Kunnskapsdepartementet (KD)

Prop. 1 S

(2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014

Arbeidsforskningsinstituttet AS

Dagleg leiar fekk i 2012 ei samla godtgjering på 889 017 kroner samt del av pensjonspremie på 116 233 kroner. Ved overgang til aksjeselskap vart dei opparbeidde rettane i Statens pensjonskasse førte vidare. Dei årlege innbetalingane til Statens pensjonskasse skal dekkje plikta til selskapet.

NCE Subsea drift AS

Dagleg leiar fekk 1 057 584 kroner i lønn i 2012, og 6000 kroner i anna godtgjering. Selskapet har ei tenestepensjonsordning som fyller krava i lov om obligatorisk tenestepensjon.

Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS

Administrerande direktør fekk 992 446 kroner i lønn og 23 286 kroner i andre godtgjeringar i 2012. Pensjonskostnader vart dekte med 71 964 kroner.

Administrerande direktør har ikkje rett på bonus, overskottsdeling eller opsjonar, og heller ikkje særlege ytingar ved opphør av tilsetjingsforholdet.

NTNU samfunnsforskning AS

Dagleg leiar fekk 968 864 kroner i lønn i 2012. Pensjonsutgifter vart dekte med 105 240 kroner.

NTNU Technology Transfer AS

Dagleg leiar fekk 1 186 834 kroner i lønn og 112 417 kroner i andre godtgjeringar i 2012. Selskapet har ei pensjonsordning for alle tilsette som fyller krava i lov om obligatorisk tenestepensjon.

Sem gjestegård AS

Dagleg leiar fekk 651 826 kroner i lønn og 93 782 kroner i andre godtgjeringar i 2012. Dei tilsette i selskapet er omfatta av lov om obligatorisk tenestepensjon, og dei samla pensjonsutgiftene var 161 217 kroner.

Senter for innovasjon og bedriftsøkonomi AS

Det er ikkje betalt lønn til dagleg leiar i 2012.

Senter for økonomisk forskning AS

Dagleg leiar har i 2012 fått utbetalt godtgjering på 444 392 kroner.

Simula Research Laboratory AS

Administrerande direktør fekk 1 555 572 kroner i lønn og 276 568 i andre godtgjeringar i 2012. Selskapet har og ei pensjonsforsikring for administrerandre direktør som er kostnadsført med 729 831 kroner.

UNINETT AS

Administrerande direktør fekk 1 189 230 kroner i lønn og 23 172 kroner i andre godtgjeringar i 2012. Til finansiering av førtidspensjon for administrerande direktør vart det oppretta ei livrente med innskott på 3 mill. kroner i 2003. Netto kostnadsført i 2012 er 1 258 020 kroner.

Unirand AS

Administrerande direktør fekk 189 654 kroner i lønn i 2012. Administrerande direktør har ikkje avtale om sluttvederlag, og selskapet har ikkje bonus- eller opsjonsordning. Det er ikkje gitt lån eller stilt sikring for administrerande direktør.

Universitetssenteret på Svalbard AS

Selskapet har har fått ny direktør i 2012. Ny direktør starta arbeidet i mars. Lønn til direktør er i 2012 utbetalt med 721 596 kroner. Lønn for 2011 var 1 117 665 kroner. Arbeidsgiver sin del av pensjon for direktør er utgiftsført med 79 375 kroner. Andelen i 2011 var 122 943 kroner med full årsverknad.

Selskapet har tenestepensjonsordning i Statens pensjonskasse. Pensjonsordninga er ein ytingsplan for selskapet. Det er ikkje rekna eit eige fiktivfond for selskapet.

Vangslund AS

Dagleg leiar fekk 193 744 kroner i lønn og 4 000 kroner i andre godtgjeringar i 2012. Selskapet er ikkje pliktig til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon.

HiST kompetanse AS

Dagleg leiar fekk 224 510 kroner i lønn i 2012. Pensjonskostnader vart dekt med 2 833 kroner. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tjenestepensjon.

Høgskolen i Ålesund maritime operasjoner AS

I 2012 ble det utbetalt til saman 556 334 kroner. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tjenestepensjon.

Følgjande heileigde selskap har ingen tilsette

Rya gods og skoger AS, NyVekst AS, Unifond AS, Universitetet i Bergen eiendom AS.