Kunnskapsdepartementet (KD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Arbeidet med likestilling og mot diskriminering er eit systematisk og langsiktig holdningsarbeid som startar i barnehagen, førast vidare i skolen og må liggje til grunn i universitets- og høgskoleinstitusjonane og i forskinga. Målet er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og religion.

Barnehagen

Formålsparagrafen i barnehagelova slår mellom anna fast at barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering. I dette ligg det at barnehagen skal vere ein inkluderande arena for alle barn.

Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen har grundig omtale av verdigrunnlaget for barnehagen. For å støtte arbeidet med rammeplanen i barnehagen har departementet utarbeidd eigne temahefte, mellom anna om barn med nedsett funksjonsevne, om samiske barn, om språkleg og kulturelt mangfald og om likestilling. Målet er at hefta skal formidle kunnskap og erfaringar som grunnlag for refleksjon og praksis for dei tilsette i barnehagen. Eitt av fagområda i rammeplanen er etikk, religion og filosofi. Gjennom arbeidet med dette skal barnehagen mellom anna bidra til at barna utviklar toleranse og interesse for kvarandre og respekt for bakgrunnen til den einskilde uavhengig av kultur, religion eller livssyn.

Barnehagen skal oppdra barn til både å møte og skape eit likestilt samfunn, og byggje verksemda si på prinsippet om likestilling mellom kjønna. Dei tilsette skal sjå og høyre på alle barna, og dei skal oppmuntre barna til i fellesskap å delta i all slags aktivitet i barnehagen.

Likestillingsarbeid er eit systematisk og langsiktig holdningsarbeid, samtidig som det krev handling her og no. Departementet arbeider for å fremme ein pedagogikk som medverkar til både likestilling mellom kjønna og til å auke rekrutteringa av menn til barnehagen. Barn treng både mannlege og kvinnelege rollemodellar. Ein betre kjønnsbalanse i barnehagen er også viktig for å kunne sikre personale med variert kompetanse.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at av alle tilsette i barnehagen i 2012 i alle stillingskategoriar var om lag elleve pst. menn, om lag 9 600 personar. Dette omfattar stillingskategoriar som spesialpedagogar, tospråklege assistentar, personlege assistentar, sivilarbeidarar og vaktmeistrar. Viss vi berre ser på tilsette i basisverksemda, altså dei som arbeider med heile barnegruppa, utgjorde menn om lag 6 400 personar, altså 8,5 pst. Dette omfattar berre styrarar, pedagogiske leiarar og assistentar (ikkje kategorien tospråklege assistentar). Frå 2011 til 2012 har talet på menn i basisverksemda auka med om lag 191 personer, det vil seie ein auke på om lag tre pst. I dei fire siste åra har delen mannlege barnehagetilsette i basisverksemda auka med 29 pst., frå 4 985 menn i 2008 til 6 429 menn i 2012. Denne auken har ført til at delen menn av dei tilsette i basisverksemda har halde seg stabil til tross for stor utbygging.

Regjeringa har eit mål om at delen mannlege tilsette skal komme opp i 20 pst. for alle barnehagar. I 2012 hadde 47 pst. av barnehagane minst ein mannleg tilsett i basisverksemda, og 14,8 pst. av barnehagane hadde minst 20 pst. menn tilsette i basisverksemda. Dette er om lag same del som i 2011, da prosentdelen var 14,7 pst.

I 2012 utgjorde menn 13,6 pst. av dei totalt 7 716 studentane på barnehagelærarutdanninga mot 13,2 pst. av totalt 7 525 studentar i 2011. Våren 2012 fullførte 1 897 studentar barnehagelærarutdanninga, og av dette var 227 menn, noko som tilsvarer tolv pst., mot 9,1 pst. våren 2011. Hausten 2012 starta 542 mannlege og 2 357 kvinnelege studentar på barnehagelærarutdanninga, så menn utgjorde 18,7 pst. For 2013 har delen mannlege søkjarar med barnehagelærarutdanninga som førsteval gått opp frå 16,6 pst. i 2012 til 17,2 pst.

Det viktige arbeidet med å rekruttere fleire menn til barnehagen og å fremme likestilling mellom kjønna er omfatta av regjeringas handlingsplan Likestilling 2014 – Regjeringens handlingsplan for likestilling mellom kjønnene . I handlingsplanen er det tre tiltak på barnehageområdet:

  • Kompetanseheving i barnehagane: å utarbeide og gjennomføre tiltak for å heve kompetansen hos tilsette i praktisk likestillingsarbeid i norske barnehagar, slik at arbeidet i barnehagane speglar verdigrunnlaget i rammeplanen.

  • Likestillingsteam i alle fylke: Likestillingsteama skal arbeide for å rekruttere og halde på menn i barnehagane. På bakgrunn av erfaringar og lokale behov skal det også leggjast til rette for kompetansetiltak, lokalt utviklingsarbeid og erfaringsspreiing for å fremme likestilling mellom gutar og jenter i barnehagen.

  • Statusundersøking: å gjennomføre ei ny statusundersøking for likestillingsarbeidet i barnehagen i løpet av 2014.

Gjennom kompetanse- og rekrutteringsprosjektet GLØD arbeider departementet vidare med å auke rekrutteringa av pedagogar og andre kompetente tilsette til barnehagane, og dette inkluderar arbeidet med å rekruttere menn. Fylkesmannen er pålagd å opprette likestillingsteam i alle fylke for å føre vidare arbeidet med både å rekruttere menn og fremme likestilling i barnehagane. Dronning Mauds Minne Høgskole (DMMH) har ansvaret for å drifte nettstaden mennibarnehagen.no. Intensjonen er at nettstaden skal vere ein arena for informasjon og deling av erfaringar. Vinteren 2012 vart sida fornya som ei følgje av regjeringas handlingsplan Likestilling 2014 .

Senter for IKT har utarbeidd nettstaden Min stemme i samband med stemmerettsjubileet i 2013 og grunnlovsjubileet i 2014. Min stemme tilbyr faglege ressursar og oppgåver til bruk i barnehage og skole. Eit av hovudtema på nettstaden er likestilling. I ein minidokumentar får vi mellom anna vite kva barn i Noreg har å seie om likestilling.

