Miljøverndepartementet (MD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Over halvparten av våre kjente stadeigne arter, og nær halvparten av alle truga arter lever i skogen. Det store mangfaldet av arter skuldast stor variasjon i livsmiljø. Vi finn skog frå sør til nord og frå kyst til innland, og trekronene dannar eit tredimensjonalt rom med levestader for mange ulike arter. Død ved og gamle tre gir livsgrunnlag for mange truga arter. Skogen gir mange økosystemtenester. Den har økonomisk verdi for skogbruksnæringa, betydning som karbonlager, for klimatilpassing, som levestad for arter og for folk sine friluftsaktivitetar og rekreasjon. Til saman skal skogen dermed oppfylle fleire, delvis motstridande målsetjingar, og for å ta vare på norsk naturmangfald må skogen forvaltast riktig og desse omsyna balanserast.

Nasjonale mål

Nedanfor blir dei nasjonale måla og indikatorane presenterte. Til slutt i dette kapitlet blir det rapportert på måla frå budsjettproposisjonen i fjor.

Nasjonalt mål 4.1. Mangfaldet av naturtypar i skog skal takast vare på eller gjenopprettast innan 2020. Som ein del av dette skal det genetiske mangfaldet og viktige økologiske funksjonar og tenester sikrast.

Indikatorar:

  • Utvikling i areal av inngrepsfrie naturområde (INON).

  • Talet på truga naturtypar i skog

  • Talet på utvalde naturtypar i skog.

  • Talet på og areal restaurerte område i skog.

  • Talet på dispensasjonar som er gitt for motorferdsel i utmark.

Nasjonalt mål 4.2 Areal brukt til skogbruk skal vere forvalta berekraftig innan 2020.

Indikatorar:

  • Talet på truga arter i skog som blir påverka negativt av skogbruk.

  • Del av samla produktivt skogareal som er nøkkelbiotop/avsett til ikkje-hogst.

Nasjonalt mål 4.3 Eit representativt utval av naturtypane i skog skal vernast for kommande generasjonar, og verneverdiane i verna skogsområde skal oppretthaldast eller gjenopprettast.

Indikatorar:

  • Totalt verna skogareal og del av produktiv skog som er verna fordelt på naturtypar i skog.

  • Talet på og del av verneområda i skog der verneverdiane er truga.

  • Talet på verneområde med forvaltningsplan.

Nasjonalt mål 4.4 Tapet av truga arter i skog skal vere stansa, og tilstanden til arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Indikatorar:

  • Talet på truga arter i skog.

  • Talet på prioriterte arter i skog og bestandsutviklinga for desse.

Nasjonalt mål 4.5 Alle haustbare bestandar av planter og dyr i skog skal vere forvalta økosystembasert og vere hausta berekraftig innan 2020.

Indikatorar:

  • Bestandsstatus for arter i skog som blir hausta eller utnytta på annan måte.

Nasjonalt mål 4.6 Det skal årleg vere 65 ynglingar av gaupe, 13 ynglingar av bjørn, 3 ynglingar av ulv og 850–1200 hekkande par av kongeørn.

Indikatorar:

  • Talet på dokumenterte ynglingar av gaupe, bjørn og ulv.

  • Talet på hekkande par av kongeørn.

Nasjonalt mål 4.7 Vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet i skog av framande organismar skal unngåast.

Indikatorar:

  • Talet på skadelege framande organismar i skog og utbreiinga deira.

Tilstand

Skog dekkjer om lag 130 000 kvadratkilometer, tilsvarande om lag 34 pst. av fastlands-Noreg. Produktiv skog, som er definert som skog som årleg kan produsere minst ein kubikkmeter tømmer pr. hektar, utgjer om lag 83 500 kvadratkilometer. Grunna ulikt klima varierer skoggrensa mot fjellet i ulike delar av landet, frå havnivå i Finnmark til 1200 meter over havet i innlandsstrøk i Sør-Noreg. Skoglandskapa i Noreg er mindre oppstykka av jordbruk og busetnad enn i mange andre europeiske land. Eigedomsstrukturen i Noreg er slik at det er mange som eig relativt små skogareal.

Skog er, forutan fjell, den hovudnaturtypen vi har mest av i Noreg. Hovudtypar av skog er barskog og lauvskog, men desse skogtypane opptrer ofte i blanding. Barskogen er dominert av gran og furu. Furua likar seg på tørr og næringsfattig jord, mens gran trivst best på djup jord med god tilgang på vatn. Den vanlegaste typen av lauvskog er nordleg (boreal) lauvskog med blant anna osp, bjørk, rogn, selje og gråor, og finst ofte i blanding med barskogar. Edellauvskog har varmekjære tre som eik, ask, hassel, svartor, lind og bøk, som veks særleg i sørlege og vestlege delar av landet nær kysten. Fjellbjørkeskogen dannar ofte eit belte mellom barskogen og snaufjellet.

Trea gir ein spesielt stor variasjon i strukturar, levestader og miljø med rom for fleire arter enn naturtypar som ikkje har tresjikt. Trekroner, stammer og greiner har sine unike samfunn av arter. Når trea døyr blir det skapt nye livsmiljø, og eit stort tal arter deltek i nedbrytinga av ståande og liggjande tre. Dette er ein viktig grunn til at heile 60 pst. av artene som er kjende i Fastlands-Noreg er knytte til skog.

Dei mest artsrike gruppene av arter i skog er insekt og edderkoppar, sopp, lav og mosar. Velkjende dyregrupper som fugl og pattedyr utgjer mindre enn 1 pst. av alle artene i skog. Eit stort tal sopparter gjer næringa i dødt plantevev tilgjengeleg for andre arter ved å bryte ned cellulose og lignin. Det er enorme mengder sopp i skog, men det aller meste ligg skjult som eit nettverk av «trådar» (hyfar) under bakken og inne i ved og andre plantedelar. Det er først når det blir danna fruktlekam, hattsopp på bakken og kjuker på død ved, at vi legg merke til dei.

