Olje og energidepartementet (OED)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Omsynet til miljøet og berekraftig utvikling er og har alltid vore ein integrert del av den norske petroleums- og energiverksemda. Det har gjennom fleire år blitt gjennomført omfattande tiltak.

8.1 Miljøutfordringar

Utslepp til luft

Stasjonær forbrenning, inklusive olje- og gassutvinning, står for ein monaleg del av dei norske utsleppa til luft av karbondioksid (CO 2 ), nitrogenoksid (NOx), flyktige organiske sambindingar utan metan (nmVOC), partiklar (PM) og polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH).

Noreg skil seg frå andre land ved at ein stor del av det innanlandske stasjonære energiforbruket er basert på elektrisitet, samstundes som nesten heile det innanlandske elektrisitetsforbruket er dekt av vasskraft. Noregs evne til å produsere elektrisitet med vasskraft medverkar til låge luftutslepp frå den innanlandske stasjonære energibruken. Dette inneber òg at Noreg har eit snevrare grunnlag for å redusere utsleppa frå elektrisitetsproduksjon enn andre land. Produksjon og bruk av elektrisk kraft kan variere monaleg frå år til år som følgje av variasjonar i tilsig og temperaturforhold. I år med lågt tilsig og relativt høge prisar på elektrisk kraft vil normalt bruken av alternative energiberarar, deriblant brensle som fyringsolje, gass og biomasse, auke. Dette er ei viktig årsak til at utsleppa frå innanlands stasjonær energibruk varierer frå år til år.

Utsleppa frå petroleumssektoren til luft er stort sett avgassar frå forbrenning av gass i turbinar, fakling av gass og forbrenning av diesel. Desse avgassane inneheld mellom anna CO 2 og NOx. Andre stoff som blir sleppte ut er nmVOC, metan (CH 4 ) og svoveldioksid (SO 2 ).

I 2012 sleppte petroleumsverksemda ut klimagassar tilsvarande om lag 13,7 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar * , inkludert utslepp knytte til forbrenning og prosess frå offshore- og landanlegg.

Petroleumsverksemda sleppte i 2012 ut 51 200 tonn NOx (nitrogenoksid), tilsvarande om lag 30 pst. av dei totale NOx-utsleppa i Noreg. Kraftgenereringa i turbinane, fakling av gass og dieselforbruk på innretningane på kontinentalsokkelen er sentrale utsleppskjelder for NOx. Mengda av utslepp er avhengig både av forbrenningsteknologien og kor mykje drivstoff som blir brukt. Til dømes gir forbrenning i gassturbinar lågare utslepp av NOx enn forbrenning i dieselmotorar.

Olje- og gassutvinning står for i underkant av ein fjerdedel av dei samla norske nmVOC-utsleppa (flyktige organiske sambindingar utan metan), med utslepp i 2012 på 29 500 tonn. Sidan 2001 er utslepp av nmVOC frå olje- og gassverksemda redusert med meir enn 80 pst. Dei betydelege utsleppsreduksjonane er oppnådde som følgje av installering av anlegg for fjerning og gjenvinning av oljedamp på lagerskip og skytteltankarar.

Utslepp til sjø

Dei siste åra har petroleumsverksemda gjennomført omfattande tiltak for å redusere utsleppa til sjø. Petroleumsindustrien har investert milliardar og har gjennomført tiltak som har redusert utsleppa betydeleg. Utslepp av tilsette miljøfarlege kjemikaliar frå norsk sokkel er reduserte med over 99 pst. dei siste ti åra. Nullutsleppsmålet vert rekna som oppnådd for tilsette kjemikaliar.

Utsleppa til sjø frå olje- og gassverksemda stammar i hovudsak frå den regulære drifta. Produsert vatn følgjer med oljen opp frå reservoaret og inneheld naturleg førekommande stoff frå reservoaret og restar av tilsette stoff. Det produserte vatnet blir reinsa før utslepp til sjø eller injisert igjen i undergrunnen. Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp av produsert vatn på norsk sokkel. Borekaks som inneheld olje og borevæske som tidlegare stod for ein vesentleg del av oljeutsleppa frå aktiviteten, vert no injisert i eigna reservoar, eller teke til land for vidare behandling. Ein sideeffekt av å injisere produsert vatn og oljehalding borekaks/-væske er auka energibruk og dermed utslepp til luft frå sektoren. Det å ta borekaks/-væske til land aukar transportbehovet og omfanget av avfallsbehandlinga på land.

Det er venta at voluma av produsert vatn vil auke i åra fram mot 2015. Dette fordi dei store felta på norsk sokkel produserer meir vatn når dei blir eldre.

