Olje og energidepartementet (OED)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

I dette kapitlet er det gitt ei samla utgreiing om kostnads- og lønsemdutviklinga for dei prosjekta der plan for utbygging og drift (PUD) eller plan for anlegg og drift (PAD) er godkjend av styresmaktene, og der prosjekta framleis er under utbygging eller har komme i produksjon etter 1. august 2012. Som bakgrunn for utgreiinga har departementet innhenta opplysningar frå operatørselskapa for dei ulike prosjekta i juni 2013. Prosjekta er under utbygging og investeringsanslaga kan derfor endre seg etter framlegging av denne proposisjonen.

Utviklinga i prisane på varer og tenester som blir nytta i samband med utbyggingar på norsk sokkel er i stor grad påverka av internasjonale forhold. Som utviklinga internasjonalt har også kostnadsnivået på norsk sokkel vore prega av sterk vekst dei siste åra. Berekningar utført av IHS/CERA viser at utbyggingskostnadene knytte til petroleumsprosjekt internasjonalt meir enn dobla seg i perioden 2004–2008. I 2009 fall kostnadene kraftig som følgje av låg oljepris og redusert investeringsaktivitet. Sidan då har kostnadane teke seg opp, og IHS/CERA anslår gjennom sin kapitalkostnadsindeks at prisnivået no igjen er på høgde med toppnivået i 2008.

Auka investeringsnivå sidan PUD på felt under utbygging treng ikkje å vere negativt for lønsemda i eit prosjekt. I den grad det høgare investeringsnivået resulterer i auka kommersiell utnytting, vil det medverke til høgare verdiskaping frå prosjekta.

For årets rapportering av prosjekt under utbygging har det vore nokre endringar i metoden nytta under berekningane. Tidlegare har selskapa vore ansvarlege for utarbeiding av tala som inngjekk i PUD-overslaga og dei nye anslaga. For å få eit meir eintydig tal for prosjekta har departementet i år nærare spesifisert praksisen for rapporteringa, både med tanke på omfang av kva kostnader som skal inkluderast og inflasjonsjustering. Det vil derfor kunne vere noko avvik i PUD/PAD-overslaga frå i fjor til i år.

Tabell 6.1 og 6.2 viser eit oversyn over differansen mellom operatørane sine investeringsoverslag på PUD/PAD-tidspunktet og overslaga deira pr. mai 2013, og endringa i investeringsoverslaget frå i fjor.

Tabell 6.1 Investeringsanslag, prosjekt under utbygging

(i mill. 2013-kroner)

PUD/PAD- godkjent

PUD/PAD-estimat

Nye anslag

Totalendring

Totalendring i pst.

Endring frå i fjor 1

Aasta Hansteen

2013

30 853

30 853

0

0,0

0

Brynhild

2011

4 222

5 388

1 166

27,6

638

Bøyla

2012

5 021

4 856

-165

-3,3

-165

Edvard Grieg

2012

24 805

22 390

-2 415

-9,7

41

Ekofisk Sør

2011

28 206

27 813

-393

-1,4

-393

Eldfisk II

2011

37 815

37 815

0

0,0

0

Gina Krog

2013

29 100

29 100

0

0,0

0

Goliat

2009

30 894

38 517

7 623

24,7

588

Gudrun

2010

20 550

19 652

-898

-4,4

297

Ivar Aasen

2013

25 318

25 318

0

0,0

0

Knarr 2

2011

11 803

11 931

125

1,1

125

Martin Linge

2012

26 450

29 864

3 414

12,9

3 414

Polarled

2013

24 703

24 703

0

0,0

0

Svalin

2012

4 470

4 470

0

0,0

0

Valemon 3

2011

19 399

21 999

2 600

13,4

1 600

Varg Gasseksport

2013

739

739

0

0,0

0

Åsgard undervannskompresjon

2012

16 221

16 781

560

3,5

168

Sum

340 568

352 188

11 617

3,4

6 313

1 Gitt avvik mellom PUD-estimata frå i fjor til i år, jf. andre avsnitt i dette kapitlet, vil endringane på årsbasis for nokre prosjekt skuldast at anslaga i dei ulike åra er basert på ulike PUD-estimat.

