Miljøverndepartementet (MD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Våtmarkene er av dei mest produktive økosystema vi finn på jordkloden, og dei er blitt kalla «biologiske supersystem». Denne naturtypen er òg blant verdas mest truga økosystem. Noreg har fleire typar av våtmark enn mange andre land, frå næringsfattige torvmyrer og svært næringsrike grasmyrer til ulike kjelder og flaummark. Knapt noko land i Europa har større variasjon i utforming og plante- og dyreliv i våtmarker. Av totalt 50 arter av torvmosar i Europa finn vi 47 i Noreg. Mange av dei 46 artene av augestikkarar som finst i Noreg er av dei største insekta vi har.

Våtmarkene leverer viktige økosystemtenester. Mange våtmarker, særleg myrer, har stor kapasitet til å lagre vatn, og medverkar på den måten både til å jamne ut flaumtoppar og hindre tørke ved å vere eit slags vassmagasin. Denne sida ved våtmarkene gjer dei spesielt interessante i klimatilpassing. Våtmarkene har òg ei unik evne til å reinse vatn, og skaffar på den måten reint drikkevatn. Våtmarkene bind store mengder karbon, og øydelegging gjennom drenering og utbygging av myr kan derfor føre til store CO 2 -utslepp når torvmosen rotnar. Mange myrer kan karakteriserast som naturen sitt bibliotek ved at frø og restar av planter og dyr blir bevarte i ulike lag grunna mangel på oksygen. Myra blir derfor ei viktig kjelde til kunnskap om klima og plante- og dyreliv i tidlegare tider.

Nasjonale mål

Nedanfor blir dei nasjonale måla og indikatorane presenterte. Til slutt i dette kapitlet blir det rapportert på måla frå budsjettproposisjonen i fjor.

Nasjonalt mål 3.1. Mangfaldet av våtmarker skal takast vare på eller gjenopprettast innan 2020. Som ein del av dette skal det genetiske mangfaldet og viktige økologiske funksjonar og tenester sikrast.

Indikatorar:

  • Talet på truga naturtypar i våtmark.

  • Talet på utvalde naturtypar i våtmark.

  • Talet på restaurerte våtmarksområde.

Nasjonalt mål 3.2. Eit representativt utval av våtmarker skal vernast for kommande generasjonar, og verneverdiane i verneområda skal oppretthaldast eller gjenopprettast.

Indikatorar:

  • Totalt verna areal og verna areal fordelt på naturtypar i våtmark.

  • Talet på og del av verneområde knytt til våtmark der verneverdiane er truga.

  • Talet på verna våtmarksområde med forvaltningsplan.

Nasjonalt mål 3.3. Tapet av truga våtmarksarter skal vere stansa, og tilstanden til arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Indikatorar:

  • Talet på truga arter knytte til våtmark.

  • Talet på prioriterte arter knytte til våtmark og bestandsutvikling for desse.

Nasjonalt mål 3.4. Vesentlige uheldige følgjer for naturmangfaldet i våtmark av framande organismar skal unngåast.

Indikatorar:

  • Talet på framande skadelege organismar i våtmark og utbreiinga deira.

Tilstand

Våtmark er definert på litt ulike måtar. I Naturindeksen omfattar våtmark myr, kjelde og flaummark (under dette elvedelta). Våtmarker dekkjer om lag 10 pst. av arealet i Fastlands-Noreg, og størstedelen av dette er myr.

Myr og kjelder er område med høgt nivå av grunnvatn heile eller store delar av året, og her lever arter som er tilpassa eit liv under tilhøve metta av vatn. Flaummark er område langs elvar og innsjøar som blir utsette for overfløyming, erosjon og sedimentering. Naturtypane i våtmarksområda er svært mangfaldige og mange er artsrike. Myrer har høgt nivå av grunnvatn som gir høg markfukt og oksygenfattig miljø nesten heilt opp til overflata. Dette gir dårlege livsvilkår for mange arter. Likevel er det stort mangfald av liv i den øvste delen av torva, ikkje minst av arter som bakteriar, algar og sopp. Torvmosane er spesielt tilpassa eit liv på myr ved at dei veks raskt i spissen av skotet, og døyr nedanfrå. Daude torvmosar utgjer derfor ein stor del av torva i mange myrar. Karplantene som lever på myr har oftast luftvev i stengel og rot (sumpplanter) som til dømes mange arter av starr, myrull og bukkeblad. Andre planter har tilpassa seg ved at dei lever nær overflata der det er god tilgang på oksygen. Dette gjeld soldogg og tettegras. Desse to artene fangar i tillegg insekt som blir sitjande fast på klistrete blad og dei får på den måten tilleggsnæring.

