Kunnskapsdepartementet (KD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

1.1 Kunnskap gir moglegheiter

Regjeringa har som visjon at Noreg skal vere eit leiande kunnskapssamfunn der ulike menneske får like moglegheiter. Barnehagane og skolane har eit breitt samfunnsmandat og eit tydeleg verdigrunnlag. Kunnskap, kritisk refleksjon, kjeldekritikk, vitskapleg metode og meiningsbryting er kjerneverdiar i høgre utdanning og forsking. Utdanning og forsking stimulerer også til demokratisk deltaking, kulturell utvikling og til auka sjølvkjensle og identitet hos enkeltmennesket. Dette er verdiar som skaper motvekt mot fordommar og kunnskapsløyse som kan ende i frykt og hat.

Utdanningssystemet skal spegle det samfunnet vi ønskjer oss. Regjeringa vil gjennom utdanningspolitikken sin forsterke dei beste sidene ved det norske samfunnet, og svare på dei viktigaste utfordringane. Å sikre alle eit godt opplæringstilbod er ein nøkkel til å motverke sosial ulikskap og til å skape eit meir rettferdig samfunn. Det norske samfunnet er prega av små forskjellar, høg grad av likestilling, inkludering og sterke prinsipp om deltaking.

Menneske er Noregs viktigaste ressurs. I Noreg utgjer den menneskelege kapitalen om lag 80 pst. av nasjonalformuen. Å gi kvar enkelt moglegheit til å utvikle seg heile livet er viktig både for den einskilde og for den vidare utviklinga av kunnskapssamfunnet. Dette er òg heilt sentralt for å sikre eit kunnskapsbasert arbeids- og næringsliv, særleg i økonomisk urolege tider. Norsk samfunns- og arbeidsliv blir stadig meir internasjonalt, og den auka samhandlinga med andre land krev nye typar kunnskap og kompetanse.

Utdannings- og forskingssektoren må svare på dei behova arbeids- og samfunnslivet har for kunnskap og kompetanse. Vi har eit kunnskapsintensivt arbeidsliv der det er stadig fleire jobbar som krev vidaregåande eller høgre utdanning, og der den internasjonale konkurransen om kvalifisert arbeidskraft er stor. Noreg vil trenge fleire personar både med relevant fagopplæring og med høgre utdanning i framtida. Vidareutvikling av velferdssamfunnet er avhengig av arbeidskraft med oppdatert kompetanse, kreativitet og samarbeidsevner. Kunnskap vil vere avgjerande for å kunne møte globale og nasjonale utfordringar knytte til miljø og klima, helse og velferd og verdiskaping. Ein utdannings- og forskingssektor av internasjonal høg kvalitet er ein av dei viktigaste føresetnadene for utviklinga av kunnskapssamfunnet.

Barnehagar

Ein god barndom varar heile livet. Å bidra til at alle barn får ein god start i livet er det viktigaste vi kan gjere som samfunn. Barnehagen er første del av utdanninga, og speler ei viktig rolle for sosial utjamning, inkludering og læring. Barn som veit korleis dei kan få venner og behalde venner, har tryggleik og sosial kompetanse med seg resten av livet. Barn som blir oppmuntra til nysgjerrigheit og til stadig å forstå og lære noko nytt, har eit godt utgangspunkt for vidare utvikling. Barn som leikar og lærer saman med andre barn, har med seg verdiar som respekt og toleranse for ulike menneske.

Regjeringa har satsa sterkt på å gi eit godt barnehagetilbod til alle barn, gjennom rett til plass i barnehage, maksimalpris og betre kvalitet i barnehagane. Barnehagereformen er det største løftet som er gjort i det norske velferdssamfunnet dei siste tiåra. Offentlege løyvingar til barnehagane har auka reelt med om lag 17 mrd. kroner frå 2005 til 2012, til ei total løyving på om lag 36,5 mrd. kroner i 2012.

Regjeringa si satsing på barnehageområdet har ført til at mange mål er nådde i dei siste åra: Sidan 2005 er det gitt plass til 62 650 fleire barn i barnehage. Maksimalpris for foreldrebetaling vart innført i 2004, og gjennom prisreduksjon og nominell vidareføring har regjeringa sørga for at prisen for ein barnehageplass reelt er redusert med 35 pst. frå 2005 til 2013. Lovfesta rett til plass i barnehage vart innført i 2009. Vidare er løyvinga til kompetansetiltak auka frå 10 mill. kroner i 2005 til 120 mill. kroner i 2013. Løyvinga til barnehageforsking, inkludert forsking om små barn si utvikling, er i same periode auka frå 4 mill. kroner til om lag 22 mill. kroner.

Til tross for sterk vekst i utbygginga av barnehageplassar sidan 2005 har delen tilsette med pedagogisk utdanning i barnehagane auka gjennom desse åra, og utgjer om lag ein tredel av dei tilsette. Delen barnehagar som oppfyller pedagognorma og krava til utdanning for pedagogiske leiarar har auka frå 21 til 39 pst. i perioden 2009 til 2012. Men det er framleis behov for fleire pedagogiske leiarar og styrarar med pedagogisk utdanning.

Frå hausten 2013 er det etablert ei ny barnehagelærarutdanning. GLØD er satsinga til regjeringa for å styrkje kompetansen til alle tilsette i barnehagen, auke rekrutteringa til barnehagelærarutdanninga og bidra til å heve statusen for arbeid i barnehagane. Som ledd i denne satsinga vart rekrutteringskampanjen Verdas finaste stilling ledig lansert på nyåret i 2012. Kampanjen skal vare i minst tre år (2012–14). Talet på kvalifiserte søkjarar som har barnehagelærarutdanning som førsteval, har auka med 32 pst. frå 2005 til 2013, og svakt frå 2011 til 2013. Regjeringa vil føre vidare satsinga for å auke rekrutteringa til barnehagelærarutdanninga ytterlegare.

Regjeringa la våren 2013 fram Meld. St. 24 (2012–2013) Framtidens barnehage , og Stortinget har i Innst. 380 S (2012–2013) gitt tilslutning til forslaga i meldinga. Meldinga er tufta på verdigrunnlaget i den norske barnehagetradisjonen der leik er utgangspunkt for læring, og barndommen har ein verdi i seg sjølv. Meldinga gir ei tydeleg retning for barnehagepolitikken når det gjeld både kvaliteten og innhaldet, kompetansen til personalet i barnehagen og styringsutfordringane i sektoren. I meldinga har regjeringa foreslått tiltak som skal bidra til å nå måla for barnehagesektoren. Blant anna vil regjeringa innføre ei lovfesta bemanningsnorm som sikrar minst éin vaksen per tre barn under tre år og éin vaksen per seks barn mellom tre og seks. Nok vaksne gir tryggleik og moglegheit til å sjå kvart einskilt barn i barnehagen. Regjeringa vil òg styrkje barnehageforskinga ytterlegare, satse meir på forsking om styring av sektoren, få fram fleire intervensjonsstudiar på barnehageområdet og styrkje formidlinga av forskingsresultat til barnehagesektoren.

Regjeringa ønskjer å sikre likeverdig kvalitet i både kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Minimumstilskottet til ikkje-kommunale barnehagar vart i 2013 auka frå 92 til 96 pst. av det dei kommunale barnehagane får i offentleg finansiering. Dette gir ikkje-kommunale barnehagar betre rammevilkår. Regjeringa tek framleis sikte på å oppnå full likeverdig behandling av alle barnehagar i Noreg.

Boks 1.1 Kvalitet i barnehagen

I oppfølginga av Meld. St. 24 (2012–2013) Framtidens barnehage vil regjeringa mellom anna:

  • innføre ei bemanningsnorm innan 2020 på éin vaksen per tre barn under tre år og éin vaksen per seks barn over tre år

  • på sikt innføre to barnehageopptak i året

  • vurdere ein regel i barnehagelova som tydeleggjer at barn har rett til å tilhøre ei barnegruppe av forsvarleg størrelse

  • innføre ei plikt om å tilby språkkartleggjing for barn som har særskilde behov for språkinnsats

  • revidere rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen

  • gå gjennom barnehagelova med forskrifter for å sikre eit best mogleg styringsverktøy

Som varsla i meldinga la departementet hausten 2013 fram ein heilskapleg kompetansestrategi for perioden 2014–20. Hovudtiltaket i strategien er eit system for kompetanseutvikling som synleggjer karrierevegar og utviklingsmoglegheiter for alle grupper tilsette i barnehagen som arbeider direkte med barnegruppa. Systemet inneheld ei vidareføring av allereie eksisterande tiltak som det er gode erfaringar med, og som det er stor etterspurnad etter, og nye tiltak som skal stimulere assistentane i barnehagen til å heve sin kompetanse. Tiltaka, som omfattar både etter- og vidareutdanningstilbod og lokalt utviklingsarbeid, rettar seg både mot den einskilde tilsette og mot heile personalgruppa.