Det er sett i verk tiltak for å heve kompetansen hos dei tilsette om praktisk likestillingsarbeid i barnehagane. Likestillingssenteret har ansvaret for kompetansetiltaka. DMMH og barnehagekjeden Kanvas er samarbeidspartar i dette arbeidet. Det er utarbeidd ei rettleiing for likestilt pedagogisk praksis: Søt eller tøff – et fritt valg?

For foreldre til barn med nedsett funksjonsevne representerer barnehagen avlasting, tryggleik og støtte. Barn med nedsett funksjonsevne har prioritet ved opptak i barnehage. I 2012 hadde litt under 15 000 barn i barnehage nedsett funksjonsevne eller særskilde behov, noko som tilsvarer 5,2 pst. av alle barn i barnehage. Det vart gitt ekstra ressursar til nesten 8 400 barn, det vil seie 2,9 pst.

Det fysiske miljøet i barnehagen skal vere tilrettelagt slik at alle barn får gode moglegheiter til å delta aktivt i leik og andre aktivitetar. I 2002 rapporterte 75 pst. av styrarane at barnehagen var lagd til rette på denne måten. I 2012 var delen auka til 92 pst., noko som er svært positivt.

Grunnopplæringa

Søkjelys på utradisjonelle utdanningsval

Regjeringas handlingsplan for likestilling mellom kjønna, Likestilling 2014, Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei og Meld. St. 44 (2012–2013) Likestilling kommer ikke av seg selv inneheld tiltak på området til grunnopplæringa. Mellom anna vil ein rette søkjelyset mot dei tradisjonelle utdannings- og yrkesvala. Regjeringa ønskjer ikkje å styre utdannings- og yrkesval, men først og fremst å satse på systematisk, holdningsskapande arbeid og aktive tiltak.

Målet om å jamne ut skilnadene i val av utdanning allereie på vidaregåande nivå er viktig for å oppnå ei vidare økonomisk likestilling. Skeiv kjønnsbalanse i utdanning og arbeidsliv gjer at vi ikkje drar full nytte av ressursane og talenta til båe kjønn. Det er presisert i forskrift at den einskilde eleven skal ha hjelp til å utvikle seg og utnytte evnene sine utan omsyn til tradisjonelle kjønnsroller. Rapportar har vist at verken rådgivarar eller skolar gir nok merksemd til moglegheitene for utradisjonelle utdanningsval.

I arbeidet med Likestilling 2014 ser ein på korleis kjønnsperspektivet er teke hand om i etter- og vidareutdanning av rådgivarar, og korleis det kan forsterkast og forbetrast.

Utdanningsdirektoratet har starta eit opplegg med kompetanseutvikling for rådgivarar med vekt på kjønnsutradisjonelle val.

Fleire prosjekt for rettleiing og informasjon til elevar og foreldre om kjønnsutradisjonelle utdanningsval er no sette i gang.

PISA-undersøkingane viser at gutar på ungdomstrinnet har særleg svake resultat i lesing. Kunnskapsdepartementet vil satse på kompetanse i leseopplæring for gutar i tråd med Meld. St. 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter.

Det er sett i gang eit forsøk med arbeidslivsfag på ungdomstrinnet for å styrkje interessa til elevane for yrkesfag i vidaregåande opplæring. Evalueringa av forsøket vil komme hausten 2013. Førebelse resultat viser at både elevar og lærarar er svært tilfredse med arbeidslivsfaget. Departementet meiner at faget hjelper til med å styrkje ungdomstrinnet og opnar for ei breiare kunnskapsforståing. Det gir også fleire elevar opplevinga av meistring og motivasjon. Departementet tek sikte på at arbeidslivsfag blir gjort obligatorisk dersom sluttevalueringa viser eit samla positivt heilskapsbilete. Departementet vil også vurdere kompetanseutvikling for lærarar og rådgivarar i faga arbeidslivsfag og utdanningsval og leggje vekt på kjønnsutradisjonelle val.

I Meld. St. 20 (2012–2013) På rett vei blir det meldt om ein gjennomgang av læreplanen i faget utdanningsval. Eit av formåla med gjennomgangen er å sikre at skolane i større grad legg til rette for utprøving av kjønnsutradisjonelle yrke, og at faget i tilstrekkeleg grad gir elevane grunnlag for å gjere val av utdanning og yrke uavhengig av kjønnstradisjonar. Det skal vurderast korleis kjønn er teke i vare i undervisninga av faget utdanningsval på ungdomsskoletrinnet.

Kunnskapsdepartementet har fastsett ny læreplan i samfunnsfag, og i den samanhengen er det teke inn kompetansemål som forsterkar merksemda på kjønnslikestilling.

Det nye valfaget på ungdomstrinnet, demokrati i praksis, som vart fastsett frå skoleåret 2013–14, har omtale av arbeidet med kjønnslikestilling.

Læreplanane, mellom anna i samfunnsfag, legg også vekt på kompetansemål som fremmer elevane sine holdningar mot vald, krenkingar, vald knytt til seksualitet og vald i nære relasjonar. Nye læreplanar vart fastsette frå skoleåret 2013–14.

Seksualundervisning m.m i skolen

Mange lærarar ønskjer hjelp utanfrå i arbeidet med tema som seksualundervisning, krenkingar, vald knytt til seksualitet, og liknande. Derfor er det til dømes stor interesse for prosjekt som Rosa kompetanse skole og Uke Sex.

Organisasjonen Sex og politikk har fått stønad frå Kunnskapsdepartementet til prosjektet Uke Sex sia lanseringa i 2011. (Prosjektet er i 2013 tildelt midler via tilskottsordninga til Utdanningsdirektoratet.) Uke Sex er ein undervisningskampanje som gir supplerande materiale til undervisning om seksualitet. Uke Sex kan nyttast av skolar, skolehelsetenesta, helsestasjonar for ungdom og andre som underviser barn og unge.

Materialet kan brukast i fleirfaglege samarbeidsprosjekt, så vel som av den einskilde læraren.