Vi finn fleire typar av myr i Noreg, med næringsfattige nedbørsmyrer og næringsrike grasmyrer som dei to ytterpunkta. På dei næringsfattige nedbørsmyrene finn vi berre om lag 20 arter av karplanter, mens vi på ei rikmyr finn meir enn 200 arter av karplanter. Insektlivet på myr er heilt spesielt. Mest iaugefallande er dagsommarfuglane og augestikkarane. Ei rekkje insekt lever nesten berre på og i torvmosar, og det øvste laget på torvmyrer inneheld store mengder av edderkopparter og billearter. Vi finn fleire arter av frosk og salamander i myrvatn- og i flaummarksdammar som ikkje er for sure. Slike område har òg ein karakteristisk fuglefauna. Det er særleg mange vadefuglar som er avhengige av våtmark, men òg andre arter som gjæser, ender, riksefuglar og ein del arter av sporvefugl treng slike naturtypar som hekke- og rasteplass, og for nokre er dei òg overvintrings- og fjørfellingsområde.

Kjelder har oksygenrikt grunnvatn som spring fram frå undergrunnen, og dekkjer vanlegvis små areal. Ei rekkje plantearter er karakteristiske for kjelder, til dømes trillingsiv, gulsildre og mange mosearter. Faunaen er meir artsfattig. Fjørmygg, døgnfluger, steinfluger og vasskalvar er typiske insektarter rundt vasskjelder.

Ifølge Naturindeksen for Noreg for 2012 er tilstanden for naturmangfaldet i våtmark (myr-kjelde-flaummark) middels god med ein indeks på 0,52. I dag skjer lite omlegging av myr til dyrka mark, men tidlegare inngrep har gjort store skade og dei fleste av desse er irreversible. Om lag 15 pst. (443 arter) av dei truga artene lever i våtmark. Dei fleste av planteartene på raudlista er knytte til rikmyr. Døme på slike arter er plantene huldrestarr, myrflangre, knottblom og alvemose. Våtmarker er viktige hekkeområde for alle dei fem norske fugleartene som er med på Den globale raudlista. Dette er dverggås, åkerrikse, dobbeltbekkasin, storspove og svarthalespove. Dverggåsa har dei seinare åra minka sakte men sikkert, til nokre få attverande par i Finnmark. Av andre dyr er spissnutefrosk og storsalamander arter på Norsk rødliste for arter 2010. Vi finn 16 naturtypar i våtmarksområde på Norsk rødliste for naturtypar 2011. Døme på ein slik naturtype er palsmyr.

Ein god del av dei mest verdifulle areala av våtmark som er att, er verna etter naturmangfaldlova. Gjennom verneplan for myr og våtmark er meir enn 600 naturreservat oppretta. For flaummark er Verneplan for vassdrag svært viktig. Om lag 18 pst. av myrene er verna. Myrer i fjellet er godt dekte av områdevernet, mens langt færre våtmarker i låglandet i Sør-Noreg er verna. Inkludert Svalbard har vi no 51 våtmarkssystem som blir rekna som internasjonalt viktige våtmarksområde på lista til Ramsarkonvensjonen. Døme på slike område er Stabbursneset (Finnmark), Nordre Øyeren (Akershus) og Åkersvika (Hedmark).

Dverggås og svarthalespove er vedtekne som prioriterte arter med økologisk funksjonsområde etter naturmangfaldlova. Slåttemyr er utvald naturtype etter naturmangfaldlova og skal derfor takast særskilt omsyn til.

