Kunnskapsdepartementet (KD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

2410

Statens lånekasse for utdanning

30 777 477

31 403 552

32 999 101

5,1

Sum kategori 07.80

30 777 477

31 403 552

32 999 101

5,1

Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

5310

Statens lånekasse for utdanning

12 768 100

11 099 458

13 622 640

22,7

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

3 494 766

3 377 934

3 866 755

14,5

Sum kategori 07.80

16 262 866

14 477 392

17 489 395

20,8

Innleiing

Utdanningsstøtteordningane skal gi alle lik moglegheit til utdanning og medverke til at behovet for kompetanse i samfunnet blir dekt. Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen) administrerer utdanningsstøtteordningane, som er heimla i lov av 3. juni 2005 nr. 37 om utdanningsstøtte. Støtteordningane blir regulerte i forskriftene om tildeling og tilbakebetaling av utdanningsstøtte.

Utdanning og kompetanse er viktig for at kvar einskild skal utvikle identitet, evne til å tenkje kritisk og kunne ta del i demokratiske prosessar. Utdanningsstøtta legg såleis til rette for nyskaping og eit kunnskapsbasert samfunn, der den einskilde kan nytte evnene sine og medverke til å skape verdiar. Gode støtteordningar er eit sentralt verkemiddel for sosial utjamning i rekrutteringa til høgre utdanning, og for å støtte opp om mål om livslang læring. Støtteordningane bidrar òg til rekruttering til forsking. Utdanningsstøtta er eit sentralt verkemiddel for å nå viktige mål for regjeringa, som til dømes å sikre utdanna personale i dei yrka Noreg er avhengig av for å utvikle velferdsstaten vidare. Utdanningsstøtta gjer det òg mogleg for enkeltmenneske å nytte retten til vidaregåande opplæring og ta høgre og anna utdanning.

Utdanningsstøtta legg til rette for eit samfunn med høgt kunnskapsnivå og internasjonal orientering. Utdanning og kompetanse er stadig viktigare for at arbeidsmarknaden skal fungere godt. Kunnskapsdepartementet ønskjer at utdanningsstøtteordningane skal medverke til at utdanningssektoren raskt kan fange opp endringar i etterspurnaden etter arbeidskraft og utdanning.

Utdanningsstøtta skal leggje til rette for at elevar og studentar kan arbeide effektivt og med gode resultat. I tillegg til generelle støtteordningar som dekkjer behova til majoriteten av støttemottakarane, må utdanningsfinansieringa også vere målretta mot grupper og personar med særskilde behov.

Mål: Utdanningsstøtteordningane medverkar til at alle kan ta utdanning uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsevne og økonomiske og sosiale forhold

Tilstandsvurdering

Fleirtalet av studentar og elevar nyttar støtteordningane gjennom Lånekassen. I undervisningsåret 2012–13 var det om lag 491 300 elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og studentar i høgre utdanning i Noreg (inkludert norske studentar i utlandet). Om lag 392 600 personar mottok stipend og/eller lån til utdanning. Av desse var 177 600 i vidaregåande opplæring dei har rett til etter opplæringslova, og 176 700 var i høgre utdanning. 38 300 var i anna utdanning, som til dømes fagskole.

Fleirtalet av støttemottakarane i høgre utdanning er i aldersgruppa 20–24 år, men i overkant av 1 100 personar var over 50 år i 2012–13. Kvinnene er i fleirtal blant støttemottakarane, og delen kvinner aukar med stigande alder. Det er òg eit fleirtal av kvinner blant studentane i høgre utdanning generelt. Elevar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring (ungdomsrett) har rett til utstyrsstipend. I 2012–13 nytta 94,1 pst. av dei som har rett til det, denne ordninga.

Endringar over tid i samansetjinga av gruppa studentar og elevar gjer at dei ulike innretningane av støtteordninga må bli vurderte frå tid til anna. Dei behova ulike grupper har for økonomisk støtte og tryggleik, bør komme til uttrykk i støtteordninga på ein tenleg måte. I all hovudsak er ordninga for studentar ei universell velferdsordning som skal medverke til at alle har eit likt grunnlag for livsopphald under utdanninga.

For at dei skal ha ei reell moglegheit til fritt å velje utdanning, kan einskilde grupper ha behov for meir tilrettelegging i utdanningsstøtteordninga. Dette gjeld mellom anna søkjarar med redusert funksjonsevne, studentar som er sjuke over lang tid, og studentar med barn. Derfor har det i dei seinaste åra vore ein klar profil på dei tiltaka departementet har foreslått for Stortinget når det gjeld utdanningsstøtteordninga.

Studentar som ikkje har moglegheit til å arbeide ved sida av utdanninga på grunn av nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming, kan få utvida støtteperioden til tolv månader. I tillegg kan dei få eit ekstra månadleg stipend. Om lag 1 430 personar har fått slik støtte sidan ordninga vart introdusert i 2011. Vidare kan studentar med nedsett funksjonsevne som er forseinka ut over eitt år på grunn av manglande tilrettelegging i studiesituasjonen, få tildelt basisstøtta som stipend. Dette stipendet har vore nytta av ti personar sidan 2011. Desse tiltaka skal medverke til at fleire personar med redusert funksjonsevne får høve til å ta høgre utdanning, og hindre at dei får større gjeld etter fullført utdanning.

Når det gjeld arbeid med forbetringar for einskilde grupper, må ein òg sjå situasjonen i samanheng med dekninga frå andre velferdsordningar som skal sikre sosial utjamning, som ytingar frå folketrygda eller ytingar frå fylkeskommunen eller kommunen.

I 2012 og 2013 har Kunnskapsdepartementet fått ei betre oversikt over korleis støtteordningane blir brukte. Departementet har fått undersøkt kva for vilkår, mellom anna økonomiske, studentane i høgre utdanning lever under. Sjå omtale av levekårsundersøkinga frå Statistisk sentralbyrå (SSB) under programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning. Levekårsundersøkinga viser at støtteordningane blir mykje brukte: Heile ni av ti studentar i høgre utdanning mottek utdanningsstøtte frå Lånekassen. Delen som utdanningsstøtta utgjer av den disponible inntekta til studentane, har likevel gått ned sidan 2005, som er førre gangen levekåra til studentane vart analyserte. 60 pst. av studentane jobbar ved sida av studia. Om ein tek med feriane, har ni av ti studentar hatt yrkesinntekt i løpet av 2010. Desse inntektene utgjorde meir enn halvparten av totalbeløpet studentane hadde til disposisjon. Over halvparten av studentane har motteke økonomisk støtte frå familien til dekning av utgifter siste år.

Bustadutgiftene til studentane har auka med 16 pst. nominelt frå 2005 til 2010. I den same perioden har regjeringa prioritert å løyve pengar til å byggje fleire rimelege studentbustader. Utdanningsstøtta har vorte auka med ei årleg prisjustering for å halde oppe kjøpekrafta.

Kunnskapsdepartementet har vidare fått undersøkt i kor stor grad utvalde delar av utdanningsstøtteordningane, både for vidaregåande opplæring og for høgre utdanning med meir, verkar i tråd med formålet med ordningane. Proba samfunnsanalyse leverte ein rapport vinteren 2013 som analyserer grunnstipendet og bustipendet i støtteordninga for den vidaregåande opplæringa, ordninga med omgjering av lån til stipend (konvertering) for studentar og innretninga av hovudreglane for rentefritak og betalingsutsetjing for tilbakebetalarar. For grunnstipendet, som skal vere eit supplement til økonomien for familiar med særleg svak økonomi, fann Proba at dei som mottek det behovsprøvde grunnstipendet, i snitt kjem frå hushald med lågt inntektsnivå. Dei fann vidare at det er ein positiv samanheng mellom det å få grunnstipend og å fullføre vidaregåande opplæring innan tre år, kontrollert for andre samanhengar. Ifølgje Proba har derimot bustipendet (som ikkje er behovsprøvd mot foreldreinntekt) inga slik dokumentert effekt. Proba peikte på at innretninga av grunnstipendet bør ta meir omsyn til talet på personar som eleven lever i lag med.

Konverteringsordninga, som vart innført som ein del av Kvalitetsreforma, har til formål å bidra til auka studieprogresjon for studentane. Analysen konkluderer med at Kvalitetsreforma samla sett har bidratt til auka studieprogresjon, men at det ikkje er mogleg å skilje mellom verknaden av konverteringsordninga og verknaden av andre element i reforma. Proba fann òg at studentar som kommer frå høgre sosioøkonomiske grupper, nyttar utdanningsstøtteordninga meir enn studentar frå lågare sosioøkonomiske grupper. Dei meiner likevel at Kvalitetsreforma har redusert denne forskjellen.

