Kunnskapsdepartementet (KD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

231

Barnehagar

341 846

331 316

364 132

9,9

Sum kategori 07.30

341 846

331 316

364 132

9,9

Innleiing

Regjeringa vil at barnehagetilbodet skal vere av høg kvalitet og tilgjengeleg for alle, og at det gjennom tidleg innsats medverkar til sosial utjamning og livslang læring.

Hovudmåla til regjeringa på barnehagefeltet i 2014 er at retten til barnehageplass blir innfridd, at det er likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, at alle barnehagar skal vere ein god arena for omsorg, leik, læring og danning, at alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap, og at prisen skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å ha barn i barnehage.

Barnehagesektoren har gått gjennom store endringar i dei siste åra. Frå 2005 til 2013 er løyvinga til barnehageformål auka reelt med om lag 17 mrd. kroner. Rett til plass i barnehage vart innført i 2009, noko som har gjort kvardagen betre for småbarnsfamiliane. Det store krafttaket for utbygging av barnehageplassar har sikra full dekning samtidig som delen tilsette med barnefagleg utdanning har auka. Den store prisreduksjonen for barnehageplass har ført til at fleire familiar med svak økonomi har fått råd til å ha barna i barnehagen. I åra framover er det satsing på betre kvalitet og tidleg innsats som skal få størst merksemd.

Regjeringa la våren 2013 fram Meld. St. 24 (2012–2013) Framtidens barnehage, og Stortinget har behandla meldinga, jf. Innst. 380 S (2012–2013). Forslaga som vart fremde i meldinga, vart støtta av fleirtalet. Meldinga gir ei tydeleg retning for barnehagepolitikken, for både kvalitet og innhald, kompetansen til personalet og styringa av sektoren. Samtidig presenterer meldinga eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for utviklinga av politikken i sektoren. Viktige tiltak i meldinga er innføring av ei norm for grunnbemanning i barnehagen og to barnehageopptak i året. I oppfølginga av meldinga skal departementet revidere både barnehagelova og rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen.

I august 2013 la departementet fram kompetansestrategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020 . Strategien omfattar alle relevante grupper av tilsette i barnehagen.

Til og med 2010 var barnehagane finansierte gjennom statlege tilskott løyvde over programkategori 07.30, frie midlar til kommunane og foreldrebetaling. Frå 2011 vart hovuddelen av dei statlege tilskotta til barnehagar innlemma i rammetilskottet til kommunane. Kommunen som barnehagemyndigheit har som følgje av denne endringa fått eit større ansvar for barnehagane. Enkelte tilskott og andre tildelingar blir framleis finansierte over programkategori 07.30. Dette gjeld tilskott til samiske barnehageformål, jf. kap. 231 post 50, tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63, og midlar til forsking, undersøkingar, utgreiingar, informasjonsarbeid og kvalitets- og kompetanseutvikling, jf. kap. 231 postane 21 og 51. Nærmare informasjon om ressursbruken i barnehagesektoren finst nedanfor i budsjettkap. 231 og i del III, kap. 7 Ressursar i barnehagen. Utdanningsdirektoratet gir i den årlege publikasjonen Utdanningsspeilet ei god oversikt over barnehageområdet, inkludert tal og analysar.

Hovudprioriteringar for 2014

Regjeringa vil i 2014 føre vidare satsinga på barnehagar. Totalt er det foreslått å auke løyvingane til barnehageformål med om lag 695,5 mill. kroner i 2014.

Regjeringa vil innføre to barnehageopptak i året gjennom ei gradvis opptrapping, jf. Meld. St. 24 (2012–2013). Gjennom gradvis opptrapping vil kommunane få tid til å planlegge nye plassar og rekruttere kompetent personale slik at kvaliteten på tilbodet er sikra. Departementet foreslår å starte opptrappinga gjennom å løyve om lag 241 mill. kroner i 2014 til nye barnehageplassar. Løyvinga gir rom for å etablere om lag 2 900 nye barnehageplassar, det vil seie ein tredel av dei plassane som må etablerast for å innføre to opptak. Kunnskapsdepartementet vil i samband med at statsbudsjettet for 2014 blir lagt fram, sende ut til høyring framlegg om endringar i barnehagelova § 12a om rett til plass i barnehage. I høyringsnotatet foreslår departementet å utvide den lovfesta retten til barnehageplass slik at barn som fyller eitt år i september eller oktober 2014, blir sikra barnehageplass.

Regjeringa vil sikre ikkje-kommunale barnehagar gode driftsvilkår i ein rammefinansiert sektor, og leggje til rette for å jamne ut forskjellane i lønns- og arbeidsvilkår mellom tilsette i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Frå 1. august 2013 auka minimumstilskottet til ikkje-kommunale barnehagar frå 92 til 96 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentleg finansiering. For å dekkje heilårseffekten av denne opptrappinga foreslår departementet å løyve 169,5 mill. kroner i budsjettet for 2014. Styrkinga legg til rette for å jamne ut forskjellane mellom kommunale og ikkje-kommunale barnehagar når det gjeld både talet på barn per vaksen og lønns- og arbeidsvilkår for dei tilsette.

Det er eit mål for regjeringa at foreldrebetalinga skal vere så låg at alle familiar skal ha råd til barnehageplass. Departementet foreslår å fastsetje maksimalprisen til 2 360 kroner per månad frå 1. januar 2014, noko som er ein reell reduksjon i prisen på 45 kroner per månad. Regjeringa innfrir med dette målet i Soria Moria-erklæringa om ein maksimalpris på 1 750 kroner (2005-kroner) per månad. Departementet foreslår for 2014 ei samla løyving på om lag 245 mill. kroner til lågare pris i barnehagen. Løyvinga inkluderer heilårseffekten av nominell vidareføring av maksimalprisen i statsbudsjettet for 2013.

Kompetansen til personalet i barnehagen er avgjerande for kvaliteten på tilbodet. Regjeringa vil styrkje arbeidet med kompetanseheving og rekruttering i barnehagesektoren. Den heilskaplege kompetansestrategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020 skal medverke til dette . Mangelen på pedagogar og den låge formelle kompetansen til mange av assistentane i barnehagane krev auka satsing for å rekruttere fleire pedagogar og for å heve kompetansen til tilsette i barnehagen. Frå 2005 til 2013 har midlane til kompetanse- og rekrutteringstiltak auka frå 10 mill. kroner til 120 mill. kroner. Departementet vil styrkje satsinga på kompetanseheving i 2014, og foreslår å auke løyvinga med 40 mill. kroner.

Mål: Retten til barnehageplass blir innfridd

Stortinget innførte ein individuell rett til barnehageplass i 2009. Dette inneber at barn som har fylt eitt år innan 1. september, har rett til barnehageplass same året dersom foreldra har søkt om plass innan fristen for hovudopptaket. Retten skal oppfyllast innan utgangen av august det året det blir søkt om plass.

Tilstandsvurdering

Ved utgangen av 2012 gjekk om lag 286 150 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. Dette svarer til ein dekningsgrad på 90,1 pst. for eitt- til femåringar. I sjuårsperioden frå utgangen av 2005 og fram til utgangen av 2012 har om lag 62 650 fleire barn fått plass i barnehage, og kommunane og private utbyggjarar har etablert om lag 79 100 nye heiltidsplassar. Noko av kapasitetsauken i barnehagane i dei siste åra har gått med til å auke opphaldstida til barn som allereie hadde deltidsplass i barnehage. Talet på nye heiltids barnehageplassar er derfor større enn talet på nye barn i barnehagen. Delen barn i barnehage har auka for alle aldersgrupper dei siste åra, jf. figur 4.11.

Figur 4.11 Delen barn i barnehage etter alder i 2002 og 2012

Figur 4.11 Delen barn i barnehage etter alder i 2002 og 2012

Kjelde: SSB

Talet på små barn i barnehage har auka sterkt frå 2005 til 2012. Dekningsgraden for eitt- til toåringar har auka frå 54,1 pst. i 2005 til 80,2 pst. i 2012. Omlegginga av kontantstøtteordninga i 2012, med auka satsar for eittåringar, medverka til ein nedgang i talet på eittåringer i barnehage frå 2011 til 2012. Delen toåringar i barnehage auka med 2,5 prosentpoeng frå 2011 til 2012. Auken må sjåast i samanheng med at kontantstøtta vart fjerna for desse barna frå 1. august 2012. Dekningsgraden for tre- til femåringar har auka frå 90,5 pst. i 2005 til 96,7 pst. i 2012. Dekningsgraden for femåringane er på 97,6 pst. i 2012. Sjå kap. 7 i del III for nærmare omtale av ressursar i barnehagesektoren.

Rapportering frå Fylkesmannen viser at for hausten 2013 har så godt som alle barn med rett til plass fått tilbod om barnehageplass innan utgangen av august. Innan midten av september hadde alle fått plass.

Om lag 9 800 barn som fylte eitt år etter 31. august gjekk i barnehage ved utgangen av 2012. Dette er ein nedgang frå 11 200 barn i 2011. Det er ei utfordring at barn utan rett til plass kan få lang ventetid før dei får barnehageplass. Problemstillinga er behandla i Meld. St. 24 (2012–2013).

Strategiar og tiltak

Fylkesmannen skal halde fram med å følgje opp korleis kommunane oppfyller retten til plass. Den individuelle retten er ei minimumsplikt for kommunane. Regjeringa legg til grunn at kommunane følgjer med på endringar i fødselstal, til- og fråflytting og andre faktorar som påverkar dimensjoneringa av barnehagetilbodet. Fleire kommunar har fleire opptak i året eller laupande opptak, noko regjeringa synest er positivt.

I Meld. St. 24 (2012–2013) foreslår regjeringa på sikt å innføre krav om to barnehageopptak i året. Departementet foreslår å auke løyvinga med om lag 241 mill. kroner i 2014 for at barn som fyller eitt år etter 31. august, kan få kortare ventetid for ein barnehageplass. Løyvinga vil gi rom for å etablere om lag 2 900 nye barnehageplassar, det vil seie ein tredel av dei plassane som må etablerast for å innføre to opptak.

Kunnskapsdepartementet vil i samband med at statsbudsjettet for 2014 blir lagt fram, sende ut til høyring framlegg om endringar i barnehagelova § 12a om rett til plass i barnehage. I høyringsnotatet foreslår departementet å utvide den lovfesta retten til barnehageplass slik at barn som fyller eitt år i september eller oktober 2014, blir sikra barnehageplass.

Mål: Likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar

Regjeringa vil sikre eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet for alle barn. Barnehagen er eit pedagogisk tilbod der mange faktorar medverkar til kvaliteten, og to av dei viktigaste indikatorane på god kvalitet er kompetansen til personalet og talet på tilsette i høve til talet på barn. Dette er omtalt under målet om barnehagen som ein god arena for omsorg og leik, læring og danning.

Tilstandsvurdering

Den norske barnehagemodellen får positiv internasjonal merksemd for si heilskapelege tilnærming til og vektlegging av barndommens eigenverdi kombinert med eit heilskapeleg læringssyn der barnehagen legg det første grunnlaget for livslang læring.

Kunnskap om barnehagen

Omfanget på barnehageforskinga har hatt ein stor auke i dei seinare åra. Meld. St. 24 (2012–2013) gir ein grundig omtale av både nasjonale og internasjonale forskingsresultat og anna kunnskap om barnehagen. Forsking viser at gode barnehagar virker positivt inn på den språklege og kognitive utviklinga hos barna, særleg hos barn frå vanskelegstilte familiar. Resultata er noko meir varierte når det gjeld kjenslemessig og sosial utvikling hos barnehagebarn.