På Svalbard utgjer våtmarker ein stor del av tundraområda i dei isfrie dalføra og på kystslettene. Våtmarker på Svalbard omfattar mosetundra og andre våte tundratypar, område med innsjøar og dammar, elvesletter, deltaområde og grunne kystområde med øyar og skjer. Desse områda har stor verdi for trekkjande bestandar av gjæser, ender og vadefuglar. Våtmarker på Svalbard er generelt lite påverka av arealbruk og arealbruksendringar. Ein stor del av dei viktigaste våtmarkene på øygruppa er i dag innanfor verneområda, som dekkjer 67 pst. av landarealet. Fem mindre område på Svalbard og Bjørnøya, Hopen, Sørkapp og Nordenskiöldkysten er førte inn på lista til Ramsarkonvensjonen om vern av våtmarker. Alle Ramsarområde på Svalbard er verna i medhald av Svalbardmiljølova.

Påverknader

Endra arealbruk er vurdert til å vere ein trussel mot heile 85 pst. av dei truga artene som lever i våtmarksområde. Minst 1/3 av det opphavlege arealet av myr under skoggrensa er brukt til landbruks- og utbyggingsføremål. I låglandet i Sør-Noreg er ein endå større del av myrene øydelagde som naturlege økosystem. I til dømes Vestfold og store delar av Østfold og Akershus er så godt som alle større myrer som ikkje er verna øydelagde eller sterkt påverka av tekniske inngrep. Heilt sidan midten av 1700-talet og fram mot 2000 har ein i Noreg drive med grøfting av myr for å auke arealet av dyrka mark og for å auke skogproduksjonen. I perioden 1919–1996 er det gitt tilskot til oppdyrking av om lag 2000 km 2 myr, og meir enn 4000 km 2 myr er grøfta for skogplanting. For slike landbruksføremål er rikmyrene best eigna, og det er no berre att små areal av rikmyrer i låglandet. Desse inneheld mange truga arter. Bruk av myr til torvstrø og brenntorv har gått hardast ut over nedbørsmyrene. I tillegg kjem nedbygging til vegar, idrettsanlegg, tomtegrunn og vassmagasin knytte til kraftutbyggingar. Mange arter knytte til flaummark er blitt sjeldne som følgje av kraftutbyggingar. Døme på dette er karplantene sibirstjerne, småjonsokblom og kveinhavre. Billa elvesandjeger og fuglen fjellmyrløpar er døme på sjeldne dyr.

Så lenge det har vore jordbruk i Noreg, har myrer og flaummarker vore hausta gjennom husdyrbeite og utmarksslått. For slått og beite eigna rikmyrene og dei gras- og urtedominerte flaummarkene seg best. Derfor var desse naturtypane dei siste som vart brukte til utmarksslått. I nokre område gjekk myrslått føre seg til etter 1950. Men så vart det slutt på slik bruk, og når beite og slått som hadde vore utøvd i fleire hundre år ikkje vart gjennomført lenger blir resultatet attgroing og andre endringar i dei artsrike, kulturprega naturtypane. Desse prosessane går føre seg med full tyngd i våre dagar. Resultatet er at ei rekkje arter som krev mykje lys og open vegetasjon, som til dømes den truga orkideen svartkurle, får problem med å overleve.

Auka tilgang på nitrogen gjennom blant anna luftforureining fører til auka produksjon, og derfor attgroing. Dette påverkar spesielt konkurransesvake arter. Klimaendringar vil òg påverke våtmarkene, og komme i tillegg til dei eksisterande påverknadane. Mange drenerte myrer som ikkje held på vatnet, fører vatnet raskt ut i elvane, som stig raskare og meir enn dei elles ville gjort.

Mangfaldet og fordelinga av våtmarker på Svalbard er kritisk avhengig av permafrosten og prosessar knytte til denne. Våtmarkene på Svalbard er derfor spesielt sårbare for klimaendringar. Oppvarming av permafrosten på Svalbard er allereie observert. Ved Longyearbyen har temperaturen dei siste 30 åra auka med 0,7 pr. tiår på ca. 2 meters djup. Med dei raske temperaturstigingane som er venta på Svalbard, kan den framtidige tininga av permafrost skje raskare enn tidlegare berekna.