Ordningane med rentefritak og betalingsutsetjing blir nytta av dei som har dårleg råd og svak evne til betaling, noko som er i tråd med formålet. Analysen viser òg at det er eit potensial for at ordningane kan nå fram til fleire. Det finst truleg personar som kvalifiserer til slike betalingslettar, men som ikkje søkjer.

Dei som får utdanningslånet sitt overført til Statens innkrevjingssentral (SI) på grunn av at dei lèt vere å betale i minst tre år, har i snitt ein svært svak økonomi.

Departementet vurderer rapporten slik at dei fleste ordningane treff dei gruppene dei er meinte å treffe, mens det for enkelte ordningar er potensial for forbetringar for å bli meir målretta.

Både Levekårsundersøkinga blant studentar og rapporten frå Proba samfunnsanalyse har gitt eit betre kunnskapsgrunnlag for å kunne vurdere generelle og meir spesielle forbetringstiltak.

Mål: Utdanningsstøtteordningane medverkar til internasjonalisering av utdanning og forsking

Tilstandsvurdering

For å nå dei måla om auka internasjonalisering som er nedfelte mellom anna i St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning, er det ein føresetnad at det er tilstrekkeleg mange som har økonomisk moglegheit til å ta utdanning utanfor Noreg. Utdanningsstøtteordningane gjennom Lånekassen er eit sentralt verkemiddel for å få til dette. I internasjonal målestokk har Noreg svært gode økonomiske ordningar for studentar som vel å ta utdanning i utlandet. Det er likevel grunn til å arbeide vidare med å redusere dei barrierane som finst for å velje utdanning i utlandet, særleg i ikkje-engelskspråklege land.

Det har aldri tidlegare vore så mange norske studentar i utlandet som i undervisningsåret 2011–12. Da valde heile 23 442 studentar å ta enten heile eller delar av graden sin i utlandet. Medan det på midten av 2000-talet var ein liten nedgang i talet på studentar i høgre utdanning i utlandet, har det vore ein stabil vekst i talet i dei siste åra. Det har særleg vore ein auke i talet på gradsstudentar i denne perioden, men talet på delstudentar har òg auka noko. I 2011–12 var det 15 328 søkjarar som fekk støtte til ein heil grad i utlandet, medan 8 114 fekk støtte til å ta ein del av graden i utlandet. Tilsvarande tal frå 1. august 2013 viser at 16 260 gradsstudentar og 8 116 delstudentar fekk støtte frå Lånekassen i 2012–13.

Talet på studentar i utlandet har endra seg i takt med talet på støttemottakarar totalt i Lånekassen. Dette tyder på at generelle endringar i talet på studentar blir reflekterte i dei søkjartala som gjeld støtte til utdanning i utlandet. Det er ein relativt stabil del av støttemottakarane som mottek støtte til høgre utdanning i utlandet. I undervisningsåret 2011–12 var det 13,2 pst. av støttemottakarar totalt som mottok støtte til høgre utdanning i utlandet, medan den tilsvarande delen var 13,8 pst. i undervisningsåret 2012–13.

Ein trygg økonomisk basis er viktig for å velje utdanning i utlandet, men utdanningsstøtteordninga vil aldri kunne vere det einaste verkemiddelet for å få nokon til å velje utdanning i utlandet framfor utdanning i Noreg. Ein må sjå dei økonomiske støtteordningane i samanheng med mellom anna styrkt satsing på informasjon og meir praktisk hjelp til å søkje seg til utdanning i utlandet.

Når det gjeld internasjonalisering av grunnopplæringa, er hovudmålsetjinga å auke talet på elevgrupper som får høve til å ta eit skoleår ved ein utanlandsk vidaregåande skole, i samarbeid med ein norsk vidaregåande skole. I 2013 er kvalitetssikringa vorte styrkt når det gjeld korte studieopphald i utlandet gjennom godkjende utvekslingsorganisasjonar og godkjende samarbeidsprogram mellom norsk vidaregåande skole og utanlandsk skole. Departementet fastsette 8. juli 2013 ei eiga forskrift for godkjenning av utdanningsstøtte til desse studieopphalda. Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) fekk 1. august 2013 oppdraget med å forvalte godkjenningsordninga for støtte. Det vil framleis vere Lånekassen som utbetaler støtta til den enkelte eleven.

Støtteordninga for studentar frå utviklingsland, land på Vest-Balkan, i Aust-Europa og i Sentral-Asia (kvoteordninga) bidrar til internasjonalisering av utdanning og forsking både i mottakarlanda og i Noreg. Kvoteordninga gjeld 1 100 studieplassar per år, vesentleg på master- og ph.d.-nivå. Av desse er 800 for studentar frå utviklingsland, og 300 for studentar frå land på Vest-Balkan, i Aust-Europa og i Sentral-Asia.

Målsetjinga er å medverke til kompetansebygging i mottakarlanda. Gjennom studentmobilitet til norske universitet og høgskolar skal ordninga auke kompetansen til studentane, og samtidig knytte institusjonar og næringsliv i mottakarlanda til det globale kunnskapssamfunnet. Ordninga skal samtidig bidra til å styrkje det internasjonale samarbeidet til norske høgre utdanningsinstitusjonar. Institusjonssamarbeidet under kvoteordninga skal skje i samband med anna internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid. I 2013 startar ei evaluering av ordninga. Resultata av evalueringa vil liggje føre i 2014.

Mål: Utdanningsstøtteordningane medverkar til at arbeids- og næringsliv har tilgang på kompetanse og utdanna arbeidskraft

Tilstandsvurdering

Utdanningssektoren må svare på dei behova arbeidslivet har for kunnskap og kompetanse. Noreg vil i framtida trenge fleire personar med relevant fagopplæring og med høgre utdanning. Ifølgje SSB har nesten kvar tredje person i aldersgruppa over 16 år no utdanning på universitets- og høgskolenivå. Brorparten av desse har motteke støtte frå Lånekassen under utdanninga. Utdanningsstøtta er også viktig for å sikre elevar moglegheit til å ta vidaregåande opplæring og fagopplæring.

Støtteordningane skal sikre at elevar og studentar har økonomisk moglegheit til å ta utdanning som seinare kan nyttast i arbeidslivet. Utdanningsstøtta er lik for alle på den måten at det blir gitt det same støttebeløpet, uavhengig av kva slags utdanning ein student tek. Dette medverkar til at det blir utdanna eit breitt spekter av mellom anna fagarbeidarar, ingeniørar, lærarar og legar i Noreg og i utlandet. Lån og stipend skal gi elevar og studentar midlar å leve for under utdanninga, medan omgjering av lån til stipend og rentefritak på grunn av utdanning er subsidieelement som skal sikre dei som har avslutta ei utdanning, mot for stor gjeldsbyrde. Det finst også tryggleiksmekanismar i støtteordninga knytte til rentefritak ved for eksempel arbeidsløyse, og ettergiving av lån ved varig uførleik. Dette bidrar til at unge ikkje vel bort utdanning fordi dei er bekymra for høg gjeld etter avslutta utdanning.

Ordninga med ettergiving av lån for visse lærarutdanningar skal bidra til å auke rekrutteringa av studentar til visse fag og emne med spesiell etterspurnad. Vidare finst det reglar i utdanningsstøtteordninga som skal hjelpe til med å sikre spesiell kompetanse på særskilde stader, for eksempel ordninga med delvis sletting av utdanningslån for låntakarar som er busette i og utøver eit yrke i Finnmark og enkelte kommunar i Nord Troms (Finnmarksordninga). Finnmarksordninga er eitt av verkemidla i tiltakssona for Finnmark og Nord-Troms. Området dekkjer heile Finnmark fylke og sju kommunar i Nord-Troms (Karlsøy, Lyngen, Storfjord, Gáivuotna – Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa og Kvænangen). Målet med tiltakssona er å medverke til å gjere området attraktivt for busetjing, arbeid og næringsverksemd. Som ledd i ein større gjennomgang av utviklingstrekka og verkemidla i tiltakssona vart Finnmarksordninga evaluert i 2012 av Norut. Evalueringa gav eit positivt resultat. Dette og andre personretta tiltak er blant dei som har størst effekt på rekruttering til og stabilisering av busetnad, særleg for dei med høgre utdanning.

Det finst òg element i utdanningsstøtteordninga som skal medverke til raskare gjennomstrøyming av studentar på lærestadene, for eksempel ordninga med omgjering av lån til stipend (konverteringsordninga). Dette skal freiste å gi samfunnet kompetansen så raskt som mogleg.

