Miljøverndepartementet (MD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Vi har alle rett til eit miljø som tryggjer helse og velferd, og til ein natur der mangfaldet og produksjonsevna blir tekne vare på. Medvitet vårt om helse- og miljøfarlege stoff aukar når det for eksempel blir påvist slike stoff i barneleiker. I framtida bør alle produkt vi omgjer oss med vere trygge for helse og miljø. Eit reint miljø er ein føresetnad for eit rikt dyre- og planteliv, og for at vi fritt skal kunne bruke naturen og hauste av naturressursane. Mykje av norsk verdiskaping og produksjon er òg avhengig av eit reint miljø.

Miljøgifter blir sakte nedbrotne i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Luft og havstraumar transporterer miljøgifter til område langt frå utsleppskjelder, og miljøgifter utgjer derfor også ein risiko for livet i arktiske område.

Ressursane i avfallet skal takast vare på og nyttast om igjen i størst mogleg grad. Sluttbehandling av avfall, anten ved forbrenning eller deponering, skal skje slik at miljøet blir minst mogleg påverka. Dette gjeld òg dei radioaktive avfallsstraumane.

Nasjonale mål

Nedanfor blir dei nasjonale måla og indikatorane presenterte. Til slutt i dette kapitlet blir det rapportert på måla frå budsjettproposisjonen i fjor.

Nasjonalt mål 9.1. Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast, med intensjon om å stanse utsleppa innan 2020.

Indikator:

  • Utsleppsreduksjonar for prioriterte miljøgifter

Nasjonalt mål 9.2. Risiko for utslepp og bruk av kjemikaliar som er årsak til skade på helse og miljø skal minimerast.

Indikatorar:

  • Indikator for utslepp av farlege stoff.

For å måle utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar er det utvikla ein utsleppsindikator for utvalte helse- og miljøfarlege stoff. Alle faremerkte kjemikaliar som det blir produsert eller importert 100 kg eller meir av pr. år, skal rapporterast til produktregisteret. Berekningane av utslepp er baserte på desse opplysningane i tillegg til ein utslippsfaktor relatert til bruksområda for å reflektere den mengda som potensielt blir sleppt ut.

Nasjonalt mål 9.3. Spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg. Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering.

Indikatorar:

  • Talet på kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining.

Nasjonalt mål 9.4. Sediment i sjø som er forureina med helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem.

Indikatorar:

  • Mengd utvalte helse- og miljøfarlege stoff som er handtert ved mudring/tildekking slik at dei ikkje lenger utgjer kjelde til alvorlege forureiningsproblem.

Nasjonalt mål 9.5. Utslepp, risiko for utslepp og spreiing av radioaktive stoff som kan vere årsak til helse- og miljøskade skal haldast på lågast mogleg nivå. Alt radioaktivt avfall skal handterast forsvarleg på godkjent måte.

Indikatorar:

  • Nivå i miljøet av utvalde radioaktive stoff.

  • Mengd og type radioaktivt avfall som er deklarert.

  • Mengd og type avfall som er endeleg deponert

  • Berekna risiko for utslepp frå utvalde utanlandske kjelder som kan påverke Noreg.

  • Samla årleg utslepp av utvalde radioaktive stoff frå nasjonale kjelder.

Nasjonalt mål 9.6. Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

Indikatorar:

  • Total mengd avfall generert pr. år sett i forhold til økonomisk vekst målt i BNP.

Nasjonalt mål 9.7. Det blir teke sikte på at mengda avfall til gjenvinning skal vere om lag 80 pst., basert på at mengda avfall til gjenvinning skal aukast i tråd med det som er eit samfunnsøkonomisk og miljømessig fornuftig nivå.

Indikatorar:

  • Delen av ordinært avfall som går til gjenvinning, basert på totalt generert mengd avfall som går til kjent behandling

Nasjonalt mål 9.8. Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet.

Indikatorar:

  • Mengd farleg avfall med ukjent disponering.

Nasjonalt mål 9.9. Genereringa av ulike typar farleg avfall skal reduserast innan 2020 samanlikna med 2005-nivå.

Tilstand

Kjemikaliar bidreg i stor grad til auka velferd og til viktige produkt og tenester i samfunnet. Samtidig kan bruk og utslepp av noen kjemikaliar medføre ein uakseptabel risiko for helse og miljø. Helse- og miljøfarlege kjemikaliar kan gi både akutte effektar og langtidseffektar. Helse- og miljøfarlege kjemikaliar kan framkalle ulike sjukdomar som kreft og allergiar eller skade forplantningsevne og arvestoff. Kjemikaliar kan òg forårsake skade på immunforsvaret og nervesystemet. Skadelege helseeffektar kan førekomme ved bruk av kjemikaliar, ved innanding av forureina luft eller ved inntak av mat eller drikkevatn som er forureina. Miljøgifter er helse- og miljøfarlege kjemikaliar som blir sakte brotne ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Dyr på toppen av næringskjedene er særleg utsette for miljøgifter. Miljøgiftene er derfor ein alvorleg trussel mot naturmangfald, matforsyning og kommande generasjonar si helse.

Mykje er gjort for å redusere risikoen for helse og miljø frå ulike kjemikaliar, men det er ikkje tilstrekkeleg for å møte dei langsiktige utfordringane. Nivåa i miljøet av enkelte kjente miljøgifter som PCB er på veg ned, og forbod nasjonalt og internasjonalt har gitt viktige resultat. Industriutsleppa av miljøgifter er kraftig reduserte i Noreg og andre vestlege land, og dei samla utsleppa av prioriterte miljøgifter er vesentleg reduserte dei siste 15 åra.

Sjølv om vi har ført ein effektiv kamp mot ei rekkje forureinande utslepp dei siste tiåra, gjenstår framleis store oppgåver. Produkt vi nyttar til dagleg er ei aukande kjelde til utslepp av miljøgifter. Noreg mottek òg betydelege langtransporterte tilførsler av miljøgifter via luft- og havstraumar. Arktis er spesielt utsett for langtransporterte tilførsler av miljøgifter på grunn av dei dominerande hav- og luftstraumane. Dette går særleg ut over dyr høgt i næringskjeda, som isbjørn, polarmåke og spekkhoggarar.

Miljøgifter frå tidlegare tider ligg mange stader som forureiningar i grunnen på land eller i botnsediment i sjø og ferskvatn. Miljøgifter i forureina sediment spreier seg vidare oppover i næringskjeda, og det er derfor viktig å rydde opp for å hindre ytterlegare spreiing. Avfallsmengdene aukar framleis, og er ei kjelde til utslepp av miljøgifter og klimagassar. Det var ein reduksjon i avfallsmengdene frå 2008 til 2009, men veksten har halde fram etter den tid. Dei siste åra har veksten i avfallsmengdene vore noko større enn den økonomiske veksten. Det meste av avfallet blir materialgjenvunne eller energigjenvunne. Mengda farleg avfall aukar òg, men stadig mindre blir handtert på ukjent måte. Det er likevel mogleg å auke innsamling og kontroll med farleg avfall. Over tid har strengare krav til deponi og forbrenningsanlegg og bruk av meir miljøvenleg teknologi medverka til betydelege reduksjonar i utslepp til luft og vatn frå sluttbehandling av avfall.

Radioaktive stoff har liknande eigenskapar og potensielle skadeverknader på det ytre miljøet som tungmetall og andre miljøgifter. Nivået på radioaktiv forureining generelt er lågt. Utslepp og avfall er nært knytt til aktiviteten i ulike sektorar. Noreg har vesentleg høgare utslepp av produsert vatn frå petroleumsverksemda enn dei andre nordsjølanda. Dei norske utsleppa av produsert vatn er kelde til om lag 50 pst. av dei totale radioaktive utsleppa frå petroleumsindustrien i dei områda som er omfatta av Oslo-Pariskonvensjonen (OSPAR) om vern av det marine miljø i Nordaust-Atlanteren.

Tabell 20.1 Definisjonar

Viktige omgrep

Definisjon

Farleg avfall

Avfall som ikkje kan behandlast saman med vanleg avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr

Gjenvinning

Fellesnemning for eit kvart tiltak der hovedresultatet er at avfall kjem til nytte ved å erstatte materialar som elles ville vorte brukt eller at avfall er vorte førebudt til dette, herunder førebuing til ombruk, materialgjennvinning og energiutnyttelse

Materialgjenvinning

Utnytting av avfall slik at materialet blir teke vare på heilt eller delvis, f.eks. produksjon av skrivepapir frå returpapir

Miljøgift

Lite nedbrytelege helse- og miljøfarlege kjemikaliar som hopar seg opp i næringskjedene og i miljøet, eller andre stoff som gir tilsvarande grunn til bekymring

Boks 20.1 Kvikksølv – ei ny global avtale

Kvikksølv er blant dei farlegaste miljøgiftene. Det blir transportert over store avstandar langt frå utsleppskjeldene og utgjer ein trussel mot miljøet og menneske si helse. Kvikksølv kan blant anna skade nervesystemet, og foster og barn er særleg utsette.

