Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD)

Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon

Mål

Barn og familiar er ulike og har ulike behov. Regjeringa sitt mål er ei foreldrepengeordning som gir foreldre valfridom og fleksibilitet til å velje den beste omsorgsløysinga for sitt barn. For 2015 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

3: Trygge rammer for familiane

3.1: Valfridom og fleksibilitet for familiane

Foreldrepengeordninga er ein viktig del av familiepolitikken. For ei samla framstilling av politikkområdet, sjå innleiinga til programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering.

Resultatrapport og strategiar

Delmål 3.1: Valfridom og fleksibilitet for familiane

Eit tiltak for å nå målet om valfridom og fleksibilitet for familiane er å auke fellesdelen av foreldrepengeperioden, slik at foreldra kan fordele ein større del av stønadsperioden slik dei sjølve ønskjer. Fellesperioden blei auka 1. juli 2014 frå 18 til 26 veker. Samtidig ønskjer regjeringa at fleire foreldre skal få høve til å overføre kvoten til den andre forelderen i tilfelle der det er vanskeleg for vedkomande å ta permisjon. På den måten vil òg barnet få meir tid saman med ein av foreldra.

Resultatrapporteringa tek utgangspunkt i delmål 3.6 Ei foreldrepengeordning som bidreg til å fremme likestilt foreldreskap i Prop. 1 S (2012–2013) og under delmål 3.5 med same tittel i Prop. 1 S (2013–2014).

Resultatrapport 2013/2014

Tredeling av foreldrepengeordninga

Med verknad frå 1. juli 2013 blei foreldrepengeperioden tredelt, med éin del til far (fedrekvoten), éin del til mor (mødrekvoten) og éin felles del. Frå same tidspunkt blei stønadsperioden utvida med to veker og fedrekvoten auka tilsvarande, slik at det blei 14 veker til far, 14 veker til mor og 18/28 veker felles. I tillegg har mor tre veker før fødselen. Ettersom foreldrepengane kan takast ut fram til barnet fyller tre år, kan ein først i 2017 sjå full verknad av endringane.

Uttak av foreldrepengar

Om ein ser på alle dagar med foreldrepengeutbetaling i 2013, blei 78,3 prosent av dagane tekne ut av mødrer og 21,7 prosent av fedrar. Til samanlikning tok fedrar ut 20,3 prosent i 2012 og 17,8 prosent i 2011. Fedrar som tok ut foreldrepengar i 2013, kan ha fått barnet i 2010, 2011, 2012 eller 2013, ettersom foreldrepengar kan utbetalast inntil barnet fyller tre år. Fedrekvoten var frå 1. juli 2009 på 10 veker. Kvoten blei auka med to veker frå 1. juli 2011, og frå 1. juli 2013 blei kvoten auka igjen til 14 veker. Alle som tok ut fedrekvote i 2013, hadde dermed rett til minst 10 veker.

Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at stadig fleire foreldre tek ut foreldrepengar i 49 veker med full sats framfor i 59 veker med redusert sats. Av dei kvinnene som tok ut foreldrepengar første halvår 2014, tok 62 prosent foreldrepengar med full sats, samanlikna med 56 prosent i første halvår 2013. I første halvår i 2005 var tilsvarande del med full sats berre 23 prosent.

Eingongsstønad

Kvinner utan rett til foreldrepengar får ein eingongsstønad ved fødsel og adopsjon. Eingongsstønaden blei auka med nær 3 500 kroner til 38 750 kroner frå 1. januar 2014. Ifølgje tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet har det i første halvår 2014 blitt utbetalt eingongsstønad til 5 757 personar, ei auke på nær 12 prosent samanlikna med første halvår 2013.

Forslag om lovendring i foreldrepengeordninga

I august 2013 fremma Stoltenberg II-regjeringa eit forslag om lovendring i foreldrepengeordninga, Prop. 184 L (2012–2013) Endringer i folketrygdloven (forenklinger i foreldrepengeordningen) . Regjeringa valde å trekkje tilbake forslaget etter valet hausten 2013 for å gjere ei ny vurdering av lovforslaget.

Utviding av fellesperioden for foreldrepengar

Regjeringa føreslo i Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014) Endring av Prop. 1 S (2013 2014) Statsbudsjettet 2014 å redusere mødre- og fedrekvoten frå 14 til 10 vekar. Endringa blei vedteken og sett i verk frå 1. juli 2014. Med endringa er den delen som er til fri fordeling mellom foreldra åtte veker lengre. Den totale lengda på stønadsperioden er framleis 49 veker med full sats eller 59 veker med redusert sats. Regjeringa meiner det er viktig at familiane får valfridom og fleksibilitet, og at barna får mest mogleg samla tid med foreldra. Den enkelte familien må sjølv få velje den løysinga som passar dei best. Derfor valde regjeringa at ein mindre del av foreldrepengeordninga skal vere bunden opp i kvotar.