Kvaliteten på den daglege verksemda i barnehagen – prosesskvaliteten – er avgjerande for trivselen og utviklinga til barnehagebarna. Det er særleg kvaliteten på relasjonane og samhandlinga mellom dei vaksne og barna og mellom barna som er viktig. Stor gjennomtrekk av tilsette hindrar etablering av gode, stabile relasjonar mellom barn og vaksne. Rammene for barnehagedrifta – strukturkvaliteten – er med på å leggje til rette for prosesskvaliteten. Dette omfattar mellom anna storleiken på barnegruppene, talet på barn per vaksen og kva slags kompetanse dei tilsette har. Det er store variasjonar i barnehagesektoren i Noreg når det gjeld eigarskap, storleik, samansetjing av barnegrupper, og organisering og personale. Dagens forskingsgrunnlag viser òg at det er stor variasjon i prosesskvaliteten mellom norske barnehagar. Delen barnehagar som oppfyller pedagognorma og krava til utdanning for pedagogiske leiarar har auka frå 21 til 39 pst. i perioden 2009 til 2012.

Ein forsiktig konklusjon på funna frå norske forskingsprosjekt er at dei fleste barn trivst i barnehagen, men ei lita gruppe trivst ikkje så godt. Foreldra er gjennomgåande svært nøgde med barnehagen, og dei er meir nøgde enn det barna sjølve er. Forskinga indikerer ikkje at det er nokon risiko knytt til tidleg barnehagestart i Noreg. Barnehagebarn har ikkje fleire åtferdsproblem, og dei har lågare risiko for sein språkutvikling enn barn som ikkje går i barnehage.

Ei undersøking frå NOVA i 2013 viser at barnehagestyrarar meiner at dei strukturelle rammevilkåra i barnehagane er vortne betre sidan 2002. Tilsvarande undersøkingar vart utført i 2002, 2004 og 2008. Når det gjeld innhaldet i barnehagen, meiner styrarane at fleire barnehagar enn tidlegare arbeider med alle temaområda i rammeplanen i 2012. Sosial kompetanse og språk er dei områda det blir arbeidd mest med i barnehagane, og språkkartlegging av barna blir i større grad utført av personar med formell kompetanse. Utveksling av informasjon mellom barnehage og foreldre og satsing på kompetanse blant tilsette har òg vorte betre sidan 2002.

Nasjonalt kunnskapssenter for utdanning vart oppretta i 2011 som ei avdeling i Noregs forskingsråd, jf. omtale under programkategori 07.50. Kunnskapssenteret skal mellom anna samle, analysere og spreie kunnskap om kva som gir god kvalitet i barnehagar.

Fylkesmannens tilsyn

Fylkesmannens tilsyn med og rettleiing av kommunen som barnehagemyndigheit er eit viktig verkemiddel for å bidra til å sikre høg kvalitet på barnehagetilbodet. Utdanningsdirektoratet følgjer opp tilsynsaktiviteten til Fylkesmannen gjennom embetsstyringa. Oppsummeringa av årsrapportane frå dei atten fylkesmannsembeta for 2012 viser at tilsynsaktiviteten på barnehageområdet totalt sett ikkje er auka i samsvar med den styrkte løyvinga til Fylkesmannens tilsyn i statsbudsjettet. Fylkesmannen har i 2012 ført tilsyn med regelverket på barnehageområdet i 26 pst. av kommunane. Dette tilsvarer 111 tilsyn. Embeta har særleg lagt vekt på å føre tilsyn med korleis kommunane godkjenner og fører tilsyn med barnehagar, og korleis kommunane handterer regelverket om pedagogisk bemanning. I 2012 behandla Fylkesmannen 282 klager etter barnehagelova med forskrifter, noko som er ein auke på 172 klager frå 2011. Av dei 282 klagene gjaldt om lag 90 pst. forskrift om likeverdig behandling. Veksten i talet på klager må sjåast i samanheng med at forskrifta om likeverdig behandling var ny i 2011.

Utdanningsdirektoratet henta i 2012 inn vurderingar frå alle fylkesmannsembeta og gjekk gjennom tilsynsrapportar og tilsynsresultat for å få oversikt over utfordringane ved Fylkesmannens tilsyn på barnehageområdet. Undersøkingane viste at det er behov for ein meir koordinert og samordna metode som i større grad er eigna til å medverke til varig endring hos kommunen som barnehagemyndigheit.

Fylkesmannens tilsyn viser at mange kommunar ikkje gjennomfører oppgåvene sine som barnehagemyndigheit i samsvar med barnehagelova, og at det kan verke som om nokre kommunar ikkje er bevisste på kva som ligg i myndigheitsrolla og viktigheita av å skilje denne rolla frå eigarrolla.

Kommunen som barnehagemyndigheit

Kommunen er både barnehagemyndigheit for alle barnehagar i kommunen og eigar av dei kommunale barnehagane. Ei undersøking gjennomført i 2012 viser at om lag halvparten av kommunane organiserer eigar- og tilsynsrolla under same leiing. 42 pst. oppgir at oppgåver knytte til dei to rollene blir utførte av dei same tilsette. Status og utfordringar for kommunen som barnehagemyndigheit er grundig omtalt i Meld. St. 24 (2012–2013).

Kommunen skal som barnehagemyndigheit føre tilsyn med barnehagane, jf. § 16 i barnehagelova. Formålet er å sikre at alle barnehagar driv ei forsvarleg verksemd i samsvar med lov og forskrifter. Undersøkingar for perioden 2002–12 viser ein relativt stabil tilsynsfrekvens på nasjonalt nivå der om lag halvparten av barnehagane har tilsynsbesøk ein gong årleg. Samstundes viser andre undersøkingar at ein del kommunar sjeldan fører stadleg tilsyn.

Tilstrekkeleg kompetanse hos kommunen som barnehagemyndigheit er ein nøkkelfaktor for å nå dei nasjonale måla på barnehageområdet. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å utvikle og setje i gang eit vidareutdanningstilbod med eit omfang på 15 studiepoeng på masternivå for barnehagemyndigheita. Tilbodet starta opp hausten 2013 ved Høgskolen i Telemark og Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehageutdanning i Trondheim (DMMH).

Økonomiske rammevilkår for ikkje-kommunale barnehagar

Ei undersøking utført av Senter for økonomisk forskning (SØF) i 2012 viser at nesten to av tre kommunar meiner overgangen til rammefinansiering og ny forskrift om likeverdig behandling har medført overgangsproblem. Ifølgje fleirtalet av kommunane som har svart, er problemet at forskrifta er vanskeleg å tolke, og at presiseringar og nye tolkingar har vore krevjande å handtere. Kunnskapsepartementet og Utdanningsdirektoratet har i 2012 og 2013 vore i dialog med Private Barnehagers Landsforbund (PBL) og KS om rammevilkåra for dei ikkje-kommunale barnehagane. Departementet gav i 2012 støtte til eit prosjekt i regi av KS og PBL om utvikling av ein rettleiar for utrekning av kommunalt tilskott til ikkje-kommunale barnehagar. Rettleiaren vart ferdig hausten 2012. Utdanningsdirektoratet har i 2013 revidert rundskrivet om forskrift om likeverdig behandling, noko som vil kunne medverke til at det blir enklare for kommunane å utmåle tilskott i tråd med krava i forskrifta.

Lovendringar med utfyllande forskrifter om bruk av offentlege tilskott og foreldrebetaling i ikkje-kommunale barnehagar tredde i kraft 1. januar 2013. Bakgrunnen var eit ønske frå regjeringa om å sikre at midlane blir nytta i samsvar med formålet, og at dei kjem barna til gode. Samstundes fører departementet vidare eit avgrensa høve for barnehagane til å ta ut verdiar gjennom eit rimeleg årsresultat.

Kostnadsanalysar har vist at personalkostnader per årsverk til ordinær drift er høgre i kommunale enn i ikkje-kommunale barnehagar. For 2011 var kostnadene 18 pst. høgre. Ein stor del av forskjellen skyldast høgre pensjonskostnader.

Endringar i barnehagelova

Departementet la i april 2013 fram Prop. 120 L (2012–2013) Endringer i barnehageloven (politiattest m.m.) for Stortinget. I forslaget til lovvedtak foreslo departementet å endre reglane i barnehagelova om politiattest og rapportering av tenestedata frå kommunale barnehageeigarar. Lovforslaget inneber at føresegna i barnehagelova om politiattest blir harmonisert med overordna reglar om barneomsorgsattest i politiregisterlova. Stortinget vedtok lovendringane i juni 2013, og endringane i barnehagelova tredde i kraft 1. august 2013. Endringane medfører mellom anna at politiattestar som blir kravde inn med heimel i barnehagelova, nå vil innehalde omtale av fleire straffbare tilhøve enn tidlegare.

Strategiar og tiltak

Kunnskap om barnehagen

Regjeringa foreslår i Meld. St. 24 (2012–2013) å styrkje barnehageforskinga ytterlegare, satse meir på forsking om styring av sektoren, få fram fleire intervensjonsstudiar og styrkje formidlinga av forskingsresultat til sektoren.

Forsking om og for barnehagar er nødvendig som grunnlag for politikkutforming og forvaltning, og for å utvikle praksisfeltet og barnehagelærarutdanninga. Strategien Kunnskap for kvalitet (2008–2013) blir følgd opp med ein ny strategi for utdanningsforsking for perioden 2014–19. Strategien er eit viktig styringsverktøy for Kunnskapsdepartementet når det gjeld forsking om og for eigen sektor. Forskingsprogramma Praksisrettet utdanningsforskning 2010–2014 (PRAKUT) og Utdanning2020 skal slåast saman, jf. omtale under programkategori 07.50 Vakesnopplæring m.m., og kap. 11.

Høgskolen i Oslo og Akershus er leiar av prosjektet Better provision for Norway’s children in ECEC (Early Childhood Education and Care): A study of children’s wellbeing and development in ECEC, and new tool for Quality Evaluation . Arbeidet skjer i samarbeid med norske og internasjonale fagmiljø, og skal vere ferdig i 2018. Prosjektet skal kartleggje samanhengen mellom struktur og organisering, pedagogiske prosessar, trivsel, utvikling og læring. Prosjektet skal også utvikle eit forskingsbasert verktøy som barnehagane kan bruke for å arbeide systematisk med vurdering og utvikling av sin eigen prosesskvalitet.

For nærmare omtale av barnehageforsking, sjå kap. 231 postane 21 og 51.

Fylkesmannens tilsyn

Utdanningsdirektoratet vil følgje opp tilsynsaktiviteten til Fylkesmannen gjennom embetsstyringa, og stiller hausten 2013 ferdig ei handbok i felles tilsynsmetode for Fylkesmannens tilsyn i barnehagesektoren og opplæringssektoren. I tillegg er det laga ein plan med meir langsiktige mål og tiltak for å sikre eit forsvarleg, einsarta og treffsikkert tilsyn med høg legitimitet. Felles metode skal leggje til rette for at tilsyna i barnehagesektoren og opplæringssektoren inneber ressurseffektive undersøkingar av tilstanden i kommunane og effektiv korrigering av eventuell lovstridig praksis, samt at tilsyna skjer i samsvar med forvaltningsrettslege krav. Ein felles metode skal òg sikre likebehandling på landsbasis. Det er dessutan ei viktig målsetjing at tilsyna skal ha læringseffekt for kommunen.

