Miljøverndepartementet (MD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

I Noreg finn vi nokre av dei mest produktive havområda i heile verda. Norske havområde har eit særs rikt naturmangfald med blant anna internasjonalt viktige bestandar av fisk som sild, torsk og lodde, og sjøfuglar som lunde, polarlomvi og alkekonge. Kvalross, storkobbe og kvitkval er døme på bestandar av sjøpattedyr. Korallreva langs norskekysten er unike i global samanheng. I høve til mange andre økosystem har havområda ikkje så mange arter, men hos nokre arter er det svært store bestandar. Noreg har ein storslått og variert kystnatur, både over og under vatn. Det er nær samanheng mellom økosystema i havet og på land, til dømes transporterer sjøfugl store mengder næring frå havet og inn på land. Mange av artene i kystsona er svært spesialiserte og ein del av dei finst berre her.

For Noreg har naturressursane frå havet ført til at vi er å rekne som ein av verdas viktigaste havnasjonar, og dei har medverka til verdiskaping og velstand. Petroleumsverksemda og fiskerinæringa er Noregs største eksportnæringar. Sjøtransport er ein betydeleg aktivitet i norske havområde, og det er stort potensial for framtidig produksjon av fornybar havenergi. Rekreasjon og turisme knytt til friluftsliv i kystsona gir gode opplevingar og er òg grunnlag for økonomiske verdiar.

Nasjonale mål

Nedanfor blir dei nasjonale måla og indikatorane presenterte. Til slutt i dette kapitlet blir det rapportert på måla frå budsjettproposisjonen i fjor.

Nasjonalt mål 1.1. Dei marine økosystemas struktur, verkemåte, produktivitet og naturmangfald skal oppretthaldast eller gjenopprettast, og danne grunnlag for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og økosystemtenester.

Indikatorar:

  • Fagleg forum si vurdering av miljøtilstand og verdiskaping i kvart enkelt havområde.

  • Gjennomføringa av føringar og tiltak i forvaltningsplanane for havområda innan fastsette fristar.

Nasjonalt mål 1.2. Alt kystvatn skal ha god økologisk og kjemisk tilstand i løpet av 2021.

Indikatorar:

  • Delen av kystvatn som har god kjemisk og økologisk tilstand eller godt økologisk potensial.

Nasjonalt mål 1.3. Eit representativt utval av marine område skal vernast for kommande generasjonar.

Indikatorar:

  • Totalt verna areal og verna areal fordelt på naturtypar i hav og kystvatn.

  • Talet på verneområde med forvaltningsplan.

Nasjonalt mål 1.4. Korallrev og andre sårbare økosystem sine funksjonar skal oppretthaldast.

Indikatorar:

  • Samla areal korallrev og andre sårbare marine økosystem som er påverka av menneskeleg aktivitet.

  • Samla areal korallar og andre sårbare marine økosystem med skjermingstiltak.

Nasjonalt mål 1.5. Tapet av truga marine arter skal vere stansa, og tilstanden til arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Indikatorar:

  • Talet på truga arter knytte til hav og kystvatn.

  • Talet på prioriterte arter knytte til hav og kystvatn og bestandsutviklinga for desse.

  • Bestandssituasjonen for utvalde sjøfugl.

Nasjonalt mål 1.6. Alle marine bestandar som blir hausta skal vere forvalta økosystembasert og vere hausta berekraftig.

Indikatorar:

  • Bestandssituasjonen for arter der hausting er ein viktig påverknadsfaktor.

Nasjonalt mål 1.7. Vesentlege uheldige følgjer av framande organismar for det marine naturmangfaldet skal unngåast.

Indikatorar:

  • Talet på skadelege framande organismar i det marine miljøet og utbreiinga deira.

Nasjonalt mål 1.8. Utslepp til sjø frå dagleg drift skal ikkje føre til helse- eller miljøskadar eller auka bakgrunnsnivå av olje eller andre miljøfarlege stoff. Risikoen for akutt forureining skal haldast på eit lågt nivå og ein skal kontinuerleg forsøke å redusere risikoen ytterlegare.

Indikatorar:

  • Mengda operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff i vatn frå petroleumsverksemd.

  • Mengda operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff frå skip og landbasert verksemd.

  • Talet på og mengd av akutte utslepp av olje og andre miljøfarlege stoff frå petroleumsverksemd, skip og landbasert verksemd.

Nasjonalt mål 1.9. På Svalbard skal omfanget av villmarksprega område haldast oppe, naturmangfaldet skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet, og verneområda sin verdi som referanseområde for forsking skal sikrast. Svalbards natur skal kunne opplevast uforstyrra av motorisert ferdsel og støy, også i område som er lett tilgjengelege frå busetjingane.

Indikatorar:

  • Volum og fordeling av motorisert ferdsel til sjøs på Svalbard.

  • Talet på og geografisk spreiing av landstigningar frå cruiseskip utanfor planområda.

  • Talet på helikoptertimar.

  • Del av verneområda med godkjent forvaltningsplan.

  • Bestandsstatus for raudlista arter og andre utvalde arter.

  • Status for framande arter og effektar av desse.

Tilstand

Havområda utgjer om lag seks gonger Noregs totale landareal innanfor 200-milssona. Dei heilskapelege forvaltningsplanane for kvart av havområda gir ein karakteristikk av miljøtilstanden. Tilstanden i Barentshavet og Norskehavet er generelt god med unntak for enkelte sjøfugl- og fiskebestandar. Miljøtilstanden i Nordsjøen og Skagerrak var tidlegare dårligare enn den er i dag. Likevel er miljøtilstanden bekymringsfull og på mange område ikkje tilfredsstillande.

Tilstanden i kystvatn er varierande. Tareskogane er blitt reduserte i fleire tiår både i nord og sør, og bestanden av kysttorsk ligg svært lågt.

Ein viktig grunn til det store mangfaldet i norske havområde er førekomsten av grunne havområde, slik som Nordsjøen, Barentshavet og kontinentalsokkelen langs kysten. Svært mykje av havets biologiske produksjon går føre seg i slike grunne område.

Fisk er næringsgrunnlag for mange sjøfugl, og den rike tilgangen på fisk forklarer i stor grad plasseringa til dei største sjøfuglkoloniane. Sjøfuglane er ein viktig del av kystnaturen og det marine økosystemet, og sjøfuglartene er sikre indikatorar på miljøtilstanden i havet. Fleire sjøfuglbestandar langs norskekysten har hatt ein urovekkjande tilbakegang. Lomvi er klassifisert som truga på Norsk rødliste for arter 2010. For lomvi er situasjonen så alvorleg at det er eit spørsmål om tid før arten forsvinn som hekkefugl i mange fuglefjell langs fastlandskysten. Noreg har eit spesielt forvaltningsansvar for fleire sjøfuglarter fordi bestandane utgjer ein vesentleg del av den europeiske eller nordatlantiske bestanden.

I kystvatn og på sokkelområda finst spesielt artsrike samfunn knytt til tare, koralldyr og svamp. Desse artene skaper livsmiljø som gir skjul til og levestad for ei rekkje små arter som igjen er næring for fisk og sjøfugl langs kysten. Vi veit lite om tilstanden til desse artene totalt sett. Men botndyr som korallar, svamp og sjøfjør er særleg utsette for påverknad og belastning frå botnslepande reiskap i fiskeria, som botntrål.

