Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD)

Prop. 1 S

(2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015

FNs verdserklæring om menneskerettar frå 1948 slår fast at «alle menneske er født frie og med same menneskeverd og menneskerettar.» Det handlar om likestilling, ikkje-diskriminering og fridom for alle, vaksne og barn, uavhengig av eigenskapar som kjønn, etnisk bakgrunn, funksjonsevne, seksuell orientering. Menneskerettane er universelle, udelelege og gjensidig forsterkande. Mykje av BLDs arbeid dreier seg om oppfølging og sikring av menneskerettar.

I samarbeidet i Europarådet har Noreg dels rettslege forpliktingar som følgje av Europarådet sine konvensjonar, deriblant landrapporteringar, dels politiske forpliktingar gjennom deltaking i Europarådet sitt arbeid generelt og resolusjons- og konvensjonsarbeid spesielt. Mellom anna koordinerer BLD Noreg sin kontakt mot Europarådets kommisjon mot rasisme og intoleranse (ECRI). ECRI besøkte Noreg våren 2014 som førebuing til sin neste rapport.

Noreg er rettsleg forplikta til å implementere rettane som er nedfelte i FN-konvensjonane som staten har slutta seg til, og til å rapportere på implementeringa kvart fjerde år. BLD har det nasjonale koordineringsansvaret for implementeringa av Noregs forpliktingar som følgjer av FN-konvensjonen om barnets rettar, FN-konvensjonen mot alle former for diskriminering av kvinner, FN-konvensjonen mot alle former for rasediskriminering og FN-konvensjonen om rettar for personar med nedsett funksjonsevne. Noreg jobbar systematisk med å følgje opp konvensjonane.

FN-konvensjonen om barnets rettar

BLD har ansvaret for å fremme og koordinere arbeidet med ei betre overvaking av gjennomføringa av FN-konvensjonen om barnerettane. Barnekonvensjonen er et viktig instrument for å ivareta barn sine rettar og konvensjonen gir gode retningslinjer for korleis dei kan bli ivaretatt og vidareutvikla i samfunnet vårt.

Barnekonvensjonens artikkel 12 slår fast at barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt skal ha rett til fritt å gi uttrykk for disse i alle forhold som vedrører barnet. Reglane i barnekonvensjonen kjem til utrykk i mellom anna adopsjonslova, barnelova og barnevernlova. I tråd med konvensjonen såg departementet behovet for å styrkje barn og unges behov for innflytelse i eigen barnevernssak. Derfor blei det vedtatt ein ny regel i barnevernlova § 4-1 som slår fast at barnet skal gis moglegheit til medverking. Departementet har i tillegg gitt nærmare forskrifter om medverking og om tillitspersonens oppgåver og funksjon. Lovregelen og den nye forskrifta trådde i kraft 1. juni 2014.

I 2014 er barnekonvensjonen 25 år. Dette har mellom anna blitt markert gjennom ein nasjonal konferanse som Fylkesmannen i Troms arrangerer på oppdrag frå departementet. På regionalt plan er Fylkesmannen i Troms tildelt midlar i 2014 frå BLD, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet for å arbeide med «Sjumilssteget». Sjumilssteget handlar om å verksette barnekonvensjonen i kommunane og skal hjelpe kommunane med å konkretisere artiklane i barnekonvensjonen slik at disse kan brukast til å kvalitetssikre tenestene til barn og unge.

Barnekomiteen sine merknader frå 2010 har blitt gjennomgått av relevante departement. BLD har etablert eit kontaktforum for departementa. BLD og fleire andre departement har også hatt dialogar og kontaktmøte med frivillige organisasjonar. FN sin barnekomité har bede Noreg om å levere neste rapport om oppfølging av barnekonvensjonen i 2016.

FN-konvensjonen mot alle former for diskriminering av kvinner

På bakgrunn av Noreg sin åttande rapport til FN om oppfølginga av FN sin kvinnediskrimineringskonvensjon og eksaminasjon i 2012 mottok Noreg anbefalingar frå FN sin kvinnediskrimineringskomité. Det blei etablert eit samarbeid både med relevante departement og frivillige organisasjonar om oppfølginga. På spørsmål frå komiteen, blei ein midtvegsrapport utarbeida og oversendt i 2014. Noreg leverer sin niande rapport om oppfølging av kvinnediskrimineringskonvensjonen i 2016.

FN-konvensjonen mot alle former for rasediskriminering

Den første norske rapporten til rasediskrimineringskomiteen blei levert i 2013, og neste høyring er i 2015. BLD arbeider med førebuing til høyringa i samarbeid med andre departement.

FN-konvensjonen om rettar for personar med nedsett funksjonsevne

Noreg ratifiserte konvensjonen i 2013, og leverer sin fyrste rapport til komiteen sommaren 2015. Arbeidet med rapporteringa er i gang.

Anna arbeid

I tillegg har BLD fagansvar for å medverke til implementering av og rapportering på FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, som blir koordinert av Justis- og beredskapsdepartementet, og FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, som blir koordinert av Utanriksdepartementet. BLD hadde mellom anna ei aktiv rolle i førebuinga til høyringa i samband med sistnemnte konvensjon hausten 2013. I tillegg bidreg BLD til Universal Periodic Review (UPR)-prosessen under FNs menneskerettsråd. BLD deltok i den norske delegasjonen som møtte for høyring i rådet våren 2014.

Beijing-erklæringa og handlingsplan om kvinners rettar blei vedteken under FN sin fjerde kvinnekonferanse i Beijing i 1995. Statane rapporterer på oppfølginga kvart femte år. I 2015 er det 20 år sidan Beijing-konferansen, og statane skulle i 2014 utarbeide ein statusrapport. Arbeidet med rapporten blei koordinert av BLD og oversendt FN våren 2014.

BLD deltek også i dei årlege møta i tredje komité i generalforsamlinga i FN, som dekkjer menneskerettsspørsmål knytte til likestilling og diskriminering på grunnlag av kjønn, etnisitet, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, barn o.a.BLD har også oppfølgingsansvar for FN-resolusjonar på departementets ansvarsområde.

BLD deltek på dei årlege møta i FN sin kvinnekommisjon, som er den politiske møteplassen for fagstatsrådar, sivilt samfunn og FN-organa. Vidare deltek BLD i FN sin sosialkommisjon, som arbeider med politikken for personar med nedsett funksjonsevne, når tema på dagsordenen tilseier det.