Akutte utslepp til sjø

Olje- og gassverksemda har, i dei 40 åra med verksemd på norsk sokkel, ikkje vore årsak til store akutte utslepp av olje som har nådd land, og talet på utslepp på over 1 kubikkmeter (m 3 ) er avgrensa.

Totale volum av akutte utslepp av olje til sjø i 2012 var på 16,3 m 3 , der fire utslepp var over ein 1 m 3 . Styresmaktene har pålagt industrien å utføre risikoanalysar og å gjennomføre aktivitetane slik at risikoen for akutte utslepp er så låg som mogleg.

Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda på norsk sokkel.

Inngrep

Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar, som til dømes nettutbyggingar, medfører inngrep i natur- og kulturmiljø. Rundt ein tredel av vassdraga i Noreg er påverka av inngrep med kraftproduksjon som formål. Dei siste åra har ein større del av auken i produksjonen av fornybar energi komme frå små vasskraftverk (opp til 10 MW). I tida framover vil ein òg sjå ein auke i bygging av vindkraftverk.

Ved utnytting av fornybare energikjelder, og ved bygging av kraftleidningar, står ein overfor viktige avvegingar med omsyn til miljøet. Vegar, kraftleidningar og andre installasjonar i tilknyting til vind- og vasskraftverk vil påverke økosystem, naturverdiar og naturopplevingar. Utfordringa ved utbygging av ny produksjon og kraftoverføring er å finne dei beste løysingane ut frå ei heilskapleg avveging av miljø- og samfunnsomsyn.

8.2 Regjeringas miljøpolitikk på petroleums- og energiområdet

Noreg er ein energinasjon. Vi har stor vasskraftproduksjon, og er blant verdas største eksportørar av olje og gass. Regjeringas visjon er at Noreg skal vere ein miljøvennleg energinasjon og leiande innanfor utviklinga av miljøvennleg energi.

Satsing på energiomleggingstiltak er sentralt i Regjeringas miljøpolitikk på energiområdet. Det er mogleg å auke den miljøvennlege energiproduksjonen vesentleg, og energien kan brukast meir effektivt. For å styrkje utviklinga av miljøvennleg produksjon og bruk av energi er det grunnleggjande å ha langsiktige og stabile rammevilkår.

Regjeringa vil fremje effektiv og miljøvis akseptabel energiproduksjon, og samtidig sikre ei berekraftig forvalting av kyst- og vassdragsnaturen. Det er eit viktig mål å syte for at den auka utbygginga av fornybar kraft skjer utan at naturmangfald eller store landskapsverdiar går tapt.

Forsking og utvikling på fornybar energi er viktig for å nå miljømåla. Det er òg ny teknologi og andre løysingar som medverkar til å gjere petroleumsverksemda meir miljøvenleg. Kunnskap og kompetanse i petroleums- og energisektoren må bli brukt til å utvikle teknologi og finne løysingar som reduserer utsleppa av klimagassar. Vi skal foreine vår rolle som petroleumsprodusent med ambisjonen om å vere leiande i miljø- og klimapolitikken. Olje- og gasspolitikken er kunnskapsbasert og langsiktig i si forvaltning av petroleumsressursane.

Sidan 1996 har kraft frå land vore vurdert i samband med alle nye eller reviderte utbyggingsplanar. I dag er det fleire felt som får heile eller delar av kraftforsyninga frå land. I 2012 kom om lag 48 prosent av den norske gasseksporten frå felt med kraftforsyninga frå land.

Eit sentralt mål i Regjeringas politikk for å redusere klimagassutslepp er å medverke til å utvikle framtidsretta og effektive teknologiar for CO 2 -handtering. Regjeringa har avgjort at planleggingsarbeidet med fullskala CO 2 -hanteringsprosjektet på Mongstad skal avsluttast. I staden vil regjeringa intensivere satsinga på CO 2 -handtering gjennom teknologisenter Mongstad og CLIMIT-programmet. I tillegg skal eit CO 2 -handteringsprogram for utviklinga av fullskala CO 2 -handteringsprosjekt i Noreg etablerast og ein skal setje av midlar til å støtte CO 2 -handteringsprosjekt internasjonalt. Regjeringa vil òg medverke til at den erfaringa og teknologien som blir utvikla gjennom dei norske prosjekta kan resultere i monalege reduksjonar av CO 2 -utslepp også utanfor Noreg.

8.3 Departementets arbeid med miljø og klima

8.3.1 Fangst og lagring av CO 2

Regjeringa prioriterer arbeidet med å utvikle teknologiar og løysingar som kan medverke til å redusere klimagassutsleppa høgt, og har investert betydelege midlar for å utvikle norske prosjekt for fangst og lagring av CO 2 .

