Miljøverndepartementet (MD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

I alt 80 prosent av den norske befolkninga bur i dag i byar og tettstader. Å skape gode by- og tettstadsmiljø er derfor viktig for trivsel og helse for dei fleste av oss. Veksten av byane har vore sterk i heile etterkrigstida. Vi har over 900 byar og tettstader i Noreg, frå dei minste med vel 200 innbyggjarar til den største, som er Oslo kommune med eit folketal på meir enn 600 000. Veksten kjem ikkje berre i dei større byane, men òg i kringliggjande kommunar. Den sterke veksten i hovudstadsregionen og i andre storbyregionar fører med seg særskilde utfordringar, mellom anna når det gjeld infrastruktur, bustadmarknader, levekår og tenestetilbod. Fleire av desse utfordringane krev løysingar på tvers av kommune- og fylkesgrenser og samarbeid med statlege styresmakter.

Eit funksjonelt og godt fysisk bymiljø er viktige føresetnader for trivsel og helse. Godt tilgjenge til kvardagsfunksjonane, rein luft, vakre og trygge omgivnader og høve til sosial deltaking og fysisk aktivitet i nærmiljøet er gode som folk set pris på. Også for næringslivet er godt fungerande og attraktive stader viktig for verksemda og for å rekruttere og halde på arbeidskrafta.

Nasjonale mål

Nedanfor blir nasjonale mål og indikatorar presenterte. Til slutt i dette kapitlet er det rapportert på målet frå budsjettproposisjonen i fjor.

Nasjonalt mål 7.1. Byar og tettstader skal vere berekraftige, attraktive og funksjonelt utforma, og fremje helse og livskvalitet.

Indikatorar:

  • Talet på byregionar med samordna areal- og transportplanar.

  • Tettstadareal pr. innbyggjar.

  • Delen av dei daglege reisene som skjer på miljøvenleg måte.

  • Delen av omsetninga i varehandel i kommunen innanfor by- og tettstadsområde

  • Utslepp av klimagassar i kommunar og fylke.

  • Leike- og rekreasjonsareal i tettstader pr. 1000 innbyggjarar.

  • Delen busette med kortare avstand enn 500 m til rekreasjonsareal større enn 200 daa i byar og tettstader.

  • Tal på kommunesenter som er kartlagde etter kriteria for tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne.

  • Bustadbygging som er sett i gang

Tilstand

Sikre ein berekraftig bystruktur gjennom effektiv arealbruk og styrkt miljøvenleg transport

Det er eit mål å utvikle meir konsentrerte byar og tettstader av omsyn til arealbruk og transport. Samtidig skal det sikrast område med god kvalitet til rekreasjon og leik. I dei største byane skjer det meste av utbygginga som fortetting og byomforming. Dette er ikkje i same grad tilfelle i mindre byar og tettstader, men for landet samla aukar tettleiken noko. Konsentrert byutvikling er ein føresetnad for eit effektivt kollektivtrafikktilbod og for at fleire syklar og går. Dermed er det òg god klimapolitikk.

Fortettinga og den sterke satsinga på kollektivtransporten dei siste åra har medført at fleire reiser miljøvenleg i dei 13 største byane som inngår i Framtidas byar. Delen som reiser på miljøvennleg måte i mindre byar og tettstader er klårt lågare.

Byane ligg ofte knytt til den beste dyrka jorda i landet. I dei mest produktive områda er gjerne òg naturmangfaldet størst. Det er til dømes på det sentrale Austlandet at talet på truga arter er størst. Vekst i byar og tettstader vil derfor ofte vere ei utfordring i høve til å ta vare på dyrka mark og naturmangfald. Rundt byane ligg det òg friluftsareal som er mykje brukt. Det er derfor viktig å hindre ukontrollert vekst i byane og å nytte dei areala som er eigna til utbygging best mogleg, og vidare sikre ei planlegging som tek godt omsyn til både verdifulle landskap, dyrka mark og til truga arter, truga naturtypar og andre verdifulle område for naturmangfald.

Det er ei utfordring å gjennomføre ein meir arealeffektiv utbyggingspolitikk. Den nye plan- og bygningslova har verktøy som skal gjere det lettare å få til fortetting og omforming i byane. Regjeringa har vidare styrkt jordvernet, og mange byar har bymarker som er tekne vare på gjennom planvedtak eller eiga lov (Oslo-marka). Dei rikspolitiske retningslinjene for samordna areal- og transportplanlegging blir lagt til grunn for planlegginga. Hovudprinsippa er mellom anna konkretisert i arbeidet med regional planstrategi for Oslo og Akershus som Miljøverndepartementet har leia. Også dei andre større byregionane har utarbeidd samordna areal- og transportplanar og konseptvalutgreiingar med sikte på å fremje meir miljøvenleg transport. Gjennom Framtidas byar er fleire byar i gang med å vurdere køprising og parkeringsavgrensingar som verkemiddel samtidig som kollektivtilbod og sykkelvegnett blir bygd ut. Slike verkemiddel er viktige og heilt nødvendige for å nå målet i Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk og i klimaforliket, om at veksten i persontransporten i storbyane skal skje med kollektivtransport, sykkel og gange. Sjå resultatområde 10 Stabilt klima.

Stimulere til betre bustadplanlegging som viktig del av byutviklinga

Den sterke veksten i folketalet i byane har ført til auka press på bustadmarknaden og kommunane må setje av tilstrekkeleg areal for bustadformål. Ein berekraftig bystruktur inneber bu- og nærmiljø med kvalitet og med trygge, trivelege opphaldsareal ute som inviterer til leik og sosialt samvær. Omsynet til miljø og målet om redusert energibruk skal liggje til grunn for nybygging og rehabilitering av eksisterande bustadmasse. Omsynet til korte avstandar mellom bustad og barnehage, skule, nærbutikkar og kollektivtransport, og tilgang på gang- og sykkelstigar, skal liggje til grunn for tomteval og bustadforsyning.

