Kunnskapsdepartementet (KD)

Kunnskapsdepartementet arbeider for å ha ein god miljøprofil innanfor dei ulike sektorane departementet og underliggjande verksemder er med på å forme.

Formidling av kunnskap og gode holdningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skolane. Ifølgje formålsparagrafen i barnehagelova skal barnehagen i samarbeid og forståing med heimen ta hand om dei behova barn har for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barna skal få utfalde skaparglede, undring og utforskartrong. Dei skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Natur, miljø og teknikk er eitt av sju fagområde i rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. For å støtte barnehagane i arbeidet er det utarbeidd eit temahefte om natur og miljø. I mange kommunar er det etablert eigne naturbarnehagar, i regi anten av kommunen sjølv eller av private aktørar.

Utdanning for berekraftig utvikling er integrert i læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevane og lærlingane skal, i høve til formålsparagrafen, lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. I revidert læreplan i naturfag er emnet berekraftig utvikling styrkt med fleire kompetansemål. Valfaga natur, miljø og friluftsliv, forsking i praksis og teknologi i praksis har miljørelatert innhald og vil bidra til å styrkje kunnskap og holdningar til miljø, energiforbruk og klima. I samarbeid med Miljøverndepartementet har Kunnskapsdepartementet ført vidare arbeidet med Den naturlege skolesekken. Skolesekken medverkar til å styrkje kvaliteten i opplæringa og auke forståinga for nytten og bruken av realfaga, samt fremmer undervisning for berekraftig utvikling. Skolen utarbeider undervisningsopplegg i samarbeid med eksterne aktørar som blant anna lokale natur- og friluftsorganisasjonar. Den naturlege skolesekken gir skolane tilgang til faglege digitale ressursar som Kart i skolen, ein ressurs som legg til rette for utvida bruk av det lokale nærmiljøet til skolane i undervisninga. Samstundes skal Nettverk for miljølære gi skolane tilbod om faglege aktivitetar og felles arenaer for arbeidet med miljø og klima.

Noreg vil framleis ta aktiv del i FNs tiår for berekraftig utvikling (2005–2014), som no går inn i sin avsluttande fase. Den reviderte nasjonale Strategien for utdanning for bærekraftig utvikling (2010–2015) er ei oppfølging av Utdanningstiåret og er ein sentral del av den miljøpolitiske satsinga innanfor grunnopplæringa.

Soria Moria II-erklæringa legg vekt på at Noreg skal bli eit føregangsland i miljøpolitikken. Miljøforsking er nødvendig mellom anna for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for politikkutforminga, men òg for å leggje til rette for ei grøn omstilling av næringslivet. Ved å satse på utvikling av ny kunnskap og teknologi kan det vi gjer nasjonalt, også få verknad langt ut over Noregs grenser.

Forskingsmeldinga, Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter peiker på at forsking knytt til dei store globale utfordringane er styrkt. Det gjeld i særleg grad forsking på klima og miljøvennleg energi, men òg miljøforsking knytt til fleire andre område. Meldinga lyfter fram klimaforsking som eit viktig område. Departementet støttar miljøforsking gjennom ulike satsingar og program som Forskingsrådet har på miljøområdet. I 2012 var den totale innsatsen til Forskingsrådet innanfor miljørelevant forsking om lag 1,6 mrd. kroner, det vil seie om lag på same nivå som i 2011. Berekraftig energi og miljøteknologi var dei største områda. Om lag ti pst. av løyvingane til miljøforsking var over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Ein vesentleg del var knytt til polarforsking, klimaforsking og forsking på miljøvennleg energi. I statsbudsjettet for 2013 kom ei auka satsing på klimaforskinga med 47 mill. kroner; av dette var 8 mill. kroner ei styrking over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. I 2012 kom ei evaluering av norsk klimaforsking i eit internasjonalt perspektiv. Rapporten syner at sentrale delar av denne forskinga held høgt internasjonalt nivå, og at norske forskarar speler ei viktig rolle i det internasjonale klimapanelet (IPCC).

Departementet har i tillegg sidan 2010 løyvt 20 mill. kroner årleg til Senter for klimadynamikk (SKD) ved Bjerknessenteret. Frå 2013 auka denne løyvinga til 25 mill. kroner årleg. SKD er eit internasjonalt leiande klimaforskingsmiljø ved Universitetet i Bergen og med Havforskningsinstituttet, Nansensenteret og Uni Research som jamstilte partnarar.

Forskingsrådet reknar med at meir enn 80 pst. av Polarforskningsprogrammet er knytt til klima og miljø. I 2012 løyvde departementet 45 mill. kroner til målretta satsing på polarforsking i Forskingsrådet; det ligg på same nivå i 2013. Departementet finansierer òg forsking innanfor EUs rammeprogram, der store delar heng saman med miljøet.