Etterkvart som temperaturen i Arktis stig, kan våtmarkene bli ei globalt viktig kjelde til frigjering av CO 2 og metan til atmosfæren. Det er avgrensa med organisk materiale i permafrosten på Svalbard. Tining av permafrost på Svalbard vil derfor truleg bety lite som kjelde til klimagassar.

Våte tundraområde på Svalbard er svært sårbare for mekanisk slitasje knytt til barmarkskøyring. Det er mange område med tydelege skadar knytte til slik køyring i samband med gruvedrift og oljeleiting på land fram til 1980-talet. Inngrep som vegar og liknande kan på grunn av permafrosten endre hydrologien og dermed påverke våtmarker over forholdsvis store område. I dag er inngrep og barmarkskøyring strengt regulert, og endra arealbruk er i lita grad eit trugsmål mot våtmarker og artene som lever der.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Samfunnsplanlegging

Arealpolitikk og samfunnsplanlegging etter plan- og bygningslova er eit tverrgåande verkemiddel som set rammer for måloppnåinga, og medverkar til å sikre berekraftig forvaltning av verdifulle naturmiljø. Kommunal, regional og statleg planlegging skal mellom anna medverke til å hindre uønskt nedbygging av våtmarker. For område og naturmangfald som ikkje er verna etter naturmangfaldlova kan planar etter plan- og bygningslova sikre ønskt forvaltning gjennom bruk av arealformål og omsynssone med tilhøyrande føresegner. Lova kan nyttast direkte, til dømes ved at viktige landskaps-, natur- og kulturområde blir definerte som verneområde i arealplanar. Sjå også verkemiddelområdet Regelverk og samfunnplanlegging for nærare omtale.

Sikring av våtmark

Det er viktig at våtmarkene blir beskytta, anten ved vern eller anna skjerming. Dei fleste land i verda, inkludert Noreg, er partnarar i Ramsarkonvensjonen som er den internasjonale avtala om våtmarker. Det at våtmarker har ei eiga internasjonal avtale understrekar kor viktig denne naturtypen er.

Ca. 18 pst. av myrene i Noreg er verna etter naturmangfaldlova kap. V. Av dei verna områda er 63 våtmarksområde oppførte på Ramsarkonvensjonen si liste som internasjonalt viktige våtmarksområde. Pr. september 2013 gjenstår ein fylkesvis verneplan – myrplanen for Finnmark. Arbeidet med denne verneplanen vil bli følgt opp i 2014.

For å nå målet om å ta vare på eit representativt utval av norsk natur skal det utarbeidast ein strategi for å avklare kva slag naturtypar, under dette våtmark, som bør sikrast gjennom områdevern i medhald av naturmangfaldlova, eller gjennom bruk av andre verkemiddel i naturmangfaldlova og anna regelverk. Strategien vil byggje på den naturfaglege evalueringa av norske verneområde som er gjennomført av Norsk Institutt for naturforsking. Evalueringa viser at det er mangelfull dekning i verneområda av våtmarkstypane lågareliggjande rikmyr, kjelde, kjeldebekk, intakt låglandsmyr, kystmyr, kroksjøar og flaumdammar. Oppfølginga av strategien kan gjere det aktuelt å planlegge eller starte nye verneprosessar i 2014.

