5.1 Samfunnstryggleik og beredskap
Samferdselsdepartementets arbeid med samfunnstryggleik og beredskap tek utgangspunkt i dei måla, oppgåvene og prioriteringane som er gitte i stortingsmeldingane om samfunnstryggleik, Meld. St. 29 (2011–2012) Samfunnssikkerhet, jf. Innst. 426 S (2012–2013) og Meld. St. 21 (2012–2013) Terrorberedskap: Oppfølging av NOU 2012: 14 Rapport fra 22. juli-kommisjonen, jf. Innst. 425 S (2012–2013). I tillegg kjem Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023, jf. Innst. 450 S (2012–2013).
Ei av oppgåvene til departementet er å sikre at dei behova samfunnet har for transport og kommunikasjon under freds- og tryggleikspolitiske kriser, i størst mogleg grad blir dekte. Det overordna målet for dette arbeidet er å førebyggje uønskte hendingar og minske følgjene av dei om dei likevel skulle oppstå, m.a. gjennom å sikre rask gjenoppretting av viktige transport- og kommunikasjonsfunksjonar. Departementet vil derfor vidareføre arbeidet med å sikre eit robust transportnett innan bane-, veg- og luftfartssektoren og innan elektronisk kommunikasjon (ekom).
På bakgrunn av det overordna målet for samfunnstryggleik og beredskap i samferdselssektoren har departementet formulert fire strategiske utgangspunkt for arbeidet. Desse kjem m.a. fram i «Strategi for samfunnssikkerhet og beredskap i samferdselssektoren» frå 2009:
-
sektoren skal kontinuerleg arbeide med førebyggjande tiltak, med å styrkje evne og kapasitet til å handtere kritiske situasjonar og til restituering etter kriser
-
sektoren skal kontinuerleg arbeide for eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for å kunne utvikle gode beredskapsplanar og tiltak
-
sektoren skal utvikle gode arenaer for læring og gjensidig erfaringsoverføring
-
sektoren skal kontinuerleg arbeide for ei samordna beredskapsplanlegging og krisehandtering nasjonalt og gjennom deltaking i internasjonalt arbeid.
I samarbeid med etatane og selskapa reviderer departementet denne strategien. Ein oppdatert strategi vil vere ferdig i 2014.
For å fremme det overordna målet og dei strategiske utgangspunkta ovafor, vil departementet, etatane og selskapa halde fram arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar, krise- og beredskapsplanar, øvingar og evalueringar. Erfaringar frå øvingar og reelle hendingar blir lagt til grunn for forbetringar i planverket. Samferdselsdepartementet, etatane og selskapa arrangerer eigne krisehandteringsøvingar og er med i større fellesøvingar som krev samhandling på tvers av sektorar og forvaltningsnivå og med aktørar i andre land. Ei slik tverrsektoriell øving er «Øvelse Østlandet» som vil finne stad i desember 2013 i regi av Norges vassdrags- og energidirektorat, og som vil involvere store delar av samferdselssektoren.
Erfaringar frå tidlegare øvingar og faktiske hendingar viser at god kommunikasjon er viktig for krisehandteringa. Samferdselsdepartementet arbeider derfor i 2013 og 2014 med å etablere nye felles kommunikasjonsløysingar for å oppnå sikrare og meir effektiv informasjonsdeling og samhandling mellom departementet og underliggjande etatar og tilknytte selskap.
Departementet er ansvarleg for å ha oversikt over og styrkje robustheita i kritisk infrastruktur og viktige samfunnsfunksjonar i sektoren. I 2012 peika departementet ut skjermingsverdige objekt i samsvar med sikkerhetsloven og objektsikkerhetsforskriften. Sikringa av dei utpeika objekta held fram i 2013. Gjennom prosjektet SAMROS II har Samferdselsdepartementet, etatane og selskapa kartlagt framføringslinjer, strekningar, knutepunkt, styringssystem o.l. som er særs viktige for samferdselssektoren og samfunnet elles, men som ikkje er omfatta av objektsikkerhetsforskriften. Prosjektet følgjer opp «En analyse av sårbarhet og risiko innen samferdsel i et tverrsektorielt perspektiv – SAMROS». Det blei avslutta i 2013. Som ei oppfølging har Samferdselsdepartementet stilt krav til etatane og selskapa om å sikre desse kritiske delane av samferdselsinfrastrukturen, i tillegg til dei objekta som reknast som skjermingsverdige. Dette arbeidet held fram i 2014.
Det blir kontinuerleg arbeidd med risiko- og sårbarheitsanalysar. Alle etatane og selskapa gjennomfører eigne analyser for å ha oversikt over risiko og sårbarheit innan sitt område. I 2013 og 2014 gjennomfører Samferdselsdepartementet, etatane og selskapa ei felles analyse i prosjektet «Strategiske overordnede risiko- og sårbarhetsanalyser for virksomheter i samferdselssektoren – SOROS». Prosjektet er eit ledd i oppfølginga av NOU 2012: 14 Rapport fra 22. juli-kommisjonen, og inneber at departementet, etatane og selskapa, i nært samarbeid med leiinga i kvar verksemd, gjennomgår beredskapen med utgangspunkt i ulike scenario. Scenarioa er baserte på «Nasjonalt risikobilde» utvikla av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og Samferdselsdepartementets rapport «Krisescenarioer i samferdselssektoren – KRISIS» frå 2010. Analysen skal resultere i eit strategidokument for kvar verksemd som gir retning og prioriteringar for beredskapsarbeidet, og ein tiltaksplan. Strategidokumenta skal danne grunnlag for revisjon av ein felles strategi for samfunnstryggleikt og beredskap i samferdselssektoren, som nemnt ovafor.
Samferdselsdepartementet har gitt Statens jernbanetilsyn i oppdrag å utarbeide ei ordning for security-oppfølging innan jernbanesektoren, der også t-banen i Oslo er med.
Ei av årsakene til utfall av transport og kommunikasjon i Noreg er uvêr som fører til flaum og skred. Endring i klima tærer òg på infrastrukturen. Samferdselsetatane arbeider derfor med klimatilpassing og med å auke evna til å oppretthalde transport og kommunikasjon trass i påkjenningar frå uvêr. Etter endringar i lov om elektronisk kommunikasjon som tok til å gjelde 1. juli 2013, har Post- og teletilsynet innført eit minstekrav til reservestraumkapasitet i mobilnetta for å betre tåle straumbrot. Statens vegvesen og Jernbaneverket har saman med Norges vassdrags- og energidirektorat etablert prosjektet «Naturfare, infrastruktur, flom og skred (NIFS)». Dette er eit fireårig prosjekt der måla m.a. er eit tryggare samfunn med meir robust infrastruktur, trygg busetting, trygg samferdsel og god skred- og flaumvarsling.