Tabell 4.23 Fødslar og bruk av foreldrepengeordninga 2010–2013

2010

2011

2012

2013

Endring 2012/2013

Talet på fødslar

60 608

59 417

59 403

58 174

-1 229

Talet på levandefødde barn

61 422

60 220

60 255

58 995

- 1 260

Talet på foreldrepengedagar ved fødsel og adopsjon

12 518 257

12 739 344

12 514 314

12 482 424

- 31 890

Uttak av foreldrepengedagar fordelt på kjønn (fødsel og adopsjon)

– Kvinner, prosent

85,3

82,2

79,7

78,3

-1,4

– Menn, prosent

14,7

17,8

20,3

21,7

1,4

Talet på kvinner med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

90 593

89 522

88 626

85 509

- 3 117

  • – av desse med 80 prosent lønnskompensasjon

52 376

44 328

38 133

35 132

- 3 001

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av kvinner ved fødsel

117

116

112

114

2

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

49 193

55 184

58 426

58 916

490

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av menn ved fødsel

37

41

43

46

3

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved fødsel (kr)

317 103

323 715

333 654

345 869

12 215

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved fødsel (kr)

374 464

378 538

383 820

395 232

11 412

Talet på kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel

4 639

5 307

5 330

4 810

-520

Talet på menn med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel

7 074

10 784

13 239

14 127

888

Talet på kvinner med svangerskapspengar

3 958

4 421

4 892

5 110

218

Talet på kvinner med minst éin dag foreldrepengar ved adopsjon

592

536

448

327

-121

  • – av desse med 80 prosent lønnskompensasjon

355

297

234

156

-78

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av kvinner ved adopsjon

111

104

98 1

89

-9

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved adopsjon

375

424

393

288

-105

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av menn ved adopsjon

48

41

46

53

7

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved adopsjon (kr)

350 334

357 395

373 600

369 210

- 4 390

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved adopsjon (kr)

385 236

400 731

408 518

417 995

9 477

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel utan rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad)

1 299

1 181

1 063

1 089

26

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av menn utan rett til fedrekvote

86

83

80

80

-

Talet på kvinner med eingongsstønad ved fødsel

11 294

10 177

9 350 1

9 825

475

Talet på menn med eingongsstønad ved fødsel

18

30

25

27

2

Talet på kvinner med eingongsstønad ved adopsjon

1

1

1

0

-1

Talet på menn med eingongsstønad ved adopsjon

0

0

0

0

-

1 Endra i høve til Prop. 1 S (2013–2014).

Strategiar og tiltak for 2015

Høyringssak om unntak frå kvotane i foreldrepengeordninga

Regjeringa sende i juni 2014 på høyring ei sak om ei ny, utvida unntaksordning for kvotane i foreldrepengeordninga. I høyringsnotatet blir det føreslått å opne for at fleire grunnar gir rett til unntak frå kvotane. Ein del foreldre har ikkje høve til å ta ut foreldrepermisjon, og ønskjer derfor å kunne overføre kvoten til den andre forelderen. I dag kan det berre skje om forelderen er sjuk eller skada og derfor heilt avhengig av hjelp for å ta seg av barnet. I notatet blir det føreslått å gi rett til unntak òg ved arbeidsløyse, sjølvstendig næringsdrift, arbeid i utlandet, at mors arbeidssituasjon ikkje passar med amming o.a. og ved straffegjennomføring. Unntaket ved sjukdom blir føreslått ført vidare.

Forslaget om utvida unntaksordning skal gjere det enklare for foreldre i visse situasjonar å kunne overføre kvoten til den andre forelderen. På den måten kan foreldra saman utnytte heile foreldrepengeperioden, sjølv om den eine forelderen ikkje har moglegheit til å ta ut heile eller delar av sin kvote. Barnet vil på den måten òg kunne vere heime lenger med ein av omsorgspersonane sine.

Frist for høyringssvar er 15. oktober 2014. Departementet vil følgje opp saka, mellom anna i lys av høyringsfråsegnene.

Auking av oppteningskravet

Regjeringa vil auke inntektskravet for opptening til foreldrepengar frå ½ G til 1 G frå 1. juli 2015. Det inneber at foreldra må ha hatt ei pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei siste ti månadene som tilsvarer 1 G (for tida 88 370 kroner) på årsbasis. Auking av oppteningskravet inneber at det i større grad er personar som primært er yrkesaktive som får rett til foreldrepengar. Ei auking vil kunne stimulere fleire til å ha større deltaking i arbeidslivet før fødsel, noko som kan gi ein betre tilknyting til arbeidsmarknaden og gjere det meir sannsynlig at forelderen kjem attende til lønna arbeid seinare. Ei slik endring av inntektskravet vil på kort sikt kunne føre til at nokre fleire manglar opptening til foreldrepengar, og færre personar med eit lågt inntektsgrunnlag vil kome med i foreldrepengeordninga. Kvinner som manglar opptening, har rett til eingongsstønad. Eingongsstønaden er frå 1. januar 2014 på 38 750 kroner. Når oppteningskravet aukar, vil fleire personar få rett til eingongsstønad, noko som vil medføre ei meirutgift over stønadsbudsjettet den første tida. På sikt vil endringa gi ei mindreutgift over stønadsbudsjettet.

