Miljøverndepartementet (MD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Friluftsliv gir auka trivsel, betrar folkehelsa og aukar forståinga av og interessa for å ta vare på naturverdiar og kulturminne. I dag har vi om lag 1900 statleg sikra friluftsområde i Noreg, og ein unik allemannsrett til ferdsle i utmark. Friluftsliv er kjenneteikna av koplinga mellom fysisk aktivitet og naturoppleving, og at friluftsliv ikkje trenger å ha noko konkurranseelement. Særs viktig er naturen i nærmiljøet, som er den klart mest etterspurde arenaen for fysisk aktivitet i kvardagen.

Alle vil kunne finne ein eller fleire friluftslivsaktivitetar som dei kan utøve og finne meining i, og som gir både fysisk aktivitet og naturoppleving.

Nordmenn er svært aktive friluftslivsutøvarar. Den norske naturen og landskapet, friluftsliv og nordmenn sitt nære tilhøve til naturen er ein viktig del av det nasjonale medvitet og ein integrert del av mange nordmenn sine liv.

Ein viktig grunn til at friluftsliv er så utbreidd i Noreg er at naturen – både den som er tilrettelagt og den som ikkje er tilrettelagt – er lett tilgjengeleg over heile landet, også frå byar og tettstader. Den lovfesta retten i friluftslova til å kunne ferdast fritt og opphalde seg i naturen (allemannsretten), og at ferdsle og opphald i naturen er gratis er andre viktige grunnar til at nordmenn må kunne kallast friluftslivsmenneske og at stadig fleire frå andre land søkjer til Noreg for å få unike natur- og friluftslivopplevingar.

Nasjonale mål

Nedanfor blir dei nasjonale måla og indikatorane presenterte. Til slutt i dette kapitlet blir det rapportert på måla frå budsjettproposisjonen i fjor.

Nasjonalt mål 8.1. Alle skal ha mogelegheit til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.

Indikatorar:

  • Del av befolkninga som deltek i friluftslivsaktivitetar

  • Talet på skular som deltek i prosjektet Den naturlege skulesekken

  • Del av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader som har trygt og tilgjengeleg leike- og rekreasjonsareal innan 500 meters avstand

  • Talet på kommunar med rekreasjons- og friluftsområde lagt til rette med universell utforming

Nasjonalt mål 8.2. Område av verdi for friluftslivet skal sikrast og forvaltast slik at naturgrunnlaget blir teke vare på.

Indikatorar:

  • Tal på nye friluftsområde sikra med statleg medverknad pr. år

  • Prosentdel av friluftsområde sikra med statleg medverknad som har eigne forvaltningsopplegg

Nasjonalt mål 8.3. Allemannsretten skal haldast i hevd.

Indikatorar:

  • Del av befolkninga som har kunnskap om allemannsretten

  • Del av arealet i 100-metersbeltet langs kysten frå svenskegrensa til og med Hordaland som er tilgjengeleg for allmenta

Tilstand

Friluftslova er grunnleggjande for å halde allemannsretten i hevd og sikre høve til friluftsliv for alle. Markalova sikrar høve til friluftsliv, naturoppleving og idrett i det mest brukte friluftsområdet i landet – skogområda kring hovudstaden. Plan- og bygningslova blir nytta til å ta hand om interessene som er regulerte i friluftslova og markalova.

Det er grunnleggjande at vår generasjon har eit ansvar for å gi kommande generasjonar like godt høve til naturopplevingar som vi sjølve har fått.

Natur og naturmangfald gir opplevingar, identitet og tilhøyring. I ei undersøking frå 2010 kjem det fram at to tredelar av befolkninga ønskjer å drive meir fysisk aktivitet i naturen og nærmiljøet (Synovate 2010). I ei anna undersøking frå 1999 svarte 19 av 20 nordmenn at naturen er viktig for «det gode liv». Det betyr at det ikkje er nytteverdien som er drivkrafta for å drive med friluftsliv. Undersøkingar viser at det først og fremst er fred og ro, og det å komme ut i frisk natur folk ønskjer når dei går på tur. Ein stor del av det norske friluftslivet handlar om store og små naturopplevingar som blir minne for livet.

