Miljøverndepartementet (MD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

23.1 Organisering

Miljøverndepartementet er overordna styresmakt for Statens kartverk, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt, Norsk kulturminnefond og Svalbards miljøvernfond. Frå 1. juli 2013 er Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forureiningsdirektoratet slått saman til Miljødirektoratet. Direktoratet har avdelingar i Oslo og Trondheim. Det statlege miljøarbeidet blir regionalt teke vare på av miljøvernavdelingane hos Fylkesmannen, fylkeskommunane og sysselmannen på Svalbard. Etatar som Statens strålevern, Sjøfartsdirektoratet, Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Innovasjon Noreg har oppgåver innanfor miljøområdet som Miljøverndepartementet styrer.

Årsverksoversikt

Tabell 23.1 Oversikt over talet på årsverk pr. 1. mars 2013 under Miljøverndepartementet

Kapittel

Nemning

Tal årsverk

1400

Miljøverndepartementet

269

1427

Direktoratet for naturforvaltning 1

330

1429

Riksantikvaren

151

1441

Klima- og forureiningsdirektoratet 1

349

2465

Statens kartverk

804

1471

Norsk polarinstitutt

149

1432

Norsk kulturminnefond

13

Sum

2065

1 Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forureiningsdirektoratet vart 1. juli 2013 slått saman til Miljødirektoratet.

23.2 Oversikt over fornyingsarbeidet

Omorganisering av Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet har gjennomgått ein omorganiseringsprosess våren 2013 med verknad frå 1. juli. Omorganiseringa inneber at det er oppretta ei ny Hav- og forureiningsavdeling som fekk tilført oppgåver og personalressursar som har vore i Avdeling for internasjonalt samarbeid, Avdeling for klima- og forureining og Avdeling for naturforvaltning. Tverrgåande internasjonale oppgåver som har vore i Avdeling for internasjonalt samarbeid er fordelte mellom Hav- og forureiningsavdelinga, Klimaavdelinga og Naturforvaltningsavdelinga. Avdeling for internasjonalt samarbeid er ikkje ført vidare i den nye strukturen. Endringa medførte at ei ekspedisjonssjefstilling fall bort.

Oppretting av Miljødirektoratet

Frå 1. juli 2013 vart Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forureiningsdirektoratet slått saman til Miljødirektoratet. Direktoratet har avdelingar i Oslo og Trondheim. Leiinga er plassert i Trondheim. Bakgrunnen for samanslåinga er å etablere ei meir robust, effektiv og gjennomføringsdyktig miljøforvaltning. Tidligare ansvarsdeling i miljøforvaltninga har vore bestemt ut frå historiske årsaker, og vart etterkvart lite føremålstenleg med stadig meir komplekse miljøutfordringar som grip inn i kvarandre. Ein føresetnad for ei meir heilskapleg og einskapleg miljøforvaltning er at det blei gjort organisatoriske grep. Folk fleist, bedriftar og kommunar skal kunne vende seg til miljøforvaltninga som éi forvaltning, sjølv om saksfelta er vide og samansette. I tida framover vil oppgåver og organisering i Miljødirektoratet bli gjennomgått, og fram mot sumaren 2014 vil det bli utarbeida ein gevinstrealiseringsplan.

Lovendringar om miljøansvar

Miljøverndepartementet arbeider med naudsynte lovendringar for å gjennomføre miljøansvarsdirektivet (2004/35/EF) i Noreg. Foreldingsfristen for å krevje erstatning frå forureinar for oppryddingstiltak som han er ansvarleg for, vert utvida frå tre til fem år. Desse endringane er ikkje venta å ha vektige økonomiske eller administrative konsekvensar.

Informasjonsteknologi

Informasjonsteknologi støttar og medverkar til effektiv samhandling i miljøforvaltninga og med det offentlege publikum. Måla for miljøforvaltninga sin IKT-strategi for 2011–2015 er god kunnskapsforvaltning, tydeleg miljøinformasjon og god formidling. Miljøforvaltninga skal vere ei moderne forvaltning med solide fagsystem, god organisering og samordning av miljødataarbeidet. Miljøforvaltninga sikrar oppfølging av den nasjonale IKT-politikken gjennom fokus på samhandling, digitale tenester og verdiskapande data. Miljøforvaltninga skal ha ei koordinert IKT-utvikling som understøttar forvaltninga sine mål og det skal haldast eit tydeleg fokus på informasjonstryggleik.

