Innleiing
Kapitlet gir informasjon om status for og utvikling i ressursbruken i barnehagesektoren. Frå 1. januar 2011 har kommunane overteke ansvaret for å finansiere barnehagane. Barnehagane blir i all hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og foreldrebetalinga. Barnehagesektoren har vakse kraftig i dei seinare åra, og er no det tredje største tenesteområdet i kommunane. Samla brutto driftsutgifter til barnehagar i 2012 var om lag 41,2 mrd. kroner, og utgjorde om lag tolv pst. av driftsutgiftene i kommunane.
Første del av kapitlet gir ei oversikt over utviklinga i talet på barn i barnehage, og gir mellom anna informasjon om dekningsgradar for ulike aldersgrupper og om opphaldstid i barnehagen. Det neste temaet er barnehagestruktur og organisering av barnehagane. Vidare er det ein omtale av personalet i barnehagane, den formelle kompetansen deira og utdanning av barnehagelærarar (tidlegare førskolelærarar). Kapitlet inneheld òg informasjon om likestilling, minoritetsspråklege barn, tilsette og barn med nedsett funksjonsevne i barnehage. Til sist i kapitlet er det ein omtale av kostnadene i barnehagane.
Talgrunnlaget er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), KOSTRA (Kommune Stat Rapportering), Barnetilsynsundersøkelsen 2010, Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) og ulike undersøkingar som har vorte gjennomførte på oppdrag frå departementet.
Barn i barnehage
Tabell 7.1 Tal på barn i barnehage, auke i talet på barn i barnehage og barnehageplassar, dekningsgrad og gjennomsnittleg opphaldstid, 2009–12
|
2009
|
2010
|
2011
|
2012
|
Tal på barn i barnehage
|
270 174
|
277 139
|
282 737
|
286 153
|
Auke i talet på barn i barnehage per år
|
8 288
|
6 965
|
5 598
|
3 416
|
Auke i talet på heiltids barnehageplassar
|
10 100
|
8 400
|
7 000
|
5 200
|
Dekningsgrad 1–5 år
|
88,5
|
89,3
|
89,7
|
90,1
|
Dekningsgrad 1–2 år
|
77,2
|
78,8
|
79,5
|
80,2
|
Dekningsgrad 3–5 år
|
96,2
|
96,5
|
96,5
|
96,7
|
Dekningsgrad 1 år
|
68,6
|
70,4
|
70,9
|
69,6
|
Dekningsgrad 2 år
|
85,9
|
87,4
|
88,0
|
90,5
|
Dekningsgrad 3 år
|
94,5
|
95,1
|
95,1
|
95,3
|
Dekningsgrad 4 år
|
96,9
|
97,1
|
97,2
|
97,1
|
Dekningsgrad 5 år
|
97,3
|
97,4
|
97,3
|
97,6
|
Gjennomsnittleg opphaldstid per veke
|
42,8
|
43,1
|
43,4
|
43,7
|
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Ved utgangen av 2012 gjekk om lag 286 000 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. I 2011 var tilsvarande tal om lag 283 000 barn, og i 2010 om lag 277 000 barn. I tillegg nytta om lag 5 300 barn open barnehage i 2012. Barn under tre år utgjer 36 pst. av alle barn i barnehage, mot 29 pst. i 2005.
Frå utgangen av 2005 og fram til utgangen av 2012 har i overkant av 62 000 fleire barn fått plass i barnehage. Kommunane og private utbyggjarar har etablert om lag 79 000 nye heiltids barnehageplassar i same periode. Som tidlegare år gjekk også ein god del av kapasitetsveksten i barnehagesektoren i 2012 med til å auke opphaldstida til barn som allereie hadde plass i barnehage. I åra 2009–11 vart det etablert 1,2 heiltidsplassar for kvart nytt barn som kom i barnehage. I 2012 har dette talet auka til 1,5. Det har dermed vore bygt fleire barnehageplassar enn det har komme nye barn i barnehagen.
I 2012 hadde 90 pst. av barna heiltidsplass i barnehagen mot 88 pst. i 2011. Det vil seie avtalt opphaldstid i veka på 41 timar eller meir. Gjennomsnittleg avtalt opphaldstid har i same periode auka frå 43,4 til 43,7 timar per veke. I 2003, da barnehageforliket vart inngått i Stortinget, hadde 60,8 pst. av barna heiltidsplass i barnehage, og gjennomsnittleg avtalt opphaldstid var 38,1 timar per veke.