Allemannsretten sin sterke stilling i Noreg heng nært saman med den vekta naturopplevingar har for folk i det daglege. Ettersom busetjingsmønsteret har blitt meir og meir knytt til byar og tettstader, har naturen i og ved slike område fått ein endå viktigare funksjon som arena for rekreasjon, friluftsliv og naturopplevingar. Naturen i nærmiljøet er særs viktig, og den klart mest etterspurde arenaen for fysisk aktivitet i kvardagen. Samtidig er allemannsretten truga av kommersialisering, privatisering og ikkje minst ulovlege stengsel i strandsona. Mange enkeltinngrep langs kysten, spesielt rundt Oslofjorden og på Sørlandskysten, har redusert tilgangen til attraktive strandområde. Liberal dispensasjonspraksis etter plan- og bygningslova i 100-metersbeltet langs sjøen er ei av årsakene. Mange stader har dette ført til auka hytte- og bustadbygging i område som tidlegare var attraktive for friluftslivet. Samtidig med utstrekt utbygging har det skjedd auka privatisering av strandsona. Slik privatisering kan både vere lovleg og ulovleg. Den ulovlege privatiseringa er kjenneteikna av at hovudmålet er å halde allmenta borte frå område der den har lovleg tilgang til ferdsle og opphald. I perioden 2000–2012 har delen av strandsoneareala som ligg nærare enn 50 meter frå ein bygning blitt fordobla. I 2000 var talet 8,3 pst. mot i starten av 2012 16,7 pst. Til trass for mindre bygging krympar likevel dei delane av strandsonearealet som er potensielt tilgjengeleg for friluftsliv og ikkje påverka av fysiske inngrep.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at befolkningstettleiken aukar i byar og tettstader. Dette er i samsvar med nasjonale mål om ei meir konsentrert utbygging av omsyn til arealbruk, transport og klima. I mange byar skjer det ei umedviten fortetting som inneber at opne areal som kan brukast til leik og rekreasjon blir nedbygde. Samanhengande turdrag blir brotne eller smalna inn og mister verdien for turar i nærmiljøet og til nærliggjande, større naturområde. Dette svekkjer høvet til å drive friluftsliv i nærleiken av bustadområda. Dette har òg negativ verknad på den naturlege spreiinga av det lokale plante- og dyrelivet. På landsbasis vart 12,4 prosent av dei opne areala nedbygde i perioden 1999–2004. Tala er noko usikre, då det målte omfanget av nedbygging delvis kan skuldast forbetringar i offentlege register over bygningar. Tilgangen til nærturterreng har halde seg konstant på 64 pst. frå 2004 til 2009.

I over femti år har staten medverka til å sikre folk tilgang til friluftslivsområde, gjennom kjøp av grunn eller avtaler om bruk og tilrettelegging. I dag har vi om lag 1900 offentlege friluftsområde i Noreg, område som kommunane og staten i samarbeid har sikra og tilrettelagt for allmenta sitt friluftsliv. I tillegg kjem mange mil med viktige ferdselsårer for friluftsliv, der mange gir auka tilgjenge til og mellom attraktive område, slik som kyststigar for betre allmenn tilgang til strandsona. Mange slike turstigar er knytte til kystleiene og rimelege overnattingstilbod på fyrstasjonar og hytter ved sjøen.

Motoriserte framkomstmiddel i utmark og vassdrag vil i mange tilfelle vere nyttig og naudsynt, som for eksempel i redningstenesta eller i reindrifta. Samtidig medfører motorferdsel i naturen ei rekkje ulemper og skadar, som støy, terrengskadar, forstyrring av dyrelivet og konfliktar med friluftslivet, jf. resultatområde 4 Mangfaldige skogar og resultatområde 5 Storslått fjellandskap.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Samfunnsplanlegging

Arealpolitikk og samfunnsplanlegging etter plan- og bygningslova er eit tverrgåande verkemiddel som set rammer for måloppnåing. Kommunal, regional og statleg planlegging skal mellom anna medverke til å fremje eit aktivt friluftsliv og skape helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenlege nærmiljø. Sjå òg verkemiddelområdet Regelverk og samfunnplanlegging for nærare omtale.