Kunnskapsdepartementet har óg gitt økonomisk stønad til prosjektet Rosa kompetanse skole, (midler i 2013 via tilskottsordninga til Utdanningsdirektoratet). Hovudmålet med prosjektet er å auke kompetansen om lesbiske, homofile, bifile og transpersonar i skolen. Rosa kompetanse skole er eit undervisningsopplegg som først og fremst vender seg til lærarar, tilsette i skole og skoleadministrasjon, men også skolehelsetenesta og elevane sjølve. Målet er ein skole der lesbiske, homofile, bifile og transpersonar skal kunne vere seg sjølve og ikkje oppleve å bli stengde ute eller bli mobba.

Kunnskapsdepartementet har, gjennom tilskottsordninga i Utdanningsdirektoratet, i 2013 også gitt driftsstønad til organisasjonen Skeiv ungdom, som arbeider mot fordommar og diskriminering mot unge lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.

BLIKK er eit magasin retta mot lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Sidan 2006 har magasinet, med midlar frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, blitt distribuert til 500 bibliotek i heile landet. Skolebiblioteka er prioriterte.

Barn og unge med særskilde behov

Stortinget har handsama Meld. St. 18 (2010–2011 ) Læring og fellesskap , jf. Innst. 405 S (2010–2011) og Innst. 50 S (2011–2012). Meldinga er ei oppfølging av NOU 2009: 18 Rett til læring . Stortinget støttar måla og tiltaka i meldinga. Meldinga inneheld fleire tiltak for å sikre tidleg innsats og gode læringsmiljø for barn, unge og vaksne med særlege behov. Det overordna målet med meldinga er å medverke til at skolar møter det mangfaldet av føresetnader og evner elevane har, gjennom tilpassa opplæring, og å førebyggje vanskar gjennom gode læringsmiljø. Elevar som ikkje får eit tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa, skal sikrast dette gjennom spesialundervisning av god kvalitet. Meldinga skal gjere sitt til at gjeldande rettar til barn, unge og vaksne med særskilde behov blir realiserte.

Kunnskapsdepartementet vil i 2014 arbeide vidare med tiltak som står omtalte i Meld. St. 18 (2010–2011). Eitt av tiltaka er ei omorganisering av Statped. Frå 1. januar 2013 er Statped etablert som ei verksemd med ei sentral leiing og med fire fleirfaglege regionsenter. I 2014 vil arbeidet med å utvikle organisasjonen halde fram. Dette inkluderer at Statped vidareutviklar spisskompetansen og sikrar fleirfagleg tenesteyting. Eit anna viktig tiltak i 2014 vil vere å setje i verk ein etter- og vidareutdanningsstrategi for PP-tenesta. Departementet vil vie meir merksemd til forskjellane i talet på gutar og jenter som får spesialundervisning. I skoleåret 2011–12 var 67,5 pst. av dei som får spesialundervisning, gutar. I skoleåret 2012–13 var talet 67,8 pst.

Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk. Mangfold og fellesskap

Kunnskapsdepartementet deltok i arbeidet med Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk. Mangfold og fellesskap frå Barne-, likestillings- og integreringsdepartemenet. Meldinga støtta seg mellom anna til NOU 2010: 7 Mangfold og mestring. I perioden 2013–18 vil regjeringa bruke 30 mill. kroner årleg på eit kompetanselyft for å styrkje fleirkulturell kompetanse i heile utdanningssektoren. Sentrale tema i satsinga er fleirkulturell pedagogikk, fleirspråklegheit, andrespråkspedagogikk og vaksenpedagogikk. Meldinga inneheld tiltak retta mot heile utdanningsløpet for å sikre at alle barn og vaksne skal få eit godt utbytte av opplæringa. Departementet vil mellom anna heve kompetansen for rådgivarar i skolen med vekt på kjønnslikestilling og behova til elevar med innvandrarbakgrunn, og rekruttere fleire menn og fleire personar med innvandrarbakgrunn til lærarutdanningane. Det er også løyvt 6 mill. kroner årleg til å gi tilskott til verksemder som tek inn lærlingar med svake norskdugleikar og kort butid i Noreg.

Skolen skal arbeide mot antisemittisme og rasisme

I mai 2010 sette departementet ned ei arbeidsgruppe for å finne løysingar på korleis skolen kunne arbeide meir systematisk og heilskapleg mot rasisme, antisemittisme og diskriminering. I januar 2011 kom gruppa med anbefalingane sine i rapporten Det kan skje igjen . Rasisme og antisemittisme i skolen gir grunn til uro, og det er svært alvorleg for dei elevane som opplever å bli trakasserte. Noreg er eit fleirkulturelt og samansett samfunn, og skolen er ein viktig møteplass der elevar med ulik bakgrunn kan bli kjende med og få tillit til kvarandre. Departementet er oppteke av at skolen har eit stort ansvar for å arbeide systematisk mot rasisme og antisemittisme. Kunnskapsrike lærarar som kan utnytte dei moglegheitene som ligg i læreplanane, er avgjerande.

I Meld. St. 22 (2010–2011) foreslo departementet på bakgrunn av rapporten Det kan skje igjen å utvikle ein heilskapeleg pedagogisk ressurs for skolens arbeid mot antisemittisme og rasisme, med utgangspunkt i læreplanverket. Departementet foreslo òg å utvikle eit opplegg for etterutdanning av lærarar og skoleleiarar kring temaa antisemittisme, rasisme og handtering av konfliktar i skolen, Dembra – Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme . Grunntanken bak Dembra er erkjenninga av at ekskluderande holdningar og gruppehat blir næra av utryggleik og kjensla av å stå utanfor. Kunnskap og kritisk tenking nyanserer og bryt opp stereotypiar og fastlåste førestillingar om andre kulturar. Det viktigaste middelet skolen har mot ekskluderande holdningar og trakassering er derfor arbeidet med å skape ein demokratisk kultur grunna på inkludering, rom for deltaking, kunnskap og kritisk tenking. Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret), Det internasjonale Wergelandsenteret og Institutt for lærerutdanning og skoleforskning (ILS) ved Universitetet i Oslo har fått i oppdrag å utvikle dette opplegget. Prosjektperioden for Dembra er 2012–15. I tillegg har Kunnskapsdepartementet gitt midlar til å opprette ei stilling ved HL-senteret frå hausten 2013. Stillinga skal bidra til undervisning om og forsking på antisemittisme. Kunnskapsdepartementet vil også oppfordre skolane til å markere holocaustdagen 27. januar.