Utdanningsdirektoratet vil i perioden 2013–14 hente inn kunnskap om sektoren og gjere risikovurderingar med sikte på å etablere sentrale tilsynssatsingar for dei tilsyna embeta fører med barnehagesektoren. Sentralt initierte tilsyn skal bidra til likebehandling, forenkle tilsynsverksemda til embeta og sikre at den samla tilsynsaktiviteten i større grad svarer til risiko i sektoren. Sentralt initierte tilsyn skal supplere dei tilsyna Fylkesmannen sjølv initierer på bakgrunn av lokale risikovurderingar.

System for å følgje med på utvikling av kvaliteten

Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å utvikle eit system for å følgje med på utviklinga av kvaliteten i barnehagesektoren og medverke til betre kvalitet, jf. både St.meld. nr. 41 (2008–2009) Kvalitet i barnehagen og Meld St. 24 (2012–2013). Oppdraget har delfristar i 2014 og 2015 og endeleg frist i 2017.

Forsvarleg system

I Meld. St. 24 (2012–2013) gir departementet ei vurdering av behovet for å innføre eit krav i barnehagelova om internkontroll for lokal barnehagemyndigheit, altså eit forsvarleg system som sikrar at verksemda følgjer krava i lov og forskrift. Regjeringa tek sikte på å foreslå å lovfeste eit slikt krav i barnehagelova. Regjeringa vil for øvrig også ta sikte på å lovfeste eit krav i barnehagelova om at barnehageeigaren skal ha eit forsvarleg system, noko som vil gjelde både kommunale og ikkje-kommunale barnehageeigarar. Alle forslaga vil bli følgde opp i departementets gjennomgang av barnehagelova med forskrifter.

Økonomiske rammevilkår for ikkje-kommunale barnehagar

Regjeringa vil sikre likeverdig kvalitet i alle barnehagar og stabile rammevilkår for ikkje-kommunale barnehagar. Frå 1. august 2013 vart minimumstilskottet til ikkje-kommunale barnehagar auka frå 92 til 96 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentleg finansiering. Departementet foreslår å løyve 169,5 mill. kroner i 2014 for å dekkje heilårseffekten av opptrappinga av minimumstilskottet som vart gjennomført i 2013. Auken i minimumstilskottet legg til rette for å jamne ut forskjellane mellom kommunale og ikkje-kommunale barnehagar når det gjeld talet på barn per vaksen og lønns- og arbeidsvilkår for dei tilsette. Regjeringa tek framleis sikte på å oppnå full likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.

Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å vurdere om det er behov for endringar i forskrift om likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar ved tildeling av offentleg tilskott. Direktoratet vil vurdere om det bør gjerast endringar i forskrifta for å sikre ikkje-kommunale barnehagar meir stabile rammevilkår og gjere det lettare for kommunane å rekne ut korrekte tilskott. Sidan det er ønskjeleg å setje i verk endringar raskt, vil direktoratet allereie hausten 2013 sende ut til høyring framlegg om å endre grunnlaget for utrekning av tilskottet til ikkje-kommunale barnehagar frå budsjett til rekneskap. Departementet tek sikte på at endringa i tilskottsgrunnlaget kan setjast i verk frå 1. januar 2014. Eventuelle andre endringar i forskrifta skal etter planen tre i kraft 1. januar 2015.

Gjennomgang av barnehagelova

Regjeringa foreslo i Meld. St. 24 (2012–2013) ei rekkje tiltak som gjeld lovendringar. Departementet starta den varsla gjennomgangen av barnehagelova sommaren 2013 med sikte på å leggje fram forslag til lovendringar dei kommande åra.

Mål: Alle barnehagar skal vere ein god arena for omsorg og leik, læring og danning

Å medverke til at alle barn får ein god start på livet, er det viktigaste vi kan gjere som samfunn. Grunnlaget for deltaking i sosiale fellesskap, for vennskap og for vidare utvikling, læring og danning blir lagt i tidlege barneår. Barnehagen skal ta på alvor trivselen, behova og utviklinga til alle barn og ruste det einskilde barnet til livslang læring.

For at barnehagen skal vere ein lærande og utviklande arena for alle barn, er det nødvendig at barnehagen har nok tilsette med god kunnskap og kompetanse når det gjeld barndom og utvikling hos barn. Kompetente tilsette er ein føresetnad for å gi alle barn eit godt pedagogisk tilbod, slik at barnehagen blir ein god arena for omsorg, leik, læring og danning. Dette ligg til grunn for satsinga til regjeringa på kompetanseutvikling for alle som arbeider i barnehage. Frå 2005 til 2013 har midlane til kompetanse- og rekrutteringstiltak auka frå 10 mill. kroner til 120 mill. kroner. For ytterlegare omtale av kompetansehevingstiltak, sjå kap. 231 post 21.

Tilstandsvurdering

Kompetansen i personalgruppa

I dei siste åra har det vore ei positiv utvikling i delen tilsette med barne- og barnehagefagleg kompetanse. I 2012 hadde 55 pst. av dei 83 480 tilsette som arbeider med barna, slik kompetanse, mot 44 pst. i 2003, jf. figur 4.12. Dette omfattar både pedagogar med barnehagelærarutdanning eller anna pedagogisk høgre utdanning og tilsette med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Tilsette med barnehagelærarutdanning utgjer 36 pst., og tilsette med anna pedagogisk utdanning utgjer fire pst. Tilsette med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget utgjer 14 pst. Dei andre tilsette, 37 700 personar, har ikkje noka formell utdanning for å arbeide med barn. Tidlegare registerdata frå Statistisk sentralbyrå (SSB) i 2010 har vist at om lag halvparten av dei ufaglærte ikkje har fullført noka utdanning utover grunnskolen.

Figur 4.12 Utvikling av dei tilsettes utdanningsbakgrunn 2003–12, i prosent

Figur 4.12 Utvikling av dei tilsettes utdanningsbakgrunn 2003–12, i prosent

Kjelde: KOSTRA

Trass i at delen barn som går i barnehage, har auka frå 76 pst. i 2005 til 90 pst. i 2012, har talet på barn per barnehagelærar gått ned i denne perioden, frå 10,3 barn per barnehagelærar i 2005 til 9,4 barn per barnehagelærar i 2012.

I 2012 arbeidde 30 388 barnehagelærarar i barnehagane, noko som utgjer 36,4 pst. av alle dei tilsette som arbeider med barn. Denne delen har halde seg stabil på ein tredel i dei seinaste åra trass den store veksten i sektoren. Tal frå SSB viser at barnehagane manglar 4 012 barnehagelærarar med godkjend utdanning. Delen styrarar og pedagogiske leiarar utan godkjend utdanning etter barnehagelova var på 12,5 pst. i 2012. Det er ein reduksjon frå 13,3 pst. i 2011 og 13,7 pst. i 2010.

Det er store forskjellar mellom barnehagane når det gjeld kompetansenivå. SSB-tal frå 2012 viste at i dei ti pst. ordinære barnehagane med høgst kompetansenivå hadde minst 75 pst. av personalet relevant utdanning. I dei ti pst. med lågast kompetansenivå hadde berre inntil 28 pst. relevant utdanning.

I barnehagelova og rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen er det lagt nasjonale føringar for å sikre kvaliteten på barnehagetilbodet. Krava til pedagogisk bemanning (pedagognorma) skal sikre tilstrekkeleg kvalifiserte pedagogar i barnehagen. Nå som den store barnehageutbygginga er over, vil veksten i talet på barn som startar i barnehage, avta. Dette gir rom for ein sterkare auke av tilsette med relevant utdanning og ein raskare reduksjon i delen tilsette utan relevant utdanning enn det vi har sett i dei siste åra.

Delen barnehagelærarar med innvandrarbakgrunn har auka i dei seinare åra, frå 4,9 pst. i 2009 til 6,0 pst. i 2012. Denne utviklinga er positiv.

Tilsette med fagbrev i barne- og ungdomsarbeid utgjer 14 pst. av alle dei tilsette i barnehagen som arbeider med barn. I 2012 var det om lag 11 700 barne- og ungdomsarbeidarar som arbeidde i barnehagen. Dette er meir enn ei dobling frå 2005.

Menn i barnehagen

Frå 2008 til 2012 har delen mannlege barnehagetilsette i basisverksemda auka med 29 pst., frå 4 985 menn i 2008 til 6 429 menn i 2012. Denne auken har ført til at delen menn av dei tilsette i basisverksemda har halde seg stabil til tross for stor utbygging. Basisverksemda omfattar den hovuddelen av personalet som arbeider med heile barnegruppa, som styrarar, pedagogiske leiarar, faglærte og ufaglærte assistentar (ikkje tospråklege assistentar). For stillingar i basisverksemda i 2012 utgjorde mannlege tilsette 8,5 pst. I 2012 hadde 14,8 pst. av barnehagane minst 20 pst. menn tilsette i basisverksemda. For nærmare omtale, sjå del III, kap. 7 Ressursar i barnehagesektoren og kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.

Leiarutdanning

Leiarutdanninga for barnehagestyrarar vart oppretta hausten 2011, og har vist seg å vere svært populær, med meir enn dobbelt så mange søkjarar som det er plass til. Utdanninga blir gitt ved fem utdanningsinstitusjonar, og er eit deltidsstudium over til saman tre semester. 300 styrarar starta opp i haustsemesteret 2011, og av desse tok 263 endeleg eksamen hausten 2012. Eit nytt kull starta opp i vårsemesteret 2013, og desse tek endeleg eksamen våren 2014. Ein samla evalueringsrapport om utdanninga skal leggjast fram hausten 2014. Ein delrapport våren 2013 viser at det er forskjellar mellom dei ulike programma, men at deltakarane er nøgde, og at dei meiner programma gir viktig, interessant og relevant kunnskap som dei ventar skal gjere dei til betre leiarar.

Rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar

God rettleiing er viktig for at nyutdanna barnehagelærarar skal få utvikla kompetansen sin og meistre yrket. God rettleiing kan òg medverke til auka rekruttering og til å halde på dyktige pedagogar i barnehagen. Utdanningsdirektoratet lyser ut midlar til drift og vidareutvikling av igangsette tiltak for rettleiing. Ei kartlegging frå 2012 viste at ordninga traff godt, og at både dei nyutdanna barnehagelærarane, styrarane og eigarane var nøgde. Departementet skal gjennomføre ei ny kartlegging for 2013–14.

Kompetansestrategien 2014–2020

Departementet har gjennom prosjektet GLØD som målsetjing å betre kompetansen blant alle tilsette, auke rekrutteringa til både barnehagelærarutdanninga og barnehagane og bidra til å heve statusen for arbeid i barnehagane. GLØD har ei nasjonal referansegruppe som skal gi råd og innspel i arbeidet. Referansegruppa er sett saman av sentrale aktørar i sektoren: Foreldreutvalet for barnehagar (FUB), Fagforbundet, Utdanningsforbundet, Private Barnehagers Landsforbund (PBL), Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet, Delta, Virke, KS, Norsk Studentorganisasjon, Nasjonalt råd for lærerutdanning (NRLU) og frå hausten 2013 Sametinget.

GLØD har i 2012 innhenta kunnskap om sentrale problemstillingar knytte til kompetanse og rekruttering i barnehagane. Saman med råd og innspel frå sentrale aktørar i sektoren har dette inngått i grunnlaget for utforminga av strategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020, som departementet la fram i august 2013. For nærmare omtale av strategien, sjå nedanfor under Strategiar og tiltak .