Sikre allemannsretten

Noreg har store friluftsareal og ein allemannsrett til ferdsle i utmark, og dei fleste har gode høve til friluftsliv. Men somme stader, særleg i strandsona, er allemannsretten under press. Sikring og tilrettelegging av friluftsområde og kyststigar er viktige tiltak for å gi allmenta betre tilgang til kystsona. Endringane i friluftslova som tredde i kraft 1. januar 2012 har medverka til ei generell styrking av allemannsretten. Endringane inneber at det blir tillate å ferdast til fots på veg eller stig gjennom innmark som leier til utmark, at det blir tillate å ferdast varsamt i skogplantefelt også om sommaren og at det i forskrift kan bli gitt reglar som tillet telting nærare enn 150 meter frå hus og hytter i kystnære område. Endringane i lova gir vidare styrka høve til inngrep overfor ulovlege stengsel og skilt som hindrar allmenn ferdsel, opphald og hausting. Nye forskrifter til friluftslova og revidert rettleiar til lova skal etter planen vere på plass i 2014.

Regjeringa starta i 2013 arbeidet med å sjå nærare på enkelte restriksjonar for nye friluftsformer i verneområda, jf. omtale under resultatområde 5 Storslått fjellandskap. Dette arbeidet vil halde fram i 2014.

Sikring og tilrettelegging av friluftsområde

Det er stadig behov for å sikre nye område for friluftsliv, anten ved kjøp eller gjennom avtaler om varig bruksrett. Arbeidet for å opne ulike typar av statseigedom for allmenta vil halde fram – område som til dømes Forsvaret, Jernbaneverket, Statsskog eller andre statlege instansar ikkje lenger har bruk for. Regjeringa har dei siste åra auka satsinga på sikring av område i og ved byar og tettstader, der 80 pst av befolkninga bur.

Regjeringa la i august 2013 fram Nasjonal handlingsplan for statleg sikring og tilrettelegging av friluftslivsområde. Planen legg blant anna føringar på at staten skal stimulere til kartlegging og verdsetjing av friluftsområda i alle kommunar i landet, og at sikring og tilrettelegging av område som kan nyttast av mange brukargrupper skal prioriterast, også inne i byar og tettstadar. Målet er at dei sikra områda skal generere mest mogeleg aktivitet. Men det skal framleis òg sikrast viktige friluftslivsområde utanfor byar og tettstader, med hovudvekt på strandsoneområde og område ved innlandsvassdrag. I tillegg skal sikring og tilrettelegging av område for fritidsfiske ha høg prioritet.

Fylkeskommunane og staten medverkar økonomisk til driftsordningar i Oslofjordområdet, i Skjergardsparkane på Sørlandet og i Vestkystparken i Rogaland og Hordaland. Elles skal lokalt driftsansvar framleis vere ein føresetnad for statleg medverknad til sikring av friluftsområde. Om modellen i dag for drift av dei statleg sikra friluftsområda i kystsona bør justerast eller endrast, skal utgreiast.

Mange flotte naturområde med busetnad kjem for sal, og det er viktig at staten kan sikre også desse områda for allmenta sitt friluftsliv. Korleis sikringsordinga kan innrettast for betre å kunne sikre viktige friluftsområde med busetnad, skal utgreiast.

Fylkeskommunane har etter forvaltningsreforma fått auka ansvar for at kommunane følgjer opp friluftsliv i planlegginga si. Fylkeskommunane og kommunane legg til rette for friluftsliv ved mellom anna å ta vare på og utvikle område for grønstruktur

Oslomarka er næraste turområde for om lag 1,2 millionar menneske. Arbeidet med å sikre verdiane i Marka blir vidareført, blant anna gjennom ordningane med at oppstart av plansaker og stadfesting av alle reguleringsplanar og kommuneplanar som vedrører Marka må godkjennast av Miljøverndepartementet.

I markalova er det ein eigen heimel for vern av friluftslivsområde som på grunn av sin verdi for naturoppleving har særskilde kvalitetar for friluftslivet. I 2011 vart det gjennomført kartlegging av slike område i Oslomarka, og våren 2012 vart det meldt oppstart etter markalova for verneprosess for 28 område. For mange av desse områda er det opna for frivillig vern etter naturmangfaldlova, sjå resultatområde 4 Mangfaldige skogar.

