indikatorar:

  • Talet på interkommunale og regionale arealplanar

  • Utviklinga av kommunal planaktivitet målt etter talet på vedtekne kommuneplanar og kommunedelplanar, reguleringsplanar med kommunalt og privat initiativ, tidsbruk i plansaker og ressursbruken målt som brutto driftsutgifter

  • Talet på kommunar med aktuell planstrategi, samfunns- og arealdel av kommuneplanar og kommunedelplanar innanfor prioriterte område.

  • Talet på og type motsegner fremja i planprosessen, etter motsegnsorgan og -grunn, og tal på motsegner avgjort av Miljøverndepartementet.

  • Talet på dispensasjonar for nybygg i verdifulle landbruks-, natur- og friluftsområde utanfor 100-metersbeltet langs sjø.

  • Politikk formidla gjennom blant anna nasjonale forventningar, skriv, kurs og departementet sin nettstad.

  • Talet på kommunale og regionale planar der miljøstatus og miljøutfordringar er synleggjorte, i planstrategiar og planar.

  • Talet på planar i kommunar og fylkeskommunar med særleg fokus på klima og klimatilpassing, natur- og friluftsliv, areal og transport.

  • Talet på føreleggingssaker etter §8 i forskrift om konsekvensutgreiingar, og konflikttema i den enkelte saka.

  • Del av arealet i 100-metersbeltet langs kysten frå svenskegrensa til og med Hordaland som er tilgjengeleg for allmenta.

  • Talet på dispensasjonar for nybygg i 100-metersbeltet langs sjø.

  • Talet på nybygg i strandsona i medhald av plan.

  • Talet på dispensasjonar for nybygg i 100-metersbeltet langs vassdrag.

  • Talet på nybygg langs vassdrag i medhald av plan i LNFR-område.

  • Talet på regionale fjellplanar.

  • Avgang dyrka og dyrkbar mark i medhald av planar etter plan- og bygningslova

  • Talet på kommunale og regionale planar for friluftsliv

  • Talet på kommunar med vedteken plan og retningslinjer for universell utforming

Arealpolitikk og samfunnplanlegging etter plan- og bygningslova er tverrgåande verkemiddel som grip inn på dei enkelte resultatområda for miljøforvaltninga, og er slik med på å setje ramma for måloppnåinga på dei ulike miljøområda. I omtale av dei ulike resultatområda for miljøforvaltninga vil ei rekkje natur- og miljøindikatorar utdjupe utviklinga.

Tilstand

Plansystemet

Miljøverndepartementet er nasjonal planstyresmakt etter plan- og bygningslova og set overordna mål for planlegginga i fylke og kommunar. I denne rolla har Miljøverndepartementet ansvar for å samordne nasjonal politikk i planlegginga. Departementet utarbeider lover og forskrifter, behandlar enkeltsaker og sikrar riktig bruk av lov- og plansystem gjennom rettleiing og opplæring, og driv utviklingsarbeid, program, og nettverk.

Hovudansvaret for bruk av plan- og bygningslova er lagt til kommunane, som normalt fattar endeleg vedtak om arealbruk og samfunnsutvikling. Dei viktige oppgåvene kommunane har på plan- og miljøområdet er seinast uttrykt i plan- og bygningslova, naturmangfaldlova og matrikkellova. I tillegg har kommunane fått nye oppgåver blant anna knytt til klimautfordringane. Det blir stilt auka krav til ei aktiv planlegging, til konsekvensvurderingar og til betre samordning.

Plan- og bygningslova definerer eit hierarki av vedtaksnivå, og den inviterer til samarbeid mellom forvaltningsnivåa og omgivnadene. Samanhengane mellom føresegnene i lova er viktige for både innhald og prosess i reguleringsplanarbeidet. Figur 9.2 viser plansystemet, og samanhengen mellom plannivåa.

Figur 10.2 Plansystemet – samanhengen mellom plannivåa

Figur 10.2 Plansystemet – samanhengen mellom plannivåa

Planlegging er forpliktande samarbeid og samspel på tvers av sektorar og mellom nasjonalt, regionalt og kommunalt nivå, der fylka og kommunane har eit viktig ansvar innanfor statlege og regionale rammer. Planlegging og vedtak skal vere opne og føreseielege. Plan- og bygningslova fastset ordningar for deltaking der einskildpersonar, organisasjonar, næringslivet, kommunar, fylkeskommunar og statlege sektorinteresser er med. Det skal leggjast vekt på langsiktige løysingar, og konsekvensar for miljø og samfunn skal beskrivast og takast omsyn til når det skal fattast vedtak. Prinsippet om til dømes universell utforming skal takast hand om i planlegginga. Det same gjeld omsynet til oppvekstvilkåra for barn og unge, ivaretaking av landskapet og estetisk utforming av omgivnadene.

I den regionale planlegginga blir nasjonale og regionale interesser avklarte med hjelp av samordning mellom dei ulike aktørane og interessene og krav til medverknad for dei som blir påverka av tiltaket.

Kommuneplanar og reguleringsplanar er viktige reiskapar for kommunane for å sikre areal til bustader, barnehagar, skular og næringsverksemd, og sikre berekraftige samfunn med kvalitet i nærmiljø og utbygging, grønstruktur og uteareal, med vidare. Gjennom god planlegging sikrar ein òg miljøvennlege og effektive transportløysingar, samfunnstryggleik og andre viktige samfunnsformål i heile landet. Høg planaktivitet er positivt. Oppdaterte kommuneplanar inneber at fleire kommunar forvaltar arealressursane på bakgrunn av ny kunnskap, nytt regelverk og demokratiske medverknadsprosessar. Departementet har eit aktivt rettleiings- og nettverksarbeid mot kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn på dette området. Boks 10.1. viser at planaktiviteten i Noreg er høg.

Boks 10.1 Planlegging i tal

Planaktiviteten i Noreg er høg og stabil. I 2012 rapporterte 390 av kommunane i landet at dei har ein gjeldande arealdel til kommuneplan, for 38 kommunar manglar innrapportering. Av desse 390 planane vart 26 vedtekne i 2012, 81 i 2011, 32 i 2010, 31 i 2009 og 28 i 2008. I 2012 vart det vedteke 2108 reguleringsplanar, fordelte på 156 områdereguleringsplanar, 1643 detaljreguleringsplanar og 309 reguleringsplanar. Dette er om lag på same nivå som dei siste fem åra.

Kjelde: KOSTRA, SSB.

Ei rekkje statlege styresmakter, fylkeskommunar og nabokommunar har rett til å fremje motsegn til kommuneplanens arealdel og til reguleringsplanar. Ordninga med motsegnsrett er meint å sikre at nasjonale og viktige regionale interesser blir tekne vare på i planlegginga, og at plansaker blir løfta opp til sentral avgjerd når det ikkje har vore mogleg å løyse avgjerande spørsmål gjennom den ordinære planprosessen. I 2012 vart 46 pst. av arealplanane på kommuneplannivå møtte med motsegn. Dette er 6 prosent mindre enn i 2011. Ei motsegn stoppar ikkje ein plan, men inneber at det må fattast ei avgjerd av Miljøverndepartementet dersom det ikkje blir semje mellom kommunen og det organet som har fremja motsegn. I nær 99 pst. av alle tilfella blir kommunen og det organet som har fremja motsegn samde. Gjennom departementet si avgjerd i motsegnssaker vert viktig nasjonale arealpolitiske spørsmål konkretiserte og formidla. Boks 10.2 syner mellom anna dei viktigaste grunngivingane for motsegnene.

Boks 10.2 Kommunale planar til avgjerd i Miljøverndepartementet

Av meir enn 2 000 arealplanar som blir vedtekne i kommunane kvart år, blir berre mellom 1 og 2 pst. sende til Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd fordi det ikkje er oppnådd semje om innhaldet i planen. Dette viser at det i dei fleste tilfella blir funne fram til gode løysingar som foreinar lokale, regionale og nasjonale interesser. I 2012 var det 33 motsegnssaker som vart sluttbehandla i Miljøverndepartementet. Rapporteringa på dei nasjonale måla for planlegging syner at det er svært få av dei kommunale planane som gjeld bustadbygging i storbyane, som endar opp i departementet til avgjerd. Omsyn til strandsona, naturverdiar, landskap, friluftsliv og reindrift var dei viktigaste grunngivingane for motsegnene. Veg- og jernbane, kulturminne og konfliktar knytte til jordvern utgjer andre grunngivingar.

Planbehov og utfordringar varierer

Behova og utfordringane i planlegginga i dei ulike delane av landet varierer, og hovuddelen av planlegginga skjer som private planforslag. Planlegginga må møte utfordringar både i byar, tettstader og område med spreidd busetnad. Det skjer ein betydeleg vekst i byar og tettstader. Om lag 80 pst. av befolkninga bur no i byar og tettstader. I storbyane og andre pressområde er planlegginga retta mot aukande arealmangel og behov for fortetting, bevaring av grøntområde og utvikling av miljø- og klimavenlege transportløysingar. Sjå òg resultatområde 7 Godt Bymiljø. I andre delar av landet er planlegginga eit verkemiddel for å oppretthalde busetjing og skape nye arbeidsplassar. Slik boks 10.3 viser er arealplanlegging eit utgangspunkt for ei konkretisering av korleis til dømes bustadbygging skal gjennomførast.