Det er viktig å skilje mellom avtalt opphaldstid og barnas faktiske opphaldstid. I
Barnetilsynsundersøkelsen 2010
spurte SSB foreldra om når dei vanlegvis leverer og hentar barna, det vil seie faktisk opphaldstid. Undersøkinga viser at få barn har svært lange dagar i barnehagen. Berre 19 pst. nyttar heile plassen, det vil seie at dei lèt barna vere i barnehagen i 41 timar eller meir per veke. Det store fleirtalet av barnehagebarna (om lag 70 pst.) har ei faktisk opphaldstid i barnehagen på 25–40 timar i veka, og i gjennomsnitt er barna i barnehagen 35 timar i veka. Både den avtalte og den faktiske opphaldstida er nesten identiske for alle aldersgrupper. Det vil seie at eittåringar og femåringar er like lenge i barnehagen.
Dekningsgraden for barn i alderen eitt til fem år var i 2012 90,1 pst., som er ein auke frå 89,7 pst. ved utgangen av 2011. Tilsvarande tal for 2009 var 88,5 pst. Den største auken i veksten i talet på barn er for barn over tre år. Auken her var på i overkant av 2 000 barn. For barn i aldersgruppa tre til fem år auka dekningsgraden frå 96,5 pst. til 96,7 frå 2011 til 2012. For barn i aldersgruppa eitt til to år auka dekningsgraden frå 79,5 pst. til 80,2 pst. frå 2011 til 2012.
Tabell 7.2 Tal på barn i barnehage etter eigarforhold, offentleg og privat, 2009–12
|
2009
|
2010
|
2011
|
2012
|
Offentlege
|
145 046
|
147 180
|
148 822
|
150 777
|
– kommunale
|
143 454
|
146 051
|
147 909
|
149 949
|
– fylkeskommunale/statlege
|
1 592
|
1 129
|
913
|
828
|
Private
|
125 128
|
129 959
|
133 915
|
135 376
|
– kyrkjelyd/trussamfunn
|
7 769
|
7 723
|
7 612
|
7 551
|
– foreldreeigd
|
33 170
|
33 083
|
33 169
|
32 285
|
– husmorlag/sanitetsforening
|
1 139
|
1 151
|
1 032
|
907
|
– bedrift
|
33 039
|
30 724
|
36 681
|
39 101
|
– pedagogisk/ideologisk org.
|
4 900
|
8 048
|
8 109
|
8 117
|
– enkeltpersonar
|
18 692
|
18 183
|
18 398
|
16 801
|
– andre
|
26 419
|
31 047
|
28 914
|
30 614
|
I alt
|
270 174
|
277 139
|
282 737
|
286 153
|
Note: Barn som går i familiebarnehagar, er inkluderte i tabellen. I 2012 gjekk 375 barn i offentlege familiebarnehagar, og 6 004 barn gjekk i private familiebarnehagar.
Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå
Ved utgangen av 2012 var det 6 397 barnehagar i Noreg inkludert familiebarnehagar og opne barnehagar. Om lag 53 pst. av desse var private. Frå 2010 til 2012 har det vore ein reduksjon på 182 barnehagar. 3 416 fleire barn begynte i barnehage i 2012. Tidlegare har private barnehagar stått for hovudtyngda av veksten i barnehageplassar. Dette er endra i 2012, da 57 pst. av veksten i talet på barn i barnehage var i offentlege barnehagar, mot 29 pst. i 2011.
Offentleg og privat del av barnehagesektoren er framleis relativt jamstore. I 2012 hadde 53 pst. av barna plass i ein offentleg barnehage, medan 47 pst. hadde plass i ein privat barnehage.
Barnehagestruktur
Tabell 7.3 Tal på barn i barnehage og tal på barnehagar etter barnehagestorleik, 2010–12
|
2010
|
|
2011
|
|
2012
|
|
|
Barn i barnehage
|
Barnehagar
|
Barn i barnehage
|
Barnehagar
|
Barn i barnehage
|
Barnehagar
|
1–25 barn
|
28 528
|
2 197
|
25 852
|
2 007
|
25 216
|
1 938
|
26–50 barn
|
66 762
|
1 794
|
67 813
|
1 826
|
65 163
|
1 756
|
51–75 barn
|
96 818
|
1 570
|
96 927
|
1 571
|
97 830
|
1 593
|
76 barn eller fleire
|
85 031
|
872
|
92 145
|
936
|
97 944
|
986
|
I alt
|
277 139
|
6 433
|
282 737
|
6 340
|
286 153
|
6 273
|
Note: Opne barnehagar er ikkje inkluderte i talet på barnehagar.
Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå
Talet på store barnehagar har auka i dei siste åra, og stadig fleire av barnehagebarna går i store barnehagar. I 2012 gjekk 34 pst. av alle barnehagebarn i barnehagar med 76 barn eller fleire, mot 33 pst. i 2011. Gjennomsnittsstorleiken på norske barnehagar i 2012 er 47 barn.
Den tradisjonelle avdelingsbarnehagen er framleis den vanlegaste organisasjonsforma. I gjennomsnitt er det 49 barn i ein avdelingsbarnehage mot 61 barn i ein basebarnehage.
Ei undersøking som IRIS gjorde i 2010, viste at gjennomsnittleg gruppestorleik for barn under tre år var 12,4 barn og for grupper med barn over tre år 18,7 barn. For aldersblanda grupper var gruppestorleiken 17,6 barn. Den gjennomsnittlege gruppestorleiken er vesentleg større i barnehagar etablerte etter 2005 enn i barnehagar som er etablerte tidlegare. Tal frå SSB si undersøking
Barnefamiliers tilsynsordninger, 2010
kan tyde på at gruppestørrelsen i gjennomsnitt er aukande. Mellom anna viser ei undersøking frå 2011 at 20 pst. av eittåringane og 27 pst. av toåringane går i grupper på 15 barn eller meir.
Dess større barnehagen er målt i talet på barn, dess større er barnegruppene. Gjennomsnittleg storleik på reine småbarnsgrupper i dei aller minste barnehagane (med færre enn 30 barn) er 9,2 barn. I barnehagar med 80–99 barn og over 100 barn er dette talet høvesvis 14 og 13,2 barn.
Tabell 7.4 Gjennomsnittleg tal på barn per gruppe etter organiseringa av barnehagen
Type grupper
|
Heilt/delvis avdelingsbasert
|
Mellom avdelingsbasert og avdelingsfri
|
Heilt/delvis avdelingsfri
|
Barnehagar med ei gruppe
|
Total
|
Både små og store barn
|
17,3
|
17,9
|
19,9
|
17,3
|
17,6
|
Berre små barn
|
12,2
|
12,6
|
14,8
|
|
12,4
|
Berre store barn
|
18,8
|
18,0
|
22,7
|
|
18,7
|
Kjelde: International Research Institute of Stavanger (IRIS) (2011): «Barnehagens organisering og strukturelle faktorers betydning for kvalitet». Rapport IRIS – 2011/09
Gruppestorleikar varierer med organiseringsform, jamfør tabell 7.4. Avdelingsfrie barnehagar har gjennomsnittleg fleire barn per gruppe enn avdelingsbaserte barnehagar. Dette gjeld uansett samansetjing av barnegruppa.
Statistikken viser at grunnbemanninga i barnehagane i gjennomsnitt er 6,2 barn per vaksen dersom ein korrigerer for alder og opphaldstid. Dette talet har vore tilnærma konstant i dei siste ti åra jf. figur 7.1.
Figur 7.1 Talet på barn per årsverk (2002–12)
Note: Omgrepet «vaksen» er målt i årsverka til pedagogiske leiarar og assistentar.
Kjelde: SSB
Personalet i barnehagen
Barnehagar med kompetente tilsette er ein føresetnad for å kunne gi alle barn eit godt pedagogisk tilbod. Det blir slått fast i Meld. St. 24 (2012–2013)
Framtidens barnehage
og det ligg til grunn for regjeringas kompetansesatsing og den nye kompetansestrategien
Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020
. KOSTRA-tal syner at talet på styrarar og pedagogiske leiarar med pedagogisk utdanning, det vil seie barnehagelærarutdanning eller anna pedagogisk utdanning, auka med 1 289 personar frå 2011 til 2012.
Delen pedagogiske leiarar og styrarar med godkjend utdanning er ikkje lik over heile landet. Mange stader opplever dei å ha tilstrekkeleg godt kvalifisert pedagogisk personell i barnehagane, medan andre slit med rekrutteringa. Oslo og Akershus er framleis dei fylka som har størst vanskar med å rekruttere nok pedagogar.