Rekruttering

Det er eit mål for regjeringa å auke talet på barnehagelærarar totalt. Rekrutteringskampanjen Verdas finaste stilling ledig skal førebels vare i perioden 2012–14. Målet er å få fleire søkjarar til barnehagelærarutdanninga, og å heve statusen for arbeid i barnehage. Det vart i 2012 etablert regionale nettverk i alle fylke, og desse skal i hovudsak bidra til å styrkje det lokale arbeidet med rekruttering. Nettverka består av sentrale aktørar i sektoren og blir koordinerte av Fylkesmannen.

Tal frå Samordna opptak for 2013 viser at det endelege talet på kvalifiserte søkjarar med barnehagelærarutdanninga som førsteval er 2 312. Det er ein nedgang frå 2012 og om lag same nivå som i 2011. For studieåret 2013–14 er det gitt tilbod om studieplass til 3 257 studentar mot 3 571 i 2012.

Hausten 2012 gjekk 7 716 studentar på barnehagelærarstudiet mot 7 525 i 2011, ein auke på 2,5 pst. Talet på studieplassar har auka i dei siste åra, og det har vore ei positiv utvikling i talet på kandidatar som blir uteksaminerte frå barnehagelærarutdanninga, frå om lag 1 200 kandidatar i 2006 til 1 800 i 2012.

Fråfallet frå yrket har dessverre vore stort, statistikk frå 2010 viser at berre om lag halvparten, eller 52 pst., av alle utdanna barnehagelærarar i Noreg under pensjonsalder jobbar i barnehage. Det er likevel ei betring frå 2000, då berre 44 pst. jobba i barnehage. Ei intervju-undersøking i 2012 med eit utval av dei som ikkje lenger arbeider i barnehagen, viser at dei etterlyser betre lønn og karrieremoglegheiter, og i tillegg gode kår for å praktisere faget, mellom anna nok ressursar og godt fagmiljø. Det har vore ei positiv utvikling i overgangen frå utdanninga til arbeid i barnehage. I 2007 jobba 81 pst. av barnehagelærarane i barnehage to år etter eksamen mot 56 pst. i 1998.

Regjeringa ønskjer å auke delen menn som arbeider i barnehage, herunder delen mannlege barnehagelærarar. I 2012 var 13,6 pst. av studentane på barnehageutdanninga menn mot 13,2 pst. i 2011. Delen mannlege søkjarar som har barnehagelærarutdanning som førsteval, har gått opp frå 16,6 pst. i 2012 til 17,2 pst. i 2013.

Regjeringa ønskjer å auke delen barnehagelærarar med innvandrarbakgrunn. I 2012 hadde 7,4 pst. av studentane på barnehagelærarutdanninga innvandrarbakgrunn mot 7,3 pst. i 2011.

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) er eit rekrutteringstiltak der både faglærte og ufaglærte assistentar får tilbod om å ta utdanninga på deltid mens dei arbeider i barnehagen. Studiet medverkar til rekruttering av studentar som ikkje ville valgt ei utdanning på heiltid. ABLU har eit tett samarbeid mellom utdanningsinstitusjon og praksisfelt, og barnehagen inngår som ein viktig læringsarena. ABLU medverkar òg til kompetanseutvikling for heile personalgruppa og styrkjer barnehagen som lærande organisasjon gjennom auka merksemd om faglege problemstillingar.

Barnehagelærarutdanninga

Den tidlegare førskolelærarutdanninga blir frå og med studieåret 2013–14 erstatta av ei ny barnehagelærarutdanning over heile landet. I samband med ny forskrift og ny rammeplan for denne utdanninga er yrkestittelen endra frå førskolelærar til barnehagelærar . Målet med den nye utdanninga er å få til ei meir heilskapleg utdanning som gjer studentane betre rusta til å utføre arbeidsoppgåvene og møte utfordringane i barnehagen i dag, jf. evalueringa frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) i 2010. Utdanninga skal vere basert på forsking, ha ei styrkt profesjonsinnretning og eit forpliktande samspel mellom utdanningsinstitusjon og praksisfelt. Strukturen i utdanninga er endra frå ei fagbasert utdanning til seks tverrfaglege kunnskapsområde, noko som ligg tettare opp til den tilnærminga barnehagane har til det pedagogiske arbeidet. Alle kunnskapsområda skal integrere pedagogisk, fagleg og didaktisk kunnskap som er tilpassa fagområda i rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen.

Høgskulen i Sogn og Fjordane har i studieåret 2012–13 prøvd ut den nye utdanninga gjennom eit pilotprosjekt. Erfaringane er positive, og viser at den nye utdanninga ser ut til både å styrkje samarbeid og tverrfagleg tilnærming internt på høgskolen og å gi eit tettare samarbeid mellom høgskolen og praksisfeltet. Praksisbarnehagane ser ut til å bli meir delaktige i utdanninga av studentane. Det første kullet med studentar frå den nye utdanninga blir uteksaminert våren 2016. Ei følgjegruppe med mandat fram til sommaren 2017 skal støtte utdanningsinstitusjonane i prosessen med omlegging til den nye barnehagelærarutdanninga.

SINTEF gjennomfører på oppdrag frå departementet ei nasjonal undersøking av studiekvaliteten i lærarutdanningane, inkludert den tidlegare førskolelærarutdanninga som er under avvikling, og uttestinga av ny barnehagelærarutdanning. Rapporten kjem i desember 2013, og vil gi eit viktig utgangspunkt for vidare undersøkingar av studiekvalitet i den nye barnehagelærarutdanninga og verdifulle innspel i arbeidet med å auke studiekvaliteten i alle lærarutdanningene.

Andre kompetansetiltak

Løyvinga til kompetanseheving auka med 20 mill. kroner i 2013. Desse midlane vart nytta til kompetansetiltak for assistentar, mellom anna til å gi ufaglærte assistentar grunnleggjande kompetanse for arbeid i barnehage (såkalla barnehagefagleg grunnpakke), til å leggje til rette for at fleire assistentar tek fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget og til fleire plassar til kompetansehevingsstudium med 15 vekttal for assistentar. Høgskolen i Oslo og Akershus og Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått midlar til to prosjekt som skal medverke til å utvikle barnehagen som lærande organisasjon med særskild vekt på å auke kompetansen for både ufaglærte og faglærte assistentar.

Fagskoleutdanning er korte, yrkesretta utdanningar som byggjer på videregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Omfanget tilsvarer minimum eit halvt år og maksimalt to studieår. Det finst i dag få fagskoletilbod i oppvekstfag som er relevante for arbeid i barnehage. Departementet har i 2012 gitt støtte til Nasjonalt utvalg for fagskoleutdanning i helse- og oppvekstfag (NUFHO) for å få utvikla ein nasjonal plan for fagskolar innanfor oppvekstfag som tek utgangspunkt i kompetansebehovet til barne- og ungdomsarbeidarar for arbeid i barnehage og skole. Planen var ferdig våren 2013, og har ei fordjuping i temaet med særskilde behov.

Departementet har i oppfølginga av Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd: Samspill i praksis innført ei prøveordning for å gjere det mogleg for fleire grupper å ta fagskoleutdanning. Departementet har innlemma fagskolar i oppvekstfag i prøveordninga, noko som inneber at søkjarar kan bli tekne opp til utdanninga på bakgrunn av generell studiekompetanse. For nærmare omtale av prøveordninga, sjå kap. 276 Fagskoleutdanning.

Pilotprosjektet om barnehagen som læringsmiljø og danningsarena starta i seks fylke hausten 2011 og vart avslutta i 2013. Under koordinering av fylkesmennene og med støtte frå fagfolk ved universitet/høgskolar i regionen skulle barnehagane utvikle praksisen sin slik at verdiane i formålsparagrafen kan bli omsette i kvardagserfaringar for barna.

Kompetansesatsinga Vennskap og deltakelse – en styrking av arbeidet med implementering av nytt formål i barnehagene starta i 2012 og er ført vidare i 2013. Satsinga skal styrkje kompetansen hos personalet til å omsetje formålsparagrafen til praktisk arbeid i barnehagen, medverke til å utvikle barnehagen vidare som ein lærande organisasjon og styrkje barnehagen som pedagogisk verksemd. Dei tre prioriterte områda for satsinga i 2013 er Psykososialt miljø i barnehagen, Rett til medverknad for barn og Språk.

Samisk barnehagetilbod

Sametinget la i 2012 fram ei melding om samisk barnehagetilbod, og peiker mellom anna på at lokal tilpassing av språktilbod er viktig. Meldinga vart vedteken i Sametingets plenum i februar 2013. Det er store variasjonar i den samiske språkkompetansen hos samiske barn, og det er ei utfordring å leggje til rette for god språkstimulering. Sametinget ønskjer å leggje til rette for tidleg språkstimulering i barnehagen og å bidra til formell kompetanse i samisk språk hos dei tilsette.

Rapporten Samisk språkundersøkelse 2012 viser at i kommunar utanfor det samiske forvaltningsområdet er det gjennom barnehagen at elevar blir rekrutterte til opplæring både i og på samisk.

Handlingsplan for samiske språk har språkmiljø og språkstimulering som eitt av fire prioriterte område, og understrekar at samiske barn må få støtte til å bevare språket sitt. Det er eit godt etablert samarbeid mellom dei fem nordlegaste fylkesmannsembeta og Sametinget (RegioNor). Saman arbeider dei med å utforme regionale og lokale tiltak, mellom anna språkmotiveringsseminar og rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar.

Samarbeid med barnevernet

Barnehagen skal ha eit godt samarbeid med barnevernet slik at barn som treng hjelp, får det. Det er kommunen som har ansvaret for å leggje til rette for eit godt tverrfagleg samarbeid. Dei tilsette i barnehagen har opplysningsplikt til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar.

Kunnskapsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har i 2009 utarbeidd rettleiaren Til barnets beste – samarbeid mellom barnehagen og barneverntjenesten for dette samarbeidet. Ei undersøking frå Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) i 2012 viser at 22 pst. av barnehagane har hatt situasjonar der barnehagen har hatt behov for å bruke rettleiaren.

Tal frå SSB viser ein auke i saker som er melde av barnehagane for barn i alderen eitt til fem år. I 2007 melde barnehagane frå i 500 av 6 100 iverksette undersøkingssaker for barn i alderen eitt til fem år, altså åtte pst. For 2012 melde barnehagane frå i 1 300 av 9 450 slike saker, altså 14 pst. Dette kan tyde på at barnehagane i dei siste åra har fått betre kompetanse når det gjeld å vurdere kva for barn som bør få hjelp av barnevernstenesta.

Ulykker i barnehagen

For første gong har vi fått ei kartlegging som gir kunnskap om omfanget av skadar på barnehagebarn. På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet har Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning i 2012–13 gjennomført undersøkinga Kartlegging av hendelser og ulykker som medfører skade på barn i barnehage . Svarprosenten er etter måten låg, men forskarane meiner at resultata lar seg generalisere. Funna viser at kvart tiande barn skader seg ein gong årleg i barnehagen. 98 pst. av desse skadane er små skadar som personalet enkelt kan handtere, eller som berre krev enkel førstehjelp frå lege eller tannlege utan nærmare oppfølging. Gutar er meir utsette for mindre alvorlege skadar enn jenter, men både gutar og jenter er like utsette for dei alvorlege skadane. Det er ingen forskjell mellom aldersgruppene 0–3 år og 3–6 år når det gjeld talet på skadar. 98 pst. av styrarane meiner at sikkerheita i barnehagen er teken i vare i stor grad.