Vaksne i grunnopplæringa

I skoleåret 2012–13 var det i underkant av 10 000 vaksne i grunnskoleopplæring, og om lag 50 pst. av desse var kvinner. 86 pst. av dei som deltok i ordinær grunnskoleopplæring, var minoritetsspråklege. I vidaregåande opplæring var det i skoleåret 2011–12 om lag 19 900 vaksne som deltok i vidaregåande opplæring. Av desse var 54 pst. kvinner, og 24 pst. hadde innvandrarbakgrunn.

I vidaregåande opplæring var det 20 275 vaksne deltakarar i skoleåret 2011–12. Av desse hadde 25 pst. innvandrarbakgrunn (kjelde: Utdanningsspeilet 2013). Det er ikkje oppdaterte tal for delen vaksne kvinner i vidaregåande opplæring.

Forsking og høgre utdanning

Boks 8.1 Likestilling

11. juni 2013 var det 100 år sidan kvinner i Noreg fekk allmenn stemmerett på lik linje med menn, og året før vart zoologen Kristine Bonnevie vår første kvinnelege professor, etter at Stortinget hadde vedteke at også kvinner kunne bli embetsmenn. Høgre utdanning er ein viktig nøkkel til likestilling i samfunnet, og det var lov 23. juni 1884 som gav norske kvinner lov til å studere og ta eksamen ved universitetet. I dag har om lag like mange kvinner som menn høgre utdanning i Noreg, og fleirtalet av studentane er kvinner. Dei første kvinnelege studentane tok fag som matematikk, fysikk og geologi. Marie Spångberg vart vår første kvinnelege lege i 1893, og i 1896 vart Mary Ann Elisabeth Stephansen første kvinne med realvitskapleg doktorgrad. Likevel vel dei fleste studentane i dag framleis tradisjonelt: Kvinner utdannar seg oftare innanfor omsorg og undervisning – menn innanfor teknikk og naturvitskap.

Likestilling mellom kjønna

Tal frå Samordna opptak viser at om lag 60 pst. av søkjarane til høgre utdanning er kvinner. Dette er stabile tal. I 2012 var 63 pst. av studentane kvinner. Utdanningsvala til norske studentar er sterkt kjønnsdelte. I helse- og sosialfaga er delen menn under 20 pst. Delen er òg lav i grunnskolelærarutdanningane (GLU). Det gjeld særleg GLU for 1.–7. trinn, der delen er i underkant av 20 pst. På førskolelærarutdanninga har delen menn auka med seks prosentpoeng sidan 2003, men han er framleis på godt under 20 pst. MNT-faga (matematikk, naturfag og teknologi) har ein høg del menn. I 2012 var kun 18 pst. av studentane på ingeniørfag kvinner. På teknologifag har delen kvinner auka med fem prosentpoeng frå 2003 til 2013 og ligg no på 30 pst.

Det er viktig å leggje til rette for gode val. Det blir derfor arbeidd aktivt med rekruttering til sentrale utdanningar, slik som lærar- og teknologiutdanningar. Det er arbeidslivet som har dei viktigaste verkemidla, og som må vise fram attraktive moglegheiter, slik som karriere, lønn, sjølvrealisering og utvikling, for både kvinner og menn.

I Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter legg regjeringa særleg vekt på at ein reell kjønnsbalanse inneber at kvinner og menn er like godt representerte i forsking, også i toppstillingar. Dette handlar hovudsakleg om at samfunnet treng breidd i kompetanse og faglege perspektiv, noko som igjen kan bidra til kreativitet og auka kvalitet i forskinga. Samtidig er rettferdig handsaming av personale, uavhengig av kjønn, ein viktig verdi. For at norsk forsking og utdanning skal bli best mogleg, må forskings- og utdanningssektoren lykkast med å rekruttere talentar av begge kjønn, og ikkje minst må dei lykkast med å få begge kjønn til å bli og til å gjere karriere. Rekrutteringa av kvinner til forsking er jamt over god. Det er likevel utfordringar knytte til store skilnader mellom fagområde og mellom sektorar, jf. figur 1.1. I tillegg er det få kvinner i toppstillingar på universitet og høgskolar.

Figur 8.1 Kvinner i professorstilling per fagområde 2001–11 (i prosent av talet på personar)

Figur 8.1 Kvinner i professorstilling per fagområde 2001–11 (i prosent av talet på personar)

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Figur 8.2 Prosentdelen kvinner blant forskarpersonale i Noreg i 1999 og 2011 etter sektor og institusjonstype

Figur 8.2 Prosentdelen kvinner blant forskarpersonale i Noreg i 1999 og 2011 etter sektor og institusjonstype

Kjelde: SSB/NIFU, FoU.statistikk

Figur 8.3 Prosentdelen kvinner i ulike faglege stillingskategoriar ved universitet og høgskolar 2004–12

Figur 8.3 Prosentdelen kvinner i ulike faglege stillingskategoriar ved universitet og høgskolar 2004–12

Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

I 2012 var delen kvinnelege professorar 24,4 pst., ein auke på halvtanna prosentpoeng frå året før. Det er særleg låg kvinnedel innanfor teknologi, ti pst., og innanfor matematisk-naturvitskaplege fag, 16 pst. Likevel vil kvinnedelen blant professorane venteleg halde fram med å auke. Blant førsteamanuensane, som er ein rekrutteringsbase for professorstillingar, er kvinnedelen over 40 pst., og er framleis aukande. Sett under eitt aukar delen kvinner i alle dei mest sentrale faglege stillingane over tid. Sjølv om kvinnedelen blant stipendiatane ved universitet og høgskolar samla sett låg på 49 pst., er likevel delen kvinner som tek doktorgraden, lågare enn delen menn, og delen kvinner varierer frå 62 pst. i medisin til 20 pst. i teknologi.

