Miljøverndepartementet (MD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

I Noreg finn vi stort sett denne reine, klare lufta som er ein føresetnad for menneskeleg helse og trivsel, og som er nødvendig for at planter og dyr skal trivast. Dei høge konsentrasjonane av helseskadelege stoff vi har målt i lufta i fleire av byane våre, viser at situasjonen framleis ikkje er god nok. Overskridingar av dei nasjonale måla for lokal luftkvalitet i fleire norske byar skuldast blant anna utslepp frå mange bilar konsentrerte på eitt område, og mange personar som fyrer med ved eller olje på kalde vinterdagar. God luftkvalitet reduserer faren for helseskadar, særleg for sårbare grupper som eldre, barn og foster. Fråvær av støy har òg ein positiv innverknad på menneske sitt ve og vel, og oppleving av stille er ein viktig del av kvalitetane i friluftsområde og kulturmiljø. Den største støykjelda i Noreg er vegtrafikk som i følgje Verdas helseorganisasjon stel mange friske år av liva til menneske.

For mange av oss er verknadene av luftforureining og sur nedbør blant dei første miljøproblema vi kan hugse. Vi såg bilete av døde trær i Schwarzwald i Tyskland. Her heime forsvann mange tusen fiskebestandar frå vassdraga våre. Sur nedbør kryssar landegrensene. Gjennom målretta internasjonalt samarbeid er tilførslene av sur nedbør vesentleg reduserte. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg fleire tiår framover dersom ikkje utsleppa i Europa blir ytterlegare reduserte.

Når det gjeld ozonlaget, som vernar alt liv mot skadeleg ultrafiolett stråling frå sola, har dei relaterte utsleppa vore kraftig reduserte dei siste åra. Likevel vil det ta lang tid før ozonlaget kan friskmeldast.

Nasjonale mål

Nedanfor blir dei nasjonale måla og indikatorane presenterte. Til slutt i dette kapitlet blir det rapportert på måla frå budsjettproposisjonen i fjor.

Nasjonalt mål 10.1. Helse og miljø skal ikkje ta skade av luftforureining frå SO 2 , NO x , VOC, ammoniakk eller partiklar.

Indikatorar:

  • Areal med overskridingar av tolegrenser for forsuring.

Nasjonalt mål 10.2. Døgnmiddelkonsentrasjonen av svevestøv (PM 10 ) skal ikkje overskride 50 μg/m 3 meir enn 7 dagar pr. år.

Indikatorar:

  • Utvikling i talet på overskridingar og dei stader dette i så fall skjer.

Nasjonalt mål 10.3. Timemiddelkonsentrasjonen av nitrogendioksid (NO 2 ) skal ikkje overskride 150 μg/m 3 meir enn 8 timar pr. år.

Indikatorar:

  • Utvikling i talet på overskridingar og dei stader dette i så fall skjer.

Nasjonalt mål 10.4. Det skal ikkje vere forbruk av følgjande ozonreduserande stoff: HKFK, halon, KFK, tetraklormetan, metylkloroform og HBFK.

  • Import, eksport og produksjon av stoffa.

Nasjonalt mål 10.5. Støyplaga skal reduserast med 10 prosent innan 2020 i forhold til 1999. Talet på personar utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 prosent innan 2020 i forhold til 2005.

Indikatorar:

  • Samla støyplage (SPI) frå alle kartlagde kjelder, spesielt SPI for industri, motorsport og skytebaner.

  • Reell reduksjon i talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå.

Tilstand

Lokal luftkvalitet

Svevestøv (PM 10 og PM 2,5 ) og nitrogendioksid (NO 2 ) er dei mest dominerande stoffa i lokal luftforureining. Luftkvaliteten har generelt sett blitt betre sidan 1990-talet, men det var framleis overskridingar av nasjonalt mål for svevestøv (PM 10 ) og NO 2 i 2012. Det er ikkje berre dei største byane som har vanskar med å nå nasjonalt mål. Også mindre byar og tettstader har fleire overskridingar enn det som er tillate i forhold til nasjonalt mål for svevestøv.

Når det gjeld NO 2 vart nasjonale mål overskridne i dei største byane. I kuldeperiodar om vinteren kan det bli stilleståande luft og høge forureiningsnivå nær dei mest trafikkerte vegane. Det er òg vanleg at slik vinterkulde endar opp med inversjonslokk som hindrar utluftinga. Ofte varer slike lokk berre nokre timar, men dei kan nokre gonger vare fleire dagar i enkelte større byar, slik som for eksempel Oslo og Bergen vinteren 2009/2010. Under slike forhold kan store delar av befolkninga bli eksponerte.

I tillegg kan stoff som svoveldioksid (SO 2 ), bakkenær ozon (O 3 ), karbonmonoksid (CO), PAH og benzen bidra til dårleg lokal luftkvalitet.

Langtransportert luftforureining

Utsleppa av svovel og nitrogen i Europa er reduserte med høvesvis rundt 60 pst. og 20 pst. sidan 1990 og tilførslene til Noreg er reduserte omtrent tilsvarande.

Tolegrensa for forsuring av overflatevatn var i 2010 overskriden i om lag 8 pst. av Noregs areal. Dette omfanget har ikkje endra seg vesentleg dei seinare åra. Det er ingen overskridingar av tolegrenser for forsuring av skog i Noreg.

I store område i Sør-Noreg er mykje av dyrelivet i ferskvatn sterkt skadd. Skadane på botndyr og krepsdyr er framleis store og situasjonen er ustabil. På 80-talet var rundt 15 000 fiskebestandar tapt eller sterkt skadde som følgje av forsuring. Vasskvaliteten er blitt betre dei seinare åra. Det er teikn til betring med omsyn til fiskebestandar sidan 1990, sjølv om mange innsjøar framleis er fisketomme.

Areal med overskridingar av tolegrensene for overgjødsling av vegetasjon (terrestriske økosystem) minka i perioden 1980–1995, men har ikkje endra seg etter dette. Anslag basert på dei nyaste kartleggingane av tolegrenser viser at desse i 2005 var overskridne i ca. 21 pst. av Noregs areal. Nitrogenavsetningane har ført til endringar i det biologiske mangfaldet både i Noreg og i Europa. Resultat frå norske overvakingsprogram viser klare koplingar mellom atmosfærisk avsetning av nitrogen og artssamansetning, og at nitrogennedfall påverkar markvegetasjon og algevekst negativt. I næringsfattig ferskvatn fører auka nitrogentilførsler til auka plantevekst og endringar i det biologiske mangfaldet.