Stortaren og sukkertaren dannar tareskogar langs heile vår langstrakte kyst, og gir «husly» til ei rekkje arter av til dømes raudalgar, børstemakk, skjell, krepsdyr, slangestjerner, tanglopper, sniglar og store og små fisk. Det er ikkje uvanleg å finne opptil 100 forskjellige arter knytte til ei einaste tareplante, og om lag 250 arter av mobile dyr er registrerte i tareskogen. Tilstanden for stortare er i ferd med å betre seg noko. Det er observert at stortare har etablert seg igjen i ytre kystområde nord til Bodø der den før var nedbeita av kråkebollar. Lengre nord er det framleis store område med berre kråkebollar med noko tareskog innimellom. Siste rapport frå sukkertareovervakinga viser at tilstanden til sukkertare har betra seg fleire stader i Skagerrak sidan 2008 på strekninga frå Ytre Oslofjord til Grimstad, mens den er forverra i enkelte område frå Kristiansand til Stavanger.

Det er rekna ut naturindeks for naturmangfaldet knytt til vassmassane (pelagisk) og botnlevande arter i havet. Datagrunnlaget for dei botnlevande artene er vesentleg dårlegare enn for artene i vassmassane (pelagiske arter). Tilstanden for botnforholda er betre i det djupe Norskehavet enn i dei grunnare områda i Barentshavet, Nordsjøen og Skagerrak. Naturindeksen for 2010 viser best tilstand i vassmassane i Barentshavet (NI=0,76), noko dårlegare i Norskehavet (NI=0,68) og Nordsjøen (NI=0,62), og dårlegast i Skagerrak (NI=0,49).

Berre 3 pst. (87 arter) av dei truga artene som er registrerte på Norsk rødliste for 2010 lever i havet. Den låge delen skuldast i stor grad manglande kunnskap, både om enkelte arter og grupper av arter, slik at det ikkje er grunnlag for å gjere raudlistevurderingar. Døme på truga arter i havet er dvergålegras, piggishavsreke, østers, ål, brugde, vanleg uer, klappmyss, narkval og grønlandskval. Blant sjøfuglane er artene krykkje, lomvi, lunde og makrellterne nokre eksempel på truga arter. Isbjørn er òg ei truga art.

Noregs naturtypar vart vurderte for første gongen av Artsdatabanken i 2011. Av marine naturtypar på djupt vatn er korallrev og muddervulkanbotn døme på truga naturtypar i slike område. Det er førebels ikkje vedteke prioriterte arter eller utvalte naturtypar etter naturmangfaldlova i havområda.

Langs fastlandskysten er nokre korallrev beskytta etter fiskerilovgivinga. 36 område er identifiserte som kandidatområde i første fase av marin verneplan. Dei tre første marine verneområda, Framvaren i Vest-Agder, Tauterryggen i Nord-Trøndelag og Saltstraumen i Nordland, vart oppretta sommaren 2013.

Fastlands-Noreg har 25 148 km kystlinje inkludert fjordar og bukter. Når strandlinja langs øyane er rekna med, kjem vi opp i 83 281 km. Miljøtilhøva i kystvatn gjer det mogleg med spesialisering og sameksistens av mange arter som ikkje lever i andre naturtypar.

Om lag 13 pst. (485 arter) av dei truga artene lever i kystsona (i kystvatn og på land i kystsona). Insekt og anna småkryp dominerer biletet, men 79 karplanter er òg truga.

Vi finn sju naturtypar i kystvatn på Norsk rødliste for naturtypar 2011. Døme på truga naturtypar er sukkertareskog Skagerrak og sukkertareskog Nordsjøen.

I kystsona på Svalbard er det ein nær samanheng mellom livet i havet, i drivisen og på land. Sjøfugl og pattedyr som isbjørn, sel og polarrev nyttar både landområda og isdekte sjøområde til næringssøk og reproduksjon. Både sjøfugl og sjøpattedyr finn det meste av næringa si i havet, men vegetasjonen på kystslettene har òg stor betydning for ein del arter.

Svalbards kystområde og tilgrensande hav- og drivisområde står i dag fram som lite påverka av lokal aktivitet. Dyrelivet er i utgangspunktet freda, og det skjer avgrensa jakt og fangst berre på enkelte arter. Det meste av kystlinja og 87 pst. av Svalbards territorialfarvatn er verna som naturreservat og nasjonalparkar. Også dei delane av Svalbard som ikkje er verna er godt skjerma gjennom svalbardmiljølova. I havområda og kysten rundt Svalbard er det likevel nokre arter som er truga. Døme på slike arter er sjøfuglane alke og ismåke, sjøpattedyra grønlandskval, kvalross, steinkobbe og isbjørn. Den gode miljøtilstanden i dag er resultatet av eit målretta vern av arter og område sidan Noreg fikk overhøgd over øygruppa i 1925. Før dette vart dyre- og fuglelivet på Svalbard i fleire hundre år utsett for omsynslaus jakt og fangst, noko som reduserte fleire bestandar kraftig. Fleire av pattedyr- og fugleartene har ikkje klart å komme tilbake til tidlegare nivå til trass for mange års freding, mens andre har hatt ein kraftig vekst. Forvaltninga manglar kunnskap om utviklinga for mange av artene på Svalbard.

Raudlista for Svalbard er frå 2010 og inneheld 46 arter av planter, pattedyr og fuglar. Av desse er ti arter kritisk truga, 14 arter er sterkt truga og 22 arter er sårbare. I tillegg er 24 andre arter kategoriserte som nær truga.

Påverknadar

Påverknadene på dei marine økosystema oppstår frå menneskelege aktivitetar i havområda, slik som fiskeri, skipsfart og petroleumsverksemd, og påverknader utanfrå som langtransportert forureining og klimaendringar som medfører stigande havtemperatur, auka issmelting og havforsuring. Klimaendringar kan ha store effektar på enkelte nøkkelarter og samfunn, særleg i dei nordlege områda og på Svalbard. Risiko for ulykker og utslepp som kan påverke miljøverdiar er òg ein del av den samla belastninga på dei marine økosystema.

Hausting er den aktiviteten som har størst direkte påverknad på fisk og sjøpattedyr. Ei berekraftig forvaltning av fiskebestandane betyr at det er produksjonsoverskotet i bestanden som det blir hausta av. Når bestandane likevel varierer, kan det komme av at rekrutteringa til bestandane varierar. Dei store kommersielle bestandane, slike som lodde, sild og nordaustatlantisk torsk blir i dag berekraftig utnytta. For makrell og nokre mindre bestandar som blålange og vanleg uer er fiskepresset for stort.

Fleire sjøfuglarter er i sterk tilbakegang. Klimaendringar, konkurranse med fiskeria og oljeforureining er dei viktigaste truslane mot sjøfugl. Matmangel på grunn av konkurranse mellom sjøfugl og fiskeri er identifisert som ei viktig årsak til problema for mange sjøfuglbestandar der det blir fiska på dei same bestandane som sjøfugl har som næringsgrunnlag. Dette betyr ikkje nødvendigvis at sjøfuglen og fiskeria konkurrerer om den same fisken der og då. Konkurransen er ofte forseinka og indirekte, og vi treng framleis meir kunnskap for å forstå mekanismane og kvantifisere samanhengane. Sjøfugl blir òg påverka av bifangst og forureining.