I 2012 hadde Forskingsrådet 280 mill. kroner øyremerkte til forskingsinfrastruktur. Dette er viktig for å kunne forske på globale utfordringar knytte til klima og miljø. Noreg var initiativtakar til Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS). Dette er eit internasjonalt prosjekt for å styrkje samarbeidet om forskingsinfrastruktur på Svalbard, der målet er å sjå klima- og miljøkunnskap knytt til is, vatn, luft og jord i samanhang. Prosjektet er med på det europeiske vegkartet for forskingsinfrastruktur (ESFRI). SIOS har motteke midlar frå EUs sjuande rammeprogram til den førebuande fasen. Denne fasen er forlengd og varar ut 2014 . ECCSEL (European Carbon Dioxide Capture and Storage Laboratory Infrastructure) er eit anna norskinitiert ESFRI -prosjekt. Også dette prosjektet har motteke midlar frå EU til første fase. Prosjektet har som mål å gi ny kunnskap om karbonfangst og -lagring, noko som vil kunne redusere utsleppa frå fossilt brennstoff.

Det er vesentleg at den kunnskapen som miljøforskinga resulterer i, blir formidla – både til folk flest og for bruk i forvaltning og næringsverksemd. Departementet ønskjer å leggje til rette for auka og betre forskingsformidling. Både universiteta, høgskolane, forskingsinstitutta og Noregs forskingsråd formidlar resultat frå miljørelevant forsking i tidsskrift, bøker, på konferansar og på Internett.

Universitet og høgskolar er viktige institusjonar for kunnskapsformidling, men òg for forsking på miljøet. Miljøretta forsking er viktig for å få god forståing av miljøet, og for korleis miljøet utviklar seg; dette er ein viktig føresetnad for god og fornuftig utforming av miljøpolitikken.

Eit anna viktig tiltak er departementets finansiering av kontingenten for norsk medlemskap i Global Biodiversity Information Facility (GBIF), som er eit internasjonalt initiativ for å sikre elektronisk tilgang til data om biologisk mangfald for forskarar og andre interesserte over heile verda. Den norske GBIF-noden er lagd til Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Artsdatabanken vart oppretta i 2004, og er knytt til Vitskapsmuseet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim. Artsdatabanken starta det faglege arbeidet i januar 2005 og gir ei nasjonal elektronisk oversikt over eigenskapar til og omfang av biologisk mangfald i Noreg når det gjeld både naturtypar og artar. Kunnskapsdepartementet foreslår å føre vidare tildelinga til Artsdatabanken i 2014. Tenestene til Artsdatabanken er særskilt viktige for miljøforvaltning, undervisning og forsking. I juni 2012 lanserte Artsdatabanken ein ny versjon av svartelista «Fremmede arter i Norge – med norsk svarteliste 2012». Ho gir vurderingar av økologisk risiko knytt til framande artar. Artsdatabanken førte òg vidare arbeidet med å kvalitetssikre og leggje til rette artsdata frå mellom anna universitetsmusea, forskingsinstitutt, forvaltningsorgan og frivillige organisasjonar i tett samarbeid med GBIF-Noreg, og gjere desse tilgjengelege i den nettbaserte karttenesta Artskart. Arbeidet med registreringsverktøyet Artsobservasjonar, der amatørar legg inn nye artsfunn, har halde fram i 2012, og ein har arbeidd med å leggje til rette for at òg profesjonelle brukarar kan registrere data. Artsdatabanken har likeins ført vidare samarbeidet med Noregs forskingsråd, universitetsmusea og den svenske ArtDatabanken om ein norsk-svensk forskarskole i biosystematikk, som ein del av Artsprosjektet, finansiert av Miljøverndepartementet.

Universitetsmusea speler ei viktig rolle i å forvalte vitskaplege natur- og kulturhistoriske samlingar. I St.meld. nr. 15 (2007–2008) Tingenes tale vart utfordringane til universitetsmusea drøfta, på mellom anna områda forsking, formidling og forvaltning av samlingane. Desse musea har ei viktig miljøpolitisk rolle gjennom forsking og formidling knytte til samlingane. Universitetsmusea er mellom anna pålagde ei rekkje forvaltningsoppgåver etter kulturminnelova. Musea er økonomisk styrkte i dei siste åra for å medverke til at samlingane blir forsvarleg oppbevarte og sikra. Gjennom etablering av den norsk-svenske forskarskolen i biosystematikk (sjå omtale av Artsdatabanken) har universitetsmusea fått ei større rolle innanfor undervisning og kompetanseheving på dette fagfeltet.

Meteorologisk institutt har i tillegg til ei rekkje andre funksjonar ei viktig rolle som kartleggjar av dei klimatiske endringane. Instituttet skal følgje den globale og den nasjonale klimautviklinga og skal gi tilfredsstillande klimainformasjon for samfunnsplanlegging og for utforming av Noregs klimapolitikk. Instituttet skal arbeide for at styresmakter, næringsliv, institusjonar og folk flest best mogleg skal få høve til å sikre liv og verdiar gjennom planmessig vern av miljøet.