Miljøverndepartementet (MD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Noreg har unik natur- og kulturhistorie i fjellområda. For mange er noko av det viktigaste ved fjellet at ein kan oppleve stille og ro i tilnærma urørt natur og villmark, og sjå planter og dyr som er sjeldne eller ikkje finst i andre land i Europa. Gamal seterkultur, husdyr og blomstrande setervollar er òg viktige kjenneteikn ved norske fjellområde. I tillegg til fjordlandskapet, er det fjellet mange turistar kjem til Noreg for å oppleve.

Planter og dyr i fjellet er tilpassa ekstreme miljøtilhøve, og det skal lite til for å forstyrre den fine likevekta som er utvikla gjennom fleire tusen år. Dei krevjande miljøtilhøva har ført til at naturtypane i fjellet har få arter samanlikna med mange naturtypar i låglandet, men det er som oftast mange individ innanfor kvar art.

Fjellområda har vore utnytta av menneske i fleire tusen år, og mange fjellområde er svært rike på kulturminne. Støling, jakt, fangst og fiske og andre haustingsaktivitetar er dei viktigaste formene for tradisjonell bruk. Reiselivsnæringa sin bruk av natur- og kulturminneverdiar i fjellområda, den landbruksbaserte turismen og nordmenn si aukande interesse for friluftsliv og opplevingar i fjellheimen gir i dag den største verdiskapinga i mange fjellbygder og utmarkskommunar. Å finne balansen mellom bruk og vern er ei viktig utfordring.

Nasjonale mål

Nedanfor blir dei nasjonale måla og indikatorane presenterte. Til slutt i dette kapitlet blir det rapportert på måla frå budsjettproposisjonen i fjor.

Nasjonalt mål 5.1. Mangfaldet av naturtypar i fjellet skal takast vare på eller gjenopprettast innan 2020. Som ein del av dette skal det genetiske mangfaldet og viktige økologiske funksjonar og tenester sikrast.

Indikatorar:

  • Utvikling i areal av inngrepsfrie naturområde (INON).

  • Talet på truga naturtypar i fjellet.

  • Talet på utvalde naturtypar i fjellet.

  • Talet på dispensasjonar som er gitt for motorferdsel i utmark.

Nasjonalt mål 5.2. Eit representativt utval av naturtypane i fjellet skal vernast for kommande generasjonar, og verneverdiane i verna fjellområde skal oppretthaldast eller gjenopprettast.

Indikatorar:

  • Totalt areal og del av verna areal fordelt på naturtypar i fjellet.

  • Talet på og del av verneområde i fjellet der verneverdiane er truga.

  • Talet på verneområde med forvaltningsplan.

Nasjonalt mål 5.3. Tapet av truga arter i fjellet skal vere stansa, og tilstanden til arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Indikatorar:

  • Talet på truga arter i fjellet.

  • Talet på prioriterte arter i fjellet, og bestandsutviklinga for desse.

Nasjonalt mål 5.4. Alle bestandar som kan haustast av planter og dyr i fjellet skal forvaltast økosystembasert og vere hausta berekraftig innan 2020.

Indikatorar:

  • Bestandsstatus for arter i fjellet som blir hausta eller utnytta på annan måte.

Nasjonalt mål 5.5. Villreinen skal opptre i levedyktige bestandar i sine naturlege utbreiingsområde i Sør-Noreg.

Indikatorar:

  • Areal som inngår i nasjonale villreinområde og i randsoner.

  • Talet på kommunar som har innarbeidd nasjonalt villreinområde og randsoner i kommuneplanen.

  • Talet på dispensasjonar som er gitt for motorferdsle i utmark innanfor nasjonalt villreinområde og randsone.

Nasjonalt mål 5.6. Det skal årleg vere 39 ynglingar av jerv.

Indikatorar:

  • Talet på dokumenterte ynglingar av jerv.

Nasjonalt mål 5.7. Vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet i fjell av framande organismar skal unngåast.

Indikatorar:

  • Talet på skadelege framande organismar i fjellet, og utbreiinga av desse.

Tilstand

Om lag 30 pst. av Fastlands-Noreg er fjell. Med fjell meiner ein her areal over og nord for skoggrensa. Elvar og vatn i fjellet er ikkje inkluderte i dette. I størstedelen av Noreg er det fjellbjørkeskogen som dannar skoggrensa. Fjellandskapet inkluderer òg berg og grunnlendt mark, det arktiske tundralandskapet, og is- og brelandskapet som er særleg utbreidd på Svalbard og Jan Mayen. Noreg har i overkant av 1600 brear.

Fjellet representerer ekstreme livstilhøve for alt levande. Faktorar som vind, is, snødekke, store temperatursprang, tørke og fukt i marka, verknad av frost og kalkinnhald i jord og stein påverkar planter og dyr. På grunn av dei ekstreme tilhøva er det mange spesialistar blant planter og dyr i fjellet. Til dømes har fleire sjeldne fjellplanter svært snevre tolegrenser for temperatur eller dei krev høgt kalkinnhald i jorda. For mange pattedyr og fuglar er tilgang på føde den viktigaste faktoren for å overleve. På grunn av dei spesielle tilpassingane til ekstreme miljøtilhøve er artene i fjellet svært sårbare når dei blir utsette for ytterlegare påverknader.

Vegetasjonen i fjellet er dominert av dvergbusker, gras- og starrarter, mosar og lav, og stort innslag av urter på kalkrik grunn. Tjukkleik og fordeling av snøen avgjer plantene si fordeling frå avblåst rabbe til snøleie. I snøleia blir snøen ofte liggjande til ut i juli, og ny snø kjem allereie i september/oktober. Dei plantene som veks slike stader må vere raske og effektive for å rekke å blomstre og setje frø før snøen kjem. Døme på planter som veks i snøleie er musøyre, moselyng og polarvier. Dei plantene som veks på rabbane har liten eller inga skjerming frå snøen om vinteren, og må tole vind, enorme variasjonar i temperatur og ofte lite og tørr jord. Døme på slike planter er krekling, greplyng, rabbetust og fleire arter av mose og lav. Den hardføre og vakre blomen mogop, som slår ut i full blom mens det enno er skiføre i fjellet, trivst òg i slike område. Dei næringsrike og lett forvitrande bergartene i delar av Dovrefjell har resultert i svært rike plantesamfunn. Reinrosa er ei art som likar seg godt i slike område.

Insektfaunaen i fjellet er dominert av dei store insektgruppene tovenger, veps, biller og sommarfuglar. Typiske fjellfuglar er heilo, snøsporv, steinskvett og fjellrype. Ramnen er med sin karakteristiske lyd lett å oppdage.

Villreinen har gjennom utviklingshistoria tilpassa seg dei barske tilhøva i fjellet, særleg om vinteren. Pelsen er tjukk og svært tett, og sjølv mulen er hårkledd i motsetning til hos andre arter i hjortefamilien.