Episodar med høgare ozonkonsentrasjonar i Noreg førekjem gjerne når det er høgtrykk over kontinentet, som fører til transport av forureina luft nordover. Dei høgaste verdiane blir normalt målte på strekninga frå Vest-Agder til Oslofjorden. Høge ozonkonsentrasjonar førekjem ofte som episodar over nokre timar eller dagar, som regel om våren og tidleg på sommaren. Overskridingar av målsetjingsverdiar for bakkenært ozon med tanke på vern av helse skjer dei fleste år, men talet på og grad av overskridingar varierer mykje frå år til år. EUs grense for melding til befolkninga blir sjeldan overskriden i Noreg (sist i 2006).

Målsetjingsverdien for vern av landbruksvekstar mot ozonskadar blir overskridne enkelte år, mens verdien som omfattar skog sjeldan blir overskriden i Noreg.

Støy

Om lag 1,7 million menneske er utsette for eit gjennomsnittleg støynivå over 50 dB ved bustaden sin. Dette omfattar støy frå fly, jernbane, industri, og anna næringsverksemd, men for veg er det berre teke med dei som er utsette for nivå over 55 dB. Bortimot ein halv million menneske er mykje eller sterkt plaga, og rundt 200 000 menneske har problem med nattesøvnen som følgje av støy.

Støy verkar ofte saman med andre stressfaktorar som for eksempel luftforureining. Det er påvist at støy kan gi kortvarige fysiologiske forandringar som er typiske for psykisk stress, og kan gi helseplager som muskelspenningar og muskelsmerter. Støy kan òg vere ei medverkande årsak til høgt blodtrykk og utvikling av hjarte- og karsjukdommar. Støyreduserande tiltak i trafikksamanheng kan vere å leggje støysvake vegdekke på norske vegar, tiltak for auka sal av støyreduserande bildekk og køyretøy, lågare fartsgrenser med meir. Fleire tiltak må på plass dersom vi skal nå dei nasjonale måla for støyreduksjon.

Tabell 21.1 Definisjonar

Omgrep

Definisjon

Bakkenært ozon

Ozon er ein gass som både finst nær bakken og høgare opp i atmosfæren. Ozon blir danna når nitrogenoksid (NO x ) og flyktige organiske sambindingar (VOC) reagerer med kvarandre under påverknad av sollys. Hovudkjelda til bakkenær ozon i Noreg er langtransportert luftforureining frå andre europeiske land. Utslepp i Noreg medverkar òg noko til danning av bakkenært ozon, spesielt nær store utsleppskjelder. Høge nivå av ozon nær bakken kan føre til skadar på helse, vegetasjon og materialar. I Noreg kan nivåa komme over tilrådde grenseverdiar for helse og vegetasjon i periodar om sommaren.

Nitrogenoksid (NO x )

NO x er ei fellesnemning for nitrogenoksida NO og NO 2 . NO X er kjemiske sambindingar av oksygen og nitrogen som blir danna ved at desse reagerer med kvarandre under forbrenning ved høg temperatur.

Svevestøv

Svevestøv er ei kompleks blanding av mikroskopiske partiklar i lufta vi pustar inn. Slike partiklar kan dannast ved forbrenningsreaksjonar og mekanisk slitasje, virvlast opp av vind eller dannast direkte i atmosfæren ved kondensering av gassar. Svevestøv eller partikulært materiale (PM) er delt inn i ulike klassar etter partikkelstorleik. Dei viktigaste kategoriane er PM 10 -partiklar mindre enn 10 mikrometer (µm), PM 2,5 -partiklar mindre enn 2,5 µm og PM 0,1 -partiklar mindre enn 0,1 µm.

Sur nedbør

Svovel- og nitrogensambindingar i luft og nedbør gir opphav til sur nedbør og blir sette av i naturen anten med nedbør (våtavsetning) eller som gassar eller partiklar (tørravsetning).

Støy

Støy er uønskt lyd.

Påverknader

Lokal luftforureining

Dei viktigaste kjeldene til svevestøv er trafikk med eksos og asfaltstøv frå piggdekk, vedfyring og langtransportert forureining. Den viktigaste kjelda til utslepp av NO 2 er vegtrafikk.

Helserisikoen knytt til lokal luftforureining avheng av kor høg konsentrasjonen av dei forureina stoffa er og kor lenge vi blir utsette for dei. Det er i hovudsak astmatikarar og personar med luftvegslidingar eller hjarte- og karsjukdommar som opplever helseeffektar frå luftforureining i Noreg. Av stoffa som medfører lokal luftforureining er det størst helserisiko knytt til svevestøv, men det er òg helserisiko knytt til nitrogendioksid (NO 2 ).

Det er venta at konsentrasjonen av svevestøv vil bli redusert på grunn av reinare bilpark, omnar som brenn reinare og redusert bruk av piggdekk, men det vil framleis vere overskridingar av dei nasjonale måla i ei rekkje byar i åra framover. Nivåa varierer sterkt frå år til år, avhengig av meteorologiske faktorar. Første halvdel av 2013 har det skjedd langt fleire overskridingar bl.a. som følgje av tørr vår. For NO 2 er det ikkje venta store endringar i konsentrasjonane med dagens verkemiddelbruk, men trenden for NO 2 er meir usikker enn for svevestøv. Auka kunnskap om kva som er dei reelle NO x -utsleppa og betre kunnskap om korleis NO 2 /NO x -delen vil endre seg med ny bilteknologi vil kunne medføre endra prognosar for framtidige utslepp.

Langtransportert luftforureining

Sur nedbør er resultatet av utslepp av blant anna svoveldioksid (SO 2 ), nitrogenoksid (NO x ) og ammoniakk (NH 3 ). Noreg er særleg utsett for forsuring av vassdrag som følgje av tilførsle av svovel og nitrogen som kjem frå grenseoverskridande luftforureiningar. Utslepp som skjer i eitt land kan føre til betydeleg skade i andre land. Nedfallet av svovel og nitrogen i Noreg stammar først og fremst frå andre land i Europa som Storbritannia, Tyskland og Polen og frå internasjonal sjøfart i dei nære havområda.

