Miljøverndepartementet (MD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Forbrenning av fossile brensel og avskoging fører til ein varmare klode og vil få betydelege konsekvensar for måten vi er vane med å leve på. Auka temperatur gir utsikter til auka havnivå, meir ekstremvêr i form av kraftig nedbør, flaum og tørke. Utan djupe kutt i klimagassutslepp, klimatilpassing og førebygging kan klimaendringane true utvikling i alle delar av verda. Fleire tiår med positiv utvikling i dei fattigaste landa vil kunne gå tapt. Økosystem og naturverdiar vi har eit globalt ansvar for å ta vare på kan gå tapt.

Utslepp av klimagassar blir spreidde utover heile atmosfæren, noko som gjer klimaendringar til eit problem som må løysast på globalt nivå. Nasjonale mål og verkemiddel må derfor utformast i lys av internasjonale mål og forpliktingar og internasjonalt samarbeid. I København i 2009 samla verdas leiarar seg om ei målsetjing om å halde den globale oppvarminga under 2 °C i forhold til førindustriell tid. Togradermålet vart stadfest og forankra gjennom klimaforhandlingane i Cancun og Durban i høvesvis 2010 og 2011. Sett under eitt er landa langt unna dette i praktisk politikk.

Sjølv ei oppvarming på opptil to grader vil få betydelege konsekvensar for natur og samfunn. Vi må setje i verk tiltak for at kommande generasjonar og andre delar av verda skal få like gode levekår som oss. Klimaproblemet kan berre løysast gjennom brei internasjonal samhandling. Det meste av den konkrete politikken vert likevel bestemt nasjonalt. Det enkelte land har eit ansvar for å føre ein aktiv nasjonal politikk for å redusere utsleppa av klimagassar. Derfor må vi redusere utsleppa i Noreg, samtidig som vi arbeider for ei internasjonal avtale som gir utsleppskutt i andre land òg. Vi må også tilpasse oss dei klimaendringane vi allereie ser og dei som vi veit vil komme.

Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, under dette karbondioksid (CO 2 ), metan (CH 4 ) og lystgass (N 2 O), og fluorhaldige gassar (f-gassane HFK, PFK og SF 6 ). Departementet sitt arbeid med å redusere utslepp frå avskoging og utarming av skog i utviklingsland fell òg inn under dette resultatområdet. Under resultatområdet høyrer òg dei klimarelaterte konsekvensane av menneskeskapte utslepp av kortliva partiklar som for eksempel svart karbon (sot).

Nasjonale mål

Nedanfor blir dei nasjonale måla og indikatorane presenterte. Til slutt i dette kapitlet blir det rapportert på måla frå budsjettproposisjonen i fjor.

Nasjonalt mål 11.1. Noreg skal vere karbonnøytralt i 2050.

Indikatorar:

  • Nasjonal utsleppsutvikling og bruk av fleksible mekanismar.

Nasjonalt mål 11.2. Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der også andre industriland tek på seg store forpliktingar, skal Noreg ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar tilsvarande norske utslepp i 2030.

Indikatorar:

  • Nasjonal utsleppsutvikling og bruk av fleksible mekanismar

Nasjonalt mål 11.3. Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga si med 10 prosentpoeng til 9 pst. under 1990-nivå.

Indikatorar:

  • Nasjonal utsleppsutvikling og bruk av fleksible mekanismar

Nasjonalt mål 11.4. Noreg skal fram til 2020 ta på seg ei forplikting om å kutte i dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 prosent av Noregs utslepp i 1990.

Indikatorar:

  • Nasjonal utsleppsutvikling og bruk av fleksible mekanismar

Nasjonalt mål 11.5. Noreg skal oppnå lågare utslepp av klimagassar gjennom redusert avskoging og skogforringing i utviklingsland, og medverke til berekraftig utvikling og fattigdomsreduksjon.

Nasjonalt mål 11.6. Samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.

Indikatorar:

  • Indikator for klimatilpasning er under utarbeiding.

Nasjonalt mål 11.7. Innan 2020 skal økosystema vere meir robuste, og naturmangfaldets bidrag til klimatilpassing og som karbonlager skal vere styrkt gjennom bevaring og restaurering.

Tilstand

Ifølgje FNs klimapanel er det større sikkerheit enn tidlegare om at meir enn halvparten av den observerte temperaturauken på jorda frå 1950 til 2010 skuldast menneskeleg påverknad. Dette har ført til oppvarming av havet, smelting av is og heving av det gjennomsnittlege globale havnivået. Klimaendringane vil halde fram i mange tiår, og kor mykje jorda varmast opp i 2100 vil i stor grad avgjerast av framtidas utslepp av CO 2 og andre klimagassar. Temperaturendringane vil ikkje vere like store i alle deler av verda. Oppvarminga over land vil verte større enn oppvarminga over hav, og oppvarminga vil skje raskast i Arktis. Klimaendringane er og venta å gi meir nedbør og kraftigare regnskyll i vår del av verda i framtida.

Togradermålet krev omfattande utsleppsreduksjonar. I fjerde hovudrapport frå FNs klimapanel vart det lagt til grunn at den globale utsleppsveksten må stansast seinast i 2015, og at utsleppa deretter blir reduserte. Denne konklusjonen tek utgangspunkt i ei rekkje føresetnader om kva som er mogleg å oppnå av globale utsleppsreduksjonar i perioden frå 2015 til 2050. Jo lenger utsleppsveksten får halde fram etter 2015, desto mindre truleg blir det at verda vil lykkast med å stabilisere global oppvarming i tråd med togradermålet. Ifølgje FNs klimapanel føreset eit slikt mål ein samla global reduksjon på 50-85 pst. innan 2050 i forhold til 2000-nivået. Utan nye tiltak er det venta at dei globale utsleppa av klimagassar vil auke med rundt 50 pst. fram mot 2050, ifølgje OECD, Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Det er venta at samanhengen mellom framtidige klimaendringar og behovet for utsleppskutt vil bli nærmare drøfta i den tredje delrapporten og synteserapporten frå FNs klimapanel som vert lagt fram i 2014.

Ei langsiktig stabilisering av den globale temperaturstigninga på under 2°C vil krevje ei stabilisering av dei globale CO 2 -utsleppa på ein brøkdel av nivået i dag. For å nå togradermålet vil det òg vere viktig å rette større merksemd mot kortliva klimadrivarar som svart karbon (sot), metan og bakkenært ozon. Dette er partiklar og gassar med kort atmosfærisk levetid som også medverkar til oppvarming. Ein effektiv reduksjon i globale utslepp av kortliva klimadrivarar dei neste 20 åra vil kunne redusere den venta temperaturstigninga med om lag 0,5°C fram mot 2050, noko som vil kunne gjere det mogeleg å halde stigninga i den globale middeltemperaturen under 2°C ut hundreåret.

Reduksjon i utslepp av kortliva klimagassar som svart karbon og metan vil både redusere oppvarminga og ha ein positiv helseeffekt. Noregs arbeid med kortliva klimadrivarar har fått auka politisk prioritet nasjonalt og internasjonalt dei siste åra. Internasjonalt har Noreg medverka til å styrkje arbeidet på nordisk plan og innan Arktisk Råd. Under det nordiske miljøvernministermøtet på Svalbard i 2012 vart det vedteke å styrkje innsatsen for å redusere utslepp av kortliva klimadrivarar nasjonalt, regionalt og globalt. Under Arktisk Råd sitt ministermøte i Kiruna mai 2013 vart det vidare sett ned ei Arbeidsgruppe for å utvikle tiltaksplanar for ytterlegare reduksjonar i utslepp av svart karbon og metan i Arktis. Arbeidsgruppa vil rapportere til neste ministermøte i Canada, 2015.

Noreg tek også aktivt del i arbeidet under Climate and Clean Air Coalition (CCAC). Under CCAC sitt Høgnivåmøte i Oslo i september 2013 blei det frå Noreg annonsert støtte på om lag 110 mill. kroner for 2013 og 2014 til internasjonalt arbeid for å redusere utslepp av kortliva klimadrivarar, med hovudfokus på koalisjonen sitt arbeid i utviklingsland, i tillegg til styrkt nasjonal satsing.

Klimaendringane slår ulikt ut på jordkloden. Temperaturen aukar meir over landområde ved polane. I Arktis er temperaturauken det dobbelte av gjennomsnittet i verda. Dei siste ti åra er det observert dramatiske endringar i isdekket i Arktis. Både område som er dekte av sjøis og snødekke og kor lang tid dei er dekte minkar. Temperaturauken i nordområda er ekstra alvorleg – konsekvensane her medverkar til å forsterke den globale oppvarminga. Isen reflekterer sollyset. Når isen smeltar, blir det mindre refleksjon av sollys og dermed meir oppvarming. Sot som legg seg på snø og is reflekterer ikkje sollyset. Nye resultat frå arbeid under Arktisk Råd viser at sot i vesentleg grad medverkar til nedsmeltinga av is i Arktis, og dermed òg til den globale oppvarminga. Temperaturar i permafrosten har auka med opp til 2°C. Om permafrosten tiner, kan store mengder av den sterke klimagassen metan bli frigjort frå bakken og ytterlegare forsterke og skunde fram klimaendringane. Overvakinga av klimagassar på Svalbard viser ein markant auke i konsentrasjonen av metan dei siste fem åra. Det er foreløpig uvisst om dette har samanheng med smelting av permafrost. Forskarar anslår at ein temperaturauke på 3,5°C på Svalbard vil føre til introduksjon av om lag 80–100 nye plantearter, ein auke på 50–70 pst. Arter som er spesielt tilpassa polarklimaet vil få store problem.

Figur 22.1 CO2 utslepp i 2011

Figur 22.1 CO 2 utslepp i 2011

CO 2 -utslepp i 2011 (mill. tonn) og CO 2 -utslepp pr. capita 1990–2011 (tonn CO 2 /person), utvalte land. Tala omfattar berre utslepp av CO 2 , andre klimagassar er ikkje inkluderte. Utslepp av CO 2 frå skog og arealbruksendring (LULUCF) er ikkje inkluderte.

Kjelde: Oliver JGJ, Janssens-Maenhout G and Peters JAHW (2012), Trends in global CO 2 emissions; 2012 Report, The Hague: PBL Netherlands Environmental assessment Agency; Ispra: Joint Research Centre.

Boks 22.1 Klimagassutslepp og klimaendringar

Klimagassutslepp samlar seg i atmosfæren. Der slepp dei gjennom det meste av energien frå sola, som kjem i form av kortbølgja stråling. Samtidig reduserer dei tilbakestrålinga frå jorda i form av infraraud langbølgja varmestråling. Større konsentrasjonar av klimagassar fører derfor til auka temperatur i den nedre delen av atmosfæren, kalla troposfæren. Den naturlege drivhuseffekten er livsnødvendig for menneske og dyr på jorda. Utan denne ville gjennomsnittstemperaturen på jorda ha vore 18 kuldegrader. Verdshava ville ha vore dekte av is. Utslepp av klimagassar frå menneskeleg aktivitet har etter den industrielle revolusjonen medverka til eit menneskeskapt tillegg til den naturlege drivhuseffekten.

Klimaendringane påverkar ekstremvêr og fører til gradvise endringar som smelting av is, havnivåstigning og havforsuring. Dette kan få dramatiske konsekvensar for mattryggleiken i ei verd med aukande folketal, og gjere enkelte område umoglege å bu i. FNs klimapanel har gjennom rapporten om klimaendringar og ekstremvêr stadfest at klimaendringane allereie påverkar ekstremvêr som varmebølgjer og tørke. Nyare forsking knyter no enkelthendingar, som den ekstreme kulda og varmen Europa opplevde i 2011, til klimaendringane. Det same gjeld tørken i Aust-Afrika. Dette er konsekvensar av ei global oppvarming på under ei grad. Åtvaringa frå forskinga er klar. Ei global oppvarming over to grader kan bli ei for stor utfordring å handtere for verda. FNs klimapanel konkluderer òg i sine analysar at sjølv om den globale oppvarminga blir stabilisert vil òg ei gjennomsnittleg temperaturstigning på om lag to grader føre til alvorlege konsekvensar for natur og samfunn.

Den gjennomsnittlege årstemperaturen for fastlands-Noreg har auka med om lag 0,8 grader dei siste hundre åra, mens årsnedbøren har auka med knappe 20 pst. sidan 1900. I Noreg er temperaturen venta å stige ytterlegare med mellom 2,3 og 4,6°C fram til slutten av dette hundreåret, avhengig av kor mykje klimagassutsleppa blir reduserte. Det er òg venta ytterlegare auke i årsnedbøren på mellom 5 og 30 pst. Ei rekkje andre endringar vil òg ha innverknad på natur og samfunn: Stigande havnivå, lengre vekstsesong, endra risiko for ekstremhendingar som flaum og skred, høgare havtemperatur, eit surare hav og kortare snøsesong.

Det er venta endringar i alle naturtypar i Noreg som følgje av klimaendringar. Fragmentert natur og det at vi har mange truga arter med låg genetisk variasjon gjer tilpassing vanskeleg, spesielt då klimaendringane skjer relativt raskt. Særleg sårbare er arter og økosystem i Arktis og i høgfjellet som ikkje kan tilpasse seg når leveområda deira blir endra. Eit eksempel er villreinen som er truga av varmare og fuktigare klima om sommaren som gir grobotn for sjukdommar og parasittar, og mildare vintrar med meir ising. Aukande nedbør fører til meir avrenning som påverkar vassdraga, og i ein del vassdrag kan sommartemperaturen bli så høg at arter som laks og aure får problem med å overleve. Endringar i nedbørsmønsteret påverkar forureiningssituasjonen, med auka tilførsel av miljøgifter, partiklar og næringssalt til mange vassdrag og sjøar. Auka CO 2 -konsentrasjon i lufta gjer òg at CO 2 konsentrasjonen har auka, og havet blir surare. Havforsuring er eit tema der ein førebels ikkje veit sikkert kva konsekvensane vil bli, men undersøkingar syner at havforsuring kan ha stor negativ verknad på livet i havet.