Dei samla utsleppa av kvikksølv til luft, jord og vatn frå norske kjelder vart reduserte frå om lag 6 tonn i 1985 til 2,5 tonn i 1995 og vidare til om lag 0,9 tonn i 2010. Det nasjonale utsleppet til luft er i dag betydeleg mindre enn dei mengdene som blir tilførde Noreg via luftstraumar frå andre land. Mattilsynet har gitt kosthaldsråd for enkelte arter av ferskvassfisk på grunn av høgt innhald av kvikksølv, og undersøkingar av kvikksølv i ferskvassfisk i Sør-Noreg (åbor og aure) har vist auka konsentrasjonar av kvikksølv.

Tiltak internasjonalt er nødvendig for å få redusert global spreiing av kvikksølv. Noreg var derfor ein av initiativtakarane til ei ny global avtale om redusert bruk og utslepp av kvikksølv, som det vart semje om i januar 2013 og som vart underteikna i oktober 2013. Noreg er òg ein aktiv pådrivar i å få på plass streng regulering i EU.

Påverknader

Kjemikalieutsleppa stammar frå produksjon av råstoff og ferdigvarer i industrien, frå bruk av produkt i heimen, i industri og arbeidsliv, frå spreiing av gammal forureining lagra i grunn og sjøbotn og frå avfallsbehandling. Det er ti tusenvis av kjemikaliar på den europeiske marknaden, og desse går inn i talrike produkt og avfall. For mange av desse kjemikaliane har vi avgrensa kunnskap om deira helse- og miljøverknader. Talet på stoff med moglege helse- og miljøskadelege verknader er stort, og det er aukande utfordringar frå nye stoff. Produkt vi omgir oss med, som reingjeringsmiddel, klede, møblar, leiketøy, hobbyprodukt, PC-ar og mobiltelefonar, kan innehalde stoff vi har liten eller ingen kunnskap om helse- og miljøverknaden av. Vi veit for lite om stoff med hormonforstyrrande eigenskapar, og også om kva samla verknader ved eksponering for mange kjemikaliar kan føre med seg. Det siste blir ofte populært kalla «cocktail»-effekten. Uvisse om mogleg helse- og miljørisiko ved auka bruk av nanomaterialar er òg ei utfordring, og det er naudsynt med auka kunnskap.

Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn vil kunne føre til at helse- og miljøskadelege stoff blir spreidde til omgivnadene. Kjemikaliar som er hamna i jordmassar blir lite uttynna, dei blir som regel verande på same staden over lang tid og lek sakte ut til omgivnadene. Forureiningar som ligg avleira i sjøbotnen, kan spreiast til omgivnadene gjennom bl.a. oppvirvling, opptak i plantar og beiting og utgjer då først og fremst ein trussel mot planter og dyr i sjøen. Forureiningar blir førte vidare gjennom næringskjedene i sjøen og kan ende opp i fisk og skaldyr som folk et.

Sluttbehandling av avfall vil òg kunne føre til fare for utslepp av miljøskadelege stoff til jord, luft og vatn. Avfallsdeponi er strengt regulerte og deponia må samle opp sigevatnet og greie ut reinsebehovet. Reinsekrav blir fastsette for kvart enkelt deponi etter ei konkret vurdering. Krav til oppsamling av deponigass og forbodet mot deponering av nedbryteleg avfall gir reduserte utslepp av klimagassen metan. Utsleppskrava til avfallsforbrenning er svært strenge, og utsleppa frå avfallsforbrenningsanlegga er i dag låge. Dei potensielle miljøskadane frå avfallsbehandling gjer det viktig å minimere mengda avfall som blir sluttbehandla. I tillegg inneheld mange typar avfall material som det kan vere miljømessig gunstig å nytte om igjen. Ved å stimulere til meir gjenbruk og gjenvinning, reduserer vi mengda avfall som går til sluttbehandling samtidig som vi utnyttar ressursane i avfallet betre. Dei stadig veksande avfallsmengdene gjer at utfordringane knytte til avfallsbehandling på lang sikt vil auke om ein ikkje lukkast med å førebyggje avfall.

Det blir produsert og omsett stadig fleire produkt, og mange av desse inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Det gjer at mengda farleg avfall frå desse produkta aukar. Samtidig gjer auka kunnskap og større medvit rundt miljøgifter at nye stoff og produkt blir klassifiserte som farleg avfall. Dette medverkar òg til at mengdene farleg avfall som oppstår aukar, og til at meir avfall blir teke hand om på ein miljømessig endå tryggare måte. For å medverke til å førebyggje slikt avfall er det likevel viktig å arbeide for at det blir utvikla meir miljøvennlege produkt som kan bidra til at det blir laga færre produkt som blir til farleg avfall etter bruksfasen. Farleg avfall kan ikkje behandlast saman med vanleg avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr. Det er òg strenge reglar som skal hindre at slikt avfall blir eksportert til land utan kapasitet til å behandle det forsvarleg. Det er likevel framleis noko farleg avfall som går til ukjent behandling og det er viktig med kontinuerleg innsats for å auke innsamlinga av det farlege avfallet.

Radioaktive stoff er nytta til mellom anna behandling av pasientar på sjukehus og i forsking og utdanning. Det er òg radioaktive komponentar i enkelte forbrukarprodukt som for eksempel røykvarslarar. Radioaktiv forureining og radioaktivt avfall kan òg oppstå som eit biprodukt i ulike typar prosessindustri, og ved utvinning av mineral og graving i alunskiferhaldig grunn. Forureining og avfall følgjer av oppkonsentrering av naturleg førekommande radionuklidar som finst i berggrunnen, slik som ved utvinning av olje og gass og ved framstilling av radioaktive stoff og drift av forsøksreaktorane til Institutt for energiteknikk (IFE). Radioaktiv forureining av norske land- og havområde kan vidare komme frå internasjonale kjelder, slike som historiske atomsprengingar i atmosfæren og Tsjernobyl-ulykka. Risiko for framtidige ulykker er i hovudsak knytt til anlegg i nærområda våre, i særleg grad dei gamle atomkraftverka i Russland.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Verkemiddelbruken har som formål å redusere risiko for skade på helse og miljø knytt til utslepp og bruk av kjemikaliar generelt. For miljøgifter er det lagt til grunn at bruk og utslepp skal stansast innan 2020. Målet om vesentleg reduksjon av utslepp av prioriterte stoff innan 2010 var eit første steg på vegen mot 2020-målet. Det er dei same stoffa som er omfatta av målet om å stanse utslepp innan 2020 som er oppførte på lista over prioriterte helse- og miljøfarlege kjemikaliar (rapportering for utslepp av prioriterte stoff er omtalt under statusrapportering på nasjonale mål). Ein viktig del av arbeidet vidare er òg å identifisere fleire miljøgifter som er omfatta av målet, og følgje opp desse både på nasjonalt og internasjonalt plan. Føre var-prinsippet skal brukast når kunnskapen om risiko for helse og miljø er usikker. Ei ny gruppe miljøgifter, langkjeda perfluorerte karboksylsyrer , er no identifisert som prioriterte miljøgifter ut frå kriteria for målet.

Miljøgifter blir transporterte over store strekningar med luft- og havstraumar, og gjennom handel med produkt og avfall. Derfor er både nasjonalt og internasjonalt arbeid svært viktig og ein føresetnad for å handtere utfordringane vi står overfor. Nasjonalt er forureiningslova og tilhøyrande forskrifter sentrale verkemiddel for å regulere forureinande utslepp, under dette utslepp av kjemikaliar. Hovudregelen i forureiningslova er at forureining er forbode. Ingen har såleis lov til å forureine utan at det er gitt løyve til det, anten gjennom individuelt løyve til ei verksemd eller i forskrift.

Streng regulering av utslepp av farlege kjemikaliar frå industri og prosessar er lagt til grunn gjennom forvaltninga etter forureiningslova. Som klar hovudregel blir pålegg etter forureiningslova òg nytta som verkemiddel for å sikre opprydding i forureina vatn, grunn og sjøbotn. For forureina grunn er plan- og bygningslova òg ein nyttig reiskap. For å sikre ein samla og effektiv verkemiddelbruk i dette arbeidet er det i tillegg utarbeidd ein eigen handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn, basert blant anna på fylkesvise tiltaksplanar for opprydding i forureina sjøbotn i dei 17 høgast prioriterte områda i landet.

I tillegg til forureiningslova er produktkontrollova og forskrifter gitt i medhald av denne sentrale juridiske verkemiddel på kjemikalieområdet. Produkt blir omsette internasjonalt, og norske forbod og andre reguleringar må vere i samsvar med Noregs internasjonale plikter om produktregulering og handel. Kjemikalieregelverket i Noreg og EU er harmonisert gjennom EØS-avtala. Hovudregelen er såleis at dei same krava skal gjelde i Noreg og EU. I 2008 vart det innført eit nytt og svært omfattande kjemikalieregelverk i EU/EØS om registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar (REACH-regelverket). Vidare utviklinga av dette regelverket er svært viktig i kjemikaliepolitikken. Noreg bidreg aktivt i arbeidet for å styrkje regelverket både med å foreslå regulering av stoff og ved gjennomgangen av regelverket som no går føre seg, inkludert endringar for å betre handteringa av nanomaterialar under REACH. Noreg spelte i 2013 inn fem konkrete forbetringspunkt til EU. Eitt av dei fem punkta er at det må vere eit mål å stanse utslepp av miljøgifter innan 2020, i tråd med norsk mål for dette. Det må òg gjerast meir for å møte nye utfordringar med hormonforstyrrande stoff og nanomaterialar. Det at menneske og miljø blir utsette for mange helse- og miljøfarlege stoff samtidig, er heller ikkje reflektert i regelverket i dag. I tillegg må kvaliteten på den informasjon som industrien leverer under regimet i dag forbetrast kraftig. Vidare er informasjon eit viktig verkemiddel for å skape medvit rundt kjemikaliebruk og innhald i produkt. Avgifter blir òg nytta for å avgrense bruk av enkelte stoff. Det europeiske kjemikaliebyrået ECHA (European Chemicals Agency), som har sete i Helsinki, er viktig i EUs kjemikaliearbeid. ECHA er navet i ei omfattande kunnskapsutveksling og vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget og er sentral i arbeidet med nye reguleringar for å beskytte helse og miljø. Noreg har ein nasjonal ekspert tilsett i byrået og er representert i alle komitear og i styret i ECHA. Vi har òg felles reglar med EU om produkt med biocid som blir nytta til å øydeleggje uønskte organismar, og nytt regelverk er nylig innført.