Boks 10.3 Areal til bustadbygging

Dei aller fleste kommunane har ein vedteken kommuneplan med arealdel. Gjennom ansvaret for å ha oppdaterte kommuneplanar har kommunane òg ansvaret for å sikre ei langsiktig tilrettelegging for areal til bustadbygging. Kommuneplanen skal gi ei avklaring av kor det kan byggjast mellom anna i forhold til andre arealinteresser. Det er i samanheng med kommuneplanen at dei store spørsmåla knytte til forhold som til dømes flaum og fare, friluftsliv og jordvern blir avgjort. Slik får ein eit føreseieleg utgangspunkt for ei konkretisering av korleis bustadbygging skal gjennomførast.

Denne store variasjonen i behov og utfordringar inneber at det er heilt naudsynt med regionale og kommunale tilpassingar til planarbeidet. Det er derfor ei utfordring å utforme ein heilskapleg nasjonal arealpolitikk som kjem dei ulike regionale utfordringane i møte. Regional planlegging er òg naudsynt for å få til gode løysingar og berekraftig utbyggingsmønster på tvers av kommunar og fylke, mellom anna innanfor samordna areal- og transportplanlegging, regional utvikling i fjellområda og i kystsona, regional byutvikling og regionale lokaliseringar. Interkommunale og regionale arealplanar blir utarbeidde på bakgrunn av eige behov eller etter initiativ frå departementet. Trass i innstramminga i plan- og bygningslova er det framleis eit sterkt press på strandsona. Bortfallet av inngrepsfri natur viser at utfordringa med å ta vare på slik natur ikkje er løyst. Det er framleis press på fjellområda.

Kommunane er planstyresmakt og har ansvar for å ta vare på nasjonale og regionale interesser av betydning i kommunale planar. Undersøkingar gjorde av mellom anna Norsk institutt for by og regionforsking (NIBR) om styrking av planforsking og planleggjarutdanning i Noreg frå 2012, og av Vestlandsforsking, viser at det er store manglar i plan og miljøkompetansen i både kommunar og fylkeskommunar. Det er derfor naudsynt å sikre og styrkje kompetansen og kapasiteten på dette området.

Metode og statistikk for å følgje utviklinga

Miljøstatus i Noreg, www.miljøstatus.no, gir oppdatert informasjonen om tilstand og utvikling for miljøet. Eit viktig mål er å skape forståing for kva som påverkar miljøtilstanden, konsekvensar og tiltak. Miljøstatus i Noreg inneheld miljødata for fleire viktige miljøtema. Nettstaden har i tillegg ei eiga kartløysing. Sjå òg verkemiddelområdet Kunnskap og staddata. Kommunane rapporterer i KOSTRA -systemet. Tala frå KOSTRA blir brukte til å vurdere måloppnåing knytt til nasjonale mål. Det manglar KOSTRA-rapportering frå om lag 10 pst. av kommunane. Dette er i hovudsak kommunar med få innbyggjarar. Departementet vil setje i gang ei heilskapleg evaluering av erfaringane med plan- og bygningslova på viktig område, blant anna knytt til måla for berekraftig arealforvaltning. Departementet finansierer fleire evalueringsprosjekt som har relevans for planforsking generelt og for følgjeevalueringa av plan- og bygningslova spesielt, knytte til forskingsprogrammet DemosReg.

Påverknader

Gode løysingar krev godt plansamarbeid mellom kommunar, fylke og statlege etatar. Oppbygging og funksjon av plansystemet er viktig for innhald og prosess i planlegginga.

For å oppnå ei berekraftig samfunnsutvikling må ein sjå samanhengen mellom samfunnsutvikling og arealbruk, slik plan- og bygningslova føreset. I kommuneplanens samfunnsdel skal kommunane ta stilling til langsiktige mål og utfordringar for kommunen. Planane skal vere grunnlaget for arbeidet i sektorane og skal følgjast aktivt opp i handlingsplan og budsjett. Samfunnsdelen gir grunnlag for prioriteringar i arealdelen.

Det er ei utfordring for kommunane å sikre heilskaplege og langsiktige rammer, når hovuddelen av planlegginga skjer som private planforslag. Det er derfor viktig at kommunane brukar kommuneplanen aktivt for å sikre effektiv og god arealutnytting, samtidig som kravet til gode bu- og arbeidsmiljø blir tilfredsstilt.

Kravet om ei berekraftig utvikling og medverknad viser behovet for regionale og kommunale planar som strategiske planar for langsiktig utvikling av fylke og kommune. Samordning og samarbeid mellom statlege, regionale og kommunale styresmakter er viktig for å følgje opp og avvege samfunnsinteresser. Dei fleste departementa stiller krav til kommunane på sine område. Det er viktig at kommuneplanane kan fange opp dei relevante plankrava utan at det nødvendigvis må utarbeidast eigne kommunale planar for dei ulike sektoromsyna. Det er for eksempel naudsynt å sjå næringsutvikling og verdiskaping, areal- og miljøforvaltning, levekår, folketalsutvikling og kommunal tenesteyting i nær samanheng.

Planlegginga må styrkjast på ei rekkje område for å sikre ei meir berekraftig utvikling. Fleire stader er omfanget av tiltak i strandsona framleis for høg, store samanhengande naturområde minkar og verdifulle jordbruksareal vert nedbygde. Det er eit mål å redusere transportbehovet og såleis klimagassutsleppa blant anna ved å unngå store bilbaserte kjøpesenter utanfor tettstadene. På einskilde område er det derfor naudsynt med ein strengare plan- og dispensasjonspraksis, samstundes som kommunar og fylkeskommunar får høve til å utarbeide gode planar gjennom betre rettleiing og kompetansebygging og aktiv samhandling med aktuelle styresmakter og samfunnsinteresser. Miljøverndepartementet samarbeider med ei rekkje departement og andre instansar om stadutvikling, samordna areal- og transportplanlegging, friluftsliv, universell utforming, vind- og småkraftverk, trygging av matjord, fornybar energi, næringsutvikling med vidare.

Tilstrekkeleg plan- og miljøkompetanse er ein føresetnad for god samfunnsplanlegging. Ei særleg utfordring er knytt til kompetansen i kommunane. I tillegg er kapasitet eit hinder i det regionale og lokale utviklingsarbeidet.

Tilgang til relevante data er òg ein føresetnad for god planlegging. Gode planar krev kunnskap om verdiane på, og bruken av areal og ressursar. Denne kunnskapen og systema for å handtere slike data må bli endå betre. Det er derfor naudsynt å få til eit samordna system for kartlegging og overvaking av arealbruken og betre tilgang til kart og geografisk miljøinformasjon. Dette vil òg medverke til å auke kvaliteten på konsekvensutgreiingar av kommunale og regionale arealplanar og fremje meir berekraftige samfunn. Sjå og verkemiddelområdet Kunnskap og staddata.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Skal ein nå måla om ein berekraftig arealpolitikk og bruk av plan- og bygningslova som vektlegg gode miljøløysingar treng ein kunnskap og samordning på tvers av forvaltningsnivå og sektorar.

Omsyn i planlegginga

Dei nasjonale måla under Miljøforvaltninga sine resultatområde og verkemiddel gjer synleg Regjeringas miljøpolitiske satsingar. Arealpolitikk og samfunnsplanlegging i kommunar, regionar og stat etter plan- og bygningslova er eit tverrgåande verkemiddel som set rammer for måloppnåinga.

Planlegging etter plan- og bygningslova skal mellom anna medverke til å sikre allmenta sin tilgang til arenaer for rekreasjon, fysisk aktivitet og naturopplevingar langs strandsona, vassdrag og innsjøar. Fjellandskapet skal forvaltast på ein måte som mellom anna sikrar levedyktige bestandar av villrein, allmentas tilgang til attraktive friluftsområde, og balanse mellom bruk og vern. Planlegginga skal sikre verdifulle kulturminne og kulturlandskap, og mellom anna medverke til å sikre god tilgang på dyrka og dyrkbar matjord. Planlegging skal brukast til å redusere utslepp og til klimatilpassing, blant anna knytt til areal-, energi- og transporttiltak. Eit funksjonelt og godt fysisk bymiljø med tilgang på bustader er viktig for trivsel og helse. Krav om risiko- og sårbarheitsanalysar ved utarbeiding av planar for utbygging bidreg til auka samfunnstryggleik.

Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging skal saman med statlege planretningslinjer, som konkretiserer den nasjonale politikken, leggjast til grunn for planlegging i kommunar, fylkeskommunar og statlege organ. Plan- og bygningslova fastset at det skal utarbeidast nasjonale forventningar til den regionale og kommunale planlegginga kvart fjerde år. I 2011 la regjeringa fram første forventningsdokument til kommunal og regional planlegging, Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging . Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging skal medverke til ei berekraftig utvikling og omfattar tema som klima og energi, by- og tettstadsutvikling, samferdsel og infrastruktur, verdiskaping og næringsutvikling, natur, kulturmiljø og landskap, og helse, livskvalitet og oppvekstmiljø. Nasjonale retningslinjer for gjeldande arealpolitikk er gitt i St.meld. nr. 26 (2006–2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Det er òg gjeve statlege planretningslinjer for prioriterte politikkområde som blant anna klima- og energiplanlegging i kommunane, samordna areal- og transportplanlegging, oppvekstvilkår for barn og unge, og differensiert strandsoneforvaltning. Det er i tillegg lagt fram retningslinjer for behandling av støy i arealplanlegging, og for behandling av luftkvalitet i arealplanlegginga. Regjeringa har fastsett rikspolitiske føresegner for kjøpesenter. Naudsynleg oppdatering vert heile tida vurdert.

