Miljøverndepartementet (MD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Miljøvernpolitikken og all forvaltning av natur og miljø skal vere kunnskapsbasert. Jo meir kunnskap vi har, desto meir presis, effektiv og målretta forvaltning får vi. Kunnskapen blir bygd opp gjennom forsking, kartlegging, overvaking, miljøstatistikk og ulike former for rapportering. Grunnleggjande geografisk informasjon som miljødata, plandata, eigedomsdata og andre geodata er òg ein føresetnad for god miljøpolitikk. Dette blir omtalt under overskrifta Staddata. Kunnskapsoppbygging på miljøområdet er heilt avhengig av fagleg samarbeid på tvers av faggrenser og sektorar. Sektoransvaret står sentralt i miljøarbeidet, og miljøomsyn skal takast hand om innanfor rammene av styresmaktene sitt sektoransvar, inkludert forsking og overvaking.

Nasjonale mål

Nedanfor blir dei nasjonale måla og indikatorane presenterte. Til slutt i dette kapitlet blir det rapportert på måla frå budsjettproposisjon i fjor.

Nasjonalt mål 1 for kunnskap og staddata. Landet skal dekkjast av geografisk informasjon av høg kvalitet som skal brukast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Indikatorar:

  • Tal på kommunar med nytt nasjonalt høgdegrunnlag (NN2000).

  • Oppdateringsgrad og kvalitet.

  • Dekningsgrad og kvalitet.

  • Datasett som det er etablert tenester til etter krava i geodatalova.

  • Eigedomar med vegadresser (del i prosent av totalen)

Nasjonalt mål 2 for kunnskap og staddata. Tinglysing i fast eigedom og del i burettslag skal gjerast forsvarleg, effektivt og med kvalitet.

Indikatorar:

  • Saksbehandlingstid

  • Svartid på kundesenteret

  • Kvalitet

Utviklinga av miljøpolitikken krev eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag.

Kunnskap om miljø, planlegging og naturmangfald er i aukande grad ein viktig føresetnad for avgjerder som blir fatta på mange samfunnsområde.

Miljøovervakinga tek i utgangspunktet for seg kjende problemstillingar og må vere langsiktig, stabil og føreseieleg. Miljøforskinga medverkar til å avdekkje og avklare nye problemstillingar, men er samstundes eit viktig supplement og korrektiv til miljøovervakinga. Kartlegging gir oss kunnskap om førekomstar og utbreiing av arter og naturtypar, og kunnskap om kor mange og kva slag arter vi har og kva livsmiljø dei er knytte til. Det er ofte naudsynt med lange overvakingstidsseriar for å forstå endringane i naturen. Rapporteringa skjer til databasar som dekkjer spesielle fagområde, f. eks. Naturbase (naturtypar, arter, statleg sikra friluftslivsområde, naturvernområde), Artskart (i regi av Artsdatabanken), Forureining, Askeladden (kulturminne) m. fl. Rapporteringsdata kjem frå både offentlege og private kjelder og kan vere lovpålagte eller frivillige. Spesielt kan nemnast KOSTRA (KOmmune STat RApportering), som skal omfatte all rapportering frå kommunane til staten (også på andre område enn miljø), med unntak av den rapporteringa til sentrale databasar som allereie er pålagt. Miljøforvaltninga samarbeider med Statistisk sentralbyrå om utvikling og produksjon av areal- og miljøstatistikk, som i hovudsak er basert på data som er henta inn gjennom overvaking og rapportering. Miljødata er stort sett stadfesta (koordinatbestemte), og det er lagt stor vekt på å utvikle digitale kart og system for å handtere geografisk informasjon. Noreg digitalt har vist seg å ha stor betydning for utveksling av stadfesta informasjon på tvers av institusjonar og forvaltningsområde. Miljøstatus i Noreg, miljøstatus.no gir oppdatert informasjonen om tilstand og utvikling for miljøet, og presenterer miljøkunnskap i ein samanheng. Eit vesentleg mål er å skape forståing for samanhengane mellom miljøtilstand, kva som påverkar den, konsekvensar og tiltak. Miljøstatus i Noreg inneheld miljødata for fleire viktige miljøtema. Nettstaden har i tillegg ei eiga kartløysing. Løysinga, som er Noregs mest omfattande samling av oppdatert offentleg miljøinformasjon på kart, vart i 2012 tilpassa for bruk med nettbrett og smarttelefonar.

Boks 9.1 Miljøovervaking gir grunnlag for å oppdage nye problem og grunnlag for tiltak

I 2002 synte data frå miljøovervaking auka verdiar av miljøfarlege flammehemmarar nord i Mjøsa. På dette tidspunktet var allereie nokre av desse stoffa oppførte på Noregs liste over stoff som skal avgrensast eller fasast ut.

Fordi vi hadde prøver av lagesild som var lagra i ein forløpar til Miljøprøvebanken kunne vi òg fastslå når dei skadelege utsleppa starta. Med bakgrunn i denne informasjonen kunne tiltak setjast i verk og vidare overvaking viste at vi allereie i 2010 hadde komme ned på det nivået som var før utsleppa starta.

Eksemplet viser kor viktig regelmessig miljøovervaking er og illustrerer i tillegg betydninga av lange tidsseriar for miljødata. Dette viser òg kor viktig det er med ein nasjonal miljøprøvebank der lagra prøver raskt bidreg til å fastslå bakgrunnsnivå og historiske trendar.

Noreg var tidleg ute med å fokusere på bromerte flammehemmarar og med å skaffe data som kunne byggje opp under betydninga av å fase ut fleire av stoffa. Norske data medverka til at EU innførde forbod mot dei første flammehemmarane i 2003.

Figur 9.1 Bromerte flammehemmarar i lagesild

Figur 9.1 Bromerte flammehemmarar i lagesild

Kjelde: Miljødirektoratet

Like viktig som kunnskapsinnhenting er oppgåva med å formidle kunnskapen til allmenta og avgjerdsstakarar. Miljøkunnskap og miljøutfordringar er ein sentral del av avgjerdsprosessar både i offentleg og privat sektor.

Ein betydeleg del av kunnskapsoppbygginga skjer gjennom utdanningsinstitusjonane. Både grunnopplæringa, under dette fagopplæringa, og høgare utdanningsinstitusjonar tilfører nye generasjonar kunnskap, haldningar og dugleik som kan medverke til ei berekraftig utvikling. Media, internett og bibliotek spelar òg ei viktig rolle i formidling av miljøkunnskap. Produktinformasjon og grøne sertifiseringsordningar er òg kjelder til slik kunnskap.

Å hente inn og å spreie slik kunnskap er ei av dei viktigaste oppgåvene for miljøforvaltninga. Auka kunnskap i folket om miljøutfordringar og om samanhengane i naturen stimulerer miljøinteressa og medverkar til auka aksept for miljøpolitiske tiltak og verkemiddel. Pressa og frivillige organisasjonar er i denne samanhengen særleg viktige målgrupper for miljøforvaltninga sitt informasjonsarbeid. Moderne informasjonsteknologi blir i aukande grad teken i bruk for å effektivisere samhandlinga i miljøforvaltninga og med publikum.

Komplekse problem krev heilskapelege løysingar

For betre å kunne forstå miljøproblema sin komplekse natur og finne eigna løysingar, er det behov for både naturvitskapleg, samfunnsvitskapleg, kulturhistorisk og (relevant) teknologisk forsking. Identifisering og analyse av miljøskade og miljøkonsekvensar har ofte utgangspunkt i naturvitskaplege fag. Utvikling av tiltak og verkemiddel for å løyse miljøproblem, nasjonalt og internasjonalt, vil krevje eit fagleg grunnlag også frå samfunnsvitskapar som jus, økonomi og planlegging. Fleirfagleg og tverrfagleg fokusering og innretting vil derfor ofte vere nødvendig.

Sektoransvaret

Miljøpolitikken er karakterisert av overgripande problemstillingar der heilskapleg tankegang og avveging av ulike samfunnsinteresser er grunnleggjande for å få gjennomslag for tiltak. Kunnskapsoppbygging på miljøområdet er derfor heilt avhengig av fagleg samarbeid på tvers av faggrenser og sektorar. Mange av miljøutfordringane er i dag tverrsektorielle i forhold til styringssystemet både med omsyn til opphav, utbreiing og moglege løysingar. Sektoransvaret står sentralt i miljøarbeidet, og miljøomsyn skal takast hand om innan rammene av styresmaktene sitt sektoransvar, inkludert forsking og overvaking. Dette inneber at sektorane har ansvar både for langsiktig kompetanseoppbygging for sektoren, og for meir forvaltningsretta overvakings- og forskingsaktivitetar innanfor miljøansvarsområda i eigen sektor. Felles forståing av røyndomen og kunnskapsgrunnlaget mellom miljøforvaltninga og andre departement/viktige samfunnsaktørar er ein føresetnad for å møte miljøutfordringane på ein heilskapleg måte, og for å få til ein god og konstruktiv dialog.

Miljøforvaltninga tek vare på den langsiktige kompetanseoppbygginga både ved basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta og ved finansiering av visse grunnforskingsaktivitetar innanfor enkelte av forskingsprogramma i departementet sin programportefølje. Departementet sitt eige kunnskapsbehov blir teke vare på ved dei meir handlingsretta forskingsprogramma.

Miljøforskingsinstitutta har ei sentral og sjølvstendig rolle for utvikling av kunnskap som er naudsynt for god rådgiving i miljøspørsmål. Det er viktig og naudsynt at desse institutta kan tilby ein brei kompetansebase på høgt internasjonalt nivå, at dei samarbeider med dei beste internasjonale miljøa og har kapasitet og utstyr til å møte miljøforvaltningas behov. Basisløyvingane er heilt sentrale for å oppnå dette, og har dei siste åra blitt styrkte. St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forsking gav eit klart signal om behovet for ei slik styrking. I tillegg til basisløyvingane til miljøforskingsinstitutta blir dei fleste institutta òg tildelte nasjonale oppgåver. Dette skal bl.a. sikre at institutta har ressursar til fagleg rådgiving til miljøforvaltninga, til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltninga i internasjonale organ ved behov. I tillegg blir det òg gitt tilskot til infrastrukturtiltak ved institutta.

Næringslivet er på same måten ein viktig samarbeidspart. Det er eit overorda forskingspolitisk siktemål at næringslivet aukar sin forskingsinnsats. Næringslivet har sjølv eit ansvar for kunnskap om miljøeffektar av eigen aktivitet. Det er òg viktig med innsats frå næringslivet for utvikling av miljøteknologi, blant anna nye miljøvennlege produkt og produksjonsprosessar, jf. eigen omtale av miljøteknologi.

Det internasjonale perspektivet

Mange miljøproblem er av ein slik karakter at dei ikkje kan løysast berre på nasjonalt nivå. Som ei følgje av dette må forskinga i større grad enn tidlegare forankrast i internasjonale aktivitetar. Det er derfor viktig at norske forskingsmiljø deltek i internasjonale forskingsaktivitetar, etablerer internasjonale kontaktar og inngår i internasjonale samarbeidskonstellasjonar der dette er føremålstenleg og kan gi utbytte.