Sikring av verneverdiar i verna våtmarksområde

Det er viktig å sikre at forvaltninga av etablerte verneområde byggjer opp under verneformålet slik at verneverdiane ikkje blir reduserte eller øydelagde som følgje av inngrep eller bruk som ikkje er berekraftig. Dei siste åra har forvaltningsplanar for Ramsarområde blitt prioriterte, og dei fleste eldre Ramsarområda har no ein ferdig forvaltningsplan, eller ein slik plan under arbeid. Ein del av dei Ramsarområda som vart melde inn til Ramsarkonvensjonen i perioden 2011–2013 manglar framleis forvaltningsplan, og arbeidet med å utarbeide forvaltningsplanar for desse områda vil halde fram i 2014. Det skal òg utarbeidast forvaltningsplanar for dei verna våtmarksområda som ikkje er Ramsarområde. Gjennomføring av tiltaka i dei vedtekne forvaltningsplanane vil òg bli prioritert. Ein del verna våtmarksområde har ei avgrensing som vart vurdert som riktig på vernetidspunktet, men som vi med ny kunnskap vurderer som for små til at dei økologiske funksjonane i områda kan bli oppretthaldne. Miljødirektoratet har starta ein gjennomgang av prioriterte Ramsarområde for å vurdere om det er behov for ei anna avgrensing. Samstundes blir dei gamle verneforskriftene vurderte og oppdaterte i tråd med naturmangfaldlova.

Prioriterte arter og utvalte naturtypar

Arbeidet med å peike ut prioriterte arter og utvalte naturtypar vil halde fram i 2014. I dette arbeidet vil òg arter og naturtypar knytte til våtmark bli vurderte. Døme på naturtypar i våtmark som blir vurderte som utvalte naturtypar er elvedelta, fossesprøytsonar, høgmyr i innlandet og rikmyr. Ein vil òg følgje opp dei artene som er blitt prioriterte, til dømes dverggås, og dei naturtypane som er blitt utvalte, til dømes slåttemyr, i samsvar med gjeldande handlingsplanar for desse artene og naturtypane. Staten har eigne ordningar for tilskot til skjøtsel og andre tiltak for å ta vare på dei prioriterte artene og utvalde naturtypane.

Restaurering av våtmarksområde

Det er stort behov for å restaurere våtmark i Noreg. Som det går fram av NOU om klimatilpassingar i det norske samfunnet frå 2010 er restaurering av våtmarker eit viktig tiltak for å møte og tilpasse seg klimaendringane også nasjonalt. Frodige våtmarker som har sine økologiske funksjonar intakt er viktige for å demme opp for flaum og andre naturkatastrofar. Miljødirektoratet har kartlagt 300 våtmarker som har behov for restaurering. Det er eit mål å restaurere minst halvparten av øydelagde våtmarker innan 2020. Basert på denne kartlegginga har Miljødirektoratet i samarbeid med fylkesmannen utarbeidd eit forslag til ein nasjonal plan for restaurering av 10 våtmarkslokalitetar i perioden 2014–2018. I arbeidet med planen har fylkesmannen hatt kontakt med kommunar og aktuelle grunneigarar, og det er lagt vekt på samarbeid med landbrukssektoren og vassdragsstyresmakta. Potensialet for stor betring i økologisk status, ramsarstatus, førekomst av truga arter og naturtypar og lågt konfliktnivå har vore viktige kriterium for val av område i planen. Direktoratet vil utvide samarbeidet med relevante sektorar med sikte på samfinansiering av restaurering etter denne planen. I tillegg vil Miljødirektoratet i 2014 gjere ein gjennomgang av dei 300 kartlagde lokalitetane og prioritere lokalitetar der restaurering har låg kostnad og stort potensiale for betring i økologisk status. Informasjon om andre sektorar sine finansieringsordningar som kan nyttast ved restaurering av våtmark vil bli spreidd frå direktoratet til fylkesmannen, kommunar og forvaltningsstyresmakter. Miljødirektoratet har òg starta samarbeid med andre land for å sikre bruk av gode metodar i restaureringsarbeidet. Både Sverige, Danmark, Finland, Latvia og Litauen har medverka til kunnskapsoverføring.