Folketalet i Noreg er venta å auke sterkt dei neste ti åra, hovudsakleg i byar og tettstadar. Planlegging er eit verkemiddel for å sikre areal til bustadbygging på kort og lengre sikt, og for å møte utfordringar knytte til transport, arealbrukskonfliktar, klimagassutslepp, helse og livskvalitet. Fylkesmenn og fylkeskommunar har ansvar for i rettleie kommunane i planlegging og i å sjølve lage regionale planar som tek omsyn til desse utfordringane. Eit nettverk for fylkesmennene og fylkeskommunane i dei 4 største byregionane er etablert, der dei drøfter utfordringar knytte til bustadforsyning og areal- og transportløysningar i dei respektive storbyregionane. Erfaringar frå det regionale plansamarbeidet om areal- og transportplanlegginga mellom Oslo kommune og Akershus fylkeskommune som blei etablert i samsvar med vedtak i Ot.Prop. nr. 10 (2008–2009) vil komme godt med i dette arbeidet. Nettverket er eitt av tiltaka i satsinga «Plansatsing mot store byar» som skal medverke til betre bymiljø og tilstrekkeleg tilrettelegging for bustadbygging.

Samarbeid på tvers av forvaltningsnivå og sektor- og kommunegrenser er viktige grep for å få til ei framtidsretta by- og tettstadsplanlegging. Programmet Framtidas byar er eit nasjonalt samarbeidsprogram mellom 13 bykommunar, KS, fire departement og næringslivet sine hovudorganisasjonar for å redusere klimagassutsleppa, møte framtidige klimaendringar og gjere byane betre å bu i.

Regjeringa vil innføre ei områdesatsing retta mot utsette byområde i Oslo og Drammen der fysiske og sosiale levekår har vorte forverra dei seinare åra. Viktige grep i satsinga er stadsutvikling, forbetring av bustader og bustadområde, og tiltak for vanskelegstilte, oppgradering av grøne uteområde, folkehelsetiltak og andre tiltak retta mot barn og unge og betre tilhøve for gang-, sykkel og kollektivtransport.

Departementet vil ha ein meir berekraftig by- og tettstadsutvikling og styrkje sentrumsutviklinga i byar og tettstader i heile landet. Dette skal føre til ein meir samfunnsøkonomisk effektiv arealbruk og leggje til rette for miljø- og helsefremjande transportval. Derfor har Miljøverndepartementet sendt ut eit forslag til ny statleg planføresegn for lokalisering av kjøpesenter og handel og eit forslag til ny statleg planretningslinje for samordna bustad-, areal og transportplanlegging. Føresegna skal avløyse dei gjeldande rikspolitiske føresegnene og retningslinjene. Føresegna skal leggast til grunn ved utarbeiding av nye regionale og kommunale planar.

Planretningslinjene for strandsona har som mål å gjere tydeleg nasjonal arealpolitikk i 100-metersbeltet langs sjøen. Det blir gjennomført ei sterkare geografisk differensiering slik at byggjeforbodet blir strengast praktisert i sentrale område der presset på areala er stort, for å sikre allmentas tilgang til viktige natur- og friluftsområde. Dei siste åra er det sett i verk tiltak for å sikre dei inngrepsfrie naturområda, mellom anna krav om planprogram og konsekvensutgreiingar når kommunane legg ut nye arealområde i kommuneplanens arealdel. For fjellområda har Miljøverndepartementet eit program der målet er at fylkeskommunane innan 2014 skal ha vedteke regionale planar for heilskapleg forvaltning av fjellområde som er viktige for villreinen, blant anna ved å angi nasjonale villreinområde og buffersoner i dei regionale planane.

Miljøverndepartementet har òg bede fylkeskommunar og kommunar om å prioritere vurdering av fritidshus i si kommunale og regionale planlegging, og er oppteke av at kommunane tek stilling til standard og storleik på eksisterande fritidsbustader i kommuneplanen. Miljøverndepartementet har òg teke initiativ til at det blir utarbeidd regionale planar for vindkraft.

Fleire omsyn er nemnde særskilt i plan- og bygningslova i 2008. Prinsippet om universell utforming er eit av desse. Departementet arbeider med å styrkje dette aspektet i kommunal og regional planlegging, med vekt på å heve kompetansen lokalt og regionalt. Miljøverndepartementet har derfor gjennomført Nasjonalt utviklingsprosjekt for universell utforming i fylke og kommunar i perioden 2009 – 2013. Det omfatta ca. 80 kommunar og 16 fylke. Eit tilsvarande nettverk for å fullføre målet om 25 pst. aktiv deltaking i strategisk arbeide med universell utforming frå kommunane og frå alle fylke, vert ført vidare i 2014. Universell utforming er òg teken med i departementet sitt arbeid med by- og tettstadutvikling, uteområde, friluftsliv og kulturminne. Tilgjengetilhøva i kommunesenter og friluftsområde i nærmiljø har eit særskilt fokus. Forslag til målbare arealbruksindikatorar er utvikla i Noreg digitalt og i Matrikkelen.

Departementet vil halde god kontakt med instansar som har viktige oppgåver i utforminga av dei fysiske omgivnadane. Tiltak for auka kompetanse innan planbistand internasjonalt er òg ein del av departementet sitt arbeid.

Noreg har slutta seg til Den europeiske landskapskonvensjonen. Miljøverndepartementet har det overordna ansvaret for oppfølging av konvensjonen i Noreg. Formålet er å fremje vern, forvaltning og planlegging av landskap og å organisere europeisk samarbeid om dette. Departementet ønskjer å få på plass ein samla, nasjonal landskapspolitikk som gjer greie for mål, vegval og aktuelle tiltak i samsvar med ansvarsdelinga mellom styresmaktene på ulike nivå. Departementet samarbeider med andre sentrale statsorgan, Nordisk Ministerråd og Europarådets organ om å utvikle politikken og metodebruken.

Ordninga med motsegnsrett er meint å sikre at nasjonale interesser blir tekne hand om og følgt opp i planlegginga, og at plansaker blir løfta opp til sentral avgjerd når ein ikkje får til ei løysing lokalt. Dei fleste motsegnene blir løyste gjennom planprosessen. Motsegn er eit nødvendig element i det samla plansystemet, og både kommunane og styresmaktene med motsegnsrett må medverke til å få til gode planprosessar og føremålstenleg bruk av ordninga med motsegn.

Oppdaterte planar på kommunalt og regionalt nivå

Regionale og kommunale planstrategiar skal lagast kvart fjerde år. Dei skal ta stilling til viktige planspørsmål for nyvalde fylkesting (regional planstyresmakt) og kommunestyre. Planstrategiane skal ta utgangspunkt i nasjonale mål og rammer frå Regjering og Storting, og leggje vekt på lokal røynsle og kunnskap i den regionale og kommunale tilpassinga av politikken. Miljøverndepartementet har fått delegert mynde til å godkjenne dei regionale planstrategiane. På denne måten kan statlege forventningar til planlegginga tilpassast dei ulike regionale utfordringane. Bruk av regionale planar for å gjere tydeleg den nasjonale politikken og oppnå betre samspel i planprosessen er eit viktig verkemiddel for å vere føreseieleg og klargjere kommunen sitt handlingsrom. Planstrategiane inneber ein gjennomgang av behovet for kommunal og regional planlegging i heile landet, blant anna knytt til nasjonale og regional mål for berekraftig arealforvaltning. Kommunane har teke i bruk dette nye verktøyet. Av dei 428 kommunane i landet har 404 rapportert til fylkesmennene at dei har vedteke ein planstrategi mens 24 av ulike årsaker førebels ikkje ser ut til å ha fått laga denne gjennomgangen av kommunen sitt planbehov. Desse 24 vert no følgde opp av sine fylkesmenn og fylkeskommunar. I plandelen av plan- og bygningslova er det fleire verktøy som vil styrkje den regionale arealplanlegginga. Interkommunale planar vil utfylle regionale planar initiert av fylkeskommunen. Det er òg gitt eigne reglar som skal sikre betre samordning mellom statlege verneplanar etter naturmangfaldlova og arealbruken i randsonene til slike område.

Arealbruken må sjåast i ein heilskapleg samanheng. Dette sikrar at viktige omsyn som til dømes landskap, naturmangfald og naturressursar kjem tidleg inn i planprosessen og at utbyggingsmønsteret kan planleggjast slik at det blir mest mogleg berekraftig. Oppdaterte planar baserte på ny kunnskap og nytt regelverk kan i større grad ta vare på dette.

Plan- og miljøkompetanse

Det er eit mål at planlegging i kommunar, fylke og regionar skal skje innanfor ramma av nasjonal politikk. God plan- og miljøkompetanse er ein viktig føresetnad for ei ønskt utvikling. Oppgåver, mynde og forventningar må derfor vere tydelege, slik at kommunane kan utnytte det miljøpolitiske handlingsrommet dei har. Nasjonal politikk og statlege interesser skal vere effektivt formidla til kommunar, regionalt nivå og statlege styresmakter. Statlege planverkemiddel for prioriterte politikkområde skal vere oppdaterte. God plan- og miljøkompetanse skal vere bygd opp gjennom interkommunale løysingar, arbeid i nettverk, erfaringsformidling frå utviklingsarbeid og andre rettleiings- og opplæringstiltak. Etatane på regionalt nivå må så snart råd er gjere kommunen kjend med viktige nasjonale og regionale interesser. Departementet held fram med rettleiinga mot kommunane, og legg vekt på korleis verktøy i plan- og bygningslova kan nyttast for å sikre betre kommunal styring.

