Kunnskapsdepartementet (KD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Programkategori 07.10 Administrasjon

Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

200

Kunnskapsdepartementet

275 091

264 450

268 196

1,4

Sum kategori 07.10

275 091

264 450

268 196

1,4

Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

3200

Kunnskapsdepartementet

8 035

Sum kategori 07.10

8 035

Kap. 200 Kunnskapsdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

251 901

250 674

253 967

21

Særskilde driftsutgifter

20 728

11 152

11 542

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

2 462

2 624

2 687

Sum kap. 0200

275 091

264 450

268 196

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på post 01 skal dekkje lønn og driftsutgifter i departementet. Løyvinga på post 21 dekkjer mellom anna utgifter til drift av den norske UNESCO-kommisjonen og utgreiings- og utviklingsoppgåver i Kunnskapsdepartementet. Løyvinga på post 45 gjeld kjøp av datautstyr, programvare og tenester som blir nytta i utviklinga av IKT-systemet i departementet.

Mål for 2014

Måla her gjeld drift av Kunnskapsdepartementet. Dei faglege måla for departementet er omtalte i dei aktuelle fagkapitla.

Måla for 2014:

  • Departementet skal ha eit godt grunnlag for utforming av kunnskapspolitikken.

  • Departementet skal sikre at kunnskapspolitikken blir sett i verk.

  • Departementet skal ha god dialog med alle relevante aktørar i samfunnet.

  • Departementet skal vere førebudd på å handtere alle typar kriser i eigen sektor.

Rapport for 2012

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å utvikle og setje i verk den overordna politikken for barnehage, utdanning, livslang læring og forsking. I 2012–13 har departementet i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane utarbeidd desse proposisjonane og meldingane til Stortinget:

  • Prop. 120 L (2012–2013) Endringer i barnehageloven (politiattest m.m.)

  • Prop. 129 L (2012–2013) Endringer i opplæringslova og privatskolelova (spesialundervisning m.m.)

  • Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter

  • Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei

  • Meld. St. 24 (2012–2013) Framtidens barnehage

Kunnskapsdepartementet legg vekt på at aktørar i sektoren skal ha gode kanalar der dei kan komme med innspel til politikkutviklinga. I samband med dei tre stortingsmeldingane som skulle leggjast fram våren 2013, gjennomførte departementet ei rad dialogmøte. Vidare sette departementet opp ei seminarrekkje kalla Kunnskapsbanken. Møta og seminara medverka til dialog med aktørane i sektoren og til å få nyttige innspel til stortingsmeldingane. Departementet har også på andre måtar lagt til rette for at synspunkt kunne komme fram. Såleis oppretta departementet ein blogg der interesserte kunne gi tilbakemeldingar på arbeidet med Meld. St. 24 (2012–2013) Framtidens barnehage .

Overordna målsetjingar i statsbudsjettet skal omsetjast i praktiske tiltak og verkemiddel. I styringsdialogen med underliggjande verksemder formidlar departementet vedteken politikk og bryt overordna mål ned i mål for dei einskilde verksemdene. Tilsvarande formar departementet ut mål og tildelingskriterium for midlar som går som tilskott til privat og kommunal sektor. Departementet har i gang eit vedvarande forbetringsarbeid på styringsområdet. I 2012 har departementet lagt særleg vekt på å leggje til rette ressursar og erfaringsmateriale slik at dei erfaringane departementet samlar seg i styringa på eitt område, skal komme til nytte i forbetringsarbeidet på andre område òg.

Noreg hadde formannskapet i Nordisk ministerråd i 2012. På utdannings- og forskingsfeltet utarbeidde Kunnskapsdepartementet sektorprogrammet Velferd i praksis . I programmet vart det formulert ei rad konkrete tiltakspunkt på fire område:

  • Kunnskap for deltaking i arbeidsliv og samfunn

  • Norden som utdannings-, forskings- og innovasjonsregion

  • Nordiske språk og språkforståing

  • Norden i verda og samarbeid i Norden

Det vart gjennomført aktivitetar i tilknyting til dei aller fleste tiltakspunkta i programmet.

Etterarbeidet etter åtaket mot regjeringskvartalet 22. juli 2011 heldt fram i 2012. Tilsette som var på jobb den dagen åtaket hende, har fått tilbod om hjelp frå Bedriftshelsetenesta. Kunnskapsdepartementet la elles til rette for at medarbeidarane kunne følgje delar av strafferettssaka etter åtaket. Vidare er det arbeidd med det fysiske arbeidsmiljøet i dei lokala departementet flytte til som følgje av øydeleggingane i regjeringskvartalet.

Kunnskapsdepartementet har halde fram med det systematiske arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren. Mykje merksemd er retta mot tryggingstiltak i dei lokala der departementet flytte inn. Kunnskapsdepartementet har elles arbeidd med å følgje opp rapporten frå 22. juli-kommisjonen og med innspel til det meldingsarbeidet Justis- og beredskapsdepartementet har sett i gang på sikkerheits- og beredskapsområdet.

Ein mindre del av løyvinga over kap. 200 post 21 har gått til drift av Den norske UNESCO-kommisjonen. Kommisjonen har halde fast ved prioriteringane som vart gjorde for fireårsperioden 2008–12: menneskerettar, utdanning, ytringsfridom og tryggleik for journalistar.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga for 2014 blir ført vidare på same nivå som i 2013. Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3200, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

02

Salsinntekter o.a.

1 204

16

Refusjon av foreldrepengar

3 018

17

Refusjon for lærlingar

146

18

Refusjon av sjukepengar

3 667

Sum kap. 3200

8 035