Globalt er Noreg aktivt med i arbeidet under Stockholmkonvensjonen om persistente organiske miljøgifter, Basel-konvensjonen om grensekryssande transport av farleg avfall, Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar og miljøgiftsprotokollane under FNs økonomiske kommisjon for Europa (ECE). Noreg støttar òg den globale kjemikaliestrategien SAICM. Vidare tek Noreg aktivt del i arbeidet med kjemikaliespørsmål innan OSPAR-konvensjonen, FNs Sjøfartsorganisasjon IMO, Nordsjø-deklarasjonane og FN sitt miljøprogram (UNEP). Under FNs miljøprogram vart det i 2013 sluttført forhandlingar om ei ny global avtale for å redusere bruk og utslepp av kvikksølv. Noreg har spelt ei sentral rolle for å få i gang dette arbeidet. På bakgrunn av norsk forslag vart det i 2013 òg semje om forbod mot miljøgifta HBCD under Stockholm-konvensjonen. Noreg har i 2013 òg foreslått endå ei ny miljøgift til denne konvensjonen; miljøgifta deka-BDE . Det aller meste av transport av kjemikaliar globalt skjer med skip. Det er gjennom MARPOL-konvensjonen etablert svært strenge globale krav for å unngå miljøskadelege utslepp frå slik transport. I tillegg har IMO etablert ein eigen konvensjon som regulerer bruk av miljøgifter i botnstoff brukt på skip. Denne konvensjonen forbyr bruk av organotinn. Mjukare verkemiddel enn reguleringar, slik som informasjon, er viktig for å skape medvit rundt kjemikaliebruk og innhald i produkt. Avgifter blir òg nytta for å avgrense bruk av enkelte stoff.

Kunnskapsheving gjennom forsking, kartlegging av potensielt farlege stoff i produkt, avfall og utslepp, og miljøovervaking er svært viktig i kjemikaliearbeidet. Auka kunnskap om helse- og miljøfarlege kjemikaliar, under dette nanomaterialar, er nødvendig for å identifisere risiko for helse og miljø, og for å kunne setje i verk effektive reguleringar og tiltak på eit tidleg tidspunkt. Betre kunnskap om miljøgifter i Arktis er av stor strategisk vekt for å få på plass regionale eller globale avtaler for å redusere utslepp av miljøgifter. Data frå Arktis er svært nyttig fordi det er utbreidd internasjonal semje om at stoff som blir funne att i Arktis, langt frå utsleppskjeldene, utgjer alvorlege problem.

Opprydding i forureina grunn og sjøbotn er kostbart og tidkrevjande. Tiltak for å rydde opp i sjøbotn er fremja gjennom fylkesvise tiltaksplanar og prioritering av område som skal ryddast opp. I hovudsak er det prinsippet om at forureinar betaler som skal leggjast til grunn og bruk av pålegg etter forureiningslova er eit viktig verkemiddel for å sikre nødvendig opprydding av forureina grunn og sjø. Statlege styresmakter vil likevel kunne medverke med finansiering der dette er nødvendig. Det er behov for at statlege bidrag til finansieringa kan bli meir føreseielege, og det blir derfor gjennom auka fullmakt lagt til rette for at styresmaktene kan inngå avtaler om finansiering utover løyvinga på oppryddingspostane i det aktuelle året.

Avfall

Det overordna målet med avfallspolitikken er å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Det er viktig å minimere utslepp av lokal forureining, klimagassar og miljøgifter frå avfall. Samtidig ønskjer ein å auke utnyttinga av ressursane i avfallet. Politikken på avfallsfeltet skal medverke til at meir avfall blir halde i krinsløp og kjem til nytte som råvarer.

Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel; forureiningslova og forskrifter gitt i medhald av lova, avgifter, refusjons- og panteordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Verkemidla skal sikre ein samfunnsøkonomisk og miljømessig god balanse mellom det som blir gjenvunne som material, og det som blir brent eller deponert. Det er innført fleire verkemiddel for å stimulere til material- eller energigjenvinning, under dette forbod mot deponering av nedbryteleg avfall og produsentansvar for fleire typar avfall. Det er etablert eigne retursystem for fleire ulike avfallsfraksjonar, mellom anna for elektrisk og elektronisk avfall, batteri, bilvrak, PCB-haldige isolerglasruter og fleire typar emballasjeavfall. Svært gode resultat frå retursystema medverkar til høg gjenvinningsgrad samtidig som miljøgifter i avfallet blir sikra ei forsvarleg behandling.

Eit rammedirektiv for avfall (2008/98/EF) vart i 2011 innlemma i EØS-avtala. Norsk avfallsregelverk er vurdert å vere i tråd med rammedirektivet. Miljødirektoratet har sendt på høyring forslag til enkelte endringar i forureiningslova, med sikte på å bringe omgrepa i avfallsregelverket meir i samsvar med EU-retten. Det vert òg arbeidd med eit forslag til endring av avfallsforskrifta slik at omgrepa i forskrifta stemmer overeins med dei som blir brukt i lova. Direktiv om handtering av avfall frå mineralindustrien vart vedteke i EU i 2006, og er innlemma i EØS-avtala. Direktivet er i 2012 gjennomført i norsk rett gjennom eit nytt kapittel i avfallsforskrifta. Når det gjeld returordninga for innsamling av elektrisk og elektronisk avfall, har EU vedteke nye reglar i direktivet for elektrisk og elektronisk avfall for å effektivisere ordningane og auke innsamlingsmåla. Endringane tredde i kraft i 2012 og vil medføre enkelte endringar i avfallsforskrifta kapittel 1. Miljøverndepartementet har òg teke initiativ til å endre reglane i avfallsforskrifta om berekning av avfallsgebyr for å førebyggje kryssubsidiering i avfallssektoren og tydeleggjere reglane for sjølvkostrekneskapen. Nye reglar vert utarbeida og vil bli sende på høyring. Miljødirektoratet gjer ein gjennomgang av retursystemet for drikkevareemballasje, og vil sende forslag til justeringar av systemet til Miljøverndepartementet hausten 2013.

Miljøverndepartementet la i august 2013 fram ein avfallsstrategi. Strategien inneheld både ein avfallsplan og eit program for avfallsførebygging i tråd med krava i rammedirektivet for avfall. Strategien løfter fram enkelte prioriterte område som miljøstyresmaktene vil arbeide med framover. Dette er blant anna avfallsførebygging, der matavfall er høgt prioritert, betre utnytting av ressursane i avfallet gjennom meir materialgjenvinning av blant anna plast og tekstil, og auka kunnskap om miljøgifter frå bilvrak. Andre prioriterte område er auka innsamling av ee-avfall og innføring av en produsentansvarsordning for fritidsbåtar. Innsamling og handtering av farleg avfall er òg høgt prioritert.

Innsats knytt til å redusere helse- og miljøfarlege stoff i ulike produkt vil ha innverknad på arbeidet med å redusere miljøproblema når produkta blir avfall. Det er viktig å halde fram den store innsatsen som allereie blir gjort internasjonalt for å redusere innhaldet av helse- og miljøfarlege stoff i nye produkt. Farlege kjemikaliar i produkt endar før eller seinare opp som avfall. For å redusere mengdene farleg avfall som oppstår blir innhaldet av farlege kjemikaliar og miljøgifter i produkt regulert gjennom produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter. Enkelte stoff eller produktgrupper er forbodne eller avgrensa i forskrift.

Målet om at genereringa av ulike typar farleg avfall skal reduserast innan 2020 samanlikna med 2005-nivå, har vist seg vanskeleg å oppnå. Ein av grunnane til dette er dei store mengdene farleg avfall som blir generert i industri-, bergverks-, og petroleumssektoren. Generert mengde farleg avfall her, heng nært saman med aktivitetsnivå. Så lenge aktivitetsnivået er høgt/aukande i desse bransjane er det lite truleg at generert mengd farleg avfall vil bli redusert. Samtidig kan mengda farleg avfall som oppstår frå kasserte produkt reduserast på lang sikt gjennom systematisk innsats for å få ned innhaldet av farlege stoff i produkta. På denne bakgrunnen vil det bli vurdert om det eksisterande målet knytt til generering av farleg avfall er føremålstenleg og om det er grunnlag for å endre innretninga av målet for eksempel ved å kople det tydelegare til produktområdet.