Grunnopplæring

Skolen skal ruste elevane med grunnleggjande dugleikar som lesing, skriving og rekning. Det treng alle for vidare skolegang, men også for å meistre eige liv og for å delta i samfunnet. Men grunnopplæringa har også eit vidare samfunnsmandat og skal medverke til at elevane tileignar seg eit breitt sett av kunnskapar og dugleikar, og utviklar verdiar og haldningar for resten av livet. For å lukkast i utdanning, arbeid og som aktive deltakarar i samfunnet, må elevane og lærlingane meistre mange fagfelt. Dei må trenast i å samarbeide med andre, å vere kreative og å tenkje kritisk. Skolen skal hjelpe til med å dyrke nysgjerrigheit og lærelyst og motivere dei unge til livslang læring. Det ligg ein eigenverdi i at barn og unge med ulik bakgrunn møter kvarandre på ein felles arena som skolen for å lære seg å meistre sosiale og kulturelle forskjeller. I dei siste tiåra har elevgrunnlaget i norsk skole endra seg med auka tal på minoritetsspråklege elevar. Auka mangfald stiller krav til skolen si evne til å stimulere til gode relasjonar med utgangspunkt i menneska si eigenart og likeverd.

For å nå desse måla har regjeringa slått ring om fellesskolen og stramma inn lovgivinga for privatskolane som ikkje utgjer eit religiøst eller pedagogisk alternativ til den offentlige skolen. Dersom alle godkjende og omsøkte elevplassar i private skolar hausten 2005 og hausten 2006 hadde vorte tekne i bruk, ville det ha ført til ein auke på om lag 22 000 elevplassar i grunnskole og vidaregåande skole. I dag er delen privatskolar i Noreg lågt samanlikna med andre land. Under 3 pst. av grunnskoleelevane og om lag 7 pst. av elevane i vidaregåande opplæring går i private skolar.

Norsk skole er på rett veg

Elevane lærer meir enn tidlegare. Særleg har vi klart å heve nivået i grunnleggjande ferdigheiter på dei svakaste elevane. Dette blir bekrefta av internasjonale undersøkingar dei seinaste årene. PISA-resultata fra 2009 viste at norske 10. klassingar har hatt betydeleg framgang sidan 2006 i både lesing, matematikk og naturfag. TIMSS- og PIRLS-undersøkelsene frå 2012 stadfestar også at norske elever sine faglege resultat er i sterk framgang. TIMSS syner at norske fjerdeklassingar har den største framgangen i matematikk av alle land i undersøkinga frå 2003–11. Norske tiåringar er nå om lag på same nivå i matematikk som finske elevar på same alder. PIRLS syner at elevane har betydeleg framgang i lesing, og at dei no ligg over det internasjonale gjennomsnittet, både på 4. og 5. trinn. PISA-undersøkinga frå 2009 viste at forskjellen mellom skolar i leseresultat er mindre i Noreg enn i alle andre OECD-land, bortsett frå Finland.

Desse undersøkingane viser ikkje heile biletet av den norske skolen. Den har eit breitt samfunnsmandat, som mellom anna inkluderer at elevane trivst og at dei utvikler eit breitt sett av ferdigheiter. Både Elevundersøkinga og internasjonale undersøkingar tyder på at læringsmiljøet til elevane har vore stabilt sidan starten av 2000-talet. På enkelte område er det likevel positive teikn. Til dømes har det har vore ei forbetring i delen elevar som trivst på skolen. For 7. trinn har delen elevar som trivst godt eller svært godt auka frå 85 pst. til 89 pst., for 10. trinn har denne delen auka frå 82 pst. til 84 pst. og for Vg1 har delen auka frå 86 pst. til 88 pst. Dei interasjonale undersøkingane viser også at det er høg trivsel i norske skolar samenlikna med andre land. Resultata frå ICCS, ei internasjonal undersøking i 2009 om medborgarskap og demokrati, viste at norske elevar på 8. og 9. trinn har svært gode kunnskapar om og dugleikar i demokrati og medborgarskap samanlikna med elevar i dei andre landa, og er om lag på same nivået som for undersøkinga i 1999. Elevane har også gode demokratiske haldningar.

Regjeringa har dei siste åra gitt kommunane ein betydeleg vekst i kommuneøkonomien for å setje kommunane betre i stand til å løyse oppgåvene sine, inkludert barnehagetilbodet og grunnopplæringa. Kommunene sine inntekter har auka med om lag 67 mrd. kroner i perioden 2005–13, og om lag halvparten av dette har kome som vekst i dei frie inntektene. Ifølgje KOSTRA har kommunane brukt om lag 14 pst. meir på skole per elev i 2012 enn dei gjorde i 2005.

Regjeringa har i dei to periodane ho har sete styrkt og fornya fellesskolen gjennom å leggje vekt på tidleg innsats, tilpassa opplæring og gode læringsmiljø. Regjeringa har sett i verk fleire tiltak som skal sikre at alle barn lærer å lese og rekne i løpet av dei første skoleåra, og at elevane utviklar desse dugleikane vidare i utdanninga. Frå hausten 2009 vart det innført ei plikt for kommunane til tidleg innsats i norsk, samisk og matematikk på 1.–4. trinn særleg retta mot elevar med svake dugleikar i lesing og rekning. Det er sett av om lag 1 mrd. kroner i kommuneramma til å følgje opp tiltaket. Dette skulle mellom anna gå til auka lærertettleik.

Skoledagen er utvida, og det er lagt til rette for ein meir heilskapleg skoledag for å oppnå meir og betre læring for alle elevar, uavhengig av sosial bakgrunn. Frå 2008 er timetalet utvida med fem veketimar på dei fire lågaste trinna, i kjernefaga norsk, matematikk og engelsk. Frå 2009 er det innført to timar fysisk aktivitet på 5.–7. trinn. Frå 2010 er timetalet utvida med ytterlegare ein veketime for 1.–7. trinn. Frå 2010 er det og innført eit tilbod om åtte veketimar gratis leksehjelp til elevar på 1.–4. trinn. Evaluering viser at tilbodet om leksehjelp er mykje brukt, særleg på dei høgre trinna og at eit fleirtal av foreldra meiner tilbodet er nyttig for barna deira. Barnetilsynsundersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) frå 2010–11 viste at dei som deltok mest i leksehjelpa, var barn med foreldre som har låg utdanning, barn frå låginntektsfamiliar og barn med anna fødeland enn Noreg. Hausten 2013 er det innført tilbod om ein gratis veketime med kulturskoletilbod. Eit forslag om også å lovfeste ei plikt for kommunar og private skolar til å tilby eit slik kulturskoletilbod i samanheng med SFO/skole, vart sendt ut på offentleg høyring i juni 2013.

Kompetansen til lærarane er den enkeltfaktoren som har mest å seie for læringa til elevane dersom ein ser bort frå den sosiale bakgrunnen deira. Regjeringa etablerte ei ny lærarutdanning hausten 2010 med auka spesialisering og fordjupning tilpassa det trinnet læraren skal undervise på. Kompetansekrava til lærarane i faga dei skal undervise i er også auka i perioden. Videre er GNIST-partnarskapen etablert for å gi dei ulike tiltaka retta mot lærarutdanninga og læraryrket ei felles overbygning.

Statleg stønad til kompetanseutvikling har lege på eit høgt nivå dei siste åtte åra med ein topp på nesten 500 mill. kroner i 2013. Stønaden har blitt vridd frå ein generell stønad ved innføringa av Kunnskapsløftet til ein langt meir målretta stønad i dag. Den statlege satsinga på vidareutdanning har auka frå 20 mill. kroner i 2005 til nær 300 mill. kroner i 2012. Ved at staten tek ein større del av vikarkostnadene frå 2012, steig talet på godkjende søknader frå i overkant av 1 500 i 2011 til 1 900 i 2013. Etterutdanninga har vore målretta gjennom Ny GIV og Strategi for ungdomstrinnet.

Det er skoleeigaren som har hovudansvaret for kompetanseutvikling i sektoren. Det er likevel nødvendig at staten tek ansvar gjennom statleg støtte til etter- og vidareutdanning. Regjeringa etablerte derfor i 2012 ein eigen strategi for vidareutdanning av lærarar, Kompetanse for kvalitet 2012–2015 . Den inneber at staten betalar 50 pst. av utgiftene, medan kommunen betalar 25 pst. og den enkelte lærar 25 pst. Tidlegere var tilsvarande finansiering 40/40/20. Etter at finansieringsordninga vart endra, har talet på godkjende søknader frå skoleeigarar auka med 20 pst. Staten bidreg også til etter- og vidareutdanning av lærarar, mellom anna gjennom ungdomsskolestrategien og Ny GIV-satsinga. Totalt får om lag 9 000 lærarar etter- og vidareutdanning i år.

Regjeringa registrerer ein auke i kvalifiserte søkjarar til lærarutdanningane i dei seinare åra. Talet på kvalifiserte søkjarar med lærarutdanning som førsteval har i perioden 2008–13 stige med heile 62 pst. Det gledelege resultatet må mellom anna sjåast i samanheng med satsinga på ny grunnskolelærarutdanning, betre tilbod om vidareutdanning og den rekrutteringskampanjen som har vore gjennomført. Behovet for lærarar er likevel framleis stort, og regjeringa vil derfor føre vidare denne satsinga.

Regjeringa legg vekt på at fleire lærarar er naudsynt for å gje alle elevar tett oppfølging og tilbakemeldingar tilpassa deira nivå. Hausten 2013 innførte regjeringa eit fireårig øyremerkt tilskott til om lag 600 nye lærarårsverk på ungdomstrinnet frå skoleåret 2013–14. Målet med tilskottsordninga er å styrkje lærartettleiken ved skolar som har ein gjennomsnittleg gruppestorleik på over 20 elevar per lærar på ungdomstrinnet og med resultat som ligg under snittet for landet. Tilskottet skal bidra til å støtte opp under arbeidet med tilpassa opplæring, å gjere opplæringa på ungdomstrinnet meir praktisk, variert og relevant, og å styrkje dei grunnleggjande dugleikane.