Stimulering til friluftsliv

Friluftslivet si sentrale stilling i det norske samfunnet skal bestå og forsterkast. Stimulering og opplæring til naturvennleg friluftsliv er ein viktig del av arbeidet med å auke deltakinga i friluftsliv blant barn og unge. Det er mellom anna viktig at barn og unge blir tekne med ut i naturen gjennom barnehage, skule og tilbod frå frivillige organisasjonar, og på den måten både lærer å ferdast i naturen og får gode naturopplevingar og forbetra helse. Det er òg viktig at det blir lagt til rette for at menneske med bakgrunn frå andre kulturar får innføring i den norske friluftslivstradisjonen. Regjeringa la i august 2013 fram ein Nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv. Eit viktig tiltak er at Staten i større grad skal søkje å samordne innsats og verkemiddel frå ulike sektorar innanfor friluftsliv. Barn, unge, personar med innvandrarbakgrunn og dei som i dag er lite fysisk aktive vil vere blant hovudmålgruppene for den statlege friluftslivspolitikken dei nærmaste åra. For å nå denne målgruppa skal friluftsliv i og ved byar og tettstader prioriterast sterkare, både i form av aktivitetsmidlar, sikring og ivaretaking av natur- og friluftsområde og i form av tilrettelegging.

Regjeringa vil føre vidare plansatsinga mot store byar – Nærleiksbyen, som inneber tiltak for å styrkje samanhengande overordna og lokale strukturar, byrom og uteareal. Nettverksarbeid mellom kommunane vil vere sentralt for å utveksle erfaringar og utvikle metodar for å få attraktive og tilgjengelege friluftsområde.

Det skal bli auka satsing på fritidsfiske og kulturminne i naturen som opplevingsressurs og motivasjonsfaktor i friluftsliv.

Regjeringa vil føre vidare og utvikle satsinga på friluftslivsaktivitetar og friluftslivstiltak i regi av organisasjonane, og prioritere støtte til IKT-baserte produkt og tenester som kan medverke til at fleire tek del i friluftsliv.

Det skal arrangerast eit nytt Friluftslivets år i 2015. Friluftsorganisasjonane vil ha ei sentral rolle både i høve til planlegging og gjennomføring av året. Blant anna har Friluftslivets Fellesorganisasjon fått ansvaret for den daglege leiinga for planlegging og gjennomføring av året. Året skal ha særleg vekt på friluftsliv i nærmiljøet, fritidsfiske og kulturminne som opplevingsverdi i friluftsliv. Barn, unge og barnefamiliar skal ha særleg prioritet.

Prosjektet «Den naturlige skulesekken» har som hovudmål at skulane skal utnytte nærmiljøet som læringsarena for å utvikle elevane og lærarane si nyfikne og kunnskapen deira om natur, gi medvit om berekraftig utvikling og miljøengasjement, og kunnskap om helse og livsstil. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Kunnskapsdepartementet, Miljøverndepartementet og ei rekkje natur- og friluftsorganisasjonar. Koplinga mellom friluftsliv og naturen som læringsarena skal få større merksemd i prosjektet.

Omtalen over av Nasjonal handlingsplan for statleg sikring og tilrettelegging av friluftslivsområde og Nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv er Regjeringas utkvittering av Stortingets oppmodingsvedtak nr. 665 av 20. juni 2013: «Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan friluftsliv i større grad kan prioriteres for å oppfylle statens mål i folkehelsepolitikken og de idrettspolitiske mål om «idrett og fysisk aktivitet for alle».

Samarbeid med friluftsorganisasjonar og andre

Departementet og den offentlege friluftslivsforvaltninga elles samarbeider nært med interkommunale friluftsråd og frivillige organisasjonar innanfor friluftsliv. I mange sikra friluftsområde er det friluftsråd som har ansvaret for drifta. Friluftsråda og organisasjonane har mange viktige prosjekt og tiltak både når det gjeld å stimulere og lære opp til friluftsliv, og når det gjeld å forvalte og ta vare på viktige friluftsområde.

Samarbeid og dialog med friluftsorganisasjonane vil framleis vere eit prioritert område og ein integrert del av departementet sitt arbeid med friluftsliv. I alle viktige saker som vedrører friluftsliv vil friluftsorganisasjonane bli involverte eller høyrde, og i mykje av arbeidet har organisasjonane ei direkte og konkret rolle. Til dømes vil friluftslivsorganisasjonane få sentrale roller i planlegginga og gjennomføringa av Friluftslivets år 2015.

Det finst ei rekkje tilskotsordningar for natur- og friluftsområde. Nokre av ordningane er det fylkeskommunen som forvaltar og fordeler på vegner av staten.

Kulturdepartementet forvaltar viktige støttemidlar for friluftsliv i form av spelemidlane, i samarbeid med fylkeskommunar, kommunar og dei sentrale friluftsorganisasjonane.

Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag

Det å oppleve stille i naturen og å komme vekk frå støy og forureining er viktige grunnar for å gå tur eller vere ute i naturen.

Både det enkelte køyretøyet, og summen av mange motorkøyretøy utgjer ei belastning for naturen og friluftslivet. Det er Regjeringas mål å regulere motorferdsle i utmark for å ta vare på naturmiljøet, fremje trivselen og sikre stille og ro i naturen, jf. omtale under resultatområde 4 Mangfaldige skogar og resultatområde 5 Storslått fjellandskap.

Regjeringa har opna for at 40 kommunar skal kunne etablere løyper for fornøyelseskøyring med snøskuter i ein avgrensa periode frå 2014 til 2018. Søknadsfristen for å bli med i ordninga var 1. september 2013. Ordninga skal gjennomgå ei grundig føljeevaluering, som vil gi verdefull kunnskap som vi kan bruke ved seinare vurderingar av spørsmålet om fornøyelseskøyring med snøskuter i utmark.

Snøskuterturisme kan vere ei viktig inntektskjelde enkelte stader. Regjeringa har hatt på høyring eit forslag om å opne for at det i grensekommunar kan etablerast tilførselsløyper til løypenettet i Sverige og Finland. I kommunar i Nord-Troms og Finnmark der det allereie er lov med fornøyelseskøyring vil det bli enklare å knyte løypenett saman over kommunegrensene og auka høve til å køyre frå reiselivsanlegg til løypenettet.

Det vil òg bli lagt vekt på auka kontroll av motorferdsle i utmark, både av Statens naturoppsyn og politiet.

Ved lovendring 21. juni 2013 vart småbåtlova sine reglar om bruk av vasskuter endra. Endringa tredde i kraft 1. juli 2013.

Endringa inneber at bruk av vasskuterar no er tillate utanfor definerte forbodsbelte langs kysten. Forbodsbelta er særleg grunngitte med omsynet til tryggleik og miljø. Bakgrunnen for endringa er eit ønske om å forenkle regelverket, samstundes som vi beheld eit høgt beskyttelsesnivå. Endringa vil òg gi større tryggleik for at dei norske reglane om bruk av vasskuter er i samsvar med EØS-avtala.

Meir detaljerte reglar er fastsette i Miljøverndepartementets forskrift 21. juni 2013 om bruk av vasskuter, som tredde i kraft 1. juli 2013. Det er her fastsett forbodsbelte på 400 meter frå land og verneområde i sjø, og 500 meter frå land og verneområde i ferskvatn. Det er tillate med transportkøyring i låg fart for å komme seg ut gjennom forbodsbelta. Det vil i 2014 bli lagt vekt på at bruken av vasskuterar blir praktisert i samsvar med dette regelverket.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2013

8.1. Alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.

Indikatorar:

  • Del av befolkninga som deltek i friluftslivsaktivitetar.

  • Talet på skular som deltek i prosjektet Den naturlege skulesekken.

  • Del av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader som har trygt og tilgjengeleg leike- og rekreasjonsareal innan 500 meters avstand.

I 2011 deltok 92 pst. av befolkninga i ei eller anna form for friluftsliv (Statistisk sentralbyrås levekårsundersøking), mens talet var 96 pst. i 2001. Oppslutninga om mange aktivitetar er høg både blant barn og vaksne, og barna si deltaking ligg generelt på noko høgare nivå enn det vi finn blant dei vaksne. Blant den vaksne delen av befolkninga er fotturane den klart største aktiviteten med ein oppslutnad på 83 pst. På ein klar andreplass følgjer utandørs bading med 71 pst. Deretter følgjer båtturar med 55 pst., skiturar med 50 pst., fisketurar med 46 pst. og sykkelturar med 43 pst. Bær- og sopplukking har ein oppslutnad på 37 pst. og bruk av alpinanlegg 25 pst. 26 pst. driv med terrengsykling, som er ein betydeleg oppgang frå ei deltaking på 13 pst. i 2001.

Av dei mindre aktivitetane kan nemnast at jakt har ei oppslutning på 8 pst. og 7 pst. har køyrt alpint utanfor anlegg (off piste) i fjellet.