For 200-300 år sidan levde villreinen i fjellet i heile landet, og i Nord-Noreg var villreinen framleis talrik omkring 1800. Villrein i Skandinavia finst i dag berre i fjellet i Sør-Noreg som 23 meir eller mindre skilte grupper av individ. Noreg har som einaste land i Europa fjellområde med villrein. Lemen er den mest karakteristiske av norske smågnagarar. Når det er såkalla lemenår (om lag kvart fjerde år), kan dette vesle brungule dyret setje sitt preg på heile vidda.

Av andre pattedyr er fjellrev og jerv viktige dyr i fjellet. Fjellreven er kritisk truga, og det er sett i gang ei rekkje tiltak, under dette Avlsprosjektet, for å sikre at fjellreven framleis skal kunne opplevast i norsk natur. Jerven er sterkt truga, og held først og fremst til i fjellområda langs grensa mot Sverige og Finland, frå Hedmark og nordover.

I følgje naturindeksen for Noreg 2012 er tilstanden for naturmangfald i fjellet samla sett god med ein indeks på 0,63, men i enkelte sentrale fjellområde i Sør-Noreg er tilstanden dårlegare. Berre 4,2 prosent (147 arter) av dei truga artene lever i fjellet. Dette betyr ikkje nødvendigvis at den negative påverknaden på naturmangfaldet her er mindre enn i andre system, men heller at delen av arter knytt til fjellet er låg. Døme på truga arter i fjellet er plantene masimjelt, knuthørapp, aksveronika og brannmyrklegg, og fugleartene dobbeltbekkasin og snøugle. Av pattedyra er jerv truga, i tillegg til fjellreven. Villreinen er ikkje ei truga art, men blir rekna som ei norsk ansvarsart som vi har eit spesielt ansvar for å ta vare på. Døme på truga naturtypar i fjellet er fuglefjell, jordpyramide og polarørken.

Om lag 75 prosent av areala i nasjonalparkane ligg i fjellområde. Dette vil auke litt når nasjonalparkplanen er gjennomført. I tillegg finn vi om lag 70 prosent av landskapsvernområda og litt over 20 prosent av naturreservata i fjellet. Med unntak av dverggås er det førebels ingen prioriterte arter eller utvalte naturtypar i fjellområda.

Vi finn ein stor del av den inngrepsfrie naturen i fjellområda. Det var ein nedgang i bortfallet av inngrepsfri natur frå perioden 1988–1994 og fram til og med perioden 1998–2003, mens det i siste måleperiode (2003–2008) har vore ein auke frå perioden før. Bortfallet av inngrepsfri natur i siste periode (2003–2008) var 1027 km 2 .

Det totale talet på snøskuterar har auka jamt frå om lag 53 500 i 2003 til om lag 73 500 ved utgangen av 2012. Talet på barmarkskøyretøy (All Terrain Vehicles – ATV) har òg auka kraftig, frå 295 nyregistrerte køyretøy i 1995 til 40 900 pr. 31. desember 2012. Talet har auka med over 7 500 berre dei to siste åra. Dette betyr at omfanget av motorferdsle i utmark har auka kraftig.

Talet på dispensasjonar gitt i medhald av motorferdselslova og den nasjonale forskrifta viser at det i 2012 vart behandla 15026 søknader om dispensasjon for motorferdsel i utmark. Av desse vart 95 prosent godkjende, ein stor del av desse handla om motorferdsle i fjellet. I tillegg kjem dispensasjonar som er gitt for fleire år, slik at det i 2012 var 26 800 aktive dispensasjonar. For barmarkskøyring vart det totalt godkjent 1816 søknader i 2012.

Fjellområda er viktige område for friluftsliv for mange, både for fotturar om sommaren og/eller på ski om vinteren. Statistisk sentralbyrås levekårsundersøking for 2011 viser at i løpet av eit år er åtte av ti nordmenn på fottur i skogen eller på fjellet. 55 pst. har vore på ein lengre fottur i skogen eller på fjellet dei siste tolv månadene. Deltakinga i fotturar i fjellet har auka betydeleg sidan 1970 og fram til i dag, frå 38 pst. deltaking i 1970, 47 pst. i 2001 til 56 pst. i 2011.

På Svalbard er det mange spor etter menneske i naturen. Restar etter tidlegare forsking, fangst, gruvedrift og ekspedisjonar finst mange stader. Det meste av Svalbard er likevel utan tyngre tekniske naturinngrep. Ca. 98 pst. av landområda kan kallast villmark utan større tekniske inngrep. Plante- og dyrelivet på land er i dag lite påverka av inngrep og arealbruk. 65 pst. av landområda på Svalbard er verna som naturreservat og nasjonalparkar, og omfattar eit representativt tverrsnitt av naturmangfaldet på øygruppa. Forvaltninga av desse verneområda er svært viktig for miljøtilstanden i fjell- og tundraområda på Svalbard. Det er utarbeidd forvaltningsplanar for Hopen og Bjørnøya naturreservat og for naturreservata Nordaust-Svalbard og Søraust-Svalbard. Arbeidet med forvaltningsplan for Nordvest-Spitsbergen og Forlandet nasjonalparkar med nærliggjande fuglereservat er starta.

Påverknader

Endra arealbruk er vurdert som den viktigaste påverknaden på naturen i fjellet. Sjølv om få menneske bur fast i fjellområda, er ei rekkje av desse områda sterkt prega av og forma av mennesket. Husdyrbeite i fjellet og fjellbjørkeskogen er ein gammal aktivitet i fjellområda, som etter kvart utvikla seg til å bli ein viktig del av jordbruket gjennom etablering av setrar i fjell og fjellnære strøk. Frå om lag 50 000 setrar som var i drift i 1850, var vi nede i 1237 setrar i 2008 som i avgrensa grad utnytta utmarka. Mange kulturpåverka naturtypar knytte til seterbruk i fjellet i tidlegare tider er derfor i sterk tilbakegang. Sjølv om seterdrifta er kraftig redusert, er det framleis omfattande husdyrbeiting i fjellområda våre. Moderat beite har ein positiv effekt for mange arter. Dei økologiske effektane av beite varierer sterkt avhengig av type beitedyr og mengda av dei. Utrekningar frå Hardangervidda viser at enkelte område har beitegrunnlag for meir sau, mens det i Setesdalsheiane er område med meir sau enn det er beitegrunnlag for. Delar av Finnmark er i dag vurderte som overbeita, og på Finnmarksvidda, som er viktig vinterbeite for tamrein, er lavdekket blitt betydeleg redusert. Reduksjon i hogst og slått, og endring i husdyrbeite i områda langs skoggrensa har ført til gjengroing, og på sikt vil desse områda utvikle seg til skogsmark dominert av fjellbjørk, vier og andre vedaktige planter.