Nærmare om budsjettforslaget

Kap. 2530 Foreldrepengar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Foreldrepengar ved fødsel , overslagsløyving

16 259 960

17 685 000

18 093 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon , overslagsløyving

351 282

395 000

397 000

72

Feriepengar av foreldrepengar , overslagsløyving

429 198

435 000

465 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon , overslagsløyving

67 014

68 000

55 000

Sum kap. 2530

17 107 454

18 583 000

19 010 000

Mål

Stønadene under dette kapitlet skal kompensere for bortfall av inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og gi støtte til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.

Tildelingskriterium

Tildelingskriterium er omtalte under dei enkelte budsjettpostane nedanfor og går også fram av folketrygdlova kap. 14.

Oppfølging og kontroll

Foreldrepengar blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Budsjettforslag 2015

Det er føreslått å auke oppteningskravet for foreldrepengar frå ½ G til 1 G frå 1. juli 2015.

Det er ikkje føreslått endringar i satsen for eingongsstønad ved fødsel og adopsjon.

Utgiftsanslaga under kap. 2530 byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til SSB og andreårsverknaden av reduksjon av fedrekvoten med fire veker frå 1. juli 2014.

Departementet føreslår ei løyving på 19 010 mill. kroner på budsjettkapittelet.

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Foreldrepengar ved fødsel blir betalte ut etter reglane i folketrygdlova §§ 14-4 til 14-16. Det er eit vilkår for rett til foreldrepengar at stønadsmottakaren har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei ti siste månadene før stønadsperioden tek til, jf. folketrygdlova § 14-6. Visse trygdeytingar, etterlønn, lønt utdanningspermisjon og avtening av militær- og sivilteneste blir likestilte med yrkesaktivitet etter denne regelen og gir oppteningsrett til foreldrepengar. Stønadsperioden ved fødsel er 49 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 59 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Val av kompensasjonsnivå gjeld for begge foreldra og for heile stønadsperioden.

Inntekt over seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (6 G) gir ikkje grunnlag for foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-7. Per 1. mai 2014 utgjer grunnbeløpet 88 370 kroner. Ettersom stønadsperioden med 100 prosent dekning er avgrensa til 49 veker, kan det maksimalt betalast ut 499 630 kroner per stønadstilfelle.

Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 10 veker øyremerkte til seg (mødrekvoten og fedrekvoten). Mor må starte sin permisjon seinast tre veker før fødselen, og desse vekene kjem i tillegg til mødrekvoten. Bortsett frå dei vekene som er øyremerkte til kvar av foreldra, kan foreldra dele stønadsperioden mellom seg i samsvar med reglane i folketrygdlova § 14-13. Fellesdelen i stønadsperioden er på 26/36 veker avhengig av valt dekningsgrad.

Når berre far har rett til foreldrepengar, kan han ta ut inntil 40/50 veker dersom mor går ut i arbeid eller utdanning eller er for sjuk til å ta seg av barnet, jf. folketrygdlova § 14-14. Når mor har uførepensjon, kan far ta ut inntil 10 veker med foreldrepengar (tilsvarande fedrekvoten) utan at det blir stilt krav til mors aktivitet, jf. folketrygdlova § 14-14.

Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med ein skriftleg avtale med arbeidsgivaren om delvis arbeid, jf. vilkåra i folketrygdlova § 14-16. Folketrygdlova § 14-11 gir også rett til å utsetje stønadsperioden når den som tek imot foreldrepengar, er i arbeid på heiltid. Uttak av foreldrepengar må vere avslutta seinast innan barnet fyller tre år.

Under post 70 høyrer også svangerskapspengar som blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-4.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt etter reglane i folketrygdlova § 14-17 til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar. Stønaden er på 38 750 kroner. Ved fleirbarnsfødslar og fleirbarnsadopsjonar blir det ytt éin eingongsstønad per barn.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Feriepengar av foreldrepengar blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar med 10,2 prosent av utbetalte foreldrepengar for dei første 12 vekene av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er valt 80 prosent lønnskompensasjon.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Foreldrepengar ved adopsjon blir gitt etter vilkåra i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år. Ved adopsjon er stønadsperioden 46 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 56 veker ved 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Ettersom stønadsperioden med 100 prosent dekning er avgrensa til 46 veker, kan det maksimalt utbetalast 469 040 kroner per stønadstilfelle. Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 10 veker øyremerkte til seg (fedrekvoten og mødrekvoten).

Sjå elles omtalen under post 70.