2 Nye tall fra operatøren oversendt etter juni 2013 viser en økning i investeringsanslagene på 128 mill. kroner fra PUD/PAD estimat.

3 Investeringsanslaget i PUD for Valemon er tidligere rapportert til å være 19 600 mill. kroner i nominelle verdier. En justering av dette tallet til 2013-kroner medfører at PUD-anslaget er 19 399 mill. kroner

Tabell 6.2 Investeringsanslag, prosjekt som har starta produksjon etter 1. august 2012

(i mill. 2013-kroner)

PUD/PAD- godkjent

PUD/PAD-estimat

Nye anslag

Total endring

Totalendring i pst.

Endring frå i fjor 1

Atla

2011

1 394

1 525

131

9,4

131

Hyme

2011

4 649

4 613

-36

-0,8

-289

Jette

2012

2 655

3 611

956

36,0

630

KEP 2010

2008

7 169

6 309

-860

-12,0

-225

Skarv

2007

35 914

47 117

11 203

31,2

-722

Skuld

2012

10 125

11 033

908

9,0

632

Stjerne

2011

5 484

4 593

-891

-16,2

-483

Valhall Videreutvikling

2007

25 041

49 620

24 579

98,2

3 526

Vigdis Nordøst

2011

4 380

4 500

120

2,7

0

Visund Sør

2011

5 808

5 371

-437

-7,5

0

Sum

102 619

138 292

35 673

34,8

3 200

1 Gitt avvik mellom PUD-estimata frå i fjor til i år, jf. andre avsnitt i dette kapitlet, vil endringane på årsbasis for nokre prosjekt skuldast at anslaga i dei ulike åra er basert på ulike PUD-estimat.

Samla investeringar knytte til prosjekt som er under utbygging på norsk sokkel er berekna til om lag 352,2 mrd. kroner. Dette utgjer ein auke på om lag 11,6 mrd. kroner frå det som var skissert på PUD/PAD-tidspunktet. Investeringsanslaga i år er om lag 6,3 mrd. kroner høgare enn anslaga frå i fjor.

For prosjekta som har starta produksjon etter 1. august 2012 er samla investeringar berekna til 138,3 mrd. kroner. Dette utgjer ein auke på om lag 35,7 mrd. kroner frå det som var skissert på PUD/PAD-tidspunktet. Investeringsanslaga i år er 3,2 mrd. kroner høgare enn anslaga frå i fjor.

Det er samla sett god lønnsemd i prosjekta som er omtalt i dette kapitlet. Samla noverdi for prosjekta er berekna til om lag 223 mrd. kroner. Dette er berekna på bakgrunn av olje- og gassprisføresetnader frå Nasjonalbudsjettet 2014.

Noverdi for infrastrukturprosjekta Kårstø Utviding (KEP2010), Polarled inkl. Kristin gasseksport og Varg gasseksport er ikkje berekna. Desse prosjekta har regulert avkastning.

Kostnadsendringar på enkeltprosjekt

Prosjekt under utbygging

Brynhild har ein auke i kostnadane i frå PUD på om lag 1,2 mrd. kroner. Endringa frå same rapportering i fjor er på om lag 638 mill. kroner. Auken skuldast høgare kostnader ved modifikasjonane ved tilknytting til produksjonsskipet på Pierce-feltet på britisk sokkel, levetidsforlenging for betre regularitet samt avgjerda om å bore fire i staden for tre produksjonsbrønnar.

Det oppdaterte investeringsanslaget for Bøyla viser ein reduksjon i investeringane på om lag 165 mill. kroner frå PUD i 2012. Dette skuldast i hovudsak framforhandla innsparingar knytt til hovudkontrakt.