Samferdselsdepartementet, underliggjande etatar og tilknytte selskap gjekk i 2012 gjennom rapporten frå 22. juli-kommisjonen. Merksemda var særleg retta inn mot erfaring og læring som kan overførast til eigen verksemd. Arbeidet med å følgje opp tilrådingane frå kommisjonen har halde fram inn i 2013, og inkluderer m.a. revisjon av krise- og beredskapsplanar, klargjering av ansvar og roller og ei endå nærare involvering av leiinga i samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet.
Departementet vil i 2014 halde fram med dei halvårlege kontaktmøta med etatane og selskapa. Deltaking i samfunnstryggleiks- og beredskapsaktivitetar med andre nasjonale styresmakter og innan EU og NATO vil òg bli vidareført i departementet, etatane og selskapa.
Utgiftene til oppgåver og tiltak innan samfunnstryggleik og beredskap i samferdselssektoren skal etatane dekkje over dei ordinære budsjetta, og dei inngår som integrerte delar av det daglege arbeidet med å sikre god framkome og eit påliteleg transport- og kommunikasjonsnett. Samferdselsdepartementet sett av midlar over sitt budsjett til transportberedskapsordninga i fylkeskommunane, og til beredskapsaktivitetar innan luftfart og post.
5.2 Nordområdestrategien
Regjeringa vil styrkje infrastrukturen i nord.
Regjeringa har ei tredelt strategisk tilnærming til å utvikle transportinfrastrukturen i nord: Eit nord-sør perspektiv der formålet er å sikre framkome og styrkje konkurransekrafta til næringslivet gjennom auka innsats for å betre infrastrukturen som bind landet saman; eit aust-vest perspektiv der formålet er å binde landsdelen betre saman og gi betre vilkår for samhandel og samarbeid med våre naboland gjennom å styrkje infrastrukturen over grensene til Russland, Finland og Sverige; og eit langsiktig perspektiv der formålet å er få fram kunnskap som kan gi eit betre grunnlag for å vurdere om noverande infrastruktur i Nord-Noreg er tilpassa framtidas transportbehov. I det langsiktige perspektivet ligg òg samarbeidet med nabolanda om felles planar og konkrete tiltak for å utvikle transportsystemet i nordområda.
For å få mest mogleg rasjonell framdrift er utbygginga av E6 vest for Alta finansiert over ein eigen post i vegbudsjettet. Samferdselsdepartementet prioriterer innafor ramma for 2014 statlege midlar og bompengar til restarbeid og sluttfinansiering for prosjektet Møllnes – Kvenvik – Hjemmeluft. Vidare blir det prioritert midlar til å vidareføre utbygginga av prosjekta Jansnes – Halselv og Halselv – Møllnes. Prosjektet Jansnes – Halselv blir etter planen opna for trafikk i 2014.
E105 Storskog – Hesseng i Finnmark er det einaste vegsambandet mellom Noreg og Russland og har blitt viktigare i takt med auka samhandel med Russland. Arbeidet på strekninga starta i 2011. For 2014 blir det prioritert midlar til å sluttfinansiere arbeida på prosjektet E105 Storskog – Elvenes, som etter planen skal opnast i 2013. Vidare blir det prioritert midlar til å vidareføre prosjektet E105 Rundvannet – Hesseng, som er første etappe i utbygginga av strekninga Elvenes – Hesseng. Her vil det etter planen bli anleggsstart i 2014.
Det er òg sett av midlar til E6 Hålogalandsbrua, inkludert skredsikring på E10 Trældal – Leirvik. Anleggsarbeida starta i februar 2013. Hålogalandsbrua vil erstatte Rombaksbrua som hovudveg mellom Narvik og Bjerkvik. Dette vil gi store gevinstar for framkome. E6 vil bli korta ned med 18 km, og køyretida mellom Narvik og Bjerkvik og Harstad/Narvik lufthamn, Evenes vil bli 15–20 minutt kortare. Skredsikringa av E10 er planlagt ferdig i oktober 2014, medan Hålogalandsbrua etter planen blir opna for trafikk i 2017.
Vidare er det sett av midlar til skredsikring og til å gjennomføre utbetringstiltak på eksisterande vegar i Nord-Noreg, som breiddutvidingar, fjerning av flaskehalsar og utbetring av særleg trafikkfarlege punkt. Tiltak på vegnettet er nærare omtalt i del II under Vegformål.
Om lag 2/3 av godstransporten på jernbane i Noreg målt i tonn går i dag på Ofotbanen. I tillegg til malmtransporten frå Nord-Sverige er banen viktig for godstransporten mellom Sør-Noreg og Nord-Noreg. I Nasjonal transportplan 2014–2023 er det sett av 1,6 mrd. 2013-kr til investeringstiltak på Ofotbanen. Tiltaka gjeld både auka kryssingskapasitet, straumforsyning og terminal- og stasjonstiltak.
Northland Resources (NRAB) skal skipe ut malm frå Nord-Sverige over Ofotbanen, og det er lagt til rette for at NRAB skal ta i bruk Fagernesterminalen i Narvik hausten 2013. LKAB har planar om å auke kapasiteten vesentleg frå og med 2015. Staten har inngått ein avtale med LKAB om finansiering av forlenging av kryssingsspora Bjørnfjell og Rombak på Ofotbanen, jf. Prop. 149 S (2012–2013). Avtalen inneber ei kostnadsdeling med 70 pst. på Jernbaneverket og 30 pst. på LKAB. Samla investeringskostnad for begge kryssingsspora er rekna til om lag 600 mill. kr. Avtalen gjeld fram til 2016, men målet er å setje Bjørnfjell kryssingsspor i drift alt i 2014 og Rombak i 2015, sjå omtale i Del II under Jernbaneformål.
Det er aktuelt å samarbeide med svenske og finske styresmakter i samband med ev. større framtidige kapasitetsutvidingsprosjekt. Det er allereie eit samarbeid med svenske styresmakter om langsiktig kapasitets- og finansieringsbehov på Ofotbanen. Jernbaneverket gjennomfører samtidig ei utgreiing av behov for dobbeltspor på Ofotbanen i samarbeid med den svenske Trafikverket.
Departementet har inngått nye kontraktar for regionale flyruter i Finnmark og Nord-Troms med verknad frå 15. april 2013. Departementet tek sikte på å inngå ny kontrakt om helikopterruta mellom Værøy og Bodø frå 1. august 2014. Desse, og dei andre kjøpa av flyrutetenester, er med på å gi distrikta og regionane gode samband til knutepunkt regionalt og nasjonalt.
Avinor AS planlegg vidare med sikte på investeringar i nye lufthamner på Helgeland i Mo i Rana og i Hammerfest, jf. Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 og Meld. St. 38 (2012–2013) Verksemda til Avinor AS.
For Helgeland skal det arbeidast vidare med regionalpolitiske avklaringar og ei breiare vurdering av dei regionalpolitiske konsekvensane. For Hammerfest er det behov for ytterlegare utgreiingar av lokaliseringsspørsmålet. Regjeringa legg til grunn at Avinor vil bli tilført midlar for å gjennomføre desse investeringane. Spørsmålet om ny lufthamnløysing for Lofoten skal utgreiast vidare. Det skal òg setjast i gang eit arbeid for ei langsiktig løysing for sivil luftfart i Bodø.