Tabell 7.5 Personalet i barnehagen, 2010–12
|
2010
|
2011
|
2012
|
Tal på tilsette
|
87 401
|
88 823
|
91 239
|
Tal på årsverk
|
70 212
|
71 588
|
73 233
|
Tal på barn per årsverk
|
3,9
|
3,9
|
3,9
|
– i offentlege barnehagar
|
3,9
|
3,9
|
3,8
|
– i private barnehagar
|
4,0
|
4,0
|
4,0
|
Tal på styrarar og pedagogiske leiarar
|
29 915
|
31 022
|
32 198
|
Styrarar og pedagogiske leiarar med godkjend pedagogisk utdanning
|
27 150
|
28 203
|
29 492
|
– i pst. av styrarar og pedagogiske leiarar
|
90,8
|
90,9
|
91,6
|
Tilsette med pedagogisk utdanning
|
31 404
|
32 211
|
34 083
|
– i pst. av dei tilsette som arbeider med barn
|
39,1
|
39,4
|
40,8
|
Tilsette med barnehagelærarutdanning
|
28 007
|
28 761
|
30 388
|
– i pst. av dei tilsette som arbeider med barn
|
34,8
|
35,2
|
36,4
|
Tilsette med barne- og ungdomsfagleg utdanning
|
10 164
|
10 934
|
11 697
|
– i pst. av dei tilsette som arbeider med barn
|
12,6
|
13,4
|
14,0
|
Note: Tilsette som arbeider med barn, inkluderer alle tilsette unnteke adm./merkantilt personale og anna lønna hjelp (vaktmester, reingjering etc.)
Kjelde: Kunnskapsdepartementet og Statistisk sentralbyrå
Ved utgangen av 2012 var det 91 239 tilsette som utførte 73 233 årsverk i barnehagane. Dette er ein auke på 1 645 årsverk frå året før. I overkant av 32 000 av dei tilsette var styrarar og pedagogiske leiarar. Sidan 2010 har talet på tilsette auka med nærmare 4 000 personar.
Tabell 7.6 Utdanning av barnehagelærarar ved statlege og private høgskolar og universitet, 2008–12
|
2008
|
2009
|
2010
|
2011
|
2012
|
Opptak til førskole-/barnehagelærarutdanning
|
2 556
|
2 597
|
2 776
|
2 553
|
2 940
|
– av dette menn
|
313
|
368
|
429
|
425
|
543
|
– del menn (i pst.)
|
12,2
|
14,2
|
15,5
|
16,6
|
18,5
|
Uteksaminerte førskole-/barnehagelærarar
|
1 365
|
1 532
|
1 679
|
1 777
|
1 897
|
– av dette menn
|
148
|
170
|
168
|
162
|
227
|
– del menn (i pst.)
|
10,8
|
11,1
|
10,0
|
9,1
|
12,0
|
Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)
Talet på studentar som vart tekne opp til førskole- og barnehagelærararutdanninga auka frå 2 556 i 2008 til 2 940 i 2012. Talet på ferdig uteksaminerte førskole- og barnehagelærarar auka frå 1 365 til 1 897 i same tidsrom. Moglegheitene for førskole- og barnehagelærarstudium har samtidig blitt meir mangfaldige og tilgjengelege, med studieplassar fordelte på både ordinær barnehagelærarutdanning, arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning, vidareutdanning i pedagogisk utviklingsarbeid for barnehagelærarar og vidareutdanning i barnehagepedagogikk for pedagogar med minst tre års høgre utdanning.
Likestilling
Regjeringa har eit mål om at delen mannlege tilsette skal komme opp i 20 pst. for alle barnehagar. For meir omtale av likestilling og arbeid mot diskriminering, sjå kap. 8.
Tabell 7.7 Menn i barnehagane, 2008–12
|
2008
|
2009
|
2010
|
2011
|
2012
|
Menn tilsette i basisverksemd
|
4 985
|
5 636
|
6 106
|
6 238
|
6 429
|
– i pst. av tilsette i basisverksemd
|
7,3
|
7,9
|
8,3
|
8,3
|
8,5
|
Styrarar og pedagogiske leiarar
|
1 671
|
1 889
|
2 030
|
2 110
|
2 272
|
Assistentar
|
3 314
|
3 747
|
4 076
|
4 128
|
4 157
|
Note: Assistentar inkluderer ikkje tospråklege assistentar.
Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå
Tal frå SSB viser at av alle tilsette i basisverksemda i barnehagen i 2012 var om lag 8,5 pst. menn, totalt om lag 6 400 personar. Dette omfattar styrarar, pedagogiske leiarar og assistentar (ikkje kategorien tospråklege assistentar). Frå 2011 til 2012 har talet på menn i basisverksemda auka med 191 personar, det vil seie ein auke på om lag tre pst.