Det oppdaterte investeringsanslaget for Edvard Grieg-prosjektet ligg om lag 2,4 mrd. kroner under investeringsanslaget i plan for utbygging og drift. Dette skuldast at eksportrøyr for olje og gass er tekne ut i eigne prosjekt med Statoil som operatør. Investeringane i eksportrøyr blir erstatta av høgare tariffar og dermed høgare driftskostnadar for prosjektet.

Ekofisk Sør har ein reduksjon i investeringsanslaget på 393 mill. kroner samanlikna med det som var estimert i PUD i 2011. Dette skuldast vinster ved samordning av fleire undervasskontraktar og reduserte byggjekostnadar. Dette er dels vege opp av auka riggkostnadar og valutajusteringar.

Det oppdaterte investeringsanslaget for Goliat viser ein auke på 588 mill. kroner frå 2012 til 2013. Auken i investeringane frå det som vart estimert i PUD i 2009 er på om lag 7,6 mrd. kroner. I følgje operatøren er kostnadsauken i hovudsak knytt til ein auke i marknadsprisar, lengre leveringstid for utstyrspakkar og høgare råvarekostnadar grunna sterkt press i leverandørmarknaden. Dette har i hovudsak påverka kostnadsrammene for fabrikasjon og installasjon av undervassutstyr og røyrleidningar, boring og komplettering av brønnar og ulike utstyrspakkar. I tillegg er produksjonseininga blitt fordyra med årsak i teknologiske utfordringar, meir omfattande engineering, diverse designendringar, akselerasjonskostnadar og større arbeidsmengde enn føresett, noko som har ført til utsett leveringstidspunkt. I samband med godkjenning av plan for utbygging og drift av Goliat-feltet, vart det satt vilkår om at operatøren seinest to år før oppstart av driften på feltet skulle leggje fram ein plan for avtak av gass fra Goliat for departementet. Operatøren leverte ein bred utgreiing om planane for gassavtak to år før planlagt oppstart. Nye undergrunnsdata og reservoarsimuleringar har gitt nye føresetnader og operatøren arbeider vidare med planane. Departementet følgjer opp dette arbeidet.

Gudrun-prosjektet har ein reduksjon i investeringsanslaget på om lag 898 mill. kronar sidan PUD. Reduksjonen skuldast at tidspunktet for å inngå kontrakt på plattforma var gunstig. Sidan i fjor har Gudrun-prosjektet hatt ein auke i investeringsanslaget på 297 mill. kroner grunna høgare borekostnadar.

Dei oppdaterte kostnadsoverslaga for utbygging av Knarrfeltet viser ein auke på 128 mill. kroner. Dette skuldast hovudsakleg endringar i design på FPSO-en og fortøyningsplan for å tåle en større vektbelastning på turreten. Utbyggjinga er samanlikna med PUD forenkla med færre brønnar og med eit felles undervassanlegg for dei to separate strukturane på feltet.

For Martin Linge-prosjektet er det oppdaterte investeringsanslaget om lag 3,4 mrd. kroner høgare enn i plan for utbygging og drift. Ein stor del av auken skuldast høgare kostnadar knytte til undervassanlegget, mellom anna som følgje av auka dagratar for installasjonsfartøy. Det er òg ein auke i kostnadane på grunn av meir omfattande engineering, ein større prosjektorganisasjon enn opphavleg planlagt og knytt til kraft frå land-løysinga.

Oppdaterte kostnadsanslag for Valemon-utbygginga viser ein auke på om lag 2,6 mrd. kroner frå plan for utbygging og drift – ein auke på om lag 1,6 mrd. kroner frå 2012 til 2013. I følgje operatøren Statoil skuldast auken i hovudsak auka kostnader for å sikre forlenga levetid av Heimdal-plattforma, kompesasjon til Huldra for innestengde volum ved overtaking av Huldrarøret, ein ny brønn for injeksjon av borekaks samt auka kostnader ved inntak av nybygga borerigg.