Miljøverndepartementet legg stor vekt på utvikling av regelverk og rettleiarar som utdjupar innhaldet i lova og gir føringar for korleis viktige tema skal takast hand om gjennom planlegginga, og formidlar nasjonal politikk og god planpraksis. Fylkeskommunane har etter lova ansvar for fagleg oppfølging innanfor planlegging, og står saman med fylkesmennene for formidling og oppfølging av kommunane og statlege sektorstyresmakter. Det er etablert fleire lærings- og utviklingsnettverk mellom departementet, fylkeskommunane og fylkesmennene for å sikre klar og effektiv formidling av nasjonal politikk og statlege interesser. Miljødirektoratet og Riksantikvaren har viktige formidlingsoppgåver knytte til kommunal og regional planlegging innanfor sine fagfelt. Miljøverndepartementet samarbeider med fylkeskommunane, fylkesmennene og KS om bistand og oppfølging av kommunane slik at dei kan drive eit aktivt utviklingsarbeid når det gjeld kommunal planlegging.

Gjennom departementet sine avgjersler i motsegn- og klagesaker blir viktige nasjonale arealpolitiske spørsmål konkretiserte og formidla.

Avgjersler og lovfortolkingar blir publiserte i rettskjelderegisteret Gyldendal Rettsdata og publikasjonen PlanJuss. Det er vidare lagt stor vekt på å formidle fortløpande informasjon over departementet sine internettsider www.planlegging.no.

www.miljøkommune.no er eit hjelpemiddel for kommunane til saksbehandling innan miljø og planlegging og har dermed eit meir spesialisert tilbod enn www.planlegging.no, retta mot kommunane. Føremålet er å møte nokre av kompetanse- og kapasitetsutfordringane i kommunane.

Effektivisering av planprosessar

For å fremje raskare og meir effektive planprosessar kan det vere aktuelt å bruke statlege planverkemiddel meir aktivt innanfor ramma av plan- og bygningslova §6-4. Dette gjeld særleg for store eller særskilt prioriterte samferdselstiltak, og for tiltak med stor betydning for samfunnstryggleiken.

Planleggingstid og ressursbruk har auka dei siste åra. Regjeringa har som mål å halvere den totale planleggingstida for store samferdselsprosjekt. For store bane- og vegprosjekt tek det om lag 10 år frå planlegginga startar til byggjestart, inkl. KVU/KS1/KS2. Bruk av tid på å avklare interessekonfliktar så tidleg som mogleg er viktig. Det blir vurdert å bruke planprogrammet meir aktivt for bl.a. å samordne behandlinga av KVU/KS1 og planprosessar etter plan- og bygningslova i større grad og avgrense talet på alternativ som skal utgreiast i planlegginga etter PBL. Det skal òg utarbeidast rettleiande tidsfristar for utarbeiding av planar og behandling av samferdselsprosjekt.

Hausten 2013 gjorde departementet ferdig ei utgreiing av praktiseringa av motsegner i plansaker og kva konsekvensar bruken av motsegnsinstituttet har. Utgreiinga som var resultat av «motsegnprosjektet», var mellom anna basert på ein rapport frå NIBR (juni 2013) der dei analyserte tal frå KOSTRA og gjennom intervju henta ut erfaringar med motesegnsystemet. Departementet har sendt ut eit nytt rundskriv T-2/13 med retningslinjer for motsegn. Rundskrivet er basert på erfaringane frå motsegnprosjektet. Motsegnsordninga vil bli følgd opp framover. Målet er å leggje betre til rette for ei god og effektiv behandling av plansaker, mellom anna auka samhandling mellom statlege fagorgan, fylkeskommunane og kommunane.

Boks 10.4 Retningslinjer for motsegn etter plan- og bygningslova

Det nye rundskrivet T-2/13 med retningslinjer for motsegn etter plan- og bygningslova peikar på behovet for samarbeid og samordning, og framhevar at:

Interesser som kan gi grunnlag for motsegn skal komme fram så tidleg som mogleg

  • Det skal leggjast vekt på tidleg medverknad og god dialog

  • Motsegn skal berre fremjast når det er nødvendig

  • Motstridande motsegn skal samordnast der det er mogleg

  • Prosessane knytte til motsegn skal effektiviserast og betrast

Den 11. juni 2013 vedtok miljøvernministeren, etter stor interesse frå fylkesmennene, å setje i gang eit forsøk med samordning av statlege motsegner til kommunale planar. Målet med forsøket er å få til raskare behandling av plansaker og eit betre samarbeid mellom kommunane og statlege styresmakter. Fylkesmannen får i forsøket ansvaret for å samordne og fremje motsegn til kommunale planar på vegner av dei statlege motsegnstyresmaktene. Følgjande fylkesmenn vart valde ut for ein forsøksperiode på 3 år: Vestfold, Aust-Agder, Rogaland, Hordaland, Sør-Trøndelag og Nordland. Miljøverndepartementet la i brev av 3. september 2013 fram føringar for gjennomføringa av forsøket. Departementet vil òg medverke med midlar til fylkesmennene. I tillegg blir det vurdert å setje i gang eit forsøk der motsegn grunngjeven i kulturminnevern blir ein del av samordninga på same måte som for statlege organ.

Miljøverndepartementet har i 2013 arbeidd med forslag til enkelte endringar i plan- og bygningslova. Endringane som er på høyring til 9. desember 2013 gjeld mellom anna justering av «5-årsregelen» slik at kommunen kan vedta ein lengre varigheit på private reguleringsplanar enn 5 år. Vidare er det arbeidd med visse justeringar i føresegnene i lova om planprogram og konsekvensutgreiing. Endringsforslaget har òg nye fristar for sluttfasen av eit ferdig utarbeidd planforslag for å medverke til at saker ikkje blir liggjande ubehandla i overgangen mellom behandlingsledda. Forslaga gjeld frist på 12 veker for når ei sak bør vere ferdigbehandla og fremja, frist på 2 veker frå kommunestyrevedtak til saka blir send over til fylkesmannen og frist 4 veker for når saka skal sendast vidare frå fylkesmannen til Miljøverndepartementet.

Geografisk informasjon

Grunnleggjande geografisk informasjon som miljødata, flyfoto, plandata, eigedomsdata og andre geodata er viktig avgjerdsgrunnlag for samfunnsplanlegging, samfunnstryggleik og areal- og ressursforvaltning, og må vere tilgjengelege. Oppdaterte data er viktige for verdiskaping og utvikling av tenester og informasjon, og for medverknad og opne demokratiske prosessar. Stortinget vedtok gjennom Prop. 149 S (2012–2013) tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2013 at dei viktigaste nasjonale kartdata skal vere opne og gratis for alle. Dette vert vidareført i 2014. Dette er òg nærare omtalt under verkemiddelområdet Kunnskap og staddata.

Plan- og bygningslova pålegg kommunane å syte for planregister og eit offentleg kartgrunnlag i kommunen. Det er sett i verk tiltak for å fremje system for å hente inn og å gjere tilgjengeleg informasjon om arealstatus, arealutvikling og planstatus til bruk i planlegging og styring. Departementet legg vekt på informasjon og rettleiing om slike system. Kommunane er ved hjelp av Kartverket og private aktørar i gang med såkalla geosynkronisering, det vil seie ferskast mogleg data for kontinuerleg oppdatering av detaljerte kartdata og plandata ut til brukarane. Det finst ei rekkje databasar som omhandlar arealbruk og arealverdiar i ulike institusjonar, og desse vil etter geodatalova vere pliktige til å dele data med kvarandre. Miljødatabasane som for eksempel Miljødirektoratets Naturbase, Riksantikvarens Askeladden og Artsdatabankens Artskart gir informasjon om miljøverdiane på ulike areal. Kommunane er som arealstyresmakt brukar av alle desse basane. Det er oppretta ei eiga side for plankart og planregister med lenker til nasjonal produktspesifikasjon for arealplan, teiknereglar osv. www.regjeringen.no/kartforskriften. Sjå òg dei ulike resultatområda for Miljøforvaltninga og verkemiddelområdet Kunnskap og staddata for meir om politikk og rapportering på dei nasjonale måla.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2013

Miljøverndepartementet har utvikla nasjonale mål og indikatorar for å måle om planlegginga for ei berekraftig samfunnsutvikling går i ønskt retning.

Arealpolitikk og samfunnsplanlegging etter plan- og bygningslova er tverrgåande verkemiddel som er grunnleggjande føresetnad for å oppnå mål i miljøpolitikken, og gjeld alle dei miljøpolitiske resultatområda. Sjå derfor også omtale i dei enkelte resultatområda for korleis til dømes plan- og bygningslova og nasjonale føringar og politikk for arealplanlegging og arealdisponering verkar inn på miljøet.

1. Landet skal ha ein berekraftig arealpolitikk. Planlegginga i kommunar, fylke og regionar skal sikre effektiv saksbehandling og god samordning mellom forvaltningsnivå og sektorar.