Delen støttemottakarar i Lånekassen som er 25 år og eldre, var i 2012–13 om lag 18 pst., mens delen studentar i høgre utdanning som var 26 år og eldre våren 2013, var om lag 34 pst. ifølgje SSB. Dette kan tyde på at utdanningsstøtteordningane framfor alt blir nytta til å skaffe seg ei første kompetansegivande utdanning. Relativt få vaksne tek opp lån for å skaffe seg ei grunnopplæring eller ei vidaregåande opplæring. Utdanning på deltid er meir utbreidd blant dei eldre studentane i høgre utdanning, og delen som vel deltidsutdanning, stig med alderen. I aldersgruppa 20–24 år var det berre 2,6 pst. som valde deltidsutdanning i 2012–13, medan heile 44 pst. av dei som tok høgre utdanning i aldersgruppa 40–44 år, tok utdanning på deltid. Sjølv om talet på deltidsstudentar har vore stabilt i dei seinare åra, utgjer dei ein mindre del av alle støttemottakarane.

Strategiar og tiltak

Levekårsundersøkinga viser at delen til utdanningsstøtta av den disponible inntekta til studentane har gått ned, at utgiftene til bustad har auka monaleg og at ni av ti studentar har yrkesinntekt ved sida av utdanninga. Regjeringa meiner at det er behov for å auke utdanningsstøtta for betre å leggje til rette for å studere på heiltid. Regjeringa legg derfor opp til at basisstøtta skal utbetalast i elleve månader per undervisningsår frå og med 2014–15. Tiltaket inneber at det vil bli gitt utdanningsstøtte til studentar og andre som får støtte etter same regelverk, som studentar i fagskole å folkehøgskoleelevar, i ein månad meir enn i dag. Siste utbetaling vil vere i juni. Vidare blir alle satsar foreslått auka med 1,7 pst. for å kompensere for prisutviklinga elles i samfunnet. Det blir derfor òg foreslått å auke basisstøtta frå 9 440 kroner i månaden for undervisningsåret 2013–14 til 9 600 kroner i månaden for undervisningsåret 2014–15. Desse to forslaga til saman gjer at det årlege støttebeløpet blir lyfta frå 94 400 kroner i 2013–14 til 105 600 kroner i 2014–15.

I Soria Moria-erklæringa har regjeringa prioritert å styrkje utdanningsfinansieringa for studentar med barn. Regjeringa legg derfor opp til å utvide foreldrestipendperioden frå 44 til 49 veker for barn fødde 15. august 2014 eller seinare. Tiltaket inneber at perioden det kan tildelast foreldrestipend gjennom Lånekassen blir like lang som perioden det kan tildelast foreldrepengar gjennom folketrygda.

For å betre kåra for studentforeldra foreslår Kunnskapsdepartementet å redusere oppteningstida for foreldrestipendet med to månader, slik at eleven eller studenten må ha vore i utdanning dei siste fire månadene før fødselen eller adopsjonen for å ha rett til stipendet. I dag må eleven eller studenten ha vore i utdanning i dei siste seks månadene. Tiltaket vil medverke til at fleire studentar som er gravide når dei startar utdanninga vil få rett til foreldrestipendet.

Regjeringa meiner det er viktig at det er samsvar mellom satsen for utstyrsstipendet i den vidaregåande opplæringa og dei utgiftene elevane har til naudsynt utstyr i opplæringa. Regjeringa foreslår derfor å løyve 32 mill. kroner til ei styrking av utstyrsstipendet. Stipendet har tre ulike satsar avhengig av utdanningsprogrammet eleven er teken opp til. I 2013-14 er lågaste satsen 930 kroner, mellomste sats 2 060 kroner og høgste sats 2 970 kroner. Elevar i utdanningsprogramma elektrofag, musikk, dans og drama og studiespesialisering med fordjuping i formgivingsfag og studiespesialisering med toppidrett som fag frå andre programområde, vil bli lyfte frå lågaste sats til mellomste sats. Den høgste satsen vil bli auka med om lag 600 kroner til 3 500 kr. Dette vil komme elevar i utdanningsprogramma idrettsfag, design og handverk og restaurant- og matfag til gode. Departementet tek sikte på å gjennomføre ei ny kartlegging av utgiftene elevane har til individuelt utstyr i vidaregåande opplæring. På bakgrunn av denne kartlegginga vil regjeringa vurdere nye tiltak for at det skal vere best mogleg samsvar mellom dei utgiftene elevane har og storleiken på stipendet.

Kunnskapsdepartementet arbeider vidare med å følgje opp dei tiltaka for utdanningsstøtteordninga som vart varsla i St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning . Tiltaka gjeld både grunnopplæringa og høgre utdanning, og målet vil vere å leggje til rette for at elevar og studentar kan delta i undervisningsopplegg av høg kvalitet i utlandet. Departementet foreslår som ledd i dette arbeidet å utvide ordninga med støtte til det første året i bachelorutdanning av høg kvalitet i land der dette året ikkje er på nivå med norsk høgre utdanning, til også å gjelde freshman-året i USA. Det vil bli gitt støtte til freshman-året ved lærestader i USA som er rangerte på dei same internasjonalt anerkjende rankinglistene som blir nytta i denne ordninga i dag.

Arbeidet med å følgje opp rapporten frå Proba samfunnsanalyse har starta, og i første rekkje gjeld dette grunnstipendet. Departementet meiner at stipendet ikkje er treffsikkert nok når om lag 40 pst. av elevane i vidaregåande opplæring står som mottakarar. Samtidig er stipendet viktig for mange elevar og familiane deira. Før departementet kan foreslå større endringar i innretninga av grunnstipendet, vil departementet derfor vurdere nøye konsekvensane av endringar. Departementet har sett i gang eit arbeid med å greie ut endringar i innretninga av grunnstipendet.

Som eit første tiltak for å auke treffsikkerheita for stipendet foreslår departementet å justere inntektsgrensene for behovsprøvinga. Forslaget fører til at færre elevar vil få stipendet enn i dag, men skjermar dei med dei lågaste familieinntektene. Sjå nærmare omtale under budsjettforslaga under kap. 2410.

Kunnskapsdepartementet foreslår at ordninga med gradert sjukestipend som vart innførd som ei førebels ordning i 2011, blir permanent frå og med kalenderåret 2014.

Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter , kan nyttast under post 45

313 811

311 764

334 991

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

149 894

203 027

85 220

50

Avsetning til utdanningsstipend , overslagsløyving

5 173 731

5 411 262

5 366 145

70

Utdanningsstipend , overslagsløyving

3 009 103

2 969 578

3 140 390

71

Andre stipend , overslagsløyving

662 880

660 184

745 268

72

Rentestøtte , overslagsløyving

877 082

846 018

960 073

73

Avskrivingar , overslagsløyving

623 531

440 520

488 349

74

Tap på utlån

243 643

322 500

259 000

76

Startstipend for kvotestudentar , overslagsløyving

8 540

8 056

8 860

90

Auka lån og rentegjeld , overslagsløyving

19 715 262

20 230 643

21 610 805

Sum kap. 2410

30 777 477

31 403 552

32 999 101

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 45 og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på post 01 omfattar midlar til drift av Lånekassen. Løyvinga på post 45 gjeld midlar til fornyingsarbeidet i Lånekassen.

Mål for 2014

Lånekassen skal forvalte utdanningsstøtteordningane på ein effektiv, sikker og kvalitativt god måte. Samtidig skal Lånekassen tilby kundane effektive og tilgjengelege løysingar. Lånekassen skal nå måla for fornyingsarbeidet innanfor dei rammene for kostnad, kvalitet og tid som er fastsette i gjeldande styringsdokument.

Rapport for 2012

I 2012 nådde Lånekassen alle dei måla departementet hadde sett for sakshandsaminga og for kontakten med studentar, elevar, lærlingar og dei som er i ein tilbakebetalingsfase. Gjennomsnittleg tid for sakshandsaming vart sju dagar for søknader om støtte, og seks dagar for søknader om betalingsutsetjing. Svartida for elektronisk post vart seks dagar. 90 pst. av dei som ringde til Lånekassen i 2012, fekk svar.

Lånekassen kan òg vise til gode resultat knytte til effektiv sakshandsaming og til digitalisering av sakshandsaminga. Lånekassen hentar mange opplysningar frå andre etatar. I 2012 vart det mellom anna etablert eit nytt grensesnitt mot Nav, slik at kundane som søkjer om rentefritak på grunn av arbeidsløyse eller fordi dei får arbeidsavklaringspengar, ikkje lenger sjølve må sende inn dokumentasjon. Lånekassen hentar no elektroniske data direkte frå Nav.