Arbeidet med fullskalaprosjektet står no ved eit vegskil. Planlegginga av Mongstad fullskala har fram til no i stor grad vært av generell karakter og har bidrege til å utrede og kvalifisere kva teknologi som er mogleg å bruke. Prosjektet går frå 2014 over i ein ny fase og blir meir spesifikt retta mot detaljprosjektering. Det inneber at arbeidet vil ha mindre overføringsverdi til andre prosjekt. Planleggingsarbeidet har vist at det er spesielt krevjande å bygge eit CO 2 -handteringsanlegg på Mongstad. Det medfører auka teknisk risiko og særskilt høge kostnader for deler som ikkje er knytte til sjølve fangstanlegget. Kraftvarmeverket går berre for halv kapasitet samanlikna med kva som opphavleg vart lagt til grunn. Kombinert med høge kostnader for anlegget gir dette svært høge kostnader per tonn reinsa CO 2 . I tillegg er det usikkert kor mange år det er økonomisk grunnlag for å drive raffineriet på Mongstad og dermed kor lang brukstid eit fangstanlegg vil kunne få.

Regjeringa har beslutta avslutte arbeidet med planlegging av fullskala CO 2 -håndtering på Mongstad. Regjeringa vil framleis prioritere CO 2 -handtering som eit nødvendig klimatiltak for å nå togradersmålet og vil intensivere satsinga på andre tiltak for å utvikle teknologiar for CO 2 -fangst og -lagring.

Teknologisenteret for CO 2 -fangst på Mongstad (TCM) står sentralt i satsinger på fangst og lagring av CO 2 . Målet med teknologisenteret er å skape ein arena for målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi for CO 2 -fangst. I tillegg er det eit mål å bidra til spreiing av kunnskap og erfaringar internasjonalt slik at kostnader og risiko for fullskala CO 2 -fangst kan reduserast, og å medverke til å auke aksepten for CO 2 -handtering som eit viktig klimatiltak. TCM vart offisielt opna i mai 2012. Gassnova arbeider med planar for korleis ein kan nytte og vidareutvikle TCM på ein best mogleg måte.

Utover satsinga på Mongstad speler også CLIMIT-programmet for forsking, utvikling og demonstrasjon ei viktig rolle i statens arbeid med CO 2 -handtering, jf. kap. 8.3.4. Regjeringa vil styrke CLIMIT-programmet.

I Meld. St. 9 (2010–2011) vart det varsla at Gassnova skulle utføre ei brei og oppdatert kartlegging av CO 2 -handteringsprosjekt utover Mongstad. I desember 2012 la Gassnova fram ein statusrapport for dette arbeidet. Ein tek sikte på at endeleg rapport vil bli lagt frem i løpet av 2014.

Regjeringa foreslår å etablere eit CO 2 -handteringsprogram for utvikling av fullskala CO 2 -handteringsprosjekt i Noreg. Regjeringa vil komme attende om korleis eit slikt program skal innrettast.

Oljedirektoratet ferdigstilte i 2011 eit CO 2 -lagringsatlas for Nordsjøen og i starten av 2013 vart det presentert eit CO 2 -lagringsatlas for Norskehavet. Det går føre eit arbeid med å kartleggje lagringspotensialet i aktuelle område i Barentshavet. I tillegg vart det sett i gang eit arbeid for å vurdere potensialet ved bruk av CO 2 for å auke oljeutvinninga.

Olje- og energidepartementet har sidan 2008 leia arbeidet med oppfølginga av handlingsplanen for å fremje utvikling og bruk av CO 2 -handtering internasjonalt. Dette arbeidet har òg i 2012 vore høgt prioritert frå departementet si side. Målsetjinga for arbeidet er å få aksept for fangst og lagring av CO 2 som eit viktig klimatiltak og etablere ei brei forståing for reduksjonspotensialet som følgjer av teknologien, og å medverke til at teknologien blir teken i bruk utanfor Noreg. Noreg har med Sleipner- og Snøhvit-prosjekta viktig erfaring med lagring av CO 2 .

Det er oppretta ei rekkje regionale og internasjonale samarbeid der Noreg ved Olje- og energidepartementet deltek. Mellom anna deltek departementet i North Sea Basin Task Force, Carbon Sequestration Leadership Forum, The 4-Kingdom Initiative, og Det globale CCS-instituttet (GCCSI). Vidare samarbeider Noreg tett med EU og deltek i ei rekkje av EUs organ og fora, retta mot mellom anna utvikling av rammer og regelverk for sikker fangst og lagring av CO 2 i tillegg til generelt å fremje CO 2 -handtering som eit nødvendig klimatiltak.

8.3.2 Energi og vassdrag

Energiomlegging, energi- og klimateknologisatsing

Måla til Regjeringa er ein langsiktig omstilling av Noreg til eit samfunn med låge utslepp.