Endringar i arealbruk er den viktigaste trusselfaktoren i kystsona. Dette gjeld spesielt mange algar og virvellause dyr som lever på godt beskytta stader i kystsona, i fjordbasseng eller i brakkvatn som blir påverka av menneskeleg aktivitet som mudring i strandsona, anlegg som sandstrender, båthamner, veganlegg og fritidsbusetnad. Nye undersøkingar viser at slike beskytta område er viktige gyte- og oppvekstområde for kystbestandar av fisk.

I kystsona omfattar arealendringar alle former for nedbygging, utfylling og omdisponering av naturmark til andre formål. I ytre kystområde kan viktige leveområde skadast ved fiske med botntrål. Tråling med tung botnreiskap øydelegg samfunna med dyr på botn, blant anna korallrev, korallskogar, sjøfjør og svampsamfunn. Spesielt korallane er svært sakteveksande, og ny oppbygging vil ta lang tid. Auka kartlegging dei siste åra har vist at botntråling har hatt større påverknad på økosystema på botnen enn ein trudde før.

Aktivitet ved industriell verksemd i kystsona gir negative miljøkonsekvensar ved utslepp av næringssalt, partiklar og miljøgifter, og den arealbruken industrien står for.

Akvakultur i kystområda gir negative miljøkonsekvensar i form av lokal forureining, smitte av villfisk med lakselus og innblanding av rømd oppdrettslaks i villaksbestandar, jf. resultatområde 2 Livskraftige elvar og innsjøar.

Overgjødsling i kystsona påverkar spesielt algar og virvellause dyr langs kysten i område nær tett busetnad eller intensivt jordbruk. Overgjødslinga kan komme frå fleire sektorar, m.a. jordbruk, vatn og avløp og akvakultur. Påverknad frå land i form av avrenning av næringsstoffa nitrogen og fosfor og tilførsel av anna forureining har størst betydning i Nordsjøen og Skagerrak. Akvakultur er den største kjelda til menneskeskapte utslepp av næringssalt langs kysten frå Lindesnes til den russiske grensa. Forureining frå miljøgifter har vore og er framleis eit stort problem i mange kyst- og fjordområde og i ope hav, sjølv om tiltak gjennom mange år har medverka til å redusere problema. I nordområda er det spesielt problem med miljøgifter som vert transporterte over lange avstandar med luft og havstraumar, og som kjem inn i dei arktiske næringskjedene der dei endar opp i isbjørn, sel og sjøfugl. Mange typar av utslepp til havet når strendene med større eller mindre effekt. Utslepp av olje kan truge enkeltførekomstar av truga arter og nær truga arter og naturtypar, og påverke økosystema heilskapeleg. Plastforsøpling til havs utgjer ein stadig veksande trussel mot det marine miljøet og kan føre til betydelege skadar og lidingar for marint dyreliv. Plast som blir skylt inn på strendene blir bygd inn i lausmassane og gir strukturelle endringar på vekseplassen. Sjøfugl er særleg utsett med omsyn til plastforsøpling ved at dei forvekslar plastfragment med mat. I tillegg følgjer økonomiske og sosiale effektar, som kostnader relaterte til opprydningsarbeid langs kysten, skadar på båtar, tapt fiskeutstyr og reduksjon av kystnaturens estetiske verdi.

Klimaendringar vil ha store effektar på enkelte arter. Ved auka sjøtemperatur vil arter med nordleg utbreiing bli påverka direkte ved at livsvilkåra blir dårlegare. For tareskogen kan auka sjøtemperatur få alvorlege konsekvensar fordi artene av tare er tilpassa eit relativt kaldt klima. Overgjødsling medverkar saman med temperaturendringar til at sukkertaren blir borte. Forsuring av det marine miljøet vil på sikt kunne få store konsekvensar for ei rekkje marine arter. I kystsona vil høgare vasstand gi endringar i leveområde, og meir hyppig uvêr og sterkare vind vil påverke både planter og dyr.

Introduksjon og spreiing av framande organismar har auka betydeleg dei siste 30 åra. Dette skuldast særleg auke i skipstrafikk mellom ulike havområde og tømming av ballastvatn. Også akvakultur basert på framande organismar har skapt problem ved uønskt spreiing, og ved spreiing av andre organismar som utilsikta har følgt med. Problema oppstår når dei framande artene konkurrerer ut dei stadeigne artene eller endrar deira naturlege utbreiingsområde. Døme på slike arter i det marine miljøet er japansk drivtang, stillehavsøsters og kongekrabbe. Klimaendringane vil venteleg forsterke dette problemet, blant anna grunna varmare vatn.

Den største trusselen mot naturmangfaldet i hav og kystområda på Svalbard er klimaendringar og havforsuring. Temperaturauken skjer raskast i Arktis. Drivisen er eit viktig leveområde for mange arter, og utbreiinga av havis om sommaren vil i følgje prognosane minke raskt. Dette er venta å få alvorlege konsekvensar for arter som er avhengige av is, som sel og isbjørn. Arktiske farvatn er òg utsette for konsekvensar av havforsuring, fordi kaldt vatn tek opp mest CO 2 . Også langtransporterte miljøgifter er framleis ei betydeleg utfordring for artene på toppen av dei marine næringskjedene. Påverknad frå fiskeria kan òg auke etter kvart som kommersielle fiskeslag kan bevege seg nordover og inn i Svalbards kystfarvatn. Det føregår eit betydeleg rekefiske ved Svalbard, men i verneområda er bruk av reketrål berre tillate på djup større enn 100 meter.

Svalbards kystområde blir òg stadig lettare tilgjengeleg på grunn av mindre havis. Utviklinga går i retning av ei stadig veksande cruiseverksemd både i og utanfor verneområda. Arealbruken utanfor busetjinga er avgrensa til ferdsel knytt til turisme, forsking og friluftsliv.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Samfunnsplanlegging

Arealpolitikk og samfunnsplanlegging etter plan- og bygningslova er eit tverrgåande verkemiddel som set rammer for måloppnåinga. Kommunal, regional og statleg planlegging skal mellom anna medverke til å hindre uønskt nedbygging i strandsona og sikre berekraftig ressursutnytting langs kysten. Sjå også verkemiddelområde Regelverk og samfunnsplanlegging for nærare omtale.

Forvaltningsplanar for havområda

Dei heilskapelege forvaltningsplanane for havområda er Regjeringas verktøy for å samordne berekraftig bruk og skjerming av dei marine økosystema i dei norske havområda. Forvaltningsplanane dekkjer havområda frå grunnlinja og utover i ope hav og påverknader som følgje av menneskeleg aktivitet i desse områda. Regjeringas formål med forvaltningsplanane er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og økosystemtenester i havområda, og samtidig halde oppe struktur, verkemåte, produktivitet og naturmangfald i økosystema.