Beredskapsarbeid i barnehagesektoren

Norske barnehagar skal vere ein trygg plass å opphalde seg på for både barn og tilsette. Kommunen har plikt til å bruke risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) som grunnlag for arbeidet med samfunnssikkerheit og beredskap, og skal ha ein beredskapsplan for handtering av uønskte hendingar som kan ramme befolkninga i kommunen.

Strategiar og tiltak

Regjeringa vil arbeide for å oppfylle den pedagognorma vi har i dag, jf. Meld. St. 24 (2012–2013). Departementet vil derfor prioritere tiltak som medverkar både til å rekruttere nye barnehagelærarar og til å gjere det meir attraktivt å bli verande i yrket.

Kompetansen hos dei tilsette i barnehagen er avgjerande for kvaliteten på tilbodet til barna. Fagleg kunnskap hos personalet er ein føresetnad for eit godt og motiverande fagmiljø i barnehagen. Å utvikle eit godt fagmiljø er ein nøkkel til å auke statusen for arbeid i barnehage og sikre at fleire barnehagelærarar ikkje søkjer seg vekk frå barnehagen.

Kompetansestrategien for perioden 2014–2020

Departementet vil føre vidare og styrkje arbeidet med kompetanseheving, og la i august 2013 fram den heilskapelege kompetansestrategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020. Strategien omfattar både styrarar, pedagogar, barne- og ungdomsarbeidarar og ufaglærte assistentar. Strategien inneheld eit system for kompetanseutvikling som synleggjer ulike kompetansehevingstiltak for dei ulike gruppene tilsette. Strategien skal både medverke til å rekruttere barnehagelærarar og andre kvalifiserte yrkesgrupper til barnehagen, og til å heve kompetansen til dei som arbeider i barnehagen. Innanfor systemet fører departementet vidare tiltak som leiarutdanninga for styrarar, rettleiing av nytilsette, nyutdanna barnehagelærarar, pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen, tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk, arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) og kompetansehevingsstudium for assistentar. I tillegg inneheld systemet tiltak som skal sikre at fleire tilsette utan relevant kompetanse får eit minimum av barnehagefagleg kompetanse, og at fleire tek fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Nokre av tiltaka er individbaserte, medan dei barnehagebaserte tiltaka rettar seg mot heile personalet som gruppe.

Kompetansestrategien har fått ein lang tidshorisont. Meininga er å gjere det lettare for barnehageeigarar å leggje langsiktige planar for korleis og når kompetansetiltak skal gjennomførast, og samstundes synleggjere moglege kompetansetiltak og karrierevegar overfor tilsette i barnehagen. Dette vil kunne skape motivasjon hos den enkelte til å auke sin eigen faglege kunnskap.

Departementet foreslår å auke løyvinga til kompetansetiltak med 40 mill. kroner i 2014. Midlane skal gå til oppfølginga av den nye kompetansestrategien, herunder arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU), leiarutdanning for styrarar, fagskoletilbod i oppvekstfag, barnehagebaserte kompetanseutviklingstiltak og barnehagefagleg grunnpakke, jf. omtale nedanfor. Midlane må sjåast i samanheng med andre tiltak i kompetansestrategien.

ABLU er eit tilbod til assistentar som ønskjer å utdanne seg til barnehagelærar mens dei er i jobb. Erfaringar viser at desse oftast blir verande i barnehagen etter endt studium. Tilbodet har hatt fleire søkjarar enn tilgjengelege plassar, og departementet har som mål å auke talet på midlertidige studieplassar med 200 plassar i 2014. Det er ein føresetnad for auken at universitets- og høgskolesektoren har kapasitet til dette.

Leiarutdanninga for styrarar har òg hatt fleire søkjarar enn tilgjengelege plassar. Deltakarane rapporterer at dei opplever at studiet er relevant. Departementet ønskjer å føre tiltaket vidare. Innretninga av studiet og moglegheita for å auke talet på studieplassar skal vurderast. Det er ein føresetnad for auken at universitets- og høgskolesektoren har kapasitet til dette.

Det finst nesten ingen fagskoletilbod for barne- og ungdomsarbeidarar eller med relevans for arbeid i barnehagen. Ei kartlegging av kva sektoren treng å kunne meir om, viser at interessa for eit fagskoletilbod i oppvekstfag er stor. Departementet foreslår å løyve midlar til etablering i 2014 av eit fagskoletilbod som er relevant for arbeid i barnehagen.

Barnehagebaserte kompetanseutviklingstiltak er tiltak som involverer heile personalet, og som finn stad i den einskilde barnehagen. Tiltaka blir utvikla lokalt, gjerne i samarbeid med andre barnehagar, kommunen eller relevante kompetansemiljø, og skal ha ei klar forankring hos barnehageeigar, styrar og pedagogisk leiar. Tiltaka skal medverke til ein utviklingsprosess på eigen arbeidsplass, og gjennom å lyfte heile personalgruppa på tvers av kompetansenivå medverke til å styrkje barnehagen som fagmiljø. Departementet ønskjer å styrkje dette arbeidet gjennom å auke dei tilgjengelege midlane til barnehagebaserte kompetanseutviklingstiltak.

Barnehagefagleg grunnpakke er tiltak retta mot ufaglærte assistentar for at dei skal få kompetanseheving innanfor område som er avgjerande for at barnehagen skal kunne oppfylle sitt samfunnsmandat og medverke til tidleg innsats. Tiltaket vil bli ført vidare i 2014 og styrkt slik at fleire ufaglærte assistentar kan få kompetanseheving.

Rekruttering

Mangelen på pedagogar krev vidare satsing på rekruttering av personale med barnehagelærarutdanning. Rekrutteringskampanjen Verdas finaste stilling ledig, som er retta mot unge utdanningssøkjarar, skal førast vidare i 2014. Hovudmålet med kampanjen er å auke rekrutteringa til barnehagelærarutdanninga og å heve statusen for arbeidet i barnehagen. Det er etablert regionale nettverk med sentrale aktørar frå sektoren i alle fylke, og desse nettverka skal bidra i arbeidet med å støtte opp under det regionale rekrutteringsarbeidet.

Revidering av rammeplanen

Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen er forskrift til banehagelova og utdjupar denne. Dagens rammeplan vart fastsett i 2005. Etter innføringa av ny formålsparagraf i 2010 gjorde departementet følgjeendringar i rammeplanen, og desse tredde i kraft i 2011. Departementet varsla samtidig ei meir omfattande revidering. Revideringa har vore utsett i påvente av mellom anna utredningane til Brenna-utvalet, Barnehagelovutvalet og Ekspertutvalet for språkkartlegging samt Meld. St. 24 (2012–2013).

I oppfølginga av Meld. St. 24 (2012–2013) har regjeringa sett ned ei rammeplangruppe som har fått i oppdrag å komme med forslag til revidert rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for den praktiske oppfølginga av dette arbeidet, som skal vere ferdig hausten 2014. Det er ein føresetnad for revideringa av rammeplanen at barnehagen skal halde på særpreget sitt som ei pedagogisk verksemd der omsorg, leik, læring og danning blir sette i samanheng.

Samisk barnehagetilbod

Kunnskapsdepartementet vil følgje opp Handlingsplan for samiske språk . Utdanningsdirektoratet skal mellom anna leggje til rette for kompetanseutvikling med vekt på språk, utvikling av pedagogisk materiell og informasjons- og erfaringsspreiing av gode språkutviklingstiltak.

Det samiske barnehagetilbodet er omtalt i Meld. St. 24 (2012–2013). Regjeringa vil føre vidare kampanjen for rekruttering til barnehagelærarutdanninga, herunder rekruttering av personar med samiskspråkleg bakgrunn. Regjeringa vil vidare medverke til samisk språkutvikling i barnehagen og utvikling av pedagogisk materiell, herunder omsetjingar til dei samiske språka, og saman med Sametinget medverke til at kommunar og barnehageeigarar har god kunnskap om barnehagetilbod for samiske barn.

Likestilling

Regjeringas handlingsplan Likestilling 2014 – regjeringens handlingsplan for likestilling mellom kjønnene omfattar tiltak for både rekruttering av fleire menn til barnehagen og fremming av likestilling mellom gutar og jenter. I handlingsplanen fører regjeringa mellom anna vidare målet om å auke delen mannlege tilsette i barnehagane til 20 pst. Likestillingssenteret har ansvaret for å gjennomføre tiltak for å heve kompetansen i praktisk likestillingsarbeid i barnehagen. For nærmare omtale av likestilling, sjå del III, kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.

Samarbeid med barnevernet

Regjeringa legg vekt på at samarbeidet mellom barnehagen og barnevernstenesta skal vere til beste for barna.

Regjeringa foreslår i Meld. St. 24 (2012–2013) å samle og systematisere kunnskap om førebyggjande innsatsar for å oppdage og hjelpe utsette barn i alderen null til seks år med vekt på å styrkje tilknyting og samspel mellom barn og foreldre. I dette arbeidet skal Kunnskapsdepartementet samarbeide med Barne-, likestillings- og integreringsdepartementet. Vidare foreslår regjeringa å bidra til å sikre, utvikle og styrkje eit best mogleg samarbeid med instansar som er viktige for barnehagen. Departementet følgjer opp desse forslaga.

Kunnskapsepartementet har levert innspel til og følgjer opp forslag i Justisdepartementets handlingsplan Et liv uten vold. Handlingsplan mot vold i nære relasjoner 2014–2017 og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementets strategi Barndommen kommer ikke i reprise. Strategi for å bekjempe vold og seksuelle overgrep mot barn og ungdom (2014–2017) . Strategiane legg mellom anna vekt på den viktige rolla barnehagepersonalet har når det gjeld å oppdage barn som treng hjelp.

Ulykker

Barnehageeigaren skal drive verksemda i samsvar med dei pliktene som følgjer av gjeldande regelverk. I Meld. St. 24 (2012–2013) foreslår regjeringa å lovfeste eit krav i barnehagelova om at både barnehagemyndigheit og barnehageeigar skal ha eit forsvarleg system for å sikre at krav i regelverket blir følgde opp. Desse krava gjeld rutinar, førebygging og beredskap ved ulykker.

Undersøkinga Kartlegging av hendelser og ulykker som medfører skade på barn i barnehage vart gjennomført av Dronning Mauds Minne Høgskole hausten 2012 og viser at det skjer få alvorlege ulykker i barnehagane. På bakgrunn av resultata frå undersøkinga og innspel frå Utdannningsdirektoratet vil departementet vurdere moglegheitene for ei fast kartlegging og registrering av alvorlege ulykker i barnehagane.

Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Regjeringa har som mål at det skal leggjast til rette for sunne måltid og fysisk aktivitet i barnehagar og skolar, jf. Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei. Kvalitet for mangfold i fellesskolen og Meld. St. 34 (2012–2013) Folkehelsemeldingen . I meldingane tek regjeringa sikte på å opprette eit nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet i barnehagar og skolar for å medverke til auka trivsel og auka konsentrasjon og for å styrkje læringsevna. For nærmare omtale av senteret, sjå kap. 226 post 50.