Ein viktig arena for samarbeid i nordområda er Barentssamarbeidet. Noreg leier for tida arbeidsgruppa på transportområdet og har m.a. sett seg føre å lage ein felles plan for å utvikle transportsystema i Barentsområdet. Ei ekspertgruppe med representantar for transportstyresmaktene i Sverige, Finland, Russland og Noreg la i september 2013 fram eit forslag til ein felles transportplan for Barentsregionen. Alle transportformer er med i dette forslaget. Forslaget til plan peikar på forhold som påverkar transportbehovet på lang sikt og gi ei oversikt over dei viktigaste grensekryssande transportkorridorane. Ein viktig del av planen er ei tilråding om konkrete tiltak for å forbetre transportsystemet.
5.4 Konkurransetilhøve og marknad
5.4.1 Leverandørmarknaden
Statens vegvesen og Jernbaneverket er store oppdragsgivarar i leverandørmarknaden, og er avhengige av at det finst ein velfungerande marknad med god konkurranse.
Leverandørmarknaden leverer arbeid og tenester for Statens vegvesen og Jernbaneverket med formål å planleggje, prosjektere, byggje, drifte og vedlikehalde infrastruktur på veg og jernbane. Oppgåvene blir utførte av arkitektar, rådgivarar og entreprenørar. Ein del av samferdselsoppgåvene er meir spesialiserte som jernbaneteknikk, elektro, asfalt og vegmerking.
Leverandørar av materiell og utstyr er òg viktige ledd i verdikjeda. I vegprosjekta skjer slike kjøp av dei som prosjekterer og utfører vegarbeid for Statens vegvesen, medan Jernbaneverket kjøper inn kritiske komponentar og materiell direkte som blir nytta av eksterne entreprenørar. Jernbaneverket har ein avgrensa eigenproduksjon som i hovudsak er knytt til oppgåver innan drift og vedlikehald som snørydding av spor, beredskap og feilretting, kontrollar, prosjekt i førebyggjande vedlikehald og mindre fornyingar.
Som dei største anleggsbyggherrane er Statens vegvesen og Jernbaneverket viktige premissgivarar for utviklinga både av den tradisjonelle leverandørmarknaden og dei meir spesialiserte fagområda. Etatane er òg avhengige av at det er god kvalitet og høg produktivitet i prosjektering og gjennomføring av oppgåvene.
I den tidlege fasen av planlegginga blir oppgåvene på veg og jernbane utført både i eigenregi og med bruk av rådgivarar. I prosjekteringsfasen blir oppgåvene i all hovudsak utførte av rådgivarar. Det er ei vurdering å finne ein god balanse mellom interne ressursar og eksterne rådgivarar, men eit auka volum må i stor grad bli handtert av marknaden.
Den norske marknaden er prega av nokre store rådgivarselskap som dekkjer fleire disiplinar og kan ta på seg større og samansette oppdrag. Dei seks største rådgivarselskapa dekkjer om lag 70 pst. av marknaden. Det finst også meir spesialiserte selskap, t.d. innafor landskapsarkitektur.
Med auka omfang av veg- og jernbaneinvesteringar dei seinare åra og meir komplekse prosjekt er det ei utfordring å sikre at marknaden har tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse. Dette gjeld både generelt og innafor spesielle fagområde som t.d. geologi og geoteknikk.
Den norske entreprenørmarknaden er differensiert med fleire store og mange mindre og mellomstore entreprenørar som konkurrerer om oppdraga. Oppgåvene innan samferdselsområdet spenner frå store prosjekt til mindre oppdrag. Det er viktig at transportetatane legg til rette for å utvikle ein nasjonal bransje som dekkjer desse oppgåvene samtidig som dei kan møte ein aukande internasjonal konkurranse.
Statens vegvesen og Jernbaneverket har erfart at det er god konkurranse om store anleggsarbeid.
For mindre kontraktar og spesifikke fag er utviklinga meir utfordrande. Dette gjeld spesielt innafor jernbanetekniske arbeid, og særleg fagområdet signal. For å betre konkurransen arbeider Jernbaneverket kontinuerleg overfor marknaden. Etaten har forsøkt fleire marknadstilnærmingar for jernbanetekniske oppdrag, frå små fragmenterte oppdrag til store samla kontraktar. Erfaringa så langt viser at mellomstore kontraktar for jernbanetekniske arbeider fungerer godt. For dei største kontraktane vurderer Jernbaneverket om kvalifikasjonskriteria kan bli endra for å betre konkurransen. Jernbaneverket vurderer fortløpande marknadssituasjonen og nytter ulike strategiar for å betre konkurransen om dei mindre kontraktane. For mindre arbeid kan fleire oppdrag i ein kontrakt vere ei løysing.
Det er aukande interesse for den norske infrastrukturmarknaden både frå entreprenørar og rådgivarar og frå leverandørar av utstyr og materiell. Dette heng saman med den internasjonale konjunktursituasjonen, interessante oppgåver og auka storleik på oppdraga. Nasjonal transportplan 2014–2023 gjer òg at Noreg blir sett på som eit interessant vekstområde det neste tiåret.
For å kunne ta oppdrag i fellesskap eller som underleverandør søkjer fleire av dei internasjonale aktørane samarbeid med norske rådgivarar og entreprenørar med betre kjennskap til den norske marknaden.
Konjunktursituasjonen i Europa har ført til at nokre større selskap har utfordringar. Det har vore tilfelle der store entreprenørar som har hatt kontraktar med etatane, har gått konkurs. Statens vegvesen og Jernbaneverket har kome fram til ulike løysingar for å fullføre kontraktarbeida. Der konkursane har ført til forseinkingar, har desse så langt vore små.
For å redusere risikoen for liknande konkursar i framtida vil det blir vurdert skjerpa krav til soliditet og eigenkapital i konkurransegrunnlaga. Det same gjeld kontrollen og vurderinga av dokumentasjonen som blir vedlagt tilboda.
Talet på dødsulykker og alvorlege hendingar innan anlegg har auka. I transportsektoren har auken vore særleg på vegsida. Statens vegvesen og Jernbaneverket har sett i verk fleire tiltak for å betre situasjonen, m.a. strengare kontraktreglar som blir kombinert med oppfølging og målretta revisjonar. Det vidare arbeidet skjer i samarbeid med bransje, arbeidstakarorganisasjonar og tilsynsstyresmakter.
5.4.2 Driftskontraktar
Driftskontraktane på veg har stor spennvidde i oppgåvene som skal utførast i dei ulike geografiske områda. Krava, og dermed risikoen med å handtere ulike tilhøve, særleg vêrtilhøva, er større i driftsoppdraga enn i tradisjonelle anleggsoppdrag.