Sjølv om stadig meir farleg avfall blir forsvarleg teke hand om er det likevel farleg avfall som går til ukjent behandling. Det blir gjort ein særleg innsats for å auke innsamlinga av prioritert farleg avfall og å sikre forsvarleg handtering. Auka innsamling av avfall som inneheld olje er prioritert, og informasjon til bransjen og tilsyn er styrkt. Informasjon til befolkninga, bedrifter og kommunar er òg ein viktig del av styresmaktene sitt arbeid for å auke innsamlinga av farleg avfall. For å auke innsamling av farleg avfall frå hushalda og mindre næringsdrivande er det foreslått å auke mengda farleg avfall kommunale mottak plikter å ta imot frå desse aktørane. Forslaga var på høyring våren 2013. Tilsyn med farleg avfall og samarbeid mellom involverte etatar er vesentleg styrkt dei siste åra, og dette arbeidet skal halde fram. Tilsyn har fått auka merksemd for å redusere illegal import og eksport, særleg eksport til fattige land. Forslag til ei lovendring for å skjerpe reaksjonane mot ulovleg eksport og import av farleg avfall har vore på offentleg høyring. Miljøverndepartementet vurderer fortløpande utviklinga på området, om verkemidla fungerer etter intensjonen og behovet for nye verkemiddel. For eksempel er det behov for å vurdere om det er mogleg å utnytte ressursane i det farlege avfallet utan at dette fører til auka risiko for helse og miljø.

Noreg tok i 1999 opp miljøproblema knytte til opphogging av skip, og fremja etableringa av eit internasjonalt bindande regelverk i regi av FNs sjøfartsorganisasjon. Dette fekk Noreg tilslutning til, og i 2009 vart ein ny konvensjon om sikker og miljøforsvarleg opphogging av skip (Hong Kong-konvensjonen) fastsett. Stortinget samtykte til tiltreding av konvensjonen 14. mai 2013. Krava i konvensjonen er ikkje venta å tre i kraft før tidlegast i 2020.

For å beskytte havmiljøet mot forsøpling og redusere utslepp av skipsavfall og lasterester fra skip, skal det legges meir vekt på utarbeidelse og oppfølging av avfallsplaner i havner.

EU la i 2011 fram ein strategi for auka ressurseffektivitet med forslag til både sektorvise og sektorovergripande tiltak. EU vil gå vidare på avfallsfeltet i 2014. EU arbeider med ein revisjon av EUs avfallspolitikk, og EU-kommisjonen gjennomfører i den samanhengen ei høyring om avfall med frist 10. september 2013. Noreg har gitt innspel i høyringa. Noreg har òg gitt innspel til EUs grønbok om plastavfall våren 2013. Generelt følgjer Miljøverndepartementet aktivt med på EUs arbeid for auka ressurseffektivitet, og gir innspel på avfalls- og gjenvinningsområdet der vi har relevant erfaring å bidra med.

Radioaktive stoff

Utslepp, risiko for utslepp og spreiing av radioaktive stoff som kan forårsake helse- og miljøskade skal haldast på lågast mogleg nivå. Alt radioaktivt avfall skal handterast forsvarleg på godkjent måte. Noreg har i forureiningslova ein god reiskap for å nå måla med å redusere utslepp og risiko for utslepp nasjonalt og for å sikre eit heilskapeleg og miljøvist forsvarleg system for handtering av radioaktivt avfall. Eit godt utbygd overvakingssystem er sentralt for å sikre god og oppdatert kunnskap om tilstanden. Innføringa av eit deklarasjonssystem for radioaktivt avfall har vore eit viktig verkemiddel for å sikre kartlegging av avfallet. Gjennomføring av regelverket med særleg vekt på tilsyn, og å sikre ei god avfallshandtering er høgt prioritert også i 2014. Arbeidet med å få betre kunnskap om ulike kjelder til radioaktiv forureining, om miljøeffektane av dei og eit betre grunnlag for overvaking skal òg førast vidare. Det er òg prioritert å vidareføre forsking på den verknaden radioaktiv stråling har i det ytre miljøet. For å redusere utslepp og risiko for utslepp av radioaktive stoff frå andre land har Noreg dialog og samarbeid med dei landa der det finst kjelder som kan påverke Noreg.

Miljøforvaltninga sitt ansvarsområde

Miljøforvaltninga har hovudansvaret for gjennomføring og oppfølging av forureiningslova. Miljøforvaltninga har ansvaret for å motverke skadelege verknader av kjemikaliar på naturmiljøet og på forbrukarane. Påverknad av arbeidstakarane si helse er arbeidsmiljøstyresmaktene sitt ansvarsområde. Miljøforvaltninga sitt ansvar for helsepåverknad er òg avgrensa til enkelte bruksområde for kjemikaliane. Vidare er ansvaret avgrensa til enkelte eigenskapar ved stoffa. Brann- og eksplosjonsfare ved bruken av kjemikaliar fell utanfor miljøforvaltninga sitt ansvar. Miljøstyresmaktene på kjemikalieområdet er Miljøverndepartementet, Miljødirektoratet og Fylkesmannen.

Miljøstyresmaktene har hovudansvaret for avfallspolitikken. Enkelte verkemiddel ligg likevel under andre departement sine ansvarsområde. Miljøstyresmaktene på avfallsfeltet er Miljøverndepartementet, Miljødirektoratet, Fylkesmannen og kommunen.

Miljøforvaltninga har òg ansvar for å verne det ytre miljøet mot skadelege verknader av radioaktiv forureining, blant anna frå utslepp og frå radioaktivt avfall. Miljøstyresmaktene på radioaktivitetsfeltet er Miljøverndepartementet og Statens strålevern.

Samfunnsplanlegging

Arealpolitikk og samfunnsplanlegging etter plan- og bygningslova er eit tverrgåande verkemiddel som set rammer for måloppnåinga. Sjå òg verkemiddelområdet Regelverk og samfunnplanlegging for nærare omtale. Kommunal, regional og statleg planlegging skal mellom anna medverke til å fremje eit giftfritt miljø og redusere risiko for skade på helse og miljø.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2013

9.1.Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast med det målet å stanse utsleppa innan 2020.

Tabell 20.2 Utsleppsreduksjonar for prioriterte helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Miljøgift

Utslepp*

1995 (ca. tonn)

Utslepp* 2010 (ca. tonn)

Utsleppsreduksjon 1995–2010 (ca. pst.)**

Arsen (As)

36

31

15

Bly (Pb)

600

119

80

Bromerte flammehemmarar

79 (forbruk)

299 (forbruk)

-

Dietylheksylftalat (DEHP)

285

ca. 123

60

1,2-dikloretan (EDC)

33

14

58

Dioksinar (mengdeeining i g TEQ)

74

27

64

Heksaklorbenzen (HCB)

0,09

0,009

91

Kadmium (Cd)

5

1,5

72

Klorerte alkylbenzenar (KAB)

0,08

0,002

98

Klorparafinar, kortkjeda

1

0,3

73

Klorparafinar, mellomkjeda

27

17

39

Krom (Cr)

100

47

53

Kvikksølv (Hg)

2,5

0,9

63

Muskxylen

0,9

0,1

83

Nonyl/oktylfenoler og deira etoksilat

25

4,7

81

Pentaklorfenol (PCP)

10

0,002

> 99

PFOS og PFOS-relaterte sambindingar

22

0,002

> 99

Polyklorerte bifenylar (PCB) (utfas. ståande masse)

487

125

74

Polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH)

268

104

61

Tensid (DTDMAC, DSDMAC, DHTMAC)

8

0,8

90

Tetrakloreten (PER)

367

13

96

Tributyl- og trifenyltinnsambindingar (TBT og TFT)

29

0

100

Triklorbenzen (TCB)

Ca. 0,021

0,06

-

Trikloreten (TRI)

620

26

96

Bisfenol A

ikkje kjent

1,6

Decametylcyklopentasiloxan (D5) og Oktametylsyklotetrasiloksan (D4)

ikkje kjent

8,2

Dodekylfenol

ikkje kjent

4,7

PFOA

ikkje kjent

Ca. 0,015

Triklosan

ikkje kjent

1,6

2,4,6-tri-tert-butylfenol (TTB-fenol)

ikkje kjent

ikkje kjent

Tris(2-kloretyl)fosfat (TCEP)

ikkje kjent

ikkje kjent

C9-PFCA – C14-PFCA

ikkje kjent

ikkje kjent

* Unnateke utslepp frå forureina grunn og sediment

** Som følgje av låge utsleppsnivå kan små endringar i utsleppsdata medføre forholdsvis store endringar i den berekna reduksjonsprosenten.

Kjelde: Miljødirektoratet

Det er dei same stoffa som er omfatta av målet om å stanse utslepp innan 2020 som er oppført på prioritetslista i tabell 20.2. Det er uvisse og manglar i utsleppsdata for fleire kjelder og stoff. Betre datagrunnlag er viktig for å kunne vurdere tiltak og verkemiddel, i tillegg til å utarbeide prognosar og vurdere måloppnåing. Miljødirektoratet arbeider med å identifisere og tette kunnskapshol og identifisere tiltak som er nødvendige for å kunne nå målsetjinga på området.

Ein viktig del av arbeidet vidare er å identifisere fleire miljøgifter som er omfatta av målet, og følgje opp desse både på nasjonalt og internasjonalt plan.