Etableringa av Enova og Energifondet i 2001 har vore ein viktig del av arbeidet for ei langsiktig og miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon. Gjennom Stortinget sin behandling av Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk , har Enova fått eit utvida mandat, jf. Innst. 390 S (2011–2012). Blant anna skal Enova forvalte Regjeringa si nye satsing på klimateknologi. Klimateknologisatsinga skal ha som mål å redusere klimagassutslepp og byggje opp under utviklinga av energiomlegging på lang sikt gjennom å utvikle og ta i bruk teknologiar som kan medverke til dette. Det er lagt til grunn at satsinga blir retta inn mot utvikling av ny teknologi og støtte til teknologiar nær marknadsintroduksjon. Blant anna skal Enova kunne gi støtte til investeringar i fullskala produksjonslinjer i industrien.

Det er fleire tiltak som, saman med satsinga gjennom Enova, er med på å byggje opp under ei miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon og utvikling av energi- og klimateknologi. Omsetjelege kvotar for CO 2 og avgiftene på klimagassar er viktige. Fleire andre miljøavgifter og særavgifter knytte til energi medverkar òg til å påverke energibruken. Det er innført ei rekkje energistandardar og energimerkeordningar for produkt. Det er òg innført strenge forskrifter med krav om energibruken i nye bygg og det er innført krav om energimerking ved sal, utleige, og oppføring av nye bygningar. Det finst òg støtteordningar gjennom Noregs forskingsråd, Miljøteknologiprogrammet som hovudsakleg blir forvalta av Innovasjon Noreg og Program for energieffektivisering i industrien (PFE-ordninga) som blir forvalta av NVE. Enovas verksemd grensar opp mot, og kompletterer, dei andre delane av verkemiddelapparatet. Enova samarbeider med blant anna NVE, Statnett SF, Miljødirektoratet, Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd for å sikre ei god koordinering av verkemiddelapparatet.

I løpet av 2012 har Enova inngått nye avtaler som gir eit venta (kontraktfesta) energiresultat på om lag 1,6 TWh/år. Gjennom avtaler med industriverksemder vart det i 2012 kontraktfesta resultat på til saman 551 GWh/år. For bygningar, bustad og anleggssektorane var det kontraktfesta resultatet på 689 GWh/år. Det vart inngått avtaler om fornybar varmeproduksjon på til saman 349 GWh/år i 2012. På området ny teknologi vart det oppnådd eit resultat på 15 GWh/år.

Då ein stor del av den stasjonære energibruken er basert på vasskraft har Noreg i høve til andre land relativt låge utslepp av klimagassar frå den innanlandske bruken av energi. Utsleppa av klimagassar frå denne delen av energisektoren (energiforsyning, oppvarming i hushald og oppvarming i andre næringar)) utgjorde 3,7 mill. tonn CO 2 -ekvivalentar i 2011, eller 6,9 pst av dei samla norske utsleppa. Det var ein nedgang i utsleppa frå 2010 til 2011. Redusert forbruk av fyringsolje gav den største nedgangen i utsleppa, men også lågare utslepp frå energiproduksjon bidrog. Forbruket av fyringsolje i stasjonær energiforsyning kan variere monaleg frå år til år avhengig av forholdet mellom pris på elektrisitet og olje. Det kan derfor ikkje leggjast for stor vekt på endringar i forbruket frå eitt år til eit anna når ein vurderer effekten av politikken.

Dei viktigaste elementa i politikken for å avgrense bruken av olje i stasjonær energiforsyning generelt, og for å redusere utslepp av CO 2 spesielt, er avgifter og kvotar på bruk av fossile brensler. I tillegg er støtteordningar i regi av Enova viktige. Enova støttar utbygging av fjernvarme og lokale energisentralar, som både erstattar eksisterande oppvarmingsbehov og dekkjer nytt behov som oppstår ved nybygg. I nokre tilfelle kan varmen erstatte olje, i andre tilfelle elektrisitet og andre energiberarar. Enova anslår at 35 pst. av energiresultatet på industriområdet og 10 pst. innan bustad, bygningar og anlegg, er redusert oljefyring. Samla sett anslår Enova at dei i 2012 støtta varmeprosjekt og energibrukprosjekt som er venta å medverke til eit redusert oljeforbruk på 11 563 tonn per år når prosjekta er gjennomførte. Dette svarer til reduserte utslepp på om lag 36 500 tonn CO 2 per år dersom det blir teke utgangspunkt i lett fyringsolje. Det er stor uvisse knytt til anslaget.

Straumkundar skal få installert nye avanserte måle- og styringssystem (AMS) i åra framover. Nettselskapa skal ha avslutta utrullinga av AMS innan 1. januar 2019. Dei nye straummålarane registrerer straumforbruket automatisk og skal sende informasjon kvar time til nettselskapet. Dette gir ei nøyaktig avrekning av forbruket og er dessutan venta å gjere kundane meir merksame på energibruk. Straumkundane får betre moglegheiter til å styre eige forbruk og kan i auka grad tilpasse straumforbruket etter variasjonar i straumprisen.