Statens vegvesen lyser vanlegvis ut femårige driftskontraktar, slik at om lag 20 pst. av kontraktane blir lyst ut kvart år. Etter ein periode med låge tilbod auka kostnadene kraftig. Konkurranseutsetting av driftsoppgåver var ein ny og ukjent marknad der truleg risiko og omfang blei undervurdert av entreprenørane i den første fasen. Det har dei seinare åra vore ein modning i marknaden, og tiboda har stabilisert seg. Statens vegvesen har samstundes arbeidd med å få betre konkurransegrunnlag med klarare og meir balansert risikofordeling. Konkurransen om oppdraga auka noko i 2012 og 2013.
Statens vegvesen har engasjert eksterne rådgivarar til å vurdere verksemda si i samband med drift av vegar, med vekt på marknad og å utvikle driftskontraktane vidare. Nokre av forslaga til å forbetre kontraktane og oppgjersreglane er tekne inn i konkurransegrunnlaga for dei driftskontraktane som blir inngått i 2013.
Jernbane er eit meir spesialisert område enn veg, med ein mindre marknad av tenester til drift og vedlikehald. Norske jernbaneentreprenørar er sårbare for reduksjonar i oppdragsmengda, og i 2013 har det vore fleire konkursar. Redusert oppdragsmengd kan på sikt føre til redusert kapasitet i den norske delen av bransjen. Førebels registrerer ikkje Jernbaneverket svekt konkurranse om jernbanetekniske arbeid, men følgjer utviklinga nøye.
5.4.3 Ferjemarknaden
Statens vegvesen er ein stor kjøpar av bilferjetransport. Den norske ferjemarknaden har tre store, eit mellomstort og nokre små ferjereiarlag. Dei tre største reiarlaga dekkjer om lag 90 pst. av marknaden. Førebels har interessa frå utanlandske ferjeselskap vore liten.
Etaten engasjerte i 2012 eksterne rådgivarar til å vurdere anbodutsetjinga på ferjesida. I evalueringa blir det peika på at oppdragsgivar har lykkast med å stimulere til reell konkurranse om desse driftskontraktane. Samstundes kjem det også klart fram at det har vore ein konsentrasjon i marknaden dei seinaste åra. Dette har ført til at Statens vegvesen ved fleire utlysingar berre har fått tilbod frå to leverandørar.
Som innkjøparar innafor bilferjetransport vil Statens vegvesen og fylkeskommunane vere viktige premissgivarar for utviklinga av denne næringa. I konkurransegrunnlaga søkjer Statens vegvesen å leggje til rette for auka konkurranse gjennom å sikre ei balansert risikofordeling mellom tilbydar og oppdragsgivar i ferjekontraktane. Statens vegvesen lyser ut driftskontraktar med ei gjennomsnittleg lengd på 8–10 år. Signala frå næringa tyder på at dette er rett kontraktslengd ut frå dei investeringane som selskapa må gjere.
5.5 Likestilling i transportsektoren
Arbeidet med å fremme likestilling er viktig på alle politikkområde. Transportpolitikken skal m.a. medverke til likestilling mellom menn og kvinner.
Likestilling handlar òg om at alle skal kunne delta i samfunnet. Universell utforming av transportsystemet er eit av hovudmåla i Nasjonal transportplan 2014–2023. Transportsystemet skal i så stor grad som mogleg kunne nyttast av alle, i alle aldrar og med ulike føresetnader. Målet er å bidra til at heile reisekjeda blir universelt utforma. I planperioden vil regjeringa vidareføre arbeidet med å gjere det statlege transportsystemet universelt utforma. Departementet viser elles til omtalen av universell utforming i kap. 4.2.4.
Status for likestilling i Samferdselsdepartementet og underliggande etatar
Generelt
Status for likestillinga i departementet og underliggande etatar er i gjennomgangen under vist i to tabellar for den einskilde verksemda. Den første viser kjønnsfordelinga etter stillingskategoriar og gjennomsnittleg brutto månadsløn fordelt på kjønn og stillingskategoriar i 2011 og 2012. Det er ikkje opplyst om månadsløn der det er færre enn fem personar i kategorien. Den andre tabellen viser kjønnsfordelinga for deltid, mellombels tilsette, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær i 2011 og 2012.
Samferdselssektoren er eit mannsdominert område der mange har teknisk bakgrunn. Kvinnedelen i Samferdselsdepartementet er på litt over 50 pst. I alle etatane var fleirtalet av dei tilsette i 2012 menn. Kvinnedelen i Statens jernbanetilsyn var på 49 pst. I Jernbaneverket var kvinnedelen på 21 pst. og i dei andre etatane på mellom 33 og 40 pst. Kvinnedelen varierer òg mellom dei ulike stillingskategoriane.
Med unntak av i Jernbaneverket tente menn i gjennomsnitt litt meir enn kvinner i 2012. I dei ulike stillingskategoriane varierer lønsforskjellane i verksemdene. Det er i mange tilfelle ikkje vesentlege forskjellar i løna for menn og kvinner.
Menn sto for størstedelen av overtida i alle verksemdene i 2012.
Med unntak av i Statens vegvesen og Jernbaneverket arbeidde få tilsette deltid i 2012 og få var mellombels tilsette.
Luftfartstilsynet var den einaste av verksemdene der menn sto for den største delen av foreldrepermisjonen i 2012.
Det legemeldte sjukefråværet for departementet og etatane er gjennomgåande lågt. I Post- og teletilsynet og Statens havarikommisjon for transport var sjukefråværet i 2012 noko lågare for kvinner enn for menn. Fleire av verksemdene har få tilsette, slik at m.a. langtidsfråvær vil slå sterkt ut i fråværsprosenten.
Samferdselsdepartementet
Ved utgangen av 2012 hadde Samferdselsdepartementet 149 tilsette. Kvinnedelen var på nesten 52 pst. Kjønnsfordelinga i dei ulike stillingskategoriane og gjennomsnittleg brutto månadsløn fordelt på kjønn og stillingskategori går fram av tabell 5.1.