Miljøstyresmaktene vurderer kontinuerleg kva slag stoff som på bakgrunn av gitte kriterium skal vere omfatta av prioritetslista. Ny vitskapeleg informasjon og endra bruksmønster kan aktualisere nye stoff eller gjere andre mindre aktuelle. Førebels ligg det føre lite informasjon om forbruk og utslepp av dei nye stoffa på lista.

Fleire langkjeda perfluorerte karboksylsyrer er vurderte å oppfylle kriteria for prioritetslista og blir no inkluderte i lista. C9-PFCA – C14-PFCA inngår i produksjon av fluropolymerer og blir blant anna nytta i framstilling av vass- og flekkavvisande formuleringar og i maling, poleringar og overflatebelegg. Stoffa finst i mange typar produkt som tekstilar, impregneringsmiddel, enkelte typar golvvaks, tetningsmasse, skismurning, behandla matkontaktpapir og sleppbelegg i kokekar. Stoffa er svært persistente (lite nedbrytelege) og har høgt potensial for bioakkumulering (hopar seg opp i levande organismar). Dei er påviste i miljøet og i biota, i blant anna polartorsk, polarmåke, sel, reinsdyr, og isbjørn. Stoffa finst i låge nivå i blod hos menneske og det er studiar som viser at foster òg er eksponerte.

For å nå 2020-målet om stans i utslepp av miljøgifter er hovudinnsatsen retta inn mot å medverke til å styrkje reguleringane under EU/EØS-regelverk og internasjonale avtaler. Noreg har påteke seg å evaluere fleire stoff under EU/EØS-kjemikalieregelverket REACH. REACH omfattar registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar. Miljødirektoratet har foreslått forbod mot produksjon, import, omsetjing og bruk av fem kvikksølvsambindingar under REACH. Dette er no vedteke i EU. Miljødirektoratet arbeider òg aktivt med å identifisere stoff med spesielt betenkelege eigenskapar (kandidatlistestoff) og for å få slike stoff omfatta av krava til godkjenning eller forbod under REACH. Miljødirektoratet har blant anna utarbeidd dokumentasjon for ulike arsensambindingar. Norske og tyske styresmakter samarbeider om forslag om regulering under REACH av dei perfluorerte stoffa PFOA og APFO som blant annet er brukt til impregnering av tekstilar. Slike perfluorerte stoff har alvorlege helse- og miljøskadelege effektar, blir funne att i miljøet og blir ikkje brotne ned. Det går òg føre omfattande arbeid for å få stoff klassifiserte med omsyn til helse- og miljøfare. Miljødirektoratet har sendt klassifiseringsforslag for sju stoff til EU, som blant anna omfattar PFOA og APFO.

Miljødirektoratet har vidare teke på seg å vurdere tre stoff i programmet der EU/EØS-landa gjennomgår dokumentasjonen i registreringane frå industrien for å identifisere om det er behov for risikoreduserande tiltak. I tillegg har Miljødirektoratet påteke seg å vurdere tre stoff under REACH som er mistenkte for å ha miljøgifteigenskapar. Noreg er òg aktivt i EUs arbeid med kriterium som skal lette arbeidet med å identifisere og regulere hormonforstyrrande stoff.

Samtidig har Noreg nyleg innført eit nasjonalt forbod mot PFOA i forbrukarprodukt. PFOA er ei miljøgift som er omfatta av 2020-målet og som blant anna kan finnast i forbrukarprodukt som maling, tekstilar, skismurning, og tepper. Fastsetjinga av forbodet er ei oppfølging av det tidlegare forlaget til regulering av fire stoff i forbrukarprodukt som òg inkluderte mellomkjeda klorparafinar (MCCP), bly og blysambindingar og pentaklorfenol (PCP). Forslaget har vore notifisert til ESA og WTO og har vore på nasjonal høyring. Det kom då sterke reaksjonar til forslaga, blant anna frå EU-kommisjonen og ESA som meiner Noreg manglar handlingsrom til å innføre særnasjonale forbod.

Miljøstyresmaktene har òg fokus på helse- og miljørisiko ved bruk av nanomaterialar. Det er sentralt å framskaffe betre kunnskap om bruk og moglege negative verknadar som eit grunnlag for å kunne innføre tiltak. Samstundes er det viktig å få på plass gode system for å vurdere risikoen ved nanomaterialar og reguleringar som sikrar like godt vern av helse og miljø ved bruk og utslepp av nanomaterialar som for andre kjemiske stoff.

Internasjonalt arbeid er svært viktig for å redusere bruk og utslepp av miljøgifter globalt. Noreg arbeider med å få inn forbod og avgrensingar mot fleire stoff gjennom Rotterdamkonvensjonen om handel med farlege kjemikaliar, Stockholm-konvensjonen om persistente organiske miljøgifter og UNECE-protokollane om organiske miljøgifter og om tungmetall. Stadig nye miljøgifter blir inkluderte i listene under konvensjonane og den bromerte flammehemmaren HBCD vart på møtet i Stockholmkonvensjonen i mai 2013 vedteken inkludert på lista over stoff for utfasing. Fleire stoff er under vurdering og Noreg har nyleg nominert den bromerte flammehemmaren dekaBDE som ny POP til Stockholmkonvensjonen. Noreg har òg vore ein pådrivar for streng regulering av bruk og utslepp av kvikksølv i den nye globale konvensjonen om kvikksølv som vart ferdig forhandla i 2013, og vert underteikna i oktober 2013. Noreg støttar den globale kjemikaliestrategien SAICM. Strategien bidreg til grunnleggjande kapasitetsbygging for kjemikalieforvaltning i utviklingsland, og er ein viktig del av den norske satsinga for å redusere dei globale utsleppa av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Noreg medverkar finansielt til tiltak i utviklingsland gjennom fleire kanalar over Utanriksdepartementets budsjett, særleg gjennom Det globale miljøfondet (GEF), og ved bidrag til UNEP.

Overvaking av miljøgifter i naturen for å følgje utviklinga over tid vil framleis vere prioritert, og ein nasjonal miljøprøvebank med ulike typar prøvemateriale for seinare analysar av miljøgifter er etablert. Miljøprøvebanken er plassert i Forskingsparken på Blindern i Oslo og er administrert av forskingsinstitutta i CIENS. Miljøprøvebanken skal samle inn og ta vare på prøvar av biologisk materiale, for deretter å fryse dei ned for seinare analysar av miljøgifter. Dette blir eit svært nyttig verktøy i forvaltning av og forsking på miljøgifter. Formålet er å kunne gjere nye analysar av prøvar når det er utvikla betre metodar for å oppdage miljøgifter, fastsetje bakgrunnsnivå for nye miljøgifter og etablere tidstrendar.

9.2. Risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar er årsak til skade på helse og miljø skal minimerast.

Indikator:

  • Indikator for utslepp av farlege stoff.

Målet er at stadig mindre helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal brukast og sleppast ut, òg frå produkt og avfall, og at kjemikaliar skal nyttast på ein måte som reduserer risikoen for helse- og miljøskade.

For å måle utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar er det utvikla ein utsleppsindikator for utvalte helse- og miljøfarlege stoff. Alle faremerkte kjemikaliar som det blir produsert eller importert 100 kg eller meir av pr. år, skal rapporterast til produktregisteret. Berekningane av utslepp er baserte på desse opplysningane i tillegg til ein utslippsfaktor relatert til bruksområda for å reflektere den mengda som potensielt blir sleppt ut.

Berekningane indikerer at utslepp av farlege kjemikaliar held fram med å auke noko for tre av dei fire stoffgruppene. For kreftframkallande, reproduksjonsskadelege og mutagene stoff (CMR-stoff) er det ein betydeleg nedgang i utsleppa. Berekna utslepp av miljøfarlege stoff med langtidsverknader held fram med å stige også i 2011. Det er auka bruk av dikoparoksid i botnstoff og til notimpregnering som medverkar mest til auken i utslepp. Koparoksid er miljøskadeleg, men oppfyller ikkje kriteria for prioriterte miljøgifter. Stoffet er omfatta av biocidregelverket. Auken vi ser for utslepp av kronisk giftige stoff og allergiframkallande stoff gjeld hovudsakleg stoff til industriell bruk. Dette vil dermed kunne ha betydning for arbeidsmiljø, men i mindre grad påverke forbrukarar eller ytre miljø. Anna som kan forklare endringane vi ser er betre innrapportering til produktregisteret. I tillegg vil konjunktursvingingar i industrien ha betydning då dette vil påverkar både import og produksjon.

Figur 20.1 Utsleppsindikatorer for utslepp av farlege stoff 2002–2011, relativt til utslippsnivået i 2002, fordelt på fareklassar. Indeks (2002=1).

Figur 20.1 Utsleppsindikatorer for utslepp av farlege stoff 2002–2011, relativt til utslippsnivået i 2002, fordelt på fareklassar. Indeks (2002=1).

1 CMR-stoff: Stoff som kan forårsake kreft, mutasjonar eller problem med reproduksjonen.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

I tillegg til arbeidet med restriksjonar under REACH, som er omtalt tidlegare, deltek Noreg aktivt i alle komitear som er oppretta i samband med REACH og regelverket om klassifisering og merking av farlege kjemikaliar, omtalt som CLP, og i ei rekkje arbeidsgrupper. Det er samarbeid med andre nordiske land når det gjeld REACH og CLP, for eksempel i arbeidet med hormonforstyrrande stoff, nanomaterialar og med eksponeringsscenario i REACH. Noreg deltek òg aktivt i samarbeidet om produkt med biocid. Regelverket som regulerer visse farlege kjemikaliar i elektriske og elektroniske produkt (RoHS) vart nyleg endra. Noreg arbeidde aktivt for at dette førte til eit regelverk som gav betre vern for helse og miljø.