Forsuring gir redusert vasskvalitet og har ført til at mange fiskebestandar er reduserte eller har gått tapt, særleg i Sør-Noreg. Anna dyre- og planteliv er òg påverka av sur nedbør. Sjå nærare omtale under resultatområde 2 Livskraftige elvar og innsjøar.

Nitrogen verkar òg som gjødsel og kan medverke til overgjødsling og endringar i vegetasjonen. Høge konsentrasjonar av ozon ved bakken kan føre til skadar på helse, vegetasjon og material. Små, helseskadelige partiklar kan transporterast over lange avstandar og på tvers av landegrenser.

Ozonreduserande stoff

Utslepp av ozonreduserande stoff har svekt ozonlaget dei siste 30 åra. Bruken av stoffa er kraftig redusert, men ozonlaget kan truleg ikkje friskmeldast før i 2050 – 2070. Ozonlaget vernar alt liv mot skadeleg ultrafiolett stråling frå sola. Auka stråling kan blant anna føre til alvorlege sjukdomar, så som hudkreft og augesjukdomar, reduserte avlingar, svikt i matvareproduksjonen, og det kan skade havets økosystem.

Støy

Vårt moderne samfunn er ei kjelde til auka støy for mange menneske. I fleire tiår har vi hatt ei utvikling med stadig meir transport. Dette gir mykje støy. I følgje statistikk frå SSB har talet personar som er utsette for støy i Noreg auka med 225 000 sidan 1999. Det er fordi støyen frå vegtrafikk aukar samtidig som befolkninga veks. Vegtrafikk er den største støykjelda i Noreg og står for nesten 80 pst. av utrekna støyplager.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Regelverk og samfunnsplanlegging

Forureiningslova og tilhøyrande forskrifter er sentrale verkemiddel for å regulere forureinande utslepp til luft og støy. Hovudregelen i forureiningslova er at forureining er forbode. Dermed har ingen lov til å forureine utan at det er gitt løyve til det, anten gjennom individuelt løyve til ei verksemd eller i forskrift.

Arealpolitikk og samfunnsplanlegging etter plan- og bygningslova er eit tverrgåande verkemiddel som set rammer for måloppnåinga. Kommunal, regional og statleg planlegging skal mellom anna medverke til at helse og miljø ikkje tek skade av luftforureining og at støyplagene blir reduserte. Det er gitt konkrete retningslinjer for behandling av luftkvalitet og støy i arealplanlegginga gjennom TA-2842/2011 og T-1442/2012. Sjå òg verkemiddelområdet Regelverk og samfunnplanlegging for nærare omtale.

Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking er eit viktig og nødvendig grunnlag for resultatområdet. God lokal luftkvalitet og fråvær av støy er òg ein føresetnad for eit godt bymiljø, blant anna er planlegging av kor ulike verksemder skal leggjast og innretning av kollektivtilbod svært viktig. Sjå omtale i resultatområde 7 Godt bymiljø.

Lokal luftkvalitet

Føresegnene om lokal luftkvalitet i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kapittel 7 er det sentrale verkemiddelet på området lokal luftkvalitet. I forskrifta er kommunane gjort til forureiningsstyresmakt for lokal luft. Forskrifta gir grenseverdiar for konsentrasjonar av ei rekkje stoff i luft og stiller krav til målingar, utrekningar, utgreiingar av tiltak og rapportering. Lovgivinga har sitt utspring i EUs rammedirektiv for luftkvalitet, og er innlemma i EØS-avtala. Noreg deltek i styringsgruppa som drøftar EUs vidare strategiar og politikk for å redusere langtransporterte og lokale luftforureiningar.

Fleire potensielle tiltak og verkemiddel som kan redusere luftforureiningar ligg utanfor Miljøverndepartementets myndeområde. Miljøverndepartementet har likevel ei pådrivarrolle i forhold til andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere luftforureining. Dei siste åra har det vore viktig å utvide verktøykassa til kommunar og anleggseigarar slik at det kan setjast i verk tiltak i periodar med overskridingar av grenseverdiane i forureiningsforskrifta. Rettleiar TA-2842 frå 2011 klargjer ansvarsforhold ved innføring av tiltak, og når desse skal innførast.

Det nasjonale målet er strengare enn krava i forureiningsforskrifta. For å få ein luftkvalitet som ikkje berre tilfredsstiller krava i forskrifta, men som òg betrar luftkvaliteten mot nasjonale mål har Miljødirektoratet fått i oppdrag å utarbeide eit forslag til innskjerpa grenseverdiar i forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftkvalitet. Formålet med ei slik eventuell innskjerping er å gi kommunar og anleggseigarar eit større insitament til å betre lokal luftkvalitet. I 2012 kom ei retningslinje for behandling av luftkvalitet i arealplanlegging. Retningslinja er eit viktig virkemiddel for å sikre at kommunar når nasjonale mål og grenseverdiane i forskrifta på sikt.

Det er behov for betre berekningsverktøy på dette området. For å kunne gjennomføre tiltak som reduserer nivåa av lokale forureiningar er det nødvendig å dokumentere effekten av tiltak. Geografisk kartlegging av forureining er òg viktig for å få vite kor mange menneske som er utsette for høge nivå.

Langtransportert luftforureining

Målet om at helse og miljø ikkje skal ta skade av luftforureining frå SO 2 , NO x , VOC, ammoniakk eller partiklar kan berre nåast gjennom internasjonalt samarbeid for å redusere langtransportert forureining. Takka vere dei internasjonale avtalene under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining , er tilførslene av sur nedbør til Noreg vesentleg reduserte sidan 1980. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg fleire tiår framover dersom tilførslene av svovel og nitrogen ikkje blir ytterlegare reduserte.