Mål: Alle barn skal få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap

Barnehagen skal inkludere alle, uavhengig av bakgrunn og funksjonsnivå, og har eit særleg ansvar for å sikre god og tidleg hjelp til barn som har behov for særskild oppfølging. Regjeringa er oppteken av at barnehagetilbodet blir lagt til rette slik at alle barn får eit godt omsorgs- og læringsmiljø som fremmer trivsel, livsglede, meistring og kjensle av eigenverd. Barnehagen er ein viktig arena for å arbeide med førebyggjande tiltak for helse, sosial inkludering og livslang læring.

Tilstandsvurdering

Meld. St. 24 (2012–2013) inneheld både omtale og vurderingar av forhold som gjeld det fysiske og psykososiale miljøet i barnehagen, spesialpedagogisk hjelp, rolla til den kommunale pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta), tilbodet til barn med særskilde behov og tverretatleg samarbeid. Undersøkingar av fysisk og psykososialt miljø viser at dette er sentrale faktorar for trivsel blant barna, men barnehagelova inneheld ingen klare føresegner som rettar seg direkte mot dette. Retten til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder ligg framleis i § 5-7 i opplæringslova.

Barnehagelova har ingen pålegg om at PP-tenesta har ansvaret for å rettleie barnehagane, sjølv om slik rettleiing blir gitt i mange kommunar. I Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap ble det foreslått å innføre ein regel i barnehagelova som presiserer at barnehagane og skolane skal delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i individuell plan. Spørsmålet om korleis samarbeidet mellom ulike etatar, som barnehage, helsestasjon og barnevern, kan bli betre, er òg omtalt i Meld. St. 34 (2012–2013) Folkehelsemeldingen. God helse – felles ansvar og Prop. 106 L (2012–2013) Endringer i barnevernloven .

Det psykososiale miljøet i barnehagen

Foreldreundersøkingar har i fleire år vist at foreldre er svært nøgde med barnehagetilbodet. Seinast våren 2013 viser ei innbyggjarundersøking frå Difi at barnehage kjem på andreplass med 84 pst. skåre på kor tilfredse brukarane er. Når barna sjølve blir spurde om kor godt dei trivst i barnehagen, er skåren dårlegare, og ei undersøking viser at 40 pst. av barna svarer «sånn passe». Ti pst. likar ikkje så godt å vere i barnehagen. Fleire andre undersøkingar viser at om lag 20 pst. av femåringane ikkje har venner i barnehagen som dei leiker med dagleg, om lag 20 pst. av barna seier at dei berre har nokre få venner i barnehagen, og om lag halvparten seier at dei har vorte lei seg på grunn av erting i barnehagen. Åtte pst. av barna har vanskar knytte til sjølvtillit og det å kunne hevde seg i ei barnegruppe. Funna viser at det er viktig at personalet er observant overfor barn som ikkje så lett klarar å komme med i leiken, og at arbeidet med sosial kompetanse og inkludering må halde fram. Kompetansesatsinga Vennskap og deltakelse – en styrking av arbeidet med implementering av nytt formål i barnehagene kan gi gode erfaringar i dette arbeidet.

Dei tilsette i barnehagen skal støtte barnas sosiale utvikling og arbeide for å skape eit psykososialt miljø som førebyggjer mobbing og krenkingar. Ved å bidra til gode relasjonar mellom barn og hjelp til barn som til dømes blir ekskluderte frå leiken, kan personalet førebyggje eller snu ei negativ utvikling. Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) publiserte i 2012 brosjyren Mobbing i barnehagen med råd til både foreldre og tilsette. Utdanningsdirektoratet publiserte i 2013 rettleiaren Barn sin trivsel – vaksne sitt ansvar. Førebyggjande arbeid mot mobbing startar i barnehagen . I rettleiaren blir det mellom anna lagt vekt på ansvaret til barnehageeigar og barnehagestyrar for å setje det psykososiale miljøet på dagsordenen, sørgje for at personalet arbeider systematisk og langsiktig, og at personalet jamleg vurderer sitt eige arbeid.

Barn med særskilde behov

I 2012 hadde litt under 15 000 barn i barnehage nedsett funksjonsevne eller særskilde behov, noko som tilsvarer 5,2 pst. av alle barn i barnehage. Det vart gitt ekstra ressursar til nesten 8 400 barn, det vil seie 2,9 pst. av alle barn i barnehage.

Delen barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7 i opplæringslova, har lege på om lag same nivå i dei siste åra, frå om lag to pst. i 2007 til 2,3 pst. i 2012. Til samanlikning hadde 4,3 pst. av elevane på 1. trinn i grunnskolen enkeltvedtak om spesialundervisning hausten 2012. Den spesialpedagogiske hjelpa i barnehagen er ofte knytt til utfordringar med språkutvikling og åtferdsvanskar.

Det fysiske miljøet i barnehagen skal vere tilrettelagt slik at alle barn får gode moglegheiter til å delta aktivt i leik og andre aktivitetar. I 2002 rapporterte 75 pst. av styrarane at barnehagen var tilrettelagd på denne måten. I 2012 var delen stigen til 92 pst., noko som er svært positivt.

Språkstimulering og støtte til språkutvikling

Meld. St. 24 (2012–2013) inneheld omtale og vurdering av det arbeidet barnehagen gjer når det gjeld språkstimulering og støtte til språkutviklinga hos barna. Språkarbeidet skal omfatte både majoritetsspråklege og minoritetsspråklege barn. Det kan vere stor variasjon i dei språklege ferdigheitene hos barnehagebarn. Ei undersøking av fireåringar med norsk som morsmål viste at dei barna som hadde høgast skåre, hadde eit ordforråd som var opptil tre gonger så stort som dei som hadde lågast skåre. Kjønn og sosial bakgrunn har betydning for dei språklege ferdigheitene. For å kunne stimulere alle barn er det viktig at barnehagen arbeider bevisst med dette. Departementet er svært nøgd med at undersøkingar viser at barnehagane arbeider aktivt med språk.

Utdanningsdirektoratet publiserte våren 2013 rettleiaren Språk i barnehagen – mykje meir enn berre prat . Rettleiaren omhandlar språkstimulering, språktileigning og dokumentasjon og vurdering av språk, og gir mellom anna gode eksempel på korleis alle tilsette i barnehagen kan bruke språket i ulike kvardagssituasjonar saman med barna.

Minoritetsspråklege barn i barnehage

Barnehagen er ein viktig arena for integrering og språkutvikling for minoritetsspråklege barn i førskolealderen, og regjeringa har som mål å auke deltakinga for særleg dei yngre minoritetsspråklege barna. Delen minoritetsspråklege barn i barnehage har auka mykje i dei seinare åra. I 2012 gjekk 75 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen eitt til fem år i barnehage, mot 54 pst. i 2005. For alle barn i aldersgruppa var dekningsgraden 90 pst. i 2012. For nærmare statistikk, sjå kap. 7 Ressursar i barnehagesektoren.

Departementet gir eit øyremerkt tilskott til kommunane til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63.

Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk. Mangfold og fellesskap omtaler heile utdanningsfeltet, mellom anna barnehageområdet. I meldinga legg regjeringa til grunn nokre prinsipp for det vidare arbeidet for å sikre eit godt utdanningsløp for alle barn, unge og vaksne, jf. omtale under progamkategori 07.20. Meldinga blir følgt opp mellom anna gjennom handlingsplanen Vi trenger innvandrernes kompetanse. Handlingsplan 2013–2016.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet starta i 2006 eit forsøk med gratis kjernetid i barnehage i nokre utvalde område med høg del barn med innvandrarbakgrunn for å auke barnehagedeltakinga i desse områda, jf. Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk. Mangfold og fellesskap og Prop. 1 S (2013–2014) for Barne-, likestillings- og integreringsdepartementet. Formålet med forsøket er å førebu barna på skolestart gjennom å betre norskkunnskapane deira og medverke til sosialiseringa generelt. Ei målsetjing er å sikre ei målretta oppfølging av dei føresette med innvandrarbakgrunn, slik at dei kan medverke til at barna kan følgje ordinær undervisning på skolen. Forsøket har også til formål å auke forståinga hos foreldra for at norsk språk er viktig, og for deltaking i sosiale aktivitetar. Vidare skal tiltaket medverke til å sikre at barnehagepersonalet har god kompetanse i fleirkulturell pedagogikk og språkstimulering.

Kunnskapsdepartementet er med på å finansiere ei treårig ekstern evaluering av forsøket med gratis kjernetid. Første delrapport kom i november 2012 og viser til dømes at av barn med minoritetsspråkleg bakgrunn i dei fem Oslo-bydelane som tilbyr gratis kjernetid, er det ein høgre del som går i barnehage enn i andre bydelar. Andre delrapport vil liggje føre i november 2013, og endeleg sluttrapport vil vere klar i november 2014.

Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) har i perioden 2010–12 drive kompetansetiltak for tospråklege assistentar i barnehagen i samarbeid med høgskolane i Oslo og Akershus, Telemark og DMMH i Trondheim. Tiltaket blir drive etter KOMPASS-modellen, som er ein modell for kompetanseheving for assistentar utvikla av Høgskolen i Oslo og Akershus. Tiltaket har vore fullfinansiert av Kunnskapsdepartementet som ei oppfølging av NOU 2010: 7 Mangfold og mestring . I studieåret 2011–12 deltok 96 assistentar fordelte på to klasser i Oslo, ei i Telemark og ei i Trondheim. 53 av deltakarane tok eksamen, som gir 15 studiepoeng. Deltakarane er både vanleg tilsette assistentar med minoritetsspråkleg bakgrunn, og assistentar finansierte gjennom den statlege tilskottsordninga. Ein samlerapport frå august 2012 viser at deltakarane meiner at dei har hatt stort utbytte av tiltaket, dei er vortne tryggare og meir bevisste på korleis dei kan utføre arbeidet sitt i barnehagen, og dei er vortne betre til å reflektere over si eiga yrkesrolle og praksisen sin i barnehagen. Kursmodellen involverer arbeidsplassen, så tiltaket medverkar til å auke kompetansen i dei respektive barnehagane om fleirspråkleg og fleirkulturelt arbeid. Høgskolane rapporterer at dei har fått auka kunnskap om og innsikt i kompetansebehovet i barnehagane når det gjeld fleirspråkleg og fleirkulturelt arbeid. I tillegg har tiltaket medverka til å rekruttere nokre av deltakarane til å søkje barnehagelærarutdanninga.

NAFO og Høgskolen i Oslo og Akershus gjennomførte i perioden 2011–12 pilotprosjektet Tospråklig assistanse i barnehagen (TOSPASS). Målet var å vise korleis tospråkleg assistanse kan medverke til både å styrkje den norskspråklege utviklinga hos barna og språkmiljøet i barnehagen. Prosjektet omfatta fem barnehagar i kommunane Skien, Porsgrunn, Askim og Oslo, og ei oppsummering av erfaringane viser både fordelar og utfordringar. Personalgruppa vart meir bevisst på korleis samarbeid om tospråklegheit kan skje, og dei tospråklege assistentane medverka til at barna utvikla både morsmåls- og norskferdigheiter. Merksemda på norsk språk var tydeleg, men assistentane brukte i stor grad morsmålet til å forklare og hjelpe barna vidare i den norske konteksten slik at barna kunne bruke norsk i dialog med andre. Viktige føresetnader for eit godt resultat ser ut til å vere god planlegging og leiing frå kommunen og barnehagen si side, tydelege ansvarstilhøve, klar rolleforståing og nok tid og ressursar til å etablere gode rutinar for samarbeid og evaluering.