2011-undersøkinga viser at tendensen til nedgang i interessa for friluftsliv blant ungdom held fram. I 2001 deltok 97 pst. av ungdom mellom 16-24 år i friluftslivsaktivitetar, mens talet var 91 pst. i 2011. Interessa for fisking, plukking av bær og sopp og utandørs bading har gått noko ned i aldersgruppa 16-24 år dei siste åra. I denne aldersgruppa har samtidig deltakinga i fotturar i fjellet, off piste-køyring i fjellet og terrengsykling auka betydeleg. Deltakinga i skiturar og båtturar har òg auka noko dei seinare åra i aldersgruppa 16-24 år. I heile befolkninga har det vore ein betydeleg vekst i kategorien fotturar i fjellet og båtturar sidan 2001.

Prosjektet Den naturlege skulesekken har kvart år sidan 2009 lyst ut utviklingsmidlar til skuleprosjekt innan berekraftig utvikling. Alle grunnskular (1.–10. trinn) og vidaregåande skular (Vg1) kunne våren 2012 søkje om inntil 60 000 kroner kvar til å utvikle sine prosjekt. Av 238 søknader som kom inn vart 154 innvilga. Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Naturfagsenteret) ved Universitetet i Oslo behandlar søknadene i samarbeid med fleire høgskular som er engasjerte som regionkontaktar i Den naturlege skulesekken. Ordninga med regionkontaktar vart starta i samarbeid med Kunnskapsdepartementet skuleåret 2011/12. Regionkontaktane erstattar Ressursgruppa.

Det er ein føresetnad for å få innvilga søknaden at skulen nyttar nærområdet som læringsarena. To eller fleire skular i kvart fylke deltek i Den naturlege skulesekken, dei fleste er grunnskular. På miljøstatus.no kan ein finne ei grafisk framstilling av den fylkesvise fordelinga og talet på skular i Den naturlege skulesekken for åra 2009, 2010 og 2012.

I det tverrsektorielle samarbeidsprosjektet «Forum for friluftsliv i skulen» er hovudfokus at alle elevar skal få oppleve meistring og trivsel gjennom aktivt friluftsliv, og få gode vanar for å vere i naturen. Forumet arbeider mellom anna med kompetanseutvikling i friluftsliv for lærarar og ressurspersonar.

For å inkludere personar med ein annan kulturbakgrunn i den norske friluftslivstradisjonen er denne befolkningsgruppa prioritert når det gjeld tilskot til friluftslivsaktivitetar. Det vart i 2013 òg oppretta ei eiga tilskotsordning med formål å integrere personar med innvandrarbakgrunn i friluftsliv.

Statistisk sentralbyrå har lagt fram tal for 2011 som viser at om lag 43 pst. av befolkninga har trygg tilgang til rekreasjonsareal. Busette i dei største byane har dårlegast tilgang til rekreasjonsareal. For gruppa barn og unge under 20 år er delen noko høgare . Det er store skilnader i tilgang når ein ser på dei einskilde tettstadene. I gjennomsnitt er det ein tydeleg samanheng mellom tilgang og tettstadsstorleik. Delen busette med tilgang er mindre i dei større tettstadene. I gjennomsnitt har 59 pst. tilgang til rekreasjonsareal i små tettstader, mot 36 pst. i større tettstader.

8.2. Område av verdi for friluftslivet skal sikrast og forvaltast slik at naturgrunnlaget blir teke vare på.

Indikator:

  • Tal på nye friluftsområde sikra med statleg medverknad pr. år.

  • Prosentdel av friluftsområde sikra med statleg medverknad som har eigne forvaltningsopplegg.

I 2012 vart 30 nye område sikra for friluftsliv ved kjøp eller avtale. Av desse er to avtaler om skjergardspark i Lister-regionen.

Ved utgangen av 2012 var det på landsbasis utarbeidd forvaltningsplanar med fokus på opparbeiding og tilrettelegging i 43 pst av dei statleg sikra friluftslivsområda. Planane gjeld for perioden 2013- 2018. Av kommunar med statleg sikra friluftsområde er det på landsbasis 53 pst. som har utarbeidd forvaltningsplanar. Det er framleis stor variasjon mellom fylka med omsyn til forvaltningsplanar.

8.3. Allemannsretten skal haldast i hevd.

Indikator:

  • Del av befolkninga som har kunnskap om allemannsretten.

  • Del av arealet i 100-metersbeltet langs kysten frå svenskegrensa til og med Hordaland som er tilgjengeleg for allmenta.