Regjeringa har styrkt gratisprinsippet i norsk skole. Frå 2007 innførte regjeringa gratis læremiddel i vidaregåande opplæring. Medan elevene tidlegere hadde store utgifter knytte til å gå på vidaregåande skole, skal alle elever no få dekt desse utgiftene. Fylkeskommunane fekk eit lovpålagt ansvar for å tilby elevane nødvendige trykte og digitale læremiddel, og vart kompensert for dette gjennom rammetilskottet. Ordninga vart gradvis innført med oppstart for andre trinn frå hausten 2007, og deretter tredje trinn frå hausten 2008 og første trinn hausten 2009. Frå og med 2010 er kommunerammen auka med i overkant av 300 mill. kroner til dekning av normale utskiftingskostnader. I tillegg vart det frå 2007 innført ei ordning med eit ikkje behovsprøvd stipend for elevane til dekning av individuelle utgifter til utstyr.

Regjeringa har hatt som mål å gje lærarane meir tid til kjerneoppgåvane, til å undervise elevane. Omfanget av rapportering og testar skal avgrensast til det som bidreg til betre kvalitet i opplæringa og nødvendig informasjon til avgjerdsletakarar på ulike nivå. Derfor satte regjeringa ned Tidsbrukutvalet, som i desember 2009 leverte sin rapport om tiltak som kunne gi betre tidsbruk i skolen. Utvalet peikte på forslag som kan gjennomførast både av den enkelte lærar, skoleleiar og skoleeigar lokalt og av nasjonale myndigheter. Meld. St. 19 (2009–2010) Tid til læring: oppfølging av Tidsbrukutvalgets rapport handler primært om forslag som sentrale myndigheiter kan gjennomføre for å bidra til meir effektiv utnytting av tida for lærarane. Meldinga vart handsama i Stortinget i februar 2011.

For å avgrense unødvendig testing og rapportering har regjeringa også redusert omfanget av dei nasjonale prøvene. Dei vart innførde i 2004 som ein del av kvalitetsvurderingssystemet for å bidra til kvalitetsutvikling, slik at alle elevar kan få ein god og tilpassa opplæring ut fra sine eigne evner og føresetnader. Men prøvene vart kritisert for å ha for dårleg kvalitet, det var stor usemje kring bruken av resultata, og det kom kritikk om at talet var for stort. Regjeringa endra derfor omfanget og måten prøvene vart gjennomført og publisert på, i eit tett samarbeid med lærarorganisasjonane, Elevorganisasjonen og fagmiljøa. Skriveprøvene i norsk og engelsk vart fjerna i 2007.

Vidare har regjeringa fjerna andre dokumentasjonskrav som ikkje er nødvendige for å støtte opp under elevane si læring, som til dømes halvårsrapporten når det gjelder spesialundervisning. Den tilsvarer om lag 50 000 skjema årlig. Regjeringa startar også eit samarbeid med nokre kommunar og fylkeskommunar om å kartleggje omfanget av rapportering frå skolene til ulike nivåer, for å vurdere kva som er formålstenleg og kva som kan avgrensast.

Boks 1.2 Eit praktisk og variert ungdomstrinn

Våren 2011 la Kunnskapsdepartementet fram Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter. I Innst. 145 S (2010–2011) støttar Stortinget hovudlinjene i meldinga. Ein hovudstrategi i meldinga er å gjere undervisninga på ungdomstrinnet meir variert og praktisk, mellom anna gjennom betre arbeidsmåtar. Dei mest sentrale tiltaka for å styrkje ungdomstrinnet er desse:

  • Valfag: Det er målet til departementet å utvikle nasjonale læreplanar i 14 valfag. Opplæringa i desse faga skal vere praktisk og gi elevane auka kompetanse. Valfag på 8. trinn vart innført hausten 2012, hausten 2013 vart valfag på 9. trinn innført, og regjeringa foreslår i budsjettet for 2014 å utvide ordninga med valfag for 10. trinn hausten 2014.

  • Kompetansetilak: Det er sett i verk ein strategi med vekt på eit skolebasert program over fem år for kompetanseutvikling i klasseleiing og opplæring i lesing, rekning og skriving.

  • Lærartettleik: Frå og med 2013 er det innført ei ny tilskottsordning som eit forsøk med auka lærartettleik på ungdomstrinnet. Det er gitt heimel i opplæringslova for å kunne forskriftsfesta lærartettleik.

I 2011 la regjeringa fram ei stortingsmelding om ungdomstrinnet, Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter . Meldinga syner at motivasjonen til eleven er lågare på ungdomstrinnet enn i barneskolen, og at motivasjonen er lågast på 10. trinn. Strategien Ungdomstrinn i utvikling 2012–2017 er ei oppfølging av meldinga. Eit meir praktisk, variert, relevant og utfordrande ungdomstrinn skal bidra til å auke motivasjonen og læringa til elevane. Dette vil gjerast gjennom innføringa av valfag og ved å skape større fleksibilitet gjennom endring i fag- og timefordelinga. Valfag vart innført på 8. trinn i 2012, på 9. trinn i 2013, og regjeringa foreslår å innføre valfag på 10. trinn frå og med hausten 2014. For å nå målet om ei meir praktisk, variert og relevant opplæring legg strategien vekt på klasseleiing, lesing, skriving og rekning, der kompetanseheving og erfaringsutveksling om praktiske og varierte metodar er eit viktig element. Ambisjonen er at alle skolar med ungdomstrinn skal delta i satsingane i løpet av dei neste fem åra.

Heilt sidan Reform 94 vart vedteken, har den største utfordringa i vidaregåande opplæring vore å få fleire elevar til å fullføre med studie- eller yrkeskompetanse. Ny GIV – Gjennomføring i vidaregåande opplæring, vart lansert i statsbudsjettet for 2011. Ny GIV er ein nasjonal dugnad for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring frå i underkant av 70 pst. i 2011 til 75 pst. i 2015. Satsinga til regjeringa på ungdomstrinnet er òg ein viktig del av arbeidet med å få fleire elevar til å fullføre vidaregåande opplæring.

I samband med Ny GIV-prosjektet vart det gjennomført kompetanseheving for rundt 1 500 lærarar på ordinær Ny GIV-skolering og 400 på påbygg frå hausten 2012 til våren 2013. I tillegg er det etablert eit høgskolebasert vidareutdanningstilbod på 30 studiepoeng for tilsette i Oppfølgingstenesta og Nav ved to høgskolar i 2012. Evalueringa viser at lærarane er nøgde med det faglege innhaldet og med sitt eige utbytte av skoleringa, både for arbeidet med Ny GIV-elevane og i anna undervisning. Eit av prosjekta i Ny GIV, oppfølgingsprosjektet, legg vekt på oppfølging av ungdom som ikkje er i vidaregåande opplæring eller i arbeid. Målet er å motivere ungdom i målgruppa tilbake til vidaregåande opplæring eller inn på arbeidsmarknaden. Prosjektet kan vise til gode resultat; langt fleire ungdommar er no komne i aktivitet eller er under oppfølging og rettleiing av oppfølgingstenesta. Talet på ungdom som er ukjente for oppfølgingstjenesten er blitt kraftig redusert frå 20 782 i 2007 til 2 515 i 2012.

Styrking av kvaliteten i fag- og yrkesopplæringa er avgjerande for å svare på behova i samfunnet for kunnskap og arbeidskraft. Regjeringa har derfor sett i verk fleire tiltak for å gjere fag- og yrkesopplæringa meir relevant og yrkesretta. Gjennom å opne for meir veksling mellom skole og lærebedrift gjennom heile opplæringstida kjem dei unge tidlegare i gang med å lære eit yrke. Ved å satsa på knutepunktskolar for yrkesretting av fellesfaga skal dei vidaregåande skolane bli betre til å gi elevane meir undervisning tilpassa dei yrkesfaga dei tek.

For at gjennomføringa av vidaregåande opplæring skal betrast, må fleire få læreplass. Som ein oppfølging av tiltak i St.meld. nr 44 (2008–2009) Utdanningslinja, skreiv Kunnskapsdepartementet derfor våren 2012 saman med alle arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane under på ein eigen samfunnskontrakt for å skaffe læreplass til fleire lærlingar. Målet er at talet på godkjende lærekontraktar skal auke med 20 pst. frå utgangen av 2011 og fram til 2015. Talet på inngåtte lærekontraktar auka med om lag to pst. frå 2011–12. Arbeidet med å formidle lærlingar må derfor styrkjast ytterlegare for å nå målet for 2015.

Våren 2013 la regjeringa fram Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei. Kvalitet og mangfold i fellesskolen. I Innst. 432 S (2012–2013) støttar Stortinget hovudlinjene i meldinga. I meldinga legg regjeringa fram dei mest omfattande tiltaka for yrkesopplæringa på mange år. Regjeringa foreslår auka fleksibilitet, meir yrkesretta opplæring og vil leggje til rette for tidlegare og hyppigare veksling mellom opplæring i skole og opplæring i bedrift for å gjere fag- og yrkesopplæringa meir attraktiv og relevant for både elevar og arbeidslivet. Regjeringa innfører blant anna rett til påbyggingår for studiekompetanse etter fullført fagbrev. Det blir òg innført ein vekslingsmodell, som gjer at elevane kan veksle mellom opplæring i bedrift og skole gjennom alle fire åra i yrkesopplæringa, og ein innfører praksisbrevet. Praksisbrevet inneber ei praktisk opplæring over to år som gir ein dokumentert yrkeskompetanse, og som kan være grunnlag for fullt fagbrev seinare.