Målet i EU er, i samhøve med fornybardirektivet, 20 pst. fornybar energi i 2020. Noreg har teke på seg ei plikt til å auke til 67,5 pst. fornybar energi i 2020. Dette er den klart høgaste delen i Europa. Delen fornybar energi i Noreg i 2011 er av SSB anslått til om lag 65 pst.

Direktivet pålegg alle land å leggje fram ein nasjonal handlingsplan som viser korleis dei skal nå sine nasjonale mål. Den norske handlingsplanen vart sendt til ESA i juni 2012. Handlingsplanen beskriv korleis Noreg skal nå målet på 67,5 pst.

Eit viktig verkemiddel for å nå vårt mål på 67,5 pst. under fornybardirektivet er den felles norsksvenske marknaden for elsertifikat. Ordninga med elsertifikat starta opp 1. januar 2012. Gjennom ordninga har Noreg og Sverige som mål å byggje ut ny elektrisitetsproduksjon basert på fornybare energikjelder tilsvarande 26,4 TWh i 2020. Noreg og Sverige er ansvarlege for å finansiere halvparten av målet kvar, uavhengig av kor produksjonen kjem. Under ordninga med elsertifikat vart det i 2012 teke i drift anlegg med ein normalårsproduksjon tilsvarande 3,2 TWh. Produksjonen frå desse anlegga er med på å oppfylle det felles målet på 26,4 TWh. Anlegg med en normalårsproduksjon på 0,4 TWh vart bygt i Noreg og 2,8 TWh bygt i Sverige. I Noreg vart det i tillegg godkjent anlegg under overgangsordninga med ein normalårsproduksjon på 0,46 TWh.

Departementet har motteke søknad frå Statnett om konsesjon for tilrettelegging av kraftutveksling med Tyskland og Storbritannia. Nye utlandssamband skal etablerast i den grad dei er samfunnsøkonomisk lønnsame. Samband frå Noreg vil gi bidrag til at Tyskland og Storbritannia kan fortsetje den storstilte utbygginga si av fornybar kraftproduksjon for å erstatte termiske verk og redusere klimagassutslepp i landa. Utlandssamband gir òg bidrag til ei meir effektiv ressursutnytting samla sett, ved at det blir nytta færre produksjonsressursar både i Noreg og i landa vi knyter oss til. Det medfører færre samla naturinngrep. På den andre sida er anlegga i seg sjølve naturinngrep. I vurderinga av samfunnsøkonomisk lønnsemd vil sambanda sine verknader på miljø og klima inngå.

Miljøomsyn knytte til vassdrags- og energiverksemd

Miljøomsyn i samband med vassdrags- og energiverksemda er tekne vare på gjennom sektorlovgivinga, plan- og bygningslova, forureiningslova, naturmangfaldlova og vassforskrifta.

Det har vore stor interesse for og aktivitet innan vindkraft, vasskraft og kraftleidningar dei siste åra. Kapasiteten i konsesjonsbehandlinga i NVE er dobla sidan 2005. Ein stor auke i talet på søknader gjer det viktig å sjå prosjekta i samanheng for å finne dei totalt sett beste løysingane. Det blir derfor i saksbehandlinga søkt å få til ei mest mogleg samordna behandling av prosjekt i same område.

NVEs miljøtilsyn kontrollerer at miljøkrav som er fastsette i konsesjonar blir etterlevde, både i anleggs- og driftsfasen. Ei viktig oppgåve er òg godkjenning og oppfølging av detaljplanar for vassdrags- og energianlegg. Miljøtilsynet har i 2012 til saman gjennomført 182 stadlege inspeksjonar av konsesjonsgitte vassdragsanlegg. Det vart i 2012 gjennomført 15 stadlege inspeksjonar av konsesjonsgitte energianlegg (kraftleidningar, vindkraftverk og transformatorstasjon).

Verneplan for vassdrag er viktig for å sikre eit representativt utval av vassdragsnaturen i landet. Vernet gjeld først og fremst mot kraftutbygging, men verneverdiane skal òg takast omsyn til ved andre inngrep. Ved den avsluttande suppleringa av Verneplanen, jf. St.prp. nr. 53 (2008–2009), vart det som ledd i vern av Vefsna fastsett at det skulle etablerast eit planprosjekt i vassdraget. Prosjektet som no er i gang skal sjå på mogelegheitene for mindre, skånsam kraftproduksjon i sidevassdrag, der dette ikkje er i strid med verneverdiane. OED og MD har støtta prosjektet som har ei planlagt tidsramme på tre år.