Internasjonalt samarbeid er ofte nødvendig blant anna for å ta vare på den faglege breidda, få utfyllande vitskapleg kompetanse eller av ressursomsyn. Dette vil gi best mogleg nasjonal nytte av internasjonal forsking og god kopling og synergi mellom norske og internasjonale problemstillingar.

Ei rekkje av dei miljøutfordringane vi står overfor er grenseoverskridande. Eit godt kunnskapsgrunnlag basert på forsking og overvaking er ein føresetnad for at Noreg skal få gjennomslag i internasjonale forhandlingar om blant anna forpliktande utsleppsreduksjonar. Forskinga må derfor òg fokusere på at miljø- og utviklingspolitikken stadig blir meir global og internasjonalisert, med aukande tendens til bruk av multilaterale avtaler. Både utfordringa som følgjer av slike avtaler, internasjonal utvikling (for eksempel utviklingsmessige og økonomiske endringar i Asia), og internasjonale prosessar som kan påverke kunnskapsbehova på norsk side, bør gjerast synlege i dei meir nasjonalt retta forskingsaktivitetane.

Mange norske forskingsmiljø har i fleire år delteke i internasjonale forskingsprosjekt, og det er viktig å leggje til rette for ei vidareutvikling av internasjonalt forskingssamarbeid. Noreg er fullt medlem av EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Av størst interesse for miljøforvaltinga er delprogram «Environment (including climate change)». Viktig i denne samanhengen er m.a. det nye EU-verkemiddelet Joint Programming Initiatives (JPI). Dette er europeiske forskingsprogram som blir finansierte med nasjonale midlar og med eit visst bidrag frå EU.

EUs rammeprogram for forsking er Europas viktigaste arena for kunnskapsproduksjon og gir bidrag til vidareutvikling av europeisk politikk for å møte felles utfordringar, ikkje minst på miljøområdet. Norske miljøstyresmakter deltek i styringa av miljøprogram, og norske forskingsmiljø deltek aktivt i eit breitt spekter av forskingsprosjekt.

Forholdet mellom forsking og overvaking

Forsking er nødvendig for å sikre best moglege overvakingsdata, og overvakingsdata (inkl. lange tidsseriar) er viktig grunnlag for mykje av forskinga. Utforming av program og val av metodar og parameter i overvakinga skjer derfor i samarbeid mellom forvaltning og forskingsmiljø. Forskingsmiljøa sin kompetanse er òg sentral når overvakingsresultat skal tolkast.

Miljøforskinga har stor nytte av det kunnskapstilfanget som kjem fram gjennom overvaking. I praksis er skilnadene mellom dei ulike formene for datainnhenting ikkje alltid så store. Generelt sett er innsamling av overvakingsresultat langsiktig (5 – 100 år) og skjer etter standardiserte metodar, mens forsking trengst for å betre og utvikle metodikk for innsamling og tolking av data. Overvakingsdata gir forskarar høve til å analysere utviklingstrendar i miljøet, då dei same metodane er nytta over lange tidsperiodar. Forsking med utgangspunkt i slike data har derfor stor verdi for miljøforvaltninga.

Mange prosjekt og arbeidsmåtar ligg i grenseland mellom forsking, overvaking, og kartlegging. Det er derfor viktig, både fagleg, organisatorisk og økonomisk, å sjå ulike former for kunnskapsinnhenting i samanheng.

Satellittdata har vist seg å vere eit svært godt grunnlag for å visualisere landskapsrelaterte problemstillingar. Det er likevel behov for meir kunnskap om korleis satellittdata innanfor miljøforvaltninga sine fagområde kan supplere og rasjonalisere eksisterande metodikk, og medverke til større målretting og presisjon i nødvendig feltarbeid. Satellittdata er særleg aktuelt for problemstillingar knytte til overvaking av endringar i arealbruk, utvikling av kulturminnebestanden, effektar av utmarksturisme, utvikling i polarområda, og overvaking av klimaendringar.

Kunnskapsbehov for dei enkelte resultatområda er beskrive under omtalen av desse.

Kunnskap om naturmangfaldet

Stortinget har vedteke at forvaltninga av naturmangfaldet skal vere kunnskapsbasert. Også i naturmangfaldlova § 8 og i eitt av dei nye globale måla for å ta vare på naturmangfaldet er vi forplikta til å bruke eksisterande og tilgjengeleg kunnskap i forvaltninga av naturmangfaldet. Dette er ein føresetnad for å følgje utviklinga i naturtilstanden og er nøkkelen til å sikre at gode og effektive miljøtiltak blir gjennomførte på rett stad til rett tid. Kartlegging, overvaking og forsking er grunnleggjande verkemiddel for å betre kunnskapsgrunnlaget. Gjennom overvaking av naturtypar og viktige areal for truga arter får styresmaktane eit bilete av utviklinga i naturmangfaldet, og om verkemidla fungerer etter føremålet.

Boks 9.2 Naturindeks for Noreg

Naturindeks for Noreg gir eit overordna bilete av korleis det står til med norsk natur, og viser korleis dette utviklar seg over tid. Arbeidet byggjer på internasjonale metodar for liknande indeksar, men det er gjort eit betydeleg arbeid for å utvikle denne metodikken. Noreg var det første landet i verda som innførte ein offisiell naturindeks.

Naturindeksen bereknar tilstanden for naturmangfaldet i dei store økosystema, samanlikna med ein referansetilstand:

  • havbotn

  • hav-pelagisk (dei opne vassmassane i havet)

  • kystvatn-botn

  • kystvatn-pelagisk (i vassmassane langs kysten)

  • ferskvatn

  • ope lågland (kulturlandskap)

  • skog

  • myr-kjelde-flaummark

  • fjell

For kvart av økosystema er det valt ut eit sett med indikatorar, til dømes data om bestandane av enkeltarter. Desse representerer dei ulike økosystema og omfattar både vanlege og sjeldne artar og ulike artsgrupper. Ved å sjå indikatorane i samanheng får ein eit bilete av tilstanden for naturmangfaldet innanfor kvart økosystem, og samla for norsk natur. Naturindeksen består av 309 indikatorar fordelte på dei ni hovudøkosystema.

Kvar indikator er gitt ein verdi mellom 1 og 0. Referanseverdien er sett lik 1. Verdien 1 betyr at tilstanden for indikatoren er svært god («naturtilstand» utan negativ påverknad frå menneske), medan 0 betyr at tilstanden er svært dårleg (for eksempel at ei art er utrydda). Ved å sjå på verdien for alle indikatorar som er knytte til eit økosystem, får ein eit gjennomsnittstal som gir eit bilete av tilstanden for naturmangfaldet i dette økosystemet.

Boks 9.3 Definisjon av omgrepet truga arter

Artsdatabanken nyttar følgjande kategoriar i Norsk Raudliste for arter 2010:

Utdøydd (EX): Ei art er utdøydd når det er svært liten tvil om at arta er globalt utdøydd.

Utdøydd i vill tilstand (EW): Arter som ikkje lenger lever fritt, men der det framleis finst individ i dyrehagar, botaniske hagar og liknande.

Regionalt utdøydd (RE): Ei art er regionalt utdøydd når det er svært liten tvil om at arta er utdøydd frå aktuell region (her Noreg). For at arta skal inkluderast må den ha vore etablert reproduserande i Noreg etter år 1800.

Kritisk truga (CR): Ei art er kritisk truga når best tilgjengeleg informasjon indikerer at eitt av kriteria A-E for kritisk truga er oppfylt. Arta har då ekstremt høg risiko for å dø ut.

Sterkt truga (EN): Ei art er sterkt truga når best tilgjengeleg informasjon indikerer at eitt av kriteria A-E for sterkt truga er oppfylt. Arta har då svært høg risiko for å døy ut.

Sårbar (VU): Ei art er sårbar når best tilgjengeleg informasjon indikerer at eitt av kriteria A-E for sårbar er oppfylt. Arta har då høg risiko for å dø ut.

Nær truga (NT): Ei art er nær truga når den ikkje tilfredsstiller nokre av kriteria for CR, EN eller VU, men er nær ved å tilfredsstille nokre av desse kriteria no, eller i nær framtid.

Datamangel (DD): Ei art blir sett i kategori datamangel når uvissa om arta si korrekte kategoriplassering er svært stor, og klart inkluderer heile spekteret av moglege kategoriar frå og med CR til og med LC.

Definisjonane er utarbeidde av den internasjonale naturvernunionen (IUCN). Omgrepet truga arter er eit samleomgrep for kategoriane: kritisk truga, sterkt truga og sårbar.

Kartlegging i form av kartfesting av førekomst og utbreiing av arter og naturtypar er ein føresetnad for oppfølging av naturmangfaldlova på kort og lang sikt. Tilsvarande er kunnskapsoppbygging knytt til framande organismar svært sentralt for å sikre ein god og målretta innsats mot framande, skadelege organismar. Døme på kartleggingsprosjekt er naturtypekartlegging (terrestrisk og marint), kartlegging av framande arter og kartlegging av truga arter. Kartlegging og overvaking av inngrepsfrie område i Noreg (INON) er ein arealbruksindikator som byggjer på data for utrekning av inngrepsfri natur innhenta frå kommunar, fylkesmenn og nasjonale register. MAREANO er eit tverrsektorielt program for å kartleggje og styrkje kunnskapen om Noregs havbotn.

Overvaking av naturmangfaldet er grunnleggjande for å kunne danne seg eit bilete av utviklinga for arter og område over tid, og for å kunne seie noko om årsaka til utviklinga og om tiltak har ønskt effekt. Døme på overvakingsprosjekt er overvaking av sjøfugl gjennom programmet SEAPOP, terrestrisk overvaking (TOV) og overvaking av ei rekkje arter/artsgrupper (t.d. hjortevilt, rovvilt, villaks, og fjellrev). Rovdata har ansvaret for overvaking av rovvilt og formidling av resultata.

Auka omfang av kartlegging og overvaking dei siste åra har gitt grunnlag for å utvikle ein naturindeks for heile Noreg jf. boks 9.2. Ein slik indeks, som vart presentert for første gang hausten 2010, er eit viktig barometer for korleis det står til med norsk natur. Alle dei store forskingsinstitutta i Noreg som gjennomfører naturovervaking, har medverka i utviklinga av naturindeksen, og ei statistikkgruppe har medverka i berekningar og metodeutvikling. I alt har om lag 125 fagpersonar levert data eller ekspertvurderingar. Noreg er, saman med Nederland, eit føregangsland i arbeidet med å få til ein heilskapeleg naturindeks basert på data og ekspertvurderingar om natur.