Stimulere til at offentlege og private, publikumsretta verksemder blir lokaliserte på ein måte som medverkar til å byggje opp under ein berekraftig bystruktur

I ein berekraftig bystruktur er det naudsynt å styrkje sentrum i byar og tettstader og andre knutepunkt i kollektivnettet. I byane aukar talet på busette og arbeidsplassar i sentrumsområda, men sentrumshandelen taper terreng. Berre Oslo har halde ved lag sin del. Noko av årsaka ligg i at kjøpesenter og andre butikkar blir lokaliserte i utkanten av eller utanfor byen. Den rikspolitiske forskrifta om kjøpesenter frå 2008 skal sikre at kjøpesenter og anna handelsverksemd blir lokaliserte i samsvar med godkjente fylkes- og fylkesdelplanar for senterstruktur og service. Departementet følgjer ein streng praksis når det avgjer motsegnsaker og arbeider med å styrkje fylkesmennene si oppfølging av føresegna. For ytterlegare å støtte utviklinga i byar og tettstader sende departementet hausten 2013 ut ei ny statleg planføresegn for lokalisering av kjøpesenter og handel på høyring. I Framtidas byar blir det gjennomført prosjekt for å styrkje sentrum som handelsstad gjennom betre samhandling mellom kommune og næringsliv.

I forhold til berekraftig utbygging er det uheldig at sjukehus, høgskular og anna publikumsretta statleg verksemd i nokre tilfelle blir lokaliserte på stader med dårleg kollektivtilbod, ofte utanfor eller i utkanten av byen eller tettstaden. Statsbygg legg i sin nye miljøstrategi for verksemda frå januar 2013 vekt på å leggje til rette for redusert miljøbelastning og økologisk fotavtrykk ved val av lokalisering både ved leige og utbygging. Statsbygg ønskjer ei lokalisering med nærleik til sentrum og eit godt kollektivsystem og slik skal nasjonale prinsipp for ei miljøvennleg by- og stadutvikling inngå i avgjerdsprosessar ved val av lokalisering. Departementet legg desse prinsippa til grunn for behandling av enkeltsaker, og fylkesmennene er gjennom embetsoppdraget bedne om å følgje opp dette ved statleg lokalisering i kommunane.

Medverke til reduserte utslepp av klimagassar og tilpassing til klimakonsekvensar, knytt til blant anna areal-, energi- og transporttiltak.

Vegtrafikken står for om lag 60 pst. av dei utsleppa byane sjølve kan påverke. Utslepp frå stasjonære kjelder, særleg oppvarming, utgjer 20 pst., 10 pst. kjem frå avfallsdeponi og resten frå andre mindre kjelder. Vegtrafikk er òg den viktigaste kjelda til utslepp av NO 2 , og viktig bidragsytar til utslepp av svevestøv. Dei store utsleppa frå vegtrafikken heng saman med den måten vi har utvikla byane våre på, med store avstandar mellom bustader, arbeidsplassar, handel og ulike tenester. Dette skaper mykje bruk av bil og store utslepp. Tette byar gir korte avstandar, mindre transportbehov og mange fleire kan gå, sykle eller ta bussen. Tett utbygging gjer det samstundes lettare å forsyne bygningar med fjernvarme basert på rein energi i staden for tradisjonelle løysingar.

Behovet for å redusere klimagassutsleppa vil krevje energieffektivisering av eksisterande bygningsmasse, inkludert verneverdige bygg, samstundes som dei kulturhistoriske verdiane må førast vidare. Tradisjonelt er eldre bygningar laga av miljøvennlege materialar og dei har eit langt livsløp. Dette er viktige eigenskapar i eit miljø- og klimaperspektiv.

Mange norske byar og tettstader ligg ved kysten eller i nærleiken av vassdrag. Bygg og anlegg er sårbare for klimaendringane med omsyn til blant anna havnivåstigning, flaum, overvatn og skred. Klimaendringane inneber risiko for liv og verdiar, og kostnadene knytte til tilpassing er potensielt store. Samtidig skal det planleggjast for stor uvisse. Det gjeld både å sikre seg mot dei store farane og gjennomføre dei mange små tiltaka som kan dempe verknadene av endringane. Til dømes er det naudsynt å betre dimensjoneringa av avløpsrøyr, og sikre at vassdrag kan ta unna større vassmengder. Bekker kan opnast for å ta unna meir vatn og grå flater kan erstattast av grøne flater. Grøne flater syg betre opp overflatevatnet og gir nedkjøling, og er slik sett òg eit viktig tiltak med omsyn til klimatilpassing. Klimaendringane vil i aukande grad òg krevje tilpassingar og endringar i forvaltninga av kulturminna. Til dømes vil eit fuktigare klima krevje betre vedlikehald, og heving av havnivået vil kunne krevje store tiltak for å redde viktige kulturminne. Gjennom risiko- og sårbarheitsanalysar og god planlegging kan byane få oversikt og i tide ta dei naudsynte grepa.

Sikre høg kvalitet i byrom og uteareal og ta vare på grønstruktur og naturmangfald

Når veksten i byane i stor grad skjer gjennom omforming og konsentrert utbygging, er det viktig å sikre dei grøne lungene og kvaliteten på uteareala. Dei siste tala frå KOSTRA viser at leike- og rekreasjonsarealet i tettstadene samla sett har minka noko frå 2000 til 2011, men med store variasjonar mellom byane. Gjennomsnittet ligg på 17 dekar pr. 1000 innbyggjarar i 2011. Tala viser litt overraskande at det ikkje er ein klar samanheng mellom kor tett byen er og storleiken på slike areal. Dette indikerer at mange av dei tettast utbygde kommunane bevisst sikrar grøntområda i planlegginga si og vektlegg kvalitet i utforminga av byen.