Kunnskap og systematisk oversikt over viktige område for truga arter og naturtypar er ein føresetnad for å stanse tapet av norsk naturmangfald. OED og NVE medverka i arbeidet med Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og Artsdatabanken. Formålet med programmet er å tette kunnskapshol og medverke til at data over naturmangfald blir samla i nasjonale databasar.

Gjennomføringa av EUs vassdirektiv med tilhøyrande forvaltingsplanar er eit viktig tiltak for å fremje ei heilskapleg forvaltning av vassressursane, og OED vil saman med NVE medverke aktivt til dette. I 2012 var arbeidet knytt til å karakterisere vassførekomstane, oppfølging av godkjente forvaltningsplanar og utvikling av nasjonalt verktøy og rettleiing. NVE har delteke med kunnskap om vassdraga, relevante miljøtiltak, hydrologisk overvaking og oversikt over konsesjonsvilkår. Departementet har i 2012 medverka til forsking innan miljøkonsekvensar og miljøtiltak i regulerte vassdrag.

I 2012 sette OED og MD i verk ein gjennomgang av reguleringskonsesjonar som kan reviderast. Dette arbeidet skal munne ut i eit fagleg råd frå NVE og Miljødirektoratet med ei oversikt over kva vassdrag og reguleringskonsesjonar der den samfunnsmessige verdien av betre miljøomsyn av eventuelle framtidige pålegg som vil innebere produksjonstap, er vurdert til å vere større enn det samfunnsmessige tapet knytt til redusert produksjon. Det faglege rådet frå dei to direktorata vil liggje føre tidleg hausten 2013.

Havvind

Stortinget vedtok i 2010 lov om fornybar energiproduksjon til havs. Fornybar energiproduksjon kan etablerast etter at staten har opna bestemte område for søknader om konsesjon. Opning av areal skal baserast på konsekvensutgreiingar for å sikre at alle relevante tilhøve blir vurderte i ein tidleg fase. Våren 2011 fastsette OED program for strategiske konsekvensutgreiingar, og NVE har fått i oppdrag å gjennomføre utgreiingane. Dei strategiske konsekvensutgreiingane var ferdige hausten 2012. Gjennom ordningar i Forskingsrådet og Enova vert det gitt støtte til forsking, utvikling og demonstrasjon av nye teknologiar for fornybar energiproduksjon til havs.

8.3.3 Petroleumsverksemda

Miljøreguleringar skjer på alle stadium av verksemda; frå vurdering av om eit område skal opnast for petroleumsverksemd, ved leiting, ved vurdering av korleis eit felt skal byggjast ut, ved spesifikke løyve knytte til drifta av feltet, ved årlege endringar av desse og fram til avslutting av produksjon og disponering av innretningane. Dette sikrar eit omfattande system der alle relevante styresmakter er involverte.

Oppdateringar av forvaltingsplanar og nye konsekvensutgreiingar med oppdatert kunnskap, medverkar til at ei avgjerd kan treffast på eit best mogleg faktagrunnlag. Høyringsrundar gir alle relevante aktørar høve til å bli høyrde, mens NOx- og CO 2 -avgifta, i tillegg til miljøavtala mellom Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane om reduksjon av NOx-utsleppa og kvoteplikt for CO 2 -utslepp, gir selskapa økonomiske insentiv til å ta miljøomsyn i den daglege drifta. I tillegg har styresmaktene høve til å treffe enkeltvedtak, til dømes ved godkjenning av utbyggingsplanar.

Energiforsyningsløysinga til ein petroleumsinstallasjon blir òg behandla i samband med styresmaktene si godkjenning av ei utbygging. Dette skjer i prosessen med behandlinga av utbyggingsplanen. For å avklare i kva grad kraft frå land til felt på kontinentalsokkelen er ei føremålstenleg løysing som kraftsystem, trengst ei konkret vurdering av kvart tilfelle.

8.3.4 Forsking og utvikling

Satsinga på forsking og utvikling (FoU) innanfor petroleumssektoren, energisektoren og CO 2 -handtering vil vanlegvis ikkje ha ein direkte effekt på utslepp av klimagassar på kort sikt. FoU er likevel viktig for å førebyggje og løyse miljø- og ressursutfordringar i energi- og petroleumssektoren.

OED si satsing på FoU skal:

  • byggje opp kunnskap og kompetanse av samfunnsfagleg karakter, eksempelvis om effektar av klimaendringar på energiområdet (auka nedbør, vassføring, flaum, snø og bresmelting, vindstyrkar, redusert oppvarmingsbehov etc.) og konsekvensar av utslepp på energi- og petroleumsområdet (CO 2 -utslepp, klimagassutslepp etc.).