Naturindeksen gir ei samla oversikt over tilstand og utviklingstrendar for dei store økosystema hav, kystvatn, ferskvatn, ope lågland, skog, myr-kjelde-flaummark og fjell, også i ulike delar av landet. Kunnskapen om status og trendar skal nyttast til å setje inn målretta tiltak for å stanse tapet av naturmangfald i Noreg, og til formidling til politikarane, forvaltninga og allmenta. Naturindeksen synleggjer også kor kunnskapen om naturmangfaldet er mangelfull. På mange område manglar ein framleis data. Kartlegging og overvaking må derfor utviklast vidare for å få meir presis kunnskap slik at vi lettare kan peike på årsaker til endringar og for at tiltaka skal vere kostnadseffektive og målretta. Naturindeksen blir oppdatert kvart år basert på årlege overvakingsdata der dette finst. Den samla naturindeksen skal etter planen oppdaterast i 2015. Fram til denne oppdateringa tek ein sikte på å presentere temaindeksar for arter som blir overvaka årleg.

Den naturindeksen som vart presentert 2010, er starten på eit langvarig arbeid med å måle endringar i naturen, og gi eit stadig betre grunnlag for å prioritere kor tiltak for å betre miljøet skal setjast inn og kva som bør prioriterast innanfor kartlegging og overvaking. Men naturindeksen åleine kan ikkje måle om vi når målet om å stanse tapet av naturmangfald. Sjølv om naturindeksen viser betring eller inga endring i naturmangfaldet, kan det likevel vere alvorlege faresignal som ikkje blir fanga opp. Det er derfor viktig å supplere naturindeksen med annan kunnskap som til dømes delindeksar, andre indikatorar for berekraft, raudlister og ny kartlegging, overvaking og forsking.

Norsk Raudliste for arter 2010 og Norsk Raudliste for naturtypar 2011 er viktige kunnskapsgrunnlag for å vurdere bruk av ulike verkemiddel for å betre tilstanden for artene og naturtypane. Raudlistene inneheld spesifikk informasjon om mange truga arter og naturtypar som ikkje inngår i naturindeksen, men som er viktige for forvaltninga av desse artene. Det er derfor viktig at kunnskapsinnhenting knytt til raudlistene held fram med full styrke.

Artsdatabanken har ansvaret for arbeidet med raudlistene og arbeidet med økologiske risikovurderingar av framande arter. I 2012 vart arbeidet med vurderingar av 2 600 framande arter ferdigstilt. Artsdatabanken spelar òg ei sentral rolle i arbeidet med å samordne og gjere dei viktigaste data om mangfaldet i naturen tilgjengelege for brukarar i areal- og miljøforvaltninga. Talet på observasjonar i rapporteringsverktøyet Artsobservasjonar i regi av Artsdatabanken har passert 9 millionar. I tillegg til at denne portalen tilfører mykje kunnskap om førekomstar av arter, er den eit verktøy som aukar engasjement og kunnskap hos brukarane.

Det norske Artsprosjektet skal sikre langsiktig kartlegging og kunnskapsoppbygging om arter i norsk natur, med spesiell fokus på arter og artsgrupper vi har lite kunnskap om. Det blir òg viktig å gjere kunnskapen tilgjengeleg for alle, mellom anna via internett. Arbeidet skjer i nært samarbeid med det svenske artsprosjektet. Ambisjonen både i Sverige og Noreg er å kartleggje alle fleircella arter av planter og dyr i dei to landa. Prosjektet er administrativt plassert under Artsdatabanken. Både datainnhenting, dataflyt og forsking blir samordna med annan tilgrensande aktivitet. Det blir no viktig å få på plass forskingsdelen i prosjektet.

Det er gjennom åra samla inn ei stor mengd data gjennom naturkartlegging. Dette er data som det er viktig at alle dei som gjer vedtak har tilgang til, og på ein slik måte at dei er lette å bruke som grunnlag for ulike avgjerder og samfunnsmessige avvegingar. Som ei følgje av dette er det gjennom åra utvikla fleire system og verktøy for å gjere data frå kartlegging og overvaking tilgjengelege. Naturbasen, som er utvikla av Miljødirektoratet, er ei kartinnsynsløysing som i stor grad er basert på data frå kartlegging. Ein ny og meir moderne versjon av Naturbase vart lansert i februar 2013. Artsdatabanken har utarbeidd ei kartteneste kalla Artskart, der ein kan søkje stadfesta informasjon om over 1 800 arter. Artsdatabanken har òg utvikla ein naturtypebase basert på klassifiseringssystemet Naturtypar i Noreg (NiN).

Vassnett er utvikla i samband med gjennomføringa av EUs vassdirektiv i Noreg. Denne inneheld data om vassdrag, grunnvatn og kystområde, medan målet med Vassmiljøsystemet er å systematisere data og gjere data om tilstand og utvikling i miljøkvaliteten i vatn tilgjengeleg for bruk i det offentlege.

Det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt omfattar dei fire store rovdyra gaupe, jerv, bjørn og ulv, og kongeørn. Rovdata vart etablert i 2010 som ei sjølvstendig eining med eigen leiar og stab i Norsk institutt for naturforsking (NINA), og representerer ei styrking av overvakinga og kartlegginga av desse artene. Rovdata har ansvaret for det faglege innhaldet, formidling, drift og utvikling av overvakingsprogrammet, og er ein uavhengig leverandør av overvakingsdata for dei fem nemnde artene i Noreg. Rovdata koordinerer overvakinga på landsbasis og syter for nasjonal og einskapleg gjennomarbeiding, samanstilling og rapportering av data. Rovdata arbeider for å styrkje lokal deltaking i kartlegginga og overvakinga av artene, og har mellom anna i samarbeid med Artsdatabanken etablert ei nettbasert publikumsløysing for innmelding av observasjonar av dei store rovdyra. Dette er i tråd med rovviltforliket inngått i Stortinget 2011, jf. Representantforslag 163 S (2010–2011). Førekomstane av rovvilt i Noreg har nær tilknyting til førekomstane i nabolanda våre. For Rovdata er det derfor ei sentral oppgåve å vidareutvikle samordninga av overvakingsmetodar og samanstilling av bestandsdata på tvers av landegrensene. Fagrådet for Nasjonalt overvakingsprogram for rovvilt består av ekspertar på ulike kompetanseområde med relevans for overvakingsarbeidet. Fagrådet arbeider for at overvakinga av gaupe, jerv, bjørn, ulv og kongeørn skal vere best mogleg, og deira hovudoppgåve er å kvalitetssikre metodar og tilrå betringar i overvakingsprogrammet. Rovdata har sekretariatsansvaret for Fagrådet, og alle som ønskjer det kan gi innspel til Fagrådet på moglege betringar i rovviltovervakinga.

Internasjonalt skjer det òg mykje arbeid for å framskaffe eit betre kunnskapsgrunnlag om naturmangfald og økosystemtenester. På det 10. partsmøtet for Konvensjonen om biologisk mangfald i oktober 2010 vart det vedteke at vi innan 2020 skal ha betre kunnskap, vitskapleg grunnlag og teknologi knytt til biologisk mangfald, verdiar, funksjon, statusutviklinga og trendar. FNs generalforsamling har støtta opprettinga av eit internasjonalt naturpanel etter modell av klimapanelet (IPCC). Endeleg vedtak om å opprette panelet vart fatta på internasjonalt møte i regi av FNs miljøprogram i 2012. Naturpanelet skal vere eit vitskapleg uavhengig panel som skal gi kunnskap om jordas naturmangfald og økosystemtenester og fremje forslag til ny politikk. Frå norsk side er det ei prioritert oppgåve å få naturpanelet raskt i gang. Regjeringa vil arbeide for at FNs miljøprogram og andre relevante FN-organisasjonar aktivt skal støtte opp om naturpanelet sitt arbeid framover. Noreg vil aktivt følgje opp Naturpanelets (IPBES) første arbeidsprogram (2014–2018) slik det vil bli vedteke på møtet i desember 2013 (IPBES-2). I samarbeid med blant anna Noregs forskingsråd blir det viktig å få norske kunnskapsmiljø involverte i dei vedtekne utgreiingane. Dette er viktig for å auke mengda av ny kunnskap i norsk forvaltning og for utvikling av norske kunnskapsmiljø. Vidare blir det viktig å få på plass ei avtale mellom Naturpanelets hovudsekretariat i Bonn og delsekretariatet for kapasitetsbygging i Trondheim.

Arbeidet med finne verdien av økosystemtenester

Regjeringa etablerte i 2011 eit ekspertutval om verdiar av økosystemtenester. Økosystemtenester omfattar heile bredda av tenester som vi får frå naturen, og vi kan skilje mellom forsynings-, regulerings-, kulturelle og støttande tenester. Ekspertutvalet la fram sin NOU i august 2013 (NOU 2013:10). Utvalet diskutere til dømes tilstand og utvikling for norske økosystem og økosystemtenester, og peiker på eit betydeleg forskingsbehov for at grunnlaget for avgjerder skal bli betre. Utvalet diskuterer òg metodar for å synleggjere verdiar av økosystemtenester betre, til dømes gjennom økonomisk verdsetjing, og korleis rammevilkåra for private og offentlege vedtak kan utformast slik at verdiane blir tekne omsyn til i større grad enn i dag. Utgreiinga er no på høyring.Miljøverndepartementet vil komme tilbake til korleis utgreiinga skal følgjast opp.

Noreg vil føre vidare internasjonalt samarbeid knytt til verdiar av økosystemtenester og biologisk mangfald gjennom TEEB-prosjektet (The economics of ecosystems and biodiversity) og arbeid for å synleggjere naturkapitalen gjennom Verdsbankens prosjekt om verdsetjing av naturkapitalen (WAVES).

Kunnskap om klimautfordringa

Regjeringa vil framleis trappe opp klimaforskinga med spesiell vekt på rammevilkår, verkemiddel og teknologi for reduserte klimagassutslepp. Regjeringa vil vidare medverke til den globale innsatsen for å styrkje kunnskapsgrunnlaget i klimaarbeidet og til at den grunnleggjande klimaforskinga blir styrkt, jf. Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk . For ei nærare utgreiing om klimarelatert forsking viser ein til denne stortingsmeldinga.

I rapporten Energy Technology Perspectives 2012 peiker Det internasjonale energibyrået (IEA) på at det finst alternativ til dagens forureinande energiteknologi, men at implementeringstakten for 8 av 10 slike teknologiar er for treg samanlikna med scenario som leier mot togradermålet. IEA trekkjer blant anna fram teknologiar for energieffektivisering og CO 2 -handtering som døme på teknologi med stort potensial for globale utsleppsreduksjonar, men som har svak implementeringstakt. For å kunne medverke til auka omstillingstakt er det derfor viktig med meir kunnskap om kva slag barrierar som finst for implementering av lågutsleppsteknologi, blant anna på transportområdet som står for nær ein tredel av dei norske utsleppa av klimagassar. Det er behov for meir kunnskap om kor vidt omstilling kan gjerast på ein måte som medverkar effektivt til utsleppsreduksjon på ein miljøforsvarleg måte. Slik kunnskap kan baserast på erfaringar så langt med verkemidla i klimapolitikken, om kva som kjenneteiknar innrettinga av dei verkemidla som gir gode resultat.