Langtransportert luftforureining fører òg til overgjødsling av vegetasjon og til høge konsentrasjonar av bakkenært ozon som kan skade både helse, vegetasjon og materialar. Landa som deltek i samarbeidet under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining er i forskjellig grad råka av ulike skadar som følgje av luftforureiningar. Ettersom dei ulike skadane stort sett skuldast dei same stoffa og utsleppskjeldene, har konvensjonen sine partar valt å gå saman om å finne heilskaplege løysingar på dei forskjellige miljøproblema. Ei lang rekkje land har påteke seg forpliktingar om å redusere sine samla utslepp av luftforureiningar, sist gjennom Gøteborgprotokollen av 1999 om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon.

Landa som er partar til Gøteborgprotokollen vart 4. mai 2012 samde om endringar i protokollen. I tillegg til dei noverande utsleppsforpliktingane som gjeld frå 2010, tok partane til protokollen på seg nye utsleppsforpliktingar som skal oppfyllast innan 2020. Noreg har teke på seg følgjande forpliktingar om utsleppsreduksjonar innan 2020, med 2005 som basisår: svoveldioksid (SO 2 ): 10 pst., nitrogenoksid (NO x ): 23 pst., flyktige organiske sambindingar unnateke metan (nmVOC): 40 pst., ammoniakk: 8 pst. og små partiklar (PM 2,5 ): 30 pst. Noreg deltek i arbeidet under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining med mål om å redusere tilførslene av skadelege luftforureiningar ytterlegare, både til Noreg og resten av avtaleområdet. Noreg ser det òg som viktig å medverke til at fleire av landa i Sør- og Aust-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia sluttar seg til den reviderte Gøteborgprotokollen. Noreg vil i arbeidet på dette området òg leggje vekt på at landa skal redusere forureinande utslepp som medverkar til klimaendringar, mellom anna svart karbon (sot).

Overvakinga av langtransportert forureining i luft og nedbør omfattar undersøkingar både av tilførsler og effektar av forsurande sambindingar (svovel- og nitrogensambindingar), eutrofiering (nitrogensambindingar), bakkenært ozon, partiklar og miljøgifter (tungmetall, persistente organiske sambindingar). Miljødirektoratet har ansvaret for desse overvakingsprogramma.

Atmosfærisk tilførsel av forureinande sambindingar er overvaka ved måling av kjemiske komponentar i luft og nedbør. Formålet er å registrere nivå og eventuelle endringar i tilførsla av langtransporterte luftforureiningar. Målestasjonane er derfor plasserte slik at dei er minst mogleg påverka av lokale utsleppskjelder (bakgrunnsstasjonar).

Tilførsler av sambindingar i luft som fører til forsuring og eutrofiering er overvaka på fem stasjonar (inkludert Zeppelin-observatoriet på Svalbard). Tilsvarande sambindingar i nedbør er overvaka på 13 stasjonar. Atmosfæriske tilførsler av bakkenært ozon er overvaka på seks stasjonar i fastlands-Noreg, og ein på Svalbard. Atmosfæriske tilførsler av partiklar i luft er overvaka på tre bakgrunnsstasjonar i fastlands-Noreg, og ein på Svalbard. Partiklar kan i særleg grad føre til helseskadar, og til skadar på materialar.

Forsuringsverknader på vasskvalitet er følgt gjennom overvaking av innsjøar og små nedbørfelt. Vasskvaliteten i om lag 80 innsjøar og seks små nedbørfelt blir undersøkt årleg for å gi ei regional/landsdekkjande beskriving av vassforsuringsproblemet og endringar i situasjonen. Det biologiske overvakingsprogrammet følgjer verknader på fisk gjennom regionale undersøkingar, og omfattar fiskebestandar i innsjøar og bekker, og botndyr i innsjøar. Verknader av eutrofiering i terrestrisk miljø (vegetasjonsendringar) er overvaka av Miljødirektoratet som dekkjer delar av dette gjennom Program for terrestrisk naturovervaking (TOV).

Noreg samarbeider internasjonalt om utvikling av kunnskap om utslepp, tilførsler og effektar av luftforureiningar gjennom Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP) og gjennom dei internasjonale samarbeidsprogramma for miljøeffektar under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining . Landa samarbeider òg innanfor ramma av denne konvensjonen om å utvikle kunnskapsgrunnlaget for val av tiltaksstrategiar for å redusere miljøskadar som følgje av langtransportert luftforureining, under dette kunnskap om moglege utsleppsreduserande tiltak og kostnader ved desse. Norske fagmiljø som Meteorologisk institutt , Norsk institutt for luftforsking og Norsk institutt for Vassforsking medverkar i vesentleg grad til denne kunnskapsutviklinga gjennom sine funksjonar som internasjonale fagsenter under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining.

Noreg har i Gøteborgprotokollen forpliktingar om å halde dei samla årlege utsleppa av svoveldioksid (SO 2 ), nitrogenoksid (NO x ), flyktige organiske sambindingar unnateke metan (NMVOC) og ammoniakk (NH 3 ) under talfesta nivå frå 2010. EU har innlemma forpliktingane i Gøteborgprotokollen i sitt miljøregelverk. Det vart i desember 2009 bestemt å innlemme EUs direktiv om nasjonale utsleppstak for forureiningar til luft, «takdirektivet» i EØS-avtala. Noreg har i EØS-avtala teke på seg å halde dei same utsleppstaka som dei vi har i Gøteborgprotokollen. Regjeringa ser det som svært viktig å overhalde desse forpliktingane.

Utsleppstal for 2011 og foreløpige utsleppstal for 2012 publiserte av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet, viser at Noreg både i 2011 og 2012 overheldt utsleppsforpliktingane for SO 2 og NMVOC. Utsleppa av NO x som er omfatta av Gøteborgprotokollen låg i 2011 og 2012 om lag på høvesvis 22 000 tonn og 14 000 tonn over forpliktinga Noreg har i protokollen om eit maksimalt årleg utslepp på 156 000 tonn frå 2010. Ammoniakkutsleppa var i 2011 og 2012 om lag 3 000 tonn høgare enn dei internasjonale forpliktingane som gjeld frå 2010 om å halde dei årlege utsleppa på maksimalt 23 000 tonn. Berekningane av utslepp av ammoniakk frå jordbruk er blitt endra og det er dette som forklarer at utsleppa no er høgare enn det Noreg har forplikta seg til.