Regjeringa arbeider for at forbrukarar skal kunne ta miljøvennlege val, og dermed redusere bruk av produkt som inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Det dåverande Klima- og forureiningsdirektoratet lanserte i 2010 nettstaden Erdetfarlig.no i samarbeid med Mattilsynet og Miljømerking. Her blir det gitt hjelp til å unngå helse- og miljøfarlege stoff i forbrukarprodukt, oversikt over produkta med dei offisielle miljømerka Svana og Blomen innan ulike varekategoriar, og informasjon om korleis ulike typar produkt skal handterast når dei blir avfall.

Offentlege data frå produktregisteret blir lagt på nettsida Produktinformasjonsbanken (www.pib.no). Miljødirektoratet skal leggje til rette for at allmenta får tilgang til ytterlegare informasjon om produkt.

9.3. Spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg. Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering.

Indikator:

  • Talet på kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining.

Det var i mai 2013 registrert 425 lokalitetar i Miljødirektoratets database Grunnforureining som er kjende av styresmaktene der det finst eller er grunn til å tru at det finst miljøgifter med spreiingsfare, og der det er behov for å gjennomføre tiltak. Tiltak kan vere fjerning av masse, overdekking og sikring, arealbruksrestriksjonar eller overvaking. Talet på lokalitetar er ikkje statisk, det blir redusert som følgje av at tiltak blir gjennomførde og det aukar som følgje av at nye forureina lokalitetar blir oppdaga.

I arbeidet med forureina grunn er utgangspunktet at spreiing av prioriterte miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg, mens spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering. Det blir særleg prioritert oppfølging av stader der forureininga medfører helserisiko for menneske, der det er fare for påverknad av sensitive naturområde eller der forureininga lek frå grunnen til område som står i fare for å ikkje oppnå god økologisk status i medhald av vassforskrifta. Det blir dessutan vurdert nærare korleis ein kan ta omsyn til særleg sårbare grupper, som for eksempel barn.

Miljødirektoratet arbeider med å gjennomføre opprydding i dei dokumentert mest alvorlege grunnforureiningslokalitetane som har stor spreiingsfare og helserisiko for menneske, jf. St.meld. nr. 14 (2006–2007). Mens vi er i ferd med å ferdigstille dei fleste lokalitetane som i slutten av 90-talet vart vurderte som prioriterte, kjem det stadig nye lokalitetar til der det er behov for tiltak og fare for betydeleg spreiing av miljøgifter. Blant desse er det store område som er forureina som følgje av Forsvarets aktivitetar og brannøvingsfelt ved norske flyplassar der det er fare for spreiing av perfluorerte sambindingar til vassdrag.

Byggjeaktivitet i område med alunskifer kan føre til store utfordringar når det gjeld handtering av overskotsmassane. Desse kan gi opphav til sur og tungmetallhaldig avrenning og kan sleppe ut radongass som kan vere kreftframkallande. Miljødirektoratet utarbeider retningslinjer for miljømessig forsvarleg handtering og deponering av alunskifer.

9.4. Sediment (botnmassar i sjø) som er forureina med helse- eller miljøfarlege kjemikaliar, skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem.

Indikator:

  • Mengd utvalte helse- og miljøfarlege stoff som er handtert ved mudring/tildekking slik at dei ikkje lenger utgjer kjelde til alvorlege forureiningsproblem.

Handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn i St.meld. nr. 14 (2006–2007) Sammen for et giftfritt miljø – forutsetninger for en tryggere fremtid byggjer på fylkesvise tiltaksplanar for opprydding i forureina sjøbotn for dei 17 høgast prioriterte områda i Noreg. Dei fylkesvise tiltaksplanane er avgrensa til dei delane av fjordane der sjøbotnen er sterkast forureina, og til kjeldeområde på land i tilknyting til desse. Eit omfattande arbeid er sett i gang med å førebu og gjennomføre oppryddingsprosjekt på dei 17 områda. Omfattande tiltak er gjennomførte i Kristiansand, Oslo, Tromsø og Trondheim (opprydding i den viktigaste tilførselskjelda på land er knytt til Killingdal gruver). I Tromsø vart tiltaka avslutta i 2012. I Oslo gjenstår det no berre mindre tiltak som skal ferdigstillast innan 2013. I Harstad er sjøbotnoppryddinga godt i gang, og arbeidet er planlagt ferdigstilt i 2014. I Trondheim hamneområde er opprydding av sjøbotnen vedteken lokalt og tiltaka er planlagt gjennomførte i perioden 2014–2017. Fleire andre tiltaksplanområde står for tur.

Dei aller fleste av dei om lag 100 prioriterte skipsverfta har gjennomført undersøkingar i grunnen og i sjøbotnen utanfor for å klarleggje behovet for oppryddingstiltak. Det blir fortløpande utarbeidd tiltaksplanar for dei verfta der det er behov for tiltak. Det er viktig å stanse kjelder på land før tiltak blir gjennomførte på sjøbotnen, og for dei fleste verfta er dette rekkjefølja. Det er i tillegg gitt pålegg til 10 store hamner og dei 17 største industrihamnene med utsleppsløyve i tiltaksplanområda, om å kartleggje korleis verksemda deira medverkar til å forureine sjøbotnen, og vurdere behovet for opprydding. Desse hamnene blir følgde opp gjennom arbeidet med dei enkelte tiltaksplanområda. Miljøstyresmaktene vil òg elles der det er nødvendig og juridisk mogleg gi pålegg om oppryddingstiltak for å stanse utlekking til sjøbotn.

Gjennom å samkøyre oppryddingsprosjekt med andre planlagde aktivitetar som mudring av farleier og hamneutbygging, sikrar ein framdrift, og ein oppnår ei heilskapleg gjennomføring med både miljøvise og økonomiske fordelar.

St. meld. 14 understrekar betydninga av å kople opprydding av forureina sjøbotn til relevante lokale prosjekt. Det kan derfor i enkelte høve vere føremålstenleg å fråvike den prioriterte lista. Dette gjeld spesielt i høve der undersøkningar visar stor forureining. Eit eksempel på dette er Bodø, som ikkje er på den prioriterte lista, men der det er påvist forureina sjøbotn, og tiltak vil kunne gjennomførast i samband med planlagt utdjuping av farleia i Bodø hamn.

Når opprydding av eit tiltaksplanområde er ferdigstilt skal det takast ut av lista over dei mest prioriterte områda. Dette inneber at Tromsø hamn no er teken ut av lista. Miljødirektoratet rapporterer tertialvis om framdrift/prosjekt og tilhøyrande tak for utbetaling til Miljøverndepartementet. Eit prosjekt er rekna som ferdigstilt når kjelder til forureining på land er stansa eller redusert og tiltak for opprydding er gjennomførte og sluttkontrollerte. Etter ferdigstilling følgjer ein fase med overvaking og evaluering av tiltaka.

I dei fleste av tiltaksplanområda har kommunane ei sentral rolle i oppryddingstiltaka som lokal styresmakt, ansvarleg for hamneverksemda og ansvarleg for viktige kjelder til utlekking av miljøgifter frå avfallsdeponi og kommunale avløp. Fylkesmannen har forureiningsmynde i dei fleste sakene og regulerer tiltaka etter forureiningslova og forskrifter. Etter søknad medverkar Miljødirektoratet med midlar, jf. omtale under programkategori 12.20. Oppryddinga er som nemnt ferdigstilt i nokre område, og i andre område er den godt i gang.

Tabell 20.3 Utvalde farlege kjemikaliar handterte ved oppryddingstiltak frå 2004 til 2012

Stoff

Mengd (kg)

Bly

147136

Kadmium

2166

Kvikksølv

2485

PAH16

15501

PCB7

102

TBT

664

Gjennom oppryddingstiltak er over 147 tonn bly og 15 tonn av det polyaromatiske hydrokarbonet PAH16 handtert. Det er óg blitt fjerna store mengder andre miljøgifter, mellom anna kvikksølv og kadmium. Kjelde: Miljødirektoratet

9.5. Utslepp, risiko for utslepp og spreiing av radioaktive stoff som kan vere årsak til helse- og miljøskade skal haldast på lågast mogleg nivå. Alt radioaktivt avfall skal handterast forsvarleg på godkjent måte.

Indikator:

  • Samla årleg utslepp av utvalde radioaktive stoff frå nasjonale kjelder.

Utslepp frå olje- og gassverksemd

I 2012 vart det totalt sleppt ut 131 millionar kubikkmeter produsert vatn til havet frå norsk olje- og gassindustri. Dei totale utsleppa av radium som vart sleppt ut i produsert vatn i 2012 var 809 GBq. Konsentrasjonen av radioaktive stoff i produsert vatn varierer frå felt til felt, men har i snitt lege på om lag 3,3 Bq/l for radium-226 og 2,8 Bq/l for radium-228. Med uendra konsentrasjonar av radioaktive stoff i det produserte vatnet vil derfor utsleppa av radioaktive stoff frå petroleumsverksemda følgje endringar i mengda produsert vatn som vert sleppt ut. Noreg har gjennom OSPAR forplikta seg til ein gradvis reduksjon av utslepp fram mot 2020 slik at nivået i det marine miljøet kjem på 2009-nivå. Basert på prognosar om mengder produsert vatn ligg Noreg ikkje an til å nå målet om ein gradvis reduksjon, men utslepp i 2020 ser ut til å bli lågare enn i 2009.