Med forvaltningsplanen for Nordsjøen og Skagerrak, som vart lagt fram våren 2013, er det utarbeidd heilskapelege forvaltningsplanar for alle dei norske havområda (Barentshavet – Lofoten, Norskehavet og Nordsjøen – Skagerrak). For Barentshavet – Lofoten og Norskehavet er den viktigaste utfordringa å halde ved lag ein god miljøstatus. I Nordsjøen og Skagerrak er miljøtilstanden ikkje tilfredstillande og må betrast. Eit nært samarbeid med dei andre Nordsjølanda blir viktig i dette arbeidet. Arbeidet må òg samordnast med dei planane som dei andre Nordsjølanda skal lage som følgje av EUs Havstrategidirektiv.

Forvaltningsplanen for Norskehavet skal oppdaterast første gong seinast i 2014. Regjeringa vil då vurdere på nytt dei arealbaserte rammene for petroleumsverksemda i Norskehavet. Regjeringa vil oppdatere forvaltningsplanen for Barentshavet – Lofoten i løpet av stortingsperioden 2013–2017.

Vassforvaltningsplanar – kystvatn

Kystvatn i Noreg blir forvalta etter vassforskrifta gjennom regionale vassforvaltningsplanar. Vassforvaltningsplanane og arbeidet med dei er nærare omtalt under resultatområde 2.

Betre kunnskapsgrunnlag

Eit godt kunnskapsgrunnlag er avgjerande for god forvaltning av hav- og kystområda og står sentralt i utarbeiding, oppfølging og oppdatering/revidering av forvaltningsplanane. Kartleggingsprogrammet for havbotn, MAREANO, har gitt betydeleg ny kunnskap om marin natur. Gjennom MAREANO er det oppdaga til dømes nye marine naturtypar, naturlege gassoppkommer og nye korallrev på havbotnen på kontinentalsokkelen. MAREANO vil bli ført vidare i 2014. Kartleggings- og overvakingsprogrammet for sjøfugl, SEAPOP, har skaffa viktige data om sjøfuglbestandane og grunnar til nedgangen i desse. Dette programmet vil òg bli ført vidare. Klimaendringar og havforsuring er av dei største utfordringane havmiljøet står overfor i tida framover. Forsking på verknadene av havforsuring er i startgropa, men vi veit at endringar skjer raskast i dei kalde farvatna i nord og at dyr som er avhengige av kalkskal vil vere særleg sårbare. Det er derfor svært viktig å skaffe betre kunnskap om forsuringsutviklinga og om effektane av forsuring både på enkeltarter, i næringskjeda og på økosystema. For å oppnå dette er det avgjerande å halde ved lag ei dekkjande og langsiktig overvaking.

Marin verneplan

Oppretting av marine verneområde og marine beskytta område er eit viktig verkemiddel innanfor ein heilskapleg havmiljøpolitikk og økosystembasert forvaltning. I tillegg til å hindre tap av naturmangfald og sikre ressursgrunnlaget er målet med dette å bevare eit representativt utval av marin natur for kommande generasjonar og som referanseområde for forsking og miljøovervakning. Første fase av marin verneplan omfattar 36 kandidatområde. Oppstart av verneplanarbeidet for 17 av desse områda vart kunngjort i 2009. Dei tre første marine verneområda, Framvaren i Vest-Agder, Tauterryggen i Nord-Trøndelag og Saltstraumen i Nordland, vart oppretta sommaren 2013.

Tareskogane

Situasjonen i tareskogane langs kysten er framleis særs varierande og mange stader er situasjonen svært bekymringsfull. Tareskogane er viktige leveområde med stort naturmangfald og høg produksjon. Dei gir mat og ly til viktige arter som det blir hausta av og mange hundre mindre arter som er del av tareskogen sitt økosystem. Stortaren har vore nedbeita av kråkebollar i mange tiår. Sukkertaren er delvis forsvunnen frå svenskegrensa til Stadt. Sukkertareprosjektet (2005–2008) avdekte at taren er kjensleg overfor auka temperaturar i vatnet, men òg auka overgjødsling og tilførsle av slam. Siste rapport frå sukkertareovervakinga viser at tilstanden til sukkertare har betra seg fleire stader i Skagerrak sidan 2008 på strekninga frå Ytre Oslofjord til Grimstad, mens den er forverra i enkelte område frå Kristiansand til Stavanger. Miljødirektoratet vidarefører ti av stasjonane for overvaking av sukkertare i sitt nye overvakingsprogram «Økosystemovervåking i kystvann». Overvakinga i Skagerrak blir utført av Havforskingsinstituttet, i samarbeid med NIVA. I 2014 blir det gjennomført ein tiltaksanalyse som mellom anna skal innehalde tiltak for å redusere utslepp av næringssalt.

Marine framande organismar

Regjeringa har som mål at tiltak mot dei mest skadelege, etablerte framande organismane i hav og kystvatn skal vere sette i gang eller gjennomført. Tilførsel av framande organismar i det marine miljøet skjer både gjennom utslepp av ballastvatn, ulovleg utsetjing og naturleg innvandring frå nærliggjande havområde. I norske farvatn er det særleg kongekrabben som skapar problem, samtidig som den blir utnytta som ressurs. Miljøverndepartementet samarbeider nært med Fiskeri- og kystdepartementet for å stoppe spreiinga av denne krabben vest- og sørover. Det er no dokumentert at krabben påverkar havbotnen negativt der den har vore lenge. Miljøforvaltninga vil medverke til å auke kunnskapen om desse påverknadene. Departementet vil òg medverke i arbeidet med å evaluere forvaltninga i dag av kongekrabbe.

Noreg har tiltredd konvensjonen om kontroll og behandling av ballastvatn og sediment frå skip (Ballastvatnkonvensjonen). Når denne konvensjonen trer i kraft internasjonalt, vil risikoen for introduksjon av framande organismar frå skip bli betydeleg redusert. Ei nasjonal forskrift om handtering av ballastvatn tredde i kraft 1. juli 2010. Forskrifta stiller krav om at ballastvatn skal skiftast ut i bestemte avstandar frå kysten eller i bestemte soner for å hindre introduksjon av framande arter. Etter at konvensjonen har tredd i kraft internasjonalt, vil det òg bli innført obligatoriske krav om reinsing av ballastvatnet før det blir slept ut. Forskrifta opnar likevel for reinsing på frivillig basis for å prøve ut ny teknologi.

Akvakultur

Meld. St. 22 (2012–2013) Verdens fremste sjømatnasjon beskriv mellom anna miljøutfordringane knytte til havbruksnæringa, og dei tiltaka som Regjeringa vil setje i verk for å få næringa meir berekraftig. Tiltaka må i all hovudsak gjennomførast med heimel i Fiskeri- og kystdepartementets regelverk.

Miljøverndepartementet har ansvar for forureining frå utslepp frå havbruk. Det er krav om utsleppsløyve etter forureiningslova for å starte og drifte akvakulturanlegg.

Tiltak for å avgrense smitte av lakselus på villaks og sjøaure og innblanding av rømt oppdrettsfisk er omtalt under resultatområde 2.

Petroleumsverksemd og skipsfart

Oljeforureining skuldast både akutte og operasjonelle utslepp frå offshore olje- og gassverksemd, skipsfart og landbasert verksemd.

