Miljøverndepartementet (MD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Miljøverndepartementet har gjennom lang tid delt opp miljøpolitikken i resultatområde. På kvart resultatområde er det presentert tilhøyrande nasjonale mål. Utgangspunktet er at dei nasjonale måla skal spegle kva Noreg vil oppnå på viktige miljøområde. Måla på resultatområda er hovudsakleg retta mot den tilstanden eller det resultatet som skal oppnåast. I løpet av det siste året har Miljøverndepartementet redusert talet nasjonale mål betrakteleg. Måla er i tillegg omformulerte slik at dei er meir einsarta, kortare, meir presise og enklare å forstå. Ambisjonsnivået i miljøpolitikken blir ikkje påverka av endringa i måla.

Miljøverndepartementet arbeider òg med bruk og utvikling av verkemiddel i miljøpolitikken, og deler verkemidla inn i eigne verkemiddelområde som har eigne mål. Verkemidla er grunnleggjande føresetnader for å oppnå resultat i miljøpolitikken. For å nå miljømåla på alle dei miljøpolitiske resultatområda er ein heilt avhengig av dei verkemidla miljøforvaltninga og andre sektorar har til disposisjon og tek i bruk. Samfunnsplanlegging etter plan- og bygningslova er eitt eksempel på eit viktig overgripande system som er eit verkemiddel og reiskap for å nå dei miljøpolitiske måla.

Dei nasjonale måla og indikatorane, både for kvart enkelt resultatområde og for kvar enkelt verkemiddelområde, er presenterte i starten på kvart område og vil bli rapporterte på i neste års budsjettproposisjon. Kvart resultatområde og verkemiddel gir ei samla framstilling av tilstand, påverknader, og politikk for å nå dei nasjonale måla. Vidare er det gitt ein statusrapport på dei einskilde nasjonale måla frå 2013 med fokus på dei viktigaste indikatorane. Oppdatert status på indikatorane er til ei kvar tid presentert på miljøstatus.no, og er rapporterte på via KOSTRA.

Figur 8.1 Miljøpolitiske resultatområde

Figur 8.1 Miljøpolitiske resultatområde

I figuren under kan ein sjå korleis budsjettet for 2014 fordeler seg på dei ulike områda. Frå og med neste år vil en kunne sjå utviklinga i ressursbruk på dei ulike områda.

Figur 8.2 Budsjett fordelt på resultat- og verkemiddelområde

Figur 8.2 Budsjett fordelt på resultat- og verkemiddelområde