Olje og energidepartementet (OED)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

11.1 Innleiing

Ein viser til oppmodingsvedtak av 8. juni 2012 frå Stortinget til Regjeringa – vedtak nr. 565, jf. Innst. 390 S (2011–2012):

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag for Stortinget med virkemidler som bidrar til å utløse betydelig energieffektivisering og energiomlegging fra fossile til miljøvennlige kilder i private husholdninger.»

Som ei oppfølging av vedtak nr. 565 legg Regjeringa med dette fram verkemiddel som medverkar til å utløyse betydeleg energiomlegging, under dette energieffektivisering i hushald.

11.1.1 Energibruken i hushald i dag

Hushald står for om lag ein tredel av vårt totale stasjonære energiforbruk. I følgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) * har den samla energibruken i hushalda dei siste 20 åra flata ut og ligg på om lag 44-46 TWh/år. Året 2010 var eit unntak, med ein energibruk på om lag 50 TWh. Dette året var særleg kaldt med kuldeperiodar både i starten og på slutten av året, noko som kan forklare det auka forbruket. Foreløpige tal for 2011 tyder på at energibruken var tilbake på den utflatande trenden.

I følgje NVE og Statistisk Sentralbyrå (SSB) * skuldast utflatinga av energibruken i hushalda dei siste åra blant anna lågare oppvarmingsbehov som følgje av høgare utetemperaturar, lågare vekst i bustadareal pr. person og auka energiprisar. I tillegg har energieffektivisering og betre oppvarmingssystem medverka til at vi brukar mindre energi pr. kvadratmeter.

Energibruk pr. kvadratmeter i hushalda har i følgje NVE gått ned med 14 pst. samanlikna med 1990. Ei viktig årsak til denne nedgangen er forbetringar av eksisterande bustader, og betre kvalitet på nye bustader som følgje av skjerpa energikrav i nye bygningsforskrifter.

Også samansetjinga av energivarer i hushalda har endra seg gradvis dei siste 20-30 åra. I følgje SSB har det sidan midten av 1970-talet vore auka bruk av elektrisitet og ved, samtidig som oljebruken har blitt redusert. Høgare oljeprisar, reguleringar, avgifter på petroleumsprodukt og støtteordningar for miljøvennlege alternativ har medverka til ein gradvis overgang frå oljefyrer, parafinomnar, gamle ineffektive vedomnar og panelomnar til meir effektive oppvarmingsteknologiar, slike som nye reintbrennande vedomnar, varmepumper og fjernvarme.

Nesten 77 pst. av energien nordmenn brukte i bustader i 2010 var straum. Den høge prosentdelen av straum i norske bustader heng saman med at elektrisk oppvarming er utbreitt. Ifølgje SSB var straumdelen i svenske, finske, danske og islandske hushald respektive 46, 35, 18 og 11 pst. I desse landa har forbruket vore leia mot meir bruk av fjernvarme og andre varmeløysingar, noko som har medverka til at energitilførsla i nabolanda derfor er meir diversifisert. SSB viser at sjølv om norske hushald er blant dei som bruker mest straum i verda, er det samla energiforbruket på linje med våre nordiske naboar. Nordiske land bruker likevel meir energi enn det som er gjennomsnittet i OECD, blant anna på grunn av kaldare klima.

11.1.2 Potensial for energieffektivisering

Det er betydelege moglegheiter for å redusere forbruket og avgrense veksten i energibruken i bustader. Potensial for energieffektivisering vil endre seg over tid som følgje av kontinuerleg utvikling av blant anna ny teknologi og endringar i økonomisk aktivitet. Tiltakskostnader og venta prisutvikling påverkar kor stor del av det samla potensialet for energieffektivisering som faktisk blir realisert.

Det er gjort fleire potensialstudiar for energieffektivisering i bygningar dei siste åra, og dei fleste av desse tek utgangspunkt i det tekniske potensialet. Tilnærmingane i dei ulike studiane er svært ulike. Lågenergiutvalet (2009) foreslo å setje eit mål om å redusere energibruken i bygningar med 10 TWh innan 2020 og 40 TWh innan 2040. I Arnstadgruppas rapport om energieffektivisering i bygningar (2010) vart det konkludert med at det var realistisk å oppnå Lågenergiutvalets målsetjing for 2020 og mogleg å oppnå målsetjinga for 2040.

Enova publiserte i 2012 ein potensial- og barrierestudie om energieffektivisering i norske bygningar. Studien viser eit teknisk potensial for energieffektivisering i eksisterande norske bustader på 13,4 TWh innan 2020 og eit økonomisk potensial innan 2020 på om lag 2,4 TWh i bustader. Studien viser at det er mest kostnadseffektivt å påverke dei som allereie har planar om å byggje nytt eller rehabilitere. Enova har rekna ut at det innan 2020 kan utløysast 1,4-3 TWh av det tekniske potensialet for energieffektivisering i bustader.

I Prop. 33 S (2012–2013) om endringar i statsbudsjettet under Olje- og energidepartementet, la Regjeringa fram eit langsiktig mål for energieffektivisering av bustader og yrkesbygningar og talfesta effekten av dei viktigaste tiltaka for å betre energieffektiviteten i bygningar fram til utgangen av 2020. Regjeringa la til grunn at frå 2010 til 2020 vil dei verkemidla som er sette i verk gi ein effekt på 15 TWh energieffektivisering i bygningar.