Tabell 5.1 Tilsette i Samferdselsdepartementet fordelt på kjønn, stillingskategoriar og løn
|
|
Kjønnsbalanse
|
Gjennomsnittleg brutto månadsløn (kr)
|
|
|
Kvinner pst.
|
Menn pst.
|
Tilsette i alt
|
Kvinner
|
Menn
|
Tilsette i alt
|
I alt i verksemda
|
2012
|
51,7
|
48,3
|
149
|
45 345
|
51 230
|
48 189
|
|
2011
|
47,6
|
52,4
|
142
|
44 413
|
48 193
|
46 399
|
Toppleiing (departementsråd, ekspedisjonssjef)
|
2012
|
33,3
|
66,7
|
6
|
-
|
-
|
95 847
|
|
2011
|
33,3
|
66,7
|
6
|
-
|
-
|
90 535
|
Mellomleiing (avdelingsdirektør)
|
2012
|
21,4
|
78,6
|
14
|
-
|
64 503
|
65 445
|
|
2011
|
30,8
|
69,2
|
13
|
-
|
60 384
|
61 031
|
Fagdirektør mv.
|
2012
|
20,0
|
80,0
|
5
|
-
|
-
|
66 373
|
|
2011
|
25,0
|
75,0
|
4
|
-
|
-
|
69 143
|
Underdirektør, seniorrådgivar mv.
|
2012
|
54,2
|
45,8
|
83
|
47 433
|
48 787
|
48 053
|
|
2011
|
48,7
|
51,3
|
78
|
45 182
|
45 077
|
45 131
|
Rådgivar, førstekonsulent
|
2012
|
47,0
|
53,0
|
34
|
37 075
|
37 866
|
37 605
|
|
2011
|
47,2
|
52,7
|
36
|
34 660
|
35 524
|
35 117
|
Seniorkonsulent
|
2012
|
100,0
|
0
|
7
|
36 504
|
-
|
36 504
|
|
2011
|
100,0
|
0
|
5
|
35 382
|
-
|
35 382
|
I dei stillingskategoriane i departementet der begge kjønn var representerte, var det i 2012 eit fleirtal av kvinner i kategorien underdirektør, seniorrådgivar mv. I toppleiinga og mellomleiinga tente kvinner i snitt litt meir enn menn, medan det var motsett i dei andre stillingskategoriane der begge kjønna var representerte.
Tabell 5.2 viser tal for deltid og mellombels tilsette, overtid, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær fordelt på kjønn.
Tabell 5.2 Deltids- og mellombels tilsette, overtid og fråvær i Samferdselsdepartementet
|
Deltid (tal)
|
Mellombels tilsette (tal)
|
Overtid (pst.)
|
Foreldrepermisjon (pst.)
|
Legemeldt sjukefråvær (pst.)
|
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
2012
|
3
|
1
|
0
|
1
|
34,5
|
65,5
|
80,0
|
20,0
|
3,3
|
1,9
|
2011
|
4
|
3
|
0
|
0
|
33,2
|
66,8
|
75,0
|
25,0
|
6,2
|
1,8
|
Menn arbeidde meir overtid enn kvinner i 2012, men kvinnene sin del av overtida auka noko frå 2011. Sjukefråværet var høgare for kvinner enn for menn, men blei nesten halvert frå 2011.
Statens vegvesen
Ved utgangen av 2012 hadde Statens vegvesen 6 569 tilsette. Kvinnedelen var på 38 pst. Kjønnsfordelinga på dei ulike stillingskategoriane og gjennomsnittleg brutto månadsløn fordelt på kjønn og stillingskategori går fram av tabell 5.3.
Tabell 5.3 Tilsette i Statens vegvesen fordelt på kjønn, stillingskategoriar og løn
|
|
Kjønnsbalanse
|
Gjennomsnittelg brutto månadsløn (kr)
|
|
|
Kvinner pst.
|
Menn pst.
|
Tilsette i alt
|
Kvinner
|
Menn
|
Tilsette i alt
|
I alt i verksemda*
|
2012
|
38,0
|
62,0
|
6 569
|
37 403
|
41 845
|
40 156
|
|
2011
|
38,0
|
62,0
|
6 243
|
35 098
|
39 795
|
38 010
|
Etatsleiing
|
2012
|
35,7
|
64,3
|
14
|
91 318
|
94 748
|
93 523
|
|
2011
|
35,7
|
64,3
|
14
|
83 903
|
89 457
|
87 474
|
Leiarar
|
2012
|
37,3
|
62,7
|
405
|
53 972
|
54 815
|
54 500
|
|
2011
|
34,9
|
65,1
|
390
|
52 790
|
52 368
|
52 515
|
Tekniske saksbehandlarar, inkl. prosjektleiarar
|
2012
|
22,3
|
77,7
|
3 326
|
41 309
|
42 781
|
42 453
|
|
2011
|
22,0
|
78,0
|
3 155
|
39 242
|
40 813
|
40 467
|
Merkantile saksbehandlarar
|
2012
|
66,1
|
33,9
|
2 177
|
34 249
|
38 589
|
35 722
|
|
2011
|
66,8
|
33,2
|
2 072
|
31 904
|
36 237
|
33 342
|
Inspektørar
|
2012
|
20,7
|
79,3
|
521
|
33 691
|
34 698
|
34 489
|
|
2011
|
19,8
|
80,2
|
515
|
32 615
|
32 953
|
32 886
|
Arbeidarstillingar
|
2012
|
18,7
|
81,3
|
80
|
31 375
|
32 261
|
32 095
|
|
2011
|
18,5
|
81,5
|
55
|
30 498
|
31 493
|
31 309
|
Reinhald mv.
|
2012
|
92,7
|
7,3
|
41
|
19 602
|
-
|
18 452
|
|
2011
|
92,9
|
7,1
|
42
|
18 200
|
-
|
17 592
|
* I totaltalet for 2012 inngår 5 lærlingar innan IKT.
Med unntak av i stillingskategoriane merkantile saksbehandlarar og reinhald mv. var fleirtalet av dei tilsette menn. Kvinner tente meir enn menn i kategorien reinhald mv. I dei fleste kategoriane der menn tente meir enn kvinner, var forskjellane små.
Tabell 5.4 viser tal for deltid og mellombels tilsette, overtid, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær fordelt på kjønn.
Tabell 5.4 Deltids- og mellombels tilsette, overtid og fråvær i Statens vegvesen
|
Deltid (tal)
|
Mellombels tilsette (tal)
|
Overtid (pst.)
|
Foreldrepermisjon (pst.)
|
Legemeldt sjukefråvær (pst.)
|
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
2012
|
413
|
195
|
95
|
86
|
20,0
|
80,0
|
68,7
|
31,3
|
5,6
|
2,7
|
2011
|
451
|
206
|
80
|
65
|
20,2
|
79,8
|
69,9
|
30,1
|
5,8
|
2,7
|
Menn arbeidde vesentleg meir overtid enn kvinnene både i 2011 og 2012. Sjukefråværet blant kvinner var meir enn dobbelt så høgt som blant menn.
Statens vegvesen arbeider systematisk og på fleire område for å fremme likestilling og hindre diskriminering, òg når det gjeld nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn. I rekrutteringa er det retta særleg merksemd på mangfald. Å talfeste mål har betra etaten si evne til å bli ein inkluderande arbeidsgivar. Av dei Statens vegvesen tilsette i 2012 var 10 pst. personar med nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn.
Vidare har Statens vegvesen eit eige rekrutteringsprogram som er eit tilbod til nyutdanna med master- eller bachelorgrad i relevante teknologi- eller planleggingsfag. Av dei 31 som fekk plass på rekrutteringsprogrammet i 2012 var over 60 pst. kvinner, og 22 pst. hadde innvandrarbakgrunn.