Nettstader og portalar

Klima- og forureiningsdirektoratet etablerte i 2012–2013 ein ny nettstad som heiter Miljøkommune.no. Dette blir gjort i samarbeid med underliggjande etatar i Miljøverndepartementet. Nettstaden samlar og legg til rette rettleiinga frå etatane til kommunane, og skal medverke til miljøforbetring ved å hjelpe kommunane til å nytte miljømyndet og utføre pliktene på miljøvernområdet betre og meir effektivt enn i dag.

Miljødirektoratet drifter òg ein eigen nettstad om farlege forbrukarvarer – www.erdetfarlig.no. Her er det mogleg for forbrukar å finne informasjon om skadelege stoff og kva slag produkt dei finst i.

I løpet av dei siste åra har det komme mykje ny kunnskap om klimatilpassing frå forsking, statleg forvaltning og kommunar. Nettportalen Klimatilpasning.no har som mål å samle aktuell kunnskap og informasjon om klimatilpassing på ein stad. Portalen er laga hovudsakleg for dei som skal leggje planar og ta avgjerd lokalt og regionalt, men informasjonen skal òg vere lett tilgjengeleg og interessant for alle som er opptekne av kva klimaendringar vil bety for det norske samfunnet.

Nettstaden www.miljostatus.no er Noregs største informasjonsbank om miljø. Her blir informasjon om miljøtilstand og utvikling fortløpande oppdatert og tilpassa aktuelle utfordringar.

Miljøforvaltninga arbeider kontinuerleg med å tilpasse og leggje til rette informasjon for ulike brukarar ved hjelp av ny teknologi og i nye kanalar på nett. Miljøstatus.no har mellom anna gjort tilgjengeleg ei rekkje av karttenestene sine for smarttelefonar og nettbrett. Både Miljøverndepartementet og fleire underliggjande etatar er til stades og kommuniserer aktivt i sosiale medium. På Facebook og Twitter treffer ein både gamle og nye brukarar på nye måtar.

23.3 Samfunnstryggleik og beredskap

Beredskapsarbeidet er følgt opp internt gjennom årleg revisjon av krise- og beredskapsplanverket, og avdelingane sine ROS-analysar. Departementet har delteke på ei ekstern beredskapsøving. Deltaking i nasjonale øvingar og øving av interne beredskapsrutinar vil bli gjennomført neste år. I 2012 har departementet hatt tilsyn frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Departementet har følgt opp tilrådingane frå tilsynet. Vidare har departementet melde inn objekt i medhald av forskrift om objekttryggleik. Departementet har lagt ned eit stort arbeid med eigen trygleik i 2013. Departementet vil òg arbeide med samfunnstryggleik og beredskap i lys av tilrådingane frå 22. juli-kommisjonen og Regjeringas oppfølging. Vi vil ha spesiell vekt på leiarskap og kultur.

23.4 Informasjonstryggleik

I desember 2012 vart det lansert ein ny nasjonal strategi for informasjonstryggleik med tilhøyrande handlingsplan. I strategien blir det slått fast at fagdepartementa har eit overordna ansvar for å ivareta tryggleiken i sektoren sin IKT-infrastruktur, og for at det førebyggjande arbeidet med informasjonstryggleik i sektoren er tilfredsstillande. I arbeidet med å følgje opp strategi for informasjonstryggleik vil Miljøverndepartementet be underliggjande etatar rapportere på:

  • Kritisk infrastruktur i eiga verksemd

  • Førebyggjande tiltak i eiga verksemd

  • Beredskapsplanar og behov for å setje i verk krisehandtering i eiga verksemd

Vidare vil departementet be underliggjande etatar starte arbeidet med å tilretteleggje dokumentasjon for å oppfylle krava til ISO 27001-standarden «Information Security Management System» og rapportere om framdrifta i dette arbeidet.

23.5 Rapport om likestilling og mangfald i miljøforvaltninga

Miljøforvaltninga er pålagt å arbeide aktivt, målretta og planmessig for likestilling og mot diskriminering innanfor eiga verksemd. Tabellane 23.2, 23.3 og 23.4 viser kvinnedelen i verksemdene, totalt og på ulike stillingsnivå, samanlikning av kvinner og menn si månadlege gjennomsnittslønn på ulike stillingsnivå, statistikk for menn og kvinner sitt sjukefråvær, delen av menn og kvinner på deltid og mellombels stilling og fordeling av uttak av foreldrepermisjon for 2012. Norsk kulturminnefond har svært få medarbeidarar og er derfor ikkje med i alle oversiktene.