14,8 pst. av barnehagane hadde minst 20 pst. menn tilsette i basisverksemda si i 2012.
Minoritetsspråklege barn og tilsette i barnehage
Talet på minoritetsspråklege barn i barnehage har auka frå 30 508 i 2011 til 34 363 i 2012. I 2012 gjekk 75 pst. av alle minoritetsspråklege barn i alderen eitt til fem år i barnehage. Det er ein auke på to prosentpoeng frå 2011. I 2012 gjekk nærmare 97 pst. av minoritetsspråklege femåringar i barnehage. Dette er ein svak auke frå 2011.
Staten gir eit øyremerkt tilskott til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege barn i førskolealderen, jf. kap. 231 post 63.
Tabell 7.8 Minoritetsspråklege barn i barnehage, alder 0–6 år, 2009–12
|
2009
|
2010
|
2011
|
2012
|
Tal på minoritetsspråklege 0–6-åringar i barnehage
|
25 079
|
27 455
|
30 508
|
34 363
|
Dekningsgrad minoritetsspråklege 1–5-åringar
|
71,1
|
71,7
|
73,0
|
75,0
|
Dekningsgrad minoritetsspråklege 1-åringar
|
33,0
|
34,5
|
36,8
|
36,5
|
Dekningsgrad minoritetsspråklege 2-åringar
|
55,5
|
56,8
|
59,4
|
68,2
|
Dekningsgrad minoritetsspråklege 3-åringar
|
81,8
|
84,1
|
83,7
|
85,5
|
Dekningsgrad minoritetsspråklege 4-åringar
|
92,4
|
93,0
|
94,5
|
92,0
|
Dekningsgrad minoritetsspråklege 5-åringar
|
95,2
|
94,7
|
96,4
|
96,9
|
Note: Minoritetsspråklege barn blir her definerte som barn med ein annan språk- og kulturbakgrunn enn norsk, med unntak av barn som har samisk, svensk, dansk eller engelsk som morsmål. Alle tal er oppdaterte i tråd med ny definisjon for berekning av delen minoritetsspråklege barn i barnehage.
Kjelde: Barnehagestatistikk, Statistisk sentralbyrå
Tabell 7.9 Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre sysselsette i barnehagar. Alle arbeidsforhold, 2009–12
|
2009
|
2010
|
2011
|
2012
|
Barnehagelærar av yrke og/eller med barnehagelærarutdanning
|
1 339
|
1 515
|
1 714
|
1 861
|
I pst. av alle barnehagelærarar
|
4,9
|
5,3
|
5,8
|
6,0
|
Anna pedagogisk personell i barnehagane
|
251
|
275
|
276
|
774
|
I pst. av alt anna pedagogisk personell
|
15,1
|
15,3
|
14,5
|
31,4
|
Barnehageassistentar
|
6 079
|
6 863
|
7 825
|
7 971
|
I pst. av alle assistentar
|
12,2
|
13,2
|
14,4
|
14,6
|
Anna personell
|
1 660
|
1 805
|
1 846
|
1 613
|
I pst. av alt anna personell
|
14,5
|
16,7
|
18,1
|
19,5
|
Del innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre sysselsette i barnehagar, alle arbeidsforhold
|
10,3
|
11,2
|
12,1
|
12,7
|
Note: Den sterke auken i «anna pedagogisk personell» og «i pst. av alt anna pedagogisk personell» frå 2011 til 2012 skyldast at SSB har endra metode for innsamling av data knytte til sysselsette med innvandrarbakgrunn.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
I 2012 var seks pst. av dei som var barnehagelærarar av yrke og/eller med barnehagelærarutdanning, innvandrarar. Det er ein liten auke frå 2011. Tilsvarande hadde om lag 31 pst. av anna pedagogisk personell, 15 pst. av assistentane og 20 pst. av anna personell i barnehagane innvandrarbakgrunn i 2012. Delen personell med innvandrarbakgrunn har auka i alle stillingskategoriar sidan 2009.
Av om lag 7 700 studentar i barnehagelærarutdanninga i 2012 var 7,4 pst. innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre. I 2009 var delen 6,1 pst.
Barn med nedsett funksjonsevne i barnehage
Barnehagar er eit viktig pedagogisk tiltak for barn med nedsett funksjonsevne. Barn med nedsett funksjonsevne skal derfor ha prioritet ved opptak. I 2012 var det 14 917 barn med nedsett funksjonsevne og særskilde behov i barnehagen, og av desse fekk om lag 8 400 barn ekstra ressursar. Av dei 8 400 fekk 6 577 barn under opplæringspliktig alder spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7 i opplæringslova. Dette tilsvarer om lag 2,3 pst. av alle barn som går i barnehagen.