Norske skogar har eit stort mangfald av lav og mosar takka vere den kystnære plasseringa med rikeleg nedbør. Mosar og lav dominerer på flater utan jord slik som stein, berg og trestammar der dei slepp å konkurrere med karplanter om plassen. Av karplanter i barskog dominerer ofte ulike lyng- og bærlyngvekstar som røsslyng, blåbær og tyttebær vegetasjonen på bakken. I lauvskogane er blåveis, kvitveis, gaukesyre, og grasarter som skogsvingel vanlege arter. Av vanlege pattedyr i skog er rådyr, mus, ekorn, rev og elg dei som er lettast å få oppleve. Fjellnære skogsområde er viktige leveområde for mange arter som også lever i fjellet. Ein av desse er kongeørna. Av dei store rovdyra er gaupe, bjørn og ulv i hovudsak knytte til skogen.

Naturindeksen for Noreg for 2012 gir tilstanden for naturmangfaldet i skog ein indeks på 0,40. Tilstanden i skog er dårlegast i Midt-Noreg og Hedmark. Om lag 1840 truga arter, eller 50 pst. av dei truga artene, er knytte til skog. Døme på truga arter i skog er orkideen raud skogfrue, lavarten huldrestry, ei rekkje arter av sopp og mose og ei rekkje insektarter i gruppa tovingar. Raud skogfrue er vedteken som prioritert art med økologisk funksjonsområde etter naturmangfaldlova. Døme på truga pattedyr som lever i skog er brunbjørn, gaupe, ulv og flaggermusartene breiøyre og børsteflaggermus. Der den truga hubroen finst i innlandet, hekkar den som oftast i skogsterreng. Vi finn 19 naturtypar i skog på Norsk rødliste for naturtypar 2011. Døme på truga naturtypar er kystgranskog, temperert kystfuruskog, olivinskog og kalklindeskog. Kalklindeskog er vedteken som utvalt naturtype etter naturmangfaldlova.

Om lag 2,7 pst. av den produktive skogen er verna etter naturmangfaldlova. Dette gjeld strengt vern i naturreservat eller i nasjonalparkar der skogbruk ikkje er tillate.

Påverknader

Det er bestandsskogbruket med hogstflater, plantefelt og skogsvegar som i stor grad formar skoglandskapet i dag. Bestandsskogbruket inneber at bartre blir hogde ved ein alder på ca. 80 år, mens den økologiske alderen er opptil 500 år for gran og 7-800 år for furu. Nokre stader i høgare liggjande skogstrøk ligg store areal med hytter og alpinanlegg, mens spora frå tidlegare seterdrift i overgangen mellom skog og fjell mange stader er utviska. I låglandet kring byar og tettstader har skogen nokre stader måtta vike for ny busetnad og industri. Men samla sett er ikkje skogen på vikande front. Dei siste tiåra har til dømes det totale tømmervolumet auka mykje, mellom anna som følgje av storstilt treplanting og skogskjøtsel sidan 1950-talet.

Skogbruk er i Norsk rødliste for arter 2010 oppført som negativ faktor for meir enn 1400 av dei truga artene som er knytte til skog. Det er særleg hogst som er ein negativ faktor for mange arter, men òg treslagsskifte og skogsvegar påverkar eit betydeleg tal arter negativt. Når tre blir hogde og transporterte ut av skogen blir strukturen og samansetninga av skogen endra. Ved flatehogst er endringane spesielt store i og med at nesten alle trea blir fjerna, og fordi skogen som blir hoggen gjerne blir etterfølgt av eit relativt einsaldra og einsarta plantefelt. Få tre blir ståande til dei blir fleire hundre år gamle, og mengda av død ved blir i eit skogbruksareal vesentleg redusert samanlikna med naturskogar. Ein stor del av dei truga artene i skog er knytte til død ved. Desse artene er i stor grad avhengige av spesielle kvalitetar av død ved, som til dømes av grove dimensjonar og ulike nedbrytingsstadium. Ein annan effekt av hogst og planting er at dei lokale klimatilhøva endrar seg. Først blir det skapt lysopne, varme og tørre hogstflater som seinare blir til mørke, kjølege og fuktige plantefelt.

Det er over lang tid nytta eit stort tal framande treslag i skogbruket, også utanlandske treslag som høyrer heime på andre kontinent. Det er dokumentert at desse utplanta framande treslaga spreier seg i stor grad i norsk natur, noko som mellom anna er ein trussel mot verneverdiane i fleire verneområde.

Arealinngrep så som bygging av skogsvegar kan vere problematisk for fleire typar av miljøverdiar, til dømes for å kunne ta vare på inngrepsfrie naturområde. Nye skogsvegar er ei av hovudårsakane til reduksjonen av inngrepsfrie naturområde (INON) i Noreg.

Dei gamle haustingsskogane er døme på ei gamal driftsform som har gitt auka naturmangfald. Dei er særleg rike på mosar, sopp og lav fordi trea blir så gamle grunna styvinga og lauvinga. I dag finst denne driftsforma berre nokre få stader i Sør-Noreg.

Sidan 1990-talet er det sett inn tiltak i skogbruket for å redusere dei negative effektane av hogst og planting ved å unngå hogst på areal som ein trur er særleg viktige for mange raudlista arter. Statistikk frå landsskogstakseringa viser aukande volum av tre i alle dimensjonar og aldersklassar, og målingar visar at mengda av død ved aukar. Mengda gamle tre og død ved er likevel framleis låg samanlikna med i urørt skog. Vi har dei siste 50 åra hatt ein stor nedgang i husdyrbeiting i skog, og ein kraftig auke i beiting av hjortedyr. Det totale uttaket av biomasse som følgje av beiting har dermed ikkje endra seg mykje, men endringa frå husdyr til hjortedyr har ført til eit skifte frå grasetarar til lauv- og kvistetarar. Auken i bestandane av hjortedyr fører til auka press på lauvtreforynginga, og viktige treslag for mange raudlista arter som osp, rogn og selje, får dårlegare kår. I nokre område med produktiv skog kan auka beiting føre til skadar på ungskogen med redusert virkeproduksjon som resultat.