Det er òg viktig å ta vare på område som gir naturmangfald i byane. I tillegg til markaområda i nærleiken av byane, er dei grøne lungene, attverande skogholt, gamle tre, parkane og vassdraga viktige leveområde for ei rekkje arter av planter og dyr.

Dei fleste av dei truga artene lever i dei rikaste og mest produktive områda sør og aust i landet. Dette er samtidig dei områda der det bur flest folk. Med ordninga prioriterte arter og utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova, skal dei artene og naturtypane som er prioriterte og utvalde takast særskilt godt vare på. Dette krev ei kunnskapsbasert planlegging og forvaltning, der ein prøver å få til vinn-vinn-løysingar, som kjem både menneske, friluftsliv og naturverdiar til gode.

Det må leggjast stor vekt på kvalitet i byutvikling og fortetting, både ved lokalisering av og utforminga av bygningsmassen og for å sikre gode og trygge opphaldsområde og uterom med godt tilgjenge for alle. Ved bustader, skular og barnehagar skal det vere god tilgang til trygg ferdsel, leik og annan aktivitet i ein variert og samanhengande grønstruktur med gode samband til kringliggjande naturområde. Plandelen i plan- og bygningslova legg sterk vekt på kvalitet i uteområda. Dei rikspolitiske retningslinjene for barn og unge sine interesser i planlegginga, som blant anna skal sikre gode uteareal, er blitt tydelegare gjennom den nye lova og tilhøyrande rettleiing.

I historiske by- og tettstadsområde må ny busetnad innpassast med særleg varsemd og respekt. Sikring av kulturhistoriske verdiar er viktig for kvalitet, attraktivitet, variasjon og kontinuitet i byar og tettstader i endring. Utfordringa er både å integrere kulturminneomsyn på ein god måte i kommunale planprosessar og å nytte kulturminne i byutviklinga. Det er viktig å utvikle og føre vidare byane sin historiske identitet og tidsdjupn.

Samanhengande grøntområde med turstigar og sykkelvegar kan binde dei ulike bydelane saman og sikre tilgang til nærliggjande natur- og friluftsområde.

For å kunne måle utviklinga på desse områda, må vi utvikle nye indikatorar, blant anna treng vi indikatorar for ein del av naturkvalitetane i by som knyter seg til parkar, grøne samband, leikeplassar og tilgang til vatn. Vi treng òg indikatorar som måler korleis kulturmiljø, gater og plassar blir nytta av befolkninga, tekne hand om og utvikla vidare.

Miljøverndepartementet støttar opp om stadutvikling ved å skape gode møtestader mellom ulike sektorar og forvaltningsnivå. Miljøverndepartementet samarbeider òg med Kommunal- og regionaldepartementet, Kulturdepartementet, Statens vegvesen, Vegdirektoratet, Riksantikvaren, Husbanken, Helsedirektoratet, Direktoratet for naturforvaltning og Kompetansesenteret for distriktsutvikling gjennom Forum for stadutvikling om tiltak for å styrkje kompetansen i kommunane, blant anna gjennom regionale konferansar for stadutvikling. Ein nasjonal nettportal for stadutvikling ligg på Regjeringas nettsider; stedsutvikling.no. Det er òg utarbeidd rettleiar om stadutvikling og belysning, og for universell utforming i planlegging av uteområda.

Påverknader

Befolkningsframskrivingane tyder på at befolkningsveksten framleis kan bli sterk i byområda dei næraste 20 åra, til dømes kan Oslo få nesten 200 000 fleire innbyggjarar fram til 2030. Dette vil føre til eit betydeleg press på landbruks-, natur- og friluftsområda rundt byane og på dei grøne lungene i byen. Auka befolkningsvekst stiller oss vidare overfor særlege utfordringar knytt til auka utslepp frå transport; av dei som medverkar til både lokal luftforureining, støy og klimaendringar.

For dei enkelte byane og tettstadene fører veksten til store endringar. Dei mest synlege skjer gjennom utbygging av nye bustadområde, etablering av større næringsverksemd og offentlege institusjonar og gjennom ny infrastruktur. Dei fleste endringane er likevel små og lite merkbare frå år til år, men over tid vil summen av nye investeringar og dei mange små inngrepa kunne gi store konsekvensar for bymiljøet.

Sidan utbygging i praksis er irreversibel, er det viktig å sikre at endringane skjer til det beste for innbyggjarane, næringslivet og miljøet. Dette inneber at endringane bør nyttast til å byggje opp under miljøvenlege bystrukturar, transportformer og transportsystem, betre dei fysiske omgivnadene, mellom anna med omsyn til tilgjenge for alle, leggje til rette for helsefremjande aktivitetar og medverke til at klimaendringane kan møtast på ein robust måte. Klimaendringar vil innverke på korleis vi planlegg og utviklar byane og tettstadene våre. Samtidig må eigenart og identitet, verdifulle kulturmiljø og landskap, biologisk mangfald, grønstrukturar og naturområde takast vare på og utviklast vidare.

Utviklinga av berekraftige byar og tettstader skjer i eit komplisert samspel mellom offentlege styresmakter og private aktørar. Miljøverndepartementet samarbeider med ei rekkje departement og andre instansar om mellom anna samordna areal- og transportplanlegging, friluftsliv, universell utforming, trygging av matjord, næringsutvikling, stadutvikling med vidare. Det er ei viktig og krevjande oppgåve å formidle dei nasjonale krava og forventningane til planlegginga til kommunar, fylkeskommunar og statlege sektorstyresmakter med motsegnsrett.