  • byggje opp kunnskap og kompetanse om nye, meir miljøvenlege teknologiar på energi- og petroleumsområdet.

  • utvikle miljøvenlege produkt, tenester og prosessar som på sikt kan bli tekne i bruk i energi- og petroleumssektoren, mellom anna teknologiar for fornybar energi, energieffektivisering, CO 2 -handtering og meir energieffektiv petroleumsproduksjon.

Utover dei meir generelle og overordna, kvalitative resultata av FoU-satsinga, blir det frå år til år rapportert på programnivå kvantifiserbare resultat som tal på støtta prosjekt, avlagte doktorgrader, deltakande bedrifter og tal på nye produkt og prosessar og patent.

Energiforsking

Energi21 er styresmaktene og energibransjen sin FoU-strategi for forsking og teknologiutvikling i energisektoren. Ein revidert Energi21-strategi vart lagt fram i juni 2011. I mai 2012 vart eit nytt styre for Energi21 oppretta. Det består av representantar for energiselskap, industri, forskings- og utdanningsinstitusjonar og styresmakter. Det nye styret skal følgje opp og setje i verk den reviderte strategien. Strategien presenterer seks prioriterte satsingsområde og eit sett med tilrådingar knytte til gjennomføringa av satsingsforslaga. Dei seks satsingsområda er:

  • Solceller – styrkt næringsutvikling

  • Offshore vind – næringsutvikling og ressursutnytting

  • Balansekraft – auka ressursutnytting

  • CCS – verdiskaping og verdisikring

  • Fleksible energisystem – SmartGrids

  • Energiutnytting – konvertering av varme med låg temperatur til el

RENERGI har vore Forskingsrådets sentrale program for forsking på miljøvennleg energi i perioden 2003–2012. Programmet fekk i 2012 finansiering frå sju departement, der rundt 2/3 av det samla budsjettet vert finansiert av OED. Totalt meir enn 250 prosjekt vart støtta gjennom RENERGI-programmet i 2012. RENERGI blei avslutta hausten 2012, samtidig som eit nytt tiårig program, ENERGIX (Stort program energi), vart etablert. Det nye ENERGIX-programmet støttar FoU innan fornybar energi, effektiv energibruk, energisystem og energipolitikk, og miljø- og klimavenleg transport. Programmet skal medverke til utviklinga av eit heilskapleg energisystem som tek omsyn til berekraft og naturmiljøet.

Boks 8.1 Prosjekteksempel energiforsking

Vasskraft syter for ein effektiv og fornybar kraftproduksjon i Noreg. Trass i dette vil utbygging og drift kunne påverke omgivnadene og dyre- og plantelivet i norske vassdrag. God kunnskap om betydinga ulike miljøfaktorar kan ha, mellom anna for laks, er avgjerande for å kunne utforme dei mest effektive tiltaka. I prosjektet EnviDORR (Environmentally designed operation of regulated rivers) har forskarar, ingeniørar og energiprodusentar samarbeida om å utvikle optimale, forskingsbaserte løysingar for å auke både laksebestand og vasskraftproduksjonen i regulerte vassdrag.

Ved hjelp av modellar for tilpassing av kraftverksdrifta, utvikla gjennom EnviDORR, kan kraftprodusentar unngå gyting på tørrlagte område. I tillegg har betre utforming av laksetrapper vist seg å medverke til å byggje opp laksebestanden. Ei anna løysing utvikla innan prosjektet inkluderte bruk av strobelys ved inntaket til turbinane. Dette tiltaket førte til ein auke i overlevingsgraden til smolt i Mandalselva frå 10 til 64 pst over ein femårsperiode. Dette viser at ein kan komme fram til nye løysingar som tek omsyn til både økonomiske interesser og økologi, til felles samfunnsnytte.

CLIMIT er det offentlege støtteprogrammet for FoU og demonstrasjon av miljøvenlege teknologiar for fangst og lagring av CO 2 frå fossilt basert kraftproduksjon og industri. Programmet er administrert av Gassnova SF i samarbeid med Noregs forskingsråd. På kort sikt er verksemda retta mot å kvalifisere og få ned kostnader knytte til CO 2 -fangst og etablere metodar og byggje tillit til sikker geologisk lagring av CO 2 . På sikt vil det vere viktig å kunne betre eller utvikle teknologiar med potensial for høgare verknadsgrad og lønsemd. CLIMIT har i 2012 støtta 94 prosjekt som byggjer opp under dei to hovudmåla i programmet; teknologiutvikling slik at kostnadene ved å fange CO 2 vert reduserte, og oppbygging av kunnskap slik at lagring av CO 2 kan gå føre seg på ein sikker og akseptert måte.