Hovudinnsatsen framover innanfor det nasjonale arbeidet med langtransportert luftforureining er å redusere utsleppa av NO x og ammoniakk i tråd med forpliktingane i Gøteborgprotokollen. Av utsleppa som er omfatta av protokollen, blir utslepp av SO 2 , NO x og NMVOC regulerte i utsleppsløyve etter forureiningslova og i tråd med føresegnene i relevante EU-direktiv som er innlemma i EØS-avtala. Slik regulering har dei seinare åra vore særleg viktig for å redusere utsleppa av NMVOC frå lasting og lagring av råolje på sokkelen. På bakgrunn av utsleppsforpliktinga i Gøteborgprotokollen underteikna Miljøverndepartementet og Norsk Industri i 2001 ein intensjonsavtale om å redusere svovelutsleppa. Utslepp av SO 2 frå den enkelte verksemda blir regulerte i utsleppsløyve frå Miljødirektoratet. Denne avtala er no gjennomført. Miljøverndepartementet og Norsk Industri forlenga i 2010 intensjonsavtala ut 2014. Tilleggsavtala har som formål å sikre at dei årlege utsleppa av SO 2 frå prosessindustrien ikkje skal overstige 11 000 tonn.

Utslepp av SO 2 , NO x og VOC er òg regulerte i forskrifter etter forureiningslova, produktkontrollova og relevant sektorlovgiving. Til dømes er utsleppa av NO x frå køyretøy regulerte gjennom køyretøyforskriftene til vegtrafikklova. Krav til kvaliteten på bensin og autodiesel til køyretøy, ikkje-veggåande maskiner og landbrukstraktorar er bestemt i forskrift til produktkontrollova. Innhaldet av svovel i fyringsolje er regulert i forskrift til forureiningslova. Krav til utslepp av VOC frå lagring, distribusjon og påfylling av bensin, frå bruk av løysemiddel i visse verksemder og anlegg, og VOC i maling og lakk er regulerte i forskrifter til forureiningslova og produktkontrollova.

Nærare 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer i landbruket. For å oppfylle Noregs forpliktingar i Gøteborgprotokollen om utslepp av ammoniakk, har Landbruks- og matdepartementet innarbeidd nye krav til utforming av husdyrrom og gjødsellager for ekstra store svine- og fjørfebesetningar i forskrift om gjødselvarer m.v., av organisk opphav. Som følgje av endringane i utsleppsrekneskapen og oppjusteringa av Noreg sine utslepp av ammoniakk, vil Regjeringa no sjå nærare på korleis ein kan redusere utsleppa av ammoniakk frå handtering av husdyrgjødsel ytterlegare gjennom å stimulere til bruk av nye metodar for lagring og spreiing av gjødsla.

Avgiftspolitikken er òg viktig for å stimulere til reduserte utslepp til luft. Noreg har i fleire år hatt avgift på svovelinnhaldet i mineraloljer. Avgifta medverkar til å redusere svovelutsleppa. NO x -avgifta og Miljøavtala mellom Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane av 2008 om reduksjon av NO x -utsleppa er særleg viktige verkemiddel for å redusere desse utsleppa, sjå nærare omtale i boks 21.1. Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane har forlenga NO x -avtala for perioden 2011–2017. Miljødirektoratet har som oppgåve å sjå til at organisasjonane overheld sine forpliktingar i NO x -avtala. Direktoratet har stadfesta at organisasjonane oppfylte reduksjonsforpliktingane på 2 000 tonn for 2008, 4 000 tonn for 2009, 5 000 tonn for 2010, 10 000 tonn for 2011 og 2 000 tonn for 2012.

Boks 21.1 Avgifta på utslepp av NO x og Miljøavtala om reduksjon av NO x -utsleppa

I tråd med Stortingets vedtak sette Regjeringa 1. januar 2007 i verk avgift på utslepp av NO x . For 2013 er avgifta sett til 17,01 kr/kg NO x . Stortinget vedtok i samband med innføring av NO x -avgifta at utsleppskjelder omfatta av miljøavtale med staten om gjennomføring av NO x -reduserande tiltak i samsvar med eit fastsett miljømål kan få mellombels fritak for avgift. Den 14. mai 2008 vart det inngått ei slik avtale mellom staten ved Miljøverndepartementet og 14 organisasjonar. Det overordna målet for avtala er å redusere dei samla årlege NO x -utsleppa frå kjelder som er omfatta av avtala til maksimalt 98 000 tonn. I følgje avtala tek næringsorganisasjonane på seg å redusere dei årlege NO x -utsleppa med 30 000 tonn. Som følgje av endringar i utsleppsframskrivingane og i tråd med føresegnene i avtala, er denne forpliktinga nedjustert til 18 000 tonn, og av dette kan tiltak som reduserer dei årlege utsleppa med 7 000 tonn gjennomførast i løpet av 2011. Verksemder som slutta seg til avtala fekk fritak for NO x -avgift i tre år – 2008, 2009 og 2010. Dersom næringsorganisasjonane har oppfylt mindre enn 90 pst. av den årlege forpliktinga innan fristen, må verksemdene betale avgift for det aktuelle året. Avgiftssatsen blir i så fall redusert med den prosentvise delen av forpliktinga som er oppnådd.

Miljøverndepartementet og 15 næringsorganisasjonar inngjekk 14. desember 2010 ei ny NO x -avtale for perioden 2011-17. Den nye avtala omfattar dei same kjeldekategoriane som den første. I tillegg er utslepp frå avfallsforbrenning omfatta. EFTAs overvakingsorgan (ESA) bestemte 19. mai 2011 å godkjenne vidare fritak for NO x -avgift for åra 2011-17 på grunnlag av den nye avtala, då det ikkje var i strid med EØS-avtala.

Den nye avtala inneber at det skal gjennomførast tiltak som reduserer dei årlege NO x -utsleppa frå kjeldekategoriane som er omfatta med 16 000 tonn, etter følgjande tidsplan: 2011: 3 000 tonn, 2012: 2 000 tonn, 2013-14: 4 000 tonn, 2015-16: 4 000 tonn og 2017: 3 000 tonn. Forpliktinga i den nye avtala for 2011 kjem i tillegg til tiltaka som skal gjennomførast dette året i medhald av den første avtala. Organisasjonane har òg forplikta seg til å oppretthalde effektane som er oppnådde gjennom den første avtala ut den nye avtaleperioden.