Ein reknar med at truslane mot naturmangfaldet i fjellet er aukande. Gjennom dei siste tiåra har fjellområda vore utsette for fleire store fysiske inngrep slik som vasskraftutbyggingar som gir store fysiske inngrep utanom sjølve vassdraget i form av blant anna vegar og neddemming av areal. Av dei meir enn 1000 kvadratkilometer inngrepsfri natur som gjekk tapt i perioden 2003–2008 var det energisektoren som sto for det største bortfallet, blant anna gjennom utbygging av småkraftverk, vindkraft og kraftleidningar.

Bygging av vegar og kraftlinjer fører til fragmentering av område og påverkar trekkmønsteret til villrein og truleg òg andre dyr som trekkjer over større område. Hyttebygging skjer som oftast i randsonene av fjellet, men gir òg ringverknader oppover i fjellet. Det er eit generelt press for utbygging inn mot fleire verneområde, og randsoneproblematikken har høg prioritet i kommuneplanlegging og regional planlegging. Den tradisjonelle bruken og stølsdrifta går framleis tilbake, og tregrensa er flytt høgare opp mange stader.

Aukande motorferdsle er i ferd med å redusere kvaliteten på mange fjellområde som tur- og turistobjekt, både innanfor og utanfor verneområda. Undersøkingar viser at for mange, ikkje minst utanlandske turistar, er stille noko av det som er oppfatta som unikt ved den norske fjellheimen. Motorferdsle har òg negative effektar på dyre- og plantelivet. I sårbare område med liten tilvekst gjer barmarkskøyring stor skade. Sår i terrenget brukar lang tid på å lækjast, nokre gror aldri til. For planter og annan vegetasjon er skadane langt mindre for snøskuter enn for barmarkskøyring. Men også køyring på vinterføre kan gi mekaniske skadar på dvergbjørk og vier i lynghei og dvergbjørkhei som resultat av den direkte kontakten mellom skuter og buskene. Køyring med snøskuter på mark som ikkje er snødekt gir stor skade på vegetasjonen og øvre jordlag. Snøskuterens store fart og evne til å komme fram over alt aukar stressbelastninga på dyrelivet, og opnar for tilgjenge til tidlegare uforstyrra område. Forstyrringar gir dyra mindre beitetid, noko som igjen kan føre til mindre tid for inntak av mat. Dette gjeld blant anna for villrein, kongeørn og andre rovfuglar. Hekkande rovfuglar kan oppleve mislykka hekkingar på grunn av auka bruk av snøskuter.

Klimaendringar vil blant anna gi mildare klima og lengre vekstsesong. Dette vil ha store konsekvensar for dei artene som er tilpassa fjellmiljøet, og resultere i betydelege endringar i samansetjinga av arter. Endra miljø for enkelte nøkkelarter kan føre til endringar i næringsnettet. Eit døme på dette er smågnagarar som tidlegare hadde toppar med 3-5 års mellomrom i nordleg del av Skandinavia. Dei siste tiåra har smågnagarsyklusane vore betydeleg svakare med mindre toppar og lengre tid mellom toppane. Klimaendringane aukar òg prosessen med gjengroing.

Fjellområde med reisetid inntil 3-4 timar frå dei større byane har hatt ein sterk vekst i talet på fritidsbustader dei seinare åra. Fleire stader er det konflikt og vanskelege avvegingar mellom natur- og friluftsinteresser og utbyggingsinteresser.

På Svalbard er ferdsle knytt til turisme, friluftsliv og forsking aukande. I vårmånadene er ferdsla med snøskuter stor i mange område på det sentrale Spitsbergen. Motorisert ferdsle på land kan føre til støy, køyrespor frå ulovleg køyring på barmark og lokal luftforureining. Motorferdsle fører òg til at høvet til å drive tradisjonelt friluftsliv utan forstyrringar er redusert rundt busetjingane i periodar av året. Det er foreløpig ikkje dokumentert negative endringar i bestandane av rein, rev eller gjæser i dei områda der snøskutertrafikk og anna ferdsle har auka mest.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Samfunnsplanlegging

Arealpolitikk og samfunnsplanlegging etter plan- og bygningslova er eit tverrgåande verkemiddel som set rammer for måloppnåinga. Kommunal, regional og statleg planlegging skal mellom anna medverke til å hindre uønskt nedbygging i fjellet. Sjå òg verkemiddelområdet Regelverk og samfunnplanlegging for nærare omtale.

Nye nasjonalparkar og andre verneområde

Gjennomføringa av nasjonalparkplanen og dei fylkesvise verneplanane er på det næraste sluttført. Pr. september 2013 gjenstår fire verneplanar i nasjonalparkplanen og ein fylkesvis verneplan. Arbeidet med skogvern held fram i samsvar med gjeldande planar, jf. tekst under resultatområde 4.

Norsk institutt for naturforsking (NINA), har i sin NINA rapport 535 Naturfaglig evaluering av norske verneområder peika på manglar ved vernet i dag dersom ein skal nå både dei nasjonale måla og dei internasjonale måla Noreg har forplikta seg til gjennom mellom anna Konvensjonen om biologisk mangfald. Evalueringa peikar mellom anna på at eksisterande verneområde i liten grad dekkjer naturtypar i lågareliggjande område og i dei kystnære områda i Sør-Noreg.

Direktoratet for naturforvaltning (no Miljødirektoratet) leverte våren 2013 ei fagleg tilråding for å avklare kva slag naturtypar som bør sikrast gjennom områdevern i medhald av naturmangfaldlova, eller gjennom bruk av andre verkemiddel i naturmangfaldlova og anna lovverk. Oppfølginga av strategien kan gjere det aktuelt å starte nye verneprosessar.

Det kan òg vere aktuelt å gjere utgreiingar som følgje av lokale og regionale initiativ til nye verneområde frå mellom anna kommunar og organisasjonar. Føresetnaden for at slike forslag skal kunne følgjast opp er mellom anna at dei inneheld naturtypar som er underrepresenterte blant eksisterande verneområde, at naturverdiane i områda oppfyller vilkåra for områdevern i naturmangfaldlova og at det er lokal semje om framlegga. Lofotodden i Nordland og Jomfruland og Raet i Telemark og Aust-Agder er døme på slike område som no er i prosess. Det kan òg vere aktuelt å revidere eksisterande verneområde, anten ved endring av vernekategori eller grense- og forskriftsendringar. Som følgje av at naturmangfaldlova ikkje stiller krav om statsgrunn i nasjonalparkar slik som den tidlegare naturvernlova gjorde, har det komme lokale og regionale initiativ til å endre vernekategori frå landskapsvernområde til nasjonalpark. Døme på dette er mellom anna Trollheimen landskapsvernområde i Møre og Romsdal. Som ei oppfølging av Stortingets vedtak i 1999 om å opprette Regionfelt Austlandet og kompensere dette med gjenvinning og vern av naturverdiane på Dovrefjell, er det starta verneplanprosess med utviding av Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark som eit ledd i tilbakeføring av Hjerkinn skytefelt til naturleg tilstand.