Likestillingstiltaket «utdanningsstøtte for kvinner» er retta mot kvinner med lang erfaring og utan høgare akademisk utdanning. Ni kvinner fekk støtte til utdanning frå denne ordninga i 2012.
I årsrapporten for 2012 har Statens vegvesen gjort greie for ulike tiltak som etaten arbeider med for å fremme likestilling og hindre diskriminering.
Jernbaneverket
Ved utgangen av 2012 hadde Jernbaneverket 3 982 tilsette. Kvinnedelen var 21 pst. Kjønnsfordelinga på dei ulike stillingskategoriane og gjennomsnittleg brutto månadsløn fordelt på kjønn og stillingskategori går fram av tabell 5.5.
Tabell 5.5 Tilsette i Jernbaneverket fordelt på kjønn, stillingskategoriar og løn
|
|
Kjønnsbalanse
|
Gjennomsnittleg brutto månadsløn (kr)
|
|
|
Kvinner pst.
|
Menn pst.
|
Tilsette i alt
|
Kvinner
|
Menn
|
Tilsette i alt
|
I alt i verksemda
|
2012
|
21,0
|
79,0
|
3 982
|
39 275
|
37 653
|
37 994
|
|
2011
|
20,9
|
79,1
|
3 803
|
36 963
|
35 933
|
36 148
|
Leiing (direktørar og avdelingsdirektørar)
|
2012
|
30,4
|
69,6
|
46
|
80 203
|
76 633
|
77 720
|
|
2011
|
28,2
|
71,8
|
39
|
76 729
|
76 413
|
76 502
|
Mellomleiarar
|
2012
|
27,3
|
72,7
|
194
|
51 052
|
49 298
|
49 771
|
|
2011
|
26,9
|
73,1
|
171
|
47 612
|
46 409
|
46 733
|
Rådgivarar, seniorrådgivarar, prosjektleiarar
|
2012
|
42,2
|
57,8
|
441
|
42 648
|
44 775
|
43 878
|
|
2011
|
43,3
|
56,7
|
379
|
40 890
|
42 109
|
41 582
|
Saksbehandlarar og kontorstillingar
|
2012
|
77,9
|
22,1
|
190
|
33 176
|
34 273
|
33 419
|
|
2011
|
76,8
|
23,2
|
185
|
31 623
|
32 942
|
31 929
|
Ingeniørar og arkitektar
|
2012
|
19,6
|
80,4
|
911
|
45 833
|
46 202
|
46 130
|
|
2011
|
19,9
|
80,1
|
866
|
43 998
|
44 326
|
44 260
|
Arbeidsleiarar
|
2012
|
4,6
|
95,4
|
328
|
34 828
|
35 553
|
35 520
|
|
2011
|
4,1
|
95,9
|
319
|
33 194
|
33 678
|
33 658
|
Fagarbeidarar
|
2012
|
2,0
|
98,0
|
1 034
|
32 822
|
33 064
|
33 059
|
|
2011
|
1,7
|
98,3
|
995
|
31 213
|
31 499
|
31 494
|
Togleiarar, trafikkstyrarar og toginformatørar
|
2012
|
30,1
|
69,9
|
632
|
31 665
|
32 990
|
32 592
|
|
2011
|
30,2
|
69,8
|
615
|
30 003
|
31 651
|
31 153
|
Lærlingar og aspirantar
|
2012
|
4,5
|
95,5
|
176
|
19 313
|
17 428
|
17 514
|
|
2011
|
8,4
|
91,6
|
202
|
22 333
|
22 015
|
22 042
|
Anna (bibliotekarar, reinhaldarar mv.)
|
2012
|
80,0
|
20,0
|
30
|
27 268
|
28 349
|
27 484
|
|
2011
|
87,5
|
12,5
|
32
|
25 057
|
28 688
|
25 511
|
I stillingskategoriane saksbehandlarar/kontorstillingar og anna var eit stort fleirtal av de tilsette kvinner. I dei andre kategoriane var det eit fleirtal av menn, og i nokre var kvinnedelen under 10 pst. Med unntak av for stillingskategoriane direktørar/avdelingsdirektørar, mellomleiarar og lærlingar/aspirantar tente menn meir enn kvinner. Lønsforskjellane er likevel ikkje store i dei ulike kategoriane.
Tabell 5.6 viser tal for deltid og mellombels tilsette og sjukefråvær fordelt på kjønn.
Tabell 5.6 Deltids- og mellombels tilsette, overtid og fråvær i Jernbaneverket
|
Deltid (tal)
|
Mellombels tilsette (tal)
|
Overtid (pst.)
|
Foreldrepermisjon (pst.)
|
Sjukefråvær (pst.)
|
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
2012
|
88
|
77
|
53
|
207
|
7,1
|
92,9
|
52,4
|
47,6
|
5,6
|
3,4
|
2011
|
90
|
84
|
50
|
204
|
6,2
|
93,8
|
64,6
|
35,4
|
4,2
|
3,7
|
Nesten all overtida i Jernbaneverket blei utført av menn. Sjukefråværet var høgare for kvinner enn for menn.
Dei utfordringane som Jernbaneverket har med rekruttering, gjeld først og fremst faglege stillingar i kjerneverksemda bane, trafikk og utbygging. I stillingsannonsar legg etaten vekt på mangfald, alder, kjønn og etnisitet. Det blir lagt til rette for tilsette som har eller får redusert arbeidsevne, og etaten arbeider for å auke innsatsen for å rekruttere personar med nedsett funksjonsevne.
Post- og teletilsynet
Ved utgangen av 2012 hadde Post- og teletilsynet 144 tilsette. Kvinnedelen var 35 pst. Kjønnsfordelinga på dei ulike stillingskategoriane og gjennomsnittleg brutto månadsløn fordelt på kjønn og stillingskategori går fram av tabell 5.7.
Tabell 5.7 Tilsette i Post- og teletilsynet fordelt på kjønn, stillingskategoriar og løn
|
|
Kjønnsbalanse
|
Gjennomsnittleg brutto månadsløn (kr)
|
|
|
Kvinner pst.
|
Menn pst.
|
Tilsette i alt
|
Kvinner
|
Menn
|
Tilsette i alt
|
I alt i verksemda
|
2012
|
35,0
|
65,0
|
144
|
43 781
|
47 228
|
46 025
|
|
2011
|
37,0
|
63,0
|
149
|
41 737
|
45 010
|
43 801
|
Toppleiing (direktør, ass. direktør, avdelingsdirektør)
|
2012
|
50,0
|
50,0
|
6
|
-
|
-
|
77 489
|
|
2011
|
50,0
|
50,0
|
6
|
-
|
-
|
77 291
|
Mellomleiing (seksjonssjef)
|
2012
|
30,0
|
70.0
|
10
|
-
|
58 428
|
59 060
|
|
2011
|
20,0
|
80,0
|
15
|
53 628
|
53 403
|
53 448
|
Underdirektør, fagsjef, sjefingeniør, senioringeniør, seniorrådgivar
|
2012
|
23,0
|
77,0
|
80
|
45 059
|
46 769
|
46 384
|
|
2011
|
23,0
|
77,0
|
74
|
43 246
|
43 919
|
43 763
|
Overingeniør, rådgivar, seniorkonsulent, førstekonsulent, konsulent
|
2012
|
58,0
|
42,0
|
48
|
37 588
|
36 970
|
37 330
|
|
2011
|
59,0
|
41,0
|
54
|
36 715
|
37 850
|
37 177
|
I toppleiinga var det like mange kvinner og menn, medan det i stillingskategorien overingeniør, rådgivar mv. var eit fleirtal kvinner. Kvinner tente meir enn menn i kategoriane mellomleiing og overingeniør, rådgivar mv. Lønsforskjellane mellom kvinner og menn var små i alle stillingskategoriane.