I undersøkinga som IRIS har gjennomført på vegne av departementet i 2010, er eitt av tema delen spesialpedagogar i barnehagane. Barn under opplæringspliktig alder som har særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter opplæringslova. Spesialpedagogisk kompetanse er viktig for å identifisere behov for spesialpedagogisk hjelp hos barn i barnehagen. IRIS framhevar derfor at den spesialpedagogiske kompetansen er ein del av den strukturelle kvaliteten til barnehagen. Undersøkinga viser at det er fleire spesialpedagogar i dei store barnehagane enn i dei små.
Kostnader i og finansiering av barnehagar
Tabellen nedanfor viser kostnader per korrigerte opphaldstime i 2011 og 2012 for kommunale barnehagar, ikkje-kommunale barnehagar og private familiebarnehagar. Dei ordinære driftskostnadene i ikkje-kommunale barnehagar utgjer om lag 92 pst. av kostnadene til ordinær drift i kommunale barnehagar. Frå 2011 til 2012 har kostnadene til ordinær drift i kommunale barnehagar auka nominelt med 4,7 pst. I ordinære ikkje-kommunale barnehagar auka dei ordinære driftskostnadene nominelt med 3,8 pst.
Tabell 7.10 Kostnader per korrigerte opphaldstime ordinære barnehagar og familiebarnehagar 2011–12 i kroner
|
|
2011
|
|
|
2012
|
|
|
Kommunale barnehagar
|
Ordinære ikkjekommunale barnehagar
|
Private familiebarnehagar
|
Kommunale barnehagar
|
Ordinære ikkjekommunale barnehagar
|
Private familiebarnehagar
|
Kostnader per korrigerte opphaldstime – ordinær drift
|
53,57
|
49,83
|
59,72
|
56,08
|
51,73
|
61,18
|
Kostnader per korrigerte opphaldstime – særskild tilrettelegging for barn med spesielle behov
|
5,23
|
0,67
|
0,17
|
5,73
|
0,65
|
0,18
|
Sum kostnader per korrigerte opphaldstime
|
58,80
|
50,50
|
59,89
|
61,81
|
52,38
|
61,36
|
Note: Tala for 2011 er endra som følgje av overgangen til bruk av nye forhaldstal for fordeling av kostnader mellom store og små barn. For ei nærmare drøfting av utvalet og nytta utrekningsmetode, sjå rapport frå den aktuelle analysa.
Kjelde: Telemarksforsking (2013): «Foreløpig notat. Analyse av kostnader i barnehagene 2012».
Som tabellen nedanfor viser er foreldrebetalinga vesentleg redusert for alle inntektsgrupper etter innføring av maksimalprisen. Reduksjonen i foreldrebetalinga har vore høgre for hushald med høg inntekt enn for hushald med låg inntekt. Maksimalprisen er frå 2005 til 2013 redusert frå 2 750 kroner per månad til 2 330 kroner i 2013. Dette er ein reell reduksjon på om lag 35 pst. eller 1 260 kroner (2013-kroner) per månad.
Tabell 7.11 Gjennomsnittlege månadssatsar i kroner (vekta) for foreldrebetaling etter bruttoinntekt, barn over tre år med fulltidsopphald i kommunale barnehagar, 2003–13
|
250 000
|
375 000
|
500 000
|
Januar 2003
|
2 579
|
3 008
|
3 097
|
Januar 2004
|
2 360
|
2 731
|
2 805
|
Januar 2005
|
2 356
|
2 691
|
2 741
|
Januar 2006
|
2 010
|
2 199
|
2 257
|
Januar 2007
|
2 017
|
2 235
|
2 289
|
Januar 2008
|
2 114
|
2 265
|
2 296
|
Januar 2009
|
2 060
|
2 208
|
2 261
|
Januar 2010
|
2 077
|
2 218
|
2 263
|
Januar 2011
|
2 160
|
2 237
|
2 277
|
Januar 2012
|
2 145
|
2 262
|
2 297
|
Januar 2013
|
2 125
|
2 258
|
2 298
|
Note: Kostpengar og tilleggsutgifter er ekskluderte. Laupande nominelle prisar.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå (2013): «Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2013», Rapportar 28/2013