Klimaendringar i form av auka temperatur og meir nedbør vil naturleg nok påverke samansetninga av arter i skoglandskapa. Eit døme er dei nordlege bjørkeskogane som ikkje er spesielt artsrike, men som representerer ein særeigen skogstype for Norden. Bjørkeskogen vert normalt angripen av målarlarver med om lag ti års mellomrom. Kraftige angrep fører til at skogen døyr, og blir fornya over store areal. Klimaendringar kan føre til endringar i frekvens og lokalisering av desse insektangrepa, med konsekvensar òg for andre arter som lever i dei nordlege bjørkeskogane.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Samfunnsplanlegging

Dei fleste skogområda inngår i areal avsett til landbruks-, natur- og friluftsformål og til reindrift. Arealpolitikk og kommunal, regional og statleg samfunnsplanlegging etter plan- og bygningslova er eit viktig verkemidlet for å sikre berekraftig forvaltning av verdifulle skoglandskap. Sjå også verkemiddelområdet regelverk og samfunnplanlegging for nærare omtale.

For område og arter som ikkje er verna etter naturmangfaldlova kan planar etter plan- og bygningslova sikre ønskt forvaltning gjennom bruk av arealformål og omsynssone med tilhøyrande føresegner. Lova kan nyttast direkte, til dømes ved at viktige skogsområde blir definerte som verneområde i arealplanar. Like viktig er det å sjå til at omsynet til skoglandskapa og naturmangfaldet vert teke vare på gjennom heilskapen i planlegginga, der ein søkjer å kombinere berekraftig bruk med vern av dei spesielle verdiane i eit område.

Auka skogvern

Ei evaluering frå 2010 av gjennomført vern (NINA rapport 535) konkluderer mellom anna med at det er underdekning av verna areal for produktiv skog.

Vern av skog er eit viktig tiltak i klimasamanheng, og styrkt skogvern er eit klimatiltak i Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk . Arbeidet med skogvern skjer i hovudsak ved frivillig skogvern på privat grunn, og ved vern av skog eigd av Statskog SF og av Opplysningsvesenets fond (prestegardsskogar).

Med den føreslåtte auken i skogvernløyvinga frå 231 mill. kroner i 2013 til 331 mill. kr. i 2014 vil ein kunne forsere både arbeidet med frivillig skogvern og arbeidet med vern av statsgrunn inkludert kjøp av areal for vern og makeskifte. Køen av frivillig verna område der det er inngått avtaler vil vere avvikla ved at dei attverande områda blir verna i 2014, og ein vil kunne inngå nye avtaler om frivillig vern for mange nye område allereie hausten 2013. Framdrifta er ikkje som føresett i arbeidet med vern av skog på statsgrunn som involverer allmenningsstyre og fjellstyre, og Miljødirektoratet vil bli bedt om å foreslå korleis framdrifta i dette arbeidet kan betrast.

Det vil bli utarbeidd ein plan for vidare opptrapping av løyvingane til frivillig skogvern mot år 2017. Regjeringa legg, i tråd med veksten i skogvernbudsjettet i 2012–2014, opp til å auke løyvingane med 100 mill. kroner i året fram mot 2017. Miljødirektoratet vil bli bede om å utarbeide ein strategi og framdriftsplan for korleis ei slik opptrapping av skogvernet bør gjennomførast i praksis.

For 2014 er det følgjande hovudelement i skogvernarbeidet:

  • Føre vidare vern av skog basert på faglege tilrådingar frå NINA rapport 53/2002 og NINA rapport 535/2010.

  • Frivillig skogvern på privat grunn: Føre vidare arbeidet med vern av område med hovudfokus på område som har vore lenge i prosess, og inngå nye avtaler for område med viktige verneverdiar.

  • Vern av skog eigd av Statskog SF og Opplysningsvesenets fond (prestegardsskogar): Halde fram med verneprosessar som er i gang og starte opp nye verneprosessar. Følgje opp Statsskogs sal av eigedommar ved å bruke forkjøpsretten på areal som er viktige for vern eller makeskifte. Betre framdrifta i arbeidet med vern av skog på statsgrunn som involverer allmenningsstyre og fjellstyre.

Oslomarka er næraste turområde for om lag 1,2 millionar menneske. I markalova er det ein eigen heimel for vern av friluftslivsområde som på grunn av sin verdi for naturoppleving har særskilde kvalitetar for friluftslivet. I 2011 vart det gjennomført kartlegging av slike område i Oslomarka, og våren 2012 er det meldt oppstart etter markalova for verneprosess for 28 område. For mange av områda er det opna for frivillig vern etter naturmangfaldlova, og den føreslåtte auken i skogvernbudsjettet gjer det mogeleg å inngå avtaler om frivillig vern også for slike områder hausten 2013 eller tidleg i 2014.

Sikring av naturverdiane i verneområda

Skogreservat er oftast relativt lite skjøtselkrevjande, og i mange tilfelle er det fri utvikling av skogen som gir best verdi for naturmangfaldet. For ein del område er det likevel behov for tiltak, til dømes fjerning av framande treslag. Dette er mellom anna utanlandske treslag som sitkagran, som tidlegare er planta ut i skogbruket og som no spreier seg i stor grad både innanfor og utanfor verneområde. Det blir prioritert å fjerne slike treslag før skadane på stadeigne arter og naturtypar i verneområda blir uopprettelege, og før spreiinga kjem ut av kontroll.

Prioriterte arter og utvalde naturtypar

I nokre tilfelle vil det vere mest føremålstenleg å ta vare på truga eller verdifulle arter og naturtypar ved å gi dei status som prioriterte arter eller utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Arbeidet med å peike ut prioriterte arter og utvalde naturtypar vil halde fram i 2014. I dette arbeidet vil òg arter og naturtypar som er knytte til skog bli vurderte. Ein vil òg følgje opp dei artene som er blitt prioriterte (raud skogfrue og eremitt) og dei naturtypane som er blitt utvalde (kalklindeskog), inkludert dei handlingsplanane som er utarbeidde. Staten kan gi tilskot til tiltak for å ta vare på dei prioriterte artene og utvalde naturtypane.