Departementet sette i 2010 i verk ei treårig prøveordning med insentiv for å auke kvinnedelen i høgre vitskaplege stillingar i MNT-fag. Ho vart forlengd til å vare ut 2013 medan ordninga vart evaluert av Proba samfunnsanalyse våren same år. Evalueringa viser at ordninga har legitimert satsinga på likestilling og kjønnsbalanse hos institusjonane på sentralt nivå, men at ho ikkje har medverka til auka veksttakt i tilsetjing av kvinner i MNT-fag. Kunnskapsdepartementet foreslår, i tråd med konklusjonen i evalueringsrapporten, å ikkje føre ordninga vidare etter 2014 sjå òg kap. 281 post 01.

Det viktigaste likestillingsarbeidet går føre seg ved institusjonane. Universiteta og høgskolane arbeider aktivt med tiltak for å oppnå auka likestilling. Erfaringa viser at forankring i leiinga ved institusjonen og konkrete tiltak der verknadene kan bli målte, speler ei stor rolle for å lykkast med likestillingsarbeidet. Kunnskapsdepartementet krev at universiteta og høgskolane utarbeider handlingsplanar for likestilling, mellom anna for å betre arbeidsvilkåra for kvinner i høgre akademiske stillingar. Kunnskapsdepartementet føreset at planane òg omfattar tiltak for å auke delen kvinner i førstestillingar. Departementet tek i tillegg opp likestilling i styringsdialogen med universitet og høgskolar.

I 2007 oppretta departementet ein likestillingspris for å premiere dei beste handlingsplanane og stimulere sektoren til målretta likestillingsarbeid. Universitetet for miljø- og biovitskap vart tildelt prisen for 2012.

Komité for kjønnsbalanse i forskning (Kif-komiteen) arbeider for å fremme likestilling mellom kjønna ved universiteta, høgskolane og forskingsinstitutta. Komiteen støttar institusjonane i arbeidet med å integrere likestilling i si eiga verksemd, og kjem med framlegg om tiltak som kan betre kjønnsbalansen i forskingsmiljøa. Komiteen skal òg medverke til auka medvit om den skeive balansen mellom kjønna i akademia og forskingssystemet. Komiteen får tilskott av Kunnskapsdepartementet, sjå kap. 281 post 70. Komiteen har mellom anna sett søkjelyset på at kunnskap om likestilling treng forankring i leiinga på institusjonane. Komiteen er i ferd med å nemnast opp på nytt.

Forskingsrådet arbeider for å integrere kjønnsperspektivet i all forsking det finansierer. Forskingsrådet legg til grunn at kjønn er eit sentralt organiserande prinsipp i samfunnet, og har revidert strategien sin for kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv i forsking. Det finst biologiske og sosiale kjønnsforskjellar, og desse må all god forsking ta omsyn til. Alle søknader til Forskingsrådet skal vurderast opp mot kriteriet om kjønnsperspektiv i forskinga, rekruttering av kvinner til høgre stillingsnivå generelt og MNT-fag spesielt, samt kjønnsbalanse i prosjektet. Alle utlysingstekstar skal ha med ei formulering om moderat kjønnskvotering: «I søknader med elles lik fagleg kvalitet og relevans skal prosjekt med kvinneleg prosjektleiar prioriterast.»

Tiltak mot diskriminering

Departementet vil sikre rekrutteringa av minoritetsspråklege lærarar. Gjennom særskilde løyvingar har ein lagt til rette for tilpassa oppfølging av studentar med tospråkleg bakgrunn, mellom anna i fleksible utdanningstilbod. Frå 2013 er desse løyvingane lagde inn i rammene til universiteta og høgskolane. I lov om universitet og høgskolar blir det understreka at styra ved institusjonane skal sørgje for eit godt læringsmiljø, og at institusjonane skal leggje til rette for studentar med særskilde behov.

Institusjonane er gjennom lov pålagde å ha eit læringsmiljøutval, som skal arbeide for at det blir teke vare på læringsmiljøet til studentane, inkludert dei med nedsett funksjonsevne.

Departementet tildeler årleg midlar til Universell (tidlegare Nasjonal pådrivareining for funksjonshemma i høgre utdanning) ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Universell skal medverke til å fremme eit inkluderande læringsmiljø for studentar med nedsett funksjonsevne, og vere pådrivar for læringsmiljøutvala ved norske lærestader. Brukarforum for funksjonshemma i høgre utdanning vart oppretta i 2000. Kunnskapsdepartementet finansierer drifta, og sekretariatet er lagt til Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO). Brukarforumet er ein møtestad for departement, tilsette i universitets- og høgskolesektoren og representantar frå organisasjonane for funksjonshemma, og der problemstillingar knytte til funksjonshemma og høgre utdanning blir drøfta. Departementet vil avklare vidare drift og samansetjing av forumet med FFO.

På oppdrag av Kunnskapsdepartementet og Deltasenteret, eit statleg kompetansesenter som arbeider for at personar med nedsett funksjonsevne skal delta i samfunnet, utarbeidde NIFU i 2010 rapporten Tilretteleggingsutfordringer i høyere utdanning før og nå . Rapporten viser mellom anna at lærestadene driv eit omfattande arbeid knytt til tilrettelegging for studentar med nedsett funksjonsevne.

Regjeringa er oppteken av å sikre reell lik rett til utdanning, og har i dei siste åra satsa på tiltak for einskilde grupper som kan ha behov for meir tilrettelegging enn dei ordinære ordningane i studiefinansieringa. Frå hausten 2011 vart det derfor etablert eit ekstra månadleg stipend og støtte i tolv månader for studentar som på grunn av redusert funksjonsevne ikkje kan ta arbeid ved sida av utdanninga. Tiltaket skal medverke til at fleire personar med redusert funksjonsevne har økonomisk moglegheit til å ta høgre utdanning. Vidare vart det samtidig innført ei ordning der personar med redusert funksjonsevne, og som ikkje har slik støtte frå folketrygda som er meint å dekkje utdanninga, kan få heile basisstøtta som stipend ved forseinking i utdanninga utover eitt år. Forseinkinga må skyldast den nedsette funksjonsevna. Studentar med redusert funksjonsevne har ofte større utfordringar enn andre studentar med å følgje normert studieprogresjon. Tiltaket skal hindre at desse studentane får høgre gjeld etter fullført utdanning enn andre studentar.