11.2 Verkemiddel som påverkar energiomlegging i hushald

Mange land har arbeidd for energiomlegging i hushald. Typiske verkemiddel for å stimulere til energiomlegging i hushalda er:

  • Økonomiske verkemiddel

  • Regulerande verkemiddel som byggtekniske forskrifter, energikrav til produkt

  • Informasjonsverkemiddel som energimerking og informasjons- og rådgivingstenester

I dei nordiske landa blir det nytta verkemiddel av alle kategoriar. Det varierer mellom landa kva som er styrken i verkemiddelbruken og kva slag støtteordningar som er på plass. Landa har ulikt ressursgrunnlag, energimiks og infrastruktur for energitransport og energibruk i bygningar. Dette påverkar òg korleis landa handterer energieffektivisering og energiomlegging.

Dei nordiske landa har òg informasjonsverksemd som er handtert av Energistyrelsen i Sverige, Videncenter for energibesparelse i Danmark, Motiva i Finland og Enova i Noreg. Alle har gjennomført Økodesigndirektivet med standardkrav til apparat og merkedirektivet med krav til energimerking. Landa har òg innført energimerking av bygningar i samsvar med det første bygningsenergidirektivet.

I ein rapport frå 2010 utpeikte Noreg seg, saman med Sverige, Danmark og Nederland som land som då hadde dei strengaste energikrava i byggforskriftene når ein korrigerer for klima * .

EU-direktiv som gjeld bygg og energi, som det reviderte bygningsenergidirektivet og energieffektiviseringsdirektivet, krev at det blir teke i bruk verkemiddel innanfor alle kategoriane. Det er ikkje avgjort om desse direktiva er relevante for Noreg.

Eit viktig motiv for å stimulere til energiomlegging i hushalda i Noreg er å avgrense bruken av fossile energikjelder og elektrisitet. Bakgrunnen for dette er omsyn til klimagassutslepp, forsyningstryggleik og det faktum at fornybar elektrisitetsproduksjon og transport av elektrisitet medfører inngrep i naturen. Nivået på og samansetjinga av energibruken i norske hushald påverkar korleis kraftforsyninga må utviklast i framtida.

Regjeringas langsiktige mål er ei omstilling av Noreg til eit lågutsleppssamfunn. Bygningsmassen blir rehabilitert og skifta ut i sakte tempo og det krev ein langsiktig innsats for å innrette seg mot eit lågutsleppssamfunn. Potensialet for å avgrense energibehovet i desse bygningane, og å finne klimavennlege energiløysingar som samspelar godt med kraftsystemet, er stort.

Det blir utført ei rekkje tiltak i samband med rehabilitering av bygningar. Kostnadene ved energiomlegging i eksisterande bygningar vil avhenge av om dei er klare for rehabilitering, om dei har installert vassborne system og om det er fleirbustadhus eller einebustader. Det er derfor viktig å kunne ha eit breitt sett med verkemiddel. Samtidig er det avgjerande når det offentlege støttar tiltak for å redusere eller leggje om energibruken, at det ikkje blir gripe inn i vel fungerande marknader. På sikt er det ønskjeleg at energiomlegging og konvertering frå elektrisk oppvarming og fossile brensler blir lønnsamt uavhengig av støtteordningar og tekniske forskrifter. Verkemiddel bør derfor byggje opp under ei utvikling av marknader for tiltak knytte til energieffektivisering og energiomlegging.

Regjeringa har ein offensiv politikk for å utløyse potensialet for energiomlegging på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte. Det finst ei rekkje avgifter på stasjonær energibruk, støtte- og låneordningane gjennom Enova og Husbanken, energikrav i bygningar og produkt, og diverse informasjonsverkemiddel som er retta mot å påverke åtferda til forbrukarane. Innsatsen for energiomlegging i hushald er styrkt vesentleg på alle område sidan 2006. Seinast i mai 2013 etablerte Enova ei ny heilskapleg satsing retta mot hushald. I Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk , er det skissert ein handlingsplanen for bygningar framover.

Regjeringa meiner derfor at vi har på plass eit vel fungerande og heilskapleg verkemiddelapparat som vil utløyse betydeleg energiomlegging i norske hushald i kommande år.

11.3 Økonomiske verkemiddel

I Noreg er det innført ei rekkje avgifter som medverkar til å styrkje lønnsemda ved energiomlegging for sluttbrukarane. Avgifter sikrar at dei mest lønnsame tiltaka blir prioriterte og er derfor eit kostnadseffektivt verkemiddel. Grunngivingane for dei ulike avgiftene varierer, men dei har like fullt verknad på energibruken. Også ved utforming av støtteordningar er det lagt vekt på å finne ei kostnadseffektiv tilnærming. Det er samtidig lagt vekt på å utforme ordningane slik at behovet for løyvingar blir avgrensa.

11.3.1 Avgifter som påverkar energibruken

Avgift på forbruket av elektrisk kraft (elavgift)

Ei avgift på forbruket av elektrisk kraft vart innført i 1951. Avgifta er i hovudsak grunngitt fiskalt, men den skal òg medverke til å avgrense forbruket av elektrisk kraft. Ordinær sats i 2013 er 11,61 øre pr. kWh. Hushalda i det meste av landet betaler ordinær sats. Det er gitt fritak for avgift på kraft som blir levert til hushald i Finnmark og følgjande kommunar i Nord-Troms: Karlsøy, Kvænangen, Kåfjord, Lyngen, Nordreisa, Skjervøy og Storfjord. Dessutan er omsetjing av elektrisk kraft til hushaldsbruk i fylka Finnmark, Troms og Nordland friteken for meirverdiavgift.