Berekraftig skogbruk

Berekraftig skogbruk inneber at skogen blir driven slik at blant anna naturleg førekommande arter blir tekne vare på. Om lag halvparten av dei truga artene i Noreg lever i skog, og skogbruk er rekna for å vere ein negativ påverknad for om lag 1400 av desse artene. I dei seinare åra er det sett inn tiltak i skogbruket for å redusere negative effektar ved å unngå eller tilpasse hogst på areal som er særleg viktige for raudlista arter. Det aller meste av den produktive skogen blir forvalta etter skogforvaltningsstandarden Norsk PEFC Skogstandard. Det er gjort ein gjennomgang av alle sertifiserte skogeigedommar for å sikre at det ikkje er hogd i dei livsmiljøa som skal vere sett til side. Om ein finn at hogst har redusert verdiar i slike nøkkelbiotopar og livsmiljø skal det finnast erstatningsareal, og det blir sett i verk overvakings- og kontrollopplegg for å hindre at slikt skjer framover. Det blir arbeidd vidare med å utvikle eit berekraftig skogbruk, blant anna med å sikre at hogst ikkje skjer i område som har viktige verneverdiar etter naturmangfaldlova. Som klimatiltak vil Regjeringa betre insentiva til uttak av råstoff frå skogen til bioenergi med særleg vekt på hogstavfall slik at blant anna tiltak med kort tilbakebetalingstid for CO 2 blir prioriterte. Det skal òg utviklast miljøkriterium for klimatiltak som planting på nye areal og gjødsling. For uttak av trevirke til produksjon av bioenergi er det viktig å sikre gode miljøkriterium. Som det går fram av Regjeringas bioenergistrategi inneber dette mellom anna at ein skal sikre at hogst ikkje øydelegg skogsområde med nasjonalt viktige verneverdiar eller påverkar truga arter negativt.

Bevaring av økosystemtenestene i skogen

Med klimaendringane er det venta at vekstsesongen blir lengre, noko som vil føre til auka vekst i norske skogar, fleire varmekjære arter over eit større areal og endring i kva slag treslag som er dominerande i eit område. Eit eventuelt tørrare sommarklima kan auke faren for skogbrann, spesielt på Austlandet. Det kan òg bli meir skogskadar, sommartørke, stormfelling og auke i soppsjukdommar og barkebilleangrep.

Blandingsskogar med stort genetisk mangfald, og eit stort mangfald av arter, naturtypar og levestader, gir meir robuste skogøkosystem som er i stand til å stå i mot tørke og storm.

Framover blir det viktig å ta meir omsyn til endra nedbørsmønster ved hogst og vegbygging for å unngå auka avrenning, flaum og skred. Skogen sine mange ulike økosystemtenester må sikrast ved god forvaltning. Planting av stadeigne og blanda treslag er døme på eit tiltak som kan motverke større stormskadar.

Det er eit delmål at inngrepsfrie naturområde som er igjen skal takast vare på, og at rehabilitering av område med «gamle» inngrep skal gjennomførast der det er mogleg. Bygging av skogsbilvegar er, ved sida av energiutbygging, hovudårsak til bortfall av inngrepsfrie naturområde i Noreg. Skogsvegbygging og påfølgjande hogst av gammal skog som ofte har stått urørt over lang tid, kan òg ha negative effektar for eit stort tal truga arter som lever i slik gammal skog. I St.meld. nr. 26 (2006–2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand går det blant anna fram at Regjeringa vil endre regelverket for bygging av skogsvegar slik at omsynet til inngrepsfrie naturområde blir teke hand om, og sikre at planlegging og saksbehandling ved bygging av skogsvegar tek vare på viktige område for naturmangfald og område med nasjonalt viktige verneverdiar, og leggje vekt på å vere open og sikre medverknad i saksbehandlinga. Denne varsla revisjonen av Landbruks- og matdepartementet sitt regelverk er også omtalt blant anna i Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks-og matpolitikken .

Rovviltforvaltning

Bernkonvensjonen, naturmangfaldlova og rovviltforliket frå 2011 legg grunnlaget for rovviltforvaltninga. Sidan den første stortingsmeldinga om rovvilt i 1991–1992 har forvaltninga vore basert på ei todelt målsetjing om å ta vare på beitenæring og rovvilt. Hovudverkemiddelet for å få til dette er ei arealdifferensiert forvaltning der ulike geografiske område blir prioriterte til høvesvis beitedyr og rovvilt. I rovviltforliket frå 2011 blir den todelte målsetjinga ført vidare. Det er rovviltnemndene i dei ulike forvaltningsregionane som gjennom sine forvaltningsplanar har ansvaret for den geografiske differensieringa regionalt. Unntaket er for ulv, der Stortinget har avgrensa forvaltningsområdet for ynglande ulv. Bestandsmåla skal nåast i prioriterte rovviltområde. I tråd med rovviltforliket frå 2011 vil arbeidet med å halde bestandane av bjørn, ulv og gaupe så nær bestandsmålet som mogleg bli ført vidare. Lisensfelling av ulv og bjørn, og kvotejakt for gaupe, er dei viktigaste verkemiddela i reguleringa av bestandane.

Oppfylging av rovviltforliket - sakshandsamingsfristar

Miljøverndepartementet viser til Representantforslag 163 S (rovviltforliket) punkt 2.1.4 der det går fram at for søknader og klager knytt til lisensfelling, kvotejakt og skadefelling utanfor beitesesongen skal forvaltinga så langt det er mogeleg gjennomføre ei så rask handsaming at saka ikkje mister aktualitet.