Klimaendringane vil påverke heile samfunnet og kvar enkelt av oss, og vil forsterke utfordringar vi allereie har og gi nye. Samtidig kan klimaendringane òg gi gevinstar og opne for nye næringar. Endringar i flaum og skred kan føre til at stader der det tidlegare har vore trygt å byggje, kan bli meir usette. Allereie utsette område kan bli endå meir utsette fordi flaumar kjem oftare enn før. Meir og meir intens nedbør kan føre til auka problem med overvatn, flaum og skred som samla kan auke kostnadane knytte til utbygging, sikring og vedlikehald. Eit fuktigare klima vil òg føre med seg auka fukt og ròte i hus og bygningar. Samtidig vil meir nedbør kunne gi auka inntekter frå vasskraftproduksjon. Eit varmare klima kan påverke drikkevasskvaliteten og auke faren for sjukdommar som blir spreidde av flått og andre varmekjære arter. For landbruket og fiskeri og oppdrett vil eit endra klima gi andre føresetnader for produksjon og drift. Føresetnadene for fritidsinteresser utandørs og friluftsliv vil òg endrast, særleg aktivitetar knytte til snø og is. På viktige område vil klimaendringane endre føresetnader for næringsutvikling og samfunnsplanlegginga. Klima må derfor bli eit viktigare omsyn når planar blir lagt og avgjersler skal takast.

Klimaendringane skaper òg utfordringar i forvaltninga av kulturminne og kulturmiljø. Det er venta at klimaendringane vil føre til at nedbrytinga av kulturminna går raskare. Varme og fukt stimulerer biologiske og kjemiske nedbrytingsprosessar og medfører auka risiko for ròteskade på trebygningar. Om lag 80 pst. av den freda bygningsmassen er bygd i tre. Mange kulturminne vil òg vere utsette for ekstreme vêrhendingar som storm og flaum. På Svalbard vil tining av permafrosten skape utfordringar. Klimaendringane vil dermed kunne gi auka tap av kulturminne og kulturmiljø og større skadar. Når klimaet endrar seg blir òg bevaringsforholda endra, og forvaltninga må tilpassast desse endringane.

Påverknader

Den globale konsentrasjonen av klimagassar har stige frå 270 ppm før industriell tid til om lag 394 ppm i 2012, dvs. ein auke med 45 pst. Skal vi klare å halde den globale temperaturauken under 2°C, må konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren ifølgje FNs Klimapanel halde seg innanfor intervallet (445-490 ppm CO 2 -ekvivalentar). Ifølgje FNs klimapanel må dei samla utsleppa i verda stabiliserast innan 2015 og deretter reduserast med 50-85 pst. innan 2050 for at temperaturauken skal halde seg under 2°C.

Figur 22.2 Globale utsleppstal

Figur 22.2 Globale utsleppstal

Truleg vil over to tredelar av utsleppsauken komme frå utviklingsland som endeleg står på terskelen av ei velstandsutvikling, noko som dessverre òg vil medføre auka utslepp. Kina har allereie gått forbi USA som landet med størst samla utslepp i verda, men det er framleis dei rike industrilanda som har størst utslepp pr. person. Klimapanelet ventar at utsleppa pr. innbyggjar i industriland vil vere tre gonger så høge som i utviklingslanda i 2030.

Snarlege tiltak mot avskoging er heilt nødvendig for å oppnå målet om at den globale middeltemperaturen skal halde seg under 2°C i forhold til før industrielt nivå. Siste IPCC-rapport viser at klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland (REDD) utgjer ifølgje Klimapanelets vurderingar om lag 10 pst. av dei årlege globale utsleppa av CO 2 . Dette er noko lågare enn Klimapanelet la til grunn i 2007, men ein reduksjon i desse utsleppa er fortsatt eit viktig og føremålstenleg tiltak i innsatsen mot global oppvarming. Det er relativt sett kostnadseffektivt og kan gi store og relativt raske utsleppsreduksjonar. Klimaforliket frå 2008 etablerte ei brei politisk semje om ei norsk satsing på inntil 3 mrd. kroner årleg for REDD.

Noreg står for om lag 0,1 prosent av verdas klimagassutslepp. Utsleppa frå norsk territorium i 2012 var på 52,9 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar, ein reduksjon på 0,8 pst. frå 2011. Dette ifølgje dei foreløpige utsleppstala frå Statistisk Sentralbyrå (SSB). Bortsett frå i 2009, då utsleppa gjekk ned som følgje av låg økonomisk aktivitet, har ikkje utsleppa vore lågare sidan 1995. Nedgangen frå 2011 til 2012 skuldast mellom anna at stor produksjon av vasskraft og dermed låge elektrisitetsprisar medverka til lågare etterspørsel etter fyringsolje til oppvarming. Låge elektrisitetsprisar medverka òg til lågare aktivitet ved gasskraftverka og til at klimagassutsleppa frå energiforsyning vart redusert med 24 pst. frå 2011 til 2012. Produksjonen av olje og gass gjekk opp med 3 pst. frå 2011 til 2012, mens utsleppa auka med 0,5 pst. I andre sektorar, som transport, industri og jordbruk var det òg berre små endringar i utsleppa frå 2011 til 2012.

Klimagassrekneskapen viser at skog og landareal i Noreg dei siste åra har teke opp mellom 22 og 27 mill. tonn CO 2 årleg. Det utgjer opp mot 50 pst. av dei totale norske utsleppa av klimagassar.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Nasjonal klimapolitikk

Klimautfordringa går på tvers av sektorar og krev derfor samordning og forpliktande samarbeid på tvers av sektorane. Miljøverndepartementet har eit overordna ansvar for gjennomføringa av miljøpolitikken i samsvar med vedtekne miljøpolitiske mål. I tråd med sektoransvaret har den enkelte sektor òg ansvar for implementeringa i sin sektor, men Miljøverndepartementet har ei viktig rolle som pådrivar og koordinator overfor andre sektorar og aktørar. Miljøverndepartementet har i tillegg ansvar for ei rekkje eigne verkemiddel i miljøpolitikken. Forureiningslova og klimakvotelova er sentrale verkemiddel innanfor resultatområdet. Miljøverndepartementets viktigaste etat innan resultatområdet er Miljødirektoratet. Regjeringas politikk på klimaområdet er i vesentleg grad basert på FNs klimapanel sine funn og vurderingar. Som industriland har vi saman med andre industriland eit felles ansvar for å føre an i arbeidet med å redusere utsleppa i verda. I tillegg til at vi bør arbeide for å redusere utslepp utanfor eigne landegrenser, bør vi redusere våre eigne utslepp. Eit fleirtal på Stortinget har stilt seg bak at det er eit langsiktig mål at Noreg skal bli eit samfunn med låge utslepp av klimagassar. Cancúnavtala slår fast at alle land, både u-land og i-land, bør lage planar for korleis dei skal utvikle seg mot å bli slike samfunn.

Gjennom mange år har Noreg derfor vore blant dei landa i verda som har brukt dei sterkaste klimapolitiske verkemidla. Vi har òg sett oss ambisiøse mål om å redusere dei nasjonale utsleppa og omstille Noreg til eit samfunn med låge utslepp fram mot 2050. Noregs mangeårige prioritering av klimapolitikk og vår samla innsats ute og heime, gir oss truverd som pådrivar og brubyggjar i det internasjonale klimaarbeidet. Vår prioritering av klimapolitikk skal òg medverke til å skape internasjonal semje om ei ambisiøs klimaavtale.

Generelle økonomiske verkemiddel som CO 2 -avgift og kvotesystem er sentrale i den nasjonale klimapolitikken. Sektorovergripande økonomiske verkemiddel legg grunnlag for desentraliserte, kostnadseffektive og informerte tiltak, der forureinar betaler. Desse verkemidla sett ein pris på utslepp av klimagassar og bidreg dermed til å endre produksjons- og forbruksmønster over tid. Avgifter og kvotar gir insentiv til at utsleppsreduksjonane blir gjennomførde til lågast mogleg kostnad for samfunnet. I tillegg til kvotar og avgifter blir det nytta andre verkemiddel, mellom anna direkte regulering, standardar, avtaler og subsidiar av utsleppsreduserande tiltak. Satsing på forsking og utvikling er òg viktig.

Etter utvidinga av EUs kvotesystem i 2013 er rundt 80 pst. av alle klimagassutsleppa i Noreg underlagt økonomiske verkemiddel. Om lag 30 pst. av dei samla utsleppa er berre pålagt CO 2 -avgift. Avgifta omfattar i hovudsak drivstoff til transport og mineralolje til oppvarming. Frå 2013 er om lag 50 pst. av norske utslepp no omfatta av kvotesystemet. EU ETS er frå 2013 langt meir harmonisert enn det har vore tidlegare. Miljødirektoratet har ansvaret for kvoterekneskapen som held oversikt over innleverte kvotar og om dei kvotepliktige bedriftene held kvoteplikta si. Dei har òg ansvaret for å utferde utsleppsløyve og tildele kvotar til dei kvotepliktige verksemdene etter heimel i klimakvotelova og forureiningslova. I overkant av 20 pst. av dei samla utsleppa er berre pålagt kvoteplikt. Petroleumssektoren, som står for om lag 25 pst. av utsleppa, har både kvoteplikt og betaler CO 2 -avgift.

Ein viser til avgiftsproposisjonen frå Finansdepartementet for detaljane om CO 2 -avgifta.

Det er innført ei avgift på produksjon og import av HFK og PFK. Ein viser til avgiftsproposisjonen frå Finansdepartementet for detaljane om denne avgifta. Avgifta er supplert med ei refusjonsordning for brukt HFK og PFK som blir levert inn til destruksjon. Avgifta og refusjonsordninga skal saman medverke til at ozonreduserande gassar som blir fasa ut ikkje blir erstatta av klimagassane HFK og PFK, men av meir miljøvennlege alternativ. Sjå òg omtale under kapittel 1420 post 76 Refusjonsordningar.

EU har vedteke ei forordning (EF) nr. 842/2006 (F-gassforordninga) med underforordningar som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF 6 gjennom blant anna importrestriksjonar og krav på lekkasjetesting og sertifisering av teknisk personell. Forordninga vart implementert i Noreg i 2010 og sertifiseringsorgan vart utnemnt i 2011. Ein siktar mot å ha alle relevante aktørar sertifiserte innan september 2013. EU-kommisjonen la hausten 2012 fram eit forslag til revidert forordning for dei fluorerte gassane. Denne stiller ytterlegare krav til å hindre utslepp. I tillegg er det foreslått eit regime for å redusere bruk av HFK-gassane med nærare 80 pst. fram mot 2030. Dette forslaget er no til politisk behandling i EU.

På område som er underlagt generelle verkemiddel, er Regjeringas utgangspunkt at ein som hovudregel skal unngå ytterlegare regulering. Samtidig vil Regjeringa vidareføre det høvet vi har i dag til å nytte andre verkemiddel i tillegg til kvotar og avgifter, også i desse sektorane. Petroleumssektoren er eit eksempel på dette då sektoren både er kvotepliktig og betalar CO 2 -avgift.

I tillegg til CO 2 -avgifta og kvotesystemet er det omfattande statlege støtteordningar, mellom anna i Enova, som medverkar med midlar til utsleppsreduserande prosjekt i industrien.

Regjeringa har etablert ei CO 2 -kompensasjonsordning for industrien. Den nye ordninga er forvalta av Miljødirektoratet, og gjeld for perioden 1. juli 2013 til 31. desember 2020. Etableringa av kvotesystemet i EU i 2005 har gitt auka kraftprisar i Noreg. EU har vedteke retningslinjer for statsstøtte som opnar for å gi kompensasjon for industrien sine indirekte kvotekostnader. Formålet er å hindre auke i globale utslepp ved å hindre karbonlekkasje frå industrien i Europa til land med mindre stram klimapolitikk. Den norske CO 2 -kompensasjonsordninga vil bli knytt tett opp mot metoden for utrekning av støtte som er angitt i EUs retningslinjer. Den vil omfatte alle dei 15 sektorane som har krav på støtte i medhald av EUs retningslinjer. Dette inkluderer blant anna produsentar av aluminium, ferrolegeringar, kjemiske produkt og treforedling. Ordninga er avgrensa til å gjelde kraftavtaler inngått frå og med 2005, året då kvotesystemet vart etablert. Dette inkluderer kraftavtaler som er inngått før 2005, men som er selde vidare på marknadsvilkår f.o.m. 2005. I tillegg er omfatta andre kjøp av kraft i spotmarknaden. Industrien sin eigen kraftproduksjon skal komme til fråtrekk i utbetalinga av støtte. Ordninga vart godkjend av EFTA sitt overvakingsorgan ESA sept. 2013.

Vegtrafikk er ein av dei store bidragsytarane til norske utslepp av klimagassar. Utan nye tiltak er det venta ein vekst i CO 2 -utsleppa frå vegtrafikken. Regjeringa held oppe fokus på å få ned trafikkveksten, på meir kollektivtrafikk, på drivstoffgjerrige bilar, på alternative motorteknologiar, og på dei som syklar og går. Dette vart ytterlegare stadfesta gjennom Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal Transportplan 2014–2023 .