Utdanningsdirektoratet har i 2012 på oppdrag frå departementet utarbeidd ein strategi for informasjons- og rettleiingsarbeid på minoritetsfeltet. Strategien omfattar både barnehage- og opplæringssektoren. Direktoratet følgjer opp tiltaka i strategien i 2013 og vidare.

I Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk foreslo regjeringa eit kompetanselyft på det fleirkulturelle området i heile utdanningssektoren i femårsperioden 2013–17. For nærmare omtale, sjå kap. 226 post 21.

Opne barnehagar

Opne barnehagar har eksistert sidan 1988 og er eit lågterskeltilbod som kommunane kan tilby familiar som av ulike årsaker ikkje bruker det ordinære barnehagetilbodet. Opne barnehagar gjer det mogleg for små barn å få treffe andre barn og samstundes få eit minimum av pedagogisk tilbod av ein barnehagelærar. Opne barnehagar kan såleis vere ein viktig arena for rekruttering av barn til ordinær barnehage. Tal frå SSB for 2012 viser at 5 316 barn nytta tilbodet i 199 opne barnehagar. Tilsvarande tal for 2011 var 5 730 barn og 219 opne barnehagar. Tilbodet har hatt ein klar nedgang frå 2005, da det var registrert 278 opne barnehagar med plass til nær 7 900 barn. Reduksjonen har skjedd parallelt med utbygginga av ordinære barnehagar.

Strategiar og tiltak

Det psykososiale miljøet i barnehagen

I Meld. St. 24 (2012–2013) foreslår regjeringa mellom anna å greie ut moglegheitene for ei ny regulering av det fysiske og psykososiale miljøet i barnehagen. I samband med dette er det viktig å ha eit samarbeid med relevante partar for å sikre ei størst mogleg harmonisering av regelverket. Dette vil inngå i gjennomgangen av barnehagelova med forskrifter som departementet starta sommaren 2013.

Ei stabil og kompetent personalgruppe er viktig for å sikre eit godt psykososialt miljø i barnehagen, og ei rekkje tiltak som gjeld dette, er omtalte under målet Alle barnehagar skal vere ein god arena for omsorg og leik, læring og danning . Kompetansestrategien for perioden 2014–20 har barn med særskilde behov som eitt av fire temaområde. Strategien skal medverke til at dei tilsette i barnehagen får betre kompetanse når det gjeld inkludering, samarbeid med andre instansar, mangfald og tidleg innsats. Arbeidet med dette temaområdet omfattar både spesialpedagogiske og allmennpedagogiske tiltak.

Åtferd med karakter av mobbing kan skje i barnehagen, og personalet skal stanse dette. Utvikling av eit godt miljø er viktig for å førebyggje negativ åtferd. Til hjelp i dette arbeidet har direktoratet utarbeidd rettleiaren Barn sin trivsel – vaksne sitt ansvar. Førebyggjande arbeid mot mobbing startar i barnehagen .

Barn med særskilde behov

Både i Meld. St. 18 (2010–2011) Læring og fellesskap. Tidlig innsats og gode læringsmiljøer for barn, unge og vaksne med særlige behov og i Meld. St. 24 (2012–2013) foreslår regjeringa å flytte føresegna om rett til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder frå opplæringslova til barnehagelova utan at retten blir svekt. Flyttinga vil kunne medverke til å styrkje samarbeidet mellom barnehagane og PP-tenesta. Regjeringa foreslår vidare i meldinga å greie ut reguleringa av det fysiske og psykososiale miljøet i barnehagen, lovfeste at PP-tenesta har eit ansvar for å rettleie barnehagane, og vurdere å innføre reglar om samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i individuell plan. Alt dette vil departementet følgje opp i det vidare lovarbeidet.

I Innst. 380 S (2012–2013) har fleirtalet i familie- og kulturkomiteen fleire innspel når det gjeld spesialpedagogisk hjelp til barn i barnehagealderen. Komiteen meiner at det må leggjast stor vekt på synet til foreldra ved utforming av tilbod om spesialpedagogisk hjelp, og at den sakkyndige vurderinga til PP-tenesta framleis må skje ut frå behova til barnet, noko som i dag er gjeldande rett, og ikke sjåast i relasjon til barnehagens miljø, kompetansesamansetjing og moglegheit for tilretteleggjing. Ein del kommunar reduserer eller avslår spesialpedagogisk hjelp i enkeltsaker med den begrunninga at barnehagen kan gi hjelp innanfor det ordinære barnehagetilbodet. Komiteen meiner at Fylkesmannen må følgje opp dette i klagehandsaminga si og gjennom rettleiing i regelverket overfor kommunane. Organiseringa i den enkelte kommune og kommunal finansieringsordning må ikkje få negativ innverknad på barns rett til spesialpedagogisk hjelp.

Komiteen meiner vidare at det er viktig at PP-tenesta ber om bistand frå Statped i vurderinga når PP-tenesta ikkje har tilstrekkeleg kompetanse. Barn har rett til spesialpedagogisk hjelp uansett om dei går i barnehage eller ikkje. Regjeringa vil følgje utviklinga og vurdere oppfølging i samband med gjennomgangen av barnehagelova.

Komiteen peiker på at statistikken om barn med særskilde behov ikkje er tilpassa endringane etter innlemminga i kommuneramma av det tidlegare øyremerkte tilskottet til barn med nedsett funksjonsevne. Departementet vil derfor vurdere om det er mogleg å utvikle statistikken på dette området slik at ein kan følgje med på om barn med særskilde behov får eit godt tilrettelagt barnehagetilbod.

Komiteen meiner at dersom eit barn med vedtak om rett til spesialpedagogisk hjelp i ein kommune flytter til ein annan kommune, bør barnet ha rett til spesialpedagogisk hjelp etter vedtaket frå fråflyttingskommunen så lenge det ikkje er fatta nytt vedtak i tilflyttingskommunen. Desse spørsmåla skal drøftast nærmare i det kommande lovarbeidet.

Språkstimulering og støtte til språkutvikling

Meld. St. 24 (2012–2013) inneheld fleire tiltak som gjeld arbeidet med språk og språkmiljø i barnehagen. Regjeringa vil innføre ei plikt for barnehagane til å tilby språkkartlegging til barn som ein vurderer at har eit særskilt behov for språkinnsats. Regjeringa vil òg initiere pedagogisk utviklingsarbeid og forsking i vurdering av språk og språkmiljø og i fagområdet kommunikasjon, språk og tekst i rammeplanen.

I oppfølginga av Meld. St. 24 (2012–2013) har Utdanningsdirektoratet fått i oppdrag å utvikle, prøve ut og evaluere eit refleksjonsverktøy for dokumentasjon og vurdering av arbeidet i den einskilde barnehagen med språket til barna og språkmiljøet i barnehagen. Evalueringsrapporten skal vere ferdig innan 1. juli 2014.

Minoritetsspråklege barn i barnehage

Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) fører i studieåret 2013–14 vidare kompetansetiltaket KOMPASS for tospråklege assistentar i samarbeid med tre høgskolar (Høgskolen i Telemark, Høgskolen i Østfold og DMMH i Trondheim). Dette er ein del av oppfølginga av NOU 2010: 7 Mangfold og mestring.

I statsbudsjettet for 2013 vart det løyvt 30 mill. kroner til eit kompetanselyft på det fleirkulturelle området for heile utdanningssektoren. Delar av løyvinga gjeld barnehagesektoren. Departementet vil føre vidare denne satsinga i 2014, jf. omtale under kap. 226 post 21. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for gjennomføringa på barnehageområdet, og har mellom anna gitt NAFO i oppdrag for studieåret 2013–14 å starte eit kompetansetiltak for barnehagemyndigheita i seks fylke for å auke kunnskapen om fleirspråklegheit og fleirkulturell pedagogikk. Dette skjer i samarbeid med høgskolane i Telemark, Østfold og Oslo og Akershus. Til saman deltek 30 kommunar og sju bydelar.

Opne barnehagar

Eit tiltak i Meld. St. 24 (2012–2013) er at regjeringa vil gjennomføre ei undersøking om opne barnehagar som omfattar omfang, opningstider, type tilbod, kompetanse hos personalet og kva brukarane meiner om tilbodet. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å gjennomføre undersøkinga, og rapporten skal vere ferdig hausten 2014.

Mål: Prisen skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å ha barn i barnehage

Tilstandsvurdering

Maksimalprisen for foreldrebetalinga er frå 2005 redusert frå 2 750 kroner per månad til 2 330 kroner i 2013. Dette er ein reell reduksjon på om lag 35 pst. eller 1 260 kroner (2013-kroner) per månad. Figur 4.13 viser utviklinga i foreldrebetalinga for ein heiltidsplass frå 2003 til 2013.

Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar slår fast at alle kommunar skal ha ordningar som kan tilby dei barnefamiliane som har dårlegast moglegheit til å betale, ein reduksjon i eller fritak for foreldrebetaling. Undersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) om foreldrebetaling frå januar 2013 viser at 23 pst. av kommunane har inntektsgraderte satsar. Andre kommunar tilbyr friplassar eller andre rabattordningar utanfor det ordinære systemet for betaling til barnehagen. Alle kommunane tilbyr syskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn i barnehage.

Figur 4.13 Utvikling i foreldrebetalinga 2003–13

Figur 4.13 Utvikling i foreldrebetalinga 2003–13

Kjelde: Kunnskapsdepartementet

Strategiar og tiltak

Regjeringa foreslår at maksimalprisen i 2014 blir fastsett til 2 360 kroner per månad, noko som er ein reell reduksjon på 45 kroner per månad. Regjeringa innfrir dermed målet i Soria Moria-erklæringa om ei maksimalgrense for foreldrebetalinga på 1 750 kroner (2005-kroner).

Foreldrebetalinga for eit ordinært heiltidstilbod vil i 2014 maksimalt utgjere 2 360 kroner per månad og 25 960 kroner per år. Inkludert heilårseffekten av nominell vidareføring av maksimalprisen i statsbudsjettet for 2013, foreslår departementet ei samla løyving på om lag 245 mill. kroner til lågare pris i barnehagen.

I Meld. St. 24 (2012–2013) vurderar departementet at ordningane som skal gi foreldre med lågast betalingsevne lågare utgifter til barnehageplass, er tilfredsstillande. Kommunane skal få rettleiing i regelverket om foreldrebetalinga.

Kap. 231 Barnehagar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

21

Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 51

134 600

166 148

210 513

50

Tilskott til samiske barnehagetilbod

14 179

14 647

15 160

51

Forsking , kan nyttast under post 21

7 750

8 006

8 286

60

Driftstilskott til barnehagar , overslagsløyving

406

61

Investeringstilskott , overslagsløyving

48 346

10 000

63

Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder

122 005

126 015

130 173

64

Tilskott til mellombelse lokale , overslagsløyving

14 560

6 500

Sum kap. 0231

341 846

331 316

364 132

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 51

Midlane blir nytta til forsking, utviklingsarbeid, kartleggingar, utgreiingar, kompetansetiltak, rekrutteringstiltak, informasjons- og erfaringsspreiing i barnehagesektoren og utviklingsbehov som oppstår gjennom året. Delar av løyvinga dekkjer utgifter til lønn og administrasjon i departementet knytte til drift av prosjektet GLØD. Ein mindre del av løyvinga kan bli nytta til tilskott til etablering av fagskoletilbod som er relevant for arbeid i barnehage.

Mål for 2014

Målet med løyvinga i 2014 er å medverke til å auke kvaliteten i barnehagane og styrkje kunnskapsgrunnlaget med utspring i Meld. St. 24 (2012–2013) Framtidens barnehage og den nye kompetansestrategien som tek til å gjelde frå 2014.