Stortinget vart i behandlinga av Åsgard undervasskompresjon orientert om ein auke i investeringsanslaget i PUD på 2 mrd. kroner. I tillegg til desse 2 milliardane er investeringsanslaget for prosjektet auka med 560 mill. kroner sidan anslaget i godkjend PUD. Åsgard undervasskompresjon utviklar og tek i bruk ny teknologi for kompresjon av gass på havbotnen. Kostnadsauken skuldast utfordringar knytte til endringar i teknisk konsept, og ein stram leverandørmarknad.

For prosjekta Eldfisk II, Svalin, Aasta Hansteen, Polarled inkl. Kristin gasseksport, Ivar Aasen, Gina Krog og Varg gasseksport er det ingen endringar i investeringsanslag samanlikna med PUD.

Prosjekt som har starta produksjon etter 1. august 2012

For Atla er det ein auke i investeringsanslaget på 131 mill. kroner i forhold til investeringsanslag oppgitt i PUD. Auka er knytt til modifikasjonar på Heimdal-plattforma. Produksjonen på Atla starta oktober 2012.

For Hyme er det ein reduksjon i investeringsanslaget på om lag 36 mill. kroner. Dette skuldast lågare kostnader i samband med konstruksjon og installasjon av undervassanlegga. Produksjonen frå Hyme starta opp i første kvartal 2013.

Investeringsanslaga for Jette har auka med 956 mill. kroner sidan plan for utbygging og drift vart levert. Anslaget auka frå 2012 til 2013 med om lag 630 mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak høgare borekostnadar som følgje av lenger bore- og kompletteringstid. Det vart òg ein auke knytt til marine installasjonar som skuldast ei forskyving til vinterstid med auka venting på brukeleg vêr, og meir omfattande og tidkrevjande modifikasjonar på vertsplattforma enn planlagt. Produksjonen frå Jette starta opp i andre kvartal 2013.

KEP2010 har eit investeringsanslag som er 860 mill. kroner lågare enn ved PUD – ein ytterlegare reduksjon på 225 mill. kroner samanlikna med anslaget i fjor. Dette skuldast hovudsakleg ein prosjektreserve inkludert i PUD-tala som ikkje har vorte brukt. Det er òg noko avvik som skuldast endringar i omfang.

For Skarv er investeringsanslaget redusert med om lag 722 mill. kroner samanlikna med investeringsanslaget rapportert i 2012. Det er ein anslått auke på om lag 11,2 mrd. kroner samanlikna med investeringsanslaget i PUD. Dei viktigaste faktorane i kostnadsauken er endringar i design og konstruksjon av undervassinstallasjonar, utsetjing av boreprogrammet grunna forseinking i konstruksjonen av boreinstallasjonar, og ein auke i kostnader knytt til høgare vekt på plattforma enn planlagt. I tillegg har installasjon av stigerøyr, testing av utstyr og ferdigstilling teke lengre tid enn planlagt. Produksjonen frå Skarv starta opp i desember 2012.

Investeringsanslaget for Skuld er 908 mill. kroner over investeringsanslaget ved PUD – ein auke på 632 mill. kroner sidan førre rapportering. Dette skuldast ein auke i borekostnadane, lengre boretid og forseinka oppstart av produksjonen. Produksjonen frå Skuld starta opp i første kvartal 2013.

Stjerne har ein reduksjon i investeringsanslaget på 891 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak reduserte kostnader knytte til flotell og undervassanlegg. Produksjonen frå Stjerne starta opp i første kvartal 2013.