Indikatorar:

  • Talet på interkommunale og regionale arealplanar.

Alle fylkeskommunane har utarbeidd regionale planstrategiar og oversendt desse til Miljøverndepartementet. Gjennom godkjenning av dei regionale planstrategiane sikrar Regjeringa at prioriterte nasjonale område blir tekne opp i den regionale planlegginga. Etter føresegnene i lova skal regionale planar utover den regionale planstrategien ikkje godkjennast sentralt. Dersom statlege styresmakter eller kommunar som er direkte involverte har vesentlege innvendingar til ein regional plan, skal planen til sentral behandling.

5 regionale planar var til behandling i Miljøverndepartementet i 2013 på bakgrunn av innvendingar frå fylkesmennene. Tematisk spenner plantema i desse regionale planane frå små vasskraftverk, senterstruktur og handel, til vindkraft og villrein.

  • Utviklinga av kommunal planaktivitet målt etter talet på vedtekne kommuneplanar og kommunedelplanar, reguleringsplanar med kommunalt og privat initiativ, tidsbruk i plansaker og ressursbruken målt som brutto driftsutgifter

Planaktiviteten i Noreg er høg og stabil. Jamfør tabell 10.1.

Tabell 10.1 Reguleringsplanar

2007

2008

2009

2010

2011

2012

Talet på vedtekne reguleringsplanar

2 095

1 935

1 983

2 067

2 182

2108

Delen av reguleringsplanane som er private (prosent)

76

75

72

72

62

58

Kjelde: KOSTRA, SSB

Tala tyder på stor aktivitet i kommunane, utviklinga går i retning av at ein auka del reguleringsplanforslag blir fremja av kommunane sjølve.

Samla saksbehandlingstid er ein indikator på effektiviteten i kommunane si planbehandling. I 2012 var gjennomsnittleg saksbehandlingstid for vedtekne reguleringsplanar fremja som private forslag etter ny lov 281 kalenderdagar. Dette er om lag som i 2011 og 2010 med respektive 273 og 274 kalenderdagar. Reell saksbehandlingstid varierer mykje, og det er knytt noko uvisse til tala fordi kommunane rapporterer ulikt på desse tala.

Ifølgje kommunerekneskapen i KOSTRA brukte Kommune-Noreg 3,4 mrd. kroner til fysisk planlegging, byggjesaksbehandling og kart og oppmåling i 2012. Tilsvarande tal for 2011 var 3,3 mrd. kroner. Av desse utgiftene dekte kommunane inn 2,2 mrd. kroner (mot 2 mrd. kroner i 2011) i form av gebyr og andre inntekter. Storleiken på gebyra varierer mykje. I dei store byane blir det ofte fremja store og komplekse planar som gir høge gebyr og lang saksbehandling.

  • Talet på kommunar med aktuell planstrategi, samfunns- og arealdel av kommuneplanar og kommunedelplanar innanfor prioriterte område.

I 2012 rapporterte 390 av kommunane i landet at dei har ein gjeldande arealdel til kommuneplan, for 38 kommunar manglar innrapportering. Av desse 390 planane vart 26 vedtekne i 2012, 81 i 2011, 32 i 2010, 31 i 2009 og 28 i 2008. Det var 42 kommunar som rapporterte ei arealdel vedteken før år 2000. 148 kommunar melder at dei har ein arealdel vedteken mellom år 2000 og 2008. I 2012 vart det vedteke 2108 reguleringsplanar, fordelte på 156 områdereguleringsplanar, 1643 detaljreguleringsplanar og 309 reguleringsplanar. Dette er om lag på same nivå som dei siste fem åra.

388 kommunar rapporterer at dei har ein samfunnsdel, for 40 kommunar manglar innrapportering. 23 samfunnsdelar vart vedtekne i 2012, 69 i 2011, 31 i 2009. 296 rapporterer at planstrategi vart vedteken i 2012. 61 kommunar har vedteke planstrategi tidlegare år. Tala rapportert i KOSTRA er dermed noko lågare enn når det er undersøkt direkte av fylkesmennene med samtlege kommunar. I deira sjekk vart det fastslått at 404 kommunar har ein vedteken planstrategi, mens 24 av ulike årsaker enno ikkje hadde ei ferdig vedteken strategi.

Talet på vedtekne samfunnsdelar til kommuneplan og tematiske kommunedelplanar for 2012 er 144, mot 203 vedtekne planar i 2011, 161 i 2010, 163 i 2009 og 94 i 2008. Kjelde: KOSTRA, SSB.

Gjennomsnittleg alder for arealdelen i kommuneplanen er 5,5 år, og for samfunnsdelen er den 6 år. Men det er framleis fleire kommunar som ikkje har oppdatert eller kvalitativt god nok kommuneplan. Mangel på kompetanse og kapasitet til å utføre planlegginga er eit hinder i fleire kommunar.

Kommunane utarbeider planar for ei rekkje viktige plantema. Tabell 10.2. gir eksempel på dette.

Tabell 10.2 Del av kommunane i 2012 med gjeldande plan for viktige plantema

Del kommunar med plan

Gjennomsnittsalder

Klima og energi

78 prosent

2,1 år

Biologisk mangfald

50 prosent

4,9 år

Friluftsliv

66 prosent

4,0 år

Kulturminne og kulturmiljø

54 prosent

4,6 år

Landskap

40 prosent

3,5 år

Universell utforming

38 prosent

2,6 år

Kjelde: KOSTRA, SSB.

Kommunane rapporterer på universell utforming gjennom KOSTRA. Arbeidet med å styrkje universell utforming i kommunal og regional planlegging har verknad ved at delen av kommunar med særskilt planfokus på universell utforming var 38 prosent i 2012, mot 39 prosent i 2011 og 30 prosent i 2010. I 2012 har 8 fylkeskommunar tilsvarande fylkesdelplanar eller føresegner i fylkesplanar, ein meir enn i 2011. I 2012 var talet på kommunar med plan eller retningslinjer med fokus på universell utforming 141, om lag det same som i 2011.

Sjå òg resultatområde 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 5 Storslått fjellandskap, 6 Verdifulle kulturminne og kulturlandskap, 7 Godt bymiljø, 8 Aktivt friluftsliv, og 11 Stabilt klima for omtale av planlegging innanfor prioriterte område.

2. All planlegging i kommunar, fylke og regionar skal skje innanfor ramma av nasjonal politikk

Indikatorar:

  • Tal på og type motsegner fremja i planprosessen, etter motsegnsorgan og -grunn, og tal avgjort av Miljøverndepartementet.

I 2012 vart det fremja motsegn til 73 av i alt 159 kommune(del)planer som var sende på høyring. Det svarer til 46 pst. av planane. Det vart fremja motsegn til 614 av i alt 1993 reguleringsplanar. Det svarar til 31 pst. av planane. Tala for 2011 var respektive 52 og 33 pst., for 2010 var dei 48 og 29 pst. Kjelde: KOSTRA, SSB.

I KOSTRA fordeler kommunane motsegnene i forhold til om lag 16 indikatorar knytte til grunngjevinga for motsegna. Indikatorane er delt i tre hovudgrupper der «Miljøindikatorane» omfattar om lag 37 pst., «Transport og plan» om lag 31 pst., «Næring» om lag 17 pst. og «Andre omsyn» om lag 15 pst. av motsegnene for kommuneplanane i 2012. For reguleringsplanar er fordelinga av kva motsegnene er grunngitte med noko annleis. Tala for 2012 viser at «Næring» på dette plannivået utgjer berre 5 pst., «Transport og plan» utgjer 34 pst., «Andre omsyn» utgjer 15-16 pst., mens «Miljø» utgjer 45 pst.

Av enkeltindikatorane er utbyggingsmønster (17 pst.), naturvern, friluftsliv, landskap og grønstruktur (13 pst.), jord- og skogbruk (10 pst.), strandsona (9 pst.), og kulturminne og kulturmiljø (8 pst.) dei grunngivingane som vart brukt oftast i motsegnene til kommuneplanane i 2012. På reguleringsnivå har utbyggingsmønster (13 pst.) og plankvalitet redusert sin del innanfor gruppa Transport og plan, medan barn og unge sitt oppvekstmiljø (6 pst.) og transport (10 pst.) har auka som grunngiving. Innanfor miljø er det ein liten reduksjon av strandsona og naturvern, friluftsliv, landskap og grønstruktur som grunngiving, mens forureining/støy (10 pst.), kulturminne/kulturmiljø (11 pst.) og vatn/vassdrag (6 pst.) har auka sin del som grunngiving. Dette svarar til skilnaden i detaljeringsnivå mellom plantypane.

Rapporteringa i KOSTRA omfattar ikkje korleis kommunane agerer som følgje av motsegnene til planane.

Tala for 2012 viser ein auke i talet på behandla planar, men ein reduksjon i omfang av motsegner til kommuneplanen sin arealdel og ein svak nedgang i motsegner til reguleringsplanar.

Av meir enn 2 000 arealplanar som blir vedtekne i kommunane kvart år, blir berre mellom 1 og 2 pst. sende til Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd fordi det ikkje er oppnådd semje om innhaldet i planen. I 2012 var det 33 motsegnssaker som vart sluttbehandla i Miljøverndepartementet. Dette viser at det i dei fleste tilfella blir funne fram til gode løysingar som foreinar lokale, regionale og nasjonale interesser. Det er fylkesmannen, Statens vegvesen og reindriftsnæringa som oftast har motsegner til planar som hamnar i Miljøverndepartementet.