Grunnavgift på mineralolje

Grunnavgift på mineralolje mv. (tidlegare grunnavgift på fyringsolje mv.) vart innført for å hindre ein miljøvis uheldig overgang frå elektrisitet til mineralolje då elavgifta vart auka i 2000. Med ein ytterlegare auke av grunnavgifta i 2008 kom den opp på same nivå som elavgifta rekna pr. eining energi. Det gir tilsvarande insentiv til energieffektivisering for mineralolje som for elektrisk kraft. I tillegg til elavgifta betaler hushald og delar av næringslivet eit påslag på nettariffen på 1 øre pr. kWh. I 2011 vart grunnavgifta på mineralolje auka tilsvarande dette påslaget. Den ordinære avgiftssatsen i 2013 er 1,018 kroner pr. liter.

CO 2 -avgift på mineralske produkt

CO 2 -avgifta på mineralske produkt omfattar bensin, mineralolje, naturgass og LPG. Avgifta vart innført i 1991 og frå 1. september 2010 vart den utvida til òg å omfatte gass. Føremålet med avgifta er å medverke til kostnadseffektive reduksjonar av klimagassen CO 2 . Avgifta set ein pris på utslepp og gir hushald og andre aktørar insentiv til å nytte produkt eller produksjonsprosessar med lågare utslepp av CO 2 .

Mineralolje og gass til bruk i hushald er pålagt generelle satsar som i 2013 svarar til om lag 230 kroner pr. tonn CO 2 .

11.4 Støtteordningar

11.4.1 Støtteordningar gjennom Enova

Bakgrunn

Sidan 2006 har Enova administrert tilskotsordninga for elektrisitetssparing i hushald. Formålet med ordninga var å medverke til større utbreiing av modne teknologiar for miljøvennleg oppvarming og straumsparing som i dag ikkje er utbreidde på marknaden, jf. St.prp. nr. 83 (2005–2006) og Innst. S. nr 33 (2006–2007). Ordninga vart opphavleg finansiert gjennom ei eiga løyving over statsbudsjettet. Frå 1. september 2011 vart ordninga innlemma i Energifondet, jf. Prop. 120 S (2010–2011) og Innst. 420 S (2010–2011). Gjennom denne endringa fekk Enova større fagleg fridom i val av verkemiddel og innretning på støtteprogrammet retta mot hushalda.

I klimameldinga la Regjeringa fram ein handlingsplan for energieffektivisering med mål om å redusere samla energibruk vesentlig i bygningssektoren innan 2020, jf. Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk . Her fastslo Regjeringa at den blant anna vil « Fase ut bruken av oljekjeler i husholdninger og til grunnlast fram mot 2020. Dette skal blant annet kunne skje ved at Enova kan gi tilskudd til husholdninger. »

Som ei oppfølging av klimameldinga inngjekk Enova og departementet i juni 2012 ei ny avtale om forvaltninga av midlane i Energifondet for perioden 2012–2015. Avtala legg blant anna viktige premissar for Enovas satsing retta mot hushald framover. Blant anna er det teke inn særlege vilkår om:

Konvertering av fossile energiberarar

«Fondsmidlene kan finansiere en særskilt ordning for konvertering av fossile energiberarar i husholdninger, og til grunnlast. Ordningen skal bygge opp under utviklingen av et konkurransedyktig marked for oppvarming basert på andre energibærere enn elektrisitet og fossile brensler. »

Bygning og bustad

«Enova skal støtte opp om utvikling av mer energieffektive bygg, herunder eksisterende bygg. Fondsmidlene skal også finansiere en satsing på energieffektivisering i boliger.» (…)
«Gjennom satsingene på bygg og bolig skal Enova ikke intervenere i velfungerende markeder. Hovedinnsatsen skal rettes mot støtte til tiltak som ikke utløses av seg selv.»

Informasjon og rådgiving

«Fondsmidlene skal finansiere et landsdekkende tilbud av informasjons- og rådgivningstjenester som på kort og lang sikt bygger opp under og legger til rette for at målene i avtalen nås. Det skal for denne aktiviteten etableres aktivitetsmål i Enovas årlige plan.»

I lys av den nye avtala har Enova revidert sine strategiar og program retta mot hushald. Enova har bestemt å avvikle den tidlegare tilskotsordninga for hushald. Det er i staden etablert eit nytt program retta mot hushald. Programmet supplerer eksisterande program knytte til støtte til passivhus og lågenergibustader, støtte til konverterings- og energieffektiviseringstiltak i burettslag og sameige, og rådgivingstenesta. Tilbodet til Enova retta mot hushald består dermed av følgjande fem delprogram. Støtte til:

  • energirådgiving ( nytt )

  • oppgradering av bustad ( nytt )

  • utstyr i bustad ( nytt )

  • passivhus og lågenergibustad privat

  • burettslag og sameige

Alle delprogram har klare tildelingskriterium som er utforma på ein slik måte at dei vil vere enkle for Enova å administrere, og for hushalda å søkje om støtte. Støttesatsane vil vere avhengig av tiltaka som blir gjennomførte. Støtta vil vere utløysande i den forstand at prosjekta ikkje er lønnsame for hushalda utan støtte og at tiltak som er starta opp før søknad, eller allereie gjennomførte, ikkje vil ha rett til støtte.

Enova har i tillegg til programma nemnde ovanfor ei rådgivingsteneste gjennom «Enova svarer» og nettsidene, sjå pkt. 11.6. I det følgjande er det gitt ei nærare beskriving av Enovas program retta mot hushalda.