Sikring av verneverdiane i verneområda

Når heile nasjonalparkplanen er gjennomført, vil om lag 27 pst. av fjellområda vere verna gjennom naturmangfaldlova. På denne måten har vi sikra juvelane og noko av den mest storslåtte naturen i Noreg, og vi oppfyller dei globale måla for vern av fjell. Dei verna områda representerer store ressursar og mangfaldige høve til opplevingar, samtidig som dei sikrar naturverdiar og områda sin funksjon som leveområde for planter og dyr. Vi må auke fokus på å ta vare på verneverdiane både i nasjonalparkane og i dei andre verneområda. God forvaltning av verneverdiane er ein føresetnad både for å bevare dei sårbare økosystema i fjellet, for framtidige opplevingar og for verdiskaping i fjellbygdene no og i framtida. Alle verneområde skal, der det er naudsynt, ha skjøtsels- og forvaltningsplanar. Slike planar gir konkrete forvaltnings- eller bevaringsmål for området, retningslinjer om bruk, informasjon, skjøtsel og eventuell tilrettelegging. På den måten medverkar forvaltningsplanane til å oppretthalde og fremje naturverdiane i verneområda. Fjellområda er ofte populære turområde. For å ta vare på fjellnaturen blir det i enkelte område opparbeidd stigar for å kanalisere trafikken vekk frå sårbare område. Formidling av informasjon er eit anna viktig verkemiddel for å sikre naturverdiane.

Statens naturoppsyn fører oppsyn med at føresegnene i ei rekkje miljølover blir etterlevd, og spelar ei viktig rolle i arbeidet med å ta vare på naturverdiane i fjellet. Mykje av arbeidet skjer gjennom tenestekjøp frå lokale fjellstyre. Statens naturoppsyn driv òg med utstrekt naturrettleiing i fjellområda,

Formidling og informasjon er eit anna viktig verkemiddel for å sikre naturverdiane i verneområda. Regjeringa har autorisert 15 nasjonalparksenter som skal vere spydspissar i formidlinga om nasjonalparkar. Målsetjinga på lang sikt er at alle nasjonalparkar skal vere knytte til eit autorisert nasjonalparksenter. Regjeringa vil vurdere å autorisere enkelte nye senter i 2014. Det vil òg bli vurdert om enkelte etablerte nasjonalparkar skal knytast til allereie autoriserte nasjonalparksenter. Støtta til nasjonalparksenter og utstillingar vil auke i 2014 og dei fleste sentra vil få naturrettleiar frå Statens naturoppsyn knytt til seg.

Ein merkevare- og kommunikasjonsstrategi for nasjonalparkar vil syte for meir heilskapleg informasjon om nasjonalparkane sine verdiar og attraksjonar og informasjonssentra sine tilbod. Nasjonalparkane treng planar for korleis besøkande kan takast i mot og verneverdiane oppretthaldast, såkalla besøkstrategiar. Jotunheimen har ein slik og dei vil bli laga for fleire nasjonalparkar i 2014.

Arealplanlegging i fjellet

Plan- og bygningslova er det viktigaste verktøyet for arealplanlegging i fjellområda, og denne lova er òg viktig for styring av bruk av randsonene til verneområda. Plan- og bygningslov av 2008 gjer det mogleg å innføre omsynssoner i randsonene til nasjonalparkar og landskapsvernområde, blant anna for å hindre øydelegging av verneverdiane. Det kan òg bli gitt retningslinjer om avgrensing av verksemd og særlege omsyn samtidig med fastsetjing eller revisjon av verneforskrift eller forvaltningsplan. I mange fjellområde er det laga regionale planar der hovudtrekka i arealbruken blir avklart på tvers av kommunegrensene.

Fritidsbustadene skal lokaliserast og utformast med vekt på omsyn til allment friluftsliv, landskap, estetikk og naturmangfald. Landskaps- og stadanalysar må brukast for å ta vare på kvaliteten ved områda under planlegging av nye fritidsbustader. Det er viktig at kommunane gjennomfører grundige landskapsanalysar. Alle nye hytteområde i fjellet bør vurderast særleg grundig i høve til eksponering i landskapet, ha krav om god tilpassing til terrenget og medføre minst mogleg inngrep. Bygg og terrenginngrep bør vere så lite synlege som mogleg, for å redusere fjernverknaden. Miljødirektoratet og Riksantikvaren har utarbeidd ein rettleiar for metode i landskapsanalyse, som er prøvd ut i fleire kommunar. I Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging er det ei forventning at omsynet til landskap, naturmangfald, ressursbruk, energibehov og estetikk blir vektlagt når det blir lagt til rette for utbygging av fritidshus.

Ved planlegging av nye hytteområde i fjellet må det i tillegg til terrengmodellar og landskapsanalysar gjerast grundige vurderingar av konsekvensar for friluftslivet. Slike vurderingar vil i nokre tilfelle vise at utbygging ikkje er tilrådeleg. Det er viktig at kommunane følgjer dei statlege føresegnene og retningslinjene som gjeld for utforming og plassering av hytter i fjellområda, og at fylkeskommunane og fylkesmennene følgjer opp kommunane, slik at viktige friluftsområde ikkje blir bygde ned. Samstundes må ein leggje til rette for best mogleg samspel mellom fritidsbustader, reiselivsområde og friluftslivet, knytt til m.a. opparbeiding og drift av løyper og stigar, parkering m.v. Mindre fjellområde må ikkje byggjast ned med hytter i ei slik grad at verdien deira for friluftsliv og særpreg og karakter forsvinn. I område der det blir planlagt nye fritidsbustader, må det leggjast vekt på å sikre samanhengande grøne samband. Fjellområda skal òg i framtida gi rom for det enkle, tradisjonelle friluftslivet der stille og ro er ein viktig føresetnad. Samtidig skal meir moderne friluftsaktivitetar som til dømes kiting, terrengsykling, alpint og elvepadling kunne finne stad utan at natur- og kulturhistoriske verdiar blir øydelagde, jf. resultatområde 8 Aktivt friluftsliv.

Erfaringane frå verdiskapingsprogrammet Naturarven som verdiskapar blir i 2014 følgt opp med ei tilskotsordning for verdiskaping basert på naturarven. Hovudmålet er å medverke til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir ein viktig ressurs i samfunnsutviklinga. Døme på utviklingstiltak er tilrettelegging av stigar for korte turar, attraksjonar som kanaliserer ferdsel, naturfagleg kompetanseheving for reiselivsbedrifter, sykkelstigar, fotoskjul og nasjonalpark som merkevare for stadutvikling.