Tabell 23.2 Oversikt over del kvinner i pst.

Totalt

Topplei.

Mellomlei.

Høgtlønte rådg.

Saksbeh.

Kontor

MD

57,3

37,5

52,9

33,3

59,3

75,0

DN 1

42,0

100,0

27,2

42,6

39,6

100

Klif 1

64,8

62,5

63,0

59,4

71,5

77,8

NP

39,4

50,0

38,5

50,0

61,5

100

RA

61,0

65,0

56,0

46,0

70,0

66,6

SK

53,5

33,3

39,2

15,3

77,7

84,0

NKMF

75,0

50,0

0,0

0,0

83,0

100,0

1 Tala i tabellen gjeld 2012. Direktoratet for naturforvaltning (DN) og Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) vart 1. juli 2013 slått saman til Miljødirektoratet.

Toppleiar omfattar øvste leiar og leiar av avdelingar (mellomleiarar er leiarar av seksjonar og einingar under avdelingsnivå).

Høgtlønte rådg. omfattar seniorrådgivarar, spesialrådgivarar og tilsvarande stillingar.

Tabell 23.3 Prosentoversikt over kvinnene og mennene si månadlege gjennomsnittslønn

MD

DN 1

Klif 1

NP

RA

SK

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

Totalt

91,9

100

96,3

100

96,7

100

93,9

100

92,7

100

83,1

100

Topplei.

93,2

100

100

0,0

100

92,4

99,1

100

64,5

100

100

90,4

Mellomlei.

100

97,3

100

97,4

98,5

100

95,7

100

100

99,6

96,7

100

Høgtlønte rådg.

95,2

100

97,6

100

97,0

100

97,8

100

97,2

100

96,1

100

Saksbeh.

97,8

100

100

99,4

100

98,5

96,4

100

90,1

100

98,1

100

Kontor

100

78,3

0

100

100

94,8

100

0

98,3

100

100

98,7

1 Tala i tabellen gjeld 2012. Direktoratet for naturforvaltning (DN) og Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) vart 1. juli 2013 slått saman til Miljødirektoratet.

Tabell 23.4 Oversikt over deltid, mellombelse stillingar, foreldrepermisjon og fråvær fordelt på kvinner og menn

MD

DN 4

Klif 4

NP

RA

SK

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

Deltid 1

10,0

3,5

16,9

5,6

19,2

7,1

7,7

1,9

10,8

3,8

21,2

9,4

Mellombelse 2

6,8

3,9

7,7

4,6

9,4

7,1

12,3

16,1

12,1

3,8

7,1

5,6

Legem. fråv. 2012

2,7

1,7

3,9

2,0

3,5

1,2

0,8

0,4

1,9

2,9

7,5

2,7

Foreldreperm. 3

68,7

31,2

83,0

17,0

85,6

14,4

0

100

50,0

50,0

76,4

23,5

1 Pst. del av kvinner/menn på deltid

2 Pst. del av kvinner/menn i mellombels stilling

3 Pst. del av det totale foreldrepermisjonsuttaket som blir teke ut av kvinner/menn

4 Tala i tabellen gjeld 2012. Direktoratet for naturforvaltning (DN) og Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) vart 1. juli 2013 slått saman til Miljødirektoratet.

I det følgjande er rapportert status og tiltak i dei enkelte verksemdene.