Det er mange konfliktar som må løysast, mellom utbygging og vern og mellom ulike interesser. Planlegging etter plan- og bygningslova fastset spelereglar og skapar arenaer som er viktige for partane både når dei langsiktige linjene skal trekkjast og når det kjem til gjennomføring.

Tilstrekkeleg plan- og miljøkompetanse og tilgang til grunnlagsdata er ein føresetnad for god samfunnsplanlegging. Ei særleg utfordring er derfor knytt til plan- og miljøkompetansen i kommunane. Det blir stilt auka krav til ei aktiv planlegging, til konsekvensvurderingar og til betre samordning. Plan- og miljøkompetansen i mange kommunar er dei siste åra gradvis bygd ned. Dette har svekt evna til å ta hand om plan- og miljøoppgåvene. Kommunane har ei avgjerande rolle i planlegging for ei berekraftig utvikling, og det er derfor naudsynt å sikre og styrkje kapasiteten på dette området i kommunane.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Regelverk og samfunnsplanlegging

Arealpolitikk og samfunnsplanlegging etter plan- og bygningslova er eit tverrgåande verkemiddel som set rammer for måloppnåinga. Kommunal, regional og statleg planlegging skal mellom anna medverke til å at byar og tettstadar er berekraftige, attraktive og funksjonelt utforma med eit godt fysisk miljø som fremjar helse og livskvalitet. Sjå òg verkemiddelområdet Regelverk og samfunnplanlegging for nærare omtale.

Arbeidet med å skape berekraftige, attraktive og funksjonelt utforma byar og eit fysisk miljø som fremjar helse- og livskvalitet blir følgt opp i den nasjonale politikken gjennom ei rekkje verkemiddel og tiltak. Nye statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal-, og transportplanlegging og statlege planføresegnar for lokalisering av kjøpesenter og handel vart sende på høyring hausten 2013.

I Nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging, er by- og tettstadutvikling omtalt som eit eige tema. Her er gjeldande politikk oppsummert og konkretisert. Ein viser òg til resultatområde 10 Rein luft om politikken for å nå nasjonale mål knytte til rein luft og støy og resultatområde 11 Stabilt klima.

Miljøverndepartementet har som miljø- og planleggingsstyresmakt eit særskilt ansvar for å samordne og formidle den nasjonale miljøpolitikken og arealpolitikken, blant anna for den fysiske utviklinga i byområda.

Den moderne berekraftige byen

Det er naudsynt med breie tiltak for å nå måla om ei berekraftig utvikling i byar og tettstader. Folketalet i Noreg er venta å auke sterkt dei neste ti åra, hovudsakleg i byar og tettstader. Dette gir utfordringar for bustadforsyning, transport, arealbruk, klimagassutslepp, helse og livskvalitet. Miljøverndepartementet tok ei rekkje initiativ i 2013. Nokre av dei vil vere aktuelle å følgje opp i dei kommande åra for at byane skal bli betre i stand til å ivareta dei planutfordringane dei står ovafor.

Miljøvernministeren hadde ei rekkje besøk i dei største norske byane med blant anna opne møter, der bypolitikk var tema. Dette mogleggjorde ein god dialog med politisk nivå og andre i byane om viktige tema. Miljøverndepartementet har òg utarbeida ein publikasjon med tittelen Den moderne bærekraftige byen .

Miljøvernministeren oppretta hausten 2012 eit fagleg råd for berekraftig bypolitikk med mandat å gi ein skriftleg rapport innan utgangen av 2013. Utvalet er sett saman av 15 personar med ulik fagleg og geografisk bakgrunn. Råda deira vil vere viktige innspel til den vidare utforminga av statleg bypolitikk.

Plansatsing mot store byar

Ei ny satsing frå 2013 retta mot byane skal medverke til framtidsretta byplanlegging, betre bymiljø og tilrettelegging for auka bustadbygging. Viktige grep i satsinga er å styrkje kompetanse og kapasitet, og meir samarbeid på tvers av sektor- og kommunegrensene. Planlegging og tilrettelegging av bustadområde er ei viktig oppgåve for kommunane. I 2012 oppmoda miljøvernministeren gjennom eit eige skriv alle fylkesmenn til å sjå til at kommunar tek hand om tilstrekkeleg bustadbygging. Dette vart følgt opp av midlar til fylkesmennene i pressområda Hordaland, Rogaland og Sør-Trøndelag frå 2013.

Plansatsinga mot store byar inneber òg tilskotsmiddel på 18 millionar kroner pr. år. På bakgrunn av god erfaring frå plansamarbeidet mellom Oslo og Akershus om areal- og transportplanlegging blir det nytta 6 millionar kroner pr. år tiltenkt som tilskot til plansamarbeid i dei tre store byområda rundt Bergen, Trondheim og Stavanger. Gjennom plansamarbeid kan vi oppnå meir heilskapleg lokalisering av busetjing, handel og arbeidsplassar saman med effektive areal- og transportløysingar.

Resten av midlane, 12 millionar kroner pr. år, vil bli brukt som tilskot til kommunar som aktivt vil følgje opp måla for ein berekraftig bu- og bustadpolitikk. Det blir lagt særleg vekt på prosjekt som kan brukast som eksempel for andre byar. Det er ønskjeleg å få prøvd ut tiltak for å styrkje dei urbane kvalitetane i byane. Dette gjeld blant anna gang- og sykkelvegar, kollektivaksar og urbant friluftsliv. Det gjeld vidare offentlege og private uterom, grøntområde og kulturminne som ressurs. Ein ønskjer òg å prøve ut tiltak for å oppnå betre samarbeid mellom kommunane og dei næringsdrivande for å styrkje handel og anna aktivitet i sentrum av byane.