Tiltak for likestilling i Noregs forskingsråd

Forskingsrådets Policy for likestilling og kjønnsperspektiver i forskning (2007–2012) dannar grunnlaget for rådets arbeid med likestilling i forsking. Formålet med dokumentet er å styrkje kunnskapsgrunnlaget, kvalitetskrava og aktiviteten i Forskingsrådet på dette feltet. I 2011 var det 28 pst. kvinnelege prosjektleiarar i Forskingsrådet, likt med året før. Blant forskarrekruttane har kvinnedelen auka i dei siste åra. I 2011 var 44 pst. av doktorgradsstipendiatane og 41 pst. av postdoktorstipendiatane kvinner.

Om ein ser på dei enkelte fagområda, er kvinnedelen av doktorgradsstipend og postdoktorstipend på over 50 pst. innanfor samfunnsvitskap, humaniora og medisin. Dette gjeld også for kvinnedelen av doktorgradsstipend i landbruks- og fiskerifag. Kvinnedelen er på om lag 30 pst. for teknologi og matematikk og naturvitskap. Kvinnedelen er særleg høg innanfor handlingsretta program. Desse programma inneheld mykje samfunnsvitskap, medisin og helsefag, som generelt har høg kvinnedel. Ved tildelinga innanfor fri prosjektstøtte ( FRIPRO ) praktiserer Forskingsrådet moderat kjønnskvotering for søknadene om personlege postdoktorstipend og prosjektleiarar for forskingsprosjekta.

Hausten 2012 vart evalueringa av Forskingsrådet overrekt kunnskapsministeren. Evalueringa viste at mens om lag 40 pst. av stipenda går til kvinner, er berre om lag 20 pst. av prosjektteama leidde av kvinner. Dette er ikkje ein kjønnsbalanse vi kan si oss nøgde med. Forskingsrådet arbeider med å bøte på problemet, og departementet vil følgje dette arbeidet nøye.

Over ein periode på 17 år har Noregs forskingsråd bidratt til kjønnsforskingsfeltet i Noreg gjennom særskilde program for kjønnsforsking. No meiner Forskingsrådet at behovet for denne typen øyremerking i ein kapasitetsoppbyggingsfase er forbi. Kjønnsforskinga er godt etablert som eit eige forskingsfelt i Noreg i dag, og dei fremste forskarane på feltet hevdar seg godt i andre program i Forskingsrådet og på den opne arenaen (fri prosjektstøtte). Dette er bakgrunnen for at det ikkje vart etablert eit nytt program etter avsluttinga av Program for kjønnsforsking i 2012.

Kjønnsbalanse i faglege toppstillingar og forskingsleiing (BALANSE) er etablert som eit program i Forskingsrådet frå 2013. Hovudmålet er å betre kjønnsbalansen på seniornivå i norsk forsking gjennom ny kunnskap, læring og innovative tiltak.

I mange år har rekrutteringa til forsking vore god for begge kjønn. Likevel er den låge kvinnedelen blant seniorforskarar og på toppnivå framleis slåande og urovekkjande. Med BALANSE som ny satsing vil Forskingsrådet bidra til å endre på dette. Kjønnsbalanse fremmer kvalitet i forskinga, gjer forskinga relevant for samfunnet og gir konkurransedugleik i miljøa. Visjonen er å bli best i Europa med omsyn til kjønnsbalanse i faglege toppstillingar og forskingsleiing.

Ein planlegg å byggje opp BALANSE-programmet rundt tre hovudgrep:

  • BALANSE-prosjekt

  • kunnskapsutvikling og ny forsking

  • nasjonal læringsarena

BALANSE er finansiert av Kunnskapsdepartementet og hadde si første utlysing våren 2013.

Likestilling og arbeidet mot diskriminering i verksemder som er underlagde Kunnskapsdepartementet

Etter likestillingslova § 1a, diskrimineringslova § 3a og diskriminerings- og tilgjengelova § 3 er alle arbeidsgivarar pålagde å jobbe aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering (aktivitets- og meldeplikta). Kunnskapsdepartementet skal gjere greie for tilstanden når det gjeld likestilling og diskriminering, i Prop. 1 S. Meldeplikta gjeld òg for verksemder og institusjonar under Kunnskapsdepartementet. I Prop. 1 S blir det gjort ei overordna vurdering av tilstanden. For rapporteringa frå kvar enkelt verksemd blir det vist til årsrapportane til verksemdene.

I Utdanningsdirektoratet, ved dei samiske vidaregåande skolane i Karasjok og Kautokeino og ved Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar (Vea) utgjer kvinner mellom 62 og 67 pst. av dei tilsette, mens det i Senter for IKT i utdanninga er ei meir jamn fordeling mellom kjønna. I dei spesialpedagogiske kompetansesentra utgjer kvinnene nærmare 70 pst. av dei tilsette. I sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa er det utelukkande kvinner. I Utdanningsdirektoratet, i Senter for IKT i utdanninga, i dei spesialpedagogiske kompetansesentra og ved Vea tener menn noko meir enn kvinner. Verksemdene har ei bevisst holdning til likestilling, og arbeider aktivt med å syte for likestilling når dei rekrutterer nye tilsette, ved fastsetjing av lønn og i utforming av personalpolitiske tiltak.

I Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) er om lag 73 pst. av dei tilsette kvinner. NOKUT ønskjer ei jamn fordeling mellom kjønna i alle avdelingar. Kvinnelege søkjarar er i fleirtal til utlyste stillingar. Ved å følgje kvalifikasjonsprinsippet får NOKUT dermed ei noko skeiv fordeling med kvinneoverskott. Dette gjeld i alle avdelingar av verksemda. For leiarstillingane var det ved årsskiftet 2012–13 55 pst. kvinner, noko som hovudsakleg skyldast at direktøren inngår i gruppa mannlege tilsette. NOKUT har som ambisjon å kalle inn kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til intervju i ledige stillingar.