Målet om nullutslepp (nullutsleppsmålet) inneber at det som hovudregel ikkje skal sleppast ut olje og miljøfarlege stoff, verken tilsette eller naturleg førekommande kjemiske stoff. Nullutsleppsmålet gjeld for heile norsk sokkel. Målet om nullutslepp er vurdert som oppnådd for tilsette kjemikaliar. Det er behov for ytterlegare tiltak for enkelte innretningar for å sikre at nullutsleppsmålet blir nådd òg for olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn.

Ved boring i område med korallar eller sårbar botnfauna, vil det bli stilt strenge krav for å hindre nedslamming som kan føre til skade på faunaen.

Auka skipsfart langs kysten, under dette auka sjøtransport av olje og gass, gir òg nye utfordringar. Skipsfarten er internasjonalt regulert gjennom konvensjonar fastsette av FNs skipsfartsorganisasjon (IMO). IMOs regelverk er svært omfattande, og det er etablert bindande regelverk for alle dei sentrale miljøutfordringane for skipsfarten. Noreg medverkar til at utsleppskrava til skip blir stadig strengare gjennom å arbeide for strengare regelverk, ratifisere konvensjonane og syte for god handheving. Sjøfartsdirektoratet står for handheving av desse krava av norskregistrerte skip i alle farvatn, og av utanlandske skip i norsk farvatn gjennom hamnestatskontroll. Arbeidet med hamnestatskontroll skjer i nært samarbeid med andre land i vår region gjennom Paris Memorandum Of Understanding (PMOU)

Miljødirektoratet stiller krav etter forureiningslova til kommunar, petroleumsverksemd og anna privat verksemd om beredskap mot akutt forureining.

Arealpolitikk i strandsona

Strandsona skal sikrast som natur- og friluftsområde tilgjengeleg for alle. Strandsona som nasjonal interesse er tydeleggjort ved det generelle byggjeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen. Forbodet har eksistert sidan 1965 og er ført vidare i plan- og bygningslova av 2008. Talet på dispensasjonar i strandsona viser at det framleis er nødvendig med tydelege nasjonale føringar om ein streng plan- og dispensasjonspraksis i område med mykje utbyggingspress i strandsona. Det er eit mål at delen gitte dispensasjonar går ned og at omsyn til naturmangfald og friluftsliv blir betre teke vare på i plan. Arealbruken i strandsona må skje i tråd med oppdaterte kommuneplanar, og det må leggjast auka vekt på heilskapleg planlegging, der arealbruken i sjø og på land er sett i samanheng. Kommunane bør i kommuneplanarbeidet vurdere å ta ut forelda, ikkje utbygde utbyggingsområde i strandsona og sjøen.

Statlege planretningslinjer for ei differensiert strandsoneforvaltning vart vedtekne av Regjeringa i mars 2011. Formålet med retningslinjene er å gjere nasjonal arealpolitikk i 100-metersbeltet langs sjøen tydeleg innanfor ramma av plan- og bygningslova, og å ta hand om allmenta sine interesser og unngå uheldig bygging. Byggjeforbodet er strengast praktisert i sentrale område der presset på areala er størst. Departementet og Miljødirektoratet følgjer opp retningslinjene gjennom dei regionale kystsonenettverka og i det generelle rettleiingsarbeidet. Dei fire regionale kystnettverka vart oppretta i 2005, og består av fagmedarbeidarar frå kvart fylkesmannsembete. Nettverka følgjer opp den nasjonale strandsonepolitikken overfor kommunane og bidreg til harmonisering av forvaltningspraksis på landsbasis.

I Nasjonale forventningar til regional- og kommunal planlegging blir det slått fast at kommunane må vurdere arealbruken i strandsona i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv, og at det må takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og allmenta sine interesser.

Vasskuterbruk

Regjeringas politikk for bruk av vassskuterar er omtalt under resultatområde 8 under «Politikk for å nå de nasjonale måla».

Tiltak i hav og kyst rundt Svalbard

Det er ei viktig utfordring å regulere den veksande cruisetrafikken og forskingsaktiviteten både i og utanfor verneområda, blant anna for å sikre verneområda sin verdi som referanseområde for klima- og miljøforsking. Miljøstyresmaktene har utarbeidd forvaltningsplan med forskriftsendringar for dei store naturreservata på Aust-Svalbard. Arbeidet med slike planar for nasjonalparkane er starta opp. Isbjørn er særleg sårbar for effektane av klimaendringar, og under leiing av Norsk Polarinstitutt har ei gruppe ekspertar frå alle dei fem isbjørnnasjonane laga ein felles plan for overvaking av isbjørn, Det er òg utarbeidd ein nasjonal handlingsplan for isbjørn. Vidare blir det gjort ei vurdering av dagens artsforvaltning med hovudfokus på arter som det kan haustast av og raudlistearter.

Klimaendringane vil gjere Svalbards kyst- og havområde meir utsette for framande organismar frå tempererte område, og det blir arbeidd med ein handlingsplan mot framande organismar på Svalbard.

Internasjonalt samarbeid for å beskytte havområda

Noregs internasjonale arbeid på havmiljøområdet omfattar mellom anna samarbeid under Konvensjonen om vern av det marine miljø i det nordaustlege Atlanterhavet (OSPAR). OSPAR handlar om eit breitt spekter av havmiljøspørsmål, under dette dumping/disponering av avfall i havet, utslepp frå offshore olje- og gassverksemd og spørsmål knytte til marint naturmangfald, som utvikling av økologiske miljøkvalitetsmål og vern og beskyttelse av marine område. For EUs medlemsland er OSPAR-konvensjonen òg ei viktig regional plattform for ei koordinert gjennomføring av EUs havstrategidirektiv i konvensjonsområdet. For Noreg som tredjeland i gjennomføringa av direktivet blir konvensjonen derfor eit viktig forum for samarbeid med EU på dette feltet. Hovudfokus i arbeidet i 2014 vil vere knytt til tiltak for å bevare truga arter og deira leveområde.

Som medlem av Arktisk Råd deltek Noreg òg aktivt i arbeidet under PAME (Protection of the Arctic Marine Environment Working Group). PAMEs aktivitetar er retta mot vern av det marine miljøet i Arktis. Auka økonomisk aktivitet og klimaendringar fører til auka utfordringar i Arktis, og dette krev ei heilskapleg tilnærming for å handtere både eksisterande og kommande utfordringar.

Under FN-konvensjonen for biologisk mangfald (CBD) er Noreg pådrivar for å sikre eit best mogleg vitskapeleg grunnlag for tiltak for å ta vare på marint naturmangfald. Fokus i arbeidet i 2014 vil vere identifisering av økologisk og biologisk viktige marine område.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2013

1.1. Dei marine økosystema sin struktur, verkemåte, produktivitet og naturmangfald skal oppretthaldast eller gjenopprettast og danne grunnlag for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og økosystemtenester.

Indikator:

  • Føringar og tiltak i forvaltningsplanane for havområda som er gjennomførte innan dei fristar som er fastsette.