Skogen og havet sitt opptak av CO 2 har stor betydning for klimaet. Kunnskap om det naturlege karbonkrinsløpet er derfor viktig for å kunne føreseie meir presist kor mykje klimaet vil endre seg utover i hundreåret. Korleis vi forvaltar naturen, landbruksområde og havet er òg av betydning, fordi det påverkar naturen sitt opptak av CO 2 og kor mye som blir frigitt til atmosfæren. Meir kunnskap blant anna gjennom observasjon og måling av naturen sitt opptak av klimagassar har betydning for å fastslå kor mykje utsleppa må ned for å oppfylle togradermålet.

Kortliva klimadrivarar slik som sotpartiklar, metan og nokre HFK-gassar har oppvarmande effekt på klimasystemet samtidig som dei bidreg til negative helse- og miljøeffektar. Det er store kunnskapsbehov knytte til identifisering av dei beste tiltaka for å redusere utslepp av kortliva klimadrivarar, og forstå verknader både for klima og andre omsyn knytte til helse- og miljøpolitikken.

Klimaendringane vil påverke samfunnet stadig meir. Det er behov for å forstå betre dei fysiske klimaendringane og konsekvensane for naturen. Det er vidare behov for meir kunnskap om kva klimaendringane betyr for ulike samfunnsområde, under dette for landbruk og fiskeri, for næringslivet og for transport- og energisystema.

Utover i dette hundreåret må vi vente at klimaendringane gradvis vil få aukande innverknad på natur og samfunn, jf. Meld St 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge . Kunnskap om klimaendringane er ein føresetnad for effektiv klimatilpassing. Regjeringa vil derfor at kunnskapsgrunnlaget for tilpassing til klimaendringane blir styrkt gjennom meir aktiv overvaking av klimaendringane, vidare opptrapping av klimaforskinga og utvikling av det nasjonale senteret for klimatenester.

Samfunnet er avhengig av dei tenestene naturen står for, som matforsyning, pollinering, tilgang på reint drikkevatn og flaumregulering. Det er behov for meir kunnskap om korleis klimaendringane vil påverke økosystemtenester i Noreg og våre nærområde, under dette dei samfunnsøkonomiske konsekvensane. Overvaking av endringar i klimavariablar som nedbør og vind er òg viktig blant anna med sikte på å kunne varsle framtidige ekstremvêrhendingar betre enn i dag, og dermed hindre tap av liv og materielle skadar.

Klimaendringane skaper eit behov for meir detaljert og presis informasjon om klimaet i dag og i framtida, som grunnlag for praktisk klimatilpasaing i kommunar og bedrifter. Norsk senter for klimatenester vart etablert under Meteorologisk institutt ved Universitetet i Oslo (Met.no) i 2011 i samarbeid med Noregs vassdrags- og energidirektorat og Bjerknessenteret. I NOU 2010: 10 peiker tilpassingsutvalet på behovet for å leggje betre til rette for formidling av klimadata, både for klimaet i dag og i framtida. Regjeringa deler denne vurderinga og vil styrkje arbeidet med å formidle relevante klimadata som grunnlag for vurderingar av klimaendringane sin verknad på ulike område. Kommunane har eit særleg behov i denne samanhengen. Det er viktig at dette nye senteret blir gitt dei nødvendige rammevilkåra så det kan fungere som ei praktisk støtte og gjere det lettare for kommunane å gjennomføre nødvendige analysar av konsekvensar og moglege tilpassingstiltak.

Utarbeidinga av rapportane til FNs klimapanel er ein vitskapleg dugnad. FNs klimapanel utfører ikkje eiga forsking, men vurderer publiserte vitskaplege resultat, observasjonar og modellkøyringar. Dette arbeidet er botnplanken til dei internasjonale avtalene vi har fått på plass i dag og dei vidare forhandlingane om ein framtidig klimaavtale. I løpet av 2014 avslutter FNs klimapanel sitt arbeid med femte hovedrapport. Første delrapport om det klimavitskapelege grunnlaget ble lagt fram i september, mens delrapportene om verknader av klimaendringar og moglege tilpassingstiltak og moglege tiltak for utslippskutt vert lagt fram våren 2014. Klimapanelet sluttfører arbeidet med femte hovedrapport med synteserapporten som leggast fram hausten 2014.

Nokre av dei data som vil inngå i denne rapporten er henta frå overvakingsstasjonen på Zeppelin-observatoriet på Svalbard. Her måler Norsk institutt for luftforsking (NILU) konsentrasjonar av 23 klimagassar. Her er det få lokale forureiningskjelder, og staden er spesielt godt eigna til å overvake globale nivå og trendar for klimagassar og ozonreduserande stoff.

Kunnskap om helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Kunnskapsheving er svært viktig i kjemikaliearbeidet. Regjeringa arbeider for å auke kunnskapen om kjemiske stoff og kartleggje miljøgifter i naturen og i produkt. Auka kunnskap om helse- og miljøfarlege kjemikaliar er nødvendig for å identifisere risiko for helse og miljø og for å kunne setje i verk effektive reguleringar og tiltak. Det er dyrt å rydde opp når miljøgifter først er spreidde i naturen. I mange av tilfella er det òg svært vanskeleg, då miljøgifter blir spreidde diffust over store område. Det er derfor svært viktig å oppdage spreiing av ulike miljøgifter i tide slik at nødvendige tiltak kan setjast i verk. Gjennomslag i arbeidet med å styrkje internasjonale reguleringar er òg heilt avhengig av at det blir gjort ein betydeleg innsats i å leggje fram god dokumentasjon. Overvaking av miljøgifter i naturen for å følgje utviklinga over tid vil framleis vere prioritert. Ein nasjonal miljøprøvebank med ulike typar prøvemateriale for seinare analysar av miljøgifter vart derfor opna i 2012. Miljøprøvebanken er plassert i Forskingsparken i Oslo og administrerast av forskingsinstitutta i CIENS. Miljøprøvebanken for miljøgifter samler inn og tar vare på prøver av biologisk materiale. Prøver av til dømes fisk, blåskjel, krabbe, fugleegg, slam og mosar vil bli nedfrosne for seinare analysar og undersøkingar. Innsamlinga skjer frå dei same lokalitetane kvart år. Føremålet er å kunne gjere nye analysar av prøver når det er utvikla betre metodar for å oppdage miljøgifter, fastsetje bakgrunnsnivå for nye miljøgifter og etablere tidstrendar. Dette vil bli eit svært nyttig verktøy i forvaltning av og forsking på miljøgifter.

Overvakinga av langtransportert luftforureining i luft og nedbør

Overvakinga av langtransportert luftforureining i luft og nedbør omfattar undersøkingar både av tilførsler og effektar av forureiningar. Miljødirektoratet har ansvaret for dei fleste overvakingsprogramma.

Langtransporterte luftforureiningar omfattar forsurande sambindingar (svovel- og nitrogensambindingar), eutrofi (nitrogensambindingar), bakkenært ozon, partiklar og miljøgifter (tungmetall, persistente organiske sambindingar).

Atmosfærisk tilførsel av forureinande sambindingar blir overvaka ved måling av kjemiske komponentar i luft og nedbør. Føremålet er å registrere nivå og eventuelle endringar i tilførsla av langtransporterte luftforureiningar. Målestasjonane er derfor plasserte slik at dei er minst mogleg påverka av lokale utsleppskjelder (bakgrunnsstasjonar).

Tilførsler av sambindingar i luft som fører til forsuring og eutrofi er overvaka på fem stasjonar (inkludert Zeppelinobservatoriet på Svalbard). Tilsvarande sambindingar i nedbør er overvaka på 13 stasjonar.

Bakkenært ozon kan skade menneske si helse, vegetasjon og materialar. Atmosfæriske tilførsler av bakkenært ozon (og ozondannarar) er overvaka på seks stasjonar i fastlands-Noreg og på Zeppelinobservatoriet på Svalbard.

Atmosfæriske tilførsler av partiklar i luft er overvaka på tre bakgrunnsstasjonar i fastlands-Noreg og ein på Svalbard. Partiklar kan i særleg grad føre til helseskadar og til skadar på materialar. Atmosfæriske tilførsler av miljøgifter er overvaka på tre stasjonar (i luft og nedbør på Birkenes og Andøya og i luft på Svalbard).

Forsuringsverknader på vasskvalitet blir følgt gjennom overvaking av innsjøar og små nedbørsfelt. Vasskvaliteten i om lag 80 innsjøar og seks små nedbørsfelt blir undersøkt årleg for å gi ei regional/landsdekkjande beskriving av vassforsuringsproblemet og endringar i situasjonen. Det biologiske overvakingsprogrammet følgjer verknader på fisk gjennom regionale undersøkingar, og omfattar fiskebestandar i innsjøar og bekkar og botndyr i innsjøar.

Eutrofiverknader er overvaka av Miljødirektoratet som dekkjer delar av dette gjennom Program for terrestrisk naturovervaking (TOV).

Forekomstar av langtransporterte miljøgifter er overvaka med nokre års mellomrom i innsjøar (fisk og sediment).

Noreg samarbeider internasjonalt om utvikling av kunnskap om utslepp, tilførsler og effektar av luftforureiningar gjennom Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP) og andre samarbeidsprogram under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining . Innanfor ramma av denne konvensjonen samarbeider landa òg om å utvikle kunnskapsgrunnlaget for val av tiltaksstrategiar for å redusere miljøskadar som følgje av langtransportert luftforureining, under dette kunnskap om moglege utsleppsreduserande tiltak og kostnader ved desse. Norske fagmiljø som Meteorologisk institutt, Norsk institutt for luftforsking (NILU) og Norsk institutt for vassforsking (NIVA) medverkar i vesentleg grad til denne kunnskapsutviklinga gjennom sine funksjonar som internasjonale fagsenter under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining .

Auka kunnskap om og for polarområda

Miljøet i nordområda skal takast vare på gjennom berekraftig bruk og vern. Verdiskaping skal skje på ein slik måte at miljøverdiane og økosystemas struktur, verkemåte, produktivitet og naturmangfald blir haldne ved lag. Dette blir best sikra gjennom ei heilskapeleg og langsiktig forvaltning basert på beste tilgjengelege kunnskap.

Klimaet er under rask endring i nord- og polarområda, og klimaprosessane knytte til snø, is, permafrost og havsirkulasjon i Arktis er av stor betyding for kor raskt og korleis klimaet vil bli endra lokalt, regionalt og globalt.

Betre kunnskap om klimaprosessane i Arktis er derfor kritisk for å kunne seie noko om framtidige klimaendringar. Auka kunnskap om klimaendringane er òg ein føresetnad for ei kunnskapsbasert, heilskapeleg og langsiktig forvaltning for å sikre miljøet og livsgrunnlaget i nord.