Den nye plansatsinga inneber òg 5 millionar kroner til byforsking i 5 år, jf. kap. 14.10. Forskinga vil gi eit viktig og langsiktig bidrag for at byane kan vurdere kva som er gode og effektive strategiar for blant anna bustader kombinert med grøne kvalitetar, korleis skape levande bysentrum med handel og andre aktivitetar og korleis løyse transportbehovet når mengda menneske aukar og utsleppa må ned.

Boks 18.1 Prinsippa for berekraftig by- og tettstadutvikling går fram av St.meld. nr. 23 (2001–2002) Bedre miljø i byer og tettsteder:

  • Kollektivtransporten utgjer ryggraden i bystrukturen og er styrande for utbyggingsmønsteret.

  • Eit sterkt sentrum med konsentrasjon av arbeidsplassar, bustader, handel og kontorfunksjonar.

  • Konsentrert utbygging av næring og bustader i kollektivknutepunkt.

  • Lokalsamfunn med tett og variert bustadstruktur, grøne lunger, skular, barnehagar, handel og næring.

  • Samanhengande grøntstruktur der grøne korridorar og samband knyter dei ulike byområda med grøne lunger til omkringliggjande markaområde.

  • Hovudnett for sykkeltrafikk som gjer sykkel til eit attraktivt transportmiddel.

  • Hovudvegsystemet går utanom lokalsamfunn, men sentrum og knutepunkt blir betente.

For å sikre at politikkutforming og verkemiddel blir mest mogleg treffsikre i forhold til utfordringane, driv departementet utviklingsarbeid i samarbeid med byane og andre aktørar. Utviklingsarbeidet som er omtalt nedanfor følgjer opp målsetjinga knytt til det nasjonale resultatmålet for godt bymiljø.

Framtidas byar

Miljøverndepartementet starta i 2008 programmet Framtidas byar , som er eit samarbeid mellom dei 13 største byane, KS, fire departement og næringslivets hovudorganisasjonar. Hovudmålet er å redusere dei samla klimagassutsleppa frå vegtransport, stasjonær energibruk og forbruk og avfall i dei største byområda. Samtidig skal det utviklast strategiar for å møte klimaendringar no og i framtida. Delmål for arbeidet er å betre det fysiske bymiljøet med tanke på helse, oppleving og næringsutvikling.

Måla skal nåast gjennom meir forpliktande samhandling mellom lokale, regionale og statlege styresmakter og med næringslivet. På den måten vil vi utnytte tilgjengelege ressursar betre, utvikle meir effektive verkemiddel og prøve ut nye tiltak for å fremje klima- og miljøvennlege byar.

Ei stor mengd samarbeidsområde, prosjekt og tiltak er sette i gang i byene, av ulik storleik og art, og med ei stor mengd involverte aktørar. Erfaringane frå alle desse blir formidla gjennom nettstaden www.framtidensbyer.no og direkte til andre byar og interesserte gjennom konferansar, rapportar m.m., og ei eksempelsamling på nettet.

Utvikling av ulike verktøy for utrekning og måling av klimagassutslepp og effektar av tiltak er ein viktig del av arbeidet. Framtidas byar blir målt gjennom jamleg rapportering og følgjeevaluering med indikatorar på ulike nivå. Dei årlege evalueringsrapportane frå 2010 syner at Framtidas byar medverkar til å heve byane sitt arbeid med klima- og bymiljøspørsmål, og at det er venta utsleppsreduksjonar som følgje av prosjekt som blir gjennomførte innan programmet.

For å oppnå hovudmålet om reduserte klimagassutslepp og tilpassing til klimaendringane er arbeidet organisert i dei fire innsatsområda areal og transport , energi i bygg , forbruk og avfall og tilpassing til klimaendringane . Under desse innsatsområda og fellesområdet er om lag 40 samarbeidsområde i gang, i tillegg til ei rekkje underområde, prosjekt og tiltak. Delmålet om betre bymiljø er definert som eit eige innsatsområde, knytt til dei fleste samarbeidsområda og aktivitetane.

I tillegg til avtalepartane er ei rekkje andre offentlege, private og frivillige aktørar involvert i arbeidet. Det er utvikla eit rapporteringssystem i form av ein database knytt til eksempelsamlinga som måler aktivitetane og resultata, for kvartalsvis og årleg oppfølging. Det blir over budsjettet gitt støtte til utviklingsarbeid, samarbeidsprosjekt og andre tiltak.

I den siste perioden vil programmet leggje vekt på blant anna smartbyløysingar og områdeutvikling, der samarbeid med næringslivet og heilskaplege modellar er viktige element.

Gjennom å styrkje kommunal kompetanse og stimulere til handling, er målet på sikt å medverke til mindre klimagassutslepp, meir attraktive og miljøvenlege byar, og regional utvikling.

Områdesatsing i utsette byområde

Enkelte område i større byar har særskilde utfordringar av eit slikt omfang at det er behov for særlege satsingar. Områdesatsing kan vere eit viktig verkemiddel for å betre miljø, buforhold og levekår i avgrensa geografiske område. Ei områdesatsing er eit samarbeid mellom stat og kommune som ser fleire verkemiddel i samanheng og medverkar til å skape synergieffektar av statlege og kommunale middel. Ei slik heilskapleg satsing kan vere viktig for å snu ei negativ sosial og økonomisk utvikling i eit område, og for å stimulere til deltaking i lokalsamfunnet og i samfunnet elles.