Endringa på Valhall frå rapportering på same tid i fjor er på om lag 3,5 mrd. kroner, og skuldast hovudsakeleg auka borekostnadar og auka tidsbruk i prosjektet. Det totale investeringsnivået for Valhall vidareutvikling var ved PUD anslått til om lag 25 mrd. kronar. Det oppdaterte investeringsoverslaget viser ein samla auke på om lag 24,6 mrd. kroner samanlikna med PUD i 2007. Investeringane knytte til ny innretning på feltet var ved PUD-tidspunktet berekna til 15,8 mrd. kroner. Kostnadane for denne er i dag estimert til 24,9 mrd. 2013-kroner, ein auke på 9 mrd. kronar. Denne auken skuldast endringar i utforming av innretninga og kostnadsvekst. Arbeidet med integrering av gamalt og nytt anlegg vart òg meir omfattande enn planlagt. I tillegg skuldast kostnadsendringa at reservoaret på feltet viser seg meir komplekst enn venta i PUD, noko som gjer det naudsynt med fleire brønnar. Kostnadane for boring av kvar brønn har òg auka. Ei avgjerd om å installere havbotnseismikk og behov for ekstra flotell bidreg ytterlegare til kostnadsauken. Produksjonen frå Valhall vidareutvikling starta opp i første kvartal 2013.

For Vigdis nordaust er det ein auke i investeringsanslaga på 120 mill. kroner. Dette skuldast ein auke i kostnader knytte til konstruksjon og installasjon av undervassanlegga, og ein auke kostnadane ved installering av dieselsystem grunna endra hydratstrategi. Produksjonen frå Vigdis nordaust starta opp i første kvartal 2013.

For utbyggingen av Visund Sør er det ein reduksjon i investeringsanslaget på 437 mill. kroner samanlikna med investeringsanslaget i PUD. Dette skuldast mellom anna lågare kostnadar knytt til undervassanlegga og marine operasjonar. Produksjonen frå Visund Sør starta opp i fjerde kvartal 2012.

Utbygginga av Yme-feltet

På bakgrunn av dei vesentlege feil og manglar som har blitt avdekte på produksjonsinnretninga på Yme-feltet avgjorde rettshavarane tidlegare i 2013 å fjerne innretninga frå feltet. Denne avgjerda har ført til at rettshavarane har orientert departementet om at dei ikkje ville klare å ferdigstille utbygginga i tråd med opphavlege planar. Departementet hadde gitt rettshavarane frist til 1. mai 2013 for levering av endra PUD for Yme. Avgjerda om å fjerne innretninga har ført til at rettshavarane ikkje klarte å levere ein endra PUD for Yme innan 1. mai 2013. Operatøren er i ferd med å utarbeide ein detaljert disponeringsplan for produksjonsinnretninga. Planen skal leverast Olje- og energidepartementet første kvartal 2014. I tillegg til investeringane kjem kostnadane knytte til fjerning av den eksisterande produksjonsinnretninga. Desse er av operatøren Talisman berekna til 2,6 mrd. kronar.

Rettshavarane arbeider vidare for å utvinne petroleumsreservane i Yme-feltet, og dei vil no bruke tid på å sikre at prosjektet er robust før ein endra plan for utbygging og drift blir send til Olje- og energidepartementet. Rettshavarane er no i ein fase med vurdering av ulike utbyggingsløysingar.

På denne bakgrunnen er Yme-prosjektet teke ut av tabellen med oversikt over prosjekt under utbygging. Eit oppdatert investeringsoverslag for Yme er no på 11,9 mrd. kroner. Dette er ein auke i investeringane på 6,8 mrd. kroner frå anslaget på 5,1 mrd. kronar i PUD i 2007. Hovuddelen av denne kostnadsauken er knytt til dei store tekniske utfordringane i prosjektet. Dette har medført forlenga prosjektvarigheit og dermed auka kostnader knytte til mellom anna leige av flotell og til leiing og prosjektering. Samstundes er overslaget vesentleg lågare enn tilsvarande overslag i Prop. 1 S (2012–2013) på 14,5 mrd. kroner. Reduksjonen frå i fjor skuldast i hovudsak at rettshavarane ikkje lenger planlegg å investere for å ferdigstille eksisterande produksjonsinnretning på Yme-feltet.