Det må tilstrevast at kvoter for lisensfelling og jakt vert fastsette i så god tid at eventuelle klager kan handsamast før saka mister sin aktualitet. For klager gjeld forvaltningslova sine reglar om klagefrist på 3 veker og at vedtaksorganet skal forberede klagesaka. I klagesaker som gjeld vedtak fatta av rovviltnemndene skal Miljødirektoratet ha tid til å gje ei fagleg tilråding før Miljøverndepartementet startar si klagebehandling. På denne bakgrunnen vil Miljøverndepartementet fastsette reglar for handsaming av saker om lisensfellingskvoter for jerv og ulv og kvoter for jakt på gaupe. Fordi lisensfellingsperioden for bjørn startar i august, og det er behov for å få oversikt over taps- og skadesituasjonen før lisensfellingskvote vert fastsett, gjeld ikkje saksbehandlingsfristane for fastsetting av lisensfellingskvoter for bjørn.

Vidare viser departementet til punkt 2.1.5 i rovviltforliket der Stortinget ber regjeringa pålegge miljøforvaltinga å utarbeide konkrete sakshandsamingsfristar for svar på førespurnader og klager knytt til skadefelling.

Ved fastsettinga av fristar for svar på søknader og klager knytt til skadefelling må det takast omsyn til at fristane må vere reelle og etterlevbare, samtidig som omsynet til forsvarleg sakshandsaming vert ivareteke. På denne bakgrunn vil Miljøverndepartementet fastsette ein instruks som gjeld fristar for handsaming av førespurnader i form av søknader og klager. Svar på søknader om skadefelling vert i dag gjeve raskt. Forslaget til instruks gjev ei maksimal sakshandsamingstid for svar på søknader om skadefelling på tre verkedagar, men det skal framleis etterstrevast ei så rask sakshandsaming av desse sakene som mogeleg.

Tidsfristar for sakshandsaming knytt til kvotefastsetting for lisensfelling av ulv og jerv og kvotejakt på gaupe

  1. Klager som gjeld kvoter for lisensfelling av ulv og jerv og kvoter for jakt på gaupe skal oversendast departementet så snart dei er ferdig handsama av fyrsteinstansen, og seinast tre veker før vedteke lisensfellings- eller kvotejaktstart. Dette vil innebere at det må fattast vedtak om kvoter i så god tid at nemndene og Miljødirektoratet rekk å handsama eventuelle klager som fyrsteinstans etter klagefristen.

Tidsfristar for sakshandsaming av søknader og klager knytt til skadefelling

  1. Skriftlege søknader om skadefelling, som inneheld tilstrekkelege opplysningar for at forvaltinga kan fatte ei avgjerd, skal svarast på så raskt som mogeleg, og seinast innan tre verkedagar frå den dagen søknaden er registrert i arkivsystemet til forvaltingsmyndigheita. Dersom søkar samtykker kan saksbehandlingsfristen på tre dagar fråvikast.

  2. Fyrsteinstansen skal behandle eventuelle klager som gjeld skadefelling så raskt som mogeleg, og seinast innan to veker etter klagefristens utløp.

  3. Klageinstansen skal avgjere klager som gjeld skadefelling så raskt som mogeleg, og seinast innan tre veker etter at den har fått oversendt den handsama klagen frå fyrsteinstansen.

  4. Sakshandsamingsfristane skal ikkje gjelde for handsaming av søknad eller klage når:

    1. det på søknadstidspunktet ikkje er husdyr på beite eller tamrein på beite i det aktuelle området det vert søkt om uttak i.

    2. det vert søkt om uttak av bjørn og bjørnen framleis ligg i hi.

    3. det vert søkt om hiuttak av jerv, og forvaltinga må lokalisere/registrere jervehi før søknaden kan avgjerast.

    4. det er behov for DNA-analyse for å avklare om skadefellingssøknad om ulv gjeld eit genetisk verdifullt individ.

Miljøverndepartementet legg opp til å fastsette desse sakshandsamingsfristane frå 1. januar 2014. Kvotejakta på gaupe startar 1. februar 2014, og for å ivareta punktet om at klager knytt til kvotejakt ikkje skal miste sin aktualitet, vil departementet gje rovviltnemndene og Miljødirektoratet føringar for handsaminga av desse sakene hausten 2013.

Vurderingar knytt til omfordeling av regionale bestandsmål for rovvilt

Gjennom handsaminga av St.meld. nr. 15 (2003–2004), jf. Innstilling S. nr. 174 (2003-2004), vedtok Stortinget eit særskilt vilkår om at det skal være minimum 3 årlege ynglingar av jerv og 4 årlege ynglingar av gaupe i Finnmark. På bakgrunn av mellom anna kunnskap frå forsking, som viser at gaupa brukar langt større leveområde og dermed er meir arealkrevjande i nord enn i sørlege områder, vil Miljøverndepartementet gjere vurderingar knytt til omfordeling av regionale bestandsmål for rovvilt. Ei eventuell omfordeling mellom forvaltningsregionar kan innebere ein reduksjon i talet på minimum årlege ynglingar i Finnmark.

Hjorteviltforvaltning

Bestandane av hjort og elg har hatt stor vekst dei siste åra. Økosystembasert og berekraftig hjorteviltforvaltning føreset god kunnskap om skogøkosystema og god kompetanse hos jegerane og i dei ulike forvaltningsorgana. Midlar frå viltfondet gir grunnlag for å fremje viltforvaltninga, styrkje kunnskapen om viltet, organisere jakt og ettersøk i kommunen og gjennomføre tiltak for å førebyggje skadar på landbruksnæring frå hjortevilt. Det er sett i gang eit forskingsprosjekt om korleis beiting av hjort påverkar den økologiske dynamikken og det biologiske mangfaldet i skog. Ei vidare utvikling av Hjorteviltportalen har som mål at alle aktørar frå jeger til forvaltning skal ha god tilgang til relevante data, oppdatert kunnskap basert på forsking og gode høve til utveksling av kunnskap.