Mange av dei aktivitetane og tiltaka som er i gang vil medverke til å nå dette målet. Dette gjeld mellom anna kunnskapsinnhenting knytt til kartlegging av havbotn gjennom MAREANO og kartlegging og overvaking av sjøfugl gjennom SEAPOP. Arbeidet med å gjennomføre forvaltningsplanane for havområda Barentshavet – Lofoten og Norskehavet er godt i gang. Meld. St. 37 Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Nordsjøen og Skagerrak (forvaltningsplan) vart lagt fram i april 2013

1.2. Alt kystvatn skal ha minst god økologisk og god kjemisk tilstand eller godt økologisk potensial der dette er relevant innan 2021.

Indikatorar:

  • Del av førekomstar av kystvatn i Noreg som tilfredsstiller miljømåla i vassforskrifta

Pr. 1 mai er dei 11 vassregionane og 108 vassområda delte inn i om lag 28 600 vassførekomstar. Av desse er om lag 2230 vassførekomstar i kystvatn. Planarbeidet og innhenting av kunnskap for alt kystvatn er i full gang, og data som blir presentert under må reknast som førebelse. Tal frå Vann-nett pr. 1 mai 2013 syner at godt over halvparten av vassførekomstane i kystvatn er utan risiko for å ikkje tilfredsstille miljømåla i vassforskrifta. For kjemisk tilstand er innlagte data enno ikkje tilstrekkelege til å hente ut statistikk.

Tabell 12.1 Miljøkvalitetsstandardar for prioriterte stoff vart i 2012 spesifiserte i vassforskrifta ved gjennomføring av eit underdirektiv til vassdirektivet. Miljøkvalitetsstandardane konkretiserer miljømåla for kjemisk tilstand i vatn for 33 prioriterte stoff. Det vil ofte vere meir føremålstenleg å overvake miljøgifter i sediment og/eller organismar fordi denne typen overvaking gir eit betre bilete av belastninga av stoff som hopar seg opp i næringskjeda og utgjer eit problem over tid. Det blir derfor arbeidd med å utvikle miljøkvalitetsstandardar for organismar og sediment.

Vasstype

Tal totalt

Ikkje risiko

Mogleg risiko

Risiko

Ikkje vurdert

Kystvatn

2231

59 %

7,7 %

32,9 %

0,3 %

1.3. Alle bestandar som kan haustast av fisk, virvellause dyr og tare skal vere forvalta økosystembasert og haustast berekraftig.

Indikator:

  • Talet på arter der hausting og anna uttak er ein viktig faktor for negativ påverknad.

Dei viktigaste kommersielle fiskebestandane blir kontinuerleg overvaka og det er laga forvaltningsplanar for bestandar vi deler med andre land. I høve til rekrutteringsevna til dei ulike bestandane set forskarane grenseverdiar for kor høgt uttaket kan vere. Hausting er ein faktor som medverkar til ein dårleg bestandssituasjon for mellom anna nordsjøtorsk, kysttorsk, uer og ål. Det er behov for meir kunnskap om dei verknadene fiske og fangst gir på enkelte arter og økosystema i havet.

1.4 Utryddinga av truga marine arter skal vere stansa, og status for arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Indikator:

  • Talet på truga arter knytte til hav og kyst.

Ingen kjende marine arter er utrydda i våre farvatn sidan nordkaperen (ein art av bardekval) forsvann. Den siste kjende observasjonen av denne arten var i 1999. Det er i dag 45 truga marine arter på Norsk rødliste for arter 2010. Døme på truga arter er ål, grønlandskval, storskate og lomvi.

1.5. Dei mest truga naturtypane skal ha status som utvalde naturtypar.

Indikator:

  • Talet på truga naturtypar knytte til hav og kyst

  • Talet på utvalde naturtypar i havet og på kysten.

Ifølgje Norsk rødliste for naturtypar 2011 er ni marine naturtypar kategoriserte som truga. Det skjer eit kontinuerleg arbeid knytt til vurdering av truga marine naturtypar som bør bli utvalde naturtypar i sjø. Naturtypen ålegraseng er under vurdering som utvald marin naturtype. I overkant av halvparten av landets kommunar er kartlagde for marine naturtypar, men det er stort behov for auka kartlegging av naturtypar i sjø for å skaffe eit betre grunnlag for å vurdere status for ulike marine naturtypar.

1.6. Eit representativt utval av norsk natur skal vernast for kommande generasjonar innanfor naturmangfaldlova sitt verkeområde.

Indikator:

  • Areal og del av verna areal (inkl. årleg endring) fordelt på naturtypar i hav.

Omlag 2,4 pst. av sjøarealet innafor territorialgrensa er verna i medhald av naturmangfaldlova. Fleire truga, marine naturtypar og spesielle marine naturtypar har dårleg vern i Noreg. Miljødirektoratet har utarbeidd ei fagleg tilråding for korleis dei ulike verkemidlane i naturmangfaldlova kan brukast for å sikre eit representativt utval av marint naturmangfald.

Første fase av marin verneplan omfattar 36 kandidatområde. Oppstart av verneplanarbeidet for 17 av desse områda vart kunngjort i 2009. Tre marine område (Framvaren, Tautraryggen og Saltstraumen) vart verna i medhald av naturmangfaldlova i juni 2013.

Som bidrag til OSPARs nettverk av verna og beskytta område i det nordaustlege Atlanterhavet har Noreg førebels meldt inn seks område som er beskytta under fiskerilovgivinga, to område som er verna etter naturvernlova (Selligrunnen naturreservat og Ytre Hvaler nasjonalpark), område ved Svalbard og Bjørnøya som er verna etter svalbardmiljølova og Jan Mayen naturreservat som er verna etter Lov om Jan Mayen.

1.7. Verneverdiane i dei marine verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast.

Indikatorar:

  • Talet på og del av verneområde der verneverdiane er truga i hav og kystområde.

  • Talet på og del av verneområde med forvaltningsplan.

Ein tek sikte på å utarbeide forvaltningsplanar og tilpasse forvaltningssystemet til marine verneområde, under dette å kartleggje naturtypar nærare og å setje i gang overvaking.

1.8. Innan 2015 er dei samla menneskeskapte belastningane på korallrev og andre sårbare økosystem som er påverka av klimaendringar eller havforsuring minimerte, slik at deira funksjon i størst mogleg grad er halden oppe.

Indikatorar:

  • Utvikling i surleiksgrad (pH).

  • Talet på korallrev og andre sårbare økosystem påverka av havforsuring

På grunn av variasjonar i biologisk aktivitet er det stor naturleg variasjon i pH i havet. Systematisk overvaking av pH i norske havområde er gjennomført berre sidan 2010. Dette er for kort tid til å kunne identifisere ein langsiktig trend i pH-utviklinga, men ved å samanlikne overvakingsdata med data frå tidlegare forskingstokt er det vist at forsuringa er i gang også i norske havområde. Innhaldet av CO 2 i havet er aukande på grunn av at havet tek opp CO 2 frå atmosfæren. Dette fører til lågare pH og redusert innhald av kalkmineralar, som er viktige byggjesteiner for organismar med kalkskal.

Metodar for å måle effektar av havforsuring er under utvikling. Det er førebels ikkje etablert overvaking som gjer det mogleg å vurdere denne indikatoren.

1.9. Dei mest truga artene skal ha status som prioriterte arter.

Indikatorar:

  • Talet på prioriterte arter knytte til hav og kyst.

  • Bestandssituasjonen for utvalde sjøfugl.