Tabell 5.8 viser tal for deltid og mellombels tilsette, overtid, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær fordelt på kjønn.
Tabell 5.8 Deltids- og mellombels tilsette, overtid og fråvær i Post- og teletilsynet
|
Deltid (tal)
|
Mellombels tilsette (tal)
|
Overtid (pst.)
|
Foreldrepermisjon (pst.)
|
Legemeldt sjukefråvær (pst.)
|
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
2012
|
4
|
4
|
3
|
3
|
15,0
|
85,0
|
73,0
|
27,0
|
2,1
|
2,5
|
2011
|
5
|
4
|
4
|
1
|
10,2
|
89,8
|
96,8
|
3,2
|
1,4
|
1,8
|
Nesten all overtida i Post- og teletilsynet blei utført av menn, men delen var noko lågare enn i 2011. Sjukefråværet i 2012 var noko lågare for kvinner enn for menn.
Post- og teletilsynet utarbeider kvart år ein likestillingsrapport som gjer greie for statusen for likestillingsarbeidet i etaten.
Lønspolitikken i etaten skal m.a. medverke til å fjerne eventuelle forskjellar som har si årsak i kjønn, og leggje til rette for at eldre arbeidstakarar kan arbeide lengre. I samband med lokalt lønsoppgjer i 2012 blei det ikkje avdekt forskjellar som har si årsak i kjønn.
Innvandrarar blir oppmoda til å søkje stillingar. Er det kvalifiserte innvandrar som søkjer på ei stilling, blir minst ein innkalla til intervju. I 2012 var 6,9 pst. av de tilsette innvandrarar. Kvinner blir oppmoda til å søkje stillingar på senior- og leiarnivå. Det blir teke omsyn til behova til den einskilde t.d. ved utforming av arbeidsplassen. Etaten har også gjennomført tiltak for å leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Luftfartstilsynet
Ved utgangen av 2012 hadde Luftfartstilsynet 179 tilsette. Kvinnedelen var på nesten 40 pst. Kjønnsfordelinga på dei ulike stillingskategoriane og gjennomsnittleg brutto månadsløn fordelt på kjønn og stillingskategori går fram av tabell 5.9.
Tabell 5.9 Tilsette i Luftfartstilsynet fordelt på kjønn, stillingskategoriar og løn
|
|
Kjønnsbalanse
|
Gjennomsnittleg brutto månadsløn (kr)
|
|
|
Kvinner pst.
|
Menn pst.
|
Tilsette i alt
|
Kvinner
|
Menn
|
Tilsette i alt
|
I alt i verksemda
|
2012
|
39,7
|
60,3
|
179
|
44 687
|
52 137
|
49 404
|
|
2011
|
32,7
|
67,3
|
165
|
46 867
|
48 642
|
46 803
|
Toppleiing
|
2012
|
33,3
|
66,7
|
9
|
-
|
74 886
|
73 678
|
|
2011
|
22,2
|
77,8
|
9
|
-
|
70 485
|
69 816
|
Mellomleiing
|
2012
|
15,4
|
84,6
|
13
|
-
|
61 284
|
50 830
|
|
2011
|
14,3
|
85,7
|
14
|
-
|
57 290
|
57 192
|
Seniorrådgivar mv.
|
2012
|
39,7
|
60,3
|
102
|
49 722
|
52 583
|
51 770
|
|
2011
|
27,8
|
72,2
|
97
|
48 933
|
49 057
|
49 006
|
Rådgivar mv.
|
2012
|
50,0
|
50,0
|
36
|
38 305
|
40 733
|
39 519
|
|
2011
|
44,1
|
55,9
|
34
|
35 946
|
37 669
|
36 731
|
Førstekonsulent mv.
|
2012
|
100
|
-
|
10
|
36 173
|
|
36 173
|
|
2011
|
100
|
-
|
3
|
-
|
-
|
-
|
Konsulent/sekretær mv.
|
2012
|
77,8
|
22,2
|
9
|
30 914
|
-
|
31 746
|
|
2011
|
71,4
|
28,6
|
6
|
-
|
-
|
32 338
|
Timeløn
|
2012
|
0
|
0
|
0
|
-
|
-
|
-
|
|
2011
|
-
|
100
|
2
|
-
|
-
|
-
|
I stillingskategorien førstekonsulent mv. var det i 2012 berre kvinner, medan det i stillingskategorien konsulent/sekretær mv. var eit fleirtal kvinner. Fordelinga mellom kvinner og menn var lik i kategorien rådgivar mv. I dei stillingskategoriane der begge kjønn var representerte, tente kvinner meir enn menn i stillingskategorien mellomleiing.
Tabell 5.10 viser tal for deltid og mellombels tilsette, overtid, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær fordelt på kjønn.
Tabell 5.10 Deltids- og mellombels tilsette, overtid og fråvær i Luftfartstilsynet
|
Deltid (tal)
|
Mellombels tilsette (tal)
|
Overtid (pst.)
|
Foreldrepermisjon (pst.)
|
Legemeldt sjukefråvær (pst.)
|
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
2012
|
2
|
4
|
6
|
4
|
33,6
|
66,4
|
32,9
|
67,1
|
5,7
|
3,1
|
2011
|
2
|
5
|
2
|
5
|
30,0
|
70,0
|
63,4
|
36,6
|
3,5
|
3,6
|
Nesten all overtida blei utført av menn, men prosentdelen var litt lågare i 2012 enn i 2011. Sjukefråværet var høgare for kvinner og menn. Menn sto i 2012 for den største delen av foreldrepermisjonen.
Luftfartstilsynet reviderte i 2012 sin handlingsplan for likestilling og inkludering.
Som ein del av rekrutteringsprosessen i Luftfartstilsynet blir kvalifiserte kandidatar uavhengig av kjønn, etnisitet og funksjonshemming oppmoda til å søkje på stillingar i etaten. Minst ein søkjar med innvandrarbakgrunn skal innkallast til intervju når dei oppfyller kvalifikasjonskrava i utlysingsteksten. Det same gjeld dei som i sin søknad opplyser at dei er funksjonshemma/yrkeshemma.