Regjeringa arbeider innanfor FNs sjøfartsorganisasjon IMO for å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå skipsfarten. Etter initiativ frå blant anna Noreg, fastsette IMO i 2008, gjennom endring i vedlegg VI til MARPOL-konvensjonen, nye krav til utslepp av NO x . Frå 1. januar 2011 skal skip bygde og maskineri installert etter denne datoen ha 15-22 pst. lågare utslepp enn dei tidlegare krava. Det er òg vedteke krav til utslepp av NO x frå eksisterande maskineri over 5 000 kW og sylindervolum over 90 liter installert på skip bygde i perioden 1990–1999. Regjeringa vurderer, saman med dei andre Nordsjølanda, å søkje IMO om å gi Nordsjøen status som spesiell region med strengare krav til utslepp av NO x .

Gjennom MARPOL-konvensjonen, vedlegg VI, er det etablert eit svovelkontrollområde i Nordsjøområdet (sør for 62. breiddegrad, aust for 4. lengdegrad). Dette inneber at skip må nytte drivstoff med maksimalt 1,0 vektprosent svovel i dette området, mens den alminnelege grensa i MARPOL er 3,5 vektprosent svovel.

Det er vedteke at svovelkravet i svovelkontrollområda skal vere 0,1 vektprosent frå 2015 og at kravet i andre havområde skal vere 0,5 vektprosent frå 2020. Svovelkrava for skipsfarten vil truleg medføre ein sterk reduksjon i bruken av tungolje samstundes som det vil stimulere til at fleire skip blir bygde med gassmotorar.

Ozonreduserande stoff

Noreg har oppnådd gode resultat i reduksjon og stans i bruk av ozonreduserande stoff. Vi oppfyller forpliktingane i Montrealprotokollen og vi har ei målsetjing om å utvikle dette avtaleverket vidare til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff både nasjonalt og internasjonalt. Bindande internasjonale avtaler er avgjerande for å løyse dei globale og grenseoverskridande miljøutfordringane.

Miljøstyresmaktene arbeider òg aktivt med å fase ut all bruk av ozonreduserande stoff i Noreg. Det er likevel framleis attståande utfordringar som må følgjast opp for at ozonlaget skal restituerast innan rimeleg tid. Blant anna gjeld dette reduksjon i forbruket av gjenvunnen HKFK, og å sikre at stoff som ikkje lenger er i bruk blir forsvarleg tekne hand om og destruerte.

Montrealprotokollen er ei internasjonal avtale som forpliktar medlemslanda til utfasing av bruk og til betydelege reduksjonar i utslepp av gassar som er skadelege for ozonlaget. Utfasingsregimet er strengast for dei rikaste landa, som har stått for størsteparten av utsleppa. FNs miljøprogram, UNEP, har rekna ut at utan Montrealprotokollen ville mengda av ozonreduserande gassar i stratosfæren i år 2050 ha vore fem gonger større enn i dag.

Støy

Forureiningsforskrifta kapittel 5 stiller krav til gjennomføring av utbetringstiltak for personar som er utsette for innandørs støy over 42 dB i gjennomsnitt over døgnet. Støy frå blant anna industri, motorsport og skytebaner kan regulerast gjennom konsesjonssystemet i forureiningslova, mens lov av 11. juni 1976 nr. 79 om produktkontroll med underliggjande forskrifter heimlar støykrav til ulike produkt.

Fleire potensielle tiltak og verkemiddel som kan redusere støyplager ligg utanfor Miljøverndepartementets myndeområde. Miljøverndepartementet har likevel ei pådrivarrolle i forhold til andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere støyplager.

Ein fornuftig arealbruk etter plan- og bygningslova er kanskje det viktigaste verkemiddelet for å førebyggje støyproblem. Det er gitt ei felles retningslinje for behandling av støy i plansaker, med fokus på dei største støykjeldene. Norske styresmakter har sett eit mål om at støyplaga skal reduserast innan 2020. Mange av dei mest støyutsette bustadane har fått fasadeisolering og støyskjerming, men for å nå måla må vi i tillegg redusere støyen der den oppstår. Støyreduserande tiltak i trafikksamanheng kan vere å leggje støysvake vegdekke på norske vegar, tiltak for auka sal av støyreduserande bildekk og køyretøy, lågare fartsgrenser med meir.

EU arbeider òg med å avgrense støy frå ulike kjelder som køyretøy, fly og flypassar, og frå ei rekkje maskiner til utandørs bruk. Gjennom EØS-avtala er det stilt krav til at Noreg blant anna skal utarbeide støykart og ein handlingsplan for å redusere støy (frist juni 2013).

Statusrapportering på nasjonale mål i 2013

10.1. Helse og miljø skal ikkje ta skade av luftforureining frå SO 2 , NO x , VOC, ammoniakk eller partiklar.

Indikator:

  • Areal med overskridingar av tolegrenser for forsuring.

Gjennom internasjonale avtaler er tilførsla av sur nedbør til Noreg vesentleg redusert. Etter dei nyaste berekningsmetodane har Norsk institutt for vassforsking anslått at tolegrensene for forsuring av overflatevatn var overskridne på om lag 29 pst. av arealet i Noreg i 1980. I 2010 var dette redusert til om lag 8 pst. Det er ingen tydelege reduksjonar i tilførslene dei siste åra, og overskridingane av tolegrensene er derfor truleg framleis like store som i 2005. Det er venta at tolegrensene for forsuring av vassdrag vil vere overskridne på store areal i Agder-fylka og Rogaland også i åra framover. Vasskvaliteten har betra seg dei fleste stader i landet i løpet av dei siste ti åra. Sjølv om tilførslene av forureiningar er reduserte, vil det ta tid før vasskvaliteten er tilfredsstillande til å oppretthalde levedyktige fiskebestandar. Det er framleis tydelege skadar på dyrelivet på grunn av sur nedbør. Sur nedbør vil framleis vere ein trussel mot det biologiske mangfaldet i ferskvatn i delar av Noreg. Sjå nærare omtale av luftforureiningane sine skadeverknader på økosystem under resultatområde 2 Livskraftige elvar og innsjøar.