Miljøverndepartementet

Det er små endringar i kjønnsbalansen i departementet i dei ulike stillingskategoriane. Kvinnedelen blant høgt lønna rådgivarar har blitt mindre, men lønnsskilnadene har minska i denne stillingskategorien. I andre kategoriar har lønnsskilnadene òg blitt mindre, med unntak av i mellomleiarstillingane der menn sin del av kvinner si lønn fell frå 99,4 pst. til 97,3 pst. På toppleiarnivå i departementet (departementsråd og ekspedisjonssjefar) er det tre kvinner og fem menn. Departementet har òg ansvar for tilsetjing av direktørane for underliggjande etatar, og blant desse er det tre kvinner og tre menn. Kjønnsfordelinga blant medarbeidarane i departementet sine avdelingar, og innan dei enkelte fagområda, er stort sett jamn, men det er eit fleirtal av kvinner i kontorstillingane. Rekruttering og ny organisering er viktige verkemiddel for å få jamn fordeling av kjønn på ulike fagområde og nivå i organisasjonen, saman med tilbod om individuell kompetanse- og karriereutvikling. Ein gjennomgang av alle kunngjorde stillingar i 2012 (mars-desember) viser at av den totale søkjarmassen var 58,7 pst. kvinner. Av medarbeidarane som vart tilsette i desse stillingane var 60,3 pst. kvinner. Eit hovudmål i lønns- og personalpolitikken er å medverke til likestilling mellom kjønna. I løpet av 2012 vart det ført individuelle forhandlingar etter hovudtariffavtala pkt. 2.3.4. Kvinnene sin del av lønnsauken var på 58,1 pst. Eitt av måla i Miljøverndepartementets rekrutteringsstrategi er å auke delane av medarbeidarar med innvandrarbakgrunn og medarbeidarar med redusert funksjonsevne. For å oppnå dette skal personar i målgruppene oppfordrast til å søkje på stillingar i departementet, og kvalifiserte søkjarar skal innkallast til intervju. Strategien inneheld òg tiltak for å finne fleire aktuelle kandidatar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne, blant anna gjennom samarbeid med NAV og utlysning av stillingar på inkludi.no. Det skal òg satsast på haldningsskapande arbeid internt.

Miljøverndepartementet flyttet til nye lokal i august 2013. Tilgjenge i den nye bygningen i Kongensgate 20: Regelverk om universell utforming er lagt til grunn for prosjektering og gjennomføring.

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif)

Då fleirtalet av medarbeidarane er kvinner, har Klima- og forureiningsdirektoratet eit spesielt fokus i rekrutteringa på å auke delen av menn. Til trass for dette er det ein svak auke i delen kvinner i verksemda. Det er samtidig ei klar overvekt av kvinnelege søkjarar til ledige stillingar. I 2012 har direktoratet evaluert utviklinga på skilnader i lønn mellom kjønna, og funne ut at det ikkje er nokon forskjell mellom kjønna.

Klima- og forureiningsdirektoratet gjennomfører tilrettelegging av oppgåver der det er nødvendig for at tilsette med nedsett funksjonsevne skal kunne fungere i jobb. Klif har som mål å rekruttere minst 1-2 personar med redusert funksjonsevne kvart år. To medarbeidarar med nedsett funksjonsevne har fått praksisplass gjennom NAV. Det blir gitt skrivekurs og økonomisk hjelp til kurs i norskopplæring for medarbeidarar med behov for språkleg tilrettelegging. Ved graviditet blir det tilbode tilpassing av kontorplass, trening og fysioterapi. I forhold til omsorgsoppgåver blir ein tilbode redusert arbeidstid og høve til heimekontor og fjernarbeid. Tilpassing for medarbeidarar med bakgrunn frå kulturelle/religiøse minoritetar skjer blant anna ved løyving av velferdspermisjonar og tilrettelagt kantinemat. Medarbeidarar over 62 år får 12 seniordagar pr. år. Seniorar får òg høve til redusert arbeidstid og heimekontor. I rekrutteringsprosessane skal det kallast inn til intervju minst ein søkjar med minoritetsbakgrunn, minst ein søkjar med redusert funksjonsevne og minst ein søkjar over 55 år, under føresetnad av at søkjarane er kvalifiserte.

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har i fleire år hatt fokus på krava i Web Accessibility Initiative og har redaktøransvaret for blant anna nettstadene www.miljøstatus.no og www.erdetfarlig.no. Direktoratets eigen nettstad www.klif.no vart vurdert av Direktoratet for forvaltning av IKT (difi) i forhold til kvalitetskrava i 2011, og fekk der toppkarakter. Dei andre nettstadene held same standard.

Tilgjenge i den nye bygningen til Klima- og forureiningsdirektoratet i Grensesvingen 7: Nytt regelverk om universell utforming skal leggjast til grunn for prosjektering og gjennomføring, og NS 11001 skal generelt leggjast til grunn. Tilrådingar og forslag i standarden sitt vedlegg (5 stk. tillegg) skal òg leggjast til grunn ved planlegging og bygging. Alle krav og tilrådingar i standarden skal generelt oppfattast som skal krav. Eventuelle avvik frå dette skal avklarast med Klima- og forureiningsdirektoratet.