Kunnskap er navet i nordområdesatsinga, slik det er formulert i Nordområdestrategien (2006) og Nye byggesteiner i nord (2009). Norsk Polarinstitutt med senteret ICE (Ice, Climate & Ecosystems) representerer saman med Framsenteret (Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking) sentrale element i den nasjonale forskingssatsinga for å bringe fram meir kunnskap for å møte klimautfordringane i nord- og polarområda.

Norsk Polarinstitutt og Framsenteret si forsking gir òg viktige kunnskapsbidrag til det internasjonale miljø- og klimaarbeidet.

Norsk forsking i Antarktis gir viktige bidrag inn i det internasjonale samarbeidet om forvaltninga av Antarktis for å verne kontinentets særeigne og svært sårbare miljø. Denne forskinga er òg viktig for å halde oppe verdien av Antarktis som referanseområde og for å auke kunnskapen om området si rolle i dei globale miljøsystema og som indikator for jordas miljøtilstand. Vi har vore eit føregangsland i forskinga i Antarktis, og det er viktig at Noreg bidreg til internasjonal polarforsking med sine spesielle fortrinn med stasjonar både i Antarktis og på Svalbard.

Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statlege institusjonen for kunnskapsproduksjon om polarområda for forvaltninga gjennom kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta, naturfagleg forsking i Arktis og Antarktis. Instituttet si forskingsverksemd er konsentrert om klimaprosessar og klimaendringar, og effektane av desse på naturen, og om økotoksikologi i Arktis og Antarktis. Instituttet leier òg overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis og har lange tidsseriar frå både det fysiske miljøet og økosystemet.

Norsk Polarinstitutt har dei heilårige forskingsstasjonane Troll i Antarktis og Sverdrupstasjonen og Zeppelinstasjonen i Ny-Ålesund på Svalbard.

Norsk Polarinstitutts forsking i Antarktis gir viktige bidrag inn i det internasjonale samarbeidet om forvaltninga av Antarktis for å verne kontinentets særeigne og svært sårbare miljø, og til det internasjonale klimaarbeidet.

På Sverdrupstasjonen og Zeppelinstasjonen er instituttet ansvarlege for den daglege drifta og vedlikehaldet av måleinstrumenta til ei rekkje nasjonale og internasjonale program.

Stasjonane utfører kontinuerlege langtidsmålingar av meteorologisk data, kort- og langbølgja radioaktiv stråling frå sola, og måling av overflatealbedo og spektralrefleksjonar. Det blir òg gjort daglege observasjonar av atmosfærisk ozon og UV-stråling med ei rekkje instrument.

Instituttet sine biologiske studier inkluderer overvaking av rein, fjellrev, isbjørn og forskjellige sjøpattedyr og -fuglar. Ein viktig aktivitet er å måle effektane av miljøgifter på arktiske økosystem, og målinga av isbrear på Svalbard.

Zeppelinstasjonen, der NILU har det faglege ansvaret, spelar ei viktig nasjonal og internasjonal rolle for kartlegginga av klimaendringar; stratosfæreozon- og UV-endringar; miljøgifter (persistente organiske forureiningar som PCB, tungmetall som kvikksølv) og langtransporterte luftforureiningar (sur nedbør, partiklar, overgjødsling, bakkenær ozon).

Zeppelinstasjonen høyrer til ei lita gruppe av svært viktige globale atmosfærestasjonar. Andre stasjonar finst på Hawaii, Sydpolen og Samoa i Stillehavet og i Alaska, Vest-Irland, Tasmania og Zugspitze/Jungfraujoch i Alpane.

Framsenteret

Framsenteret, Nordområdesenter for Klima- og Miljøforsking, utfører omfattande forsking innanfor alle dei fem temaområda, kalla «flaggskip». Nokre hovudpunkt følgjer:

Havisen i Polhavet, teknologi og avtaleverk – leia av Norsk Polarinstitutt

Tilbaketrekkinga av havisen i Arktis vil ha stor betydning for det globale klimaet. Det vil òg opne for at næringsaktivitetar trengjer inn i område som hittil har vore utilgjengelege; både skipsfart, fiskeri, turisme og petroleumsverksemd kan byggje seg opp dersom føresetnadene er til stades. Dette reiser ei rekkje spørsmål om kva konsekvensar aktivitetane vil ha for miljø og samfunn og korleis norsk og internasjonal forvaltning bør innrettast for å møte desse utfordringane.

Effektar av klimaendringar på fjord- og kystøkologi i nord – leia av Havforskingsinstituttet.

Endringar i klima kan påverke fjord- og kystøkologisystem. Dette kan i sin tur påverke næringsgrunnlag og busetnad og saman med andre drivkrefter medverke til endring i desse. Økosystembasert ressursforvaltning krev auka kunnskap for å vurdere samla påverknad av ulike aktivitetar og endringar i miljøet.

Havforsuring og økosystemeffektar i nordlege farvatn – leia av Norsk Polarinstitutt

I kaldare vatn blir CO 2 lettare løyst opp enn i varmare vatn. Nordlege farvatn er derfor meir utsette for havforsuring. Eit surare hav kan påverke kalkdannande organismar. Havforsuring kan ha effektar på primærproduksjon, dyreplanktonsamfunn og tidlege livsstadium av virveldyr, slik som fiskelarver, og kan derfor ha betydning for forvaltning og utnytting av levande marine ressursar.

Effektar av klimaendringar på terrestre økosystem, landskap, samfunn og urfolk – leia av Universitetet i Tromsø.

Dei terrestre økosystema i nordområda vil gjennomgå store og delvis uføreseielege endringar med betydning for næringar, kultur- og naturverdiar. Dette flaggskipet sin ambisjon er å bli eit internasjonalt leiande forskingsmiljø innan føreseiing, dokumentasjon og tilpassingar til desse endringane.

Miljøgifter – effektar på økosystem og helse – leia av Norsk institutt for luftforsking.

Det er behov for meir kunnskap om kva effektar miljøgifter i nordområda har på økosystem og menneske og korleis denne trusselen verkar saman med andre stressfaktorar som klimaendringar og forandringar i levevilkår. Ei viktig samfunnsoppgåve for flaggskipet er kunnskapsoverføring til internasjonale avtaler og prosessar.

Ny kompetanse: Nordområda står framfor betydelege utfordringar på grunn av klimaendringane, men det er òg store forventningar til ny næringsverksemd knytt til naturressursane og til bruken av land- og havområda. Det må utviklast meir kunnskap ikkje berre for å kunne utnytte dei nye moglegheitene, men òg for å kunne sikre at ny næringsutviking ikkje skader det unike og sårbare miljøet. For å vere i forkant av utviklinga vert det no bygd opp eit nytt kompetansemiljø ved Framsenteret i Tromsø som skal medverke til eit godt kunnskapsgrunnlag for styresmaktene sitt arbeid med å avgrense «fotavtrykket» av ei slik utvikling og sikre at ny næringsverksemd skjer innanfor miljøforsvarlege rammer.

Formidling

Med forsking som grunnlag formidlar Framsenteret kunnskap til forvaltning, næringsliv og publikum generelt, og gir innspel i klimarelaterte spørsmål. Senteret medverkar òg til å styrkje koplinga mellom forsking og utdanning, og er ein viktig nasjonal og internasjonal møteplass for forskarar og avgjerdstakarar.

Staddata

Boks 9.4 Felles global referanseramme

Alle land treng tilfang av grunnleggjande geografisk informasjon som miljødata, plandata, eigedomsdata og andre geodata. For mange samfunnsområde er geodata naudsynt for dokumentasjon, verdivurderingar, analysar og statistikk og gir viktige bidrag til overvaking og kunnskap om mellom anna klima.

Informasjonen må vere tilgjengeleg for heile samfunnet, både offentleg sektor, privat næringsliv og den enkelte. Slike data er viktige for samfunnsplanlegging, samfunnstryggleik og areal- og ressursforvaltning. Ein treng oppdaterte data for verdiskaping og utvikling av tenester og informasjon retta mot næringsliv og innbyggjarar, og for medverknad og opne demokratiske prosessar.

Eigedomsinformasjon både frå matrikkel og grunnbok er viktig grunnlagsinformasjon i all eigedoms- og arealforvaltning. Kartverket har ansvar for tinglysinga og for formidling av eigedomsinformasjon både frå matrikkelen og grunnboka ut til brukarane i offentleg og privat sektor.

Plan- og miljøoppgåvene i kommunane kan ikkje løysast utan best mogleg bruk av kunnskap om arealdata og ressursar. Dette føreset godt samarbeid og informasjonsdeling. Internett og digitale kart gir grunnlag for forenkla tilgang til informasjon og til medverknad i plan- og vedtaksprosessar. Eit moderne samfunn er avhengig av geografisk informasjon og infrastruktur. Skip, fly og redningsteneste må finne vegen, grunneigarrettar må sikrast, areal- og reguleringsplanar må vise juridisk bindande vedtak om arealbruk – og lagrast i planregister for ettertida. Kart viser ikkje lenger berre kor ting er, men fungerer òg som analysereiskapar i planlegging for berekraftig utvikling og eit likeverdig samfunn. Geografisk informasjon kopla med statistikk gir instrument for å planleggje for ei berekraftig framtid og for å vurdere konsekvensane av ulike tiltak.

Tilstand

Kart og geografisk miljøinformasjon er no tilgjengeleg døgnet rundt via internett, mobiltelefon og ulike elektroniske kartløysingar. Brukarane kan blant anna søkje etter adresse, stadnamn eller matrikkelnummer og i tillegg velje målestokk eller måle avstandar. Elektronisk tilgang til geodata har auka bruken av geografisk informasjon vesentleg dei siste åra. For å dekkje brukarane sine ulike og samansette behov for geodata, må innsamlinga, koordineringa og lovverket rundt dette famne ei rekkje ulike aktivitetar og fagfelt, som blant anna sjømåling, satellittovervaking og eigedomsregistrering.

Pålitelege, oppdaterte geodata gir grunnlag for auka tryggleik ved ferdsel til sjøs og til lands. Det gir grunnlag for effektiv og betre bergingsteneste. Det medverkar til effektiv og døgnopen forvaltning, trygging av eigedomsrett og ein fungerande marknad for eigedommar.

Basis geodata for landområda vert inndelte etter tema som separate primærdataseriar (veg, vassdrag, høgde osv.). Dette gir stor fleksibilitet i produksjon og vedlikehald av data. Kart blir produserte ved å hente data frå ulike seriar og setje dei saman. Dataseriane kan òg nyttast i kombinasjon med fagdata frå ulike kjelder.

I Noreg har kommunar og ulike statlege etatar samarbeidd om felles kartlegging sidan 1992, eit arbeid Kartverket koordinerer sentralt, regionalt og lokalt. Mesteparten av denne dataetableringa er fullført, og areal i byar og tettstader er i all hovudsak dekt, slik at utfordringa for desse areala ligg i vedlikehald av data. Frekvensen på ajourføringa av kartgrunnlaget vert tilpassa dei aktuelle endringane i ulike område. Såleis vil det vere hyppigare ajourføring i tettbygde strøk med høg aktivitet enn i område med liten aktivitet.