Støtte til energirådgiving

Lønnsame prosjekt blir ofte ikkje gjennomførte fordi hushalda manglar informasjon om eigen energibruk, om kor mye energi som kan sparast gjennom ulike teknologiar og tiltak, og kostnadene knytte til dette.

Enova har derfor lansert eit tilbod om støtte til energirådgiving. Målgruppa er private bustadeigarar som bur i einebustad, tomannsbustad eller anna småhus.

Energirådgivinga skal utførast av kvalifiserte energirådgivarar, med formål om å lage ein energiattest og ein detaljert tiltaksplan for ambisiøs oppgradering av bustaden.

Formålet er å auke kunnskapsnivået blant bustadeigarar om energibruken deira, og å peike ut løysingar som kan medverke til ei heilskapleg oppgradering av bustadene.

Støtte til oppgradering av bustad

Enova gir støtte til bustadeigarar som vil oppgradere eigen bustad i tråd med den detaljerte tiltaksplanen identifisert gjennom energirådgivinga. Målgruppa er private bustadeigarar som bor i einebustad, tomannsbustad eller anna småhus.

Dette er eit tilbod retta mot bustadeigarar som ønskjer å utføre ei ambisiøs og heilskapleg energioppgradering av bustaden med ein vesentleg reduksjon av varmetap og energibehov. Enova har krav om at søkjarar må oppnå minst 30 pst. reduksjon av varmetapet i bustaden gjennom tiltak for å betre bygningskroppen, under dette vegg, vindauge, tak, golv og dører. Dessutan blir det stilt eit minimumskrav til fornybardelen i bustaden sitt oppvarmingssystem og det er sett ei øvre grense for bustaden sitt årlege energibehov.

Programmet er ikkje meint å vere retta mot massemarknaden. Enova legg opp til at dette tilbodet først og fremst skal vere retta mot dei bustadeigarane som ønskjer å strekkje seg langt og gjennomføre tiltak som kan bli eit førebilete. Programmet er meint å utfordre byggjebransjen og rådgivarmiljøet til å prøve ut ambisiøse løysingar. Det er bransjen som rådgir og gjennomfører for hushalda, og utviklinga av marknaden er heilt avhengig av at bransjen presenterer moglegheitene i dei konkrete sakene.

Støtte til utstyr i bustad

Enova har etablert ei støtteordning retta mot tiltak som medverkar til konvertering frå olje- og elektrisitetsbasert oppvarming til fornybar vassboren oppvarming i eksisterande privatbustader. Formålet er å medverke til å redusere bruken av fossile energiberarar til oppvarming, redusere elektrisitetsdelen i hushalda, og å auke utbreiinga av fleksibel, fornybar vassboren oppvarming i eksisterande bustadmasse.

Ordninga er teknologinøytral ved at det blir gitt støtte til alle fornybare teknologiar i marknaden som kan nyttast i kombinasjon med vassboren oppvarming. Typiske teknologiar som kan vere aktuelle under den nye ordninga er ved- og pelletskaminar med vasskappe, luft/vatn varmepumpe og væske/vatn varmepumpe.

I tillegg blir det gitt støtte til installasjon av solfangarar i kombinasjon med andre fornybare energikjelder og sentralt varmestyringssystem for straum eller vassbaserte løysingar.

Støtte til passivhus og lågenergibustad privat

Enova tilbyr støtte til privatpersonar som ønskjer å oppføre einebustad, tomannsbustad, rekkjehus, kjedehus eller andre småhus og som følgjer standarden i Norsk Standard for passivhus og lågenergihus (NS 3700).

Det blir gitt støtte etter faste satsar og for inntil 180 kvadratmeter i kvar bustad. Om prosjektet blir godkjent av Enova, blir det òg tilbode støtte til bruk av passivhusrådgivar. Passivhusrådgivaren hjelper til med kvalitetssikring av løysingar, berekningar, tiltak og utføring.

Støtte til passivhus og lågenergibustad til privatpersonar vil, saman med støtte til passiv- og lågenergibygg for yrkesbygg og offentlege bygg, inngå i erfaringsgrunnlaget for den vidare utviklinga av byggteknisk forskrift.

Sidan 2010 har 113 prosjekt innan passivhus og lågenergibustader fått støtte frå Enova.

Støtte til burettslag og sameige

Burettslag og sameige kan få støtte til fysiske energitiltak som reduserer energibruken, støtte til oppgradering av eksisterande bustadmasse til passivhusnivå eller lågenerginivå, og støtte til omlegging av varmesentralar frå fossile til fornybare energikjelder.

Tidlegare stilte Enova krav om at prosjekt i eksisterande bygningar måtte ha eit samla energiresultat på minst 100 000 kWh/år i anten ny fornybar energiproduksjon og/eller redusert energibruk. Den nedre grensa er no fjerna ved at Enova har opna for å gi støtte til mindre predefinerte tiltak knytte til bygningskroppen, varme-, kjøle- og ventilasjonsanlegg og varmesentralar.

Enova har dermed opna for at endå fleire tiltak innan burettslag og sameige kvalifiserer til støtte. Regjeringa viser til at dette grepet er ei naturleg utvikling i Enovas langsiktige arbeid med å fremje ei miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon.

Krav til rapportering

Departementet har bede Enova rapportere særskilt om resultata for hushaldssektoren. Det er lagt til grunn at Enova skal måle energiresultat, støttenivå og CO 2 -reduksjonar. Departementet vil rapportere til Stortinget om resultata frå denne satsinga i dei årlege budsjettproposisjonane.