Riksantikvaren (RA)

Kvinner utgjer eit fleirtal (61 pst.) av RAs medarbeidarar. Det er ei forholdsvis stabil kjønnsfordeling innanfor dei fleste stillingskategoriane. Innanfor kategorien av mellomleiarar er det ei lita endring ved at delen menn har auka frå 44 pst. til 47 pst. og ved ein nedgang av delen kvinner frå 56 pst. til 53 pst. Framleis har Riksantikvaren ein stor del kvinnelege toppleiarar (67 pst.). Den har vore stabilt høg dei siste 3 åra.

Tala for 2012 viser at det har blitt ein meir markert forskjell i lønn for toppleiarar mellom kvinner og menn enn føregåande år. Gjennomsnittleg månadslønn for kvinner var i 2012 61 000 og for menn 95 000. For kvinner er snittet auka med kr. 4 000 frå føregåande år, mens det for menn er ein auke på 18 000 frå føregåande år. Det er ein viss auke i forskjell også for saksbehandlarstillingar, der gjennomsnittslønn for kvinner i 2012 var kr. 34 000, mens den for menn var på kr. 38 000. Det er ein nedgang i snittet for kvinner på kr. 1 000, mens det for menn er ein auke på kr. 1 000. Innanfor begge stillingskategoriane har det vore noko turnover og utskifting. I toppleiargruppa har fleire nytilsetjingar ført til større forskjell i lønn mellom kjønna. Endringane innanfor saksbehandlarstillingane er ikkje betydeleg og heng òg saman med endringar i samband med nytilsetjingar.

Etaten gir kvinner og menn like moglegheiter for kompetanseutvikling, og fleire kvinner enn menn har delteke på større, individuelle kompetansetiltak. I lokale forhandlingar vil ein vere merksam på forholdet mellom menn og kvinner si gjennomsnittslønn. Det blir arbeidd systematisk og målretta for at kjønnsmessige ulikskapar i lønn blir utjamna. Det er blitt sett i verk tiltak for å sikre at gravide kan stå lengre i arbeid. Det er blitt laga ein eigen handlingsplan for IA i 2012. Blant måla her er halde fram med minimum ein IA-plass og auka tilsetjing av personar med nedsett funksjonsevne. I rekrutteringa er lagt vekt på at verken nedsett funksjonsevne eller framandspråk skal vere hinder for tilsetjing, så lenge vedkommande er kvalifisert. Personar med nedsett funksjonsevne blir oppfordra til å søkje stillingar og det blir lagt til rette for at medarbeidarar med nedsett funksjonsevne kan fungere optimalt (100 pst.) i stillinga. Innanfor HMS-arbeidet satsar etaten spesielt på førebygging gjennom ergonomisk vurdering av arbeidsplassar og trimtilbod. RA har òg tett samarbeid med NAV Arbeidslivssenter og hjelpemiddelsentral, det er òg blitt laga ei lett tilgjengeleg elektronisk HMS-handbok med faste rutinar. RA har fleire medarbeidarar med innvandrarbakgrunn. Mangfald er etterstreva, og personar med innvandrarbakgrunn blir oppfordra til å søkje på stillingar, vurderte særskilt og kalla inn til intervju om dei innfrir krava til utdanning og praksis. Kompetanseutvikling for seniorar og kompetanseoverføring blir prioritert. Samtidig er det lagt vekt på å tilpasse arbeidssituasjonen til behova for den enkelte medarbeidaren. Frå året ein fyller 62 får alle tilsette 8 ekstra tariffesta fridagar. Gjennomsnittleg pensjoneringsalder er 68 år.

Direktoratet for naturforvaltning (DN)

I direktoratet er 42 pst. av dei tilsette kvinner. Av eksternt utlyste stillingar i 2010 vart det tilsett kvinner i 62,5 pst. av tilfella. Av utlyste leiarstillingar i 2012 vart det tilsett 1 mann. Ved høve vil moderat kvotering av kvinner bli gjennomført.

Over den siste treårsperioden frå 2010–2012 har delen kvinner i leiarstillingar variert utan at noko klar utvikling har utkrystallisert seg. Likevel har delen kvinner som har komme i gruppa høgt lønna rådgivarar auka frå 32 til 42,6 pst. i same periode, samtidig som kjønnsbalansen har vore nær uendra.