Gjennom fornyingsprogrammet LØFT skal Lånekassen bytte ut alle IKT-systema sine, og tilpasse organisering og arbeidsformer til nye oppgåver og behov. Måla om monalege betringar innanfor informasjon, tilgjenge, fleksibilitet, effektivitet og sikkerheit er i stor grad nådde allereie. Etter gjeldanda styringsdokument skal programmet avsluttast medio 2014. Måla som gjeld for IKT-fornyinga i 2012, vart nådde. Kostnadsramma og styringsramma for fornyingsprogrammet vart auka med 4,9 mill. kroner i 2012, som kompensasjon for at det vart lagt fleire oppgåver enn tidlegare planlagt inn i prosjektet, jf. Innst. 111 S (2012–2013) og Prop. 37 S (2012–2013). Kostnadsramma, som vart vedteken i statsbudsjettet for 2008, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2007–2008) og St.prp. nr. 1 (2007–2008), er ikkje endra ut over dette sidan IKT-fornyinga starta opp. Styringsdokumentet for fornyingsprogrammet vart revidert på ny våren 2013. Styringsramma for programmet vart da auka med 1,2 mill. kroner. Usikkerheitsavsetninga i fornyingsprogrammet er no 28,8 mill. kroner. Den tredje og største av dei fire hovudleveransane som IKT-fornyinga består av, vart sett i produksjon våren 2013. Den siste hovudleveransen skal etter gjeldande plan setjast i produksjon medio 2014.

Budsjettforslag for 2014

Lånekassen har i dei siste åra redusert midlane til drift, vedlikehald og vidareutvikling av IKT-systema sine monaleg. Dette er gjort for å frigjere midlar til eigenfinansiering av fornyingsprogrammet LØFT, og fordi det ikkje har vore naudsynt med større investeringar i IKT-systemet som er under utfasing. Når det nye IKT-systemet er ferdig i 2014, er det naudsynt å auke midlane til drift og vidareutvikling til det nye IKT-systemet. For å sikre at ein framleis har god kundeservice og effektiv sakshandsaming, foreslår Kunnskapsdepartementet derfor å styrkje løyvinga på kap. 2410 post 01 med 12,8 mill. kroner.

I samband med sluttføringa av det nye IKT-systemet i Lånekassen ønskjer Kunnskapsdepartementet å gjennomføre enkelte endringar i ordningane for tilbakebetaling av utdanningslån. Endringane vil gi auka fleksibilitet for låntakarane, og skal etter planen gjelde frå medio 2014. Kunnskapsdepartementet foreslår å innføre månadlege terminforfall, i staden for kvartalsvise forfall som i dag. Dette vil medføre større utgifter til utsending av betalingsvarsel. Kunnskapsdepartementet foreslår å kompensere for desse kostnadene ved å styrkje løyvinga på kap. 2410 post 01 med 7,7 mill. kroner i 2014, og 15,1 mill. kroner frå og med 2015. Vidare foreslår departementet å finansiere denne auken ved å endre termingebyret for førstegongsvarselet frå 35 kroner per kvartal til 18 kroner per månad. Det vil gi ein forventa auke i gebyrinntektene på kap. 5310 post 29 med 7,7 mill. kroner i 2014 og 15,1 mill. kroner frå og med 2015.

Lånekassen vil i løpet av 2014 tilby kundane å nytte AvtaleGiro. For å fremme bruken av effektive elektroniske betalingsløysingar skal det ikkje leggjast termingebyr på betalingsvarsel til kundar som nyttar AvtaleGiro, tilsvarande ordninga som gjeld i dag for kundar som nyttar eFaktura. Lånekassens kundar vil òg kunne velje andre forfallsdatoar for terminforfall enn den 15. i månaden, som er den faste forfallsdatoen i dag.

Kunnskapsdepartementet vil fjerne regelen om minste terminbeløp frå berekninga av betalingsplan for nye tilbakebetalarar i Lånekassen. Med dette vil ein fjerne eit unødig kompliserande ledd i berekninga av nedbetalingsplanen. Fastsetjinga av betalingsplanen vil med dette bli enklare og meir føreseieleg, og kun gi små eller inga endringar i nye betalingsplanar for låntakarar med låg eller middels gjeld. Endringa vil ikkje gi utslag for låntakarar med høg gjeld.

Kunnskapsdepartementet vil endre ordninga for betalingsutsetjing. I dag gir ei betalingsutsetjing lengre nedbetalingstid for lånet. Terminbeløpet vil kun bli auka dersom det ikkje er anledning til å auka nedbetalingstida ytterlegare. Den nye ordninga inneber at betalingsutsetjing i ein termin fører til at nedbetalingstida blir forlengd med ein termin, og at terminbeløpet blir auka tilsvarande. Departementet vil òg fjerne regelen om at nytt terminbeløp ikkje kan overstige ein og ein halv gonger opprinneleg terminbeløp.

Med innføring av månadlege terminforfall vil kvart enkelt terminbeløp bli langt lågare enn i dag. Behovet for ordningane med midlertidig betalingsutsetjing og betalingsutsetjing av halve terminbeløpet blir derfor kraftig redusert, og departementet vil fjerne desse ordningane. Til saman vil dette gi ei enklare og meir føreseieleg ordning for betalingsutsetjing.

Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 2410 post 45 med 119,8 mill. kroner, i tråd med gjeldande finansieringsplan for LØFT-programmet.

Dei utgiftene Lånekassen har til eID på høgt tryggleiksnivå er dekte gjennom rammeoverføring til Direktoratet for forvaltning og IKT, basert på det forventa talet på transaksjonar per verksemd og kostnader per transaksjon. Dei utgiftene Lånekassen venter å ha i 2014 er berekna til å bli 0,4 mill. kroner, mot 1,4 mill. kroner i saldert budsjett for 2013. Departementet foreslår derfor at det overførast om lag 1 mill. kroner til kap. 2410 post 01 frå kap. 1560 Direktoratet for forvaltning og IKT, post 22 Betaling av eID til private leverandører. Sjå omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Departementet foreslår at løyvinga over post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 5310 post 03, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Kunnskapsdepartementet vil disponere delar av løyvinga på posten. Delen til departementet vil som i tidlegare år bli nytta til departementet si eksterne kvalitetssikring av fornyingsarbeidet i Lånekassen. Denne delen vil også bli nytta til å dekkje lønn i retrettstillinga til Lånekassens førre administrerande direktør, som avslutta den andre åremålsperioden sin i 2012.

Kap. 2410 postane 50–90, kap. 5310 og kap. 5617

Løyvinga på desse postane utgjer støttebudsjettet til Lånekassen. Endringar i Lånekassens støtteordningar har som regel effekt på fleire budsjettpostar under kap. 2410, kap. 5310 og kap. 5617. Støttebudsjettet blir derfor omtalt samla. I tillegg blir dei enkelte postane omtalte kvar for seg lenger nede i teksten.

Mål for 2014

Sjå omtale av måla for utdanningsstøtteordninga for 2014 under kategoriomtalen.

Rapport for 2012

Ein stor del av ungdom og vaksne i Noreg tek utdanning. Støtteordningane gjennom Lånekassen er ein viktig føresetnad for å gjere dette mogleg. Lånekassen hadde per 31. desember 2012 om lag 950 000 kundar. Av desse er om lag 577 300 i tilbakebetalingsfasen. I undervisningsåret 2012–13 var det om lag 491 300 elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og studentar i høgre utdanning (inkludert norske studentar i utlandet). Om lag 392 600 personar mottok støtte frå Lånekassen.

Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var for undervisningsåret 2012–13 på 23 mrd. kroner. Av dette vart 3,8 mrd. kroner utbetalte som stipend, sjå tabell 4.19 for fordeling på dei ulike stipendformene. 19,2 mrd. kroner vart i undervisningsåret 2012–13 utbetalte som lån.

I kalenderåret 2012 vart om lag 3,7 mrd. kroner betalte ut som stipend. I tillegg vart om lag 5 mrd. kroner konverterte frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla utgiftene knytte til stipend i 2012 vart dermed på om lag 8,7 mrd. kroner.

I tabellane under er det gitt ei oversikt over utviklingstrekk i tala på kundar i Lånekassen og hovudtal både for dei kundane som får støtte, og for dei som er i ein tilbakebetalingsfase.

