Kunnskapsdepartementet (KD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Kunnskapsdepartementet sitt hovudmål for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren er å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle oppstå.

Barnehagetilsette, lærarar, vitskapleg personale og andre tilsette i sektoren utfører meir enn 150 000 årsverk. Totalt omfattar kunnskapssektoren om lag 1,5 millionar barn og vaksne. Obligatorisk tiårig grunnskole og høg dekningsgrad i barnehage og vidaregåande opplæring gjer at ein svært stor del av årskulla frå eitt til 19 år har tilhald i barnehage eller skole mange timar dagleg. Både barnehagar, grunnskolar, vidaregåande skolar og lærebedrifter har eit ansvar for at barna og ungdommane er trygge der dei er. Dette handlar både om personleg tryggleik med tanke på liv og helse og om tryggleik for at til dømes personopplysningar ikkje kjem i feil hender. Dette inneber ei utfordring med tanke på beredskap både for den einskilde barnehage- og skoleeigaren og for den einskilde barnehagen og skolen. Tilsvarande vil det vere store samlingar av studentar og tilsette ved universitet og høgskolar. Vidare forvaltar universitet og høgskolar store verdiar, som historiske bygningar, vitskapleg utstyr, forskingsdata og samlingar, særleg ved universitetsmusea i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø og Stavanger. Meteorologisk institutt har ein kritisk samfunnsfunksjon ved at dei leverer naudsynt meteorologisk informasjon til befolkninga og andre verksemder med kritisk samfunnsfunksjon.

Dei store menneskesamlingane på avgrensa område gjer at kunnskapssektoren har utfordringar med omsyn til samfunnstryggleik og beredskap innanfor ulike scenario, som smittefare, ulykker, vald og terror. Utdanningsdirektoratet og Politidirektoratet har etter oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet utarbeidd ei rettleiing for barnehagar og utdanningsinstitusjonar i handtering av alvorlege hendingar. Rettleiinga skal gi institusjonseigarar og leiarar rettleiing i beredskapsplanleging og handtering av tilsikta valdelege hendingar.

Verksemdene i kunnskapssektoren har ulike eigeformer. Det finst mellom anna kommunale og private barnehagar, kommunale og private skolar, fylkeskommunale og private fagskolar, statlege og private universitet og høgskolar. I tillegg kjem folkehøgskolar, som i stor grad er eigde av stiftingar. Kunnskapsdepartementet styrer barnehageområdet, grunnopplæringsområdet og høgre utdanning med både juridiske og økonomiske styringsmiddel, og styringslinjene varierer. Arbeidet i Kunnskapsdepartementet med samfunnstryggleik og beredskap må sjåast i samanheng med styringsskilnadene mellom områda, og med dei utfordringane som finst innanfor kvart område. Til dømes har Kunnskapsdepartementet eit særskilt ansvar for samfunnstryggleik og beredskap ved dei statlege høgre utdanningsinstitusjonane, medan kommunane har det operative ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap i skolar og barnehagar. Justis- og beredskapsdepartementet skal gjennom samordningsrolla si sikre eit koordinert og heilskapleg arbeid med samfunnstryggleik og beredskap på tvers av sektorgrenser.

For å oppfylle hovudmålet for samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren om å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom dei skulle oppstå, er det viktig at verksemder på alle nivå i kunnskapssektoren

  • utarbeider heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysar, og delanalysar av særskilde utfordringar i den einskilde verksemda

  • utarbeider krise- og beredskapsplanar som sikrar ei god krisehandtering, og som styrkjer krisehandteringsevna i organisasjonen

  • gjennomfører øvingar for å teste sin eigen beredskap, og for å gjere tilsette i stand til å takle dei utfordringane som kan komme ved kriser

Kunnskapsdepartementet vil i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i 2014 halde fram med å leggje stor vekt på å følgje opp tilrådingar i NOU 2012: 14 Rapport frå 22-julikommisjonen , på arbeidet med informasjonstryggleik, og på å ha god oversikt over risiko og sårbarheit i sektoren.