Tabell 21.2 Del av Noregs areal der tolegrensene for forsuring av overflatevatn er overskridne (pst.)

Årstal

1980

29

1990

16

2000

12

2005

10

2010

8

Talet for 2010 er berekna snitt for åra 2007–2011

Noreg er avhengig av omfattande reduksjonar av utslepp i Europa for å løyse problema som skriv seg frå langtransportert luftforureining. Gøteborgprotokollen regulerer landa sine utslepp av svoveldioksid (SO 2 ), nitrogenoksid (NO x ), ammoniakk (NH 3 ) og flyktige organiske sambindingar (VOC). Det er gjennomført evalueringar som viser at Gøteborgprotokollen har vore effektiv. Utsleppa er reduserte. Det er mindre fare for forsuring, overgjødsling og verknader av bakkenært ozon og partiklar.

Partane til Gøteborgprotokollen vedtok ein revidert protokoll i mai 2012. Den reviderte protokollen regulerer òg landa sine utslepp av partiklar (PM 2,5 ). Det er vidare lagt inn klimapolitiske omsyn gjennom å oppfordre partane til å redusere utsleppa av svart karbon som er ein del i partiklane.

Omfattande fagleg kunnskap, analysar og overvaking av forureiningsbelastninga og miljøtilstanden ligg bak arbeidet med det faglege grunnlaget for revisjon av protokollen. Det vil framleis vere store område i Europa som blir utsette for forureiningar som overstig kritiske belastningsgrenser sjølv med full effekt av den reviderte Gøteborgprotokollen. Store avsetningar av nitrogen vil framleis vere eit problem for Europas økosystem.

10.2. Dei årlege utsleppa av svoveldioksid (SO 2 ) skal framleis haldast under 22 000 tonn.

Indikator:

  • Utviklinga i nasjonale utslepp av SO 2 .

Utsleppa av svoveldioksid (SO 2 ) var 18 800 tonn i 2011, mens foreløpige tal presenterte av Statistisk sentralbyrå i mai 2013 syner at utsleppa av SO 2 var på om lag 17 900 tonn i 2012. Noreg overheld med det forpliktinga i Gøteborgprotokollen der dei årlege utsleppa frå 2010 må haldast under 22 000 tonn. Det er venta at Noreg vil overhalde utsleppsforpliktinga si for SO 2 i Gøteborgprotokollen med dei verkemidla som allereie er sette i verk.

10.3. Dei årlege utsleppa av nitrogenoksid (NO x ) skal maksimalt vere 156 000 tonn.

Indikator:

  • Utviklinga i nasjonale utslepp av NO x .

Utsleppa av nitrogenoksid (NO x ) og som er omfatta av forpliktinga i Gøteborgprotokollen var 178 000 tonn i 2011. Foreløpige tal for 2012 syner at utslepp av NO x då var 170 000 tonn. Utsleppa låg i 2011 om lag 22 000 tonn over forpliktinga Noreg har i Gøteborgprotokollen om eit maksimalt årleg utslepp på 156 000 tonn frå 2010. I 2012 var overskridinga redusert til 14 000 tonn.

Miljøverndepartementet har på grunnlag av tidlegare utsleppsframskrivingar anslått at Noreg ville kunne overhalde dei internasjonale NO x -forpliktingane frå 2012, jf. Prop. 1 S (2010–2011). Det er no klart at ein ikkje kan leggje desse utsleppsframskrivingane til grunn. Nye utsleppsframskrivingar er presenterte i Perspektivmeldinga 2013 og denne viser framskrive utslepp i 2020 som er omfatta av Gøteborgprotokollen på om lag 159 000 tonn NO X . Det er i disse framskrivingane ikkje teke omsyn til effekten av NO x -avtala for 2011–2017. Miljøverndepartementet vurderer no, saman med andre departement, korleis vi kan arbeide for å redusere NO x -utsleppa, slik at vi overheld dei internasjonale forpliktingane snarast mogleg.

10.4. Dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar (VOC) skal framleis haldast under 195 000 tonn. Dei årlege utsleppa frå heile fastlandet og norsk økonomisk sone sør for 62. breiddegrad skal framleis haldast under 70 pst. av nivået i 1989 (dvs. 189 000 tonn).

Indikator:

  • Utviklinga i nasjonale utslepp av VOC.

Noregs utslepp av flyktige organiske sambindingar (VOC) var i 2006 for første gongen lågare enn forpliktinga i Gøteborgprotokollen om at dei samla årlege utsleppa av VOC skal haldast under 195 000 tonn innan 2010.

I 2011 var utsleppa av NMVOC 138 800 tonn. Foreløpige tal for 2012 viser at utsleppa då var 132 300 tonn. Frå 2001 til 2012 vart utsleppa reduserte med 66 pst. Noreg har i VOC-protokollen av 1991 ei særskilt forplikting til å redusere utsleppa av VOC frå fastlandet og den økonomiske sona sør for 62. breiddegrad. Vi overheld også denne forpliktinga i 2011 og 2012. Det er venta at Noreg vil overhalde utsleppsforpliktingane sine for VOC i dei to protokollane med dei verkemidla som allereie er sette i verk.

10.5. Dei årlege utsleppa av ammoniakk skal framleis haldast under 23 000 tonn.

Indikator:

  • Utviklinga i nasjonale utslepp av ammoniakk.

Fram til 2013 viste utsleppsrekneskapen at Noreg overheld forpliktinga i Gøteborgprotokollen om å halde dei årlege utsleppa av ammoniakk på maksimalt 23 000 tonn. Ved revisjon av utsleppsrekneskapen i februar 2013 vart utsleppstala vesentleg oppjusterte. Dei nye berekningane viste at utsleppa av ammoniakk i 2011 var på 26 200 tonn og at foreløpige tal for 2012 er 26 300 tonn. Dette er over 3 000 tonn meir enn det Noreg er forplikta til i Gøteborgprotokollen. Det er venta at utsleppa vil endre seg lite i åra framover utan nye tiltak. Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet vil saman vurdere korleis vi kan arbeide for å redusere utsleppa av ammoniakk, slik at vi overheld dei internasjonale forpliktingane snarast mogleg.