Stat og kommune går allereie saman om ein ekstra innsats i nokre område med slike utfordringar. Groruddalen og Søndre Nordstrand i Oslo, Saupstad i Trondheim og Årstad i Bergen er dei områda der staten og kommunane har slik felles innsats. Også andre område har tilsvarande utfordringar. Det blir derfor lagt fram forslag om at staten går inn med til saman 40 mill. kroner til områdesatsingar i indre Oslo Aust og i bydelen Fjell i Drammen i 2014.

Indre Oslo Aust

Utviklinga i indre Oslo Aust har vore positiv dei seinare åra. Fleire barnefamiliar har valt å bli buande, og det har skjedd ei betrakteleg oppgradering av mange nærområde. Samtidig har enkelte område, som nedre del av Grünerløkka, Grønland og Tøyen, særlege utfordringar og treng eit løft. Utfordringane er tverrfaglege og spenner frå førebygging av kriminalitet og rusproblematikk til deltaking og inkludering.

Oslo kommune har sett av 25 mill. kroner i sitt budsjett for ein særleg innsats for indre Oslo Aust. Staten vil medverke med 25 mill. kroner. Løyvinga er fordelt over budsjetta til fleire departement. Miljøverndepartementet legg frem forslag om å medverke med 4 mill. koner til nærmiljøtiltak og stadutvikling, mellom anna betre tilhøve for gang-, sykkel- og kollektivtransport.

Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeidsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Kulturdepartementet sine bidrag vil mellom anna gå til folkehelsetiltak, utvikling av sosiale tenester og tiltak til vanskelegstilte, inkluderingstiltak, tiltak retta mot barn og unge, forbetring av bustad og bustadområda, idrett, oppgradering av dei grøne uteområda og sosialt entreprenørskap.

Satsinga skal drivast i eit breitt samarbeid mellom departementa og Oslo kommune.

Fjell i Drammen

Bydel Austad/Fjell i Drammen har om lag 8000 innbyggjarar og ligg på sørsida av Drammenselva. Bydelen har barneskule og ungdomsskule, fleire barnehagar, bydelshus og eiga kyrkje. Det er avgrensa med næringsverksemd i bydelen utover dei offentlege institusjonane, slik at dei fleste har arbeid i andre delar av byen.

Befolkninga i Fjell skulekrets har blant dei dårlegaste levekåra i byen med mellom anna eit lågt inntekts- og utdanningsnivå. Nesten halvparten av befolkninga i området har innvandrarbakgrunn. Drammen kommune har over fleire år teke initiativ til og gjennomført tiltak på Fjell utover den generelle kommunale tenesteytinga.

Det er sett av 15 mill. kroner til områdesatsing i Fjell på Miljøverndepartementets budsjett for 2014. Satsinga blir utforma av Miljøverndepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kulturdepartementet, Arbeidsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet i fellesskap. Arbeidet er leia av Miljøverndepartementet.

Satsinga i Groruddalen

Regjeringa har sidan 2007 vore med på eit historisk byløft i Groruddalen i Oslo. Groruddalen har 130 000 innbyggjarar. Regjeringa og byrådet i Oslo har inngått ei intensjonsavtale om eit samarbeid om Groruddalen for 10-årsperioden 2007–2016. Det langsiktige hovudmålet er ei berekraftig byutvikling, synleg miljøopprusting, betre livskvalitet og samla sett betre levekår i Groruddalen. Det skal utviklast eit lokalt og inkluderande samarbeid med dei som bur i dalen, organisasjonar, burettslag, næringsliv, bydelar og offentlege organisasjonar.

Boks 18.2 Satsinga i Groruddalen

Etter snart sju år med ekstra satsing i Groruddalen, er det mange synlege resultat. Dei fem første åra medverka Oslo kommune med 266 mill. kroner og Regjeringa med 586 mill. kroner. Over ein tiårsperiode vil stat og kommune ha investert over en milliard kroner i Groruddalssatsinga. Oslo kommune har ansvaret for den heilskaplege utviklinga i Groruddalen. Miljøverndepartementet samordnar staten sin innsats. Den felles innsatsen er organisert i fire programområde.

I Programområde 1 Miljøvennleg transport i Groruddalen , er det i 2012 rusta opp busshaldeplassar, sett opp støyskjermar, utbetra vegkryss og bygd ein parsell på eitt av hovudsambanda i gang- og sykkelvegnettet. Ansvarleg: Samferdselsdepartementet og Oslo kommune.

I Programområde 2 Alna, grønstruktur, idrett og kulturmiljø er det i 2012 arbeidd vidare med ein bydelspark i kvar bydel. Det har òg vore arbeidd med å utvikle samanhengande grøne område og turvegar og å ruste opp kulturmiljøet på Akergardane for å skape nye møteplassar og fremje kulturaktivitetar. Ansvarleg: Miljøverndepartementet og Oslo kommune.

I Programområde 3A Områdeløft og stadsutvikling , har bydelane arbeidd med fysiske og sosiale tiltak for å betre bu- og oppvekstmiljø i utvalte område med levekårsutfordringar. I 2012 har dette blant anna ført til nye leikeplassar og parkar, bibliotektreff, gatefestar og kulturparade, og kurs i språk, leiarutvikling for ungdom og korleis bu saman i burettslag. Ansvarleg: Kommunal- og regionaldepartementet/Husbanken og Oslo kommune.

I Programområde 3B Områdeplanlegging og byutvikling , har planlegging av utbygging på Furuset, Breivoll og Vollebekk vore blant dei prioriterte sakene i 2012. Vidare vart Groruddalskonferansen 2012 arrangert. Ansvarleg: Oslo kommune.