Allemannsretten er nedfelt i friluftslova, og ei undersøking som Synovate gjennomførte i 2009 syner at friluftslova er rimeleg godt kjend blant folk – om lag to av tre fortel at dei har høyrt om den. Det er fleire over 60 år som kjenner til lova enn i dei yngre aldersgruppene, og det er fleire med høgare utdanning enn dei med lågare utdanning som har høyrt om friluftslova.

Ni av ti nordmenn har høyrt om allemannsretten. Ei undersøking frå 2009 (Befolkningens friluftsvaner) viser at berre 52 pst. av de unge mellom 15-24 år har høyrt om allemannsretten. Også for allemannsretten er det ein klar samanheng mellom utdanning og kjennskap: blant dei med universitetsutdanning har 98 pst. høyrt om allemannsretten, mens 77 pst. av dei med grunn/ungdomsskule som høgaste utdanning kjenner til allemannsretten. Undersøkinga frå 2010 viser til dømes at det har vore ein auke i kunnskapen om allemannsretten. 58 pst. veit no at allemannsretten gjeld på privat eigedom, mens denne delen var 44 pst. i 2008. Med verknad frå 1. januar 2012 vart friluftslova endra på fleire punkt. Allmenta sin rett til ferdsel og opphald er utvida. Omsynsfull ferdsel i skogplantefelt er no tillate også når plantene er under knehøgd. Det er i utgangspunktet tillate å sykle, ri og liknande aktivitetar på veg og opparbeidd sti i innmark for å komme til utmark, og det er opna opp for å gjere unntak for 150-meters regelen i kystsona.

Det er store skilnader i presset på strandsona. I kommunane langs Oslofjorden er 52 pst. av arealet i strandsona påverka av bygningar (det vil seie at den ligg innanfor ein omkrins av 50 meter eller mindre frå ein bygning). I presskommunane langs kysten på Sørlandet, Vestlandet, i Møre og Romsdal og i Trøndelag er 29 pst. av strandsona påverka av bygningar. I kystkommunar med lågare utbyggingspress er 12 pst. av strandsona bygningspåverka.

I Oslofjordregionen er det berekna at 39 pst. av strandsonearealet er potensielt tilgjengeleg for allmenta, og ikkje beslaglagt av jernbane, veg, bygd areal eller dyrka mark. Det tilsvarande talet for område med minst arealpress er 74 pst. Det er samtidig store variasjonar mellom dei ulike kommunane innanfor same presskategori. I mars 2011 vart Statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen fastsette. Formålet med retningslinjene er å utdjupe plan- og bygningslova av 27. juni 2008 § 6-2, og gi statlege føringar for kommunal og fylkeskommunal planlegging. Retningslinjene skal òg tydeleggjere nasjonal arealpolitikk i 100-metersbeltet langs sjøen. Målet er å ta vare på allmenne interesser og unngå uheldig bygging langs sjøen. Det er gjennomført ei sterkare geografisk differensiering, der restriksjonar på bruk av strandsona er strengast i sentrale område der presset på areala er stort.

8.4 Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å fremje eit aktivt friluftsliv og skape helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenlege nærmiljø.

Indikator:

  • Talet på kommunale og regionale friluftsplanar.

Alle fylkeskommunar har friluftsliv som tema i planlegginga si, men dei regionale skilnadene påverkar kva slag plangrep som blir tekne. Friluftslivsinteressene blir som regel behandla i anten regional plan, temaplan og/eller strategidokument. Tematisk blir friluftsliv ofte omtala saman med tema som idrett, fysisk aktivitet og folkehelse.

Plan er eit politisk styringsdokument ut frå kommunen sin eigen situasjon, og skal ta opp i seg relevante problemstillingar, mellom anna friluftsliv. Tilnærma alle kommunar har fokus på friluftsliv i planane sine, ofte i form av føresegner og retningslinjer i kommuneplan eller ein eigen kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet/friluftsliv. Det finst inga oversikt over kor stort areal som er avsett til friluftsliv i planane.

I 2012 rapporterer 57 pst. av kommunane at dei har ein gjeldande plan for friluftsliv og gjennomsnittsalderen for desse er 3,9 år. 14 fylkeskommunar har ein plan for friluftsliv, og gjennomsnitts vedtaksår er 2007.

Sjå òg omtalen av Planlegging for ei berekraftig utvikling under verkemiddelområdet Regelverk og samfunnsplanlegging, og resultatområde 7 Godt bymiljø, for nærare informasjon.