I meldinga vart det òg varsla at regjeringa vil utarbeide ein fornya generell del av læreplanverket for Kunnskapsløftet og Kunnskapsløftet – Samisk slik at han er tilpassa den nye formålsparagrafen for grunnopplæringa, og slik at han møter utfordringane i samfunnet i dag og i framtida.

Gjennom å nemne opp ei ekspertgruppe for kunst og kultur, og gjennom det nyleg framlagte Kulturløftet, vil regjeringa leggje til rette for styrkt innsats på kunst og kultur i barnehage og skole og auka samarbeid mellom barnehage, skole og kunst- og kulturfaglege miljø.

Regjeringa sette i juni 2013 ned eit offentleg utval (NOU) som skal vurdere korleis skolen sitt innhald dekkjer dei krava til kompetanse og ferdigheitar som elevane vil trenge i eit framtidig samfunns- og arbeidsliv. Tiltaket vart varsla i Meld. St. 20 (2012–2013).

Regjeringa har òg sett ned eit offentleg utval som skal vurdere dei samla verkemidla for å skape eit godt psykososialt skolemiljø, motverke og handtere mobbing og andre uønskte hendingar i skolen. Utgreiinga skal vurdere kva for verkemiddel, inkludert regelverket og forvaltninga av dette, som er effektive for å førebyggje og handtere mobbing.

Regjeringa har forbetra spesialundervisninga i skolen. I 2011 la regjeringa fram Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap om tidleg innsats og betre læring. Det sentrale målet i meldinga er å forbetre oppfølginga av barn og unge som treng hjelp og støtte, og å fange opp fleire som treng hjelp. I oppfølginga av meldinga har Statped vorte omorganisert frå tolv verksemder til éi verksemd med fire regionkontor. Omorganiseringa skal bidra til at Statped gir eit likeverdig tilbod i heile landet, og at Statped arbeider fleirfagleg slik at rett kompetanse er tilgjengeleg til rett tid. I samband med omorganiseringa skal Statped arbeide på ein ny måte overfor kommunane og fylkeskommunane slik at det blir klarare kva behov kommunane og fylkeskommunane har for tenester og kompetansebygging. Statped skal på ein tydelegare og meir samkøyrd måte støtte og rettleie kommunane og fylkeskommunane i arbeidet deira med å gi likeverdig og inkluderande opplæring til barn, unge og vaksne med særskilde behov.

I meldinga er det samstundes stilt forventningar til at den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal arbeide tettare innpå skolar og barnehagar for at barn med særskilde behov skal fangast opp og følgjast opp så tidleg som mogleg. Tidleg innsats og meir systemretta arbeid er viktig for å kunne snu trenden med at omfanget av spesialundervisning aukar på landsbasis frå 1. til 10. trinn. For å gjere PPT betre i stand til å arbeide systemretta med skolar og barnehagar, har regjeringa hausten 2013 sett i gang eit kompetanseutviklingsprogram for dei tilsette i PPT.

Oppfølging av minoritetsspråklege barn, unge og vaksne inngår i mange politikkområde. Våren 2013 la regjeringa fram Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk – Mangfold og fellesskap. Gjennom handsaming av Innst. 248 S (2012–2013) støttar Stortinget opp om hovudlinjene i meldinga. For å sikre eit godt utdanningsløp for alle barn, unge og vaksne, legg regjeringa no ei rekke prinsipp til grunn for det vidare arbeidet. For å kunne ivareta desse prinsippa trengs kompetente pedagogar, leiarar og andre tilsette i barnehage, skole og høgre utdanning. Det er derfor satt i gang eit femårig kompetanseløft på det fleirkulturelle området, samen med andre tiltak.

Høgre utdanning og studentvelferd

Sjølv om Noreg er eit av landa i verda med høgst utdanningsnivå, vil regjeringa framleis leggje til rette for at fleire skal få moglegheit til å ta høgre utdanning. Lik rett til utdanning er eit grunnprinsipp i utdanningspolitikken til regjeringa.

Etter 2000 har det gjennom ein serie reformer og lovendringar i utdanningssystemet og utbygging av utdanningstilboda vorte enklare og meir attraktivt å studere. Sentralt i denne samanhengen står Kvalitetsreforma i høgre utdanning, som skulle bidra til tettare oppfølging av studentane og betre gjennomstrøyming.

Regjeringa har varsla ei stortingsmelding om kvalitet i høgre utdanning. Som del av dette arbeidet vil regjeringa sette i gang eit omfattande arbeid for å betre kunnskapsgrunnlaget for vidare politikkutvikling for høgre utdanning og fagskoleutdanning. Kunnskapsdepartementet har derfor nemnt opp tre offentlege utval som skal vurdere høvesvis fagskolesektoren, finansiering av universitet og høgskolar og konsekvensar av MOOCs ( Massive Open Online Courses) . I tillegg vil Kunnskapsdepartementet sette i gang ei forskingsbasert evaluering av kvaliteten i høgre utdanning.

Talet på søkjarar til høgre utdanning har stige med om lag 50 pst. frå 2000 til 2013, viser tal frå Samordna opptak. Framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå viser at ungdomskulla vil halde fram med å vekse i åra framover. Det er òg venta at delen innbyggjarar som ønskjer å ta høgre utdanning, framleis vil auke. Større ungdomskull gir Noreg eit unikt høve til å møte utfordringar i samband med omstillingar som tvingar seg fram med ei aldrande befolkning og nye næringar som skal erstatte petroleumsnæringa i framtida. Totalt vil regjeringa i perioden 2006–19 ha finansiert ein auke på om lag 24 800 nye studieplassar.

Talet på uteksaminerte kandidatar har òg auka. Den største veksten finn vi innanfor dei matematiske, naturvitskaplege og teknologiske faga (MNT), med heile 31 pst. auke i uteksaminerte kandidatar sidan 2003. Med auka opptak dei siste åra kan vi vente oss ytterlegare stigning i åra framover. Framskrivingar av samfunnet sine kompetansebehov, mellom anna frå SSB, tyder òg på at det særleg vil vere etterspurnad etter ingeniørar og andre med MNT-fag, helsearbeidarar og lærarar i skole og barnehage. For å møte utviklinga har regjeringa dei seinare åra auka kapasiteten i høgre utdanning gjennom fleire studieplassar, særleg til prioriterte utdanningar. Dei siste åra har det vore ein stor auke i søkninga til desse prioriterte fagområda.

Høgre utdanning skal gi høg og relevant kompetanse slik at kandidatane er godt førebudde på yrkeslivet og kan medverke til eit innovativt arbeidsliv. Kandidatundersøkinga til NIFU om høgre utdanning frå 2012 tyder på at norsk høgre utdanning er relevant for arbeidslivet. Færre nyutdanna kandidatar erfarte at utdanninga hadde låg relevans for arbeidet deira i 2011 enn i 2002. Det er framleis svært låg arbeidsløyse blant kandidatar frå høgre utdanning. Berre om lag seks pst. er arbeidsledige eit halvt år etter avslutta utdanning. I undersøkinga seier om lag 90 pst. at dei er nøgde med utdanninga.

Det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket for høgre utdanning gir eit godt utgangspunkt for å vurdere kvaliteten i ulike utdanningar. Kvalifikasjonsrammeverket pålegg institusjonane å skildre fag og studieplanar ut frå det forventa læringsutbyttet til studentane, det vil seie kva dei skal ha av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse etter avslutta utdanning. Rammeverket gjer det derfor enklare for både kandidatane og arbeids- og næringslivet å kommunisere om den kompetansen kandidatane har når dei kjem ut i arbeidslivet. Rammeverket er derfor òg eit viktig verktøy i samband med internasjonal mobilitet.

Kontakt og samarbeid på tvers av landegrensene er stadig viktigare også på utdannings- og forskingsområdet. Kunnskap om språk og kultur er nødvendig for at det norske samfunnet, og spesielt næringslivet, skal kunne fungere i ein open verdsøkonomi. Samarbeid med andre land gir òg tilgang til den globale kunnskapsproduksjonen og medverkar til auka kvalitet og relevans i norsk utdanning og forsking. Gjennom norsk deltaking i EUs utdanningsprogram Lifelong Learning Programme (LLP) og Erasmus Mundus i perioden 2007–13 har departementet lagt til rette for at elevar, lærlingar, studentar, og lærarar og tilsette i utdanningssystemet, har fått høve til å skaffe seg internasjonal kompetanse og fagleg utbytte. For norske skolar, universitet og høgskolar gir deltakinga i EUs utdanningsprogram tilgang til eit omfattande nettverk av europeiske samarbeidspartnarar.

Regjeringa har gjennom dei siste åra prioritert profesjonsutdanningane både ved å byggje opp utdanningskapasiteten og ved å endre utdanningane slik at dei betre samsvarer med kompetansebehova i arbeidslivet. Det er mellom anna utvikla nye rammeplanar for barnehagelærar-, lærar- og ingeniørutdanningane. For å sikre at framtidige generasjonar får tilgang til like gode helse- og velferdstenester som i dag, og for å leggje til rette for eit framleis berekraftig velferdssamfunn, må vi fornye tenestene og tilpasse utdanningene til nye behov. Derfor la regjeringa fram Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis, jf. Innst. 320 S (2011–2012). I handsaminga av meldinga støttar Stortinget forslaga frå regjeringa.