I direktoratet utgjer kvinner si årslønn 96,3 pst. av menn si årslønn. Direktoratet utarbeider jamleg kjønnsdelt lønnsstatistikk for dei ulike stillingsnivåa. Denne viser at det blant mellomleiarar er ei relativ jamn fordeling av lønn mellom kvinner og menn. I seniorrådgivargruppa tener menn i snitt noko meir enn kvinner. For rådgivergruppa er situasjonen motsett. I løpet av 2012 vart det gjennomført individuelle lønnsforhandlingar for 6 menn og 12 kvinner etter HTA pkt. 2.3.4 og for 10 menn og 4 kvinner etter HTA 2.3.8. nr. 3. Ved dei lokale lønnsforhandlingane etter HTA pkt. 2.3.3 hausten 2012 fekk kvinner 40,7 pst. av forhandlingspotten. Ser ein dette over tid har lønnsforskjellane mellom menn og kvinner i perioden 2010–2012 skrumpa inn frå 4,8 pst. i favør menn i 2010 til 3,8 pst. i 2013. DN tilbyr kvinner og menn same type opplæring og kompetanseutvikling. Ved kunngjering av ledige stillingar skal minst ein søkjar med nedsett funksjonsevne innkallast til intervju, under føresetnad av at vedkommande er kvalifisert. I 2010 hadde DN to avtaler om praksisplassar for personar med nedsett funksjonsevne, men ingen i 2012 grunna manglande kontorplassar. Mange medarbeidarar har omsorg for barn, og ein aukande del har omsorgsoppgåver for eldre eller sjuke familiemedlemmer. Desse blir tilbodne blant anna fleksibel arbeidstid og velferdspermisjon. Gjennomsnittleg pensjonsalder er 64 år. I DNs senior-/livsfasepolitikk er det etablert tiltak for å heve pensjonsalderen ytterlegare, under dette rett til 14 fridagar for medarbeidarar over 62 år.

Statens kartverk (SK)

Statens kartverk har i dag ein kvinnedel på ca. 53,5 pst. (52 pst. i 2011) Ved kunngjering av stillingar har SK som personalpolitisk mål å oppnå ein balansert arbeidsstyrke med omsyn til alder, bakgrunn, funksjonsevne og kjønn. I etaten sin strategiske personalplan er understreka leiarane sitt ansvar for å ta vare på omsynet til likestilling. I lønnspolitikken er det lagt vekt på å honorere ansvar og kompetanse uavhengig av kjønn, og det blir forsøkt å rette opp eventuelle misforhold i avlønning mellom kvinner og menn. Likelønnsomsyn blir følgde opp ved lokale lønnsforhandlingar og det er gjort analysar som viser at Kartverket i stor grad har lik lønn for likt arbeid. Lønnsnivåa mellom kvinner og menn er på linje med tidlegare år.

Det er avtalt 4 ekstra seniordagar i tillegg til dei 8 tariffbestemte dagane. Bygningsmassen på Ringerike er i stor grad tilrettelagt for funksjonshemma, bl.a. toalett, dørstokkar og heve-/senkebord etc. Vi har òg gjennomgått interne rutinar innan brannevakuering (med intern opplæring av kollegaer) for å sikre forsvarleg evakuering av bevegelseshemma. Det ligg føre planar i 2012 og 2013 for totalrenovering av den eldste bygningsmassen på Ringerike.

Kartverket har i 2012 utarbeidd ein handlingsplan for Universell utforming. Dette er det òg teke omsyn til i framtidige prosjekt, og i opplæring av våre tilsette.

Kartverket har god erfaring frå leggje til rette ved graviditet, foreldrefråvær og omsorgsoppgåver. Dette speglar seg i stor fleksibilitet når det blir innvilga permisjon knytt til omsorg, amming etc. Mange medarbeidarar har redusert stilling utover permisjonar som dei har rett til. Kartverket på Ringerike har avtale om bedriftshelseteneste (Unicare) med bl.a. jordmor med god kompetanse på tilrettelegging for å redusere sjukefråvær blant gravide. Vi tillet heimekontor for ein periode for personar med omsorgsplikter. Kartverkets reglar for intern varsling inneheld rutinar og tiltak ved mobbing eller trakassering. Framandspråklege medarbeidarar får arbeidsfri og økonomisk støtte for å delta i norskundervisning.

Norsk Polarinstitutt (NP)

Talet menn i Norsk Polarinstitutt har auka med 3 pst. frå 2011 til 2012 (etterspurte stillingskategoriar). Vidare viser tala at forskjellen på gjennomsnittleg lønn mellom kvinner og menn i perioden har auka i menn sin favør. NP vil forsøke å kartleggje grunnen til at kvinner i gjennomsnitt har lågare inntekt og at denne forskjellen aukar, for å kunne jobbe målretta med funn både ved rekrutteringar og i lokale forhandlingar. Eventuelle kjønnsbetinga lønnsforskjellar på alle nivå skal kartleggjast og søkjast utjamna ved dei lokale lønnsforhandlingane. Ny lønnspolitisk plan er utarbeidd i 2012, og likestillingselementet er vektlagt i utforminga av planane.