Det er førebels ikkje vedteke prioriterte arter knytte til hav og kyst etter naturmangfaldlova, men fleire truga marine arter er aktuelle som prioriterte arter og er under vurdering.

Sjøfugl er gode indikatorar for tilstanden i havet. Den kraftige tilbakegangen i bestandane av sjøfugl, spesielt i dei nordnorske sjøfuglbestandane, gir derfor god grunn til uro over korleis det står til med dei marine økosystema. Talet truga arter av sjøfugl i Noreg, inkludert Svalbard, auka med fem arter frå 2006 til 2010. Både nordisk og internasjonalt er ein uroa over situasjonen for sjøfuglane.

Ved å overvake størrelsen på hekkebestandar, arten si overleving, reproduksjon og diett frå år til år gjennom eit nettverk av nøkkellokalitetar får vi ei augeblikksbilete av korleis det går med sjøfuglane våre, betre innsikt i kva som påverkar dei og kunnskap om deira sårbarheit for ulike typar av påverknad. Spesielt pelagisk beitande arter som lomvi og krykkje har ein negativ bestandsutvikling og sviktande rekruttering. Toppskarvbestanden viser ei positiv utvikling i overvakningsperioden 1980–2012 sett under eitt. Dette skuldast truleg god tilgang på fisk, særleg ung sei (0-2 år) i kystområda. Ærfuglbestanden har halde seg relativt stabil i heile overvakingsperioden, men det er variasjonar mellom enkeltområde. Det har vore ein auke i Skagerrak og ein nedgang i Trondheimsfjorden og på delar av Helgelandskysten. For krykkje og lunde har utviklinga vore negativ. Hekkebestanden av krykkje er no under ein fjerdedel av nivået i 1980. Ei tilsvarande utvikling har vi sett over heile Nord-Atlanteren. Nedgangen i hekkebestanden av lunde heldt fram også i 2012, etter ein liten auke i 2010. Langtidstrenden for alle koloniane er negativ.

På grunn av stor tilbakegang i bestandane gjennom mange år, er mellom anna lomvi, alke, polarlomvi, lunde og krykkje oppført på Norsk Raudliste for arter 2010.

Nedbeitinga av stortare langs kysten blir nøye overvaka. Overvakinga av stortare viser at stortare etablerer seg igjen i dei ytre kystområda nord til Bodø der den tidlegare var nedbeita av kråkebollar. Lengre nord er det framleis store område som blir dominerte av kråkebollar, og med noko tareskog innimellom. Siste rapport frå sukkertareovervakinga viser at tilstanden til sukkertare sidan 2008 har betra seg fleire stader i Skagerrak på strekninga frå Ytre Oslofjord til Grimstad, mens den er forverra i enkelte område frå Kristiansand til Stavanger.

1.10. Ved innførsel og utsetjing av framande organismar skal vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet unngåast. For dei mest skadelege framande organismane som allereie er sette ut i norsk natur skal tiltak for å nedkjempe desse vere sette i gang eller gjennomførte.

Indikatorar:

  • Talet på nedkjempings/utryddingstiltak fordelt pr. art.

I den andre risikovurderinga av framande organismar i norsk natur, Fremmede arter i Norge – med norsk svarteliste 2012, som vart lagt fram i juni 2012 vart 1180 arter risikovurderte. Bak arbeidet ligg ein klassifiseringsmetode utvikla av norske biologar. Metoden er eit nybrotsarbeid også i internasjonal samanheng, og kan i prinsippet nyttast på alle arter på kloden. Risikovurderingane og svartelista er eit viktig verktøy når styresmaktene skal prioritere tiltak mot etablerte, skadelege framande organismar.

Noreg har ratifisert IMOs konvensjon om spreiing av framande organismar med ballastvatn frå skip. Ei norsk forskrift om handtering av ballastvatn tredde i kraft 1. juli 2010. Noreg er eit av dei første landa i verda som har innført krav til handtering av ballastvatn.

Med unntak for avgrensa lokalitetar, er det vanskeleg å utrydde framande organismar som spreier seg i kystvatn og i havområda. Utviklinga i spreiinga av stillehavsøsters blir overvaka, og vi ser at status er avhengig av isdekke om vinteren slik at utbreiinga varierer noko frå år til år. Sjølv om arten no er godt etablert i Noreg, er det ikkje aktuelt med utryddingstiltak. Unnateke frå dette er område der vi ser at arten er ein direkte trussel mot den truga arten. Eit system for tidleg varsling av framande marine artar er starta opp. Dette vil vere eit viktig verktøy for å få oversikt over utviklinga i framande marine organismar.

1.11. Utsetjing av genmodifiserte organismar skal ikkje føre til skade på naturmangfaldet, jf. genteknologilova.

Indikator:

  • Se resultatområde 6

Det er ikkje påvist genmodifiserte organismar i hav- og kystområda. I USA er genmodifisert laks under vurdering i høve til helserisiko. Den norske oppdrettnæringa har signalisert at slik laks ikkje er aktuell i Noreg. Mattilsynet har under matlova gitt dispensasjon til fiskfôrprodusentar til å bruke 19 ulike genmodifiserte planter. Næringa har ikkje nytta seg av dispensasjonen.

1.12. Dei nasjonale tilførslene av næringssalt og partiklar til kystvatn som er prega av overgjødsling eller nedslamming skal reduserast til eit nivå som sikrar god kjemisk og økologisk tilstand innan utgangen av 2021.

Indikatorar:

  • Delen av kystvatn som har god kjemisk og økologisk tilstand.

  • Delen av kystvatn som står i fare for nedklassifisering som følgje av tilførsler av næringssalt.

Resultat frå kystovervakinga viser at tilstanden i kystvatn dei fleste stader er god med omsyn til kjemisk og biologisk tilstand på ytre kyst. På indre kyst har vi fleire vassførekomstar som står i fare for å ikkje å oppnå miljømålet innan 2021. Tilstanden på Vestlandet og nordover er mindre godt kjent grunna manglande overvaking

1.13. Operasjonelle utslepp skal ikkje føre til helse- eller miljøskade eller medverke til auke i bakgrunnsnivåa av olje eller andre miljøfarlege stoff over tid.

Indikatorar:

  • Mengda operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff i vatn frå petroleumsverksemd

  • Mengda operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff frå skip og landbasert verksemd.

Målet om nullutslepp (nullutsleppsmålet) betyr at det som hovudregel ikkje skal sleppast ut olje og miljøfarlege stoff, verken tilsette eller naturleg førekommande kjemiske stoff. Nullutsleppsmålet gjeld heile norsk sokkel og er basert på føre var-prinsippet. Målet skulle ha vore nådd for både nye og eksisterande installasjonar innan 2005. Målet om nullutslepp er vurdert som oppnådd for tilsette kjemikaliar. Basert på innrapporterte tal for utslepp for 2008 og nye tilbakemeldingar på status frå operatørane i 2009 vurderte Klima- og forureiningsdirektoratet (no Miljødirektoratet) måloppnåinga for nullutsleppsarbeidet og behovet for vidare arbeid og fann at det er behov for ytterlegare tiltak for enkelte innretningar for å sikre at nullutsleppsmålet blir nådd òg for olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn. Etter denne rapporteringa har også OSPAR vedteke ei ny tilråding om ei risikobasert tilnærming til handtering av produsert vatn. OSPARs tilråding stadfester det norske nullutsleppsarbeidet og medverkar til forsterka innsats nasjonalt for å redusere risiko frå produsert vatn. Nye risikovurderingar og vurderingar av beste tilgjengelege teknologi (BAT) vil bli gjennomført dei næraste åra, noko som Miljødirektoratet vil nytte som grunnlag for eventuelle krav om tiltak.