Utslepp frå sjukehus og forsking

Sjukehus og forskingsverksemd rapporterer òg radioaktive utslepp. Dei vanlegaste nuklidane er technetium-99m og jod-131. Desse har kort halveringstid (resp. 6 t og 8,1 dagar) og utgjer truleg inga stor forureiningskjelde.

Utslepp frå forskingsreaktorar

Institutt for Energiteknikk (IFE) driv to forskingsreaktorar, ein på Kjeller og ein i Halden. Alvorlege uhell kan føre til lokale utslepp av radioaktivitet til luft, men risikoen for stor miljø- og helseskade er rekna som liten.

Figur 20.2  Utslepp til vatn frå IFE Halden til Tista og Iddefjorden

Figur 20.2 Utslepp til vatn frå IFE Halden til Tista og Iddefjorden

Kjelde: Statens strålevern

Indikator:

  • Nivå i miljøet av utvalde radioaktive stoff.

På 1950- og 1960-talet var nedfall etter prøvesprengingar av kjernevåpen i atmosfæren den viktigaste kjelda til radioaktiv forureining i norske hav- og landområde. I 1986 ramma Tsjernobyl-ulykka delar av Noreg hardt. I dag er nivåa av radioaktiv forureining i norsk natur stort sett låge.

Det er påvist små spor av radioaktivt cesium-134 i miljøprøver frå Finnmark, som har sitt opphav frå Fukushima-ulykka i 2011. Cesium-134 har blitt oppkonsentrert gjennom næringskjeda og kan i dag påvisast i små mengder i rev, reinsdyr og i sopp. Nivåa er svært låge, under 1 becquerel pr. kilo ferskvekt, og har ingen helseeffektar for menneske eller miljø.

Det er store geografiske variasjonar som reflekterer den ujamne fordelinga av radioaktivt nedfall frå Tsjernobyl-ulykka i Noreg i 1986, der Nord-Trøndelag, sørlige delar av Nordland og fjellstrøka i Sør-Noreg vart hardast råka. I dei mest utsette områda ventar ein at radioaktiviteten etter Tsjernobyl-ulykka vil finnast i sopp i minst femti år framover. For dyr som beiter (elg, hjort, rådyr og villrein) vil det oppstå nokre variasjonar mellom år avhengig av opphavleg nedfall og ulik tilgang på enkelte beitevekster, spesielt sopp, som vi veit kan innehalde mykje cesium-137.

Figur 20.3  Radioaktivitet i villrein 2001–2011

Figur 20.3 Radioaktivitet i villrein 2001–2011

Figuren viser i Bq/kg ferskvekt (Cesium-137) i villrein frå Nord-Rondane, Snøhetta, Forolhogna, Nord-Ottadalen, Hardangervidda og Setesdal-Ryfylkeheiene

Kjelde: NINA/Statens strålevern

Norske havområde blir tilført låge nivå av radioaktiv forureining frå mellom anna Austersjøen, frå Sellafield i Storbritannia (eit anlegg for reprosessering av brukt kjernebrensel) og frå olje- og gassproduksjon på norsk sokkel.

Indikator:

  • Mengde og type radioaktivt avfall som er deklarert.

Det vart innført deklarasjonsplikt for radioaktivt avfall frå 2011 på lik linje med farleg avfall. Det deklarerte avfallet stammar blant anna frå petroleumsverksemd, sjukehus, universitet og forskingsinstitusjonar. Den største avfallsgruppa er radioaktive jord- og steinmassar, der mesteparten er alunskifer. Talet på deklarasjonar var 310 i 2011 og 279 i 2012, men mengda var betydeleg større i 2012 enn i 2011. I 2011 vart det deklarert 17 730 tonn, mot 41 538 tonn i 2012. Med data for berre to år er det ikkje mogleg å gjere noko nærare vurdering av om dette er naturlege variasjonar eller om det er andre årsaker til variasjonane.

  • Mengd og type avfall som er endeleg deponert

Deponiet i Gulen som tek imot radioaktivt avfall frå petroleumsverksemda tok i 2011 imot 206 196 kilo avfall. 188 642 kilo av dette er ferdigbehandla og endeleg deponert. I 2012 vart 90 910 kg deponipliktig avfall deponert i Gulen.

Fram til 2011 hadde deponiet berre godkjenning til å ta imot radioaktivt avfall over grensa for deponiplikt. I same periode vart radioaktivt avfall som hadde blitt lagra mellombels i påvente av opninga av deponiet i Gulen teke hand om. Frå 2012 var dei fleste av dei mellombelse lagra tømde og dette er spegla i lågare deponert mengd registrert i 2012. Frå 2012 fekk deponiet òg løyve til å ta i mot radioaktivt avfall med lågare aktivitetsinnhald enn det som er definert som deponipliktig radioaktivt avfall.

IFE rapporterte at deponiet i Himdalen har teke imot 232 tønneekvivalentar i 2012. Nemninga tønneekvivalentar er eit mål for det volum som avfallet opptek sett i forhold til ei standardisert lagringstønne. I løyvet til Himdalen er mengda avfall regulert i Bq og ikkje i kilo.

Figur 20.4 Deponert mengde (kg) radioaktivt avfall i Gulen 2008–2012.

Figur 20.4 Deponert mengde (kg) radioaktivt avfall i Gulen 2008–2012.

Kjelde: Statens strålevern.

Indikator:

  • Berekna risiko for utslepp frå utvalde utanlandske kjelder som kan påverke Noreg.

Risikoen for at ei alvorleg atomhending skal inntreffe og ramme Noreg, vart sist vurdert i Nasjonal sårbarhets- og beredskapsrapport (NSBR) 2011 . Risikoen vart då vurdert som låg. Samstundes har erfaringa med Fukushima-kraftverket vist at det er særs vanskeleg å spå kva ulykker som kan ramme. Risiko er påverka av teknisk standard, organisasjon, myndigheitskontroll og tryggleikskultur og av naturhendingar. Nye anlegg er oftast sikrare enn dei gamle. Med uendra nivå på tryggleiken vil sjansen for ulykker auke i takt med talet på anlegg.

Det viktigaste verkemiddelet for Noreg er å sikre ein god dialog med styresmaktene i dei landa som har anlegg som kan vere årsak til radioaktiv forureining i Noreg. Derfor deltek Miljøverndepartementet i arbeidet med gjennomføringa av Regjeringas handlingsplan for oppfølging av St. meld nr. 34 (1993-94) Atomvirksomhet og kjemiske våpen i våre nordlige nærområder og St.meld. nr. 11 (2010–2011) Samarbeidet med Russland om atomvirksomhet og miljø i nordområdene. Noreg legg særleg vekt på samarbeid med og støtte til russiske tilsynsstyresmakter, og på at konsekvensar for miljøet må vurderast før ulike tiltak blir sette i verk slik at risikoen for ulykker blir så liten som råd er. Samarbeidet om overvaking av radioaktiv forureining er òg styrkt gjennom ekspertgruppa i den norskrussiske miljøvernkommisjonen.

Utslepp frå anlegget i Sellafield ligg no på eit langt lågare nivå enn på 1990-talet. Framleis blir likevel om lag 900 tonn høgaktivt flytande avfall (HAL) lagra. Ein rapport frå Statens strålevern viser at eit mogleg uhell ved Sellafieldanlegga kan ramme Noreg hardt. Behovet for rask reduksjon av mengdene av flytande, høgradioaktivt avfall og styrkt tryggleik har vore teke opp med britiske styresmakter ei rekkje gonger på politisk nivå. Det er òg nær kontakt mellom dei norske og britiske styresmaktane på departements- og fagnivå.

Miljøverndepartementet deltek òg i embetsgruppa for koordinering av atomberedskapen i Noreg og har dekt sin del av kriseutvalet sin langtidsplan for oppgradering av den norske atomberedskapen. Det blir vidare arbeidd med å sikre at departementet og dei underliggjande etatane er godt eigna til å redusere konsekvensane for helse og miljø så godt som mogleg i tilfelle ei alvorleg atomhending.

9.6. Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

Indikator:

  • Total mengd avfall generert pr. år sett i forhold til økonomisk vekst målt i BNP.

Figur 20.5 Utvikling i avfallsmengde og BNP frå 1995 til 2011

Figur 20.5 Utvikling i avfallsmengde og BNP frå 1995 til 2011

Kjelde: Statistisk sentralbyrå/Miljøstatus.no

For dei fleste miljøproblema som har si årsak i avfall er det fastsett eigne resultatmål, blant anna for utslepp av klimagassar og for miljøgifter. Verkemiddelbruken på avfallsfeltet må derfor sjåast i samanheng med verkemiddelbruken på desse områda.