Det er svært få av dei få kommunal planane som gjeld bustadbygging i storbyane som endar opp i departementet til avgjerd. Boks 10.5 synleggjer dette.

Boks 10.5 Planar for bustadbygging i byane

I løpet av 2012 har Miljøverndepartementet behandla følgjande plansaker som angår bustadbygging i storbyane:

  • Osloområdet: I Ås kommune sa Miljøverndepartementet nei til 2 bustadområde utanfor sentrum. Departementet meinte bustadbygginga bør skje i sentrum for å styrkje kollektivknutepunktet. I Bærum var det reist motsegn mot eit bustadområde ut frå omsynet til kollektivtransport, men Miljøverndepartementet opna for bustadbygging

  • Bergen: Miljøverndepartementet har ikkje behandla motsegnsaker om bustadbygging i perioden

  • Stavanger: Miljøverndepartementet sa nei til 40 nye bustader av omsyn til jordvern og kulturlandskap. Dei to aktuelle områda låg innanfor område definerte som kjerneområde landbruk

  • Trondheim: Miljøverndepartementet har ikkje behandla motsegnsaker om bustadbygging i perioden.

  • Talet på dispensasjonar for nybygg i verdifulle landbruks-, natur- og friluftsområde.

Planar heimla i plan- og bygningslova er bindande eller retningsgivande for kva slag tiltak som kan gjennomførast i område med stor miljøverdi. Det gjeld landbruks-, natur- og friluftsområde og andre typar område med restriksjonar for byggjeaktivitet. I 2012 vart det gitt 1 851 byggjeløyve i samsvar med kommunale arealplanar i desse områda. Dette er ein nedgang frå 2011 og 2010 då det vart gitt om lag 2 600 løyve. I tillegg vart det gitt dispensasjonar. I 2012 vart det gitt 1 401 dispensasjonar for nybygg i landbruks-, natur- og friluftsområde, noko som er om lag på same nivå som dei tre siste åra.

Regjeringa har som mål å halvere den årlege omdisponeringa av dyrka jord til under 6 000 daa pr. år. KOSTRA-statistikken skil ikkje mellom fulldyrka og overflatedyrka jord. Tabell 10.3 viser at målet ikkje er nådd om ein òg tek med tapet av alle typar dyrkbar mark. I 2012 vart 6 567 dekar dyrka jord omdisponerte til andre formål enn landbruk. (Den største delen av omdisponeringa, 82 pst., skjedde ved at areala vart regulerte etter plan- og bygningslova). Dette er den lågaste registrerte omdisponeringa av dyrka jord i Noreg sidan registreringane starta i 1976. Samtidig var det ein liten auke i den samla omdisponeringa frå 2011 til 2012. Det er dermed viktig å føre ei restriktiv linje for arealdisponering.

Tabell 10.3 Omdisponering av dyrka og dyrkbar mark (avrunda til næraste 50 daa)

2007

2008

2009

2010

2011

2012

Talet på dekar dyrka og dyrkbar mark som er omdisponerte til andre formål enn landbruk

15 100

14 950

13 000

12 250

10 550

11 200

Av dette, dyrka mark (daa)

8 500

7 900

8 300

6 650

6 650

6 550

Kjelde: KOSTRA, SSB.

Plan- og bygningslova er det viktigaste verkemidlet for å sikre berekraftig forvaltning av jordressursane. Ei arbeidsgruppe oppretta av Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet la i mars 2013 fram forslag om korleis verkemidla i plan og bygningslova kan nyttast betre for å styrkje jordvernet. Departementa har no desse forslaga til vurdering.

Talet på fritidsbustader i strandsona, i snaufjell, og i og nær villreinområde er gode indikatorar på om kommunane og fylka har følgt opp nasjonal politikk på desse viktige arealpolitiske områda. Kommunane rapporterar ikkje i detalj på kvar fritidsbustadane vert oppført i KOSTRA. I 2007 vart dette undersøkt i detalj og då var det 32 400 fritidsbustader i snaufjellet, 64 800 fritidsbustader låg innan 4 km frå villreinområde, og 82 800 fritidsbustader låg i 100-metersbeltet langs sjø. Departementet har mål om å detaljundersøke dette feltet med jamne mellomrom.

Regjeringa vedtok i mars 2011 statlege planretningslinjer for ei differensiert strandsoneforvaltning. Formålet med retningslinjene er å tydeleggjere nasjonal arealpolitikk i 100-metersbeltet langs sjøen innanfor ramma av plan- og bygningslova.

Retningslinjene deler landet inn i tre hovudområde:

  • Kystkommunar i Oslofjorden til og med Telemark

  • Andre område der presset på areala er stort

  • Område med mindre press på areala

Departementet og Miljødirektoratet følgjer opp retningslinjene gjennom dei regionale kystsonenettverka og i det generelle rettleiingsarbeidet.

Dei tilgjengelege areala for friluftsliv i strandsona minkar. I perioden 2005–2012 har tilgjengeleg areal blitt 1,9 pst. mindre i heile landet. I Sør-Noreg (frå Østfold til og med Hordaland) har reduksjonen vore på 3,4 pst. Kjelde: SSB. Sjølv om tendensen framleis går i retning av mindre tilgjengeleg areal for friluftsliv i strandsona, har årleg reduksjon avteke både på landsbasis og i Sør-Noreg dei siste åra.

Byggjeaktiviteten i strandsona minkar og ein har klart å bremse nedbygginga av fellesareala langs kysten. I perioden 2006 til 2011 minka bygginga i strandsona utanom tettstader med ein fjerdedel. I 2011 vart det utanom tettstader sett i gang i underkant av 3 100 bygg, mot ca. 4 100 i 2006. Kjelde: SSB/Matrikkelen. Dei fleste fylka hadde færre bygg som er sette i gang i 2011 samanlikna med året før. Til trass for stor nedgang i byggjeaktiviteten i 100-metersbeltet i Hordaland i 2011, er det i følgje tal frå SSB framleis det fylket med flest bygningar som er sette i gang i strandsona. Færre søkjer om dispensasjon og 2011 var første året sidan 2006 at kommunane mottok færre søknader om nybygg i strandsona. Samstundes er det ein aukande del av desse søknadane som blir innvilga. I 2012 vart 86 pst. innvilga, tilsvarande tal for føregåande år er 78 pst. i 2011, 74 pst. i 2010, 66 pst. i 2009 og 67 pst. i 2008. Rapporteringa i KOSTRA viser at det i 2012 vart gitt 1 101 dispensasjonar, mot 1045 i 2011 for bygging i strandsona langs sjøen. I 2010 vart det gitt 1 122 dispensasjonar, mot 900 i 2009 og 812 i 2008. Nivået på godkjente dispensasjonar er framleis høgt samanlikna med 2008 og 2009.

Færre byggjer med utgangspunkt i ein reguleringsplan, jamfør den restriktive praksisen for nye planar med byggjeområde i strandsona. I 2012 vart det gitt 897 byggjeløyve i samsvar med plan, noko som er lågare enn alle åra i perioden 2005–2011. Jamfør at det vart gitt om lag 1 300 byggjeløyve i samsvar med plan i 2011, noko som òg er lågare enn i tidlegare år.

Tabell 10.4 viser utvikling i dispensasjonar og byggjeløyve i strandsona.

Tabell 10.4 Utbygging i strandsona

2005

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

Talet på dispensasjonar for nybygg i 100-metersbeltet langs sjøen

1134

808

767

812

900

1122

1045

1101

Talet på godkjente byggjeløyve i samsvar med plan

1930

1 306

1 658

1 729

1 503

1541

1294

897

Kjelde: KOSTRA, SSB.

Tala viser at det til trass for innstramminga i plan- og bygningslova og statlege planretningslinjer for ei differensiert strandsoneforvaltning, framleis er eit stort press på bygging i strandsona. Det er naudsynt med oppdaterte planar for strandsoneområda og ei innskjerping av dispensasjonspraksis i samsvar med dei statlege planretningslinjene, for å sikre allmenta sin tilgang til viktige frilufts- og naturområde. Utviklinga viser òg at det framleis er nødvendig med tydelege nasjonale føringar om ein streng plan- og dispensasjonspraksis i område med høgt utbyggingspress i strandsona. Tala viser at Regjeringas innskjerpingstiltak er naudsynte slik at den positive utviklinga frå 2011 til 2012 held fram. Jamfør at dei samla tala for dispensasjonar og byggjeløyve etter plan i 2012 for første gang i perioden frå 2005, var under 2 000. Det er eit mål at delen gitte dispensasjonar går ned, og at arealbruken i strandsona skjer i tråd med oppdaterte kommuneplanar. I desse planane bør kommunane vurdere å ta ut forelda, ikkje utbygde utbyggingsområde. Utviklinga i strandsona blir følgt gjennom KOSTRA-rapporteringa, og blir kunngjort av SSB i juni kvart år. I tillegg utarbeider SSB kvart år frå og med 2010 ein eigen arealstatistikk om status og tilgjenge for friluftsliv i strandsona.