Lokal forvaltning

Etablering av den nye modellen for lokal forvaltning av nasjonalparkane og dei store verneområda er i sluttfasen. Dei fleste verneområdestyra er no etablerte, og dei fleste nasjonalparkforvaltarane vil etter planen vere tilsette i løpet av 2013. Verneområdestyra har representantar frå kommunar, fylkesting og frå Sametinget i område med samiske interesser. Dette medverkar til lokal forankring og auka lokalpolitisk engasjement og er i samsvar med prinsippa i Den europeiske landskapskonvensjonen. God kunnskap skal liggje til grunn for forvaltninga, og ein utviklar faglege fellesskap gjennom oppbygging av lokale/regionale forvaltningsknutepunkt, i hovudsak knytte til nasjonalparksenter eller andre typar av naturinformasjonssenter. På denne måten blir nasjonalparksentra lokale kunnskapsbasar for forvaltning av verneområda, og lokale/regionale faglege fellesskap der kunnskapen til nasjonalparkforvaltaren om forvaltning av verneområda blir kombinert med fagpersonar som har kunnskap om naturrettleiing, guiding og naturbasert reiseliv.

Sikring av inngrepsfrie område

Dei attverande naturområda i Noreg utan tyngre tekniske inngrep finst i stor grad i fjellet. Det er eit delmål at slike attverande inngrepsfrie naturområde skal takast vare på. Der det er mogleg, er det òg eit delmål å restaurere område med «gamle» tekniske inngrep. Einskilde inngrep vil kvar for seg ofte ikkje påverke fjellnaturen i vesentleg grad. Men samla effekt av fleire mindre inngrep fører til ei gradvis fragmentering og påverknad av den sårbare fjellnaturen og naturverdiane her. Å unngå irreversible inngrep i desse områda handlar om å sikre den viktigaste kapitalen for ei naturbasert turistnæring.

I Nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging er det ei forventning at omsynet til inngrepsfrie naturområde utan tyngre tekniske inngrep (INON-område) blir lagt vekt på i planlegginga.

Energitiltak er ei viktig årsak til reduksjon av inngrepsfrie naturområde. For å møte denne utfordringa er det blant anna utarbeidd Retningslinjer for små vannkraftverk (Olje- og energidepartementet 2007) og Retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg (Miljøverndepartementet/Olje- og energidepartementet 2007) om blant anna forholdet til inngrepsfrie naturområde i saksbehandlinga for små vasskraftverk og vindkraftanlegg.

Sikring av villreinen

11 fylkeskommunar med i alt 61 kommunar har i samsvar med Miljøverndepartementets bestilling av 2007 og Nasjonale forventningar utarbeidd regionale villreinplanar, der dei siste vil vere sluttførte i løpet av første 1. halvår av 2014. Dei regionale planane vil bli lagt til grunn for vidare regional og kommunal planlegging.

For villreinen, som er ei norsk ansvarsart, er større samanhengande og lite forstyrra område ein føresetnad for å overleve. Verneområda i fjellet dekkjer berre delar av leveområdet til villreinen, og kommunal og regional planlegging er derfor eit svært viktig verktøy for betre forvaltning av villreinen. Dei regionale villreinplanane gir hovudtrekka i arealbruken og drøftar høve til lokal verdiskaping og utvikling. Planane vil òg gi grunnlag for å utpeike ti nasjonale villreinområde. Åtte av desse vil utgjere to europeiske villreinregionar. I 2014 skal ein arbeide med å konkretisere innhaldet i og etableringa av dei europeiske villreinregionane.

Rovviltforvaltning

I tråd med rovviltforliket frå 2011 vil arbeidet med å halde bestanden av jerv så nær bestandsmålet som mogleg halde fram. Lisensfelling er det viktigaste verkemiddelet i bestandsreguleringa av jerv, men i enkelte område har ikkje lisensfellinga gitt tilfredsstillande resultat. Dei siste åra har miljøstyresmaktene derfor gjennomført ekstraordinære uttak av jerv før beitesesongen. Forvaltinga vil framleis gjennomføre slike uttak der det er naudsynt, og i tråd med rovviltforliket vil forvaltninga i større grad enn tidlegare vurdere slike uttak før lisensfellingsperioden er over. Vidare skal det framleis vere fokus på å auke kompetansen hos jegerane, slik at den ordinære lisensfellinga gir større utteljing.

Motorferdsle i fjellet – fråvær av støy

Det er viktig å skjerme viktige friluftsområde mot støy frå køyretøy på bakken, vatnet, småfly og helikopter gjennom oppfølging og handheving av føresegnene i motorferdslelova og forskrift om bruk av vasskuter og liknande. Utviklinga i talet på dispensasjonar og i talet på køyretøy gir god grunn til å gi barmarkskøyringa større merksemd framover. Det er spesielt viktig å skjerme fjellheimen og dei sårbare områda nord i Noreg mot terrengskadar som følgje av bruk av barmarkskøyretøy. Utviklinga i ulovleg køyring og dei store konsekvensane den fører med seg viser at det er viktig at regelverket blir handheva. I fjellområda veks naturen langsamt og lyden ber langt. Der er det særs viktig at ein rettar seg etter forbodet mot bruk av vasskuter.

Det er Regjeringas mål å regulere motorferdsle i utmark for å ta vare på naturmiljøet, fremje trivsel og sikre stille og ro i naturen.

Regjeringa har i 2013 foreslått enkelte endringar i høvet til fornøyelseskøyring med snøskuter, sjå nærare omtale av dette under resultatområde 8 Friluftsliv.

I Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging er det venta at kommunar med eit visst omfang av motorisert ferdsel i utmark tek dette opp som tema i planlegginga.

Finnmark er det einaste fylket med opne løyper for motorferdsel på barmark. Ein rapport frå barmarksprosjektet i Finnmark med tilrådingar for å avgrense barmarkskøyring i Finnmark vart send Miljøverndepartementet frå Direktoratet for naturforvaltning 15. februar 2011. Regjeringa vurderer tilrådingane i prosjektet.

Prioriterte arter og utvalte naturtypar

Arbeidet med å peike ut prioriterte arter og utvalde naturtypar vil halde fram i 2014. I dette arbeidet kan òg arter og naturtypar knytte til fjellet bli vurderte. Mellom anna er fjellreven ein kandidat til å bli ei prioritert art. Ein vil òg følgje opp dei artene som er blitt prioriterte og dei naturtypane som er blitt utvalde, inkludert dei handlingsplanane som er utarbeidde. I Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging ligg ei forventning om at dei alminnelege føresegnene i naturmangfaldlova om berekraftig bruk blir lagde til grunn for planlegging som påverkar naturmangfald. Førekomstar av utvalde naturtypar og økologiske funksjonsområde for prioriterte arter skal innarbeidast i planlegginga.

Sikring av villmarksnaturen på Svalbard

Forvaltningsplanar for verneområda er eit viktig grep for å nå dei nasjonale måla. Vidare skal Miljødirektoratet starte arbeidet med å kartleggje meir nøyaktig inngrepsfrie naturområde på Svalbard i samsvar med den INON-klassifikasjonen som er nytta på fastlandet. Dette vil gi eit betre grunnlag for å måle endringar i inngrepsstatus.

Det finst inga detaljert vegetasjonskartlegging på Svalbard, men det er sett i verk systematisk overvaking av effektar av ferdsel på vegetasjon i avgrensa område. Dette skjer i regi av Miljøovervakingssystemet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ).