Etaten har som overordna mål å vere ein arbeidsplass der likestillingsperspektivet er ein integrert del av verksemda. Likestillingsutvalet ved NP har i 2011 utarbeidd reviderte handlingsplanar for likestilling og mot trakassering, og ein intern likestillingskontakt arbeider aktivt for likestilling på alle plan. NP skal delta med to deltakarar på kurs i intensiv likestillingsarbeid som Kif-komiteen arrangerer i 2013. Tema er Kjønnsbalanse i forsking. I samband med dette kurset skal deltakarane utarbeide ei problemstilling. Temaet NP arbeider med er «Hvordan beholde kvinnelige forskere». Ved rekruttering skal både ein mannleg og ein kvinneleg kontaktperson oppgivast i kunngjeringsteksten, og begge kjønn skal vere representerte i utvelgingsprosessen. Kvinner/menn blir oppfordra til å søkje om det finst mindre enn 40 pst. av eit kjønn i ein type stilling. Det blir gjennomført utviklingssamlingar for medarbeidarane med fokus på intern kommunikasjon, språk, samspel og relasjonar. NP har laga ein plan for universell utforming, med intensjon om å vere ein arbeidsplass som fremjar like moglegheiter til samfunnsdeltaking og hindrar diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. NP har inngått samarbeidsavtale med INN Tromsø for å integrere utanlandske medarbeidarar i det norske samfunnet på best mogleg måte. I tillegg blir det tilbode norskkurs, både grunnkurs og kurs for vidarekomne. Ved foreldrepermisjon blir det lagt til rette for at mannlege medarbeidarar kan ta ut meir enn fedrekvoten. Tidspunkt for møte og tilstellingar i verksemda blir tilpassa tider for henting av barn i skule og barnehage. Gravide får etter førespurnad tilpassa arbeidsplassen. For permisjonar som er lengre enn 4 månader blir det gjennomført ein obligatorisk medarbeidarsamtale. Eventuelle lønnsskilnader som følgje av kjønn blir kartlagde på alle nivå og forsøkt utjamna ved lokale forhandlingar.

23.6 Likestillingsvurdering på fagbudsjettområda

Offentlege verksemder er i likestillingslova § 1a pålagt å arbeide for likestilling mellom kjønna på alle samfunnsområde. Dette inneber blant anna å vurdere kjønns- og likestillingsperspektivet på departementets fagbudsjettområde der det er relevant og føremålstenleg.

Naturmangfald og friluftsliv

Det er kommunar og organisasjonar som foreslår medlemmene til dei fleste råd og utval på naturforvaltningsområdet. For å få velfungerande råd og utval med høg grad av legitimitet lokalt og regionalt er det viktig at forslag til medlemmer framleis kjem frå brukarar og interessentar for det arbeidet rådet/utvalet skal gjennomføre, men kommunar og organisasjonar blir bedne om alltid å foreslå ei kvinne og ein mann.

Det blir lagt inn krav i tildelingsbrevet til Miljødirektoratet og til Fylkesmannen om å sikre at likestillingslova blir følgt ved oppnemning til og nyoppnemning av statlege råd og utval som direktoratet eller Fylkesmannen har ansvar for.

I følgje TNS Gallups Natur- og miljøbarometer (siste tal frå 2004) betyr kjønn lite for nordmenn si interesse for natur, miljø og friluftsliv. Dette avspeglar seg i arbeidet for å bevare norsk natur for kommande generasjonar og leggje til rette for natur- og friluftslivsopplevingar. Både menn og kvinner har i store trekk dei same høva til friluftsliv, og likestillingsperspektivet er her godt ivareteke. Vi ser òg at det er god fordeling mellom kvinner og menn som arbeider med desse spørsmåla i offentleg forvaltning.

Å delta i jakt og fiske har tradisjonelt vore eit område med stor dominans av menn. Menn dominerer framleis, men delen av kvinner som deltek i slike aktivitetar aukar. I løpet av dei siste åra har talet på kvinnelege medlemmer i Noregs jeger- og fiskarforbund auka, og det er etablert eigne kvinnenettverk der jakt og fiske er tema.