11.4.2 Støtte- og låneordningar gjennom Husbanken

Husbanken skal stimulere til berekraftig kvalitet i bustader og bygg gjennom grunnlån og kompetansetilskot til berekraftig bustad- og byggkvalitet.

Grunnlån

Husbanken gir grunnlån til oppføring av nye bustader eller utbetring av eksisterande bustader, lån til barnehagar og startlån til vanskelegstilte på bustadmarknaden. Låna i Husbanken er viktige for å sikre ei god bustadfordeling i heile landet og for å fremje kvalitetar som miljø og universell utforming. Dei aller fleste prosjekta som får grunnlån til oppføring, utbetring og kjøp av bustader tilfredsstiller Husbankens kvalitetskrav knytte til miljø og energi, som er miljøkvalitetar ut over krava i byggteknisk forskrift.

Kompetansetilskotet

Husbanken forvaltar eit kompetansetilskot til berekraftig bustad- og byggkvalitet. Tilskotet skal medverke til å heve kompetansen om miljø- og energivennlege bustader, universell utforming og god byggjeskikk hos dei sentrale aktørane i bustad- og byggsektoren. Tilskotet kan blant anna bli gitt til forsøksprosjekt og formidling av informasjon om energibruk og miljø- og klimavennlege løysingar i bustader og bygg.

Ei viktig satsing innanfor miljø og energi er Framtidas byar. Andre viktige formål som har fått tilskot dei siste åra innanfor miljø og energi har vore Lågenergiprogrammet, utviklinga av miljørelaterte standardar og prosjekt i regi av høgskular/forskingsinstitusjonar. Auka kompetanse på passivhus har òg vore eit prioritert formål.

For ytterlegare detaljar og omtale av Husbankens verkemiddel viser ein til Prop. 1 S (2013–2014) for Kommunal- og regionaldepartementet.

11.5 Regulerande verkemiddel

Energiforbruket kan påverkast ved å bestemme standardar og ved direkte reguleringar. Reguleringar inneber selektive tiltak og kostnadene vil variere avhengig av aktørane og kva slag tiltak som blir sette i verk for å nå reguleringane.

Normalt avgrensar styresmaktene reguleringane til relativt modne teknologiar og løysingar som er, eller raskt vil kunne bli lønnsame når dei får utbreiing. Eksisterande regulering er byggteknisk forskrift (TEK 2010) og energikrav i produkt. I tillegg blir behovet for forbod mot fyring med fossil olje utgreidd. Dette er omtalt i det følgjande:

Byggteknisk forskrift

For nye bygg og ved store ombyggingar av eksisterande bygningar er krava i bygningsregelverket og byggteknisk forskrift (TEK) det viktigaste verkemidlet for energieffektivisering. Det er innført skjerpa krav til både energibruk og energiforsyning i TEK. I 2007 vart krav til energibehov skjerpa med 25 prosent i forhold til tidlegare krav, og det vart innført krav til energiforsyning. Krava til energiforsyning vart skjerpa i 2010 og det vart innført forbod mot oljekjel for fossilt brensel til grunnlast.

Regjeringa vil skjerpe energikrava i byggteknisk forskrift til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020. Regjeringa vil seinare fastsetje føresegner som definerer passivhusnivå og nesten nullenerginivå. Avgjerd om kravsnivå blir utforma på bakgrunn av utgreiingar av konsekvensar for samfunnsøkonomi, helse og kompetanse i byggjenæringa.

Prosessen med arbeid med nye energikrav er sett i gang. Blant anna har Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) sett i gang utgreiingar for å vurdere korleis energikrava i byggteknisk forskrift bør utviklast vidare. Det vil bli viktig med ein god prosess for å fastsetje nye energikrav. Eit forslag vil tidlegast bli sendt på offentleg høyring i 2014. Regjeringa vil òg innføre komponentkrav for eksisterande bygningar og klargjere for kva slag byggearbeid og komponentar desse krava skal gjelde, blant anna ut frå ei vurdering av energieffektar og kostnader. Dette arbeidet er sett i gang.

Energikrav i produkt

Energikrav i produkt er sette gjennom EUs direktiv 2009/125/EF, økodesigndirektivet. Økodesigndirektivet vart teke inn i EØS-avtala i 2008 og gjennomført i Noreg ved økodesignforskriften * som tredde i kraft 1. mars 2011.

Økodesigndirektivet er eit rammedirektiv og EU utarbeider særskilte forordningar som set opp energikrav til enkeltprodukt som fortløpande blir gjennomførde i norsk rett. Krava er meint å skulle fjerne dei minst energieffektive produkta frå marknaden og redusere miljøbelastninga i alle livsfasar for produkta som er regulerte.

Fram til no er det innført krav til enkle digitale dekodarar, elektriske og elektroniske apparat sitt energiforbruk i både kviletilstand og avslått tilstand, lyskjelder til hushaldsbruk, lysrøyr til kontor og gate, eksterne straumkjelder, elektromotorar, vaskemaskiner, oppvaskmaskiner, kjøleskap og frysarar til hushaldsbruk, klimaanlegg og komfortvifter, sirkulasjonspumper, vasspumper, industrivifter, tørketromlar og fjernsyn.

Forbod mot oljefyring

I byggteknisk forskrift som tredde i kraft 1. juli 2010, er det innført forbod mot å installere oljekjel for fossilt brensel til grunnlast i nye bygg. Fossilt brensel omfattar petroleumsprodukt som mineralsk fyringsolje, kol, koks, naturgass og propan.