Arealpolitikk og samfunnsplanlegging etter plan- og bygningslova er eit tverrgåande verkemiddel som set rammer for måloppnåing. Kommunal, regional og statleg planlegging skal mellom anna leggje til rette for ein samordna areal- og transportpolitikk som medverkar til låge klimautslepp. Kommunal arealplanlegging medverkar til å redusere samfunnet si sårbarheit for klimaendringa ved å integrere klimatilpassing i planlegginga, kartleggje risiko og sårbarheit, og setje fokus på førebyggande og utbetrande tiltak. Sjå òg verkemiddelområdet Regelverk og samfunnplanlegging for nærare omtale.

Med heimel i plan- og bygningslova er det fastsett ei statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging i kommunane. Denne pålegg kommunane å innarbeide tiltak og verkemiddel for å redusere utslepp av klimagassar og sikre meir effektiv energibruk og miljøvennleg energiomlegging i kommuneplanen eller i eigen kommunedelplan. Kommunane er viktige aktørar på dette området fordi dei kan påverke utsleppa frå ei rekkje sektorar, representere ei positiv drivkraft i klimaarbeidet, og vere ei viktig inspirasjonskjelde for innbyggjarane i kommunen.

Fylkeskommunen skal òg gjere denne typen planlegging innanfor sitt ansvars- og påverknadsfelt.

I dei nasjonale forventingane til regional og kommunal planlegging går det fram at revisjon av dei kommunale og regionale klima- og energiplanane skal vurderast minst kvart fjerde år i arbeidet med dei regionale og kommunale planstrategiane.

Ei god areal- og transportplanlegging kan medverke betydeleg til å redusere utsleppa frå transport ved tettare utbygging og lokalisering av bustader, handel og offentleg og privat service og arbeidsplassar langs trasear og i knutepunkt på kollektivsystemet. Hovudprinsippa er til dømes brukt i arbeidet med regional planstrategi for Oslo og Akershus.

Klimapolitikken får òg konsekvensar for eksisterande og ny bygningsmasse. Potensialet for å spare energi i dei eksisterande bygningane er stort. Det er gjennomført fleire prosjekt relatert til dette, og arbeidet skal førast vidare. Det blir òg arbeidd med nye standardar for energirehabilitering, både i Noreg og i Europa, under leiing av Riksantikvaren.

Kampen mot klimaendringar og utfordringane med å dekkje energibehovet i verda er bakgrunnen for Regjeringas satsing på fangst og lagring av CO 2 . Ei vellukka satsing vil kunne gjere CO 2 -handtering til eit sentralt verkemiddel i klimapolitikken, jf. Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk. Hovudmålet er å bidra til utvikling av framtidsretta, effektive teknologiar for CO 2 -handtering slik at erfaring og teknologi utvikla gjennom dei norske prosjekta skal gi betydelege reduksjonar i CO 2 -utslepp også utanfor Noreg. Regjeringa sin strategi for å gjere CO 2 -handtering til eit kostnadseffektivt klimatiltak er ei helheitleg satsing på forsking, utvikling og demonstrasjon. Dette inkluderer ei betydeleg auka satsing på teknologisenter Mongstad og forsknings- og utviklingsprogrammet Climit. I tillegg vert det foreslått etablert eit CO 2 -handteringsprogram som skal leggje til rette for at bedrifter kan realisere fullskala CO 2 -handteringsprosjekter i Noreg, og Regjeringa vil sikre økonomiske og andre rammevilkår som kan utløyse minst eitt slikt prosjekt. Føresetnad er at det blir etablert ei formålsteneleg fordeling av risiko og kostnader mellom bedriftane og staten. Gassnova arbeidar også med å kartleggje og analysere muligheitsrommet for fullskala CO 2 -handtering i Noreg utover Mongstad. I tillegg vert det lagt opp til å støtte utvikling av CO 2 -handteringsprosjekter internasjonalt.

Aktuelle klimatiltak kan ha negative effektar for naturmangfald og andre viktige miljøverdiar. Det er etablert politikk at ein skal prioritere tiltak som har positiv effekt for å motverke klimaendringar og positiv eller akseptabel effekt for bevaring av naturmangfald og andre viktige miljøverdiar. Internasjonalt er Noregs satsing på å bevare regnskog eit godt eksempel på eit slikt vinn-vinn-tiltak med positiv effekt både i klimasamanheng og for bevaring av naturmangfaldet. Også nasjonalt vil ein søkje å finne denne typen vinn-vinn-tiltak.

Oppfølgjinga av klimameldinga og klimaforliket

Klimameldinga (Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk) vart lagt fram 25. april 2012. Regjeringa foreslår her å forsterke bruken av verkemiddel i den nasjonale klimapolitikken. Klimameldinga vart følgt opp med eit nytt forlik i Stortinget med Høgre, Kristelig Folkeparti og Venstre.

Klimameldinga og klimaforliket frå 2012 viser til at basert på Statens forureiningstilsyn (no Miljødirektoratet) sin tiltaksanalyse, dei sektorvise klimahandlingsplanane, og eksisterande bruk av verkemiddel, vart det i den førre klimameldinga anslått som realistisk å ha eit mål om å redusere utsleppa i Noreg med 13-16 millionar tonn CO 2 -ekvivalenter i forhold til referansebana slik den er presentert i Nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert. Dette inneber i tilfelle at om lag halvparten og opp mot to tredelar av Noregs samla utsleppsreduksjonar vert teke nasjonalt. Stortingets behandling av klimameldinga innebar ei ytterlegare opptrapping av klimatiltaka (klimaforliket). Basert på ei skjønnsmessig vurdering vart det lagt til grunn at dei nye tiltaka i klimaforliket gjer det realistisk å rekne med ytterlegare utsleppsreduksjonar i Noreg, og at intervallet for utsleppsreduksjonar kunne aukast til 15-17 millionar tonn CO 2 -ekvivalenter i forhold til referansebana slik den er presentert i Nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert. Dette innebar i tilfelle at om lag to tredelar av Noregs samla utsleppsreduksjonar vert teke nasjonalt, jf. Innst. S. nr. 145 (2007–2008). Mindre framgang i utvikling av klimavennleg teknologi, høgare kostnader ved klimatiltak innanlands, høgare innvandring og økonomisk vekst og større utslepp frå oljesektoren vil ha betydning for når klimamåla vert nådde. Men desse forholda endrar likevel ikkje behovet for å redusere dei nasjonale utsleppa.

Klimamåla slik dei er nedfelte i det første klimaforliket står fast. Dei føreslåtte tiltaka i klimameldinga og klimaforliket inneber ei sterkare klimasatsing på fleire område, men det er ikkje mogleg på sikkert grunnlag å anslå effekten av denne satsinga i 2020. Det er for eksempel usikkert når, kor sterkt og i kva sektor auka innsats på forsking og teknologiutvikling vil gi resultat i form av reduserte utslepp.

Regjeringa har med utgangspunkt i Enova oppretta eit klima- og energifond til teknologiutvikling i industrien. Målet er teknologiutvikling som får ned klimagassutsleppa. I klimaforliket frå 2012, vart det semje om at fondet skal aukast gradvis til 50 mrd kroner i 2016. Enova skal følgje opp satsinga i nært samarbeid med næringslivet, forskingsmiljø, Miljødirektoratet og andre offentlege etatar. Regjeringa har sett som mål å auke elektrifiseringa av olje- og gassutvinning offshore med kraft frå land. For å gi selskapa auka insentiv for elektrifisering auka Regjeringa CO 2 -avgifta for petroleumsverksemda med 200 kroner pr. tonn ved inngangen av 2013. Det er nesten ei dobling av avgifta som no er tilbake på nivået frå før petroleumsverksemda vart ein del av kvotesystemet.

Regjeringa har som mål at veksten i persontransporten i storbyområda skal skje ved kollektivtransport, sykkel og gange. Dette målet er stadfesta i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal Transportplan 2014–2023, der òg ei rekkje andre punkt i Klimaforliket er følgde opp. Mellom anna legg Regjeringa opp til ei gradvis utbygging av Inter-City-strekningane, slik at det innan 2024 vil vere samanhengande dobbelspor til Tønsberg, Seut/Fredrikstad og Hamar, og med ambisjon om ferdigstilling av heile Inter-City-triangelet innan 2030. I tillegg blir det innført ein ny måte å organisere transportpolitikken i byområda, gjennom heilskaplege bymiljøavtaler. Bilavgiftene skal framleis nyttast som verkemiddel for ei omlegging til ein meir miljøvennleg bilpark. I klimaforliket frå 2012 vart det semje om at det skal sikrast pengar til påskjøningsordninga for kollektivtransport, og at avgiftsfordelane for reine nullutsleppsbilar blir førde vidare ut neste stortingsperiode (2017).

Energikrava i byggjeforskrifta skal skjerpast til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020. Regjeringa arbeider med å fastsetje reglar som definerar passivhusnivå og nesten nullenerginivå. Avgjerd om kravnivå vert gjort på bakgrunn av utgreiingar av samfunnsøkonomiske og helsemessige konsekvensar og kompetansen i byggjenæringa. Bruken av oljekjelar i hushald og til grunnlast skal fasast ut. Enova skal kunne gi tilskot til hushald som vil skifte ut oljefyren. I samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk bad Stortinget Regjeringa innføre forbod mot fyring med fossil olje i hushald og til grunnlast i andre bygningar i 2020.

Regjeringa vil halde ved lag eller auke karbonlageret gjennom aktiv, berekraftig skogpolitikk blant anna gjennom styrkt innsats innan skogplanteforedling, auka plantetettleik og ved å gjeninnføre forbodet mot hogst av ungskog og styrking av skogvernet. Regjeringa vil leggje fram ein strategi for auka skogplanting. Som underlag til dette, har Miljødirektoratet, Statens landbruksforvaltning og Norsk institutt for skog og landskap laga ein rapport om aktuelle areal og miljøkriterium der skogplanting kan vere aktuelt.Regjeringa vil òg medverke til å utvikle biogass i Noreg. Det er nedsett ei interdepartemental gruppe som arbeider med ein tverrsektoriell biogasstrategi.

Regjeringa vil arbeide for ei brei og ambisiøs klimaavtale. Innanfor ei samla aukande bistandsramme vil Regjeringa etter ei evaluering vurdere å styrkje klima- og skogprosjektet utover 3 mrd. kroner årleg som del av ein fleirnasjonal mekanisme for betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar om andre land òg aukar sine bidrag.

Regjeringa vil medverke til reduserte utslepp av kortliva klimadrivarar som svart karbon (sot) og metan gjennom eit styrkt internasjonalt engasjement. Miljødirektoratet har i 2013 i samarbeid med Statistisk Sentralbyrå laga eit nasjonalt utleppsrekneskap for svart karbon. Eit utkast til ein nasjonal handlingsplan for utsleppsreduksjonar vil bli lagt fram i 2013.

Regjeringa vil òg medverke til at Det grøne klimafondet kjem over i ei operasjonell fase. Regjeringa vil trappe opp klimaforskinga vidare. I klimaforliket frå 2012 vart det semje om at Regjeringa i dei kommande statsbudsjetta skal auke løyvingane til Forskingssentra for miljøvennleg energi (FME) og at det blir oppretta eit FME-senter for geotermisk energi. Basert på erfaringane med lovgiving og verkemiddelbruk i dag vil Regjeringa vurdere om det er føremålstenleg å utarbeide ei eiga klimalov.

Boks 22.2 Kva er skilnaden mellom kvotesystemet og CO 2 -avgifta?

Kvotesystem og CO 2 -avgiftssystem er begge effektive verkemiddel i klimapolitikken, men med enkelte viktige skilnader. I eit kvotesystem fastset styresmaktene den totale utsleppsmengda av klimagassar som dei kvotepliktige verksemdene har lov til å sleppe ut i ein viss periode. Kvotemengda utgjer då eit øvre tak for utsleppa, og prisen på kvotane blir bestemt i marknaden. CO 2 -avgifta gir ein føreseieleg pris på utsleppa, men ein set ikkje eit øvre tak for utsleppa på same måten som i eit kvotesystem. Sidan Noreg tek del i det europeiske kvotesystemet er det, til forskjell frå CO 2 -avgifta, ikkje sikkert at utsleppseffekten av kvotesystemet skjer i Noreg. Den kan like gjerne skje i Polen eller Tyskland. Til gjengjeld veit vi den totale utsleppseffekten i systemet, og det blir lagt til rette for kostnadseffektive utsleppsreduksjonar på tvers i Europa. Kvotesystemet til EU opnar i tillegg for ein avgrensa import av kvotar frå utviklingsland. Dette inneber at det samla ambisjonsnivået til ei viss grad kan oppfyllast også gjennom utsleppsreduksjonar utanfor Europa. Kvotesystemet er relativt nytt i faktisk bruk i Noreg og elles i verda. Vi må derfor sjå på kvotesystemet som eit system under utvikling med potensial til å bli eit endå meir effektivt og viktig verkemiddel for å redusere våre utslepp av klimagassar.

Internasjonalt klimaarbeid

FN sitt klimapanel la i september fram den nyaste rapporten om det naturvitenskapelege kunnskapsgrunnlaget om klimaendringane. Det er heva over tvil at det pågår ei oppvarming av klimasystemet. De tre siste tiåra har vore varmare enn noko tiår sidan 1850. Det er 95-100 prosent sikkert at menneska har forårsaka over halvparten av temperaturaukinga sidan 1950. Konsentrasjonane av CO 2 , metan og lystgass i atmosfæra er dei høgaste på minst 800 000 år. Om utsleppa held fram med å auke betydeleg i dette århundret, kan temperaturen stige med meir enn 4 grader Celsius fram mot 2100. Samtidig viser rapporten at det er mogleg å hindre dei mest alvorlege konsekvensane om verdas land blir einige om raske og kraftige kutt i klimagassutsleppa.