Bruk av pålitelege elektroniske sjøkart i kombinasjon med moderne navigasjonssystem aukar tryggleiken til sjøs. Bruk av slike system reduserer faren for skade på personar og miljø, reduserer materielle kostnader, aukar regulariteten for skipstrafikken, kortar ned tidsbruken på skipsruter og styrkjer næringsgrunnlaget langs kysten. Det er laga samanhengande elektroniske sjøkart for heile norskekysten, men framleis manglar det nye, moderne djupnemålingar i mange område. Det er viktig at dette arbeidet held fram utan avbrot for å få betre tryggleik i skipstrafikken langs kysten.

Arbeidet med det marine kartleggings- og kunnskapsprogrammet MAREANO er ein viktig del av Kartverket si rolle som forvaltar av nasjonale djupnedata.

All privat og offentleg oppmåling, kartlegging, navigasjon og annan bruk av geografisk informasjon føreset eit korrekt geodetisk grunnlag. Det geodetiske grunnlaget, det vil si sjølve målegrunnlaget for all anna oppmåling, er basert på eit tal målepunkt rundt om i Noreg. Nokre av punkta er utstyrte med måleutstyr som kontinuerleg gjer målingar, mens andre målepunkt vert besøkte periodisk for måleoppdatering. Observasjonsdata frå desse punkta dannar basis for berekning av ei nasjonal referanseramme som legg grunnlaget for all geografisk stadfesta informasjon i Noreg. Grunna kontinuerlege endringar i jorda si form, gravitasjonsfelt og rotasjonsfart er det behov for jamleg overvaking av referanserammene. Eit viktig mål er å forbetre den nasjonale referanseramma og medverke til betre globale referanserammer. Målet er at brukarane i framtida kan bruke globale målemetodar (som GPS) og få samsvar mellom kart (i nasjonal referanseramme) og eigen posisjon med 1 cm grannsemd.

Kartverket deltek i det internasjonale samarbeidet om ei felles global referanseramme, blant anna gjennom ein målestasjon i Ny-Ålesund. Stasjonen opererer ei «Very Long Baseline Interferometry» (VLBI) antenne, eit superledande gravimeter, fleire posisjonsmottakarar (GNSS) og ein vasstandsmålar. Stasjonen inngår blant anna i eit globalt nettverk med ein type store radioteleskop som gjer målingar i samsvar med ein felles måleplan. Det viktigaste resultatet av dette arbeidet er jordrotasjonsparameterane som er essensiell informasjon når ein skal operere satellittar i bane rundt jorda. I yttarste konsekvens vil verken GPS-satellittar eller satellittar for innhenting av miljødata eller kommunikasjon fungere utan VLBI-systema. Referanseramma er i tillegg naudsynt for å kunne overvake globale endringar, blant anna i havnivået.

Bygging av ny veg og bru til det nye geodesiobservatoriet i Ny-Ålesund er no starta opp. Første del vart ferdig i august 2013. Det er satt ei kostnadsramme på prosjektet for best mogleg å kunne gjere dei avtaler som er nødvendige i forhold til prosjektet sine store teknologiske behov og arktiske plassering. Jordobservatoriet vil etter planen stå ferdig i 2017, og det gamle vil vere rive innan 2021.

Kartverket er leverandør av grunnlagsdata om vasstand, havnivå og landheving. Kartverket sin kompetanse på landheving og gravitasjon er viktige for å forstå korleis havnivået blir endra i Noreg.

Alle kommunar har no teke i bruk ny horisontal referanseramme basert på internasjonal standard, og arbeidet med nytt nasjonalt høgdegrunnlag har starta. Høgpresisjon stadfesting i sann tid med ei grannsemd betre enn 1 cm er innan rekkevidde, og dette får stor betyding for til dømes kor nøyaktig ei gravemaskin kan arbeide.

Noreg skal ha eit nasjonalt geodetisk grunnlag

Skal ein lykkast med målet om 1 cm grannsemd, er det ein føresetnad at høgdegrunnlaget vert forbetra. Høgdegrunnlaget (det såkalla NN1954) har vore utsett for landheving i lang tid og har derfor betydelege manglar som gjer at det er dårleg tilpassa bruk av satellitteknologi. Kartverket arbeider med å innføre NN2000 i alle kommunar. Det er eit mål at 80 pst. av kommunane skal ha innført det nye høgdegrunnlaget i 2015.

Innan geodetisk analyse arbeider Kartverket for å kombinere alle geodetiske måleteknikkar i ein og same operasjon. Resultata av dette arbeidet vil gi eit nytt og unikt bidrag til dei globale referanserammene, samtidig som det legg grunnlaget for overvaking av blant anna havnivå og havsirkulasjon.

Det er Kartverket som måler havnivå langs norskekysten og det er utvikla eigne temasider om havnivå lokalt. Tenesta har som formål å synleggjere utviklinga i havnivå langs kysten vår.

Kartverket har utvikla ei ny nettbasert overvakingsteneste for romvêr som viser korleis solstormar og ustadig romvêr påverkar GPS-stasjonar over heile Noreg – minutt for minutt.

Norske land- og sjøområde skal ha oppdaterte basis geodata

Samanhengande elektroniske sjøkart har vore tilgjengelege for heile norskekysten sidan 2008. Farleia vert i aukande grad utfordra ved at fartøya blir større, har auka djupn og ferdast i delar av farleia eller kystfarvatn som tidlegare knapt har vore nytta av større fartøy. Framleis står det likevel att fleire viktige farvatn på norskekysten som må målast på nytt. Arbeidet held fram med å betre kvaliteten på kartgrunnlaget og å bytte ut linje- og enkeltmålingar med heildekkjande målingar. Om lag 27 pst. av kysten er målt med moderne målemetodar i dag. Dette gjeld arealet innanfor 0-20 meters djup. Avviket frå tidlegare skuldast ny metode for utrekning av areal. To nye målebåtar er bestilte, desse vil syte for raskare og betre målingar etter kvart.

Kartverket gjer årlege sjømålingar rundt Svalbard. 23 pst. av Svalbard og Jan Mayen er dekt med moderne sjømåling. 400 nye km² er planlagt kartlagt i år. Farvatnet vert stadig sterkare trafikkert, også i område der kartgrunnlaget er svært lite tilfredsstillande. Innsatsen er retta mot prioriterte, grunnare område.

Hovudkartserien til Kartverket i målestokk 1 : 50 000 blir gitt ut både i trykt og digital form. Den nye trykte utgåva, der kvart kart inneheld fire kartblad i eitt trykk gir billigare trykte kart med betre kvalitet for bruk ute.

Utrykkingsetatane (ambulanse, brann og politi) er avhengige av høg kvalitet og kontinuerleg oppdatering av adresse- og veginformasjon. Kartverket og Statens vegvesen arbeider for tida med eit prosjekt for å heve kvaliteten på veginformasjonen. Kartverket sitt landsdekkjande prosjekt for å etablere vegadresser i alle kommunar held fram, noko som er naudsynt for mellom anna ei effektiv responstid for naudetatane.

Det skal vere effektiv tilgang til geodata og eigedomsdata for offentlege og private brukarar

Noreg digitalt er eit samarbeid om deling av geografisk informasjon (geodata) mellom kommunar, statlege etatar og andre verksemder som medverkar til den nasjonale infrastrukturen for geografisk informasjon. Kartverket koordinerer og tilrettelegg samarbeidet. Deling av data mellom samarbeidspartane er basert på eigne elektroniske tenester drifta av Kartverket. Dei fleste statlege etatar, fylkeskommunane og kommunane med ansvar for utarbeiding og bruk av geodata tek del. I tillegg til basis geodata inngår òg ulike temadata som arealdata, ressursdata, miljødata og plandata i den felles geografiske infrastrukturen. Ei viktig side ved samarbeidet er felles harmonisering og standardisering av data og etablering av effektive tenester for datautveksling. Etablering og vidareutvikling av Noreg digitalt er eit omfattande arbeid. Verksemdene har sjølve ansvar for produksjon og tilrettelegging av temadata. Framdrifta i arbeidet avheng av kapasiteten i desse verksemdene. Noreg er aktivt med i utvikling og bruk av felles standardar for geodata internasjonalt.

Stortinget vedtok gjennom Prop. 149 S (2012–2013) tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013 at dei viktigaste nasjonale kartdata skal vere opne og gratis for alle. Dette vert vidareført i 2014. Dette omfattar m. a. hovudkartserien på land med digitale data om administrative grenser, samferdsel, vassdrag, skog, dyrka mark, terreng, stadnamn og busetnad. Vidare vert òg data frå Den norske Los og etterretning for sjøfarande gjort digitalt og gratis tilgjengeleg.

Kartverket har etablert ei særskild koordineringsteneste (PRIMAR) for å gjere elektroniske sjøkart tilgjengelege i det internasjonale maritime miljøet. Kartverket leverer i dag autoriserte sjøkartdata frå 40 nasjonar gjennom denne tenesta. Store delar av kyststrekningane i dei samarbeidande landa er dekte. Om lag 5000 skip over heile verda nyttar autoriserte kartdata formidla gjennom PRIMAR. Blant brukarane er òg den norske lostenesta. Det er ei sentral målsetjing å få sjøkarttenestene i fleire land med i dette samarbeidet for å kunne gi eit mest mogleg samla tilbod av sjøkart til brukarane. Kostnadene ved drift av tenesta vert dekte av brukarbetaling.

Tinglysinga skal ha nøgde brukarar og halde god kvalitet

Kartverket er tinglysingsstyresmakt i Noreg. Grunnboka er det offisielle registeret over tinglyste rettar og hefte i fast eigedom og delar i burettslag. Kvar matrikkeleining har eit eige grunnboksblad, som inneheld opplysningar om heimel, pengehefte, servituttar og diverse grunndata. Tinglysing i fast eigedom skjer ved Kartverkets hovudkontor på Hønefoss, mens tinglysing i burettar går føre seg i Kinsarvik i Ullensvang kommune.

Rask og effektiv saksbehandling i Tinglysinga med behandling av saker innan fire dagar, hindrar unødig opphald i omsetjinga i bustadmarknaden. For 2012 vart 94,8 pst. for fast eigedom og 97,9 pst. på burett behandla og sende tilbake til brukaren i løpet av fire dagar. Rask saksbehandling vil framleis ha høg prioritet.

Det skjer ei stadig utvikling av fagsystema for å kunne behandle elektronisk tinglysing av stadig fleire dokumenttypar. I 2012 vart meir enn 20 pst. av alle sakene til tinglysing saksbehandla elektronisk. Ein nysamfunnsøkonomisk rapport er laga som visar at gjennomføring av e-tinglysing vil gi ein stor samfunnsøkonomisk vinst.

Mange av dei enklaste sakene vert både registrerte og kontrollerte automatisk, men dei meir komplekse må framleis kontrollerast manuelt. Kartverket sitt kundesenter for tinglysing er plassert i Ullensvang. Kundesenteret svarer på alle spørsmål om tinglysing i fast eigedom og burettar, og er blitt eit felles kundesenter for heile Kartverket.