I handlingsplanen for energieffektivisering som Regjeringa la fram i Klimameldinga, fastslår Regjeringa blant anna at den:

«Tar sikte på å utvide forbudet mot å installere kjel for fossilt brensel til grunnlast slik at det omfatter alle eksisterende bygg.», jf. Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk.

Ved behandlinga av meldinga vedtok Stortinget:

«Stortinget ber regjeringen innføre forbud mot fyring med fossil olje i husholdninger og til grunnlast i øvrige bygg i 2020. Dette forutsetter støtteordninger fra 2013 og øvrige virkemidler i en overgangsperiode. Forbudet og utfasing må utformes med nødvendige unntak og slik at forsyningssikkerheten ivaretas. Unntakene utredes nærmere før forbudet endelig vedtas.»

Regjeringa utgreier no mogleg innretning og konsekvensar av eit forbod. Dette inkluderer blant anna vurderingar av kva lovverk det er føremålstenleg å heimle eit forbod i, utforming av eit forbod, under dette verkeområde og nødvendige unntak, korleis forbodet kan handhevast, og miljøvise, økonomiske og administrative konsekvensar. Eit forslag til forbod vil bli sendt på offentleg høyring.

11.6 Informasjon, kompetanseutvikling og innovasjon

Regjeringa nyttar ei rekkje informasjonsverkemidel. Enova er pålagt å drive eit landsdekkjande tilbod av informasjons- og rådgivingstenester. På grunn av informasjonsbarrierar i marknaden kan aktørane i marknaden ha avgrensa kunnskap om teknologi for energieffektivisering og lønnsemda ved tiltaka. Informasjon til ulike delar av marknaden er eit sentralt verkemiddel for energiomlegging.

Regjeringa ønskjer å støtte opp under kompetanseutviklinga gjennom Lågenergiprogrammet. Kompetansen vil bli utvikla gjennom dei konkrete prosjekta. I ein periode med store endringar i ambisjonar for bygg i framtida, kan det òg bli behov for kompetanseutvikling og erfaringsutveksling mellom aktørar.

I ein endringsfase blir det skapt innovasjonar, og Regjeringa støttar opp under dette gjennom forsking og utvikling. Regjeringa støttar opp under dette gjennom Bygg 21. Det blir òg gitt støtte til FoU og innovative bustadprosjekt, jf. omtale i punkt 11.4, noko som òg medverkar til kompetanseutvikling på sikt.

Måling og prising av energibruk

Energiprisar er informasjonsberarar og vesentlege for nivået på energibruken og val av energiberar. Prisar påverkar lønnsemda ved tiltak. Gode system for måling av energiforbruket er ein føresetnad for at forbrukarane skal kunne vurdere gevinsten ved å avgrense forbruket.

I kraftsektoren vil innføring av avanserte måle- og styringssystem (AMS) vere eit viktig verkemiddel for å oppnå auka forbrukarfleksibilitet. Norske straumkundar vil få installert AMS innan 1. januar 2019. Desse målarane registrerer straumforbruket på timebasis og sender automatisk informasjon om forbruket til nettselskapet. Straumkunden treng dermed ikkje å sende inn målarstanden til nettselskapet sjølv.

AMS gir raskare og rettare notering av måleverdiar og eit betre fakturagrunnlag.

AMS opnar dessutan for at kundane kan få betre informasjon om straumprisar og eige forbruk. Dette kan gi auka medvit og insentiv til energieffektivisering. Kundane vil i langt større grad kunne tilpasse straumforbruket etter variasjonar i straumprisen. Høve til timeavrekning vil gjere at kunden kan realisere gevinsten ved å tilpasse forbruket til straumprisane.

For fjernvarme og fjernkjøling til oppvarming, varmtvatn og kjøling blir det i hovudsak nytta kollektiv måling av forbruket.

Energimerking av bygningar

Bygningsenergidirektivet (2002/91/EF) om energieffektivitet i bygningar inneheld føresegner om minimumskrav til energiyting i bygningar, krav om energimerking av bygningar og krav om energivurdering av kjelar med fossilt brensel og kjøleanlegg. I 2003 vart direktivet vedteke innført i Noreg. I Noreg er krava i direktivet gjennomførte i norsk rett ved byggteknisk forskrift (TEK10) * og energimerkeforskrifta * .

Energimerkeforskrifta tredde i kraft 1. juli 2010 og fastset krav om at alle bustader og yrkesbygg som blir oppførte, selde eller leigde ut må ha ein energiattest. Yrkesbygg over 1000 m 2 skal alltid ha gyldig energiattest. Ved å gjennomføre ei gratis energimerking på nettet * , får bustadeigarar ein energiattest som består av eit energimerke som viser bygningen sin energistandard. Energimerkeordninga skal setje energi på dagsordenen i marknaden for bustader og bygningar og i planlegginga av nybygg, og stimulere til gjennomføring av energieffektiviserande tiltak. Energimerkeforskrifta fastset òg krav om regelbunden vurdering av tekniske anlegg i bygningar. Plikta til energivurdering gjeld kjel-, ventilasjons- og kjøleanlegg. Bakgrunnen for dette er å stimulere til gode rutinar for drift og ettersyn av anlegga. I følgje NVE vart det i løpet av merkeordningas første år utferda om lag 100 000 energiattestar for bustader og 4 400 attestar for yrkesbygg. Pr. juni 2013 var over 300 000 energiattestar utferda.