Tiltak mot uønskt spreiing av framande organismar

Eit krav til eit berekraftig skogbruk er at bruken av framande treslag er under kontroll. Det er dokumentert at tidlegare utplanta framande treslag spreier seg i betydeleg grad, deriblant utanlandske treslag som har vore nytta i skogbruket. Det er eit mål at tiltak mot dei mest skadelege, etablerte framande organismane skal vere sette i gang innan 2015. Skogstyresmaktene har eit hovudansvar for å setje i verk tiltak for å få kontroll med spreiinga frå gamle utplantingar, som det også i nokre tilfelle ikkje er lønsamt å avverke. I ein del verneområde er det sett inn tiltak for å fjerne utanlandske treslag, hovudsakeleg sitkagran.

Utplanting av utanlandske treslag er frå 1. juli 2012 regulert i ei ny forskrift under naturmangfaldlova om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål. Forskrifta krev løyve frå ansvarleg styresmakt (Fylkesmannen) til utsetjing av utanlandske treslag og gir derfor betre kontroll med nye utplantingar av utanlandske treslag. Formålet med forskrifta er å hindre at utsetjing av utanlandske treslag medfører eller kan medføre uheldige følgjer for naturmangfaldet. Det er òg forbode å setje att tre (livsløpstre) av utanlandske treslag ved hogst. Forskrift om innførsle og utsetjing av framande organismar som er under arbeid, vil gi krav til aktsemd og tiltak for å unngå spreiing av andre framande organismar i skog.

Betring av kunnskapsgrunnlaget

For å kunne fange opp dei mest verdifulle skogareala i høve til naturmangfald er det viktig å betre kunnskapsgrunnlaget, til dømes gjennom kartlegging og dokumentasjon av verneverdige skogareal, slik at ein veit kor dei mest verneverdige områda er og slik at dei kan prioriterast i vernearbeidet og takast omsyn til i kommuneplanarbeidet. Hovudfokus for systematiske kartleggingar av prioriterte skogstypar som grunnlag for skogvernarbeidet vil i 2014 vere på blant anna edellauvskogar og kystfuruskogar.

Ein stor del av dei truga artene og naturtypane i Noreg finst i skog, men naturtypekartlegginga har til no i liten grad vore gjennomført i skog. Det bør derfor gjennomførast fagleg uavhengige naturtypekartleggingar i norske skogareal, slik som for andre naturtypar. I dette arbeidet vil ein bruke ulike kunnskapskjelder, deriblant primærdata frå Miljøregistreringar i skog (MiS). God kunnskap om skogareala er òg ein føresetnad for at landbruksstyresmaktene skal kunne utvikle eit meir berekraftig skogbruk. Det er viktig å betre kunnskapen om korleis naturmangfaldet blir påverka av eit eventuelt auka hogstnivå og auka uttak av biomasse. Dette er nødvendig kunnskap for vurdere kor store uttak som er berekraftige, og for å vurdere korleis eit eventuelt auka hogstnivå påverkar behovet for skogvern og for utvida miljøomsyn i skogbruket.

Motorferdsle i skog

Motoriserte framkomstmiddel i utmark vil i mange tilfelle vere nyttige og naudsynte. Samtidig fører motorferdsel i naturen til ei rekkje ulemper og skadar, som støy, terrengskadar, forstyrring av dyrelivet og konfliktar med friluftslivet. Barmarkskøyring kan føre til omfattande terrengskadar. Skadepotensialet er størst i sårbare område med liten tilvekst, men òg i låglandet kan slik køyring gi store sår i terrenget. Utviklinga i talet på dispensasjonar og i talet på køyretøy gir god grunn til å gi barmarkskøyringa større merksemd framover, jf. kap. 15 resultatområde 5 Storslått fjellandskap, tilstand.

Det er eit mål å regulere motorferdsle i utmark for å ta vare på naturmiljøet, fremje trivselen og sikre stille og ro i naturen.

Regjeringa har i 2013 foreslått enkelte endringar i høvet til fornøyelseskøyring med snøskuter, sjå nærare omtale av dette under resultatområde 8 Friluftsliv.

Internasjonalt skogarbeid

EU-forordninga for å hindre import av ulovleg tømmer vart vedteken hausten 2010 og tredde i kraft 3. mars i 2013. Forordninga inneber at den som første gong plasserer tømmer og tømmerprodukt i EUs indre marknad, skal sikre at tømmeret er lovleg hogd i samsvar med lovgivinga i opphavslandet. Forordninga er EØS-relevant, og Regjeringa tek sikte på å fastsetje ei forskrift for å regulere norsk import og eksport av tømmer og tømmerprodukt i samsvar med EU-regelverket i løpet av 2013. Importørar og eksportørar er informerte om regelverket.

Noreg deltek i ein internasjonal forhandlingskomité for ei legalt bindande avtale om berekraftig skogbruk i Europa. Ei slik avtale har intensjon om å få til forpliktingar på tvers av deltakarlanda om å gjennomføre ein berekraftig skogbrukspolitikk som balanserer omsynet til miljø, næring og sosiale forhold. Avtala skal etter planen forhandlast ferdig i 2013, og etter dette skal det vere ein prosess for å vedta avtala.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2013

4.1. Utryddinga av truga arter i skog skal vere stansa, og status for arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Indikatorar:

  • Talet på truga arter i skog.

  • Talet på truga arter som er negativt påverka av skogbruk.

Omlag 50 pst. av dei truga artene på Norsk raudliste for arter 2010 er knytte til skog. 1406 av dei truga og nær truga artene i skog er vurderte å vere negativt påverka av skogbruk.

4.2. Mangfaldet av naturtypar i skog skal takast vare på eller gjenopprettast innanfor sitt naturlege utbreiingsområde, og slik at alle stadeigne arter førekjem i levedyktige bestandar. Det genetiske mangfaldet og viktige økologiske funksjonar og tenester skal takast vare på.

Indikatorar:

  • Utvikling i areal av inngrepsfrie naturområde (INON).