Statens jernbanetilsyn
Ved utgangen av 2012 hadde Statens jernbanetilsyn 61 tilsette. Kvinnedelen var 49 pst. Frå 1. januar 2012 overtok Statens jernbanetilsyn ansvaret for tilsynet med tau- og kabelbaner og tivoli og fornøyelsesparkar, noko som auka talet på tilsette og endra kjønnsfordelinga.
Kjønnsfordelinga på dei ulike stillingskategoriane og gjennomsnittleg brutto månadsløn fordelt på kjønn og stillingskategori går fram av tabell 5.11.
Tabell 5.11 Tilsette i Statens jernbanetilsyn fordelt på kjønn, stillingskategoriar og løn
|
|
Kjønnsbalanse
|
Gjennomsnittleg brutto månadsløn (kr)
|
|
|
Kvinner pst.
|
Menn pst.
|
Tilsette i alt
|
Kvinner
|
Menn
|
Tilsette i alt
|
I alt i verksemda
|
2012
|
49,0
|
51,0
|
61
|
49 507
|
59 148
|
54 407
|
|
2011
|
55,0
|
45,0
|
40
|
49 188
|
54 929
|
51 771
|
Toppleiing
|
2012
|
-
|
100
|
1
|
-
|
-
|
-
|
|
2011
|
-
|
100
|
1
|
-
|
-
|
-
|
Mellomleiing (avdelingsdirektør)
|
2012
|
60,0
|
40,0
|
5
|
-
|
-
|
75 888
|
|
2011
|
75,0
|
25,0
|
4
|
-
|
-
|
-
|
Fagdirektør, seniorrådgivar mv.
|
2012
|
32,0
|
68,0
|
40
|
53 585
|
57 177
|
56 009
|
|
2011
|
39,0
|
61,0
|
24
|
52 254
|
52 593
|
52 466
|
Rådgivar, førstekonsulent
|
2012
|
92,0
|
8,0
|
12
|
42 859
|
-
|
41 682
|
|
2011
|
89,0
|
11,0
|
9
|
41 265
|
-
|
40 762
|
Sekretær
|
2012
|
100
|
0
|
3
|
-
|
-
|
-
|
|
2011
|
100
|
0
|
2
|
-
|
-
|
-
|
I dei stillingskategoriane der begge kjønn var representerte, var det eit fleirtal av kvinner i kategoriane mellomleiing og rådgivar, førstekonsulent. Kvinner tente meir enn menn i stillingskategorien mellomleiing.
Tabell 5.12 viser tal for deltid og mellombels tilsette, overtid, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær fordelt på kjønn.
Tabell 5.12 Deltids- og mellombels tilsette, overtid og fråvær i Statens jernbanetilsyn
|
Deltid (tal)
|
Mellombels tilsette (tal)
|
Overtid (pst.)
|
Foreldrepermisjon (pst.)
|
Legemeldt sjukefråvær (pst.)
|
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
2012
|
3
|
1
|
2
|
2
|
41,0
|
59,0
|
70,0
|
30,0
|
2,7
|
0,5
|
2011
|
2
|
0
|
1
|
2
|
51,0
|
49,0
|
88,0
|
12,0
|
2,9
|
0,7
|
Menn jobba meir overtid enn kvinner, medan det motsette var tilfelle i 2011. Sjukefråværet var høgare for kvinner enn for menn.
Statens jernbanetilsyn oppmodar i stillingsutlysningar m.a. personar med innvandrarbakgrunn å søkje på ledige stillingar. Kvalifiserte søkjarar blir innkalla til intervju.
I årsrapporten for 2012 har Statens jernbanetilsyn gjort greie sitt arbeid med likestilling og inkluderande arbeidsliv.
Statens havarikommisjon for transport
Ved utgangen av 2012 hadde Statens havarikommisjon for transport 46 tilsette. Kvinnedelen var 33 pst. Kjønnsfordelinga på dei ulike stillingskategoriane og gjennomsnittleg brutto månadsløn fordelt på kjønn og stillingskategori går fram av tabell 5.13.
Tabell 5.13 Tilsette i Statens havarikommisjon for transport fordelt på kjønn, stillingskategoriar og løn
|
|
Kjønnsbalanse
|
Gjennomsnittleg brutto månadsløn (kr)
|
|
|
Kvinner pst.
|
Menn pst.
|
Tilsette i alt
|
Kvinner
|
Menn
|
Tilsette i alt
|
I alt i verksemda
|
2012
|
33,0
|
67,0
|
46
|
48 656
|
55 988
|
53 544
|
|
2011
|
33,0
|
67,0
|
43
|
46 270
|
54 157
|
51 590
|
Toppleiing (direktør)
|
2012
|
-
|
100
|
1
|
-
|
-
|
-
|
|
2011
|
-
|
100
|
1
|
-
|
-
|
-
|
Mellomleiing (avdelingsdirektør)
|
2012
|
20,0
|
80,0
|
5
|
-
|
-
|
71 155
|
|
2011
|
20,0
|
80,0
|
5
|
-
|
-
|
69 653
|
Fagstab
|
2012
|
67,0
|
33,0
|
3
|
-
|
-
|
-
|
|
2011
|
67,0
|
33,0
|
3
|
-
|
-
|
-
|
Havariinspektør
|
2012
|
19,0
|
81,0
|
27
|
56 050
|
52 660
|
53 288
|
|
2011
|
19,0
|
81,0
|
26
|
50 853
|
50 373
|
50 463
|
Administrative stillingar
|
2012
|
78,0
|
22,0
|
10
|
37 669
|
-
|
38 532
|
|
2011
|
75,0
|
25,0
|
8
|
36 306
|
44 033
|
38 238
|
I stillingskategoriar der begge kjønn var representerte, var det i kategoriane fagstab og administrative stillingar eit fleirtal av kvinner. I stillingskategorien havariinspektør tente kvinner meir enn menn.
Tabell 5.14 viser tal for deltid og mellombels tilsette, overtid, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær fordelt på kjønn.
Tabell 5.14 Deltids- og mellombels tilsette, overtid og fråvær i Statens havarikommisjon for transport
|
Deltid (tal)
|
Mellombels tilsette (tal)
|
Overtid (pst.)
|
Foreldrepermisjon (pst.)
|
Legemeldt sjukefråvær (pst.)
|
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Menn
|
Kvinner
|
Men
|
2012
|
1
|
0
|
1
|
2
|
24,5
|
75,5
|
100
|
0
|
1,8
|
2,9
|
2011
|
0
|
0
|
0
|
0
|
19,5
|
80,5
|
100
|
0
|
2,4
|
2,9
|
Menn utførte ein vesentleg del av overtida i Statens havarikommisjon for transport, men dette var noko mindre enn i 2011. Kvinner hadde eit lågare sjukefråvær enn menn, men for begge kjønna var prosentdelen låg.