Snøheimvegen

Stortinget vedtok i 1999 å opprette eit nytt skyte- og øvingsfelt for Forsvaret på Austlandet, og å leggje ned skytefeltet på Hjerkinn (Innst. S. nr. 129 (1998-99). Opprettinga av Regionfelt Austlandet innebar eit svært stort naturinngrep og tapet av naturverdiar skulle kompenserast med gjenvinning og vern av naturverdiar på Dovrefjell:» «Hjerkinn skytefelt legges ned i samsvar med pkt. 7.2 i St.meld. nr. 11 (1998–99) som ledd i en omfattende plan for utvidet vern av Dovrefjell gjennom Sunndalsfjella nasjonalpark, som forlengelse av Dovrefjell nasjonalpark, og landskapsområder vestover fra Rondane nasjonalpark, jf. Ny landsplan for nasjonalparker i St.meld. nr. 62 (1991–92)».

Regionfelt Austlandet vart opna i 2005. Samtidig innstilte Forsvaret sin bruk av Hjerkinn skytefelt. I 2006 starta naturrestaureringsarbeidet, som er delt i to fasar: fase I frå 2006–2012 og fase II fra 2013–2020. Det ligg i prosjektplanen at alle vegar i området skal fjernast, inkludert Snøheimvegen. Snøheimvegen er ei 14 km lang vegstrekning frå betalingsbommen nær E6 ved Hjerkinn og inn til Snøheim.

Stortinget behandla i mars 2008 eit representantforslag om å bevare Snøheimvegen (dokument 8:8 (2007 – 2008)). Det vart under behandlinga av saka bestemt å innhente meir kunnskap for å få eit betre avgjerdsgrunnlag, jf. Innst. S. nr.131 (2007–2008). Norsk institutt for naturforsking (NINA) fekk i oppdrag å gjennomføre eit slikt prosjekt og har vore fagleg ansvarleg for prosjektet saman med Norsk senter for bygdeforsking. Prosjektet sitt hovudtema har vore samspelet mellom villrein, reinen sin arealbruk og menneskeleg ferdsel i og bruk av dei same områda. Prosjektet vart sett i gang i 2008/2009 og har vore organisert i fleire delprosjekt. I sluttrapporten NINA Temahefte 51 Horisont Snøhetta , som vart offentleggjort i mars 2013, er resultat og funn frå delprosjekta sett i samanheng.

Melding om oppstart av verneplanarbeid for tidlegare Hjerkinn skytefelt vart kunngjort 1. juli 2013.

Forskingsprosjektet sine konklusjonar

Prosjektet tek utgangspunkt i at turisthytta Snøheim er gjenopna, med dei konsekvensar ferdsel i området har for villrein.

Villreinen sitt trekk og kryssing av området aust for Snøhetta er avgjerande for å halde ved lag funksjonell bruk av villreinområdet. For å komme til haust- og vinterbeita aust for Snøhettamassivet (Hjerkinnplatået) er reinen avhengig av å krysse ferdselsårene Stroplsjødalen (stien inn mot Reinheim turisthytte) og Snøheimvegen. Desse to ferdselsårene er to system som fungerer parallelt og relativt uavhengig av kvarandre. Hovudutfordringa er at ferdsla gjennom Stroplsjødalen allereie er på eit kritisk høgt nivå, og at ein står i fare for å få etablert to parallelle barrierar som kan avskjere rotasjonstrekket mellom heilt sentrale årstidsbeiter. Framtidig belastning på dette området må sjåast i samanheng med inngrep, ferdsel og belastninga i aksen Hjerkinn-Snøheim og Stroplsjødalen.

I 2012 vart vegen, som ledd i forskingsprosjektet, stengt for privatbilar. Det vart i staden organisert ei ordning med skyttelbuss inn til Snøheim fire gonger dagleg gjennom sommarsesongen.

Prosjektet konkluderer med at den beste kombinerte løysinga for villrein og folk vil vere at Snøheimvegen består, med eit strengt regime for regulering av ferdsel gjennom skyttelbuss som køyrer heilt inn til Snøheim, og eit breitt sett av tiltak og verkemiddel for å handtere ferdsla. Ein føresetnad for tilrådinga er at handteringa av ferdsel ved hjelp av skyttelbuss blir nedfelt i langsiktige planar og føresegner, og at restriksjonane på bruk av vegen blir effektive. Det er òg ein føresetnad at bruken av Snøheim blir lagt til rette på ein slik måte at det ikkje blir etablert ferdsel som hindrar reinen sine trekkmoglegheiter rundt Snøhettamassivet eller går ut over kalvingsområda. Det må òg setjast i verk ei overvaking for å følgje ferdselsutviklinga. Bussregimet må vurderast på nytt dersom det viser seg at det ikkje fungerer etter føresetnadene.

Vidare oppfølging

Miljøverndepartementet og Forsvarsdepartementet viser til at forskingsprosjektet si tilråding byggjer på data frå berre ein sesong med bussdrift. Dette var òg første sesong Snøheim turisthytte var open etter gjenopninga. Det er derfor avgrensa kunnskap om korleis bussordninga i praksis vil fungere og korleis den samla ferdsla i området vil utvikle seg over tid. Departementa er derfor samde i tilrådingane frå forskingsprosjektet om at det er nødvendig å sjå på effektane av bussregimet og anna utvikling i området over tid.

Fjerning av Snøheimvegen ligg inne i prosjektplanen for Forsvarsbygg sitt naturrestaureringsprosjekt. Prosjektet skal vere ferdig i 2020. Dersom Forsvarsbygg skal rekke å gjennomføre arbeidet med å fjerne vegen som del av prosjektet, må endeleg vedtak om dette treffast seinast i 2017.

Miljøverndepartementet og Forsvarsdepartementet vil derfor oppretthalde ordninga med stenging av vegen for privatbilar og vidareføre bruk av skyttelbuss inn til Snøheim i perioden 2014–2017, med samtidig overvaking av og innhenting av kunnskap om trafikk og ferdselsutvikling i området. Endeleg avgjerd om Snøheimvegen blir teke på bakgrunn av dette i 2017.

For å unngå at det blir utvikla ferdsel som motverkar den positive effekten av busstransporten må ein søkje å avgrense anna bruk og ferdsel (til fots, med sykkel, med hundespann etc.) på strekninga. Slik ferdselsavgrensing vil i første i første omgang blir forsøkt oppnådd gjennom informasjon om villreinen sin bruk av området og oppmoding om å nytte busstilbodet. Formaliserte ferdselsavgrensingar eller -forbod må vurderast etter behov.

Dei andre vegane i området skal sanerast som føresett, i tråd med prosjektplanen for naturrestaureringsarbeidet.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2013

5.1. Utryddinga av truga arter i fjellet skal vere stansa, og status for arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Indikator:

  • Talet på truga arter knytte til fjellet.

I følgje Norsk rødliste for arter 2010 er 147 arter i arktisk og alpine område truga.