  • Utvikling i areal av rehabiliterte INON-område.

  • Tal og areal restaurerte skogområde.

  • Talet på dispensasjonar som er gitt for motorferdsel i utmark, og utvikling i talet på dispensasjonar.

Over 1000 kvadratkilometer inngrepsfri natur (område 1 km eller meir unna tyngre tekniske inngrep) gjekk tapt i perioden 2003–2008. Dette er ein auke på om lag 30 pst. i høve til førre periode. Energisektoren stod for om lag 40 pst. av bortfallet, medan landbrukssektoren, i all hovudsak skogsbilvegar, stod for om lag 30 pst. av dette bortfallet.

Oppdateringa av status for inngrepsfri natur er planlagt ferdig i desember 2013. Miljødirektoratet arbeider samstundes med vidare utvikling av tekniske løysingar knytte til oppdatering og korreksjonar som skal rasjonalisere og forenkle INON-kartlegginga. Det er allereie publisert ei kartløysing der brukarane kan melde inn feil og berekne tap av inngrepsfri natur ved planlagde inngrep. Statens Kartverk arbeider med «traktorvegdatabase» som eit vesentleg innslag i den vidare utviklinga av INON-systemet. Vi har nokre få døme på tilbakeføring av område med inngrep til inngrepfrie naturområde, mellom anna knytt til omlegging av større kraftlinjer. Omfanget av slike endringar, og endringar i skogsområda vil gå fram av oppdateringa av INON i 2013.

Det er spesielt dei kulturrelaterte skogane som treng restaurering. Døme på tiltak er å tynne ut tresjikt, syte for aldersfordeling slik at nye tre blir rekrutterte og avgrense busksjikt. Hasseltangen landskapsvernområde i Aust-Agder og Jomfruland landskapsvernområde i Telemark er døme på område der det nyleg er gjennomført slikt restaureringsarbeid.

Vi har i dag berre oversikt over det totale talet på dispensasjonar for motorferdsel som er gitt for all utmark, ikkje fordelt på skog og fjell. Talet på dispensasjonar og utviklinga i tal på dispensasjonar som er gitt til motorferdsel i utmark er omtalt under resultatområde 5 Storslått fjellandskap.

4.3. Alle bestandar som blir hausta av planter og dyr i skog skal vere forvalta økosystembasert og haustast berekraftig slik at artene opptrer i levedyktige bestandar innanfor sitt naturlege utbreiingsområde innan 2020.

Indikator:

  • Bestandsstatus for arter som blir hausta eller utnytta på annan måte.

For dei skogslevande artene av vilt som blir hausta blir det kvart femte år gjennomført ein revisjon av forskrift om arter som det kan jaktast på og deira jakttider. Ingen aktuelle arter hadde behov for å bli tekne ut av forskrifta, eller få kortare jakttid som følgje av negativ bestandsutvikling ved siste revisjon i 2011. I 2012 vart dei gjeldande føresegnene om forvaltninga av hjortevilt reviderte, og det vart i endå større grad gitt ansvar til kommunane om å ta omsyn til bestandar i kommunen, og samstundes avvege omsynet til andre samfunnsområde, slik som trafikkproblem, skade på skog m.v.

4.4. Areal brukt til skogbruk skal vere forvalta berekraftig innan 2020.

Indikatorar:

  • Talet på truga arter i skog som har skogbruk som negativ påverknad.

  • Del av samla produktivt skogareal som er nøkkelbiotop/MiS-figur avsett til ikkjehogst.

Omlag 50 pst. av dei truga artene på Norsk rødliste for arter 2010 er knytte til skog. 1406 av dei truga og nær truga artene i skog er vurderte å vere negativt påverka av skogbruk. Hogst er den enkeltaktiviteten som påverkar klart flest av desse artene negativt.

I Norsk rødliste for naturtypar 2011 er seks naturtypar i skog vurderte som truga.

I følgje Norsk institutt for skog og landskap (Rapport 02/2012) utgjer nøkkelbiotopar/MiS-figurar 1,3 pst. av totalt produktivt skogareal.

4.5. Det skal årleg vere 65 ynglingar av gaupe, 13 ynglingar av bjørn, 3 ynglingar av ulv og 850–1200 hekkande par av kongeørn.

Indikatorar:

  • Talet på dokumenterte ynglingar av gaupe, bjørn og ulv.

  • Talet på hekkingar av kongeørn.

I 2013 vart det registrert 59 familiegrupper av gaupe på landsbasis før kvotejakta og før reproduksjonssesongen. Bestandsmålet på 65 årlege ynglingar vart derfor ikkje nådd i 2013. Talet på familiegrupper i 2013 svarer til ein bestand på 320-349 gauper i Noreg. 2013 var fjerde året på rad der det vart registrert ein nedgang i talet på familiegrupper av gaupe i Noreg. I 2011 vart det utvikla ein modell for å kunne gi prognosar for bestandsutviklinga kommande år. Dette verktøyet vil truleg gjere det lettare for dei regionale rovviltnemndene å setje riktige kvotar for hausting i framtida. I 2012 vart det arbeidd for at bestandsovervakinga av gaupe skulle bli samordna med svenske naturstyresmakter, og i løpet av 2013 vil ein felles metodikk for overvaking av gaupe i Sverige og Noreg vere på plass.

Ved bruk av DNA frå prøver som er samla inn av mellom anna lokale elgjegerar og Statens naturoppsyn, kunne ein i 2012 identifisere 137 ulike individ av brunbjørn i Noreg. Av desse var talet på hannar 86, og talet på binner 51. I tråd med rovviltforliket frå 2011 vart det våren 2012 sett i verk uttak av nokre individ av bjørn i område som tidlegare år har hatt særleg store rovviltskadar på sau. Effekten av dette tiltaket var at skade på sau valda av bjørn gjekk ned frå 2011 til 2012. Det er estimert at 6 binner fekk ungar i 2012, og bestandsmålet om 13 årlege ynglingar er derfor ikkje nådd. I 2013 vert det arbeidd for at bestandsovervakinga av bjørn skal bli samordna med svenske naturstyresmakter.