Noreg har ein godt utbygd universitets- og høgskolesektor med lærestader over heile landet. Talet på studentar som nyttar seg av fleksible utdanningstilbod, har auka frå 12 000 studentar i 2006 til 16 000 studentar i 2012. Moglegheita til å lære gjennom heile livet er viktig for at menneske skal ha kontroll over eige liv og meistre kvardagen. Ein viktig del av samfunnsrolla til universitet og høgskolar er å leggje til rette for livslang læring, uavhengig av alder, bustad og livssituasjon. Høve til fleksibel utdanning er sentralt i eit livslangt læringsperspektiv og for å sikre lik tilgang til høgre utdanning. Fleksibel utdanning omfattar både desentralisert utdanning og fjernundervisning.

eCampus er eit femårig teknologisk infrastrukturprogram utvikla for å gjere eksisterande utdanningstilbod, læringsressursar og gode IKT-løysingar tilgjengelege i stor skala. Arbeidet starta opp i 2011 og har årleg fått finansiering frå Kunnskapsdepartementet. Programmet vil gi universitet og høgskolar felles moderne digitale løysingar og verktøy. Systematisk bruk av IKT kan både betre kvaliteten på utdanninga og gjere studietilbod tilgjengelege utanfor campus. Digitale verktøy i undervisning og læring er dessutan viktige for å utvikle fysiske, pedagogiske og sosiale læringsmiljø som byggjer på prinsippet om universell utforming.

Høgre utdanning og fagskoleutdanning utfyller kvarandre når det gjeld både rekruttering av studentar med ulik utdanningsbakgrunn og ved å skaffe ulik type kompetanse som arbeidslivet treng. Regjeringa har oppretta eit offentleg utval som mellom anna skal vurdere plasseringa av fagskoleutdanninga i utdanningslandskapet og i høve til arbeidslivet.

Oppdaterte universitets- og høgskolebygg er viktig for å sikre gode lærings- og arbeidsmiljø og tidsriktig forskingsinfrastruktur i sektoren. Regjeringa vil i perioden 2006–14 ha gitt startløyving til totalt 15 byggje- og rehabiliteringsprosjekt i universitets- og høgskolesektoren. Samla kostnadsramme for desse bygga utgjer meir enn 18 mrd. kroner (prisnivå per 2014). I 2014 vil til saman ti større byggjeprosjekt vere under oppføring ved universitet og høgskolar, mellom anna dei fire prosjekta som fekk startløyving i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2013, jf. Prop. 149 S (2012–2013) og Innst. 470 S (2012–2013), og dei to som er foreslåtte i budsjettet for 2014. Slik satsing er avgjerande for å heve kvaliteten i høgre utdanning, forsking og formidling. Tilstanden til bygningsmassen i sektoren, saman med den teknologiske utviklinga og auken i studenttala, betyr at det er store behov for å oppgradere infrastruktur og bygningsmasse i universitets- og høgskolesektoren.

Studentvelferd er viktig for å sikre at alle har lik moglegheit til utdanning. Studentbustader bidrar til at studentar får tilbod om ein rimeleg bustad under utdanninga. Regjeringa har oppfylt lovnadane i regjeringsplattforma Soria Moria 2 og har i dei siste åra gitt tilsegn om tilskott til bygging og rehabilitering av om lag 7 800 studentbustader, som utgjer om lag 1 000 bustader årleg. I 2013 vart det totalt gitt midlar til om lag 1 500 studentbustader. Det er likevel framleis behov for fleire studentbustader.

Grunnutdanninga ved statlege universitet og høgskolar i Noreg er gratis, og støtteordningane gjennom Statens lånekasse for utdanning sikrar alle moglegheit til å ta utdanning, uavhengig av mellom anna økonomiske vilkår. Regjeringa har prisjustert studiestøtta årleg sidan 2007 og har gjort forbetringar i studiestøtteordningane slik at studentar med redusert funksjonsevne ikkje skal vere skadelidande økonomisk som følgje av funksjonshemminga si. Det er mellom anna innført eit ekstra stipend og støtte i tolv månader for studentar med redusert funksjonsevne som ikkje kan arbeide ved sida av studia. Studentar med barn er ofte i ein økonomisk vanskelegare situasjon enn studentar utan barn. Regjeringa har styrka utdanningsstøtta for betre å leggje til rette for å kunne kombinere utdanning og barn, mellom anna foreldrestipend ved fødsel.

Vaksnes læring

Utdanning er eit godt verkemiddel mot arbeidsløyse og utstøyting frå arbeidslivet. Regjeringa arbeider derfor for å leggje betre til rette for at fleire vaksne kan fullføre vidaregåande opplæring. Det er ei utfordring at om lag 20 pst. av dei vaksne i alderen 25–66 år har grunnskole som si høgste fullførte utdanning, og at relativt få av desse deltek i og fullfører vidaregåande opplæring. For å leggje til rette for at fleire vaksne kan ta vidaregåande opplæring, har regjeringa gjennomført forsøk med vidaregåande opplæring for arbeidssøkjarar, og sett i verk utprøving av vidaregåande opplæring på arbeidsplassen for tilsette i helse- og omsorgssektoren og i barnehagesektoren. Det er òg sett i gang arbeid for å leggje betre til rette for at vaksne kan få opptak til utdanning på bakgrunn av realkompetanse.

Sidan starten i 2006 har om lag 36 000 vaksne fått tilbod om opplæring gjennom Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA). Mange vaksne har dårlege grunnleggjande dugleikar i lesing, skriving, rekning og IKT, noko som gjer det vanskeleg å fungere i arbeidslivet og i samfunnet. BKA medverkar til at dei som treng det mest, får opplæring i grunnleggjande lesing, skriving, rekning og IKT på arbeidsplassen sin. Evalueringa av BKA viser at deltakarane i stor grad er nøgde med kursa, og at bedriftene meiner at deltakarane gjer ein betre jobb som følgje av å ha delteke på BKA-kurs.

På OECDs ministerkonferanse våren 2012 vart Skills Strategy lansert som ei hjelp til medlemslanda med å utvikle eller revidere kompetansepolitiske strategiar. Grunnelementa i Skills Strategy er å utvikle riktig kompetanse, få kompetansen inn i arbeidslivet, og bruke kompetansen effektivt i arbeidslivet. Noreg er blant dei første landa som deltek i Skills Strategy, og på norsk side deltek fleire departement, offentlege etatar, partar i arbeidslivet og andre relevante aktørar. Kunnskapsdepartementet koordinerer det norske arbeidet med Skills Strategy.

Forsking

Forsking og kunnskapsutvikling er avgjerande for at Noreg skal klare å møte framtidas utfordringar, og for auka forståing, verdiskaping og velferd i samfunnet. Regjeringa har prioritert forsking høgt i perioden frå 2005 til 2013. Tala frå Forskningsbarometeret 2013 viser at Noreg i dei siste ti åra har hatt solid vekst på sentrale indikatorar for forsking og utviklingsarbeid (FoU), enten det gjeld investeringar, menneskelege ressursar eller vitskaplege publikasjonar. Løyvingane til FoU over statsbudsjettet har totalt auka med om lag 32 pst. frå 2005 til 2013, inkludert Skattefunn. Noreg ligg heilt i verdstoppen i bruk av offentlege midlar til FoU. Av dei 34 medlemslanda i OECD er det berre Island som bruker meir offentlege midlar per innbyggjar på FoU enn Noreg. Om ein rangerer landa etter FoU-utgifter per innbyggjar finansierte av næringslivet, er Noreg på 15. plass blant OECD-landa. I 2005 var FoU-innsatsen i statsbudsjettet 0,79 pst. av BNP, inkludert Skattefunn. I 2013 er samla FoU-innsats i statsbudsjettet 0,92 pst. av BNP, inkludert Skattefunn.

Evalueringa av Noregs forskingsråd i 2012 teiknar i hovudsak eit positivt bilete av norsk forsking. Norske forskingsresultat held jamt over eit godt nivå, men det er framleis potensial for å auke kvaliteten og for å skape fleire verdsleiande forskingsmiljø.

Regjeringa har følgt opp evalueringa i den siste forskingsmeldinga, Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter, og i handsaminga av meldinga støtta Stortinget forslaga frå regjeringa. Eit hovudgrep i meldinga var at regjeringa vil etablere tiårige nasjonale langtidsplanar for forsking og høgre utdanning, for å bidra til ei føreseieleg utvikling og auka kvalitet på norske forskings- og utdanningsmiljøer. Planane skal inneholde prioriteringar for forsking og høgre utdanning i eit tiårsperspektiv. Dei skal leggje føringar for investeringane som blant anna vil omfatte bygg, forskingsinfrastruktur, stipendiatar og studieplassar.

Boks 1.3 Lange linjer – kunnskap gir muligheter

I mars 2013 la regjeringa fram Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter. Meldinga peiker på at innsatsen for forsking og høgre utdanning må vere langsiktig, koordinert og tydeleg prioritert. Vidare held meldinga fram at det framleis er eit stort potensial i å heve kvaliteten ytterlegare, leggje betre til rette for dristigheit og fornying, og for sterkare internasjonalisering av forskinga og ei spissing av innsatsen på område der Noreg har strategiske fortrinn. For å lukkast i arbeidet med dei forskingspolitiske måla, treng vi gjensidig kunnskapsflyt mellom samfunns- og næringsliv og aktørane i forskingssystemet, både nasjonalt og internasjonalt, og samspelet mellom forsking, høgre utdanning og innovasjon må fungere godt.