Kontoret i Ullensvang utfører òg andre tinglysingsoppgåver, m.a. all registrering av rettar i delar i burettslag.

Det blir arbeidd på fleire felt for å sikre at grunnboka held god kvalitet. Det vert i 2013 utført naudsynt arbeid med å omstrukturere grunnboka. Kartverket har òg ansvar for formidling av eigedomsinformasjon både frå matrikkelen og grunnboka ut til brukarane i offentleg og privat sektor. Når det gjeld formidlinga ut til marknaden overtok Kartverket ansvaret for dette frå det heilstatlege selskapet Norsk Eigedomsinformasjon as (NE) med verknad frå 1. januar 2011. I ein overgangsperiode på tre år har NE likevel medverka med formidling.

Disposisjonsretten over arealressursar er av dei mest sentrale rettane i samfunnet. Både private og det offentlege har behov for informasjon om eigedommar og eigarforhold. Autorisert offentleg eigedomsinformasjon er viktig for å sikre eigedomsretten og naudsynt for eigedomsmarknaden. Autorisert offentleg eigedomsinformasjon kan delast i tre delar:

  • Matrikkelen, som omfattar faktiske opplysningar over alle faste eigedommar i landet, bygningar og adresser, m.a. med eintydig identifikasjon av kvar eigedom. Matrikkelen vert ført av kommunane. Kartverket er sentral matrikkelstyresmakt, og har ansvaret for utvikling av regelverk og å utvikle og drifte matrikkelsystemet. Kartverket stør kommunane med å sikre kvaliteten i datagrunnlaget og gjer data tilgjengeleg for brukarane. Matrikkelen er rekna som eitt av landets tre basisregister

  • Tinglysinga, som er omtalt særskilt under statusbeskriving for målet for Tinglysinga

  • Kommunale planregister, som omfattar opplysningar om offentlege arealplanar og andre føresegner som fastlegg korleis areala skal utnyttast. Planregistra er under etablering i kommunane. Kartverket stør kommunane med å kontrollere den tekniske kvaliteten og gjer plandata tilgjengelege i den nasjonale geografiske infrastrukturen. Lovgrunnlaget for kommunale planregister vart innført med plan- og bygningslova frå 1. juli 2009.

Påverknader

Påverknader kjem frå mange kantar. Teknologiutvikling og døgnopne løysingar gjer tilgangen til geografisk informasjon svært god. Det at fleire sektorar brukar data og stiller krav til oppdaterte og gode data, er med på å auke kvaliteten og tilgangen, men det avdekkjer òg dårlege data og ukjente behov. Den økonomiske utviklinga gjer for eksempel at stadig fleire og meir djuptgåande skip seglar i område der det tidlegare ikkje har vore slik trafikk og derfor ikkje er tilstrekkeleg kvalitet på sjøkarta.

Nasjonale felleskomponentar og internasjonale standardar og direktiv er med på å skape geografiske data som kan brukast av stadig fleire i Noreg og over landegrensene.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Miljøverndepartementet har ansvar for nasjonal kart- og geodatapolitikk og tinglysinga. Kartverket er det nasjonale fagorganet for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Det har under dette ansvar for å etablere og forvalte nasjonale kartseriar og halde register oppdaterte. Kommunane har ansvar på lokalt nivå, mellom anna som lokal matrikkelstyresmakt og for at det ligg føre eit oppdatert offentleg kartgrunnlag for planlegging og saksbehandling etter plan- og bygningslova.

Kartverket er tilsynsmynde for matrikkelen. Formålet med tilsynet er å følgje med på om matrikkelen blir førd i samsvar med lov og forskrift. Det er gjennomført 20 matrikkeltilsyn i 2012, dei omfattar 22 kommunar. Tilsyna held fram i 2013.

Boks 9.5 Tinglysingsgebyret

Tinglysingsgebyret

Tinglysinga er organisert som ein eigen divisjon i Kartverket under Miljøverndepartementet, og gir rettsvern for rettar i fast eigedom og del i burettslag overfor tredjeperson. Tinglyste dokument blir registrerte i grunnboka for fast eigedom og grunnboka for delar i burettslag. Rettsstiftingar som går ut på å stifte, forandre, overdra, påhefte, anerkjenne eller oppheve rettar som har til gjenstand fast eigedom eller del i burettslag, kan tinglysast.

Gebyra ved ulike former for tinglysing har samla sett vore sterkt overprisa. Det vart i 2013 teke eit første steg for å redusera gebyrsatsane i retning av ei kostnadsriktig prising der alminneleg tinglysingsgebyr vart redusert frå 1 548 kroner til 1 060 kroner og gebyr for pantedokument i fast eigedom vart redusert frå 1 935 kroner til 1 060 kroner. Denne reduksjonen utgjorde om lag 400 mill. kroner i reduserte gebyrinntekter. I 2013 er det budsjettert med 663 mill. kroner i inntekter av tinglysingsgebyr. Kostnader til tinglysing og eigedomsinformasjon er samla på om lag 340 mill. kroner. Når ein samanliknar utgifts- og inntektsløyvingane for tinglysing på Kartverkets budsjett, utgjer overprisinga om lag 325 mill. kroner i 2013. I kostnadsgrunnlaget er medrekna kostnader til arbeid med matrikkel og utviklingsarbeid som er naudsynt for tinglysing og eigedomsregistrering.

Gebyra er i 2013 fastsette som ein multiplikator av rettsgebyret (860 kroner). Utvalte satsar for tinglysing. I kroner

Sats 2013

Forslag 2014

Alminneleg tinglysingsgebyr

1060

525

Pantedokument (fast eigedom)

1060

525

Refinansiering 1

215

200

Del og pantedokument i burettslag

430

430

Etterfølgjande registrering av nye andeler i borettslag

860

430

Slettingar, utlegg, konkursmeldingar, tvangssal m.v.

0

0

1 Refinansering innanfor same låneramme, med same pantsetjar eller pantsetjarar og med same panteobjekt.

Regjeringa varsla ei vidare nedtrapping til kostnadsriktig prising for 2014 og foreslår for 2014 at felles sats for det alminnelege tinglysingsgebyret og for tinglysing av pantedokument i fast eigedom vert redusert til 525 kroner. Det vert foreslått at satsane for refinansiering vert sette til 200 kroner. Vidare at satsen for etterfølgjande registrering av nye delar i burettslag vert sett til same nivå som for tinglysing av Del og pantedokument i burettslag til 430 kroner. Provenytapet er anslått til om lag 325 mill. kroner påløpt og 310 mill. kroner bokført i 2014. Det er i gang arbeid for å kople tinglysingsgebyra frå rettsgebyret frå og med 2014. Ettersom tinglysingsmyndet ikkje lenger ligg i domstolane, er det heller ikkje naturleg at reglane om gebyrfastsetjinga ligg i rettsgebyrlova, og at storleiken på gebyra er knytt opp mot rettsgebyret. Det er utarbeid framlegg om naudsynte endringar i tinglysingslova og føresegner.

Arbeidet med å digitalisere panteboka held fram, dvs. med tinglysingsgjenpartar frå perioden 1946–2007. Dette arbeidet vil medverke til raskare saksbehandling og enklare tilgang til informasjonen for brukarane. Plukking av dokument frå aktskap tek mykje meir tid enn å hente dokument frå permar, det gjenstår framleis fleire års arbeid.

Miljøverndepartementet har arbeidd aktivt med å utarbeide forskrifter og nasjonale produktspesifikasjonar for framstilling av arealplanar og digitalt planregister. Målsetjinga med dei nye reglane er å få på plass eit system som mogleggjer ei god oversikt over noverande og framtidig arealbruk i Noreg. Oppbygging og utvikling av planregister er ei viktig utfordring framover. Kartverket har ei sentral rolle i etablering, drift og forvaltning av eit nasjonalt planregister og regelverket rundt dette, dette arbeidet er no godt i gang mange stader. Eit slikt register vil gi vesentleg betre tilgang til spesifikke plandata for innbyggjarane og lokale styresmakter og betre oversikt på nasjonalt nivå over arealutfordringane.

Geodatalova skal sikre betre tilgang til geografisk miljøinformasjon i Noreg og over landegrensene. Noreg har vedteke å innarbeide det europeiske INSPIRE-direktivet. Dette forpliktar til å opprette tenester for tilgang til og deling av miljødata, plandata, eigedomsdata og andre geodata mellom offentlege etatar både nasjonalt og innanfor EU/EØS-området. Kartverket er tildelt rolla som nasjonal geodatakoordinator og skal samordne arbeidet med landets infrastruktur for geografisk informasjon. Hovudoppgåva blir å føre vidare samarbeidet om å dele data mellom meir enn 600 deltakande verksemder og partar i Noreg digitalt. Statens kartverk har ansvar for å leggje til rette og drifte felles nasjonale løysingar som skal gjere effektiv deling av data mogleg både nasjonalt og internasjonalt – i samsvar med nasjonalt rammeverk og INSPIRE-direktivet.

Plan- og bygningslova § 2-1 og kart- og planforskrifta § 5 seier at kommunen skal syte for at det ligg føre eit oppdatert offentleg kartgrunnlag og for at staten skal stille nasjonale kartdata til rådvelde for dei føremål som er omhandla i lova. Dette vil bli ein ny og viktig reiskap i arealplanlegginga.

Det er behov for tredimensjonal terrengmodell, basert på laserskanning frå fly som grunnlag for betre berekning av flaumsoner, skredfaresoner og verknader i strandsona (havnivåstiging). Det er viktig å vite kvar dei mest utsette områda er når ein skal investere i tiltak mot flaum og skred. Vi kan byggje husa våre i område der dei er minst utsette for flaum og leggje nye vegar til trasear som ikkje er flaumutsette. Innanfor Geovekst-samarbeidet vert det kvart år etablert slike data for mindre areal, særleg i tettstader.

Den nasjonale referanseramma er gjort tilgjengeleg i sanntid gjennom Kartverket si posisjonsteneste CPOS, som vart landsdekkjande i 2011. Talet på brukarar av CPOS-tenesta er sterkt aukande og CPOS er av den grunn sett på som samfunnskritisk infrastruktur.

I Europa vert det arbeidd med å utvikle eit nytt satellittbasert posisjonssystem – Galileo. Egnos , som er eit europeisk støttesystem for GPS, vil etter kvart òg bli eit støttesystem for Galileo. Dagens grannsemd ved bruk av Egnos er ikkje så god – det er først og fremst stabiliteten som er av betyding. Det er planar for å integrere Egnos i Galileo, og i denne samanhengen vil Kartverket medverke til at Galileo og Egnos kan fungere best mogleg, også i dei nordlege områda og ikkje berre i det sentrale Europa.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2013

1. Landet skal dekkast av relevant geografisk informasjon av høg kvalitet som skal nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Indikatorar:

  • Tal på kommunar med nytt nasjonalt høgdegrunnlag (NN2000).

  • Oppdateringsgrad og kvalitet.