Tabell 4.17 Hovudtal for tildeling til vidaregåande opplæring

2009–10

2010–11

2011–12

2012–13

Tal på elevar i vidaregåande opplæring 1

228 097

228 223

232 291

235 820

Tal på elevar med ungdomsrett 2

200 638

201 012

206 270

208 959

Tal på støttemottakarar med ungdomsrett

157 312

168 440

172 452

177 636

Sum stipend (i mill. kroner)

2 323

2 443

2 488

2 579

Gjennomsnittsstipend (i kroner)

14 795

14 530

14 456

14 556

Sum lån (i mill. kroner)

143

153

158

173

Gjennomsnittslån (i kroner)

15 402

15 820

15 929

16 837

1 Talet er henta frå SSB og syner alle elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring, uavhengig av alder, rett til opplæring, osv.

2 Talet gjeld elevar og lærlingar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring.

Tabell 4.18 Hovudtal for tildeling høgre utdanning m.m.

2009–10

2010–11

2011–12

2012–13

Tal på studentar i høgre utdanning 1

227 188

232 912

244 922

255 528

Tal på støttemottakarar i høgre utdanning

155 876

164 620

170 861

176 729

Tal på andre støttemottakarar 2

32 771

36 484

37 357

38 280

Sum lån (inkludert konverteringsstipend)

15 529

16 956

18 026

19 076

Gjennomsnittslån (i kroner)

82 983

84 969

87 190

89 422

Utbetalt konverteringsstipend 3

4 308

4 473,5

4 629,7*

n/a

Sum andre stipend (i mill. kroner)

903

943

1 105

579

1 Tal på studentar i høgre utdanning frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) og Lånekassens tal på studentar i utlandet.

2 Tala gjeld studentar i fagskolar, folkehøgskolar, bibelskolar, korte yrkesretta utdanningar samt elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring utan ungdomsrett.

3 Utbetalt stipend etter kontroll av inntekt og formue mot skattelikninga. Status per 31.12.2012. * Likningskontroll for 2012 er ikkje gjennomført. Det vil bli ein reduksjon i stipend utbetalte for vårsemesteret 2012 når likningskontroll er gjennomført.

Tabell 4.19 Fordeling av ulike stipendformer i dei to siste undervisningsåra

Tal på stipend

Stipend i mill. kroner

2011–12

2012–13

2011–12

2012–13

Grunnstipend

70 522

70 734

1 090

1 127

Bustipend

30 603

30 691

1 085

1 109

Utstyrsstipend

165 544

170 533

209

219

Flyktningstipend

1 186

1 804

69

108

Stipend til skolepengar

13 953

14 883

367

403

Tilleggsstipend til skolepengar i utlandet

1 139

1 385

31

41

Stipend til skolepengar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar

493

690

34

44

Språkstipend

493

533

8

9

Reisestipend, Noreg og Norden

56 958

58 461

67

71

Reisestipend, utanfor Norden

21 770

23 043

123

131

Sjukestipend 1

846

750

21

19

Foreldrestipend 1

3 297

2 938

197

177

Forsørgjarstipend

17 241

17 664

271

280

Startstipend til kvotestudentar

453

468

n/a

9

Stipend til søkjarar med nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming

510

1 332

15

38

Totalt

385 008

395 441

3 587

3 785

1 Omgjering av lån til stipend ved sjukdom og fødsel skjer i ettertid. Det betyr at det ikkje ligg føre endelege tal for desse tiltaka ved utløpet av undervisningsåret. For undervisningsåret 2011–12 vart det endelege resultatet for omgjering ved sjukdom 40 mill. kroner, og ved fødsel 233 mill. kroner.

Tabell 4.20 Hovudtal for lån og renter i dei siste fire åra

2009

2010

2011

2012

Tal på tilbakebetalande låntakarar

538 494

547 617

560 699

577 258

Renteberande lån (i mill. kroner)

76 407

79 856

84 349

89 331

Betalte renter (i mill. kroner)

3 694

2 617

2 797

2 645

Avdrag (i mill. kroner)

4 819

5 501

5 629

5 656

Ettergitt/avskrive (i mill. kroner)

232

420

278

600 1

Rentestøtte (i mill. kroner)

1 388

810

974

877

Uteståande lån (i mill. kroner)

104 074

109 982

116 736

124 032

Uteståande renter

2 627

2 396

2 329

2 113

1 Dette talet gjeld også avskrivingar der søknaden vart motteken hausten 2011. Ein feil i sakshandsamingssystemet til Lånekassen hausten 2011 førte til at handsaminga av fleire søknader om avskriving som var komne inn i 2011, måtte utsetjast til 2012.

For å halde oppe kjøpekrafta til studentane har regjeringa kvart år auka satsane for å kompensere for prisutviklinga elles i samfunnet. I undervisningsåret 2012–13 vart alle satsane i utdanningsstøtteordningane auka med to pst.

I undervisningsåret 2012–13 vart det innført fleire tiltak for å betre høva for fleire ulike grupper elevar og studentar.

Ungdom som er forsørgde av barnevernet, og som er i ettervern, og som bur i fosterheim eller i barnevernsinstitusjon, fekk rett til utdanningsstøtte til høgre utdanning med meir. I alt 16 studentar med slik bakgrunn mottok støtte frå Lånekassen i 2012–13.

I 2012 vart det innført ei forsøksordning med støtte til språkutdanning i opptil eitt år i Kina og Russland, for å stimulere til å ta høgre utdanning i desse landa. Per mai 2013 har tolv studentar fått støtte til språkkurs i Kina. Elleve av dei har teke eit kurs som varar i eitt år. Ingen har fått støtte til språkkurs i Russland.

Det vart òg innført støtte til det første året i bachelorgraden ved utvalde lærestader av høg kvalitet i Brasil, Russland, India og Kina (BRIK-landa). Lærestadene må vere plasserte på internasjonalt anerkjende rangeringslister for utdanningsinstitusjonar. Ordninga har så langt ikkje vore mykje brukt: Ein student har fått støtte i 2012–13 til slik utdanning i Kina.

Det vart sett ein tidsfrist for å sende inn eksamensresultat som kan leggjast til grunn for konvertering. Utgangspunktet for åtteårsfristen for konvertering både bakover og framover i tid vart sett slik at han blir rekna frå det tidspunktet Lånekassen tek imot eksamensresultata frå søkjaren. Lånekassen har per mai 2013 registrert berre éin søkjar som på grunn av denne fristen ikkje har fått delar av lånet konvertert til stipend.

Departementet vil rapportere i budsjettproposisjonen for 2015 om to endringar i behovsprøvinga av utdanningsstipendet. Dette gjeld behovsprøvinga mot kapitalinntekter, med unntak av renteinntekter frå bustadsparing for ungdom (BSU), dessutan hevinga av innslagspunktet for behovsprøving mot formue. Det er ikkje mogleg å rapportere nå om korleis desse endringane har slått ut, på grunn av at sjølve behovsprøvinga for 2012 først skjer i oktober 2013, når likningstala er klare.

Det vart innført ei tidsbegrensa ordning med gradert sjukestipend for studentar som er minst 50 pst. sjukemelde hausten 2011. For 2011–12 har Lånekassen innvilga totalt 1 434 søknader om sjukestipend. Delen av desse som gjeld gradert sjukestipend, er om lag ti pst., eller i underkant av 145 søknader. For 2012–13 er det så langt innvilga nokre fleire stipend samanlikna med same tid året før, men delen gradert sjukestipend er om lag den same.

For å fremme auka internasjonalisering vart det opna for støtte til tre elevgrupper i vidaregåande opplæring for å ta korte studieopphald i utlandet. Dette gjeld samarbeidet Hordaland fylkeskommune har med fem skolar i Frankrike, samarbeidet Møre og Romsdal fylkeskommune har med ein skole i Skottland, og samarbeidet mellom Storhamar videregående skole i Hedmark og tre skolar i Canada. Retten til støtte har vore nytta for dei elevane dette gjeld.

Budsjettforslag for 2014

Forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, som skal gjelde for undervisningsåret 2014–15, og forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar, som skal gjelde for kalenderåret 2014, blir sende ut til alminneleg høyring medio oktober 2013. Forslaget til forskrift er i tråd med budsjettforslaget.

Regjeringa legg opp til at basisstøtta til studentar i høgre utdanning, og andre som får støtte etter same regelverk, som fagskolestudentar og elevar i folkehøgskole, skal bli gitt i elleve månader per undervisningsår. Dette inneber at det vil bli ei utbetaling meir med basisstøtte enn i dag i vårsemesteret. Siste utbetaling vil skje i juni. Mange studentar arbeider mykje ved sida av studia, og forslaget vil bidra til at fleire studentar kan bruke meir tid på å studere framfor å arbeide. Fordi siste utbetaling av støtte i dag er 15. mai, får ein del studentar økonomiske utfordringar i dei første vekene av sommarferien. Ei ekstra utbetaling i juni vil kunne redusere desse problema. Fordi den ekstra utbetalinga blir i juni 2015, har ikkje tiltaket budsjetteffekt i 2014. For 2015 er budsjetteffekten berekna til 586,4 mill. kroner i auka avsetning til stipend samt rentestøtte. I tillegg kjem auka utlån på 1,818 mrd. kroner. Regjeringa foreslår òg å auke basisstøtta til 9 600 kroner i månaden. Desse to forslaga til saman gjer at det årlege støttebeløpet blir lyfta frå 94 400 kroner i 2013–14 til 105 600 kroner i 2014–15.