KOSTRA-tal for dispensasjonar frå byggjeforbod i 100-metersbeltet langs vatn og vassdrag viser at det i 2012 vart gitt 412 dispensasjonar for nybygg. Dette er høgare enn i 2011 då det vart gitt 244 dispensasjonar. I 2010 vart det gitt 319 dispensasjonar, i 2008 og 2009 respektive 203 og 163 dispensasjonar.

Departementet ser det slik at det i ein del pressområde framleis er behov for ein skjerpa politikk og betre plangrunnlag for å sikre strandsona langs vatn og vassdrag for allmenta, og av omsyn til flaum, klimatilpassing og naturmangfald. Departementet vil i si rettleiing framover leggje vekt på behovet for heilskapleg planlegging av arealbruken langs vatn og vassdrag med eit særleg fokus på flaum og klimatilpassing, og innskjerpa dispensasjonspraksis.

Sjå òg relevante resultatområde for miljøforvaltninga for omtale.

  • Politikk formidla gjennom blant anna nasjonale forventningar, skriv, kurs og departementet sin nettstad.

Miljøverndepartementet utarbeider rettleiing om berekraftig planlegging og formidlar nasjonal politikk og god planpraksis.

Dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging skal leggjast til grunn for planlegginga i kommunar og fylkeskommunar.

Det er utarbeidd bindande statlege planføresegner (SPB), og fleire statlege planretningslinjer (SPR) som er retningsgivande for planlegginga.

Nettstaden www.planlegging.no som er drifta av Miljøverndepartementet, er ein viktig arena for formidling av regelverk og rettleiarar til alle grupper og nivå av planleggjarar. Nettbaserte rettleiarar blir oppdaterte jamleg. Utfordringa er å sikre god oversikt og at kommunar, planleggjarar o.a. blir merksame på oppdateringar og endringar. Fylkeskommunen og fylkesmannen sitt rettleiingsansvar er viktig i denne samanhengen.

I tillegg til regelverk og rettleiarar blir avgjerder i motsegnssaker og svar på spørsmål som kan ha interesse for andre, lagt ut på www.planlegging.no. Nettsidene er svært mykje brukte, og tilbakemeldingar viser at nettstaden har ein viktig funksjon i rettleiingssamanheng. Mange fylkeskommunar og fylkesmenn arbeider med eigne nettsider, som blir koordinerte med departementet. Formidling av planfaglege tema skjer òg gjennom tidsskrifta Plannytt og Planjuss utgitt av departementet. I 2012 vart det utgitt to nummer av Plannytt. Nr. 1 for 2012 hadde «Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging» som hovudtema, mens nr. 2 hadde «Hensyn i planleggingen» som hovudtema. I 2013 ble det òg gitt ut eit nummer med tema «planlegging i pressområder».

Miljøverndepartementet lanserte i 2013 www.miljøkommune.no. Føremålet er å møte nokre av kompetanse- og kapasitetsutfordringane i kommunane. Nettstaden er hjelpemiddel for kommunane til saksbehandling innan miljø og planlegging og har dermed eit meir spesialisert tilbod enn planlegging.no, retta mot kommunane. Nettstaden gir ei oversikt over kva som er kommunal mynde og oppgåver i dei lover og reglar som sorterer under Miljøverndepartementet og dekkjer dermed hele miljøområdet og kommunal planlegging. Der er òg forslag til korleis oppgåvene kan løysast med tilhøyrande flytskjema for saksgang, og malar til saksdokument. Miljødirektoratet er nettstadredaktør på vegne av Miljøverndepartementet.

I løpet av siste halvår av 2012 og i 2013 er det presentert rettleiarar om kommuneplanprosessen og kommuneplanen sin samfunnsdel og om konsekvensutgreiingar i kommuneplanens arealdel. I tillegg er det utgitt nye temarettleiarar om Samfunnsikkerhet og planlegging i samarbeid med Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap . Det er òg utarbeidd rettleiar til forskrift om kart, stadfesta informasjon, arealplan og digitalt planregister. Andre institusjonar utarbeider òg rettleiing om korleis deira interesser kan takast vare på etter plan- og bygningslova.

Informasjonsformidling skjer blant anna gjennom nasjonale og regionale konferansar for kommunar, fylkeskommunar, fylkesmenn og statlige etatar. Det blir òg gjennomført årlege nettverkssamlingar for kommunane i alle fylke. Nettverkssamlingane er sett på som ein viktig arena for rettleiing og utveksling av erfaringar og utfordringar knytte til bruk av ny lov. Vidareføring av nettverksarbeidet er blitt prioritert også i 2013 og 2014.

Miljøverndepartementet har i ein femårsperiode frå 2008 hatt midlar til tilskot til fylkeskommunane og fylkesmennene for å rettleie i plan- og bygningslova og til prosjekt knytte til planutfordringane i det enkelte fylke. Senter for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS), tilknytt KS, har òg i 2013 fått tilskot til utvikling og gjennomføring av kurs om reguleringsplanlegging etter ny plan- og bygningslov. Dei gjennomfører òg kurs for rådmenn om planlegging som styringsverktøy i kommunane, og er sekretariat for opplæring av kommunane i planlegging knytt til samhandlingsreforma.

3. Plan- og bygningslova og aktuelle sektorlover skal nyttast aktivt for å sikre lokal og regional utvikling som vektlegg gode løysingar med tanke på miljøet, og sikrar god dokumentasjon av konsekvensar for miljø og samfunn.

  • Talet på kommunale, fylkeskommunale og regionale planar der miljøstatus og miljøutfordringar er synleggjort i planstrategiar og planar.

Alle kommunar og fylkeskommunar har utarbeidd planstrategiar. Planstrategiane skal ta stilling til kva regionale planspørsmål som er viktige å arbeide med, og slik avklare fylkeskommunane sine behov i samsvar med regionale og lokale utfordringar og statlege politiske føringar. I 2013 godkjente Miljøverndepartementet alle dei regionale planstrategiane.

Statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging i kommunane vart fastsett i 2009, og nær alle kommunar har no ein klima- og energiplan. Ifølgje oversikta til Enova og KS hadde 410 kommunar vedteke ein klima- og energiplan pr. august 2012, mens 18 var i gang med planarbeidet. Over 99 pst. av kommunane har dermed eller er i ferd med å få på plass ein klima- og energiplan. Sjå òg Resultatområde 11 Stabilt klima.

Over 220 kommunar har skaffa seg kompetanse og erfaringar i klima- og miljøarbeid gjennom deltaking i samarbeidsprogramma Livskraftige kommunar, Grøne energikommunar eller Framtidas byar. Erfaringar frå Livskraftige kommunar har òg vore eit grunnlag i førebuingane av Kommunal- og regionaldepartementet si satsing på Lokalsamfunnsutvikling i kommunane , og KS sitt arbeid med klimakutt i kommunane og arbeidet med betring av lokal klima- og energistatistikk i KOSTRA.

Plan- og bygningslova vektlegg omsynet til samfunnstryggleik og stiller krav om risiko- og sårbarheitsanalysar ved utarbeiding av planar for utbygging. Det er varierande kvalitet på utgreiingar etter forskrifta om konsekvensutgreiingar under plan- og bygningslova. Dette gjeld spesielt for oversiktsplanar etter plan- og bygningslova. Miljøverndepartementet har utarbeidd ei rettleiing om konsekvensutgreiingar av oversiktsplanar, som blant anna omtaler korleis ulike miljøtema skal utgreiast og presenterast i slike planar. Samtidig har departementet sett i gang eit arbeid med å revidere forskrifta om konsekvensutgreiingar, blant anna for å sikre at forskrifta er i samsvar med gjeldande EU-rett. Ei revidert forskrift vil òg ta opp i seg dei nye krava til dokumentasjon som følgjer av naturmangfaldlova, og gi eit endå betre grunnlag for ei berekraftig og kunnskapsbasert forvaltning.

  • Talet på planar i kommunar, fylkeskommunar og regionar med særleg fokus på klima og klimatilpassing, natur- og friluftsliv, areal og transport.

I 2012 rapporterer 164 kommunar i KOSTRA at dei har utarbeidd risiko- og sårbarheitsanalysar knytte til konsekvensar av klimaendringar. Det er om lag 38 pst. av kommunane. KOSTRA gir òg opplysningar om kva for problemstillingar som blir tekne opp; skred og rasfare, avrenning, temperatur, flaum, havnivå og bølgjer, vind eller anna. I alt 13 fylke hadde i 2012 regionale areal- og transportplanar. Dei største byregionane utarbeider slike planar og strategiar som innspel til Nasjonal transportplan og bymiljøavtaler. Regionale arealplanar saman med eigne konseptvalutgreiingar er òg grunnlaget for utbygging av større samferdselstiltak. Fylkesdelplanar tek òg opp andre tema som går på tvers av kommunane, blant anna planar for fjellområde, villrein og kystsone.

Departementet har følgt opp Stortingets vedtak om samarbeid om areal- og transportplanlegging mellom Oslo kommune og Akershus fylkeskommune. Tabell 10.5 viser regionale planar fordelte på plantema, KOSTRA-tal for 2012.

Tabell 10.5 Regionale planar fordelte på plantema

Tal på fylkeskommunar med ein eller fleire slike planar

Samordna plan for areal/transportplanlegging eller utbyggingsmønster

13

Plan for kulturminne og kulturmiljø

14

Plan for friluftsliv

14

Plan for kystsoner

9

Plan for klima/energi

16

Plan for universell utforming

8

Plan for vassdrag

5

Plan for fjellområde

9

Plan for grønstruktur

4

Plan for biologisk mangfald

2

Kjelde: KOSTRA, SSB.