Kunnskap og informasjon om våtmark

Som det går fram av klimatilpassingsmeldinga er restaurering av våtmark eit viktig tiltak for å møte og tilpasse seg klimaendringane også nasjonalt. Det er viktig å auke forståinga og kunnskapen om dei økosystemtenestene som våtmark leverer, og å få betre kunnskap om verdien av desse økosystema og kostnadene ved tap av våtmarker. Regjeringa har autorisert 5 våtmarkssenter som skal vere spydspissar i formidlinga om våtmark. Støtta til våtmarkssenter og -utstillingar vil halde fram i 2014. Regjeringa vil òg vurdere å autorisere 1-2 nye våtmarkssenter. I 2014 vil det òg bli sett i gang ulike nye informasjonstiltak som følgje av handlingsplanen for bevisstgjering og informasjon om våtmarker. Nettverket av våtmarksinitiativ vil halde fram og det blir vurdert å invitere med frivillige organisasjonar og forskingsmiljø.

Ramsarkonvensjonen oppmodar til systematisk kartlegging av partslanda sine våtmarker. Kartlegging av våtmark inngår i arbeidet med naturtypekartlegging i Noreg, både innanfor og utanfor verneområde. Kartlagde lokalitetar blir lagt inn i kartdatabasen Naturbase. Ramsarområde vil bli prioriterte i basiskartlegginga av verneområde framover.

Mange våtmarksområde eignar seg for tilrettelegging for naturbasert friluftsliv og reiseliv, og informasjonsverkssemd knytt til dette. Eit godt døme på dette er Nordre Øyeren i Akershus fylke. Her er det etablert eit våtmarkssenter med fokus på formidling av våtmarkene sine verdiar, og det blir årleg gitt eit heildags undervisningsopplegg for om lag 3000 skuleelevar. I sommarhalvåret går det ein turistbåt i deltaområdet som fraktar besøkande på guida turar. Miljøverndepartementet held fram arbeidet med brei verdiskaping basert på naturarven i 2014 og tiltak kring våtmark kan få støtte til utviklingsprosjekt som har potensial for miljøvis, sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping.

Internasjonalt arbeid med våtmark

Ramsarkonvensjonens (Våtmarkskonvensjonen) definisjon av våtmark omfattar fleire naturtypar. Typiske eksempel er innsjøar og tidevassområde, strandsoner, korallrev, mangroveskog og laguner. Regjeringa er oppteken av at det er stort potensial hos styresmakter og utviklingsaktørar for auka medvit om dei økosystemtenestene som fattige får frå våtmarker. Våtmarkene blir ofte demde opp, bygde ned eller drenerte. Det er behov for meir kunnskap slik at styresmakter og råka lokalbefolkning får større innsikt i kva for ressursar våtmarker gir til lokalsamfunn. Ein internasjonal rapport om økonomisk verdi av våtmarker blei lagt fram i februar 2013.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2013

3.1. Utryddinga av truga våtmarksarter skal vere stansa, og status for arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Indikator:

  • Talet på truga arter knytte til våtmark.

I følgje Norsk rødliste for arter 2010 er 174 arter i våtmark truga. Av desse finn vi både karplanter, til dømes mjukt havfruegras, insekt som strandmaurløve og mange fuglearter som til dømes brushane og myrrikse.

3.2. Mangfaldet av naturlege våtmarker skal takast vare på eller gjenopprettast innanfor deira naturlege utbreiingsområde, og slik at alle arter førekjem i levedyktige bestandar. Det genetiske mangfaldet og viktige økologiske funksjonar og tenester skal takast vare på.

Indikator:

  • Talet på restaurerte våtmarksområde.

I 2012 vart arbeidet med restaurering av delar av Hæra naturreservat i Østfold sett i gang. Reservatet ligg i Trøgstad kommune som òg har forvaltningsmynde for området. Hæra naturreservat er eit stort og komplekst våtmarksområde og arbeidet fram mot ei fullskala restaurering er venta å ta fleire år.

3.3. Dei mest truga naturtypane i våtmark skal ha status som utvalde naturtypar.

Indikatorar:

  • Talet på truga naturtypar i våtmark.

  • Talet på utvalde naturtypar i våtmark.

I følgje Artsdatabanken si rødliste for naturtypar 2011 er 10 naturtypar i våtmark truga. Dette gjeld naturtypane grankjeldeskog, kystnedbørsmyr, sentrisk høgmyr, varmekjær kjeldelauvskog, open låglandskjeldemyr, slåttemyrflate, palsmyr, rikare myrflate i låglandet, rikare myrkantmark i låglandet og slåttemyrkant.