I tråd med Soria-Moria erklæringa prioriterer regjeringa òg å styrkje utdanningsfinansieringa for studentar med barn. Regjeringa legg derfor opp til at foreldrestipendperioden blir utvida frå 44 til 49 veker for barn fødde 15. august 2014 eller seinare. Tiltaket inneber at perioden det kan tildelast foreldrestipend gjennom Lånekassen blir like lang som perioden det kan tildelast foreldrepengar gjennom folketrygda. Forslaget har først budsjetteffekt i 2015, og er då berekna å koste om lag 22,3 mill. kroner. Løyvingsbehovet i 2016 er berekna til 40,6 mill. kroner.

For å betre kåra for studentforeldra, foreslår Kunnskapsdepartementet at oppteningstida for foreldrestipendet blir redusert frå seks til fire månader. Tiltaket vil redusere risikoen for at studentar som går over frå arbeid til utdanning, eller som nettopp har starta utdanninga, skal stå utan rettar til verken foreldrepengar frå Nav eller foreldrestipend frå Lånekassen. Departementet foreslår å auke løyvinga med 600 000 kroner som følgje av forslaget. Det framtidige løyvingsbehovet vil auke med 5,3 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å styrkje løyvinga til utstyrsstipendet med 32 mill. kroner for å få betre samsvar mellom stipendsatsen og dei utgiftene elevane har. Stipendet har tre ulike satsar avhengig av utdanningsprogrammet eleven er teken opp til. Elevar i utdanningsprogramma elektrofag, musikk, dans og drama og studiespesialisering med fordjuping i formgivingsfag eller med toppidrett som fag frå andre programområde, vil bli lyfte frå lågaste sats til mellomste sats. Den høgste satsen vil bli auka med om lag 600 kroner til 3 500 kroner. Dette vil komme elevar i utdanningsprogramma idrettsfag, design og handverk og restaurant- og matfag til gode. Om lag 39 000 elevar vil få rett til meir stipend enn i dag.

Regjeringa foreslår å løyve 14,8 mill. kroner til å opne for støtte til det første året (freshman) av bachelorutdanning av høg kvalitet i USA. På denne måten blir ordninga med støtte til det første året av bachelorutdanning av høg kvalitet i land der dette ikkje er på nivå med norsk høgre utdanning, komplett. Alle land der støtte til vanleg ikkje kan bli gitt til dette året, er no med i ordninga, der plassering på internasjonalt anerkjende rangeringslister er målet på høg kvalitet. Regjeringa meiner at dette tiltaket vil kunne gi ein auke i talet på studentar i USA, som er ein av Noregs viktigaste allierte og handelspartnarar.

Kunnskapsdepartementet ønskjer auka internasjonalisering i vidaregåande opplæring, og foreslår å gi rett til utdanningsstøtte for tre nye elevgrupper som tek vidaregåande opplæring i utlandet gjennom samarbeid mellom ein norsk og ein utanlandsk vidaregåande skole. Dette gjeld ei elevgruppe i eit nytt samarbeidsprogram mellom Akershus fylkeskommune / Stabekk videregående skole og Askham Bryan College / York College i England, og ytterlegare to elevgrupper i eit eksisterande samarbeidsprogram mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Armadale Academy i Skottland, som per i dag har godkjenning for ei elevgruppe. Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,3 mill. kroner som følgje av forslaget.

Det vart hausten 2011 vedteke ei tidsavgrensa ordning med gradert sjukestipend, som inneber at studentar og elevar som er 50 pst. sjukemelde eller meir, kan få sjukestipend tilsvarande sjukemeldingsprosenten. Ordninga er vorten ført vidare ut kalenderåret 2013. Departementet foreslår at ordninga med gradert sjukestipend skal gjerast permanent frå og med kalenderåret 2014. Forslaget inneber at løyvingsbehovet aukar med 900 000 kroner. I 2015 vil løyvingsbehovet auke med 2,5 mill. kroner.

Departementet foreslår to endringar i ordninga for omgjering av lån til stipend ved sjukdom (sjukestipend). Den første endringa gjeld utrekninga av sjølve sjukestipendet. I det gamle sakshandsamingssystemet måtte støtta av tekniske årsaker reknast ut anten for heile eller halve månader. Etter innføringa av det nye sakshandsamingssystemet i Lånekassen i 2013 blir støtta rekna ut på dagbasis. Sjukestipend kan dermed òg bli rekna ut på dagbasis, og departementet foreslår å gjere dette. Endringa vil medføre at sjukestipendet blir gitt for den nøyaktige perioden som søkjaren er sjukemeldt i. Karenstida på 14 dagar blir framleis trekt frå. Forslaget inneber ikkje endra løyvingsbehov i 2014, men inneber at løyvingsbehovet blir redusert med 960 000 kroner i 2015.

Den andre endringa i sjukestipendordninga gjeld to vilkår som regulerer retten til dette stipendet. Den eine avgrensinga er at søkjarane ikkje kan få sjukestipend dersom dei sender søknad om lån til Lånekassen etter at dei vart sjuke. Den andre avgrensinga er at søkjarane ikkje kan få sjukestipend dersom dei er sjuke når undervisninga tek til, og dei ikkje har vore i utdanning semesteret før. Desse avgrensingane i retten til sjukestipend har vore meint å skulle hindre misbruk av ordninga, men slikt misbruk er det lite risiko for. Avgrensingane kan tvert om vere til hinder for søkjarar som har eit reelt behov for sjukestipend, særleg søkjarar som er uheldige og blir sjuke rett før semesterstart. Departementet foreslår derfor å fjerne den sistnemnde avgrensinga og justere den første med eit unntak, slik at søkjarar som var i utdanning i semesteret før sjukdomsperioden, kan ha rett til sjukestipend sjølv om dei ikkje fekk sendt inn søknaden om lån før dei vart sjuke. Departementet foreslår å redusere løyvinga i 2014 med 93 000 kroner. Forslaget inneber at det framtidige løyvingsbehovet i 2015 aukar med om lag 500 000 kroner.

Departementet foreslår ei mindre endring i ordninga med omgjering av lån til utdanningsstipend ved gjennomført utdanning. Ordninga er lagt opp slik at det blir gitt omgjering for dei studiepoenga eller tilsvarande som studentane tek. Departementet foreslår å avgrense grunnlaget for omgjering til bare å gjelde faglege resultat frå utdanningar som gir rett til støtte. Samstundes foreslår departementet å gjere eit unntak for dette for jusstudentar som har hatt frivillig praksis i rettshjelpstiltak, og som etterpå får fritak for nokre studiepoeng på grunn av dette. Ved nokre lærestader gir slike praksisperiodar rett til støtte og dermed til omgjering, medan andre lærestader – i staden for å tilkjenne studiepoeng for praksisperioden – gir fritak for det same talet studiepoeng. Det verkar urimeleg at studentar i same typen utdanningar skal få ulik behandling. Departementet foreslår derfor at desse studentane skal få omgjering for det same talet studiepoeng som dei får fritak for i graden sin. Departementet foreslår å auke løyvinga med 160 000 kroner som følgje av forslaget.

Departementet foreslår ei innstramming i grunnstipendet til elevar i vidaregåande opplæring, ved å endre inntektsgrensene i behovsprøvinga. Grunnstipendet skal vere eit supplement til familieøkonomien og blir derfor behovsprøvt mot alminneleg inntekt til den eller dei forsørgjarane som søkjaren bur hos. Søkjarar frå familiar med dei lågaste inntektene vil ikkje bli råka av forslaget; dei vil framleis få fullt grunnstipend som i dag. Søkjarar frå familiar med noko høgre inntekt vil få mindre grunnstipend enn i dag. Departementet foreslår å redusere løyvinga med om lag 80 mill. kroner som følgje av forslaget.

Departementet foreslår tre endringar som eit ledd i harmoniseringa av låneforvaltninga i Lånekassen med låneforvaltninga i dei andre statsbankane og anna bankverksemd.