Dei mest sentrale tiltaka i meldinga er:

  • Innføring av ein tiårig langtidsplan for forsking og høgre utdanning, for å sikre at dei nasjonale investeringane i kunnskap er føreseielege og langsiktige. Planen skal leggje føringar på investeringar i forsking og høgre utdanning og vere eit verktøy for å spisse innsatsen på område der Noreg har strategiske fortrinn, eller for å dekkje framtidige behov for kunnskap på viktige område.

  • Ein heilskapleg gjennomgang av finansieringa av universitet og høgskolar.

  • Innføring av ei prøveordning med innstegsstillingar for unge talentfulle forskarar.

  • Alle vitskaplege artiklar som er heilt eller delvis offentleg finansiert skal publiserast opent eller eigenarkiverast etter avtale med utgivar.

  • Utarbeiding av ein plan for å redusere midlertidige tilsettingar, og moglegheit til å pålegge institusjonane å lage lokale handlingsplanar for reduksjon av midlertidighet.

  • Innføring av ei ny gåveforsterkingsordning for å stimulere til fleire private gåver til forsking.

Universitet og høgskolar skal medverke til å forbetre offentleg forvaltning, nærings- og samfunnsliv ved å medverke til å spreie resultat frå forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid, gjennom ulike formidlingsaktivitetar og deltaking i den offentlege debatten. Samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) er eit sentralt verkemiddel for å skape meir profilerte institusjonar og meir robuste fagmiljø og slik heve kvaliteten på utdanning og forsking. Profilering inneber å velje tyngdepunkt og ambisjonsnivå som er tilpassa den rolla institusjonen har regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Profilering og spesialisering skal samla gi eit system for høgre utdanning og forsking som er kjenneteikna av eit mangfald som tek vare på eit breitt spekter av regionale, nasjonale og internasjonale kunnskaps- og kompetansebehov.

Forskningsbarometeret er eit årleg barometer med indikatorar som viser tilstanden for norsk forsking og innovasjon og vart lansert av Kunnskapsdepartementet i 2011. Barometeret medverkar til større merksemd på forsking og gir oversyn over status i det norske forskingssystemet samanlikna med andre land. I 2013 fekk to tema ein utvida omtale i barometeret: forsking og utvikling i næringslivet, og internasjonalisering av forsking. Barometeret viser at det har vore ein sterk vekst i FoU-investeringane i det norske næringslivet sett i eit lengre perspektiv, men at veksten i dei siste ti åra berre har vore svakt positiv. Norsk næringsliv har ikkje dei same store FoU-aktørane som mange andre land har, og det samla nivået på FoU-innsatsen i næringslivet er under middels i ei internasjonal samanlikning. I delen om internasjonalisering er deltakinga i EUs sjuande rammeprogram eit hovudtema. Analysen viser at norsk deltaking er god samanlikna med dei andre landa som er med i barometeret, om vi justerer for storleiken på forskingssystema. Samtidig viser analysen at vi har ein svakare vekst i deltakinga gjennom det siste tiåret enn barometerlanda, låg deltaking i dei største delprogramma og varierande deltaking på sektor- og institusjonsnivå.

Fri prosjektstøtte (FRIPRO) er eit av dei største forskingsverkemidla som Kunnskapsdepartementet finansierer, og regjeringa har styrkt dette verkemiddelet monaleg dei seinare åra. Evalueringa av FRIPRO i 2011–12 konkluderte med at FRIPRO er eit godt verkemiddel for å fremme forsking av høg vitskapleg kvalitet, men at ordninga i større grad kan støtte opp om innovativ og banebrytande forsking.

Satsinga på Senter for framifrå forsking (SFF) skal bidra til høg kvalitet i forskinga gjennom langsiktig og stabil finansiering av dei beste forskingsmiljøa. I 2012 fekk 13 nye senter SFF-status. Sentra har stor fagleg breidd og famner om eit vidt spenn av problemstillingar, sjølv om hovudvekta ligg på MNT-fag og medisin- og helsefag. Ordninga med Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) styrkjer innovasjonsevna gjennom å finansiere forskingssamarbeid mellom forskingsintensive bedrifter og framifrå forskingsmiljø.

Den norske instituttsektoren har òg ein sentral plass i det norske forskings- og innovasjonssystemet. Evalueringar viser at institutta kan vise til aukande og betydeleg publisering av vitskapleg arbeid, og at dei er nasjonalt og internasjonalt konkurransedyktige.

Det vart i 2012 avlagt 1 461 doktorgradar i Noreg, og det er fleire enn nokon gong før. Delen kvinner utgjorde om lag halvparten av dei avlagte doktorgradane i 2012. Noreg ligg no rett bak Sverige og Finland når det gjeld talet på doktorgradar samanlikna med folketalet. Noreg skil seg derimot ut med ein mindre del doktorandar i teknologiske fag enn dei andre nordiske landa, sjølv om det er på desse områda etterspurnaden etter kompetanse på doktorgradsnivå er størst utanfor akademia. Sjølv om talet på doktorgradar har auka kraftig, vurderer departementet at det framleis er behov for fleire doktorandar, særleg i MNT-fag (matematikk, naturfag, teknologi).

Norsk forskarutdanning vart evaluert av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) i 2011–12. Evalueringa slår fast at forskarutdanninga held høg kvalitet, trass i ei dobling på under ti år i talet på stipendiatar. Finansieringa og organiseringa er gode, og utdanninga gir kandidatane gode karrieremoglegheiter.

I St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning vart det sett eit mål om at 75–85 pst. av doktorgradskandidatane skal fullføre utdanninga innan seks år. Måltalet vart ikkje nådd, men vi har jamvel sett ei dobling i fullføring i løpet av dei siste 20 åra. Om lag 80 pst. fullfører innan ti år. Institusjonane har i dei seinare åra følgd doktorgradsstudentane mykje tettare opp enn før. Det har ført til at fleire fullfører doktorgradsutdanninga, og at fleire fullfører raskare.

Det meste av verdas kunnskapsproduksjon finn stad utanfor Noregs grenser, og vi treng å vere i tett kontakt med internasjonale miljø for å dra nytte av denne kunnskapen og for å bidra med norsk ekspertise. Kontakt og samarbeid på tvers av landegrensene er stadig viktigare også på utdannings- og forskingsområdet. Samarbeid med andre land gir òg tilgang til den globale kunnskapsproduksjonen og medverkar til auka kvalitet og relevans i norsk utdanning og forsking.

Norsk forsking blir stadig meir internasjonal. For eksempel hadde kvar tredje person som avla doktorgrad i Noreg i 2011, utanlandsk statsborgarskap, og det har òg vore ein auke i norsk sampublisering mellom norske og utanlandske forskarar.

Deltaking i EUs rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar er eitt av dei viktigaste verkemidla regjeringa har for internasjonalisering av forsking. Det er eit potensial for å få fleire norske forskarar til å delta i EU-prosjekt, samt å sikre ein god samanheng mellom nasjonale og europeiske verkemiddel. Det vil òg vere viktig for Noreg å styrkje samarbeidet med strategisk viktige kunnskapsnasjonar utanfor EU, som Nord-Amerika, Japan og BRIKS-landa (Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika). Den felles europeiske satsinga på forskingsinfrastruktur og utviklinga av Det europeiske forskingsområdet (ERA) er ei sentral prioritering for internasjonalisering av norsk forsking. EUs neste rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, går frå 2014 til 2020. Regjeringa tek sikte på at Noreg skal delta som fullverdig medlem, gitt Stortinget sitt samtykke. Programmet samsvarer godt med norske forskingspolitiske prioriteringar. Det er vesentleg at dei norske forskingsmiljøa samarbeider internasjonalt for å hente inn og utvikle kunnskap og evner på eit internasjonalt avansert nivå.

Riksrevisjonen la i 2012 fram ein forvaltningsrevisjon av Kunnskapsdepartementet si koordinering av forskingspolitikken. Riksrevisjonen peiker på at forskinga i aukande grad er sektorovergripande og at dette gjer koordinering viktigare. Regjeringa arbeider no med å følgje opp tilrådingane frå Riksrevisjonen. Arbeidet med ein langtidsplan for forsking og høgre utdanning er eit sentralt verkemiddel for å møte noko av det Riksrevisjonen trekk fram.

1.2 Hovudprioriteringar

Barnehagar

Hovudmåla til regjeringa på barnehagefeltet i 2014 er at retten til barnehageplass blir innfridd, at det er likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, at alle barnehagar skal vere ein god arena for omsorg, leik, læring og danning, at alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap og at prisen skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å ha barn i barnehage.

Målet om full barnehagedekning er nådd, og finansieringsansvaret for barnehagane er overført til kommunane. Regjeringa vil likevel føre vidare den statlege satsinga på barnehagar. I statsbudsjettet for 2014 foreslår regjeringa å auke løyvingane med om lag 695,5 mill. kroner. Løyvingane skal gå til å innføre ei opptrapping mot to barnehageopptak i året, kompetanseutvikling, lågare pris og likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.