5.2. Mangfaldet av naturtypar i fjellet skal takast vare på eller gjenopprettast innanfor sitt naturlege utbreiingsområde, og slik at alle arter førekjem i levedyktige bestandar. Det genetiske mangfaldet og viktige økologiske funksjonar og tenester skal takast vare på.

Indikatorar:

  • Utvikling i areal av inngrepsfrie naturområde (INON).

  • Utvikling i areal i rehabiliterte INON-område.

  • Talet på dispensasjonar som er gitt og utvikling i talet på dispensasjonar under motorferdslelova.

Dei siste hundre åra er dei villmarksprega naturområda i Noreg (område 5 kilometer eller meir unna tyngre tekniske inngrep) reduserte frå omkring halvparten av landarealet til i underkant av 12 pst. i 2008, og i Sør-Noreg var det berre att 5 pst. i 2008.

I perioden 2003–2008 stod utbygging i vassdrags- og energisektoren for om lag 40 pst. av bortfallet av inngrepsfrie naturområde, ein god del av dette i fjellområda. Med dei venta investeringane i energisektoren vil presset på INON-areal i fjellområda auke markant, særleg knytt til utbygging av småkraft, vindkraft og kraftlinjer i sentralnettet.

Det er i 2012 sett i gang arbeid for å førebu ei ny oppdatering av INON for ferdigstilling i løpet av 2013. Vi har nokre få døme på tilbakeføring av utbygde fjellområde til inngrepsfrie naturområde, mellom anna knytt til omlegging av større kraftlinjer. Omfanget av slike endringar, og endringane i fjellområda, vil gå fram av oppdateringa av INON i 2013.

Talet på dispensasjonar gitt i medhald av motorferdslelova og den nasjonale forskrifta er tilgjengeleg som KOSTRA-rapportering. I 2012 vart det rapportert behandla 15 026 søknader om dispensasjon for motorferdsel i utmark. Av desse vart om lag 14 250 (95 pst.) godkjende. For å få eit samla bilete må det òg reknast med dispensasjonar som er gitt for fleire år. I overkant av 12 000 tidlegare gitte dispensasjonar var framleis gyldige i 2012, dvs. at det var om lag 26 800 aktive dispensasjonar i 2012. Samla tal gyldige dispensasjonar gjekk opp med nær 3 000 frå året før, det vil si ei auke på 12 prosent. For barmarkskøyring vart det totalt godkjent 1 816 søknader i 2012. Dette er 368 færre enn året før.110 søknadar vart avslått i 2012. Ein gjer oppmerksam på at tala ikkje er fullstendige grunna mangel på rapportering frå ein del kommunar med mange barmarkskjøretøy og snøskutarar.

5.3. Alle bestandar av planter og dyr som det blir hausta av i fjellet skal vere forvalta økosystembasert og bli hausta berekraftig slik at artene opptrer i levedyktige bestandar innanfor sitt naturlege utbreiingsområde innan 2020.

Indikator:

  • Bestandstatus for arter som har blir hausta eller utnytta på annan måte

Hausting av planter i fjellet skjer primært gjennom beiting. Beiting er i hovudsak òg tillete i verneområde, og er ikkje vurdert som ein trussel mot naturmangfaldet i fjellet.

Hausting av hjortevilt i fjellet er godt regulert ved at hjorteviltet er forvalta på grunnlag av kvotar.

5.4. Villreinen skal sikrast i livskraftige bestandar i sine naturlege utbreiingsområde i Sør-Noreg.

Indikatorar:

  • Status for arbeidet med dei regionale planane for villreinfjella.

  • Areal som inngår i nasjonale villreinområde og randsoner.

  • Talet på kommunar som har innarbeidd nasjonale villreinområde og randsoner i kommuneplanen.

  • Talet på dispensasjonar som er gitt innanfor nasjonalt villreinområde og randsone.

  • Del av villreinen sitt leveområde som er verna etter naturmangfaldlova.

Den største satsinga for å nå målet er knytt til arbeidet med regionale planar for dei ti nasjonale villreinområda. På oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning (no Miljødirektoratet) har dei to villreinsentra på Hjerkinn og Skinnarbu, i samarbeid med NINA og særskilt oppnemnde prosjektgrupper, lagt ned eit stort arbeid med kartlegging og dokumentasjon av villreinen sine leveområde som grunnlag for dei regionale planane. Alle desse prosjekta er no fullførte og rapporterte. Det blir òg gjennomført brukarstyrte FoU-prosjekt med GPS-merking av villrein og kartlegging av friluftsliv og ferdsle innanfor dei fleste av desse områda. Snøhetta-prosjektet, som vart sett i verk etter Stortinget si behandling av eit Dok8-forslag knytt til Snøheimvegen og restaurering av Hjerkinn skytefelt i 2008, er sluttført og rapportert 1. kvartal 2013, sjå elles eiga omtale av Snøheimvegen over. Etter kommunevalet hausten 2011 vart det i 1. kvartal 2012 gjennomført ny oppnemning og halde oppstartsamlingar for dei ni regionale villreinnemndene. I 2013 er det gjennomført ei samling med kurs- og kompetanseutvikling for sekretariata og dei ansvarlege fylkesmennene. Det er òg starta vidaregåande kursing av dei einskilde nemndene i regi av Norsk Villreinsenter. Dei to villreinsentra legg ned eit stort arbeid med dokumentasjon, rådgiving og naturrettleiing i høve til andre aktørar og barn og unge. Det er òg utvikla publikumsattraksjonar som vil vere viktige bidrag til verdiskaping innanfor lokalt næringsliv i regionane der sentra ligg.

5.5. Det skal årleg vere 39 ynglingar av jerv.

Indikator:

  • Talet på dokumenterte ynglingar av jerv.

I 2012 vart det registrert 68 ungekull av jerv i Noreg. Av desse vart 17 ungekull tekne ut av Statens Naturoppsyn ved uttak frå hi. Førebels resultat frå 2013 syner at talet på ynglingar har vorte redusert ned mot bestandmålet på 39 årlege ynglingar. Fire ungekull vart tekne ut av Statens naturoppsyn ved uttak frå hi våren 2013. I 2012 vart det arbeidd for at bestandsovervakinga av jerv skulle bli samordna med svenske naturstyresmakter, og i løpet av 2013 vil ein felles metodikk for overvaking av jerv i Sverige og Noreg vere på plass.

5.6. Dei mest truga naturtypane i fjellet skal ha status som utvalde naturtypar.

Indikator:

  • Talet på utvalde naturtypar knytte til fjell.

I følgje Norsk Raudliste for naturtypar 2011 er sju naturtypar knytte til fjell truga. Dette gjeld naturtypane fuglefjell, grotte, ravinedal, open grunnlendt kalkmark i boreonemoral sone, avblåst normal arktisk steppe, varm kjelde og jordpyramide.

5.7. Dei mest truga artene i fjellet skal ha status som prioriterte arter.

Indikator:

  • Talet på prioriterte arter knytte til fjell.