Rapport for 2012

I 2012 vart det totalt nytta om lag 132 mill. kroner til kvalitetstiltak over kap. 231. Av dette vart 120 mill. kroner nytta til kompetanseutvikling, rekrutteringstiltak og forsking over post 21 og 12 mill. kroner til kvalitetsfremmande tiltak over postane 51 og 63. I tillegg vart det løyvt 3,6 mill. kroner over kap. 226 post 21.

Om lag 18 mill. kroner vart nytta til forsking og kunnskapsinnhenting. 5 mill. kroner av desse midlane vart tildelte forskingsprogrammet Utdanning2020.

Av dei nasjonale midlane til kompetanseutvikling på post 21 vart 43 mill. kroner nytta til lokale kompetanse- og utviklingstiltak for dei tilsette i barnehagane. Om lag 12 mill. kroner vart nytta til kompetanseheving for assistentar og om lag 8 mill. kroner til studieplassar i arbeidsplassbasert førskolelærarutdanning (ABF). 2,6 mill. kroner vart nytta til vidareutdanning i barnehagepedagogikk, og over kap. 226 vart det nytta 3,6 mill. kroner til vidareutdanning i pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen. Det vart nytta 3 mill. kroner til stimuleringstiltak i regi av lærarutdanningane for å auke tilbodet om rettleiing for nytilsette nyutdanna barnehagelærarar. Ei kartlegging utført av TNS Gallup i 2012 viser at nær 72 pst. av barnehagane med nytilsette barnehagelærarar har innført ei rettleiingsordning.

Det vart i 2012 nytta om lag 4,4 mill. kroner til barnehagetiltak i regjeringas handlingsplan Likestilling 2014 . Tiltaka har omfatta drift av likestillingsteam i alle fylke, konferansar og seminar, og kompetanseheving i praktisk likestillingsarbeid for dei tilsette i barnehagane.

Leiarutdanning for styrarar er eit prosjekt som vart oppretta hausten 2011. Det første kullet gjekk ut hausten 2012, og 300 nye studentar vart tekne opp i 2012, og byrja studiet i januar 2013. I 2012 vart til saman 12 mill. kroner brukte til leiarutdanninga.

I 2012 vart om lag 15 mill. kroner nytta til rekrutteringskampanjen Verdas finaste stilling ledig . Kampanjen omfatta i 2012 mellom anna reklamefilm på TV og kino, interaktiv film på nettet, ei eiga nettside, Facebook-side, PR-arbeid og deltaking på studiemesser rundt omkring i landet. Rekrutteringskampanjen medverka til at talet på kvalifiserte søkjarar som hadde førskolelærarutdanning som førsteval, auka med 18 pst. frå 2011 til 2012. Det vart òg tildelt 2 mill. kroner til fylkesmennene for å etablere regionale nettverk knytte til prosjektet GLØD og arbeidet med rekrutteringskampanjen lokalt. Til lønn og administrasjon i departementet knytte til drift av prosjektet GLØD i 2012 vart det nytta om lag 0,8 mill. kroner.

Budsjettforslag for 2014

Regjeringa vil styrkje arbeidet med kompetanseheving og rekruttering i barnehagesektoren. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 38,6 mill. kroner i 2014. Midlane skal gå til oppfølginga av den nye kompetansestrategien, herunder arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU), leiarutdanning for styrarar, fagskoletilbod i oppvekstfag, barnehagebaserte kompetanseutviklingstiltak og barnehagefagleg grunnpakke for ufaglærte assistentar.

Post 50 Tilskott til samiske barnehagetilbod

Sametinget forvaltar tilskott til samiske barnehagar, barnehagar med samiske avdelingar, barnehagar med tilbod om samisk språkopplæring og prosjekt og utviklingsarbeid i barnehagar. Sametinget og Kunnskapsdepartementet har faste samarbeidsmøte på administrativt nivå, i tillegg til konsultasjonar etter behov og nærmare avtale.

Mål for 2014

Formålet med tilskotta er å leggje til rette for at samiske barn skal få utvikle samisk språk og kultur i barnehagen.

Rapport for 2012

I 2012 mottok Sametinget om lag 14,6 mill. kroner i tilskott til samiske barnehagetilbod. Statistikk frå Sametinget viser at det i 2012 var totalt 827 barn som gjekk i barnehagar med eit samisk tilbod. Av desse gjekk 560 barn i samiske barnehagar, 102 barn i barnehagar med samisk avdeling og 165 barn i barnehagar med samisk språkopplæringstilbod. Av dei 827 barna hadde 749 barn nordsamisk bakgrunn, 49 barn lulesamisk bakgrunn og 29 barn sørsamisk bakgrunn.

I 2012 var det registrert 23 samiske barnehagar mot 25 barnehagar i 2011, sju barnehagar med samisk avdeling mot åtte i 2011 og 33 barnehagar med samisk språkopplæringstilbod mot 28 i 2011. Dei sistnemnde barnehagane ligg i sju fylke; Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Rogaland og Akershus.

Sametinget har tildelt midlar til utviklingsarbeid, mellom anna til seks prosjekt, herunder eit prosjekt om utvikling av leiker og pedagogisk materiell som kan styrkje samiske språkferdigheiter.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 51 Forsking, kan nyttast under post 21

Midlane blir nytta til forsking om og for barnehagar. Løyvinga på posten må sjåast i samanheng med løyvinga til kompetanseutvikling på post 21. Løyvinga blir forvalta av Noregs forskingsråd gjennom ulike forskingsprogram.

Mål for 2014

Målet er å få eit betre kunnskapsgrunnlag for praksis, forvaltning og barnehagepolitikk. Tilskottet skal medverke til å styrkje forskinga om og for barnehagar.

Rapport for 2012

Noregs forskingsråd finansierer to forskingsprogram på utdanningsområdet: Praksisretta utdanningsforsking PRAKUT (2010–2014), som er ei vidareføring av PraksisFoU (2007–2010), og Forskning om utdanning fram mot 2020 – Utdanning2020 (2009–2018).

I 2012 nytta departementet om lag 10 mill. kroner til PRAKUT, der 7,5 mill. kroner vart løyvde over post 51. PRAKUT er nærmare omtalt under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m. Eitt av fire forskingsområde i PRAKUT er læring i barnehagar, der omsorg, leik og læring samt leiing er sentrale komponentar.

Utdanning2020 er eit tiårig forskingsprogram for utdanningssektoren frå barnehage til doktorgradsutdanning, jf. nærmare omtale under programkategori 07.50. Over kap. 231 post 21 vart det i 2012 løyvt 9 mill. kroner til Utdanning2020.

Oversikt over resultat frå dei 13 barnehageprosjekta i programmet PraksisFoU vart lagd fram i rapporten Funn i praksis – ny kunnskap om barnehage frå Forskingsrådet i 2012. Rapporten presenterer resultata frå dei 13 barnehageprosjekta i programmet, og viser korleis forsking kan vere med å utvikle profesjonsutøving og praksis. Rapporten gir òg oversikt over publikasjonar frå dei ulike forskingsprosjekta.

Noregs forskingsråd nemnde i 2012 opp eit nordisk forskarpanel som fekk i oppdrag å evaluere utdanningsforskingsprogramma PraksisFoU og Utdanning2020. Rapporten låg føre våren 2013. Hausten 2013 vil utdanningsforskingsprogramma bli slegne saman til eitt program, jf. omtale av elvalueringa under programkategori 07.50, og kap. 11.

Departementet legg hausten 2013 fram ein ny strategi for utdanningsforsking, og den vidare satsinga på barnehageforsking vil bli omtalt der, sjå kap. 11 Strategi for utdanningsforsking.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 60 Driftstilskott til barnehagar, overslagsløyving

Ordinært driftstilskott til barnehagar

Målet med tilskottet har vore å medverke til å nå måla om full barnehagedekning, lågare foreldrebetaling og god kvalitet i barnehagane. Tilskottet vart innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. januar 2011.

Rapport for 2012

Ein mindre del av løyvinga på kap. 231 post 60 vart halden utanfor innlemminga i rammetilskottet til kommunane i 2011 for å ta høgd for at nokre utbetalingar av driftstilskott for 2010 først ville bli gjennomførte i 2011 og 2012. Det vart i 2012 utbetalt om lag 406 000 kroner i driftstilskott til barnehagar.

Post 61 Investeringstilskott, overslagsløyving

Rapport for 2012

Investeringstilskottet for nye barnehageplassar vart avvikla frå 1. januar 2012, men det vart løyvt midlar på posten i 2012 for å ta høgd for eit etterslep av uhandsama søknader om investeringstilskott knytte til etableringa av barnehageplassar i 2011. Det vart i 2012 utbetalt om lag 48 mill. kroner i investeringstilskott til nye barnehageplassar.

Budsjettforslag for 2014

Søknadsfristen for å få investeringstilskott til plassar oppretta i 2011 var innan utgangen av 2012. Det er derfor ikkje behov for å løyve midlar på posten i 2014.

Post 63 Tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealder

Tilskottet skal medverke til at kommunane kan utforme tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen både i og utanfor barnehagen, og skal samstundes motivere kommunane til å rekruttere fleire minoritetsspråklege barn til barnehagen. Tilskottet går mellom anna til å finansiere tospråklege assistentar i barnehagen og kompetanseutvikling for dei tilsette innanfor fleirkulturell praksis og tospråkleg utvikling hos barna. Tilskottet blir delt ut til kommunane ut frå talet på minoritetsspråklege barn som går i barnehage.

Mål for 2014

Målet er at minoritetsspråklege barn i førskolealderen skal få betre språkforståing.

Rapport for 2012

Totalt vart om lag 122 mill. kroner nytta over posten i 2012. Av desse vart 118 mill. kroner fordelte til kommunane. Det var om lag 34 400 minoritetsspråklege barn i barnehage i 2012. Dette er ein auke på 3 800 barn, nesten 13 pst., frå 2011. Auken har vore særleg sterk blant eitt- og toåringane. I det siste året har det vore 1 600 fleire minoritetsspråklege barn på eitt og to år, ein vekst på nesten 19 pst. Av dei minoritetsspråklege barna var det om lag 12 400 barn som fekk tilbod om særskild språkstimulering. Dette er ein auke på 1 600 barn frå 2011. Delen minoritetsspråklege barn som fekk tilbod om særskild språkstimulering, auka frå 35,2 pst. i 2011 til 36,1 pst. i 2012.

3 mill. kroner vart nytta til vidareføring av satsingar frå 2011 for å styrkje fleirkulturell praksis og fleirspråkleg utvikling i barnehagen. I tillegg vart Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) tildelt 1 mill. kroner til vidareutvikling av nettressursen morsmål.no.

Budsjettforslag for 2014

Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2013.

Post 64 Tilskott til mellombelse lokale, overslagsløyving

Rapport for 2012

Tilskottet til mellombelse lokale vart avvikla frå 1. januar 2012, men det vart løyvt midlar på posten i 2012 for å ta høgd for eit etterslep av uhandsama søknader om tilskott til mellombelse lokale knytte til etableringa av barnehageplassar i 2011. Det vart i 2012 utbetalt om lag 15 mill. kroner i tilskott til mellombelse lokale.

Budsjettforslag for 2014

Søknadsfristen for å få tilskott til mellombelse lokale til plassar oppretta i 2011 var innan utgangen av 2012. Det er derfor ikkje behov for å løyve midlar på posten i 2014.