  • Dekningsgrad og kvalitet.

  • Datasett som det er etablert tenester til etter krava i geodatalova.

  • Eigedomar med vegadresser (del i prosent av totalen)

Det er inngått avtaler for punktmåling i 5 fylke for innføring av nytt høgdegrunnlag. Det er ferdig innført i 18 kommunar, prosjekt er starta opp i 100 kommunar. Mange er ferdig målte, men endeleg innføring med transformasjon venter på endringar i berekningsrutinar.

På grunn av det dårlege vêret i fjor sommar vart det gjennomført mindre datafangst enn planlagt, både innanfor Geovekst og for omløpsfotograferinga. Det vart totalt inngått avtaler for kartlegging av 30 200 km² FKB-A,B og C. Endelege tal viser at det er fotografert 24 500 km 2 . Gjennomført sjømåling i 2012 vart forskjellig frå det som var planlagd. Toktet til Svalbard vart avlyst, og det vart utført mykje meir sjømåling nær kysten enn planlagt, dette vart gjort i samsvar med Mareanoprogrammet.

Datasett som det er etablert tenester til etter krava i geodatalova. Basert på innrapporteringa til Noreg digitalt dei siste to åra er det 226 datasett som nasjonale etatar har forplikta seg på å levere til den nasjonale infrastrukturen. Av desse er 191 av datasetta gjort tilgjengelege som visningstenester. Dette utgjer 85 pst. (Det er ikkje eit 1:1 forhold mellom datasett og tenester, så fleire datasett kan inngå i same teneste).

Vegadressearbeidet har gjennom året fått god forankring. Arbeidet har fått stor mediemerksemd, og vekkjer stor interesse òg blant eksterne etatar og organisasjonar innan bl.a. redning og helse. Dessverre har mange kommunar nedprioritert arbeidet i forhold til opprinnelege planar, noko som har ført til at resultata for året vart langt dårlegare enn planlagd. 73,8 pst. av alle eigedomar har adresse til veg.

2. Tinglysing i fast eigedom og del i burettslag blir gjort forsvarleg, effektivt og med kvalitet.

Indikatorar:

  • Saksbehandlingstid

  • Svartid på kundesenteret

  • Kvalitet

Mål for saksbehandlingstid er fire dagar for 95 pst. av dokumenta (gjeld både fast eigedom og burett). Ein markert auke i talet på rettsstiftelsar i 2. tertial gav Kartverket store utfordringar med å nå målet om at 95 pst. av sakane skal vere tinglyse og sende tilbake i løpet av fire dagar. For 2012 ligg resultatet på 94,8 pst. for fast eigedom og 97,9 pst. for burett. Kartverket er godt nøgde med dette resultatet.

Kundesenteret har gjennomsnittleg svartid på telefon på 91 sekundar, dette er litt over målet på 90 sekundar. Alle e-postar er svara på innan 24 timar på yrkesdagar.

Informasjon og kommunikasjon

Miljøforvaltningas kommunikasjonsarbeid byggjer på prinsippa i staten sin kommunikasjonspolitikk. Vi legg vekt på å vise fram Regjeringas miljøpolitikk og fakta om miljøtilstanden på ein forståeleg måte. God informasjon er viktig for at innbyggjarane, næringslivet, det offentlege og organisasjonar skal kunne ta omsyn til miljø i kvardagen.

Informasjonen skal vere tydeleg og tilgjengeleg og nå fram til ulike målgrupper og til dei som tiltaka får innverknad for. Det er viktig å gi informasjon om rettar, plikter og moglegheiter. Kommunikasjonstiltaka skal medverke til at folk blir engasjerte og medvitne på miljøspørsmål og får ei djupare forståing og kunnskap.

Miljøverndepartementet tek i bruk ulike kommunikasjonskanalar. Ein viktig kanal er departementet si nettside regjeringen.no/md . Departementet sine internettsider er ein formidlingskanal i pakt med lov om rett til miljøinformasjon og Regjeringas kommunikasjonsstrategi. Eitt døme er høyringssaker, høyringsfråsegnene blir lagt ut på nettet. Internasjonale standardar for tilgjenge/universell utforming er innarbeidde på internettsidene. Syntetisk tale er tilgjengeleg på alle departement sine nettsider på regjeringen.no.

I tillegg til nettsidene nyttar departementet ulike sosiale medium som Facebook, Twitter, Flickr og YouTube. Konferansar, seminar og kurs er døme på andre kanalar som òg blir nytta til å spreie informasjon.

Miljøstatus i Noreg ( www.miljostatus.no ) er inngangsporten til fakta og annan informasjon knytt til tilstand og utvikling for dei miljøpolitiske resultatområda. Departementet har eit nært samarbeid med dei underliggjande etatane om informasjon til utvalde målgrupper. Nyhende, avgjerder og tolkingsfråsegner innan planlegging etter plan- og bygningslova og kartforvaltning blir formidla gjennom departementet sine nettsider og gjennom publikasjonane Plannytt og Planjuss.

Miljøverndepartementet har sidan 2007 hatt ei eiga satsing på klimainformasjon retta mot folk flest. Nettsida til Klimaløftet har vore navet for informasjon om klimaet og med råd til både bedrifter og folk flest om klimavenlege tiltak. Hovudsatsinga til Klimaløftet har retta seg mot dei unge i skulen, med tilbod om foredragsturnear og andre opplegg. Informasjonstiltak retta mot befolkninga generelt har vore kampanjar, bilag i aviser, stønad til tv- og filmproduksjon og nettsider, og støtte til andre kampanjar som til dømes Earth Hour.

I 2014 vil informasjonstiltaka om klimahøve særleg basere seg på formidling av dei nye rapportane frå FNs klimapanel. Eit nytt satsingsområde i 2014 til befolkninga vil vere informasjon og formidling om naturens mangfald, betydning av økosystemtenester og ressurseffektivitet.

Møte- og debattserien Grøn Agenda som vert etablert i 2013 for å inspirere til diskusjonar om grøne vegval, vil bli ført vidare i 2014. Møta vart arrangerte rundt om i landet, men dei fleste i Oslo. Den årlege konferansen om miljøstatus vil bli arrangert i tilknyting til Verdas miljøverndag 5. juni.

Miljøvernforvaltninga si satsing på skule og kunnskapsoppbygging

Føremålet med miljøvernforvaltninga si skulesatsing er å byggje opp kunnskap om dei samla miljøutfordringane og skape nyfikne og vitetrong for natur og miljø i den oppvaksande generasjonen.

FN har som mål at omgrepet berekraftig utvikling skal integrerast i landa sine utdanningssystem. Regjeringa har slutta seg til FNs utdanningstiår for ei berekraftig utvikling 2005–2014. Miljøvernforvaltninga si skulesatsing har derfor òg som mål, i samarbeid med Kunnskapsdepartementet, å medverke til at berekraftig utvikling blir eit omgrep som alle elevar forstår og har eit forhold til.

Elevar og lærarar treng fleire innfallsvinklar for å setje miljøfaglege tema på timeplanen. Miljøverndepartementet har derfor i samarbeid med skulesektoren utvikla fleire pedagogiske tilbod. Mest ressursar blir nytta på Den naturlege skulesekken som er eit samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet og Miljøverndepartementet.

Den naturlege skulesekken (DNS) er eit tiltak som legg til rette for utvida bruk av nærmiljøet til skulane i undervisninga og set miljø, friluftsliv og berekraftig utvikling i samanheng med realfag, samfunnsfag og mat og helse. Tiltaket legg til rette for samarbeid mellom skular og frivillige miljø- og friluftsorganisasjonar med faglege ressurar skulen har nytte av. DNS støttar utviklinga av lokale, fleirfaglege undervisningsopplegg tilpassa læreplanverket for Kunnskapsløftet. Eit berande pedagogisk omgrep er å flytte læringsarenaen frå klasserommet til lokalsamfunnet. I Den naturlege skulesekken er varierte arbeidsmetodar utandørs, bruk av nærmiljøet og aktørar i nærmiljøet som organisasjonar, museum, nasjonalparksenter osv., blitt ein anerkjent pedagogisk metode i undervisninga. Tiltaket skal gi skulane tilgang til faglege digitale ressursar som Kartiskolen. Kartverket bidrar i Kartiskolen, som er eit nettatlas med oppdaterte kart og temakart for bruk i mange fag og fleire gode tilpassa undervisningsopplegg. Den naturlege skulesekken gir elevane variasjon i opplæringa og har fått svært positive tilbakemeldingar og evalueringar. Andre skuleprosjekt i miljøforvaltninga har som mål å inspirere lærarar og elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skular og er tilpassa kompetansemåla i læreplanen i ulike fag for desse trinna. Miljøambassadørane held engasjerande føredrag på ungdomsskular og vidaregåande skular. Miljødirektoratet sitt prosjekt Friluftsliv i skulen tek for seg betydninga av naturoppleving som innfallsport til naturforståing, og nasjonalparksentra er viktige formidlarar til skular i nærleiken av dei aktuelle parkane. I tillegg driv Statens naturoppsyn naturformidling til skulen. Miljødirektoratet har òg Miljøstatus som er nytta som verktøy for oppdatert miljøinformasjon i skulen, og Miljøjournalistane er eit enkelt nettverktøy der elevane brukar journalistiske metodar til å skrive om miljøutfordringar i sin kommune. Riksantikvaren har undervisningsopplegga Rydd eit kulturminne og Minnefinnar, og Polarinstituttet har nettstader og filmar laga for skulen.

Skriftleg materiell utvikla av miljøforvaltninga i Noreg og EU vert distribuert gratis til skulen. Dette er materiell som skulane kan nytte til å arbeide med grunnleggjande dugleik i faga samtidig som dei arbeider med kunnskapsmål.

Tilboda vert utvikla og meir integrerte i kvarandre. Det er viktig å få ei praktisk innretting av opplæringa.

Miljøteknologi

Miljøteknologi er ein viktig føresetnad for å løyse dei store miljøutfordringane som verda står overfor. Dei mange områda der miljøteknologi blir utvikla, utgjer i dag verdas mest lovande teknologimarknader. Dette gir betydelege høve til verdiskaping. Grøne arbeidsplassar innan miljøteknologi vil kunne bli ei ny vekstnæring i Noreg. Regjeringa la i 2011 fram ein nasjonal strategi for miljøteknologi – Næringsutvikling og grønn vekst . Strategien har to hovudformål: Å leggje til rette for nasjonal verdiskaping og næringsutvikling og å medverke til å nå våre miljømål.

Miljøverndepartementet vil bruke sin breie kompetanse innan miljø og tilgjengelege verkemiddel for å stimulere til næringsutvikling innan miljøteknologi. Mellom anna vil innovasjon og næringsutvikling stå sentralt i arbeidet med ein handlingsplan for Grøn Skipsfart.

Ein viser elles til omtale i Prop. 1 S (2013–2014) frå Nærings- og handelsdepartementet om verkemiddel under Nærings- og handelsdepartmentets ansvarsområde.