I Programområde 4 Oppvekst, utdanning, levekår, kulturaktivitetar og inkludering er mange av tiltaka vidareført frå tidlegare. Blant desse er gratis kjernetid i barnehagen og satsingar på språk, helse og frivillig arbeid. I 2012 starta eit skuleutviklingsprosjekt som mellom anna skal medverke til at læringsutbyttet og gjennomstrøyminga på skulane i områda kjem opp på nivå med gjennomsnittet for Oslo. Ansvarleg: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (i samarbeid med Kunnskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeidsdepartementet), Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og Oslo kommune.

Utvikling av urbane kvalitetar

Departementet har sett i gang arbeid og utviklingsprosjekt som omfattar utforming av gater, plassar og andre offentlege rom i byane, leike, opphalds- og grøntareal og samanhengande stigar og vegar for gåande og syklande. Grøne prosjekt vil òg fange opp omsynet til klimatilpassing. Når byane blir omforma og fortetta er det òg viktig å ta vare på kulturminne og verdifulle kulturmiljø.

Miljøverndepartementets Bymiljøpris som vart delt ut første gongen i 2002, skal inspirere til ei meir berekraftig by- og tettstadutvikling ved å trekkje fram gode eksempel på miljøvennleg byutvikling. Kvart år gir Miljøverndepartementet prisen til ein by eller eit tettstad som utmerkar seg i så måte. I 2013 gjekk prisen til 2 byar, nemleg Bergen og Hamar for å ha ein klar strategi for bustadutviklinga og å ha klart å skape gode stader med høge bu- og bykvalitetar.

Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste slår fast at behovet for nye bustader og vekst i folkesetnaden i dei store byregionane fører med seg auka press på areal og infrastruktur. Dette gir utfordringar for miljø, helse og livskvalitet, og det fører òg til auka press på dei kulturhistoriske verdiane i byområda. Korleis desse utfordringane vert møtte, vil vere avgjerande for bymiljøet og dei urbane kvalitetane i framtida.

Store delar av byutviklinga skjer på område som allereie er bygde på. Homogene, historiske byområde er ofte tett befolka og med lite grøntareal, og dei er derfor lite egna til fortetting i stor skala. Andre område, som for eksempel tidlegare hamne- og industriområde som har mist sin opphavlege funksjon, er eigna som transformasjonsområde. For å få til ei vellykka byutvikling, må ein ha både kunnskap og vilje til å ta vare på og vidareutvikle kvalitetane i den eksisterande byen.

Boks 18.3 Dei nasjonale gatene og plassane våre

Riksantikvaren og Statens Vegvesen starta i 2011 eit arbeid med målsetjing å få etablert eit nasjonalt program med arbeidstittel «Våre nasjonale gater og plassar». Føremålet er å skape auka medvit om den betydninga gater og offentlege rom i byane har som sosial og offentleg arena, og løfte fram føredøme med store bruksmessige, visuelle og meiningsberande kvalitetar. Byar og stader har oppstått i knutepunkt der viktige ferdslevegar kryssar kvarandre. Gatene har vore byane sine hovudpulsårer, og plassane har vore sentrale arenaer som er viktige for vår identitet og stadstilhøyring. Eit arbeid med «Våre nasjonale gater og plassar» har som mål å medverke til ei meir kvalitetsbevisst og miljøvennleg byutvikling som gir oss betre byar å leve i, med betre møteplassar. Målet er òg å utvikle byane som nasjonale og internasjonale reisemål med betydning for lokalt næringsliv. Tilrettelegging for både kollektivtrafikk, gåande og syklande, med universell utforming som prinsipp, skal vere ein integrert del av denne utviklinga. Gjennom det planlagde programmet ønskjer Riksantikvaren og Statens vegvesen å invitere til ein nasjonal dugnad for å heve kvaliteten på nokre av nasjonen sine viktige fellesområde.

Bevaring av grønstruktur og naturmangfald

For å ta vare på og styrkje kvalitetane i grønstruktur, unngå spreiing av framande, invaderande arter og bevare naturmangfaldet, er det viktig at dei som forvaltar grøne areal i tettbygde område ser nærare på korleis ein kan betre tilhøva for truga arter eller andre arter som finst naturleg i nærleiken. Til dømes bør ein vurdere om ein i større grad kan nytte stadeigne plantearter i staden for framande planter frå fjerne himmelstrøk i parkar og andre grøne anlegg. Regjeringa arbeider med ei forskrift til naturmangfaldlova om innføring og utsetjing av framande arter. I nokre tilfelle vil det vere mest føremålstenleg å ta vare på truga eller verdifulle arter og naturtypar ved å gi dei status som prioriterte arter eller utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Arbeidet med å peike ut prioriterte arter og utvalde naturtypar vil halde fram i 2014. I dette arbeidet kan òg arter og naturtypar som er å finne i og ved tettbygde strøk bli vurderte. Ein vil òg følgje opp dei artene som er blitt prioriterte og dei naturtypane som er blitt utvalde, inkludert dei handlingsplanane som er utarbeidde. Staten kan gi tilskot til tiltak for å ta vare på dei prioriterte artene og utvalde naturtypane.

Miljøverndepartementet siktar mot den felles visjonen Noreg universelt utforma 2025. Eit godt grunnlag er lagt i Regjeringa sin handlingsplan: Handlingsplan for universell utforming 2009 – 2013 . Likeverdig deltaking uansett funksjonsevne i samfunnsutvikling og byliv er eit mål. Handlingsplanen omfattar òg universell utforming i by- og tettstadutvikling, auka tilgjenge til offentlege bygningar og uteområde, friluftsliv og kulturminne. Tilgjengetilhøva i kommunesenter og friluftsområde i nærmiljø har eit særskilt fokus. Forslag til målbare arealbruksindikatorar er utvikla i Noreg digitalt og i Matrikkelen. Tiltaka vil gi betre oversyn over universell utforming og tilgjenge i kommunal planlegging og arealforvaltning.