Vekst i økonomien har tradisjonelt gitt auka avfallsmengder. Miljøproblema som følgjer av dei auka avfallsmengdene kan delvis motverkast ved gjenvinning. Det er likevel grenser for kor store delar av avfallet det er miljøvist føremålstenleg, økonomisk forsvarleg og teknisk mogleg å gjenvinne. Tilsvarande avgrensingar gjeld for utsleppsreduksjonar frå sluttbehandlingsanlegga. Vi ser at veksten i avfallsmengdene er blitt teken unna i form av vekst i materialgjenvinning og energiutnytting dei seinare åra. Både materialgjenvinning, energiutnytting og deponering av avfall fører med seg utslepp. Utan avfallsreduksjon vil derfor utslepp frå avfallsbehandling halde fram med å auke så lenge avfallsmengda auker. Resultatmålet inneber at same økonomiske aktivitetsnivå i framtida skal medføre vesentleg mindre avfall. I dette legg Regjeringa at det skal vere ein forskjell som monnar og som varer ved.

Den samla avfallsveksten frå 1995 til 2011 var på 39 pst. Dette er noko lågare enn veksten i BNP målt i faste prisar, som var på 41 pst. i same periode. Avfallsmengda vart noko redusert omkring 2008, truleg som følgje av finanskrisa og redusert aktivitet i enkelte sektorar, særleg byggjesektoren. Avfallsmengda har auka igjen frå 2009, truleg fordi aktivitetsnivået i blant anna byggjesektoren tok seg opp igjen. Avfall frå næringsverksemd utgjorde i 2011 om lag 77 pst. av den totale avfallsmengda. Framleis er industrien den sektoren som står for det meste av avfallet med 27 pst. i 2011. Hushaldsavfall står for 23 pst. av avfallsmengda. Mengda hushaldsavfall har auka med 86 pst. i perioden 1995 til 2011. I 2011 kasta kvar og ein av oss 438 kg hushaldsavfall, noko som er ein auke på 4,5 pst. frå 2010. Forbruksvolumet gjekk berre opp med 2,5 pst. For kvar 1 000 kroner som går til forbruk, kastar vi om lag 2 kilo avfall. Endringar i datagrunnlag og omlegging av SSBs avfallsstatistikk kan òg ha påverka utviklinga i indikatoren.

Ei fråkopling av avfallsgenereringa frå den økonomiske veksten kan skje gjennom endra samansetjing av produksjon og forbruk, og gjennom auka materialeffektivitet i dei enkelte produkta og produksjonsprosessane. Miljøverndepartementet har her ei særleg pådrivarrolle, og vil i tråd med den nyleg framlagte avfallsstrategien særleg forsøke å redusere matavfallet.

9.7. Det blir teke sikte på at mengda avfall til gjenvinning skal vere om lag 75 pst. i 2010, med ei vidare opptrapping til 80 pst., basert på at mengda avfall til gjenvinning skal aukast i tråd med det som er eit samfunnsøkonomisk og miljøvist fornuftig nivå.

Indikator:

  • Delen av ordinært avfall som går til gjenvinning, basert på totalt generert mengd avfall som går til kjent behandling

Gjenvinning av avfall omfatter eit kvart tiltak der hovedresultatet er at avfall kjem til nytte ved å erstatte materialar som elles ville vorte brukte eller at avfall er vorte førebudd til dette herunder førebuing til ombruk, materialgjennvinning og energiutnyttelse. Gjenvinningsgraden har vore stabil sidan 2005. Farleg avfall er då halde utanom. I 2010 vart 82 pst. av avfallet gjenvunne (SSB 2011). Gjenvinningsgraden inkluderer 46 pst. til materialgjenvinning, 25 pst. til energiutnytting og det resterande til kompostering eller til bruk som dekkmasse eller fyllmasse. Målet om 75 pst. gjenvinning i 2010 er nådd, og i 2001 var gjenvinningsdelen på 87 pst.

Figur 20.6 Andel avfall til gjenvinning

Figur 20.6 Andel avfall til gjenvinning

Kjelde: Statistisk sentralbyrå/Miljøstatus.no

Det er innført fleire verkemiddel for å stimulere til gjenvinning, under dette forbod mot deponering av nedbryteleg avfall og produsentansvar for enkelte typar avfall.

Det er etablert eigne retursystem for fleire ulike avfallsfraksjonar. Svært gode resultat frå retursystema medverkar til høg gjenvinningsgrad.

Om lag 0,8 mill. tonn avfall vart deponert i 2011. Mengda avfall til deponi var heile 63 prosent lågare i 2011 enn i 1995 og 59 prosent lågare enn i 2007, ein nedgang på nær ein tredel. Dette inkluderer ei betydeleg mengd farleg avfall som blir lagt i eigne deponi. I desse tala ligg òg ein del avfall som er deponert med mellombels dispensasjon frå deponiforbodet, og mengda avfall til deponi vil halde fram med å gå ned. Om lag ein firedel av det tidlegare deponerte avfallet er truleg nedbryteleg avfall som er årsak til metanutslepp frå deponia (SSB 2010).

Då forbodet mot deponering av nedbryteleg avfall vart fastsett, var det venta at det ville ta om lag fem år før tilstrekkeleg alternativ behandlingskapasitet var etablert. Det vart derfor vurdert som nødvendig å opne for mellombelse dispensasjonar frå forbodet. Det vart gitt dispensasjon for ei relativt stor mengd avfall i den første tida etter at forbodet vart innført. Dei fleste dispensasjonane gjekk ut i 2011, men det er gitt dispensasjon for nokre mindre mengder fram til 2013. Det har vore ei viss uro i forbrenningsmarknaden, og då særleg som følgje av at norske forbrenningsanlegg opplevde at dei hadde dårlegare konkurransevilkår enn svenske anlegg. Etter at Regjeringa i Prop. 126 LS (2009–2010) Endringar i skatte- og avgiftsreglane m.v. foreslo å avvikle sluttbehandlingsavgifta på forbrenning frå 1. oktober 2010, har det vore betydeleg mindre uro i avfallsmarknaden. Det er samtidig på det reine at mange avfallsforbrenningsanlegg har ein stram økonomi som følgje av eit betydeleg prispress i den norsksvenske avfallsmarknaden. Det siste året er det òg gitt løyve til import av mindre mengder avfall for forbrenning med energiutnytting i Noreg.

Registrert eksport av avfall har auka betydeleg. I 2011 var eksporten av avfall (ordinært avfall og farleg avfall) om lag 1,7 mill. tonn. Dette var rundt 700 000 tonn meir enn året før. Auken skuldast truleg deponiforbodet som vart innført i 2009, i tillegg til forskjellige økonomiske og teknologiske faktorar. Meir enn 80 pst. av avfallet gjekk til forbrenning med energiutnytting. Eksport av avfall i 2003 var til samanlikning 146 000 tonn. Auken skuldast for ein stor del eksport av brennbart avfall til energigjenvinning i Sverige. Situasjonen har så langt ikkje gitt grunnlag for særskilte tiltak for å setje grenser for mengda avfall som blir eksportert eller importert.

9.8. Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet.

Indikatorar:

  • Mengd farleg avfall med ukjent disponering.

Om lag 94 pst. av det farlege avfallet blir samla inn og teke forsvarleg hand om i systemet for farleg avfall. I 2011 vart 1,3 mill. tonn farleg avfall levert til godkjent behandling, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Om lag 76 000 tonn farleg avfall vart handtert på ukjent måte i følgje Statistisk sentralbyrå. Noko av det farlege avfallet som er handtert på ukjent måte kan ha blitt blanda med vanleg avfall, sleppt ut i kloakken eller dumpa direkte i naturen.

Farleg avfall som blir levert til godkjent behandling blir ikkje alltid registrert på riktig måte. Vi trur derfor at delar av dei 76 000 tonna likevel kan vere handterte ved godkjente behandlingsanlegg. For å hindre feilrapportering jobbast det kontinuerleg med begrep, informasjonskontroll og registreringskoder.

Figur 20.7 Farleg avfall til godkjent og ukjent handtering 2003–2011.

Figur 20.7 Farleg avfall til godkjent og ukjent handtering 2003–2011.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå/Miljøstatus.no

Mesteparten av det farlege avfallet blir teke hand om i Noreg, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Om lag 87 pst. av det farlege avfallet som gjekk til godkjent behandling i 2010, vart behandla i Noreg. Dette utgjorde rundt 990 000 tonn.

Vi eksporterer ein del farleg avfall til utlandet. I 2010 vart rundt 170 000 tonn sendt til godkjent behandling i utlandet, under dette om lag 130 000 tonn til gjenvinning.

For å handtere farleg avfall på forsvarleg vis trengst det spesialisert behandling. For Noregs del er det snakk om relativt små avfallsmengder som i dag ikkje kan behandlast i norske anlegg. Om lag halvparten blir eksportert til gjenvinningsformål. Vi har eit godt samarbeid med nabolanda våre, og mesteparten av det farlege avfallet blir eksportert til Sverige.

For å sikre forsvarleg behandling i mottakarlandet må eksport av farleg avfall godkjennast av Miljødirektoratet.

9.9. Genereringa av ulike typar farleg avfall skal reduserast innan 2020 samanlikna med 2005-nivå.

I 2011 vart 1,3 mill. tonn farleg avfall levert til godkjent mottak, dette er ein auke frå året før. Sidan 1999 er det blitt registrert ein stor auke i mengda farleg avfall. Mykje av denne auken reknar ein med kjem av at lista over farlege avfallstypar er utvida. Datagrunnlaget har òg blitt betre og den reelle auken kan derfor vere mindre enn statistikken viser.