Ordninga med Forskingssenter for miljøvenleg energi (FME) har som føremål å samle dei beste forskingsmiljøa i landet om ei felles satsing på utvalde tema på energiområdet. Senter er etablerte innan fangst og lagring av CO 2 (to senter), vindkraft til havs (to senter), meir effektiv energibruk i bygningar, solceller, bioenergi og miljøriktig utvikling av fornybar energi og energipolitikk. Ti av dei totalt elleve sentra er finansierte med løyvingar frå OED. Dei åtte FMEnne som vart etablerte i 2009 følgjer den planlagde framdrifta og det er produsert eit stort tal publikasjonar ved sentra. Også aktiviteten ved dei samfunnsvitskaplege FMEane, som blei etablerte i 2011, er no godt i gang. Eit viktig mål for FME-ordninga er òg å auke kompetansen innanfor miljø- og energiområdet. I 2012 har totalt fleire enn 230 doktorgradsstipendiatar og 130 masterstudentar vore knytte til sentra.

Hydrogenrådet heldt fram med arbeidet sitt i 2012. Rådet består av representantar frå næringslivet, forskingsinstitusjonar, interesseorganisasjonar og styresmakter.

Petroleumsforsking

Den nasjonale teknologistrategien for olje- og gassverksemda i Noreg, OG21, vart etablert i 2001. Strategien blei revidert i 2012 og har betydeleg merksemd mot klima i den offentleg finansierte petroleumsforskinga. Det er etablert ei forståing med OG21 om å sikre eit best mogleg fokus på miljø i den nasjonale petroleumsforskinga innan OG21-strategien. Fire teknologiområde er trekte fram i OG21-strategien:

  • Energieffektiv og miljøvennleg berekraftig teknologi

  • Leiting og auka utvinning

  • Kostnadseffektiv boring og intervensjon

  • Framtidas teknologi for produksjon, prosessering og transport

I 2012 fekk Forskingsrådet i oppdrag frå OED å sjå på kor mange av eit utval på 80 prosjekt, med støtte frå PETROMAKS og DEMO 2000 i perioden 2004–2012, som har medverka til meir effektiv energibruk og mindre utslepp til luft. Undersøkinga viser at om lag 80 pst. av prosjekta har eit potensial til å medverke til energieffektivisering og 67 pst. potensielt kan medverke til mindre utslepp til luft. Nesten halvparten av prosjekta kan dessutan gi andre positive miljøeffektar, som lågare utslepp til sjø og mindre bruk av kjemikaliar. FoU i petroleumssektoren generelt kan derfor gi store framsteg når det gjeld miljøvennlege løysingar, også der miljøomsyn ikkje har vore eit hovudmål med forskingsprosjektet.

I 2013 vart eit nytt forskings- og kompetansesenter for utfordringar i høve til offshoreaktivitetar i Arktis skipa. Universitet i Tromsø er sete for satsinga. Eit hovudmål er å utvikle meir miljøvennleg teknologi for leiting etter olje og gass.

OED løyvde også i 2012 midlar til forskingsprogrammet PROOFNY, som er organisert under programmet Havet og kysten . PROOFNY ser på langtidsverknader av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda.

I 2012 har Olje- og energidepartementet, Miljøverndepartementet og Norsk olje og gass finansiert sjøfuglprogrammet SEAPOP. Programmet skaffar fram grunnleggjande kunnskap om norsk sjøfugl og skal kartleggje og overvake sjøfuglbestandar langs norskekysten, Svalbard og i havområde som høyrer til.

Boks 8.2 Prosjekteksempel petroleumsforsking

Ein viktig føresetnad for ei forsvarleg petroleumsverksemd på norsk sokkel er at operatørane effektivt og nøyaktig kan måle og få tilgang til informasjon om forureina utslepp. På denne måten kan ein raskare ta naudsynte avgjersler og setje i verk effektive og føremålstenlege tiltak.

Selskapet Biota Guard kombinerer bruk av konvensjonelle fysiske og kjemiske sensorar med bruk av blåskjel. Systemet byggjer mellom anna på målinga av helsa til det einskilde blåskjelet. Skjela vil i varierande grad lukke seg dersom dei blir utsette for skadelege stoff eller på ein annan måte opplev fysisk stress. Også hjarterytmen til skjela blir påverka av miljøet rundt. Systemet gjer det mogleg for operatørane å få sanntidsinformasjon om lekkasjar og miljøeffektar. På denne måten vert miljøovervakinga ein integrert del av den heilskaplege styringa av eit oljefelt. I prosjektet Biota Guard Arctic er systemet vidareutvikla slik at det kan nyttast subsea i arktiske strøk, ned til djup på 500 meter. Prosjektet har òg identifisert andre arter som eignar seg som biosensorar og fysiske og kjemiske sensorar som eignar seg for sentrale oppgåver i systemet.