Den viktigaste kjelda til utslepp av olje frå petroleumsverksemda er utsleppa av produsert vatn. I 2012 var den totale mengda produsert vatn 163 mill. m 3. I følgje prognosar frå Oljedirektoratet vil mengda produsert vatn auke fram mot 2015 for deretter å halde seg stabil. Produsert vatn som kjem opp på plattformene med brønnstraumen blir reinsa, og anten pumpa tilbake i reservoaret eller reinsa og sleppt ut. Ca. 20 pst. av vatnet blir injisert. Mengda injisert vatn har vore stabilt dei siste åra. I 2012 vart det i alt sleppt ut 1535 tonn dispergert olje til sjø saman med det produserte vatnet, som er noko meir enn i 2011.

1.14. Risikoen for helse- eller miljøskade som følgje av akutt forureining skal haldast på eit lågt nivå og skal kontinuerleg søkjast redusert ytterlegare.

Indikator:

  • Talet på og mengd akutte utslepp av olje og andre miljøfarlege stoff frå petroleumsverksemd, skip og landbasert verksemd.

Verksemd som kan føre til akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i høve til risikoen for akutt forureining.

Alle operatørselskapa på norsk sokkel må etablere ein akseptabel beredskap mot akutt forureining basert på miljø- og risikoanalyse, før leite- og produksjonsverksemd startar. Petroleumsnæringa skal til ei kvar tid syte for dimensjonering og plassering av beredskapsfunksjonar som gir best mogleg beredskap innanfor dei rammene som styresmaktene har sett, blant anna gjennom krav og vilkår i enkeltløyve. I 2012 var det i alt 270 utilsikta utslepp på til saman om lag 382 m 3 frå offshoreverksemda på norsk sokkel. Av dette var 122 utslepp og 16 m 3 olje, mens det var 148 kjemikalieutslepp på til saman 365 m 3 . På landsida har 72 bedrifter utvida beredskapskrav og 33 regionar har beredskapskrav og godkjende beredskapsplanar. Alle høgrisikobedrifter er dekte. Kommunane dekkjer sitt beredskapsansvar gjennom interkommunalt samarbeid, og landet er inndelt i 33 interkommunale samarbeidsregionar som alle har godkjende beredskapsplanar. I 2012 vart det registert [XX] akutte utslepp av olje og andre kjemikaliar frå landbasert industri. I tillegg kjem akutte utslepp frå landtransport, bunkersanlegg og nedgravne oljetankar. Det er ikkje rapportert store akutte utslepp av olje og kjemikaliar frå landbasert industri.

1.15. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å hindre uønskt nedbygging i strandsona og sikre berekraftig ressursutnytting langs kysten

Indikatorar:

  • Del av arealet i 100-metersbeltet langs kysten frå svenskegrensa til og med Hordaland som er tilgjengeleg for allmenta.

  • Talet på dispensasjonar for nybygg i 100-metersbeltet langs sjø.

  • Talet på nybygg i strandsona i medhald av plan.

  • Omfang av planar for sjøareala langs kysten.

Talet på gitte dispensasjonar for nybygg i 100-meterbeltet langs saltvatn gjekk litt opp frå 2011 til 2012. Tala viser at Regjeringas innskjerpingstiltak er naudsynte. Samstundes vart det i 2012 gitt om lag 900 byggjeløyve i samsvar med plan. Noko som er lågare enn alle åra i perioden 2005–2011 og betydeleg lågare enn i 2011 med om lag 1300. I 2012 var dei samla tala for dispensasjonar og byggjeløyve etter plan- og bygningslova for første gang i perioden frå 2005 under 2000.

Miljøforvaltninga arbeider aktivt med å formidle nasjonal politikk for planlegging i strandsona blant anna gjennom samlingar i kystsonenettverka (fylkesmannen) og fylkeskommunane. Miljødirektoratet er i gang med å utarbeide gode døme på arealplanlegging i strandsona og gir juridisk bistand og rettleiing til kommunar for å sikre allmenta sine interesser i strandsona. Det er òg utvikla rettleiingsmateriell for korleis kommunane kan ta vare på naturmangfald i strandsona og i kystsona. Sjå omtala av Planlegging for ei berekraftig utvikling under verkemiddelområdet Regelverk og samfunnsplanlegging, for nærare informasjon og meir detaljerte tal.

1.16. Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjon eller forstyrre dyrelivet. Svalbards natur skal kunne opplevast uforstyrra av motorisert ferdsel og støy, også i område som er lett tilgjengelege frå busetjingane.

Indikatorar:

  • Volum og fordeling av motorisert ferdsel til sjøs på Svalbard.

  • Talet på og geografisk spreiing av landstigningar frå cruiseskip utanfor planområda.

  • Talet på helikoptertimar.

Det har igjen vore ein tydeleg auke i talet på passasjerar som besøker Svalbard med oversjøiske cruiseskip. Talet på cruiseskip som besøker Svalbard eitt eller to døgn som del av ei lengre reise har vore stabilt i underkant av 30 dei seinare åra, mens talet på passasjerar på desse skipa har auka frå 15 000 passasjerar til ein topp i 2007 på ca. 33 000 passasjerar. Etter 2007 har tala gått gradvis ned til ca. 24 000 passasjerar i 2011. I tillegg har ekspedisjonscruisetrafikken rundt Svalbard auka noko dei siste åra, og talet på private småbåtar som besøker Svalbard i løpet av sommarsesongen har auka. I 2011 kom det rundt 60 private seglbåtar til Svalbard. Talet på stader for å stige i land har òg auka i same perioden, og ligg no på om lag 170 -180 stader.

Talet på helikoptertimar har dei siste åra vore stabilt på om lag 1300 timar.

1.17. På Svalbard skal omfanget av villmarksprega område haldast ved lag, naturmangfaldet bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet, og verneområda sin verdi som referanseområde for forsking sikrast.

Indikatorar:

  • Del av verneområda med godkjent forvaltningsplan.

  • Bestandsstatus for raudlista arter og andre utvalde arter.

  • Status for framande arter og effektar av desse.

To av dei 29 verneområda på Svalbard, Bjørnøya naturreservat og Hopen naturreservat, har godkjent forvaltningsplan. Arbeidet med forvaltningsplanar for naturreservata Nordaust-Svalbard og Søraust-Svalbard er fullført, og arbeidet med forvaltningsplan for Nordvest-Spitsbergen og Forlandet nasjonalparkar med nærliggjande fuglereservat er starta opp. Polarlomvi har komme inn Raudlista for Svalbard frå 2010 grunna teikn på sterk nedgang i bestanden dei siste åra. Praktærfugl står òg på raudlista fordi bestanden truleg er mindre enn anteke. Isbjørn, kvalross og steinkobbe står framleis på Norsk rødliste for arter.