Energimerking av energirelaterte produkt

Revidert energimerkedirektiv 2010/30/EU stiller krav om energimerking av energirelaterte produkt. Energimerking skal hjelpe forbrukaren til å velje dei mest energieffektive produkta. EU utarbeider fortløpande produktspesifikke reglar under direktivet der krava til dei enkelte produkta blir spesifiserte, desse blir gjennomførte i norsk rett gjennom energimerkeforskrifta for produkt * . Førebels er oppvaskmaskiner, kjøleinnretningar og vaskemaskiner til hushaldsbruk, og fjernsyn, klimaanlegg, tørketromlar og elektriske lamper og lysarmatur omfatta av energimerkereglane.

I følgje NVE vart det i 2011 selt 560 000 energimerka kvitevarer i Noreg. I følgje NVE har merkekrav og effektiviseringskrav frå styresmaktene ført til at intensitet pr. produkt (kWh/eining) har gått ned.

Enova svarer

«Enova svarer» er ei gratis nasjonal svarteneste der hushald kan få gode råd om energieffektivisering og miljøvennlege oppvarmingsløysingar, og informasjon om Enovas program frå spesialistar innan energirådgiving.

Det er òg mogleg å få hjelp via chat/nettprat, e-post, eller via Facebook.

Svartenesta har dei siste tre åra svara på i gjennomsnitt 46 000 førespurnader årleg.

Enova anbefaler

«Enova anbefaler» er ei uavhengig merkeordning for produkt med god energikvalitet. Enovas tilråding føreset at produktet er blant dei mest energieffektive i sin kategori, og at det er tilgjengeleg i marknaden. Ordninga omfattar vindauge og etterisolering av bygningar.

Enovas arbeid retta mot barn og unge

Enova har i tillegg ein informasjonskampanje retta mot barn og unge kalla «Regnmakerne». Regnmakarane syter for at barn lærer meir om energiforbruk og løysingar for framtida. Regnmakarkonseptet består av internettside, aktivitetar på skular, arrangementet Vennergidagen og eit eige TV-program for barn (Energikampen).

I løpet av dei siste tre åra har i gjennomsnitt 125 skular gjennomført og rapportert aktivitetar innanfor Regnmakarane.

Enovas tv-program for barn Energikampen , har engasjert tusenvis av barn og unge over heile landet til å lære meir om energi og klima. I Energikampen konkurrerer fem lag om kven som kan mest om energi. Programmet er blitt sendt på NRK Super. I år vann dette tv-programmet den prestisjefylte Emmy Kids Award for beste underhaldningsprogram for barn.

Lågenergiprogrammet

Lågenergiprogrammet er ei sentral satsing for å auke kompetansen om energieffektivisering i byggjenæringa. Kompetansen på energieffektivisering i eksisterande bygningar skal aukast gjennom blant anna ei vidare satsing på Lågenergiprogrammet.

Lågenergiprogrammet vart oppretta hausten 2007 og er eit tiårig samarbeidsprogram mellom statlege etatar og byggjenæringa. Programmet er leia av ei styringsgruppe som består av representantar frå Direktoratet for byggkvalitet, Enova, Husbanken, Statsbygg, Byggjenæringas Landsforeining, Arkitektbedriftene i Noreg og Noregs vassdrags- og energidirektorat. Programmet har som overordna mål å heve kunnskapsnivået om energieffektive bygg i heile bygg-, anleggs- og eigedomsnæringa. Dei skal arrangere kurs, utvikle rettleiingsmateriale og formidle kunnskap frå førebileteprosjekt ut i byggjenæringa. Energirehabilitering av eksisterande bygningar med hovudvekt på bustader og satsing på utdanning av elevar i byggfag og studentar i arkitektur og byggfag er prioritert i Lågenergiprogrammets arbeid.

For ytterlegare detaljar og omtale av Lågenergiprogrammet viser ein til Prop. 1 S (2013–2014) for Kommunal- og regionaldepartementet og programmet sine nettsider www.lavenergiprogrammet.no.

Bygg 21

I Meld. St. 28 (2011–2012) Gode bygg for eit betre samfunn (bygningsmeldinga), inviterte Regjeringa byggjenæringa og andre sentrale aktørar til eit breitt samarbeid for å utvikle ei kunnskapsbasert byggjenæring og auke kompetansen i alle ledd i næringa. Dette samarbeidsprosjektet har fått tittelen Bygg21. Bygg21 skal med bakgrunn i dei måla som er sette for bygningspolitikken, føreslå tiltak for å betre kompetansen og gjennomføringsevna i byggjenæringa. Bygg21 skal utarbeide strategiar og tiltak for

  • FoU og innovasjon,

  • utdanning og kompetanseutvikling og

  • formidling av kunnskap og erfaringar.

Gjennom Bygg21 vil Regjeringa medverke til meir målretta informasjonsverksemd og kunnskapsoverføring, blant anna om byggkvalitet og miljø.

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har den daglege leiinga og sekretariatsfunksjonen for Bygg21.