Partane til FN sin klimakonvensjon har sidan partskonferansen i København i 2009 vore einige om målet - at den globale gjennomsnittstemperaturen ikkje bør stige meir enn to gradar Celsius samanlikna med førindustrielt nivå. Øystatane og dei minst utvikla landa held fast at 1,5 gradar temperaturauking bør vere maksimum. Den globale utsleppskurva bør ifølgje FN sitt klimapanel vende nedover før 2020 dersom ein skal ha rimeleg sikkerheit for å halde global oppvarming under to gradar.

Berre ved å handle i fellesskap og meir målretta kan vi unngå dei verste konsekvensane av global oppvarming. I 2011 i Durban, Sør-Afrika, bestemte ein under klimakonvensjonen å framforhandle ein ny klimaavtale innan 2015, som skulle gjelde for alle land og med verknad frå 2020. Dei rike industrilanda si samla andel av dei globale utsleppa er no under halvparten og andelen blir gradvis mindre, sjølv om få av landa har klart å redusere utsleppa vesentleg sidan 1990. Den største veksten i globale utslepp skriv seg no frå raskt voksande økonomiar, spesielt utviklingsland i Asia. Forhandlingane om ein ny avtale må vere basert på desse realitetane, samtidig med at ein tek tilstrekkeleg omsyn til at det står igjen betydelege utfordringar i arbeidet for ei berekraftig utvikling.

Noregs prioriterte område i forhandlingane er:

  • Ambisiøse mål om utslippsreduksjonar for alle store utsleppsland, og ein samla innsats i tråd med togradarsmålet

  • Finansiell støtte til utsleppsreduksjonar og tilpassing i utviklingsland, slik at dette gir best moglege resultat for gjennomføring av utsleppsreduserande tiltak og tilpassing til klimaendringer

  • Vere leiande i arbeidet med å redusere avskoging i utviklingsland

  • Gode og etterprøvbare system for at land held sine forpliktingar, inkludert felles internasjonale reglar for måling, rapportering og verifikasjon av klimagassutslepp

  • Utvikling av fleksible gjennomføringsmekanismar og globale karbonmarknader

Klimaforhandlingane fram mot ei avtale i 2015 og styrkt innsats for å redusere utslepp fram mot 2020 blir avgjerande for om verda klarer å halde global oppvarming under to grader. Industrilanda har stått for dei største utsleppa av klimagassar til no og har økonomisk evne til å gå føre i kampen mot klimaendringar, og må derfor gå føre i å ta på seg forpliktingar om kraftige utsleppsreduksjonar. Noreg vil halde fram med å vere ein pådrivar og konstruktiv partnar i forhandlingane med sikte på å vere leiande i arbeidet med å styrkje det internasjonale klimaregimet under FN.

Noregs visjon er ei avtale som:

  1. Er folkerettsleg bindande og som kan ratifiserast i form av ein protokoll under Klimakonvensjonen.

  2. Er vitskapsdriven: Legg til grunn den beste vitskapelege kunnskapen. Klimapanelets femte rapport i 2014 vil gi eit avgjerande grunnlag for avtala.

  3. Er effektiv for å sikre togradermålet.

  4. Er inkluderande og sikrar brei deltaking.

  5. Legg grunnlag for kostnadseffektiv verkemiddelbruk.

  6. Blir oppfatta som rimeleg og rettferdig i utforming av forpliktingar og støtte til gjennomføring.

  7. Forpliktar alle og sikrar integritet og openheit i gjennomføringa.

  8. Etablerer eit minimum av felles internasjonale forpliktingar, rettar og reglar.

  9. Er realistisk i forhold til korleis verda ser ut i 2020 og framover: Den må differensierast på basis av faktiske skilnader i økonomi, utslepp, m.v. og ikkje ei utdatert todeling av verda.

  10. Er dynamisk og fleksibel slik at den kan tilpasse seg endringar over tid, under dette nye vitskapelege innsikter.

  11. Medverkar til prising av klimagassutslepp.

  12. Gir høve til bruk av fleksible mekanismar og legg til rette for velfungerande karbonmarknader.

  13. Nedfeller klare og robuste rammer for landa sitt arbeid for å tilpasse seg klimaendringane og redusere klimasårbarheita si.

Finansiering er eit viktig element i å finne løysingar på klimautfordringa, og vil spele ei sentral rolle også for den nye avtala. Under klimatoppmøtet i København i 2009 forplikta i-landa seg til kollektivt å mobilisere 100 milliardar USD pr. år innan 2020 frå ulike typar finansieringskjelder, både offentlege, private og innovative. Det vil vere viktig å byggje vidare på det gode arbeidet som allereie er gjort, blant anna med å etablere institusjonar og mekanismar for finansiering under Klimakonvensjonen. Det grøne klimafondet vil kunne spele ei nøkkelrolle på dette feltet i åra framover. Noreg har spelt ei sentral rolle i opprettinga av fondet, og vil halde fram med å arbeide for ei rask og god operasjonalisering av fondet slik at det kan medverke til omstillinga til lågutleppssamfunn og klimarobuste samfunn som fondets styrande instrument beskriv.

I København i 2009 starta ein prosess som har resultert i innmelding av utslippsmål for 2020 frå om lag 90 land. Store i-land som USA, Canada, Japan og Russland, samt noko over 40 u-land, har presentert politisk bindande målsettinger for utslippsreduksjonar fram til 2020. Måla blei formelt bekrefta i FN-vedtak i Cancún i 2010, og det er etablert nye reglar for rapportering om framgang for å nå desse måla. Desse måla er ikkje juridisk bindande og innholdet i måla er ikkje einsarta og til dels uavklarte.

Den første perioden med utsleppsplikter under Kyotoprotokollen vart avslutta i 2012, men endeleg oppgjer for denne perioden vil først finne stad i 2015. På FNs klimakonferanse i Doha i 2012 vart det vedteke ein ny periode med utsleppsforpliktingar under protokollen, for perioden 2013–2020. Landa som har påteke seg nye utsleppsplikter under Kyotoprotokollen er, i tillegg til Noreg, Australia, EU, Island, Kasakhstan, Kroatia, Kviterussland, Liechtenstein, Monaco, Sveits og Ukraina. For Noreg inneber vedtaket ei ny utsleppsforplikting som er konsistent med målet om 30 pst. utsleppsreduksjon innan 2020, i høve til 1990-utsleppa. Det var politisk semje på FNs klimakonferanse i Doha om at landa skulle starte gjennomføringa av andre forpliktingsperiode frå 1. januar 2013. Andre forpliktingsperiode under Kyotoprotokollen vert først rettsleg bindande når 144 land har gitt etterfølgjande samtykke til denne.

Noreg har òg på vilkår lagt fram eit mål om 40 pst. reduksjon frå 1990-nivå før 2020 dersom det kan medverke til semje om ei ambisiøs klimaavtale der dei store utsleppslanda tek på seg konkrete utsleppsforpliktingar.

Den innsatsen som er mobilisert er betydeleg, men likevel langt ifrå nok. Ifølge FN sitt miljøprogram, UNEPs «Emissions Gap Report» fra 2012, vil full gjennomføring av desse måla likevel ikkje levere meir enn om lag ein tredjedel av det som er nødvendig før 2020 for å hindre auka temperaturar over to grader. I Durban blei det derfor også vedteke å arbeide for større utslippsreduksjonar før 2020 og før ein ny avtale planleggast å ha effekt.

Meir enn 100 land har ikkje fastsett noko mål om utslippsreduksjonar eller -begrensningar før 2020. For å dekke utslippsgapet er det viktig at fleire land set seg mål, og moglegheitene til å auke dei noverande ambisjonane må vurderast.

I tillegg må ein utnytte internasjonale felles initiativ som kan bidra med betydelege, raske utslippsreduksjonar. Slike felles initiativ må spille saman med den innsatsen som allereie er i gang, og forsterke denne.

For å medverke til større utsleppsreduksjonar før 2020 prioriterer Noreg òg auka innsats på følgjande område:

  • Redusert avskoging i utviklingsland, blant anna gjennom Regjeringas Klima- og skogprosjekt, uformelle partnarskap og REDD+ partnarskapet.

  • Reduksjonar av utslepp av kortliva klimadrivarar, slike som sot, og raskare utfasing av HFK-gassar med høgt globalt oppvarmingspotensial.

  • Verdsbankens «Partnership for market readiness», for utvikling og gjennomføring av karbonprising som verkemiddel i fleire land.

  • Reform av subsidiar på fossile brensler.

  • Fornybar energi.

På bakgrunn av eit norsk initiativ vedtok FN sin sjøfartsorganisasjon IMO i 2011 globale og juridisk bindande klimakrav til internasjonal skipsfart. Desse krava omhandlar krav til energieffektiv utforming av nye skip og krav til energieffektiv drift av alle skip. Krava trådte i kraft 1. januar 2013. Etablering av desse krava er eit svært viktig resultat i vanskelege forhandlingar, og det er eit første steg i arbeidet med å redusere utslepp frå skipsfarten. Arbeidet i IMO går vidare med sikte på vidare reduksjon av klimagassutslepp frå skipsfarten. Regjeringa vil halde fram med Noregs rolle som pådrivar i IMO sitt arbeid med reduksjon av klimagassutslepp frå internasjonal skipsfart.

Noreg si klima- og skogsatsing har blant anna vore viktig for å få ein internasjonal klima- og skogpartnarskap på plass som aktivt kan medverke til tiltak for få redusert avskoginga i mellomperioden fram til ny avtale. Regjeringas klima- og skogprosjekt er finansiert over løyvingar på Utanriksdepartementets budsjett. For nærare omtale sjå avsnittet Noregs klima- og skogsatsing seinare i kapitlet.

Skal verda lukkast med å redusere utsleppa i tråd med togradersmålet, må det etablerast ein internasjonal pris på karbon. Det betyr at vi treng omfattande og effektive karbonmarknader i åra som kjem. Dei fleksible mekanismane medverkar til å redusere klimagassutsleppa der det er minst kostnader knytte til å redusere utsleppa. Ein ny periode under Kyotoprotokollen sikrar òg at alle dei tre fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen vert førte vidare. Samtidig har Noreg arbeidd for at nye marknadsbaserte mekanismar skal etablerast som ein del av ei større klimaavtale. Nye fleksible mekanismar vil utvide karbonmarknaden og bringe inn utviklingsland med eigne insentiv til å redusere utslepp. I Durban vart det vedteke å definere ein ny marknadsbasert mekanisme under Klimakonvensjonen, og å starte arbeidet med å presisere denne nærare. I Doha vart det oppretta 3 arbeidsprogram, som tek omsyn til ulike syn på marknadsmekanismar. På COP 19 i Warszawa skal det takast avgjerder under kvart av desse 3 arbeidsprogramma. Noreg har blant anna argumentert for å opprette sektorbaserte mekanismar. Ei utvikling av slike nye marknadsbaserte mekanismar kan ha mange fordelar, blant anna ved å medverke til at utviklingslanda i større grad får kontroll på eigne utslepp og utviklar eigne strategiar for utsleppsreduserande tiltak. I Durban vart det òg vedteke eit rammeverk for å utvikle meir generelle standardar eller prinsipp for internasjonal handel med utsleppsrettar. For å sikre reelle utsleppsreduksjonar og å unngå dobbeltteljing av karbonkredittar er det viktig å etablere felles reglar for måling, rapportering og verifikasjon av internasjonale marknadsbaserte mekanismar.

Gjennom det statlege kvotekjøpsprogrammet som er etablert i Finansdepartementet medverkar Noreg til å utvikle marknaden for kvotehandel, jf. Prop. 1 S (2013–2014).

Kunnskap og forsking

Klimautfordringane stiller samfunnet overfor store langsiktige utfordringar. Kunnskap om korleis konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren kan avgrensast, særleg forsking på utsleppsreduserande teknologiar og praksis, vil spele ei avgjerande rolle. Klimaforskinga er internasjonal, samtidig som kvart land treng tilpassa klimakunnskap for å møte klimautfordringa. Ein god nasjonal forskingsbasis set også Noreg i stand til å gi vesentlege bidrag til den internasjonale klimaforskinga.

Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet under resultatområdet. Regjeringa går inn for å styrkje klimarelatert forsking, og vil prioritere overvaking av klimaprosessar og konsekvensar av klimaendringar i nordområda.

Det er gjort nærare greie for klimaforskinga i klimameldinga. Mykje av midlane til klimaforskinga er forvalta av Noregs forskingsråd gjennom forskingsprogrammet Norklima. Forskingsprogrammet NORKLIMA blir avslutta i 2013, og Forskingsrådet planlegg no ei ny klimasatsing. Innrettinga av den nye satsinga vil blant anna ta utgangspunkt i ei evaluering av klimaforskinga som vart lagt fram i juni 2012.

Klimatilpassing

Kunnskap som medverkar til eit heilskapeleg bilete av kva klimaendringane vil bety for Noreg er viktig for å kunne utvikle tilpassingsstrategiar og avgjere korleis vi best kan tilpasse oss. Regjeringa arbeider derfor for å få fram meir kunnskap om klimaendringane og klimatilpassing ved å utvikle og leggje til rette kunnskap om klimaendringane og effektar i Noreg, og å ta vare på omsynet til klimatilpassing i relevante forskingsprogram.