Statens lånekasse for utdanning har ei viss overvekt av kvinner blant dei tilsette, men Kunnskapsdepartementet vurderer kjønnsfordelinga som tilstrekkeleg jamn. Denne kjønnsbalansen blir reflektert på dei ulike stillingsnivåa i organisasjonen, både for kjønnsfordelinga og i lønnsfordelinga. Kjønnsfordelinga for faste medlemmer og varamedlemmer i styret til Lånekassen er også jamn. Lånekassen legg vekt på at arbeidsstokken skal spegle befolkninga på ein god måte. Kunngjeringspraksisen og rekrutteringspolitikken bidrar til at Lånekassen ikkje diskriminerer på grunnlag av religion, etnisitet og funksjonshemming. Etaten prøver å rekruttere tilsette med innvandrarbakgrunn gjennom eigna formuleringar i stillingskunngjeringane og ved innkalling til intervju. Vidare legg dei til rette for at tilsette med funksjonshemmingar skal få ein effektiv og god arbeidskvardag, mellom anna gjennom tilpassingar av det fysiske arbeidsmiljøet.

I Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk er 73 pst. av dei tilsette kvinner. Av dei som vart tilsette i 2012, var 77 pst. kvinner. Med hensyn til lønn tener menn noko meir enn kvinner på leiarnivå og blant førstekonsulentar, medan lønnsnivået er om lag det same for kvinnelege og mannlege rådgivarar og seniorrådgivarar. Ved rekruttering av nye tilsette har Vox ei eiga formulering i utlysingane der dei oppmuntrar kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonshemming eller etnisk bakgrunn.

Tabell 8.1 Delen menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2012)

Verksemd

Tilsette

Del menn (%)

Del kvinner (%)

Utdanningsdirektoratet

323

35,9

64,1

Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino

105

38,1

61,9

Sameskolen for Midt-Noreg

16

31,3

68,7

Spesialpedagogiske kompetansesenter

862

26,9

73,1

Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

38

34,2

65,8

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

10

10,0

90,0

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

70

27,1

72,9

Senter for IKT i utdanninga

60

50,0

50,0

Statens lånekasse for utdanning

318

39,3

60,7

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

98

26,5

73,5

Kjelde: Tabell 1 utarbeidd av Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet på bakgrunn av tal frå Statens sentrale tjenestemannsregister per 1. oktober SST 2012

Tabell 8.2 Gjennomsnittleg månadsforteneste for menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2012)

Verksemd

Gj.snittleg månadsforteneste, menn

Gj.snittleg månadsforteneste, kvinner

Lønn til kvinner i pst. av lønn til menn

Utdanningsdirektoratet

45 288

44 029

97,2

Dei samiske vidaregåande skolane, Karasjok og Kautokeino

41 699

38 990

93,5

Sameskolen for Midt-Noreg

38 612

32 000

82,9

Spesialpedagogiske kompetansesenter

41 780

39 569

87,5

Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

39 268

37 613

95,8

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

41 133

41 963

102,0

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

46 136

41 690

90,4

Senter for IKT i utdanninga

48 169

45 813

95,1

Statens lånekasse for utdanning

38 916

38 228

98,2

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitik

43 547

42 347

97,2

Kjelde: Tabell 2 utarbeidd av Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet på bakgrunn av tal frå Statens sentrale tjenestemannsregister per 1. oktober SST 2012

Likestilling og arbeid mot diskriminering i Kunnskapsdepartementet

Som arbeidsgivar er Kunnskapsdepartementet pliktig til å arbeide for å betre kjønnslikestillinga og for betre mangfald i samfunnet. Departementet har som mål å oppnå best mogleg kjønnsbalanse i organisasjonen og gi dei tilsette tilgang til utvikling, karriere og velferd uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne.

Per 1. oktober 2012 var 63,8 pst. av dei tilsette i departementet kvinner. Dette er ein liten nedgang samanlikna med 2011.

Tabell 8.3 Del menn og kvinner og gjennomsnittleg lønn per årsverk etter stillingskode

Kjønn

Lønn

Menn (%)

Kvinner (%)

Totalt (N)

Menn (kr)

Kvinner (kr)

Tilsette i Kunnskapsdepartementet omfatta av Hovedtariffavtalen i staten

2012

35,4

64,6

294

48 266

45 625

2011

33,2

66,8

328

46 801

43 297

Toppleiing

Departementsråd/ekspedisjonssjef

2012

62,5

37,5

8

97 400

92 417

2011

62,5

37,5

8

91 300

92 917

Mellomleiarar

Avdelingsdirektør, direktør, kommunikasjonssjef

2012

46,7

53,3

45

61 999

60 320

2011

42,3

57,7

52

58 546

57 462

Sakshandsaming

Underdirektør, spesialrådgivar, prosjektleiar, fagdirektør

2012

50,0

50,0

10

53 700

61 437

2011

66,7

33,3

15

57 071

58 543

Seniorrådgivar

2012

36,0

64,0

150

46 892

46 789

2011

34,0

66,0

153

45 203

44 675

Rådgivar

2012

37,3

62,7

51

38 972

39 014

2011

30,5

69,5

59

36 955

37 881

Førstekonsulent

2012

21,7

78,3

23

35 304

36 549

2011

22,6

77,4

31

32 404

34 097

Administrativt personale

Seniorkonsulent, konsulent

2012

0,0

100,0

13

35 759

2011

0,0

100,0

15

33 903

Lærling

2012

0,0

100,0

2

25 426

2011

0,0

100,0

3

24 434

Kjelde: Tabell 2 utarbeidd av Fornyings-, adninistrasjons- og kyrkjedepartementet på bakgrunn av tal frå Statens sentrale tjenestemannsregister per 1. oktober SST 2011 og per 1. oktober 2012

Per 1. oktober 2012 var 54,5 pst. av leiarane i Kunnskapsdepartementet kvinner. Kvinnerepresentasjonen i toppleiargruppa var per 1. september 2013 på 33 pst. Gjennom fleire år har departementet lagt vekt på å rekruttere, kvalifisere og motivere kvinner til leiande stillingar. Departementet vil arbeide vidare for å halde oppe denne kjønnsbalansen på leiarnivå.