Det nasjonale bestandsmålet for ulv på tre ynglingar vart nådd i 2011. Siste rapport viser at det også i 2012 var tre ynglingar av ulv i Noreg, alle innanfor forvaltningsområdet for ynglande ulv. Det er berekna at om lag 30 ulvar hadde tilhald i Noreg og at om lag 50 ulv hadde tilhald i grenseområda mellom Sverige og Noreg vinteren 2012/2013. I 2013 vert det arbeidd for at bestandsovervakinga av ulv skal bli meir samordna med svenske naturstyresmakter. Det er utarbeidd ein felles strategi for korleis kvart land skal ta vare på dei individa som er særleg verdifulle for den genetiske utviklinga i ulvebestanden.

Kongeørna er vanleg i heile Noreg. Ny kartlegging viser førekomst av reir av kongeørn i ein del område der det tidlegare ikkje har vore kjent førekomst av kongeørn, samstundes som kongeørn no manglar i andre område der arten tidlegare var registrert. Det er sett i gang arbeid for å samle inn og setje saman eldre data om hekkingar av kongeørn, og status for arta i dei ulike territoria. Det er òg sett i gang eit nasjonalt overvakningsprogram for kongeørn der utvalde lokalitetar får ei intensiv oppfølging.

4.6. Dei mest truga naturtypane i skog skal ha status som utvalde naturtypar.

Indikatorar:

  • Talet på truga naturtypar i skog.

  • Talet på utvalde naturtypar i skog.

I følgje Norsk rødliste for naturtypar 2011 er det 6 naturtypar i skog som er kategoriserte som truga. Desse er kalklindeskog, kalkrik bøkeskog, lågurt kalkgranskog, kystgranskog, olivinskog og temperert kystfuruskog.

Det er vedteke to utvalde naturtypar i skog etter naturmangfaldlova, desse er hole eiker og kalklindeskog.

4.7. Dei mest truga artene i skog skal ha status som prioriterte arter.

Indikator:

  • Talet på prioriterte arter i skog.

Dei første åtte prioriterte artene etter naturmangfaldlova er fugleartene dverggås og svarthalespove, insektartene elvesandjeger, eremitt og klippeblåvenge og planteartene dragehovud, honningblom og raud skogfrue. Av desse lever eremitt og raud skogfrue i skog. Fleire arter knytte til skog er aktuelle som prioriterte arter og under vurdering.

4.8. Eit representativt utval av naturtypane i skog skal vernast for kommande generasjonar.

Indikator:

  • Verna skog – areal produktiv skog og del av produktiv skog nasjonalt (inkl. årleg endring).

Pr. april 2013 er om lag 2,7 pst. av den produktive skogen verna som naturreservat eller nasjonalpark. Dette utgjer eit areal på ca. 2200 km 2 .

Skog verna etter naturmangfaldlova omfattar i stor grad skog på låg bonitet, jf. tal frå landskogtakseringa. Middels bonitetar er representerte, mens område med høg bonitet utgjer i overkant av 1 pst. av det produktive skogarealet i verneområda. Totalt består om lag 50 pst. av dei verna skogområda av lauvskog på låg bonitet. I naturreservata finn vi ei overvekt av furuskog. Her finn vi 30 pst. furuskog og 20 pst. lauvskog, begge av låg bonitet. Granskog og skog der gran er det viktigaste treslaget dominerer på middels og høg bonitet, både i nasjonalparkar og naturreservat.

4.9. Verneverdiane i verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast

Indikator:

  • Talet på og del av verneområde i skog der verneverdiane er truga.

Kartlegginga som Direktoratet for naturforvaltning gjennomførte i 2008–2010 viste at verneverdiane var truga i 35-40 pst. av verneområda.

4.10. Ved innførsel og utsetjing av framande organismar skal vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet unngåast. For dei mest skadelege framande organismane som allereie er sette ut i norsk natur skal tiltak for å nedkjempe desse vere sette i gang eller gjennomført.

Indikatorar:

  • Areal, totalt og årleg endring, med utplanta framande treslag og utanlandske treslag brukt til skogbruksformål.

  • Areal med spreiing av framande treslag og utanlandske treslag brukt til skogbruksformål

  • Talet på nedkjempingar/utryddingstiltak fordelt pr. art nasjonalt, regionalt og lokalt.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det i 2011 vart gitt stønad frå skogfond til utplanting av 2992 daa med utanlandske treslag. Dette er ein auke på 62 pst. samanlikna med tal frå 2010. Forskrift om utsetjing av utanlandske treslag tredde i kraft i juli 2012, og ein må no søkje om løyve til å plante ut slike treslag som til dømes sitkagran, europalerk, buskfuru, weymouthfuru og vestamerikansk hemlokk. Av dei 1170 reproduserande framande artene i Noreg som vart risikovurderte i den nye svartelista for framande arter frå juni 2012, er 321 arter oppgitt med skog som hovudhabitat. 108 av desse er på svartelista. .

Ein del av tiltaka mot framande organismar i skog skjer i verneområda. I regi av Statens naturoppsyn blir det årleg gjennomført skjøtselstiltak mot framande organismar, blant anna platanlønn, sitkagran, bergfuru, buskfuru, rynkerose, kjempespringfrø og fleire andre forvilla hageplanter. Gran blir òg fjerna i verneområde der den ikkje naturleg høyrer heime og trugar verneformålet. Det er gjennomført jakttid heile året på mink, mårhund, bisamrotte og villsvin.

Det er førebels ikkje utvikla eigne nasjonale handlingsplanar mot framande arter som hovudsakeleg er knytte til skog.

4.11. Utsetjing av genmodifiserte organismar skal ikkje føre til skade på naturmangfaldet, jf. genteknologilova.

Indikator:

Sjå resultatområde 6. Det er ikkje påvist genmodifiserte organismar (GMO) i skog.