Noregs første offentlege utgreiing om konsekvensane av klimaendringane for Noreg «NOU 2010: 10 Tilpassing til eit klima i endring – samfunnet si sårbarheit og behov for tilpassing til konsekvensar av klimaendringar» konkluderer med at Noreg har eit godt utgangspunkt for å møte dei utfordringane eit endra klima kan gi. Utgreiinga vart i 2013 følgt opp av ei Stortingsmelding, jf. Meld. St. 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge . Stortingsmeldinga gjer greie for konsekvensar av klimaendringar for natur og samfunn og legg fram dei felles rammene for korleis samfunnet best mogleg kan møte eit endra klima. Sjå boks 31.3 for omtale av meldinga.

I perioden 2008–2012 har det innan rammene av det nasjonale tilpassingsarbeidet vore gjort viktige framskritt, jf. Meld. St. 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge og Innst. S. 497 (2012–2013). Mange kommunar og fylkeskommunar har teke tak i utfordringa ved å kartleggje konsekvensar og vurdert korleis omsynet til framtidige klimaendringar kan takast vare på. Gjennom tilpassingsarbeidet under «Framtidens byer» har 13 av dei største byane etablert klimatilpassingsplanar. Sektorstyresmakter har gjennomført kartleggingar og endra krav og retningslinjer for å ta høgde for eit endra klima.

Heilskapleg arbeid med tilpassing til klimaendringar

I tråd med ansvarsprinsippet har alle departement ansvar for å ivareta omsynet til klimaendringar innanfor eigen sektor.

Miljøverndepartementet har ansvaret for å leggje til rette Regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing.

Justis- og beredskapsdepartementet har, i tillegg til sitt sektoransvar, ei generell samordningsrolle for å sikre eit koordinert og heilskapleg arbeid med samfunnstryggleik på tvers av sektorgrenser. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) understøttar departementet i denne rolla.

Miljødirektoratet vil vere den fagetaten som støttar Miljøverndepartementet i arbeidet med klimatilpassing. Miljødirektoratet vil blant anna ha eit ansvar for at Miljøverndepartementet har tilgang til det naturvitskaplege kunnskapsgrunnlaget gjennom nasjonal og internasjonal klimaforsking. Dette kunnskapsgrunnlaget skal brukast i gjennomføringa av departementet sitt arbeid med klimatilpassing.

Miljødirektoratet vil òg ha ei rolle i å støtte Miljøverndepartementets arbeid med klimatilpassing i internasjonale fora, som FNs klimakonvensjon og FNs klimapanel.

Det vil vere viktig å syte for involvering av aktuelle direktorat når Miljødirektoratet skal gi råd til Miljøverndepartementet i samband med oppfølging av Meld. St. 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge . Eksempelvis vil denne rolla vere aktuell når Miljødirektoratet skal gi innspel til Miljøverndepartementets arbeid med den statlege planretningslinja for klimatilpassing i regionale og lokale styresmakter si samfunns- og arealplanlegging. Når ei statleg planretningslinje om klimatilpassing er etablert vil Miljødirektoratet ha ansvaret for oppfølging av denne. Heilskap i statlege føringar er viktig då klimaendringane vil ha verknader på ei rekkje samfunnsforhold som det må takast omsyn til i den langsiktige samfunns- og arealplanlegginga. Ansvarsdeling på direktoratsnivå når det gjeld oppfølging av retningslinja på enkelte område vil bli avklart i samband med arbeidet med planretningslinja.

Miljødirektoratet vil ha ansvar for nettportalen www.klimatilpasning.no der kommunar og andre aktørar vil kunne finne samla informasjon om klimatilpassing frå ulike fagetatar og direktorat, som har ansvar innan klimatilpassing. Det vil nokre gonger vere mest praktisk med tydelege lenker til andre viktige informasjonskanalar frå andre direktorat. I samband med Miljødirektoratets ansvar for www.klimatilpasning.no og elles råd til Miljøverndepartementet vil det vere viktig at direktoratet samarbeider med Senter for klimatjenester og andre aktuelle fagetatar og styresmakter som har kompetanse og formidlingsansvar for reine klimadata som er grunnlaget for vurderingar av klimaendringane sine verknader.

DSB har eit overordna samordningsansvar for arbeidet med samfunnstryggleik, og skal i den samanhengen òg ta omsyn til klimaendringar gjennom:

  • Lokalt: oppfølging av kommunane sitt arbeid

  • Regionalt: arbeid retta mot fylkesmenn og fylkeskommunar

  • Nasjonalt: tverrsektorielt arbeid mellom etatar og forvaltningsnivå

DSB gir råd og rettleiing til kommunane om korleis dei kan integrere klimatilpassing i ulike delar av planprosessen for å ivareta samfunnstryggleiken, jf. plan- og bygningslova § 4-3. Direktoratet skal derfor ut frå dette ansvaret formidle kunnskap om klimaendringar, og utvikle rettleiarar, verktøy og metodikk til bruk i planlegging.

Dette inneber òg at DSB skal drive nettverksbygging og erfaringsutveksling, og arrangere og delta på klimatilpassingssamlingar med aktørar på ulike nivå. DSB får gjennom sitt analyse- og utgreiingsarbeid, og i kraft av verkemiddel som evalueringar, undersøkingar og tilsyn, kunnskap og kompetanse om samfunnets sårbarheit. Denne kompetansen blir nytta til oppfølging, læring og førebygging i det langsiktige arbeidet med samfunnstryggleiken, under dette klimatilpassing.

Kommunane vart 1. januar 2010 gjennom tidligare sivilvernelova pålagt ei beredskapsplikt som gir tydelegare og skjerpa krav til kommunane. Kravet blei vidareført i ny sivilbeskyttelseslov som trådte i kraft 1. januar 2011. Kommunane skal utarbeide ein heilskapleg ROS-analyse som skal omfatte heile risikobiletet, også konsekvensar for klimaendringar. Dette gir ei plikt til å kartleggje kva slag uønskte hendingar som kan inntreffe i lokalsamfunnet, vurdere kor sannsynleg det er at desse skjer, og korleis desse hendingane kan påverke lokalsamfunnet. Kommunen er med dette pålagt å ta omsyn til endra klima i si planlegging.

DSB har etatsstyringsansvar for fylkesmannen (FM) på samfunnstryggleiksområdet. Gjennom embetsoppdrag til fylkesmannen stiller DSB krav til FMs oppfølging av kommunane sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, under dette tiltak knytte til klimaendringar. DSB fører tilsyn med FM på dette området.

Mange etatar og fagmiljø er involverte med ulik spesialkompetanse når det gjeld framtidige endringar i havnivåstigning og stormflod. Dette gjeld blant anna NVE, Statens kartverk, Bjerknessentret, DSB, Meteorologisk institutt m.v. Miljødirektoratet får ansvaret for å samordne og gi samla råd til Miljøverndepartementet om kva prognosar for havnivåstigning som bør leggjast til grunn for planlegging i ulike delar av landet. Prognosar og råd må oppdaterast jamleg i samband med FNs klimapanel sine hovudrapportar, og alle aktuelle fagetatar vil bli involverte. Senter for klimatjenester vil ha ei viktig rolle i arbeidet med prognosar og med å utarbeide tal for havnivåstigning. DSB vil i tråd med si samordningsrolle for samfunnstryggleik ha som oppgåve å koordinere det førebyggande arbeidet med klimatilpassing som trugar samfunnstryggleiken og vil i denne samanhengen gi råd om korleis prognosane for havnivåstigning skal brukast i kommunane sitt planarbeid. Direktoratet vil involvere aktuelle fagetatar.

Auka nedbørsintensitet vil føre til aukande problem med overvatn i byar og tettstader. Fleire styresmakter har ansvar for regelverk som har betydning for kommunane si handtering av overvatn. Miljødirektoratet er gitt ansvaret for å ha oversikt over regelverk og rammevilkår for kommunane si handtering av overvatn. Blant anna vil det vere viktig å gi forslag til heilskaplege føringar og informasjon om handtering av overvatn i den statlege planretningslinja om klimatilpassing. Miljødirektoratet vil involvere andre aktuelle fagetatar i dette arbeidet. Miljødirektoratet vil òg ha sekretariatsansvaret for lovutvalet som skal utgreie og komme med eventuelle forslag til korleis kommunane sine rammevilkår for handtering av overvatn kan betrast. Andre aktuelle fagetatar vil òg bli involverte i arbeidet med lovutvalet.

NVE og Meteorologisk Institutt vil gjennom Senter for klimatjenester ha ei viktig rolle i å utvikle og formidle kunnskap og informasjon om ekstremnedbøren sine verknader på overvass- og flaumsituasjonar i byar og tettstader.

Boks 22.3 Meld. St. 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge

Noreg vert varmare og våtare. Klimaendringane vil få store konsekvensar for natur og samfunn, og planlegginga må ta omsyn til dette. I mai 2013 la regjeringa fram ei stortingsmelding om korleis vi skal tilpasse oss til klimaendringane i Noreg.

Stortingsmeldinga om klimatilpassing gjer greie for konsekvensane av klimaendringar i Noreg og legg fram felles rammer og verkemiddel for å ivareta klimatilpassing i planleggings- og avgjerdsprosessar.

I meldinga kjem det fram at Regjeringa vil styrkje kunnskapsgrunnlaget gjennom meir aktiv overvaking av klimaendringane, opptrapping av klimaforskinga og utvikling av det nasjonale senteret for klimatenester. Senteret skal gi meir presis og detaljert informasjon om korleis klimaet vil kunne endrast.

Klimaframskrivingar er eit viktig grunnlag for tilpassinga til klimaendringane. Ingen kan vite eksakt kor mykje temperaturen eller nedbøra kjem til å auke, men Regjeringa vil leggje dei høgaste alternativa til grunn når den skal vurdere konsekvensane av klimaendringane.

Kommunane er førstelinjeteneste i møtet med klimaendringar. Omsynet til eit endra klima må bli ein del av det daglege arbeidet i norske kommunar. Den statlege påverknaden på kommunane sitt arbeid med klimatilpassing vil bli samla i den eksisterande statlege planretningslinja for klima og energi. Det vil blant anna gjere det enklare å ta omsyn til klimatilpassing i planlegginga etter plan- og bygningslova. I kommuneplanens arealdel kan kommunen til dømes vedta føresegn som hindrar utbygging i skredutsette område, syte for sikringsmargin i flaumutsette område eller påleggje utbyggjar lokal handtering av overvatn.

Større og meir intense nedbørsmengder stiller store krav til byane, som må handtere overvatn og lokale regnflaumar. Meir nedbør i framtida kan forsterke desse utfordringane. Regjeringa vil opprette eit offentleg utval som skal vurdere dagens regelverk og komme med eventuelle forslag til betring av rammevilkåra for handteringa av overvatn.

Regjeringa har tidlegare omtalt klimatilpassing i statsbudsjettet for 2009 og i ei offentleg utgreiing frå 2010 – Tilpassing til eit klima i endring . Mange sektorstyresmakter og kommunar er no godt i gang med tilpassingsarbeidet. Forskinga er styrkt og kompetansen i kommunane er betra. Med denne stortingsmeldinga varslar Regjeringa auka merksemd om korleis Noreg skal handtere eit klima i endring.

Samla kunnskapsstatus, konsekvensar og tilpassingsbehov for Noreg skal oppdaterast i tilknyting til hovudrapportane frå FNs klimapanel, dersom det kjem fram vesentleg ny kunnskap der.

Noregs klima- og skogsatsing

Situasjonsbeskriving

Regjeringas klima- og skogsatsing vart lansert under FNs klimaforhandlingar på Bali i desember 2007, som eit bidrag til den internasjonale innsatsen med å redusere utslepp av klimagassar frå avskoging og skogforringing i utviklingsland (REDD+). Initiativet var del av det første klimaforliket i Stortinget i 2008.

For ein grundig gjennomgang av klima- og skogsatsinga, sjå Utanriksdepartementets og Miljøverndepartementets budsjettproposisjonar frå og med St.Prop. nr. 1 (2008–2009), og Meld. St. 14 (2010–2011) – Mot en grønnere utvikling og Meld. St. 21. (2011–2012) – Norsk klimapolitikk.

Utviklinga av klimagassutsleppa globalt og konsekvensane av desse krev rask og målretta handling. Dersom ein skal ha høve til å avgrense den globale oppvarminga til 2 grader C i forhold til førindustrielt nivå innan 2020 må verda handle nå. Situasjonen i FNs klimaforhandlingar tilseier at frivillige initiativ som Noregs klima- og skogsatsing vil vere avgjerande i denne samanhengen.

FN sitt klimapanel har i ein rapport som vart lagt fram i september 2013 berekna at endringar i arealbruk (hovudsakleg avskoging) utgjer om lag 10 prosent av dei globale utsleppa av CO 2 . Dette er lågare enn tilsvarande berekningar i klimapanelet si førre hovudrapport frå 2007. Endringa skuldast dels auka utslepp av CO 2 frå andre sektorar og dels nettoeffekten av redusert avskoging og auka skogreising siste tiår, samanlikna med førre tiår. Bevaring av tropisk skog er med andre ord svært viktig for å motverke klimaendringar. Skogen spelar òg ei anna sentral rolle ved å dempe skadeverknadene av klimaendringane, og er av stor betydning for mange lokalsamfunn si tilpassing til endra levekår. Skog hindrar erosjon og er essensiell for forsvarleg forvaltning av nedbørsfelt og kraftforsyning. Intakt skog har òg betydning for lokale klimaforhold.