Dei fleste budsjettpostane som Miljødirektoratet disponerer innanfor sitt verkeområde er ikkje kjønnsrelevante. Nokre av postane kan likevel nyttast til å fremje likestilling mellom kjønna. Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av desse.

Kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeformål og post 71 Tilskot til viltformål

Grunnlaget for desse to postane er inntekter frå fiskaravgifta og jegeravgifta. Tilskot blir tildelt lag og organisasjonar, og kan ytast til tiltak som fremjar auka deltaking av kvinner i jakt og fiske. Midlar frå dei to postane er bl.a. nytta til kurs og opplegg mynta spesielt på kvinner og ikkje minst familiar. Det er innført ei eiga fiskaravgift for familiar som er grunngitt med at fiske er ein fin familieaktivitet.

Kap. 1420 post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde og post 78 Friluftslivsformål (Tidlegare kap. 1427 postane 30, 74 og 78)

Desse postane har indirekte familiefokus ved at midlane dei siste åra har vore retta mot å leggje ut friluftsområde og støtte friluftstiltak i by- og tettstadsnære område, det vil ofte seie i nærleiken av bustader, skular og barnehagar. Ei viktig brukargruppe av desse områda vil vere kvinner og barn. Mange friluftsråd driv aktiv rekruttering av nye befolkningsgrupper gjennom å arrangere turar, kurs o.l.

Kulturminne og kulturmiljø

Riksantikvaren legg vekt på mangfald og likestilling i forvaltninga si og fokuserer på å vere representativ når det gjeld å velje ut kva for kulturminne som blir verna. Intensjonen er å femne livet og historia til både kvinner, menn og minoritetar. Dei fleste kulturminna er kjønnsnøytrale og likestillingsaspektet er derfor knytt til kjønnsfunksjonar og roller i heimen og i samfunnet. På nokre område kan det arbeidet som Riksantikvaren gjer, medverke til at det blir sett større fokus på mangfaldet i befolkninga. Som eksempel kan ein nemne verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet. I verdiskapingsprogrammet har Riksantikvaren arbeidd for at aktørar av begge kjønn er involverte i gjennomføringa av tiltak og deltek i nettverket til programmet. Arbeidet med dei sektorvise landsverneplanane medverkar vesentleg til å redusere tapet av verdifulle kulturminne og til å bevare breidda av dei. Dette inneber òg at omsynet til likestilling blir betre teke vare på, for eksempel gjennom bevaring av anlegg med tilknyting til kvinner sin innsats og profesjonalisering innanfor helse- og omsorgssektoren.

Freda bygningar og anlegg har hatt ulike funksjonar og speglar dermed bl.a. kjønnsrollene i familie og samfunn gjennom tidene. Våningshus, stabbur, seteranlegg og tekstilfabrikkar medverkar til å synleggjere typiske rammer for kvinners arbeid. Dette gjeld i stor grad òg bustader generelt.

23.7 Oppfølging av IA-avtala

I styringsdialogen med etatane har Miljøverndepartementet lagt opp til tett oppfølging av måla i den nye avtala om eit inkluderande arbeidsliv. I samsvar med IA-avtala er det lagt vekt på behovet for førebyggjande tiltak og systematisk HMS-arbeid. IA-måla blir i stor grad utforma av kvar enkelt etat og tilpassa lokale forhold. Miljøverndepartementet har laga ein eigen handlingsplan for oppfylling av måla i IA-avtala.

Resultatutvikling og tiltak

Statistikk frå Statistisk sentralbyrå viser at verksemdene i miljøforvaltninga hadde eit samla legemeldt fråvær i 2012 på 2,4 pst. Det legemelde sjukefråværet gjekk dermed ned i forhold til 2011 (3,5 pst.). Eigemeldt sjukefråvær er ikkje inkludert i tala.

Verksemdene i miljøforvaltninga har sett i gang fleire tiltak for å førebyggje sjukefråvær, spesielt er vektlagt tiltak for å fremje fysisk aktivitet blant medarbeidarane. Andre førebyggjande tiltak omfattar blant anna fysioterapi og tilpassing av arbeidsplassar. I forhold til IA-mål 2 og 3, rekruttering av personar med redusert funksjonsevne og auke i pensjonsalder, har verksemdene sett individuelle mål og sett i verk eigne tiltak, for eksempel tilbod om praksisplassar og karriereutvikling for seniormedarbeidarar.