Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD)

Prop. 1 S

(2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015

3.1 Vedtak nr. 106, 5. desember 2012

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om en fremdriftsplan for å nå den vedtatte visjonen om et universelt utformet samfunn frem mot 2025.»

Regjeringa har sett igang eit arbeid for å utvikle ein handlingsplan for universell utforming som skal gjelde for perioden 2015–2019. Planen skal ha houvdvekt på IKT og velferdsteknologi. Regjeringa vil vurder korleis oppmodingsvedtaket eventuelt kan bli følgd opp i denne samanhang.

3.2 Vedtak nr. 357, 25. februar 2014

«Stortinget ber regjeringen nedsette et bredt sammensatt utval som skal foreslå egnede og konkrete tiltak som styrker grunnleggende rettigheter til personer med utviklingshemning sin autonomi, privatliv, familieliv og samfunnsdeltakelse. Mandatet til utvalget må inkludere mål, tiltak, kompetanse, rettsikkerhet, økonomi og styringssystem som sikrer at nasjonale politiske mål innfris.»

Regjeringa vil setje ned eit breitt samansett utval som skal føreslå eigna og konkrete tiltak som styrkjer grunnleggjande rettar for menneske med utviklingshemming med tanke på sjølvstende, privatliv familieliv og deltaking i samfunnet.

3.3 Vedtak nr. 440, 4. juni 2014

«Stortinget ber regjeringen legge frem en egen stortingsmelding om fosterhjemsomsorgen innen utgangen av 2015.»

Regjeringa vil innan utgangen av 2015 leggje fram ei melding til Stortinget om fosterheimsomsorgen.

3.4 Vedtak nr. 590, 20. juni 2014

«Stortinget ber regjeringen vurdere incentiver for raskere bosetting av enslige mindreårige asylsøkere i kommunene.»

Kommunane har dei seinare åra oppfylt behovet for busetjing av einslege mindreårige flyktningar. Resultata knytte til tidsmåla har òg blitt vesentleg betre dei seinare åra. I 2011 var 27 prosent av dei 618 busette einslege mindreårige flyktningane busette innan tre månader etter at dei hadde fått innvilga opphaldsløyve. I 2013 var 72 prosent av dei 421 busette einslege mindreårige flyktningane busette innan tre månader. I første halvår 2014 var 70 prosent av dei 216 busette einslege mindreårige flyktningane busett innan tre månader. Det er per i dag usikkert om det vil bli nok plassar til busetjing av enslege mindreårige i 2015.

Regjeringa vil styrkje dei økonomiske verkemidla som skal bidra til raskare busetjing av alle flyktningar. Regjeringa føreslår å auke integreringstilskotet og tilskotet til utleigebustadar. Regjeringa føreslår også å auke tilskot 2 i ordninga Tilskot ved busetjing av personar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar . Desse tiltaka skal òg bidra til raskare busetjing av einslege mindreårige flyktningar, sjølv om dette ikkje er særskilde tiltak for einslege mindreårige. Regjeringa vil følgje situasjonen nøye.

Regjeringa føreslår å oppretthalde refusjonsordninga for kommunale utgifter til barnevernstiltak knytt til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.