Ifølgje anslag frå Verdsbanken er om lag 1,6 milliardar menneske heilt eller delvis avhengige av skogar for sitt livsopphald. Blant desse inngår meir enn 90 pst. av den milliarden menneske som lever i ekstrem fattigdom. Følgjeleg er tallause fattige lokalsamfunn direkte og indirekte truga av avskoging og global oppvarming. Dersom effektane av klimaendringane ikkje blir handterte, vil innsats for utvikling gjennom mange tiår bli sett tilbake, noko Verdsbankens rapport «Turn Down the Heat», utgitt hausten 2012, illustrerer. Ei negativ utvikling vil ramme dei minst utvikla landa mest, i tillegg til at nye og større grupper av verdsbefolkninga står i fare for å få forringa eller øydelagt livsgrunnlag sitt. Biologisk mangfald, globale og regionale nedbørsmønster, lokal vass- og matforsyning, og urfolk sitt sosiale og økonomiske livsgrunnlag avheng av intakt eller berekraftig forvalta skog. Avskoging og skogforringing trugar menneske sin tryggleik og helse for noverande og framtidige generasjonar.

REDD+ har ført med seg betydelege utviklingsgevinstar utover bevart skogdekke, som for eksempel investeringar i kapasitetsbygging og tiltak for styrkt dialog mellom styresmakter og lokalsamfunn. Auka fokus på styresett og openheit i det førebuande REDD-arbeidet har medverka til å fremje rettsstatsprinsipp og lokalt demokrati. REDD-agendaen har i fleire land medverka til viktige reformer i skog- og arealforvaltninga som kan resultere i meir rettvis fordeling av verdiar frå skog. REDD har òg medverka til å styrkje kampen mot illegal handel med tømmer og truga dyrearter som undergrev forvaltninga og økonomien, og i enkelte tilfelle sjølve det politiske systemet. Vidare har REDD lagt til rette for nye høve til investeringar og arbeidsplassar i ein grønare økonomi.

Eit viktig rammevilkår for satsinga er erkjenninga av at kampen mot klimagassutslepp frå avskoging er uløyseleg knytt til kampen mot fattigdom og for ei berekraftig økonomisk utvikling. Det vil på lang sikt vere umogleg å oppnå varige globale reduksjonar i utslepp frå avskoging utan å syte for berekraftig utvikling for dei som bur i og rundt skogen. Av stor betydning for langsiktige resultat av skogsatsinga, og for utviklingslanda si eventuelle støtte til å inkludere skog i eit nytt klimaregime, er finansieringsmekanismar, mekanismar for fordeling av gode, avklaring av bruks- og eigedomsretter og retten til karbon bunden i skog, og produktiviteten i omkringliggjande landbruk.

Mål

  • Utslepp frå avskoging og skogforringing i utviklingsland (REDD+) inngår i ei ny internasjonal klimaavtale

  • Kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar frå avskoging og skogforringing i utviklingsland

  • Bevare naturskog i utviklingsland for å sikre denne skogen si evne til å lagre karbon

Desse måla skal vere styrande for tilnærmingar og prioriteringar, og vedtak om igangsetjing, vidareføring eller endring av støtte. Det er eit overordna mål for norsk utanriks- og utviklingspolitikk å medverke til berekraftig utvikling og reduksjon av fattigdom. For norsk klimapolitikk er det eit overordna mål å medverke til å få på plass eit globalt, bindande og langsiktig regime for reduksjon i utslepp av klimagassar. Desse er difor naturlege overordna målsetningar for klima- og skogsatsinga. Langsiktig skogbevaring er avhengig av at resultat vert oppnådd også på andre områder enn reduserte utslepp av klimagassar. Klima- og skogsatsinga skal difor gjennom arbeidet sitt også medverke til bevaring av naturskog, berekraftig utvikling og stryking av urfolk sine rettar. I arbeidet for å nå måla skal klimapolitikken og utviklingspolitikken underbyggje kvarandre gjensidig. Dette er i samsvar med Regjeringa si handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid. Den føretrekte tilnærminga for landsatsingane er å etablere mekanismar der Noreg betaler for verifiserte utsleppsreduksjonar, mens utviklingslanda brukar denne betalinga til å finansiere sine nasjonale planar for berekraftig utvikling basert på låge klimagassutslepp.

Tiltak som kan finansierast over denne posten omfattar blant anna følgjande tiltak i dei tre hovudfasane av REDD+ (tiltak kan omfatte fleire fasar og det kan vere glidande overgang mellom fasane ettersom tiltaka blir utvikla):

  • REDD+ fase 1 (REDD Readiness-fasen: innleiande førebuingar og klargjering – for at partnarlanda i siste fase skal kunne ta imot betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar). Fasen blir hovudsakleg nytta til planleggings- og kartleggingsarbeid og kompetanse- og institusjonsbygging: Støtte til utforming av nasjonale strategiar, kartlegging av kapasitetsbehov, kompetansebygging, utarbeiding av analysar av drivkrefter for avskoging, kartlegging av skogressursar, etablering av referansebaner for avskoging (baselines), identifisering og utforming av planverktøy for måling/rapportering/verifisering (MRV), identifisering og utprøving av tiltak mot avskoging og gjennomføring av konsultasjonar.

  • REDD+ fase 2 (Testfasen for REDD+). Fasen blir i hovudsak nytta til framhalden kapasitets- og kompetansebygging, gjennomføring av planar og tiltak foreslått i fase 1: Investeringar i nasjonale tiltak mot drivkreftene bak avskoginga, gjennomføring av politiske reformer og i aukande grad betaling for resultat (i betydninga «stedfortredende» indikatorar for utsleppsreduksjonar) gjennom etablerte finansieringsmekanismar.

  • REDD+ fase 3 (REDD+ fullt operativt). Fasen føreset at tilstrekkeleg nasjonal kapasitet er etablert. Det blir betalt for resultat i form av verifiserte utsleppsreduksjonar. Midlar som er utbetalt/opptent for verifiserte resultat kan nyttast til tiltak som fremjar lågutsleppsbasert utvikling i medhald av avtalte prosedyrar.

Satsingsområde 2014

Regjeringas klima- og skogsatsing arbeider langs fire aksar for å nå sine mål: Forhandlingane under FNs klimakonvensjon, partnarskap med enkeltland, partnarskap med multilaterale program og støtte til det sivile samfunn.

For 2014 blir løyvinga med dette utgangspunktet blant anna føreslått brukt innan følgjande satsingsområde:

  • Innsats for å etablere eit mest mogleg effektivt klimaregime under FNs klimakonvensjon, inkludert ein effektiv REDD+-mekanisme.

  • Styrkje innsatsen for å systematisere og synleggjere arbeidet med å fremje utviklingseffekten ved innsatsen.

  • Auka fleirnasjonal innsats, primært i form av auka betalingsvilje for verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog, i perioden før 2020 og før den nye FN-avtala om globalt klimasamarbeid er operativ.

  • Betaling for uavhengig verifiserte resultat i samarbeidsland, under dette Brasil, Etiopia, Guyana, Indonesia og Ecuador – potensielt også Colombia.

  • Vidareføring av støtte til relevante multilaterale program: Spesielt viktig vil støtta til FNs REDD-program (samarbeid mellom FNs miljøprogram/UNEP, FNs mat- og landbruksorganisasjon/FAO og FNs utviklingsprogram/UNDP) og Verdsbankens Readiness-fond (FCPF Readiness) vere med fokus på eit utvida engasjement i land som har komme langt i sin innsats, og arbeidet i Verdsbankens Karbonfond (FCPF CF).

  • Støtte til førebuande innsats og avgrensa investeringsprogram i andre land av relevans for klima- og skogsaka, spesielt Den demokratiske republikken Kongo (via multilaterale kanalar), Tanzania, Vietnam og Mexico. Det blir òg arbeidd med moglege engasjement i Peru og i Myanmar.

  • Vidareføring av innsatsen for å sikra sosiale og miljømessige sikringsmekanismar i internasjonal skogsatsing.

  • Vidareføring av støtta til det sivile samfunnet kanalisert gjennom Norad.

  • Støtte til informasjonstiltak, utgreiingar, analysar og kampanjar som kan medverke til å auke medvitet internasjonalt og nasjonalt om klimautfordringane og avskoging, skogforringing og rolla til REDD+ i handteringa av desse.

  • Vidareføring av finansieringa av den uavhengige følgjeevalueringa som vart initiert av klima- og skogsatsinga for å framskaffe uavhengig dokumentasjon av resultat og erfaringar.

  • Andre REDD-relevante tiltak som er retta mot drivkreftene bak avskoging, og som samtidig fremmar grøn vekst, samt tiltak for å utvikle innovative finansieringsinstrument som kan mobilisere og handsame ei blanding av ulike finansieringskjelder for å hindre avskoging, kan støttast.

Innanfor desse områda vil det bli arbeidd systematisk for å oppnå overordna mål, og for å minimere og handtere risiko knytt til korrupsjon, styresettutfordringar og sosiale- og miljømessige forhold. Kunnskapsoppbygging, erfaringsutveksling og internasjonal oppslutning om REDD+ er òg ein del av arbeidet.

Utanriksdepartementet har som oppfølging av Innst. 470 S (2012-2013) arbeida med korleis ein kan oppnå større grad av samsvar mellom tidspunkta når tilskota til Amazonasfondet vert løyva og utgiftsrekna i statsrekneskapet, og rapportert som bistand til OECD/DAC. Utanriksdepartementet har reforhandla avtalen med Brasilianske utviklingsbanken (BNDES) slik at bidrag til Amazonasfondet kan betalast ut når verifiserte resultat er oppnådd.

Ny avtale mellom Noreg og Den brasilianske utviklingsbanken (BNDES) om støtte til Amazonasfondet blei inngått 17. september 2013.

I vedtak 696 av juni d.å. ga Stortinget fullmakt til at Utanriksdepartementet i inneverande år kan fråvike stortingsvedtak av 8. november 1984 om utbetalinga av tilskot før det er behov for å dekke dei aktuelle utgiftene for utbetaling av tilskot til Brasil sitt Amazonasfond (Fundo Amazônia). 2 785 535 000 kroner avsett på gjeldsbrev blei betalt ut i haust. Detter er penger sett av på grunnlag av resultata Brasil har oppnådd i redusert avskoging i skogåra 2008-2009, 2009-2010 og 2010-2011. I tillegg er det planlagt å gjennomføre ei utbetaling på opp til ein mrd. kroner i 2013. Storleiken på denne utbetaling vil avhenge av kva resultat Brasil oppnår på redusert avskoging for skogåret 2012, samt vurderingar i samsvar med tidlegare berekningar av støtte. Tilskota som vert betalt ut skal brukast på gode utviklingsprosjekt administrert av Amazonasfondet. Midla vil bli betalt ut direkte til BNDES i samsvar med stortingsvedtak 696.

Med desse utbetalingane vil ein nærme seg ei innfriing av tilsegna på opp til USD 1 mrd. til fondet, annonsert av statsminister Stoltenberg i 2008.

Utanriksdepartementet og Miljøverndepartementet har teke initiativ til å styrkje rapporteringa om klima- og skogsatsinga. Stortinget vil bli orientert gjennom dei årlege budsjettproposisjonane.

Prosjektorganisasjonen i Miljøverndepartementet vil levere ein årleg rapport som summerer opp og vurderer framdrifta i initiativet. Dette gjeld bidrag både til resultat i arbeidet med dei tre prosjektspesifikke, og dei overordna klimapolitiske og utviklingspolitiske måla. Norad og ambassadar der vi har særskilte skogsatsingar vil medverke med innspel til den årlege rapporten. I denne samanhengen er det utarbeidd eigen instruks til særskilt aktuelle ambassadar, som bl.a. omfattar krav til rapportering på både klima- og utviklingseffekten ved initiativa i dei aktuelle landa og regionane.

Regjeringa legg opp til å vidareføre klima- og skogsatsinga fram til 2020 på minst dagens løyvingsnivå basert på føringane i klimameldinga. Det vil bli gjennomført evalueringar og ei påfølgande politisk prosess fram mot meir detaljerte vedtak om omfang og innretting i 2014.

Rapport 2012

Nedanfor følgjer rapportering på klima- og utviklingseffekten av klima- og skogsatsinga sin innsats i forhold til mål for 2012:

Mål 1: Medverke til at utslepp frå avskoging og skogforringing i utviklingsland (REDD+) blir omfatta av ei ny internasjonal klimaavtale.

I 2012 vart det oppnådd ein viss framgang når det gjeld utvikling av metodar for etablering av referansenivå og finansieringskjelder for REDD+, som er sentrale område for Noreg. Resultat av arbeidet i Verdsbankens karbonfond (FCPF CF) har spela ei viktig rolle i etablering av prosessar, prosedyrar og standardar for REDD+ i klimaforhandlingane under FNs Klimakonvensjon (UNFCCC). Gjennom norsk støtte til FCPF CF har Noreg medverka til fondet sitt arbeid med å utvikle regelverk for transaksjonar av utsleppsreduksjonar frå skogsektoren. I 2012 vart 900 mill. kroner utbetalt til FCPF CF.

Mål 2: Medverke til kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar frå avskoging og skogforringing i utviklingsland.

Noreg har i 2012, gjennom aktiv deltaking i program under FN, Verdsbanken og regionale utviklingsbankar, medverka til å etablere ein robust internasjonal arkitektur for å yte støtte til skogland si planlegging og gjennomføring av REDD+. Viktige resultat er oppnådde i sentrale land og det har vore framdrift i politiske prosessar.

I Etiopia er REDD+ valt som eit sentralt verkemiddel i landet sin plan for klimarobust grøn vekst, og Noreg har valt å støtte dette arbeidet som del av eit større norsk bidrag til grøn økonomisk vekst i landet. Gjennom 2012 har det vore tett dialog mellom norske og etiopiske styresmakter om innretninga av den norske støtta for å sikre at sosiale sikringsmekanismar blir tekne vare på i REDD+ og at det er samsvar med nasjonal klimapolitikk og planverk. Støtta omfattar òg å fremje klimasmart landbruk og fornybar energi. Innsatsen er nært knytt til, og byggjer på, fleire års arbeid med etablering av system for deltakande lokal skogforvaltning. Noreg har samtidig støtta arbeidet med å utvikle eit vegkart for overvaking, rapportering og verifisering av avskoging og skogdegradering, og har delteke aktivt i arbeidet med etableringa av eit nasjonalt klimafond.