Av dei første åtte prioriterte artene som vart vedtekne etter naturmangfaldlova i juni 2011 er det dverggåsa som er knytt til fjellet. I tillegg blir fjellrev vurdert som prioritert art.

5.8 Eit representativt utval av naturtypane i fjellet skal vernast for kommande generasjonar.

Indikator:

  • Areal og del av verna areal (inkl. årleg endring) fordelt på naturtypar i fjellet.

Den naturfaglege evalueringa av norske verneområde frå 2010 viste at 27 pst. av fjellarealet i Noreg var verna. I 2011 og 2012 vart ytterlegare 2 562 km 2 i fjellet verna.

Pr. august 2013 er 50 av i alt 54 verneframlegg i nasjonalparkplanen gjennomførte. Utover dette er Færder i Vestfold og Fulufjellet oppretta som nasjonalparkar. I 2014 vil ein arbeide vidare med dei gjenståande verneframlegga i nasjonalparkplanen, mellom anna oppretting av Muvrrešáhpi nasjonalpark med Goahteluoppal landskapsvernområde og utviding av Øvre Anarjohka nasjonalpark i Finnmark.

Ein har starta prosessen med å vurdere ein nasjonalpark på Lofotodden etter ønske frå kommunane Moskenes, Værøy og Flakstad. Ein har òg starta arbeidet med sikte på og opprette ein nasjonalpark i området Jomfruland-Raet langs kysten av Telemark og Aust-Agder. Noreg har meldt inn 633 potensielle Emerald-område til Bern-konvensjonen. Mange av desse områda ligg i fjellet.

5.9. Verneverdiane i verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast.

Indikatorar:

  • Talet på og del av verneområde i fjellet der verneverdiane er truga.

  • Talet på og del av verneområde i fjellet med forvaltningsplan.

Direktoratet for naturforvaltning gjennomførte i 2008–2010 ei kartlegging av tiltaks- og planbehovet i verneområda som viste at verneverdiane var truga i 35-40 pst. av verneområda.

Mangel på stadfesta kunnskap om naturverdiar i verneområda avgrensar høvet til å gjennomføre ein kunnskapsbasert forvaltning som sikrar verneføremålet. Frå 2010 er om lag 230 verneområde frå alle resultatområde kartlagt etter NiN (Naturtypar i Noreg), og talet vil auke med om lag 50 område i løpet av 2013. Det blir planlagt med å vidareføre kartlegginga på minst same nivå i 2014. Målsetjinga med kartlegginga er å auke kunnskapen om naturtypar og arter i verneområda slik at det blir mogleg med ein framtidsretta forvaltning som tek vare på nasjonale og internasjonale forpliktingar. I perioden 2011–2012 vart det utarbeidd ein overordna struktur og plan for overvaking, og manualar (rettleiingar) for arbeid med bevaringsmål og overvaking. Konkret overvaking i verneområde starta i 2012, og omfattar både lokal overvaking på bakken i det enkelte verneområde og arealrepresentativ overvaking i verneområde i skog, myr og fjell basert på fjernmåling.

Arbeidet med å utvikle forvaltningsplanar for verneområda i fjellet har vore prioritert. Av dei 55 områda som er vedtekne etter nasjonalparkplanen har i dag 25 område godkjent forvaltningsplan. I tillegg er det om lag 20 planar som er under utarbeiding.

For verneområde generelt viser ein gjennomgang i 2013 at 657 verneområde har ferdige planar (103 av desse er forvalta av nasjonalpark- og verneområdestyre). Det er starta eller planlagt forvaltningsplanar for ytterlegare 761 verneområde. Dei viktigaste prioriteringane for arbeidet med forvaltningsplanar er:

  • Område der verneforskrifta seier at området skal ha ein forvaltningsplan.

  • Område i nasjonalparkplanen og Ramsarområde (med unnatak for noen få område).

  • Område der verneformålet er truga, og der ein forvaltningsplan er nødvendig for å planlegge tiltak for å ta vare på verneverdiane.

  • Andre område med viktige forvaltningsutfordringar.

Nasjonalpark- og verneområdestyra er no på plass, og i løpet av 2013 vil det vere forvaltarar knytte til alle styra. Det er til no oppretta 30 forvaltningsknutepunkt. Pr. 1. april 2012 er det autorisert 15 nasjonalparksenter. Lokalt vert det arbeidd med planar for fleire nasjonalparksenter. Vidare utvikling av nasjonalparksenter vil bli sett i samanheng med etableringa av den nye forvaltningsmodellen for verneområda.

5.10. Ved innførsle og utsetjing av framande organismar skal vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet unngåast. For dei mest skadelege framande organismane som allereie er sette ut i norsk natur skal tiltak for å nedkjempe desse vere sette i gang eller gjennomførte.

Indikatorar:

  • Talet på nedkjemping/utryddingstiltak fordelt pr. art nasjonalt, regionalt og lokalt.

Det er venta at framande arter som i dag er etablerte i låglandet i framtida kan flytte seg mot fjellet i takt med auka gjennomsnittstemperatur. Døme på slike arter er buskfuru, sibirvalmue og planta gran og sitkagran. Det er ikkje utvikla handlingsplanar som er spesielt retta mot framande organismar i fjellområda, men dei ferdigstilte handlingsplanane mot mink og mårhund vil ha verknad også i fjellområda. Direktoratet for naturforvaltning har sett i gang utvikling av ein handlingsplan mot framande organsismar på Svalbard.

5.11. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å hindre uønskt nedbygging i fjellet.

Indikator:

  • Talet på regionale fjellplanar.

I følgje KOSTRA er det utarbeidd regionale planar for fjellområda i 9 fylke. Av desse er 7 planar vedtekne etter 2010. Alle dei viktigaste villreinområda vil vere omfatta av slike planar innan 2013. Det er i tillegg laga interkommunale planar for fleire fjellområde, utan at desse er vedtekne som formelle regionale planar.

Miljøverndepartementet har det overordna ansvaret for oppfølging av Den europeiske landskapskonvensjonen i Noreg. Plan- og bygningslova av 2008 og naturmangfaldlova av 2009 gir nye høve til å ta vare på mangfaldet i landskapet.

I samarbeid med Artsdatabanken arbeider Direktoratet for naturforvaltning med utvikling av ein metodikk for kartlegging av landskapsmangfald, og det er utvikla eit system for kartlegging av landskapstypar som vart prøvd ut i Nordland fylke i 2012 og 2013. Kartlegginga av landskapstypar vil gi meir systematisk kunnskap om mangfaldet i landskapet, og vil gi betre grunnlag for å overvake endringar i arealbruk i fjellområda, både i og utanfor verneområda. Miljødirektoratet arbeider saman med Artsdatabanken om å etablere ein nasjonal database med data om landskap i Noreg.

Sjå også omtalen av Planlegging for ei berekraftig utvikling under verkemiddelområdet Regelverk og samfunnsplanlegging, for nærare informasjon.