Regjeringa vil innføre to barnehageopptak i året gjennom ei gradvis opptrapping, jf. Meld. St. 24 (2012–2013) Framtidens barnehage. Departementet foreslår å starte opptrappinga gjennom å løyve om lag 241 mill. kroner i 2014 til nye barnehageplassar.

Det er eit mål for regjeringa at foreldrebetalinga skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å betale for ein barnehageplass. Kunnskapsdepartementet foreslår å fastsetje maksimalprisen til 2 360 kroner per månad, noko som er ein reell reduksjon frå 2013 på 45 kroner per månad. Regjeringa innfrir med dette målet i Soria Moria-erklæringa om ein maksimalpris på 1 750 kroner (2005-kroner) per månad. Det er foreslått å løyve til saman 245 mill. kroner til lågare pris i 2014. Ein familie med to barn i barnehage har spart om lag 25 000 kroner årleg som følgje av at maksimalprisen har vorte redusert sidan regjeringa tiltredde i 2005.

Regjeringa vil sikre ikkje-kommunale barnehagar gode driftsvilkår i ein rammefinansiert sektor, og leggje til rette for å jamne ut forskjellane i lønns- og arbeidsvilkår mellom tilsette i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Frå 1. august 2013 auka minimumstilskottet til ikkje-kommunale barnehagar frå 92 til 96 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentleg finansiering. For å dekkje heilårseffekten av denne opptrappinga foreslår departementet å løyve om lag 169,5 mill. kroner i budsjettet for 2014.

Satsinga på å auke kompetansen til tilsette i barnehagane vil bli styrkt i 2014. Departementet foreslår å auke løyvinga til kompetanseheving i barnehagen med 40 mill. kroner i 2014. Totalt vil det i 2014 bli nytta om lag 200 mill. kroner til tiltak for å fremme kvaliteten i barnehagane.

Grunnopplæringa

Regjeringa arbeider for ei grunnopplæring av høg kvalitet. Målsetjinga er betre læring for alle elevar, og at skolen kan medverke til å jamne ut sosiale forskjellar. I statsbudsjettet for 2014 foreslår regjeringa nye tiltak og styrkingar av grunnopplæringa på 750 mill. kroner.

Regjeringa foreslår i 2014 å auke løyvinga med om lag 50 mill. kroner til mellom anna å styrkje satsinga retta mot fag- og yrkesopplæringa. Styrkinga er ei oppfølging av Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei og omfattar mellom anna ei satsing på kvalifisering av elevar før påbyggingsåret eller læreplass, styrkje samarbeidet mellom skole og arbeidsliv, tilbod for vaksne om vidaregåande opplæring på arbeidsplassen. Regjeringa foreslår å løyve 106,1 mill. kroner til rett til påbygging etter oppnådd fagbrev, slik at det blir meir attraktivt å fullføre ei yrkesutdanning. Av dette er 98 mill. kroner foreslått å leggje inn i rammetilskottet til fylkeskommunane.

Regjeringa foreslår å løyve 15,7 mill. kroner til å innføre ein rett til vidaregåande opplæring for ungdom mellom 16 og 18 år som søkjer opphald i Noreg.

Hausten 2012 vart valfag for 8. trinn innført, og i 2013 vart valfag for 9. trinn innført. I budsjettet for 2014 foreslår regjeringa å kompensere kommunane for heilårseffekten av valfag på 9. trinn med 95,7 mill. kroner. I tillegg er satsen til private skolar justert med heilårsverknaden av tiltaket. I 2014 blir det foreslått å innføre valfag for 10. trinn frå hausten 2014. Skoleeigarane blir kompenserte med 71,2 mill. kroner. Av dette er 68,3 mill. kroner lagde inn i rammetilskottet til kommunane.

I budsjettet for 2013 vart det løyvt midlar til innføring av ein veketime med kulturskoletilbod på 1.–4. trinn. Regjeringa foreslår at skoleeigarane blir kompenserte for heilårseffekten med 108,2 mill. kroner i budsjettet for 2014. Av dette er 106,2 mill. kroner lagde inn i rammetilskottet til kommunane.

Frå og med hausten 2013 vart det innført ei tilskottsordning for å auke talet på lærarar ved ungdomstrinnet. Målet er å styrkje lærartettleiken og på den måten bidra til å gi tilpassa opplæring, samt å styrkje dei grunnleggjande dugleikane. Regjeringa foreslår i budsjettet for 2014 å løyve 217 mill. kroner for å kompensere for heilårseffekten av tiltaket.

I budsjettet for 2009 vart det innført ei åtteårig ordning med rentekompensasjon for rehabilitering og investering i skole- og symjeanlegg med sikte på ei investeringsramme på 15 mrd. kroner. Investeringsramma blir gradvis fasa inn i budsjettet. Frå 2009 til 2013 er 10 mrd. kroner av ramma nytta. I budsjettet for 2014 foreslår regjeringa å fase inn ytterlegare 1 mrd. kroner til ein budsjetteffekt på 20 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner for å føre vidare det samla opplæringstilbodet ved rusbehandlingsinstitusjonane Tyrilistiftelsen og Fossumkollektivet.

I statsbudsjettet for 2014 foreslår regjeringa å løyve 32 mill. kroner til styrking av utstyrsstipendet i vidaregåande opplæring for å sikre betre samsvar mellom kostnadene til elevane og stipendsatsen.

Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet etablert eit nytt Nasjonalt senter for ernæring, fysisk aktivitet og helse i barnehagar og skolar knytt til Høgskolen i Bergen. Senteret vil i 2014 ha eit budsjett på 7,3 mill. kroner. Kunnskapsdepartementet foreslår å sette av 3,7 mill. kroner i 2014. Resterande del av løyvinga blir dekt av Helse- og omsorgsdepartementet.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til vitensentra med 4,5 mill. kroner.

Vaksenopplæring m.m.

For å leggje betre til rette for at vaksne kan ta vidaregåande opplæring, vil regjeringa frå 2014 setje i gang utvikling og utprøving av opplæringsmodellar som leier til fagbrev for ufaglærte i servicenæringa, i transportnæringa og i primærnæringane.

Regjeringa går inn for at Noreg skal delta i Erasmus+ som er EUs utdannings- og ungdomsprogram for perioden 2014–20. Målet er at norske utdanningsinstitusjonar, elevar, lærlingar, studentar og lærarar og andre tilsette kan delta i samarbeidsprosjekt og utveksling i heile EØS-området og EUs kandidatland. Internasjonalt samarbeid er viktig for å styrkje kvaliteten, relevansen og attraktiviteten til det norske utdanningssystemet. Den norske kontingenten til Erasmus+ er berekna til å bli 219 mill. kroner i 2014. Regjeringa foreslår òg å styrkje Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) som skal vere nasjonalt kontor for størsteparten av programmet, med 10 mill. kroner.

Høgre utdanning

Noreg skal ha forsking, høgre utdanning og fagskoleutdanning av høg kvalitet som utviklar kunnskap og kompetanse for den einskilde og samfunnet, og som medverkar til framtidig velferd og verdiskaping. Regjeringa ønskjer ein universitets- og høgskolesektor og fagskolesektor som er tilgjengeleg for alle, og som samla sett tek vare på eit breitt spekter av regionale, nasjonale og internasjonale kunnskaps- og kompetansebehov.

For å møte behovet for større kapasitet på særskilde fagområde foreslår regjeringa å auke løyvinga til nye studieplassar med 24,7 mill. kroner i 2014, inkludert lånekasseeffektar. Det inneber om lag 400 nye plassar i 2014 og ein auka kapasitet på om lag 1 400 plassar i 2019 når dei er fullt utbygde.

For å halde fram med kapasitetsauken i høgre utdanning foreslår regjeringa 238 mill. kroner i 2014 til vidareføring og opptak av nye kull for dei studieplassane som vart oppretta i samband med budsjetta for 2009, 2011 og 2012. Samla gir det om lag 2 900 fleire studieplassar i 2014 enn i 2013. Når alle plassane er ferdig utbygde i 2019, vil det vere finansiert om lag 24 800 fleire studieplassar samanlikna med 2005. Fleire studentar samla sett gir ein auke i talet på avlagde studiepoeng, og den resultatbaserte utteljinga til universitet og høgskolar aukar med om lag 227,6 mill. kroner i 2014.

Nye bygg, rehabilitering av bygg og midlar til infrastruktur er viktige for å medverke til høg kvalitet i utdanning og forsking. Regjeringa foreslår, over Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementets budsjett, samla 80 mill. kroner i startløyving til rehabilitering av Noregs idrettshøgskole og nytt bygg for medisin- og helsefag ved Universitetet i Tromsø. Byggeprosjekta har godkjende kostnadsrammer på høvesvis 837 mill. kroner og 1 283,9 mill. kroner. Regjeringa foreslår i tillegg om lag 1,2 mrd. kroner til åtte byggjeprosjekt som er sette i gang i sektoren, og 135,7 mill. kroner til utstyr og inventar til tre av desse prosjekta.

For å dekkje inn framtidige kunnskaps- og kompetansebehov ønskjer regjeringa å føre vidare satsinga innanfor matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag (MNT-fag) og profesjonsfag. Regjeringa foreslår derfor å tildele 20,8 mill. kroner til 60 nye stillingar innanfor desse faga. Satsinga vil rettast mot større fagmiljø som over tid har vist gode resultat innanfor MNT-faga og profesjonsfaga.