FNs REDD-program er ein sentral aktør i å bistå land med å etablere nasjonale strategiar og tiltak for REDD+. I 2012 medverka Noreg med 197 mill. kroner til programmet sine globale og nasjonale program. Med støtte frå FNs REDD-program har Vietnam testa ut retningslinjer for å utøve prinsipp for fritt og informert førehandssamtykke for urfolk og andre skogavhengige samfunn. Arbeidet involverte lokale tilretteleggjarar i meir enn 80 landsbyar som dreiv opplæring og informasjonsarbeid retta mot skogavhengige lokalsamfunn. Dette har medverka til auka openheit og styrkte demokratiske prosessar på lokalt nivå, i tillegg til å ha gitt verdifulle erfaringar til andre delar av regionen.

Med støtte frå FNs REDD-program har Den demokratiske republikken Kongo (DR Kongo) utvikla eit overvakingsverktøy for å betre forvaltninga av tropiske skogar. DR Kongos nasjonale skogovervakingssystem ( National Forest Monitoring System/NFMS ) er ein testversjon som tilfredsstiller dei nødvendige krav for REDD+-måling og rapportering, og som vil setje regjeringa i stand til å fatte kunnskapsbaserte avgjerder knytte til overvaking, forvaltning og vern av skog og naturmangfald. Verktøyet gir meir presis rapportering av klimagassutslepp frå skog og set dermed landet i stand til å ta imot betaling for utsleppsreduksjonar frå skog. Med dette verktøyet, som òg kan nyttast i andre land, kan DR Kongo sjåast på som føregangsland når det gjeld skogovervaking i regionen.

Gjennom norsk bilateral og multilateral støtte til kompetansebygging til målingar og rapportering på utslepp frå skogsektoren i utvalte land, og forsking og metodeutvikling gjennom sivilt samfunn, medverka Noreg til å styrkje forvaltningskapasiteten i skogsektoren og internasjonal forsking på området.

Mål 3: Medverke til å bevare naturskog i utviklingsland for å sikre denne skogen si evne til å lagre karbon.

I alle landpartnarskap og multilaterale program er bevaring av naturskog ein sentral komponent. I dei resultatbaserte partnarskapa med Brasil og Guyana blir norske bidrag berekna på bakgrunn av brutto avskoging, noko som betyr at all avskoging, inkludert den som eventuelt blir kompensert gjennom skogplanting, medfører ein reduksjon i utbetalingane. I Indonesia er det, som eit sentralt element i samarbeidet med Noreg, etablert eit moratorium på å utferde nye konsesjonar til konvertering av primærskogar og torvmyrer. Noreg er òg pådrivar for å etablere miljømessige sikringsmekanismar for REDD+-mekanismen i klimakonvensjonen, under dette krav om at REDD+ ikkje skal medverke til konvertering av naturskog til plantasjar. Det har òg vore fokusert på mekanismar for å sikre urfolk og lokalsamfunn sine rettar i dei ulike tiltaka. Eitt av fleire døme er urfolkrepresentantar si deltaking i arbeidet med den nasjonale REDD-strategien i Tanzania. Dette er av stor betydning for å sikre sosial utvikling og rettferd, og for å medverke til ei berekraftig forvaltning av skogressursane og reduserte utslepp over tid.

Brasil

I 2012 reduserte Brasil avskoginga i Amazonas-regionen med 77 % samanlikna med årleg gjennomsnittleg avskoging i perioden 1996-2005 i fylgje det brasilianske romforskingsinstituttet (INPE). Anslag utført av Union of Concerned Scientists tilseier at dette tilsvarer ein reduksjon på ca. 1 mrd. tonn karbondioksid, i størrelsesorden samla årlege klimagassutslepp i Tyskland. Den betydelege reduksjonen i avskoging som Brasil har oppnådd er av stor betydning for arbeidet med å redusere effektane av dei globale klimaendringane, og den har ein positiv utviklingseffekt for dei 25 millionar menneske som bur i Amazonas-regionen, spesielt for urfolk og lokalsamfunn i og nær skogområde. Bolsa Floresta-ordninga med betaling for økosystemtenester til familiar og småsamfunn som lever i området er eit eksempel på eit vellykka program utvikla innan ramma av nemnde fond.

Prosjekt som er finansierte gjennom Amazonasfondet blir godkjende som ein del av Brasils planar for å redusere avskoginga og fremje berekraftig utvikling i Amazonas-regionen. Sentralt for desse planane er eigedomsregulering, overvaking og handheving av miljøregelverk og utvikling av berekraftige produksjonsaktivitetar.

Forpliktingsgrada og utbetalingstakten i Amazonas-fondet er stigande.

Indonesia

Noreg har i 2012 ført vidare støtte til Indonesias REDD+ Task Force. Viktige framsteg vart gjort blant anna på oppfølginga av det toårige moratoriet på utdeling av nye konsesjonar i primærskog og torvmyrer og utviklinga av eit felles kart, betre arealplanlegging, gjennomgang av lovverk, juridisk gjennomgang av utferda konsesjonar og anerkjenning av urfolks- og lokalsamfunns rettar og deltaking. Urfolksgrupper kartla store landområde dei meiner dei har krav på og leverte inn dokumentasjon for å inkludere desse i det nye kartmaterialet. Gjennom støtta medverkar Noreg til reformer i skog- og arealforvaltninga som igjen kan medverke til å hindre brot på menneskerettar, løyse landkonfliktar og styrkje rettsstaten og demokratiet.

I 2012 var avgjerder på presidentnivå, som er sentrale for Indonesias oppfølging av første fase i intensjonsavtala med Noreg, ytterlegare forseinka. Verken REDD+ Agency, ein uavhengig institusjon for måling, rapportering og verifikasjon av utslepp, eller det nye fondet for REDD+ i Indonesia kom på plass.Seinkinga gir grunn til bekymring, først og fremst fordi innsatsen for å redusere klimagassutsleppa i landet blir forseinka. Ein annan konsekvens er at norske utbetalingar til Indonesia har vore svært avgrensa, då størstedelen av den norske tilsegna om finansiering er knytt til etterskotsvise utbetalingar for oppnådde utsleppsreduksjonar. Samtidig vart det gjort mykje godt arbeid, jamfør det som står over, som etter føresetnaden ikkje skulle setjast i gang før i andre fase.

Kongobassenget

Noreg har gjennom støtte til utarbeidinga av DR Kongos nasjonale REDD+-rammestrategi for 2012 medverka til å styrkje mottakarorienteringa og nasjonalt eigarskap, som er viktige prinsipp i norsk utviklingspolitikk. DR Kongos nasjonale plan skisserer innsats innanfor sju område som underbyggjer berekraftig naturressursforvaltning og økonomisk utvikling innanfor ramma av REDD+, og sikrar overgangen til investeringsfasen (fase 2) i DR Kongos klima- og skogarbeid. Norsk støtte er kanalisert via multilaterale kanalar – primært UNDP og Verdsbanken.

Norsk støtte til Kongobassengets skogpartnarskap (CBPF) og Kongobassengfondet (CBFF) har òg medverka til auka fokus på REDD+ i regionale afrikanske fora. Stortinget vart i Prop. 1 S (2012–2013) orientert om behovet for betydelege betringar i Kongobassengets administrasjon og resultatfokus. Noreg følgjer arbeidet med å styrkje forvaltninga av CBFF tett, i nær dialog og samforståing med Storbritannia. Det er ikkje aktuelt med ytterlegare bidrag til fondet før nødvendige betringar er gjennomført.

Tanzania

Det vart i 2012 utbetalt 69,1 mill. kroner over budsjettposten for klima og skogtiltak (kap. post 166.73) frå ambassaden i Dar es Salaam.

I 2012 ferdigstilte landet sin nasjonale strategi og handlingsplan for REDD etter ein omfattande høyringsprosess, der både politikarar på nasjonalt nivå og lokale, frivillige organisasjonar deltok. Det vart gjennom norskstøtta pilotprosjekt og forskingssamarbeid etablert betydeleg kunnskap og erfaring som vil vere viktig for landet si deltaking i ei internasjonal finansieringsordning for REDD+. Det er brei erkjenning i den nasjonale, tverrdepartementale gruppa for REDD av at drivkreftene bak avskoginga, så som landbruk og energi, må adresserast for at skogane skal sikrast reelt vern. Betydninga av lokal deltaking, godt styresett og rettvise ordningar for fordeling av inntekter frå skogen er òg godt reflektert i nasjonal politikk. Tanzania har i 2012 fått støtte gjennom FNs REDD-program, og deira prosjekt er no godt integrerte og koordinerte i forhold til landet sine andre REDD-aktivitetar.

Det vart i 2012 avslørt mishald av kontrakten med ambassaden i to REDD-prosjekt, og utbetalingane til desse vart straks stoppa. Vurdering av vidare oppfølging vil bli gjort i 2013 når nye revisjonsrapportar m.m. er mottekne. Sakene frå 2011 om mishald i to prosjekt, vart avslutta i 2012 etter at misbrukte midlar vart tilbakebetalte i tråd med gjeldande praksis.

FNs REDD-program

FNs REDD-program skal bistå utviklingslanda innanfor følgjande prioriterte område: måling, rapportering og verifisering av klimagassutslepp frå avskoging og skogforringing (MRV), urfolk og lokalsamfunn sine rettar, biologisk mangfald, grøn økonomi, godt styresett og antikorrupsjon. I 2012 bidrog norsk støtte til openheit og lokal medbestemming i skogområde gjennom FNs REDD-programs lansering av retningslinjer for utøving og prinsipp for fritt, informert førehandssamtykke (FPIC) for urfolk og andre skogavhengige samfunn. FPIC er ei juridisk norm som pålegg statane forpliktingar og slår fast at urfolk har rett til effektiv deltaking, blant anna når skoglanda gjennomfører REDD +-aktivitetar. FNs REDD-program spelte òg ei sentral rolle i arbeidet knytt til nasjonal koordinering, teknisk bistand og i arbeidet med å hjelpe DR Kongo med å kartleggje og analysere drivkreftene bak avskoginga i landet.

Forbrukstakten i FNs REDD-program er god og regelmessig.

Sivilt samfunns aktivitetar

Noreg har gjennom si støtte til klima- og skogsatsinga si ordning til sivilt samfunn medverka til å styrkje sivilsamfunnsdeltakinga i nasjonale REDD-prosessar og finansiert tiltak på eit tidleg stadium. Dette går fram av følgjeevalueringa av støtta gjennom Norad til sivile samfunnsorganisasjonar for perioden 2008–2012.

I 2012 vart støtta til sivilt samfunn ført vidare med om lag 200 mill. kroner. I tillegg til å medverke til å styrkje sivilsamfunnet si deltaking i nasjonale REDD-prosessar, vart innretninga for støtta justert noko for perioden 2013–2015 ved at den òg medverkar til å styrkje kunnskapen om korleis ein kan redusere avskoginga på ein måte som sikrar urfolks og lokalbefolkninga sine rettar, mat- og energitryggleik, biologisk mangfald og grøn utvikling. Prosjekta er kategoriserte på følgjande måte: a) berekraftig arealplanlegging; b) berekraftig produksjon og handel med eksportvarer som palmeolje, kvegkjøtt, papir, tømmer, sukker og soya; c) ivaretaking av sentrale aspekt ved REDD+ som vern av urfolk sine rettar og landrettar, fremjing av likestilling, godt styresett og antikorrupsjon, sikre lokalbefolkninga si deltaking i arbeidet med måling og overvaking av skogen og bevaring av biologisk mangfald; og d) måtar å oppnå finansiering av REDD+ på i perioden fram til 2020, og korleis redusert avskoging er del av eit land si grøne, økonomiske utvikling.

For å sikre at norske og internasjonale miljø som arbeider med å redusere utslepp frå avskoging i utviklingsland tileignar seg denne forståinga, sette Norad i 2012 i gang eit arbeid for å styrkje kunnskapsforvaltninga av porteføljen.

Budsjett 2014

For 2014 er det foreslått løyvd 2 912,5 mill. kroner.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2013

11.1. Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga si med 10 prosentpoeng til 9 pst. under 1990-nivå.

Indikator:

  • Nasjonal utsleppsutvikling og bruk av fleksible mekanismar.

Figur 22.3 Noregs utslepp av klimagassar frå 1990 til 2012

Figur 22.3 Noregs utslepp av klimagassar frå 1990 til 2012

Stipla linje viser Noregs Kyoto-forpliktingar (2008–2012).

* Førebelse tal for 2012, differansen mellom forplikting og utslepp blir dekt av norske bedrifter sine kvotekjøp.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB) og Miljødirektoratet

Utsleppsutviklinga og norske bedrifter sine kjøp av kvotar gjennom EUs kvotehandelssystem gjer at Noreg oppfyller sin utsleppsforplikting under Kyotoprotokollen for perioden 2008–2012 uten behov for statleg kvotekjøp. På frivillig basis har Noreg i tillegg overoppfylt denne utsleppsforpliktinga med 10 pst. gjennom det statlege kjøpsprogrammet for kvotar. Det endelege oppgjeret skjer først i 2015, når utsleppsrekneskapen for heile første forpliktingsperioden er ferdig revidert internasjonalt.