Den første endringa er å innføre forseinkingsrente etter lov om renter ved forsinket betaling (forsinkelsesrenteloven) for utdanningsgjeld i Lånekassen medio 2014. Endringa erstattar dagens reglar om at det blir rekna eitt prosentpoeng høgre rente enn ordinært på oppsagde lån. Forseinkingsrenta blir fastsett kvart halvår. Departementet foreslår òg at datoen for når det skal betalast forseinkingsrente, samtidig skal endrast til å vere i tråd med forsinkelsesrenteloven. Endringa inneber at det blir rekna forseinkingsrente på ubetalt terminbeløp frå forfallsdato. Forseinkingsrente vil bli rekna på heile gjelda frå ho blir sagd opp, som i dag. Endringa vil gi ein auke i renteinntektene på 173,6 mill kroner.

Den andre endringa er at renter på utdanningslånet skal reknast ut dagleg. Dette vil vere ei harmonisering med prinsippa for tildeling av utdanningsstøtte, der støtta òg vil bli berekna per dag. Den nye berekningsmåten vil auke renteinntektene på kap. 5617 post 80 med om lag 4,3 mill. kroner.

Den tredje endringa er kapitalisering av rentene etter kvart terminforfall, og ikkje knytt til faste datoar som i dag. Rentene som ikkje er betalte, blir sett som renteberande.

I samband med at Lånekassen moderniserer sakshandsamingssystema sine, foreslår departementet fleire tiltak for å leggje til rette for større fleksibilitet for låntakarane når dei skal betale tilbake utdanningsgjelda si. Sjå nærmare omtale under kap. 2410 post 01 og post 45. Nokre av tiltaka har budsjettkonsekvenser.

I samband med forslag om månadleg forfall for utdanningsgjelda foreslår departementet å redusere gebyret på førstegongsvarselet frå 35 kroner i kvartalet til 18 kroner i månaden. Kombinert med ein auke i talet på forfall gjer dette at inntektene vil auke med 7,7 mill. kroner. Ei innføring av månadlege forfall i staden for kvartalsvise forfall for utdanningsgjelda gjer det naudsynt å endre tidspunkta for kapitalisering av rentene, slik at kapitaliseringa framleis skal skje etter kvart forfall. Dette gjer at renteinntektene til staten aukar med 3,4 mill. kroner.

Departementet foreslår å endre fristregelen for å kunne søkje om rentefritak på grunn av utdanning. I dag er fristen rekna tre år tilbake i tid frå 1. januar i det året forskrifta om tilbakebetaling av utdanningslån gjeld frå. Departementet foreslår i staden å innføre ein frist på tre år fram i tid etter at utdanningsprogrammet er avslutta. Låntakarar som tek utdanning som vart påbegynt for meir enn tre år sidan, og som ikkje er avslutta, får da betre tid til å søkje om rentefritak for denne utdanninga, og fleire vil få høve til å nytte rettane sine. Departementet foreslår å løyve 99 000 kroner til dette tiltaket.

Departementet foreslår å løyve 150 000 kroner slik at utanlandske statsborgarar med lovleg opphald som har teke sjølvfinansiert utdanning i minst tre år i Noreg rett før det året dei søkjer om utdanningsstøtte frå Lånekassen, skal ha rett til støtte sjølv om utdanningsperioden på tre år ikkje har vore samanhengande på grunn av sjukdom eller fødsel. Departementet meiner at sjukdom og fødsel også for denne gruppa bør kunne gi grunnlag for unntak frå hovudreglane for opptening av rettar i støtteordninga.

Departementet foreslår å løyve 8,1 mill. kroner til utdanningsstøtte når det innførast rett til påbyggingsår etter oppnådd fagbrev. Sjå nærmare omtale av rett til påbyggingsår etter oppnådd fagbrev under kap. 522 post 60 i Prop. 1 S (2013–2014) frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Departementet foreslår å løyve 5,6 mill. kroner til utdanningsstøtte som følgje av forslaget om auka tal på studieplassar. Sjå nærmare omtale under kap. 260 post 50.

Vidare foreslår departementet å løyve 1,5 mill. kroner til utdanningsstøtte i samband med eit forslag om kompetanseutvikling i barnehagane. Sjå nærmare omtale under kap. 231 post 21.

Departementet foreslår å løyve 198 000 kroner til utdanningsstøtte til ungdom i alderen 16 til 18 år med rett til opplæring som søkjer opphald. Sjå nærmare omtale under kap. 225 post 64.

Verkeleg verdi

For å rekne seg til den verkelege verdien av utlånsporteføljen er det laga ein modell som skil mellom kostnader knytte til dei utdanningspolitiske og sosiale tiltaka i støtteordningane, og kostnader knytte til kredittrisiko. Lånekassen hadde ein portefølje av uteståande lån og renter på om lag 126,2 mrd. kroner ved utgangen av 2012. Den verkelege verdien av porteføljen er lågare enn den bokførte porteføljen. Dette skyldast både dei ulike utdanningspolitiske og sosiale ordningane som er knytte til støtteordningane i Lånekassen, og forventa tap som skyldast at kundane ikkje oppfyller betalingspliktene sine. Tabellen under syner kva for element det er justert for når ein har rekna ut verkeleg verdi av porteføljen. Det er lagt til grunn at låna i gjennomsnitt er rentefrie i noko under tre år. På grunnlag av modellen og ein føresetnad om ei rente på fire pst. er den verkelege verdien av porteføljen ved utgangen av 2012 rekna ut til om lag 115,4 mrd. kroner. Differansen mellom bokført verdi og berekna verkeleg verdi utgjer om lag 10,8 mrd. kroner. Av dette er om lag 9,9 mrd. kroner knytte til stipend, rentestøtte og avskrivingar, medan om lag 1,4 mrd. kroner skriv seg frå tap som følgje av kredittrisiko. Den verkelege verdien er dermed berekna til å vere om lag 91 pst. av dei samla fordringane per 31. desember 2012.

Tabell 4.21 Verkeleg verdi

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2011

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2012

Opphavleg låneportefølje

  • tilbakebetalarar

86 060

90 878

  • studentar

33 078

35 336

Sum opphavleg låneportefølje

119 138

126 214

Justeringar

  • omgjering til stipend

3 153

3 102

  • rentefritak studentar

2 190

2 359

  • rentefritak tilbakebetalarar

2 124

2 252

  • ettergitt dødsfall

408

433

  • ettergitt sjukdom

735

780

  • ettergitt Finnmarksordninga m.m.

572

606

  • ettergitt kvoteordninga

327

346

Sum justeringar

9 509

9 878

Justert låneportefølje

109 630

116 336

  • nedskriving

1 339

1 419

  • over-/underkurs

–122

-469

Verdi

108 412

115 386

Ved å leggje til grunn dei same føresetnadene som ved berekning av verkeleg verdi av porteføljen kan ein berekne noverdien av nye utlån i Lånekassen. Tabellen under syner at staten kan forvente å få tilbake om lag 64 øre for kvar nye krone som blir lånt ut frå Lånekassen. Av dei om lag 36 øra av kvar krone som ein ikkje kan forvente blir betalt tilbake, utgjer stipend, rentestøtte og avskrivingar nesten alt. Under eitt øre per nye krone i nytt utlån blir forventa tapt som følgje av at låntakaren ikkje betaler. Berekninga gjeld alle nye utlån i Lånekassen, og skil ikkje på dei ulike gruppene av lån og låntakarar.

Tabell 4.22 Noverdien av 1 krone i nytt utlån

Verdi i kroner per 31.12.2011

Verdi i kroner per 31.12.2012

Opphavleg låneportefølje

  • tilbakebetalarar

0,00000

0,00000

  • studentar

1,00000

1,00000

Justeringar

  • omgjering til stipend

0,28105

0,28007

  • rentefritak studentar

0,05260

0,05268

  • rentefritak tilbakebetalarar

0,01252

0,01254

  • ettergitt dødsfall

0,00241

0,00241

  • ettergitt sjukdom

0,00433

0,00434

  • ettergitt Finnmarksordninga m.m.

0,00337

0,00338

  • ettergitt kvoteordninga

0,00193

0,00193

  • Sum justeringar

0,35821

0,35734

Justert låneportefølje

0,64178

0,64266

  • nedskriving

0,00677

0,00678

Verdi

0,63501

0,63587

Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

Heile basisstøtta til studentar i høgre utdanning m.m. blir utbetalt som lån, og inntil 40 pst. av basisstøtta kan bli konvertert frå lån til stipend når utdanninga er gjennomført, jf. forslag til vedtak III nr. 3. Løyvinga på post 50 dekkjer avsetning til eit fond (konverteringsfondet) som Lånekassen trekkjer midlar frå etter kvart som lån blir gjorde om til stipend. Ved budsjettering av posten for 2014 blir det lagt til grunn at ti pst. av utdanninga det blir gitt støtte til, ikkje blir bestått og derfor ikkje gir omgjering frå lån til stipend. Utdanningsstipendet blir behovsprøvt mot inntekt og formue. Ved budsjettering av posten er det derfor føresett at delar av stipenda blir gjorde om til lån ved behovsprøvinga mot inntekt og formue. Avsetninga på posten er altså redusert for den delen av låna som ikkje er forventa å bli konvertert fordi utdanninga ikkje blir gjennomført, og for den delen av lånet som er forventa å ikkje bli konvertert til stipend i samband med likningskontrollen.

Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld utstyrsstipend, grunnstipend og bustipend til elevar og lærlingar i vanleg vidaregåande opplæring, samt flyktningstipend, foreldrestipend, sjukestipend og forsørgjarstipend for alle grupper.

Post 71 Andre stipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld ulike stipend til dekning av reise, skolepengar og språkkurs i innland og utland.

Post 72 Rentestøtte, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer kostnaden ved at utdanningslån er rentefrie i utdanningstida, og er eit uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av støtteordningane med. Løyvingsbehovet på posten varierer med rentenivået.

Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving

Avskrivingane på post 73 er heimla i forskriftene til Lånekassen og i lov om utdanningsstøtte nr. 37 av 3. juni 2005. Avskrivingane på posten omfattar blant anna avskriving grunna sjukdom og død. Vidare er det eigne ordningar for avskriving for visse lærarutdanningar, og for personar som er busette og arbeider i Finnmark. Restgjeld blir automatisk avskrive når restbeløpet er under minimumsbeløpet for innkrevjing i forskriftene.

Oversikta under viser dei elementa som utgjer post 73 Avskrivingar:

Tabell 4.23 Avskrivingselement

(i 1 000 kr)

Element

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Sjukdom

289 590

162 800

165 200

Dødsfall

48 906

49 600

50 300

Automatisk avskriving

1 775

1 800

1 800

Avskriving for lærarutdanning

14 704

15 000

15 300

Finnmarks-avskriving

129 177

119 630

122 030

Avskriving kvoteordninga

26 064

24 990

25 520

Rentefritak

113 315

111 800

108 199

Sum

623 531

485 620

488 349

Av samla avskriving på 488 mill. kroner reknar ein med at om lag 338 mill. kroner vil utgjere opphavleg hovudstol (det opphavlege utdanningslånet til kunden). Dei resterande avskrivingane fordeler seg med 39 mill. kroner frå renter i 2014 og 111 mill. kroner i renter frå tidlegare år.

Post 74 Tap på utlån

Løyvinga på posten dekkjer avskriving av grovt eller vedvarande misleghaldne utdanningslån. Låna blir avskrivne i rekneskapane som tap i Lånekassen når dei blir overførte permanent til Statens innkrevjingssentral (SI).

Oversikta nedanfor viser dei hovudelementa som utgjer post 74 Tap på utlån:

Tabell 4.24 Tapselement

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

SI-permanent

220 368

220 000

220 000

Lån etter gjeldsordning

20 574

35 000

35 000

Andre forhold

2 701

4 000

4 000

Sum

243 643

259 000

259 000

Tap på den opphavlege hovudstolen er berekna til å utgjere 191,5 mill. kroner, medan tap på renter frå tidlegare periodar utgjer om lag 62 mill. kroner i 2014. Årets renter på tap/kostnadsfordringane er berekna til å utgjere 5 mill. kroner i 2014.

Kundar som ikkje har betalt etter tredje varsel om betaling, får lånet førebels overført til SI. Dersom arbeidet til SI fører fram og kunden kjem à jour med betalingar, blir saka ført tilbake til Lånekassen. Lånekassen eig kravet og handterer gjeldsordningssaker i denne perioden. Det er først når lånet blir permanent overført til SI, normalt når gjelda har vore oppsagd i tre år, at kravet i rekneskapeleg samband blir overført til SI. Frå 1996 til og med 2012 har 57 638 kundar fått gjelda permanent overført til SI, med eit samla beløp på 6,4 mrd. kroner. Av dette er det fram til i dag kravd inn 2,7 mrd. kroner. Innkrevjingsresultatet i 2012 for permanent overførte utdanningslån vart på 261 mill. kroner mot 259 mill. kroner i 2011 og 251 mill. kroner i 2010. Det vart overført lån permanent frå Lånekassen til SI på 220 mill. kroner i 2012, 292 mill. kroner i 2011 og 284 mill. kroner i 2010. Innkrevjinga til SI av overførte utdanningslån er berekna til 240 mill. kroner i 2014.

Gjeldssletting etter gjeldsordning er berekna til 35 mill. kroner i 2014. Andre tapselement, mellom anna forelda renter, utanrettsleg gjeldsordning samt heil og delvis ettergiving av fordringar som det er uråd å drive inn, er berekna til om lag 4 mill. kroner.

Post 76 Startstipend for kvotestudentar, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer utbetaling av stipend til kvotestudentar tilsvarande basisstøtte i to månader når dei kjem til lærestaden i Noreg for første gong.

Post 90 Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer samla nye utlån frå Lånekassen i 2014, og berekna renter i løpet av året som ikkje er betalte ved utgangen av året.

Nye utlån til kundar samt omgjeringar er berekna til å utgjere i underkant av 20,4 mrd. kroner, medan nettoutlån til ubetalte renter er berekna til å utgjere om lag 1,2 mrd. kroner. Den totale løyvinga på posten blir da om lag 21,6 mrd. kroner i 2014.

Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

03

Diverse inntekter

144

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

24 000

24 000

21 100

16

Refusjon av foreldrepengar

1 555

18

Refusjon av sjukepengar

3 638

29

Termingebyr

25 134

25 616

30 420

89

Purregebyr

77 899

88 850

117 600

90

Redusert lån og rentegjeld

7 619 366

8 015 109

8 253 202

93

Utdanningslån

5 016 364

2 945 883

5 200 318

Sum kap. 5310

12 768 100

11 099 458

13 622 640

Kapitlet gjeld inntekter til Lånekassen, i hovudsak innbetalingar frå kundane, innbetaling frå konverteringsfondet og ulike refusjonar.

Post 03 gjeld i hovudsak refusjon av kostnader som Lånekassen har ved oppdrag for andre verksemder.

Visse innanlandske kostnader kan etter statistikkdirektivet i OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Post 04 gjeld ettergiving av utdanningslån for kvotestudentar frå utviklingsland som flytter til heimlandet og buset seg der varig. Det er Utanriksdepartementet som betaler refusjonen til Lånekassen over kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA).

Post 29 gjeld gebyr for førstegongsvarsling ved terminforfall. Kundar som nyttar eFaktura, blir ikkje belasta med gebyr ved førstegongsvarsel. Post 89 gjeld gebyr på 280 kroner ved andregongsvarsel og 490 kroner ved tredjegongsvarsel (varsel om oppseiing).

Løyvinga på post 90 gjeld innbetalte avdrag og betalte berekna renter frå tidlegare år. Avskrivne og betalte renter er splitta opp i avskrivne og betalte renter i inneverande og tidlegare budsjettperiodar.

Tilbakebetaling av opphavleg hovudstol er berekna til å utgjere om lag 6,5 mrd. kroner i 2014. Tilbakebetaling av rentegjeld frå tidlegare periodar er berekna til å utgjere om lag 1 mrd. kroner i 2014. Tilbakebetaling frå tap/kostnadsløyvingar utgjer om lag 703 mill. kroner (omfattar både hovudstol og berekna renter frå tidlegare periodar, spesifisert på kap. 2410 postane 73 og 74).

Post 93 omfattar innbetaling frå eit fond (konverteringsfondet) til Lånekassen basert på konvertering av lån til stipend, sjå omtale under kap. 2410 post 50.

Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

80

Renter

3 494 766

3 377 934

3 866 755

Sum kap. 5617

3 494 766

3 377 934

3 866 755

Løyvinga på posten gjeld renter til staten for alle utlån til Lånekassens kundar. Dette gjeld renter som er belasta kundar i tilbakebetalingsfasen, og renter som er løyvde på tilskottspostar til å dekkje kostnadene til staten på lån som er rentefrie under utdanninga (rentestøtta), og på lån som er avskrivne.

Rentestøtta er berekna til å utgjere om lag 1 mrd. kroner, medan opptente og innbetalte renter frå kundane er berekna til å utgjere om lag 1,6 mrd. kroner i 2014. Opptente ikkje-betalte renter frå kundane er berekna til å utgjere om lag 1,2 mrd. kroner, medan årets renter frå tap/kostnadsløyvingar er berekna til å utgjere om lag 44 mill. kroner i 2014.