Figur 21.1 Utslepp av langtransporterte gassar (tonn)

Figur 21.1 Utslepp av langtransporterte gassar (tonn)

Tallene for 2012 er foreløpige.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

10.6. Døgnmiddelkonsentrasjonen av svevestøv (PM 10 ) skal ikkje overskride 50 µg/m 3 meir enn 7 dagar pr. år.

Indikator:

  • Utvikling i talet på overskridingar og dei stader dette i så fall skjer.

Målingar som blir gjennomførte i fleire byar viser at svevestøvnivåa har gått ned. Årsaka er at utsleppa frå vegtrafikk og vedfyring går ned. Likevel har dei aller fleste byene ikkje nådd det nasjonale målet for svevestøv.

10.7. Timemiddelkonsentrasjonen av nitrogendioksid (NO 2 ) skal ikkje overskride 150 µg/m 3 meir enn 8 timar pr. år.

Indikator:

  • Utvikling i talet på overskridingar og dei stader dette i så fall skjer.

Målingar viser at NO 2 er eit problem i fleire byar. Det nasjonale målet vart overskride i dei største byane i 2012. Dette skuldast ein kombinasjon av eksos, særleg frå dieselkøyretøy, og periodar med kald, stilleståande luft.

Nye framskrivingar for NO 2 viser at nivåa vil vere høgare i 2020 enn tidlegare anteke. Årsakene er auka trafikkmengd og overgang frå bensin- til dieselbilar. I tillegg er delen av NO 2 i NO x (NO+NO 2 ) frå tunge kjøretøy auka betrakteleg i forhold til tidlegare utrekningar.

10.8. Forbruket av hydroklorfluorkarbon (HKFK) skal vere fasa ut innan 2010.

Indikator:

  • Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av HKFK.

Det vart ikkje importert HKFK for bruk i Noreg i 2012, men små mengder av stoffet vart derimot importert til laboratorieformål, og omlag 10 tonn vart eksportert for destruksjon i Sverige. Import og eksport for desse formål er unnatekne frå forbodet i norsk og internasjonalt regelverk.

Det vart importert 50 kg ozonreduserande stoff i 2012 for bruk i laboratorium, og medfører ikkje utslepp av betydning. Vidare vart det importert 150 kg halon for bruk i luftfartøy. Dette bruksområdet er òg unnteke frå forbodet i norsk og internasjonalt regelverk.

Noregs og EUs mål er at bruken av HKFK skal vere fasa ut innan 2015.

10.9. Det skal ikkje vere forbruk av halon, eller av nokon type klorfluorkarbon (KFK), tetraklormetan, metylkloroform og hydrobromfluorkarbon (HBFK).

Indikator:

  • Reell reduksjon i bruk av KFK og halon.

I 2012 vart det ikkje importert KFK eller halon for bruk i Noreg, ut over bruksområde som er unnatekne frå forbodet i norsk og internasjonalt regelverk (laboratorieformål og for forsvarleg destruksjon).

10.10. Støyplaga skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i forhold til 1999.

Indikator:

  • Samla støyplage (SPI) frå alle kartlagde kjelder.

Ulike tiltak gjer at dei som var utsette for støy i 1999, var noko mindre plaga i 2011. Tilflytting til støyutsette område og befolkningsvekst gjer likevel at fleire totalt sett er utsette for støy.

Miljøstyresmaktene følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Miljøstyresmaktene engasjerer seg, i samspel med sektorstyresmaktene, med sikte på at det blir utvikla meir støysvake køyretøy, bildekk og vegdekke. Miljøstyresmaktene har vidare eit ansvar for å medverke til redusert støyplage frå dei ulike kjeldene der miljøstyresmaktene sjølve har verkemiddel – konsesjonspliktig industri og næringsverksemd, skytebaner, motorsportsbaner og enkelte produkt.

Det er dei ulike sektordepartementa som har hovudansvaret for å sikre ein reduksjon av støyplaga innanfor sin samfunnssektor, og medverke til at det nasjonale resultatmålet for støy kan bli nådd. Skal ein nå målet er det behov for nye tiltak og verkemiddel, særleg retta inn mot støy frå vegtrafikken.

10.11. Talet på personar utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i forhold til 2005.

Indikator:

  • Reell reduksjon i talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå.

Same omsyn som for føregåande mål ligg føre òg for arbeidet med innandørs støynivå. Tala frå SSB for 2011 viser at talet på personar med innandørs støynivå over 38 dB aukar. Skal ein nå målet er det behov for nye tiltak og verkemiddel, særleg retta inn mot støy frå vegtrafikken.

10.12. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til at helse og miljø ikkje tek skade av luftforureining og at støyplagene blir reduserte.

Plansamarbeidet om areal- og transport i Oslo/Akershusregionen har utarbeidd planstrategi og planprogram. Planstrategien skal godkjennast av Miljøverndepartementet. Det er etablert eige plankontor for dette arbeidet. I alt 13 fylke hadde i 2012 regionale areal- og transportplanar.

Klima- og forureiningsdirektoratet har på oppdrag frå Miljøverndepartementet lagt fram retningslinjer for behandling av luftkvalitet i arealplanlegginga (T-1520). I tillegg har direktoratet gjennomført eit arbeid med revisjon av Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442) i 2012. Retningslinjene blir nytta av kommunar og/eller utbyggjar ved planlegging av ny infrastruktur og nye utbyggingar inntil kjelder til forureining og støykjelder. Retningslinjene inneheld mellom anna utandørs grenser for støy, og kommunane har ansvar for at støy er tilstrekkeleg utgreidd og vurdert før vedtak blir fatta.

Kommunal planlegging er viktig for å gjere kommunen i stand til å gjennomføre samhandlingsreforma. Miljøverndepartementet tek del i arbeidet med opplæring og rettleiing til kommunane, mellom anna i rettleiar til kommuneplanen sin samfunnsdel.

Sjå omtala av Planlegging for ei berekraftig utvikling under verkemiddelområdet Regelverk og samfunnsplanlegging, Resultatområde 7 Godt bymiljø, og resultatområde 11 Stabilt Klima for nærare omtale.