Som ledd i arbeidet med å auke kompetansen i barnevernet foreslår regjeringa å styrkje finansieringa av barnevernspedagogutdanninga. Departementet vil leggje vekt på at midlane fører til auka kvalitet og relevans, samt styrkt samspel med dei andre sosialfaglege utdanningane.

Regjeringa ønskjer profilerte og robuste høgre utdanningsinstitusjonar. Samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) er nødvendig for å medverke til auka berekraft og kvalitet i utdanning og forsking. Regjeringa vil føre vidare 50 mill. kroner til regionale og nasjonale SAK-prosessar. Ein foreslår å tildele 43 mill. kroner til igangsette fusjonar som kan syne til konkrete resultat, medan ein foreslår at resterande midlar blir prioriterte til fagleg og administrativt samarbeid.

Regjeringa vil setje i gang eit omfattande arbeid for å betre kunnskapsgrunnlaget for vidare politikkutvikling for høgre utdanning og fagskoleutdanning. Kunnskapsdepartementet har derfor nemnt opp tre offentlege utval som skal vurdere høvevis fagskolesektoren, finansiering av universitet og høgskolar og konsekvensar av Massive Open Online Courses (MOOCs). I tillegg foreslår Kunnskapsdepartementet 15 mill. kroner over tre år til ei forskingsbasert evaluering av kvaliteten i høgre utdanning.

Felles løysingar og standardar for desentralisert og fleksibel utdanning er ein del av samarbeidet i sektoren. Kunnskapsdepartementet foreslår 15 mill. kroner til vidare utvikling av eCampus i 2014.

Som ein del av handlingsplanen for integrering foreslår Kunnskapsdepartementet 10 mill. kroner til NOKUT i 2014 til etablering av ordninga for godkjenning av kompetansen til invandrarar som ikkje kan dokumentere utdanning og arbeidserfaring. Vidare foreslår Kunnskapsdepartementet 4,5 mill. kroner i 2014 til oppgradering av IKT-systema til NOKUT.

Forsking

I Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter (forskingsmeldinga), jf. Innst. 372 S (2012–2013), varslar regjeringa at ho vil halde fram med å auke løyvingane til forsking i åra framover. FoU-innsatsen i budsjettforslaget til regjeringa for 2014, inkludert Skattefunn, er førebels anslått til 28,9 mrd. kroner. Dette er ein auke på 1,5 mrd. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2013, og ein realvekst på 2 pst. Sidan 2005 har det vore ein realauke i den offentlege FoU-innsatsen på 34,1 pst.

Regjeringa varsla i Meld. St. 18 (2012–2013) at ho vil leggje fram ein tiårig langtidsplan for forsking og høgre utdanning hausten 2014. Planen skal leggje føringar på investeringar i forsking og høgre utdanning og vere et verktøy for å spisse innsatsen på område der Noreg har strategiske fortrinn, eller for å dekkje framtidige behov for kunnskap på viktige område.

Regjeringa har varsla at Noreg tek sikte på å delta i Horisont 2020 som fullverdig medlem, gitt Stortinget sitt samtykke. Foreløpige overslag viser at Noregs del i 2014 til Horisont 2020 vil vere på om lag 360 mill. kroner.

I budsjettet for 2012 vart det oppretta ei målretta stimuleringsordning for forskingsinstitutt som er med i EUs sjuande rammeprogram for forking, STIM-EU. Ordninga skal nyttast strategisk for å styrkje kvaliteten på og omfanget av EU-prosjekt i instituttsektoren. STIM-EU går direkte til institutta som får midlar frå EU og gir ekstra utteljing for institutt som involverer norske næringsliv. Det blir framleis igangsatt nye prosjekt etter dei siste utlysingane i det sjuande rammeprogrammet i 2013. Minst 35 mill. kroner skal nyttast i 2014 til STIM-EU og til å etablere gode mekanismar for å mobilisere institutta til å delta i Horisont 2020.

Regjeringa innfører ei ny gåveforsterkingsordning for å stimulere til fleire private gåver til forsking, jf. omtale i Meld. St. nr. 18 (2012–2013). Ordninga inneber at staten yter eit tillegg på 25 pst. av gåvebeløpet ved private gåver til Noregs forskingsråd, Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo, universitet eller høgskolar med rett til å dele ut doktorgrad. Regjeringa foreslår å øyremerkje 50 mill. kroner til gåveforsterkingsordninga i 2014.

Regjeringa foreslår å styrkje Fri prosjektstøtte med 50 mill. kroner i 2014, øyremerkte unge forskartalent. Verkemiddelet skal bidra til å støtte forskarar som er tidleg i karrieren, og legg til rette for finansiering av risikofylde prosjekt på nye område. I dag når ofte ikkje unge forskartalent opp i konkurransen med seniorforskarar med mange publikasjonar på merittlista. I tillegg styrkjer regjeringa Det Norske Videnskaps-Akademi, mellom anna for å støtte opp om Akademiets arbeid med å etablere eit Ungt Akademi for unge framifrå forskarar.

Kunnskapsdepartementet legg fram ein ny strategi for utdanningsforsking for perioden 2014–2019. Hovudmålet er å halde fram med å utvikle sterke og fleirfaglege forskingsmiljø med kompetanse og kapasitet til å dekkje kunnskapsbehov på viktige område innanfor utdanning og opplæring. Frå 2014 legg departementet opp til å setje i verk ein eigen intervensjonsstudie som skal måle langsiktige effektar av at arbeidssøkjarar får tilbod om formell utdanning som fører til fagbrev.

Studentvelferd

Ei av dei viktigaste velferdsoppgåvene til studentsamskipnadene er å tilby studentbustader. Regjeringa har dei siste åra hatt store satsingar på studentbustader. For å føre vidare satsinga og møte behovet for rimelege studentbustader foreslår regjeringa å løyve 359 mill. kroner til bygging av om lag 1 300 nye studentbustader i 2014. Dette er ein auke på 100 mill. kroner frå saldert budsjett for 2013. I tillegg vil regjeringa auke tilskottssatsen og kostnadsrammene for å sikre realiseringa av bygga og ei låg husleige for studentane. Regjeringa foreslår å auke kostnadsrammene med 100 000 kroner og å auke tilskottssatsen med 20 pst. per hybeleining i forhold til dagens nivå.

Regjeringa meiner at det er behov for å auke utdanningsstøtta for betre å leggje til rette for å kunne studere på heiltid. Regjeringa legg derfor opp til at basisstøtta skal utbetalast i elleve månader per undervisningsår frå og med 2014–15. Siste utbetaling vil vere i juni. Det blir òg foreslått å auke basisstøtta frå 9 440 kroner i månaden for undervisningsåret 2013–14 til 9 600 kroner i månaden for undervisningsåret 2014–15. Til saman gjer desse to tiltaka at det årlege støttebeløpet blir lyfta frå 94 400 kroner i 2013–14 til 105 600 kroner i 2014–15.

I Soria Moria-erklæringa har regjeringa prioritert å styrkje utdanningsfinansieringa for studentar med barn. Regjeringa legg derfor opp til å utvide foreldrestipendperioden frå 44 til 49 veker for barn fødde 15. august 2014 eller seinare. Vidare foreslås det at oppteningstida for foreldrestipendet skal reduserast frå seks til fire månader.

Regjeringa meiner det er viktig at det er samsvar mellom satsen for utstyrsstipendet i den vidaregåande opplæringa og dei kostnadene elevane har til naudsynt utstyr i opplæringa. Regjeringa foreslår derfor å løyve om lag 32 mill. kroner til ei styrking av utstyrsstipendet. Over 39 000 elevar vil kunne få meir utstyrsstipend enn i dag.

Regjeringa foreslår å utvide ordninga med støtte til det første året i bachelorutdanning av høg kvalitet i land der dette året ikkje er på nivå med norsk høgre utdanning, til også å gjelde freshman-året i USA. Dette er i tråd med St. meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning. Det vil bli gitt støtte til freshman-året ved lærestader i USA som er rangert på dei same internasjonalt anerkjende rankinglistene som blir nytta i denne ordninga i dag.

Kunnskapsdepartementet har starta arbeidet med å følgje opp rapporten frå Proba samfunnsanalyse frå vinteren 2013 om analyse av utdanningsstøtteordningane, og i første rekkje gjeld dette det behovsprøvde grunnstipendet til elevar i vidaregående opplæring. Departementet meiner at stipendet ikkje er treffsikkert nok når om lag 40 pst. av elevane i vidaregåande opplæring står som mottakarar. Samtidig er stipendet viktig for mange elevar og familiane deira. Før departementet kan gjere større endringar i innretninga av grunnstipendet, vil departementet derfor vurdere nøye konsekvensane av endringar.

Som eit første tiltak for å auke treffsikkerheita for stipendet foreslår departementet å justere inntektsgrensene for behovsprøvinga. Forslaget fører til at færre elevar vil få stipendet enn i dag, og fleire vil få redusert stipend, men det skjermar dei med dei lågaste familieinntektene. Forslaget inneber at løyvinga til stipendet blir redusert med om lag 80 mill. kroner.

Kunnskapsdepartementet foreslår å innføre forseinkingsrente etter lov om renter ved forsinket betaling (forsinkelsesrenteloven) for utdanningsgjeld i Lånekassen. Endringa vil gi ein auke i renteinntektene på 173,6 mill. kroner.

Figur 1.1 Målbilete for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2014

Figur 1.1 Målbilete for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2014