Det er ikkje vedteke utvalde naturtypar knytte til våtmark etter naturmangfaldlova.

3.4. Dei mest truga artene i våtmark skal ha status som prioriterte arter.

Indikator:

  • Talet på prioriterte arter knytte til våtmark.

Dei åtte første prioriterte artene etter naturmangfaldlova vart vedtekne i mai 2011. Dette er fugleartene dverggås og svarthalespove, insektartene elvesandjeger, eremitt og klippeblåvenge og planteartene dragehovud, honningblom og raud skogfrue. Av desse artene lever planta honningblom i våtmark, og dverggås og svarthalespove er nært knytte til våtmark.

3.5. Eit representativt utval av våtmarker skal vernast for kommande generasjonar.

Indikator:

  • Areal og del av verna areal (inkl. årleg endring) fordelt på naturtypar knytte til våtmark.

Om lag 18 pst. av myrene er verna. Den naturfaglege evalueringa frå 2010 viste at 633 av totalt 2688 verneområde på det tidspunktet hadde våtmark som hovudfokus. I løpet av 2012 og 2013 er det gjennomført utviding av våtmarksområdet Rinnleiret naturreservat i Nord-Trøndelag og naturreservata Ilene og Presterødkilen i Vestfold. Alle desse våtmarksområda har Ramsarstatus. I løpet av 2013 skal verneplan for Tyrifjorden etter planen gjennomførast. Dette vil medverke til å styrkje Ramsarområde Nordre Tyrifjorden våtmarkssystem.

Eit viktig tiltak for å verne truga arter i våtmarksområde er å ta vare på leveområda deira, og det blir arbeidd for å utvide eksisterande og utpeike nye område for vern under Ramsarkonvensjonen. Etter forslag frå Miljødirektoratet vart 12 nye våtmarksområde på fastlandet meldt inn til Ramsarbyrået våren 2013.

3.6. Verneverdiane i verneområda skal haldast ved lag/gjenopprettast.

Indikatorar:

  • Talet på og del av verneområde knytte til våtmark der verneverdiane er truga.

  • Talet på og del av verneområde knytte til våtmark med forvaltningsplan.

Kartlegginga som Direktoratet for naturforvaltning gjennomførte i 2008–2010 viste at verneverdiane var truga i 35-40 pst. av verneområda. Naturtypar knytte til våtmark er blant dei mest truga naturtypane. Som ei følgje av dette leverte Direktoratet for naturforvaltning i 2012 eit forslag til nasjonal plan for restaurering av våtmark. Planen er utarbeidd i samråd med relevante sektorar. Det er sett i gang planlegging for restaurering av tre naturreservat i tråd med denne planen.

3.7. Ved innførsel og utsetjing av framande organismar skal vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet unngåast. For dei mest skadelege framande organismane som allereie er sette ut i norsk natur skal tiltak for å nedkjempe desse vere sett i gang eller gjennomført.

Indikatorar:

  • Talet på utryddingstiltak fordelt på art nasjonalt, regionalt og lokalt.

Av dei totalt 217 artene i den nye svartelista har 14 våtmark som eitt av sine viktigaste leveområde. Døme på slike arter er mink, kanadagås og mårhund. Handlingsplanane for mink og for mårhund er følgde opp med ei rekkje tiltak. Så langt er det ikkje noko som tyder på at mårhund har klart å etablere seg i Noreg. I 2013 er det starta drøftingar med svenske styresmakter om å etablere felles tiltak for å halde veksten i bestanden av mårhund i Sverige under kontroll, og på den måten redusere sjansen for at mårhund kjem til Noreg og etablerer seg.

3.8. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å hindre uønskt nedbygging av våtmarker.

Det blir ikkje rapportert separat på tala for planar møtte med motsegn der omsyn til våtmark er grunngiving. Ein viser til omtale under «Politikk for å nå dei nasjonale måla».