Noreg underskreiv i 1998 Kyotoprotokollen som vart forhandla fram under FNs klimakonvensjon (UNFCCC). Der forplikta Noreg seg til at utsleppa i perioden 2008–2012 som eit gjennomsnitt ikkje skal overstige ein prosent meir enn 1990-nivå. Noreg har fått tildelt ei kvotemengd under Kyotoprotokollen på 250,5 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar (i gjennomsnitt 50,1 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar årleg) i Kyoto-perioden (2008–2012). Som eit supplement til innanlandske utsleppsreduksjonar er det i Kyotoprotokollen opna for at landa kan nytte dei såkalla Kyoto-mekanismane (ulike typar kvotehandel) til å oppfylle forpliktingane. Noreg vil finansiere utsleppsreduserande tiltak i andre land, i hovudsak i utviklingsland, som ein del av gjennomføringa av våre forpliktingar etter Kyoto-avtala.

Kyoto-mekanismane består av handel med utsleppskvotar, prosjektsamarbeid mellom industriland som har ratifisert protokollen (JI), og prosjektsamarbeid med utviklingsland (CDM). Regjeringa har i gjennomføringa lagt opp til ei brei tilnærming for å innfri Noregs utsleppsforplikting under Kyotoprotokollen. Regjeringas politikk er at utsleppsforpliktinga skal oppfyllast gjennom ein kombinasjon av nasjonale tiltak og bruk av Kyoto-mekanismane slik protokollen legg opp til, der ein betydeleg del av utsleppsreduksjonane skjer gjennom nasjonale tiltak, jf. St.meld. nr. 34 (2006–2007) Norsk klimapolitikk og Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk . Det er etablert eit statleg kjøpsprogram for kjøp av kvotar under Kyoto-mekanismane i Finansdepartementet, jf. Prop. 1 S. (2011–2012). Stortinget har i tillegg vedteke at Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga under Kyotoprotokollen med ti prosentpoeng, eit mål som skal oppfyllast gjennom bruk av dei fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen.

Utsleppa av klimagassar var i 2012 på 52,9 mill. tonn CO 2 -ekvivalenter. Vel 80 pst. av utsleppa i 2012 skuldast dei tre hovudkjeldene petroleumsverksemd, industri og transport (sjå figur 22.3). Petroleumsverksemda stod for 26 pst. av utsleppa, mens industri og transport stod for høvesvis 22 og 33 pst. Av transportutsleppa dominerer vegtrafikken med vel ti mill. tonn CO 2 -ekvivalentar eller 19 pst. av alle norske utslepp. Andre utsleppskjelder som er oppvarming av bygningar, energiforsyning, avfallsdeponi og jordbruk stod for 19 pst. av utsleppa av klimagassar i 2012.

Sida 1990 har samla norske utslepp auka med 5,1 pst., og det er vekst i utslepp knytte til vegtrafikk og petroleumsverksemda som har ført til denne auken. Drivkreftene bak dette har vore at i denne perioden har auka befolkning og velstand ført til større transportomfang, særleg for godstransport, mens petroleumsproduksjonen har auka betydeleg sidan 1990 og meir modne felt i slutten av perioden gir større utslepp pr. produsert eining.

I fastlandsøkonomien har utsleppa falle med 7,9 pst. frå 1990 og til i dag, mens utsleppa utanom fastlandsøkonomien har hatt ein betydelig auke.

Figur 22.4 Klimagassar etter kjelde

Figur 22.4 Klimagassar etter kjelde

* Førebelse tal frå 2012.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Miljødirektoratet

11.2. Noreg skal fram til 2020 ta på seg ei forplikting om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990.

Indikatorar:

  • Nasjonal utsleppsutvikling.

  • Nasjonal utsleppsstatistikk – fordelt på sektorinndelinga frå Klimameldinga.

I klimameldinga (Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk ) vert foreslått ei lang rekkje nye klimatiltak som skal sikre at måla vert nådd.

Figur 22.5 Utslepp av klimagassar frå 1990 til 2012* med framskriving til 2030

Figur 22.5 Utslepp av klimagassar frå 1990 til 2012* med framskriving til 2030

* Førebelse tal for 2012

Kjelde: Perspektivmeldinga 2013/Miljødirektoratet, Statistisk sentralbyrå og Finansdepartementet

Noreg tok under partsmøtet i Doha i desember 2012 på seg ei ny utsleppsforplikting under Kyotoprotokollen for perioden 2013–2020. Det må foreligge samtykke frå Stortinget før dei vedtatte utsleppsforpliktingane kan tre i kraft, jf. Prop 173 S (2012–2013) Samtykke til godkjennelse av endringer av 8. desember 2012 i Kyotoprotokollen av 11. desember 1997 , som vart lagt fram for Stortinget 31. mai 2013. Det var politisk semje på FNs klimakonferanse i Doha om at landa skulle starte gjennomføringa av andre forpliktingsperiode frå 1. januar 2013.

Regjeringa legg kvart år fram eit klimagassbudsjett som har som mål å gi ei oversikt over klimagassutsleppa som følgjer av Regjeringas største satsingar i statsbudsjettet. Effekten av satsingane skal vurderast anten dei gir auka utslepp som for eksempel ved enkelte vegprosjekt, eller dei gir reduserte utslepp som for eksempel satsinga på karbonfangst og -lagring. I klimagassbudsjettet bør òg tiltak som skatte- og avgiftsendringar og satsingar innan forsking og utvikling omtalast.

I tillegg er omtalt nokre saker som har verknad på klimautsleppa sjølv om desse ikkje er satsingar i budsjettet, slik som nye olje- og gassfelt som blir sette i drift.

Klimagassbudsjettet skal ha tal både for budsjettåret, for 2020 og for 2030, men det skal leggjast mest vekt på 2020. På den måten vil det bli tydeleg i kor stor grad satsingane bidreg til at Noreg når klimamåla.

Regjeringa har òg innført ei klimavurdering av alle større satsingar i budsjettprosessen der det er relevant. Dette inneber at ansvarleg departement for ulike satsingsforslag leverer til Miljøverndepartementet før budsjettkonferansane ei vurdering av effektar på klimagassutslepp der det er relevant. Dette arbeidet vil kunne gi vesentleg tilleggsinformasjon om klimaeffektane av satsingane og vil derfor styrkje budsjettmaterialet på dette punktet og gi grunnlag for betre avgjerder.

Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av nokre sentrale endringar dei seinaste åra. For meir utfyllande informasjon viser ein til det enkelte departement sin budsjettproposisjon.

Meld. St. 21 (2011–2012) (Klimameldinga) la vekt på auka satsing på miljøvenleg transport. Satsinga vart på fleire område konkretisert i Nasjonal transportplan (Meld. St. (2012–2013) som vart lagt fram våren 2013.

Gjennom Stortingets behandling av Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk , har Enova fått eit utvida mandat, jf. Innst. 390 S (2011–2012). Blant anna skal Enova forvalte den nye satsinga til Regjeringa på klimateknologi. Klimateknologisatsinga skal ha som mål å redusere klimagassutslepp og gi varige energiinnsparingar i industrien gjennom å utvikle og ta i bruk teknologiar som kan medverke til dette. Det er lagt til grunn at satsinga blir retta inn mot utvikling av ny teknologi og støtte til teknologiar nær marknadsintroduksjon. Blant anna skal Enova kunne gi støtte til investeringar i fullskala produksjonslinjer.

Petroleumsverksemda stod for om lag 26 pst. av dei totale utsleppa av klimagassar i Noreg i 2012. I 2012–2013 har Olje- og energidepartementet godkjent fleire utbyggingsplanar. Ved utarbeiding av planane skal oljeselskapa finne utbyggingsløysingar som gir lite utslepp av CO 2 samtidig som omsynet til kostnadseffektivitet må takast vare på.

11.3. Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der også andre industriland tek på seg store forpliktingar, skal Noreg ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar tilsvarande norske utslepp i 2030.

Målet vårt er at Noreg mot midten av dette hundreåret skal bli eit lågutsleppsamfunn.

År 2020 er «berre» ein mellomstasjon fram mot det langsiktige målet om å stabilisere temperaturauken til mindre enn 2°C i forhold til før industriell tid. Dette krev ifølgje FNs klimapanel utsleppsreduksjonar frå 50-85 pst. innan 2050 i forhold til 2000-nivå. Ein rekkje av tiltaka i klimameldinga vil også verke utover 2020. Dette gjeld klima- og teknologifondet, det gjeld mange av transporttiltaka, det gjeld målet om å få til meir kraft frå land på sokkelen og det gjeld tiltaka knytte til byggjeforskrifter (passivhus i 2015 og nær nullenergihus i 2020).

11.4 Redusert avskoging og degradering av skog i utviklingsland skal gi lågare utslepp av klimagassar, og medverke til berekraftig utvikling og fattigdomsreduksjon.

For rapportering på målet sjå tekst under overskrifta Noregs Klima- og skogsatsing .

11.5. At samfunnet er mindre sårbart for klimaendringar og at Noregs tilpassingsevne er styrkt.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har sidan 2007 hatt eit tidsavgrensa ansvar for å koordinere statlege styresmakter sin innsats på dette området. Ansvarsfordelinga endres jf. beskrivelse under overskriften Klimatilpassing tidligare i dette kapittelet. Sekretariatet i DSB har arbeidd spesielt med å leggje til rette for at kommunar og andre kan møte dei langsiktige utfordringane som følgjer med klimaendringane. Dette har blant anna skjedd gjennom informasjonsarbeid, kurs og utviklinga av ein nasjonal nettportal som er tilgjengeleg på Regjeringas nettsider. Her kan aktuelle styresmakter, bedrifter og andre som måtte vere interesserte finne relevant kunnskap om klimatilpassing, erfaringar frå praktisk tilpassingsarbeid og peikarar vidare til sentrale aktørar som kan gi råd og rettleiing innanfor ulike fagfelt. Sekretariatet i DSB har òg hatt koordinatoransvaret for klimatilpassing i det nasjonale prosjektet «Framtidas Byer» som omfattar dei 13 største byane i Noreg. Med utgangspunkt i finansieringsordningane under EØS-avtala har sekretariatet òg etablert samarbeid om klimatilpassing med Portugal, Latvia, Ungarn og Slovakia

11.6. Betydninga av robuste økosystem og naturmangfald som karbonlager skal vere styrkt i arbeidet med tilpassing og arbeid mot klimaendringar innan 2020, inkludert restaurering av minst 15 pst. av degraderte økosystem.

Det er aukande forståing globalt for robuste økosystem og naturmangfaldet si sentrale rolle i å motverke klimaendringar (gjennom opptak av karbon frå atmosfæren) og dempe verknadene (til dømes gjennom å redusere avrenning og dempe flaum). Ivaretaking av intakte økosystem med store populasjonar og store leveområde er naudsynt for å sikre robuste økosystem. Under både biologisk mangfaldkonvensjonen og klimakonvensjonen blir det no fokusert på økosystembasert tilpassing til klimaendringar. At norske økosystem er i stand til å avgrense negative verknader ved klimaendringar viser ein ny rapport frå Norsk institutt for naturforsking som trekkjer fram at både skogar og våtmark har, i tillegg til å lagre klimagassar, evne til å avgrense flaum og erosjon.

Det har blitt utarbeidd fleire utgreiingar og rapportar knytte til betydinga av norske økosystem i ein klimasamanheng, både økosystema si rolle som karbonlager og klimatilpassing og deira sårbarheit. Desse utgreiingane vil bli brukte som grunnlag for klimaarbeidet i Noreg. Både dei terrestriske og dei marine overvakingsprogramma er evaluerte med omsyn til klimaendringar og det er identifisert behov for justeringar, men det er kostnadskrevjande å få etablert nødvendige endringar. Det må arbeidast vidare med å identifisere og prioritere kva slags økosystem som kan restaurerast. Dette vil blant anna bli vurdert i arbeidet med nasjonal handlingsplan om naturmangfold som skal ferdigstillast i 2014.

11.7. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal leggje til rette for ein samordna areal- og transportpolitikk som medverkar til låge klimautslepp, og medverkar til å redusere samfunnet si sårbarheit for klimaendringar.

I alt 13 fylke hadde i 2012 regionale areal- og transportplanar. Dei største byregionane utarbeider slike planar og strategiar som innspel til Nasjonal transportplan. Regionale arealplanar saman med eigne konseptvalutgreiingar er òg grunnlaget for utbygging av større samferdselstiltak.

Det er venta framhelden høg befolkningsvekst og stort bustadbehov i byområda i åra framover. Dette gir auka press på areal og transportsystem og utfordringar for miljø, helse og livskvalitet. Regionalt plansamarbeid er viktig for å møte desse utfordringane. Miljøverndepartementet ønskjer å medverke til meir heilskaplege, forpliktande og langsiktige plangrep. I tillegg til å følgje plansamarbeidet som er etablert mellom Oslo og Akershus fylkeskommunar støttar Miljøverndepartementet pågåande plansamarbeid for bustad-, areal- og transport i dei tre storbyregionane Bergensregionen, Trondheimsregionen og Stavangerregionen.

Statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging i kommunane vart fastsett i 2009, og nær alle kommunar har no ein klima- og energiplan. Ifølgje oversikta til Enova og KS hadde 410 kommunar vedteke ein klima- og energiplan pr. august 2012, mens 18 var i gang med planarbeidet. Over 99 pst. av kommunane har dermed, eller er i ferd med, å få på plass ein klima- og energiplan.

Planlegging er eit viktig verkemiddel for å redusere samfunnet si sårbarheit for klimaendringar. Plan- og bygningslova vektlegg omsynet til samfunntryggleik og stiller krav om risiko- og sårbarheitsanalysar ved utarbeiding av planar for utbygging.

Sjå òg omtalen av Planlegging for ei berekraftig utvikling under verkemiddelområdet Regelverk og samfunnsplanlegging.