Framtidas bygg og FutureBuilt

Prosjekta Framtidas bygg og FutureBuilt er ein del av Framtidas byar som er eit samarbeid mellom staten og dei 13 største byane i Noreg om å redusere klimagassutsleppa og gjere byene betre å bu i. Prosjektet Framtidas byar skal vare ut 2014. FutureBuilt utviklar førebileteprosjekt i Oslo-regionen (Oslo, Drammen og Bærum), mens Framtidas bygg har ansvaret for dei 10 andre byane. Framtidas bygg skal utvikle klimavennlege bygg og byområde i ti av dei største byane i Noreg. FutureBuilt er eit 10-årig program som varer fram til 2020 og har mål om å realisere 50 førebileteprosjekt med minst 50 prosent reduksjon i klimagassutslepp, vere eit utstillingsvindauge nasjonalt og internasjonalt og stimulere til nyskaping og endra praksis. Framtidas bygg medverkar til å realisere førebiletlege pilotprosjekt som skal inspirere andre til å byggje slik framtida krev.

Energi21

Energi21 er den nasjonale strategien for forsking, utvikling og kommersialisering av ny klimavennleg energiteknologi. Strategien har fokus på auka verdiskaping og effektiv ressursutnytting i energisektoren gjennom satsing på FoU og ny teknologi. Forsking og teknologiutvikling retta mot energieffektivisering er ein del av strategien.

ENERGIX-programmet

ENERGIX (etterfølgjaren etter RENERGI) er eit 10-årig FoU-program som starta opp i 2013. Programmet skal gi ny kunnskap som fremjar ei langsiktig og berekraftig omstilling av energisystemet, med blant anna meir fornybar energi og energieffektive løysingar. Eit hovudtema i programmet er energibruk og -konvertering. Gjennom å støtte FoU skal programmet medverke til meir effektiv konvertering og bruk av energi både til stasjonære formål (innanfor bygg og industri) og til transport. Forskinga er retta mot så vel nye løysingar og ny teknologi, som auka brukarkompetanse og innsikt i ikkje-teknologiske barrierar (samfunnsvitskapleg forsking).

FME – Zero Emission Buildings (ZEB)

ZEB vart etablert i januar 2009 som eitt av åtte forskingssenter for miljøvennleg energi (FME). FMEane medverkar til eit breitt og forpliktande samarbeid mellom leiande forskingsinstitusjonar og bedrifter i Noreg innanfor utvalte temaområde, med eit breitt samarbeid med internasjonale aktørar. ZEB skal utvikle produkt og løysingar for eksisterande og nye bygningar, bustader så vel som næringsbygg, som vil føre til marknadsgjennombrot for bygningar med svært lågt energibehov og null klimagassutslepp knytte til produksjon, drift og avhending. Senteret skal konsentrere arbeidet innanfor fem store arbeidspakkar:

  • avanserte materialar

  • teknologiar for adaptive og energiproduserande bygningsskal

  • energiforsyning og tekniske installasjonar

  • bruk, drift og gjennomføring

  • konsept og strategiar for nullutsleppsbygg.

11.7 Konklusjon

Sidan 2006 er innsatsen for energiomlegging i hushald blitt vesentleg styrkt på alle område. I Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk, er handlingsplanen for bygg fram mot 2020 skissert. Dei kommande åra vil Regjeringa halde fram arbeidet med å gjennomføre denne.

Energibruken i hushald er for ein stor del pålagt avgifter som gjer at prisen på energivarene til sluttbrukarar blir høgare enn engrosprisen. Grunngivinga for dei forskjellige avgiftene er ulik, men verknaden er uansett at lønnsemda ved energiomleggingstiltak blir betre. I tillegg har vi på plass ambisiøse krav i byggteknisk forskrift (TEK), som vil bli ytterlegare skjerpa i 2015 og 2020, jf. Meld. St. 21 (2011–2012). Det er òg sett krav til energieffektivitet i ei rekkje produkt.

Gjennom det nye heilskaplege tilbodet til Enova ventar Regjeringa at fleire hushald vil gjennomføre tiltak i eigen heim framover. Enovas energirådgivingsteneste vil gjere bustadeigarar meir medvitne på høva til å setje i verk riktige tiltak. Gjennom støtte til enkelttiltak i bustader, burettslag og sameige, vil Enova ha eit breitt tilbod retta mot allmenta. Støtta til ambisiøs oppgradering av eksisterande bustader vil treffe dei hushalda som er villige til å strekkje seg for å gjennomføre ei ambisiøs energioppgradering. Til sist vil støtte til passivhus/lågenergibygg medverke til å løfte ambisiøse bustadeigarar som ønskjer å byggje meir energieffektivt enn krava i byggteknisk forskrift. Støtte frå Husbanken medverkar òg i same retning.

Bruken av oljekjelar i hushald skal fasast ut innan 2020. Dette skal blant anna skje ved at Enova kan gi tilskot til konvertering frå olje- og elektrisitetsbasert oppvarming til fornybar vassboren oppvarming i eksisterande privatbustader. I 2020 skal det innførast forbod mot fyring med fossil olje i hushald og til grunnlast i andre bygningar.

Potensialet for energiomlegging endrar seg over tid som følgje av teknologisk utvikling, endringar i økonomisk aktivitet med meir. Regjeringa har òg styrkt verkemiddelbruken på fleire område dei seinare åra, nettopp basert på ny kunnskap. I lys av endringar i regelverket for energikrav til bygg, auka marknad for energieffektive bygg, nye produkt og løysingar for energieffektive bygg og auka kunnskap hos bransjen og forbrukarane om energieffektive bygg mv., vil Regjeringa òg i framtida basere verkemiddelapparatet på dei beste og mest verknadsfulle tiltaka.

Regjeringa har eit vel fungerande og heilskapleg verkemiddelapparat som vil utløyse betydeleg energiomlegging, som energieffektivisering og konvertering til bruk av andre energiberarar enn elektrisitet, naturgass og olje til varme, i hushalda fram mot 2020.