Miljøverndepartementet samarbeider med andre departement om arbeidet med regionale natur- og kulturparkar i utvalte regionar. Berekraftig utnytting av natur- og kulturverdiane er sentralt i satsinga.

Fjell- og utmarksområda er ein vesentleg ressurs for nyskaping og næringsverksemd i bygdene. Gode langsiktige løysingar krev ofte interkommunalt og regionalt samarbeid, som gir føringar for det kommunale planarbeidet. Miljøverndepartementet gjennomfører eit femårig program som blir avslutta i 2013 der fylkeskommunane utarbeider regionale planar for ei langsiktig forvaltning av dei viktigaste fjellområda med villrein. Planane omfattar 11 fylke og ca. 61 kommunar. Planane for Rondane-Sølnkletten, Hardangervidda og Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei (Heiplanen) er fullført. Planarbeidet for dei andre områda; Forollhogna, Ottadalen, Nordfjella og Dovrefjell (Snøhetta/Knutshø) blir fullførte i løpet av 1. kvartal 2014.

Det har dei siste åra blitt ferdigstilt mellom 4 700 og 7 000 fritidsbustader pr. år her i landet. Tala for innrapportert omgjering av heilårsbustader til fritidsbustader varierer frå år til år med markert auke i 2001, 2008 og 2011. I 2012 var tala på rapporterte omgjeringar lågt med 62, som er det lågast rapporterte sidan 2001. I gjennomsnitt har i omkring 800 bustader vorte endra til fritidsbustader pr. år i dei 12 åra dette har vore rapportert, slik at samla tal på heilårsbustader nytta til fritid har auka frå 23 267 i 2001 til 32 600 i 2013 (førebels tal). I tillegg kjem standardauke og utvidingar på eksisterande fritidsbustader, som ein reknar med har om lag same omfang som nybygginga. Standardauke inneber, i tillegg til auka areal og teknisk standard på bygningane, utbygging av veg, vatn og avløp og straumforsyning. Dei samla miljøkonsekvensane av slik standardauke vil vere betydelege i mange område. Auka standard fører òg med seg lengre brukstid. Regjeringa er derfor oppteken av at kommunane tek stilling til standard og storleik på eksisterande fritidsbustader i kommuneplanen. Tabell 10.6 viser utviklinga i utbygging av fritidsbustader.

Tabell 10.6 Utbygging av fritidsbustader

2008

2009

2010

2011

2012

Talet på hytter og sommarhus

388 938

394 102

398 884

405 883

410 333

Talet på heilårsbustader m.v. som er nytta som fritidsbustader

28 953

29 593

30 209

32 374

32 436

Samla tal på fritidsbustader

417 891

423 695

429 093

438 257

442 769

Kjelde: SSB, Matrikkelen.

Det blir utarbeidd kommunale og regionale planar for ei rekkje område. Sjå òg dei ulike resultatområda for Miljøforvaltninga for nærare omtale.

  • Talet på føreleggingssaker etter §8 i forskrift om konsekvensutgreiingar, og konflikttema i den enkelte saka.

  • Departementet behandla om lag 35 føreleggingssaker etter forskrifta om konsekvensutgreiingar i 2012. Ein stor del av desse var vindkraftanlegg. I føreleggingssakene er omsynet til naturmangfald, kulturminne/kulturmiljø og friluftsliv sentrale tema, i tillegg er forholdet til regionale planar viktig i område der det er relevant.

Fylkesmannen og fylkeskommunen

Fylkesmannen er statens fremste representant i fylket. Ein stor del av den statlege regionale miljøforvaltninga er lagt til fylkesmannsembeta. Fylkesmannen ser til at nasjonale miljømål blir følgde opp regionalt og lokalt, og det arbeidet som embeta utfører er ein føresetnad for å gjennomføre Regjeringas miljøpolitikk. Fylkesmannen har ei sentral rolle knytt til samarbeid og samordning med andre sektorar og forvaltar viktige delar av lovverket på plan- og miljøområdet. Kommunane har svært varierande kapasitet og kompetanse på plan- og miljøområdet, og fylkesmannen og fylkeskommunane si oppfølging og rettleiing av kommunane er derfor viktig.

Dei prioriterte oppgåvene for fylkesmannen på miljøområdet er arbeidet for å sikre og forvalte truga og spesielt verdifulle naturtypar, ta vare på truga og sårbare arter, under dette villaks, rovvilt og villrein, og kjempe mot framande organismar. Embeta har miljøfagleg ansvar for vassforvaltning og utfører arbeid innanfor klimaområdet, konsesjonsbehandling, tilsyn med ulike verksemder på forureiningsområdet og opprydding i gammal forureining.

Som ei følgje av forvaltningsreforma overtok fylkeskommunen frå 1. januar 2010 dei fleste av fylkesmannen sine oppgåver innanfor friluftsliv, bestandsforvaltning av ikkje truga arter av vilt og innlandsfisk som det kan haustast av, og vassregionmyndet. Det betyr at både fylkesmannen og fylkeskommunen har viktige oppgåver innanfor vassforvaltning, og i dei fleste fylke samarbeider dei godt på dette området.

Planlegging er ein viktig reiskap for å nå dei miljøpolitiske måla. Gjennom plan- og bygningslova er det etablert verkemiddel for å skape rammer for ei samfunnsutvikling og eit miljø som tek vare på menneske, natur og klima. All planlegging i kommunar, fylke og regionar skal skje innanfor ramma av nasjonal politikk.

Midlar til løn og drift for miljøoppgåvene som fylkesmannen utfører på miljøområdet er budsjetterte på kap.1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementets budsjett og for Fylkeskommunen over kap 572 , post 60 under Kommunal- og regionaldepartementet.

Miljøansvar i anskaffingar og drift av offentlege verksemder

Offentleg sektor kjøpte i 2011 varer og tenester for rundt 398 mrd. kroner. Statsforvaltninga sin del var rundt 168 mrd. kroner.

Regjeringa ser det som viktig at statlege verksemder tek ansvar for å gå føre som ansvarleg innkjøpar og forbrukar ved å integrere miljøomsyn i sine anskaffingar. I arbeidet knytt til miljøansvar i offentlege innkjøp har Regjeringa eit særleg fokus på tiltak knytte til klima og energi, helse- og miljøfarlege stoff, avfall og biologisk mangfald.

  • Det er utarbeidd ein handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp, og det er utarbeidd rettleiande miljøkriterium for prioriterte produktgrupper. Rettleiande miljøkriterium for prioriterte produktgrupper til bruk for innkjøparar blir fortløpande lagt ut på www.anskaffelser.no. Miljøleiing i statlege verksemder blir ført vidare gjennom handlingsplanen. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har fått ansvaret for å følgje opp handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar som omfattar miljøomsyn. Innovasjon og leverandørutvikling er viktige verkemiddel for berekraftig utvikling av anskaffingar og utvikling av miljøteknologi, og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) gir viktig bidrag til miljøomsyn i offentlege anskaffingar gjennom:

    • Utarbeiding av rettleiarar med miljøkriterium.

    • Utvikling av støtteverktøy for leiarar og innkjøparar.

    • Spreiing av verktøy, malar og eksempel på www.anskaffelser.no.

    • Særskilt miljøfokus på portalen for bygg- og anleggsektoren.

    • Integrering av miljøomsyn i konkrete anskaffingar, rettleiing, kurs, standardiserte malar og verktøy for offentlege anskaffingar, under dette integrering av miljø på e-handelsplattforma.

    • Arrangering av konferansar og kurs i offentlege anskaffingar og miljø, og deltaking i nettverk, konferansar, seminar med kompetansehevande tiltak.

Miljøleiing

  • Assisterer departementa i å innføre EMAS-sertifisering for eiga drift i samarbeid med Departementa sitt servicesenter (DSS).

  • Vidareføring og spreiing av MiljøRapp, eit rapporteringssystem der statlege verksemder kan rapportere nøkkeldata om miljøbelastning, tiltak og rutinar, slik at det blir lettare for departementa og andre interessert å følgje opp gjennomføring av krav om miljøleiing.

  • Utarbeider rettleiar til rapportering, arrangerer arbeidsseminar og yter støtte i utarbeiding av tiltaksplanar.

  • Utarbeider statistikk og lagar rapportar baserte på innrapportert data.

Nettbasert rettleiing for kommunane på miljøområdet – www.miljøkommune.no

Kommunane har omfattande ansvar, oppgåver og mynde etter miljølovverket. Mange kommunar har problem med å utføre alle sine lovpålagte oppgåver på ein tilfredsstillande måte. Meir tilgjengeleg og målretta rettleiing kan hjelpe kommunane til å bruke myndet dei er tillagt etter forureiningslova, plan- og bygningslova, naturmangfaldlova, kulturminnelova og anna miljølovgiving betre og meir effektivt enn i dag. Miljødirektoratet har difor, etter oppdrag frå Miljøverndepartementet, utvikla ein felles nettstad retta mot tilsette i små og mellomstore kommunar. Nettstaden skal samle rettleiingar til kommunane på dei områda der kommunen er miljøstyresmakt. Nettstaden vart lansert i 2013.