Miljøverndepartementet vil følgje Regjeringa sine retningslinjer for utarbeiding av ein ny strategi eller handlingsplan mot 2025 som skal leggjast fram våren 2014.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2013

7.1. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til at byar og tettstadar er berekraftige, attraktive og funksjonelt utforma med eit godt fysisk miljø som fremjar helse og livskvalitet.

Indikatorar:

  • Talet på byregionar med samordna areal- og transportplanar.

I alt 16 fylke hadde i 2011 regionale areal- og transportplanar. Dei største byregionane utarbeider slike planar og strategiar som innspel til Nasjonal transportplan og bymiljøavtaler. Miljøverndepartementet støtter planarbeid i Bergens-, Trondheims- og Stavangerregionen økonomisk i 2013 og i ytterlegare fire år føresett budsjettgodkjenning.

  • Tettstadareal pr. innbyggjar.

Tal for byane viser at dess tettare folk bur, dess meir miljøvenleg transport er det. I dei 13 største byane skjer no det meste av utbygginga som fortetting og byomforming. I 2009 har kvar innbyggjar i gjennomsnitt 500 m 2 tettstadareal til disposisjon, noko mindre enn i 2000. Utbygginga i mindre byar og tettstader er jamt over ikkje så konsentrert. Her har kvar innbyggjar meir enn 1000 m 2 og tettleiken minskar.

  • Delen av dei daglege reisene som skjer på miljøvenleg måte.

Fortettinga og den sterke satsinga på kollektivtransporten dei siste åra, har medført at fleire reiser miljøvenleg, frå 35 pst. i 2005 til 36 pst. i 2009 for byane i Framtidas byar samla. Delen som reiser på miljøvenleg måte i mindre byar og tettstader er klart lågare, ikkje berre fordi kollektivtilbodet er dårlegare utbygd, men òg fordi færre syklar og går.

  • Delen av omsetninga i varehandel i kommunen innanfor by- og tettstadsområde

Tal frå SSB (27/2012) indikerer at hovudsentrum sin del av omsetninga blant «Framtidens byer» har blitt redusert i perioden 2006 til 2011 for alle kommunane.

Tilsvarande tal for dei mellomstore byane viser at sentrum har tapt store deler i same periode. Gjennomsnittet i del av omsetninga har gått frå 44-49 pst. til mellom 37-44 pst. (SSB: 20/2012)

  • Utslepp av klimagassar i kommunar og fylke.

Utsleppa av klimagassar auka i dei 13 største byane med 5 pst. frå 1991 til 2010. Det er då rekna med utslepp som byane sjølve kan påverke. Vegtrafikken står for om lag 60 pst. av desse utsleppa, utslepp frå stasjonære kjelder, særleg oppvarming, utgjer 20 pst., 10 pst. kjem frå avfallsdeponi og resten frå andre mindre kjelder. Vegtrafikk er òg den viktigaste kjelda til utslepp av NO 2 , og viktig bidragsytar til utslepp av svevestøv. Ein viser til omtale av resultatområde 10 Rein luft for nærare omtale av tilstanden for lokal luftkvalitet.

  • Leike- og rekreasjonsareal i tettstader pr. 1000 innbyggjarar.

Tal frå KOSTRA viser at gjennomsnittet av leike- og rekreasjonsareal i mellomstore byar ligg på nærare 17 dekar pr. 1000 innbyggjar i 2011. I dei 13 største byane som er med i «Framtidas byar», er gjennomsnittet noko lågare, med 14 dekar pr. 1 000 innbyggjarar same året. I perioden 2003 til 2011 har leike- og rekreasjonsarealet i tettstadene minka noko.

  • Delen busette med kortare avstand enn 500 m til rekreasjonsareal større enn 200 daa i byar og tettstader.

Delen av befolkninga med tilgang til større rekreasjonsareal har gått ned frå 79 til 77 prosent i heile landet frå 1999 til 2009. I dei større byane er delen redusert frå 66 prosent til 64 prosent i same periode.

  • Talet på kommunar med rekreasjons- og friluftsområde lagt til rette med universell utforming.

For 2012 rapporterte 299 kommunar at dei hadde eitt eller fleire rekreasjons- eller friluftsområde lagt til rette med universell utforming. Talet på område endra seg frå 1814 i 2011 til 1751 i 2012.

  • Talet på kommunar med vedteken plan og retningslinjer for universell utforming.

Sjå omtala av Planlegging for ei berekraftig utvikling under verkemiddelområdet Regelverk og samfunnsplanlegging, for nærare informasjon.

  • Tal på kommunesenter som er kartlagde etter kriteria for tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne.

Talet på kartlagde tettstadsenter kom i 2012 opp i 112. Kartlegginga i 2013 vil auke talet opp mot 175, samstundes som einskilde tidlegare kartlagde vil verte tekne opp på nytt for å få ein indikator på endring. Statens kartverk står for kartlegginga saman med einskilde kommunar.

  • Bustadbygging som er sett i gang

Bustadbygginga har gått ned etter 2007 som følgje av blant anna finanskrisa, og nådde botn i 2010. I 2011 auka talet på bustader som vart sette i gang igjen så å seie i alle byane, ei utvikling som har halde fram på landsbasis i 2012. Trondheim er den byen som har hatt sterkast auke i bustadbygginga frå 2010 til 2012.