Dei lokale partane drøftar detaljert lønnsstatistikk ein gong i året, mellom anna med tanke på å avdekkje om kvinner og menn er lønte ulikt. Partane er samde om at ein ikkje finn systematisk ulikskap som kan vere knytt til kjønn når ein samanliknar menn og kvinner innanfor same stillingskode. At snittlønna for kvinner er 94,5 pst. av snittlønna for menn, skyldast at kvinner er i fleirtal i dei lågt lønna stillingskodane (konsulent, seniorkonsulent, førstekonsulent, rådgivar).

Tabell 8.4 Del menn og kvinner i deltid, midlertidig tilsetjing, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær

Deltid

Midlertidig tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt fråvær

Menn (%)

Kvinner (%)

Menn (%)

Kvinner (%)

Menn (%)

Kvinner (%)

Menn (%)

Kvinner (%)

Totalt i Kunnskaps-departementet

2012

3,8

18,4

8,7

5,8

1,0

1,6

1,6

5,5

2011

4,6

22,4

11,9

11,9

0,0

4,6

1,3

5,1

Kjelde: Tabell 1 og 4 utarbeidde av Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet på bakgrunn av tal frå Statens sentrale tjenestemannsregister per 1. oktober SST 2011 og per 1. oktober 2012. Merk at legemeldt fråvær (heilt og delvis) er data per 31. desember 2011 og 31. desember 2012

Statistikken for oktober 2012 syner at 18,4 pst. av kvinnene er lønte i deltidsstilling, medan det same gjeld for 3,8 pst. av dei mannlege tilsette. Tala for 2011 viser at høvesvis 22,4 pst. og 4,6 pst. var lønte i deltidsstillingar, så det er ein nedgang i begge gruppene i 2012. Det legemelde sjukefråværet var i 2012 på 5,5 pst. for kvinner og 1,6 pst. for menn. Begge kjønn har ein auke i legemeldt fråvær samanlikna med 2011.

Overtida i departementet har vore omtrent uendra samanlikna med 2011 (auka med 16 timar). I 2012 arbeidde ein kvinneleg tilsett i Kunnskapsdepartementet i snitt 32,6 timar overtid. Det tilsvarande timetalet for ein mann var 35,7 timar.

Per 1. januar 2013 hadde 30 tilsette avtale om å kunne arbeide ein dag i veka frå heimekontor; 25 av desse var kvinner.

Personalpolitiske tiltak

I dei siste åra har Kunnskapsdepartementet satsa mykje på utvikling av leiarar og medarbeidarar. Det er sett i gang fleire ulike tiltak i 2012: utviklingsprogram med tre samlingar for mellomleiarar i Kunnskapsdepartementet, med totalt tolv deltakarar; av desse var ni kvinner. Utviklingsprogram for koordinatorar med to samlingar med totalt 26 deltakarar; av desse var 19 kvinner. Kollegabasert rettleiing for mellomleiarar med to samlingar med totalt åtte deltakarar; av desse var seks kvinner. Departementet har no 14 interne mentorar; sju av desse er kvinner. På det årlege pensjonistførebuande kurset var det i 2012 22 deltakarar; 13 av dei var kvinner.

Likestillingstiltak: kjønn, etnisk bakgrunn og nedsett funksjonsevne

Rekruttering

Det er personalpolitiske mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og å leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Kunnskapsdepartementet arbeider for å rekruttere tilsette med innvandrarbakgrunn, og for at talet på nytilsette med nedsett funksjonsevne skal auke. Det er sett i gang fleire administrative tiltak for å få til dette. Departementet si personal- og leiarhandbok gjer greie for regelverket for innkalling av kandidatar med innvandrarbakgrunn til intervju og prioritering av kandidatar med nedsett funksjonsevne. Leiarhandboka har òg lenkje til Mangfoldsportalen og til inspirasjonsheftet Overser du kompetanse?, som er utvikla av Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, Helsedirektoratet og Likestillings- og diskrimineringsombodet. Kunnskapsdepartementet deltek aktivt på karrieredagar ved aktuelle utdanningsinstitusjonar, og prøver så langt det er mogleg å ha tilsette med ulik etnisk bakgrunn med på slike arrangement.

Det er utvikla ei mentorordning med tanke på tilsette med annan etnisk bakgrunn. Ordninga er seinare utvida til å gjelde alle nytilsette. Departementet gir leiarane rettleiing i rekruttering, blant anna om rekruttering til mangfald.

Departementet har få søkjarar som skriv at dei har nedsett funksjonsevne, og som søkjer ordinære stillingar. Departementet vil setje i verk fleire IA-tiltak for å rekruttere fleire søkjarar med nedsett funksjonsevne, mellom anna betre samarbeid med Nav for å leggje til rette for praktikantar, fleire kanalar for kunngjering av ledige stillingar, og betre informasjon om at kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne skal kallast inn til intervju. Departementet arbeider med å gjere leiarane kjende med reglane for dette, mellom anna ved å arrangere eigne IA-møte med deltaking frå Nav. I tillegg utviklar departementet betre administrative rutinar som kan støtte opp under desse målsettingane.

Lønns- og arbeidsvilkår, karriereutvikling

Kunnskapsdepartementet vil leggje til rette for gode arbeidsvilkår for ulike fasar i livet. Departementet drøftar mellom anna lønnspolitikken årleg med dei hovudtillitsvalde, og med vekt på likestilling. Departementet har innført systematisk kartlegging av sluttårsaker, som mellom anna kan avdekkje forskjellsbehandling. Departementet har òg utarbeidd ein samla personalstatistikk for å sikre systematisk arbeid for å forbetre arbeidsvilkår, minske sjukefråvær, osv. for menn og kvinner.

Kunnskapsdepartementet har eit breitt internt utviklings- og opplæringstilbod. Tiltaka medverkar til likestilling og like moglegheiter for alle tilsette. Departementet vil føre vidare ordningar med mellom anna intern coaching, mentorar, utvikling av leiarar og medarbeidarar, internasjonal stipendordning, hospiteringsordning osv., med vekt på at tilboda skal bli gitte til både menn og kvinner.

Tiltak mot trakassering

Departementet har utvikla rutinar for varsling i tråd med reglane i arbeidsmiljølova. I tillegg har departementet regelmessige undersøkingar av arbeidsmiljøet, der tilsette kan gi varsel om mobbing anonymt.